Årsrapport for Hordaland

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Fylkesmannsembete har også i 2018 vore styrt ressurseffektivt, med kontinuerleg merksemd og avveging av bruken av ressursar på dei einskilde oppgåveområda våre. Ettersom avbyråkratiserings- og effektivitetskrava gjer seg gjeldande, blir ressursane stendig knappare.

I påvente av samaslåinga med fylkesmannsemebetet i Sogn og Fjordane har vi og vore meir kritiske til tilsettingar i ledige stillingar då det er uvisse kva effektivitetsgevinstar samanslåinga vil gje. På grunn av arbeidet med arealeffektiviseringa, sjå nedanfor, har det også vore ein tanke å ha ledige ressursar som kan vere nødvendige i samband med ny husleiegkontrakt.

Den viktigaste oppgåva for embetet i 2018 har vore arbeidet med samanslåinga med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane frå 2019. Vi meiner å ha lukkast med å få til ein ny og høveleg organisasjon for å effektivt løyse oppgåvene i embetsoppdraget. Det har også vore ein nærast smertefri prosess med å innplassere leiarar, mellomleiarar og andre tilsette. Arbeidet er skildra meir i detalj i kapittel 4.3.

Eit anna viktig område det har vore arbeidd mykje med i 2018 er effektivisering av embetets kontorareal i Statens Hus Bergen. Den eksisterande kontrakten går ut 2023, men vi har funne det naudsynt å gå i gong med prosessen alt no. Da kan vi, med departementet si eventuelle godkjenning, ikkje berre oppnå den effektiviseringa det vert lagt opp til i brev av 19.12.2017,men også skape tryggleik for arbeidsprosessane i eit hus vi kjenner godt. Vi har gjennomførd brukerprosessar, har fått tilbod frå huseigar (Entra) og reforhandla dette. Nytt tilbod ligg pt. hos Statsbygg, men vi kan si såpass at det nye tilbodet er slik at i alle fall Fylkesmannen meiner vi kan søke departementet om å få skrive ny kontrakt med huseigar.

Ei viktig side ved arbeidet med å arealeffektivisere er å legge til rette for at Statens Hus i Bergen kan romme så mange statlege institusjonar som mogeleg. Det er eit poeng i seg sjølv at statens institusjoner geografisk sett er samla i kort nærleik til to viktige kollektivknutepunkt (Bergen busstasjon og Bergen jernbanestasjon). Dessutan opplever vi positive samarbeidseffektar ved at Husbanken og Statens kartverk har fått sine kontor under same tak som Fylkesmannen i Statnes Hus. Ytterlegare effektivisering vil også kunne åpne for at fleire statlege institusjonar får plass i Statens Hus. Det blir det arbedd vidare med.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Kommunereformen

Grunnlaget for ein framtidig og fornuftig kommunestruktur vart lagt ved dei frivillige vedtaka om samanslåingane i Hordaland: tretten kommunar er slått saman til fem, med eit gjennomsnittleg folketal på ca 24 000 innbyggjara. Dei restarande 17 kommunane har eit gjennomsnittleg forlketal på ca  4 800. Framtidige samanslåingar vil vere eit resultat av tid, naturleg dynamikk og politikk. Kontrasten i talstorleiken mellom samanslåtte og ikkje-samanslåtte kommunar er ei utfordring Fylkesmannen har arbeidd med.

 Fylkesmannen har følgt opp pågåande samanslåingar, delteke i KS sitt "administrative program" for samanslegen kommunar og har hatt tett kontakt med rådmenn/ordførarar undervegs. Vi har hatt direkte samtalar/møte med ei rekkje av dei kommunane som av ulike grunnar ikkje tidlegare har fatta samslåingsvedtak.

 Situasjonen i fylket kan oppsummerast slik:

 *  det pågår ressurskrevjande prosessar i samanslegne kommunar og det er lite rom for nye initiativ eller samhandling med nabokommunar

 *  oppheving av etablerte interkommunale samarbeidsordningar etter kommunereformen har før til diskusjonar om nye samarbeidsmønster- og strukturar

 *  det er krevjande oppgåver innan digitalisering, planarbeid, barnevern, kommuneøkonomi og rekruttering av kompetente arbeidskraft.

 Digitalisering

I kjølvatnet av kommunereforma vart Fylkesmannen og KS Hordaland samde om å ta fatt i utfordringane knytte til diagitalisering for alle hordalandskommunane. Tanken var at kommunereforma ikkje skal etablere eit A- og B-lag knytt til digitalisering av kommunal verksemd.

 Digitalisering er eit kjerneelement i modernisering og effektivisering av kommunal sektor. Fylkesmannen følgjer dette arbeidet nøye og har løyvd skjønsmidlar både i 2018 og 2017. Bergen kommune og bergensregionen har tatt på seg eit stort og viktig ansvar i dette arbeidet. Alle kommunane i fylket har no betalt sen inn i Kommit/kS og kan dermed trekke vekslar på den nbasjonale prosjektporteføljen som ligg hher. I 2018 starta arbeidet med etablere digitaliseringsprosjekt i ein del mottakarkommunar.

Statleg samordning

Vi viser ti kap. 5.1 og til det embetet har skreve i dei siste åras årsrapportar om statleg samordning, som vi meiner er viktig både i eit effektiviseringsperspektiv, og også i eit teneste- og rettstryggleiksperspektiv.

 Også i 2018 har Fylkesmannen hausta gevinst av dei erfaringa embetet har gjort seg frå 2013 når det gjeld motsegnsprosjektet. Framleis framstår denne måten å samhandle med kommunane for å fremje merverknad om statlege planomsyn som effektiv, smidig og ein jamstelt måte for kommunane å delta på. Det vert funne gode og tenlege løysingar utan at staten treng å bruke planmotsegn som verkemiddel for å få gjennomslag for regionale og statlege planomsyn.

På same måten har ordninga med byvekstavtalar hatt svært positive effektar. For Bergen kommune og Hordaland fylkeskommune vart det inngått slik avtale 01.09.2017. I avtaleforhandlingane i 2018 har denne avtalen blitt reforhandla, samstundes som det har pågått forhandlingar om tilsvarande avtalar med omkringliggjande kommunar til Bergen. Vi er overtydde om at denne forhandlingsmetoden er eit viktig instrument til å realisere arealføresetnadene i dei statlege planretningslinjene for samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og dei regionale føresetnadene i regional areal- og transportplan for bergensområde.  

 Fylkesmannsreforma

Vi syner til omtalen i kapittel 4.3.

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Generelt

Vi syner til omtalen under kapittel 1.1. og 1.2 der det er omtalt ei rekkje forhold, interne og eksterne, som har vore føresetnader for dei resultata som er oppnådde.

Plan/areal

Vi finn grunn til å presisere betydninga av arbeidet med planmotsegner og byvekstavtalar som svært viktige verkemiddel for å oppfylle statens føresetnader om nullvekstmålet og statlege føresetnader elles i arealplanlegginga.

 Økonomiske føresetnader

Vi viser til omtale under kapittel 5 om den uvissa som rår når det gjeld dei økonomiske føresetnadene for å oppfylle embetsoppdraget. Fylkesmannen er innstilt på at det vert stilt effetiviseringskrav. Det viktige er at desse vert bestemte og tydeleg kommuniserte, slik at vi veit innan kva rammer arbeidet skal foregå.

Kommunal økonomi

Den økonomiske situasjonen for kommunane vurderer vi i hovudsak som god. Det har i 2018 kome inn ein kommune i ROBEK-registeret, Austrheim kommune.

Organisasjonsmessige endringar for andre statlege organ

Fylkesmannen arbeider for tida i landskap der det går føre seg betydelege organisatoriske endringa for øvrig statsforvaltning. Det ser vi positivt på då det kan liggje an til både effektivitetsgevinstar, og ikkje minst positive effektar 

1.4 Andre forhold

Vi viser til omtalen i kapittel 1.1. - 1.3.

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Bergen, 28.februar 2019

Lars Sponheim (sign)

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og skal arbeide for at vedtak, mål og retningsliner frå Stortinget og Regjeringa vert følgde opp.  Fylkesmannen er dessutan eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter, med høve til å spele inn viktige saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.
Fylkesmannen skal aktivt bidra i samfunnsutviklinga i regionen samt ivareta rettstryggleik for innbyggjarane og sørgje for samordning.   Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal og moderniseringsdepartementet.

Embetet har fire viktige roller som klargjer samfunnsoppdraget:  
1. Iverksetjer av nasjonal politikk i fylket: Fylkesmannen er regional sektorstyresmakt på ei rekkje område, på oppdrag frå elleve departement og ti direktorat og tilsyn.

2. Samordningsstyremakt: Fylkesmannen skal sørgje for regional samordning av statlege styringssignal til kommunesektoren, og formidle statlege forventningar konsistent, tydeleg og heilskapleg.  

3. Rettstryggleikhandhevar: Fylkesmannen skal ivareta rettstryggleiken for enkeltpersonar, verksemder og organisasjonar gjennom rettleiing, tilsyn og klagebehandling.

4. Informasjons- og kunnskapsformidlar: Fylkesmannen skal vere talerøyr for fylket overfor sentrale styresmakter, og å formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ. 

All verksemd skal gjennomførast i samsvar med gjeldande lover og forskrifter. Verksemda følgjer prinsippa om kvalitetsleiing og kontinuerleg forbetring.

Når det gjeld samarbeid og samhandling med andre organ, går det føre seg eit tett og omfattande samarbeid på alle verksemdsområder Fylkesmannen har ansvar for. Vi viser til omtale under spesialkapitla.

2.2 Organisasjon og ledelse


Fylkesmannen i Hordaland er lokalisert i Statens hus i Bergen. Lars Sponheim er fylkesmann, og Rune Fjeld var assisterande fylkesmann ut året. Pr. 31.12.2018 hadde vi i underkant av 200 tilsette.

Embetet har seks fagavdelingar:

  • Miljøvern- og klima
  • Landbruk
  • Helse- og sosial
  • Utdanning
  • Kommunal- og samfunnsplan
  • Administrasjon- og verjemål 

Fylkesmannen i Hordaland er lokalisert i Statens Hus i Bergen, Kaigaten 9.

Frå 01.01.2019 er Fylkesmannen i Hordaland samanslåast med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Visjon og verdigrunnlag

Vår visjon: Fylkesmannen skal utføre godt styresett og møte urett med rett

Vårt verdigrunnlag:

  • Demokratisk
  • Rettferdig
  • Open
  • Påliteleg
  • Effektiv

Klart språk, rett målform og forståeleg bodskap er viktig for Fylkesmannen. Tenestemålet vårt er nynorsk. Vi har utarbeidd interne skrivereglar som skal sikre eit godt og klart språk i våre brev og vedtak.

Fylkesmannen har definert eit verdisett med leiarprinsipp som ligg til grunn for all aktivitet i verksemda:

  • Vere tydleg
  • Vise lojalitet til eiga organisasjon
  • Vis tillit og støtt dine medarbeidarar
  • Respekter andre sin kunnskap
  • Avklar mål og følg opp resultatansvaret
  • Vere kreativ
  • Spreie humør og trivsel
  • Gå føre og ver gode eksempel

Heilskapleg og strategisk leiing

Embetsleiinga og leiargruppa har dei siste åra arbeidd med å styrkje den helskaplege og strategiske leiinga ved embetet. Vi legg stor vekt på at vi skal ei omforent og myndiggjort leiargruppe som saman evner å styre embetet mot god måloppnåing fagleg, økonomisk og personalmessig. Alle strategiske og prinsipielle saker skal opp til drøfting i leiargruppa som har møte anna kvar uke. 

I 2018 har vi arbeidd tett med leiinga hos Fylkesmannen i Sogn og Fjordane får å planlegge og førebu samanslåingsprosessen. Det har vore fleire møte for embetsleiingane og for leiargruppene i dei to embeta. Innanfor alle fagområde har det i 2018 vore gjennomført felles samlingar.

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall


HR-nøkkeltal

Fylkesmannen i Vestland har ei relativt stabil medarbeidergruppe kva gjeld alder, kjønssammensetnad og sjukefråvær.  Det har vore lite endringar fra år til år, men vi ser at andelen unge og andelen midlertidig tilsette har vært økende de senere år. Dette heng saman, og har si årsak i usikkerhet knytt til framtidig budsjettsituasjon og oppdrag. Ein annan faktor som er urovekkande er at andelen menn blir mindre og mindre. For ti år sidan var fordelinga 50/50 medan vi no har under 34 prosent menn i verksemda. Dette kan muligens forklarast med ein dreiing i oppdraget mot meir tilsyn og kontroll og færre utviklingsoppgåver. Lønnsnivået i embetet samanlikna med andre arbeidsgjevarar speler nok og ei rolle her. Uavhengig av årsak er kjønnsamansetnad av arbeidsstokken noko ein bør vere oppteken av i framtidig rekrutteringsarbeid. 

Likestilling

Fylkesmannen i Vestland er oppteken av at både kvinner og menn skal ha høve til å kombinere arbeid og omsorgsrolle og at alle skal ha like høve til personleg og fagleg vekst og utvikling. Vi ser likevel at kvinner i større grad enn menn tek ut omsorgspermisjon og liknande. Dette speglar nok samfunnet generelt, men bidreg og til at kvinner på sikt kan oppleve ein lågare lønnsutvikling og ein lausare tilknytning til arbeidslivet. Vi ser at menn gjennomgåande tener meir enn kvinner hos Fylkesmannen i Hordaland, med unnatak av kontorstillingane - der kvinner tener noko meir. Det er ingen openberr forklaring på desse skilnadane og det er ingen ønskt situasjon for embetet. 

Turnover

Med tanke på at embetet har vore i ein omstillings- og samanslåingsprosess er turnoveren låg. Turnoveren kan likevel opplevast som belastande i dei einingane som er hardast råka. 

2.4 Andre forhold

Ingen kommentarar her.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Landbruk

Fylkesmannen har hatt tett dialog med kommunane i fylket og faglag /fagmiljø på landbruksområdet for å informere om nasjonale mål og føresetnader.  Formidling skjer gjennom fleire kanalar både konferansar, dialogmøte, samlingar og møter, nettsider og infoskriv. I starten av året vert det sendt forventning - og tildelingsbrev frå fylkesmannen til kommunane med nasjonale mål og føringar, dette skisserer også bredda i oppgåveansvaret som ligg hos kommunane på landbruksområdet. Regionale samlingar med kommunane, faglaga , landbruks-rådgjevinga, skognæringa er spesielt viktige arenaer for informajon og dialog, her vert regionale utfordringar og problemstillar diskutert. Fylkesmannen har tett dialog med det regionale partnarskapet på næringsutvikling. Her er informasjon og  samarbeid på tvers av t.d. blå / grøn sektor, FoU-miljø, Universitet og høgskule, godt etablert.  

Helse, omsorg, sosial og barnevern

Vi har som tidlegare år, lagt vekt på rettleiing og samarbeida med regionale kompetansesenter og lokale fagmiljø, KS, Nav, Husbanken med fleire om formidling og iverksetting av nasjonale mål og satsingar. Vi legg vekt på å sjå samanheng i ulike satsingar og dei overordna problemstillingane. Nettsidene våre, kurs og møte med administrative og faglege leiarar er viktige forum for informasjon og formidling av nasjonale forventingar. Vi har lagt vekt på at brukarane skal få medverke og spesielt at barn og unge blir høyrde. Dette gjeld ikkje minst i tilsyn og handsaminga av klager.

Samfunnstryggleik og beredskap

Fylkesmannen har god og hyppig kontakt med kommunane og andre viktige aktørar med oppgåver knytt til samfunnstryggleik og beredskap, m.a. gjennom tilsyn, øvingar, rettleiingsmøte, kurs, fagsamlingar, individuell kontakt mv. Vi har høg kompetanse og har i året som har gått vore ein aktiv pådrivar for å fremje samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeidet i fylket, ikkje minst ovafor samanslåingskommunar og i totalforsvarssamanheng. 

Utdanning

På utdanningsområdet har embetet ført vidare ordninga med faste og situasjonsaktuelle møtepunkt med skuleeigarar og med barnehagemynda. Nasjonale satsingsområde og aktuell politikk er tema på desse møta. Vi legg og vinn på at ulike statlege satsingar og prioriteringar blir presentert og drøfta med tydeleg kopling til dei overordna problemstillingane dei er meint som bidrag til å løyse. Vår vurdering er at vi har tilstrekkeleg med møtepunkt og at dei tema vi tar opp kan sikre at nasjonal politikk er kjend i fylket. I tillegg er informasjon tilgjengeleg vi våre nettsider. Vi meiner målet er nådd.

Miljø

Økosystema er under press frå oppdrettsnæring og frå utbygging av vegar, hytter og kraftverk. Vi har ikkje haustbare overskot av sjøaure og villaks i store delar av fylket og for mange av stammane er stoda kritisk. Fleire prosjekt er sett i verk, med reetableringsprosjekt i Vossovassdraget og Modalsvassdraget, og Genbank Hardangerfjord for stammene av villaks og sjøaure langs Hardangerfjorden. Genbanken vart fullfinansiert i starten av 2018 og er avgjerande for å berge fleire av stammene. Hvis ikkje vil stammer av villaks gå tapt. Tilrådinga vår til etablering av tre kandidatområde når det gjeld marint vern vart sendt Miljødirektoratet hausten 2017. Det har vore kontakt ned nokre kommunar i 2018 kring prosessen vidare.

I 2017 vart arbeidd med det største skogrestaureringsprosjektet i eit norsk verneområde gjennomført. Store bestandar av fem ikkje-stadeigne treslag blir fjerna ved maskinhogst i Ånuglo naturreservat. Dette vart vidareført i 2018 på Seløy i same verneområde. Entreprenør er vald for hogst på Lamøy ved Herdla. Tiltaket vert gjennomført i 2019.

Embetet held fram arbeidet med opprydding i forureina sediment. Det har vore ei klar auke i tal på saker etter forureiningslova, både sakshandsaming og tilsyn, noko som er effektivt handtert.


Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

Helse, omsorg, sosial og barnevern

I løpet av året har vi fleire møte med regionale kompetansesenter og fagmiljø, Bufetat, KS, fylkeskommunen, Nav og Husbanken for informasjonsutveksling, koordinering og avklaring av korleis vi kan samarbeide om forskjellige tiltak på alle område som vi etter oppdrag frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Helsedirektoratet, skal bidra til utvikling og forbetring av. I dette arbeidet har vi også nært samarbeid med kommunane. Vi samarbeider også med dei andre embeta i regionen, mellom anna om tilsyn og harmonisering av saksbehandling på fagområda som ligg til avdelinga.

Utdanning

Embetet har fleire møtepunkt i løpet av året med fylkeskommune, Bufetat, Nav, KS, andre fagorganisasjonar og andre embete. Gjennom embetet si satsing på barn og unge har vi og møtepunkt med Husbanken og andre fag- og kompetansemiljø. Vi meiner kontakten med andre aktørar er av eit såpass breitt omfang at det har vore mogleg å arbeide samordna på aktuelle område. Særleg vil vi halde fram samarbeid mellom Bufetat, fylkeskommune og Fylkesmannen. Vi meiner vi har god måloppnåing.

Miljø

Det er samhandling med andre statlege regionale etatar på fleire av avdelinga sine områder. Samhandling med andre statlege tilsynsstyremakter som Arbeidstilsynet og Statens naturoppsyn er etablert. Det same gjeld mot NVE i vassdragssaker og når det gjeld flomsikring. Vi har samarbeidet med Fiskeridirektoratet i arbeidet med marint vern og om oppdrettssøknader. Det er årlege samarbeidsmøte med det regionale Mattilsynet i samarbeid med landbruksavdelinga. Internt på embetet er det rutiner på samhandling med landbruksavdelinga og med kommunal- og samfunnsplanavdelinga. Det er og etablert samarbeid med Statens vegvesen inn mot den statlege planleggingen av E39 og E16.


Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

Generelt
Embetet har stor merksemd retta mot å treffe rettsikre avgjerder. Derfor legg vi stor vekt på opplæring (klart språk, forvaltningsrett - generell og spesiell, rolleforståing) i rettstryggleiksarbeidet vårt. Vi har tilgang til god rettsleg ekspertise på alle område, og maktar å hand-same slike saker stort sett i

samsvar med aktuelle saksbehandlings-fristar.

Landbruk

Fylkesmannen bidreg med rettleiing og kurs for kommunane i samband med sakshandsaming og rettsbruk av ordningar innanfor  tilskot og regelverket knytt til areal . Dette for å fremje rettsikkerheit og unngå ulik sakshandsaming i kommunane. Gjennom dette er det også ynskje om å oppnå heilskapleg og felles forståing av dei ulike regelverka på tvers av kommunane. 
Fylkesmannen sender fortløpande ut informasjon til kommunane når det kjem endringar innan dei ulike regelverka, men også anna relevant informasjon. Det blir føreteke forvaltningskontrollar hos kommunane innan dei ulike ordningane og regelverka for å sørgje for forsvarleg sakshandsaming, og der eventuelle manglar blir påpeikt slik at dette blir retta opp. Vidare har Fylkesmannen føreteke lovkontroll av enkeltsaker der det kan stillast spørsmålsteikn ved om vedtak fatta av kommunen, er i samsvar med dei krav som følgjer forvaltningslova sine føresegn.  

 Helse, omsorg, sosial og barnevern

Vi samarbeider på tvers av fagområde og avdelingar alt etter typen saker og problemstillingar. Barn- og ungegruppa, plangruppa og tilsynsforum er døme på etablerte arbeidsgrupper på tvers i embetet. Det er årlege møte mellom medarbeidarar hos Fylkesmannen i Hordaland, Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane for harmonisering av praksis. Det gjeld mellom anna barnevern, sosiale tenester og pasient- og brukarrettslova kapittel 4A . Tilsynssaker blir ofte brukt til å rettleie tenestene og bidra til betre samarbeid for å sikre rettstryggleiken til einskildpersonar og til læring i verksemdene. På fagområde som gjeld bruk av tvang og makt er det ofte kontakt med fagdirektorat og spesialisthelsetenesta. Nasjonale samlingar og tolkingsuttalar medverkar òg til meir einskapleg praksis. Det er regelmessige møte mellom medarbeidarar i embeta frå Møre og Romsdal til Agder om tolking av regelverk og hamonisering av praksis i saker etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9. Vi har faste møte med kontrollkommisjonane i psykisk helsevern for utveksling av erfaringar og drøfting av problemstillingar som gjeld deira og våre oppgåver overfor pasientar i psykisk helsevern. 

Utdanning

Embetet tilbyr jamleg kurs i forvaltningsrett til alle kommunane våre. Dette er eit felt vi meiner det er kontinuerleg behov for, både ut frå det vi ser i klagesaksbehandling, gjennom tilsyn og meldingar frå kommunane. Alle aktuelle lovendringar blir informert om og tatt opp i  møtepunkt. Embetet samhandlar med andre embete om rettsforståing. På sentrale og utvalde område kartlegg vi omfanget av vedtak som er fatta i kommunane. Dette legg vi til grunn for risikovurdering og nyttar som grunnlag for kva tema vi skal prioritere i informasjonsarbeid og på samlingar. Utdanningsavdelinga har ei intern forvaltningsgruppe som arbeider for eins lovforståeing, eins praksis og for å få avklaringar frå Udir der vi har behov for det.


Miljø
Vi bidreg med rettleiing og hjelp til kommunane i miljøsaker. Nettstaden miljøkommune.no er ein viktig ressurs for å sikre at kommunane forvaltar miljøregelverket med kvalitet. Vi ser likevel i ein del saker knytt til utmarksforvaltning at kvaliteten på den kommunale sakshandsaminga er svak, noko som har ført til at kommunale vedtak vert oppheva i klagesaker. Gjennom kommuneundersøkelser vert det sett søkjelys på område der kommunane er miljøstyresmakt og i kva grad forvaltninga er innanfor regelverket. Sidan 2008 har dette vore gjennomført på mange område. Vi nyttar og nettsida vår til å informere om regelverket.

Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Utdanning

Embetet har følgt opp alle løpande rapporteringar på prioriterte område i løpet av 2018. Vi meiner og vi nyttar dei møtepunkta vi har med utdanningsdirektoratet til å melde fra om våre vurderingar av tilstanden i fylket på ein god måte. Særleg har nye kompetanseordningar og elevar sitt skulemiljø vore jamleg tematisert. Vi meiner vi har underretta sentrale mynder på rett nivå i løpet av 2018.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

Den høge aktiviteten på planlegginga i Hordaland held fram og er positiv, samstundes som den utbygginga som skjer reelt sett må vere planstyrt og bærekraftig. Vi registrerer at presset på viktige areal framleis er stort og at talet på dispensasjonar for høgt. Vi tek difor med nokre nøkkeltal frå aktiviteten i 2018 for å syne mogelege sumverknader på eit par område med klåre statlege mål; strandsone og jordvern. 

Vi mottok 1196 dispensasjoner for uttale. Vi rådde fra 513
av dei. 582 var dispensasjon fra pbl. § 1-8. Vi rådde fra 296 av desse. 162 av dispensasjonane omhandla landbruksinteresser. Vi rådde fra 107.

Vi mottok 1693 dispensasjonar til klagevurdering. Vi klaga på
105 av dei. (6,2%)

570 var dispensasjon frå tiltaksforbodet i strandsona (pbl. § 1-8). Vi klaga på 75 av desse. (13,16%)

137 av dispensasjonsvedtaka omhandla landbruksinteresser. Vi klaga på 21 av desse. (15,33%)

Fylkesmannen fekk elles inn 158 reguleringsplanar, 91 reguleringsendringar etter forenkla prosess og 8 kommuneplansaker til ettersyn. Vi medverka i ein statleg reguleringsplan og ei KVU i 2018. Vi hadde 161 reguleringsplanar til uttale ved oppstart. For framleis å fremje ei berekraftig utvikling, ser Fylkesmannen det som særleg naudsynt å framleis ha fokus på naturmangfald (inklusive samla belastning), vassdrag (inklusive anadrom fisk i elv og sjø), våtmarks- og fjelløkosystem, landbruks- og friluftslivareal og leveområde for sårbare artar i planlegginga. 

Fylkesmannen følgjer opp kommunane sitt ansvar for samfunnstryggleik og beredskap i arbeidet med planlegging etter plan- og bygningslova. Gode risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS-analysar) og oppfølging av funn og tiltak, med tilhøyrande gode føresegner er avgjerande for ivaretaking av temaet i kommunal planlegging. Naturfare og omsyn til framtidige klimaendringar er særskilt aktuelt for Hordaland. Fylkesmannen har fortsett arbeid med å informere om relevant rettleiingsmateriell frå overordna myndigheiter, nye statlege planretningslinjer og rundskriv som har blitt publisert i løpet av året. Vi deltok òg fast i møte i regionalt planforum, og på andre relevante arenaer, og samhandla med andre relevante aktørar/faginstansar på fagfeltet.

Planprosesser – formidling av nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

FM har hatt dialog med og formidlet nasjonale og regionale hensyn til alle kommuner i fylket, og deltar aktivt i regionalt planforum.

Oppdraget ivaretas løpende, i vår medvirkning i kommunale planprosesser. Fylkesmannen deltar aktivt i regionalt planforum og bidrar ellers til formidling av nasjonale og regionale hensyn gjennom medvirkning tidligst mulig i planprosesser. Vi samarbeider tett med Hordaland fylkeskommune og statsetatene ved å arrangere årlig plankonferanse og opprettholdelse av plannettverk, hvor sentrale tema presenteres og drøftes med kommunene.  

Vi opplever likevel i økende grad at våre ressurser må prioriteres til planmedvirkning, innsigelses- og klagevurdering. Dette på grunn av knappe tidsfrister og svært høy arbeidsmengde. 

Kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel relevante kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning: 100 %.

Fylkesmannen gir uttale til alle planer i tidlig fase og orienterer om ev. klar motstrid med statlige interesser, så langt dette kan leses ut meldingen om oppstart. På grunn av stor arbeidsmengde har vi likevel måtte prioritere noe ned å gi utfyllende veiledning, med henvisning til styrings- og veiledningsdokumenter i denne fasen, sammenlignet med tidligere år.

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Mekling i planer med uløste innsigelser: 100 %.

Med en god samordning og dialog i høringsperioden, opplever vi at et mindre antall saker kommer fram til mekling.

Reduksjon i omdisponering av dyrka jord (fra kapittel 3.1.1.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponering av dyrka jord frem mot 2020, i tråd med  det nasjonale jordvernmålet.

For åra 2015-2017 viser KOSTRA-tala at det er små endringar knytt til omdisponering  av dyrka jord – i 2015 var det etter jordlova og plan- og bygningslova omdisponert totalt 279 dekar dyrka jord. I 2016 blei dette redusert til 200, mens det i 2017 var ein oppgong til 271 dekar. I 2017 har det likevel vore nedgong i tal dekar der det blei  gjeve samtykke til omdisponering etter jordloven, samanlikna med 2016, frå 83 dekar til og 50 dekar. Samstundes har det vore ein auke i tal dekar som har blitt omdisponert etter plan- og bygningsloven, frå 117 dekar i 2016 til 221 i 2017. Det er likevel mindre enn tilsvarande tal for 2014 og 2015. 

Totalt sett har tala dei siste tre åra vore stabile samla sett. Dessverre føreligg det ikkje tal for 2018 ennå, men vi har ikkje grunnlag for å fastslå at det vil vere vesentleg meir dyrka jord som har blitt omdisponert, samanlikna med dei føregåande åra.  

For Fylkesmannen sin del har det vore ein liten nedgong i tal klagesaker som har kome inn, knytt til jordloven § 9. I 2018 var det ingen saker knytt til § 9 i jordloven som ble handsama hos Fylkesmannen som førsteinstans, og av klagesakene blei ingen av klagene på dei kommunale vedtaka tatt til følge, slik at det kommunale avslaga blei oppretthalde av Fylkesmannen.

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer (fra kapittel 3.1.1.1.1.6 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer og løsninger skal ivaretas.

Alle kommunar som har presentert planprogram for Fylkesmannen, anten i regionalt planforum eller på anna måte, har blitt utfordra på bustadsosiale utfordringar og løysingar. Kommunane har blitt oppmoda til å ta slike omsyn både i kommuneplanens areal- og samfunnsdel.

Vi samarbeider tett med Husbanken om bustadsosialt arbeid og er i oppstartsfasen av eit utviklingsprosjekt med utvalde kommunar..

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante planer (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante regionale og kommunale planer.

SPR nyttes aktivt, med særlig fokus på SPRBATP. Nye SPR for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing oppleves som nyttige i vår planfaglige dialog og medvirkning.

Kommuner i storbyområdene tilrettelegger aktivt for boligbygging (fra kapittel 3.1.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle relevante kommuner i storbyområdene tilrettelegger aktivt for boligbygging.

Ingen avvik. Jf. elles rapportering på Byvekstavtaler.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle planer etter plan- og bygningsloven er vurdert med hensyn til samfunnssikkerhet, herunder klimaendringer. 

Alle planar etter plan- og bygningslova er vurdert med omsyn til samfunnstryggleik, og klimaendringar. Temaa er vurdert med bakgrunn i plan- og bygningslova § 3-1 bokstav h og § 4-3, og i samsvar med nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging. Tilsvarande vert så langt som råd vurdert i dispensasjonssaker. Klimaendringar er ein naturleg del av vurderinga vi gjer i høve korleis samfunnstryggleik og beredskap er teke omsyn til. Ny statleg planretningslinje for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing som kom hausten 2018 har blitt tatt inn i våre vurderingar, og vist til i høyringssvar for planar etter plan- og bygningslova. Som tidlegare har vi i høve uttaler til planframlegg vist til relevant rettleiingsmateriell frå DSB og andre relevante fagmyndigheiter, klimatilpasning.no og klimaprofil for fylket, som del av rettleiingsoppgåva vår.

Rundskriv H-5-18 frå KMD om samfunnstryggleik i planlegging og byggesaksbehandling som vart publisert hausten 2018, opplever vi som eit klargjerande dokument i høve forventningar og krav i plan- og bygningslova. Rundskrivet vart raskt tatt i bruk, òg sitert frå i høve fråsegner til kommunale planar på høyring.

3.1.1.2 Informasjon og veiledning er tydelig og målrettet

I 2018 er det særleg dei nye kompetanseordningane for skule og barnehage som har fått prioritet, saman med arbeid for eit trygt og godt skulemiljø.

 Når det gjeld kompetanseordningane har embetet hatt ei rekke samlingar for aktørane. Målsettinga har vore å bidra til ei felles forståing for formåla med ordningane, og å bidra til at aktørane involverer seg i både kartlegging og utviklingsarbeid på alle nivå. Embetet har utarbeidd samla skriftlege planar/dokument, som eit bidrag til at formål, organisering og ansvarslinjer blir kommunisert på ein tydeleg og felles måte. Vi meiner sjølv vi har hatt ein strategi som inkluderer aktørane på ein god måte, men vi er og sikre på at informasjons og involveringsarbeid må få kontinuerleg merksemd og må vere pioritert høgt framover.

Når det gjeld arbeidet for eit trygt og god skulemiljø har vi brukt alle møtepunkt i 2018 til å tematisere feltet. Skuleeigar er målgruppa, og vi har i tillegg drøfta dette mykje med UH-miljøa slik at vi sikrar at det er kopla til kompetanseordningane der det er tenleg. Vi meiner vi har god måloppnåing.

Oppfølging av bhgmynd med bhgeiere som ikke har tatt i bruk rammeplan (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle barnehagemyndigheter med barnehageeiere som ikke har tatt i bruk ny rammeplan, skal ha fått nødvendig oppfølging.

Fylkesmannen har bede alle kommunar (barnehagemynde) om å melde til Fylkesmannen om, eventuelt kor mange, barnehagar som dei er usikre på om har teke ny rammeplan i bruk. I denne dialogen har vi fått stadfesta at det ikkje er kjende tilfelle i nokre av kommunane våre.

3.1.1.3 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Fylkesmannen har støtta opp under kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap på ei rekkje ulike måtar i 2018:

  • Gjennomført øving for alle dei 33 kommunane i fylket («Øving Lyneld»), med tema større havari og brann om bord i hurtigbåt, der kommunane gjennomførte diskusjonsøving og sendte rapport til Fylkesmannen.
  • Arrangert to-dagars fagsamling for beredskapskontaktar og kommuneleiing, med ei rekkje ulike tema og innleiarar både frå eksterne aktørar og internt. 25 av 33 kommunar deltok, saman med eksterne aktørar som fylkeskommune, Statens vegvesen, Redningsselskapet, Sivilforsvaret, Heimevernet, Forsvaret/Haakonsvern, BKK (KDS-funksjon) og DSB.
  • Arrangert grunnkurs og administratorkurs for DSB-CIM for kommunane i fylket, med instruktør frå DSB (Johan Stenshorne), god deltaking frå ei lang rekkje kommunar.
  • Rettleiing ved førespurnad for ei lang rekkje ulike tema, t.d. heilskapleg ROS-analyse, samfunnstryggleik i arealplanlegging, utforming av beredskapsplanar, DSB-CIM m.m.).
  • Gjennomført tilsyn med kommunal beredskapsplikt (sjå òg eige punkt), og hatt tilsyn/beredskapsgjennomgang og tett oppfølging av samanslåingskommunar.
  • Vurdert planar etter plan- og bygningslova med omsyn til samfunnstryggleik og beredskap (sjå òg eige punkt), og i høyringsuttalane gjort merksam på eksisterande og nytt rettleiingsmateriale.
  • Delteke med innlegg på ulike fagsamlingar der kommunane har deltatt, t.d. fagsamling i regi av NVE og kurs for planleggarar og konsulentar på vegner av DSB.
  • Publisert informasjon om nytt rettleiingsmateriell for samfunnstryggleik i arealplanlegging på nettsidene våre, og informert kommunane. Vidareutvikla eigne temasider med omtale av ulike regionale og nasjonale aktørar med fagansvar, lenke til relevant rettleiingsmateriell osb.
  • Lagt til rette for instruktørkurs Nødnett i fylket.
  • Bidrege med innspel til DSB i sambnad med søknader om løyver som gjeld farlege stoff.

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

På bakgrunn av bestemmelser i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt, skal Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

I 2018 gjennomførte vi tilsyn med 20 kommunar. Seks av desse tilsyna var ordinære tilsyn (kommunane Masfjorden, Fedje, Modalen, Eidfjord, Ulvik og Kvam), medan det vart gjennomført dokumenttilsyn med Odda kommune. I tillegg gjennomførte vi beredskapsgjennomgang (basert på tilsynsmetodikk) med dei 13 kommunane som frå 01.01.2020 skal gå saman i fem nye kommunar, dvs. dei nye kommunane Alver (Lindås - Meland - Radøy), Voss (Granvin - Voss), Øygarden (Fjell - Sund - Øygarden), Bjørnafjorden (Os - Fusa) og Ullensvang (Jondal - Odda - Ullensvang). Desse 13 kommunane har i tillegg til den formelle beredskapsgjennomgangen vore gjenstand for særleg tett oppfølging i form av rettleiing, oppfølgjande beredskapsgjennomgang og statusmøte allereie sidan 2017. Dessverre opnar ikkje SAMBAS for registrering av resultat for desse komande nye kommunane.

3.1.1.4 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Opplæringstilbod om sosialtenestelova i kommunane blei gitt på kurs, i møte for leiarar, ved tilsyn og klagehandsaming. Vi har prioritert å gi opplæring gjennom «Ny i Nav», på nettverksamlingar og i fagsamlingar for Nav-tilsette. Vi har tatt utgangspunkt i lokale behov.

Opplæringstiltak har vore koordinert med Nav fylke. To gonger i året inviterer vi saman med Nav-fylke alle Nav-leiarar. I desse samlingane blir viktige problemstillingar i dei sosiale tenestene drøfta.

Vår vurdering er at dei fleste Nav-kontora har god kunnskap om regelverket, og andelen vedtak vi stadfestar har over fleire år vore stabil omkring 85%.

Vi bruker også nettsida til å formidle kunnskap om lovforståing generelt og avgjerder i prinsipielle spørsmål, slik at dei vert tilgjengelege og kan leggast til grunn ved alle Nav-kontora.
Vi har faste møtet med Bergen kommune, Nav fylke, KS og rådmannsutvalet om dei sosiale tenestene i Nav.

Alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter, med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

Alle Nav-kontor i fylket fekk tilbod om opplæring. Oppæringa blei gitt i klynger med utgangspunkt i tenesteområdestrukturen i Nav.  Vi meiner at kompetansen om regelverket er god, men det er forskjeller mellom kontora, til dømes er det kun dei større kontora som har juristar tilsett i tenesta.

I samarbeid med Nav-fylke gav vi opplæring om «Ny i Nav» til alle Nav-kontor. 

Alle Nav-kontor fekk tilbod om å delta på fire nettverksamlingar om kvalifiseringsprogrammet og fem nettverksamlingar om økonomisk rådgjeving. Det er god deltaking frå Nav-kontora i dei ulike nettverka.

Saksbehandling var tema i eit møte med Bergen kommune. I samarbeid med Nav fylke arrangerte vi to samlingar for Nav-leiarane.

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. Opplæringen skal vektlegge kravet om å gjøre individuelle vurderinger i den enkelte saken og at barneperspektivet i de sosiale tjenestene ivaretas.

Både gjennom opplæring, rettleiing og klage- og tilsynssaker har vi hatt  merksemd på at tenestene skal vere tilgjengelege. Vi vurderer at det er stor risiko omkring dette i ei tid der fleire Nav-kontor er i stor endring, til dømes endring i fysiske lokasjonar. Ny funksjonalitet på digitale plattformar kan bidra til enklare kontakt for mange, men det er òg ein risiko for at dei som ikkje er flinke til å bruke desse, opplever Nav som mindre tilgjengeleg. Det er òg ei risiko for at dei individuelle vurderingane blir mindre konkrete når meir av sakshandsaminga skjer digitalt. Fleire borgarar tar kontakt med Fylkesmannen fordi dei opplever Nav-kontora som lite tilgjengelege.

Det er ei utfordring i enkeltsaker å finne den rette balansen mellom omsynet til likebehandling og standardiserte normative utgangspunkt og på den andre sida kravet til individuelle vurderingar. Likeins kan det vere ei utfordring på kva måte og korleis Nav-kontora skal vurdere saker som meir indirekte kan ha betydning for barn.

Fylkesmannen har hatt merksemd på barneperspektivet i vår  kontakt med Nav og gjennom opplæringstiltak i 2018, og vil intensivere denne innsatsen i 2019.

Antall kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og annen veiledning er avdekket særlig utfordringer.

I fire tilsynssaker fordelt på fire Nav-kontor i to kommunar har vi konkludert med lovbrot. Ein av kommunane hadde vi særskilt oppfølging av i etterkant i form av møter med leiinga og krav om skriftleg tilbakemelding. I dei andre sakene vurderte vi det at ikkje var behov for særskilt oppfølging, mellom anna fordi tenesta sjølv viste at dei hadde endra praksis.

Vi konkluderte med lovbrot i eitt planlagt tilsyn med sosiale tenester i Nav. Tilsynet er framleis under oppfølging fra vår side og tenesta har varsla at dei vil gjera eit internt tilsyn mars 2019 som del av oppfølginga.

3.1.1.5 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Det er liten tvil om at helse- og omsorgstenestene i kommunane er under press. Dette på tross av mange år med viktig og nødvenig merksemd, tilskot og planar. Dei må prioritere stramt.

Kommunane arbeider i stor grad etter dei mål og forventningar som er i dei nasjonale planane, men framleis er det manlgar i både kapasitet, kompetanse og kvalitet. Variasjonen mellom kommunane er stor. Fleire av dei som har fått til ei brei forankring, brei satsing og tenker varierte løysingar ser ut til å ha best og mest varierte tilbod, og behovet for tenester kan sjå ut til å kome på eit seinare tidspunkt enn det elles ville gjort.

Den aller viktigaste årsaka til den variasjonen vi ser, er leiing. Der kommunane har ei og toppleiing som også klarar å rekruttere dyktige mellomleiarar, får mest til. Der blir ofte verdigrunnlag og kultur vektlagt og både resultata og arbeidsmiljøa blir betre. Vi trur at det er svært avgjerande å få fram utviklingsorientert, kloke og dyktige leiarar for å kunne møte dei utfordringane samfunnet står overfor dei nærmaste tiåra.

Variasjonane, utfordringane og den svikten vi ser, får vi mellom anna innblikk i gjennom tilsynssaker, rettigheitsklagar og saker etter kapittel 4a om bruk av tvang, men og i ulike møter med tenestene. 

Heimetenestene har enno større utfordringar enn heildøgnstilboda. Framleis er tenestene fleire stader organisert slik at ein person kan motta tenester frå fleire titalls tilsette i løpet av ein månad. Vi har og mange døme på at tilsette (også sjukepleiarar) ikkje klarer å fange opp alvorleg forverra tilstand hos heimebuande.

Det er framleis lite evaluering (og forskning) i helse- og omsorgstenestene. Det gjeld sjølv om forskrift om ledelse og kvalitet stiller krav om evaluering og forbetring. Det kan sjå ut som Pasientsikkerhetsprogrammet er viktig for å bidra til endring av kultur, målingar og forbetring. Dette programmet kunne blitt brukt i enno større grad for kommunane, men det krev at Kommunane set av tid og ressursar både til gjennomføring og oppfølging. Også Pasientsikkerhetsprogrammet kunne ha sett av meir tid til å sikre oppfølginga.


Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene har politisk vedtatt planer for å møte fremtidens utfordringer på helse- og omsorgsfeltet, bl.a. kompetanse- og rekrutteringsplaner.

29 av 33 kommunar har ein helse- og omsorgsplan som tar opp framtidige utfordringar. To kommunar arbeider med nye planer som ennå ikkje er ferdigstilte (Granvin og Voss).

Kommunane er komne ulikt langt i å planlegge, utvikle og etablere tiltak både på samfunnsplan- og på tjenestenivå. Embetet har stor merksemd på at dei kommunale planane tek opp i seg utfordringane vi sil møte.

27 av kommunane har kompetanse -og rekrutteringsplanar i 2018. Det er ikkje lenger eit krav om kompetanse- og rekrutteringsplan for å søkje kompetanse- og innovasjonstilskotet

Flere kommuner enn i (fra kapittel 3.1.3.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner enn i 2017 gir dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens .

24 av 33 kommunar har eit dagaktivitetstilbod til personar med demens mot 27 kommunar i 2017. Færre personar med demens får dagaktivitetstilbod samanlikna med 2017. Hovudutfordringa her er kapasitet og at tilbodet er tilpassa den einskilde sine interesser og behov.

Vi trur at grunnen til at talet på plassar er lågare enn året før, er at fleire av dei mindre kommunane ikkje har plassar som står ledige til dette føremålet, men at dei opprettar og tilrettelegg individuelt når behovet er der. Vi har i alle fall sett fleire døme på dette.

I andre kommunar kan behovet  for dagtilbod til denne gruppa vere større enn kapasiteten.

Flere plasser med dagaktivitet (fra kapittel 3.1.3.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Flere plasser med dagaktivitetstilbud for personer med demens sammenliknet med 2017.


I 2018 blei det oppretta 22 nye plassar for 38 personar, mot 27 plassar til 73 personar 2017. Dette er ei nedgang frå 2017.

3 av 33 kommunar oppretta nye dagplassar for personar med demens i 2017. Det var Bergen,Voss og Os. 

Totalt er det no 250 plassar som har fått tilskot, mot 237 i 2017. Tilbodet blei brukt av 478 personar i 2018 mot 535 i 2017.

 

Talet på brukarar som får tilbod om plass og talet på plassar er forskjellig fordi mange kommunar har fleire plassar enn dei har fått tilskot til. Andre kommunar kjøper plassar av private, som for eksempel Inn på Tunet.

Fylkesmannen forventer at kartlegginga som var gjennomført i 2018 vil gi riktigare tall.

Personell i helse- og (fra kapittel 3.1.3.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Personell i helse- og omsorgstjenesten har fått økt grunn- og videreutdanningsnivå sammenlignet med 2017.

75% av årsverk i brukaretta tenester har fagutdanning. Denne andelen har halde seg på same nivå som i 2017 og 2016.

34% av årsverka i tenester har fagutdanning frå høgskule/universitet. Dette er som i 2016. 14 kommunar har ein liten reduksjon i andelen med fagutdanning samanlikna med 2016. 14 andre kommunar har oppnådd ei lita auke.

Samla har kommunane i fylket 338 fleire årsverk i helse- og omsorgstenestene. Tala frå 2018 føreligg ikkje.

Med vår kjennskap til kommunale helse- og omsorgstenester, er det fortsatt eit stort behov for meir kompetanse i tenestene. Gjennom tilsyn- og klagesaker ser vi både at det er stor variasjon, men og udekka behov (kapasitet), ikkje alltid individuelt tilpassa tenester og manglar i kvaliteten på tenestene. Heimetenestene har enno større utfordringar på desse områda enn heildøgnstilboda. 

Fylkesmannen sender eigen rapport om Kompetanseløftet 2020 til Helsedirektoratet innan 1. mai 2019. Kommunane skal rapportere til Fylkesmannen innan 22. mars 2019 om tal på tilsette som deltar eller har gjennomført grunnutdanning, vidareutdanning eller etterutdanning i 2018.

Økt ressursinnsats (fra kapittel 3.1.3.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Økt ressursinnsats i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid sammenlignet med 2017, jf. vekst i  kommunerammen på 300 mill. kroner til styrket innsats på rusfeltet i 2018.

Under halvparten av kommunane, 45 prosent,  har rapportert at veksten i kommuneramma er nytta til føremålet. I 2018 var det samanlikna med 2017 ein auke i talet på årsverk i tenestene til vaksne og barn og unge.

Økt andel av pasienter (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt andel pasienter med behov for habilitering- og rehabilitering mottar tjenester i kommunene sammenliknet med 2016 (tekst endre noe i forbindelse med første felles supplerende tildelingsbrev for 2018).

(Resultatmålet slettes fordi det i dag ikke finnes gode tall på dette. Det er mulig å finne tall på antall mottakere av hab/rehab i IPLOS, men det kan Helsedir ta ut selv. Det finnes flere andre resultatmål på hab/rehab i tillegg til egen rapportering under kap. 7)

Flere kvalifiserte årsverk (fra kapittel 3.1.3.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere kvalifiserte årsverk enn i 2016 arbeider innen habilitering og rehabilitering i kommunene.

Det er ikkje mogeleg å skaffe fram tal. Helsedirektoratet har gitt beskjed om at dette rapporteringskravet utgår, jf. e-post 14.12.18 frå Helsedirektoratet ved S. Gjønnes.

Minst ett innsatsområde (fra kapittel 3.1.3.1.2.3 i TB)

Rapportere på

Minst 75 % av kommunene rapporterer forbedring på innsatsområder/tiltak i opptrappingsplanen 2017-2019 sammenlignet med 2017.

Datagrunnlaget for å vurdere kapasitet og kvalitet i habiliterings- og rehabiliteringstenestene i kommunane er mangelfullt.

I eigenvurderinga som kommunane gjorde hausten 2017, svara 55, 2 prosent at dei hadde plan for habilitering og rehabilitering. 58,6 prosent svara dei i nokon grad hadde kapasitet til å møte behov som innbyggjarane hadde og 86,2 prosent sa at dei nokon/rimeleg grad kunne gi habiliterings-/rehabiliteringstilbod på kommunalt nivå til dei som trong det. Vi er usikre på om dei som har svara, har teke høgde for alle brukargruppene og variasjonane i behov. Ved å samanhalde svara i eigenvurderinga med opplysningar frå tilsyn og klager meiner vi at det er store skilnader i dei kommunale tenestene, spesielt i tilboda til barn, unge og vaksne og personar med sansetap. Det er skilnader i kapasitet og breiddekompetanse og dermed også i det faglege innhaldet i tilboda. Vi har ingen tal som sikkert tilseier at fleire får vurdert og oppfylt retten til habilitering og rehabilitering. Ved behandling av klager på avslag på opphald ved institusjonar i spesialisthelsetenesta har vi sett at mange kommunar i for liten grad har lagt til rette for å gi eigna tilbod til brukarar som treng hjelp til å vedlikehalde funksjon, men som ikkje har behov for spesialisert rehabilitering. Mange kommunar har teke i bruk elektronisk verktøy for kommunikasjon og utarbeiding av individuell plan. Desse verktøya er ikkje eigna for alle brukarar, og det er ulikt i kva grad kommunen tilbyr alternativ. Samarbeidet med brukarorganisasjonar kan vidareutviklast. Vi har hittil ikkje fått søknader om tilskot til styrking av samarbeid mellom kommunale tenester og brukarorganisasjonar.

Rekruttering og opplæring av koordinatorar er eit kontinuerleg arbeid. Det varierer korleis kommunane løyser oppgåva. Det varierer også kva rolle koordinerande eining har i høve til opplæring og  oversikt over koordinatorar,og i samhandlinga med spesialist-helsetenesta.  Nokre kommunar har bygd opp tilbodet over tid, uavhenig av tilskot. I fleirtalet av kommunane er det framleis ein veg å gå før dei har eit fagleg tyngdepunkt for habiliterings- og rehabiliteringsverksemda.

Det etter vår vurdering ikkje  grunnlag for å seie det berre er kommunane som har fått tilskot, som arbeider med forbetring av tenestetilbodet. 20 av 33 kommunar søkte og fekk tilskot til styrking av habiliterings- og rehabiliteringstenestene i 2018. Fem av dei søkte ikkje om tilskot i 2017. Ti kommunar fekk overført delar av tilskotet som dei fekk i 2017 til 2018. Innan utgangen av 2018 søkte  sju kommunar om overføring til 2019. Eit mindretal av kommunane har hittil søkt om tilskot til styrking av habiliteringstenestene og tiltak for barn og unge.

3.1.1.6 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

I 2018 vidareførte vi samarbeidet med representantar for brukarar av tenestene,regionale kompetansesenter, Husbanken, Nav, KS, barnevern og spesialisthelsetenesta for informasjons- og erfaringsutveksling, samarbeid om einskilte tiltak og meir langvarige satsingar.

Tiltak for å førebyggje og handtere vald og overgrep var tema i dei fleste av møta med leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene  og i barnevernet. Vi valte å prioritere og integrere dette tema i alle innsatsområder fordi problemstillinga er aktuell for mottakarar av alle tenester og i alle aldersgrupper.

Fylkesmannen i Rogaland tok initiativ til eit årleg samarbeidsmøte mellom leiinga ved kompetansesentera, leiinga hos Fylkesmannen Rogaland og Fylkesmannen i Hordaland. Føremålet med møtet å samordne innsatsen på feltet. Vi meiner det er mogeleg å styrkje samarbeidet og koordinere innsatsen i det vidare arbeidet. I denne samanheng vil ei tydeleg prioritering, eventuelt færre resultatkrav frå oppdragsgjevar vere til hjelp, også for kommunane som i størst grad skal gjere arbeidet.

90 % av kommunene har kartlagt (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

90% av målgruppen er kartlagt for å belyse rusmiddelsituasjonen fylkets kommuner gjennom BrukerPlan eller annet kartleggingsverktøy.

Alle kommunane har fått informasjon om BrukerPlan og tilbod om opplæring og rettleiing.Tal frå Regionalt kompetansesenter for rusmiddelforskning i Helse Vest viser at 98 prosent av befolkninga 18 år og oppover i kommunane i Hordaland er kartlagt med BrukerPlan. I følgje IS-24/8 - 2018 har 85 prosent av kommunane kartlagt rusmiddelsituasjonen ved å nytte BrukerPlan og Ungdata. Fem av 33 kommunar har i løpet av dei to siste åra ikkje nytta BrukerPlan eller anna kartleggingsverktøy. Fire av dei hadde færre enn 1250 innbyggjarar i 2018. 

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene sikrer brukermedvirkning i tjenesteutvikling innen rus- og psykisk helsefeltet.

Det er naudsynt å arbeide vidare for å styrkje brukarinvolvering i tenesteutvikling innan rus- og psykisk helse. Vi har prioritert temaet høgt og brukt  informasjon, rettleiing og tilsyn til å fremje brukarinvolvering, spesielt det systematiske arbeidet på dette feltet. På spørsmåla i IS-24/8 svara om lag 60 prosent av kommunane at brukarane i nokon grad fekk medverke og 30 prosent svara at brukarane deltok i tenesteutvikling i stor eller svært stor grad.

Et større antall personer med rus (fra kapittel 3.1.3.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Et større antall personer med rus- og/eller psykisk helseutfordringer har tilfredsstillende botilbud enn i 2017.

I overkant av ein tredjedel av kommunane melder i 2018 om betring i butilboda til personar med rus- og/eller psykiske helseutfordringa. To kommunar har svara at det har vore ei forverring i butilboda til personar med rusproblem. Dei fleste rapporterer om ingen endring siste året. Det er særleg personar med samtidig omfattande rus- og psykiske problem som det er vanskeleg å skaffe eigna butilbod til.

Vi har arbeidd saman med Husbanken om Bolig for velferd for å bidra til at kommunane prioriterar å skaffe bustad til denne gruppa. Hausten 2018 starta vi førebuing til eit felles prosjekt med dette som føremål.

Bedre kvalitet i tilbudet til personer (fra kapittel 3.1.3.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Bedre kvalitet i tilbudet til personer med psykisk helse- og/eller rusproblemer gjennom kunnskapsbaserte metoder  herunder etablering av flere aktivt oppsøkende behandlings- og oppfølgingsteam etter modell av ACT/FACT-team, Individuell jobbstøtte/ Jobbmestrende oppfølging og Rask psykisk helsehjelp enn i 2017.

I 2018 gav vi tilskot til åtte FACT-team. Vi hadde gjerne sett at det kom fleire søknader om tilskot til styrking av tenestetilbod til utsette barn og unge og at det var større merksemd på kunnskapsbasert praksis.

I 2017 svara 58 prosent av kommunane at dei hadde etablert samarbeid mellom helse- og omsorgstenestene og Nav om arbeidsretta rehabilitering til personar med psykiske lidingar og eller rusmiddelproblem. I følgje IS-24/8 hadde 79 prosent av kommunane inngått slikt samarbeid. Når det gjeld delen kommunar som har teke i bruk individuell jobbstøtte (IPS) for personar med psykiske lidingar, har delen gått opp frå 12 prosent i 2017 til 21 prosent i 2018. Innan rusarbeid har delen kommunar som brukar IPS auka frå seks prosent i 2017 til 21 prosent i 2018. Det er to kommunar som har fått tilskot til  Rask psykisk helsehjelp frå NAPHA.

Vi meiner tilboda til personar med psykisk helse- og/eller rusproblem er i ferd med å bli betre, men det er skilnader i kor raskt denne framgangen kjem. Det er framleis ein jobb å gjere for å styrkje samarbeidet mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenestene, samarbeidet i kommunane og med andre instansar. Ved tilsyn, behandling av klager og kontakt med tenestemottakarar får vi informasjon om at det sviktar i overgangar og at det er behov for meir differensierte tilbod.

Flere kommuner har etablert (fra kapittel 3.1.3.2.1.5 i TB)

Rapportere på

80% av kommunene omfattes av tilskuddsordningen til kommunalt rusarbeid.

Alle kommune fekk informasjon om tilskotsordninga. Vi meiner ordninga er godt kjent. Nokre kommunar har gitt tilbakemelding om at arbeidet med å søkje og rapportere er krevjande. Dei viser til at  det for lite føreseieleg kor mykje som blir gitt i tilskot og at det ikkje svarar seg å bruke tid på søknader.

60 prosent av kommunane i fylket søkte og fekk tilskot til kommunalt rusarbeid i 2018, til saman kr. 46 586 384.

Flere kommuner har rekruttert psykolog (fra kapittel 3.1.3.2.1.6 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner har rekruttert psykolog og flere benytter denne kompetansen i rusarbeid enn i 2017.

25 kommunar fekk tilskot til stillingar for psykologar i 2018. To kommunar søkte om tilskot første gong i 2018 og to som hadde fått tilskot tidlegare søkte ikkje på nytt. Den eine av økonomiske grunnar og den andre fordi dei ikkje lukkast med å rekruttere til stillinga. Fleire, særleg mindre kommunar, melder òg om at det er vanskeleg å rekruttere og halde på psykologar som blir tilsett. På grunn av store avstandar er interkommunalt samarbeid heller ikkje alltid eit aktuelt alternativ. I mange kommunar er det venta at psykolog skal arbeide med ulike brukargrupper i tillegg til systemretta arbeid og rettleiing. Om det er fleire kommunar enn tidlegare som nyttar psykolog i rusarbeidet er vanskeleg å vurdere, spesielt på grunn av breidda i oppgåvene og liten kontinuitet i stillingane.

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak (fra kapittel 3.1.3.2.1.7 i TB)

Rapportere på

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak ved rusrelatert problematikk.


I følgje IS-24/8 har 36 prosent av kommunane etablert tidleg intervensjonstiltak ved rusrelatert problematikk. Vi er kjend med at mange av kommunane arbeider med å styrkje samarbeidet mellom dei ulike instansane i velferdstenestene. Svara kommunane har gitt, tilseier at det er stort rom for forbetring, også i lys av at dei fleste kommunane sjølve vurderer at dei i nokon eller liten grad har gode kartleggings- og behandlingstilbod til personar med milde eller moderate alkoholrelaterte problem. Tiltak for tidleg identifisering har i fleire år vore tema i møte som vi har hatt med kommunale leiarar og spesialisthelsetenestene. Vi har i fleire år teke spesielt opp at det er nødvendig med tidleg innsats og tverrfagleg samarbeid. Dette arbeidet vil vere prioritert også komande år.

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen mot vold og overgrep og nye lovbestemmelser i helselovgivningen som berører arbeidet.  

Opptrappingsplanen  mot vald og overgrep har vore tema i dei fleste fagmøte gjennom 2018. Det er gjennomført samlingar med leiane helsesjukepleiarar, kommunelegar og ei stor samling for leiarar og tilsette i barnevernsfeltet og i barne- og ungdomspsykiatri.  Opptrappingsplanen mot vold og overgrep var òg tema i dialogmøte med kommunane om barneverntenestene. I samband med at vi innhenta opplysningar om krisesentertilbod, spurde vi òg om kva tiltak kommunane hadde sett i verk for å sørgje for at tilsette i Nav, barnevern, helsetenestene, skule og barnehage har nødvendig kunnskap om vald i nære relasjonar og kor mange av kommunes tilsette som har fått opplæring/fagleg oppdatering om vald i nære relasjonar det siste året. Det fleste av dei 30 kommunane som svara hadde sørgja for opplæring av tilsette. Omfanget av opplæringstiltak og talet på tilsette som hadde fått opplæring varierte. 

Flere kommuner har utarbeidet (fra kapittel 3.1.3.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere  kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2017.

IS 24/8 gir ikkje svar på om det er fleire kommunar som har kommunal eller interkommunal handlingsplan mot vald i nære relasjonar i 2018 enn i 2017. Vel halvparten av kommunane har rutinar for tverrsektoriell samhandling i saker som gjeld vald og overgrep. Vi har liten kjennskap til korleis samhandlinga fungerer. 

Då vi sommaren 2018 fekk informasjon om at NKVTS hadde fått i oppdrag å kartleggje kor mange av kommunane i landet som hadde slike planar, gjorde vi ikkje ei eige kartlegging.  Vi har fått opplyst at fem kommunar hadde kommunal eller interkommunal handlingsplan mot vald i nære relasjonar i 2018. 

Tiltak for å førebyggje vald og overgrep var tema i fleire av møta som vi hadde med dei kommunale velferdstenestene i 2018.  

3.1.1.7 Styrket folkehelsearbeid

Regional plan for folkehelse 2014 - 2025 er retningsgjevande for folkehelsearbeidet i planperioden. Denne planen fekk nytt handlingsprogram i 2018. Dei fleste kommunane omtalar folkehelse i kommuneplanens samfunnsdel. Dei fleste har også oversiktsdokument, men som treng oppdatering. Vi følgjer med på korleis kommunane arbeider med å ha oversikt over forhold som påverkar folkehelsa og legg vekt på det langsiktige folkehelsearbeidet i kommunal planlegging. Vi gir tilbakemelding i høyringar og deltek i regionalt planforum i lag med fylkeskommunen. Dei kommunane som ikkje har omtalt folkehelse i den grad dei burde, får tilbakemeldingar om dette.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

30 av 33 kommunar har utarbeidd oversikt over helsetilstanden og forhold som påverkar denne. Oversiktene er i hovudsak frå 2016 eller tidlegare.

Folkehelse er i veksande grad omtalt i planverket, særleg i kommuneplanens samfunnsdel.  Ut i frå den samla kunnskapen vi har om kommunane, pågår eit langsiktig folkehelsearbeid i alle kommunar. Det er likevel framleis behov for å vidareutvikle systematikken i folkehelsearbeidet frå oversikt til planstrategi og vidare til fastsetting av mål og tiltak i plan, iverksetting og evaluering av tiltak.

Fleire kommunar i Hordaland blir slått saman frå 2020, og uansett skal kommunane utarbeide ny planstrategi i løpet av 2020. Mange av kommunane har òg byrja arbeidet med nye oversiktsdokument.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

Alle planar som vi har hatt til gjennomsyn i 2018 har lagt vekt på utjamning av sosiale skilnader i helse.

I kommuneplanar vi har gitt innspel til dei siste åra, legg kommunane vekt på tilrettelegging for gode oppvekst- og levekår for innbyggjarane. Dei har òg merksemd på utsette grupper og tiltak som kan bidra til utjamning. Det er likevel framleis behov for å vidareutvikle systematikken i folkehelsearbeidet frå oversikt til planstrategi og vidare til fastsetting av mål og tiltak i plan, iverksetting og evaluering av tiltak.

I den prioriteringa embetet gjer gjennom satsinga på barn og unge (0-24) er arbeidet med sosial ulikhet og barnefamiliar med dårleg råd heilt sentralt. Dei kommunane som er med i denne satsinga har målretta arbeida med å få arbeidet godt politisk forankra og forplikta seg i kommunale planar. 

Alle kommunane skal utarbeide ny planstrategi i løpet av 2020, og i samband med dette arbeidet vil Fylkesmannen vere tydeleg på at kommuneplanen må vektlegge utjamning av sosiale helseforskjellar.

3.1.1.8 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Det er press på økosystema frå oppdrettsnæring og frå utbygging av vegar, hytter og kraftanlegg. Vi har ikkje haustbare overskot av sjøaure og villaks i store delar av fylket. Reetableringsprosjekta i Vosso, i Modalen og i genbanken for Hardangerfjorden er viktige grep for å sikre god tilstand i desse økosystema gjennom å reetablere anadrom fisk. Genbanken vart fullfinansiert i 2018 og er avgjerande for å berge fleire av stammene i Hardangerfjorden. Utan vil stammer av villaks gå tapt. På dette området er utviklinga i strid med det nasjonale miljømålet, og med § 5 i naturmangfaldlova om forvaltningsmål for artar og deira genetiske mangfald.

I kystnaturen spreier framande treslag seg, særleg sitkagran og vestamerikansk hemlokk. Vi har sett innsatsen generelt innan fjerning av framande aartar og sett særleg søkjelys på dette temaet i verna område. Dei økonomiske midlane til dette arbeidet var noko høgre i 2018 enn tidlegare år. Fokus og forventingar frå publikum er store, medan høvet til å handtere dette problemet er avgrensa.

Arbeidet med opprydding i forureina vassdrag og sjøområde held fram, både gjennom sakshandsaming etter forureiningslova og ved
å gjennomføre vassforskrifta med tiltaksprogram.

Overvåkingsprogram i alle vannregioner skal være etablert. (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Overvåkingsprogram skal være etablert i alle vannregioner i løpet av 2018.

Å operasjonalisere overvakingsprogrammet for vassregion Hordaland har vore ei prioritert oppgåve. I 2018 er det utført etter innkjøp, tiltaksovervaking i 26 prioriterte innsjøar, der ein må gjere tiltak grunna avrenning frå landbruk og speidte avlaup.

Fylkesmannen har og støtta økonomisk anna tiltaksovervåking i vassregion Hordaland. Samstundes har vi arbeidd med å samkjøre ulike typar overvaking i vassområda og å få eit betre totalt oversyn over kva vassovervaking ulike partar driv med i vassregionen.

Økt bruk av påleggsmyndigheten (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt bruk av påleggsmyndigheten hjemlet i vannkraftkonsesjoner sammenliknet med 2017.

Det er gjennomført undersøkingar i nokre vassdrag, i fjellmagasin i større kraftanlegg. Det er ikkje gjennomført i småkraftsaker.

Det er gjeve eit nytt pålegg; til Statkraft  som gjeld anlegga deira i Kvam og Ulvik. Det gjeld reduserte utsettingar. Ingen pålegg der vi påla undersøking. Dei var alt planlagt av regulantane og gjennomført av BKK i 2018, og Statkraft i 2019.

Talet på nye kraftsaker gjekk ned i 2018   Talet på vurderingar av konsesjonsplikt var lågt, men det har det vore dei siste åra.

Småkraftsaker som kan få konsesjonsfritak er i stor grad alt utbygd. I sum er det færre kraftsaker, då det er færre aktuelle vassdrag igjen. Det har og vore ein nedgang i konsesjonssaker.

Nokre søknader gjaldt prosjekt i verna vassdrag, som Vosso og Opo. På bakgrunn av det høge utbyggingspresset på vassdragsnaturen i Hordaland meiner vi det er lite plass for nye utbyggingsprosjekt. Miljøomsyn har og vore sentral i grunngjevinga frå sentrale styresmakter i fleire viktige saker, som Øystesevassdraget og prosjekta i verna vassdrag.

Restaureringstiltak (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle innvilgede restaureringstiltak skal være igangsatt i løpet av 2018.

Vi hadde ingen restaureringstiltak av myr og våtmark med øremerket finansiering i 2018.

Gjennomført kontroll av rettighetshaverorganisering (fra kapittel 3.1.4.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Kontroll av rettighetshaverorganisering skal være gjennomført i løpet av 2018.

Kontrollen i Hordaland er ikkje gjennomført i påvente av samanslåing med Sogn og Fjordane. Vi har sendt ut forespørsel til alle rettighetshavarlag som er omfatta av forskriftspliktig organisering. Frist er 20. mars 2019. Kontrollen vert difor gjennomført våren 2019.

3.1.1.9 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Mykje innsats har i 2018 gått med til aktiv forvalting av våre kring 175 verneområde, særleg dei som har omfattande behov for skjøtsel. Tiltaksposten på statsbudsjettet til slike tiltak har auka monaleg dei seinare åra, noko som har gjort oss i stand til å gjennomføre slik skjøtsel i eit heilt anna omfang enn før.

Særleg gjeld dette fjerning av tidlegare innplanta skog i Ånuglo naturreservat, der eit omfattande prosjekt med maskinhogst vart sluttført i 2018. Vi registrerer at dette tiltaket er høgt verdsett av kommunen. Det er også eit viktig prosjekt nasjonalt, ettersom røynslene frå Ånuglo er overførbare til liknande restaureringsprosjekt andre stader i landet.

I fleire viktige sjøfuglreservat har det vore utført omfattande naturskjøtsel i dei seinare år, der mange av tiltaka vart endeleg sluttført i 2018. Dette falt saman med ein uvanleg gunstig sommar reint vêrmessig, noko som var gunstig for reproduksjonen for mange av viltartane våre. Dermed fekk også fleire av skjøtselstiltaka i Hordaland betre og tidlegare effekt enn ein kunne ha grunn til å håpe.

Vi har forvaltingsplanar for eit høgt tal av verneområda våre, men har hatt avgrensa ressursar og kapasitet til å komplettere biletet i 2018. Men forvaltingsplanane er heilt avgjerande for å kunne gjennomføre kostnadskrevjande skjøtselstiltak på ein målretta og omtenkt måte.

Fylkesmannen i Hordaland er koordinerande fylkesmann for verneområda på Hardangervidda, som vi deler med Buskerud og Telemark. Dette er i dag den einaste norske nasjonalparken som ikkje har eit eige interkommunalt forvaltingsstyre, noko som klart avgrensar høvet til å kunne utøve ei offensiv forvalting av desse viktige verneområda. Ein koordinert innsats for å prøve å stimulere kommunane til å gå inn for den "nye" forvaltingsmodellen vart sluttført frå vår side i 2018. Om framlegget får tilslutning frå vertskommunane, vil dette kunne gjere at denne nasjonalparken får tilført vesentleg meir ressursar til forvaltinga enn i dag.

Utanfor verneområda har Fylkesmannen i Hordaland i 2018 hatt sterkare søkjelys på fjerning av utanlandske treslag enn nokon gong tidlegare. Også dette er eit resultat av auka løyvingar frå sentralt hald. Vi vurderer ukontrollert spreiing av utanlandske treslag som sitkagran, edelgran og vestamerikansk hemlokk som det største langsiktige trugsmålet mot vestlandsnaturen, nest etter klimaendring. Innsatsen på denne sektoren bør halde fram, men då er det avgjerande at tilgangen på ressursar står i forhold til utfordringa.

Ei høgt prioritert oppgåve i 2018 har vore å vidareføre arbeidet med 3 store kandidatområde for nasjonal marin verneplan i Hordaland. I alt femner desse kandidatområda over 356 kvadratkilometer sjøareal i 10 ulike kommunar.

Gjennomførte verneplanprosesser skogvern økt i forhold til 2017. (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Antall gjennomførte verneplanprosesser innenfor skogvern er økt i forhold til 2017.

I 2018 vart ytterlegare tre område verna i Hordaland. Totalt ser vi for oss å få verna rundt ti område i 2019 i Vestland gjennom frivillig skogvern. 

Totalt har vi no ei rekke område som anten er i prosess eller det er sonderingar mellom Vestskog BA, Norskog og aktuelle skogeigarar.

Fylkesmannen har utarbeidd ei prioriteringsliste med ulike skogområde vern av skogen kan vere av stor interesse for framtida. Denne lista er eit viktig grunnlag for Vestskog BA og Norskog sin innsats på denne sektoren, i tillegg til andre område som elles vert tilbode frå skogeigarane. I tillegg har skogeigarlaga fått inn som rutine å vurdere frivillig skogvern som eit alternativ til hogst ved utarbeiding av skogbruksplanar og landbruksvegar.

I Vestland er berre omlag 2,3% av skogen verna. Såleis er det ein betydeleg innsats som må til for å nå det nasjonale målet om 10% av skogen. Ein vesentleg flaskehals har vore avgrensa ressursar i skogeigarlaget Vestskog BA. Dette har betra seg etter at Vestskog no har fått auka ressursar til dette arbeidet, og i tillegg har Norskog starta med frivillig skogvern på Vestlandet. Vi opplever no at med fleire tilbod frå skogeigarane er det vår kapasitet som vert utfordra. Det er tydeleg at vi treng ytterlegare prosessmidlar for å halde tempoet og ikkje minst for å vere meir aktive i samarbeid med skogeigarlaget.

Vi opplever det framleis som krevjande å få gode miljøfaglege og forvaltningsmessige avgrensingar av verneområda. Ettersom mandatet for frivillig vern omhandlar skog, kan ikkje skogeigarane inkludere andre arealtypar i verneområdet, sjølv om det er naturfaglege gode grunner til dette. Resultatet kan bli at vi ikkje fangar opp nasjonalt viktige miljøkvalitetar og elles kan få lite praktiske avgrensinger på verneområda. 

Verneverdiene i verneområdene (fra kapittel 3.1.4.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Av 171 verneområde har 135 godkjent forvaltningsplan, 36 vernområde er utan.

Barlind-/kristtorn:       12 godkjente planer
Barskog, inkl frivillig:  14 områder uten godkjent plan
Edelløvskog:              19 godkjente planer, enkle, men fungerer
Myr:                              2 godkjent planer, 10 områder uten
Sjøfugl:                       69 områder med godkjent plan
Våtmark:                     10 godkjent planer, 10 områder uten

Landskapsvernområde: 8 områder med godkjent plan, 1 område uten

Nasjonalpark                     2 områder med godkjent plan’

Spesialområder                2 områder med godkjent plan, 1 uten

Herdla NR med tilhøyrende fuglefredingsområde treng revidert plan og ny verneforskrift. Planenarbeide er starta opp, men ikkje sluttført.

Vi har tidligare flagga inn eit ønske om felles forvaltningsplan for 10 myrområde. Arbeidet er så vidt påbegynt for nokon år sidan, men ikkje sluttført. 

Vi ser eit klart behov for forvaltningsplan i nokon av våtmarksområda som ennå ikkje har slik plan. Her er det  trong for tiltak mot gjengroing.

3.1.1.10 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Fylkesmannen gav i 2016 løyve til tiltak i forbindelse med tildekking av forurensa sjøbotn i Puddefjorden. I dei djupaste områda (> 20 meter) av Puddefjorden vert det ikkje gjennomført tiltak med bakgrunn i ein risikovurdering og kost/nytte. Tiltaka i Puddefjorden er inndelt i Indre Puddefjord (440 daa), Sørevågen (56 daa) og Nordrevågen (25 daa).

Bergen kommune gjennomfører no tiltak i Indre Puddefjorden. Prosjektet Renere havn Bergen starta sommaren 2017 og vert sluttført sommaren 2018. Sjøbotn vert tildekka med steinmassar (TBM-masser) frå Jernbaneverkets prosjekt, ny tunell gjennom Ulriken. Tiltaket er finansiert gjennom 75 prosent tilskot frå Miljødirektotatet og 25 prosent tilskot frå Bergen kommune og Bergen og Omland Havnevesen. Innanfor dette arealet er det eit nedlagt og eit aktivt skipsverft. Fylkesmannen har pålagt tiltak etter forureiningslova § 7 fjerde ledd for skipsverfta og det aktive skipsverftet har og fått pålegg om opprydding i forureina grunn. Tiltaka ved skipsverfta er gjennomførd.

Nordrevågen er forureina frå forsvarets aktivitetar og Forsvarsbygg er ansvarleg for opprydding. Tiltaka ble sluttført i november 2017 av entreprenøren til Bergen kommune.

Ansvar for tiltak for Sørevågen er delt mellom grunneigar av tidlegare skipsverftslokalitet og Bergen kommune. Fylkesmannen har varsla pålegg til verksemda og det pågår forhandlingar om at entreprenøren til Bergen kommune gjennomfører tiltaka for dette arealet mot betaling.

Det vart gjennomført eit kjeldesøk våren 2016, i regi av tilsynspersonell frå Miljødirektotatet, Fylkesmannen og Bergen kommune for å lokalisere aktive landkjelder som kan rekontaminere tildekkingslaget. Konklusjonen var at av omlag. 40 besøkte verksemder måtte omlag 20 følgjast opp med tilsyn fra Fylkesmannen, kommunen eller felles ut fra delegert mynde. Fylkesmannen har gjennomført tilsyn ved åtte av ni verksemder, og vil gjennomføre det siste i 2018.

Bergen havn er definert i tre delområde: Vågen (235 daa), Puddefjorden (1 985 daa) og Store Lungegårdsvann (435 daa), til sammen 2 655 daa.

Fylkesmannen deltek i prosjektgruppen Renere havn Bergen (delfinansiert 50 prosent stilling fra Miljødirektotatet ut 2016).

Sjøbotn i Vågen er freda etter kulturminnelova. Tiltak for å redusere spreiing av miljøgifter frå sedimenta må godkjennast av Riksantikvaren. Det er innleia dialog med Riksantikvaren etter initiativ frå Miljødirektotatet. Tidspunkt for tiltak i Vågen er ikke avklart.

Tiltak i Store Lungegårdsvann i regi av Renere havn vert tidligst utført etter utfylling i Store Lungegårdsvann i regi av Bybanen, som skal byggjast vidare mot vest. Utfyllinga blei starta i 2017 og vert sluttførd 2020/2021. Fylkesmannen har gitt Bybanen Utbygging løyve til utfylling i Store Lungegårdsvann.

Renere havn Bergen har fått løyve for tildekking av de resterande areala i Store Lungegårdsvann. Dette tiltaket kan trolig starte tidlegast i 2020.

Opprydding på Slettebakken og i Jekteviken blir og viktige prosjekt.

Tilsyn

Vi arbeider systematisk med tilsyn etter vår kontrollplan for 2018. Tilsyn er høgt prioritert på miljøavdelinga. Vi gjennomførte 107 tilsyn i 2018.  Vi fekk inn nær 1,8 millionar kroner i gebyrinntekter for tilsyn. Tal tilsyn og gebyrinntekter er ei kraftig auke frå 2017. Det er også ei auke frå vår kontrollplan, der vi planla 88 tilsyn.

Vi deltok i 5 kontrollaksjonar i regi av Miljødirektoratet; mottaksanlegg for farleg avfall (22 tilsyn), pukkverk (15 tilsyn), avfallshandtering frå sjukehus og laboratorium (11 tilsyn), næringsmiddelindustri (13 tilsyn) og EE-avfall (13 tilsyn).  Vi deltok med ein representant i den nasjonale aksjonsgruppa for avfallshandtering frå sjukehus og laboratorium til Miljødirektoratet. Vi har prioritert tilsyn i samband med landsdekkjande aksjonane, dette har medført mindre tilsyn med våre frekvensbaserte verksemder.

Som del av tilsynsplanen førte vi, i tillegg til aksjonane, tilsyn ved 17 verksemder som har konsesjon eller er forskriftsregulerte, her under 3 fleirdagstilsyn. I tillegg har vi også gjennomført 7 tilsyn på bakgrunn av klage eller tips om forureining.

Avfall

I løpet av 2018 vart 12 løyve for avfallsanlegg gitt nye eller revidert. Det vart gitt/revidert færre løyve for 2018 enn i 2017 fordi dei tilsette som jobbar med konsesjonsbehandling på avfallsanlegg leia eller var deltakar på til saman over 80 tilsyn, inkludert 1 fleirdagstilsyn. Fleirtalet av desse var omfattande tilsyn med avfallsanlegg som har løyve etter forureiningslova. Mange av avfallsanlegga fekk alvorleg avvik som har kravd og framleis krev tett oppfølging. Dette gjeld mellom anna Kurt Hamre AS og Etne Containerservice AS. I tillegg vart 2 tilsynsaksjonar med avfallstema leia av tilsett som jobbar med konsesjonsbehandling på avfallsanlegg.

14. november arrangerte vi eit halvdagsseminar for avfallsanlegg med løyve etter forureiningslova. Hovudtema var vilkår i ny mal for løyve. I tillegg til innlegg frå tilsette var det 2 gjesteførelesarar. Vi fekk gode tilbakemeldingar frå avfallsanlegga på at seminaret var nyttig og at det var ønske om gjentaking.

Vi har fått på plass nytt søknadsskjema for avfallsanlegg med utgangspunkt i forureiningsforskrifta kapittel 36. Søknadsskjemaet bidrar til betre kvalitet på søknadane og fører til mindre arbeid med å gi tilbakemelding til søkjarane på manglande opplysningar. Vi har fått positive tilbakemeldingar frå verksemdene på søknadsskjemaet.

I veke 40 gjennomførte vi «grunnforureiningsveke» i samarbeid med Sogn og Fjordane. Mellom anna vart følgjande gjort i løpet av veka:

gjennomgang av alle avfallsanlegg som har løyve for å skaffe oversikt over lokalitetar som måtte registrerast

10 nye lokalitetar vart registrert og grunneigar vart varsla

3 store grunnforureiningssaker vart oppdatert og det vart sendt eit pålegg om undersøking

rydda feilregistreringar og sortert informasjon frå statsarkivet som skal registrerast

deltakarane vart godt kjent med Grunnforureiningsdatabasen

I Hordaland er det 713 registrerte hamner. I 2018 vart det godkjent 6 nye avfallsplanar som inkluderer 6 hamner og vi har gitt avslag til 1 hamn. Vi har regodkjent 12 avfallsplanar som inkluderer 84 hamner.

Det er gitt ei rekke uttaler til planer knytt til avfallsanlegg, massehandtering og bakkeplanering, og gitt rettleiing til kommunar og verksemder om avfallsregelverket. Det vart mellom anna halde innlegg på byggavfallskonferansen.

I tillegg er følgjande gjort for å bidra til massehandtering i tråd med forureiningslova: 

- Engasjert og følgt opp Norconsult i forprosjekt – undersøke om mottak for reine massar i Hordaland fører til spreiing av forureining til vatn og vassdrag

- Bidratt med innspel til Miljødirektoratet sitt faktaark om handtering av ikkje-forureina jord og stein

- Bidratt i referansegruppe i Norsk Landbruksrådgivning si handbok om jordflytting av overskotsmassar

- Holdt innlegg om massehandtering for fylkeskommunen

 

Marin forsøpling

I Hordaland er det etablert eit samarbeidsforum for marin forsøpling (Hordalands-modellen). Der er det statlege, fylkeskommunale og kommunale organisasjonar som utgjer samarbeidsforumet og koordinerer arbeidet. Dette blir vidareført i åra som kjem. Fylkesmannen deltok i arbeid som vart organisert i forumet.

Vi bistod Miljødirektoratet med prioritering av søknadar om midlar til tiltak mot marin forsøpling.


Kvalitetssikret informasjon om brannøvingslokaliteter (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

All informasjon om brannøvingslokaliteter i fylket i Forurensningsdatabasen skal være kvalitetssikret i løpet av 2018.

I Hordaland er det 29 registrerte brannøvingsplasser i Forurensingsdatabasen. Dei fleste av desse er registrert av Miljødirektoratet i august 2018 og vi har ikkje registrert at vi hadde ei oppgåve å kvalitetssikre desse lokalitetane i 2018. Dette vil verte gjort i 2019. Vi er usikre på kor mange av desse 29 som er i bruk.

100 % av lokalitetene er kvalitetssikret. (fra kapittel 3.1.4.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % av lokalitetene med grunnforurensning er kvalitetssikret.

Hausten 2018 gjennomførte vi grunnforureiningsveke i samarbeid med Sogn og Fjordane. Mellom anna vart følgjande gjort i løpet av veka:

I veke 40 gjennomførte vi «grunnforureiningsveke» i samarbeid med Sogn og Fjordane. Mellom anna vart følgjande gjort i løpet av veka:

- gjennomgang av alle avfallsanlegg som har løyve for å skaffe oversikt over lokalitetar som måtte registrerast
- 10 nye lokalitetar vart registrert og grunneigar vart varsla
- 3 store grunnforureiningssaker vart oppdatert og det vart sendt eit pålegg om undersøking
- rydda feilregistreringar og sortert informasjon frå statsarkivet som skal registrerast
- deltakarane vart godt kjent med Grunnforureiningsdatabasen

Tilsyn i henhold til tillatelser og pålegg gjennomført (fra kapittel 3.1.4.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Minst ett tilsyn i henhold til tillatelser og pålegg gjennomført i Puddefjorden

Alle pålegg som gjelder oppryddingen i Puddefjorden er sendt og oppryddingen vart avslutt i august 2018. Arbeidet vart følgd tett opp i styringsgruppe, synfaringar og rapportering.

Gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 (fra kapittel 3.1.4.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 

Alle gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018.

Det er åtte skipsverft som ikkje treng gjere tiltak og som formelt er sjekka ut: Solheimsviken Næringspark, Øklandsens Slip og Motorverksted, Aasheim Slipp, H&E Nordtveit Skipsbyggeri, Ottesens Skipsbyggeri, Egersund Net, Knester og Rabben havn.

Fem skipsverft er ferdig med tiltaka: Skålafjæro, Leirvik Sveis, Bergen Group Skjøndal, Marineholmen Forskningspark og  Marin Eiendomsutvikling.

Eit skipsverft skal gjere tiltak: Wartsila Rubbestadneset (ferdig med ein av to lokaliteter). Halsnøy Dokk AS skal gjere små tiltak på land, men er sjekka ut for sjøområdet.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Den økonomiske situasjonen generelt for kommunane i fylket må framleis bli vurdert som god. Ved utgangen av 2018 er det ein kommune i fylket som har utfordringar med å dekka inn tidlegare meirforbruk. Denne kommunen er no registrert i ROBEK.

Den økonomiske situasjonen for kommunane i Hordaland kan bli meir krevjande framover. Det har vore relativt høg arbeidsløyse i mange av kommunane i fylket som følgje av nedbemanninga i oljenæringa. Bergen kommune hadde i 2018 ein skattevekst i prosent om lag på same nivå som landsgjennomsnittet. Skatteveksten i prosent for kommunane i Hordaland utanom Bergen var i 2018 vesentleg lågare enn for landsgjennomsnittet.

 Fleire av kommunane legg i stor grad opp til å bruka av disposisjonsfond slik at deira driftsreserve over tid vil bli svekka.

 Kommunane i fylket, utanom Bergen, har generelt eit noko høgare gjeldsnivå enn landsgjennomsnittet. Det skuldast blant anna befolkningsveksten i omlandet til Bergen over mange år med press på utbygging. Det gjer kommunane sårbare for eit pårekna høgare rentenivå.

 Rekneskapstal for 2017 syner at 30 av 33 kommunar fekk positive netto driftsresultat i 2017. Av desse hadde 23 kommunar eit resultat som var sterkare enn 1,75 % av brutto driftsinntekter (jf. TBU tilråding). Dette er noko svakare resultat enn for 2016.    

 

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2018 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2017.

Ein kommune er blitt registrert i ROBEK i 2018. Vi har gitt rettleiing og stilt krav til kommunen utan at dette har gitt ynskeleg resultat. Den administrative og økonomiske styringa i kommunen må bli vurdert som svak i dei seinaste åra. Det har ikkje i tilstrekkeleg grad vore politisk vilje til å iverksetje tiltak for å styrke økonomien i kommunen.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017.

Vi har informert kommunane om feil i KOSTRA - rapporteringa. Dette er primært formidla gjennom e- post til våre kontaktpersonar på økonomiområdet i kommunane. Dessutan svarar vi på spørsmål frå kommunar til KOSTRA - rapporteringa.

Tala i tabellen er knytte til eigedomsforvaltninga åleine. Det er viktig at desse er så korrekte som mogleg, men denne rapporteringa gir sjølvsagt ikkje eit heilskapleg bilde av KOSTRA - rapporteringa. Det er difor ynskeleg med eit breiare felt for feilmåling, også mot tal som i større grad blir nytta i kommunal drift og statleg styring.

3.1.1.12 Endringer i kommunestrukturen


Fylkesmannen har fulgt opp pågåande samanslåingar, delteke i KS sitt "administrative program" for samanslegne kommunar og har tett kontakt med rådmenn/ordførarar undervegs.  Vi  har hatt direkte samtaler/møter med ei rekkje av  dei kommunar som av  ulike grunnar ikkje tidlegare  har fatta samanslåingsvedtak. Det er fastsett ei grenseregulering Hordaland ( Ullensvang/ Voss) . Vi har hatt tett dialog med kommunane om inndelingslova og fellesnemnda sin rolle/mynde.

 I vårt fylke fekk vi betydeleg større kontrast i kommunesektoren ; mange nye store kommunar   i sentrale strøk og relativt større  andel småkommunar i distrikta.  Det har stimulert til ein politisk  diskusjon i fylket.  Konklusjonen på dette er m.a. som følgjer :

:1.  Det er ressurskrevjande prosessar som no  pågår i samanslegne kommunar dvs :det er for tida lite rom for nye initiativ versus nabokommunar. Tida etter kommunevalget 2019  er neste tidsvindu  for nye  kommunale vedtak.

2. Oppheving  av etablerte interkommunale samarbeidsordningar etter kommunereformen,  utfordrar den   kommunestrukturen for dei som vert råka av dette. Nye diskusjonar om samarbeidsmønster og struktur pågår i fylket.

3. Krevjande oppgåver innanfor digitalilsering, planarbeid, barnevern,  kommuneøkonomi og rekruttering,  inviterer til politiske  diskusjonar om kva som er tenlege  strukturar og samarbeidsformer for framtida.

4. Lokalmedia skriv relativt mykje om kommunereforma - både om utfordringar og  positive utviklingstrekk/ hendingar.  Dette stimulerer til den offentlege debatten om modernisering og endring av kommunale sektor. Dette er ein   positiv sideeffekt av reforma.   

Vi ser difor konturane av ein modningsprosess ute i kommunane. KS har i ettertid rosa FM for at kommunereforma  var kommune-etterspurt i første fase og at ikkje tvang vart nytta.  Etter FM og KS  si oppfatning legg nettopp dette positive klimaet  eit godt  og konstruktivt  grunnlag for nye kommunale initiativ og samtaler  i denne runden vi no går inn i .

Fylkesmannen kartlegg no det faktiske omfanget av interkommunalt samarbeid i alle varianter for å avklare status for det lokaldemokratiet - som underlag for framtidige diskusjonar om organisering av kommunalt sektor.

I kjølvatnet av kommunereforma vart Fylkesmannen og KS Hordaland samde om å ta fatt i utfordringane knytt til digitalisering for alle Hordalandskommunane. Resonnementet var at kommunereforma ikkje skal etablere eit A og B lag knytt til feltet digitalisering av kommunal sektor. Det vil ingen vere tent med på sikt.

Digitalisering er eit kjernelement i modernisering og effektivisering av kommunal sekor. Fylkesmannen fylgjer dette arbeidet tett og har løyvd prosjektskjønsmidlar  både i 2018 og 2017.   Bergen kommune  og Bergensregionen ( Regional digitalisering )   har påtatt seg eit stort og viktig ansvar i dette arbeidet. Absolutt alle kommunane i Hordaland har no betalt seg inn i Kommit/KS og kan dermed trekke veksel på den nasjonale prosjektporteføljen som ligg her. i 2018 starta arbeidet med å rulle ut digitaliseringsprosjekt i ein del mottakarkommunar.

Denne statusen for 2018 dannar grunnlaget for ein strategi for det nye fylket Vestland for 2019.

3.1.1.13 Økt verdiskaping i landbruket

Det har vore klare mål for landbruket i Hordaland om å auke produksjon og verdiskaping generelt innanfor dei største produksjonane på landbruksområdet som mjølk, lammekjøt  frukt og skogbruk.

Melkeproduksjonen i Hordaland var i 2018 på 75 604 000 liter, mot 73 753 000 liter i 2017. Mjølkeproduksjonen hadde ei kvotefylling på 88,3 %  i 2017 frå 86,5 % i 2015 ( målet har vore på 88% i 2017). Kvotefyllingen minket til 86,0 % i 2018, noe som delvis skyldes auka forholdstall. 50,5% av melka blei produsert i lausdriftsfjøs i 2018.  Det er lausdrift ved 27 % av hentepunkta. Det blei solgt 992 000 kvoteliter (fra 15 bruk) i 2018, mot 284 000 liter i 2017 og 800 000 liter i 2016.  12 632 000 liter av den disponible totalkvoten ble utleid til 153 leietakere.

For sauenæringa var målet om å auke lammekjøtproduksjon med 10% på 5 år, det reelle auken har vore på omlag 7 % til fram til 2018. På grunn av tørken i 2018 var det tidleg slepp av sau på fjellbeite og problem med vandring til betre beiteområder, gjorde det utfordrdrane å sanke.  Det er nær 100 organiserte beitelag i Hordaland og kring 70 % av sau og lam er inkludert i desse som denne statistikken byggar på.

I 2018 låg det an til særs gode avlingar på frukt, og dette slo til innanfor alle fruktslaga. Kvaliteten på frukten var svært god og etterspørselen gjorde lagra tomme mange månader tidlegare enn eit vanleg år. Svært god etterspurnad av eplesider frå Hardanger både på vinmonopolet og ved lokalt sal, gjorde at fruktbøndene i Hardanger ikkje klarar å levere nok eple til industri. I 2018 var det auke i nyplantinga av fruktareal i fylket, vi ser spesielt at interessa for å plante moreller har auka dette året.  

Prosjektet “Motiv skog – eigedomsoverbyggjande samarbeid”
har målsetting om at skogeigarar skal samarbeide forpliktande, varig og heilskapleg om forvalting av deira skogar på tvers av eigedomsgrensene. Gjennom prosjektet har ein hatt tett kontakt med NIBIO dei siste åra. NIBIO ynskjer å samarbeide med Fylkesmannen i Vestland for å lage FoU-prosjekt

 Fylkesmannen i Hordaland har vidareført arbeidet med interkommunalt nettverk for miljøvenleg byggeri (5 kommunar). Slike nettverk er ein viktig møteplass for kommunale prosjektleiarar frå ulike etatar (tverrfagleg diskusjon). Fleire store byggeprosjekt der ein vektlegg bruk av tre, blei etablert gjennom dette arbeidet. Fylkesmannen i Hordaland har hatt redusert kapasitet ift. oppgåver knytt til tredrivaren. I 2019 vil Fylkesmannen i Vestland prioritere å bruke ressursar retta mot bruk av tre, treforedling og treslagsamansetjing.

Eit hovudprosjekt for skogbruksplanlegging (Kvam, Jondal, Samnanger) vart starta opp og skal vere avslutta i november 2020.Fylkesmannen ser etter nye løysingar for å gjere skogbruksplanlegging meir attraktiv for skogeigaren og ikkje minst redusere utgiftene for grunneigaren og stat. Etter dialog med Landbruksdirektoratet vert det etablert eit pilotprosjekt (NIBIO) for SR16 på Vestlandet som skal dekkje 10 kommunar. Ressursoversynet (SR16) vil vere ferdig i slutten av 2019 slik at arbeide med «eigedomsplanar» kan setjast i gang etterpå.


Regionalt bygdeutviklingsprogram er fulgt (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på


Regionalt bygdeutviklingsprogram med tilhørende underprogrammer er fulgt opp i tråd med nasjonal politikk

Bygdeutviklingsprogrammet for Hordaland blei utvida til også å gjelde i 2018. Nytt program blei utarbeidd ila dette året, og frå 2019 vil det nye programmet vere gjeldane i det nye fylket Vestland .

Næringsarbeidet var i 2018 knytt til dei proriteringar som har ligget i næringsprogrammet og føringar frå LMD. Satsingane knytt til Inn på Tunet og lokalmat har vore prioritert gjennom  kompetanseutvikling, prosessarbeid, nettverksbygging og rettleiing. Det har vore aktivitet på tvers av vestlandsfylka for å rette fokus mot landbruket sin plass i reiselivet - i samarbeid med NCE-prosjektet "Lønnsom opplevelsesmat ".  

Fylkesvise investeringsmidlar har vore nytta av Innovasjon Norge etter føringer og rammefordeling frå partnarskapet. 20,7 mill har vore nytta til investeringar i mjølkeproduksjon mot 16,1 mill i 2017.  Dette vil gje ein auke på 130 kyr og 1000 tonn mjølk, noko som er ein auke frå 2017. Når det gjeld sauehald blei det nytta 6 mill kroner til investering i driftsbygninger, 16 driftsbygninger har fått støtte  - ein auke på 11 frå 2017. Dette vil gje ein auke på 1005 vinterfora sauer. Reine driftsbygninger for storfe har fått samla støtte på 3,8 mill kroner fordelt på 8 saker - nesten ei halvering frå 2017. Til frukt blei det løyvd totalt meir enn 8 mill i 2018, ein auke på 5 mill frå 2017. Planting av eple er fortsatt dominerande, men det var løyvd støtte til 52 daa moreller i tunnel, ei investering som på sikt vil gje ein auke i morellproduksjonen i Hardaner på 60 tonn pr. år.

Næringsprogrammet har også hatt fokus på FoU-arbeid. Her har grøntnæring, skog-  og fruktnæring hatt tett samarbedi med FoU-miljø i Hordaland og funne grunnlag for fleire, nye forskningsprosjekt knytt til utfordringer for klima, miljø og landbruksproduksjon. Det har vore gjennomført Grønn FoU-koneranse i samarbeid med faglaga og FoU-miljø for å diskutere utfordringane framover. 

Det vart i 2019 ikkje søkt nokon prosjekt med spesifikk relevans for
økologisk landbruk innanfor UTM. Det vart løyvd midlar til fleire prosjekt innanfor urbant og bynært landbruk, næringsutvikling i landbruket i kommunen, utvikling av ein «Vestlandsmodell» for andelslandbruk med fleirårige plante- og husdyrproduksjonar og utgreiing av veksthus på urban næringseigedom. Vi registrerer sterk auke i interessa for urbant og bynært landbruk, ikkje minst som følgje av byutviklingsarbeidet i Bergen og medlemsskapen i UNESCO Creative Cities of Gastronomy-nettverket. Den auka interessa var sjølvsagt også bakgrunnen for fjorårets største mathending i Bergen, World Cheese Awards 2018, der det som kjent vart full heimesiger.

Regionalt miljøprogram for Hordaland blei også avslutta i 2018. Det blei brukt mykje ressursar på arbeidet med nytt program frå 2019 i samarbeid med Sogn og Fjordane. Regionale samlingar med kommunane blei t.d. nytta i Hordaland for å få evaluert det gamle programmet, og få innspel til nye tiltak. Det er tydelege signal om å  vidareføre ordninger knytt til mindre utslepp av klimagassar , og redusert forureiing og avrenning frå jordbruket.

Skog og treprogrammet har blitt fulgt opp av skognæringsforumet - her har strategiar og tiltak vore diskutert og evaluert. Forvaltninga og samfunnet elles har fram til i dag ikkje fokusert nok på samspelet mellom god overordna naturressursforvalting og samfunnsplanlegging. Skog og skogbruket har ikkje vore aktivt brukt som ein del i beredskapsarbeidet, i all hovudsak er skogbruk i
bratt lende først og fremst produksjon av tømmer. Her er eit unytta potensial for eit i større omfang, samfunnstenleg skogbruk.

 

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst.

Fylkesmannen i Hordaland satt som krav at kommunane måtte ha utført 100 % resultat-, foryngelses- og NMSK-kontroll i 2017. I tillegg krav om gjeldande overordna retningsliner for bruk av NMSK-midlane i 2018. Om kommunane ikkje tilfredsstilte nemnde krav, vart det ikkje tildelt NMSK-midlar for 2018.

Ved fyrste fordeling av NMSK-midlane i februar 2018 fekk kun 6 av 33 kommunar tildelt midlar. Utover året  var det fleire av kommunane som fekk utarbeida retningsliner for bruk av NMSK-midlane og utført det pålagde kontrollarbeidet. Fylkesmannen valde difor å tildele NMSK-midlar til også desse kommunane. Til saman fekk 15 av 33 kommunar tildelt NMSK-midlar i 2018. Kommunane har ikkje klageadgang ved tildeling av NMSK-midlane. Fylkesmannen mottok nokre få munnlege reaksjonar frå skognæringa om misnøye over manglande NMSK-tilskot i kommunar som tradisjonelt har fått tildelt midlar.        

Fylkesmannen er via tidlegare utført kontrollarbeid i kommunane samt Landsskogtakseringa, kjend med at ikkje alt avverka areal vert tilfredsstillande forynga. Omfanget av areal som ikkje vert forynga i fylket vert anslått til om lag 40%. Fylkesmannen meiner at auka rådgjeving i samband med- og etter hogst hjå skogeigarane kan gi meir forynga areal.    

3.1.1.14 Bærekraftig landbruk

Hogst av skogen i Hordaland gav noko lågare volum, totalt 305 475 i 2018 mot 320 543 m3 i 2017.  Vi meiner tilskotsordninga til skogplanting fungerar som eit ekstra økonomisk bidrag på kostnaden, men påverkar truleg i liten grad om ein skogeigar vel å plante eller ikkje. Det er blitt jobba tett mot kommunane ift skogen sin rolle i klimasamanheng, dette handlar om skogen knytt til jord- /rasproblematikk, men også bruk av tre i byggeri og lagring av karbon.  

Prosjektet «Integrert skogbehandling og klimatiltak i risikoområde for naturskade» har som mål å gje eit brei oversyn over moglege førebyggjande tiltak. Vidare skal det utarbeidast behandlingsforslag som kan bidra til å redusere naturfare i områder der skog er
av vesentleg betydning i forhold til naturskade. NIBIO har fått oppdrag til å lage ein kost-nytte analyse for ulike skogdriftsregimer som påverke faresoner, eller som generelt bidreg til at skogen vert meir stabil i desse område.

Det er fortsatt utfordringar ift gjenngroing av kulturlandskapet. Eit gjengrodd kulturlandskap ser vi er lett vert brukt som argument for kommunane for å omdisponere til næring - og boligbygging. Bruk av beitedyr er naudsynt for å halde landskapet ope, og i tørkeåret 2018 vart både innmarksbeiter og gjengrodde teigar nytta til slått og beite.  

Det er starta opp fleire prosjekt knytt til etablering av biogassanlegg basert på organiske produkt i fleire regioner, her har det vore nytta prosjektskjønnsmidlar i etableringa. I tillegg til Vossaregionen har også Hardanger m/ Jondal kommune starta opp prosjekt knytt til dette.

Det har vore gjennomført dialogmøte med Mattilsynet i samarbeid med Sogn og Fjordane. Her fikk vi t.d. god informajon om utviklinga av bekjemping av dyresjukdommen skrantesjuke ( CWD). Det har vore få konflikter til dette i Hordaland, nokre bønder i Ulvik kommune har søkt om kompensasjon for meirarbeid knytt til dette.

Tiltak i Regionalt miljøprogram er innretta mot dei regionale miljøutfordringane. I programmet er det inkludert tiltak i høve til avrenning til vassdrag, og tap av næringsstoff til luft. Vi har elles ulike tiltak retta mot særskilte verdiar, til dømes biologisk mangfald, kulturminne og skjøtsel av særskilte kulturlandskapsverdiar. Det kan framleis vere behov for meir målretting for nokre av ordningane, men dette er òg ei balansegang i høve til kor komplisert regelverk ein kan lage, og framleis få ordningane til å fungere for både søkjarar og kommunane.Arbeidet med nytt miljøprogram for 2019 starta opp i 2018, ein tett og god dialog med FM i Sogn og Fjordane. Tiltaka i det nye programmet vert retta inn mot miljøutfordringane i det samla fylke Vestland. I samanheng med dette arbeidet vert det lagt opp til å få ned tal ordningar.

I arbeidet med miljøutfordringane ser vi behov for ein del nye virkemidlar som vil gjere arbeide meir effektivt og rettferdig. M.a. er det er behov for nasjonalt system for digital kartfesting av spreieareal for husdyrgjødsel. Godkjenning av innmarksbeite som spreieareal er elles vanskeleg å følgje opp. Folk leigar myke jord og spreiar husdyrgjødsel på beite på mange ulike gards- og bruksnummer. Vidare skiftar leigejord frå år til år, og det kan vere ulike brukare til ulike beite på same gnr/bnr. Ein treng elles kart for å vite kva del av beita som er godkjend spreieareal, og kva som ikkje er det

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Økt planting med tilskudd til tettere planting, og økt gjødsling, sammenlignet med 2017

Omfanget av tilskot til tettare planting vart noko mindre i 2018 enn i 2017. Orsaka skuldast at ein del kommunar ikkje fekk tildelt NMSK-midlar grunna manglande kontrollarbeid, difor heller ikkje tilskot til tettare planting.

Ved fyrste fordeling av NMSK-midlane i februar 2018 fekk kun 6 av 33 kommunar tildelt midlar. Utover året  var det fleire av kommunane som fekk utarbeida retningsliner for bruk av NMSK-midlane og utført det pålagde kontrollarbeidet. Fylkesmannen valde difor å tildele NMSK-midlar til også desse kommunane. Til saman fekk 15 av 33 kommunar tildelt NMSK-midlar i 2018. Kommunane har ikkje klageadgang ved tildeling av NMSK-midlane. Fylkesmannen mottok nokre få munnlege reaksjonar frå skognæringa om misnøye over manglande NMSK-tilskot i kommunar som tradisjonelt har fått tildelt midlar.        

Tiltak i regionalt miljøprogram (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i regionalt miljøprogram er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Tiltak i Regionalt miljøprogram er innretta mot dei regionale miljøutfordringane. I programmet er det inkludert tiltak i høve til avrenning til vassdrag, og tap av næringsstoff til luft. Vi har elles ulike tiltak retta mot særskilte verdiar, til dømes biologisk mangfald, kulturminne og skjøtsel av særskilte kulturlandskapsverdiar. Det kan framleis vere behov for meir målretting for nokre av ordningane, men dette er òg ei balansegang i høve til kor komplisert regelverk ein kan lage, og framleis få ordningane til å fungere for både søkjarar og kommunane.

Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 saman med Fylkesmannen i
Sogn og Fjordane, gått gjennom dei regionale miljøutfordringane i nye Vestland fylke. På bakgrunn av dette og nasjonal instruks for regionale miljøtilskot, har Fylkesmannen i dei to fylka valt ut tilskotsordningar som skal gjelde i Vestland frå og med 2019. Arbeidet har skjedd i samråd med faglaga spesielt og den regionale partnarskapen. Ny forskrift for dei regionale miljøtiltaka skal på høyring i første kvartal av 2019. For søknadsomgangen i 2018 gjeld same tiltak som i programperioden 2013-2016.

3.1.1.15 Andre oppdrag

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

Den samla offentlege bustadsosiale innsatsen var samordna i arbeidet med den nasjonale strategien «Bolig for velferd» i fylket. Det er utarbeidd ein prosjektplan for eit bustadsosialt utviklingsarbeid som del av arbeidet med strategien  Prosjektet har forventa oppstart i innsats kommunar våren 2019 med prosjektperiode fram til utgongen av 2020.

Tiltaksplanen vert retta mot følgjande to tiltak:1. Etablere samarbeidsrutinar som kan sikre eit heilskapleg tilbod av bustader, bu- og oppfølgingstenester for menneske som er rusmiddelavhengige og har psykiske lidingar, og som manglar, eller risikerer å miste bustaden sin. 2. Legge til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar kan bu i eigna bustader.

Det er forventa at prosjektet kan bidra til å auke kvaliteten på samarbeidet mellom regional stat og kommunane og meir heilskapleg bruk av verkemiddel.

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Vi legg stor vekt på at tilsyn skal gjennomførast og følgjast opp på ein måte som kan bidra til forbetring og større pasienttryggleik. Vi har diskusjonar og er bevisste på korleis vi kan få det til. Det går meir tid og ressursar på oppfølging enn før og vi bruker ulike metodar som er tilpassa den aktuelle problemstillinga.

Der vi finn det hensiktsmessig, ber vi nesten alltid om at leiinga evaluerer tiltak dei har sett i verk for å sjå at tiltaka verkar som føresett. Vi ber om ei kort oppsummering av denne evalueringa. Det fører til at fleire tilsyn tek lenger tid før dei er avslutta. Men vi trur det har større effekt i tenestene. I fleire tilsyn har vi også møter med leiinga (evt og tilsette) der vi drøftar funna ved tilsynet og gir råd og rettleiing. Dette blir vi beden om oftare enn før. Verksemdene gir oss god tilbakemelding på dette. 

Vi legg også stor vekt på å bidra til betre samarbeid mellom ulike instansar og sektorar gjennom fleire av tilsynsaktivitetane. Vi ser at det er ofte i samarbeidet og i overgangar det skjer svikt. I eit stort tal hendingsbaserte saker har vi gjennomført tilsynet som eit møte for å bidra til at vanskelege saker blir løyste. Dette er saker der samarbeidet mellom fleire aktørar ikkje fungerar og der pasient/brukar ikkje får det dei treng av tenester. I desse tilsynsmøta må leiarar møte. Pasient/brukar eller nokon som representerar dei er oftast og med. I møtet blir saka løyst av tenestene sjølve. Dei inngår avtalar og finn løysingar. Vi leiar møtet og opptrer som ein moderator og ser at alle tek sitt ansvar. Vi ser at dette fører til at dei og i andre saker samarbeider lettare. Medverknad frå pasient/brukar kan vere avgjerande i slike møter. Tilsynsmøta er effektive for alle, bidreg til forbetring og tek ivare rettstryggleiken til pasient/brukar.   

Ved alvorlege hendingar har vi gjennomført fleire (5) tilsyn ved å reise ut til verksemda og gjennomføre intervju og har ei systemretta tilnærming og analyse. Også etter denne typer tilsyn blir vi invitert tilbake for å bidra til endring.

Landsomfattande tilsyn er gjennomført. Andre planlagte tilsyn er gjort på grunnlag av risikovurdering. Talet på tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester og sosiale tenester i NAV er litt mindre enn resultatkravet. Ressursane er i staden brukte til behandling av saker som gjeld enkeltpersonar og deira rettar, og til oppfølging i etterkant. Det gjeld både dei planlagde og dei hendingsbaserte tilsyna.

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder (fra kapittel 3.2.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Vi har følgd opp alle planlagte tilsyn inntil leiinga sjølv har evaluert at iverksette endringar fungerer som føresett. Grunnar til at det i fleire tilfelle går lengre tid før tilsyn blir avslutta, er at verksemdene treng meir tid til å setje i verk og særleg få dokumentert at tiltaka fungerer som dei skal.

På tilsvarande måte følgjer vi opp dei fleste hendingsbaerte tilsynssakene der vi finn pliktbrot.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

Arbeidet med klimatilpasning og klimakutt er viktige tema i alle plansaker, i beredskapsarbeidet, i vassdragssaker og landbrukssaker.

Areal og transport

Byvekstavtalen for Bergen har fått namnet Miljøløftet og var i 2018 inne i sitt første heile driftsår. Det vert no arbeidd aktivt med utbygging av bybanen til Fyllingsdalen, vidare utvikling av kollektiv transport, tiltak for å begrensa biltrafikken og ein strammare arealpolitikk i Bergen der veksten skal skje i nokre avgrensa utbyggingsområde, ein ny parkeringspolitikk, og utskifting av gamle omnar. Arbeidet med ny kommuneplan held fram der 40 utbyggingsområde er tatt ut og 7000 dekar er tilbakeført til landbruks-, natur- og friluftsområde. Bergen kommune tek sikte på slutthandsaming av ny kommuneplan før sommaren 2019.  

I juni 2018 starta forhandlingane med sikte på å utvide byvekstavtalen til og å gjelde Askøy, Fjell, Lindås og Os. Det har vore fleire forhandlingsmøte og ein arbeider hardt for å komme i mål med ein ny avtale våren 2019. Stor avstand i krav frå kommunane og tilbod frå staten gjorde at ein ny avtale ikkje vart ferdig før nyttår. 

Miljø

I klimaarbeidet har vi til no hatt få verkemiddel for å få utsleppa ned. Støtteordningen for klimatiltak i kommunene Klimasats gir Fylkesmannen ein rolle for sikre reduksjon i klimagassutslipp. Etter vårt syn bør staten følgje dette opp med i større grad å etterspørre resultat i det kommunale klimaarbeidet, særleg gjeld dette resultat fra den kommunele klima- og energiplanen. Det er så langt for få kommunar som søkjer om midler frå Klimasats.

I starten av desember 2018 vart det arrangert ein vellukka klimakonferanse i Haugesund for kommunane i Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland der det vert sett søkjelys på det kommunale arbeidet med kutt i klimagassutslepp. Konferansen var eit samarbeid mellom Miljødirektoratet, tre fylkeskommuner og tre fylkesmenn.

Vi deltek i klimanettverket Klimapartnere i Hordaland, det største privat/offentlige nettverket i landet, der aktiviteter som klimaregnskap, idebytte, erfaringsutveksling og seminarer vert gjennomført.

I heile 2018 er det arbeid vidare med vurdering av ulike flomsikringstiltak i Vossevassdraget. Stortinget opna i desember 2016 for konsesjonhandsaming av flaumverk med tunnel og kraftverk i nedre delar av Opo-vassdraget i Odda. NVE frårådde utbygging og konsesjonssøknaden til Sunnhordland Kraftlag vart trekt. I juni 2018 vart sikringsanlegget langs Opo til ein kostnad av 90 millionar kroner overlevert til Odda kommune.

Landbruk

Arbeidet rundt temaet «skog og naturfare» har ført til at skog har fått større betyding i ulike institusjonar. Samarbeidet med NVE er velfungerande og bidrar til viktig utveksling av informasjon. Dette fører til ei auke av skogen sin verdi i forhold til andre arealkategoriar.Naturfareforum har stilt ferdig rapporten om «Skog som vern mot skred - juridisk betenkning» der Fylkesmannen har bidrege med sin kompetanse. Rapporten gjev kommune, næringa og andre aktørar innan naturressursforvalting og arealplanlegging eit omfattande oversyn over tematikken.

Det er starta opp fleire prosjekt knytt til etablering av biogassanlegg basert på organiske produkt i fleire regioner, her har det vore nytta prosjektskjønnsmidlar i etableringa. I tillegg til Vossaregionen har også Hardanger m/ Jondal kommune kommet i gang.

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav.

Den statlege planretningslinjen vert aktivt teken i bruk i vår medverknad i planprosessar.  

Alle kommuner i fylket skal ha mottatt bistand til KE-planlegging (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner i fylket har mottatt bistand til klima- og energiplanlegging, herunder veiledning til ny klimagasstatistikk og statlige forventninger til klima- og energiplanleggingen.

Her er ei oversikt over status på klima- og energiplanen i dei 33 kommunane i Hordaland. Oversikten er sendt inn i ein eigen rapport:

Askøy
Under rullering, ny plan planlagt vedteken 2019

Austevoll
Usikker på planstatus i dag.

Austrheim
Energi- og klimaplan 2011-2015, gyldig til en ny plan er på plass (ifølge planstrategi skal den på plass i 2018, men dette har vi ikkje høyrt noko meir om)

Bergen
Grønn strategi vedteken 2016

Bømlo
Klimaplan 2009-2015. Klima tema i arbeid med ny kommuneplan (2018)

Eidfjord
Rullering 2019

Etne
Inngår i planstrategi - legges ikke opp til noe rask rullering

Fedje
Kommunedelplan for klima og energi 2010-2020. Ligger ikke til rullering i planstrategi

Fitjar
Det er ikkje gjort noko vedtak om å rullere planen.

Fjell
Omfattande rullering av HP i 2018 (nesten tilsvarande ny plan). Ny plan avventar kommunesamanslåing.

Fusa
Klima- og energiplan 2011-2020. Rullering ikkje oppe i planstrategi.

Granvin
Energi- og miljøplan 2009-2023. Rullering avventar kommunesamanslåing

Jondal
Kommunedelplan for klima og energi . Rullering i samband med kommunesamanslåing.

Kvam
Energi- og klimaplan 2012-2015. Planstrategi legg opp til rullering i 2019, men dette er ikkje vedteke.

Kvinnherad
Klima- og energiplan 2011-2020. Rullering står i planstrategi, og er også viktig tema i kommuneplanen som er under arbeid. Gjer omfattande kunnskaps- og kompetanseheving i forkant av desse planprosessane.

Lindås
Kommunedelplan for klima og energi 2010-2020. Avventar nok rullering til kommunesamanslåing

Masfjorden
Kommunedelplan for energi og klima 2011-2015

Meland
Klima- og energiplan 2010-2020. ligg forslag til rullering i planstrategi. Avventar nok rullering til kommunesamanslåing

Modalen
Klima- og energiplan. Ikkje planar om rullering.

Odda
Klima- og energiplan. Rullering i samband med kommunesamanslåing.

Os
Under rullering.

Osterøy
Kommunedelplan Energi og klima 2012-2016. Har gjort omfattande kunnskaps- og kompetanseinnhenting på klimafeltet i samband med kommuneplan. Usikker på status for rullering av klimaplan.

Radøy
Usikker på planstatus i dag. Rullering truleg i samband med kommunesamanslåing.

Samnanger
Energi- og klimaplan. Ingen planar om rullering.

Stord
Klima blir teke inn i kommuneplan, som er under rullering. Går så vidt vi veit bort i frå eigen klimaplan.

Sund
Usikker på planstatus i dag. Rullering truleg i samband med kommunesamanslåing.

Sveio
Energi- og klimaplan for Sveio kommune 2011-2015. Rullering truleg del av eksisterande planstrategi.

Tysnes
klima- og energiplan. Truleg ikkje planar om rullering.

Ullensvang
Energi- og klimaplan 2011-2015. Ikkje planar om å rullere, men vil ta inn i kommuneplan. Truleg del av kommunesamanslåinga.

Ulvik
Miljø- og energiplan vedteken 2016

Vaksdal
Under rullering

Voss
Ny klima- og energiplan vedteken 2018.

Øygarden
Energi- og klimaplan 2011-2016. Rullering i samband med kommunesamanslåinga.

.

3.1.2.4 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med flyktningsituasjonen

Fylkesmannen understøtter nasjonale mynde og kommunane sitt arbeid med flyktningssituasjonen på dag-til-dag basis og

vi har gitt informasjon og rettleiing etter behov som er melde inn frå kommunane

Det må leggast til at dette arbeidet har ein lågare profil no enn for nokre år sidan, og vi har heller ikkje lengre busettingsprosjektet.

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.2.1.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

Dette er statistikk som IMDI har oversikt over, og vi henviser derfor dit.

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.2.1.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen 3 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 80 %. 

Dette er statistikk som IMDi har oversikt over.

3.1.2.5 God samordning i opprydding av marin forsøpling

I regi av Vestlandsrådet vart det arrangert ei felles samling i Bergen i januar 2018 for å sikre ein betre samhandling mellom dei som er aktive i opprydding i marin forsøpling. Vi har hatt kontakt med avfallsselskapa i Hordaland og vi bruker tiltaksmidler for å rydde i aktuelle verneområde som vi forvaltar. Det er og sett inn ekstra innsats med ein eigen stilling i eit samarbeid med Sogn og Fjordane for å få godkjent eit stort tal avfallsplanar i hamner. Manglande nasjonal hamneliste gjer arbeidet ressurskrevande.

Planer for 200 havner skal være godkjent (fra kapittel 3.2.1.5.1.7 i TB)

Rapportere på

Planer for 200 havner skal være godkjent

I 2018 vart xx avfallsplaner i havner i Hordaland godkjent.

3.1.2.6 Andre oppdrag

Barn og unge

Embetet har arbeidd på ein avdelingsoverskridande og leiarforankra måte i satsinga for barn og unge. Merksemda har særleg vore knytt til utsette barn og unge med eigne tiltak innanfor embetet sitt 1) informasjonsarbeid, 2) planarbeid, 3) rettssikkerheitsoppgåver og 4) samhandling med statlege, regionale og kommunale/fylkeskommunale aktørar. Sjå 7.3.10.1.1

3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Utdanningsavdelinga har samla sett høg kompetanse og tilstrekkeleg kapasitet til å fylle rolla som rettssikkerhetsinstans, tilsynsmynde og til å gje rettleiing med god kvalitet. Konklusjonen baserer vi på følgjande: vi handsamer klager (i det alt hovudsaklege) innanfor gitt frister, vi har oppfylt krava til tilsyn, og vi er etterspurde som foredragshaldarar om lov og regelverk. Vi har notert oss at vi i stor grad er invitert tilbake til kommunar der vi har gjennomført tilsyn, og då for å gje ytterlegare informasjon om regelverk. Vidare har vi som tema i møta med kommunane om vi formidlar oss i klagesaker på ein måte som er tydeleg og forståeleg og som kommunene i sin tur har nytte av i egen sakshandsaming. Tilbakemeldingane er i hovudsak positive, men vi legg særleg merke til, og føl opp, dei sakene der kommunen ikkje fullt ut har forstått vår grunngjeving og konklusjon.

Omfangskrav for Hordaland (fra kapittel 3.3.1.1.1.10 i TB)

Rapportere på

Omfangskravet på 58 poeng skal være oppfylt.

Resultatmålet er nådd. Fylkesmannen i Hordaland har gjennomfør tilsyn med eit samla poengresultat på 67 poeng. Omfangskravet var sett til 58 poeng.

Bedre skolemiljø (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere skal ha fått nødvendig oppfølging for å sikre en enklere, raskere og tryggere behandling av saker om elevenes skolemiljø på skolenivå. 

I løpet av 2018 har embetet gjort ei enkel kartlegging der vi ba kommunane om å melde tilbake om, og kor mange aktivitetsplanar de har utarbeidd i løpet av 2018. Vi meinte dette var nødvendig informasjon samanhaldt med omfanget og spreiinga av de sakene Fylkesmannen fekk meldt inn og har tatt til behandling. Vi ba og kommunane om å melde tilbake om dei har eit system for sjølve å halde oversikt over kor mange aktivitetsplanar som er utarbeidd (utan at dei er gått til Fylkesmannen), og kva skular som eventuelt ikkje har utarbeidd aktivitetsplanar. Denne kartlegginga har vore eit nyttig grunnlag for våre drøftingar med skuleeigar og korleis skuleeigar kan følgje opp eigne skular og for dei møtepunkt og samlingar Fylkesmannen har arrangert.  Vi finn det rett og konkludere med at vi har nådd resultatmålet.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Fylkesmannen har ført tilsyn med :

  • Askøy kommune
  • Fjell kommune

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Vi har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 65 dagar.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Sjå tabell.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid er 78 dagar på klagar på reguleringsplanar. Årsak til avvik er innhenting av ytterlegare opplysningar i saka.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Sjå tabell.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Årsak til avvik er innhenting av ytterlegare opplysningar.

Kompetanse i regelverket på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 3.3.1.1.8.1 i TB)

Rapportere på

All saksbehandling knyttet til klagesaker, tilsyn og håndheving av skolemiljøsaker skal være utført med riktig kvalitet i tråd med regelverket og instrukser. 

Klagesaker, tilsyn, og handsaming av skolemiljøsaker er utført etter føringar frå Udir, forvaltningsrettslege prinsipp og krav og etter interne prosedyrer. Det er døme på at nokre saker har lenger sakshandsamingstid enn 3 månader. Hovudforklaringa er at saksmengda har vore stor og at vi har prioritert skulemiljøsaker framfor andre sakstyper. I løpet av hausten hadde vi fleire, samtidige og langvarige sjukemeldingar, noko som førte til at vi ikkje fekk løyst absolutt alle saker med den sakshandsamingstida vi ønskjer. På tross av dette, slik vi vurderer situasjonen i stort, er embetet rett bemanna både kompetanse- og kapasitetsmessig på utdanningsområdet.

Når det gjeld kvalitet i vår sakshandsaming, klage og tilsyn, har vi ingen indikasjonar på at arbeidet ikkje held kvalitetsmessig god standard, at resultata vår blir forstått og akseptert og at grunngjevinga og formidlingsforma er god.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Tilskot og kontroll har også i 2018 hatt stor fokus på kvalitet og effektivitet. For å sørge for forsvarleg sakshandsaming også ute i kommunane bidreg Fylkesmannen med rettleiing og kurs fortløpande. Dette for å fremje rettsikkerheit og unngå ulik sakshandsaming i kommunane. Gjennom dette ynskjer ein også å oppnå ein heilskapleg og felles forståing av dei ulike regelverka på tvers av kommunane.
Fylkesmannen sender fortløpande ut informasjon til kommunane når det kjem endringar innan dei ulike regelverka, men også anna relevant informasjon. Forvaltningskontrollane av kommunane i 2018 hadde m.a. fokus på kommunane si oppfølging av brudd på regelverk. Avkorting av tilskot er eit stikkord, her ser vi at kommunane har ei utfordring. Desse problemstillngane blei også fulgt opp i kurs / fellesamlingar og vi ser at kommunane slit med å ta tak i kompliserte saker.  Gjennom forvaltningskontrollene ser vi at mange tilsette manglar kompetanse om kva kontrollarbeid inneberer, dette har gjort at vi i 2018 gjennomførte eige kurs for kommunane med dette temaet. Vi har fått melding om at tilsette i kommunar har bede seg friteke for kontrollarbeidet, då det å gjere upopulære avgjersle vert for vanskeleg.  Vi ser difor at forvaltningskontroll virker, og vi sørgje på den måten å få ei forsvarleg sakshandsaming der eventuelle manglar blir påpeikt, slik at dette blir retta opp i ved seinare sakshandsaming. 

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan. 

Kontrollrapporten er fulgt opp for det meste. Forvaltningskontroll knytt til tilskot til bevaringsverdige husdyrrasar, er utsatt til 2019.

Kontrollar som er satt opp i kontrollplanen som ikkje er rapportert i tabell:

Vedlikehaldskontroll skogsvegar

  • 11 skogsvegar i kommunane Bergen, Ullensvang, Sund, Kvam.   Avvik; 2 ; knytt til opprydding og vegklasse. 1 avvik lukket 
  • Kontroll av foryngelse etter hogst ved taubanetilskot: 10 anlegg kontrollert i kommunane Kvam og Ullensvang. 2 avvik; manglande planting. 1 avvik lukket 

Tilskot til skogbruksplanlegging

  • Tilskot til Skogbruksplanelegging.Tilbakemelding til Vestskog SA på rapport frå forprosjekt med frist 2017. Prosjektgruppa har nådd målet med 50% planbestilling som er kravet i Forskrift om tilskudd til skogbruksplanlegging med miljøregistreringer § 5.Områdetakst – krav til førehandstinging og ekstern finansiering. Prosjektgruppa har utarbeidd ein tilbodsførespurnad (kravspesifikasjon) for gjennomføring av områdetakst Jondal, Kvam og Samnanger. Denne vart sendt ut til to takstselskap (Vestskog SA og Mjøsen Skog SA). Vestskog SA har fått tilslag og skal gjennomføre områdetakst. Merknad: Fylkesmannen gjer merksam på at takstselskap må vurdere alternative strategiar for å få opp interesse for skogbruksplanar hjå skogeigarane. Både innhald av skogbruksplan og arbeidsmåten bør vurderast nøye før nye prosjekt setjast i gang

Driftsfellesskap

  •  Kontrollert mogleg brudd på produksjonstilskotregelverket. Ingen avvik funnet

Kontrollar utført og rapportert i tabell:

  • Det er utført kontroll på husdyr i henhold til rundskriv 2018-34. Det er ikkje funne avvik gjennom denne kontrollen. I mai 2018 utførte Fylkesmannen ein uanmeldt stadleg kontroll hjå 3 purkebesetningar i ein kommune sør i fylket. Det vart ikkje funne avvik på desse kontrollane

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Fylkesmannen har i 2018 gjennomført forvaltningskontroll av
9 kommunar, fordelt på ordningane tilskot til utmarksbeite, tilskot til husdyr-mjølkeku/driftstilskot til mjølkeproduksjon, areal- og kulturlandskapstilskot, avløysing ved sjukdom og fødsel, tilskot til nedlegging av husdyrgjødsel- RMP, tilskot til NMSK og skogfond.

Kontrollane av produksjonstilskota og RMP avdekka at forvaltninga varierer mellom kommunane og at personlege eigenskapar ved dei tilsette i kommunane er avgjerande for kor godt eit tiltak blir forvalta i kommunen. Enkelte kommunar brukar meir skjønn enn det regelverket gjev rom for. Mange ulike oppgåver og store og omfattande regelverk gjer at mange tilsette i kommunane ikkje kjenner regelverket godt nok for dei tilskota dei forvaltar.

Kontrollen av tilskot til husdyr-mjølkekur/driftstilskot til mjølkeproduksjon avdekka feil i Landbruksdirektoratet sine rapportar over mjølkeleveranse, samt feil i varselmeldingar om låg mjølkeleveranse i eStil-PT.

7 kontrollar på produksjonstilskot. Dokumentkontroll.

6 på ordningane mjølkeku på utmarksbeite i  minst 5
veker og husdyrtilskot/ driftstilskot til mjølkeku

1 på ordninga areal- og kulturlandskapstilskot

Ingen avvik, 2 merknader.

Under kontrollen oppdaga kommunane at det var søkt tilskot
til fleire mjølkekyr på utmarksbeite enn føretaka faktisk hadde. Førebels er eitt av tilfella kravd tilbakebetalt. (har altså
følgd opp denne). Avventar svar på 2 andre tilfelle, håpar kommunane trekkjer tilbake for mykje utbetalt tilskot.

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

100% av avvika er fulgt opp.

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Tiltak for å styrkje tillit til tenestene og varetaking av retten til nødvendige og forsvarlege tenester er ei sentral oppgåve i alt arbeid innan fagområda helse, omsorg, sosial og barnevern. Vi gir rettleiing om fortolking av regelverk og legg vekt på at saksbehandlingstida skal vere kort og prioriterer saker som gjeld rettstryggleiken til enkeltpersonar. Slik som i 2017 hadde vi også i 2018 særleg merksemd på saker som gjeld bruk av tvang, retten til medverknad og samarbeid mellom tenestene.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Median saksbehandlingstid for realitetsbehandla tilsynssaker i 2018 var 6,1 månader. Dette året fekk vi fleire tilsynssaker til behandling, vi gjennomførte 5 stadlege tilsyn etter alvorlege hendingar. det vart og brukt mykje tid på arbeidet med førebuing til det nye embetet Vestland. Dette forklarar mykje av årsaka til at vi ikkje nådde kravet til saksbehandlingstid.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker(2) (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

På sosialområdet er alle tilsynssaker behandla innafor kravet til saksbehandlingstid.

Avslutning av klagesaker: Minst (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

Sosialtenesteområdet: 99 prosent av sakene blei behandla innan 3 månader. 90 prosent av sakene som galdt helsetenester blei behandla innan 3 månadar.

Andel vedtak om bruk av tvang (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

98 prosent av vedtaka er overprøvd innan tre månader etter at saka er tilstrekkeleg opplyst

Andel søknader om dispensasjon (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

99 prosent av søknader om dispensasjon er behandla innan tre månader etter at saka var tilstrekkeleg opplyst

Tilsynsaktivititeter(5) (fra kapittel 3.3.1.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 240 poeng

Vi gjennomførte færre tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester enn resultatkravet på grunn av manglande samsvar mellom volumet på oppdrag i TB og VØI og kapasitet. Prioritering av oppgåver blei gjort i samsvar med tilråding i TB 2018. Ved å sjå planlagte tilsyn med kommunale tenester og spesialisthelsetenester under eitt, jf. punkt 3.3.1.3.5.4, gjennomførte vi tilsyn i samsvar med resultatkrav.

Tilsynsaktiviteter(4) (fra kapittel 3.3.1.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 60 poeng

Vi gjennomførte fleire planlagte tilsyn med spesialisthelsetenestene enn resultatkravet, jf. tabellen. I tillegg har vi hatt nokre omfattande enkeltsaker som vi har opplyst, vurdert og følgjer opp på same måte som ved planlagt tilsyn.

Tilsynsaktiviteter (fra kapittel 3.3.1.3.6.1 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 80 poeng

Talet på planlagte tilsyn blei redusert etter risikovurdering. Vi hadde liten kapasitet i høve til alle oppgåver og måtte prioritere tilsyn på fagområdet barnevern. 

3.1.3.4 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 halde fram med å vidareutvikle verjemålsseksjonen som førstelineteneste og å arbeide for å nå resultatmåla. Grunna auka finansiering til verjemålsfeltet fekk vi fleire tilsette i løpet av 2018.

  Opprett verjemål:

Resultatet for første tertial viste 63% måloppnåing medan vi for andre tertial  auka resultatet til 72%. Vi jobba systematisk med å kome opp på resultatmålet, med anna ved fleire rutineendringar, effektiviseringsgrep og endring i organisering, samstundes som vi hadde eit sterkt fokus internt på desse sakene. Resultatet for tredje tertial viste 85% måloppnåing. Så sjølv om resultatet for heile 2018 som heilheit viser 73% er vi godt nøgde med å ha klart resultatmålet på slutten av året.

Godtgjering og utgiftsdekning:

Vi behandla totalt 3.409 søknader om godtgjering og utgiftsdekning i 2018.

Sjølv om vi hadde god måloppnåing så er dette ei oppgåve som (framleis) krev store ressursar hjå oss.

Klagesaksbehandling:

Behandling av klagesaker har vore ressurskrevjande grunna stor saksmengd. Vi hadde totalt 101 klagesaker til behandling i 2018. 36% av desse gjaldt klage på godtgjering. Vi har gjort fleire organisatoriske endringar og har hatt eit særleg fokus også på desse oppgåvene, men det har ikkje lukkast oss å få ned restansane på dette området.

Faste verjer:

Eit profesjonelt verjekorps med gode, kompetente, faste verjer er ein føresetnad for at verjemålsforvaltinga skal oppfylle intensjonane om ei god profesjonell verjemålsforvaltning.

Vi har rekruttert inn fleire nye, faste verjer også i 2018. Alle desse har vore gjennom intervju/samtalar og ei utvida opplæring.

Vi hadde totalt 85 faste verjer i Hordaland pr. 31.12.2018 med totalt 2.206 oppdrag inklusiv kortvarige, mellombelse oppdrag i samband med avhøyr av mindreårige. Desse var fordelt slik:

  • 2-5 oppdrag:        17 faste verjer
  • 6-10 oppdrag:      10 faste verjer
  • 11-20 oppdrag:    21 faste verjer
  • 21-100 oppdrag:  36 faste verjer

Over 100 oppdrag:    1 fast verje

 Vi hadde fire samlingar i april, juni, september og desember for dei faste verjene. Tema for samlingane var bruk av kapital, gjeldsordning, godtgjering, praksisendring og samtykkekompetanse, effektiv praktisering av verjerolla, samtalemetodikk og effektiv og god økonomisk forvaltning. Vi gjennomførte også individuelle samtaler med alle dei faste verjene i september 2018.

 Advokatverjer:

Vi oppnemner berre advokatverjer i saker der verjemålet krev særskilt juridisk bistand eller oppdraget vert vurdert som særleg krevjande.

 Vi har 22 faste verjer som også er advokatar. Desse har totalt 119 oppdrag med advokatsalær. Størsteparten av sakene er likevel med fast verjesats.

Verjerekneskap:

Alle rekneskap i det sentrale uttrekket er kontrollerte innan tidsfristen og alle verjerekneskap etter gamal lov er gjennomgått og sikra riktig status for rekneskapsplikt.

Agresso og kapitalforvaltning:

Vi har framleis store utfordringar med oppgåver knytt til kapitalforvaltning og Agresso, særleg knytt til kapasitet og kommunikasjon med bankane som forvaltar av verjemålsmidlar, og vidare teknisk bistand og hjelp frå SRF og EVRY for å få løyst feil.

Verjemålsapplikasjonen:

VERA saksbehandling har vore ustabil og det har vore mykje nedetid. Dette har gått ut over produktiviteten.

Samtale med verjehavar:

Vi har gjennomført samtaler i samband med oppretting av verjemål med alle verjehavarar der dette har vore mogleg og føremålstenleg.

Vi har også delteke i sentralt prosjekt om samtalemetodikk og er representert i ei referansegruppe for utvikling og samarbeid på dette viktige området.

Fråtaking av rettsleg handleevne:

Fylkesmannen i Hordaland er sjølvprosederande i desse sakene.

Alle som fører fråtakingssaker for domstolane skal ha gjennomført advokatkurset og vere under rettleiing og kontroll av ein prinsipal (advokat) i embetet.

Fylkesmannen i Hordaland fekk dom om fråtaking av rettsleg handleevne i totalt 16 saker i 2018.

Domstol:

Bergen tingrett: 10 saker, der 4 hadde forenkla (skriftleg) behandling

Sunnhordland tingrett: 3 saker

Haugaland tingrett: 2 saker, der 1 forenkla (skriftleg) behandling

Gulating lagmannsrett:  1 sak

 

Rutinar og samanslåing:

2018 har vore prega av førebuing til samanslåing av to embete. Vi har utarbeida felles rutinar på verjemålsområdet. Desse rutinane er klare og sikrar at vi går inn i 2019 med auka rettstryggleik og rettslikskap  for verjetrengande i vårt nye fylkesmannsembete.

 

 

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Grunna ein krevjande ressurssituasjon førre året, byrja første tertial 2018 med utfordringar med å oppnå gode og jamne resultatar for oppnemningar. Måloppnåinga for 1. tertial var på 63%.

 Nye tilsette vår/sommar 2018, overtid, jamleg fokus på resultatmåla og effektiviseringsgrep med mellom anna saksbehandlingsrutinar, resulterte i auka måloppnåing utover 2018.

Måloppnåinga for 2. tertial var på 72 % medan det for 3. tertial var på om lag 86%

Så sjølv om resultatet for heile året samla viste 73% så har vi nådd resultatmåla i 2018.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 70 dager.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for desse sakene har variert frå 21 til 154 dagar i løpet av 2018. Klagesaker er saker der det ofte tek tid å hente inn all dokumentasjon og data, for å kunne behandle ferdig saka. I tillegg har vi hatt nokre krevjande klagesaker, som har tatt tid å behandle.

Fylkesmannens kontroll av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen.

Målet er oppnådd.


Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 50 %.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 30 %

Andelen søknader godtgjøring: 48%, mens andel søknader ellers om fylkesmannens samtykke: 23%

3.1.3.5 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Vi legg stor vekt på verjehavar sin rett til å bestemme sjølv.

 

Vi har internt i embetet og i dialog med verjene hatt stort fokus på dette sidan verjemålsreforma i 2013.

Etter praksisendring i 2018 har vi i tillegg hatt dette som tema både internt i verjemålsseksjonen, på verjesamlingar for faste verjer, i eigne nettsaker, i eksterne foredrag og i rettleiing overfor andre eksterne aktørar.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Før et eventuelt vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet kan individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Vi har stort fokus på å forsøke å gjennomføre samtale med verjehavar før vi opprettar verjemål. Samtalane foregår i stor grad på telefon, men i tvilstilfelle besøkjer vi verjehavar før vi tek endeleg avgjerd i saka. Verjehavar får også eige kartleggingsskjema i samband med førehandsvarsel, slik at han/ho sjølv kan komme med innspel til kva oppgåver verja skal hjelpe med.

I vedtakspunktet om verjemål og i verjefullmakta står det framleis  "ivareta økonomisk og personlige interesser", men vi spesifiserer omfanget nærare i sjølve vedtaket om verjemål.

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Økt kvalitet og kompetanse i kommunene

Frå Fylkesmannen si side er det vanskeleg å stadfeste om kvalitet og kompetanse i kommunane har auka i løpet av 2018. Det vi kan slå fast er at kommunane, både som skuleeigarar og barnehagemynde er aktivt deltakande i etter- og vidareutdanningstilbod i statleg regi, at de har involvert seg på ein tydeleg måte i dei regionale kompetanseordningane, at det er stor oppslutning om regelverksamlingar med meir, i regi av Fylkesmannen. Om ein legg til grunn i kva grad kommunar nyttar kompetansetilbod, og etterspør konkrete tema for kompetanseheving, så meiner vi det er rett å konkludere med høg grad av måloppnåiing. Vi føyer til at særleg på område som er høgt prioritert frå oppdragsgjevar, nemleg situasjonen til utsette barn, så er tema som inkludering, skule- og barnehagemiljø og tilrettelegging for barn i barnehagar ein indikasjon på at kommunane prioriterer dei tema som er løfta fram i nasjonale styringsdokument.

Oppfølging av skoleeiere som ikke har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere, som er omfattet av oppfølgingsordningen og ikke har igangsatte tiltak, skal ha fått nødvendig oppfølging fra fylkesmannen.   

I Hordaland er det ingen kommunar i oppfølgingsordninga der det ikkje er sett i gang tiltak (Austrheim og Radøy). I løpet av 2018 har vi og planlagt for Jondal kommune som er med i ordninga frå 2019.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik.

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Ingen avvik.

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik, men krevende oppdrag innan avfallsplaner i hamner og grunnforurensning.

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik.

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Hvilke utfordringer opplever FM at NAV-kontorene har med KVP (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket, herunder: I hvilken grad blir personer i målgruppen for programmet vurdert med hensyn til deltakelse og får de som har krav på det, tilbud om program; Hva kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP, og hvilke utfordringer opplever Fylkesmannen at NAV-kontorene har i arbeidet med KVP; Hvilke virkemidler benytter Fylkesmannen for å understøtte kommunenes arbeid for å øke bruken av KVP.

Situasjonen for KVP i fylket:
Dei siste tala frå Avdir viser at Hordaland hadde 465 deltakarar i KVP ved utgongen av november 2018 - mot 481 deltakarar på same tid året før. Bergen har flest deltakarane i KVP. Dei hadde 345 deltakarar (71,7 % av deltakarane). Statistikken viser færre deltakarar i KVP frå 2016 og fram til november 2018.

Fylkesmannen får i liten grad tilsendt klager som gjeld kvalifiseringsprogrammet frå Nav-kontora. Vi mottek sjeldan eller aldri henvendingar frå deltakarar/potensielle deltakarar eller Nav-tilsette som gjeld KVP. Vi har ikkje fått saker som har ført til tilsyn mot Nav-kontor knytt til KVP.

Vi sendte ut ei spørjeundersøking til Nav-leiarane i Hordaland og sosialsjefane i Bergen kommune og har fått svar frå 27 av 40 Nav-leiarar/sosialsjefar. Under oppsummerar vi svara. 

92,6 % av Nav-leiarane som svarer seier at brukarar i målgruppa for KVP blir vurdert med tanke på deltaking og at dei som har krav på det, får tilbod. Det er viktig at tilsette har god kjennskap til KVP og at dei konkret gjer vurderingar om ein brukar er aktuell for KVP når dei er i kontakt med dei. KVP er tema på faste møter og ved gjennomgong av lister med langtidsmottakarar og nye sosialhjelpsmottakarar. Samarbeid mellom sosialteam, flykningetenesta og ungdomsteam i kommunen for å finne potensielle deltakarar til KVP er og viktig. Dei informerer og om KVP i ulike samanheng.

Kun 7,6 % av Nav-leiarane som svarer seier at ikkje alle som har krav på det, får program. Årsak kan vere at KVP ikke alltid blir tenkt på som eit tiltak og at dei ikkje har tilstrekkeleg med plasser/budsjett for å tilby programmet.

Avdir presenterte 2018-tala for deltakarar i KVP i Hordaland samla for Hordalandskommunane og Bergen på Nav-leiarsamling for Hordaland og Sogn og Fjordane i desember 2018. Hordaland  hadde 60 % av forventa deltakarar i KVP, medan Bergen hadde 71 %.

Vi meiner det er grunn til å tru at dei fleste Nav-kontora i fylket faktisk sikrar at dei som har krav på, og ønskjer KVP, får tilbodet.

Følgjande punkt går igjen som suksessfaktorar for å lukkast med KVP:
- leiarforankring som sikrar merksemd i Nav-kontoret.
- god kjennskap KVP og god oversikt over brukarar 
- gode rutiner for å finne aktuelle deltakarar og følgje dei opp.
- individuelt tilpassa program utarbeidd i samarbeid med deltakarar. 
- god kjennskap til og dialog med den lokale arbeidsmarknaden
- tett og heilheitleg oppfølging for å sikre at dei lukkast.
- rettleiarane har tid til å prioritere KVP, og er tilgjengelege 

Vi meiner at det ikkje er avgjerande at Nav-tilsette arbeider 100 % med KVP for at dei skal lukkast. I små kontor med få tilsette, ser vi at god leiarforankring og merksemd kan sikre at Nav-kontoret arbeider godt med KVP.

Vi ser følgjande utfordringar som påverkar arbeidet: 

- Nav-tilsette sin kompetanse

- Utfordringar hos deltakar som evne til å følgje opp programmet, språkkunnskaper, rusutfordringar, uavklarte helseproblem, motivasjon, sosiale utfordringar.

 - Utfordringar knytt til økonomi hos deltakar og i kommunen.

- Nav-tilsette har ikkje alltid nok tid til oppfølging.

.- Tekniske utfordringar (fleire fagsystem, teieplikt med mer).

- Utfordring med utforming av program som passar og som fører til arbeid.

- Små kommunar har få deltakarar og tilsette mindre trening.

Nav-leiarar har og meld utfordringar med endringar i sosialtenestelova (eingongretten gjer det mindre fleksibelt).

Vi har i 2018 arrangert fire samlingar for dei som arbeider med KVP. Tema for samlingane i 2018 har vore: 
- 1. samling: aktivitetsplan i Modia og endringar i regelverket for arbeidsavklaringspengar (innlegg og gruppediskusjon)
- 2. samling: vurdering av søknader om KVP (innlegg og gruppeoppgåver, erfaringsutveksling)
- 3. samling: inngongskriteria for KVP og korleis sikre at dei som har krav på KVP får programmet og inngongskriteria for KVP (gruppeoppgåver og erfaringsutveksling) 
- 4. samling: deltakarar med ADHD/diagnose innanfor autismespekteret. (innlegg og gruppediskusjon) 

Vilkår for aktivitet for de under 30 år... (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med  aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

For å svare ut rapporteringa på ein best mogeleg måte, har Fylkesmannen sendt ut ei spørjeundersøking til Nav-leiarane i Hordaland og sosialsjefane i Bergen kommune. Vi har fått svar frå 27 av 40 Nav-leiarar/sosialsjefar.

Dei fleste melder om at det er positive erfaringar med vilkår om aktivitet for mottakarar av økonomisk stønad under 30 år. 

Fleire blir avklart tidlegare

Tett kontakt med mottakarane fører til god kartlegging og mange blir avklart raskare enn tidlegare. Dei fleste er meir motiverte når dei har aktivitet å gå til, og dei har fokus på å gå over i arbeid/utdanning. Utfordringen er å få til god kvalitet på aktiviteten  slik at det ikkje berre noko dei gjer for å få stønad. Motivasjon og endringsarbeid er  viktig for å lukkast. Det er og vanskelegare å finne gode aktivitetar for brukarar med særskilte behov.

Det er fleire deltakarar som grunna sosiale utfordringar, diagnostiserte helseplager eller rusing, ikkje kan følgje opp vilkår. Men og mottakarar som meiner at dei ikkje har helse til å følgje opp tiltaka, men dei ikkje har ein diagnose er vanskeleg å lukkast med.

Ei anna gruppe som det er knytt utfordringar til er dei som bur heime og blir forsørga av foreldra og ikkje klarer å følgje opp aktivitet.

Når mottakarane bryt vilkåra inneber dette meirarbeid knytt til sakshandsaminga (vedtak, endring, stans.) Dei er vanskelege å møte fordi dei ikkje medverkar eller følgjer opp aktivitetar. Dette er ressurskrevjande for dei tilsette. Dette blir ytterlegare problematisk fordi sanksjonane er få, når det må gjerast vedtak om stans og endring og stønaden ikkje kan avkortast direkte. 

I kontrast til dette står tilbakemeldinga frå ein Nav-leiar som melder om at unge mottakarar utan vilkår om aktivitet som deltek på deira aktivitetstiltak for ungdom, ofte er meir motiverte og har høgare oppmøteprosent enn dei mottakarane med vilkår om aktivitet. Likevel melder Nav-leiar at dei ser at vilkår om aktivitiet kan gje bedre mogelegheit til tidleg avklaring, riktig innsats og tettare oppfølging.

Overgang til arbeid

Aktivitetsplikten bidreg til god kartlegging og overgong til arbeid for mange. Det ser ut til at merksemd på t.d. reglane i arbeidslivet (møte presis, melde frå om sjukdom m.v), å skrive søknadar, CV og intervjutrening bidreg til å få fleire i jobb, og halde dei der. Fokuset deira blir flytta frå utbetalinga frå Nav til å få jobb. Dei Nav-tilsette er tettare på ungdommen enn tidlegare, og kan lettare hjelpe dei over i arbeid. Kontora har tettare samarbeid med arbeidsmarknaden for å sikre god overgong.  

Ein Nav-leiar trekk frem at det ikkje er vilkåret om aktivitet i seg sjøv som bidreg til at mottakarane kjem seg i arbeid, men den arbeidsretta oppfølgingen og innhaldet i aktiviteten, merksemd på reglane i arbeidslivet og samhandling med arbeidsgjevarane som er årsaken til overgongen til arbeid.

Overgang til utdanning

I dette spørsmålet er Nav-leiarane delte. Dei som melder at aktivitetsplikten bidreg til overgang til utdanning seier at det er særleg fokus på overgangen rundt søknadsfrister for opptak. Mange ser at dei må ha utdanning for å få dei jobbane dei ønskjer. Aktivitetsplikten treng ikkje alltid vere det som har leia til utdanning, men dei har sjølve kome frem til det. 

Nav-tilsette som kjenner utdanningssystemet godt, har faste møter med OT/PPT og veit kva arbeidsmarknaden treng kan rettleie og motivere mottakarane mot utdanning. 

Av dei Nav-leiarane som meiner at aktivitetsplikten ikkje bidreg til overgang til arbeid er tilbakemeldingane at dette ikkje heng saman med aktivitetsplikten. Det kjem av at mottakar sjølv er motivert eller som eit resultat av motivasjonarbeidet som dei Nav-tilsette gjer gjennom sosialt arbeid. Dei oppfordrar alltid unge mottakarar til å ta utdanning, uavhengig av kvifor dei kjem til Nav-kontoret. 

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med kommunenes oppfølging av krisesenterloven.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med krisesentertilbodet i alle kommunane.

Vi gjennomførte særskilt tilsyn med Bergen kommune si oppfølging av Krisesenteret i Bergen. Vi konkluderte med at kommunen ikkje hadde sørgja for tilstrekkeleg oppfølging av krisesentertilbodet. Frå 1. januar 2019 har Bergen kommune overteke drifta av krisesenteret.  Tilsynet og funna blir følgde opp.

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Det er ikkje lagt ned eller redusert tilbod i 2018.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten.

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

Sjå tabell med kommentarer.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten.

Vi har fatta eit vedtak etter barnelova i 2018.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

I samband med søknader om separasjon og skilsmisse har vi mottatt mange førespurnader på e-brev og telefon om regelverket på familieretten sitt område, i tillegg til spørsmål om arverett og trygderett. Spørsmåla omhandlar mellom anna prosedyrene ved mekling, vilkåra for unntak for mekling, rett til utvida barnetrygd og andre stønader. Vi har gitt råd og rettleiing, og vi har vist vidare til NAV, meklingskontora, folkeregisteret eller annan instans med ansvar for det konkrete spørsmålet. Vi har også vist til informasjonsmateriale utarbeidd av BLD. Det er i første rekke dei som søker separasjon (foreldre) som kontaktar oss, men vi får òg spørsmål frå flyktningkonsulentar, NAV, folkeregisteret og advokatar.

Vi har mottatt mange førespurnader på e-brev og telefon om regelverket på familieretten sitt område. Mange av spørsmåla omhandlar samvær og fordeling av kostnadar ved samvær, under dette at den eine av foreldra  ikkje vil dele på kostnaden. I tillegg er det ein del spørsmål om fast bustad og foreldreansvar. Vi har gitt råd og rettleiing, mellom anna om kravet til mekling, samt vist til informasjonsmateriale utarbeidd av BLD. Det er i stor grad foreldre som kontaktar oss, men vi får òg spørsmål frå advokatar, kommunar og andre offentlege instansar.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes biologiske opphav i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 behandlet 42 saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes biologiske opphav i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

I 2018 undersøkte vi korleis familievernkontora legg til rette for at barn blir informerte og blir høyrde i samband med mekling. Tilsynet blei gjennomført ved spørjeundersøking. 

På bakgrunn av opplysningane som vi fekk saman med annan kunnskap om dei, var det ikkje grunnlag for vidare oppfølging frå vår side. Bufetat Region vest har uavhengig av tilsynet, plikt til å leggje til rette for og følgje med på at faglege normer og regelverk og for verksemda blir følgd.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.2.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Internt knyter dette arbeidet seg hovudsakleg til følgjande:
-  fysisk tilpassing i Statens Hus når det gjeld t.d. tilgjenge, lys, informasjon
- vi har arbeidd med universell utforming av nettsidene våre og deltatt på DIFI sitt e-læringskurs om universell utforming.


Eksternt knyter embetet sin aktivitet på dette området hovudsakleg til arbeidet med plan og byggjesaker.


Vi har generelt vegledningsmateriell om problemstillingar om universell utforming tilgjengeleg på fagnettsidene våre om plan. Vi veit at desse sidene vert mykje nytta av planleggjarar i kommunane
Dersom konkrete planforslag fordrar det, bli problemstillingar om universell utforming tatt opp i diskusjonane med kommunane i Planforum og ikkje minst i dei dialogmøta vi har med kommunane som del av motsegnarbeidet/-prosjektet vårt. 

I tillegg vert universell utforming adressert i byggjesaker der det er eit naturleg tema.I våre innspel til det kommunale planarbeidet er universell utforming og livsløpsperspektiv i planlegging av bygg og uteområde med som fast tema.


Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.2.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.


Likestilling og tiltak for å motvirke diskriminering er eit sentralt tema i plansaker og i dialogen med kommunane i samband med planlegging (areal- og samfunnsplanlegging). Vi legg særleg vekt på å kommentere dette til kommunanes samfunnsdel av kommuneplanane. Det same gjeld elles i møte med kommunane der dette er eit naturleg tema å ta opp.

Vi har innarbeidd likestillingsomsynet i dei interne planretningslinjene våre, slik at dette omsynet alltid skal vere vurdert når det gjeld dei kommunale planane. Desse retningslinjene vert brukte av kommunane i deira planarbeid.

Eventuelle utfordringar i fylket når det gjeld likestilling bli ved behov tekne opp til drøfting i leiargruppa. Avdelingsdirektørane er ansvarlege for å bringe inn i leiarmøte likestillingsutfordringar i fylket innanfor eige fagområde.


Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder digitalt kurs modul 1 og veilederen.

Fylkesmannen har i samarbeid med Bufetat og fylkeskommunen gjennomført implementering av veilederen og digitalt kurs. Det har vore gjennomført to nettverkssamlingar med skuleansvarlege frå barnevernsinstitusjonar i Hordaland kor dette har vore tema. Det har også vore gjennomført kursdag med skule, helse og barnevernstilsette kor samarbeid skule-barnevern har vore tema.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28.

Vi har utarbeidd årsrapport for vår samla tilsynsaktivitet med barneverninstitusjonar, omsorgssenter og senter for foreldre og barn for 2018.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.

Akuttberedskap:

Ved årsskiftet 2018/2019 hadde 12 av 33 kommunar ei akuttberedskap i barnevernet slik at tenesta er tilgjengeleg alle dagar heile døgnet.

Hausten 2017 initierte vi eit prosjekt for å etablere ei felles akuttberedskap for kommunane i Hordaland hausten 2017. Prosjektet var forankra i rådmannsutvalet og finansiert av fylkesmannen, men prosjektleiinga lagt til ein av kommunane. Prosjektet la fram ei rapport mai 2018. Målet med å laga ein felles barnevernvakt i fylket viste seg ikkje muleg å få til no.

Arbeidet med forslag til akuttberedskap for barnevernet i Hordaland held fram, men er forsinka. Rådmannsutvalet i Hordaland har fått og behandla ein tilleggsrapport men ei ny regionale løysing. Arbeidet med denne vil bli følgd opp i 2019.  

Vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket:

Vi gjennomførte i 2018 dialogmøter med 17 av 33 kommunar i fylket. Eit generelt inntrykk er at det er utfordringar og sårbarheit i tenestene, mellom anna med styring og leiing, kompetanse, kapasitet/ressursar, høgt sjukefråvær og høg turn-over.

Ved risikovurderinga på bakgrunn av første halvår 2018 har vi vurdert at det er betydelege avvik frå det som forventast i lov, forskrift eller god fagleg praksis for åtte av kommunane. Dette blir følgd opp på fleire måtar, både individuelt og i møter/samlingar.

 

 

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Oppgåvene i Omsorgsplan 2020 har vi følgd opp. Utviklinga i tenestene er i samsvar med retning og mål i Omsorgsplan 2020 og Demensplan 2020. Kommunane arbeider ulikt, men godt. God og systmatisk leiing i heile linja er den mest avgjerande faktoren for utviklinga. Det er såleis stor variasjon i kapasitet, kvalitet og tenestetilbod. Kapasiteten i tenestene har i mange kommunar nådd smertegrensa.

Vi har i mange samaheng, både individuelt og i møter med både ordførarar, rådmenn og andre kommunale leiarar påpeikt dette. Vi har både understreka forventningane som er knytt til den demografiske utvikinga og krav til å utvikle eit aldersvennleg samfunn, men også at god styring og leiing er avgjerande for både tenesteutvikling, kapasitet og for å sikre pasienttryggleiken. God planlegging som tek omsyn til utfordringane og som systematisk vurderer behov er nødvendig for både dimensjonering av tenester og effektiv bruk av ressursar. 

Vi har hatt merksemd på kvalitetsutvikling og kompetanse i tenestene. Rapporteringa på tilskotsordninga i kompetanseplanen viser at midlane i stor grad bidrar til kompetanseutvikling. Gjennom satsinga på velferdsteknologi har fleire kommunar gjennomført ulike prosjekt. Alle er i gang, men dei er kome ulikt langt.

Vi har eit godt samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT). Dette har mellom anna bidratt til at erfaringar frå gode prosjekter har blitt kjent. Vi har fleire arenaer der vi arbeider saman, bl.a. konferansar, møter og nettverk.

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland arrangerer læringsnettverket om pasienttryggleik der 7 av 23 kommunar deltek. Vi har bidratt inn i nettverka både økonomisk, i planlegging og ved å halde innlegg, til dømes om leiing og styring. 

Demensplan 2020 har og merksemd i kommunane. Det er fortsatt høg aktivitet knytt til ABC- opplæring og andre kompetansehevande tiltak på område. 

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland står for Demensomsorgens ABC kompetansebygging i 23 kommunar i fylket.  Dei har gjennomført opplæring i Perm 1 og Perm 2 for 339 tilsette i 16 av kommunane i 2018.

21 av 23 kommunar deltek i nettverk om Demensomsorg i regi av Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland.

Mitt Livs ABC i Hordaland har 14 kommunar starta med (perm 1 for  279 tilsette).

24 av 33 kommunar har eit tilbod til pårørande, pårørandeskule eller samtalegruppe. 12 kommunar er med i eit interkommunalt nettverk om dette.

For personar med demens er det behov for fleire dagaktivitetstilbod og meir differensierte bustader i fleire kommuar. Store einingar er i mange tilfelle lite eigna, særleg for brukarar der merksemda skal vere på meistring og sjølvstende.

Fleire kommunar har vanskar med å rekruttere kvalifisert personell. I enkelte tenester i kommunane er det stor mangel på sjukepleiarar og/eller vernepleiarar og ein forventer at utfordringane vil auke framover. For å møte dette, har kommunane sett i verk ulike tiltak for å sikre kvalitet og kompetanse i tenestene – nå og framover. Fleire har valt å fokusere meir på oppgåvene som skal løysast, mindre på konkrete profesjonar. Dette medfører omgjering av stillingsheimlar og rekruttering av anna høgskuleutdanna personell enn berre sjukepleiarar. Det lettar rekrutteringsutfordringane og bidrar til å styrke bredde og kvaliteten i tenestene. Strategisk kompetanseplanlegging eit viktig verkemiddel for å sikre nødvendig kompetanse og kapasitet i primærhelsetenesta.

Velferdsteknologi og endra arbeidsmetodar er på god veg inn i tenestene. Kommunane har ulik framdrift også på dette feltet. 10 av 33 kommuner deltar i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet. Åtte nye kommunar ønskjer nå å knytte seg opp mot programmet. Dei fleste av dei øvrige kommunane har også stor merksmd rundt velferdsteknologi.

Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester (USHT) i Hordaland driv Velferdsteknologiens ABC opplæring der 17 av 23 kommunar deltek med 1000 deltakarar. Utviklingssenteret drifter også læringsnettverk innan velferdsteknologi, samhandling og universell utforming der 16 kommunar deltek. Det har vært gjennomført tre samlingar i 2018. 

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordninger 765.60 og 765.62.

Kap 765.60 - tilskotet medverkar til styrking og utvikling av tenestene. Vi hadde gjerne sett at det kom fleire søknader til tiltak for å betre tenestetilbod til barn og unge.

Ein del av tiltaka har fått tilskot over lang tid. Vi har informert om og byrja å redusere tildelingane til desse og vil redusere ytterlegare i 2019.

Kap. 765.62 - tilskotet medverkar til styring og utvikling av tenestene. Vi hadde gjerne sett at det kom fleire søknader om tilskot til stillingar for å betre tenestetilbod til barn og unge.

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale rusarbeidet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Vi meiner at det kommunale rusarbeidet utviklar seg i samsvar med målsetjingar i opptrappingsplanen. Vi registrerer at under 50 prosent av kommunane seier at denne planen har hatt direkte følgjer for det kommunale rusarbeidet det siste året.

Vi har gjennomført tiltaka som er omtalte i verksemdsplanen for arbeidet i 2018. På grunn av endringar i bemanning og stor tilstrøyming av saker, måtte vi av omsyn til kapasitet avlyse to større møte om opptrappingsplanen for rusfeltet. Fag- og tenesteleiarar i kommunane blei inviterte til møte om brukarmedverknad i tenesteutvikling og lågterskel tilbod, mellom anna Ung-Arena og Rask psykisk helsehjelp. 

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.60.

Tilskot er utbetalt i samsvar med gjeldande regelverk. Det er få nye søknader. Dei siste åra har vi heller ikkje fått nok søknader til å bruke opp den tildelte belastningsfullmakta. Kva som er grunnen til at få søkjer, kjenner vi ikkje til fullt ut. Vi har fått somme tilbakemeldingar om at summen til fordeling er liten og at det er for tidkrevjande å søkje.

I 2018 gjennomførte vi eigen kartlegging av frisklivs- og meistringstilbod i kommunane. Av 33 kommunar i Hordaland har 12 etablert frisklivssentral, anten åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Av dei resterande 21 kommunane har 16 svart på spørsmål om frisklivstilbod i kommunen. Kort oppsummert viser kartlegginga at kommunane utan etablert frisklivssentral i varierande grad har frisklivstilbod for røykeslutt, kosthaldsrettleiing og fysisk aktivitet.

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Det manglar eit godt datagrunnlag for å vurdere om habiliterings- og rehabiliteringstenestene utviklar seg i samsvar med retning og mål i opptrappingsplanen. To år inn i planperioden (2017- 2019) meiner vi at planen og tilskotet stimulerer til utvikling og forbetring av tenestene. Det vil ta tid før vi kan vurdere om planen har ført til ei styrking som står seg over tid. 

Kartlegginga som Helsedirektoratet gjennomførte hausten 2017 tilseier at alle kommunane har forbetringsområde på eitt eller fleire av følgjande område, organisering, kompetanse, kapasitet og medverknad. Vi viser til rapportering på punkt 3.1.3.2.3.

På grunnlag av kontakten med kommunane over lang tid og erfaringar frå tilsyn, meiner vi at det framleis er store skilnader i tenestetilboda for brukarar i alle aldrar, spesielt barn og unge vaksne og personar med sansetap. Dette gjeld både større og mindre kommunar. Elektronisk plattform for kommunikasjon og arbeid med individuell plan er ikkje like godt eigna for alle brukarar. Det er store skilander i kor aktive desse planane er og korleis samarbeidet mellom deltakarane fungerer. Det er ikkje ei ønskt utvikling om bruken av elektroniske verktøy fører til mindre samarbeid og redusert bruk av individuell plan.

Vergeregnskap (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap. Rapporten skal også inneholde hvor mange verger som er fratatt oppdrag i løpet av 2018 på bakgrunn av regnskapskontroll.

Vi kontrollerte samtlege av dei 506 sentralt oppretta aktivitetane.

I tillegg kontrollerte vi alle verjerekneskap, som vart sendt inn i samband med bortfall av vilkår, død eller byte av verje.

Vi hadde 60 verjer under oppfølging i 2018, medan 20 vart fråtekne oppdraga sine grunna mangelfulle rekneskap.


Gjennomgang av oppdrag med advokat som verge (fra kapittel 7.3.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på resultatet av gjennomgangen av oppdrag hvor det blir benyttet advokat som verge med timebetaling etter offentlig salærsats jfr. oppdrag 3.3.2.1.2 i tildelingsbrevet. Dersom oppdraget ble rapportert avsluttet i 1. tertial bortfaller rapporteringskravet.

Vi har 22 faste verjer som også er advokatar.

Desse har totalt 119 oppdrag med advokatsalær.

I samband med undersøkinga av kor mange som kunne gjerast om til ordinære verjeoppdrag, fekk vi tilbakemelding om at 32 av desse oppdraga kunne gjerast om til godtgjering etter fast sats.

Arbeidet med å gjere om sakene pågår. 

Tilsyn (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten kort redegjøre for tilsyn utover vergeregnskapskontroll som er gjort med vergene i sitt område i 2018. Fylkesmannen skal også kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp.

Vi har hatt individuelle samtalar med samtlege 85 faste verjer i fylket.

Vi har hatt tilsyn med totalt sju verjer i 2018 og har tatt utgangspunkt i den nye tilsynsrettleiaren som vart gjeldande frå januar 2018.

Tilsynet vart åpna grunna bekymringsmeldingar, enten internt, frå verjehavar/pårørande eller frå offentlege etatar.

Tilsyna har avdekka mangelfull forståing av verjerolla og av krava og forventningane Fylkesmannen set til dei faste, profesjonelle verjene.

Avvika vart følgt opp ved samtalar og rettleiing, samstundes som nokre av verjene ikkje fekk nye oppdrag for ein lengre eller kortare periode, eller vart fråteken det konkrete verjeoppdraget.

To av verjene avslutta alle verjeoppdraga sine, medan fem verjer fekk avslutta tilsynet.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på andelen opprettede vergemål for voksne i 2018 hvor det er gjennomført samtale med vergehaver. Fylkesmannen skal i tillegg redegjøre for hovedgrunnene til at samtaler eventuelt ikke er gjennomført.

Vi har gjennomført samtaler i 198 saker medan det ikkje er gjennomført samtale i 362 saker.

Hovudgrunnen til at samtalar ikkje vert gjennomførte er at personen, ifølgje dei medisinske opplysningane, ikkje er i stand til å forstå innhaldet i ein slik samtale. I nokre saker er det også praktisk umogleg å gjennomføre samtale, då det ikkje er råd å få tak i verjehavar.  

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved lgjennomgang av gamle saker.

Ved oppretting av nye verjemål har vi rutinemessig sendt ut eige kartleggingsskjema for innhald og omfang av verjemålet. Dette vert sendt både til verjehavar og søkjar.

I tillegg har vi i samtale med verjehavar og føreslått verje, kartlagt bistandsbehovet nærare.

Fremtidsfullmakter (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet for å øke bruken av fremtidsfullmakter. 

Vi har utarbeidd eit informasjonsskriv om alternativer til verjemål, som vi rutinemessig har lagt ved førehandsvarsel om verjemål.

Vi har hatt oppslag på våre nettsider, informert om framtidsfullmakter gjennom foredrag, i tillegg til at vi hadde Åpen Dag om Framtidsfullmakter i desember.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 utbetalt til saman kr 12 635 006,- gjennom rettshjelpsordninga. Av dette utgjer kr 10 065 629,- fritt rettsråd, og kr 2 569 377,- er utbetaling av fri sakførsel i saker som er handsama av kontrollkommisjonen for psykisk helsevern. I 2017 var samla utbetaling kr 11 612 002,-. Det har såleis vore ein auke i utbetalingane av fri rettshjelp på 8,8 % sidan 2017.

Talet på mottekne, innvilga og avslegne søknadar går fram av tabellen under. Av 1 493 mottekne søknadar om fritt rettsråd, er det 103 tolkesaker. Vi har ikkje talt med sakene frå kontrollkommisjonen (303 saker) som søknadar.

Av dei innvilga sakene er det gitt økonomisk dispensasjon i 14 rettsrådssaker og 1 sakførselsak. Av dei 164 avslegne rettsrådssakene har 52 fått avslag på grunn av for høg inntekt / formue, medan 94 saker er avslegne av andre grunnar og 18 har fått avslag på grunn av ein kombinasjon av for høg inntekt / formue og andre grunnar. Av sakførselsakene har 2 fått avslag på grunn av ein kombinasjon av for høg inntekt / formue og andre grunnar, medan 15 saker er avslegne av andre grunnar.

Vi viser elles til detaljert rettshjelpsstatistikk for 2018 som er sendt til Statens sivilrettsforvaltning.

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid i 2018 var ca. 6 veker for søknadar om fritt rettsråd og ca. 3 veker for søknadar om fri sakførsel. For utbetaling av stykkpris innvilga av advokat og arbeidsoppgåver frå kontrollkommisjonane var sakshandsamingstida ca. 1 veke. Ved utgangen av 2018 hadde vi følgjande restansar: Ca. 45 søknadar om fritt rettsråd, 2 søknadar om fri sakførsel og 20 arbeidsoppgåver fra kontrollkommisjonane.

Det har vore ein viss auke i talet på søknadar om fritt rettsråd frå 1445 i 2017 til 1464 i 2018. Følgjande sakstypar skil seg ut med størst endringar:

- Talet på prioriterte klagesaker etter folketrygdlova har auka frå 193 saker i 2017 til 294 saker i 2018. Dette var i 2018 den sakstypen der Fylkesmannen i Hordaland utbetalte mest i fritt rettsråd, nemleg kr 2 141 214,-.                      

-Talet på saker om tvangsmedisinering har auka frå 15 saker i 2017 til 88 saker i 2018 (ny prioritert sakstype).

- Talet på EMA-saker har auka frå 23 saker i 2017 til 52 saker i 2018.

- Talet på ordinære asylsaker er redusert frå 109 saker i 2017 til 42 saker i 2018.

- Talet på utbetalingar til tolk er redusert frå 240 saker i 2017 til 102 saker i 2018.

I 2019 ventar vi ein liten auke i utbetaling av fri rettshjelp i høve til 2018, noko som skuldast ein auke i salærsatsen frå kr 1020,- til kr 1040,- pr. time. Samla sett er forventa forbruk for Hordaland om lag kr 10 300 000,- i fritt rettsråd og kr 2 600 000,- i fri sakførsel. Vidare må ein leggje til forventa forbruk for Sogn og Fjordane, då vi frå 1.1.2019 er slegne saman til Fylkesmannen i Vestland.

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

Vi har nytta om lag 10 098 000 kroner i 2018 op kap/post 470.01.

Kva som vert forventa forbruk for påfølgjande år er vanskeleg å seie, sidan vi no er Fylkesmannen i Vestland. For Hordaland sin del er det likevel grunn til å tru at forbruket vil vere noko høgre i 2019 enn i 2018 sidan forbruket har auka for kvart år. Ut frå tidlegare erfaringar kan forbruket i 2019 blir rundt 10 500 000 kroner. Sogn og Fjordane sin del som erfaringsmessig har vore på omlag 1 500 000 kjem i tillegg.

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.4.3.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen skal rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

I 2018 har Fylkesmannen fått 27 klager til behandling. Dei fleste klagene gjeld utvida programtid, dei øvrige stans. 4 av vedtaka er oppheva, i dei øvrige vedtaka har vi stadfesta kommunen si avgjerd.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.4.3.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Vi har ikkje behandla klager på området norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.4.3.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier og hvor mange av nye statsborgere i fylket som har deltatt.

Fylkesmannen i Hordaland arrangerte to seremoniar i 2018. Ein dobbel seremoni 3. juni, og ein mindre 2. desember.

Deltakinga var som vanleg varierande. 886 nye statsborgarar vart invitert, av desse svarte 194 positivt. Det er ein svakare andel enn i fjor, men det er ikkje lett å identifisere kvifor. Ikkje minst er det tydeleg når ein ser at deltakinga på dei to seremoniane 3. juni varierte med når fire prosent - av to randomiserte utval

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.4.3.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Fylkesmannen har fått melding om at det blir brukt 205 årsverk i kommunane til opplæringa i norsk og samfunnskunnskap.

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:


Vi har eigne temasider for samfunnstryggleik i arealplanlegging på nettsidene til embetet, der vi m.a. har samla lenker til relevant rettleiingsmateriale frå DSB, NVE m.fl. Rettleiaren er sentral i oversikta, det same er klimaprofil for fylket. Vi omtaler både rettleiar og klimaprofil ved alle høve vi får i dialogen med kommunane og andre aktørar. Vi har m.a. hatt innlegg om på kurs i regi av NAL, på vegner av DSB, der planleggarar/arkitektar i både privat og offentleg sektor var til stades.

Begge blir vist til i fråsegner vi sender til kommunale planar på høyring, og vi opplever i aukande grad å sjå dei bli referert til som kjelder og grunnlag i ROS-analysar frå kommunane. (sjå òg eige rapportpunkt i høve TB 7.3.4.7). 

ROS som integrert del av planer (fra kapittel 7.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Erfarer embetet at ROS er en integrert del av planene i kommunene? Hvis ikke, gi en kort forklaring.

ROS-analysar opplever vi som i svært stor grad er ein integrert og sjølvsagt del av planane i kommunane i Hordaland. Det varierer noko i forhold til omfang av planframlegget om det er del av sjølve planskildringa, eller om det blir presentert som vedlegg. Vi opplever svært sjeldan å måtte be om å få tilsendt ROS-analysar frå kommunane.

Utfordringer i plansaker (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hvilke utfordringer embetene har i plansaker når det gjelder integrering av ROS.

Kompetansen i kommunane er varierande, og vi oppfattar at det er store skilnader til kva krav dei stiller til utarbeiding av private planframlegg. Vi opplever at det er stor skilnad i korleis ROS-analyser er utforma, men det er ei auke i ROS-analysar som har tydeleg forklart kva metode som er lagt til grunn. Det varierer i stor grad kva akseptkriterier kommunane velgjer for ulike plannivå (særskilt i reguleringsplanar), i kva grad dei er etterprøvbare ved å t.d. ha tilstrekkeleg utdjupande kommentarar/forklaringar og referansar.

Kvalitet på ROS-analysar varierer i stor grad, og det er eit godt stykke igjen til vi kan seie oss nøgde med kompetansen på området. Noko av forklaringa kan kanskje ligge i den fragmenteringa som oppstår fordi ein svært stor del av planframlegg og såleis ROS-analysar er private og utarbeidd av konsulentselskap. Vi opplever å sjå, og har fått tilbakemeldingar frå kommunar om, at det er ei utfordring for dei å ha ei overordna oversikt og systematisere kunnskapen som kjem fram frå ulike planframlegg knytt til risiko og sårbarheit. Kommunane gjennomfører sjeldan ROS-analysane sjølve, noko som gjer det utfordrande å oppretthalde eller auke eigen kompetanse som trengs for å vurdere kvalitet på ROS-analysar i private planframlegg.

Vi skulle gjerne sett at ROS-analyse i mykje større grad vart brukt som eit kunnskapsgrunnlag og verktøy for å styre utbygging til trygge område, at alle kommunane stilte tydelege krav både til prosess, metode og kvalitet, og at risiko og sårbarheit må vurderast på tidlege stadium i alle planprosessar.

Avslutningsvis vil vi likevel peike på at vi over tid opplever å sjå at ting går i riktig retning, om enn sakte.

Bruk av veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Hvor mange kommuner har tatt i bruk veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil i planarbeid og ROS-Analyser pr. 31.12.18?

Vi har ikkje kvantitative data for kor mange kommunar som har tatt i bruk rettleiaren, sjekkliste til denne og klimaprofil for fylket, men alt er distribuert til kommunane og ligg tilgjengeleg på nettsidene våre.

I Hordaland har vi ikkje opplevd utfordringar med «sjekkliste-malar» i høve ROS-analysar i arealplanlegging. Dei aller fleste ROS-analysar har ei inndeling med sjekkliste-liknande første del for ei grovsortering av tema, før vidare analyse. Desse kjem i ulike variantar, og i svært stor grad er dei godt dekkande for relevante tema. Om det er sjekkliste frå rettleiaren som er lagt til grunn, er vanskeleg å estimere noko kvantitativt rundt. Vi opplever at kommunar og konsulentselskap i stor grad har eigne malar som dei bruker.

Vi opplever at klimaprofil og rettleiaren blir referert mykje til, og vi opplever det som at begge dokumenta blir brukt i aukande grad. Rettleiaren har nok vore meir i bruk enn klimaprofilen, men vi opplever òg at dette har jamna seg ut over tid, etter kvart som vi har informert om denne på nett, fagsamlingar og i fråsegner til planar på høyring. Alt i alt ser vi at kommunane i aukande grad tar i bruk rettleiar og klimaprofil.

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.8 i TB)

Rapportere på

DSB har som mål at kommunene etablerer hensynssoner i kommuneplaner rundt eksisterende storulykkevirksomheter, slik at det ikke skjer en uhensiktsmessig utvikling i arealene rundt disse. Beskriv i hvilken grad dette har blitt gjennomført i nyere kommuneplaner.

Omsynssoner rundt eksisterande storulukkeverksemder i arealdelen til kommuneplanar har så langt i liten grad vorte gjennomført. I samband med høyring av kommuneplanens arealdel for ein av dei større kommunane i fylket, har vi hatt gode og nyttige diskusjonar av korleis dette skal løysast, med omsyn til kva kommunen meiner bør vere offentleg tilgjengeleg informasjon og kva som bør løysast i eigne interne system for planavdeling i kommunen. Temaet omsynssoner rundt eksisterande storulukkeverksemder vil vi ta opp i alle rulleringar av kommuneplanar som kjem framover.

Samordning av beredskapslaner mot storulykkevirksomheter (fra kapittel 7.3.4.9 i TB)

Rapportere på

Hvordan følger fylkesmannen opp at kommuner med storulykkevirksomheter har samordnet kommunes overordnede beredskapsplan med storulykke virksomhetens beredskapsplan?

Vi følgjer m.a. opp dette både i plansamanheng og ved tilsyn.

Storulukkeverksemder er eit sentralt tema i høve tilsyn med kommunal beredskapsplikt. Temaet er omfatta i statuskartleggingsskjema som kommunane fyller ut i forkant av tilsynsbesøk, og temaet er sentralt ved gjennomgang av dokumentasjon, og i samtalar med kommunane ved tilsynsbesøk.

FylkesROS (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Når ble siste fylkesROS gjennomført?

Sist fulle revisjon av FylkesROS vart gjennomført i 2015, men nytt kapittel vart publisert i 2018. FylkesROS har dei siste åra vore publisert kapittelvis for å gjere den meir tilgjengeleg, og for å lettare kunne utvide med nye kapittel og revidere enkeltkapittel der vi ser behov for det. Samanslåinga med Sogn og Fjordane betyr behov for å lage ein ny, felles FylkesROS, og dette arbeidet er påbegynt januar 2019.

FylkesROS - oppfølgingsplan (fra kapittel 7.3.4.11 i TB)

Rapportere på

Foreligger det en oppfølgingsplan til fylkesROS, og i så fall når ble den sist oppdatert?

Oppfølgingsplan vart utarbeidd i 2015, og oppfølging av denne skjer på ulike arenaer som t.d. møte i fylkesberedskapsrådet, møte med kommunane og andre aktørat.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.12 i TB)

Rapportere på

Hvilke regionale tiltak har embetet gjennomført for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

Fylkesmannen samla fylkesberedskapsrådet til den faste årlege samlinga over to dagar i januar 2018. Dette var det siste planlagde møtet i fylkesberedskapsrådet i Hordaland. Fylkesberedskapsrådet er ein svært sentral arena i høve samordningsansvaret til fylkesmannen i arbeidet med førebygging og beredskap. På samlinga var det invitert innleiarar frå tidsaktuelle aktørar som NSM, Difi, HelseCERT/Norsk helsenett for tema knytt til IKT-tryggleik, og medlemer i fylkesberedskapsrådet bidrog med erfaringsdeling og refleksjonar rundt samvirke.

Fylkesmannen hadde god dialog med dei regionale aktørane gjennom året, både i høve førebygging knytt til kommunal arealplanlegging og dialog med t.d. NVE, men òg i høve hendingar. Det var ikkje hendingar i 2018 som utløyste behov for fylkesmannen sin samordning, men dialogen var god både med kommunale og regionale aktørar.

I samband med Trident Juncture 2018 gjennomførte Fylkesmannen eit møte og diskusjonsøving i fylkesberedskapsrådet for både Hordaland og Sogn og Fjordane, som ledd i førebuingane til samanslåing frå 2019. Møtet var nyttig både i høve TRJE 2018, kunnskap om dei ulike aktørane knytt til øvingstemaa og det kom fram gode diskusjonar kring korleis det framtidige fylkesberedskapsrådet skal arbeide.

Fagsamling for kommunane hausten 2018, vart gjennomført med fagleg påfyll frå både eksterne og interne fagfolk. I tillegg deltok fleire regionale aktørar på samlinga, og var tilgjengelege for samtalar og spørsmål frå kommunane. Vi vil òg her legge til at kurs for kommunane i DSB-CIM har vore eit viktig kompetansehevande tiltak med tanke på samordning i fylket. Auka bruk av DSB-CIM i kommunane og betra ferdigheiter for rapportering i dette felles verktøyet, er sentralt for situasjonsforståing hjå Fylkesmannen og dei regionale aktørane i fylkesberedskapsrådet og samordning av informasjon til sentrale styresmakter. Vi opna òg for nokre få deltakarar frå aktørane i fylkesberedskapsrådet på kurset.

Elles har vi hyppig og tett kontakt med relevante samarbeidspartar innan totalforsvaret, m.a. politiet (inkl. PST), Forsvaret (HV og HOS) og viktige aktørar knytt til kritiske samfunnsfunksjonar og kritisk infrastruktur. Vi er òg representert i LRS.

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.13 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Fylkesmannen i Hordaland har delteke i DSBs prosjekt for vidareutvikling av SBS-malverket for alle fylkesmannsembeta. M.a. hadde vi ansvar for utvikling av delar av malverket. Vi har difor god kjennskap til ulike problemstillingar knytt til SBS-området.

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Alle fagmidlane tildelt som driftsmidler, investeringsmidler og tilskotsmidler er brukt på dei postane dei er sett av til, med eit unntak. 2,1 millionar kroner avsett til tiltak for å fjerne framande treslag på Lamøy i Askøy kommune vart sendt tilbake grunna kapasitetsproblem hos den som vann tilbodet med avtale om at tiltaket vert gjennomført første halvår 2019.

Det har vore høg aktivitet gjennom heile 2018. Nokre av 21-midlane har vore nytta til løn for for mellombels tilsette innan andre prioriterte område. Rapportar er sendt Miljødirektoratet innan dei fastsette fristane.

Klimaendringer og klimatilpasning i plansaker for 2018 (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Rapportere om hvordan klimaendringer og klimatilpasning ble tatt hensyn til i plansakene for 2018. Tilbakemeldingen skal omfatte hvilke plansaker som ble behandlet (fra planstrategi til reguleringsplaner), og i hvilken andel av disse plansakene klimaendringer var inkludert. I tillegg vil vi at Fylkesmannen gir en vurdering av hvor godt klimaendringer var ivaretatt i disse sakene: I hvor stor andel av plansakene var klimaendringer og klimatilpasning godt behandlet, mangelfullt behandlet og eventuelt om det ble gitt innsigelse i noen av sakene. 

Med bakgrunn i erfaringer får ras og flaum dei siste 15 åra vert klimatilpasning fokusert i plansakene. Det er utvikla eit godt samarbeid med NVE og det vert sett søkjelys på at risiko- og sårbarheitsanalysane skal ha god kvalitet i alle plansaker der dette er aktuelt. Motsegn vert aktivt brukt for å få dette på plass. Kvaliteten på det kommunale planarbeidet vert betre, samstundes som utfordringane på feltet aukar. Den nye statlege planretningslinjen styrkar vårt grunnlag i dette arbeidet.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Antall havner som mangler en godkjent avfallsplan og andel av innsendte avfallsplaner i havner som er godkjent eller regodkjent.

I Hordaland er det 713 registrerte hamner. I 2018 vart det godkjent 6 nye avfallsplanar som inkluderer 6 hamner og vi har gitt avslag til 1 hamn. Vi har regodkjent 12 avfallsplanar som inkluderer 84 hamner. Frå juni 2018 har vi ei heil stilling berre til dette arbeidet i eit samarbeid med Sogn og Fjordane.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Rapport om status for arbeidet mot fremmede organismer.

Det er særleg på vestamerikansk hemlokk det har blitt gjort ein stor innsats i 2018. Ved hjelp av grunneigarar og lokale entreprenørar er det gjort tiltak i ca. 30 område. Det har gått med mykje tid til å finne riktig grunneigar, ta kontakt med kommunar og grunneigar og «selge» inn prosjektet, og å finne entreprenør til å gjere jobben, der grunneigar ikkje har gjort tiltaka sjølv. Det har òg blitt gjort litt supplerande kartlegging, både ved å oppsøke usikre lokalitetar og ved at det har kome inn tips.

Pågåande prosjekt på boersvineblom på Bømlo og kjempespringfrø i Voss held fram. Desse prosjekta har hatt ei nedagåande aktivitetskurve ettersom bestandane har blitt mindre, men har som forventa flata noko ut.

Vi har òg gjort tiltak mot kjempebjørnekjeks. Fylkesmannen har følgt opp nokre lokalitetar, og dei fleste av desse er no utrydda. Vi samarbeider med Statens vegvesen. I tillegg har vi samarbeidd med Sunde grendalag om sprøyting av førekomstane på Sunde og Husnes.

Det vart gjennomført kartlegging av rynkerose frå båt rundt Askøy og Hjeltefjorden i 2018. Dette resulterte i godt og vel 100 nye lokalitetar, og understrekar behov for vidare kartlegging. Det er ikkje gjort tiltak mot rynkerose i 2018. Kartlegginga rundt Askøy og Hjeltefjorden stadfestar intrykket av at rynkerosa finst med små førekomstar på mange strandlokalitetar, men brer lite om seg. Tiltak vil vere svært arbeidskrevjande og dyrt, og kostar truleg meir enn det smakar.

Det vart fullført ein enkel handlingsplan mot framande artar i Hordaland i 2018.

Hemlokk: 13 kommuner: Forbruk: 1.450.000
Boersvineblom: Bømlo kommune, forbruk 66.000
Kjempespringfrø: Voss kommune, forbruk 53.000
Kjempebjørnekjeks: 3 kommuner, forbruk 10.000
Rynkerose (kartlegging): 3 kommuner, forbruk 60.000

Myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Rapport om gjennomført nødvendige pålegg knyttet til myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften pr.
31.12. 2018

Vi har sendt ut varsel om pålegg til å gjennomføre MOM-C undersøkelser på 55 matfiskanlegg i Hordaland. Vi hadde sendt ut varsel om pålegg til å foreta kobberundersøkelser på 36 matfiskanlegg i Hordaland.

Vi har gjennomført eit prosjekt for utvikling av metodikk for å undersøke avrenning av forureinande stoff frå massetipplokaliteter. Fire lokalitetar var inkludert i dette prosjektet som vi ønsker å ta vidare i år. I tillegg hadde vi ferdigstilt et overvåkingsprogram for renseanlegg i Kvam herad.

To bedrifter i fra listen som var meldt inn i 2017 har fått krav om overvåking i tråd med vannforskriften (Norscrap West - Mottak og sanering kasserte kjøretøy Hanøytangen og Statens vegvesen Region vest - utfylling i Hordnesskogen).

Videre for rapportering 1 april 2019 tar vi for oss bransje for bransje for Vestland fylke. Listen ser derfor annerledes ut enn det som ble rapportert inn i 2017. Det vil bli sendt ut varsel om pålegg i tråd med vannforskriften for Avløp og Deponier. Vi har en prioriteringsliste og jobber med malen.

1. april 2019 er det frist for å identifisere alle IED-bedrifter i Vestland. Her har vi derfor bestemt at vi avventer med varsel til denne type bedrifter til dette er rapportert og vi har full oversikt. Varsel om pålegg i tråd med vannforskriften  vil da bli sendt ut etter 1 april men er prioritert.

Det skal rapporteres på fylkesmannens... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlig styring av kommunesektoren etter retningslinjene i rundskriv H-2143.

Grunna arbeidet med samanslåinga med Sogn og Fjordane har aktiviteten på dette felt vore lav i 2018.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Arbeidet med sammenslåinga med Sogn og Fjordane har gjort at arbeidet på dette feltet ikkje har hatt same prioritering som tidlegare år. Vi har ikkje motteke signal som tilseier at tilsynspresset har vore for stort hos kommunene.

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

Kommunane får informasjon om kommuneøkonomi i samband med statsbudsjettet og kommuneproposisjonen. Det er blitt utarbeidd eit samandrag i eige fellesbrev til kommunane, både til statsbudsjettet i oktober og kommuneproposisjonen i mai. I tillegg kjem løpande rettleiing og informasjon etter behov. Det er også blitt utarbeidd eit brev til kvar kommune med vurdering av kommunen sitt budsjett og økonomiplan. Dette bidreg blant anna til å hindra at kommunar kjem i ROBEK - registeret. 

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.3.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Vi reknar ikkje med at det er nokon kommunar i Hordaland som vil bli registrert i ROBEK med det første. Vi har gitt tilbakemelding kvart år til og med 2018 til alle kommunane i Hordaland sine budsjett og økonomiplanar. Dette har vore eit tiltak blant anna for å hindra at kommunar kjem i ROBEK registeret. Praksis er planlagt lagt om i 2019.

 Vi har gitt rettleiing og stilt krav til den eine kommunen i fylket som er registrert i ROBEK. Kommunen blei registrert frå og med andre halvår 2018. Vi har til no ikkje oppnådd ynskeleg resultat for denne kommunen si økonomiske utvikling. Kommunen vil ikkje kunne bli teke ut av registeret i 2019. Målsetjinga er at kommunen kan bli teke ut av registeret i 2020. 

 Det er ikkje handsama nokon saker om låneopptak. Det er handsama 17 saker om kommunale garantivedtak. Samla garantibeløp er om lag kr 374 mill. Ingen av garantivedtaka er oppheva.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Fylkesmannen i Hordaland satte for 2018 av kr 13,6 mill. i prosjektskjønn til fornying- og innovasjonsprosjekt i kommunane. Av dette inngår kr 11.525.000,- i databasen ISORD. Det er gitt tilskot til nokon prosjekt utanom ISORD:

Fordelt i ISORD                                             kr 11.525.000,-

Fjell kommune. Etablering av verts-

kommunesamarbeid                                      kr  400.000,- 

Stord kommune. Tilrettelagt helse,  

omsorgstenester for ein brukar                      kr 975.000,-

Fitjar kommune. Friluftsrådet Vest                 kr 200.000,-

Odda kommune. Kommuneplan for nye

Ullensvang                                                      kr 500.000,-

Sum                                                                kr 13,6 mill.

Kommunane vart i eige brev frå Fylkesmannen inviterte til å søkje om prosjektmidlar. Regionråda i fylket har ein aktiv rolle i prosessen med fordeling av skjønstilskot til fornyings- og innovasjonsprosjekt. Regionråda vurderer søknadene frå kommunane og utarbeider ei prioritering mellom søknadene for Fylkesmannen. Fylkesmannen er ansvarleg for sjølve fordelinga av tilskot men legg stor vekt på regionråda sine prioriteringar. Prosjektmidlane til fornyings- og innovasjonsprosjekt i 2018 vart fordelt mellom følgjande føremål:

Barn og unge                                   kr 2,5 mill.

Omsorgstenester                             kr  3,4 mill.

Samfunnstryggleik og beredskap    kr   2,4 mill.

Interkommunalt planarbeid               kr 4,0 mill.

Resten er fordelt mellom flyktningar,

 tiltak miljø og landbruk m.m.             kr 1,3 mill.

                                                           kr 13,6 mill.

Resultatoppnåinga av prosjektskjønn er no i større grad enn tidlegare formidla til andre som følgje av databasen ISORD. Det er mange av prosjekta som ikkje ville blitt gjennomført utan at det var blitt gitt prosjektskjønn til finansieringa. Det er likevel vanskeleg å fastslå konkret i kor stor grad det blir oppnådd betre resultat samla av å gi tilskot som prosjektskjøn istaden for å gi dette gjennom dei ordinære skjønsmidlane.

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Vi behandla i 2018 elleve saker om lovlegkontroll etter klage, og vi utførte ein lovlegkontroll etter eige initiativ. Ei avgjerd vart kjent ulovleg. Tre av sakene hadde habilitet eller lukking av møte blant vurderingstemaene.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.5.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Vi har særleg rettleia kommunane om økonomireglane i kommunelova med forskrifter, habilitet, og behandling av krav om lovlegkontroll.

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.5.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

I Hordaland har vi i realiteten 3  regionråd med eige sekretariat  : Hardangerrådet med 7 kommunar og eit sekretariat på 2; Samarbeidsrådet for Sunnhordland med 8 kommunar og sekretariat på 5  Regionrådet for Nordhordland med 9 kommunar (inkludert Gulen )  og eit sekretariat på 6. Deler av sekretariatet kan vere prosjekt-tilsette.

Vidare har vi Region Vest - som består av dei 3 kommunane som går inn i Nye Øygarden kommune i 2020 og er ein noko laus samansluttning utan eit fast sekretariat. Mykje kan tyde  på at dette vert lagt ned og arbeidsoppgåvene  vert lagt inn i den nye kommunen på om lag 40.000 innbyggjarar.

Dei øvrige kommunane ( Bergen, Samnanger, Vaksdal, Askøy, Voss ) har i dag ikkje eit  organ av formelt karakter som arbeider fast med regionale utfordringar på tvers av kommunegrenser. I denne samanhengen ser vi bort frå eigne IKSelskap  for eks innanfor søppelhandtering og hamnesamarbeid.

Det nystarta prosjektet Regional digitalisering i regi av Bergen kommune m.fl.,  kan også vere eksempel på større formaliserte tenesteproduksjonar på tvers av kommunegrenser/ regiongrenser. Dette samarbeidet er under utvikling og er eit tilbod til alle kommunane i Hordaland.  

Bergensaliansen er eit medlemsorgan for 22 kommunar som tek opp oppgåver med regionalt tilsnitt ( Brannvern og redningsteneste  er sålangt det viktigaste tiltaksområde ). Utover desse nemnde kan det førekomme litt tilfeldige samarbeidstiltak  og einskildprosjekt  som kan oppstå innan og mellom regionar.  Når det gjeld  formelle regionråd  dreiar det seg om dei 3 førstnemnde  i Hordaland.

Som følgje av kommunereformprosessen  i Hordaland føregår det no ein  diskusjon om framtidige samarbeidskonstellasjonar mellom dei nye ( og til dels store ) kommunane og dei tidlegare samarbeidspartane i regionen eller i regi av regionråda. Kjernen i desse pågåande prosessane  er at større, nye kommunar no vurderer  å trekkje ein del av desse funksjonane/tenestene/prosjekta  inn i eiga kommunal drift og/eller at   gamle avtaler vert oppsagt og evnt reforhandla. Det medfører endringar i opplegget for  kommunal tenesteproduksjon i gjenverande kommunar og nye samarbeidsformer vert no løpande  vurdert og  utgreia. Fylkesmannen har ikkje støtta denne typen  utgreiingar/ prosessar med prosjektskjønsmidlar i 2018.

Ved nærmare gjennomgang av regionråda sitt arbeid og ansvar,  er det slik at oppgåveportefølje og sekretariatsfunksjon er svært forskjellige for regionråda  både i Hordaland og i  Sogn og Fjordane. Erkjennelsen av at regionråda arbeider forskjellig, at kommunereforma har  påverka omfanget av samarbeidet og at vi etablerer  Vestland fylke frå 1.1 2020,  var bakgrunnen for eit felles møte for alle regionråda i Vestland i Førde 15. februar 2019. På dette møtet kom det vel nokså klart fram at det er ulike perspektiv mellom store og konsoliderte og  kommunar versus mindre kommunar ( og gjerne distriktskommunar)   i synet på kva ein ser for seg av behov for samarbeid i framtida. 

Sjølv oppgåvene for regionråda spenner som nevnt over eit stort saksfelt : Samferdslespørsmål av regional og  strategisk betydning , næringsutvikling generelt, reiselivssasting, tenestesamarbeid,  felles utviklingsprosjekt, rammevilkår for kommunal sektor, planarbeid m.m.. I tillegg har regionråda fått som oppgåve av fylkesmannen å prioritere mellom søknader om prosjektskjønsmidlar.  

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Vi har handsama 33 saker om klage på innsyn etter offentleglova. Klagar har fått medhald i 21 saker.

Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.


Arbeidet med samordning av statlige innsigelser er gjennomført som tidligere år, med fokus på å oppnå raskere avklaringer, bedre planer og færre innsigelser. Dialogmøter har i stor grad vært brukt som virkemiddel for å oppnå disse målene, som anbefalt arbeidsmåte av KMD. Kommunene og sektormyndighetene melder i stor grad tilbake at måten samordningen gjennomføres på er nyttig og letter arbeidet med gjennomføringen av planarbeidet. Vi omtaler derfor resultatene av samordningen nokså utfyllende i tråd med siste, ønskede rapporteringsmåte jf. korrespondanse med KMD om dette. Vi har følgende tall, med forbehold om eventuelle, mindre registreringsfeil: 

Antall planer der andre statlige etater har oversendt innsigelse til fylkesmannen, totalt og fordelt på etater: 41

Antall planer der andre statlige etater har oversendt innsigelse til fylkesmannen og innsigelsen(e) er løst før de fremmes for kommunen, totalt og fordelt på etater: 4 planer (Kystverket 1, Mattilsynet 1, Bjørgvin bispedømekontor 1, Statens vegvesen 1.

Antall planer der andre statlige etater har oversendt innsigelse til fylkesmannen og fylkesmannen har avskåret innsigelsen(e), totalt og fordelt på etater: 0

Antall planer med innsigelse fra andre statlige etater fremmet for kommunen, totalt og fordelt på etater.

Statens vegvesen, 22

Noregs vassdrags- og energidirektorat, 15

Kystverket, 3

Direktoratet for mineralforvaltning,1

Fiskeridirektoratet, 1

Statsbygg, 1

Forsvarsbygg, 1

Antall planer med innsigelse fra Fylkesmannen, fremmet for kommunen: 27.

Det siste tallet refererer seg til planer der bare Fylkesmannen har hatt innsigelse etter eget sektoransvar. I tillegg har Fylkesmannen også fremmet egne innsigelser, sammen med en eller flere av de andre statsetatene, til planer som inngår i rapporteringen ovenfor. Typisk gjelder dette saker hvor f.eks. både NVE og Fylkesmannen, som skred, flom, vassdrags og miljømyndigheter begge mener at planene strider mot nasjonale føringer.


Til sammen har FMHO fremmet innsigelser til 46 ulike planer. Til ytterligere 16 planer har Fylkesmannen hatt et innsigelsesbehov som grunnlag for å invitere de aktuelle kommunene til dialog, hvor det er oppnådd enighet uten at det har vært nødvendig å fremme innsigelse. Videre vil vi gjøre oppmerksom på at i et relativt stort antall av sakene, hvor det også etter dialogmøte formelt fremmes en eller flere innsigelser, så er disse ofte ønsket av kommunene for å komme raskt videre med nødvendige og omforente endringer i planene og slik at kommunen kan fatte planvedtak. Dialogmøtet har i slike tilfeller først og fremst en funksjon i forhold til å oppnå raskere og bedre planprosesser.   

Antall planer med innsigelse fra fylkesmannen og statlige etater fremmet for kommunen (merk at dette tallet ikke er summen av 4 og 5 fordi fylkesmannen og statsetatene kan ha innsigelse til samme plan): 68.

NB: Tabellen under og tallene ovenfor viser antall planer. Antall innsigelsespunkter som er løst i dialog, uten innsigelser er vesentlig høyere enn dette. Erfaringsmessig har andelen enkeltpunkter som det finnes løsning på uten innsigelse ligget på nokså nøyaktig 50 %. Dette, sammen med den planfaglige dialogen, er kanskje det som oppleves å ha størst effekt i forhold til målene med samordningen, uten at det går frem av rapporteringsmåten som nå er fastlagt.  

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Vi har handsama 504 klagar på byggjesaker. Klagar fekk medhald i 82 saker. Det er 14 saker som ikkje er avgjort innan 12 vekar. Gjennomsnittleg overskriding er 19 dagar. Årsak til dette er innhenting av ytterlegare opplysningar. To saker er utsatt grunna barmarksundersøking. Vi har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 65 dagar, dvs 2 mnd.

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Vi har handsama 57 klagar på reguleringsplanar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid er 78 dagar. Klagar er gitt medhald i 6 saker. Desse sakene er ofte tidkrevjande. Det er store reguleringsplanar som ofte tek tid då vi må hente inn supplerande opplysningar i sakene.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv minst to tiltak gjennomført av flere regionale aktører under fylkesmannens ledelse for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunene.


Fylkesmannen leder samordningsgruppe bolig for velferd for Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Med utgangspunkt i denne gruppa er det starta prosjekt der 5 kommunar er inviterte med. To av desse er kommuner i Hordaland (Os og Askøy). Den kommuneretta delen av dette blir leia av Fylkesmannen i Hordaland/Vestland (og Rogaland). Formålet er å jobbe med utvalde case mellom personar med Rus og psykiske problem og vanskelegstilte barnefamiliar. Gjennom dette arbeidet skal vi bidra til at dei får både bustad og tenester. Det andre formålet er at arbeidet skal brukast til å finne fram til rutinar for å samordne tiltak og tenester i kommunane, mellom kommunane og statlege instansar og mellom dei statlege instansane. Dei statlege instansane som deltek er Husbanken, helseføretak, Nav, Kriminalomsorga, IMDI, Bufetat. Arbeidet starta opp hausten i 2018. Dette er eit omfattande og tidkrevjande arbeid. 

Fylkesmannen samlar statlege instansar (dei same som over) gjennom den regionale samordningsgruppa to ganger årleg for å få til eit tettare samarbeid mellom leiarane og der ulike problemstillingar blir drøfta. Målgruppene barnefamiliar med samansette problem og personar med rus/psykiatri er heilt sentrale her.

Fylkesmannen ved helseavdelinga og planseksjonen har hatt møte med Husbanken med sikte på å bli kjende med våre respektive oppdrag og virkemiddel og for å få til ein betre samordning av desse i planprosessar i kommunane. 

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2018. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Vi har hatt ein IKT-lærling i 2018.

Rapportering på fellesføring 2018 (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Embetet skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetens anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet. Se kap. 4.1 Fellesføringer 2018

Vi inngår få nye kontrakter kvart år, og har gjennom mange år samarbeidd med innkjøpstenesta hos Bergen kommune for å ha tilgang på eit større og meir kompetent innkjøpsmiljø enn vi har tildeling til å ha.

Gjennom mange år har vi sett som krav i alle kontrakter at aktuelle leverandørar skal levere attest for betalt skatt og andre avgifter. Vi har også hatt krav om at gjeldande løns- og arbeidsvilkår skal følgjast. For å sikre kvaliteten i innkjøpsarbeidet vårt har vi også valt å inngå rammeavtaler på alle område der vi kan gjere det, nettopp for å sikre at lov- og avtaleverk vert følgd.  

Regjeringens inkluderingsdugnad (5 % målet) (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

I årsrapporten skal Fylkesmannen redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18 sendt ut juli 2018.

Sommaren 2018 kom KMD med ei ny fellesføring kring inkluderingsdugnad. Vi har tre rekrutteringar frå juli 2018, og rapporterer difor ikkje på prosentvis del av nytilsette som har hol i CV eller nedsett funksjonsevne.

Årsaka til få rekrutteringar er at vi har hatt tilnærma tilsettingsstopp på grunn av forventa trekk i tildelinga etter samanslåing med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Vi har difor lite grunnlag for å vurdere kva som har vore vellukka tiltak, kva har vore utfordringar og kvifor vi ikkje har lukkast med å nå måla med dugnaden. Dette vil vi kunne svare på for 2019 der vi vil ha fleire rekrutteringar å ta utgangspunkt i.

Kort beskrivelse av aktiviteten... (fra kapittel 7.3.7.1.1 i TB)

Rapportere på

Kort beskrivelse av aktiviteten på området, herunder oversikt over:

  • Tros- og livssynssamfunn som mottar tilskudd og antall medlemmer det er gitt tilskudd for
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen
  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

I 2018 har Fylkesmannen i Hordaland systematisk brukt den digitale løsningen for registrering og utbetaling av krav om statstilskudd til tros- og livssynssamfunn, se https://trussamfunn.fylkesmann... Her kan alle se hvilke tros- og livssynssamfunn som mottar tilskudd og antall medlemmer det er gitt tilskudd for.

Fylkesmannen i Hordaland har i 2018 utbetalt 9.491.097,- kroner i statstilskudd til 65 registrerte og uregistrerte tros- og livssynssamfunn, for til sammen 17.479 medlemmer. 

7 nye tros- og livssynssamfunn er registrert i Hordaland i 2018. En søknad om registrering av trossamfunn er avslått i 2018.

Ett trossamfunn er slettet hos fylkesmannen i 2018 etter foregående varsel.

Av tilsyn kan nevnes at fylkesmannen har hatt grundige forstandersamtaler i forbindelse med søknadene om nyregistrering av trossamfunn i 2018, og ved skifte av forstander.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.7.2.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

I 2018 har Fylkesmannen i Hordaland behandlet 158 søknader om askespredning. 136 søknader ble innvilget og 22 avslått. 7 av de som fikk avslag fikk innvilget sin reviderte søknad med nytt spredningssted.
Fylkesmannen har i 2018 ikke behandlet noen søknader om privat gravsted, men gitt mye veiledning, både om privat gravsted, askespredning og andre spørsmål knyttet til gravferdsloven.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.7.3.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Lov om helligdagsfred


Søknader om dispensasjon til å holde søndagsåpent:

Totalt antall søknader: 1

Antall innvilget: 0

Antall avslått: 1

 

Søknader om typisk turiststad:

Antall søknader: 3

Antall innvilget: 2

Antall avslått: 1

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2 og bakgrunnsinformasjon (metodehåndbok og egen mal for rapportering). Fylkesmannen skal beskrive hvilke risikovurderinger som ligger til grunn for valg av tema og tilsynsobjekt. Med risikovurdering mener vi hvilke vurderinger og konklusjoner fylkesmannen har gjort på bakgrunn av de valgte kildene. Fylkesmannen skal sende inn foreløpig tilsynsrapport fortløpende i eget skjema på FM-nett. 

I rapporteringa her vil vi ikkje gå konkret inn på vuderingane som ligg til grunn for dei ulike tema vi har ført tilsyn med i 2018, men gje ein meir overordna tilbakemelding om kva embetet i sine rutinar legg vekt på. Til liks med andre embete nyttar vi sjølvsagt det vi har av tilgjengeleg informasjon i form av statistikk og brukarundersøkingar. kvaliteten i kommunar sin klagebehandling. Dette er eit stykke på veg nyttig informasjon, men den må som hovudregel supplerast med annan kunnskap for å gje retning til val av tilsynstema og -objekt.

På nokre område meiner vi det er særleg grunn til å følgje med, i hovudsak gjeld dette den daglege situasjonen til barn og unge som høyrer til i gruppe "særleg utsette barn og unge". Her har vi etablert ein praksis der vi har stor grad av skriftleg systematikk i å registrere opplysningar og annan informasjon, som er urovekkande. I tillegg til den skriftlege praksisen, er det utan tvil viktig at avdelinga sine felles møtepunkt adresserer opplysningar vi er uroa for, og om tilsyn er rett tilnærming. I 2018 har dette resultert i 2 hendingsbaserte tilsyn, eitt etter barnehagelova og eitt etter opplæringslova. Vi har og registrert dei vurderingane vi har gjort der vi likevel ikkje har opna tilsyn, men vald andre verkemiddel for å få til endring.

 Vår kontakt med kommunane er variabel. Nokre kommunar tar ofte kontakt og ber om råd og rettleiing i enkeltsaker, eller på område der dei sjølve meiner dei har for lite kompetanse. Typiske tema er regelverket knytt til 19g, til spesialundervisning og spesialpedagogisk hjelp. Ofte er det ønskje om opplæring/kursing i forvaltningsrett og då særleg med tanke på klagebehandling, sakkunnig vurdering og opplysningsplikt/samtykke. Den informasjonen vi får her har og vore del av vårt vurderingsgrunnlag når vi vel tema for tilsyn.

 I 2018 har vi vald å gjennomføre mange tilsyn med nasjonale prøver. Grunngjevinga her er ikkje primært at vi har klare indikasjonar på at regelverket ikkje er følgt sjølv om det var eit klart element i vurderinga. Grunngjeve var og knytt til at vi etter eige syn har brukt litt lite ressursar på dette feltet og at det kompetanse og kapasitetsmessig baud seg eit høve til å få god oversikt over tilstanden. Om det siste var einast grunngjeving så er det betimeleg å stille spørsmål ved om dette er rett bruk at tilsyn som verkemiddel. Men, det var som sagt indikasjonar i talgrunnlaget vårt som legitimerte tilsynet, nok som i stor grad vart stadfesta i dei funna vi gjorde.

 Samla sett meiner vi at vi har treft godt med vår risikovurdering på dei gjennomførde tilsyna i 2018. I det hovudsaklege har vi fått stadfesta våre vurderingar ved at vi har identifisert mange lovbrot. Vi vil legge til at vi, utan unnatak, har møtt forståing hos dei kommunane vi har hatt tilsyn med, og i dei tilsyna der det er naudsynt med omfattande oppfølgingsarbeid for kommunen og i begge dei to hendingsbaserte tilsyna. Dette må vi tolke både som at vi gjennomfører tilsyna på ein korrekt og god måte, og at vi har kunne  grunngje kvifor vi meiner tilsyn er eit rett verkemiddel.

Rapportering av antall meldte skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall meldte skolemiljøsaker til embetene som håndhevingsmyndighet, resultat av behandlingen og saksbehandlingstid. 

I løpet av 2018 har Fylkesmannen i Hordaland fått meldt inn 129 skolemiljøsaker (74 første halvår, 55 andre halvår). Av desse er det fatta vedtak om brot på aktivitetsplikta i 51 saker, i 21 saker er det fatta vedtak om at aktivitetsplikta var oppfylt. I 14 saker er det fatta vedtak om avvisning.

Saksbehandlingstida er gått opp frå 15 dagar første del av året til at vi ved siste rapportering var oppe i 39 dagar.

Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Talet på klager etter barnehagelova er gått nok ned i 2018, til samanlikning med 2017. Det som ikkje kjem fram i tabellen er at embetet på tampen av året fekk inn fleire klager etter forskrifta om tildeling av tilskott til private barnehagar. Bergen kommune har varsla at embetet kan vente seg fleire klager på det området i 2019. Vi meiner sjølv vi har hatt eit godt samarbeid med udir på dette feltet, men vi vil likvel nytte høvet til å melde ytterlegare behov for kompetanseheving på dette regelverket.

Når det gjeld klagesaker etter friskulelova og opplæringslova er det framleis slik i Hordaland at vi får relativt mange klager om rett til eitt år ekstra i vgo, samanlikna med andre klagesaker som det er få og lite av for elevar i vidaregåande opplæring.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for skole (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena mellom skoleeiere og UH-institusjoner, med sikte på kompetanseutvikling i grunnopplæringen. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet. Fylkesmannen skal gi en beskrivelse av de tiltakene som er lagt til rette innenfor fagfornyelse, skolemiljø og andre relevante tiltak som inngår i kompetansemodellen.

Det er etablert ein samarbeidsarena (Fylkesforum) mellom skuleeigarar (kommunale og private) og UH-institusjonar i fylket, til saman (Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet og Norsk Lærarakademi). Fylkeskommunen har og vore med sidan Fylkesforumet blei etablert i 2017.

Hordaland har eit stort tal private skular/friskular. Dess må la seg representere i Fylkesgruppa, på same måte som kommunane som skuleeigarar lar seg representere av ein regionrepresentant. Vi har fått melding om at dette var krevjande å få til, men friskulane har  klart å samle seg om ein representant. Fylkesgruppa var innstilt på at friskulane skulle bli tilgodesett i den første tildelingsrunden av midlar/utviklingssamarbeid med UH-sektoren, ut over det elevtalet legg opp til, for å vise i praksis at dei har utbytte av å "samle seg" inn mot denne kompetanseordninga. Dei store kommunane, særleg Bergen kommune, har også lagt til rette for at friskular kan koplast til deira utviklingsarbeid. Dette er teke godt imot.

UH-miljø i Hordalan har etter vår vurdering vore svært samarbeidsorientert og bidrege betydeleg til at dei saman med kommunane raskt kom i gangmed skulebasert utviklingsarbeid. Fleire skuleeigara har ønskt å starte ut med felles kompetanseheving av meir felles tematisk karakter, som ikkje er forankra på konkrete skular som ein mjukare og felles inngang til ulike tema. Dette har nok skjedd i nokre tilfelle, men frå Fylkesmannen si side har vi vore ganske tydeleg på at 1) utviklingsarbeide skal skje på skulenivå 2) UH-miljøa skal vere med å utforme prosessen og vinklingane 3) utviklingsarbeidet skal vere kollektivit og innanfor naturleg avgrensing der det er aktuelt (td. avdeling, trinn). Vår erfaring er at det med vår tilnærming raskt er sett i gang konkrete og skulebasert utviklingsarbeid. Det er bra og det betyr mellom anna at UH-sektoren og den grunnleggjande tanken om at utviklingsarbeid skal skje i konkret samhandling og utveksling mellom skule og UH, raskt kom i gang. Samstundes har vi møtt motforestillingar som går i retning av at leiinga ved skulane og til dels skuleeigar, treng ei meir grunnleggjande forståing for kva utviklingsarbeid krev av analyse, planlegging og kompetanse til å gjennomføre. Det kan vere noko eller mykje i slike innvendingar, og vi vil sjølvsagt drøfte dette nærmare i komande runder. Vår vurdering er likevel at denne ordninga ga konkret høve til at skuleeigar ikkje var i rolla som "bestillar" av samlingar og kurs, og at ein på sikt, kort og lang, føl Grunngjevinga for ordninga nærare opp ved å sette UH-og skuleeigar ved "same bord" og forplikte seg på samarbeidet frå første tildelingsrunde.

Rapporteringa til Fylkesmannen fra skuleeigar og UH har vore krevjande. Fylkesmannen hadde allereie ved tildelinga av midlar utarbeidd eit skjema for rapportering som var drøfta med Fylkesgruppa og som var enkelt å bruke. Vi ser likevel at koplinga av den rapporteringa vi får fra den enkelt kommune til den rapoorten vi får frå UH-miljøa ikkje er heilt intuitiv å samanstille. Dette vil vi ikkje vurdere som eit problem i denne tidlege fasen, men vi ser at vi skal gjere nokre justeringar som gjer det mogleg å halde god oversikt over tildelingar og kva tema som er prioritert. Det er og viktig at vi får fram rapportar som ikkje berre er av kvantitativ karakter, men at aktørane gir ei vurdering av kva utbytte dei har av ordninga, både på skulenivå, men og med tanke på utviklinga av lærarutdanninga og UH sitt akademiske arbeid. Vi får og ein jobb å gjere når vi no er slått saman med Sogn og Fjordane som har tildelt og rapportert etter ein noko annan logikk en den Hordaland har lagt seg på. Rapporteringa vil vi og drøfte grundig med UH-miljø, slik at den blir lagt på eit korrekt og teneleg nivå. Vi er usikre på om det er til hjelp om våre oppdragsgjevarar legg klåre føringar for rapportering, ettersom ordninga blir handtert ulikt mellom embeta.

Fagfornyinga - embetet var klår frå arbeidet med denne kompetanseordninga starta at arbeid med fagfornyinga var eit høgst aktuelt tema for utviklingsarbeid. Dette er teke sers godt imot frå skuleeigarane. Bergen kommune kan nemnast spesielt i denne samanheng. Her har så mykje som 84 skular vore involvert i faggrupper som har arbeidd med fagfornyinga, alle UH-miljø har vore involvert. Vi ser av rapporteringa og tildelinga at arbeid for eit trygt og godt skulemiljø er aktuelt. Utan at vi kan dokumentere det, er det like fullt vårt inntrykk at tema skulemiljø har vore så høgt på agendaen over tid at det no er mange andre tema som er ønskt. Det er kanskje å vente, så vår utfordring blir då å synleggjer korleis godt arbeid med grunnleggjande ferdigheiter, fag og andre sider ved læringsmiljø stør opp om elevar sin trivsel i skulen. Arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø skal framleis få stor merksemd, men vi ser no at tilnærmingsmåtane fevner breiare enn for berre nokre få år sidan.

 Eit grovt oversyn over tema for kompetanseutvikling er:

  • fagfornyinga
  • læringsmiljø/skulemiljø/inkluderande skulemiljø
  • digitalisering og digitale klasserom - grunnleggjande ferdigheiter
  • leiing av utviklingsarbeid, -prosessar

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for barnehage (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena for barnehagemyndighet, barnehageeiere og UH-institusjoner. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet, og gi en helhetlig status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket i henhold til tiltakene i revidert kompetansestrategi for barnehage (2018-2022).

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på tiltak innenfor kompetanse og rekruttering på barnehageområdet. 

Rapporteringskravet er splittet i to (se kapittel 7.3.8.8) av tekniske grunner for å koble riktige tabeller til årsrapporteringen.

Innleiingsvis vil vi frå Hordaland si side understreke at argumenta for ei omlegging av midlar til kompetanseutvikling på barnehageområdet er teke vel imot frå barnehageeigarane si side, og langt på veg og frå kommunane som barnehagemynde. Det er etablert eit samarbeidsforum på fylkesnivå der "alle" aktørane er representert. Vi konkluderer med at oppdraget for 2018, å etablere eit samarbeidsforum og lage ein plan for kompetanseutvikling er utført og at vi har eit gjennomarbeidd utgangspunkt for vidare arbeid.

Vi har støtt på mange promlemstillingar i løpet av 2018. Nokre av dei var vi vel førebudde på (med erfaring frå den desentrale modellen på skuleområdet), andre ikkje.

Vi var førebudd på at ei  grunngjeving for omlegginga av statlege midlar var viktig å få fram. Dette løyste vi ved å invitere alle barnehagemyndene, representantar for private eigarar, fagorganisasjonar, UH, og KS til fleire samlingar. I tillegg utarbeidde vi eit samlande dokument som løfta fram det essensielle. Dette blei gjort tilgjengeleg for alle eigarar. Vidare hadde vi fleire møte med UH-sektoren, slik at vi formidla føremålet på ein måte som ikkje skulle skape forvirring. Erfaringa vår no, til tross for det vi sjølv har vurdert som godt informasjonsarbeid, er at bodskapen må repeterast.

Vi har og møtt på ein del frustrasjon frå barnehagemynda som meiner ordninga tar frå dei moglegheit for å tilby fellestilbod til alle sine barnehagar. Det stemmer dersom utgangspunktet for kommunen som mynde er at desse tilboda skal finansierast av statlege midlar.

Kva som skal settjast som vilkår for å få tildelt statlege midlar i denne ordninga har og vore mykje drøfta. Frå Fylkesmannen i Hordaland si side har vi halde oss tett til den bekymringa for kvalitet i barnehagar som er gjort greie for i meld. St. 19. Dei eigarane som får midlar må, etter ei konkret vurdering av eigen tilstand, synleggjere at dei har sentrale tema i barnehagen der dei vil vurdere seg sjølv med ein kvalitet som ikkje når opp til dei krava som rammeplanen legg opp til. Desse barnehagane vil bli prioritert. I den forstand har vi frå Fylkesmannen si side lagt vekt på at det ikkje er alle barnehagar som går inn i den kretsen det er grunn til å uroe seg for. Vi må legge til her at det ikkje er uttalt frå Fylkesmannen si side at det er eit eksklusjonskriterium at barnehagar er god på andre felt/tema enn dei som er grunnlaget for å søkje midlar frå ordninga. 

Når Fylkesmannen var så klår på vilkår for å få tildelt midlar støtte vi raskt på kritikk, særleg frå KS som omtalar dette som kommunane sine midlar og som har tolka det dit hen at berre Fylkesgruppa er einige om korleis midlane skal fordelast, så har ikkje Fylkesmannen høve til å gå imot. På dette punktet har vi vore heilt eksplisitt fra Fylkesmannen si side - vi har eit ansvar for å sjå til at statlege midlar blir nytta i tråd med dei føringane og det oppdraget vi får. Når det er ivareteke, er det opp til samarbeidsforumet å prioritere innanfor dei rammene som er sett. Dette ser vi no som ein tilbakelagt diskusjon.

Økonomi har vore eit interessant tema. Det er særleg to problemstillingar som har vore viktig å avklare. Det eine er korleis fordelinga mellom den einskilde barnehage og UH-sektoren skal vere. Det neste er korleis vi skal prissette eit utviklingsarbeid. Kort oppsummert er det semje i samarbeidsforumet om at 1) midlane skal delast sjabolngmessig etter talet tilsette i barnehagen og 2) midlane skal delast mellom UH og barnehagen. Samarbeidsforumet v/fagorganisasjon, UH, Barnehageeigar og barnehagemynd har utarbeidd eit opplegg for økonomi i fellesskap.  

Ei openbar utfordring i arbeidet har vore at føringane frå våre oppdragsgjevarar har vore opne. Vi meiner det er rett at dei er opne, og at det gir oss godt høve til å tilpasse ei forvaltning av ordninga som fylket er tjent med. Samstundes fører det til at vi blir møtt med mange oppfatningar om kva som er rett, og då med henvisning til andre embete. Dette er sjølvsagt ikkje Hordaland aleine om, men dei embeta som har kommunar som er med i Storbynettverket må få same informasjon som den Udir eventuelt deler der.

UH-sektoren har vore ein særskilt konstruktiv samarbeidspart i arbeidet med å etablere samarbeidsforum, synleggjere argumenta for ordninga og vere i samhandling med både Fylkesmann og kompetanseregionar om kartlegging av tilstand. Vår erfaring er at jamnlege møtepunkt med UH-sektoren, slik at vi legg opp til sidestilt kontakt og involvering mellom UH og verksemdene/eigarane er naudsynt. Ordninga er krevjande for UH-miljøa og i all vår planlegging må vi ta omsyn til den kapasiteten UH-sektoren har.

No er Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til eitt felles embete og ordninga skal i gang fullt ut frå 2019. Dette krev at vi tar eit lite steg tilbake og gjer justeringar som inkluderer heile det nye embetet. Vi ser at ulike tradisjonar for samhandling mellom Fylkesmann og de øvrige aktørane kan by på utfordringar, men truleg ikkje av ein karakter som lagar større hinder enn vi hanskast med.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Tilskot er forvalta etter dei retningslinenen som ligg føre, og vi har rapportert etter krav får direktoratet. Vi har ikkje registrert avvik. I 2018 har vi hatt mykje dialog og samarbeid med Udir i samband med omlegginga av tilskotsordninga til fylkeskommunane, opplæring innanfor kriminalomsorga. Vi er budd på at vi også i 2019 vil vere i dialog med Udir etter at tilskotsutbetalinga er overført dit.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for barnehage (FMHO) (fra kapittel 7.3.8.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena for barnehagemyndighet, barnehageeiere og UH-institusjoner. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet, og gi en helhetlig status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket i henhold til tiltakene i revidert kompetansestrategi for barnehage (2018-2022).

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på tiltak innenfor kompetanse og rekruttering på barnehageområdet. 

Rapporteringskravet i kapittel 7.3.8.6 er splittet i to av tekniske grunner for å koble riktige tabeller til årsrapporteringen.

Sjå pkt. 7.3.8.6

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på

- Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.

 - Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning     

 - Ressurser avsatt til kontrollarbeid

I 2018 var siste året før samanslåing med Sogn og Fjordane. Det blei ikkje rekruttert inn nye i ledige stillingar i Hordaland dette året sidan ressursane på landbruksområdet frå 2019 skal sjåast i samanheng for heile Vestland. 

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett... (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett, herunder omfang (kilometer/kroner) for nybygging, ombygging og vedlikehold av skogsvegnettet.


Totalt er det i 2018 ferdigstilt 11 skogsveganlegg i Hordaland med total lengde på 6,1 km. Dette fordeler seg med 3.658 meter ny skogsveg til ein kostnad på kr 4.332.598.- dvs kr 1.184 per meter ferdig ny veg. Det er betalt ut kr 2.862.084.- i tilskot til desse vegane.

Vidare er det ombygd 2.499 meter skogsveg til bilvegstandard til ein kostnad på kr 2.862.084,- Dette gjev ein pris per meter ombygd veg til kr. 1.145.-/m, og det er betalt ut kr 1.642.328.- i tilskot til desse vegane.

Det er ein nedgang i ferdigstilte vegar i 2018 i forhold til 2017. I 2017 vart det ferdigstilt 23 km veg. Dette skuldast den høge aktiviteten etter stormen Nina i 2015 og at det då vart starta arbeid med mange anlegg, som måtte bli ferdig slik at tømmeret kunne nyttast. Det er mange veganlegg som har teke lang tid og som no nærmer seg ferdig.

Løyvingen vi fekk for 2018 på kr 11.000.000.-  og med tillegg av inntrekte midlar, disponerte FM kr 11.021.454.- . Midlane er fordelt , kr 7.113.375.- er løyvd og betalt ut, resten er løyvd og står som ansvar på ulike vegprosjekt.

Det blei løyvd kr 2.025.200.- til drift i bratt terreng, av dette er 519.600.- betalt ut i løyvingsåret til drifter som er utført og ferdig innmålt.

FanAgro as har fått løyvd kr 370.000.- til områdeplanleggjarprosjekt skogsveg i 2018.

Det er utført vedlikehaldskontroll på 5 veganlegg med 10 ulike parseller i 4 kommunar i 2018 på veganlegg bygd i perioden 2004 til 2008. Inntrykket denne gong var at vegane var halde godt vedlike og at grøfter og stikkrenner var i orden.

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart (AR5). 

11 av 33 kommuner (33%) leverte ikke ajourholdt AR5 i 2018 i Hordaland. Av disse er det elleve kommuner som har innført SFKB men ikke evnet å ta i bruk funksjonaliteten som ligger i denne teknologien for å ajourføre datasettet.
Fylkesmannen har purret gjentatte ganger og påvist det særlige behovet for oppdatering i år, som følge av massivoppdateringen i landbruksregisteret. For en del av kommunene som har innført SFKB er det åpenbare mangler når det gjelder kompetanse og kartfaglige ressurser på rutinene for ajourføring / synkronisering. Her vil det tilbys nye, målrettede kurs i fylkesmannens regi.
Samtidig ser vi at det er en del gjengangere over kommuner som ikke evner å levere årlig. Tilbakemeldingene fra disse handler i hovedsak om ressurssituasjonen på landbrukskontorene og stadige utskiftninger av den faglige kompetansen. Særlig ser vi at tidkrevende feltbefaringer ofte blir nedprioritert i det daglige.

Den nye helautomatiske oppdateringen av arealtall i landbruksregisteret i 2018 har gjort mange av kommunene mer oppmerksom på behovet for ajourhold enn før. Alt tyder på at dette vil få flere til å levere ajourholdet til neste år når ordningen er enda bedre kjent og innarbeidet. Særlig kommunene med felles landbrukskontor vil bli fulgt nøye opp da det kan virke som det i noen av disse er enkelte kommuner som blir nedprioritert.

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

Kontrollane avdekka at forvaltninga varierer mellom kommunane og at personlege eigenskapar og haldningar ved dei tilsette i kommunane er avgjerande for kor godt eit tiltak blir forvalta i kommunen. Enkelte kommunar brukar meir skjønn enn det regelverket gjev rom for, eller har utfordringar med å vere både pådrivar for næringsutvikling, sakshandsamar og kontrollør av tilskot. Mange ulike ordningar og store og omfattande regelverk gjer at tilsette i kommunane ikkje kjenner regelverket godt nok for dei tilskota dei forvaltar.

Feil i søknaden skuldast ofte at føretaka ikkje er godt nok kjent med vilkåra for å kunne få eit tilskot, og ei tiltru til at kommunen vil rette opplysningane dersom dei ikkje har rett på tilskotet.

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt... (fra kapittel 7.3.9.5 i TB)

Rapportere på

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt over og en vurdering av klager og dispensasjonssøknader behandlet av fylkesmannen.

Dei fleste dispensasjon - og klagesaker var knytt til produksjonstilskot. Ingen kalgesaker knytt til Smil eller RMP i 2018. Dispensasjon knytt til Veterinære reiser gjeld dispensasjon ift. søkandsfrist.

Godkjente bruksregler og utarbeidede distriktsplaner (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på


  • Rapporter på andel godkjente bruksregler og andel utarbeidede distriktsplaner
  • Beskriv hvilke tiltak fylkesmannen har gjennomført knyttet til brudd på bruksreglene, samt ulovlige gjerder og anlegg.

Dette punktet er ikkje aktuelt å rapportere på for Hordaland, her er ikkje reindrift

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.7 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger


I 2018 blei det avkorta 11 føretak for feilopplysningar i Hordaland. Totalt i fylket er det i underkant av 3000 føretak som søker tilskot.

Der det er gjort avkorting er det føreteke gode vurderingar. Vi ser at nokre kommunar trekk inn berre feilutbetalt tilskot, mens andre avkortar i tillegg.

Fylkesmannen oppfatter det slik at kommunane vegrar seg for å avkorta – og at det gjerne er fleire som burde ha gjort det. Temaet har blitt teke opp på samlingar og ved kontrollar. Vi ser ein tendens til at kommunane etterkvart vert meir oppmerksame på dette, og tar tak i også denne delen av tilskotsforvaltinga

Skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket (fra kapittel 7.3.9.8 i TB)

Rapportere på

Etter en svært tørr sommer har mange Fylkesmenn måttet legge ekstra innsats i prognosering av skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket. I tørkeområdene må Fylkesmennene påregne ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Oppgaven er beskrevet i VØI pkt. 5.1.10.13 hvor det normalt kun skal avviksrapporteres. På grunn av årets ekstraordinære situasjon vil vi at Fylkesmennene skal rapportere på følgende;

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket.

- Gi en kort oversikt over hvilke tiltak som ble iverksatt, i embetet og overfor kommunene

- Vurder effekten av tiltak som ble iverksatt

- Gi en kort vurdering av hvilke forhold som medvirket til eller vanskeliggjorde arbeidet for å nå Regjeringens mål om at erstatningssakene skal behandles i 2018.

  1. Fylkesmannen i Hordaland hadde rekna med omlag 100 søknader om erstatning på ettersommaren 2018, etter tilbakemelding frå kommunane. På hausten viste det seg at tal søknader blei tredobla, og vi måtte difor sette inn ekstra ressursar til sakshandsaming. Det blei nytta omlag 1 stilling ekstra i 100% i 4,5 månader
  2. Kommunane prioriterte oppgåva på oppmoding frå Fylkesmannen. Det blei nytta mail og telefonkontakt med enkelte kommuar for å få dei til å prioritere arbeidet med erstatningssøknadene. Hos Fylkesmannen vert arbeidet organisert slik at 1-2 personar sakshandsama alle søknader og hadde kontakten med kommunane, 1 -2 personar blei brukt kun til å skrive vedtaksbrev. I tillegg brukte ein person omlag 20 % av stillinga si i omlag 3 mnd til å godkjenne alle søknader i ephorte, og handsama sakene i ELF.
  3. Effekten var at omtrent alle sakar vart ferdig handsama i 2018.
  4. Det at krav om dokumentasjon og kontroll var vesentleg mindre enn eit vanleg år,  gjorde at kommunane kunne attestere sakane mykje raskare, og det blei lettare for Fylkesmannen å fatte vedtak.

 

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering... (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering av hvordan arbeidet med 0-24-oppdraget har fungert i henhold til embetets målsettinger og ambisjoner. Herunder skal det framkomme hvilke egne mål som er satt for arbeidet, jf, andre oppdrag 3.2.1.6.1. I egenvurderingen skal fylkesmannen vurdere hvilke tiltak som har gitt de beste resultatene og i størst grad bidratt til samarbeid og samordning i og mellom kommuner og fylkeskommunen, tjenester og institusjoner som arbeider for og med utsatte barn og unge og deres familier.

Embetet har definert 3 målsettingar i arbeidet med 0-24-oppdraget:

  • Barnefattigdom. "Erfaringar frå 5 kommunar som over år har fått skjønnsmidlar til arbeid mot barnefattigdom, skal omsetjast til generaliserbar kunnskap og gjort tilgjengeleg for øvrige kommunar i fylket".
  • Psykisk helse. "Embetet har ei målsetting om å fremje kunnskap om barn og unge si psykiske helse ved å kople det til betydninga av universelle, ikkje ekskluderande tiltak og tenestetilbod, førebyggjande innsatsar i kommunale tenester og til føremålet med mykje av regelverk som skal sikre inkludering, særleg innanfor tenesteområda barnehage og skule.
  • Barn og unge i forvaltning. Omsynet til barn, inklusive barnets og den unges eigne synspunkt og vurderingar skal kome tydeleg og sakstilpassa fram i all forvaltning.

Embetet har framleis sikra oppfølging av oppdraget ved at alle avdelingsdirektørane, samt embetsleiinga, har eit fast månedleg møte der arbeidet for barn og unge, og embetets målsettingar er tema. Når det gjeld konkrete tiltak som skal bidra til å realisere målsettinga, har vi vald ein strategi der ulike verkemiddel og oppgåver skal vere tatt i bruk:

  • informasjon
  • kompetanse
  • økonomi/tilskot
  • saks- og klagehandsaming
  • tilsyn

Vi konkluderer med at embetet sin bruk av skjønnsmidlar til fem av kommunane våre i ein 5-årsperiode, der dei får høve til å arbeide systematisk med utforming av tenestetilbod og samordning av tenestetilbod, openbart har gitt viktige erfaringar og gode resultat. I alle fall for dei fem. I nokon grad, emn ikkje fullt ut, har dette og vore til nytte for andre kommunar. Særleg ser vi nyttverdien for kommunar som enten er i samanslåingsprosessar med andre kommunar, eller i kommunar som har eit godt etablert "nabosamarbeid". Vi meiner like vel at det framleis er mykje å hente ut frå satsingskommunane når det gjeld nytte for kommunar elles.

Informasjonsarbeid er kanskje den delen av strategien som er enklast å ty til, men der vi og har minst oversikt over kva nytte det faktisk har for samordning og kvalitet i tenestetilbod. Vi registrerer at det framleis, i dei fleste kommunane, er føreseieleg frå kva sektorområde kommunalsjefar deltek på ulike samlingar i regi av Fylkesmannen. Utfordringa ligg nok i oppfatta relevans, og kan hende i vår eigen evne til å synleggjere koplingar. Vi meiner likevel vi har kome eit godt stykke lenger her, og at samlingar der vi frå Fylkesmannen si side understrekar det sektorovergripande, faktisk får deltakarar frå ulike kommunale tenesteområde.

 Som nemt over er tilføring av økonomi eit viktig verkemiddel ved at det gir betra kommunalt handlingsrom for å prøve ut nye og ulike arbeidsmåtar, på tvers av tenesteområde og til beste for barn og unge. Tilskotsmidlar som er forvalta i våre ulike avdelingar har vi ikkje klart å sjå i samanheng på den måten vi kunne ønskt, både fordi føringane for midlane gir lite rom for fleksibilitet, men kanskje og fordi vi ikkje har klart å heilt sjå kva handlingsrom vi har. Uansett så meiner vi dette må få merksemd på nasjonalt nivå.

 I embetet si saks og klagebehandling, og i tilsynsarbeid meiner vi sjølve at vi er meir tydeleg på barn og unge sin situasjon. Barnet sine synspunkt blir tydelegare ivaretatt, omsynet til barnet blir omtalt konkret og barn og unge sitt perspektiv som lesar av vedtak/saker/tilsynsrapportar som gjeld dei sjølve, eller som gjelde barn og unge sine rettar meir generelt, blir ført i eit meir lesarvenleg språk. Men, også her har vi mykje arbeid som ligg foran oss og som må få merksemd.

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Styringsgruppa har hatt jamlege møter gjennom året. 
Fylkesmannen meiner som før at forsøket har tilført elevane støtte og hjelp som går utover det elevtenesta normalt gir, og som kan ha vore avgjerande for elevane sin progresjon og moglegheit for å fullføre skulegangen.  Fylkesmannen, som del av styringsgruppa, støttar avgjerda om vidareføring til ordinær drift.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Det var ikkje meldt om store tap til rovdyr dette året, gjennomsnitt tapsprosent er på 3,42. Det har vore tap av ein del sau på Folgefonnhalvøya utan at ein har funne kadaver. Det er observert ein jerv i området, men det ikkje stadfesta.

Det er betalt ut rovvilterstatning for tap til ørn. Det har vore omsøkt erstatning for 6 sauer og 59 lam, det er innvilga erstatning for 29 lam.

Fylkesmannen arrangerte fellesmøte med alle beitelaga, Fylkesmannen og SNO om temaet tidleg i 2018.   

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Embetet har i 2018 hatt eit mindreforbruk på kr.6 894 000,- på vårt driftskapittel 0525 01.Dette utgjer eit budsjettavvik på 5 prosent.

Tildelingsbrev og dei faste lovpålagde oppgåvene inneheld samla sett fleire oppgåver  og aktivitetar enn vi har ressursar til. Innanfor alle fagområda må vi gjere prioriteringar og tilpasse oppgåveløysinga til ressursane. Dei viktigaste oppgåvene blir prioriterte. Vi meiner at ressursbruken i 2018 har vore effektiv, og at vi i stor grad har nytta midlane våre i samsvar med oppdragsgjevar sine forventningar.

Dei årlege reduksjonane i budsjettet knytt til ABE-refoma er merkbare og som følgje av dette må vi gjere justeringar av stillingar og drift. Trass ressurssituasjonen har medarbeidarane våre innanfor dei fleste område klart å innfri krava til høg kvalitet og saksbehandlingstid.
Vi har tidlegare meldt tilbake at det er ei betydeleg utfordring for økonomistyringa at ikkje alle midlar vert tildelte i budsjettkap. 0525. Skal Fylkesmannen ha fullt handlingsrom og kunne drive så ressurseffektivt som mogleg, må alle stillingar inn i kap.0525, og dei må vere fullfinansierte når dei vert lagt inn.

Det er elles ikkje vesentlege differansar i ressursbruken mellom 2017 og 2018 som ikkje kan forklarast ut frå årlege variasjonar, normal løns- og prisvekst, vakanse og personalmessige høve.

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Den faglege måloppnåinga har jamt over vore god. For detaljar vert det vist til dei einskilde fagkapitla.

Samanslåingsprosessen med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har gjort at vi har hatt tilnærma tilsettingsstopp, og difor hatt fleire vakansar enn vanleg. Samtidig har sjukefråværet vore høgare enn forventa også. Vi har også starta opp ein ombyggingsprosess av Statens hus i Kaigaten 9. Sidan vi ikkje er komne så langt som forventa med ombyggingsprosessen har vi ikkje nytta midlane vi sette av i budsjettet for 2018. Embetet har difor eit større mindreforbruk enn forventa ved årsslutt. Vi ber om at overskotet vert overført til 2019 og til Fylkesmannen i Vestland.

3.6 Andre forhold

Ingen merknader.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Fylkesmannen har mål- og resultatstyring som grunnleggande styringsprinsipp. Styringa skal vere heilskapleg og tilpassa risiko.
Den overordna styringa i embetet skjer gjennom leiargruppa i laiarmøte og verksemdplan. Alle strategiske og prinsipielle saker skal opp til drøfting i leiargruppa. Vi har utarbeidd eit styringshjul som sikrar at vi har god styring og kontroll gjennom året. For å få ei heilskapleg leiing så har det vore viktig å knytte seksjonsleiarane tettare til leiargruppa. Fra hausten 2017 har seksjonsleiarane vore invitert til alle leiarmøte. Dette for å sikre at vi i omstillingsprosessen har ein samlande leiing. Dette er ei ordning vi har hatt også i heile  2018.

Med utgangspunkt i dei sentrale styringsdokumenta har vi utarbeidd  verksemdplanar som gir ein samla oversikt over årlege mål og resultatkrav. Verksemdplanen er eit viktig styringsverkty for den samla aktiviteten i embetet, og ein reiskap for å følgje opp og sikre at oppdraga blir utførte. I samband med verksemdplanarbeidet gjennomfører embetet risikovurderingar av kritiske faktorar knytt til å nå hovudmåla i oppdraga. Risiko på dei ulike områda vert vurdert i samband med gjennomgang av VP. Leiargruppa gjennomfører ein samla risikovurdering i leiarmøte. Det er utarbeidd eigen retningsline for risikostyring i embetet som skal ligge til grunn for arbeidet med verksemdplanen i avdelingane og i embetet.  

Vi arbeider i hovudsak med verksemdplanen frå desember til februar, men dette er eit levande dokument som vi endrar underveis i året ved behov. I den årlege prosessen med verksemdplanen blir det lagt opp til tett involvering og deltakelse frå medarbeidarane.
Embetet har god økonomistyring, effektiv saksbehandling og god måloppnåing innanfor alle fagområde. Vi arbeider systematisk med å nytte tildelte ressursar betre og auke produktiviteten. Vi tar i bruk digitalte løysingar som tilgjengelege. Sektorovergripande oppgåver skal løysas gjennom samarbeid mellom aktuelle fagavdelingar i embetet. Embetet har stor merksemd på samordning innan og mellom avdelingar, t.d. innan landbruk, plan og helse-, sosial-, barnevern, utdanning og verjemål. Vi viser her m.a. til den interne koordineringa av arbeidet med t.d. barn og unge, tilsyn, planarbeid, folkehelse i plan.

Embetet har hatt følgjande prioriterte fellessatsingar i 2018:

Barn og unge - prosjekt
Kompetanseutvikling – med felles kompetanseplan og vidareutvikling av «Fylkesmannsskulen»
Digitalisering
Vi har eit styringssystem som er  tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Her har vi ei rekkje skriftlege rutinar, til dømes for delegering, innkjøp, varsling, instruks for økonomiforvaltning, helse,miljø og tryggleiksarbeid og mykje anna. I instruks for økonomiforvaltning har vi innarbeidd gode rutinar for å sikre oss mot mishald, til dømes ved at alle utbetalingar vert attesterte og godkjende av to personar.    

Vi har gjennomført fleire allmøte i 2018 knytt til samanslåingsprosessen. Vi har samkjørt allmøte med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane i høve til innhald og tidspunkt.  

4.1.1 Embetets risikostyring

Risikostyring er integrert inn i verksemdplanarbeidet og i leiargruppa sitt arbeid gjennom året. Embetet har rutinar for rapportering om vesentlege risikofaktorar i leiargruppa. Gjennom verksemdplanlegginga og oppfølging av denne, skal risiko for manglande måloppnåing vurderast. Avdelingsdirektørane skal gjennomføre systematiske risikoanalysar innan sine ansvarsområde. Leiargruppa gjennomfører fire gonger i året risikovurderingar på overordna nivå.

Det overordna risikobilde har ikkje vore kritisk i 2018, men vi hadde i siste halvår fire område kor vi har sett inn tiltak:
Verjemål
Samanslåingsprosessen med S&F
Tilskotsforvaltning
Informasjonstryggleik

Risikoområda er normalt til vurdering fleire gonger i løpet av året, også i 2018,

Embetet har teke i bruk Risk-Manager innanfor modulane dokumentstyring, avvikshåndtering og ROS-analyse.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Vi har utarbeidd eit internt styringssystem som inneheld alle interne styringsdokument og våre interne retningjsline (internkontroll). Som ein del av systemet er m.a eit delegeringsreglement som tydeleggjer ansvar og roller i embetet. Stryingssystemet ligg tilgjengeleg for alle tilsette intranett. Vi har tatt i bruk Risk Manager som system for vår internkontroll for informasjonstryggleik og avviksmeldingar.

Vi har utarbeidd ein årsplan for styring og kontroll der det m.a går fram når leiargruppa skal planlegge, ha budsjettoppfølging, risikovurdere, følge opp og rapportere tiltak for å sikre god ressursutnytting og måloppnåing.

Leiinga vurderer at styringssystema samla sett har fungert godt, og at det er god styring og kontroll i verksemda. I denne vurderinga er det lagt vekt på:

Embetet sin evne til å nå dei mål og resultat som er sett i virksomhets- og økonomiinstruks og i tildelingsbrev
Embetet sin evne til effektiv ressursbruk innanfor tildelte midlar
Økonomistyringa i embetet
Kontroll med risikomoment og risiko er innanfor aksepterte nivå

Vi har ei sørviserklæring kor vi har definert forventa sakshandsamingstid for dei viktigaste utoverretta tenestene mot brukarane.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Embetet har over år hatt ei stabil bemanning med kompetanse som er godt tilpassa oppgåvene. Vi har spesialistkompetanse på fleire fagområde, og vi har tilsette som vert nytta i særskilte oppdrag av departement og direktorat.  Det er generelt god søking til ledige stillingar, og vi har låg turnover. Vi dreg god nytte av å vere lokalisert i kunnskapsbyen Bergen,  både når det gjeld å rekruttere kompetanse til embetet og samstundes å gjere seg nytte av den kompetanse som fins på staden når det gjeld dei mange og betydelege kompetansemiljøa. Den største utfordringa når det gjeld rekruttering er knytt til lønsnivået i embetet. Lønnsmessig ligg embetet  noko lågare enn ein del andre offentlege verksemder i Bergen.

Tildelingsbrev og dei faste lovpålagde oppgåvene inneheld samla sett fleire oppgåver enn vi har ressursar til å løyse. På fleire område må vi ut i frå omsyn til kapasiteten gjere stramme prioriteringar, samt forenklingar og effektiviseringstiltak. Vi har også gjort fleire organisatoriske tiltak og endringar dei siste åra med formål å få ein meir ressurseffektiv og samordna organisasjon. Vi har sidan 2016 hatt eit digitaliseringsprosjekt i embete. Målet for prosjektet er å finne område der digitale verktøy kan effektivisere måten vi løyser oppgåvene våre på. Desse tiltaka har hatt god effekt på resultatet, effektivitet og kvalitet i oppgåveløysinga.

Det område med størst kapasitetsutfordringar i dag er på verjemålsområde.  Dette fagområde har vore sterkt underfinansiert og dette har hatt konsekvensar kapasitetsmessig for den øvrige drifta av embetet.

Reduksjon av tildeling dei siste åra knytt til avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma er merkbar og krevje tiltak med justering av talet på stillingar i embetet.

Kompetanseutvikling
Kompetanseutvikling har i fleire år vore eit prioritert område. Vi har utarbeidd ein kompetansestrategi og kompetanseplan.  Vi har hatt eit særskilt fokus på dei nytilsette og vi har etablert "Fylkesmannsskulen" med fleire obligatoriske opplæringstiltak. Dei siste åra har vi satt inn fleire tiltak for å auke den digital kompetansen og språk-kompetansen i embetet. Vi har også tatt i bruk dei e-læringsprogramma som er levert av Difi.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Embetet har oversikt over innkjøp og eigendelar innan inventar, IKT-utstyr, embetsbil og nødvendig utstyr.
Samla sett har vi relativt begrensa omfang av materielle eigendelar med vesentleg verdi.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje kjennskap til andre avdekte svake punkt eller utfordringar. Embetet har ikkje fått vesentlege merknader frå Riksrevisjonen.

Også i 2018 har arbeidet med informasjonstryggleik halde fram.

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Likestilling
Menn tener meir enn kvinner i dei fleste stillingskategoriar. Vi finn ikkje systematiske skilnader i lønnsfastsetting ved oppstart eller i lokale forhandlingar, så ein mogleg forklaring er at vi rekrutterer inn mange unge kvinner - som dermed vert lønna under gjennomsnittet for alle tilsette. Av tal på leiarar i øvste leiargruppe har vi ein overvekt av kvinner, medan det i mellomleiarsjiktet (seksjonsleiarar og underdirektørar med personalansvar) er ein svak overvekt av menn.  Dette er tilhøve som svingar - og det er ikkje teikn til at grupper er systematisk under- eller overrepresenterte.

Fleire kvinner enn menn har deltidsstilling grunna omsorg for små born.

Inkluderande arbeidsliv
Fylkesmannen har som mål å vere ein arbeidsplass som tek vare på sine tilsette og gir moglegheiter for dei som står utanfor arbeidslivet. Vi har som prinsipp at vi skal minimum ha to praksisplassar årleg. Desse praksisplassane er aktuelle både for dei som står utanfor arbeidslivet grunna sjukdom og redusert arbeidsevne og for dei som treng arbeids- og språktrening i integreringsøyemed. Også i 2018 har vi hatt personar inne på arbeidstrening/praksisplass. Fleire av dei som har vore på arbeidstrening får tilbod om stillingar hos Fylkesmannen i ettertid.

Sjukefråvær
Fylkesmannen i Hordaland har eit jamnt over lågt sjukefråvær, med nokre mindre svingingar.

Gjennom året har Fylkesmannen i Hordaland arbeidd aktivt for å halde sjukefråværet nede. Embetet har hatt særleg fokus på førebyggjande tiltak knytt til muskel og skjelettplager - noko som ser ut til å ha hatt effekt. Dette arbeidet har vore gjort i samarbeid med vernetenesta. 
Fylkesmannen i Hordaland strekker seg langt for å tilrettelegge for medarbeidarar som er sjukmelde - eller som står i fare for å verte sjukmelde.

HMS
I 2018 har embetet fortsatt med målretta tiltak retta mot fysisk arbeidsmiljø og ergonomi.

Fylkesmannen i Hordaland er miljøfyrtårnsertifisert og må til ei kvar tid tilfredstille relevante bransjekrav innan aktuelle HMTområde. Det inneber m.a å gjennomføre konkrete tiltak for å oppfylle interne miljømål:
tenkje miljø i kvardagen på alle område
avfall: kjeldesortere
papir: redusere bruk av utskriftar
energi: skru ned temperatur, sløkk lys og slå av PC
auke bruk av videokonferanse/skype
transport: reduser jobbreiser, til dømes med videokonferanse og ved å velje ein miljøvenleg reisemåte
innkjøp: gjere miljøvenlege innkjøp.

Embetet har ei målsetning om å redusere talet på tenestereiser. Alle tenestereiser skal gjennomførast på billegaste og raskaste måte, og mest mogleg trygt og miljøvenleg.

Vi er med i "Klimapartnarar Hordaland" som er Noregs største offentlege og private nettverk for systematisk klimaarbeid. Ved å vere med i dette nettverket forpliktar vi oss til å tenkje klimaavtrykk, vere miljøfyrtårnsertifisert og lage planar for å redusere utslepp av klimagass. Vi følgjer opp handlingsplanen for miljø og samfunnsansvar i offentlege innkjøp. Vi har inngått kontrollmedlemskap i Grønt Punkt Norge AS. Med dette set vi krav til leverandørane våre om at dei er medlem av ei returordning for emballasje, eller oppfyller vilkåra ved eiga handsaming av emballasje på ein miljøvenleg måte.

I Statens Hus har vi inngått samarbeid med huseigar Entra Eigendom AS om miljøleiingssystem. Vi har saman med huseigar signert "Grøn fordelsavtale" som inneber ein energireduksjon på omlag 250 000 kWh i året for Statens hus.

4.3 Andre forhold

Samanslåing med Fylkesmannen i Sogn og Fjordane

Jf. oppdrag 3.1.7.4 i tildelingsbrevet

Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman med verknad frå 1. januar 2019. Til grunn for samanslåinga låg hardt og målretta arbeid frå juni 2017.

Lokal omstillingsgruppe har vore arenaen for å drive samanslåingsprosessen framover. Lokal omstillingsgruppe vart sett ned i september 2017, samansett av dei assisterande fylkesmennene, administrasjonssjefane og fire tillitsvalde frå kvart embete. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid leidde gruppa fram til august 2018, då assisterande fylkesmann Rune Fjeld tok over fordi Hæreid byrja å fungere som fylkesmann. Administrasjonssjefane la til rette for møta i samarbeid med dei assisterande fylkesmennene.

Lokal omstillingsgruppe arbeidde tidleg fram ein tidsplan for kva som skulle skje. Tidsplanen vart i hovudsak halden. Dei viktigaste milepålane var:

30. og 31.01 Omstillingskonferanse for alle leiarar, mellomleiarar og tillitsvalde i embetet, med vekt på rettar og plikter ved omstilling.

31.01 og 01.02 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram organisasjonskartet med avdelingar og seksjonar (med unntak av administrasjonsområdet - der vi venta på avklaringa om FMFA).

14.02 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram namn på avdelingane og seksjonane. I tillegg drøfta gruppa kontorstadar for avdelingsleiarar, som grunnlag for å melde interesse.

19.03 Embetsleiingane innplasserte avdelingsdirektørar, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

24.04 og 03.05 Embetsleiinga innplasserte seksjonsleiarar med rettskrav, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

26. til 27.04: Felles samling for alle tilsette på Voss, med vekt på få fram måla med og retning for samanslåinga, og å presentere nye leiarar og å bli kjende.

01.06 Embetsleiinga innplasserte seksjonsleiarar i ledige seksjonar med kontorstad, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

08.06 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram organisering av organisasjons- og strategiavdelinga, etter at det var avklara kva fagområde som skal over til FMFA.

24.06 Første møte for den nye leiargruppa.

20. til 21.08 Leiargruppa laga bemanningsplan for det nye embetet, der vi tok ned talet på tilsette med fire-fem.

07.09 Embetsleiinga innplasserte assisterande landbruksdirektør, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsrådet.

01.10 Embetet innplasserte alle tilsette etter kompetansekartlegging i e-skjema, kompetansekartleggingssamtalar, innplasseringssamtalar og framlegg til innplassering for alle. I alt åtte tilsette fekk heilt nye arbeidsoppgåver.

01.01.2019 Samanslåing

Lokal omstillingsgruppe har møtst kvar månad sidan september 2017 og ut året 2018. Gruppa hadde fysiske møte i starten for å bli kjende, og dessutan når vanskelege spørsmål stod på planen, til dømes forhandling av organisasjonskartet. Elles har det vore videomøte.

I tillegg til det som er særskilt av milepålar, har lokal omstillingsgruppe kome med verdifulle innspel til ei rekkje praktiske spørsmål i prosessen heile vegen. Det har også vore ein arena for å lufte frustrasjonar og kome med innspel til embetsleiinga, i tillegg til å ta opp informasjonsbehov. I evaluering av arbeidet i gruppa kom det fram at tillitsvaltrepresentantane var «over gjennomsnittleg fornøgde» med innsatsen. Dei var særskilt nøgde med:

At arbeidsgjevaren hadde god kunnskap om medråderett, medverknad og regelverk.

Gjennomføringa av møta, både teknisk og på anna vis.

Stor takhøgd og gjensidig respekt for synspunkt.

Gode høve til å kome med innspel for dei tilsette.

Konstruktive innspel frå alle.

Raske referat.

På andre sida peikte dei på desse forbetringspunkta:

Manglande avlasting på vanlege arbeidsoppgåver og mykje å setje seg inn i før forhandlingane.

Lite ressursar i administrasjonsavdelinga gjorde at sakspapir stundom kom seint og informasjon stundom kom seint ut.

FMFA-prosessen, som i etterkant verkar unødig når resultatet vart slik KMD ønskte frå starten, gjorde at lokal omstillingsgruppe måtte vente på avklaringar som embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje hadde herredøme over.

Avklaringa av innplassering av assisterande landbruksdirektør drog ut i tid.

Frå hausten 2017 oppretta vi eit særskilt intranett for samanslåinga, der all relevant informasjon vart lagt ut, til dømes grunnlagsdokument for diskusjonar, møtereferat, "bli kjent"-informasjon med tilsette og anna. I tillegg hadde vi jamleg og særleg i forkant av og medan vi forhandla organisasjonskartet, allmøte for å informere dei tilsette. Etter kvart fekk vi signal frå somme om at vi burde ha færre allmøte, og då brukte vi intranettet som fremste informasjonskanal.

Oppsummert tykkjer vi at vi har hatt ein god samanslåingsprosess. Noko uro har det vore, men vi har sett oss ned og funne ut av det meste på ein god måte. Vi skulle sjølvsagt ønskt oss meir dedikerte ressursar til samanslåinga, og tykkjer det har vore særskilt utfordrande for administrasjonsavdelingane å handtere oppgåvene med opprettinga av FMFA parallelt med vår eiga samanslåing. Men vi har gjort det beste vi har kunna, og dei tilsette har hatt respekt for at både leiarar, tillitsvalde og administrasjonen har vore pressa for ressursar frå fleire kantar.

Samstundes kan vi ikkje underslå at den ordinære drifta av embeta har hatt mindre merksemd, utan at vi kan seie at det har fått konkrete utslag i utføringa av embetsoppdraget.

Fylkesmannen i Vestland har om lag 275 tilsette og er med det nest største fylkesmannsembetet. Vi har tre kontorstadar, hovudsete på Leikanger, største kontorstad i Bergen og størstedelen av landbruksavdelinga i Førde. I tillegg har vi åtte verneforvaltarar med kontorstadar i Gaupne, Aurland, Sandane og Rosendal.

Fylkesmannen i Vestland har seks avdelingar (med markering av arbeidsstad for avdelingsdirektøren og seksjonar i parentes): 

organisasjon og strategi -L-

landbruk -F-

kommunal -L- (beredskap, plan og kommuneforvaltning- og samordning)

miljø -B- (naturmangfald og forureining)

utdanning og verjemål -B- (tilsyn, forvaltning og verjemål)

helse, sosial og barnevern -B- (spesialisthelse, kommunehelse- og omsorg og sosial og barnevern)

Vi har altså seks avdelingar og til saman elleve seksjonar. På landbruk- og organisasjon- og strategiavdelingane har vi ikkje seksjonar.

Organisasjonskartet inneber at alle leiarane har ein definert kontorstad, der L tyder Leikanger, F for Førde og B for Bergen. Dei har likevel tilsette på fleire kontorstadar. I tillegg må leiarane halde seg til kommunane i begge dei tidlegare fylket. Dette gjer at dei må vere mykje på reise.

Vi kjem til å evaluere den nye organisasjonen etter eit par år.

I det nye embetet legg vi vekt på å samle arbeidsoppgåver på ein kontorstad dersom lokalkunnskap eller reiseavstand til kommunane er mindre viktig. For hovuddelen av oppdraga til Fylkesmannen er likevel lokalkunnskap og reiseavstand til kommunane så viktig at vi må ha tilsette på fagområda på fleire kontorstadar. Reiseavstandane i det nye fylket er så lange at det ville medføre relativt store kostnader eller tap av arbeidstid dersom vi samla på ein kontorstad fagområda som skal ha mykje kontakt med kommunane.  Frå kontorstadane Bergen, Leikanger og Førde er det gjerne fem-seks timars reisetid med bil til kommunane som ligg lengst unna. Fly er enklaste alternativ mellom Bergen og Leikanger, med kort reisetid og relativt dyre billettar.

Bemanningsplanen vi la i august for det nye embetet, fører med seg at vi styrkjer verjemålsområdet og i nokon grad helse, sosial og barnevern, og tek ressursar frå landbruk og nokon grad miljø. Vi tok også høgd for å ta ned fire-fem årsverk ved naturleg avgang. Etter at vi fekk budsjettildelinga for 2019 ser vi at vi må redusere med ytterlegare eit par-tre årsverk.

Opprettinga av FMFA

Ved opprettinga av FMFA gjekk 23 medarbeidarar frå embetet over dit, alle på arkiv og alle i digitaliseringsseksjonen, i tillegg til ein medarbeidar frå personal. Vi vil gjere vårt for at FMFA lukkast.

Vi vil særskilt framheve at vi i tidlegare årsrapportar har vist til at vi meiner viktigaste suksessfaktoren for at digitaliseringsseksjonen i FMSF tidlegare har lukkast med å lage særs rimelege og likevel gode nok digitale løysingar for fylkesmennene, er den tette kontakten mellom utviklarane og sakshandsamarane på eit fagfelt, der ofte ein fagperson har vore leiar for eit utviklingsprosjekt. På den måten slepp vi låste anbodsprosessar eller å gå gjennom mange ledd, med stor risiko for misforståingar undervegs, for å få det produktet fagfolka treng. Om FMFA ønskjer det, vil Fylkesmannen i Vestland embete halde fram med denne tette kontakten.

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Fylkesmannen i vestland vil også krev stor merksemd i 2019, ikkje minst for å samkjøyre ulike prosessar og prioriteringar. Det vil kunne gjere det vanskelegare å oppfylle embetsoppdraget. På lengre sikt vi samaslåinga gjere embetet meir spesailisert og dessutan meir robust på små fagområde.

Det vil også innvirke på Fylkesmannen sitt arbeid at også fylkeskommunen er i ein omstillingsprosess med sikte på samanslåing med fylkeskommunen i Sogn og Fjordane.

Embetet var for 2019 førespegla ei vidareføring av budsjettet dei to embeta hadde i 2018, men fekk ei tildeling som gjer det nødvendig å redusere bemannings med sju-åtte tilsette. Det vert handtert ved hjelp av naturleg avgang og utføringa av embetsoppdraget må tilpassast dei ressursane vi har til rådvelde.    

Embetet ser fram til den nye budsjettfordelingsmodellen som KMD har varsla kjem våren 2019. Då vil vi få dei endelege økonomiske rammene for drifta av embetet, som altså gjer grunnlag for ei meir sikker planlegging av aktivitetane våre. For det samanslegne embetet, med store reiseavstandar og mange kommunar, er det vanskelieg å tenke seg at samanslåinga skal føre til innsparte driftskostnader. Vi trur ytterlegare reduksjon i tildelinga vil føre til redusert bemanning og redusert innsats når det gjeld embetsoppdraget vårt.

 Vi ser positivt på oppretteinga av FMFA, og meiner denne organiserainga av fylkesmennenes administrative fellesoppgåver kan gjere embeta betre i stand til effektive skasbehandlingsrutinar enn det enklete embetet kunne få til med avgrensa ressursar.

 DIFI kom med ein interessant rapport i desember, DIFI 2018:13 "En analyse av inndelingen av regional statsforvaltning. delrapport om kommunerettet samordning." Vi er samde DIFI si hovudtilråding:

 "Statsetater med kommunerettede oppgaver som formidling, veiledning, tilsyn og kontroll bør som hovedregel legge slike oppgaver på regionalt nivå til fylkesmennene."

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Sjå kapittel 5.1.

5.3 Andre forhold

Sjå kapittel 5.1. Elles ingen tilleggsmerknader.

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Hordaland.pdf