Årsrapport for Møre og Romsdal

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Fylkesmann Lodve Solholm gjekk av med pensjon 31.12.2018. Frå 01.01.2019 har Rigmor Brøste vore fungerande fylkesmann.

Møre og Romsdal skal fortsette som eige fylke og embete inn i det nye regionlandskapet. Vi har derfor gått i lag med fylkeskommunen og laga satsinga " Møre og Romsdal 2025". Målet er ein enda meir samordna offentleg sektor, og meir dialog om korleis vi skal bygge eit sterk fylke inn i det nye regionlandskapet. Dette er løfta høgt på dagsorden i 2018 både internt i embetet og i kommune-dialogen. 

Måloppnåing hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er gjennomgåande god når ein ser måloppnåinga i høve til ressursar vi har til disposisjon. Vi har i tilbakemelding på foreløpig tildelingsbrev dei siste åra vist til at måltala på fleire fagområde er urealistiske i forhold til dei ressursane vi har. Vi må derfor melde attende at vi ikkje har klart målkrava på alle områda knytt til saksbehandlingstid og gjennomføring av tilsyn, men at vi på fleire områder har gjort omprioriteringar for å ta ned restansar, og dette har bidratt til ei forbetring.

2018 var Lodve Solholm sitt siste år som fylkesmann, og han lanserte derfor tidleg i januar at han dette siste året ville trekkje fram 3 områder spesielt. Det gjaldt barnevernsvakt i alle kommunar, kortreist mat og forsøpling. Måloppnåinga på desse områda er god, sjå meir omtale i kap.1.2. 

Embetet hadde ei tildeling for 2018 på 98 962 000 inkl. overførte midler fra 2017 kap.post 0525.01 og lønnskompensasjon. Årets mindreforbruk er på 1,6 mill., dvs 1,7 % av tildelinga. Mindre-forbruket gjeld i hovudsak lønn, og det skuldast i all hovudsak vakansar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal hadde i fjor ei lita auke i sjukefråveret, fra 4,6 % i 2017 til 5 % i 2018. Vidare hadde vi ein høgare turnover. I 2018 var det 17 medarbeidarar ( 11,4%) som slutta/gjekk av med pensjon, mot 13 personar i 2017.

Talet på robek kommunar gjekk ned i 2018 frå 10 til 5. Vi meldte ut 6 kommunar, medan ein kommune vart meldt inn. Ved utgangen av året ligg det an til at 4 av 5 kommunar vil bli meldt ut av robek lista i løpet når rekneskapa for 2018 er klare. Det betyr at truleg berre ein kommune vil vere på robeklista i 2019. I så fall vil det vere historisk lågt i Møre og Romsdal !

Hausten 2018 har vi intensivert oppfølginga av kommunane i forkant av KOSTRA-rapporteringa 2019. Dette vil forhåpentleg betre kvaliteten på tala.

Noreg tok i 2018 i mot NATO, i samband med den store militære NATO-øvinga Trident Juncture. Møre og Romsdal var eit av områda omfatta av øvinga hausten 2018, og dette prega oss i stor grad. Alle fagavdelingane i embetet bidrog inn i planlegginga av korleis vi handterte NATO-øvinga, og vi hadde fokus på å bidra til god informasjon til kommunane, publikum og innbyggarar i forkant. Vår erfaring er at førebuingane våre bidrog til at øvinga vart gjennomført utan store konfliktar mellom militære og sivile behov.

Elles har året vore prega av førebuingar til FMFA. Det tek tid å motivere medarbeidarane på såpass store omstillingar, men vi har jobba mykje med involvering og informasjon, og vi har oppmoda dei til å ta ein aktiv rolle inn i det nye FMFA.

Til slutt vil eg nemne FNs berekraftmål som ei vesentlig rettesnor for alt arbeidet vi gjer hos Fylkesmannen. Desse vil bli enda meir innarbeidd i 2019.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

FMMR strategiplan 2017-2020

Fylkesmannen i Møre og Romsdal skal i planperioden 2017 – 2020 arbeide aktivt for å ha ei høg måloppnåing innan alle embetsoppdrag, og samstundes prioritere følgjande tre tverrfaglege satsingsområde.

Betre oppvekst rettar søkelys mot barn og unge sine oppvekstvilkår; jf. Fylkesmannen si satsing Betre oppvekst for aldersgruppa 0 - 20 år. Her ligg også oppdraget knytt til 0-24 satsinga for utsatte barn og unge. Derfor var det naturleg å prioritere arbeidet slik at alle kommunane i fylket fekk etablert ei formalisert barnevernsvakt i løpet av 2018. Ved inngangen av 2018 var det berre 8 kommunar i Møre og Romsdal som hadde etablert ei slik vaktordning, pr. 31.12.2018 hadde 29 av kommunane dette. Dei siste 6 kommunane får barnevernvakt i løpet av første halvår 2019. Fylkesmannen har støtta kommunane økonomisk med prosjektskjønnsmidlar for å etablere barnevernsvakt i 2018.

Samordning av tilsyn skal bidra til at den samla tilsynsbelastninga på den enkelte kommune er realistisk og kjent, og at statlege tilsynsmyndigheiter i fylket kjenner til og er informert om kvarandre sine tilsyn og at ein kan lære av kvarandre sine tilsyn. Vi har gjort store endringar i våre interne arbeidsprosessar, slik at alle 2019-tilsyn var planlagt og samordna allereie 1.november 2018. Arbeidet med nasjonal tilsynskalender må også trekkast fram som vesentleg i dette arbeidet. Vårt mål om å organisere og sette samordning av tilsyn i system har vi oppnådd med god margin. 

Den 8. mars 2018 arrangerte vi statsetatsmøte for første gong på veldig lenge i Møre og Romsdal. Responsen fra øvrig regional stat var god, og for 2019 ligg det an til 2 slike statsetatsmøter. 

Omstilling og smarte løysingar skal møte kravet om digitalisering og automatisering av arbeidsprosesser og tjenester slik at effektiviseringsgevinsten kan omdisponeras til prioriterte område. Vi har tradisjon for å ta raskt i bruk nye løysingar som feks DFØ og DIFI har lansert. Vi arbeider no med å ta i bruk arbeidsgjevarportalen, og legg opp til eit system med systematisk e-læring for nytilsette. Innføring av roboten Lara på regnskapsområdet er eit anna eksempel. 

I kjølevatnet av kommunereforma kom det inn fleire søknader om grensejusteringar. Desse vart bearbeidd, laga tilråding og oversendt til KMD, våren 2018. Svar på alle, unntatt ein, kom før sommaren. Saka om Angvika måtte vi vente heilt til desember med å få svar på. To av 6 søknader om grensejustering vart imøtekomme, og arbeidet med desse er i god prosess.  

Lokal mat: Vel 100 produsentar og serveringsstader produserer og/eller sel lokalmat i fylket. Mål i landbruksmeldinga for Møre og Romsdal: 200 produsentar innan 2021.

Den lokale maten gir oss stoltheit og identitet – og er ein viktig del av kulturen vår på Nordvestlandet. Lokalmat kan vere med på å skape den unike opplevinga for aktivitets- og opplevingsturistar frå inn- og utland
 

Forsøpling: Fylkesmann Lodve Solholm hadde fleire artiklar i avisene om våre miljøutfordringar knytt til forsøpling. Han nytta våren som høve til å oppmode alle innbyggarar, skular og barnehagar til å ta eit ekstra tak for å rydde opp. Også internt i embetet vart det arrangert ein strandryddedag for alle tilsette som ville, og dette vart eit godt miljøtiltak på fleire måter. Vidare har Miljøforvaltninga hatt ekstra fokus på avfallshandtering og forsøpling i all oppfølging og kontroll med næringslivet i 2018.  

Jordvern: I Møre og Romsdal vil vi ikkje nå det nasjonale jordvernmålet om gradvis reduksjon i omdisponering av dyrka jord mot 2020. Kommunane skal gjennomføre reguleringsplaner basert på eldre kommuneplaner der jordvernet ikkje var tilstrekkeleg prioritert. Vi har også døme på nyare planer der statlege planretningslinjer har trumfa nasjonal jordvernstrategi, jf. 4.3 og 4.7 i planretningslinjene.

Samfunnstryggleik og beredskap krev ei heilskapleg tilnærming og tverrfagleg innsats, noko vi har fokus på både i vår dialog med kommunane og i vår eiga oppgåveløysing. Dei siste åra har vi vore gjentakande utfordra knytt til handteringa av skredfaren frå eit fjellparti ved Mannen i Romsdalen. Området har vore evakuert opp til fleire gonger kvart år, og totalt 11 gonger sidan 2014. Vi ser at situasjonen for dei som bur i området er utfordrande. Vi meiner overvakinga og beredskapen som er etablert varetek faren for skade på liv på ein god måte, men vi er utrygg på om vi varetek helseperspektivet tilsvarande. Det er krevjande å leve med ein slik risiko, ikkje vite at du er trygg i eigen heim, og måtte evakuere heimen fleire gonger på kort tid. Samtidig ser vi at innsatsen knytt til beredskapen krev store ressursar av statlege og kommunale samfunnsaktørar kvart år. Vi meiner det ikkje er rett å halde fram og handtere situasjonen på same måte i åra som kjem, og arbeider difor for å finne andre varige løysingar i samarbeid med kommunen og nasjonale styresmakter.

Ei anna viktig prioritering i embetet i 2018 er vidareutviklinga av Totalforsvaret, og det sivilmilitære samarbeidet. Tema har vore i fokus både i våre faste møter med Fylkesberedskapsrådet og i våre møter med kommunane. Det har vore mykje samarbeid og kompetanseheving med nasjonale aktørar, der vi har deltatt aktivt. Særleg har vi bidratt i arbeidet med nasjonalt konsept for vertslandstøtte leda av FOH, og med regionalt konsept for vertslandstøtte som vi har utarbeidd for DSB i samarbeid med FMTL.  Det gode samarbeidet vi har med Forsvaret og dei andre medlemmene i Fylkesberedskapsrådet regionalt bidrog til at vi fekk få utfordringar mellom sivile og militære behov knytt til NATO-øvinga Trident Juncture i fylket. I samband med speløvinga Trident Juncture CPX nytta vi anledninga til å øve heile organisasjonen i embetet, og vi øvde med Fylkesberedskapsrådet. Øvingsutbyttet knytt til samvirke/samordning vart noko avgrensa då få andre regionale/lokale styresmakter øvde eigen organisasjon utover å delta på møtet i Fylkesberedskapsrådet. Vi hadde nok forventa tydelegare føringar også i frå andre departement sine fagliner om at sivile aktørar skulle delta i øvinga, også på det regionale nivået.

Saker som gjelder bruk av
tvang og makt i kommunane
Fylkesmannen har over tid ikkje nådd ressultatmålet.  I 2018 sette vi i verk tiltak for å få ned sakshandsamingstida. Det vart arbeidd fram nye malar for overprøving av kommunale vedtak, interne rutiner vart revidert, sakshandsamarane skjerma seg i perioder frå andre oppgåver og det vart leigd inn ekstra personell. I desember 2018 var sakshandsamingstida i samsvar med resultatkravet og vi skal arbeide vidare med å stabilisere sakshandsamingstida innafor 3 månader.

 2018 har vi behandla 53 saker knytt til elevane sitt skulemiljø. ( mobbesaker). I tillegg vart svært  mange meldingar  løyst ved rettleiing. Sakene og meldingane har hatt førsteprioritet, og vi har eit fast team som arbeider med sakene og har regelmessige møte.
Erfaringane frå sakene er at skule-heim samarbeidet er ofte dårleg, der det er mangelful informasjon og kontakt. Vidare at skulen bagatelliserer saka, undersøker ikkje saka bredt nok og dermed får ein tiltak som er lite effektive. Vi ser god effekt av det nye lovverket og vi får mange meldingar frå foreldre som gir uttrykk for takknemlegheit fordi sonen/dotra endeleg trivst og har det godt på skulen.


1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Landbruk:
Prioritering av arbeid med erstatningsordningane etter avlingssvikt i jordbruket grunna tørken, har gått på bekostning av blant annet kontroll og forvaltning innen andre tilskotsordningar i landbruket.

Samfunnstryggleik:

Hausten 2018 vart det iverksett 6 evakueringar knytt til fare for skred ved det ustabile fjellpartiet ved Mannen, kalla Veslemannen, i Romsdalen i Rauma kommune. Det er mange statlege beredskapsaktørar som deltek i dette arbeidet, og vi brukar mykje ressursar på oppfølginga både i forkant, undervegs og i etterkant av ein slik haust. Den største påkjenninga er det likevel innbyggarane som har, som opplever å måtte evakuere heimen sin fleire gonger kvart år. Som tidlegare nemnt arbeider vi med å finne andre varige løysingar for denne situasjonen. 

Auka fokus på totalforsvaret og særleg forbuing og gjennomføring av Trident Juncture har prega arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap i 2018. For å løyse desse oppgåvene har vi omprioritert ressursane noko, og alle fagavdelingane i embetet har vore kopla på i arbeidet. Vi har difor ikkje gjennomført alle planlagde tilsyn med oppfølging av lov om kommunal beredskapsplikt hausten 2018, men prioritert ressursane til handtering av hendingar og til planlegging og gjennomføring av speløvinga Trident Juncture - CPX.

Digitalisering
Vi har i 2018 tatt i bruk roboten Lara for handtering av reiserekningar. Sparte ressursar her har vi brukt til å auke kompetansen på offentlege anskaffingar

Det er ei utfordring at reduksjon i rammer kjem før system vert gjort tilgjengeleg for oss. I mars 2018 var løysinga i vårt sakshandsamingssystem for digital post tilgjengeleg for oss. Vi fekk som andre statlege verksemder trekk i ramma allereie i 2017 for forventa reduksjon i portoutgifter som følge av innføring av digital post.

Det er også noko spesielt at vi på eine sida vert beordra til å ta i bruk digitalt post, men at vi på andre sida får eige brev frå HOD (ref) om at vi ikkje kan sende post digitalt til mottakarar som tek imot e-post i Altinn. Dette betyr at vi ikkje får ta ut den forventa effektiviseringa, verken i direkte portoutgifter eller i stillingsressursar. Vi ber derfor om at KMD tek saka opp med HOD for å sikre ein best mogleg ressursutnytting, jf. trekk i budsjettramma til Fylkesmennene. 

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Molde, 25.02.2019


Rigmor Brøste


kst. fylkesmann

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget


Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og utførte i 2018 faglege oppdrag for 11 departementer og ein rekke direktorater og tilsyn, i tillegg til oppgaver for Kongehuset. 

Embetet har fire viktige roller knytt til samfunnsoppdraget:
1) iverksetter av nasjonal politikk i fylket.
Fylkesmannen er regional sektormyndigheit for fleire departement på ei rekkje viktige politikkområder.

2) samordningsmyndighet. Fylkesmannen skal blant annet samordne statlege virksomheiter og deira arbeid mot kommunene.

3) rettssikkerhetsmyndighet. Fylkesmannen skal sørge for rettssikkerheiten for den enskilde innbyggar, virksomheiter og organisasjoner. Vi er klageinstans for kommunale vedtak og tilsynsmyndigheit på sentrale velferdsområder som forvaltes av kommunane.

4) informasjons- og kunnskapsformidler. Fylkesmannen skal halde sentrale myndigheter orientert om viktige spørsmål i fylket og om korleis nasjonal politikk virker i vårt område. Vi skal bringe vidare relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlige organer. Her har vi spesielt utfordret DSB i høve alle evakuerings-situasjonane knytt til fjellet Veslemannen dei seinare åra.


Vi samarbeider med omkringliggande embeter på fleire fagområder, blant annet gjennom ulike regionale nettverk og samarbeidsmøter fra Finnmark i Nord til Oppland og Hedmark i sør. Vi samarbeider mest med Fylkesmannen i Trøndelag, blant anna har vi samarbeid om tilsyn knytt til spesialisthelsetenesten. Vi har utstrakt samarbeid med kommunane, fylkeskommunen og andre statlege virksomheiter blant annet gjennom deltakelse i styringsgrupper, rådgivarsamlingar, nettverkssamlingar, konferanser og kommunedialog. 

Eit resultat av dette samarbeidet vart Nyttårskonferansen 2019; ein ny møteplass for administrative og politiske toppleiarar i offentleg sektor i Møre og Romsdal. Det var Fylkesmannen, fylkeskommunen, NAV og KS som arrangerte konferansen i lag, og med gode tilbakemedlingar er vi alleirei i gong med å planlegge neste års nyttårskonferanse.

" Møre og Romsdal 2025" er eit anna eksempel på kva regional stat og fylkeskommunen har samordna og etablert som prosjekt. Kommunane er med som eiga referansegruppe. Det same er næringslivet og ungdommen.

2.2 Organisasjon og ledelse

Fylkesmannen har kontorsted i Molde. Ved årsskiftet hadde fylkesmannen i Møre og Romsdal 151 tilsette.  Av desse er tre verneområdeforvaltere lokalisert til hhv. to i Rindal og ein i Geiranger, ein nasjonalparkforvaltar på Åndalsnes og tre tilsette på Herje Genbank. Av 151 tilsette er det 104 kvinner og 47 menn. Talet på årsverk er 131,7. 

Sjukefråvere er på 5 %, ein liten oppgang frå i fjor.
Embetet er organisert med 5 fagavdelinger, justis- og beredskapsavdelinga, helse- og sosialavdelinga, landbruksavdelinga, miljøvernavdelinga og oppvekst og utdanningsavdelinga og 2 staber,administrasjonsstab og informasjon, kommunal samordningsstab

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Nøkkeltala er kommentert både i forhold til utviklinga frå i fjor og også sett opp mot nøkkeltala i dei andre embeta.  

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket


Fylkesmannen har tett dialog med kommunane og informerer om nasjonal mål og rammer på mange ulike arenaer. Vi informerer om endringar i regelverk, nye og endra forskrifter, nasjonale forventningar og særlege satsingar og opptrappingsplaner. Dette skjer gjennom råd og rettleiing til kommunar, leiarar og fagpersonar i møter, kurs, konferansar og i enkeltsaker, samt ved informasjon på nettsidene våre.

Vi inviterer også til prosessar og samarbeid og legg samtidig til rette for erfaringsdeling mellom deltakarane. Tilsyn er ein god arena for å understreke lovkrav og faglege retningsliner, Fylkesmannen har òg eit godt samarbeid med fylkeskommunen på fleire fagområde. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mange godt etablerte og fylkesdekkande arenaer som blir brukt til å informere om nasjonale program, meldingar og planer i fylket og for 2018 vil vi spesielt trekke fram:

  • Plan - og byggesakskonferanse med førebyggande samfunnstryggleik og klimatilpassing i arealplanlegginga som tema her involverte vi departement, DSB, NVE til å formidle nasjonale mål. Fleire av dei faglege innlegga på konferansen understreka behovet for tettare samarbeid og samordning på tvers av både fagmiljø og forvaltningsnivå. 
  • Vår årlege fagsamling for kommunane knytt til samfunnstryggleik og beredskap hadde fokus på totalforsvarskonseptet og planlegginga fram mot NATO-øvinga Trident Juncture .
  • Faste møte i fylkesberedskapsrådet, der vi løfter fram endringar i risikobiletet, eller nye fokusområder innafor samfunnstryggleik og beredskap til, og i lag med, våre regionale samarbeidspartar i rådet.
  • Regionale møte for oppvekstsektoren(barnehage- og skulefagansvarlege)   
  • Faste møte med barnevernsleiarane der nasjonal politikk og satsingar blir presentert.
  • Fylkesmannen har tett dialog med kommunane og andre aktørar i det regionale partnarskapet for landbruk. 
  • Årleg seminar om tiltaksretta arbeid, spesielt samarbeidet med Hoppid og bruk av miljøvirkemiddel. På denne arenaen inviterer vi også fylkeskommunen og Innovasjon Norge.  
  • Årleg samling av landbruksforvaltninga for å informere om regelverk og forvaltning av produksjonstilskot og velferdsordningane.
  • Konferansar om juridiske tema, med særleg vekt på kommunane si forvaltning av særlovene for landbruket.
  • "Ringar i vatn" for rus og psykisk helse
  • Omsorgskonferansen for Omsorg 2020 
  • Rehabiliteringskonferansen i samarbeid med Helseføretaket, der opptrappingsplanen for Habilitering og rehabilitering var tema
  • "Fylkesmannens nytt- og nyttig-time" på NAV-leiarmøter fire gonger i året der det var fokus på kommunane sitt arbeid med innføring av aktivitetsplikt.Arbeidet med å informere om eldrereformen Leve heile livet starta hausten 2018, gjennom innlegg på ulike kurs og møter, som til dømes plankonferansen i samarbeid med fylkeskommunen.
  • Fagdag for LIS1-vegleiarar der endringar i spesialistforskriften vart formidla.
  • Eigne kurs for ny presisering av endringane i førarkortforskrifta. Dette fordi Fylkesmannen såg behov for å auke og repetere kunnskapen på dette feltet.
  • Nasjonale mål blir formidla gjennom våre fråsegner til både oppstart av planarbeid og ved offentleg ettersyn. Dette blir også gjort på drøfting- og samrådingsmøte med kommunane som gjeld enkeltsaker – og elles i samband med kurs, konferansar, plannettverkssamlingar og møte i regional planforum. Ved motsegner blir det lagt til grunn kva viktige regionale eller nasjonale omsyn som ligg til grunn for motsegna.
  •  besøk i politiske råd /styre i eit utval kommunar kvart år for informere om jordvern. Det blir sett av tid på møte i formannskapet eller i kommunestyret, alt ettersom.
  • " Fylkesmannens halvtime" i alle 3 regionråda, der vi møter politisk og administrativ leiing
  • Vi arrangerer 1-2 ganger årlig en rådmannsdag for nye rådmenn

I tillegg til desse faste punkta,  følgjer vi opp med informasjonstiltak når dette er nødvendig.  


Som del av satsinga på barn og unge og 0-24, har vi hatt høgt fokus på individuelle vurderingar av barns behov i sakshandsaminga på alle våre saksområde, og spesielt innan dei sosiale tenestene i NAV. Som eit resultat av dette ser vi  ei endring til at barns og unges behov i større grad er vurdert, til dømes ved tildeling av økonomisk sosialhjelp.

Vi må og nevne overprøvingar på området for personar med utviklingshemming. Vi har hatt eit stort fokus på dette i avdelinga i 2018 og har ved ulike tiltak klart å få sakshandsamingstida innanfor fristen, i tillegg til at vi har hatt ein del stadlege tilsyn. Dette er vi svært nøgde med.

På naturforvaltningsområdet har vi hatt generelt god progresjon på prioriterte saksområde, blant anna skogvern, bekjemping av framande artar og tiltak i vernområde. 2018 har vore eit krevjande år innafor vassforvaltninga, blant anna som følgje av ein lang periode med uvisse rundt ansvarsfordelinga mellom styresmakter. Vi har allikevel gjennomført nødvendig kvalitetssikring og oppdatering av kunnskapsdatabasene på området. Innafor fiskeforvaltninga har vi prioritert arbeidet med bekjemping av gyrodactilus salaris i Drivaregionen, reetablering i Raumavassdraga samt sluttføring av kultiveringsplana. Rolla som eigar og driftansvarleg for Herje genbank har krevd ekstra ressurser ved oppgradering av anlegget. Innafor forureining har vi prioritert lovpålagt saksbehandling og avslutning av pågående og krevjande saker, samt tilsyn. Vi har lagt ned vesentleg innsats i arbeidet med avfallsplaner i havner og oppføljing av oppdrag knytta til foureina sjøbotn.  

Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

Samordning av tilsyn

Vårt arbeid med samordning av statleg tilsyn både internt og eksternt har for både tilsette og eksterne aktørar vore lærerikt. 2018 har vore eit år då vi har hatt fokus på å utvikle både samarbeid, samordning og samskaping på tvers av avdelingane i embetet, og saman med statlege tilsynsaktørar og kontrollutvalssekreteriata. KS har også vore ein viktig aktør i dette utviklingsarbeidet.

Det er sett i drift intern tilsynsgruppe med representantar frå alle avdelingane, og denne gruppa har fungert særs godt. Tilsynsgruppa har arrangert 2 møter i tilsynsforum for statlege tilsynsaktørar og kontrollutvalssekreteriata. I tillegg har Helse- og sosialavdelinga og Oppvekst- og utdanningsavdelinga hatt eige møte berre med kontrollutvalssekreteriata. Vi har også arrangert eigen fagdag for alle som driv med tilsyn i embetet. Der fekk vi mellom anna høyre om erfaringar med statlege tilsyn i kommunane både frå ein rådmann og einingsleiar sin ståstad. Tilsynsgruppa si evaluering av året 2018 tilseier at vi har innfridd måla våre og vel så det. Resultatet av arbeidet har ført til at vi har dedikert 50% av ein stillingsressurs frå 2019 til å koordinera og utvikla samordning av tilsyn i embetet.

 Samordning av statlege etatar 
- Statsetatsmøte: Vi har sett statsetatsmøte i system, og operasjonalisert desse møta. God tilbakemelding frå statsetatane for tiltaket. Målkrava er innfridd.
 - Prosjektet "Møre og Romsdal 2025": Satsingsområde for Fylkesmannen - der Møre og Romsdal fylkeskommune er prosjekteigar og Fylkesmannen sit i prosjektgruppa, og er sterkt medverkande.  Hovudmålsettinga er at offentleg sektor med ansvar for Møre og Romsdal er godt samordna og blir ein enda sterkare utviklingsaktør for Møre og Romsdal. Satsingsområda for prosjektet er:
- Møteplassar for strategiutforming, informasjonsutveksling og samarbeid. Her er det gjennomført fleire møter og samlingar.
- Regional planstrategi blir revidert i 2019, og skal identifisere regionen sine sentrale moglegheiter, utfordringar og heilskaplege løysingar.
- Strategiske og operasjonelle samarbeid. Fleire samarbeid er sett i system. 
Det er gjennomført blant anna ei spørjeundersøking blant 15 statlege leiarar der det kjem klart fram at satsinga på samarbeid og samordning av offentlege verksemder i fylket er nødvendig. I prosjektet er også kommunane ein viktig partnar.
Målkrava i prosjektet for 2018 er innfridd.

Samordning av nasjonal tilsynskalender
Fylkesmannen fekk i supplerande tildelingsbrev i 2018 i oppdrag å leie eit prosjekt for utvikling av eit digitalt verktøy som skal gjere samordning av statlege tilsyn i kommunane betre. Verktøyet er ei vidareutvikling av tilsynskalendera som Fylkesmennene har i dag. Prosjektet starta opp i sept. 2018, og har begynt utviklinga av ein ny nasjonal tilsynskalender. Målet er at kalenderfunksjonen skal kunne nyttast av alle statlege tilsynsetatar og kontrollutvalssekreteriata slik at dette kjem kommunane det skal førast tilsyn med til nytte.
Målkrava i prosjektet for 2018 er innfridd.

Landbruksavdelinga legg til rette for samarbeid mellom  aktørar  som arbeider opp mot landbruket. Vi arrangerer møteplassar for å løfte prosjektsamarbeid, FoU tiltak og samarbeid. Fylkesmannen og landbruksnæringa samarbeider med Trøndelag om Grøn Forsking Midt-Norge, og har siste året drøfta deltaking i innovasjons-programmet Landbruk21. GFMN er viktig for å kople lokale behov mot FoU institusjonane. Resultatet er meir målretta FoU innsats, og fleire oppdrag for institusjonane i Midt-Norge. 

Landbruksavdelinga er vertskap for årleg møte mellom Mattilsynet og Fylkesmannen. Tema i 2018  var  informasjonsutveksling og kontroll, dyrevelferd, zoonosar og dyrehelse.  Vi samarbeider om førebyggande tiltak mot LA-MRSA, og innsats som skal gi tidleg varsling i saker som kan bli til dyremishandling. 

Tredrivaren arbeider for å etablere massivtre som reelt alternativ til betong og glas i  offentlege nybygg. Satsinga skal gi lågare utslepp av klimagassar,  kortare byggetid, og bygningar med låge driftskostnader. Nettverket omfattar 16 kommunar  som alle no er i gang med konkrete byggeprosjekt. 

Helse- og sosialavdelinga har saman med embetsleiinga etablert levekårsnettverket som eit samarbeidsforum mellom Fylkesmannen, Husbanken, IMDI, NAV og KS. Fylkeskommunen ønskjer å kome med i nettverket på eit seinare tidspunkt. Hovedsatsingsområda er utsette barn, unge og familiar og satsinga "Møre og Romsdal 2025". Målet er betre samordna staleg innsats mot kommunane.

I planarbeidet har vi fokus på samarbeid for å tilstrebe omforent statlig politikkformidling ovanfor fylkeskommune, kommunar og andre aktørar som er involvert i plan- og utbyggingssaker. Vi har mellom anna tett dialog med Statens vegvesen, NVE, Fiskeridirektoratet, Kystverket og Mattilsynet.

Politiet gjennomførte dialogmøte i Fylkesmiljøforum, med svært brei deltaking frå regionale og kommunale styresmakter. Etter nokre år utan slike møte, har vi no fått ein tettare dialog med politiet. Vi opplever at politiet no har organisert miljøarbeidet på ein god måte.
Vi har godt samarbeid med Fylkeskommunen innanfor plan, klima, friluftsliv, fisk, vilt- og vassforvaltning. Tilbakemeldinga fra aktørene viser at det er positivt at staten samordnar og tenkjer heilskapleg.

På Oppvekst- og utdanningsavdelinga har vi 2-3 møte pr år i Samarbeidsrådet for kvalitet på barnehage- og opplæringsområdet. 
Der deltek Høgskulen i Volda,KS, fylkeskommunen, Utdanningsforbundet. Formålet er at ein kan trekke i same retning på viktige opplæringsområde gjennom informasjonformdlin og planlegging av aktivitetar saman. I tillegg har vi hatt mange møte med høgskulen for samhandling om kompetanseutvikling i fylket mest  på barnehage-, skule , men også på barnevernsområdet.  Vi har  samarbeidsmøte med Statped Midt  som er eit statleg spesialpedagogisk kompetansesenter som er lokalisert i Trondheim , og som yter teneste gjennom PPT  til barnehagar og skular. Vi har også møte med BUF-etat i samarbeid innan barnevernsområdet.  Vi har eit møte saman med Sosial/helse-avdelinga med dei ulike statlege kompetansesentra som Napha, KoRus, RKBU, RVTS, NAKU. Vi meiner at vi har god effekt av samhandlinga slik at vi tilsaman opptrer meir samordna.

Vi gjennomfører årlige møter i Fylkesberedskapsrådet der sentrale tema knytt til samfunnssikkerhet og beredskap blir løfta fram for gjensidig erfaringsdeling og læring.

2018 har vært ett år preget av førebuing og gjennomføring av at NATO kom på besøk i samband med NATO øvinga Trident Juncture i Møre og Romsdal. Samordning og samvirke har vært heilt sentralt for at dette skulle fungere godt, både for førebuingane i forkant, og i gjennomføringa under øvinga. Vi har hatt tett og god dialog med Forsvaret og med andre sentrale regionale samarbeidsparter i Fylkesberedskapsrådet i heile dette løpet, og vi har understøtta kommunane i deira handtering av øvinga.

Vi har også i 2018 handtert hendinga knytt til høg skredfare frå Veslemannen i samarbeid med aktørane i FBR og kommunen. Vi har låg terskel for å nytte FBR i slike hendingar, og får god tilbakemelding på at dette er nyttig for ei god og samordna krisehandtering.

Fylkesmannen samordnar alle motsegnene frå andre statsetatar og sørger for at konfliktar blir forsøkt løyst på drøftingsmøta med kommunane. Statistikken for 2018 viser at i alt 27 saker er omfatta av det som opprinneleg var samordningsforsøket. Av desse er 22 saker knytt til reguleringsplanar og 5 til kommuneplanar, og kommunane er nøgd med at fylkesmannen handterer og samordnar alle statlege motsegner.


Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene


Som nemnt i kap 1 har vi varsla i svar på foreløpig tildelingsbrev for 2018 at full måloppnåelse på alle område ikkje lot seg gjere innafor vår budsjettrammer. VI har omprioritert noko får å få arbeidd med rettstryggleikssaker.

Helse- og sosialavdelinga har i 2018 avslutta 210 hendelsesbaserte tilsynssaker og det er det høgaste talet vi har hatt på fleire år, noko vi er svært nøgde med. Vi har likevel ved årsslutt 69 saker som er over 6 månader.  Ein lege slutta i 2018 og ny lege er tilsett frå 2019.  

Når det gjeld klager på rett til helse- og omsorgstenester, samt pasientreisesaker er vi i 2018 langt frå målet om 90% innanfor 3 månader, og vi vil prioritere dette arbeidet i 2019.  

Vi må og nevne overprøvingar på området for personar med utviklingshemming. Vi har hatt eit stort fokus på dette i avdelinga i 2018 og har ved ulike tiltak klart å få sakshandsamingstida innanfor fristen, i tillegg til at vi har hatt ein del stadlege tilsyn. Dette er vi svært nøgde med.

I tilsynsoppfølginga vår har vi endra noko på praksis ved at vi har tettare oppfølging, i større grad dialog og møter når kommunen strevar. Vi løftar og handsaminga opp til direktør- og rådmannsnivå tidlegare enn før. Dette synes vi har hatt god effekt ved at vi får lukka lovbrota tidlegare.

Fylkesmannen får framdels mange spørsmål og søknadar som gjeld førarkortforskrifta.  Rådgiving til søkar, legar eller anna helsepersonell blir ikkje registrert systematisk. I 2018 sendte vi 98 tilvisingar til praktisk kjørevurdering, det vart fatta 47 vedtak om dispensasjon frå førerkortforskrifta og 479 tilrådingar om tilbakekall av føreretten vart sendt til politiet.


Vi har på fleire fagområder faste samarbeidsmøte med dei andre fylkesmannsembeta der vi diskuterer felles praksis. Vi ser at det er god rettleiing og styring frå både Udir, Bufdir og Helsetilsynet og bidrar til at embeta får ein meir felles praksis på desse fagområda.

Det området vi har arbeidd mest med og utvikla på avdelinga er rettstryggleik i skulemiljøsaker der vi er førsteinstans. Vi har også hatt møte i Region Midt (Trøndelag, Hedemark og Oppland) for å drøfte skulemiljøsaker for å få mest muleg lik praksis – det same gjeld områda spesialundervisning og barnehageområdet).

I tillegg har vi hatt samling med utdanningsdirektørane for å drøfte felles praksis på bla. skulemiljøarbeidet og andre klagesaker.  Vi har også sendt inn 10 nye skulemiljøsaker til Barneombudet som kjem på besøk over nyttår 2019 for å gi tilbakemelding på vår saksbehandling på området. Vi har ein eigen fagkoordinator på retttryggleiksområde som samordnar feltet - det gjeld både tilsyn og klagebehandling.


Fylkesmannen støttar kommunane med rettleiing og kurs for å bidra til god sakshandsaming og gjennomgåande lik forståing av regelverket innan våre fagområder.  Dette er viktig for heile ansvarsområdet, men mest ressursar blir brukt for å løfte kvaliteten på arbeidet med tilskotsordningar og regelverket knytt til særlovene.  Vi legg vekt på å peike på viktige endringar med relevans for kommunane.

Forvaltningskontrollane er viktig for å etterprøve kommunal praksis, men også for at fylkesmannen kan få oversikt over korleis regelverket blir praktisert på tvers av kommunegrensene.

Vi markedsfører og nyttar miljøkommune.no som eit særs godt hjelpemiddel i avklaring av forventningar og roller i kommunal forvaltning.


Saker etter plan- og bygningslova utgjer ein vesentleg del av vår klagesaksbehandling. For å ivareta rettstryggleik på dette området har vi fokus på kvalitet og omsynet til effektiv saksbehandling. 

Vi får mange spørsmål frå kommunane om forståinga av regelverket, og vi rettleiar mykje over telefon. Vi har i 2018 prioritert rettleiing til kommunane i større grad enn dei seinaste åra. Vi har blant anna deltatt på fleire byggesaksnettverk der vi har bidratt med innlegg om ulike tema. Sammen med Møre og Romsdal fylkeskommune har vi arrangert konferanse der både planlegging og byggesak var tema. Vi ser at det er eit klart behov for meir rettleiing av kommunane på dette saksområdet, men vi har ikkje ressursar til utstrakt rettleiing utan at dette går ut over saksbehandlingstida.

I verjemålsforvaltninga har vi hatt stort fokus på sjølvråderett i den hensikt å finne verjehavars reelle vilje. Dette har resultert i at vi har avvikla fleire verjemål – kva som skjer i høve rettstryggleiken til dei vi slepp , og som openbart treng hjelp, uroar oss.

Også i 2018 har det vore stort fokus på å rekruttere dugelege verjer. Gode velfungerande verjer er avgjerande for rettstryggleiken til verjehavar. Vi skulle gjerne prioritert tilsyn med verjene noko høgare, då vi trur at dette vil gi god effekt.  

I ordninga med fri rettshjelp er inntekts- og formuesgrensene etter kvart so lav, at det  er svært få som blir omfatta av ordninga. Dette går ut over rettstryggleiken til dei svakaste. Desse grensene er ikkje justert på mange år.


Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk



Samfunnstryggleik og beredskap:
I 2018 publiserte DiBK ein evaluering av TEK17 § 7-4 Tryggleik mot skred. Unntak for flodbølgje som skuldast fjellskred. Eitt av momenta som vart vurdert i evalueringa er om unntaksvilkåret (§ 7-4) skal utvidast til òg å omfatte primærverknadar av skred, dvs. skred som går på land utan å utløyse flodbølgjer. Fylkesmannen i Møre og Romsdal meiner at dersom det blir aktuelt å likestille primære og sekundære faresoner, er det viktig at ein ser på sannsynet for ei hending og vurderer nøye når kompenserande tiltak som overvaking kan opne for å ta i bruk unntaksvilkåret. Vi meiner til dømes at områder der sannsynet for skred er so høg at det må gjennomførast årlege evakueringar pga faren, ikkje bør opnast opp for (vidare) utbygging/utvikling. Kvar grensa for sannsyn bør ligge for at ein kan opne for å ta i bruk unntaksvilkåret, er eit politisk spørsmål som bør løftast opp på lik line med dei grensene vi allereie har i TEK (1/1000 for tiltak som bustadar – 1/100 for tiltak som garasjar). Vi ynskjer oss ikkje ei endring av TEK som opnar for bygging som baserer seg på, og legg til rette for, ei auka bruk av samfunnet sine beredskapsressursar. Vår erfaring med handteringa av «Veslemannen» viser at stadige evakueringar krev stor innsats av beredskapsaktørar kvart år, og at situasjonen opplevast som ei belasting for dei som må evakuerast.


Plansamordning
FMMR har i 2018 hatt til behandling ei oversendingssak til KMD knytt til Områdereguleringsplan for Geiranger i Stranda kommune.

Utgangspunktet for oversendingssaka er motsegn frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal, NVE og Møre og Romsdal fylkeskommune.

Geiranger er med sitt fjordlandskap og plassering på UNECO si verdsarvliste eitt av dei mest besøkte reisemåla i landet. Bygda har om lag 200 fastbuande og får kvart år besøk av om lag 900 000 turistar. Planforslaget omfattar indre del av Geirangerfjorden  med Geiranger sentrum.

Planarbeidet ber sterkt preg av problemstillingane rundt flodbølgje og statusen Geiranger har som verdsarvområde. Det er utført vurderingar av flodbølgjeutsett byggeareal i samsvar med unntaksføresegnene i Byggteknisk forskrift (TEK17) § 7-4. Deler av planen utfordrar TEK17 sine krav til tryggleik mot skredfare.

Arbeidet med områderegulering for Geiranger har vore både omfattande og krevjande. Fleire mål og tiltak i planen vil vere utfordrande og konfliktsfylte i forhold til viktige  nasjonale rammer og føringar. Fleire av motsegnspunkta overlappar heilt eller delvis og vil også vere av viktig prinsipiell karakter i ein større regional og nasjonal samanheng.

Geiranger som lokalsamfunn for dei fastbuande, sett i forhold til verdsarvstatus og Geiranger som turistdestinasjon, vil vidare kunne medføre at ulike interesser, behov og verdiar står mot kvarandre. Viktige rammer og føresetnader for planarbeidet er knytt til  skredfare i planområdet og fare for flodbølgje som knytt til fjellskred frå Åkneset lenger ute i fjorden. Restriksjonar knytt til arealbruken har som ei direkte følgje av  dette sette sitt gjennomgåande preg på planen.

Fylkesmannen har i si oversending til KMD bedd om at  departementet avklarer om ein arealplan skal synleggjere eksisterande bruk, eller om arealplanar skal legge til rette for framtidig arealbruk i tråd med gjeldande lov og forskrift? Dette kjem på spissen når planen det gjeld er planlagt etter TEK17 § 7-4.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

Plansaker og samfunnssikkerheit

Kort oppsummert viser årsrapporten for 2018 at aktiviteten på plansida er stor med t.s. 1208 plan- og dispensasjonssaker (ekspedisjonar/utg. høyringsbrev), fordelt på 419 plansaker og 789 disp.saker

Talet på motsegner i arealplansaker ligg litt lågare enn tidlegare år;  motsegner flest motsegner knyter seg til manglar i samband med Støyvurderingar (25%) og  ROS/klimatilpassing (25%) men det er også mange motsegner til tema som Barn og unge og Natur/miljø/landskap. Det er på området ROS/klimatilpasning at Fylkesmannen gir aller flest merknadar. Kompetanse og kapasitet på planområdet varierer mykje kommunane i mellom; utfordringane i forhold til dette er gjerne størst i dei minste kommunane.

Fylkesmannen har aktivt deltatt i planforum og på møte i dei tre plannettverka for kommunane med eigne faglege innlegg med tema knytt m.a. til barn- og unge, støy og samfunnstryggleik. Vi har utarbeidd eigne leikeplassråd i 2018 som er sendt alle kommunane, og som blir lagt til grunn i våre fråsegner/motsegner og i dialogen med kommunane. I samarbeid med fylkeskommunen vart det i november 2018 arrangert ein to-dagars plankonferanse. I samband med samordning av statlege motsegner har vi arrangert mange felles arbeidsmøte for å drøfte løysingar på motsegnene. Dette meiner vi at vi har hatt suksess med, og dei fleste motsegnene blir løyst før mekling. Planarbeidet er organisert i ei plangruppe med kommunefordeling der vi samordnar våre fråsegner internt, der alle fagavdelingar bidrar med innspel. I arealplansaker er landbruks-, miljøvern- og samfunnstyggleiksspørsmål  dominerande tema. Summen av dette arbeidet meiner vi bidrar til at vi får ei meir bærekraftig, trygg og framtidsretta samfunnsutvikling og arealbruk. 

Landbruk:Landbruksmeldinga frå 2017 målber ambisjonar om å halde nedbygging av dyrkamark under 200 dekar i året. Landbruksmeldinga har gitt rammer for det regionale bygdeutviklingsprogrammet,  som også fokuserer på auka verdiskaping og klimaeeffekt av auka bruk av tre.  Fylkesmannen har også lagt vekt på å vise omfang og konsekvensar av at areal går ut av aktiv drift. Arealdelen i kommuneplanen er eit viktig verktøy for å ta vare på arealressursane.

Landbruksdirektøren har holdt innlegg om jordvern både for politisk og administrativ toppleiing i kommunane når det har vore møtar i regionråda. Landbruksdirektør og nokre av hans sakshandsamarar har også holdt innlegg og møtar med einskilde kommunar, der målgruppa har vore politikarar. Vi opplever at dette har gitt effekt inn i arealhandsaminga både i reguleringsplanar og større arealplanar. Eit auka kunnskapsnivå hos politikarane gjer at dei sjølv tar tak i utfordringane i større grad, og gjer vedtak som er meir i tråd med jordlova. Det gir færre klagesaker.


Planprosesser – formidling av nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

FM har hatt dialog med og formidlet nasjonale og regionale hensyn til alle kommuner i fylket, og deltar aktivt i regionalt planforum.

Nasjonale mål og regionale omsyn blir fortløpande formidla gjennom planprosessane både gjennom fråsegnene til oppstart og ved offentleg ettersyn. Det er lagt stor vekt på dialog og tidleg medverknad i planarbeidet, og aktiv formidling av dei nasjonale forventningane. Dette vil kunne følgast opp gjennom drøftingsmøte og vidare dialog med kommunane med søkelys på utfordringar og konfliktavklaring.

Dette blir også gjort på møte i planforum og i drøftingsmøte med kommunane. I tillegg har vi tatt dette opp i møte i dei tre plannettverka i fylket. I alle arealplansaker er det lagt vekt på at eventuelle motsegner skal vere knytt til konflikter av vesentleg regional eller nasjonal interesse i planforslaget.

Plan- og dispensasjonssaker som omfattar fleire avdelingar hos Fylkesmannen krev samordning i forhold til saksbehandling, ansvar og avveging av interesser. Hos FMMR er det etablert faste rutinar for dette. Formålet med den interne organiseringa av plansamordninga er å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom nasjonale, regionale og lokale mål og interesser. Fagsaksbehandlarar knytt til ulike fagavdelingar og fagområde vil i prinsippet kunne trekkast aktivt inn, avhengig av sakstype og saksfelt. Klagesaker og byggesaker etter plan- og bygningslova vil i hovudsak vere lagt til Justis- og beredskapsavdelinga. Desse sakene er ikkje del av plansamordninga.

Fylkesmannen arrangerte regional plankonferansen saman med Møre og Romsdal Fylkeskommune i november. Målgruppe for konferansen var primært planleggarar og byggesaksbehandlarar i kommunane. Konferansen samla 130 deltakarar frå 32 av 36 kommunar i fylket. I tillegg var det også deltakarar frå regional og statleg forvaltning, utbyggarar, kommune- og fylkespolitikarar, private konsulentar, utdannings- og forskingsmiljø m.v.  

Aktuelle deltema omfatta m.a. nærare gjennomgang av teori og praksis i samband med lovverk og rammevilkår, universell utforming, klima i endring - og samfunnstryggleik i arealplanlegginga. Fleire av dei faglege innlegga på konferansen understreka behovet for tettare samarbeid og samordning på tvers av både fagmiljø og forvaltningsnivå. 

Ved embetet blir det utarbeidd eigen kvartalsvis statistikk og rapportering knytt til plansaksbehandlinga. Oppsummert viser oppgåvene knytt til plansamordning i 2018 at:

- aktiviteten på plansida er stor med t.s. 1208 plan- og dispensasjonssaker (ekspedisjonar/utg. høyringsbrev), fordelt på 419 plansaker og 789 disp.saker

- det er stor breidde og variasjon i sakene i forhold til både innhald og kompleksitet; dei fleste plansakene har ein klar tverrfagleg karakter og er avhengig av innspel frå ulike fagavdelingar og fagmiljø hos FMMR i samband med høyringssvar og vidare dialog

- plansakene og dispensasjonssaker fordeler seg svært ulikt på kommunane; nokre kommunar har vesentleg større aktivitet og fleire saker enn andre

- talet på disp.saker har auka kvart år frå 533 saker i 2013 til 789 i 2018; dette til trass for at fleire av kommunane i same periode har vedtatt ny, oppdatert KP arealdel

- talet på motsegner i arealplansaker ligg litt lågare enn tidlegare år; flest motsegner knyter seg til manglar i samband med Støyvurderingar og  ROS/klimatilpassing, men det er også mange motsegner til tema som Barn og unge og Natur/miljø/landskap

- tidleg medverknad og dialog undervegs i planprosessane gjer at konfliktar kan avklarast og løysast tidlegare; færre arealplansaker går til mekling

- kompetanse og kapasitet på planområdet varierer mykje kommunane i mellom; utfordringane i forhold til dette er gjerne størst i dei minste kommunane

- FMMR har eit tett samarbeid med fylkeskommunen på plansaksområdet; dette omfattar både kurs, konferansar, nettverkssamlingar, regionalt planforum – samt uformell kontakt gjennom den løpande plansaksbehandlinga

- kommuneplanen som styringsverktøy i kommunalt utviklings- og omstillingsarbeid er styrka; fleire kommunar har som ledd i dette fått på plass oppdaterte kommuneplanar med samfunns- og arealdel

- kommunane har utarbeidd planstrategiar for perioden 2016 – 2020 der koplingane til kommunereformarbeidet og etablering av nye kommunar har stått sentralt; alle fagavdelingane hos FM har her bidratt aktivt med innspel i våre høyringsbrev

- forsøket med statleg samordning av motsegn til kommunale planar har gitt Fylkesmannen ei utvida rolle i forhold til plansamordning; forsøkperioden med deltaking frå FMMR har gått ut 2017 og er innført som ei permanent ordning frå 01.01.2018.

Kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel relevante kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning: 100 %.

Vi har prioritert innspelfasen og tidleg medverknad i alle plansaker. Vi medverkar tidleg gjennom tilbakemelding ved oppstart av alle planar og gjennom fast deltaking i regional planforum.Gjennom dialog og rettleiing har vi lagt stor vekt på løpande kontakt undervegs i planprosessane. Vi har gitt fråsegn i 100 % av sakene.


Kommuneplanen som styringsverktøy i kommunalt utviklings- og omstillingsarbeid er styrka; fleire kommunar har som ledd i dette fått på plass eller er i prosess med oppdaterte kommuneplanar med samfunns- og arealdel. Det langsiktige, strategiske og tverrfaglege perspektivet i det kommunale planarbeidet er styrka. I forhold til kommunereforma med nye kommunale oppgåver og bygging av nye kommunar, vil dette vere av stor betydning. 

 

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Mekling i planer med uløste innsigelser: 100 %.

FMMR har i 2018 behandla 1208 plan- og dispensasjonssaker. Dette fordeler seg på 419 plansaker og 789 dispensasjonssaker. Talet på motsegner i arealplansaker ligg om lag på nivå med tidlegare år. Fylkesmannen har i 2018 fremma motsegn til 69 planar; t.s. 61 reguleringsplanar og 8 kommune(-del)planar. I forhold til tema knytt til motsegn, ser vi at dei same kategoriane går igjen med kategoriane   Forureinng/Støy og ROS/Samfunnstryggleik/klima på topp. Mange av motsegner har elles preg av å vere av meir «plan-teknisk» karakter. Typisk her er manglar eller uklare punkt knytt til kunnskapsgrunnlag, plankart  eller planføresegner. På bakgrunn av Fylkesmannens høyringsbrev er dette forhold i planen som raskt blir retta opp gjennom vidare oppfølging og dialog mellom partane. 

Fylkesmannen har i 2018 gjennomført eitt meklingsmøte. FMMR var sjølv part i denne. Fylkesmannen har lagt vekt på at konflikter og motsegner i større grad blir løyste undervegs i planprosessen gjennom dialog-/forhandlingsmøte mellom dei involverte partane. Gjennom dette har ein lykkast å finne løysingar utan å ta saka til mekling.

 I 2018 har det vore ei oversendingssak til KMD; RP Fremste Teigane i Hareid kommune.  MR fylkeskommune hadde motsegn til deler av planen grunna automatisk freda kulturminne.  Det vart ikkje gjennomført mekling i forkant.  Det har vore gjennomført synfaring med KMD, KLD og RA. Saka er for tida til behandling i KMD. 

Reduksjon i omdisponering av dyrka jord (fra kapittel 3.1.1.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponering av dyrka jord frem mot 2020, i tråd med  det nasjonale jordvernmålet.

Landbruksavdelinga arbeider både strategisk og praktisk for å oppfylle vår del av det nasjonale målet.

Innrapporteringa har klare manglar.  Areal som går bort til landbruksføremål (bygningar, vegar mm) kjem ikkje fram, og vi etterlyser også fokus på areal som går ut av aktiv drift.

Jordbruksareala i Møre og Romsdal går ut gjennom kommuneplanens arealdel. Det er lite som blir omdisponert som dispensasjonssak. Terskel for å klage er lav, og i dei fleste sakene som blir prøvd har settefylkesmannen sagt seg samd i vurderingane som er gjort av Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

I plansaker viser vi konsekvent til nasjonal jordvernstrategi og jordvernmålet på 4000 dekar, samt til det regionale jordvernmålet på 200 dekar som Fylkestinget har vedteke gjennom landbruksmeldinga. Vi løftar også fram dei nasjonale måla om sjølvforsyningsgrad og matproduksjon, og vi peikar på jordvern som bereidskapstiltak. Desse emna er også viktige i møter med kommunane og som tema i opplæringa av politikarar. Vi legg vekt på kome tidleg inn i prosessane, og vi brukar heimsidene våre for å få ut relevant informasjon.
Planlegging av nytt sjukehus i Molde har vore utfordrande både i 2017 og 2018. Dette gjeld m.a. reguleringsplanen for E39 Lønset-Hjelset.

Det er også utfordrande at kommunane brukar statlege retningsliner for samordna bustad,- areal og transport  til å rettferdiggjere utstrakt nedbygging av sentrumsnært landbruksareal der den beste matjorda ligg. Per dags dato ser ikkje denne problemstillinga ut til å avta som ein tydeleg konfliktinteresse i Møre og Romsdal.

Det ser ut som nedbygginga i Møre og Romsdal vil ligge over ambisjonen om maksimalt 200 dekar i fleire år framover. Kommunane skal gjennomføre reguleringsplaner basert på eldre kommuneplaner der jordvernet ikke var tilstrekkeleg prioritert. Vi har også døme på  nyare planer der statlege planretningslinjer har trumfa nasjonal jordvernstrategi, jf. 4.3 og 4.7 i planretningslinjene.



Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer (fra kapittel 3.1.1.1.1.6 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer og løsninger skal ivaretas.

Alle kommunar som har presentert planprogram for Fylkesmannen, anten i regionalt planforum eller på anna måte, har blitt utfordra på bustadsosiale utfordringar og løysingar. Kommunane har blitt oppmoda til å ta slike omsyn  i kommuneplanens samfunnsdel.
Vi samarbeider tett med Husbanken om bustadsosialt arbeid.

I 2018 vart det i alt behandla 419 plansaker. Fleire tema knytt til helse- og sosialfeltet inngår som faste sjekkpunkt i plansaksbehandlinga. Her blir m.a. dei sosiale tenestene løfta fram som ein del av kommunen sitt samla velferdsansvar. Vi peikar på NAV som ein viktig samfunnsaktør og samarbeidspart, Bolig for velferd og Husbankens digitale vegvisar.

 

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante planer (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante regionale og kommunale planer.

Dei statlege planretningslinjene blir aktivt spelt inn i våre fråsegner til oppstart av planarbeid og ved offentlege høyringar. Dei statlege  planretningslinjene inngår som fast sjekkpunkt i alle arealplanar til høyring. Vi har i 2018 fremma motsegn til 2 kommuneplanar og 3 reguleringsplanar med dette som tema. Vi deltar i arbeidsgruppe og for prosjektet Klima, areal- og transportplan for Ålesundregionen.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle planer etter plan- og bygningsloven er vurdert med hensyn til samfunnssikkerhet, herunder klimaendringer. 

  • Vi vurderer samfunnstryggleik, inkludert klimatilpassing, i alle saker vi får på høyring. Dette er eitt av dei tema der vi har flest merknader/motsegner.  
  • Alle kommunane har rutinar for å vurdere samfunnstryggleik i sine kommune- og reguleringsplanar, og ROS er ein integrert del av planane til kommunane. Kvaliteten på ROS-vurderingane er i stadig betring.  
  • Med byggteknisk forskrift sine krav til tryggleik mot hendingar som flaum og skred sit få, om nokon, i kommunane på kompetansen til å avdekke reell fare. Konsulenttenester må derfor kjøpast inn, og fleire har påpeika at desse tenestene ser ut til å bli dyrare (og må nyttast oftare).
  • Det er variabel kvalitet på skredfarevurderingane vi ser, og vi saknar at nokon får eit tydeleg ansvar for kvalitetssikring av vurderingane, kanskje NVE?
  • Tilgang til fylkesgeolog er eit sakn i kommunane og for oss.

3.1.1.2 Informasjon og veiledning er tydelig og målrettet

Gjennom informasjon og prosessarbeid, overfor kommunane som barnehagemyndigheit og kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar, har vi hatt som mål å forankre både Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver og endringar i andre styringsdokument.  Vi har nytta faste, etablerte møteplassar gjennom heile året for å sikre forankringa og for å forplikte og skape engasjement.  Vurderinga vår er at vi har nådd måla vi har sett oss for 2018, jf. Implementeringsplan for Rammeplanen, og at vi er i ein prosess som etter planen også held fram i 2019.

Oppfølging av bhgmynd med bhgeiere som ikke har tatt i bruk rammeplan (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle barnehagemyndigheter med barnehageeiere som ikke har tatt i bruk ny rammeplan, skal ha fått nødvendig oppfølging.

For å identifisere ev. barnehagemyndigheiter som har barnehageeigarar med barnehagar som ikkje har tatt i bruk ny rammeplan, har vi mellom anna gjennomført ei spørjeundersøking (Quest-back).  Svara frå kommunane som barnehagemyndigheit (30 av 36 kommunar har svart) sannsynleggjer at alle eigarane i desse kommunane er godt i gang med implementering av ny rammeplan.  I tillegg har ein gjennom arbeidet i den breitt samansette "Rammeplangruppa", og gjennom  arbeidet med implementeringsplanen, hatt som mål å sikre iverksetting av rammeplanen.  Implementeringsplanen omhandlar m.a. kunnskap om implementeringsprosessar, fordeling av roller og ansvar og ei tiltaksoversikt.  Gjennomgåande tiltak har vore halvårlege, regionale konferansar for sektoren. I konferansane har vi retta søkjelyset mot ulike og nye fagområde.  Fagområda er valde utifrå vurderingar knytt til søknader og rapportar frå barnehageigarar dei siste åra. Samtidig har vi og vurdert val av tema i forhold til tidlegare evalueringar om kva fagområde det blir arbeidd med/ikkje arbeidd med i barnehagane.   Dei regionale konferansane har hatt stor deltaking og målgruppe har vore barnehageansvarlege på kommunenivået, PPT, styrarar i barnehagane og høgskuletilsette ved lokal UH.  På bakgrunn av denne aktiviteten, i tillegg til rettleiing per telefon og e-post, og tema på fagsamlingar og møte, vurderer vi å ha nådd alle barnehagemyndigheiter med nødvendig oppfølging.

3.1.1.3 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Vi gjennomfører kvart år ein fagdag med kommunale beredskapsmedarbeidarar. Det var to tema som prega samlinga i 2018. NATO-øvinga Trident Juncture påverka fleire av våre kommunar. Totalforsvarskonseptet og vertslandstøtte i samband med at Noreg tok i mot NATO i vårt område var difor sentralt. Vidare satt vi fokus på atomberedskapen i kommunane, og hadde ein representant frå strålevernet som orienterte. I tillegg er gjensidig orientering og erfaringsdeling sentralt i fagsamlinga.

Fylkesmannen arrangerte hausten 2018 ein plan- og byggesakskonferanse for kommunale planleggarar, byggesakshandsamarar og private konsulentar i fylket. Samfunnstryggleik, inkludert klimautfordringar, var hovudtema den eine dagen. Vi bidrog og på NVE si fagsamling i fylket med innlegg om samfunnstryggleik i plan- og byggesakshandsaminga.

VI har gjennomført fleire øvingar for kommunane, både mindre varslingsøvingar, og øving for kommunanes kriseleiing der alle kommunane hadde tilbod om å delta.

I samband med NATO-øvinga Trident Juncture, har vi hatt fokus på å understøtte kommunane i deira førebuing og handtering av vertslandstøtte i samarbeid med andre regionale aktørar, særleg HV11.

Vi har også i år handtert risikoen for fjellskred frå Veslemannen i Romsdalen, i lag med Rauma kommune og dei andre aktørane i Fylkesberedskapsrådet.

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

På bakgrunn av bestemmelser i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt, skal Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Vi har gjennomført tilsyn med sju kommunar i 2018. To tilsyn som var planlagt hausten 2018, vart utsett til vinteren 2019. Dette med bakgrunn i ressurssituasjon internt (NATO-øvinga) og etter ønske om utsetting frå kommunane.

Tilsynet rettar seg mot leiinga i kommunen (Ordførar og Rådmann), samt beredskapskontakten. Vi er på andre runde med tilsyn med oppfølginga av lov og forskrift om kommunal beredskapsplikt. Inntrykket er at dei fleste kommunane no har heilskapleg ROS-analyse på plass, sjølv om vi fortsett finn nokre avvik på dei spesifikke krava til analysen.

3.1.1.4 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Vi har gjennom tilsyn, klagesaker og i dialogen med NAV kontor sett at behov for kunnskap og kompetanse om sosialtenestelova fortsatt er stort. Kommunene har etter sosialtenestelova § 6 eit ansvar for at den som utfører dei sosiale tenestene har god nok kompetanse til dette. Som tidlegare år er vårt inntrykk at ikkje alle kommunar sikrar dette ved tilsetting, men at det skjer gjennom intern opplæring og deltaking på våre kurs og kompetanseaktivitetar. Vår erfaring er at dette ikkje er nok til å sikre god forståing og bruk av sosialtenestelova. Vi påpeikar dette i tilsyn og etterlyser kompetanseplanar. Vi ser at dette ansvaret i stor grad blir overlatt til NAV leiar som ikkje alltid klarer å sikre nødvendig kompetanseheving til dei som treng det. I Møre og Romsdal har vi mange NAV kontor som har organisert arbeidet med at statleg og kommunalt tilsette utfører oppgåver på både statleg og kommunalt arbeidsområde. Dette krev et høgt kompetansenivå som kanskje er urealistisk å forvente, men som like fullt er eit krav slik at dei som har behov for tenester etter sosialtenestelova blir identifisert og får forsvarlege tenester.

Alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter, med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

I 2018 har vi hatt 2 dagars innføringskurs i sosialtenestelova der "nye i NAV" fikk prioritet og også andre med lengre erfaring fekk delta. I tillegg har vi gjennomført i alt 5 fagdagar med fordjupning i aktuelle problemstillingar som NAV kontora sjølv har meldt inn. Dagane er planlagt og gjennomført i tett samarbeid med 6 kontaktpersonar i tre forskjellige NAV kontor. I fjor var eit av fleire tema §§ 20 og 20a. samt en fagdag i tillegg. Etter dialog med NAV kontor var tema i 2018:

- EØS borgarar sin rett til sosiale tenester § 2.

- Opplysning råd og retteing § 17.

- Vanskelege saker om økonomisk stønad etter §§ 18 og 19.

Det har blitt arrangert grunnkurs over 2 dagar i økonomisk rådgiving med regionkontakt hos Fylkesmannen i Hordaland som fagleg ansvarleg. Vi har gitt økonomisk tilskott til drift av 3 nettverk for økonomiske rådgivarar. Desse har arrangert fleire samlingar, både innanfor kvart nettverk og felles samlingar for alle nettverka.

Der § 20 og 20a er tema i klagesaker har vi skrive eige brev og forklart der vi ser at §§ er handert feil. Vi har og drøfta på telefon.

I tillegg er sosialtenestelova tema på de fire NAV-leiarsamlingane vi har saman med NAV Møre og Romsdal.

Vidare samhandlar vi med NAV MR om NY i NAV der sosialtenestelova er tema på dag 1 veien til arbeid og velferd.

Når det gjeld retten til Kvalifseringsprogram er den tema på dei arenane det er muleg. Meir om dette lenger ned i rapporten.

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. Opplæringen skal vektlegge kravet om å gjøre individuelle vurderinger i den enkelte saken og at barneperspektivet i de sosiale tjenestene ivaretas.

Fylkesmannen har også i 2018 hatt stort fokus på tilgjengelege sosiale tenester. Dette blei  særlig aktuelt etter at NAV sin kanalstrategi ble innført. Vi har tidlegare sendt brev til kommunane om dette, og har ved fleire høve hatt det som tema i NAV ledermøter, og våre opplæringsaktiviteter. Temaet er også håndtert i dialogen med NAV region. Det same gjeld konkrete individuelle vurderingar, men vi har ikkje skreve eige brev til alle, men det blir handtert i klagesaker og våre tilsyn. Vi har gjennom fleire år hatt stort fokus på barneperspektivet i sosialtenestesaker og er ein del av FMMR si satsning "Betre oppvekst". I sosialtenestegruppa har vi i 2018 kartlagd alle klagesaker (2017 og 2018) der klagar har barn. Vi har gått igjennom eigne vurderingar og om vi sjølv er flinke nok med barneperspektivet og om vi har nok informasjon til å ivareta dette. Dette har ført til fleire opphevingar av klagesaker og fleire følgebrev der vi gjev føringar kva angår barna. Vi har også endra vårt eige følgjeskriv til klagesakene slik at NAV kontora sjølv får vurdere om saka er godt nok opplyst før den vert sendt til oss. Vi har og deltatt i det nasjonale prosjektet "barneperspektivet i NAV". I tillegg har vi med barneperspektivet i våre opplærings- og møteaktivitetar.

Antall kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og annen veiledning er avdekket særlig utfordringer.

Etter ROP tilsynet har vi gitt tilbod om eigen fagdag for 3 NAV kontor. Denne blei gjennomført i september. Vidare har vi hatt møte med eit anna NAV kontor, etter fleire klagesaker der vi såg en del feil. Som nevnt tidlegare, skriv vi følgebrev i saker der vi ser feil og manglar, også i saker der vi stadfestar aktuelt klagetema, men der vi ser manglar i handteringa av lova. Vi gir også veiledning på telefon og e-post. Vi vurderer også tilsynssak der det er nødvendig, og kontor som har særlege utfordringar kan også bli plukka ut når vi har systemrevisjon.

3.1.1.5 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Tiltak for å nå resultatmål er samordna og gjennomført. Kapasiteten i kommunale helse- og omsorgstenester er noko betre, men det er framleis behov for vidare styrking av tenestene. Dette gjeld særleg tenester til sårbare grupper.

Overfor kommunal leiing har fylkesmannen understreka behov for å sikre at tenestene er forsvarlege og trygge. Vi påpeikar i alle "møte" med kommunane at heilskapleg planlegging, systematisk vurdering av behov, samt samarbeid med brukarane er naudsynt for å oppnå rett dimensjonering av tenester og effektiv bruk av ressursar. 

Tilskot til Kommunal kompetanse og innovasjon er av stor betydning for kvaliteten på tenestene i fylket, 36 av 36 kommunar søkte på ein eller anna form av dette tilskotet i 2018. Vi har prioritert dei kommunane som søkte på kompetansehevande tiltak knytt til psykisk helse og rus, jf. nasjonale føringar.  

Fylkesmannen har gjennomført møte om Kompetanseløftet 2020 med kommunane og akademia i 2018, her får kommunane komme i dialog med akademia med sine utfordringar og behov. Dette er eit treffpunkt som har vist seg særleg verknadsfult der studieretningar, desentraliserte studier etc. har blitt endra og nye oppretta. Ein har bl.a. fått starta opp desentralisert studietilbod i sjukepleie og vernepleie gjennom Høgskulen i Molde, avd. Kristiansund.

Fylkesmannen har gjennomført omsorgskonferanse og demenskonferanse med fokus på kvalitet i tenestene. Her får kommunane høve til få å fagleg "påfyll samt å dele erfaringar frå ulike prosjekt og innovative satsingar.

Det vart ikkje gjennomført Smittevernkonferanse i 2018. Ny konferanse er under planlegging i 2019.

Somatisk helsehjelp med bruk av tvang

Vi har gjennomført fleire tilsyn med pasient- og
brukarrettigheitslova kapittel 4A som tema. I etterkant av tilsynet vart det gjennomført fagdag for ein av kommunane for å auke kunnskapen hjå dei tilsette.
Personsentrert omsorg var og eit tema på årets demenskonferanse, som tiltak som kan redusere bruken av tvang.

IPLOS

På haustens IPLOS-konferanse deltok helsepersonell frå dei fleste kommunane i fylket. Vårt inntrykk er at kommunane er opptatt av å nytte IPLOS som eit ledd i kartlegging av pasientar og som styringsverktøy. Tilbakemeldingar er at opplæring knytt til IPLOS er mangelfull i kommunane. Det kan vere ei av årsakene til at helsepersonell oppfattar  spørsmåla i IPLOS ulikt. Vurderingane kan vere ulike grunna lite bruk av tverrfagleg kompetanse.  Internt i avdelinga har vi hatt gjennomgang av IPLOS kriterier og bruk av IPLOS i sakshandsaminga.

Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering.

Fylkesmannen var medarrangør på Rehabiliteringskonferanse i 2018, med fokus på brukar sine mål og ressursar, og «Kva er viktig for deg?».  Ein har årleg møte med overordna fagleg ansvarlege i kommunane knytt til Helse- og omsorgstenestelova kap.9. I 2018 var tema .a. kva som skal til for å fylle kompetansekrava.

Menneske med utviklingshemming utgjer ein særleg risikogruppe knytt til seksuelle overgrep. På tross av dette er det få overgrepssaker som blir anmeldt. Eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Politiet/Statens barnehus, Seksjon for spesialisert habilitering Sunnmøre og Seksjon for spesialisert habilitering Nordmøre og Romsdal hadde ein fagdag knytt til handtering ved mistanke om seksuelle overgrep mot vaksne med utviklingshemming.

Helsestasjon og skolehelseteneste

I samarbeid med Helsedirektoratet arrangerte vi i mars ein fagdag for helsesøstre og legar ved helsestasjon. Vi hadde då gjennomgang av dei nye retningslinene for helsestasjons –og skulehelsetenesta, helsestasjon for ungdom, spedbarnsernæring og dialog rundt dette.

Vi arrangerte og fagdag med tema miljøretta helsearbeid og fokus på godkjenning av skular og barnehagar. På begge fagdagane var det god oppslutning og nær alle kommunar var representert.

I samarbeid med RVTS har vi medverka i arbeidet med revitalisering av handlingsplan mot vald i nære relasjonar i interkommunalt samarbeid rundt eit av tre krisesenter i fylket. Det same arbeidet har og starta rundt eit av dei andre krisesentra.

 Fylkesmannen har tildelt skjønnsmidlar til bruk i dette arbeidet.

Psykisk helse og rus.

Fylkesmannen har i samarbeid med KoRus og NAPHA ei årleg nettverksamling for fagfeltet psykisk helse og rus. I 2018 var tema tvang, etikk og samhandling.

Etter ROP tilsyn i kommunane har Fylkesmannen gjennomført to Erfaringskonferansar med formål å gi kunnskap om kva tenestene til ROP-pasientane i kommunane skal innehalde, med utgangspunkt i nasjonale føringar. Det er viktig å dele erfaringar frå gjennomførte tilsyn i fylket.

Velferdsteknologi

Som ledd av innflytting i nytt og moderne Helsehus i Rauma kommune arrangerte Fylkesmannen i samarbeid med kommunen ein fagdag med tema livskvalitet og teknologi i omsorgstenesta.

Det er 30 kommunar som tar del i det Nasjonale velferdsteknologiprogrammet, viser og til pkt. 7.3.3.1.1.

Leve Heile Livet

Fylkesmannen etablerte hausten 2018 eit regionalt støtteapparat, som består av Fylkesmannen, USHT og KS. Fylkesmannen orienterte om Leve Heile Livet  i ulike konferansar og møter, mellom anna i KS sin Årskonferanse, Fylkesmannens Plankonferanse og samling for Frisklivssentralane. Fylkesmannen var medarrangør på Inspirasjonsdagen Matglede for alle eldre. Vi har også gjort forankringsarbeid i eige embete og planlagt dialogmøter med kommunane om reformen i januar og februar 2019.

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)

Fylkesmannen har eit nært samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester. Gjennom samarbeidet medverkar Fylkesmannen til at det skjer kvalitetsutvikling i helse- og omsorgssektoren, m.a. gjennom gode konferansar og læringsnettverk.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene har politisk vedtatt planer for å møte fremtidens utfordringer på helse- og omsorgsfeltet, bl.a. kompetanse- og rekrutteringsplaner.

Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har lagt planer for å møte framtida sine utfordringar, men dei er ulike i detaljeringsgrad og perspektiv. Helse- og sosialavdelinga gir innspel til alle kommunale planstrategiar, og ofte til andre planar knytt til våre fagfelt. Vi gir det klare rådet at kommunane bør utarbeide ein heilskapleg plan for eit samla helse- og omsorgsfelt.

Det er mange kommunar som held på med tilpassingar og revisjon av sine planar knytt til kommunesamanslåing og nye samfunnsplaner i samband med kommuneval 2019. Fylkesmannen har gitt skjønnsmidlar og oppfordra til at arbeidet skal være ferdig innan utgangen av 2020.

Kommunens planarbeid er ofte tema på treffpunkt Fylkesmannen har med kommunane. 

Flere kommuner enn i (fra kapittel 3.1.3.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner enn i 2017 gir dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens .

I 2018 hadde 29 av 36 kommunar dagaktivitetstilbod til personar med demens. Fleire kommunar av dei som ikkje har eit dagaktivitetstilbod til personar med demens, gir dagtilbod saman med andre brukarar.

I 2018 var det totalt 282 heile dagplassar til 502 personar med demens.

Alle kommunane er informert om den øyremerka tilskotsordninga, og nokre kommunar har tilbod med fleksible løysingar på kveld og helg. 

Flere plasser med dagaktivitet (fra kapittel 3.1.3.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Flere plasser med dagaktivitetstilbud for personer med demens sammenliknet med 2017.

I 2018 var det 502 heimebuane personar med demens som fekk eit dagaktivitetstilbod, jf. Helsedirektoratet sine rapportar. I 3. tertial 2017 var det 518, det viser ein liten nedgang i 2018.

Tala for 2018 viser samstundes at det er 7 kommunar som har oppretta nye plassar for til saman 78 brukarar.

Kommunane har høgt fokus på brukargruppa heimebuande personar med demens, og enkelte kommunar har starta opp med fleksible løysingar.

Det er fleire kommunar som har eit aktivitetstilbod enn det som kjem fram av Helsedirektoratet sine rapportar. 

Personell i helse- og (fra kapittel 3.1.3.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Personell i helse- og omsorgstjenesten har fått økt grunn- og videreutdanningsnivå sammenlignet med 2017.

Kommunane i Møre og Romsdal har ei samla auke på 568 årsverk i den kommunale helse- og omsorgstenesta frå 2015 til 2017, som er 6,3 % auke.  Utdanningar med størst endring med auka årsverk i helse- og omsorgstenesta er servicefunksjonar, barne- og ungdomsarbeidar, miljøterapeut, jordmor, sjukepleiar med anna spes./vidareutdanning, sosionom og vernepleiar. Det er 12 av 36 kommunar som har ein nedgang i årsverk for sjukepleiarar i perioden frå 2015 til 2017, medan det er ei auke på 5%  for dei andre 24 kommunane i fylket.
Tal på årsverk i brukarretta tenester med fagutdanning i fylket samla, har gått ned med 1 % frå 2016 til 2017, og er no 75 %. Vi ligg framleis litt over landsgjennomsnittet som viser 74 %.
Fylket har samla sett ein høgare andel helsefagarbeidarar og sjukepleiarar som er 55 år og eldre i den kommunale helse- og omsorgstenesta, enn landsgjennomsnittet. Vi ligg  8% høgare enn landet for helsefagarbeidarar, og 1,8 % høgare for sjukepleiarar. Søknad om tilskot til formalkompetanse for 2018 var svært høg og Fylkesmannen prioriterte tildeling til formell kompetanse.
Kostra tal for 2018 føreligg ikkje enno.
Årsverk for legeteneste og fysioterapeut i institusjon viser nedgang frå 2015 til 2017, noko ein og ser for landet samla.  

Økt ressursinnsats (fra kapittel 3.1.3.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Økt ressursinnsats i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid sammenlignet med 2017, jf. vekst i  kommunerammen på 300 mill. kroner til styrket innsats på rusfeltet i 2018.

På landsbasis er det 46% av kommunane som seier dei har nytta den auka ramma til styrking av rusfeltet i kommunen. Møre og Romsdal ligg her på landsgjenomsnittet med 47%. Kontrollert opp mot kommunestørrelse viser statistikken at forskjellane ikkje er store mellom fylkene. Rapporten IS 24/8 viser i denne samanheng til Nordland, som på grunn av mange små kommunar kjem dårleg ut. Det same vil gjelde for Møre og Romsdal som og har ein høg andel av småkommunar.

Økt andel av pasienter (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt andel pasienter med behov for habilitering- og rehabilitering mottar tjenester i kommunene sammenliknet med 2016 (tekst endre noe i forbindelse med første felles supplerende tildelingsbrev for 2018).

(Resultatmålet slettes fordi det i dag ikke finnes gode tall på dette. Det er mulig å finne tall på antall mottakere av hab/rehab i IPLOS, men det kan Helsedir ta ut selv. Det finnes flere andre resultatmål på hab/rehab i tillegg til egen rapportering under kap. 7)

Resultatmålet er slettet av helsedirektoratet

Flere kvalifiserte årsverk (fra kapittel 3.1.3.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere kvalifiserte årsverk enn i 2016 arbeider innen habilitering og rehabilitering i kommunene.

Jf. e-post frå Helsedirektoratet v/ S. Gjønnes, datert 14.12.2018 går dette rapporteringskravet ut, grunna at det ikkje er mogeleg å skaffe fram tal.

Minst ett innsatsområde (fra kapittel 3.1.3.1.2.3 i TB)

Rapportere på

Minst 75 % av kommunene rapporterer forbedring på innsatsområder/tiltak i opptrappingsplanen 2017-2019 sammenlignet med 2017.

Kommunane i Møre og Romsdal har fokus på habilitering og rehabilitering, og gir tilbod på områda. Det er stor skilnad på korleis tenestene er organisert, og det er ulikt korleis koordinerande eining er plassert.  Det er etablert nettverk med koordinerande eining for kommunane og Helse Møre og Romsdal. Fylkesmannen deltek i dette nettverket. 30 av 36 kommunar og 4 sjukehus er med i Læringsnettverk «Gode pasientforløp for den multisjuke eldre pasient».

Det er  12 av 36 kommunar som har fått tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering i kommunane knytt til Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering i 2018. Det er fleire kommunar som har starta opp med kvardagsrehabilitering og kvardagsmeisting.

Helsedirektoratet gjennomførte ein Questback hausten 2017, og her svarte 55,6% av kommunen at dei har ein plan for habilitering og rehabilitering. Dei fleste av planane er politisk handsama. Av dei som ikkje hadde plan på området, svarte 25% at ein plan var under utarbeiding. Ny questback knytt til Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering skal gjennomførast i 2019.  Ut frå dette kan det sjå ut som at ca 80% av kommunane i Møre og Romsdal har forbedra området.

3.1.1.6 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Det er 62 % av kommunane i Møre seier opptrappingsplanen har hatt direkte innveknad på utforming av kommunalt rusarbeid.  Det er i auke på 3,7% i tal på årsverk i fylket. I alle høyringar av planstrategiar, samfunnsplanar kommunale delplanar innan helse omsorg og levekår er rusfeltet omtalt for å trekke under behovet for heilskapleg tenkning på rusfeltet.
Fylkesmannen smarbeidar tett med kompetansesentra, spesielt på rusfeltet. Det er kvart å utarbeid ein felles handlingsplan. NAPHA, RVTS, KoRus og fylkesmannen arrangerar ei felles netverksamling for fagfelta rus og psykisk helse for både kommunane og spesialisthelsetenesta. Målet er å fremje samhandling og etablere felles kunnskapsgrunnlag. Tilgrensa områder vert tatt inn i desse samlingane. For 2019 er programmet lagt, med tema vald i nære relasjonar.
 IS24/8 viser til at det i dei minste kommunane er størst sårbarheit for å få på plass eit systematisk rusarbeid. Samstundes viser den til  at samhandlinga i dei minste kommuane auker prosentivis mest. Med halvparten av kommunane under 5000 i vårt fylke er det ei av årsakane  til Møre og Romsdal scorer lavt på nokre av resultatmåla.

Det er 62 % av kommunane i Møre seier opptrappingsplanen har hatt direkte innveknad på utforming av kommunalt rusarbeid.  Det er i auke på 3,7% i tal på årsverk i fylket. I alle høyringar av planstrategiar, samfunnsplanar kommunale delplanar innan helse omsorg og levekår er rusfeltet omtalt for å trekke under behovet for heilskapleg tenkning på rusfeltet.
Fylkesmannen smarbeidar tett med kompetansesentra, spesielt på rusfeltet. Det er kvart å utarbeid ein felles handlingsplan. NAPHA KoRus og fylkesmannen arrangerar ei felles netverksamling for fagfelta rus og psykisk helse for både kommunane og spesialisthelsetenesta. Målet er å fremje samhandling og etablere felles kunnskapsgrunnlag. Tilgrensa omsåder vert tatt inn i desse samlingane.
IS24/8 viser til at det i dei minste kommunane er størst sårbarheit for å få på plass eit systematisk rusarbeid. Samstundes viser den til  at samhandlinga i dei minste kommuane auker prosentivis mest. 
Fylkesmannnen samarbeidar nært med Husbanken, konkretisert gjennom samarbeidsavtale og handlingsplan. Eit av innsatstsområda er ROP-pasientar.

90 % av kommunene har kartlagt (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

90% av målgruppen er kartlagt for å belyse rusmiddelsituasjonen fylkets kommuner gjennom BrukerPlan eller annet kartleggingsverktøy.

23 av 36 kommunar (67%) i fylket har kartlagt rusmiddelsituasjonen ved hjelp av Brukarplan. Alle kommunane har kartlegging i Ungdata og dei fleste av dei har gjennomført kartlegging i 2017 og 2018. Fylkesmannen har i samarbeid med KoRus presentert BrukerPlan i alle relevante fora, deltatt på introduksjonsmøter om Brukerplan og bedt kommunane bruke verktøyet i samanheng med søknad og tilskot til kommunalt rusarbeid. I ROP- tilsynet vart Brukarplan  brukt som grunnlagsdokumentasjon.I erfaringskonferanse etter tilsyna vart det vist til BruklarPlan som eit nødvendig verktøy for å kunne planlegge gode tenester framover. Like fullt ser vi at kommunane i fylket ikkje responderer slik vi ønsker. Mange meiner dei gjennom dialog har den oversikta dei treng for å kunne legge til rette for individuelle og heilskaplege tenester til denne gruppa.  Fylkesmannen kan ikkje pålegge kommunane å nytte slike verktøy, berre anbefale.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene sikrer brukermedvirkning i tjenesteutvikling innen rus- og psykisk helsefeltet.

IS24/8 viser til at om lag ein tredel av kommunana nasjonalt viser til at dei i svært stor eller stor grad involverar brukarane. Det er større del av dei små kommunane som svarer positivt på dette. På tross av at Møre og Romsdal har mange kommunar under 5000 innbyggarar, scorar kommunane i fylket ikkje høgt på dette området. 11 av 18 fylke har betre eller lik score. Vi har ikkje konkrete tal på dette området som kan presenterast i tabellen, kun eit anslag. Når det gjeld tilskot, viser vi til punktet før. (3.1.3.2.1.1.)

Et større antall personer med rus (fra kapittel 3.1.3.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Et større antall personer med rus- og/eller psykisk helseutfordringer har tilfredsstillende botilbud enn i 2017.

Det har vore ei svak endring i talet på tilfredsstillande butilbod i fylket sidan 2017 jfr Brukarplan. Det har gått ned frå 76% til 73 %. Same tendens ser vi i IS-24/8

Bedre kvalitet i tilbudet til personer (fra kapittel 3.1.3.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Bedre kvalitet i tilbudet til personer med psykisk helse- og/eller rusproblemer gjennom kunnskapsbaserte metoder  herunder etablering av flere aktivt oppsøkende behandlings- og oppfølgingsteam etter modell av ACT/FACT-team, Individuell jobbstøtte/ Jobbmestrende oppfølging og Rask psykisk helsehjelp enn i 2017.

Gjennom forvaltning av tilskotsordninga Tilbod til vaksne med langvarige og samansette behov for tenester og born og unge med samansette hjelpebehov Kap.0765post 60, har Fylkesmannen prioritert oppretting og drift av ACT- og FACT-team. Heile fylket er no dekt opp med 4 team. FACT Nordmøre er framleis i oppstartfasen som forprosjekt medan dei andre er komne over i driftsfasen (FACT-Romsal, ACT-Sunnmøre og ACT-Volda).  I tillegg var det i 2018 tildelt midlar til FACT-Ung Nordmøre som eit forprosjekt. Dette var i nært samarbeid med Helsedirektoratet som vil følgje opp med vegleiing undervegs. Samla vart det tildelt kr 7 798 385,- gjennom ordninga. Tildeling knytt til ACT/FACT-team utgjorde 60,5% av den samla tildelinga. Dei andre tiltaka (39,5%) knytt til ordninga har stort fokus på samordna kommunale tiltak til born og unge.

Flere kommuner har etablert (fra kapittel 3.1.3.2.1.5 i TB)

Rapportere på

80% av kommunene omfattes av tilskuddsordningen til kommunalt rusarbeid.

23 av 36 kommunar, 64%,  har søkt og mottatt tilskot til kommunalt rusarbeid.

Flere kommuner har rekruttert psykolog (fra kapittel 3.1.3.2.1.6 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner har rekruttert psykolog og flere benytter denne kompetansen i rusarbeid enn i 2017.

Ja, fleire kommunar har rekruttert psykolog i 2018 og nyttar kompetansen også i rusarbeidet.

22 av 36 (61%)  kommunar har søkt om tilskot til psykologstilling, og 7 kommunar har søkt om tilskot til meir enn ei stilling. Det er framleis 14 (38%)  av kommunane i fylket som ikkje har søkt om psykologtilskot.

I fleire av dei små kommunane slit ein med rekruttering, og ved utbetalinga i 2018 var det 5 kommunar som framleis hadde heile tilskotet frå 2017 ubrukt (vakans).

Det framstår som betydeleg enklare å rekruttere inn nye psykologar til kommunar der det er fleire psykologstillingar, og/eller eit etablert tverrprofesjonelt fagsamarbeid.

Dei som har rekruttert psykolog gir positive tilbakemeldingar om utvida tenestetilbod og at psykologtilbodet gjennom samarbeid og rettleiing kring enkeltbrukarar, har ført til auka generell kompetanse og tryggleik hos tilsette innan rus/psykisk helse.

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak (fra kapittel 3.1.3.2.1.7 i TB)

Rapportere på

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak ved rusrelatert problematikk.


Vi har ikkje tal som svarer på spørsmålet. Det er gjennomgåande i heile rapporten IS 24/8 at det er dei minste kommunane som slit mest med å systematisere rusarbeidet sitt. Sett ut frå talet på små kommunar i vårt fylke kjem Møre og Romsdal dårleg ut i fleire samanhengar. Dette gjeld også på området tidleg intervensjon. Mål om auka kompetanse om rusproblematikk har ført til at alle kommunar som søkte om kompetansetiltak til rus på ordninga Kompetanse og innovasjonstilskot fekk tilskot. I tillegg har rusperspektivet vore eit tema i fleire fagsamlinger innen kommunehelsetenesta. Efaringskonferanse etter ROP-tilsyn var også eit tiltak for å fremje forståing for rusutfordringar og tidleg innsats.

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen mot vold og overgrep og nye lovbestemmelser i helselovgivningen som berører arbeidet.  

Fylkesmannen gjennomførte i samarbeid med Helsedirektoratet den 16.oktober 2018 fagdag med tema Vald i nære relasjonar. Målgruppa var tilsette i krisesentra i fylket og andre knytt til fagområdet. Her vart den nye fagvegleiaren og  opptrappingsplanen mot vald og overgrep presentert. 10 av kommunane i fylket var representert, i tillegg 2 av krisekrisesentra (av 3). Alle kommunane i fylket er med i krisesenterordningane (3 stk) og på bakgrunn av det er det naturlig å tenke at alle kjenner til lovgivinga. Alle kommunane vart invitert til fagdagen i oktober og fekk då kjennskap til opptrappingsplanen som skulle presenterast.

100% av kommunane kjenner til opptrappingsplanen og regelverket. 

Flere kommuner har utarbeidet (fra kapittel 3.1.3.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere  kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2017.

Kommunane  knytt til Molde Krisesenter IKS (10) har oppdaterte og vedtekne handlingsplaner mot vald i nære relasjonar. Kommunane knytt til dei to andre krisesentra (Kristiansund og Ålesund) har framleis utfordringar knytt til planarbeidet. Her har Fylkesmannen stimulert med økonomiske midlar med mål å sette fortgang i arbeidet i 2019. 14 av 36 kommunar har etter Fylkesmannen sin oversikt oppdaterte og politisk vedtatt planer for området.

3.1.1.7 Styrket folkehelsearbeid

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har medverka i folkehelsearbeidet i samarbeid med fylkeskommunen. Vi er representert i fleire arbeidsgrupper og utval.

Frisklivsarbeidet er fulgt opp med tilskot og samlingar for frisklivssentralar og folkehelsekoordinatorar.  

Regional samarbeidsavtale med helseforetak og kriminalomsorgen vart utarbeida og er klar for signering.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Fylkesmannen har tett samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune på folkehelseområdet. Vi samkjører innsats opp mot kommunane i tillegg til å felles aktivitet, der også Idrettkretsen er med. I alle høyringssvar til kommunane på samfunnsdelen, planstrategiar og relevante kommuneplanar vert det vist til kravet om systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Dei fleste kommunane har utarbeidd oversiktsdokument over folkehelseutfordringar.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

Vi har ikkje eksakte tal.

Vi gir løpande innspel til planer, løfter fram sosiale tenester som del av kommunens samla velferdsansvar, peiker på NAV som viktig samfunnsaktør for samarbeid, samt Bustad for velferd og husbankens digitale vegvisar. 

3.1.1.8 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Økosystema er under press frå oppdrettsnæring, utbygging av vegar, og kraftanlegg og på grunn av spreiing av framande skadelege artar. 

Lakseparasitter Gyrodactylus salaris er bekjempa i dei fleste vassdraga som har vore smitta i vårt fylke. Vi ventar at elvane i Raumaregionen blir friskmelde 2019 - 2020. I Drivaregionen er det sett opp fiskesperre i elvene Driva og Usma for å avgrense det arealet der parasitten må fjernast med kjemiske midlar. Arbeidet med gyrobekjemping i Drivaregionen er i god rute. 

Fylkesmannen eig og driv Herje genbank. Genbanken sikrar yngel til reetablering av dei ulike sjøaurestammane i Raumaregionen. Når Raumaregionen er friskmeld, skal sjøaure frå Drivaregionen inn i Herje genabank. 

I kystnaturen spreier framande artar seg; særleg sitkagran og rynkerose. Vi har sett søkjelys på dette temaet i verna område.

Fleire av dei mest livskraftige framande artane er komne for å bli, og vil med tida omskape og dominere fleire naturtypar i låglandet. Det er avgjerande å hindre nye framande artar i å få fotfeste samstundes som bekjemping av dei artane vi har her skjer etter ei nøye kost-nytte-vurdering.

Arbeidet med opprydding i forureina sjøområde held fram gjennom sakshandsaming etter forureiningslova.

Landbruk:
Norangsdalen og Hjørundfjorden blei tatt inn som nytt UKL-område, og det vert arbeidd med forvaltningsplan for området. Møre og Romsdal har frå før to område med UKL status, Giske og Øvre Sunndal. Tilskota bidreg til sterk skjøtsel av og tiltak i slåttemark, naturbeitemark og andre naturtypar.

Kulturlandskapet i verdsarvområdet. Landbruket i Geiranger er på vikande front, og midlane til å halde oppe kulturlandskapet har ikkje vore nok til å stanse utviklinga. Mange av driftsbygningane må fornyast, og vi er usikre på konsekvensane over tid. I løpet av 2018 vart det klart at planar om felles sauefjøs for tre bønder måtte leggast til sides. Kommunane i verdsarvområdet har tatt til orde for nye ordningar, inspirert av sveitsisk fjellandbruk. 

Kulturlandskapsprisen vart Ikkje delt ut i 2018.

Hausten 2018 vart brukt til å lage nytt regionalt miljøprogram. Programmet er godt innarbeidd mellom bøndene, og har medverka til å styre driftspraksis i miljørett lei. Vi har lagt særleg vekt på ordnignar som skal stimulere til rett handtering av husdyrgjødsel. Fylkesmannen tok initiativ til aksjon for å fjerne mekanisk avfall frå gardsbruka. Vi har fokust på tungt avfall, som traktorar, utdaterte redskap o.a. 

Landbruksavdelinga har i samarbeid med miljøvernavdelinga medverka til plugging av rørsystemet på tidlegare grøfta jord (eitt prosjekt)   

Overvåkingsprogram i alle vannregioner skal være etablert. (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Overvåkingsprogram skal være etablert i alle vannregioner i løpet av 2018.

Det er pågåande overvakingsprogram i vassregion Møre og Romsdal.

Økt bruk av påleggsmyndigheten (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt bruk av påleggsmyndigheten hjemlet i vannkraftkonsesjoner sammenliknet med 2017.

I forbindelse med arbeid med fylkesvis kultiveringsplan i 2018 har vi lagd en oppdatert oversikt over konsesjonspålegg, som grunnlag for videre oppfølging.

Restaureringstiltak (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle innvilgede restaureringstiltak skal være igangsatt i løpet av 2018.

Vi fikk midlar til 8 restaureringstiltak. 3 er sluttført og ett er igangsatt men ikkje ferdigstilt. Restaurering av Rørvikvatnet er delt inn i tre ulike tiltak. 1. Hogst av leplanting kring Rørvikvatnet blei sluttført i 2018. 2. Mudring av Rørvikvatnet ble og sluttført, no gjenstår det å etablere ei lita demning i utløpet samt lage ei dreneringsgrøft på jordet til grunneigar. 3. Tetting av grøftesystem nord for Rørvikvatnet er delvis blitt gjort ved å lage ei lita demning i innløpet slik at vatn stuvar seg opp i bakkant og inn i grøftesystemet. Restaurering av Prestgardselva er satt i gang og første fase er sluttført. Restaurering her vil pågå i fleire år framover. Det gjeld restaurering av slåttemyr. Restaurering i Bjåstadmyrane er ikkje aktuelt, da det er snakk om landbrukskanaler og ikkje grøfter som først antatt. Plugge grøftar i Åmsmyra er planlagt, men ikkje igangsatt pga. mangel på kapasitet hos FM og SNO. "Forprosjekt restaurering av gamle dyrkingsareal" er ikkje klart og legges på vent til insentivordning er kommet i orden samt usikkerheit kring nydyrkingsforskrifta. "Forprosjekt kartlegging/restaurering av gammelt dyrkingsareal på Smøla" er ikkje sett i gang pga. usikkerheit om nydyrkingsforskrifta.

Gjennomført kontroll av rettighetshaverorganisering (fra kapittel 3.1.4.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Kontroll av rettighetshaverorganisering skal være gjennomført i løpet av 2018.

Vi har lagd en oversikt over navn og kontaktinfo til gjeldende forvaltningslag. Forrige statusoversikt fra 2016 viste at 29 vassdrag hadde gjennomført pliktig organisering, men dette var ikke bygd på god nok dokumentasjon og det viser seg at færre enn dette har fullført pliktig organisering i 2018. Vi har besluttet å be om å få tilsendt vedtekter fra hver elv for å si sikkert hvilke som har gjennomført prosessen. Det er fortsatt noen som ikke har startet opp. Særlig gjelder dette i vassdrag der det ikke er noen som vil ta ansvar for å starte prosessen. Det er også eksempel på lang saksbehandlingstid i jordskifteretten. Åheimselva har ventet i 4 år på at deres sak skal komme i gang. Det vil derfor fortsatt ta tid før alle vassdrag har gjennomført dette.

3.1.1.9 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Styrene for dei store verneområda har, med god bistand frå forvaltarane gjennomført oppdraget med forvaltning av desse verneområda på ein god måte.

Vi har forvaltningsansvar for om lag 200 små verneområde i vårt fylke. Flesteparten av dei verneområda der det er trong til forvaltningsplan har det.

Dei siste åra har vi fått gjennomført vesentlege skjøtselstiltak for å sikre verneverdiane i dei små verneområda. Mykje av dette dreiar seg om fjerning av framande treslag; hovudsakeleg om fjerning av sitkagran i verneområda ved kysten.

I fleire av edellauvskogsreservata er det så mykje platanlønn at det ikke er råd å sjå for seg at arten kan fjernast på ein kosnadsmessig forsvarleg måte frå verneområda.

På slutten av 2018 starta vi opp arbeidet med innspel til område for eit mogleg supplerande vern ved hjelp av røynde lokalkjende kartleggjarar og kompetanse i eiga avdeling.

Vi har fått etablert aktiv skjøtsel på mange av lokalitetane med verdfull slåttemark. Vi er også i gong med skjøtsel av nokre utvalde område med kystlynghei.

Gjennomførte verneplanprosesser skogvern økt i forhold til 2017. (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Antall gjennomførte verneplanprosesser innenfor skogvern er økt i forhold til 2017.

Det vart utvida eitt naturreservat i 2018, mot ei utviding og to nye i 2017. Dette skuldast at Allskog ikkje tilbydde meir enn dette området innafor fristane for fullføring i 2018.

Vi har sendt oppstartsmelding for to nye og utviding av eitt naturrreservat, men her har vi ikkje fått klarsignal for oppstart av høyring.

Verneverdiene i verneområdene (fra kapittel 3.1.4.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

96 av ca. 130 med behov har godkjent forvaltningsplan. Arbeid med forvaltningsplaner har i 2018 vært nedprioritert, og ingen planer ble godkjent i 2018. Framdriften ble ikke som forventet. 

3.1.1.10 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Vi prioriterer arbeidet med forureiningsforvaltning høgt.

I 2018 gjennomførte vi 80 tilsyn og behandla 66 konsesjonssaker. Gebyrinntekter i 2018 vart på 2,45 MNOK. Dette er 250 000 kr meir enn i 2017. Vi deltok på alle nasjonale tilsynsaksjonar i 2018.

Hausten 2018 hadde vi seminar for kommunane, med fokus på forsøpling, avløp og grunnforureining. Vi meiner vi kan få mykje reduksjon i diffus spreiing av helse- og miljøfarlege stoff dersom kommunane får betre kontroll på forsøpling, ulovleg avfallsbrenning og grunnforureining.

Kvalitetssikret informasjon om brannøvingslokaliteter (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

All informasjon om brannøvingslokaliteter i fylket i Forurensningsdatabasen skal være kvalitetssikret i løpet av 2018.

FMMR har kvalitetssikra informasjonen om brannøvingsfelta som ligg i Forureiningsdatabasen.  Vi har gått gjennom kartløysninga frå DMR Miljø og geoteknikk AS og dobbeltsjekka lokalitetar med ukjent status. Informasjon om disse lokalitetane er sendt vidare til Miljødirektoratet.

100 % av lokalitetene er kvalitetssikret. (fra kapittel 3.1.4.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % av lokalitetene med grunnforurensning er kvalitetssikret.

Faggruppa for forureining oppdaterer fortlaupande grunnforureiningsdatabasen for dei lokalitetane som vi følgjer opp, til dømes i tilknyting til sedimentprosjekta ved Ålesund/Aspevågen og prioriterte skipsverft, etter kvart som det kjem inn nye rapportar eller utførast fysiske tiltak.

 I 2018 har vi også lagt ned ein innsats for å kvalitetssikre andre grunnforureiningslokalitetar i fylket. For ein del av kommunane er vi ferdige med dette arbeidet, men nokre gjenstår.

Oppryddingstiltak i tiltaksplanområdet i Ålesund (fra kapittel 3.1.4.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle søknader om tillatelse til oppryddingstiltak i tiltaksplanområdet i Ålesund skal ferdigbehandles i 2018.

Tiltaka på sjøbotnen vart hausten 2018 splitta opp i ein farleisdel og ein miljødel. Kystverket søkte FM om løyve til farleisdelen hausten 2018, og denne søknaden vil verte ferdigbehandla tidleg i 2019. Kommunen vil søkje FM om løyve til miljøtiltaka seinare. FM har vore i kontakt med Liaaen-konsernet, som tidlegare dreiv verft i området, og informert dei om at verksemda vil verte ansvarleg for å dekke ein del av kostnadane ved sjøbunnstiltaka.

FM har følgd opp ei rekke landlokalitetar ikring Aspevågen. Mange av desse sakane er no avslutta, men vi ventar framleis på nokre supplerande rapportar og sluttrapportar etter fysiske tiltak. Å fullføre oppfølginga på land vert ei høgt prioritert oppgåve i 2019.

Gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 (fra kapittel 3.1.4.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 

Oppfølginga på land ved dei prioriterte verfta er no fullført ved samtlege verft, med unntak av eitt, der vi ventar sluttrapport tidleg i 2019.

Sumaren 2018 varsla vi tiltaksplan for sjøbotnen ved dei fleste av dei prioriterte verfta. I desember hadde vi møte med dei. Pålegga vil bli send ut tidleg i 2019.

Ved dei tre verftslokalitetane i Kristiansund er det enno ikkje send ut varsel om tiltaksplan for sjøbotnen. Dette skuldast at forureiningssituasjonen er kompleks, med mange bidragsytarar, og vi ser behov for ei nærare kjeldekartlegging før vi går vidare.

Ved ein nedlagt verftslokalitet ved Hjørungavåg er det heller ikkje send ut varsel om tiltaksplan for sjøbotnen. Dette skuldast at det er vanskeleg å finne ein "ansvarleg forureinar" ved denne lokaliteten.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har følgt tett opp om våre Robek-kommunar. Dessverre fekk vi ein ny kommune inn på Robek, og det var Midsund, så no er det fem kommunar på lista. Det har vore gode år for kommunane dei siste åra, samstundes ser vi at særleg små kommunar har det stramt. Fire av Robek-kommunane betalte ned alt akkumulert underskot i 2018 og vil difor bli meldt ut av Robek i 2019.  

Vi er ofte ute i kommunane og held innlegg om god økonomistyring og forvaltning og om korleis dei skal kome seg ut av Robek. Vi har og ein tett dialog med administrasjonen.

I tillegg har vi prioritert å ha samling for alle økonomisjefane i 2018 med god oppslutning.

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2018 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2017.

Midsund kom inn på Robek i 2018. I tillegg er Giske, Ålesund, Stranda og Sande på lista frå før.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017.

Fylkesmannen har oppmoda dei kommunane detta gjeld om å korrigerer data. Fylkesmannen har også tilråd kommunane om å gå gjennom eigne rutinar jamfør rapporteringa til SSB, samt oppmoda  kommunane om å rapporterer om behov for opplæring. Feil i KOSTRA - rapportering er frå vår side følgt opp per brev, e-post  og per telefon. Fylkesmannen vil også følgje opp KOSTRA - rapportering i neste runde.  

3.1.1.12 Endringer i kommunestrukturen

Kommunereform

I Møre og Romsdal har vi i 2018 vidareført arbeidet med våre kommunar som har vedteke å slå seg saman frå 1.januar 2020. Dei nye kommunane omfattar 5 nye kommunar der til saman 14 kommunar er involvert. I tillegg har vi vore til støtte for Rindal kommune som gjekk over til Trøndelag frå 1.januar 2019. Vi har hatt eit til fleire enkeltvise møter med alle dei 5 nye kommunane, samt Rindal. I tillegg har vi hatt ulike  samlingar for fellesnemndene og prosjektadministrasjonane saman med KS. Størrelsen på dei nye kommunane er svært ulike, frå ca. 2600 til ca. 64700. Dette tilseier at dei har ulike utfordringar – og ulike behov for både råd og rettleiing frå Fylkesmannen. Fylkesmannen har tilpassa rettleiinga etter utfordringsbildet til den enkelte nye kommune, der prosjektleiar/prosjektrådmann har vore ein viktig kontaktperson for oss.Vi har hatt eit tett samarbeid med Kartverket i samband med dei nye kommunane. Kartverket og Fylkesmannen har hatt minimum eit felles møte med kvar ny kommune. Møre og Romsdal går frå 36 kommunar i 2018 til 26 kommunar i 2020.   

Grensejustering

I Møre og Romsdal har vi hatt 5 omfattande utgreiingar i samband med søknader om grensejustering i etterkant av kommunesamanslåingar. Alle 5 utgreiingane har vore komplisert og krevjande både for involverte partar og for Fylkesmannen, og det har gått med mykje ressursar til arbeidet. Fylkesmannen har samarbeid med involverte kommunar, søkarar, Kartverket og fylkeskommunen i utgreiingsarbeidet. Opinion fekk oppdraget med spørjeundersøkinga til involverte innbyggarar. Vi sendte inn ferdige utgreiingar til KMD 23. mars 2018. Søkarane frå Indre Gjemnes kommune fekk svaret frå KMD først i desember 2018. Det blei ei svært belastande tid både for søkarane og Gjemnes kommune å få svaret så lenge etter at utgreiinga var sendt frå oss.

Det blei 2 søknader som fekk heil eller delvis medhald frå KMD med å sette i gang med grensejustering. Begge desse grensejusteringane er kome godt i gang med arbeidet, det gjeld grense mellom kommunane Ørsta og Volda – og kommunane Sandøy og Aukra.

 Alle kommunane  

Fylkesmannen har vore oppteken av å sjå alle kommunane i fylket, ikkje berre dei nye. Det syner seg at vi ser stor forskjell på innovasjon og utvikling hos dei kommunane som er i samanslåingsprosess – og dei som ikkje er det. Det har også vore ei viss uro, særleg blant dei mindre kommunane som ikkje er i prosess, korleis interkommunalt samarbeid blir framover. Ut i frå ei heilskapleg vurdering har difor Fylkesmannen gjennom prosjektskjønn prøvd å stimulere også dei kommunane som ikkje er i prosess for samanslåing – men der det har vore visse interkommunale prosessar på gang. Vi har utfordra kommunane på at dei no nyttar høvet til å arbeide grundig med planstrategi og samfunnsplan  i samband med at dei snart går inn i ein ny fireårsperiode etter kommunevalet. Difor har vi stimulert til fleire samarbeid innan samfunnsplanlegging, utanom dei nye kommunane, både på Nordmøre og Søre Sunnmøre. Samtidig har vi støtta kommunar som vil fortsette nabopraten, dette gjeld særleg kommunane Stranda og Sykkylven og Giske kommune til nye Ålesund. Fylkesmannen vil i 2019 fortsette å stimulere kommunane i dette viktige planarbeidet både i eigen kommune - og med det regionale/interkommunale plansamarbeidet. Vi ser at slike prosessar gjev positive effektar for kommunane – med omsyn til å utvikle seg vidare i det framtidsbilde dei har framfor seg.

                                                                                                      

3.1.1.13 Økt verdiskaping i landbruket

Ny Landbruksmelding for Møre og Romsdal vart vedtatt i fylkestinget i 2017.  Meldinga var resultat av eit breitt samarbeid mellom næringa, samvirke, fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen.  2018 vart det første året der meldinga var implementert i forvaltninga. Meldinga dekkjer heile breidda av innsatsen på landbruksområdet, og kan bidra til å kontinuitet i samband med skifte av roller frå 2020.  Fylkesmannen samarbeider med FK og IN om næringsutvikling og er m.a. aktiv medeigar i gründerutviklingsprogrammet Hoppid.

UT midlane vart lyst ut med frist 1. april. Vi samarbeider med fylkeskommunen for å sjå UT - og RK midlane samla.  Dei viktigaste partnarane på operativt nivå er NLR, Tine, Nortura  og Bondelaget. Fylkesmannen har tatt  samordningsrolla, og bidratt til å utvikle samarbeidet mellom organisasjonane.  Fylkesmannen arrangerar kvar haust seminar for leiarar og tillitsvalde i organisasjonane, der alle blir invitert til å spele inn behov til utviklingsprosjekt og FoU satsingar i fylket. Tankar om FoU blir tatt vidare gjennom Grøn Forsking Midt-Norge, og behov knytt til utviklingsprosjekt blir vurdert opp mot UT og RK midlane. Fylkesmannen er navet i samarbeidet mellom aktørane opp mot landbruk.

Mellom fleire større satsingar i 2018 nemnast Tine sine vegvalprosjekt og Mat- og reiselivsprosjektet.  Matområdet har utvikla seg positivt siste året. Fleire av bedriftene har blitt «modne», og funne sine plassar i marknaden.   Totalt reknar vi med at rundt 70 bedrifter lever av lokalmat / foredling i fylket. Integrasjonen mot reiselivet er blitt tettare og bedre. 

Det er ikkje lett å utvikle Inn på tunet som næring. Vi har fleire dyktige tilbydarar, men samtidig er det fråfall i bransjen.  Fleire av desse bedriftene føler seg utrygge på grunn av dårleg kommuneøkonomi og risiko knytt til årlege budsjettprosessar. Fylkesmannen har trappa ned det direkte engasjementet mot IPT området, men støttar opp om nettverket av tilbydarbedrifter.  

Fokuset på massivtrehus har blitt styrka siste året. Fylkesmannen arbeider aktivt gjennom Tredrivar-prosjektet, og har mellom anna etablert nettverk med 16 kommunar som vurderer å sette opp kommunale bygg som massivtrehus.  Erfaringane frå dei ferdige byggeprosjekta er svært gode, og vi har stort trykk frå prosjektansvarlege rundt om i fylket.

Vi slit med å oppfylle forventingane til økologisk jordbruk. Møre og Romsdal er ikkje prioritert område for Tine eller Nortura si satsing på økologisk, og engasjementet ute i næringa er heller ikkje særleg stort. Tine tar økomjølk inn i produksjonslinjene for anna mjølk. Dette er demotiverande for produsentane. Konklusjonen er at det lokale miljøet for økologisk jordbruk ikkje har hatt vind i segla i 2018.

Regionalt bygdeutviklingsprogram er fulgt (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på


Regionalt bygdeutviklingsprogram med tilhørende underprogrammer er fulgt opp i tråd med nasjonal politikk

Regionalt bygdeutviklingsprogram er utarbeidd i nært samarbeid med den regionale partnarskapen og følgd opp gjennom året. 2018 var siste året i planperioden, og arbeidet med det nye programmet tok mykje tid. Innanfor rammene av nasjonal politikk, er Landbruksmeldinga det viktigaste grunnlagsdokumentet for nytt RBU.

Tradisjonelt har fylkesmannen samla partnarskapen til årlege justeringar,  der m.a. satsar og rammer for investerings­midlane har blitt tilpassa utviklinga i næringa. Dei siste åra er føringane for IBU midlane  gitt direkte frå departementet. Som konsekvens har merksemda på næringsprogrammet blitt mindre. Etter samråd med partnar­skapet er det ikkje aktuelt å gi føringar for prioriteringar mellom produksjonar eller mellom ulike delar av fylket.

Det er stor etterspurnad etter investeringsmidlar og midlar til utgreiings- og tilretteleggingstiltak. Ramma for investeringsstøtte blir raskt brukt, og kvart år må mange gode prosjekt vente på finansiering.  Vi har støtta mange prosjekt som skal bidra til å støtte utviklinga av både tradisjonelt landbruk og landbrukstilknytta næringar. Eksempel på dette er støtte til Tine sine prosjekt om vegvalsrådgjeving og satsinga på lokalmat og reiseliv.  Samarbeidet gjennom Hoppid er strategisk viktig for fylkesmannen.

Regionalt miljøprogram er innarbeidd og kjent i næringa. Vi legg vekt på kontinuitet, og å stimulere landbruket til å gå i miljørett lei.  Tiltaka med tidlegspreiing og bruk av tilførselslange har fått større oppslutning år for år, og har heilt klart endra driftspraksis i positiv retning. 

Fylkesmannen har dette året lagt særleg vekt på auka verdiskaping frå skogbruket. Bruk av tre i offentlege bygg har tatt av, og erfaringane frå dei første store prosjekta har skapt enda større oppmerksomheit og engasjement. Samarbeid for å løfte innovasjonsgrad og kompetanse i leverandørleddet har stått sentralt.

RBU (alle delprgramma) er ført vidare gjennom landbruksmeldinga, og definerar slik sett også ambisjonane for fylkeskommunen.

Midlane har blitt brukt i samsvar med forutsetningane.

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst.

Det blei plukka ut 178 bestand til foryngelseskontroll i Møre og Romsdal i 2018. Av desse har 102 fått status OK, medan 44 bestand står med status OK, bør følges opp. 15 bestand er ikkje kontrollert. Fylkesmannen har aktivt fulgt opp kommunane i dette arbeidet.

Årsaka til at det er så vidt mange bestand som skal følgjast opp skuldast praksis med å vente 3 vekstsesongar med planting etter hogst for å unngå skader av gransnutebille.

Første del av foryngelseskontrollen vert i hovudsak gjennomført, men ein er meir usikker på bestand som skal følgjast opp.  Kommunane nyttar i liten grad moglegheitene som ligg i lovverket, og det kjem ingen klagesaker til fylkesmannen knytt til foryngelsesplikt. Tilfredsstillande foryngelse er av dei største utfordringane for skogbruket i vårt fylke. Det skuldast mellom anna aversjon mot å plante gran, gransnutebille og konkurerande vegetasjon.

3.1.1.14 Bærekraftig landbruk

Det viktigaste verktøyet er Regionalt Miljøprogram. Programmet legg stor vekt på økologisk berekraft, og gjødselordningane har fått stor plass.  Miljøprogrammet er  også eit viktig verktøy for å redusere avrenninga til sårbare vassmiljø.  Miljøprogrammet for neste periode kjem til å halde oppe trykket på gjødsel og klimaeffekt. Utsleppa av klimagassar er rekna som den største miljøutfordringa for landbruket, og dette styrer prioriteringane.

Møre og Romsdal har fått to nye område innanfor UKL ordninga, og har dessutan stor aktivitet for å halde oppe kulturlandskapet i verdsarvområdet (Geiranger). Attgroinga av kulturlandskapet er ei av dei viktigaste miljøutfordringane våre, og erfaringa frå UKL gir nyttige erfaringar for vidare innsats.

Det er betydeleg aktivitet rundt etablering og drift av biogassanlegg. Vi har nær kontakt med Norsøk som har forsøksreaktor og som tilbyr prosjekteringshjelp. Vi følgjer også med på planane om nytt anlegg på Søre Sunnmøre, og bidrar økonomisk for å inkludere landbruket i satsinga.

Fylkesmannen har etablert faste rutinar for samarbeidet med Mattilsynet, der m.a. CWD og problematikk rundt LA-MRSA har blitt tatt opp ved fleire høve.  Fylkesmannen har også bidratt med innlegg om MRSA på smittevernkonferanse og samlingar for kommunelegane.

Fylkesmannen følgjer nøye opp forskingsprosjekta som arbeider med utsleppsmålingar og dyrkingsmetodar på myr, PeatInvert og Drainimp (NIBIO / Norsøk/NLR).  Det er viktig at utforminga av politikk blir gjort på så godt grunnlag som mulig, og dei aktuelle prosjekta er viktige bidrag til det totale bildet.

Leigejorda utgjer meir enn halvparten av produksjonsarealet, og på bruka som har satsa på volum er andelen langt større.  Vi er med i prosjektet Landfrag som skal sjå på muligheitene for å redusere transporten gjennom betre organisering og samarbeid.

Fylkesmannen har tatt initiativ til aksjon/prosjekt for å fjerne mekanisk avfall frå gardsbruk. Utfasa maskiner og gamle redskap skal samlast og leverast til gjenvinning. Vi trur potensialet er stort, -  dette gjeld både miljø og omdømme. Landbruk Nordvest har tatt den operative rolla i  tiltaket.

Fylkesmannen er i ferd med å bygge kompetanse på klima og landbruk

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Økt planting med tilskudd til tettere planting, og økt gjødsling, sammenlignet med 2017

Det er planta 4796 daa i Møre og Romsdal i 2018. Dette er ei auke på 45 % i høve til året før (3310 daa).

Auken kjem mest som følgje av auka hogstareal. Vi har praktisert å vente 3 år med planting grunna store utfordringar med gransnutebille. I 2018 er ein del planta tidlegare etter hogst grunna bruk av voksa planter.

Det er brukt om lag 900 000 kr i tilskot til tettare planting, både nyplanting og supplering.

Når ordninga med tilskot til tettare planting blei innført såg vi auka plantetal pr. daa. Det viser at ordninga har effekt.

Ordninga med auka gjødsling som klimatiltak er ikkje nytta her i fylket i 2018.

Tiltak i regionalt miljøprogram (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i regionalt miljøprogram er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

I miljøprogrammet er handtering av husdyrgjødsel løfta fram som den viktigaste utfordringa, og dette er følgt opp gjennom prioriteringane i programmet.  Vi stimulerer til bruk av gjødsla i vekstsesongen ved å gi tilskot til tidlegspreiing, gjerne i kombinasjon med tilførselsslangar.

Det er dessutan m.a. ordning for bratt areal, setring, skjøtsel av slåttemarker, kystlynghei og kulturminner samt slått av lokalt verdifulle jordbrukslandskap.

Det regionale miljøprogrammet er godt innretta mot dei regionale miljøutfordringane. RMP er kjent i næringa, og bøndene innrettar drifta for å tilpasse seg føringane i programmet.

3.1.1.15 Andre oppdrag

Prosjekt barneperspektivet i NAV er nemt over. Vi er ikkje kjent med resultata enno, dei var heller ikkje med i Vøi og TB hverken i fjor eller i år. Like fullt var og er det ei forventning frå AV-dir at vi hadde og har ei oppgåve i høve dette.

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv


Det ble i 2018 gjennomført fleire møter mellom embetet, Husbanken og andre statlege aktørar, både på leiar - og rådgjevarnivå for å utvikle arbeidet med ein samla innsats på det bustadsosiale området. Embetet har samarbeidsavtale med Husbanken Midt-Norge gjeldande for perioden  2018-2020.  Avtalen er forankra i embetsleiinga, og assisterande direktør i helse-og sosialavdelinga er koordinator for samarbeidet.    Det blir som del av avtalen kvart år utarbeidd ei felles handlingsplan. Slik vi ser det, vil det vere behov for å jobbe meir med å komme fram til felles forståing av kvarandre sine oppdrag. Vidare å finne fram til oppgåver og tiltak som tek utgangspunkt i dei oppdraga vi har og som er realistiske og virkningsfulle for kommunane i vårt fylke. Vi har hatt fokus på å utvikle form og innhald på samarbeidet med Husbanken, og vil fortsette med dette også i 2019.

I planstrategiar og samfunnsplanar vi har hatt til høyring, har vi vist til strategien Bustad for velferd og www.veiviseren.no. Vi meiner at det styrkar fokuset på bustad i kommunane sitt planarbeid og planverk.


Landsomfattende tilsyn 2017 og 2018 med tenester til ROP-pasienter, hadde mellom anna fokus på betydninga av bustad for denne utsette gruppa. Det gjekk tydeleg fram at samarbeid og samhandling om tenester er naudsynt for at personar i denne gruppa skal kunne ha ein tilfredsstillande busituasjon. I 2018 arrangerte vi erfaringskonferanse i samband med ROP-tilsyna der alle kommunane i fylket var invitert. Rauma og Sykkylven delte erfaringar frå tilsyn på konferansen. Det var og innlegg frå Korus, Høgskulen Innlandet og Helse Møre og Romsdal. Tilsyna gav læring for dei kommunane som hadde tilsyn, og gjennom erfaringskonferansen vart dette delt med ein stor del av dei andre kommunane i fylket. NAV Sykkylven delte erfaringar frå ROP-tilsynet på NAV-leiarsamling i november. 

Bustad er elles tema i mange av dei aktivitetane vi har i løpet av året. Vi kan nemne sosialtenesteopplæringa for nye i NAV, fagdagar med øvrige tilsette i NAV og faste møter med NAV-leiarane.

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Intern tverrfagleg tilsynsgruppe samarbeider med andre statlege tilsynsinstansar, samt kontrollutvalssekretariata om betre samordning. Innan helse-, sosial- og oppvekstområdet har vi hatt eigne møter med kontrollutvalssekretariata for gjensidig informasjon og samordning. Dette arbeidet har gitt betre kjennskap og forståing mellom ulike statlege aktørar om tilsyn og planlegging av tilsyn.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har fått i oppdrag å utarbeide eigen samordna tilsynskalender for alle statlege tilsynsaktørar.

I 2018 hadde vi eigen erfaringsamling etter ROP tilsyna. Det blir også gitt informasjon frå tilsyna i ulike kurs, møter og konferansar, som  på NAV-leiarmøte. Kommuneleiarar har og delt si erfaring frå tilsyna med tilsette i embetet som driv med tilsyn. 

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder (fra kapittel 3.2.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennomført fleire tilsyn som omhandlar somatisk helsehjelp med tvang. Ein systemrevisjon og to uanmeldte tilsyn. I tilsynet vart det avdekt mangelfull kompetanse om dei aktuelle bestemmelsene, samt ulovleg tvangsbruk. To kommunar er fortsatt under oppfølging.

I dei tilsyna som framleis er åpne, er fellestrekket at det er omfattande svikt i kommunen sitt styringssystem og/eller behov for andre rammebetingelsar for brukarane/pasientane. Vi ser at det er tidkrevjande for kommunane å utarbeide saker/planar om tiltak som skal inn i økonomiplanane til kommunane og få dei politisk behandla. Vi har erfaring med at planane ikkje blir gjennomført dersom Fylkesmannen avsluttar oppfølginga av tilsynet for tidleg. Vi har i oppfølginga av desse tilsyna i tillegg til rik brevutveksling og vegleiing på telefon, gjennomført fleire oppfølgingsmøter.

Vi 3 tilsyn med barne- og avlastningsbustader som framleis ikkje er avslutta av denne grunnen.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

Kommunedelplanar og reguleringsplanar er vurdert mht. klimaendringar og klimatilpassing. I tillegg gir embetet uttale til kommunane sine klima- og energiplanar når desse er på høyring. 

Gode klimatiltak er i stor grad samanfallande med godt skogbruk og god agronomi. Vi brukar det regionale miljøprogrammet målbevisst for å styre praksis i miljørett lei.  Den praktiske konsekvensen er at vi legg særleg vekt på miljørett handtering av husdyrgjødsel.  Vi legg meir vekt på totalrekneskapet for gardsbruket enn på suboptimalisering for små areal.  Satsinga på klimatiltak fell saman med prioriteringane som er gjort i landbruksmeldinga.   

Fylkesmannen støttar viktige FoU-prosjekt som Drainimp og Peatinvert.  Klimaarbeidet er viktig, samtidig er det openbart at satsinga på å få ned utslepp av klimagassar ikkje alltid er konsistent med andre viktige mål for landbruk og samfunn.  

Tredrivaren er eit samarbeid mellom fylkeskommune, Innovasjon Norge og Fylkesmannen.  Fylkesmannen har prosjektleiinga.  Tredrivaren skal bidra positive klimaeffektar gjennom meir bruk av tre som byggemateriale og tre til oppvarming. Prosjektet har etablert nettverk med 16 kommunar som arbeider med relevante byggeprosjekt. Prosjekta som er med har stort spenn, - mellom anna skuler, barnehagar, fleirbrukshus, symjehall og brannstasjon. I 2018 vart det gjort vedtak  om å bygge barneskuler i massivtre i Ålesund (3), Surnadal (1) og Ørsta (1). I Molde skal det byggast barnehage og idrettshus. Stranda kommune har lagt planar for ny brannstasjon/stasjon for beredskapskøyretøy i Geiranger.  Fylkeskommunen kan vise til Romsdal vidaregåande skule som godt eksempel på kva ein kan oppnå med ambisjonar om klimagevinst, høg kvalitet og god funksjonalitet.  Tredrivaren legg til rette for møter mellom kommunane og forskingsmiljøa ved NTNU og NMBU. I samarbeid med NMBU, NTNU, Helseinnovasjonssenteret i Kristiansund og Innveno as, har Tredrivaren starta prosjektet «Tre og Helse» som skal undersøke om tre i bygg kan ha positive effektar for folkehelsa.

Fylkesmannen satsar på å bygge klimarelatert kompetanse på tvers av avdelingane.  Landbruksavdelinga har generelt hovudfokus på førebyggande arbeid og reduksjon av gassutslepp. Tilsvarande har miljøvernavdelinga komplementær innsats på klimatilpassing og utslepp frå industri.

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav.

Alle kommunane har vedteke klima- og energiplan, men mange melder tilbake at relativt få av tiltaka i handlingsdelen vert gjennomførte. Nokre kommunar har gjennomført tiltak frå planen dei første åra etter vedtak, medan andre har nytta planen svært lite. Rullering av klima- og energiplanane vert generelt ikkje prioritert pga. manglande kapasitet og kompetanse og liten etterspurnad. Det er likevel eit større fokus på klimautfordringar i kommunane no, og det vert gjennomført mange tiltak sjølv om desse ikkje er forankra i klima- og energiplanen.  

Alle kommuner i fylket skal ha mottatt bistand til KE-planlegging (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner i fylket har mottatt bistand til klima- og energiplanlegging, herunder veiledning til ny klimagasstatistikk og statlige forventninger til klima- og energiplanleggingen.

Fylkesmannen arrangerte regional plan- og byggesakskonferanse saman med Møre og Romsdal fylkeskommune 27. til 28. november 2018, der klimatilpassing, klimasats og klimaarbeid i kommunane var sentrale tema.

Fylkesmannen har også delteke på samlingar i klimanettverka i fylket samt halde innlegg på klimasamling for kommunane som vart halde i regi av prosjektet "Byen som regional motor" v/Kristiansund kommune og Møre og Romsdal fylkeskommune. Her var hovudtema korleis måle utvikling i klimagassutslepp på kommunalt nivå og kva finst av tilgjengelige økonomiske virkemiddlepakker for kommunane.

Alle kommunane har fått tilbod om deltaking på desse arrangementa og deltakinga har vore god, men fylkesmannen har ikkje teke initiativ til individuell bistand og informasjon til kommunane i fylket.

3.1.2.4 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med flyktningsituasjonen


Fylkesmannen i Møre og Romsdal oppretta eigen stillingsressurs knytt til området i 2016 i ein koordinatorrolle. Denne fortsette også i 2017 og 2018 i ein mindre stillingsbrøk (20%). Dette har vore eit viktig tiltak for å støtte opp om nasjonale myndigheiter med koordinering og imformasjonsspreiing i samband med kommunane sitt arbeid med busetting av flyktningar.

Embetet har delteke i samarbeidsmøte med sentrale aktørar som Politiet, IMDI, UDI, RVTS og Bufetat. Det er god kommunikasjon rundt utfordringane knytt til området og dette er mellom anna konkretisert gjennom eigen samarbeidsavtale med IMDI.  I 2018 har det vore fagleg fokus på tema som radikalisering, voldelig ekstremisme,  kjønnslemlestelse og tvangsekteskap.

Fylkesmannen er representert i ulike kommunale fagnettverk for området. Dette oppleves viktig for å fange opp utfordringar kring busetting og integrering og i neste omgang iverksette tiltak.  Det oppretta ei eiga ressursgruppe der representantar frå ulike fageiningar deltek, dette opples å være ei styke for god samordining frå FM sin side. Embetsleiinga blir orientert og oppdatert på status innan området.

Tal frå IMDi viser at det vart busett 283 flyktningar (inkluder 8 einslege mindreårige) i kommunane i Møre og Romsdal i 2018.

Anmodningstallet for Møre og Romsdal 2018 var 305.

IMDi har uttrykt ovanfor Fylkesmannen å vere godt nøgd med kommunane sin innsats på området.

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.2.1.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

Antall flyktninger bosatt innen 6 mnd:                  78%

Antall flyktninger bosatt innen 12 mnd:               99%

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.2.1.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen 3 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 80 %. 


Antall enslige mindreårige bosatt innen 3 mnd: 86%

3.1.2.5 God samordning i opprydding av marin forsøpling


Fylkesmann Lodve Solholm hadde førebygging av Marin Forsøpling som eit av tre satsingsområde i 2018. Målet om god samordning i opprydding av marin forsøpling er likevel ikkje nådd.  

Vi treng:

- Betre oversikt over alle aktørar, kartløysningar, private støtteordningar mm.

- Klarere ansvarsfordeling og tydlegare rollefordeling.

- Betre system for refusjon for mottak hos interkommunale mottaksanlegg.

- Meir forutsigbarheit i tildeling av midlar over lengre tidsperspektiv.

- Mindre skilje mellom marin forsøpling og anna forsøpling.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal organiserte eit samarbeidsmøte om Marin Forsøpling i oktober. Dei interkommunale renovasjonsselskapa og Friluftsråda var representert. Ryddeaksjonen skapte mykje arbeid for dei interkommunale selskapa i 2018. På Sunnmøre var over halvparten av dei som rydda enkeltpersonar/familiar som rydda utan organisering via Hold Norge Rent. Mykje avfall som blir tatt i mot får dei ikkje refundert pga. av for dårleg dokumentasjon.  Alle renovasjonsselskapa tar likevel imot alt avfall frå ryddeaksjonar fordi dei ikkje vil drepe engasjementet. Finansiering blir då vanskeleg. Ikkje alle bruker Ryddeportalen. Vi har ikkje oversikt over kor det er størst behov for rydding og kor det har vorte rydda.



Planer for 200 havner skal være godkjent (fra kapittel 3.2.1.5.1.1 i TB)

Rapportere på

Planer for 200 havner skal være godkjent

197 hamner har no godkjend avfallsplan. I 2018 prioriterte vi mellom anna ISPS-hamnene og dei store hamnevesena.

3.1.2.6 Andre oppdrag

Akuttberedskap i barnevernet

Dei fleste barn i Møre og Romsdal har nå tilgang til akuttberedskap i barnevernet alle dagar heile året. Fylkesmannen hadde dette som eit satsingsområde i 2018 og mange kommunar har fått prosjektskjønnsmidlar til dette formålet. 29 av kommunane har no etablert ei ordning for akuttberedskap.  7 av kommunane har ikkje formalisert akuttberedskap enda.  Dei arbeider med denne saka og ser no på to konkrete modellar for å organisere dette i løpet av året.

Risikovurdering barnevern

Fylkesmannen har ei systematisk kartlegging av risikobiletet i den kommunale barneverntenesta som blir nytta for å planlegge oppfølging og tilsyn.  

Kompetansestrategien kommunalt barnevern

Fylkesmannen har følgt opp kompetansestrategien for barnevernet i 2018 ved følgande aktivitetar:

- det er gjennomført dialogmøte i 8 kommunar,  tenestestøtteprogrammet er gjennomført som planlagt og det er etablert to læringsnettverk

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sett barn og unge på dagsorden sidan 2012 gjennom satsinga "Betre oppvekt". Målet har vore å ha barneperspektivet i alle vår aktivitet knytt til både sakshandsaming, høyringssvar, kurs konferanse og kommunedialog. Vårt mål for satsinga "Betre oppvekst" er å både ha eit førebyggande perspektiv og eit perspektiv for sårbare barn og unge.Det er sett ned ei eiga arbeidsgruppe på tvers av alle avdelingane, som årleg utarbeider ein handlingsplan. 0-24 arbeidet er organisert under
denne gruppa. For 2018 hadde vi to mål for vårt 0-24 arbeid:1)Etablere beredskap for barn og unge i alle kommunar i fylket, og 2)legge grunnlag for tverrfagleg behandling av individsaker mellom helse ogsosialavdelinga, og oppvekst og utdanningsavdelinga. Begge måla er oppnådd

Vi har i 2018 teke del i prosjekt Barneperspektivet i NAV. I samarbeid med NAV region valde vi ut NAV Ørsta-Volda som kontor for å prøve ut materiale og metodikk. Vår vurdering er at vi gjennom dei aktivitetane vi har hatt, har bidratt til både å gjere prosjektet kjent, og heva fokuset på barneperspektivet i NAV. Prosjektet krev implementering av ny metodikk, tenkning, kulturendring og leiing. 

I Møre og Romsdal har Borgund vidaregåande i Ålesund vore med i pilotprosjekt med NAV-rettleiar i vidaregåande skole. Pilotprosjektet vart avslutta i haust, men skolen har valgt å fortsette ordninga. I tillegg er Romsdal vidaregåande, Kristiansund vidaregåande og Ørsta vidaregåande i gang med liknande ordningar knytt til NAV-rettleiar i skolen. Vi vurderer prosjektet som svært vellykka og det er presentert i mange fagfora både i fylkeskommunen, i NAV og i kommunane, og er særs godt mottatt.

Vi har jobba for å gjere barnekonvensjonen kjent og tatt i bruk både i eigen organisasjon og i møte med kommunane. Art 31 og fritidserklæringa har vore ein del av dette arbeidet. I dialog med kommunane har fritidserklæringa vore presentert og den blir vist til i alle klagesaker knytt til barnefamilar innan sosialtenestelova.




3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Vi har gjennomgåande høg kvalitet på vår veiledning, kontrollar, tilsyn og sakshandsaming. Likevel ser vi at vi fortsatt har litt å hente gjennom å samordne våre tilsyn enda betre. Vi har sidan hausten 2017 avsett ein eigen ressurs til dette arbeidet, og vi kunne i 2018 sjå effekten av dette arbeidet gjennom betre samordning og meir lik veiledning og gjennomføring av tilsyn hos kommunane.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 avslutta 210 hendelsesbaserte tilsynssaker innanfor helse og sosialområdet, og dette er det høgaste talet vi har hatt på fleire år. Dette er vi svært nøgd med. Vi har likevel pr. 31.12.18 69 saker som er over 6 månader.  Dette på grunn av etterslep etter lang periode med liten legeressurs.  Når det gjeld klagar på rett til helse- og omsorgstenester, samt pasientreisesaker er vi i 2018 langt frå målet om 90% innanfor 3 månader, og vil ønsker å prioritere dette i 2019.  

I klagesakshandsaming etter plan- og bygningsloven når vi ikkje målet om sakshandsamingstid, men overskridinga er lita. I 2018 har vi prioritert utadretta aktivitet. Dette meiner vi har stor effekt i forhold til kvaliteten på byggesakshandsaminga i kommunane.

På verjemål når vi dei fleste delmål. Vi har ikkje kapasitet til veilede og følge opp verjene på ein ønska måte.

Innafor beredskap var det mykje fokus på Trident Juncture og arbeidet med eit regionalt vertslandsstøttekonsept. Vi har hatt tett kontakt med relevante regionale beredskapsaktørar og med kommunane som vart råka av hendinga. Samordninga skjedde hovedsakleg gjennom Fylkesmannen og fylkesberedskapsrådet, dette meiner vi var viktig for ei god gjennomføring. Vidare har vi prioritert å rettleie kommunane i å vareta samfunnstryggleik i kommunale planar, med hovedfokus på samfunnstryggleik i arealplanar.

Omfangskrav for Møre og Romsdal (fra kapittel 3.3.1.1.1.12 i TB)

Rapportere på

Omfangskravet på 52 poeng skal være oppfylt.

Omfangskravet for Fylkesmannen i Møre og Romsdal er på 52 poeng. Oversikt over korleis ein skal berekne poenga fekk vi i brev frå Utdanningsdirektoratet i januar 2018. Hausten 2018 måtte vi utsette eit tilsyn på spesialundervisning på grunn av ressurssituasjonen. Vi har likevel eit omfang på 53 poeng på grunn av fleire hendingsbaserte tilsyn.

Bedre skolemiljø (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere skal ha fått nødvendig oppfølging for å sikre en enklere, raskere og tryggere behandling av saker om elevenes skolemiljø på skolenivå. 

Vi har informert om lov- og regelverket om skulemiljø samt drøfta erfaringar med behandling av meldingar med skulefaglege på kommunenivå + skuleleiarar på dei fire regionale møta som vi har i januar. I tillegg har vi hatt eigne regionale møte i to regionar der skuleleiarar på kommune- og skulenivå har deltatt med erfaringsutveksling om skulemiljøsaker.

Vi har brukt mykje tid på rettleiing i samband med enkeltsaker og henvendelser til Fylkesmannen. Vi har klare rutiner på korleis vi handlar når vi får inn meldingar og opprettar kontakt med skulane/skuleeigar raskt etter at vi får kjennskap til meldinga. Vi har vore med i planlegginga og støtta satsinga "Innsatsteam i skulen" som Læringsmiljøsenteret har gjennomført på skulane i to av fire regionar. I tillegg har vi vore med på samlingar for ppt og informert om regelverket og erfaringar med behandling av skulemiljøsaker. Vi har også  hatt møte med mobbeombodet i fylket og elev- og lærlingeombodet for å informere og få informasjon kva henvendelser dei får og kva målgruppe dei har informert og vore i kontakt med.

 Vi har også brukt mykje tid på å følgje opp satsinga Inkluderande læringsmiljø i barnehage og skule der vi har hatt med kommunar og skular i pulje 1.

Dessutan har vi informert gjennom vår heimeside og vist til læringsressursar på Udir sine  nettsider.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Fylkesmannen gjennomførte tilsyn med retten til en individuell plan etter introduksjonsloven i 2 kommuner, Averøy kommune og Surnadal kommune.

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Vi har i 2018 ikkje greidd resultatmålet om at 100% av klagesakene skal vere behandla innan 12 veker. Totalt har vi behandla 172 byggesaker i denne perioden, der 132 vart behandla innanfor fristen.  Av dei sakene som har hatt ei saksbehandlingstid på over 12 veker, har gjennomsnittleg fristoverskriding vore på 15 dagar. Det har vore ein liten auke i saksbehandlingstida samanlikna med 2017. Dette beror hovudsakleg på at erfarne saksbehandlarar har slutta, samt at vi gjennom året har brukt meir tid på utadretta verksemd og rettleiing overfor kommunane.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Vi har i 2018 hatt 17 byggesaker der det har vore gitt utsett iverksetting. Alle desse sakene har blitt behandla innanfor fristen på 6 veker. Sjå elles kommentar til tabell under.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Vi har i 2018 ikkje greidd resultatmålet om at 100% av klagesakene skal vere behandla innan 12 veker. Totalt har vi behandla 35 klagesaker på reguleringsplan i denne perioden, der 19 blei behandla innanfor fristen.  Av dei sakene som har hatt ei saksbehandlingstid på over 12 veker, har gjennomsnittleg fristoverskriding vore på 19 dagar. Det har vore ein nedgang i saker som blir behandla innan 12 veker samanlikna med 2017. Dette beror hovudsakleg på at vi gjennom året har brukt tid på meir utadretta verksemd og rettleiing overfor kommunane.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi har ikkje hatt nokon saker om oreigning til behandling som førsteinstans i 2018.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi har i 2018 behandla 5 klagesaker om oreigning etter plan- og bygningsloven. Fire av sakene vart behandla innanfor fristen på 12 veker, medan ein sak gjekk over fristen.

Kompetanse i regelverket på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 3.3.1.1.8.1 i TB)

Rapportere på

All saksbehandling knyttet til klagesaker, tilsyn og håndheving av skolemiljøsaker skal være utført med riktig kvalitet i tråd med regelverket og instrukser. 

Meldingar om skulemiljø har førsteprioritet hos oss og alle innkomne meldingar blir behandla umiddelbart.

Vi har utarbeidd klare rutinar på alle faser i behandlinga av skulemiljøsaker. Det er etablert eit 9a-team som består av 6 personar der leiinga for avdelinga er med. Teamet har faste møte to gongar per veke der ein går gjennom saker, drøftar løysingar og lærer av kvarandre. Det er alltid to medarbeidarar som arbeider med kvar enkelt sak, som regel ein jurist og ein  pedagog. Vi har eit oversiktleg registreringssystem over innkomne saker, ansvarlege for sakene, tidspunkt for når meldingane er komne inn og resultat (brot/ikkje brot). Vi har stor nytte av fagsamlingar som Udir har hatt på skulemiljøområdet. Det har også vore nyttig å få tilbakemeldingar frå Barneombudet på vår behandling av vedtaka våre. Vi har også samarbeid i Region Midt om skulemiljøsaker for å få meir felles praksis, noko som også har vore nyttig.  I 2018 har vi prioritert informasjon om handhevingsordninga og legg opp til tilsyn både i grunnskule og vidaregåande skular i 2019.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Vi fulgt plan for risikobasert kontroll av kommunane og gjennomført forvaltningskontroll i 8 kommunar. Ellers har vi gjennomført fleire fagsamlingar for kommunane og har løpande fokus på rettleiing innan alle fagområder. Elles handsamar vi saker som førsteinstans og klageinstans innan rimeleg tid. Vi meiner vi oppfyller lov- og tilskotsforvaltning både effektivt og korrekt.

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan. 

Det er i 2018 behandla og utbetalt 232 søknadar om reisetilskot ved veterinærar sine sjuke- og inseminasjonsbesøk. Av desse vart 22 søknadar kontrollert. 

I Møre og Romsdal har vi 5 avløysarlag som mottek tilskot til landbruksvikar for avløysarlag. I 2018 vart eit føretak kontrollert.

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Vi har gjennomført risikobasert kontroll i 8 av totalt 36 kommunar. Målsetjinga om kontroll i meir enn 20 prosent av kommunane er oppfylt. 

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Andel avvik avdekket under kontroll er fulgt opp 100 prosent.

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester



Vårt inntrykk er at befolkninga har stor tillit til helse- og omsorgstenestene. Vi ser likevel at mange kommunar opplever eit stort press og at kravet om effektivitet aukar, noko som kan føre til vedtak om reduserte tenester og misnøye i befolkninga. Førebyggande tiltak som rehabilitering, dagtilbod og frisklivstiltak er ofte det som blir redusert når budsjetta skal handsamast. Det er krevjande for mange å forhalde seg til at effekten og innsparinga vil kome i framtida, og at vi difor må førebygge i dag.

Nokre grupper er særleg utsett for sviktande tilbod. 
1) Personar med psykisk utviklingshemming som treng tilrettelagt bustad og tenester.
2) Personer med  psykisk sjukdom som treng langtidsbehandling i både kommunehelseteneste og spesialisthelseteneste.
3) Personar med demens som er for dårleg diagnostisert og fulgt opp.  

Etter vår vurdering er svikt i tenestene ofte grunna i dårleg kommunikasjon, lite systematikk og svak leiing.

Vi ser og at i mange tilfelle er det dei som treng mest kompetanse i tenestene som blir teke hand om av den svakaste kompetansen. Medieoppslag om til dømes lang ventetid til sjukeheim er også med på å svekke tilliten.

Når det gjeld dei sosiale tenestene i NAV høyrer vi stort sett frå brukarar som er misnøgde med NAV-kontoret. Dette gjeld både måten dei blir møtt på og sjølve tenesta. Det er få av desse som går ut i media med synspunkta sine. Vi har difor ikkje grunnlag for å seie at befolkninga har tillit til dei sosiale tenestene i NAV. 

 
 
.

Minst 80 prosent av (fra kapittel 3.3.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Minst 80 prosent av barn registrert ved barneverninstitusjoner og omsorgssentre skal få tilbud om samtale.

Vi planlegg alltid tilsyna på institusjonane slik at vi kan treffe barna. Alle barn som bur der får tilbod får tilbod om samtale når vi er på tilsyn. Ein del av barna er av ulike grunnar ikkje til stades på tilsynet og ein del ønskjer ikkje tilsynssamtalar. ved tilsynet.  

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Hendelsesbaserte tilsynssaker innan helse oppnådde median saksbehandlingstid på 7,4 måneder. Vi har fortsatt høge restansar på området og mange gamle saker. Frå 2019 har vi fått inn meir legeressurs og vi håper dette skal hjelpe oss til å få ned restansane.

Hendelsesbaserte tilsynssaker innan omsorg hadde median
saksbehandlingstid på 6,2 månader. Vi har få saker i denne kategorien. I 2019 skal vi utarbeide og revidere rutiner og malar på området med mål om å få ned saksbehandlingstida.  

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker(2) (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

Sosial: Ei sak under behandling, men vi ventar på svar frå kommunen før den kan ferdigstillast. Dei lova svar innan januar 2019 etter tre purringar. Saksbehandlingstida fram til no har difor blitt 6 månader.

Avslutning av klagesaker: Minst (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

Sosialtjenesteområdet: 91 % innan 3 månader.

Helsesaker: 53 % innan 3 månader (122 saker)

Omsorgssaker: 25% innan 3 månader (40 saker)

 I Møre og Romsdal har vi på helse/omsorg delt dette arbeidet i to grupper. Totalt er vi på 46% innan 3 månader.

Andel vedtak om bruk av tvang (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

Fylkesmannen har over tid ikkje nådd ressultatmålet.  I 2018 sette vi i verk tiltak for å få ned sakshandsamingstida. Det vart arbeidd fram nye malar for overprøving av kommunale vedtak, interne rutiner vart revidert, sakshandsamarane skjerma seg i perioder frå andre oppgåver og det vart leigd inn ekstra personell. I desember 2018 var sakshandsamingstida i samsvar med resultatkravet og vi skal arbeide vidare med å stabilisere sakshandsamingstida innafor 3 månader.

Andel søknader om dispensasjon (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

Søknader om dispensasjon frå utdanningskravet blir handsama etterkvart som dei kjem og oftast innan ein månad. Fylkesmannen si sakshandsaming er i samsvar med resultatkravet.

Tilsynsaktiviteter(2) (fra kapittel 3.3.1.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende:170 poeng

Fylkesmannen har ikkje nådd resultatmålet på 170 poeng i 2018.

Vi har prioritert oppfølging av gamle tilsyn der det har vist seg å være krevjande for kommunane å rette lovbrota. I fleire av desse sakene har vi hatt tett oppfølging med fleire møter med kommuneleiinga.  

I våre egeninsierte tilsyn har vi prioritert tema knytt til tenesteyting til barn, personar med utviklingshemming og andre personar utan samtykkekompetanse.

Vi har prioritert å arbeide ned sakshandsamingstida for handsaming av klager, hendelsesbaserte tilsynssaker, overprøvinger av vedtak om bruk av tvang og makt framfor å gjennomføre fleire tilsyn.

Tilsynsaktiviteter(5) (fra kapittel 3.3.1.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 40 poeng

Alle landsomfattande tilsyn (LOT) med spesialisthelsetenseta i Møre og Romsdal blir hovudsakleg utført i samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag. I 2017/18 har vi gjennomført fire regionale tilsyn rus/ psykiatri (ROP-tilsyn). I M&R omfatta tilsyna DPS- poliklinikk i Ålesund og DPS- poliklinikk i Kristiansund. Alle tilsyna blei utført i 2017, lovbrota blei fulgt opp samla mot leiinga i klinikken med råd og rettleiing og avslutta i 2018. ( 5poeng)

I 2018 vart det òg gjennomført regional oppfølging av journalgjennomgang ved fire sjukehus etter sepsis- tilsynet (2017). Hovudtyngda i oppfølginga låg til FMTR, men FMMR har delteke i vurderingane, og den lokale oppfølginga (4x5 poeng).

FMMR og FMTR arrangerer årlege regionale tilsynsseminar. Seminaret går over to dagar og temaet er tilsyn med spesialisthelsetenesta . I 2018 var FMMR hovudarrangør (10 poeng).

FMMR arrangerer årlig eindagsmøte med HMR Klinikk for Psykisk helsevern og Rus og Kontrollkommisjonene (2). I 2018 var temaet tilsynserfaringar, oppfølging og bruk av tvang i PHV. (5 poeng)

FMMR og FMTR gjennomfører årlig møte med vårt regionale helseforetak Helse Midt Norge. Temaet er erfaringar frå vår klage- og tilsynsaktivitet (3 poeng).

Totalt syner dette eit aktivitetsvolum på 43 poeng

Tilsynsaktiviteter(2) (fra kapittel 3.3.1.3.6.2 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 60 poeng

3.1.3.4 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal starta opp med tilsyn av 10 faste verjer på det personlege området i 2018. Det vart innsendt verjerapportar frå samtlege, og gjennomført ein tilsynssamtale med 6 av verjene. Her var individtilpassing og viktigheta av å få fram verjehavar sine ynskjer og eigen vilje eit sentralt tema. Dette var også sentrale tema på kurs for faste verjer. Dette har auka likskapen for lova og rettstryggleiken fylket. Fylkesmannen burde ha vært  satt i stand til å føre meir og tettare oppfølging av verjene våre. Vi ser  at verjerollen ikkje er tilstrekkeleg forstått.  Til tross for opplæring vert ikkje  verjeoppdraget praktisert i samsvar med lovens formål.  Satsane for verjegodtgjering er også til hinder for at vi får rekruttert dei beste verjene.  Dei fleste samtalene med verjehavar foregår på telefon. Vi ser at eit fysisk besøk i mykje større grad er egna til å få frem den reelle vilje.                                                    

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 hatt fokus på saksflyten rundt opprett verjemål. Skjerpa rutiner for varsel, purring og kvalitetssikring, har vore i fokus. Dei økte krava til tilpassing av verjemålet, samtaler med verjehavar og andre partar i saken tek likevel tid. Vi opplever også å måtte vente lenge på tilleggsopplysningar, særleg legeerklæringar, noko som går ut over sakshandsamingstida. 

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Også i 2018 vart resultatmåla for verjegodtgjering nådd. 

Utfordringane på området er knytt til at det er stor saksmengde og varierande kvalitet på søknadane som kjem inn. Godtgjeringssakene kjem ofte inn i store bolkar og i samband med årsskiftet og ved avvikling av feriar har ein mottatt særs store saksmengder. Vi har nytta  sommarvikarar på området og har frå hausten 2018 knytt til oss en student som arbeider 1-2 dager i veka med verjegodtgjering.

På kurs for faste verjer i november 2018, vart det satt fokus på godtgjering, regelverket og føring av timelister ved søknader om godtgjering etter førte timar.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har enno ein del advokatar inne som verjer og fekk i 2018 ikke tatt ein total gjennomgang av advokatverjene. No vert arbeid med å vurdere om verjemålet treng advokatverje, teke fatt på samstundes med handsaming av søknadane. Advokatverjene får då høve til å trekke seg eller gå over på fast sats for godtgjering og utgiftsdekning.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 70 dager.

Det har vore ei utfordring å oppnå dette kravet i 2018.  Klagesakene vert gjennomgått av jurist.  Store komplekse saker og ei aukande mengd med fratakelser av rettsleg handleemne, legg beslag på juristressursane i ein slik grad at vi har måttet gi klagesakene  noko lavare prioritet.

Fylkesmannens kontroll av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 50 %.

I forhold til tal innhenta frå Evry og Altinn vart totalt 57% av verjerekneskapa levert digitalt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2018. Vi sendte ut informasjon om digital innsending og oppskrift på dette saman med brevet og hadde også eit tilbod til alle verjer i fylket om å delta på totalt 4 ulike informasjonsmøter om digital innsending av rekneskapen digitalt.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 30 %

41% av søknadene om godtgjering kom inn digitalt.  44% av søknadene om fylkesmannens samtykke kom inn digitalt i 2018.

3.1.3.5 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Sjølvbestemmelse har vore eit sentralt tema i både kurs for faste verjer og i tilsyn med verjer på det personlege området, og det har auka fokuset på dette blant verjene. Vi bruker ressurser på å innhente opplysninger frå pårørande, og helsepersonell for å kartlegge og individtilpasse verjemåla. Denne kontakten medfører anten at vi ser at det ikkje er behov for verjemål, eller at verjemåla vert godt tilpassa den enkelt verjehavar.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Før et eventuelt vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet kan individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Samtalar med verjetrengande, pårørande og andre instansar før vedtak har betra tilpassinga av verjemålet.  Auka informasjon om pårørande sine rettar etter helselovgivninga og mogelegheita for bruk av ordinære fullmakter og legalfullmakt har  gjort at ein i mange saker har avgrensa mandatet.  

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Økt kvalitet og kompetanse i kommunene

Vi har etablert ein samarbeidsarena mellom aktuelle samarbeidspartar både for skule/opplæring og for barnehage når det gjeld kompetanseutvikling (Desentralisert modell for skule og Regional ordning for barnehage). Følgjande deltakarar er  med i Samarbeidsforumet på fylkesnivå:

Skule

Inntil 3 repr frå kvar region

Inntil 2 repr på kvar av UH-institusjonane: HVO – NTNU

Inntil 2 repr frå fylkeskommunen

1 repr frå KS

1 repr frå Utdanningsforbundet

1 repr frå Skolelederforbundet

Barnehage

Inntil 3 repr frå kvar av regionane

Inntil 2 repr frå kvar av UH-institusjonane: HVO – NTNU

Inntil 2 repr frå fylkeskommunen

1 repr frå KS

1 repr frå Utdanningsforbundet

1 repr frå Fagforbundet

1 repr frå Private Barnehagers Landsforbund 

I tillegg har kvar region etablert arbeidssgrupper på regionsnivå der dei samhandlar spesielt med høgskulen og aktuelle partar. Vi har ein avtale om at på eitt møte i mars/april skal Fylkesmannen og høgskulen vere med for å drøfte behov og  diskutere modellen.

Det er nyttig at dei får fram lokale behov for kompetanseutvikling, at dei har etablert god samhandling med høgskulen, og har ønske om å ha eit felles forum for både barnehage og skule slik at ein ser samanheng i tiltaka med fokus på tidleg innsats.

Fagfornying har vi tatt opp og diskutert i møte med regionskontaktane og på regionale møte. I tillegg har vi formidla status  på informasjon og diskusjon om aktuelle  tiltak i samband med den desentraliserte kompetanseplanen i regionane. Vi har også lagt ut stoff om fagfornyinga på heimesida vår.

Våren 2018 gjennomførte vi to regionale møte der skulemiljø og erfaringar frå vår behandling av skulemiljømeldingar vart formidla og var utgangspunkt for diskusjon på møta. På desse møte deltok skulefagleg ansvarleg på kommunenivå og dessutan skuleleiarar i grunnskulen.

5 kommunar har deltatt i pulje 1 i satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø, samlingsbasert. Vi har ikkje med hatt nokon i pulje 2 og 3, men håper å få med kommunar i pulje 4. Deltakarande kommunar med barnehagar og skular har vore svært fornøgd med skoleringa, og har på møte motivert andre kommunar til å søkje om deltaking i pulje 4.

Fylkesmannen var med i planlegginga for å få i gang ei skoleringsrekke i regi av Læringsmiljøsenteret som skulle etablere Innsatsteam mot mobbing  på skulane. To av fire regionar, i tillegg til tre vidaregåande skular har vore med på denne skoleringa, og dei har gode tilbakemeldingar på opplegget.  

Med bakgrunn i gjennomførte tiltak og aktivitetar vurderer vi å ha nådd måla for 2018 når det gjeld å auke kvalitet og kompetanse i kommunane.

Oppfølging av skoleeiere som ikke har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere, som er omfattet av oppfølgingsordningen og ikke har igangsatte tiltak, skal ha fått nødvendig oppfølging fra fylkesmannen.   

I Møre og Romsdal er det ein kommune som deltek i VK 17 og ein kommune som deltek i Oppfølgingsordninga. Begge kommunane har gjennom nasjonalt veilederkorps tiltak som er igangsatt. Arbeidet med dei ulike tiltaka i Oppfølgingsordninga blir sett i samanheng med  desentraliserte kompetanseutvikling.

Kommunen i VK 17 har vore ute av veiledning høsten 2018, men er no attende fra 2019 med bistand frå veilederkorpset. På grunn av oppholdet av veildning vil ein søkje om å forsette med veilederkorps ut over over veiledningsperiodens slutt.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Fylkesmannen og fylkesberedskapsrådet har evaluert gjennomføringa og vår rolle i øvelse Trident Juncture.

Barneombudet har gått gjennom og vurdert alle vedtaka i skulemiljøsaker som embetet fekk inn første halvåret etter at lovendringa vart vedtatt, dvs frå 1.08.17 til 31.12.17. Vi har hatt møte med representantar for Barneombudet der dei har gått gjennom resultata av vurderinga dei har gjort. Dette har vore nyttige tilbakemeldingar som har gjort at vi har justert praksis.

Det vart ikkje gjennomført medarbeidarundersøking i 2018. Fylkesmannen har heller ikkje gjennomført nokon generell brukerundersøking for embetet i 2018.


3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Fylkesmannen som pådriver for tverretatlig samarbeid for utsatte barn og unge og deres familier:

Etter dialog med flere regionale aktører er det tatt initiativ til å etablere et Levekårsnettverk i Møre og Romsdal. Levekårsnettverket er satt sammen av øverste regionale ledelse for Husbanken, IMDI, KS, fylkeskommunen, NAV Møre og Romsdal og Fylkesmannen. Målet for samarbeidet er å medvirke til bedre regional samordning av tiltak for utsatte barn og unge og deres familier, samt for personer med spesielle utfordringer knyttet til rus og psykisk helse.

Vi har hatt fleire saker og møte med kommunar som ønsker råd og rettleiing på spørsmål som går på tvers av lov- og regelverk. Det gjeld t.d. bruk av tvang i skulen, og saker med skulevegring. Vi har etablert ei gruppe som består av rådgivarar frå sosial/helseavdelinga og Oppvekst-/utdanning som jobber med desse sakene og ser regelverket i samanheng og dermed finn fram til hensiktsmessige løysingar.

Fylkesmannen Gjennom 0-24 samarbeidet, som er ein del av vår tverrfaglege satsing Betre Oppvekst, kan vi bidra til heilskapleg tilnærming i både i konkrete, komplekse saker og i rettleiing og oppfølging av kommunane generelt.

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Ingen avvik.

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet



Vi har gjennomført 15 av 32 lovpålagte institusjonstilsyn i 2018. Vi har gjort det utfrå grundige risikovurderingar og prioritert t.d. omsorgsinstitusjonar der omfang av tvangsbruk og stor "turn-over" har vore utfordringar.  Vi har også prioritert og gått inn i ein kommune og brukt mykje tid til råd og rettleiing fordi vi har vurdert det som  nødvendig.

Tilsyn med familievernkontor: Det er ikkje gjennomført tilsyn med fylket sine tre familievernkontor i 2018. Vi har heller ikkje mottatt informasjon som gjev grunn til uro. No har vi styrka bemanninga på barnevernsområde med ei halv stilling.

Kommunane sitt ansvar for krisesentertilbod og oppfølging av voldsutsette i reetableringsfasen: I løpet av dei to siste åra er det gjennomført tilsyn med alle dei tre krisesentra i fylket. To av tilsyna viste manglar i tilbodet til menn med born. Fylkesmannen har i samarbeid med krisesenter og Regionalt Senter for Vold og Traumatisk Stress gjennomført kompetanseprogram for utarbeiding av handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Fylkesmannen har gjeve prosjektskjønn til dette arbeidet, som skal halde fram også i 2019.  

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Kvalitet og innovasjon i helse- og omsorgstjenestene:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arbeider målretta for at alle kommunane i fylket skal ta i bruk velferdsteknologi som ein integrert del av helse- og omsorgstenestene. I 2018 var 29 av våre 35 kommunar komme med i det Nasjonale Programmet for velferdsteknologi, gjennom fem ulike kommunesamarbeid/prosjekt. Dei siste seks kommunane kjem med i Nasjonalt program i 2019. 

Fylkesmannen etablerte tidleg, og driv Forum for velferdsteknologi for prosjektleiarar og kompetansemiljø. Prosjekta opplever dette som ei god støtte og hjelp i det lokale arbeidet med både opplæring, innkjøp og drift av teknologien.

Alle kommunane i fylket har skrive intensjonsavtale om å delta i Helseplattformen, for felles løsning for pasientjournal i Midt-Norge. Fylkesmannen støttar opp om dette arbeidet med mellom anna tildeling av prosjektskjønn til dei tre regionane og til koordinering av arbeidet i fylket.

Arbeidet med Leve hele Livet kom godt i gang hausten 2018. Det er beslutta intern organisering og starta samarbeid med KS og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester. Dialogmøter med kommunane vart planlagt for gjennomføring i januar/februar 2019.

Kompetanseløft 2020: Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomfører årleg møte for og med alle kommunane og utdanningsinstitusjonane i fylket. Desse møta er ein viktig arena for utveksling av erfaringar og for at kommunane kan legge fram sine behov for ulike utdanningstilbod. Vi ser at styrka dialog fører til at det kjem i gang nye studietilbod i fylket.

3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Verjemål:

Fylkesmannen må melde avvik på Virksomhets- og økonomiinstruksen punkt 5.3.4.9. I henhold til instruksen skal fylkesmannen sørgje for at alle verjer med rekneskapsplikt leverer komplette verjerekneskap. Fylkesmannen har ikkje prioritert dette i 2018. Vurderinga som vart lagt til grunn var at ein uansett ikkje har ressursar til å kontrollere alle rekneskapa, og slik sett fange opp eventelle  underslag. 

Det ville kreve store ressursar å gå gjennom kvart rekneskap for å kontrollere at alle dokumentkategoriane var komplett. Rekneskapa som var med i uttrekket er sjekka opp mot punkt 5.3.4.9.  

Det er i punkt 5.3.4.9 vidare vist til ei forventing om at fylkesmannen kontrollerer fleire rekneskap enn det som vert tatt ut i uttrekket ut fra ei risikovurdering. Fylkesmannen har kontrollert rekneskap ved endring av verje med grunnlag i at risikoen må antas for å være større når verjen elles ikkje har gjort jobben sin og må skiftas ut.

 

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Talet på robek kommunar gjekk ned i 2018 frå 10 til 5. Vi meldte ut 6 kommunar, medan ein kommune vart meldt inn. Ved utgangen av året ligg det an til at 4 av 5 kommunar vil bli meldt ut av robek lista i løpet når rekneskapa for 2018 er klare. Det betyr at truleg berre ein kommune vil vere på robeklista i 2019. I så fall vil det vere historisk lågt i Møre og Romsdal !



3.2.8 Kunnskapsdepartementet

 Ingen avvik.                                                                                        

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Hvilke utfordringer opplever FM at NAV-kontorene har med KVP (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket, herunder: I hvilken grad blir personer i målgruppen for programmet vurdert med hensyn til deltakelse og får de som har krav på det, tilbud om program; Hva kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP, og hvilke utfordringer opplever Fylkesmannen at NAV-kontorene har i arbeidet med KVP; Hvilke virkemidler benytter Fylkesmannen for å understøtte kommunenes arbeid for å øke bruken av KVP.

Statistikken viser at Møre og Romsdal framleis ligg lavt når det gjeld talet på deltakarar i KVP. Etter vår vurdering er det truleg fleire i MR som har rett på program.

Kontor som arbeider godt med KVP prioriterer dette arbeidet, dei sørger for at det er nok kunnskap om regelverket og arbeidslivet, og har samarbeidskompetanse både med brukarar og arbeidsliv. Vi har også sett at vegleiarar som har KVP som spesialkompetanse og som samhandlar med resten av kontoret er ein styrke.    

Fylkesmannen har KVP som tema på faste møter med NAV leiarane og i opplæring i sosialtenestelova. I mai 2018 hadde vi også eigen KVP fagdag. Vi tilbyr råd og rettleiing på e-post og telefon og har utarbeidd eit tipshefte om innhald i KVP. Vi samarbeider med NAV region i dette arbeidet.  KVP er tema i embetsleiinga sine aktivitetar ut mot kommunane når det er relevant. KVP er også tema i samarbeidsavtalen og i dialogen med leiinga i NAV region. Vi har og samarbeidd med AV-dir. når det gjeld regelendring og rundskriv slik at vi får løfta opp aktuelle problemstillingar og kan få dei avklart.

For å få meir informasjon om situasjonen no, sendte vi ut e-post med tre spørsmål til våre 31 kontor og fekk svar frå 15 kontor:

1. Beskriv kort korleis brukarar med rett til KVP blir identifisert. 

Ved behovsvurdering og kartlegging av brukarene (NAV lova § 14 a). Enkelte kontor  viser til at identifisering av rett til KVP skjer i møter med brukarar som har søkt om kommunale ytingar. Eit kontor viser til at dei har rettleiar med særskilt kompetanse på KVP, som deltek i slike identifiseringsprosessar. Andre viser til at vegleiarane har kompetanse på dette og identifiserer brukarar i det vanlege oppfølgingsarbeidet; ved vurdering av aktivitetsplikt, avslag eller ved stopp AAP. Enkelte seier at dei er merksam på langtidsmottakarar av økonomisk stønad, og har teke ut lister for å sjå kven som kan vere aktuelle deltakarar til dømes langtidsledige.

2. Beskriv suksesskriterier i KVP arbeidet

Identifisering, god plan og tett oppfølging, at bruker sjølv er delaktig heile vegen i programmet, brukars motivasjon til arbeid og samarbeid med konkret arbeidsgivar. Tilsetting tidleg i prosessen, kjeding av arbeidsretta tiltak og bruk av lønstilskot som overgangstiltak blir også nevnt. 

Eit kontoret skriv at dei har god erfaring med løysingsteam. Alle sakshandsamarane er med i eit team der dei kan drøfte dei brukarane dei har ansvar for. Her vert også eventuell oppmoding om å søke KVP for einskildbrukarar drøfta. 

Eit kontor seier at jobbkonsulentane deira er ansvarleg for utarbeiding av planen og oppfølging av deltakarane undervegs i løpet. Dette har vore avgjerande for å kunne auke volumet.

3. Beskriv utfordringar i KVP arbeidet

Fleire meiner at inngangsvilkår og krava til KVP arbeidet er krevjande og kanskje vel mykje byråkratisk, mens andre «ser ingen utfordringar i KVP arbeidet».

Utfordringar er tid til å følge opp brukar, at alle rettleiarar kjenner portefølja si godt nok og å finne relevant aktivitet som deltakar ynskjer og å tilby aktivitet i kommunal regi. Enkelte deltakarar har veldig mykje «støy» i livet sitt som gjer jobbfokus i KVP krevjande, til dømes rusutfordringar eller at barnevernet i periodar er tungt inne. Dette kan være så altoppslukande at deltakar slit med å fokusere på andre område i livet.

Dei nevner også språkutfordringar, at brukar gjer seg utilgjengeleg, rus og psykiatri, kulturforskjellar, lite arbeidserfaring og mangel på, eller ingen utdanning. 

Vilkår for aktivitet for de under 30 år... (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med  aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

Fylkesmannen hadde stort fokus på dette i 2017 i våre kurs, fagdagar og på NAV leiarmøte. I 2017 eller 2018 har vi ikkje fått klagesaker på aktivitetsplikta etter § 20a. Vi har likevel sett i klagesaker på § 18 økonomisk stønad, at vilkår om aktivitet ikkje alltid blir rett heimla. I fleire vedtak manglar klare konsekvensar ved brot på vilkår, men det er ikkje synleg i vedtaket at konsekvensar har blitt sett i verk. Vedtaka viser at stønaden er utbetalt på førehand så konsekvensen kan ikkje setjast i verk i aktuell vedtaksperiode. Det ser ut til at vilkår etter §§ 20 og 20 a blir blanda saman med «betingelsar» for stønad etter § 18. I slike saker sender vi følgebrev til klagesaka der vi forklarer NAV korleis både §§ 20 og 20 a- skal nyttast og forskjellen til «betingelser» for å ha rett på økonomisk stønad.

For å få litt meir informasjon om situasjonen sendte FMMR ut to spørsmål til våre 31 NAV kontor, av desse har 16 svart:

1. Erfaringar frå innføring av aktivitetsplikten i din kommune:

Svara er svært varierte;  nokre kontor har praktisert aktivitetsplikt etter § 20, andre har begynt å praktisere dette etter at § 20 a ble innført. Fleire seier at § 20a har ført til auka fokus på arbeid som mål for sosialhjelpsmottakarar, andre har hatt dette fokuset før eller at dei nyttar statlege tiltak og tenester i staden for å lage § 20a tiltak og vedtak. Enkelte kontor har kommunale tiltak for målgruppa andre opplever ikkje at kommunen som eigar tek dette ansvaret. Enkelte kontor viser til de har eit eller to kommunale aktivitetstilbod, andre tilbyr aktivitetar som er statleg, kommunalt, privat (ordinært arbeidsliv) med fleksibel tilnærming. Fleire kontor har brukt mykje tid på etablere tilbod til målgruppa og viser også til at det er krev både tid og ressursar å tilby, følgje opp og administrere dette. 

2 Om aktivitetsplikten har bidratt til overgang til arbeid og utdanning:

Også her er svara svært varierte; nokre kontor seier at aktivitetsplikta har ført til overgang til arbeid og utdanning, andre seier at det ikkje berre fører til arbeid men statleg arbeidsretta tiltak eller ytingar. Nokre kontor seier at om det ikkje har ført til arbeid så har det i det minste ført til eit innhald i dagen for den det gjeld. Det blir også sagt at i den grad det har ført til arbeid, arbeidsretting eller utdanning så er det ikkje nødvendigvis pga § 20a men fordi det å følgje tettare opp gir positive resultat.

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med kommunenes oppfølging av krisesenterloven.

35 av 36 kommunar i Møre og Romsdal har ein samarbeidsavtale med eit krisesenter i vårt fylke (Kristiansund, Molde og Ålesund). Ein kommune (Rindal) har samarbeidsavtale med krisesenteret i Orkdal.

I 2017 gjennomføre FM tilsyn ved besøk på krisesenteret for Sunnmøre (18 kommunar) og krisesenter for Molde og omegn (10 kommunar). 

I 2018 vart det gjennomført tilsyn ved krisesenteret i Kristiansund (7 kommunar). Eigen rapport er utarbeidd og oversendt direktoratet. Tilsynet avdekka lovbrot/manglande likeverdig tilbod ovanfor menn med born. Det same var gjeldande for krisesentertilbodet Ålesund. Ein har som mål at funna skal rettast opp i løpet av 2019. I tillegg avdekte tilsynet manglar med Kristiansund kommune sine internkontrollrutinar som ein forventar å få på plass.

Ved Krisenteret i Molde er det arbeidd målretta med utarbeiding av handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Her har RVTS vore ein aktiv medspelar og Fylkesmannen har også bidratt.  I denne samanhengen er der også sluttført eige kompetanseprogram med 7 fagdagar. Dette i samarbeid med Høgskulen i Molde. Det blir rapportert om stor nytteverdi og brei deltaking.  Alle dei tilhøyranda kommunane har politisk vedtekne handlingsplanar (10). Fylkesmannen har innvilga skjønnsmidlar til dette arbeidet i 2018 (kr.500 000). For å stimulere til arbeidet ved krisesenteret Kristiansund er det innvilga kr.300 000 til same type arbeid i 2019. FM har som mål å tildele midlar også til Sunnmøre d.å.

I oktober vart det gjennomført eigen fagdag der den nye vegleiaren for innhaldet i krisesentertilbodet var tema. Her var målgruppa mellom anna dei tilsette i krisesentra.


Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Ingen reduksjon av tilbodet i 2018.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten.

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 handsama 920 saker etter ekteskapslova. Det er gjeve 441 separasjonsløyve og 479 skilsmisseløyver. Talet på saker til handsaming etter ekteskapslova er fremleis stabilt og antall søknader som vert sendt inn elektronisk aukar. Dette gjeld særleg søknader om skilsmisse, som kjem inn elektronisk saman med digital vitneerklæring.

I 2018 har ein handsama 45 saker etter annerkjennelseslova, her ser ein nedgang i antal saker frå 2017.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ikkje fatta vedtak etter barnelova i 2018. Vi har ikkje fått inn saker på dette området. Vi har hatt ein del rettleiing pr. telefon på området.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Fylkesmannen blir kontakta pr. telefon frå foreldre som er usikker på korleis reisekostnader ved samvær skal delast. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har lagt oppdatert informasjon ut på vår heimeside. Vi blir i mindre grad enn tidlegare kontakta av familievernkontor og tilsette i kommunen etter at Bufetat har overtatt deler av dette området.

Det er ei auke i spørsmål knytt til rett til å få informasjon om barnet frå helsetenesta, sjølv om foreldra kanskje ikkje lenger har omsorg for barna, eller ikkje har foreldreansvar.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes biologiske opphav i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 gitt opplysningar til   den adopterte om sitt biologiske opphav i 24 saker, der fylkesmannen tidlegare har gitt løyve til adopsjon. Dette er en nedgang i talet på henvendingar. Ny lov om adopsjon trådte i kraft 01.07.18 og kretsen av personar som kan be om innsyn er utvida, utan at dette har ført til meir pågang. 

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ikkje gjennomført tilsyn med fylket sine tre familievernkontor i 2019. Vi har vurdert at det ikkje har vore behov for slike tilsyn i år og vi har ikkje mottatt informasjon som gjev grunn til uro.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.2.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Universell utforming inngår som fast sjekkpunkt i alle plansaker på høyring etter plan- og bygningslova. I den løpande plansaksbehandlinga vil merkander og vurderingar knytt til universell utforming inngå i våre høyringsfråsegner i samband med kommunale planstrategiar, kommune(-del)planar og reguleringsplanar. I 2018 omfatta dette 419 saker/ekspedisjonar. Universell utforming vil i praksis ofte vere nær knytt til andre planfaglege tema som f.eks. Folkehelse og Barn og unge. Det tverrfaglege perspektivet er her særleg understreka.

Planavdelinga i Kommunal- og moderniseringsdepartementet disponerer midlar over statsbudsjettet knytt til kompetanseutvikling og opplæringstiltak i kommunane innanfor plan- og bygningslova. Deler av desse midlane er øyremerka universell utforming. I 2018 har FMMR og MR fylkeskommune i samband med dette gjennomført ein regional plan- og byggesakskonferanse der tema Universell utforming vart særkilt utdjupa. Søkelyset vart her retta mot både Universell utforming som strategi og Universell utforming i plan- og byggesaksbehandlinga.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.2.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Likestilling og inkludering inngår som gjennomgåande perspektiv i FMMR sin strategiplan for perioden 2017 – 2020. Universell utforming i vid forstand vil m.a. her vere eit berande element. Dei gjennomgåande perspektiva i planen omfattar i tillegg til Likestilling og inkludering følgande tema: Livsløp og folkehelse, Klima og miljø, Samfunnstryggleik og beredskap og Digitalisering. Dei gjennomgåande perspektiva i planen er direkte kopla til tre prioriterte tverrfaglege satsingsområde: Betre oppvekst, Samordning av tilsyn og Omstilling og smarte løysingar.

Felles for dei gjennomgåande perspektiva er at dette:

• omfattar nasjonalt prioriterte samfunnsomsyn som Fylkesmannen skal vurdere i alle planar og tiltak

• skal medverke til heilskapleg planlegging og tverrfagleg arbeid i tråd med Fylkesmannens ansvarsområde og roller

• skal vurderast for alle tiltak i vidare arbeid med innsatsområde på tvers, handlingsprogram og avdelingsvise verksemdsplanar

• er tett kopla til gjennomgåande perspektiv i Regional planstrategi og Fylkesplan for Møre og Romsdal 2017 – 2020


 

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder digitalt kurs modul 1 og veilederen.

Vi har informert om digital modell, vidare har vi informert om rettleiaren både på møte med skulefagleg ansvarlege og på møte med barnevernsleiarane.  Elles har vi på møte med skulefagleg ansvarleg på kommunenivået informert om kompetanseløftet innan barnevern, og vi har gitt tilsvarande informmasjon om satsinga på barnevernleiarsamling.  Her er det felles arbeidsmåtar p¨å begge områda med lærande nettverk og bruk av Veilederkorps.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28.

Fylkesmannen har laga årsrapport om tilsynet på barneverninstitusjonane.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.

Fylkesmannen har prioritert arbeidet med akuttberedskapen i barneverntenesta både ved at kommunane har fått prosjektskjønnsmidlar til dette formålet og ved dialog og oppfølging av kommunane. Fylkesmannen arrangerte fagdag om dette temaet for kommunane den 11. september 18. Etter kommunane si rapportering ved årsskiftet er statusen i fylket slik: 29 av kommunane har etablert ei ordning for akuttberedskap.  7av kommunane på Søre Sunnmøre er i ein prosess der dei arbeider med utgreing av to ulike alternativ til akuttberedskapsordning og har ikkje formaslisert akutttberedskap pr d.d.

Fylkesmannen har teke i bruk Bufdir sitt verktøy for risikovurdering av kommunalt barnevern ("tjenestebarometeret"). Vi nyttar dette fortløpande både når det gjeld arbeidet med å kontrollere kommunane si rapportering og i anna oppfølgingsarbeidd.   

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Helse- og omsorgstilbudet i kommunane er i sterk utvikling, i samsvar med Omsorgsplan 2020 og Demensplan 2020.

Det er stort fokus på både kvalitet og kompetanse, samt teknologi både i meldingsutveksling og i den daglege tenesteutøvinga.

Kommunereformen har framleis stort fokus i mange kommunar, noko som påvirkar utvikling av tenestetilboda. Dette er med å påverke i positiv retning, fordi dei nye kommunane må kartlegge status og utfordringar og legge nye heilskaplege planer.

Fylkesmannen nyttar i møte med kommunane høve til å gje klare signal om planlegging ut frå både samla og individuelle behov, samt at vi tilbyr råd, vegleiing, kurs, konferansar og læringsnettverk.

Tiltaka i Demensplan 2020 har høgt fokus. Møre og Romsdal ligg framleis på landstoppen når det gjeld ABC-opplæringa. I 2018 var det 16 kommunar (524 personar) som fekk støtte til Demensomsorgens ABC og Eldreomsorgens ABC gjennom  kompetanse- og innovasjonstilskotet. 27 av 35 kommunar har tilbod om Pårørandeskole.

Vi har årleg møte med kommunane om Kompetanseløftet 2020. Utdanningsinstitusjonane i fylket og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester deltek. Dette er ein god arena der kommunane kan legge fram sine behov for kompetansetilbod. Vi ser at dette gjev resultat med nye og tilpassa studietilbod, som til dømes desentraliserte utdanningsløp.

Vi har eit svært godt samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT). Dei er viktige samarbeidspartar m.a. i planlegging og gjennomføring av konferansar og læringsnettverk.

Vi har årlege konferansar med fokus på kvalitet i tenestene, brukarmedverknad, pasientsikkerheit, fagutvikling og erfaringsdeling. På Omsorgskonferansen i 2018 var tema m.a. «Korleis skape bærekraftige omsorgstenester i ein digital verden?». Nesten alle kommunane og alle dei fire sjukehusa deltek i læringsnettverk for "Gode pasientforløp til den eldre multisyke pasient" og "Innføring av palliativ plan i Møre og Romsdal". Dette er unikt for vårt fylke og gir kommunar og helseføretak felles verkty. Det siste prosjektet fekk Fylkesmannens omsorgspris for 2018.

Møre og Romsdal deltek med fire prosjekt i det nasjonale programmet for velferdsteknologi. Prosjekta inkluderer til saman 29 kommunar. Dei siste seks kommunane har no gått saman om å søke tilskot for 2019. Det er stor aktivitet, mellom anna med gjennomføring av Velferdsteknologiens ABC. Fylkesmannen har etablert "Forum for velferdsteknologi" der alle prosjekta og ulike kompetansemiljø møtest for erfaringsdeling.

 

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordninger 765.60 og 765.62.

Kap.0765 post 60: Fylkesmannen har prioritert oppretting og drift av ACT og FACT-team. Hele fylket er no dekt opp med 4 ulike team. FACT Nordmøre er framleis i oppstartfasen som forprosjekt mens dei andre er kome over i driftsfasen (FACT-Romsal, ACT-Sunnmøre og ACT-Volda).  I tillegg var det i 2018 tildelt midlar til FACT-Ung Nordmøre som eit forprosjekt. Dette i nært samarbeid med Helsedirektoratet. Tildeling knytt til ACT/FACT-team utgjorde 60,5%. Dei andre tiltaka (39,5%) knytt til ordninga har stor fokus på samordna kommunale tiltak ovanfor born og unge.

Kap.0765 post 602: 23 av 36 kommunar, 64%, har søkt og mottatt tilskot til kommunalt rusarbeid. Det var berre ein ny kommune med i ordninga i 2018. Det var auke i tal på kommunar som søkte om tilskot til erfaringskonsulent.

Vi ser at det er utfordrande for ein del av dei minste kommunane å få kvalifisert personell inn i stillingane.


 

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale rusarbeidet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Samlet sett vurderer vi at utvikling av rusarbeidet i fylket går i rett retning. Vi har som mål å sjå nasjonale satsingar i samanheng. Rusperspektivet vert tatt med inn i habilitering/rehabilitering, i sosiale tenester i NAV, i eldrereformen, i arbeidet med frisklivssentralar og anna folkehelsearbeid. Vi samarbeider tett med kompetansetsenter for rusfeltet om felles tiltak inn mot kommunane. Det er heilt nødvendig i eit fylke med mange små kommunar.

62 % av kommunane i Møre og Romsdal seier opptrappingsplanen har hatt direkte innveknad på utforming av kommunalt rusarbeid, og det er ei auke på 3,7% i talet på årsverk i fylket.

NAPHA, KoRus og Fylkesmannen arrangerer årleg ei felles nettverksamling for fagfelta rus og psykisk helse for både kommunane og spesialisthelsetenesta. Målet er å fremje samhandling og etablere felles kunnskapsgrunnlag. Tilgrensa område vert teke inn i desse samlingane.

Innsendt handlingsplan er gjennomført.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.60.

Det er fordelt 900.000 kroner til sju kommunar i 2018.  16 av 35 kommunar har no etablert frisklivssentral i Møre og Romsdal.

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Fylkesmannen meiner at tilbod til rehabilitering og habilitering framleis kan bli betre i alle kommunane i fylket. For å nå målsettingane i Opptrappingsplanen må fleire kommunar arbeide meir systematisk. Mange av kommunane manglar fagkompetanse på området, og denne må styrkast i vidare arbeid. Planlegging og rekruttering av tverrfagleg kompetanse må til for å nå mål. Interkommunalt samarbeid er ei løysing enkelte kommunar nyttar seg av for å kunne tilby spesialkompetanse.  

Alle kommunane har ei koordinerande eining, men desse er svært ulikt organisert.  Fylkesmannen har eit samarbeid med koordinerande eining i Helseføretaket, og deltar i nettverk med kommunane og HF. Vi har eit samarbeid om ein Rehabiliteringskonferanse anna kvart år.  

Det er 12 av 36 kommunar som har fått tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering. Fleire kommunar har starta med kvardagsrehabilitering og kvardagsmeistring.

Nedbygging av rehabiliteringstilbodet i spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal blir opplevd utfordrande for mange kommunar som ikkje har bygd opp sitt tilbod og nok kompetanse.

Vergeregnskap (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap. Rapporten skal også inneholde hvor mange verger som er fratatt oppdrag i løpet av 2018 på bakgrunn av regnskapskontroll.

Fylkesmannen har ikkje nøyaktige tal på antall verjer under oppfølging utover uttrekket, heller ikkje kor mange som har vorte tatt frå verjeoppdrag grunna ikkje godkjent rekneskap. Når det gjeld uttrekket føl fylkesmannen opp verjer som ikkje får godkjent rekneskapet. I 2018 var det 32 rekneskap som ikkje vart godkjent i sentralt uttrekk. Vidare følger fylkesmannen opp verjer som ikkje leverer rekneskap i det heile tatt. Det vart purra på manglande rekneskap i 122 saker utanom dei som var i det sentrale uttrykket. Det er vist til at det er oppretta 33 aktivitetar for "verjerekneskap - lokalt oppretta" i 2018. Dette  talet er nok for lågt i forhold til kva som faktisk er kontrollert av rekneskap. Desse er  basert på bekymringar som er komen internt eller eksternt i ulike saker. Fylkesmannen i Møre og Romsdal kontrollerer avsluttande verjerekneskap i alle saker ved dødsfall, endring av verje og opphør av verjemål. Desse vert gjennomgått utan at det vert oppretta ein "regnskapsaktivitet".  

Gjennomgang av oppdrag med advokat som verge (fra kapittel 7.3.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på resultatet av gjennomgangen av oppdrag hvor det blir benyttet advokat som verge med timebetaling etter offentlig salærsats jfr. oppdrag 3.3.2.1.2 i tildelingsbrevet. Dersom oppdraget ble rapportert avsluttet i 1. tertial bortfaller rapporteringskravet.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har enno ein del advokatar inne som verjer og fekk i 2018 ikke tatt ein total gjennomgang av advokatverjene. No vert arbeid med å vurdere om verjemålet treng advokatverje, teke fatt på samstundes med handsaming av søknadane. Advokatverjene får då høve til å trekke seg eller gå over på fast sats for godtgjering og utgiftsdekning.

Tilsyn (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten kort redegjøre for tilsyn utover vergeregnskapskontroll som er gjort med vergene i sitt område i 2018. Fylkesmannen skal også kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp.

Det er gjennomført fleire risikobaserte tilsyn basert på bekymringsmeldingar, både som gjeldt økonomiske disposisjonar og på det personlege området. Det er endra verjer i fleire saker som følgje av ekstra tilsyn på rekneskap. Fylkesmannen hadde også tilsyn med 10 faste verjer på det personlege området, gjennom innlevering av skriftelege rapportar. Etter tilsynssamtale med totalt 6 faste verjer hausten 2018, vart det sendt ut brev der det var særkilde punkt i den enkelte sak ein ba verje fylgje opp. Ingen verjer vart fratatt nokre oppdrag eller tatt ut som fast verje etter tilsynet, men ein fekk i fleire saker betre tilpassa omfanget av verjemålet og også i nokre saker avslutta då ein ikkje lenger såg behov for verjemål. I eit par saker vart verjemålet i etterkant oppheva grunna opplysningar i samtalen om at vedkommande motsette seg verjemålet.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på andelen opprettede vergemål for voksne i 2018 hvor det er gjennomført samtale med vergehaver. Fylkesmannen skal i tillegg redegjøre for hovedgrunnene til at samtaler eventuelt ikke er gjennomført.

For 2018 totalt sett er det registrert gjennomført samtale i 39,5 % av sakene. Fokuset på gjennomføring av desse samtalane auka jevnt utover i året og presiseringa frå lovavdelinga angående forståinga av verjemålsloven § 20 hadde ein stor innverknad på dette.
For dei siste 3 månadane av året isolert var prosenten på 49,6 % gjennomførte samtalar. I dei tilfella der samtale ikkje er gjennomført, er det i hovudsak der vedkommande ikkje er i stand til å forstå kva saka gjeld. Ein har då vore i kontakt med helsetenesta og fått opplyst at vedkommande tek skade av å snakke om det på grunn av at ein vert stressa og engsteleg. Dette er oftast personar med langtkomme demens som ikkje er orientert for tid og stad. I nokre saker er det ikkje gjennomført samtale på grunn av at det har vist seg umogeleg å få tak i vedkommande. Då føl ein opp at eit skriftleg samtykke vert sendt inn i ettertid.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved lgjennomgang av gamle saker.

Gjennom samtalar både med verjetrengande, pårørande og hjelpeapparat prøver vi  å få fram kva som er det reelle behovet for bistand, slik at ikkje verjemålet vert meir omfattande enn naudsynt. 

Meir informasjon om alternativ til verjemål har hjulpe i samband med tilpassing av  mandat. Fylkesmannen har ikkje hatt kapasitet til å gjennomgå gamle saker for å gjere individtilpassingar her, men har tatt ei vurdering av saker som har dukka opp undervegs i sakshandsaminga. Då er det ofte innhenta oppdaterte legeerklæringar for å få betre informasjon om behovet slik at det kan gjerast tilpasningar i mandatet.

Fremtidsfullmakter (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet for å øke bruken av fremtidsfullmakter. 

Fremtidsfullmakt har vore tema på totalt 4 informasjonsmøter som fylkesmannen arrangerte i 2018 rundt i fylket. Invitasjon var sendt ut til alle verjer i fylket saman med brev om rekneskap, og det var også opplyst om informasjonsmøtet i lokalavisene. Framtidsfullmakt tok vi også opp som tema der vi hadde innlegg for eksterne om verjemål i 2018, og vi merker at interessen angående dette og kjennskapen til ordninga byrjar å bli meir utbredt.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal mottok i 2018, 538 nye søknader om fri rettshjelp. For fritt rettsråd vart 451 innvilga og 58 søknader vart avslått, 18 av desse på grunn av inntekt- og/eller formuesoverskridingar, 40 vart avslått av andre grunnar.  Det vart gjeve økonomisk dispensasjon i 22 fritt rettsrådssaker.

Av 29 mottekne søknader om fri sakførsel vart 15 innvilga og 14 avslått. To saker vart avslått på grunn av inntekts- og/eller formuesoverskridingar og 12 vart avslått av andre grunnar.  Det er ikke gitt økonomisk dispensasjon i nokon av sakene.

I 2018 vart totale advokatutgifter utbetalt med kr 3.722.014,-, tolkeutgifter vart på totalt kr. 91.868,-. 

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

Totalforbruket på kap/post 047001 vart ikkje som forventa. I 2018 vart det totalt utbetalt kr. 3.722.014, 05 som er ein tydeleg nedgang frå 2017 då det vart utbetalt kr. 5.283.178,-. Nedgangen kjem av at det er svært få asylsaker i 2018, og at færre kvalifiserer til fri rettshjelp då inntektsgrensa ikkje er justert i tråd med for eksempel minsteytelsen i folketrygda.

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.4.3.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen skal rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 behandla 10 klagesaker. Dei fleste klagane galdt avslag om utvida introduksjonsprogram og permanent stans i programmet. Fylkesmannen oppheva 2 vedtak og støtta kommunen sitt vedtak i 8 saker.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.4.3.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 ikkje behandla klagesaker på området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.4.3.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier og hvor mange av nye statsborgere i fylket som har deltatt.

Gjennomført 2 statsborgarseremonier, ein i Ulsteinvik og ein i Molde.  I Ulsteinvik deltok 120 statsborgarar (32,6%) og i Molde deltok 143 (39,6%).

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.4.3.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Samla rapport over antall deltakarar og årsverk som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap i kommunane i Møre og Romsdal er  oversendt Kompetanse Norge i tråd med oppdraget.

I første halvår 2018 rapporterte kommunane om 155,8 årsverk, og i andre halvår 157,1 årsverk. 

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:


I år inviterte Fylkesmannen DSB til fylket sin plan- og byggesakskonferanse. DSB presenterte eit praktisk døme for korleis rettleiaren kan nyttast. FM minner elles om rettleiaren i våre møter med kommunale planleggarar, tilsvarande gjeld for den nye sjekklista.

Klimaprofilen nyttast som kunnskapsgrunnlag i våre høyringsfråsegner som omhandlar klimatilpassing. Vi har ikkje oversikt over i kva grad kommunane nyttar klimaprofilen i sitt arbeid. 

ROS som integrert del av planer (fra kapittel 7.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Erfarer embetet at ROS er en integrert del av planene i kommunene? Hvis ikke, gi en kort forklaring.

Vi erfarer det at kommunane har gjort ei ROS-vurdering i samband med arealplanbehandlinga.

Utfordringer i plansaker (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hvilke utfordringer embetene har i plansaker når det gjelder integrering av ROS.

Med byggteknisk forskrift sine krav til tryggleik mot hendingar som flaum og skred sit få, om nokon, i kommunane på kompetansen til å avdekke reell fare. Konsulenttenester må derfor kjøpast inn, og fleire har påpeika at desse tenestene ser ut til å bli dyrare (og må nyttast oftare).


Det er variabel kvalitet på skredfarevurderingane vi ser, og vi saknar at nokon får eit tydeleg ansvar for kvalitetssikring av vurderingane, kanskje NVE?


Tilgang til fylkesgeolog er eit sakn i kommunane og for oss.

Bruk av veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Hvor mange kommuner har tatt i bruk veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil i planarbeid og ROS-Analyser pr. 31.12.18?

Vi har ikkje konkret oversikt over kor mange kommunar nyttar DSB sin rettleiar, sjekkliste eller "Klimaprofil Møre og Romsdal" i sitt arbeid. Vi ser at fleire plansaker syner til DSB sin rettleiar som kjelde (spesielt knytt til kommune(del)planar), og kjenner igjen faktaopplysingar som kjem frå klimaprofilen.

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.8 i TB)

Rapportere på

DSB har som mål at kommunene etablerer hensynssoner i kommuneplaner rundt eksisterende storulykkevirksomheter, slik at det ikke skjer en uhensiktsmessig utvikling i arealene rundt disse. Beskriv i hvilken grad dette har blitt gjennomført i nyere kommuneplaner.

Fylkesmannen krev at det etablerast omsynssoner rundt storulukkesverksemder i kommunane sine arealplanar. I dei tilfelle der dette ikkje er gjort, har Fylkesmannen fremja motsegn til planen. Kommunane kjem slike motsegner i møte. Det skal derfor vere omsynssoner rundt storulukkesverksemder i alle nyare planar i fylket.

Samordning av beredskapslaner mot storulykkevirksomheter (fra kapittel 7.3.4.9 i TB)

Rapportere på

Hvordan følger fylkesmannen opp at kommuner med storulykkevirksomheter har samordnet kommunes overordnede beredskapsplan med storulykke virksomhetens beredskapsplan?

Gjennom tilsyn med kommunal beredskapsplikt.

FylkesROS (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Når ble siste fylkesROS gjennomført?

FylkesROS for Møre og Romsdal vart ferdigstilt i 2016, og er utarbeida i tett samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune, og med bidrag frå relevante regionale aktørar knytt til ulike tema. I tillegg har vi utarbeidd FylkesROS fjellskred i 2011 og FylkesROS sjø i 2007, som er viktige grunnlagsdokument vi nyttar i vårt arbeid.

FylkesROS - oppfølgingsplan (fra kapittel 7.3.4.11 i TB)

Rapportere på

Foreligger det en oppfølgingsplan til fylkesROS, og i så fall når ble den sist oppdatert?

Oppfølgingsplan vart utarbeidd, og var sist justert i 2016. Vi er i gang med oppfølginga.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.12 i TB)

Rapportere på

Hvilke regionale tiltak har embetet gjennomført for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?


  • Deltaking i regionale plannettverk
  • Deltaking i regionale planforum
  • Møte i fylkesberedskapsrådet
  • Øving med fylkesberedskapsrådet. 
  • Arrangere totalforsvarsmøte for aktørane i Møre og Romsdal, inkludert Trøndelag, Oppland og Hedmark.
  • Regionalt beredskapsseminar med Trøndelag, sivilforsvaret, HV og politi
  • Arrangere øving for kommunane
    Arrangere plan- og byggesakskonferanse der tema m.a. var samfunnstryggleik og klimatilpassing.
  • Deltaking i diverse møter og fora knytt til beredskap mot store fjellskred i samarbeid med Møre og Romsdal Politidistrikt, NVE og dei aktuelle kommunane
  • Deltaking i diverse møtearena (KBO-møte, sjefsmøte HV11, møte med frivillige, møte med kommunale kriseteam, og liknande) 

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.13 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Fylkesmannen har vore deltakar i ei arbeidsgruppe som har jobba
systematisk med planverket for SBS i 2018. Arbeidet er i sluttfasen og skal resultere i eit felles planverk som alle embeta skal kunne nytte som mal. Til slutt vil embeta gjere eigne lokale tilpassingar.

Utvikling av regionalt vertslandsstøttekonsept (fra kapittel 7.3.4.15 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status i arbeidet med å bistå Forsvaret i utvikling av regionalt vertslandsstøttekonsept.

Utkast til sivilt regionalt vertlandsstøttekonsept er skrive i samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag. Konseptet er utarbeidd i tett samarbeid med Forsvaret, Politiet og SVV regionalt, og vi har opna opp for innspel på utkast frå dei andre fylkesmannsembeta. Konseptet er no revidert noko etter erfaringane med TRJE18, og vert levert DSB i løpet av februar mnd.

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Økonomirapportering pr 31.12.18 og tilskuddsrapportering for 2018 er levert til Miljødirektoratet.


Klimaendringer og klimatilpasning i plansaker for 2018 (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Rapportere om hvordan klimaendringer og klimatilpasning ble tatt hensyn til i plansakene for 2018. Tilbakemeldingen skal omfatte hvilke plansaker som ble behandlet (fra planstrategi til reguleringsplaner), og i hvilken andel av disse plansakene klimaendringer var inkludert. I tillegg vil vi at Fylkesmannen gir en vurdering av hvor godt klimaendringer var ivaretatt i disse sakene: I hvor stor andel av plansakene var klimaendringer og klimatilpasning godt behandlet, mangelfullt behandlet og eventuelt om det ble gitt innsigelse i noen av sakene. 

Alle plantypar og dispensasjonar vert gått gjennom og mangelfull handsaming av temaet gir relativt ofte motsegn. Særleg vert havnivåstigning/stormflo og skred vurdert i alle arealplansaker, medan statlege planretningslinjer for bustad-, areal- og transportarbeid oftast blir kommentert i samband med kommuneplanprosessar. Vi har hatt 22 motsegner til reguleringsplan og 3 til kommuneplaner for tema ROS/samfunnstryggleik, medan for SPR-BATP, har hatt 3 motsegner til reguleringsplan og 2 til kommuneplan.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Antall havner som mangler en godkjent avfallsplan og andel av innsendte avfallsplaner i havner som er godkjent eller regodkjent.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Rapport om status for arbeidet mot fremmede organismer.

Fylkesmannen har engasjert 2 sommarvikarar som har kartlagt førekomstane av framande planteartar. Fokus har vore på rynkerose, kjempebjørnekjeks og kjempespringfrø, men også artar som parkslirekne, fagerfredlaus og spireaartar er teke med i den grad dei fanst i kartleggingsområda. Alle kommunar er no besøkt, men hovudfokus har vore på kystområda.

Vi har behandla rynkerose, kjempebjørnekjeks og kjempespringfrø via rammeavtalane vi har med 6 entreprenørar. Nokre kommunar har gjort dette arbeidet for oss, og vi har brukt dugnadsmedarbeidarar på manuelle uttak. Vi har teke ut vestamerikansk hemlokk i Geiranger.

Myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Rapport om gjennomført nødvendige pålegg knyttet til myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften pr.
31.12. 2018

Vi har ikkje gitt særskilde pålegg om overvaking i tråd med vannforskrifta ut over dei pålegga einskildbedrifter har fått i samband med utsleppsløyve etter forurensningslova.

Vi har lagt inn etterslep av overvakingsdata i databasen vannmiljø i løpet av 2018.

Det skal rapporteres på fylkesmannens... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlig styring av kommunesektoren etter retningslinjene i rundskriv H-2143.

Samordningsansvar -  særlege område, ref.nr. H-2143

•Samordning av tilsyn
•Kommuneøkonomi
•Tildeling av skjønnstilskot
•Medverknad i kommunal planlegging
•Kommunale organisasjonsspørsmål og kommunal saksbehandling

Fylkesmannen har satt av 50% stilling til å arbeide med samordning av tilsyn. Dette kom i gang hausten 2017, og har så langt gitt tydelege endringar i måte vi arbeider med tilsyn på. Spesiell på intern organisering og planlegging. Najonal tilsynskalender blir eit godt verkty for auka samordning både internt, øvrig regional stat og i fht kommunane.

Vi arrangerer årlege fagsamlingar innan kommunøkonomi, og vi prosedyrer for arbeid med skjønnstilskot som innvolverer alle avdelingane hos fylkesmannen.



Samordning av kommunale plansaker inngår som eit viktig element i arbeidet med statleg styring av kommunesektoren.

Plan- og dispensasjonssaker som omfattar fleire avdelingar hos Fylkesmannen krev samordning i forhold til saksbehandling, ansvar og avveging av interesser. Hos FMMR er det etablert faste rutinar for dette.

Formålet med den interne organiseringa av plansamordninga er å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom nasjonale, regionale og lokale mål og interesser. Fagsaksbehandlarar knytt til ulike fagavdelingar og fagområde vil i prinsippet kunne trekkast aktivt inn, avhengig av sakstype og saksfelt. Ved motsegn i arealplansaker blir dette løfta til embetsleiinga.


Ei viktig målsetting for dette arbeidet er m.a. knytt til å vidareformidle nasjonale føringar på planområdet, presisere kommunens ansvar som planmyndigheit, tydeleggjere Fylkesmannens rolle i planprosessane, samt referere til dokument med overordna føringar for Fylkesmannen sine fagområde.

Plansamordning og plansaksbehandling omfattar også tett kontakt med kommunane undervegs i planprosessen gjennom dialog, rettleiing, synfaringar m.v. Regionalt planforum, plannettsverk, kurs og konferansar er elles viktige arenaer for formidling av nasjonale rammer og føringar knytt til regional og kommunal planlegging.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Intern tverrfagleg tilsynsgruppe samarbeider med andre statlege tilsynsinstansar, samt kontrollutvalssekretariata om betre samordning. Innan helse-, sosial- og oppvekstområdet har vi hatt eigne møter med kontrollutvalssekretariata for gjensidig informasjon og samordning. Dette arbeidet har gitt betre kjennskap og forståing mellom ulike statlege aktørar om tilsyn og planlegging av tilsyn.

Tilsynsgruppa har også jobba med å samordne sine tilsyn og arbeidsmetoder: Vi har endra måten vi planlegg tilsyn på slik at vi kan få til den dialogen med kommunane som ny kommunelov krev.  

Ved planlegging av neste års tilsyn, hausten 2018, hadde vi for fyrste gong alle tilsynsplanane klare innan 1.november, og dermed kunne vi samordne oss for å unngå at den samla tilsynsbelastninga på kommunane ikkje vart for stor. Vi har også hensyntatt at fleire kommunar er midt i ein samanslåingsprosess. Nokre av våre tilsyn krev mykje ressursar for å rette opp avvika. Vi har eksempel på at tilsyn i barnevernet har tatt 3 år å lukke fordi det handla både om kulturendring og strukturendring.
Ein kommentar fra ein av dei tilsette var slik: "Den einaste grunnen til at vi i vår kommune no kan levere gode tenester innan barnevern er at fylkesmannen som tilsynsmyndigheit aldri gav opp"

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

Rettleiing om økonomireglane i kommunelova kapittel 8 og 9 med tilhøyrande forskrifter blir gitt skriftleg i samband med kommunane sine budsjett og økonomiplan, samt rekneskap.

Vi arrangerer konferansar knytt til statsbudsjettet i lag med KS. Tema er naturleg nok det overordna innhaldet i framlegga, men det er også knytt opp mot meir spesifikke tema.

Vi har mykje rettleiing utanom dei faste postane nemnt ovanfor. Denne rettleiinga går per brev, e-post og telefon. Dette gjeld rettleiing der kommunane tar kontakt med oss, men ikkje minst der vi må ta initiativ ovanfor kommunane. Det er vanskeleg å planlegge for slik tidsbruk, og i periodar er rettleiingsbehovet frå kommunane omfattande og større enn det vi har moglegheit til å prioritere om vi skal ivareta andre oppgåver og oppdrag.

Vi har dialog med kommunerevisjonen, gjerne uformelt via telefon eller møter. Sakene her kan vere om både revisjonen av rekneskapen og forvaltningsrevisjon, og om forståinga av lovverk og grad av reaksjon i dei ulike sakene.

Gjennom oppdragsporteføljen møter vi også andre aktørar enn kommunane.

Vi har hatt mange møter med kommunane gjennom 2018. Det er møter der kommunane treng råd og rettleiing, samt ønskjer å diskutere sin eigen situasjon. Andre møter til dømes knytt til skjønnstildelinga, inntektssystemet, kommunale garantiar, Robek og den økonomiske utviklinga til kommunen med meir.

Vi arrangerer også årleg ein fagdag for økonomisjefane i fylket. Dette har vi fått god tilbakemelding på. Fast tema på samlinga er Kostra-rapportering og bruken av tala. Sjølv om vi har hatt en del kontakt med kommunane som feilrapporterer i Kostra, så ser det ikkje ut til å ha endra seg så mykje enda.  

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.3.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Fleire av våre tidlegare Robek-kommunar har betra sin økonomiske situasjon. Likevel fekk vi ein ny kommune, Midsund, på Robek. Talet på Robek-kommunar gjekk opp frå 4 til 5 i 2018. Vi veit at fleire av Robek-kommunane betalte ned sitt akkumulerte underskot i løpet av 2018 og vil difor bli meldt ut i 2019.

Gjennom 2018 hadde vi mange møter med Robek-kommunane. Tema på møta var ofte generelt om kommuneøkonomi, men også økonomi knytt opp mot spesielle utfordringar innafor spesifikke fagområde. Vi prioriterer å gi god og tett oppfølging ved førespurnad på e-post eller telefon frå Robek-kommunane.

Vi har og prioritert å besøke kommunestyret eller formannskapet i Robek-kommunane.

Kvart år skriv vi høyringsuttale til budsjettet i alle Robek-kommunar, etter at saka er behandla i formannskapa, og formelt lagt ut til offentleg høyring. Dette har vi fått positive tilbakemeldingar på.

Kommunar som følger sin forpliktande plan og dekker inn underskot i tråd med planen, får 500 000 i skjønnsmidlar. I 2018 var det 4 kommunar som fekk skjønnsmidlar.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Vi er i gang med å endre tildelingsprosessen for skjønnsmidlane. Vi fordelte mesteparten av skjønnsramma til statsbudsjettet. I tillegg held vi tilbake ein krisepott på 5 prosent av ramma.

Det var om lag 2/3 av kommunane som kom med innspel til skjønnstildelinga. Innspela frå kommunane vert systematisert og gått igjennom med alle fagavdelingane for kvalitetssikring.

Vi ser at somme kommunar har store utgifter som ikkje vert fanga opp av inntektssystemet. Det er i første rekke utgifter til barnevern, ressurskrevjande tenestemottakarar, språkdeling osv.

Skjønnsmidlane er eit viktig verktøy for at kommunane skal ha like moglegheiter til å yte gode tenester.

I 2018 handsama vi 57 søknader om tilskot til prosjekt. Vi tildelte om lag 8,75 millionar til 16 prosjekt. Vi har dei siste åra sett som krav at kommunane skal gå saman om prosjekt, samt at vi ønsker å satse på større og færre prosjekt. Talet på søknader og omfanget av søknadane tyder på at prosjektskjønnet er sett på som eit viktig bidrag i innovasjons- og utviklingsarbeidet i kommunane.

I 2018 gjekk om lag havlvparten av potten med prosjektskjønnsmidlar til å etablere barnevernsvakt i alle kommunar i Møre og Romsdal .

Undervegsrapportering på prosjekta er gjort i ISORD i 2018 og det har fungert greitt.

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Fylkesmannen har totalt behandla 6 lovlegkontrollar. Av desse er det 1 sak som handlar om habilitet.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.5.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Vi har i 2018 rettleia på følgende tema: habilitetsspørsmål, møtelukking, sakliste, supplering/nyvalg til folkevalgte organ, vilkår for lovlegkontroll, godtgjering, forholdet mellom fellesnemnda og kommunestyret og interkommunalt samarbeid. 

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.5.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

Det er samarbeid på kryss og tvers mellom kommunane – og i høve til mange tenesteområde. På bakgrunn av at vi har mange kommunesamanslåingar i Romsdal og på Sunnmøre har det vore stort fokus på rydding i interkommunalt samarbeid – både i «nye og gamle» kommunar. Det er nok enda mange samarbeid som bør bli samanfatta av fleire kommunar, og mange samarbeid på kryss og tvers blir uoversiktleg for kommunane.

Fylkesmannen har vore pådrivar for at kommunane må samarbeide meir målretta - både fleire saman i same fogderi og at alle kommunane i fylket kan samarbeide om same sak. Vi har eksempel på samarbeid no på tvers av fogderigrenser i samband med barnevernsvakt og arbeidet med helseplattforma. Helseplattformarbeidet er delt i dei tre fogderia – men heile Møre og Romsdal og Trøndelag samarbeider under same «paraply». Fylkesmannen har stimulert begge dei to sistnemnde samarbeida med prosjektskjønnsmidlar.

Fylkesmannen har som nemnd tidlegare også stimulert til samarbeid omkring planarbeid, då spesielt kommunal planstrategi og samfunnsplanlegging. Vi har dømel på at 8 kommunar på Nordmøre no går saman om ein plankoordinator, og 3 kommunar på Søre Sunnmøre gjer det same. Fylkesmannen vil i 2019 fortsette arbeidet med å stimulere til samarbeid på ulike område i naturlege bu- og arbeidsmarknadsområde, og i nokon tilfelle vil vi tilrå samarbeid for alle kommunane i fylket. Vi trur kommunane gjennom samarbeid og samskaping kan kome fram til gode løysingar - som igjen kan gi dei meir robuste og berekraftige ifht dei utfordringane dei står framføre.

                        

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Vi har i 2018 behandla 6 klagesaker etter offentleglova. I 3 av desse sakene fekk klagar heilt eller delvis medhald i klagen.

Vi har også behandla ein klagesak om partsinnsyn. Klagar fekk ikkje medhald i sin klage.

Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.

I alle saker med samordna motsegn blir det gjennomført drøftingsmøte/dialogmøte med kommunane. Dei aktuelle statsetatane som har motsegn deltek her. Dette har vore vellukka, då ein har kome til einigheit i samtlege av dei sakene som vart avslutta i 2018. 

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Sjå merknad under pkt. 3.3.1.1.4.1.

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Sjå punkt 3.3.1.5.1.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv minst to tiltak gjennomført av flere regionale aktører under fylkesmannens ledelse for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunene.

To rådgjevarar frå helse og sosialavdelinga tek del i fagnettverket Bolig for velferd (vidareføring av arbeidsgruppene i læringsprosjekta Sårbare overgangar og Vanskeligstilte barnefamiliar) saman med Husbanken Midt, FM i Trøndelag, Kriminalomsorgen, NAPHA, og Korus. Det ble i 2018 satt i gang samarbeid om ROP-tematikken, der Husbanken mellom anna ga tilskot til 3 forskningsprosjekt på området. Vi hadde i 2018 mål om å planlegge fagdag i 2019 for kommunane på temaet, og hadde møte om mellom anna dette i desember saman med dei involverte aktørane. Vi kom ikkje i mål om når og innhald på ein slik dag, og vil fortsette dialogen rundt dette i 2019. Erfaringane frå ROP-tilsyna vil da bli sett i samanheng med dette.

I 2018 arrangerte vi erfaringskonferanse i samband med ROP-tilsyna der alle kommunane i fylket ble invitert. Rauma og Sykkylven delte erfaringar frå tilsyn på konferansen. Det var og innlegg frå Korus, Høgskulen Innlandet og Helse Møre og Romsdal. Tilsyna ga læring for dei kommunane som hadde tilsyn, og gjennom erfarings-konferansen ble dette delt med ein stor andel av dei andre kommunane i fylket. NAV Sykkylven delte erfaringar frå ROP-tilsynet på NAV-leiarsamling i november.

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2018. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

I 2018 har vi hatt to lærlinger, ein IKT-lærling og ein innafor kontor- og administrasjonsfaget.

Rapportering på fellesføring 2018 (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Embetet skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetens anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet. Se kap. 4.1 Fellesføringer 2018

Fylkesmannen utlyste i 2018 4 konkurranser, og tildelte 6 kontraktar. Av desse var det ingen konkurranser som var over nasjonal terskelverdi. Det var ei av anskaffingane som var innenfor bygg- og anleggsvirksomhet. Dette er ein bransje som tidvis har hatt ein del arbeidslivskriminalitet. Fylkesmannen fulgte opp denne avtalen med jamne besøk på anleggsplassen.

Regjeringens inkluderingsdugnad (5 % målet) (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

I årsrapporten skal Fylkesmannen redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18 sendt ut juli 2018.


Systematisk arbeid for å realisere regjeringens inkluderingsdugnad, og utvikle rutiner og arbeidsformer i personalarbeidet med sikte på å nå målene i dugnaden

  • Redusere risiko ved å ansette
  • Arbeid og psykisk helse
  • Bedre muligheter for opplæring

Vi går igjennom våre interne rutiner vedr. kunngjøringer, gjennomgang av alle søknader i fulltekst og passer på at kvalifiserte søkere med nedsatt funksjonsevne blir kalt inn til intervju. På lik linje som med søkere med innvandrerbakgrunn, etterspørres det spesielt ved utvelgelse til intervju (dersom vedkommende ikke er tenkt kalt inn) hvorfor vedkommende ikke er tenkt innkalt. Vi legger vekt på å se vidt på kvalifikasjonsbegrepet heller enn å begrense.

Jf. definisjonen «nyansatt», har vi ikke hatt mer enn 5 slike i perioden 01.07.2018 – 31.12.2018. På generell basis kan vi opplyse om at vi sjelden har søkere med hull i cv eller med nedsatt funksjonsevne.

Vi har stort fokus på å beholde arbeidskraft som får nedsatt funksjonsevne; enten det skyldes fysiske eller psykiske utfordringer. 

Kort beskrivelse av aktiviteten... (fra kapittel 7.3.7.1.1 i TB)

Rapportere på

Kort beskrivelse av aktiviteten på området, herunder oversikt over:

  • Tros- og livssynssamfunn som mottar tilskudd og antall medlemmer det er gitt tilskudd for
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen
  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no 40 registrerte trus- og livssynssamfunn. Av desse er 28 klassifiserte som registrerte og 12 klassifiserte som uregistrerte. Ytterlegare 2 trudomssamfunn har søkt om statstilskot i 2018. Tilsaman mottek 7204 medlemmar statstilskot. I 2018 er det ikkje registrert nye trussamfunn og ein har ikkje sletta nokon.

 Det er ikkje ført tilsyn med noko trussamfunn eller forstandar.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.7.2.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018 handsama 81søknader om løyve til spreiing av oske. Dette er ei auke i talet på saker frå året før. Berre fire av desse er avslegne. Fleire tek i bruk nedsenkbar oppløyseleg urne, noko som gjer at det er enklare å gje løyve til spreiing av oske i fjordane i Møre og Romsdal.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.7.3.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

I 2018 er det gitt ein dispensasjon for søndagsåpne butikkar, for tre søndagar i Ålesund sentrum, i samband med cruiseskipsankomstar. Det er utstedt forskrift om typisk turiststad for Veiholmen i Smøla kommune, og avslege å gi slik status for Devoldfabrikken i Langevåg i Sula kommune. I tillegg har ein motteke tre søknader om å halde søndagsope søndag i romjula i samband med fyrverkeriutsalg. Desse vart avslått.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2 og bakgrunnsinformasjon (metodehåndbok og egen mal for rapportering). Fylkesmannen skal beskrive hvilke risikovurderinger som ligger til grunn for valg av tema og tilsynsobjekt. Med risikovurdering mener vi hvilke vurderinger og konklusjoner fylkesmannen har gjort på bakgrunn av de valgte kildene. Fylkesmannen skal sende inn foreløpig tilsynsrapport fortløpende i eget skjema på FM-nett. 



Fylkesmannen har valt ut tema og tilsynsobjekt på bakgrunn av risikovurderingar. Rindal skole i Rindal kommune vart valt ut på bakgrunn av lav score på spørsmåla som gjeldt vurdering for læring i Elevundersøkelsen. Dette er sentralt i tilsynet om skolens arbeid med elevane sitt utbytte av opplæringa. Det var fleire skolar som hadde lågare score, men desse skolane hadde allereie hatt dette tilsynet.Vi valde også temaet tidlig innsats på bakgrunn av lav score på nasjonale prøver. Rindal kommune er også ein kommune vi har høyrt lite ifrå. Fylkesmannen fekk konkrete opplysningar frå fleire hald om at kommunen vi valde ut som tilsynsobjekt mangla forvaltningskompetanse. Dette var knytt til vedtak om spesialundervisning.  Vi valde ut ein ungdomsskole, som er ein relativt stor skole, for å undersøke praksis. Vi valde å gå breitt ut å undersøke heile tilsynet på spesialundervisning - PPT, vedtak og gjennomføring. Tilsynet var nytt i 2018 og vi ønska å prøve ut heile tilsynet om spesialundervisning. Det vart avdekt mange lovbrudd og vi valde derfor å utvide til kommunens forsvarlege system. Herøy PPT vart valt ut fordi det er ei lita eining. Vi meiner risikoen for lovbrot er større i små einingar enn i større einingar. Det er vanskeleg å finne gode indikatorar for risikovurdering av grunnskoleopplæring for vaksne. Fylkesmannen meiner risikoen for lovbrot er større i små einingar enn i større. Vi valte difor Vestnes kommune, som er ei lita eining. Vaksenopplæringa i Rauma kommune vart valt på bakgrunn av at vi har behandla fleire klagesaker der kommunens vedtak vart oppheva på grunn av saksbehandlingsfeil. Gjemnes var det fleire år sidan vi hadde hatt tilsyn med på barnehagefeltet (2012) – og då hadde dei lovbrot som gjekk på barnehagens "egnethet", innhald og formål – godkjenningsvedtak. Siste åra har kommunen hatt godkjenning av arealutviding og vi ønska å følge opp kommunen si godkjenningsverksemd. Smøla hadde tilsyn i 2011. Det vart avdekka at kommunen ikkje hadde rutinar for godkjenning av barnehagar. Basilrapporteringa i fleire år tilbake viste at Smøla kommune ikkje hadde hatt noko form for tilsyn med barnehagane. Kommunen hadde heller ikkje gjennomført tilsyn sist gong FM hadde tilsyn. Kommunen hadde heller ikkje pedagognorma på plass i følgje Basil. Sula har fleire  private barnehagar enn kommunale. Basil viste at fleire barnehagar har dispensasjonar, barnehagefakta viser at fleire av barnehagane hadde mange barn per tilsett.  I tillegg til det som er nemnt, er bekymringsmeldingar, telefonar frå til dømes foreldre, PPT, BUP og oppslag i media også med i vurderinga ved val av tilsynsobjekt.  Vi vurderer sjølv at vi har gjort grundige risikovurderingar, og at det har vore eit viktig grunnlag for utvelging av tilsynsobjekt.

Rapportering av antall meldte skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall meldte skolemiljøsaker til embetene som håndhevingsmyndighet, resultat av behandlingen og saksbehandlingstid. 

I 2018 fekk Fylkesmannen i Møre og Romsdal 44 meldingar om elevar som ikkje hadde det trygt og godt på skolen. Vi behandla 39 saker. Av desse konkluderte vi med brot på aktivitetsplikta i 25 saker. I 9 saker var aktivitetsplikta oppfylt på vedtakstidspunktet. 5 saker vart avvist. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var 52 dagar.

Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Fylkesmannen har behandla 12 klagesaker på barnehageområdet og 103 klagesaker på skoleområdet (offentlege skolar). I 2018 behandla vi ingen klagesaker frå friskolar.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for skole (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena mellom skoleeiere og UH-institusjoner, med sikte på kompetanseutvikling i grunnopplæringen. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet. Fylkesmannen skal gi en beskrivelse av de tiltakene som er lagt til rette innenfor fagfornyelse, skolemiljø og andre relevante tiltak som inngår i kompetansemodellen.


Modellen for Møre og Romsdal for Desentralisert kompetansemodell bygger på dei fire etablerte regionane i fylket. Tre av regionane samarbeider med Høgskulen i Volda og ein samarbeider med NTNU. Høgskulen i Volda fungerer som den koordinerande utdanningsinstitusjonen innanfør ordninga.

Alle dei fire regionane deltek i samarbeidsforum på fylkesnivå. I tillegg til representantar frå UH, fylkeskommunen, ulike forbund og KS. Forumet koordineres og driftes av FMMR. I løpet av året 2018 blei det gjennomført to møter i samarbeidsforumet.

Fylkesmannen har erfart at det har tatt tid for regionane å organisere seg sjølve innanfor ordninga, då dei har hatt ulikt utgangspunkt for inngangen i ordninga. Det har og tatt tid å utvikle samarbeidet med UH for regionanen. Regionane rapporterer at samarbeidet med UH no er godt og at arbeidet med, men denne prosessen er no godt i gang, UH er tett på alle regionane, samarbeidet er godt og arbeidet ut i frå behova begynner å ta form i regionane.

Sentrale arbeidsformer i regionane der UH er inne som ein utviklingspartner er blant anna:

  • Arbeid med fagfornyelsen - overordna del og grunnleggande dugleik knytta til fagfornyelsen
  • Regional leiarutvikling
  • Digital kompetanse
  • Kompetanseutvikling i språk, skriving, matematikk og læringsmiljø

Fylkesmannen erfarer at arbeidet med og utvikling av kompetansemodellen er utfordrande i fylket med tanke på at dei ulike regionane har ulikt ståsted. Nokre er komet forholdsvis langt i arbeidet og har organisert seg slik tiltaka kan begynne. Andre er i starten med arbeidet og planlegger korleis ein skal organisere dette. UH har også trengt tid for å organisere seg sjølv for å bistå regionane på best mogleg måte. Dersom ein skal knytte erfaringane og utfordringane til eit punkt kan samordning av kompetanseutviklinga vere eit sentralt stikkord.


















Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for barnehage (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena for barnehagemyndighet, barnehageeiere og UH-institusjoner. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet, og gi en helhetlig status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket i henhold til tiltakene i revidert kompetansestrategi for barnehage (2018-2022).

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på tiltak innenfor kompetanse og rekruttering på barnehageområdet. 

Rapporteringskravet er splittet i to (se kapittel 7.3.8.8) av tekniske grunner for å koble riktige tabeller til årsrapporteringen.

Status for etablering av samarbeidsarena

I arbeidet med å legge til rette for realisering av Regional ordning for kompetanseutvikling, er det i samarbeid med sektoren etablert eit samarbeidsforum på fylkesnivå.  Samarbeidsforumet er breitt samansett og skal omfatte både barnehage- og opplæringsområdet.  Vi har tatt utgangspunkt i dei etablerte samarbeidsarenaene vi har og etablert eit forum utleda av desse.  Barnehagemyndigheit, kommunale og ikkje-kommunale barnehageeigarar, og lokale UH-institusjonar, i tillegg til fleire aktørar i sektoren, utgjer forumet. 

Nyttige erfaringar og utfordringar

Nyttige erfaringar er mellom anna koplinga mellom barnehageeigarar og lokal UH når det gjeld diskusjonar knytt til val av satsingsområde for utviklingsarbeid og elles realisering av tiltaka i Strategi for fremtidens barnehage (2018-2022).  Vidare diskusjonar om korleis ein skal kome fram til og konkretisere kompetansebehova i sektoren og gjennom risikovurderingar prioritere tiltak. Vi opplever at arbeidet som er gjort med implementering av Rammeplanen for barnehagen sitt innhald og oppgåver, gjennom Rammeplangruppe og Plan for implementering, er eit viktig og godt utgangspunkt for å arbeide vidare med realisering av regional ordning og kompetansestrategien.  Kompetansestrategien er eit viktig virkemiddel for å støtte implementeringa av rammeplanen.  Når det gjeld fylkesplanen som skal utarbeidast, er vi i gang med å diskutere kva den bør innehalde.  Vi ser for oss eit overordna plandokument som skal vere forutsigbart og langsiktig, og dermed gje både kommunale og ikkje-kommunale eigarar, og UH-institusjonar høve til planlegging og dimensjonering.  Erfaringar med omfattande utviklingsarbeid i samarbeid med Høgskulen i Volda, med barnehagebasert kompetanseutvikling som arbeidsmåte, dannar eit godt grunnlag for vidare arbeid. Det er ei utfordring å sikre god representasjon av dei ulike aktørane det er naturleg å invitere med i forumet. Rolleavklaring og rollemedvit knytt til dømes til når kommunen er eigar og når kommunen er myndigheit, er noko vi har drøfta.  Vidare om ikkje-kommunal eigar vil kunne representere ikkje-kommunale eigarar generelt, eller berre vere representant for eigen barnehage.  I møte med kommunar i regionen, kjem det og fram at kommunane opplever utfordringar i å samordne kompetansetiltak, og ulike rulleringsordningar har vore diskutert.  Kommunane i dei fire regionane i fylket, er no i prosessar og drøftar ulike løysingar og måtar å organisere seg på. 

Status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket, jf. tiltaka i rev. kompetansestrategi (2018-2022)

Søknader om kompetansemidlar, med utgangspunkt i lokale kompetanse- og utviklingsbehov, er tildelt om lag 70 % av kompetansemidlane.  Desse midlane er nytta til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak.  Vi har i dialog med kommunane oppmoda om å sjå individuelle og kollektive kompetansetiltak i samanheng. På bakgrunn av behova i fylket, har Fylkesmannen valt å prioritere nokre kompetansetiltak  i fordelinga av resten av kompetansemidlane, om lag 30%.  Vi har prioritert å tildele midlar til utdanning av barnehagelærarar og fagarbeidarar.  Dette fordi vi har hatt fleire barnehagelærarar på dispensasjon og fordi vi har ønske om å stimulere til formell kompetanse i sektoren.  Barnehagefagleg gunnkompetanse og kompetansehevingsstudie for assistentar har vore nedprioritert. 

Kompetanseutvikling for heile personalgruppa

I vårt fylke er det tradisjon for regionale utviklingsarbeid med deltaking for heile personalgruppa.  Høgskulen i Volda har over fleire år vore involvert i desse utviklingsarbeida og vi har ein god praksis for samarbeid mellom UH-sektoren og praksisfeltet.  Dette er eit samarbeid vi no vidareutviklar gjennom Regional ordning for kompetanseutvikling.   

Kompetanseutvikling for barnehagelærarar, andre pedagogar og styrarar

I tillegg til at vi har prioritert utdanning for tilsette med dispensasjon frå utdanningskravet om barnehagelærarutdanning og fagarbeidarar, har vi tildelt midlar også til barnehagepedagogikk, småbarnspedagogikk, ulike masterutdanningar, norsk som andrespråk med fleirkulturell pedagogikk og mat, kultur og konservering.

Kompetansetiltak for barne- og ungdomsarbeidarar og assistentar

 Fleire regionar har søkt om midlar til fagbrev for barne- og ungdomsarbeidarar.  Alle som søkte fekk tildelt midlar.  Viser til tabell.

  For at Samarbeidsforumet i fylket skal ha eit grunnlag for fordeling av midlar i 2019, drøftar vi no korleis vi best mogleg skal avdekke komptansebehova i dei ulike regionane i fylket. 

 

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har forvaltet alle tilskuddsordninger etter retningslinjer og gjeldende regelverk for hver tilskuddsordning og mener vi har har god kompetanse på feltet. Viser ellers til tertialrapporteringen i 2018. Ingen avvik i utføringen av tilskuddsforvaltningen.

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på

- Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.

 - Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning     

 - Ressurser avsatt til kontrollarbeid

Alle fagpersonane i avdelinga deltek i risikovurderingane, og 10 personar har vore med på minst ein av forvaltningskontrollane.  I tillegg til kontrollarbeidet på landbruksområdet deltek kontrollansvarleg i den tverrfaglege tilsynsgruppa hos fylkesmannen.

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett... (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett, herunder omfang (kilometer/kroner) for nybygging, ombygging og vedlikehold av skogsvegnettet.


For 2018 har det i M/R vore tilskot til bygging av skogsbilvegar og traktorvegar. Den lokale gruppa som fastsett retningslinene for tilskot her i fylket har som tidlegare år prioritert bilvegar framføre traktorvegar. Det har difor vore bruka 4,7 millionar på bygging av 21 bilvegar på om lag 9,1 km og 8 tidlegare løyvde prosjekt har fått tilleggsløyve. 1 prosjekt med 400 m traktorveg er løyvd i 2018. Vidare er det ei plan i M/R å sette i gang prosjekt med ein vegplanleggjar i løpet av 2019, og det er satt av kr 800 000 til det føremål av potten for 2018 med plan om ytterlegare avsetting til same føremål i løpet av 2019. Denne stillinga skal og vere ein kompetansehaldar for kommunane da dei frå 1.1.2020 skal overta ordningane for tilskot til skogsvegar. Midlar setjast av nå, for å unngå at alle kommunane må einast om same tiltak når potten skal fordelast etter 2020.    

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart (AR5). 

I 5 av 36 kommunar er det ikkje registrert endringar i AR5 i sentral FKB, og det er heller ikkje sendt inn endringar i 2018 før overgang til sentral FKB.

18 av 36 kommunar i Møre og Romsdal har innført sentralt lagring av AR5 FKB før utgongen av 2018.

Utfordringar knytt til ajourføring av AR5 i kommunane:

- manglande kapasitet i kommunane

- feil og manglar i matrikkel

- fellesareal utan innbyrdes grenser

- store gebyr for retting og oppmåling gjer at grunneigar ikkje vil gjennomføre kartforretning

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

I 2018 gjennomførte vi forvaltningskontroll i 8 kommunar der tema var areal- og kulturlandskapstilskot, tilskot til husdyr, tilskot til dyr på utmarksbeite, tilskot til beitelag (RMP), nærings- og miljøtilskot i skogbruket, tilskot til drenering og sjukdomsavløysing.

Hovudinntrykket er at kommunane stort sett forvaltar ordningane i tråd med regleverket. I enkelte kommunar fann vi likevel avvik knytt til habilitet og merknader som gjekk på manglande rutiner for risikobasert kontroll av søknader om produksjonstilskot. 

Elles ser vi at mange kommunar sliter med ressursmangel på landbruksområdet. Det er stort sett berre ein eller to ansatte med ansvar for heile tilskotsforvaltninga i kommunen. Vi har også eit inntrykk av at nærleiken til søkjarane kan vere utfordrande ved kommunen sin kontroll av søknader.

I 2019 ønskjer vi å teste ut eigenvurdering som kontrollmetode i kombinasjon med kontroll av fleire nabokommunar i lag. Dette for å auke læringseffekten for kommunane og gi dei høve til å dele erfaringar med kvarandre.

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt... (fra kapittel 7.3.9.5 i TB)

Rapportere på

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt over og en vurdering av klager og dispensasjonssøknader behandlet av fylkesmannen.

SMIL: Fylkesmannen fekk inn ein søknad om dispensasjon, som omhandla utsett gjennomføringsfrist.

Veterinære reiser: Fylkesmannen fekk inn ein søknad om dispensjon frå krav om avstand frå nærmaste føretak som skal leggast til grunn ved beregning av reisetilskott, samt ein søknad om dispensasjon frå søknadsfristen for innlevering av søknad.

Godkjente bruksregler og utarbeidede distriktsplaner (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på


  • Rapporter på andel godkjente bruksregler og andel utarbeidede distriktsplaner
  • Beskriv hvilke tiltak fylkesmannen har gjennomført knyttet til brudd på bruksreglene, samt ulovlige gjerder og anlegg.

Dette temaet er ikkje relevant for Møre og Romsdal
- vi har ikkje reindrift

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.7 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Det er ingen god løysing i eStil PT med å få oversikt over alle avkortingar som blir gjort. Eit generelt inntrykk basert på henvendelsar/spørsmål er at kommunane følger opp søknader med feilopplysningar og manglande gjødslingsplaner og plantevernjournaler med avkorting i tilskotet. Nivået på avkortingane ser i det alt vesentlege ut til å vere på nivå med det som går fram av rundskriva.

Det har i det siste blitt betre rutiner med varsling til forvaltninga frå Mattilsynet si side, slik at både FM og kommunane får kopi av vedtak som går på dyrevelferd. Inntrykket er at også dette i større grad enn tidlegare blir gjenstand for avkorting eller avslag.

Skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket (fra kapittel 7.3.9.8 i TB)

Rapportere på

Etter en svært tørr sommer har mange Fylkesmenn måttet legge ekstra innsats i prognosering av skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket. I tørkeområdene må Fylkesmennene påregne ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Oppgaven er beskrevet i VØI pkt. 5.1.10.13 hvor det normalt kun skal avviksrapporteres. På grunn av årets ekstraordinære situasjon vil vi at Fylkesmennene skal rapportere på følgende;

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket.

- Gi en kort oversikt over hvilke tiltak som ble iverksatt, i embetet og overfor kommunene

- Vurder effekten av tiltak som ble iverksatt

- Gi en kort vurdering av hvilke forhold som medvirket til eller vanskeliggjorde arbeidet for å nå Regjeringens mål om at erstatningssakene skal behandles i 2018.

Å kvantifisere forvaltninga sin ekstra innsats blir nødvendigvis eit nokså grovt anslag. For FM sin del er det snakk om bortimot 3 månadsverk til saman. I tillegg har kommunane gjort ein stor innsats. Truleg dreier det seg om 3-4 månadsverk til saman i kommunane.

Det er blitt orientert om ordninga og regelverket i eit møte med kommunane i september. I tillegg informert med jamne mellomrom om det som var spesielt i år. Tiltak elles går på prioritering av ressursar. I FM var det ein person som tok all saksbehandling. Andre oppgåver vart lagt til side eller midlertidig overtatt av kollega og det vart brukt noko overtid for å komme i mål. I dei kommunane med mykje avlingssvikt vart det gjort ei omprioritering av oppgåvene, slik at nødvendige ressursar vart sett inn på dette arbeidet. Ingen av kommunane måtte rekruttere ekstra personell. I tillegg må det nemnast at FM bestilte og fekk utarbeidd ein rapport om vekstsesongen frå Landbruk Nordvest, til støtte for saksbehandlinga både i kommunane og hos FM.

Alle søknader var i praksis ferdig behandla før jul i 2018. Forenkling av krav til dokumentasjon (m.a. oppmåling av fôrlager) var nok vesentleg for å få dette til. Forhold som vanskeliggjorde dette var m.a. det faktum at det er stor variasjon blant bøndene i avlingsnivå i eit normalår. Bruk av normavling gjer at enkelte kan kommue urimeleg godt ut erstatningsmessig. Ein stor del av søknadsmassen var nettopp føretak med normalt lavt avlingsnivå.

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering... (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering av hvordan arbeidet med 0-24-oppdraget har fungert i henhold til embetets målsettinger og ambisjoner. Herunder skal det framkomme hvilke egne mål som er satt for arbeidet, jf, andre oppdrag 3.2.1.6.1. I egenvurderingen skal fylkesmannen vurdere hvilke tiltak som har gitt de beste resultatene og i størst grad bidratt til samarbeid og samordning i og mellom kommuner og fylkeskommunen, tjenester og institusjoner som arbeider for og med utsatte barn og unge og deres familier.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sett barn og unge på dagsorden gjennom satsinga "Betre oppvekst" som vart etablert i  2012. Hovudmålet er å ha barneperspektivet langt framme i all vår aktivitet, både sakshandsaming, høyringssvar, kurs, konferansar og kommunedialog. "Betre oppvekst" har både eit førebyggande perspektiv og stort fokus på sårbare barn og unge. Ei eiga arbeidsgruppe med deltakarar frå alle avdelingane, utarbeider ein handlingsplan. 0-24 arbeidet er organisert under denne gruppa. I 2018 hadde vi to mål for 0-24 arbeidet: 1) Etablere barnevernsvakt i alle kommunar i fylket, og 2) legge eit godt grunnlag for tverrfagleg behandling av individsaker mellom helse og sosialavdelinga og oppvekst og utdanningsavdelinga. Begge måla er nådd og det er etablert nye rutiner for samarbeid om sakshandsaming.

Når det gjeld det førebyggande perspektivet, ønsker vi å legge til rette for barn og unge si deltaking. Vi etterspør dette i alle høyringssvar knytt til planstrategiar, planprogram og samfunnsplanar og elles der det er relevant. Av tiltak elles kan vi nevne at vi har utarbeidd "leikeplassråd" for å gi kommunane ein peikepinn på kva krav dei bør stille, vi har samling med alle som er tilsett i barnerepresentantordninga og vi har hatt fagdag om godkjenning av skole- og barnehagebygg.

Vi ser at Fylkesmannens fokus på barn og unge har effekt. Ein større del av kommunane viser no til barn og unge si deltaking og til Barnekonvensjonen i sine planer. Vi opplever også at kommunane er meir bevisst på barn og unge sine oppvekstkår. Alle kommunane har gjennomført UngData kartlegging, mange har gjennomført den fleire gongar og dei fleste gjennomførte kartlegginga dei to siste åra.


Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

NAV-rettleiar i vidaregåande skole har hatt god effekt i pilotprosjektet, tre nye skolar har starta i 2018 og to andre ser etter løysingar for å innføre eit tettare samarbeid mellom NAV og skolen. 

Fylkesmannen deltek i prosjektarbeidet og medverkar til spredning av dei gode resultata mellom anna gjennom møter med NAV-leiarane.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Landbruksavdelinga deltek aktivt i sekretariatsgruppa for roviltnemnda for region 6 ilag med miljøvernavdelinga i Møre og Romsdal, samt landbruks- miljø- og reindriftsavdelingene i Trøndelag. I Møre og Romsdal har landbruksavdelinga ansvar for tildeling av FKT-middel (middel til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovdyrskadar), og miljøvernavdeling har ansvar for erstatningssaker om tap av dyr til freda rovvilt. Miljøvernavdelinga har tett dialog med landbruksavdelinga ved søknader om skadefelling. Vi samarbeider elles tett i alle saker/spørsmål.

Fylkesmannen arrangerer årleg eit fag- og dialogmøte med kommunal forvaltning, faginstansar, samt nærings- og interesseorganisasjonar. I Møre og Romsdal har Fylkesmannen tett kontakt med kommunale rovviltutval der ein tilsett i kommunen er sekretær. Vi har også tett kontakt med næringsorganisasjonane, og stiller på fagmøte med rovvilt som tema. Fylkesmannen har også direkte kontakt med beitelagsleiarane i dei mest rovdyrutsette områda. Vi har hatt lokale møter og utfluktar i område der ein har utfordring med store tap av beitedyr til freda rovdyr.

I Møre og Romsdal er hovudutfordringa tap av lam til jerv. Dette er hovudsakleg i dei indre områdene av fylket, der ein har høgfjellsøkosystema Trollheimen, Sunndalsfjella, Snøhetta, Reinheimen, Dovrefjell, og Tafjordfjella. Det er vanskeleg å finne gode tapsreduserande tiltak anna enn tidleg nedsanking av beitedyr. I Møre og Romsdal er tidleg nedsanking eit akutt tiltak ein set inn hvis det oppstår ein akutt tapssituasjon på seinsommaren/hausten. Då skjer tiltaket frivilleg og initiativet kjem frå beitelaga/dei kommunale rovviltutvala sjølv og tiltaket vert iverksett etter avtale med Fylkesmannen. Vi ønskjer ikkje å setje inn eit pålagt planlagt tiltak med tidlig nedsanking. Andre tiltak vi bruker for å redusere tap av beitedyr til jerv er å intensivere tilsynet i område og på tidspunkt der ein kan forvente at tap kan skje. Gjerne ved bruk av kadaversøkjande hund. Vi bruker også ein del middel på vokterhund i Vermedalen- og Ulvådalen, samt på radiobjeller for betre å ha oversikt over dyra i utmarka. Ulike forskingsprosjekt er vi og med på å finansiera, bl.a. eitt med viltkameraovervaking av gaupebestanden i Tingvoll. Vi gir støtte til ulike kurs for meir effektiv felling av rovdyr og organisering av skadefellingslaga i kommunane til fylkeslaget av NJFF.

Det er ein aukande gaupepopulasjon i Møre og Romsdal, som gir utfordringar for beitenæringa. Det er svært vanskeleg å finne kadaver, sidan gaupa tar eitt og eitt dyr, og fordi kadaver fort blir brutt ned på høgsommaren. Det er høge tap av beitedyr i nokre område med fast bestand av gaupe utan at eigarane kan finne eit einaste kadaver. Dette gir utfordringar i høve erstatningssakene. Innan rovviltforvaltninga er skadedokumentasjon viktig, og dette er ekstra utfordrande i gaupeområda og i noko grad i område med kongeørn.

Eit år om anna har vi streifdyr av bjørn og ulv innom fylket, men det kjenner vi ikkje til at ga problem her i 2018.

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

På kapittel 0525 har embetet i 2018 hatt ei auka satsing på helseområdet for å få ein nedgang i restansane. Ressursrapporteringa viser ei omfordeling mellom dei forskjellige departementa. På miljøområdet fekk vi ein nasjonalparkforvaltar inn i ramma. Det har og vore ei auke i bevilgninga på vergemålsområdet, noko som ført til mindre bruk av eigne midlar i 2018 på vergemål.

Endringane på fagkapitla skyldes i all hovudsak endringar i tildelingane.

I 2018 er det på kapittel 1140 blitt ført med resultatområde 010, dette utgjer 450 000,-

Resultatområde 570 blei frå 1.5. flytta over fra JD til KD. I perioden 1.1.-30.4. blei det regnskapsført 98 000,- og i perioden 1.5.-31.12 blei det regnskapsført 503 000,-

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Vi meiner at vi løyser samfunnsoppdraget på ein rimeleg god måte gitt dei rammene vi har.

For embetets regnskapsresultat for alle kapitler/poster viser vi til årsregnskapet i kapittel 6.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging


Leiargruppa har eit årshjul som syner hva skal skje i løpet av året.I tillegg vert det utarbeidd årlege møteplanar for leiinga, slik at dette er kjent i organisasjonen. 

Fylkesmannen si strategiplan justerast kvart år, og har ei hovudrullering kvart 4. år. 

Alle avdelingane køyrer VP-samlingar, kor ein planlegg virksomheita for komande år på bakgrunn av VØI og tildelingsbrev fra KMD.

Vi bruker målskjema som styringsverkty. Dette som ein direkte oppføljar til nytt styringssystem frå sentralt hald. Direktørane er gjensidig forplikta til å følgje opp sine eigne utvalde mål, samt bidra inn til at dei andre når måla sine. På denne måten jobbar vi meir heilskapleg i leiargruppa. Leiargruppa har 3 resultatsikringsmøter i året. ( Oftast i samband med leiarsamlingar) Avdelingsdirektørane har resultatsiktingsmøter med sine fagkoordinatorar. I tillegg kjem medarbeidarsamtalane.
Embetsleiinga arrangerer 4 leiarsamlingar kvart år. 2 samlingar for strategisk leiargruppe ( 8 stk) og 2 samlingar for utvida leiargruppe ( 16 stk). I tillegg har vi arrangert eigne samlingar/opplæring for fagkoordinatorane. Motivasjon og utvikling er viktige stikkord for desse samlingane.
I 2018 gjennomførte vi ei medarbeidarsamling for gjennomføring og motivasjon,i tillegg har vi allmøte kvar 3. månad.

Medråderetten blir ivareteke gjennom 6 faste møter " IDF" i året, samt på alle andre arenaer kor tillitsvalde skal delta. 

AMU er òg ein del av det heilskaplege styringsarbeidet i embetet

4.1.1 Embetets risikostyring

I vår risikostyringspolicy har vi skissert korleis vi gjennomfører risikostyringa knytt til måloppnåing i embetet.  Vi knytter risikostyring til virksomhetsplanarbeidet i embetet, og jobber med kontinuerleg forbetring av alle våre fagområde.
Risikostyringa i embetet starter i strategisk ledergruppe på overordna nivå i oktober/november etter at vi har fått tilsendt foreløpig tildelingsbrev, og før fordeling av rammer til avdelingane. Avdelingane gjennomfører etter dette risikostyring på sine områder både i samband med virksomhetsplanarbeidet og gjennom heile året.
Strategisk ledergruppe går gjennom dei kritiske faktorane for at vi kan gjennomføre dei måla som er gitt fylkesmannen gjennom tildelingsbrev og virksomhet- og økonomiinstruks.
For 2018 fekk embetet ei redusering av ramma på kr 1 287 000,-, som følge av ABE-reform, forventa innsparing som følge av digital post og sentral avsetning. Samtidig har vi hatt utfordring med å innfri oppdrag for 2017 på fleire område.
Vi meldte i tilbakemelding til KMD på foreløpig tildelingsbrev at vi på grunn av nedskjæring av våre økonomiske rammer ikkje vil nå alle mål gitt i VØI og tildelingsbrev. Særleg gjeld dette aktivitetsvolum med kommunale helse og omsorgstjenester og generelt at størrelsen på oppgåveportefølgja er større enn det vi har økonomisk ramme til. I arbeidet med verksemdsplanlegging i avdelingane er det gjort risikovurderingar og utifrå desse er prioriteringane tilpassa situasjonen i vårt fylke, slik at ulempene vert minst mulig.

Strategisk leiargruppe vart samde om å omprioritere midler som tidlegare har vore brukt på oppvekst/utdanning- og landbruksområdet, samt at vi brukte deler av mindreforbruket frå 2017 til å styrke område innafor helse- og sosial (legeressurs, tvang og makt, helseklage) der fylkesmannen ikkje har hatt full måloppnåing 
Deler av mindreforbruket vart og nytta til lønn for prosjektleiar kommunereform.

Med ei slik intern omprioritering reduserer vi noko risikomomenta, noko som gjer at vi kjem nærare måla som vi meldte inn, men vil fortsatt ikkje kunne kvittere ut alle.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Vi bruker Risk Manager som internkontrollsystem både innafor informasjonssikkerhet, HMS og det er også tatt i bruk som kvalitetssystem for avdelingane.

Embetet har i 2018 samla utgifter på over 300 millionar, og i 2019 vil vi derfor gjere ei vurdering om bruk av internrevisjon.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Vi opplever god søkjarmasse og har i 2018 fått tilsett kvalifisert personell i alle ledige stillingar. Det har tatt litt tid å få tilstrekkeleg med legeressurser på plass, men frå 1.1.2019 er også det på plass.

Bemanninga og kapasitet i embetet er i tråd med tildelte ressurser. Vi har eit lønnsbudsjett på 84,9% av totalramme, leiekostnader på 9% og då seier det seg sjølv at eit ABE-trekk på 0,5% er ei stor belastning. Reduksjonen i ramme betyr reduksjon i antal tilsette som igjen vil føre til  reduksjon i utførte oppgåver om vi ikkje gjer radikale endringar i våre arbeidsprosessar. Vi har derfor i 2018 starta prosjektet omstilling og smarte løysingar der målet er å gjere meir for mindre. Vi har også i 2018 gjennomført automatisering og effektivisering av våre arbeidsprosesser som har ført til auka kapasitet på gjennomføring av vårt oppdrag.


Difi sin læringsplattform er innarbeid i embetet sitt arbeid med kompetanseutvikling for våre medarbeidarar. Vi bruker læringsplattformen aktivt ved nytilsetting av både leiarar og medarbeidarar, og våre medarbeidarar gjennomfører aktuelle kurs i forhold til deira fagområde.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Embetet fører oversikt over datautstyr. Fagavdelingane har oversikt over eige utstyr for bruk i arbeidet utafor embetet. Eks. Herje genbank. Elles har vi ikkje eigedelar av vesentleg verdi.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje merknader frå Riksrevisjonen i samband med regnskapsrevisjonen for 2017.

Riksrevisjonen gjennomførte hausten 2018 revisjonsbesøk 20.-22.11.2018, der dei utførte revisjonshandlingar knytt til våre rutiner for handsaming av lønn, tilskudd og regnskap for regnskapsåret 2018. På avsluttende møte 22.11.2018 kunne dei meddele at dei ikkje hadde funne vesentlege feil eller mangler. Årsregnskapet er ikkje ferdig revidert og  revisjonsrapporten er forventa å vere klar i 2. kvartal 2019.

 
Status for informasjonssikkerhetsarbeidet:
-Vi har hatt 15 avvik som gjeld informasjonssikkerhet i 2018. Alle avvik er lukka.
-Vi har også i år gjennomført Sikkerhetsmåned med opplæring av alle tilsette i informasjonssikkerhet inkl. modulen for GDPR. I tillegg hadde alle tilsette gjennomført eit eige nanolæringskurs i GDPR på vårparten i 2018.

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Likestilling
I embetet er det no 104 kvinner og 47 menn.
På leiarnivå er det ei svak overvekt av kvinner. Dette er tilhøve som svingar - og det er ikkje teikn til at grupper er systematisk under- eller overrepresenterte. Men elles i embetet er det overvekt av kvinner.
Fleire kvinner enn menn har deltidsstilling grunna omsorg for små born. Vi ser og at vi har stor overvekt av kvinner blant mellombels tilsette. 

Inkluderande arbeidsliv

Gjennomsnittleg pensjoneringsalder hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2018 er 68 år. Vi ser ikkje behov for målretta tiltak for å  auke dette snittet. 
Sjukefråvær
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har eit jamnt over lågt sjukefråvær. For 2018 var samla sjukefråvær på 5 prosent noko som er litt under målsettinga vår om at sjukefråværet ikkje skal overstige fire prosent. Gjennom året har Fylkesmannen i Møre og Romsdal arbeidd aktivt for å halde sjukefråværet nede.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal strekker seg langt for å tilrettelegge for medarbeidarar som er sjukmelde - eller som står i fare for å verte sjukmelde. 
HMS
For 2018 hadde embetet målretta tiltak retta mot omstilling, fysisk arbeidsmiljø og ergonomi. Dette er ein strategi for å motverke vidare auke i sjukefråværet, og tiltaka vart gjennomførte i samarbeid med verneteneste, bedriftshelseteneste og Nav..
Embetet gjennomførte vernerunde i 2018 med fokus på vold og trusler og reinhald av kontorlokala.

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Verknader av effektivitets- og avbyråkratiseringsreforma. 
Embetet har dekt reduksjon i ramma som følgje av ABE-reforma gjennom effektivisering og digitalisering innafor det administrative området. Vi har ikkje lengre reserver å bruke og når dei administrative tenester frå 2019 er flytta ut av embetet til FMFA, vil innsparingane kome i FMFA og ikkje i embetet. Det er derfor heilt nødvendig at innsparingane vert ruta attende til embeta slik som føresett i rapportane. Ei vidareføring av ABE-reformen vil framover føre til lavare måloppnåing på fagområda.


Fylkesmennenes fellesadministrasjon
Vi er spente på korleis dette vil fungere, og naturleg nok litt bekymra for at omorganiseringa skal føre til så stor avstand til tenestene at det blir vanskeleg å vere effektive i fagavdelingane. Gode tenester frå FMFA er ei forutsetning for god tenesteproduksjon i fagavdelingane.

Små kommunar - store utfordringar
Før kommunereforma var 50 % av alle kommunane i Møre og Romsdal under 5000 innbyggjarar. ( DVs 18 av 36 kommunar).
Etter kommunesamanslåingane pr. 01.01.2020 er dette talet redusert til 9 kommunar med mindre enn 5000 innbyggjarar. Dette er ei vesentleg betring. Likevel ser vi gjennom tilsyn, kontroll og kommunedialogen at mange av småkommunane ikkje har tilstrekkeleg med ressursar og kompetanse til å svare ut likeverdige tenester til sine innbyggjarar. Spesielt gjeld dette innbyggjarar som har spesielle behov, og trong ekstra oppfølging.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Vi er heilt avhengig av at FMFA fungerer optimalt, og utviklar nye og smarte digitale løysingar for embeta.

Det er varsla ein ny budsjettfordelingsmodell for fylkesmannsembeta fra 2020. Resultatet her vil kunne ha stor betydning for embetet sin evne til måloppnåing.

5.3 Andre forhold



6 Årsregnskap

Årsregnskap for Møre og Romsdal.pdf