Årsrapport for Rogaland

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Fylkesmannen står i styringslinja mellom Stortinget og regjeringa på den eine sida, og kommunane på den andre. Mellom barken og veden, det er der me er, og der er det liv. Digitaliseringsprosjektet vårt har verkeleg gitt resultat. Me har oppnådd å vera det fremste embetet på digital post. Me har og i lag med KS bidratt til Digi Rogaland, alle ordførarane har no skrive under på at dei vil vera på ei felles satsing, med utvikling av nye digitale tenester og kompetanseutvikling i kommunane.

Me hadde god erfaring med felles verksemdsplan i fjor. Planarbeidet og Barnekonvensjonen i praksis, 0-24, er gode døme på samarbeid på tvers. Flyktningegruppa har hatt korte møte annakvar veke for å vera på, både ved oppfølging av mindreårige og formidling av signal som t.d. gjeld introprogrammet. Kommunestruktur må og fylgjast opp på tvers av avdelingane. Me er eit kompetansesenter for kommunane og får gode ord tilbake om det. Samordninga av tilsyn er svært godt motteke. Me deltek og på vegner av staten i styringsgruppa for byvekstavtalen og i arbeidet med revidering av  regionalplan Jæren.. Me har og mykje, og godt, samarbeid med ulike etatar innan den regionale staten. Medan mange andre embete har brukt mykje tid på samanslåingar, har me, som er det tredje største embetet målt etter folketal, hatt høve til å finpussa og målretta arbeidet med oppdraga. Me har førebudd embetet på FMFA, og legg inn det tolmod og den raushet som krevst for å få til så godt samspel som råd. Me ser fram til ny budsjettfordelingsmodell og veit om nokre felt der me då vil gjera ein endå betre innsats. Rogaland har vore gjennom ein krevjande sysselsetjingssituasjon. Det gjekk betre i 2018 enn året før. Eg er stolt og glad for at fleire avdelingar og i år har teke mot praktikantar i samarbeid med NAV. Nytt av året er samarbeid med UiS om bachelorstudentar.    

Beredskapslaget har klart brasane i år også. Hendingar, fylkesROS, nasjonal øving, med mykje ekstra. Verjemålslaget har vore gjennom eit turbulent år, med praksisendring til korleis me skal vurdera samtykkekompetanse. Det inneber fleire saker for retten. Tolgasaka ga mot slutten av året dønningar heilt hit. Me bestod rekneskapsrevisjonen utan merknader. Her er godt, samordna og grundig arbeid frå medarbeidarane våre!  Me har behandla mange saker under Trygge og gode skulemiljø og veit at mange barn og unge no har ein tryggare og betre kvardag. Me vonar skulane og kommunane etter kvart vert betre slik at me får færre saker til behandling, men me er ikkje der enno. Helse har halde oppe høg aktivitet, noko som medfører krympa sakshandsamingstid og færre restansar på mange felt, til beste for dei som ventar på svar. Dei har vore arrangør og medarrangør for fleire samlingar for alle embeta og har delteke aktivt i utviklingsarbeid på fleire felt. Miljøvernavdelinga sin innsats for å gjennomføra norsk miljøpoltikk er "all time high". Berekraftmåla er blitt populære, verneområda har fått ei eiga bok, to nye skogreservat er komne til fylket, me er ikkje lenger åleine om å bry oss om plast, me har hatt utfordrande og tidkrevjande ulovleghetssaker innan avfallsbransjen. Landbruket har vore gjennom eit spesielt år. Fylket fekk store problem med tørke etter eit år med for mykje regn. Ein stor innsats frå avdelinga gjorde at dei over 800 sakene om erstatning fekk forskot før året var omme. Kampen om jorda har fått auka merksemd. Utkast til regional jordvernstrategi skal ut på høyring. Skal dei nasjonale måla fylgjast opp, er det viktig at overordna myndigheter er på linje med det regionale nivået i konkrete saker. 

Det var ei storhending for oss å arrangera "det store fylkesmannsmøtet" med eit Rogaland i strålande junisol. Me har og i løpet av året hatt fleire besøk frå Kongehuset, både H.M. Kong Harald, H.M. Dronning Sonja, H.K.H. Kronprins Haakon og H.K.H. Mette Marit har kvar for seg hatt sine oppdrag her.    

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Dei sentrale styringsdokumenta, tildelingsbrev og VØI, gir dei viktigaste føringane for verksemda til Fylkesmannen. Likevel er det framleis at slik styringssignala har varierande styrke, og verkemidla er ikkje alltid like konkrete og tydelege. Prioriteringane blir derfor langt på veg prega av kor tydelege desse signala er. Lovfesta oppgåver, med klare fristar får dermed førsteprioritet. Når heller ikkje slike oppgåver fullt ut blir løyste, skuldast det som regel mangel på kapasitet eller rett kompetanse, noko som igjen skuldast fråvær og/eller vakanse i sentrale posisjonar. Fylkesmannen må dessutan alltid vere budd på å takle uføresette hendingar, til dømes innanfor beredskap, krisehandtering og rettstryggleiks- og tilsynsoppgåver der liv og helse kan stå på spel. 

Fylkesmannen følgjer prinsippa for mål- og resultatstyring og har, mellom anna for å lette prioriteringsarbeidet, utvikla ulike styringsdokument, med visjon, verdiar og strategiar. Her heiter det mellom anna "Vi behandlar alltid lovpålagde oppgåver og rettstryggleiksoppgåver først". Dokumenta blir oppdaterte årleg. Avdelingane utarbeider eigne verksemdsplanar med mål og tiltak i tråd med både sentrale og eigne styringsdokument. I tillegg har vi frå 2017 utarbeidd feller verksemdsplan for dei viktigaste samarbeids- og samordningstiltaka våre, eller oppgåver der resultata som i stor grad avheng av innsats frå heile, eller vesentlege delar av embetet. I 2018 retta vi særskilt merksemda mot; barnekonvensjonen og 0-24-satsinga, tilsyn, tilskotsforvalting, klima og arbeidet med kommunale planar. Verksemdsplanen gir tydeleg bilete av prioriteringane våre.

Også i 2018 er kommunale og regionale planar eit særskilt høgt prioritert arbeidsfelt, herunder byvekstavtaler og klimaplanar. Vi nemner i tillegg arbeidet med grensejusteringssaker, som følgje av kommunestrukturarbeidet. Dette arbeidet held fram også i 2019.

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Folketalsveksten siste året er berre 0,3 prosent. Dette er under gjennomsnittet for landet, som ligg på 0,7 prosent. Folkeveksten er langt lågare enn før nedgangen i oljeindustrien og oljeprisfallet. Før nedgangstidene låg Rogaland på høgde med veksten i Oslo og Akershus. Rogaland er på mange område no eit gjennomsnittsfylke - og til dels under på fleire indikatorar.

Nedgang i folkevekst gjev mellom anna mindre press på utbyggingsareal – og reduserte bustadprisar.

Gledeleg er det likevel at Rogaland synest å ha kome ut av "oljekrisa", noko som arbeidsløysetala er ein indikator på. Per desember 2018 var 2,5 prosent av arbeidsstokken heilt ledige. Dette er ein nedgang på heile 23 prosent sidan same tid i 2017.

Folkehelsebarometeret kan gje visse indikasjonar på Fylkesmannen sine oppgåver og utfordringar. Her er Rogaland gjennomsnittleg, eller ligg betre an på dei fleste indikatorane. Likevel nemner vi særskilt at Rogaland har ei yngre befolkning enn landet, andelen personar over 45 år som bur åleine, er mindre enn landet, færre barn i låginntektsfamiliar og god drikkevassforsyning. Negativt kan nemnast trivsel i 10. klasse på skulen og dagleg røyking. Rogalendingane er likevel friskare enn landet elles, målt ut frå sjukefråværsstatistikken –  4,7 prosent i 3. kvartal 2018. Berre Oslo låg lågare med 4,5 prosent.

Elles må nemnast at store samferdsleprosjekt og arbeidet med byvekstavtalar/areal- og transportplanlegging har prega fylket og Fylkesmannen sitt arbeid i 2018, der ikkje minst finansiering (bompengar) har skapt både protestaksjonar frå innbyggjarane på Nord-Jæren og politisk usemje i regionen.

Kutt i løyvingane og vekst i oppgåver gjev større press på medarbeidarane hos Fylkesmannen. FMRO har likevel fått arbeidsro ved ikkje å bli involvert i samanslåingsprosessar.

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Stavanger 28. februar 2019

Magnhild Meltveit Kleppa (sign)

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Her siterer vi frå strategidokumentet vårt, som igjen byggjer på instruks og sentrale styringsdokument:

I instruks for fylkesmennene § 1 heiter det:

Fylkesmannen er Kongens og Regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortingets og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner kan bli følgde opp.

Fylkesmannen skal med dette som utgangspunkt virke til gagn og beste for fylket og ta dei initiativ som er påkrevde.

Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei enkelte departementa har direkte fagleg instruksjonsmyndigheit over Fylkesmannen innan vedkomande departement sitt saksområde.

Det som i hovudsak skil Fylkesmannen frå andre regionale statlege etatar, er det breie saksfeltet, med oppdrag frå 11 departement og nesten like mange direktorat, og embetet sitt samfunnsmandat er derfor omfattande og inneber eit mangfald av roller og funksjonar. Oppsummert slik:

  • medverke til å setje nasjonal politikk ut i livet
  • vere statleg samordnar i regionen
  • sikre rettstryggleik for innbyggjarane i Rogaland
  • ta initiativ og halde sentrale styresmakter orienterte om utfordringar og andre sentrale spørsmål i fylket.

FMRO samarbeider med nabofylkesmennene til dømes innan utdanning, helsetilsyn, sosiale tenester (bolig for velferd), busetjing, samfunnstryggleik og beredskap. Vi har også faste og meir tilfeldige samordnings- og samarbeidsmøte med alle regionale statsetatar, der samordningsbehovet er til stades, for eksempel planarbeid, beredskap, busetjing, barnevern (BUF), klima med meir.

2.2 Organisasjon og ledelse

Organisasjonskart for Fylkesmannen i Rogaland i 2018.



Fylkesmannsembetet er framleis lokalisert sentralt i Stavanger - i Statens hus, saman med fleire andre statsetatar, Stavanger bispedømme og KS Rogaland. 

Det er ikkje gjort vesentlege endringar i organisasjon og struktur i 2018, men embetet har arbeidd ut ny organisering av administrative tenester frå 1. januar 2019, som følgje av opprettinga av Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA). Frå denne datoen er administrasjonsavdelinga gjort om til administrativ stab under embetsleiinga og utan eigen avdelingsdirektør. 

Dei andre avdelingane er som før. Sjå organisasjonskartet over.   

Embetet har før overføring til FMFA 185 tilsette, 122 kvinner og 63 menn. 20 arbeider deltid. Ved årsslutt hadde vi 145,4 årsverk.

Embetet er leia av fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa og assisterande fylkesmann Harald Thune. Bent Høie overtek som fylkesmann frå hausten 2021 og våren 2019 blir det utnemnd mellombels fylkesmann fram til då.                                                                                                                                        

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Økonomi

Det er framleis utfordrande at store delar av embetet er finansiert via framandkapittel – med andre ord utanom kapittel 0525. Dette gjer budsjettarbeidet krevjande. Så lenge løyvingane er nokolunde stabile frå år til år, og dermed føreseielege, går dette bra, noko som var tilfelle for 2018. Embetet har særs gode budsjett-, rekneskaps- og rapporteringsrutinar. I 2018 kom vi ut ned eit mindreforbruk på 228 000 kroner – positivt avvik på 0,2 prosent (som i 2017). Budsjettet er likevel for stramt, og vi har forhåpningar til at ein ny ressursfordelingsmodell skal rette på dette.

Personal

Talet på tilsette har vore reletivt stabilt dei siste åra. I 2018 vart embetet styrka med to nye til behandling av skulemiljøsaker. FMRO har låg turnover (3,8 prosent), relativt lågt sjukefråvær – 3,1 prosent  4. kvartal 2018. Målsetjinga i IA-handlingsplanen er å ligge under 3,5 prosent.

Kvinneandelen aukar og er no på 122 av 185 tilsette. Framleis er det slik at gjennomsnittslønna for kvinner er noko lågare enn for menn.

Sjå elles merknader til tabellane under.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Målt i innsats og ressursbruk er dette det hovudmålet som framleis krev mest av Fylkesmannen. I tillegg er det slik at arbeidet under hovudmåla 2 og 3 også medverkar til at dette hovudmålet blir innfridd. Både rettstrygg behandling og god samordning er grunnleggande verdiar i den nasjonale politikken. Nasjonal politikk er forankra i lover, førsegner, ulike rettleiarar, politiske føringar, handlingsplanar, kampanjar m.m.

Det kan vere krevjande å måle effekten av innsatsen under dette omftatnde hovudmålet. Det blir lett til at ein måler aktivitet og tiltak, og legg til grunn at denne aktiviteten er eit viktig bidrag til oppnådd resultat. Eller at resultatet manglar trass i innsatsen frå Fylkesmannen si side.

FMRO brukar fleire møteplassar og arenaer for å formidle nasjonal politikk innanfor dei ulike fagområda våre. Vi arrangerer fagseminar, kommunebesøk, temasamlingar, møte med dei ulike regionale statsetatane, møte med regionråda, møte i Fylkesberedskapsrådet mm.

Oppsummert er vi særs godt nøgde med eigen innsats også i 2018. Vi meiner at nasjonal politikk er både kjend og iverksett i fylket, men likevel med varierande kvalitet. Det kan vere eit lang veg mellom å forstå til å akseptere, og ikkje minst eige den nasjonale politikken. Vi ser stor skilnad mellom kommunane, og nemner her særskilt arealforvaltning (mellom anna jordvern, som er særs viktig i Rogaland). Fylkesmannen prioriterte i 2018 møte med politiske utval i kommunane, der desse hovudtemaa vart drøfta. Slike treffpunkt er viktige, dei gjev høve til dialog om utfordringane og vi ser effekt i korleis kommunane vektar nasjonale krav og føringar i vedtaka sine. 

Fylkesmannen brukar elles aktivt alle eksisterande arenaer for å informere og inspirere kommunane til å setje i verk nye satsingar og ta i bruk tilskot og andre støtteordningar for å oppnå nasjonale mål. I tillegg arrangerer vi sjølv, eller i samarbeid med andre aktørar, store konferansar for å rette merksemd mot sentrale tema, som til dømes eit av dei alle viktigaste; barn og unge sine oppvekstvilkår, som også er eit sentralt avdelingsovergripande tema, til dømes i vår felles VP.

Fylkesmannen, saman med heile leiargruppa, vitjar med jamne mellomrom kommunane, der det blir retta merksemd mot på sentrale nasjonale satsingar, som avheng av kommunal oppfølging. Desse besøksrundane er som oftast basert på risikovurderingar i forkant, ut frå Fylkesmannen sitt totale bilete av korleis kommunane løyser oppgåvene.

Ein svært viktig arena for å formidle og forvalte nasjonale verdiar er innspel og medverknad i kommunalt og regionalt planarbeidet. Tidleg, tydeleg og samordna innspel er prioritert. Rogaland er likevel eit særs aktivt planfylke og vi skulle ønskje vi hadde enno meir ressursar til tidleg medverknad. Vi gir, når nødvendig, varsel ved oppsart av planar, fråsegn til dispensasjon frå plan og uttale til høyring av planforslag. Kommuneplanprosessane har 1. prioritet. Vi nemner elles særskilt ekstraarbeidet i samband med ny tolking av byggjegrense i sjø. Det vil enno ta noko tid før kommunane har denne på plass.

Ovanfor har vi nemnt særskilt merksemd på barn og unge, og vil i denne smanheng også trekkje fram arbeidet med implementering av ny rammeplan for barnehagar, og styrka innsats og fokus på trygt skolemiljø og strategien for etterutdanning. Innsatsen har mellom anna medverka til ar rammeplanen blir omsett i praksis i barnehagane. Det er likevel framleis utfordringar knytt til rekruttering til barnehageutdanninga og til å få kvalifisert arbeidskraft til barnehagane. Men talet på dispensasjonar går ned. Når det gjeld skolemiljø, så er no 6 kommunar med i oppfølgingsordninga. Av dei 3 nye i 2018 er Fylkesmannen særskilt uroa for ein av dei.

Vi trekkjer fram nokre særskilde område som til dømes oppgåver for Helsedirektoratet. Her har vi vore i front både i utvikling og utprøving av dialogmøte og prosjekta innan bustad for velferd. Vi har god oversikt og er tett på når det gjeld opplæring i NAV-kontor og kompetansestrategien på barnevernområdet mm. Oppgåveløysinga er grundig og god.

Elles vil vi særskilt trekke fram vaksenopplæring som eit særskilt satsingsområde for oss også i 2018, og peikar her på samarbeidet i vaksenoplæringsrådet.

I rekkja av arenaer der nasjonal politikk er tema nemner vi også den årlege samfunnstryggleikskonferansen ved Universitetet i Stavanger, Konferansen er eit samarbeidsprosjekt mellom universitetet, Sør-Vest politidistrikt, forsvaret v/JWC, Helse Stavanger og Fylkesmannen i Rogaland.






Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

Fylkesmannen har eigen oppdatert instruks og retningsliner for samordning internt og eksternt. Samordning er eit sentralt element i all saksbehandling og rettleiing og dialog med kommunane. Samordning skal mellom anna medverke til at statleg styring er føreseieleg og overkommeleg for kommunane. Samordning er også eit vesentleg førmål med hyppige møte i leiargruppa, og med andre statlege aktørar. Viktige samordningsareanaer er; Fylkesberedskapsrådet, statsetatmøtet, faste møte med NAV, Universitetet i Stavanger, jamnlege møte med leiinga i fylkeskommunen og ikkje minst ulike møte med leiinga i kommunane. Samordning er dessutan hovudgrunnen til at Fylkesmannen så langt som mogleg vitjar kommunane med samla leiargruppe. Vi må også trekkje fram det særskilde samordningsansvaret Fylkesmennene har for kommuneretta tilsyn og for motsegner til kommunale arealplanar.

Totalt sett meiner vi at samordningsoppdarget blir løyst på ein særs tilfredsstillande måte, trass i at vi ser at også her kunne tidlegare innsats vore å førtrekkje. Ut frå tilgjengelege ressursar, er vi likevel god nøgde både med eigen innsats og med samarbeidet med andre etatar. Samordning gjer seg kkje sjølv og temaet må haldast varmt både internt og eksternt. Ein viktig føresetnad er at alle samordningsetatar har tydelege instruksar om samordning. Det kan også vere ei utfordring at samordnande etatar ikkje har same regionale inndeling.

Samordning er også eit vesentleg verkemiddel i å finne løysingar på arealkonfliktar i kommunale planar, der Fylkesmannen sin meklingsfunksjon er siste utveg før saka blir send til departemental behandling. I 2018 vart alle slike konfliktar løyste, anten i særmøte med kommuane, eller i mekling. Ingen saker vart sende til departementet til endeleg avgjerd.

Samordninga på sentralt hald kan bli betre ved mellom anna at  KMD tar initiativ til felles styringsdialog med alle departement og direktorat som har interesser i arealplanlegginga i kommunane. Dette kan mellom anna gjerast ved at også KMD si planavdeling deltek på styringsmøte med FM saman med dei sentrale landbruksstyresmaktene og miljøstyresmaktene.

Når det gjeld arbeidet med saker etter plan- og bygningslova, så nemner vi særskilt at vi årleg arrangerer ein plan- og byggesakskonferanse for kommunane, der alle våre fagavdelingar er med.

Samordninga av statlege motsegner fungerer godt. Vi ser det likevel som ei vesentleg svakheit at fylkeskommunen ikkje er med i samordningsmodellen. Vi ser gjerne at departementet (KMD) opnar for vidare forsøk der fylkeskommunen er med i samordningsprosjektet, og der Fylkesmannen også får ressursar og heimel til å samordne regional stat inn i regionalt planforum og i regionalt planarbeid. Ei slik ordning ville støtte opp om fylkeskommunen sitt samordningsarbeid og sekretariatsfunksjon. Det bør også stimulerast til betre intern samordning mellom fylkeskommunen sine eigne sektorar. .

Innanfor landbruksområdet er det regionale samarbeidet særskilt viktig for å nå målsetjingane både for næringsutvikling, miljø og forsking. FMRO har også tradisjon for samarbeid med næringa direkte. I 2018 var arbeidet med plante- og dyrehelse og dyrevelferd mest sentralt. Vi har nært og godt samarbeid med Mattilsynet og kontinuerleg dialog med Arbeidstilsynet, NIBIO, NMBU og Veterinærinstituttet.

I 2018 har vi styrka samarbeidet med Husbanken på det bustadsosiale området og det er lagt opp til brei tilnærming til boligsosiale tema i overordna kommunalt planarbeid. Fylkesmannen har særskilt ansvar for å samordne innsatsen for å gjennomføre strategien bustad for velferd og leiar samarbeidet mellom regional stat og einskildkommunar. I tillegg samarbeider Fylkesmannen i Rogaland og Fylkesmannene i Sogn og Fjordane og Hordaland (no Vestland), brukarorganisasjonane og frivillige. Vi meiner at statleg verksemd no er særskilt godt samordna og legg til rette for heilskaplege løysningar. Det er samarbeid i konkrete prosjekt i kommunane i fylket. Gjennom årleg konferanse om nasjonale satsingar og tilskot, og eigen tilskotskalender på nettsida vår, legg vi til rette for samordning av statlege økonomiske verkemiddel.

Når det gjeld tilsyn generelt, så opplever vi god dialog både mellom Fylkesmannen sine ulike tilsynsavdelingar og kommunane i samband med gjennomføring av tilsyna. Vi har alt i mange år hatt samarbeidsmøte med dei andre statlege tilsynsetatane, der vi samordnar tilsynsaktiviteten. Vi samordar i tillegg aktiviteten med kontrollutvalssekretariata. Denne samordninga gir både nyttig informasjon mellom tilsyna og god læring. I 2018 gjennomførde vi ein tilsynskonferanse for kommunane saman med dei andre statlege tilsynsetatane og kontrollutvala. Vi legg opp til å følgje dette opp med ny konferanse i 2020. Slik ønskjer vi å skape ei plattform som legg til rette for endå betre dialog mellom Fylkesmannen, dei andre tilsynsetatane, kommunane og kontrollutvalssekretariata, i samsvar med krav i ny kommunelov. 

På barnevernområdet vil vi trekkje fram satsinga på dialogmøte med kommunane i 2018. Dette har gitt kommunane støtte til å levere betre tenester, og medverkar til betre integrering av barnevern med dei andre tenesteområda i kommunane.

Satsinga på barn og unge sine oppvekstvilkår har mellom anna resultert i oppretting av eiga intern arbeidsgruppe "Barnekonvensjonen i praksis", med medlemmer frå alle avdelingar og eiga styringsgruppe. I tillegg har embetet eigen felles verksemdsplan for 0-24 samarbeidet. Alt dette har gitt forpliktande samarbeid og god samordning på dette viktige området.

 Avslutningsvis nemner vi samordning av beredsakpsarbeidet, først og fremst gjennom to årlege møte i Fylkesberedskapsrådet. 2. møte i 2018 var ein del av vårt bidrag til NATO-øvinga Trident Juncture. I samband med tørke og skogbrannfare sommaren 2018, var det dessutan fleire møte med kommunane, brannvesenet og andre instansar for å samordne situasjonsbiletet.



Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

Alle oppgåver og enkeltsaker som vedkjem enkeltmemenneske sin rettstryggleik har særs høg prioritet og merksemd hos Fylkesmanne. I strategieane vår heiter det at slike oppgåver skal behandlast først. Stort sett gjel dette tilsyn og klagebehandling, men med vergemålsoppgåvene og aktivitetsplikta i skulemiljøsaker har Fylkesmannen også fått sentrale oppgåver som første ledd i saksbehandlingskjeden.

Vi er godt nøgde med resultata i 2018 og oppfyller målsetjingane på nesten alle felt.

For klagsaker etter plan- og bygningslova hadde vi ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid på 74 dagar, noko som er ei betring på 14 dagar sidan 2017. I tillegg har ein langt lågare del av sakene saksbehandlingstid ut over 12 veker. 35 % av sakene hadde likevel fristoverskriding, mot 47 % i 2017.Her må nemnast at denne betreinga har kome trass i at vi i 2018 behandla langt fleire setjefylkesmannssaker enn i 2017 - 110 mot 18 året før. For klager på reguleringsplanar er saksbehandlingstida noko lenger, først og fremst fordi byggjesakene har vorte prioriterte. Vi har som klar målsetjing å få ned saksbehandlingstida også for planklagene i 2019.

Vi ser rettstryggleiksutfordringar på fleire område. I landbruket ser vi i enkelte kommunar "nærleiksutfordringar". når det gjeld forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske ordningar. I tillegg er kapasitet og kompetanse i kommunane ein kritisk faktor. Fylkesmannen har tydeleg fokus på kommunane sine saksbehandlingsrutinar og kontrollsystem i kontakt med kommuanne og i samband med forvaltningskontroll.

Særskilt gjennom klagebehandling ser vi at kommunar strevar med å ha god og rett forvaltningspraksis, og har til dømes utfordringar med å handtere reglane i forvaltningslova. Med eksempel frå tilsyn etter introduksjonslova, ser vi at nokre kommunar har utfordringar når det gjeld samordning mellom NAV og voksenopplæringa.

Vi nemner her at Innafor utdanningssektoren er det utvikla eit særs godt samarbeid mellom fylkesmennnene i sør.vest, som medverkar til felles lovforståing og praksis. Spesielet opplæringslova med forskrifter er kompleks og til dels vanskeleg tilgjengeleg. Vi ser fram til forlag frå utvalet som går gjennom lova.

Vi kjem heller ikkje utanom å nemne at det i 2018 har vore sterkt forkus på rettkleiing og oppfølging om trygt skulemiljø.

Fylkesmannen har gode saksbehandlingsrutinar og samordna tilsynsordningar som ivartek rettstryggleiken på tilfredsstillande måte. Arbeidet er likevel så ressurskrevjande at ballansegangen er hårfin. Som eksempel kan nemnast at vekst i setjefylkesmannssakene når det gjeld klager etter plan- og bygningslova sette kapasiteten på dette området på alvorleg prøve. Behovet for styrking av ressursane som følgje av dette, har vore tatt opp med departementet (KMD). 

Vi har over tid hatt utfordringar med kapasitet og for lang saksbehandlingstid innafor helse- og sosialsektoren. Vi har no god og stabil utvikling her, både når det gjeld saksbehandling generelt og saksbehandlingstid på dei aller fleste områda. Framleis har vi utfordringar når det gjeld vedak om tvangsbruk etter kap. 9. Det polstive på området er at talet på tilsyn har auka, Det er gjort risikovurderingar knytt til tilsyn, og det er god oversikt over saker med tvangsbruk.

Det blir dessutan gjort grundige risikovurderingar når det gjeld tilsyn på alle fagområda. Innafor helsetilsyn har det likevel vore ei omstilling å kunne telje tilsynspoeng i krevjande tilsynssaker. Her har vi gode diskusjonar og vurderingar.

Av andre tiltak kan nemnast at innafor hels-, sosial- og berneversfeltet er det etablert eigne saksfrodeklingsteam og peikt ut ein person til signering på alle vedtak. Dette sikrar god saksflyt, likevbehandling og høg kvalitet på saksbehandling og vedtak. At fleire medarbeidarar også arbeider innafor fleire saksområde, til dømes helse og barnevern, i tillegg til tett samarbeid med saksbehandlarar i utdanningsavdelinga, gjer oss godt rusta til å gå inn i dei mest krevjande sakene som handlar om barn og unge som treng eit breitt tenestetilbod.

 

Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Prioritering av oppfylling av dei andre tre måla, går gjerne ut over dette, som er mindre konkret og i større grad opp til Fylkesmannen eige skjønn. Vi brukar likevel dei muligheitene vi har til å melde tilbake til sentrale styresmalter og ta initiativ som vi finn påkrevde, gjerne i samarbeid med andre regionale etatar. I hovudsak skjer tilbakemeldingane likevel gjennom svar på høyringar av ulikt slag, men i prinsippet på område som direkte eller indirekte vedkjem fylkesmannen sine ansvarsområde, til dømes regionreform, kommunereform eller andre større strukturendringar. Vi nyttar elles også denne årsrapporten eller andre rapportar til å melde om utfordringar i fylket eller kommunane. Det same gjeld innspel til førebels tildelingsbrev og VØI.

Viktige tilbakemelingsarenaer er også fylkesmannsmøte, fagmøte, styringsdialogmøte og tilsvarande møteplassar. Desse møteplassane må bestå og utviklast. Det er mellom anna viktig å formidla at nasjonal politikk møter ulike regionale utfordringar. Sentrale styremakter må kjenne desse utfordringane, som for Rogaland sitt vedkomande mellom anna kan dreie seg om aralbruk, jordvern, miljø (klima og biologisk mangfald), plante- og dyrehelse og distriktslandbruket.

Vi meiner likevel at vi har funne eit fornuftig nivå og kvalitet når det gjeld innspel og initiativ overfor sentrale styrsmakter og er derfor godt nøgde med innsatsen også i 2018.

Som eksempeI på eigne initiativ kan nemnast at fylkesmannen sjølv ved fleire høve opp ønskje om å få flytte ansvaret for introduksjonslova frå Justisdepartementet til Kunnskapsdepartementet, noko som seinare vart ein realitet.

I dialog med overordna styresmakter er det også viktig å få støtte i vår forvaltning og formidling av nasjonal politikk og nasjonale føringar. I Rogaland står vi til dømes føre fleira krevjande infrastrukturprosjekt som utfordrar nasjonal og regionale politikk. Det er då uheldig at vi samstundes opplever å ikkje få støtte sentralt i saker der vi fremjer motsegner etter grundige vurderingar, med grunnlag i tydeleg nasjonal politikk, men der det sentralt blir lagt mest vekt på lokalt sjølvstyre. 

Vi nyttar også dette høvet til å peike på nokre utfordringar i skulesektoren:

1) saker om skolemiljå avdekkar at skulane strevar amed å løyse dei mest kravjande sakene. Desse gjeld ofte dei mest sårbare barne, som treng samordna tenester. Sjølv om fleire departem,ent samarbeider i 0-24, er det rom for meir samordna regelverk knytt til desse barna.

2) Skular og rektorar etterlyser større handlingsrom for effektiv verkemiiddelbruk - særleg for å ta vare på elevar som utagerer eller har psykiske lidingar.

3) Erfaring frå saker om skolemiljåø viser at det i fleire tilfelle ikkje finst individuell plan. Skulen har plikt til å medverke til slik plan, men bør ha plikt til å initiere plan.

4) Nærskuleretten kan vere for rigid og gir dermed for lite handlingsrom for kommunen. Større fleksibilitet treng ikkje svekke nærskuleretten nemneverdig.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk




Det er eit veksande medvit om bærekraftig by og tettstadutvikling og klimaspørsmål. Mange av våre kommunar har jobbar godt med eigen planar for fortetting og utvikling i sine sentra. Oppfølging og revisjon knytt til  regionalplanane for ATP får stor merksemd. Styring av handelsetablering er eit svært krevjande tema.

Det er mange store infrastrukturprosjekt i Rogaland som utfordrar natur og landskap. Det meste av desse er nye vegar, som også er ei utfordring i forhold til 0-vekstmål i personbiltrafikken. Generelle haldningar og våre verkemiddel for å ivareta biologisk mangfald, er svake i både utbyggings og landbrukssaker.


Utbyggingspresset på jordbruksareala i regionen er også stort.

I 2018 er det gjennomført 5 besøk hjå formannskap/kommunestyre i fylket. Viktig i desse møta er dialog om nasjonale og regionale forventingar til kommunal arealforvaltning, og at vi får  forståing for lokale forhold i kommunane. Det er elles eit viktig kontaktpunkt mellom lokalpolitikarar og Staten. Vi opplever og får tilbakemeldingar på at slike møte er konstruktive og skapar forståing for dei omsyn Fylkesmannen er sett til å ivareta. Vår erfaring er at dialogmøte med lokalpolitikarar er det vektigaste tiltaket for å oppnå forståing for ei berekraftig og framtidsretta utvikling.

Planprosesser – formidling av nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

FM har hatt dialog med og formidlet nasjonale og regionale hensyn til alle kommuner i fylket, og deltar aktivt i regionalt planforum.

Fylkesmannen i Rogaland legg svært stor vekt på å ha dialog i planarbeidet og formidle nasjonale og regionale omsyn til alle kommunar i fylket. Dette er ein lang tradisjon hos oss og byggjer på mange års tillit og innsats.  Me legg svært stor vekt på intern samodning og har eit planlag på tvers i embetet med faste sakshandsamarar frå kvar kommune som har god kontakt med planadministrasjonen i kommunen.  Me vurderer alle planar og dispensasjonar innan plan og bygningslova for uttale og gjev tidleg og tydeleg uttale i dei aller fleste sakene. Kommunane kontaktar oss og ber om råd i planfaglege sprøsmål og me har mange arbeidsmøter med administrasjon og mange vitjngar i politiske organ i løpet av året.  Det siste seier me alltid ja til ut frå kommunen sine behov og me tilbyr og lovar dette i jamnlege kommunebesøk med leiargruppa der me også formidlar regionale og nasjonale omsyn i planarbeidet. Vidare deltar me tett med Rogaland fylkeskommunen i diverse regionalplanarbeid bl.a i styrings og prosjektgruppe for klimatiltak.  For å løyse motsegner har me drøftingsmøter på det nivået kommunen ynskjer. Her vert dei fleste motsegner løyst før mekling.

Kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel relevante kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning: 100 %.

Fylkesmannen medverkar tidleg i alle kommunale og regionale planar som råkar våre sektorinteresser. I slike saker skal vi ha varsel om oppstart av planarbeid på høyring og vi prioriterer å gje tilbakemelding på desse. Vi har og tett og god kontakt med planleggjarane i kommune og vegvesen, og som ofte tar kontakt  i tidleg fase for å avklare nasjonale og regionale interesser særleg innan natur. Vi legg vekt på å vere tydeleg tidleg når det gjeld nasjonale og regionale føringar for kommunal planlegging,

Regionalt planforum er ein viktig arena for drøfting av regionale og kommunale planar.

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Mekling i planer med uløste innsigelser: 100 %.

Det er eit stort tal plansaker i Rogaland og det mange reelle interressekonfliktar grunna mange verne og bruksomsyn på avgrensa areal. Det fører til at summen på motsegner som må løysast er realtivt høg. Vi har eit innarbeidd og velfungerande system med drøfting med kommunen i forkant av mekling. Deltaking er "på lågast tenleg nivå" og skjer gjennom telefonkontakt, mailkontakt og drøftingsmøter. Me løyser dei aller fleste motsegner slik. I slik drøfting førebur me også dei uløyste sakene til mekling. Utan denne drøftingspraksisen, ville det vore vært vanskeleg å finne nok kapasitet til å mekle alle motsegner. Det er særleg utfordrande å finne ledig tid for mekling når fylkesordfører og planleiing i fylkeskommunen skal delta. Vi ynskjer i utgangspunktet at dei skal kunne delta på alle meklingar uavhengig av om fylkeskommunen har motsegn eller ikkje.

Reduksjon i omdisponering av dyrka jord (fra kapittel 3.1.1.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponering av dyrka jord frem mot 2020, i tråd med  det nasjonale jordvernmålet.

Det er eit høgt press på areala i Rogaland. Omdisponering av dyrka jord i kommuneplanar er høgt i enkelte kommunar, sjølv om kommunane har store bustadreservar i gjeldande plan og fortettingspotensiale i eksisterande by- og tettstader. Større samferdsleprosjekt er særleg krevjande når det gjeld jordvern og omfang på nedbygging av matjord, både på Jæren og i Nord-Rogaland.

Det blei omdisponert 261 dekar dyrka jord i Rogaland i 2017, ein reduksjon på 300 dekar frå 2016. I tillegg blei 230 dekar dyrkbar jord omdisponert i Rogaland i 2017. Den store reduksjonen i omdisponert areal er noko tilfeldig, og har også si årsak i redusert vekst i regionen. Samstundes er det truleg også eit resultat av meir fokus på klima, jordvern og god arealutnytting. Vi er kjende med at det er godkjend detaljplanar i 2018 som vi gi auke i tap av dyrka jord. 

Årleg omdisponering dei siste 10 åra i Rogaland har i snitt vore nesten 1100 dekar dyrka jord. Over 2/3 av dette var på Jæren.

For mykje ressursar går med til å behandle avvik frå planar gjennom dispensasjonar. Sjølv om det i desse sakane i mindre grad skjer direkte omdisponering av jordbruksjord, bidreg slike dispensasjonar i det lange løp til ei fragmentering av jordbruksområda og ei svekking av jordbruksinteressane. Ein vesentleg del av slike saker er knytt til frådeling av gardshus til bustadføremål. Ei slik fragmentering  legg press på nye tiltak med påfølgande nedbygging av jordbruksareal.

Innan overordna planar og strategiar har det i 2018 blitt jobba særleg med revidering av Regionalplan for Jæren, ny Regionalplan for Dalane og Regional jordvernstrategi for Rogaland.

Som ledd i oppfølging av nasjonal jordvernstrategi vedtok Fylkesutvalet i Rogaland i 2017 at det skulle utarbeidast ein regional jordvernstrategi. Fylkesmannen er aktiv bidragsytar i arbeidet med utforming av strategidokumentet, og har brukt mykje ressursar på dette. I 2018 blei utkast til strategidokument med jordvernmål for Rogaland utarbeida og lagt ut på høyring. Strategien skal vere retningsgivande for regionalt og kommunalt planarbeid. Ikkje uventa gav høyringa mange konstruktive og utfordrande tilbakemeldingar knytt til jordvernmålet. Forslag er maksimal årleg omdisponering av 400 dekar dyrka jord i Rogaland. Det er likevel stor semje om at jordvern er eit viktig tema og det er kome klare tilbakemeldingar med ønske om eit offensivt jordvernmål.

Fylkesmannen er representert i arbeidet med Regionalplan for Dalane og revidert Regional plan for Jæren. Fylket skal no fått slike planar for alle fire regionane (inkl. Haugalandet og Ryfylke). Planane er eit av dei viktigaste styringsdokumenta for BATP og jordvern i Rogaland. For Regionalplan for Jæren er det viktig å utforme eit jordvernmål i planen som speglar nasjonalt jordvernmål.

Som ein del av kontrollarbeidet etter sektorlovverket har Fylkesmannen i 2018 pålagt utvalde kommunar (5) i fylket om å rapportere inn vedtak etter jord- og konsesjonslova. Vi har gjennom rapporteringa fått belyst viktige problemstillingar knytt til eigedomsstruktur i landbruket, men har fått relativt  få saker etter jordlova § 9 om omdisponering.  Det var som venta og viser at dei viktigaste diskusjonane knytt til omdisponering skjer i plansamanheng.

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer (fra kapittel 3.1.1.1.1.6 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer og løsninger skal ivaretas.

Som me har meldt tilbake før, er spørmålet ueigna. Planprogram er ein plan eller "oppskrift" på korleis ein skal gjennomføre ein planprosess der det er knytt KU-krav til. Det kan aldri gje svar på korleis boligsosiale utfordringsr og løysingar skal ivaretakast.

Men dei fleste kommunar i Rogaland har boligsosiale sektorplanar, og har også oppe denne utfordringa i overordna planarbeid i kommuneplan og td sentrumsplanar.  Det er eit stort behov for faglig gjennomgang og informasjon om kva handlingsrom som ligg i juridiske  føresegner etter pbl for å oppnå og styre eit godt bustadsosialt arbeid. Me vil ha fokus på dette i kompetanseheving for kommunane i 2019 i godt samarbeid med Husbanken. Og med tett internt samarbeid mellom planansvarlig avdeling (miljøvern) og Helse, sosial og barnevernsavdelinga vår.

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante planer (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante regionale og kommunale planer.

Fylkesmannen legg vekt på sjå alle planar på høyring opp mot statlege planretningsliner. Saman med Nasjonale forventningar til regional og kommunal planlegging og regionalplanane i fylket, er dei statlege planretningslinene dei viktigaste føringane for våre uttalar til planar. Planretningslinene er i stor grad nemnte i planane som kjem på høyring der det er relevante, men blir i ulik grad følgt opp i planutforminga.

Kommuner i storbyområdene tilrettelegger aktivt for boligbygging (fra kapittel 3.1.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle relevante kommuner i storbyområdene tilrettelegger aktivt for boligbygging.

Alle kommunane i storbyområdet tilrettelegg aktivt for boligbygging. Det gjeld Sola, Stavanger, Sandnes og Randaberg.  Sandnes er særleg aktiv i å tilretteleggje gjennom både arealplan og eit aktivt kommunalt utbyggingsselskap. Dei er litt konservative i forhold til å gå frå einebustader, rekkehus og lignende til meir arealintensiv utbygging. Sandnes har stort fokus på å greie å tilby nok boligar slik at prisnivået vert halde nede på eit akseptabelt nivå. Dette er bra, men gjer og at med noko fallande vekst i regionen, tar desse område i Sandes ein for stor del av veksten regionalt sett. Det gjer at meir urbane prosjekt langs høgkollektivakse kan ta lenger tid å få realisert.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle planer etter plan- og bygningsloven er vurdert med hensyn til samfunnssikkerhet, herunder klimaendringer. 

Planar etter plan- og bygningslova er vurderte med omsyn til  samfunnstryggleik, inkludert klimaendringar. Vi bruker nye rettleiarar, rundskriv og statlege planretningslinjer i saksbehandlinga for å underbygge dette. I tillegg bruker vi kartverktøy. Her søker vi å lette saksbehandlinga ved å vise saker/planar i kart saman med ulike samfunnstryggleikstema.

3.1.1.2 Informasjon og veiledning er tydelig og målrettet

Også i 2018 har Fylkesmannen i Rogaland hatt eit særskilt fokus på god og målretta informasjon om reglane knytt til elevane sitt skulemiljø. Vi har deltatt på mange samlingar, både små og store, slik at handhevingsordninga skal vera godt kjent blant skulane. Vi har i tillegg laga film og plakatar som vi i 2019 skal spreia til skulane i fylket, slik at også elevane sjølv kan få direkte informasjon om ordninga. Det er vanskeleg å vurdera om dette er ein god strategi, men vi synest det er ei utfordring at ordninga slik ho er innretta i dag, ikkje er barnevennleg nok. Det er lite informasjon direkte til elevane, og systemet for å melda frå på Fylkesmennene sine nettsider er vanskeleg tilgjengelege for elevar.

I tillegg har rettleiing knytt til desentralisert kompetanseutvikling vore eit prioritert område, både på barnehage- og skuleområdet.

Vurderinga vår er at vi lukkast godt med informasjon og rettleiing til barnehagemynde, offentlege og private barnehageeigarar, offentlege og private skuleeigarar. Vi legg vinn på å vera målretta og presise i dette arbeidet.

Oppfølging av bhgmynd med bhgeiere som ikke har tatt i bruk rammeplan (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle barnehagemyndigheter med barnehageeiere som ikke har tatt i bruk ny rammeplan, skal ha fått nødvendig oppfølging.

I nettverksmøter med kommunane, jamlege møter med barnehagemynda i kommunalt barnehageforum og barnehagekonferansen med tema "Rammeplan - frå idè til praksis, har vi fulgt opp arbeidet med rammeplan. Vi er ikkje kjende med at det er barnehagar som ikkje har tatt i bruk ny rammeplan.

3.1.1.3 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Dette er ei av dei viktigaste oppgåvene som Fylkesmannen har innan samfunnstryggleik og beredskap – og har høg prioritet. Me har mange aktivitetar som går på dette. Me rettleiar kommunane både før og etter tilsyn, me hjelper dei å øve kriseleiinga, me har årlege fagsamlingar med beredskapskoordinatorane, me har jamnleg ulike temasamlingar som til dømes innan plan, klimatilpassing, CIM, samfunnssikkerhetskonferansen m.m. I tillegg har me eit eige heildags undervisningsopplegg for alle nye beredskapskoordinatorar i kommunane. Me har tett kontakt med kommunar som blir ramma av ei ekstraordinær hending, for mellom anna å understøtte dei i handteringa.

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

På bakgrunn av bestemmelser i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt, skal Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Det er 26 kommunar i Rogaland. I 2018 hadde vi 8 tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap.

Eit av tilsyna (Sokndal) skulle vore i desember 2017 men blei flytta til jan 2018 etter ønske frå kommunen. Det blir gjort ei konkret vurdering kvart år om kva kommunar som skal få tilsyn basert på risiko. Fylkesmannen har også ei samordningsrolle når det gjeld kommunale tilsyn både internt, i forhold til andre statlege etatar og kommunen si eigenkontroll. Dersom fleire planlegg tilsyn i same kommune blir det gjort ei prioritering av dei ulike tilsyna.

3.1.1.4 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Det er 26 NAV-kontor i Rogaland.

Situasjonen på arbeidsmarknaden har betra seg i 2018, noko som viser igjen på sosialhjelpsstatistikken.

Rapportering som Fylkesmannen har innhenta frå kommunane tyder på at talet på sosialhjelpsmottakarar i fylket ikkje lenger aukar. Men det er ein tendens til at fleire mottakarar har sosialhjelp som hovudinntektskjelde. Det ser og ut til at talet på unge stønadsmottakarar (under 25) går ned, medan talet på mottakarar som forsørger barn under 18 år aukar noko.

Rapporteringa knytt til Kvalifiseringsprogram og aktivitetsplikta viser at fleire kommunar/NAV-kontor har utfordringar med å prioritere tilstrekkelege ressursar til desse områda, trass i Fylkesmannen sine opplæringstiltak. Fylkesmannen vil derfor ta opp dette med kommuneleiinga i møte om partnarskapen i NAV våren 2019

Alle kontora har fått tilbod om opplæring i lov, forskrift og rundskriv for tilsette i NAV-kontora. Opplæringa vert koordinert med NAV Rogaland, mellom anna i faste møte med NAV Rogaland og KS. Halvårlege NAV-leiarsamlingar er og gode arenaer for både opplæring i sosialtenestelova, formidling av erfaringar frå tilsyn og drøfting av ulike levekårsproblem.

Alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter, med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

Alle NAV-kontor har fått tilbod om følgande opplæring/kompetanseheving:

  • Halvårleg opplæring for nytilsette i NAV-kontora
  • Halvårleg nettverk for tilsette som arbeider med KVP
  • Halvårleg nettverk om barneperspektivet i NAV
  • Årlege erfaringssamlingar om aktivitetsplikta
  • Halvårlege nettverk for tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving
  • Vidaregåande kurs for tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving

Både KVP, barneperspektiv i NAV og aktivitetsplikta er tema som jamnleg vert tatt opp i NAV-leiarsamlingar som Fylkesmannen og NAV Rogaland gjennomfører kvart halvår. I tillegg er dette tema i dei faste samarbeidsmøta (3-4 gonger årleg) med KS og NAV Rogaland.

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. Opplæringen skal vektlegge kravet om å gjøre individuelle vurderinger i den enkelte saken og at barneperspektivet i de sosiale tjenestene ivaretas.

Fylkesmannen har opplæring i sosialtenestelova for nytilsette i NAV-kontora to dagar kvart halvår. Også andre tilsette med behov for slik opplæring deltek. Individuelle vurderingar har eit hovudfokus i opplæringa. Fylkesmannen understreker også plikta NAV-tilsette har til å kartlegge og vurdere barn sine behov der foreldra mottek tenester etter sosialtenestelova.

For å medverke til høgt fokus på barneperspektivet i NAV-kontora har Fylkesmannen etablert eit eige nettverk for tilsette som arbeider med dette. Nettverket er fylkesdekkande og samlast halvårleg for erfaringsdeling og fagleg påfyll.

Antall kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og annen veiledning er avdekket særlig utfordringer.

Fylkesmannen har i 2018 gjennomført ni kommunebesøk med  deltaking frå alle avdelingane i embetet. Kommunane blei valt ut frå behov. Behovet var basert på informasjon Fylkesmannen hadde avdekka i tilsyn, klager og annan kontakt.

I 2018 starta Fylkesmannen med systematiske dialogmøte med kommunar på barnevernsfeltet. Møte er haldne med dei kommunane som hadde dei største utfordringane i tenestene sine. Ein har og hatt svært tett oppfølging av enkeltkommunar med særlege samarbeidsutfordringar mellom tenestene.

På sosial- og helsefeltet er det brukt ulike verkemiddel når ein avdekkar manglar i tenestetilbodet. Fylkesmannen har ofte reist til kommunane for å ha møte med tenestene, eller for å gi opplæring og/ eller rettleiing til grupper av tilsette.

Sju kommunar i fylket har motteke særskilt oppfølging i 2018 på helse- sosial- og barnevernfeltet.

3.1.1.5 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Dei aller fleste kommunane i fylket har ei jamn auke i talet på kvalifiserte årsverk, tilsette med vidareutdanning og totalt tal på årsverk tilsette i helse- og omsorgstenesta.

Dei ulike arenaene for samarbeid mellom overordna myndigheter, KS, utviklingssentrene for heimesjukepleie og sjukeheimar, fylkesmannen og kommunane nyttes systematisk for å bidra til kvalitetsheving.

Det er oppretta fleire ulike nettverk, både for pasientsikkerhet, rus og psykiatri og tenester til barn og unge. Disse har stor verdi for å understøtta kommunane sitt kvalitetsarbeid, og for å spre gode erfaringar frå kommune til kommune.

Det har vært stor interesse for informasjon i og undervisning om den "nye" forskriften for kvalitet og leiing, og kommunane nyttar denne systematisk for å styrka kvalitetsarbeidet i eigen organisasjon.

Fylkesmannen ser ulik grad av modning i kommunane sitt kvalitetsarbeid og tilpasser sin virkemiddelbruk til dette. Nokre kommunar treng stor grad av råd og rettleiing, mens andre har eit godt utvikla kvalitetssystem og kan gjere eigenvurderingar og granskingar av egne verksemder.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene har politisk vedtatt planer for å møte fremtidens utfordringer på helse- og omsorgsfeltet, bl.a. kompetanse- og rekrutteringsplaner.

Kommunane i Rogaland har i stor grad planar for å møte utfordringane på helse- og omsorgsfeltet. Det er ulikt frå kommune til kommune korleis dei har lagt opp planarbeidet, om kommunane har delplanar eller samla ulike område i større overordna planar eller strategidokument. Planane er ulikt forankra i kommunane og ikkje alle er politisk vedtekne. Når det gjeld kompetanse- og rekrutteringsplanar så opplyser dei fleste kommunane at dei har slike planar, men at det er ulikt kor ofte planane vert reviderte og oppdaterte. Rekruttering skjer i større grad etter som behov for kompetanse oppstår enn etter ei langsiktig planlegging. Dei kommunane som gjer systematisk kartlegging av kompetanse, og legg opp strategi i høve dette, ser at dei har god nytte av å ha utarbeidd kompetanseplanar. Fylkesmannen oppfordrar kommunane til å kartleggje eksisterande kompetanse og kompetansebehov og spør etter planar når dei søkjer om tilskot til kompetanseheving.

Flere kommuner enn i (fra kapittel 3.1.3.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner enn i 2017 gir dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens .

Det er berre to kommunar i Rogaland som ikkje har dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Dette er kommunar med få innbyggjarar og som anten står føre kommunesamanslåing eller ikkje ser at det behov for slikt tilbod. Desse opplysningane har kome fram gjennom dialog med kommunane. Helsedirektoratet sine rapportar viser at det er gitt tilskot til å oppretta nye plasser i 5 kommunar i 2018. Det vart gitt tilskot til å oppretta 37 nye plasser, og det ga tilbod til 73 brukarar. Fylkesmannen har arrangert og delteke på fagdager og har sett fokus på kor viktig det er med slike tilbod, både for den aktuelle personen og pårørande.

Flere plasser med dagaktivitet (fra kapittel 3.1.3.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Flere plasser med dagaktivitetstilbud for personer med demens sammenliknet med 2017.

Kommunane i Rogaland har fokus på brukargruppa heimebuande personar med demens. Fleire kommunar prøver ut fleksible løysingar med alternative opningstider. I 2018 var det 5 kommunar som søkte om tilskot for å oppretta nye plassar med dagaktivitetstilbod for heimebuande personar med demens, og 18 søkte om tilskot til vidareføring. Tal frå Helsedirektoratet viser at det vart søkt tilskot til 191,3 plassar, som gjer tilbod til 394 personar. Tala frå den nasjonale kartlegginga, som skal vise tenestetilbod til personar med demens, er ikke klar ennå. Kartelgginga vart gjort i 2018 og er under utarbeiding. Den førre kartlegginga var i 2014.

Når det gjeld Kostraskjema 4, er dette noko kommunane rapporterer inn til SSB, og ikkje noko vi ser. Opplysningane ein ber om her er ikkje tilgjengelege i det materialet SSB legg ut under området Omsorgstenester.

Fleire kommunar har fått tilskot til å opprette dagaktivitestilbod, og tala vil derfor visa auka tilbod når dei ligg føre.

Personell i helse- og (fra kapittel 3.1.3.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Personell i helse- og omsorgstjenesten har fått økt grunn- og videreutdanningsnivå sammenlignet med 2017.

Fylkesmannen ga i 2018 tilskot til kommunar gjennom ordninga "Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot". Det vart innvilga midlar etter søknad frå kommunane, og slik vart det fordelt: 

  • 70 personar til helsefagarbeider og anna utdanning på vidargåande skule-nivå
  • 154 til fagskule
  • 147 bachelorutdanning
  • 322 til vidareutdanning. 

Dessutan fekk 829 tilskot til å gjennomføre ABC-opplæring. Mange av dei som kommunane søkte tilskot til, er ennå under utdanning og kommunane har ikkje fått kompetansen auka i den grad det kan sjå ut som ennå. Likevel er det slik at statistikk viser at det dei siste åra har vorte tilsett fleire i helse- og omsorgstenestene og at formell kompetanse er auka. Det har vore ein jamn auke i sysselsette årsverk av helsefagarbeidarar og sjukepleirar i dei brukarretta pleie- og omsorgstenestene dei seinaste åra. Statistikk viser også at det er større del av dei sysselsette som har høgare fagutdanning.

Økt ressursinnsats (fra kapittel 3.1.3.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Økt ressursinnsats i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid sammenlignet med 2017, jf. vekst i  kommunerammen på 300 mill. kroner til styrket innsats på rusfeltet i 2018.

Kommunane i Rogaland rapporterer i IS 24/8 at dei har fått 32 fleire årsverk som følgje av opptrappingsplan for rusfeltet.

Gjennom tilskotsordninga Kommunalt rusarbeid har Fylkesmannen i 2018 gitt midlar til 87 årsverk. 19 av desse var nye i 2018. 10,5 av årsverka blei etablerte under den førre opptrappingsplanen. Desse er forventa tekne inn i kommunane si ordinære drift i løpet av 2019.

Det er urovekkjande at berre 46 prosent av kommunane rapporterer at dei har nytta dei auka midlane, som dei har motteke i ramma gjennom Opptrappingsplan for rusfeltet, til føremålet.

Økt andel av pasienter (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt andel pasienter med behov for habilitering- og rehabilitering mottar tjenester i kommunene sammenliknet med 2016 (tekst endre noe i forbindelse med første felles supplerende tildelingsbrev for 2018).

(Resultatmålet slettes fordi det i dag ikke finnes gode tall på dette. Det er mulig å finne tall på antall mottakere av hab/rehab i IPLOS, men det kan Helsedir ta ut selv. Det finnes flere andre resultatmål på hab/rehab i tillegg til egen rapportering under kap. 7)

Flere kvalifiserte årsverk (fra kapittel 3.1.3.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere kvalifiserte årsverk enn i 2016 arbeider innen habilitering og rehabilitering i kommunene.

Jf. opplysningar frå Helsedirektoratet går dette rapporteringspunktet ut på grunn av manglande data på området.

Minst ett innsatsområde (fra kapittel 3.1.3.1.2.3 i TB)

Rapportere på

Minst 75 % av kommunene rapporterer forbedring på innsatsområder/tiltak i opptrappingsplanen 2017-2019 sammenlignet med 2017.

Kommunane i Rogaland har fokus på habilitering og rehabilitering og gjev tilbod på områda. Det er stor skilnad på korleis tilboda er organiserte. Mellom anna er koorinerande eining plassert svært ulikt. Når det gjeld rehabilitering så har dei fleste kommunane tilbod i institusjon, og mange har oppretta kvardagsrehabilitering. Dei minste kommunane organsierer eit enkelt opplegg ved behov. Færre enn halvparten av kommunane har utarbeidd planar på området, men fleire er i gang med dette.

I 2018 var det ni kommunar som søkte tilskot gjennom ordninga Styrking av habilitering og rehabilitering i kommunene. Det var søkt om tilskot til alt frå å styrke feltet generelt, til heilt spesifikke område som mellom anna munnmotoriske team og om oppgåver kring rolla til koordinerande eining. Det er gitt tilskot til eit prosjekt for interkommunalt samarbeid om rehabilitering. Her er målgruppa 18 - 67 år. Det skal vera eit tverrfagleg team med fysioterapeut, ergoterapeut, psykolog, lege, logoped og sykepleier som skal bistå dei samarbeidande kommunane ved behov.

Det er vanskeleg å seia noko om forbetring og om 75 prosent av kommunane kan rapportere om det. Det ligg ikkje føre data på dette området. Questback skal gjennomførast i 2019 og kommunane er oppmoda til å svare på denne.

3.1.1.6 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Fylkesmannen i Rogalands resultatmål på området var i 2018 eit auka felles fokus og samarbeid kring kompetanseheving og kvalitetsutvikling.

Fylkesmannen har i ei årrekkje hatt ulike former for etablerte samarbeidsstrukturar med sentrale aktørar som KoRus, Napha, Rvts, Rkbu, Husbanken, Kriminalomsorg, Helseføretak, KS, KORFOR, utdanningsinstitusjonar og brukarorganisasjonar.

Målet om felles fokus og samarbeid rundt kompetanseheving og kvalitetsutvikling anses som oppnådd når det gjeld konkrete oppgåver og tiltak som f.eks. nettverk, kurs og konferansar. 

Samarbeidet kan derimot vidareutviklast når det gjeld oppfølging av, dialog med og tiltak overfor enkeltkommunar. Det vil vere formålstenleg at vi i slike samanhengar speler på kvarandre og opptrer som eit samla kompetanse- og kvalitetsutviklingsmiljø.
Vi må særleg finne gode ordningar for samarbeid med regionale kompetansemiljø som ikkje har tilhaldsstad i Stavanger.

Nytt av 2018 er at det blir gjennomført overordna årlege samarbeidsmøte mellom leiinga ved kompetansesentera, leiinga hos FM Rogaland og FM Vestland. Samarbeidet blei starta etter at kompetansesentera ikkje ville invitera fylkesmennene inn i frå før etablert kompetansesenterforum. Fylkesmannen ønskte å delta i forumet for å samordne og legge plan for felles oppdrag ved årets start. Målet for dei årlege møta som no er etablert er å sikre gjennomgang av oppdrag, planlegging av felles aktivitetar og å sikre  informasjon og oppdatering om satsingar retta mot kommunar.

90 % av kommunene har kartlagt (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

90% av målgruppen er kartlagt for å belyse rusmiddelsituasjonen fylkets kommuner gjennom BrukerPlan eller annet kartleggingsverktøy.

88 prosent av kommunane rapporterer gjennom IS 24/8 å ha kartlagt målgruppa for å opplyse rusmiddelsituasjonen gjennom BrukerPlan eller anna kartleggingsverktøy.

Dei fyrste kommunane i Rogaland innførde Brukerplan for 14 år sidan. Verktøyet er godt etablert i fylket. Kommunane etterstrevar å bruke Brukerplan og andre kartleggingsverktøy på ein god måte, noko som i alle kommunar ikkje inneber årleg kartlegging. Rogaland har landets to minste kommunar. Desse er vurderte som for små til å ha nytte av BrukerPlan. Desse kommunane har likevel god oversikt over rusmiddelsituasjonen.

KoRus Vest Stavanger, helseforetak, Napha og FM Rogaland har i 2018 invitert kommunane til fire ulike samlingar der ein regionsvis har dialog rundt bruk og tolking av Brukerplan-resultatene.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene sikrer brukermedvirkning i tjenesteutvikling innen rus- og psykisk helsefeltet.

58 prosent av kommunane rapporterer i IS 24/8 at dei sikrar brukermedverknad i tenesteutviklinga innan rus og psykisk helsefeltet.

I 2017 rapporterte 73 prosent at dei sikra medverknad. Fylkesmannen har inga forklaring på kva nedgangen skuldast. Fylkesmannen har i samarbeid med KS, NAPHA og KoRus vest Stavanger framleis fokus på arbeidet med Recovery-orientert teneste som blei starta i KS-læringsnettverk i 2016. Fleire kommunar er komne med, og kommunane har seg imellom etablert eigne nettverk og samarbeidsalliansar.

Vidare har halvparten av fylkets kommunar motteke tilskotsmidlar til å tilsetje erfaringskonsulent. Fleire kommunar har også teke i bruk FIT. Fylkesmannen er på bakgrunn av dette undrande til at kommunane rapporterer ein reduksjon av brukermedverknad i tenesteutviklinga.

Et større antall personer med rus (fra kapittel 3.1.3.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Et større antall personer med rus- og/eller psykisk helseutfordringer har tilfredsstillende botilbud enn i 2017.

Ved siste NIBR-kartlegging var Rogaland i tråd med landet og tala viste ein 36 prosents reduksjon i bruk av mellombels bustad og bustadløyse i dei fleste kommunar. I fylket har tre av dei største kommunane vedteke ein nullvisjon for bustadløyse. Vi ser at personar med rus og psykiske helseutfordringar i langt større grad vert busette i varig bustad. Hovedutfordringa no, både i store og mellomstore kommunar, er at ein nokre stader manglar variert tilbod av bustader. Det er framleis ei utfordring å integrere bustad til menneske med rus og psykisk helseutfordringar i ordinær bustadmasse og tilby bustadar av god kvalitet. Fleire kommunar nyttar framleis varige bustadar som ikkje er godt nok eigna til føremålet. Brukarplan viser at det særleg er ROP-pasientar med samansett problematikk det er krevjande å finne gode bustadløysningar for.

Fylkesmannen har gjennom statistikk frå NAV-kontora i fylket oversikt over vedtak om mellombels bustad.

Alle kommunane skal ha eit planprogram som gjer greie for korleis bustadsosiale utfordringar skal ivaretakast og løysast. Bustadsosiale omsyn i plan inneber at bustadar til vanskelegstilte skal vere integrerte i ordinære bumiljø og at det skal gjevast oppfølging i bustad jf. rapporteringspunkt 3.1.1.1.1.6.

I Rogaland er det ein av dei mellomstore kommunane som ikkje kunne vise til reduksjon i bruk av mellombels bustad. Denne kommunen vert fulgt opp i eit eige prosjekt i 2019 i samarbeid med Husbanken og regional stat.

Den samla innsatsen på området gjennom samarbeid med Husbanken, regional stat og kommunane har totalt sett ført til at langt fleire med rus og psykiske helseutfordringar bur i varig bustad.

Ikkje alle kommunane i Rogaland kartlegg årleg i Brukerplan. Fylkesmannen har tilgang til samanliknbare tal frå 2015 og 2018. Desse tala viser ein auke i brukarar med permanent, tilfredsstillande bustad og ein reduksjon i talet på bustadslause for fylket som heilheit. Ser ein på tala frå kommunane som har kartlagt i 2018, viser dei at 13 av 20 kommunar har registrert personar i kategorien bustadslause ved kartlegginga. Det må seiast at dette er ein liten del av dei kartlagde (mellom 1 og 8 prosent av dei kartlagde). Av dei 20 kommunane som i 2018 kartla, rapporterer 19 kommunar at mellom 69 og 100 prosent av dei kartlagde personane har ein permanent og tilfredsstillande bustad.

Bedre kvalitet i tilbudet til personer (fra kapittel 3.1.3.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Bedre kvalitet i tilbudet til personer med psykisk helse- og/eller rusproblemer gjennom kunnskapsbaserte metoder  herunder etablering av flere aktivt oppsøkende behandlings- og oppfølgingsteam etter modell av ACT/FACT-team, Individuell jobbstøtte/ Jobbmestrende oppfølging og Rask psykisk helsehjelp enn i 2017.

Rogaland har totalt seks oppsøkjande behandlings- og oppfølgingsteam retta mot vaksne, medrekna to ACT-team og to FACT-team. Teama gir til saman tenester til innbyggjarar i 12 kommunar. To av teama er blant Noregs elste team. Fem av teama har fått opplæring i regi av NAPHA og NKRop. Fylkesmannen har hatt fokus på at alle teama skal leggje planar for overgang til ordinær drift når tilskotsordninga blir avslutta i 2020. NAPHA, KoRus og FM har i 2018 etablerte nettverk for teama. Rogaland har ikkje hatt auke i talet på team. Årsaka til dette er samansett. Ein av dei store kommunane som har etablert MO-senter, har tatt eit medvite val om ikkje å ha ACT- eller FACT-team. Fire kommunar sør i fylket prøvde ut oppsøkande team i eit interkommunalt samarbeid, som etter ei tid vart skrinlagd. Desse kommunane har likevel etablert rutinar for samarbeid med aktuelt DPS og drar med seg erfaringar frå tiltaket i oppfølging av brukarar. FM har saman med Korfor gjennomgått Brukerplan-tal og ser at det er potensiale for fleire team i fylket. Ein har vore i dialog med helseføretak rundt etablering av fleire team. Her gjenstår det eit arbeid, særleg i føretaka. Når det gjeld team retta mot barn, er det ved hjelp av ulike tilskotsordningar nyleg etablert to ulike team med målgruppa barn og unge. IS-rapporteringa viser at 27 prosent av kommunane har teke i bruk IPS innan psykisk helsearbeid, og 31 prosent innan rusarbeid. Brukarplan viser bekymringsfulle tal når det gjeld talet på brukarar i lønna arbeid. Fire kommunar i fylket mottek tilskot til Rask psykisk helsehjelp. I Fylkesmannens dialog med kommunane, merkar vi oss at dei trekkjer fram denne måten å arbeide på som svært positiv. Fylkesmannen set gjennom tilskotskonferansen årleg fokus på IPS-, JO- og RPH- modellane.

Flere kommuner har etablert (fra kapittel 3.1.3.2.1.5 i TB)

Rapportere på

80% av kommunene omfattes av tilskuddsordningen til kommunalt rusarbeid.

84 prosent av kommunene i Rogaland er omfatta av tilskotsordninga. 

Flere kommuner har rekruttert psykolog (fra kapittel 3.1.3.2.1.6 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner har rekruttert psykolog og flere benytter denne kompetansen i rusarbeid enn i 2017.

To nye kommunar har nytta høvet til å søkje om tilskot til å rekruttere psykolog. To nye kommunar har i tillegg inngått eit samarbeid med nabokommunen som tidlegare har tilsett psykolog. Når det gjeld psykologkompetanse i rusarbeid, får Fylkesmannen signal om at det er utfordringar med å rekruttere psykologar som ønskjer å arbeide inn mot denne målgruppa.

Små kommunar i utkantstrøk har utfordringar både med rekruttering og interkommunalt samarbeid om psykolog på grunn av lange avstandar mellom kommunane og lite fagmiljø for psykologar.

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak (fra kapittel 3.1.3.2.1.7 i TB)

Rapportere på

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak ved rusrelatert problematikk.


IS-24/8-rapportering for 2018 viser at 58 prosent av kommunane har etablert system på tvers av tenestene for identifisering av personar med behov for tidleg intervensjon ved rusrelatert problematikk.

I 2017 rapporterte 63 prosent av kommunane at dei hadde slike system. Fylkesmannen fekk i samanheng med 2017-rapporteringane høve til å sjå kva kommunane hadde rapportert. Vi såg då at kommunar som f.eks. arbeider med BTI, ikkje hadde rapportert at dei har system for tidleg identifisering. Dette meiner vi er fordi BTI handlar om å etablere system for tidleg intervensjon og identifisering ikkje berre innan rusrelatert problematikk, men også for skule, barnehage, helse, barnevern m.v. Fylkesmannen har i år ikkje tilgang til kommunane sitt svar. Vi har ingen grunn til å tru at kommunar som i 2017 rapporterte at dei hadde systema, har avslutta desse. Gjennom Fylkesmannens kontakt med kommunane har ein heller fått kjennskap til at ytterlegare kommunar, gjennom BTI, har etablert slike system.

Alle kommunar i Helse Fonna sitt nedslagsfelt er med i BTI og Korus vest. I samarbeid med Fylkesmannen blir no kommunar i Helse Stavanger rekrutterte inn i ordninga.

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen mot vold og overgrep og nye lovbestemmelser i helselovgivningen som berører arbeidet.  

100 prosent av kommunane i Rogaland har motteke brev der Fylkesmannen informerer om opptrappingsplanen mot vald og overgrep, og ber om tilbakemelding på om kommunen har handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Fylkesmannen har fått tilbakemelding frå alle kommunar. Vidare har RVTS Vest halde ei fagleg orientering om planen i Fylkesmannens kompetansegruppe for rus og psykisk helse (gruppa består av representantar frå kommunar, spesialisthelseteneste, brukarorganisasjonar og utdanningsinstitusjonar).

Flere kommuner har utarbeidet (fra kapittel 3.1.3.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere  kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2017.

65 prosent av kommunane har handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Éin ny kommune i 2018. Det er trykk på ein auke her, mellom anna gjennom 0-24-arbeidet der vi har fokus på at barn ikkje skal bli utsette for vald.

3.1.1.7 Styrket folkehelsearbeid

Samarbeidsavtalen med fylkeskommunen om folkehelsearbeidet i fylket, vart i 2018 forlenga fram til 2021. Eit av fleire mål er å styrka og vidareutvikla eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid i kommunane. 

Avdelingsleiinga møter regionalplansjefen ein gong i halvåret for å utveksla informasjon og leggja føringar for konkrete samarbeidsprosjekt. Me deltek i fylkeskommunen sine fagnettverk for folkehelse og medverkar såleis i deira arbeid med å fremja det systematiske folkehelsearbeidet i fylket. I 2018 etablerte dei eit samfunnsmedisinsk fagforum knytt til fylkeskommunens søknad om å delta i Program for folkehelse, som me også deltek i med fleire sakshandsamarar.

Vårt hovedfokus med tanke på det systematiske og langsiktige folkehelsearbeidet har vore folkehelselovas krav til oversiktsarbeid og korleis det skal fyljast opp i kommunane sitt planarbeid. Kunnskap er ein avgjerande føresetnad for systematikk og langsiktigheit. I vår årlege tilskotskonferanse formidlar me nasjonal politikk, med særskilt fokus på korleis kommunane kan kopla saman tilskotsordningane med folkehelseutfordringane som dei har identifisert, sjå dette i samanheng med eit langsiktig, planlagt og systematisk planarbeidet (folkehelsearbeid).

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

I 2015/2016 gjennomførte me eit sjølvmeldingstilsyn med kommunane sitt løpande oversiktsarbeid i heile fylket. Oppfølginga av tilsynet var tidkrevande og vart avslutta endeleg i 2018.

Likevel, kommunane si øvste administrative leiing har forsikra oss om at dei nå har eit organisert og systematisk oversiktsarbeid kopla saman med planarbeidet.

I vårt arbeid med høyringsuttaler til kommuneplanar, etter plan- og bygningslova, kontrollerer me at dei har ei systematisk oppfølging av folkehelseutfordringane sine – og at kunnskapen frå oversiktsdokumenta vert lagt til grunn for tiltak. I 2018 vurderte me, og ga uttale til, åtte kommuneplanar og tre planprogram. Erfaringa vår syner at det framleis er naudsynt å halda fokus på at oversiktsarbeidet er ein avgjerande føresetnad for å kunna fremja ei helsefremjande og berekraftig samfunnsutvikling. Samankoplinga mellom oversiktsarbeidet og planarbeidet er framleis for svak i fleire kommunar.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 


Me har ikkje nytta oss av kartleggingsmetoden frå Helsedirektoratet.  Me vel likevel å notere 100% i tabellen under. Me grunnjev dette med den kjennskapen me har til kommunane.

I kommuneplanar me har gitt innspel til, legg kommunane generelt stor vekt på å fremje gode oppvekst- og levekår for innbyggjarane sine. Samstundes er de stor skilnad på i kor stor grad dei fylgjer opp sosial ulikhet i sitt planarbeid.

I vår vurdering av kommunane sine planar er me spesielt merkasame på korleis dei fylgjer opp utjamning av sosiale helseforskjellar. Det er særskilt i våre fråsegner til kommuneplananes samfunnsdel at me fokuserar på samanhengen mellom kunnskapen frå oversiktsarbeidet, målarbeid og tiltak i planarbeidet.

Me saknar at kommunane i enda større gradser utjamning av sosial helseforskjellar i ein større samanheng. Generelt bør kommunane bli betre på å få til ei meir heilskapleg, koordinert og systematisk tilnærming til denne utfordringa. Til dømes kan fleire kommunar sjå ulike nasjonale satsingar i samanheng, til dømes bustadsosialt arbeid, fattigdomsbekjemping, psykologordninga, Nav-tenester, barnevernsstyrking med vidare for å til få eit betre og meir målretta arbeid. Me saknar og at sosial utjamning i større grad blir vurdert og fulgt opp i arbeidet med arealdisponeringa og i sektorplanlegginga.

Det er framleis behov for å styrke kommunane si kompetanse i folkehelsarbeidet. For å sikre at tiltaka har sosialt utjamnande effekt er det naudsynt at kommunane i større grad legg til grunn systematikken i folkehelsearbeidet; - frå oversikt til planstrategi, - til målsettingar og tiltak i plan, iverksetting og evaluering. 


3.1.1.8 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Generelt om Økosystemtenester

Rogaland har lite upåverka natur og mykje kulturlandskap. Landbruk og kulturskog pregar landskapet sterkt. Stort husdyrhald  over lang tid gjev sterkt beitepreg med  store areal av gjødsla kulturbeiter, beita fjellandskap og også ugjødsla lynghei. Lyngheia er under krysspress på grunn av tilgroing, manglande beiting og skjøtsel, utbygging, skogplanting og sitkaspreiing. Rogaland har svært frå område utan tekniske inngrep, det gjeld også strandsona og vassdragslandskapet.

Lakselus og rømming er ei utfordring for laks og sjøaure. Rogaland er sett i gul sone som skal bety at produksjonsauke for lakseoppdrett skal setjast på vent til situasjonen for vill anadrom fisk er betra.

Forsuringssituasjonen er under kontroll og det er svært god effekt av kalkingsarbeidet.

Forureiningssituasjonen i landbruksområda på Jæren - som også er er svært viktige omåde for våtmarksfugl, er alvorleg og det er vanseleg å sjå at mål om god tilstand kan nåast utan svært stor auka innsats. Det er behov for å ta i bruk forureininglova for å gjere særlege tiltak rundt og ved vassførekomstar som har svært dårleg tiltstand ut frå landbruksforureining.

Framande artar er utfordrande , men det er aukande medvit omproblemstillinganen . Særleg gledelig  er det at Kvitsøy no er minkfri og Utsira tar mål av seg å bli sitkafri. Det veil bli svært vikgtige referanseområder at desse to små kommunane tar dette ansvaret.

Med mildt sørvestleg klima vil mange artar kunne etablere seg fyrst i Norge i Rogaland. Ut frå den alvorlege situasjonen i Skottland med gyvel og rhododendron er me td. bekymra for at dette også vil skje her.

Når det gjeld våtmark og myr, er det behov for større prosjekt i nedslagsfelt som ser på tiltak i heile feltet.  Over tid har  landbrukstiltak oppe i nedslagfelta ført til mindre naturleg flaumdemping. 

Særskilt om Utvalde Kulturlandskap - Rennesøy

Haugaland lyngbrannreserve blei hyra inn til brenning av eit avgrensa lyngheiområde på Austbøheia våren 2018. Tiltaket blei så godt gjennomført at interessa for lyngheibrenning tok seg veldig opp, også på gardar utanfor UKL-området. Det ble arrangert eit kurs i lyngheibrenning med mange påmeldte. I løpet av 2018 blei «Rennesøy lyngbrannreserve» etablert og består av frivillige i og utanfor UKL-området. Det blei løyvd UKL-midlar til kurset i lyngbrenning og til utstyr som skal brukast ved framtideg lyngheibrenning.

Aukande trafikk av turgåarar som nytter turstiane i UKL-områda på Rennesøy er positivt, men belaster turstiane i stor grad. Ein trasé er i ferd med å bli oppgradert til ein brei oppgrusa tursti. Fylkesmannen meiner dette er ein forringelse av kvalitetane i dette kulturlandskapet. På ei anna trasé i same turstinett har grunneigarane valt å nytte sherpaer for steinlegging av fuktige parti. Steinlegging av turstien er kostnadskrevjande, men er meir i tråd med måla i forvaltningsplana for UKL-området Rennesøy om at turstien skal vere lite synleg i landskapsbiletet.

Fylkesmannen meiner at enkelte av grunneigarane i UKL-Rennesøy etter 9 år, gjerne kunne internalisert meir av haldningane om å ta aktivt vare på heilskapen av verdiane som låg til grunn for at Rennesøy var blant dei fysste UKL-områda i Noreg. 

Det er behov for ei grundig fagleg evaluering av om korleis kulturlandskapsverdiane er ivaretatt og utvikla i løpet av perioden som utvald landskap. Sidan dette landskapet er særleg rikt botanisk, bør det gjerast grundige vurderingar av utviklinga i kulturmarkstypane og vegetasjon generelt.

Særskild om Utvalde Kulturlandskap - Suldal

To område i Suldal kommune fekk i 2018 status som UKL-område. Organisering, informasjon og planlegging er stikkord for UKL-arbeidet i Suldal i 2018. Med ordførar i Suldal kommune som styreleiar, 3 grunneigarrepresentantar og ein frå landbrukskontoret i Suldal har styret ønskjeleg lokal forankring. Forvaltningsplanen for UKL-Suldal ble lagt til side hausten 2018 då arbeid med erstatning for avlingsskade fekk førsteprioritet.

Av tiltak som er gjennomført i UKL-Suldal i 2018 skiller den påbegynte restaureringa av den gamle ferdselsvegen på Mokleiv seg spesielt ut. Innleigde sherpaer utførte jobben, - og  i særs bratt terreng. Når heile traseen er restaurert får folk ei fin rundløype opp i slåttemarker og gjennom hausteskogen der NINA har eit forskingsprosjekt på styvingstre. Planen på sikt er å tilby kultur- og naturformidling i form av skilting og utstilling i ei nyrestaurert løe oppe på Hova.

UKL-Suldal har i innfridd måla som ble sett for 2018, - å danne eit godt lokalt grunnlag for innsats etter visjonen til Utvalde kulturlandskap.

Overvåkingsprogram i alle vannregioner skal være etablert. (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Overvåkingsprogram skal være etablert i alle vannregioner i løpet av 2018.

Alle 4 vassregionar har overvakingsprogram.

Økt bruk av påleggsmyndigheten (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt bruk av påleggsmyndigheten hjemlet i vannkraftkonsesjoner sammenliknet med 2017.

I 2018 har me arbeidd med to slike saker

1. pålegg Fister Smolt AS, samordna med NVE
2. Stor innsats ovafor konsesjonsfritt anlegg (Gjedrem og Holmen Kraftverk) i Bjerkreimsvassdraget. Det gjenstår nærare utgreiing og faktiske tiltak for å stoppa negative konsekvensar for utvandrande laks og smolt.

Restaureringstiltak (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle innvilgede restaureringstiltak skal være igangsatt i løpet av 2018.

Alle  er i gang med planlegging eller gjennomføring.

Gjennomført kontroll av rettighetshaverorganisering (fra kapittel 3.1.4.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Kontroll av rettighetshaverorganisering skal være gjennomført i løpet av 2018.

Avvik: Av kapasitets og kompetansemessige grunnar har me ikkje kontrollert dette ut over å ha oversikt over kven som seier dei har alt  på plass. Om me må gjere meir enn dette treng me juridisk rettleiing og opplæring på dette og auka ressursar.  Norske Lakseelver fekk for nokre år sidan eit oppdrag med å drive rettleiing i privatrettslige prosessar knytt til organisering av elveeigarane. Det er relativt ressurssterke grunneigarar med i elveeigarlaga våre og me tenkjer det er ikkje er eit stort behov kontroll. God organisering og samarbeid om kalking, klekkeri og landbruksforureining (bekkelag) har også bidradd til generelt god organisering av elveeigarlaga i Rogaland.

3.1.1.9 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Når det gjeld klassisk vern er det god, men krevjande forvaltning i verneområda, god driv på nytt skogvern. Arbeidet med forslag til supplerande vern har vore høgt prioritert og vart levert tidleg i 2019 som planlagt. Det vart sendt info til alle berørte ordførarar, og til media ei takt med Mdir. Vellukka presseoppslag med stort fokus på forslag til Preikestolen og Frafjordheiane nasjonalparkar. 

Gjennomførte verneplanprosesser skogvern økt i forhold til 2017. (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Antall gjennomførte verneplanprosesser innenfor skogvern er økt i forhold til 2017.

Veldig god driv på dette arbeidet hos oss no. Godt samarbeid med skogeigarorganisasjonane.

Verneverdiene i verneområdene (fra kapittel 3.1.4.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Alle verneområder i Rogaland har ikkje ein forvaltningsplan, men dei som treng det mest har det.  Me har prioritert ned dette arbeidet i 2018 til fordel for oppfølging av store infrastrukturprosjekt, supplerande vern, vindkraftrammen og besøksstrategi Jæren. Så framdrifta er som venta, men låg.

3.1.1.10 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Miljøvernavdelinga har som fyrste prioritet å handsame alle søknader der me er avgjerdsmynde "raskt og rett". Søknader om utsleppsløyver og endring av slike har difor høgast prioritet saman med andre enkeltvedtak der Fylkesmannen er mynde.  Det blir gjort ein stor innsats for å sikre at forureining ikkje skal skade helse og miljø gjennom konsesjonar/løyver tilsyn samt rådgjeving ved akutt forureining frå forureiningsseksjonen vår.

 I 2018 er også samarbeidet mellom plan, natur og forureining ytterlegare betra og vektlegginga av naturmiljø i forueiningsakene er oppgradert. Me får mange tips og klager om forureining, særleg på støy frå steinbrot med påstand om fare for helse. Ideelt skulle me hatt  ressursar til å følgje opp alle slike tips og klager. Det ville også betre omdømmet til Fylkesmannen. i 2018 har me vore meir aktive enn før til å følgje opp tips om forureining. Ei av dei mest arbeidskrevande sakene vart anmeldt og er under etterforskning. Den gjeld eit stort interkommunalt selskap.

Kvalitetssikret informasjon om brannøvingslokaliteter (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

All informasjon om brannøvingslokaliteter i fylket i Forurensningsdatabasen skal være kvalitetssikret i løpet av 2018.

Dette er ikkje fullført grunna kapasitetmangel og at me må prioritere løyver og tilsyn framfor dette innan forureining.

100 % av lokalitetene er kvalitetssikret. (fra kapittel 3.1.4.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % av lokalitetene med grunnforurensning er kvalitetssikret.

Avvik: Vi har ikkje  vore klar over omfanget og innhald  i dette arbeidet og har ikkje hatt kapasitet til å prioritere det grunna stort trøkk på søknader etter forureiningslova generelt og grunna store infrastrukturprosjekt spesielt. Vi har hatt oppklarande møte med Miljødirektoratet. Vi er nå i ferd med å tilsetje i stilling øyremerkt dette arbeidet.

Gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 (fra kapittel 3.1.4.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 

Alle prioriterte verft har fått pålegg om utarbeidelse av tiltaksplan. Vi har nokon mindre verft som me vurderer å gje slike pålegg.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Rogaland har nå ingen kommunar i ROBEK etter at Hjelmeland blei meldt ut i 2018. Det har vore ein viss reduksjon i feil i KOSTRA, dersom tilbakemeldingar held stikk burde det vera ytterlegare reduksjon i 2018-rapporteringa.

Vårt inntrykk er at økonomistyringa i det store og heile er tilfredsstillande i kommunane i fylket.

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2018 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2017.

Målet er oppfylt, jf. ovanfor.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017.

Det har vore ein viss reduksjon i feil i KOSTRA, dersom tilbakemeldingar held stikk burde det vera ytterlegare reduksjon i 2018-rapporteringa.  Vi har nådd måla.

3.1.1.12 Endringer i kommunestrukturen

Fylkesmannen har motteke og svart på ei rekke førespurnadar knytt til grensejusteringssakar spesielt og kommunereform generelt. Vi har brukt store ressurser spesielt på grensejusteringssakar som har kome i kjølvatnet av arbeidet med kommunereforma. KMD vedtok grensejustering mellom Finnøy og Hjelmeland kommuner, vedr. Ombo, og mellom Forsand og Strand, vedr. Kolabygda, i desember 2018. I tillegg har vi avslått eit mindre initativ, som der ikkje er klaga på, og vi har sendt ei mindre grensejusteringssak over til KMD for vurdering av om den skal bli utgreia nærmare.

 Vi har delteke i KMD ressursgruppe for kommunestruktur arbeidet og KMD sin fagsamling. Vi har arbeida vidare med kommunebileta for samtlege fagavdelingar. Vi har vore på kommunebesøk i fleire kommunar i fylket, kor mellom anna kommunestruktur har vore tema. 


3.1.1.13 Økt verdiskaping i landbruket

Vi er 21 årsverk ved Landbruksavdelinga som til ei kvar tid er oppteken av å drive landbruket framover - i rett retning. Med ein stor jordbruksproduksjon, høg næringsaktivitet generelt, og 10 % av folketalet i landet gir det oss stort arbeidspress på alle område. Vi skal vere relevante, og det betyr at vi må vere til stades der det skjer. Eller like gjerne der det ikkje skjer.

Prosessarbeid

Vi må jobbe effektivt. For å nå ut med vårt bodskap til kvar ein krik av fylket brukar vi  media aktivt, både heimesida og facebooksida «Fylkesmannen og bonden i Rogaland» er effektive kanalar for å komme ut med informasjon og analysar.  

Vi er også mykje i kontakt med enkeltbønder, kommunar, industri, forskingsinstitusjonar og andre offentlege aktørar for å sette dagsorden. Nedanfor er eit døme på korleis vi innrettar bruken av våre ressursar, både menneskelege og økonomiske.

Det er relativt stor landbruksproduksjon i region Haugalandet, med Vindafjord som den største kommunen. Vi har lagt merke til at det er redusert prosess- og prosjektaktivitet i denne regionen samanlikna med dei tre andre regionane i fylket. Derfor arrangerte næringsutviklingsgruppa ein studietur i april med tema mangesysleri. Det førte til mykje merksemd mellom anna om bruk av tre i eit nytt sauefjøs i Suldal som blei bygd i grindverkkonstruksjon. Innovasjon Norge blei kopla på og bonden fekk tildelt midlar.

Vidare inviterte vi til eit stort møte i Tysvær i september for å fortelje om status og utfordringar innan landbruket. Vi informerte om investeringssaker og andre prosjekt, og peika på moglegheitene for finansiering. Det førte igjen til eit nytt møte med næringshagen i Vindafjord. Vi set dagsorden og som oftast skaper det aktivitet, nye prosjekt eller tiltak som vi seinare finn igjen som søknader hos Fylkeskommunen, Innovasjon Norge eller oss.

Jordbruk

Bøndene i Rogaland har lagt eit vanskeleg dyrkingsår bak seg. Først tørke, så mengder av vatn på hausten. Bøndene har vore opptekne av å sikre nok fòr, stabilisere produksjonen og hindre næringsstoff på avvegar. Investeringstilskot til gjødsellager som blei fronta av Fylkesmannen var ein suksess i oppstartsåret 2017, og det har det også vore i 2018. Snart 100 lager har fått støtte gjennom ordninga. Det er elles kjekt å sjå at bruken av investeringsmidlane i Rogaland treff godt i høve til regional prioritering, eksempelvis satsing på frukt. I 2018 var det ei særleg prioritering av mindre mjølkefjøs basert på eige grovfôrgrunnlag og mjølkekvote. Det viser seg at det har vore ein tydeleg auke i løyvingar innan denne målgruppa, og at mobiliseringa har gitt resultat. Vi er her i ein kritisk situasjon når det gjeld behovet for fornying av driftsapparatet.

15 – 30 kyrs mjølkefjøs har i 2018 hatt høgare prioritet. Utsettinga av lausdriftskravet frå 2024 til 2034 har bidratt til at fleire bønder ventar med investering i fornying eller i nye fjøs. Rogaland har om lag 20 prosent av mjølkeproduksjonen i landet. I følgje vår oversikt er det omlag 700 båsfjøs som må byggast om innan 2034, men like viktig er kravet om føde-/sjukebinge i båsfjøs som er gjeldande frå 2024. Mange bønder vil slite med å oppfylle dette kravet. Kukontrollen 2018 viser at det er fleire distriktskommunar som har sterk overvekt av båsfjøs. Til dømes er det 84 prosent båsfjøs i den mektige mjølkekommunen Vindafjord. Bjerkreim, Tysvær og Finnøy følger tett på. Fylkesmannen har retta fokuset spesielt mot desse kommunane for å sikre at mjølka blir verande i distrikta. Vårt bidrag har i 2018 vore møte med næringshagar og kommuneleddet, og med industrien. Vi har på møta oppmoda til prosjektsatsingar på billegare fjøs, gjerne i tre, meir lokal foredling og nye samarbeidsløysingar.

Det har vore lite fornying i mjølkeproduksjonen i Finnøy kommune. I samband med ei studentoppgåve ved Universitetet i Stavanger gjennomførte Fylkesmannen eit mjølkeprosjekt for å stimulere unge til å ta over og investere i mjølkesektoren. Finnøy kommune fekk UT-midlar til å forlenge prosjektet, og til saman har mjølkeprosjekta ført til at det er på trappene 3 – 4 nye investeringar og auka framtidstru.

Dyrevelferd er sett skikkeleg på dagsorden i 2018. Mattilsynet sin tilsynskampanje på slaktegris i Rogaland har prega mykje av landbruksdebatten i fylket. Fylkesmannen har sett behovet for auka samhandling mellom industriaktørane. Vi har derfor vore pådrivar for å få til eit bransjeprosjekt innan dyrevelferd og har arrangert to møte i 2018. Det er på planleggingsstadiet ennå, men det går i retning av auka fokus på kompetanseheving (involvering av veterinærar) på små grendemøte, samhandling på leiarnivå i industrileddet, og «Smilefjos»-kampanje.

Fylkesmannen har i dei siste 3-4 år arbeida for å auke fokuset og samhandlinga på dyrevelferd og dyrehelse i heile verdikjeda og hos offentlege aktørar. Vi har tatt initiativ til fleire møter med ulik tilnærming til diskusjonstema med Mattilsynet, Veterinærintituttet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (Høyland) i tillegg til bransjemøta.

Vår inngang i prosessarbeidet er betre dyrehelse, dyrevelferd og verdiskaping, og vi merker ei positiv utvikling i samspelet mellom offentlege utviklingsaktørar, tilsynsmyndigheiter og forskingsmiljøa. Fylkesmannen har kompetansemeglarrolle i VRI, og i 2018 har mykje av fokuset vore retta mot nettopp dyrehelse og dyrevelferd knytt til FoU-miljøa på Høyland i Sandnes.

Fylkesmannen og Mattilsynet har hatt tre møter i 2018 for å følgje opp avtalen om informasjonsutveksling mellom Mattilsynet og landbruksforvaltninga. Føremålet med møta har vore å få på plass gode rutinar som sikrar at landbruksforvaltninga for kjennskap til aktuelle saker i tråd med avtalen. For Fylkesmannen har det vore viktig at dette blir praktisert likt i heile fylket slik at det kan bli likebehandling når det gjeld søknader om produksjonstilskot og avkorting for brot på dyrevelferdsregelverket.

Dyrehelse har også vore ei prioritert oppgåve. Vi var involverte i bransjeprosjektet «Stopp spredningen av smittsomme sjukdommer» som blei avslutta i 2018. Nær halvparten av storfeprodusentane har delteke på informasjonsmøta med veterinærar. Fylkesmannen har og vore pådrivar for å få til ein pilot på Finnøy, da kommunen fekk store utfordringar med BRSV og BCoV. I tillegg har vi forsterka innsatsen i eit forskingsprosjekt «Digital dermatitt» leia av NMBU. Dette omfattar det å ta fleire prøvar, fleire informasjonsmøte, og tettare kopling mellom forskarar, bønder, veterinærar og klauvskjerarar.

Gamle kurasar har mange fordeler. Kjøtet kan nyttast som nisjeråvarer og dyra er lette og effektive til å beite, spesielt i utmarka. Fylkesmannen arrangerte i samarbeid med Urfe SA og Nortura eit fagseminar for å styrke nettverket til og auke rekrutteringa av produsentane.

Biogass. Fylkesmannen er delaktig både i styringsgruppa og med UT-midlar i eit forskingsprosjekt  som omhandlar biogassproduksjon basert på husdyrgjødsel på Jæren. Målet er å få eit betre grunnlag for samarbeidsløysingar før eventuelle investeringar i gardsanlegg. Forskingsmiljøa er NIBIO og NORCE.

Eggsektoren. Mange bønder som leverer egg står føre store investeringar for å legge om frå burhøner til frittgåande høner (aviarsystem). Rogaland  er i særstilling i Noreg med tanke på omfang og forholdet mellom produksjonsformene. Mange bønder la om til miljøbur i 2012 med investeringsmidlar frå Innovasjon Norge. Tal for 2017 viser at 50 % av hønene var i miljøbur. Det er oppe til diskusjon i partnarskapen om eggprodusentane skal få investeringsmidlar frå IN. Dette blir avgjort i februar 2019.

Veksthusbransjen står overfor fleire utfordringar som plantehelse, avrenning, redusert klimautslepp og betre lønsemd. For å få betre innsikt i korleis næringa jobbar med desse utfordringane, inviterte Fylkesmannen seg sjølv ut til Fogn og gartnarane som har investert i eiget pakkeri. Nyttig møte som har ført til nye prosjekt som er under utvikling.

Me er i gong med to prosjekt som omhandlar avrenning av næringsstoff frå veksthus. Det eine prosjektet er ei kartlegging av dagens situasjon i kvar enkelt gartneri i fylket. Dei aller fleste gartneria er besøkt i løpet av 2018, og rapport frå prosjektet vil truleg vere klar før sommaren 2019. Kartlegginga er finansiert med støtte frå regionale klima- og miljøtiltaksmidlar, Miljødirektoratet sine vassmiljøtiltaksmidlar, Rogaland fylkeskommune, i tillegg til innsats frå Fylkesmannen og Rogaland gartnarlag. I det andre prosjektet samarbeider me med Fylkesmannen i Vestfold og Telemark og gartnarlaga i Rogaland og Vestfold for å sjå nærare på ulike tiltak som kan vere aktuelle for å redusere avrenninga frå veksthus. NIBIO og NLR Viken er involvert i prosjektet. Aktuelle tiltak i mindre gartneri er særleg lagt vekt på, då resirkuleringsanlegg vil vere ei dyr løysing der. Prosjektet er finansiert med støtte frå UT midlane i Rogaland, det nasjonale klima- og miljøprogrammet og innsats frå Fylkesmennene i Rogaland og Vestfold og Telemark, i tillegg til innsats frå gartnarlaga i Rogaland og Vestfold.

Plantehelse. Rogaland er på mange måtar utsett når det gjeld skadegjerarar i planteproduksjonen. Me har de siste åra hatt fleire utbrot av skadegjerarar i veksthus der Mattilsynet har fatta vedtak om sanering, med påfølgande store erstatningsakar og tap for næringa. Forvaltninga legg opp til at næringa tar eit større ansvar for å hindre introduksjon av skadegjerarar, og i større grad også konsekvensane av skadegjerarar som kjem. Me starta ein dialog med næringa om dette vinteren 2018, og har sett eit behov for å samarbeide med næringa om eit prosjekt om bevisstgjering og førebygging. Men me har ikkje hatt ressursar nok til å gå vidare med dette arbeidet.

Pelsdyrproduksjonen er stor i Rogaland. Vi har 60 % av minkproduksjonen i Noreg, mesteparten er i Hå, Klepp og Sandnes. Fylkesmannen tok initiativ til eit møte med pelsdyrnæringa for å få oversikt over produksjonsomfang, økonomiske konsekvensar, omstilling med meir.

Fruktsatsinga i Rogaland har vore ein suksess og vi er stolte over resultata, både på kompetanse- og investeringssida. På fire år har 12 dyrkarar fornya frukthagane og 13 nye dyrkarar har kome til. Det er no fleire av fruktgardane som tenkjer vidareforedling, spesielt på siderproduksjon.

For vår del har dette vore ein særs fornuftig og effektiv bruk av UT-midlane, IBU-midlane og kompetansen! Nye dyrkingsmetodar generer ny vinkling på forskingsprosjekt, til dømes bruk av drone til å avsløre smitte- eller skadedyrangrep på eit tidleg stadium. Nå opplever fruktdyrkarane utfordingar med stopp i leveringsavtalane. Det uroar oss at det er forskjellsbehandling mellom fylka/produksjonsregionar i Noreg i så måte.

Nå jobbar vi vidare med ei bærsatsing. Daglegvarekjedene er også her viktige samarbeidspartnarar og vi vil forsterke samarbeidet med NLR bærrådgiving (Særheim/Agder) og kjedene.

 

Skogbruk

Av mobiliseringsarbeid innan tradisjonelt skogbruk har vi også prioritert ein del innsats i 2018. Vi har, i samarbeid med Kystskogbruket, fått laga eit eige kursopplegg gjennom Skogkurs som er tilpassa skogbruket/skogeigarar langs kysten. Kurspakken er retta mot hovudutfordringane og dei økonomiske potensiala eit berekraftig skogbruk lang kysten kan gi. Det å sikre oppbygging av skogressursane etter hogst, økonomiske konsekvensar av tidleg hogst og bruk av skogfond er sentrale tema. Kursa kan køyrast av lokale Aktivt Skogbruk-instruktørar, og kan tilpassast målgruppe og tema i stor grad. I 2018 har det blitt arrangert nokre kurs i samarbeid med Vinterlandbruksskulane, der responsen har vore god. Skogkurs vil også kunne tilby kompetanseheving av tilsette i kommunane. Vi har starta å sjå på moglegheiter for dette både med tanke på skogkompetanse generelt, og med overføringa av nye skogoppgåver til kommunane frå 2020.

Trebruk. Innan trebruk har det dei siste åra kome i gang fleire nye initiativ i fylket. Vi opplever at interessa og kunnskapen om tre som alternativ er aukande. I samarbeid med trenæringa, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge er vi i gang med ei ny tredrivarsatsing i fylket, der det er tilsett ein prosjektleiar i 50 % stilling i perioden 2018 til 2020. Prosjektet har hovudfokus på større offentlege og private bygg, og arbeider målretta med informasjonsarbeid på ulike nivå. Det lokale prosjektet arbeider også tett i samarbeid med den meir overordna tredrivarkoordinatoren som er tilsett gjennom Kystskogbruket.

Innan lokal foredling ser vi fleire satsingar på blant anna på landbruksbygg i tre, også dette med aukande marknad og interesse både innad i fylket og utanfor. Eit nytt trefjøs i Ulladalen, bygd etter det lokalt utvikla konseptet Narvebygget, vant m.a. byggeskikkprisen i Suldal kommune i 2018. Dette er ein byggemetode som kombinerer lokalforedla skogvirke med tradisjonell grindabyggkonstruksjon og kostnadseffektive løysingar. Prosjektet blei eit eige innslag i Norge Rundt.

I samarbeid med Skogselskapet og Innovasjon Norge har vi arrangert svært populære informasjonsmøte om landbruksbygg i tre retta mot bønder i 2018, der vi sette fokus på kostnadseffektive bygg, godt innemiljø, framtidig lausdriftskrav m.m.

Bioenergi. Det er god gang på trebasert bioenergi (flisfyring) i fylket, med full drift på 20 større varmesentralar basert på skogsflis. I tillegg minst 4 større anlegg som fyrer med kombinasjonar av skogflis, pellets/briketter eller trevirke frå eigen produksjon. Det er også fleire konkrete planar om nye, større anlegg. Slik situasjonen er i dag er etterspørselen etter flisvirke dekka av lokale entreprenørar, men vi arbeider med å kartlegge korleis tilgangen vil vere dersom det kjem fleire store anlegg. Vi støtter oss mykje på ekstern fagekspertise for å halde oversikt over utviklinga på dette feltet.

På gardsvarmeanlegg opplever vi at avgjerdsprosessen rundt investering i anlegg krev ein lang modningsprosess hos bøndene, og at langsiktige satsingar er nødvendige for å oppnå resultat. Dei siste fire åra har vi køyrt informasjonsmøte, kurs og studieturar rundt i fylket, ofte i samarbeid med lokalt skognæringsforum eller eksterne fagpersonar. I tillegg har vi dei to siste åra følgt opp kursa med tilbod om direkte rådgiving på gardsnivå i etterkant, noko som ser ut til å senke terskelen for bøndene til å ta vidare kontakt med Innovasjon Norge. Dette har vore eit spleiselag mellom IN og Fylkesmennene i Hordaland og Rogaland. Det har vore stor interesse for rådgiving (ca. 20 stk. i Rogaland), som har resultert i 3 søknadar om investeringsstøtte frå IN i 2018. Vi trur utviklinga framleis vil vere avhengig av mobiliseringsarbeid, og at vi vil sjå større resultat av innsatsen i åra som kjem. Samarbeidsprosjektet på Vestlandet vil truleg bli vidareført i 2019.

Økologisk landbruk og forbruk

Primærproduksjon. Det har vore ei positiv utvikling av tal økologisk godkjende gardsbruk og godkjent areal for andre år på rad. Tal frå Debio viser at 62 verksemder var godkjende eller under karens for økologisk primærproduksjon ved utgangen av 2018, mot 54 i 2017 og 50 i 2016. Tal frå Landbruksdirektoratet viser at i 2017 var 6.762 dekar landbruksareal godkjent økologisk mot 6.419 dekar i 2016. Det er ei auke av økologisk og karens areal på 5,3 % frå 2016 til 2017 (tal for 2018 er ikkje rapportert). Økologisk areal ligg på 0,7 % av landbruksarealet i Rogaland, medan i Noreg totalt ligg det på 4,4 % av landbruksarealet.

Arealet som i seinare tid er godkjent som økologisk er stort sett eng og beite, nokre mindre fulldyrka areal er tiltenkt småskala grønsaksproduksjon. Båe slakt av økologisk sau og økologisk storfe har auke I Rogaland frå 2016 til 2017.

Marknad. Omsetnad av økologiske produkt har auka over heile landet. Rogaland står for 7 % av omsetning av økologiske varer. I Rogaland auka omsetnad i daglegvarehandelen noko, men ligg framleis under 200 millionar i 2017 (om lag 190 millionar i 2016). Om lag 1,2 % av totalt innkjøpt mat (2017) i Rogaland er økologisk. Det er ikkje statistikk tilgjengeleg over kor mykje av omsetnaden som er basert på import.

Storhushaldning. Offentlege verksemder i Rogaland bruker lite ressursar på å fremje økologisk mat i kantiner, barnehagar og skular. Vi har ikkje tal for bruk av økologisk mat i kommunale eller fylkeskommunale verksemder.

Grossist- og foredlingsleddet. Det har skjedd lite endring på grossist og foredlingsleddet i Rogaland i 2017. 64 bedrifter i Rogaland var i 2017 godkjent for foredling, omsetning og import av økologiske produkt, mot 63 i 2016.

Tiltak/ Prosjekt innan økologisk landbruk.

ØKOUKA i Rogaland. Den største enkeltsatsing for økologisk mat og landbruk har blitt ØKOUKA i Rogaland i regi av Økologisk Rogaland (før Oikos Rogaland) og i samarbeid med Fylkesmannen. Det ble lagt opp til ei veke fagleg og inspirerande program for båe produsentar og forbrukar. Fylkeslaget og moderorganisasjonen Økologisk Norge er ein viktig støttespelar i arbeidet for auka interesse i økologisk gardsdrift og mat i Rogaland.

Fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk. Det ble i 2018 i samarbeid med Økologisk Rogaland og NLR Rogaland arrangert fag- og inspirasjonssamling for økologisk landbruk i Rogaland, 44 deltok. Det er ein felles, møtestad for økologiske produsentar og andre interesserte for fagleg påfyll og nettverksbygging. Planen er å gjennomføre fagsamlinga annakvart år.

BU-prisen Rogaland. Stavanger ysteri ved Lise Brunborg foredlar økologisk mjølk levert av Kolbjørn Anda til ostar av høg kvalitet og for dette samarbeidet fekk dei BU-prisen i Rogaland, og kom på topp tre i landsfinalen. Begge driv debio-godkjente verksemd.

Andre landbruksbaserte næringar

Urbant landbruk

Ved utgang av 2018 var det etablert 5 andelslandbruk i Rogaland (4 i 2017). To av desse er Debio-godkjente. Over 260 familiar er knytt til andelslandbruk. To har over 70 medlemmar, 3 har under 30 og ønskjer å vokse.

Det finns fleire prosjekt der det blir dyrka grønsaker i fellesskapet som ikkje har verdiskaping som formål. I Sandnes og Hjelmeland kommune er det nå planar om å etablere parsellhagar.

Fylkesmannen i Rogaland er representert i nettverksarbeidet på tvers av fylkesmannsembeta om urbant landbruk.

Lokalmat

Status for Rogaland er at det er opp mot 150 produsentar av lokal mat og drikke.

Marknadstilgangen for økologisk mat og lokal mat er utfordrande. Fylkesmannen inviterte derfor dei tre regionale direktørane i NorgesGruppen, REMA og COOP til eit møte for å avklare status, forventningar og moglegheiter. Møtet blei godt tatt i mot og kjedene ønska vidare kontakt og samarbeid.

Matregion Rogaland blei lansert under oljemessa ONS. Dette skal bli den operative delen og ein vidareføring av arbeidet bak Matmanifestet og prosjektet «Matverdi Rogaland». Sentralt i dette arbeidet er organisasjonen Gladmat og det Norske Måltid. Mykje handlar om å tømre saman ressursane som arbeider med å fremme lokalprodusert mat og drikke. Fylkesmannen bidrar med UT-midlar i oppstartfasen.

Matsatsinga i Dalane-regionen begynner å ta form. Bjerkreim næringshage (BNH) styrker ytterlegare sitt engasjement inn mot mat og reiseliv basert på UT-midlar. Verksemda NYYYT er eit døme på ein bedrift som får hjelp av BNH.  Også Lund kommune fekk UT-midlar til vidareføring og utvikling av nettverket MAD frå Lund. Det er tidleg i prosessen ennå, men nyetablering innan kjøtforedling og fisk bidrar klart til å få opp engasjementet for omstilling og fornying.

Rekoringar – direktesal til forbrukar har tatt heilt av. Dei to første ringane i Rogaland blei etablert i 2018, ein i Sandnes/Stavanger og ein på Haugalandet. Til saman har desse 12 241 følgjarar. I snitt er det om lag 10 seljarar pr marknadsdag, derav om lag 50 % bønder. Vi meiner dette er bra for omsetnaden av økologisk og lokalprodusert mat, men det må sikrast at regelverket blir følgt. Vi inviterte derfor representantar frå Rekoringen og Kompetansenettverket Sør til eit møte for å legge planar for kompetanseheving.

Eit kjøtnettverk med utspring frå ein Rekoring har laga sin eigen marknadsføringsportal på facebook: «Sal av lokalprodusert kjøtt i Sør-Rogaland».

Omfanget av mengder, omsetnad og lønsemd er ikkje kjend, verken hos Rekoringane eller hos kjøtnettverket. Vi meiner det er store summar som ikkje blir fanga opp. Det burde vore ein nasjonal oppgåve å undersøke omfanget av sal av lokalprodusert mat og drikke utanfor daglegvarekjedene.

Små gardsbruk – store moglegheiter. Mange gardsbruk er små og har utfordringar med bratt eller oppstykka areal. Gjerne er dette mjølkebruk i distrikta. For å halda på mjølka, dyra, kulturlandskapet, arbeidsplassane og styrke verdiskapinga på dei små gardane, har vi teke initiativ til ein møteserie i februar 2019 som har fokus på mangesysleri. 

Mjølkeforedling. Vi har mobilisert til meir foredling av mjølk over mange år, men det tar tid å få bøndene opp på eit nivå der dei er modne nok til å investere i foredlingsanlegg. Totalt har vi nå sju ysteri og ein iskremprodusent som er knytt til gardsbruk. Ein ny har starta foredling i 2018 (Hjelmeland) og nokre er klare til å investere.

Rogaland er god på foredling av mjølk. Fleire av ysteria konkurrerte i Oste- verdsmeisterskapen i Bergen og best var geitostar frå Bo Jensen som drog heim fleire utmerkingar.

Kjøt og kjøtforedling. Fylkesmannen og Bygdeutvikling i Suldal arrangerte kurs i Suldal med Magnhild Dyrdal som lagar spekepølser på gamlemåten med bruk av naturen sine eigne mjølkesyrebakteriar og lang modning. Dette var eit populært kurs og vi håper at det vil skape nye produkt og nye leverandørar.

Bygdeutvikling i Suldal har og jobba ein del for å få til ein meir lokal og effektiv slakting. Vi arrangerte eit møte med dette som tema i Suldal, som blei etterfølgt av ein studietur til Midt-Noreg for å sjå og lære om organisering og drift av mobile slakteri.

Fylkesmannen og Bedriftsutvikling i Ytre Ryfylke arrangerte nedskjeringskurs.

Matsmiå arrangerte vi for femte gang og med god oppslutning. Målet er å inspirere til meir bruk av lokal mat og drikke, å auke produktmangfaldet og å styrke nettverka. I 2018 blei det arrangert på Bryne vgs.

Reiseliv

Reiselivet, spesielt det landbruksbaserte, er framleis prega av små bedrifter og er veldig fragmentert. Det blir viktig å tenke i større rammer, skape plattformer for auka samarbeid og leie turistane gjennom bookbare opplevingar til fleire mål i ein utvida sesong. Det er nå for mye fokus på ikonane Preikestolen og Kjerag.

Fylkesmannen er representert i Fylkeskommunen sitt reiselivsforum og har nyleg intensivert samarbeidet gjennom deltaking i arbeidsgruppa berekraftig reiseliv i regi av Innovasjon Norge Rogaland. Reiselivet vil vekse kraftig i åra som kjem. For nokre  gardsbruk kan gardsturisme saman med gardsforedling bli ei viktig biinntekt. Vi ser ikkje vekk frå at det trengs fleire ressursar i framtida på mobilisering og utvikling enn det som er sett av per i dag.

Tiltak/ prosjekt: Rogaland har, som en del av Region Fjord Norge, deltatt på den Norske Paviljongen på Grüne Woche (IGW). I kjølevatn av IGW-samarbeidet med Fjord-fylka blei det inngått eitt meir formelt samarbeid. Fjord-fylka jobbar nå parallelt både med felles strategi og praktiske tiltak. Det er starta arbeid med ein felles handlingsplan. Da Fjord Regionen fekk avslag på søknaden om å delta på IGW i 2019, blei det lagt opp til ein felles fagtur med konferanse og besøk på IGW for mat- og reiselivsaktørar frå heile Vestlandet.

Pretur med Hanen Rogaland på NTW. I 2018 kom reiselivsmessa Norwegian Travel Shop (NTW) til Stavanger. Hanen Rogaland greip moglegheita for å invitere til ein 3-dagers pretur. 7 norske og utanlandske reiselivsaktørar deltok, og Hanen Rogaland fekk svært gode tilbakemeldingar.

Reisemål Jæren. Jær-kommunane Hå, Time og Klepp samarbeider med Region Stavanger om eit felles pilotprosjekt om utvikling og marknadsføring av nye saumlause pakker på «Reisemål Jæren». Det var stor oppslutning frå reise- og næringslivet i disse kommunane på oppstartskonferansen.

Lauperak forteljarførestilling. I Bjerkreim kommune har Ørsdølen Båtforeining utvikla ein kombinert tur med veteranbåten - historieforteljing og lokal produsert mat står i fokus. Grunneigarane innerst i Ørsdalsvatnet har uteservering på bestilling og var delaktig i utvikling og gjennomføring av turen. Det blei gjennomført 4 turar med totalt 225 passasjerar, i tillegg til turar med ei annan fokus.

Kurs historieforteljing. Fylkesmannen har i samarbeid med Inn på tunet og Hanen initiert eit kurs i historieforteljing. Kurset «På skattejakt» i regi av Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling skal hjelpe deltakarane til å finne og vidareformidle historier om spanande folk, stadar, naturfenomen og tradisjonar. Kurs er finansiert med UT-midlar.

Fylkesmannen har deltatt i arbeidet med at Lysefjorden har fått merket for berekraftig reisemål. Det har også blitt arrangert møte om opplevingsturisme.

Inn på tunet

Det har i dei seinare åra vore noko mindre interesse og etterspurnad etter Inn på tunet-tenester frå kjøparsida enn vi kunne ønske. Når det gjeld kommunane, ser vi ofte at satsinga manglar politisk og administrativ forankring, og framleis i for stor grad er avhengig av eldsjeler. Kommunar som klarar å involvere fleire fagområde og jobbar tverrfagleg lukkast best.

Etterspurnaden etter Inn på tunet gardar frå NAV sin side har heller ikkje vist nokon auke det siste året. Dette skuldast blant anna at det berre er nokon få statlege tiltaksplassar som kan nyttast til Inn på tunet tilbod.

Bufetat har stort behov for ulike butilbod til barn og ungdom (ulike typar fosterheimar, besøksheimar, helgeavlasting) og ønskjer meir samarbeid med landbruket og Inn på tunet.

Det er i dag 24 tunet-gardar som er med i godkjenningsordninga til Matmerk. I tillegg kjem 8 gardar som har søkt om godkjenning og er i prosess.

Nettverksorganisasjonen Inn på tunet – Rogaland tel rundt 35 medlemmar. Dei har motteke prosjektstøtte frå Fylkesmannen til marknadsføring og kompetanseheving.

Internt hos Fylkesmannen er det hovudsakeleg landbruksavdelinga som arbeider med Inn på tunet, men representantar frå andre avdelingar har også vore involverte i arbeidet. «0-24-samarbeidet», som er ei felles satsing frå fleire departement for betre oppfølging av utsette barn og unge, har medverka til å setje IPT meir på dagsorden internt i fylkesmannsembetet.  

Juletre

Arbeid med vidareutvikling av juletrenæringa for å få fleire større og profesjonelle juletredyrkarar har ikkje vore prioritert i 2018. Det er rom for fleire produsentar, men konkurransen frå Danmark med sine lettdrivne og flate areal er utfordrande. Rogaland er det største juletrefylke med gode klimatiske forhold for både juletre- og pyntegrøntproduksjon. Det er gode skattemessige ordningar gjennom skogfond for dei som driv aktiv i dag, men oppstarten er kapitalkrevjande og utan inntekter første 8-10 åra. For å lukkast trengs startkapital, større/lettdrivne areal og profesjonelle produsentar som leverer høg kvalitet. Strukturendringar og at beitedyra forsvinn i enkelte distrikt, opnar for potensielle og gode areal som kan nyttast til juletreproduksjon. 

Det er framleis ei stor utfordring at juletrenæringa og verdiskapinga ikkje kjem fram i offentlege statistikkar. Berre omlag 15-20 % av omsetninga i Rogaland  blir rapportert inn i tråd med regelverket. Det har ikkje vore prioritert innsats mot kommunane og juletreprodusentane i 2018 for å følgje opp dette. I Rogaland blei det rapportert inn 45 000 juletre og 4,5 tonn med pyntegrønt. Samla for heile landet blir det rapportert inn litt over 100 000 juletre. Norsk juletre som representerer produsentane har til samanlikning antyda at det blir seld over 1 mill. norske juletre.  

Bruken av Utgreiings- og tilretteleggingsmidlar

Rogaland fekk ei fullmakt på kr 3 840 000 for 2018, og i tillegg til overførte  og inndratte midlar var totalramma på kr 5 174 000. Det blei løyvd 42 saker, mot 43 saker i 2017.

Nær halvparten av midlane blir brukt til tiltak i jordbruket. Dette er prosjekt som skal bidra til å auke produksjonen og kvaliteten på grønsaker frå Rogaland, nye og meir effektive gjødslingsmetodar i frukt, meir lønsamme biogassanlegg, redusere avrenning frå veksthus, redusere medisinbruk i sauenæringa, betre bruk av beita. Dette for å nemne nokre av sakene.

30 % av midlane blir brukt til utvikling innan landbruksbaserte næringar så som profilering av matregionen Rogaland, kurs i historieforteljing, produsentsamlingar og reisemålsutvikling på Jæren, og styrke marknadstilgangen (Bondens marked).

20 % av midlane er relatert til auka verdiskaping frå skogbruket. Dette gjeld tiltak for å etablere fleire skogsvegar, ein informasjonsserie, auka bruk av trevirke (Tredrivar), kartlegge flaskehalsar i infrastrukturen og etablere fleire gardsvarmeanlegg.

7 % av midlane er brukt til økologisk jordbruk. Midlane er brukt på Økouka som bidrar til spreiing av informasjon, nettverksbygging og kursverksemd, samt ein mentorordning for produsentar og eit jordprosjekt.

Vi meiner vi treff rimeleg godt med innrettinga av midlane i forhold til formålet med midlane.

Vi viser elles til eigen rapport til landbruks- og matdepartement om bruken av UT-midlane og IBU-midlane.

Regionalt bygdeutviklingsprogram er fulgt (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på


Regionalt bygdeutviklingsprogram med tilhørende underprogrammer er fulgt opp i tråd med nasjonal politikk

Regionalt bygdeutviklingsprogram blei revidert i løpet av 2018. Fylkesmannen hadde ansvaret for revisjonen og starta prosessen tidleg våren 2018. Det har vore ei brei involvering av partnarskapen; Rogaland fylkeskommune, Innovasjon Norge, Rogaland bondelag, Rogaland bonde- og småbrukarlag og Rogaland skognæringsforum. Programmet blei sendt på høyring i november og vedteke i desember. Den nye programmet er gjeldande for perioden 2019-2022.

Den regionale partnarskapen har i mange år samarbeidd om næringsutvikling og har eit eige handlingsprogram for næring (HPN), med prioriteringar frå regionale planar.

Regionalt næringsprogram. Den regionale partnarskapen og næringsaktørar utarbeidde i fellesskap oppdragsbrevet for 2018 som ga strategiske føringar for bruken av IBU. Mellom anna har HPN i 2018 prioritert klima og miljø, grovfôrproduksjon, mat og reiseliv, og frukt. Dette viser og igjen i Fylkesmannen sin eigen ressursbruk til bioenergi, miljøtiltak, beitebruk, storfeproduksjon og frukt, og i bruken av UT-midlar.

Regionalt miljøprogram har eiga styringsgruppe, samansett av den regionale partnarskapen og næringsaktørar. Bortimot same gruppesamansetning som for IBU gjer sitt til at det er godt samspel og synergiar mellom RMP, HPN og IBU. Vi vil spesielt trekke fram to tiltak; utviklingsprosjektet i Lysefjorden, der RMP har prioritert beiting i området, og investeringsstøtte til gjødsellager, der RMP prioriterer «Frivillige tiltak i landbruket».

Regionalt skog- og klimaprogram. Fylkesmannen har ansvaret for årleg revidering av retningsliner for støtte til skogsvegar og skogsdrift med taubane i samarbeid med kommunane og næringsaktørane. Det blir også gjort ei harmonisering av retningslinene gjennom samarbeid mellom vestlandsfylka for mest mogleg like reglar og tilskotsatsar. For å forsterke tiltak i RSK, har det vore viktig for oss å bruke UTM. Gode døme er finansiering av prosjektet «Gode Skogsvegløysingar i Rogaland 2017-2019» og aktivitetar som støtter opp under ordningane i RSK. Mobiliseringsarbeidet som blir gjort i Klimaskogprosjektet og i bioenergisatsinga gir også positive ringverknader inn mot RSK.

Bioøkonomistrategi for Rogaland er vedteken i Fylkestinget den 30.10.2018. Fylkesmannen har vore involvert i arbeidet med strategien, ei strategi som har klare ambisjonar for regionen når et gjeld berekraftig utvikling. Eksempelvis at Rogaland skal vere sjølvforsynt med minst 30 % av råstoff til fôr for jordbruk og havbruk, og ei tydeleg satsing på frukt og grønt.

Marknadssituasjonen innan enkelte sektorar, som sau og svin, har ramma Rogaland spesielt. Dette har også sett preg på utviklingsarbeidet.

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst.


Dei siste åra er Fylkesmannen si oppfølging av kommunane sitt kontrollarbeid på forynging trappa opp, der vi har tilbydd å delta på kontroll i dei fleste kommunane. Vi opplever ofte at kommunar med manglande kapasitet og kompetanse, som ikkje blir følgt opp direkte gjennom hjelp og rettleiing, heller ikkje utførar kontrollane. I 2018 har alle uttrekte felt i resultatkartlegginga for skogbruk og miljø blitt kontrollerte.

Resultatkartlegginga indikerer at delen areal som er tilfredsstillande forynga etter hogst framleis er svært låg i Rogaland. Av det kontrollerte arealet i 2018 var berre 19% tilfredsstillande forynga, (mot 30% i 2017 og 18% i 2016). Likevel ser vi ei positiv utvikling ved at delen areal som har blitt forsøkt forynga, men som hadde for låg plantetettleik på kontrolltidspunktet, har auka (opp til 61% i 2018 frå 31% i 2017 og 42% i 2016). Tilsvarande har delen areal som gikk ut av skogproduksjon og over til innmarksbeite, utbygging m.m. blitt redusert (frå over 50% i 2016 og 2017 til 36% i 2018).


Kontrolltala representerer eit tilfeldig utval av hogstfelt i fylket, og utgjer om lag 30 % av stipulert totalt hogstareal etter hogst av gran- og furu. I tillegg Vi trur det gir eit rimeleg representativt bilde av utviklinga. Vårt inntrykk er at oppfølginga med planting etter hogst har blitt betre i alle ledd dei siste åra, men at mange plantefelt likevel ikkje får tilfredsstillande forynging på grunn av svært gode bonitetar med oppslag av ugras og skadar av snutebille. Enkelte felt kan ha store skadar av snutebille. I tillegg er det store skadar av hjort i enkelte område med høg tettleik av hjort. Kontrollen i 2018 viste også fleire plantefelt med svekka og utgåtte planter på grunn av tørke.

I tillegg til trendane som blir fanga opp av kontrollane veit vi at etter fleire år med låg foryngingsgrad så er etterslepet av plantebehov stort. Areal som blei hogd for meir enn tre år sidan blir i liten grad følgt opp gjennom kommunane sin ekstraordinære kontroll, og det er store mørketall som ikkje blir fanga opp. Vi arbeider med å sette fokus på dette, men opplever at kommunane i liten grad følger opp felt som faller utanfor den årlege resultatkartlegginga.

3.1.1.14 Bærekraftig landbruk

Jordbruk

Vi har i 2018 arbeidd særskilt med oppfølging av næringsavrenning frå veksthus, både med kartlegging og med tiltaksgjennomføring. Veksthuskommunar har blitt prioritert i tildeling av SMIL-midlar, og fleire gartneri har nå installert resirkuleringsanlegg. Der vekshusa ligg i nedslagsfeltet til sårbare vassdrag vil oppsamling/resirkulering vere klart positivt for vasskvaliteten. Det har i 2018 blitt retta merksemd på uønska deponi av hestegjødsel, og vi har bistått kommunane i korleis dei kan følgje opp slike saker. Vi har òg samarbeid med fjørfelaget i Rogaland for å få etablert eit forprosjekt for å belyse problematikken kring avrenning frå fjørfehus. Målet er å i løpet av 2019 få skissert omforent metodikk for å kartlegge avrenning i felt.

Det er i Rogaland retta stor merksemd mot revisjonen av gjødselvareforskrifta. Vi vil nok ein gong understreke at bøndene og næringa treng føreseielege rammevilkår. Vi ber om at revisjonen blir fullført med eit resultat som er leveleg både for jordbruksinteressene og miljøinteressene. Siste år har kommunane og NLR har gått aktivt ut og oppmoda bønder om å få godkjend spreieareal for husdyrgjødsel på innmarksbeite.  Vi har med heimel i jordlova pålagt kommunane om å sende kopi av alle nye vedtak om godkjenning av spreieareal på innmarksbeite til oss i eit år frå mai 2018. Av dei sakene vi har fått kopi av, ser vi at kommunane ikkje vurderer steinprosent likt i beita (dvs areal som skal trekkjast frå  godkjend spreieareal). Vi ser også at kommunane har mangelfulle vurderingar etter naturmangfaldslova i desse sakane. Vi har hatt eigne samlingar for kommunane på temaet, og planlegg nytt kurs i godkjenning av spreieareal juni 2019.

Skogbruk

Etter fleire år med nye hogstrekordar, med ein topp på 158 000 m3 i 2016, ser vi no ut til å oppleve ein nedgang i aktiviteten. I 2018 blei det meldt inn 104 000 m3 avvirka tømmervolum. Nedgangen skuldast truleg at tilgjengelege bestand av hogstmoden gran begynner å minke etter den store aktiviteten. Utviklinga har blitt forsterka av at mykje skog som ikkje var hogstmoden også har blitt avverka dei seinare åra. Tal frå resultatkartlegginga viser at 75% av granhogsten skjer før hogstmoden alder (i hogstklasse 4).

I 2018 har vi også begynt å sette fokus på at det har vore ei overavverking på gran i forhald til kva som er tilgjengeleg (balansekvantum). Dette vil få konsekvensar for verdiskapinga og den framtidige ressurstilgangen. Både skognæringa og forvaltninga har begynt å ta tak i denne utviklinga, men høge tømmerprisar gjer at det framleis er stort press både på hogstmoden og ikkje hogstmoden gran. Nyare tal frå gjennomførte skogbruksplanprosjekt viser at det også er lite tilgjengeleg hogstmoden gran, blant anna i Vindafjord som er vår nest største skogkommune.

Som nevnt under 3.1.6.1.2.1 (Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst) så ser vi tendensar til at meir areal blir forynga etter hogst enn tidlegare. På same tid skjer det ei netto avskoging der meir enn 1/3 av hogstarealet i Rogaland som gjekk over til andre arealformål i 2018. Sjølv om delen er mindre enn i føregåande år så er dette likevel betydelege areal som går ut av skogproduksjon. Samla resultat frå resultatkartlegginga i perioden 2011 -2018 viser at 40 % av hogstarealet går over til andre arealformål, noko som gir eit betre bilde på utviklinga over tid. Tek ein i tillegg med hogstareal som ikkje er forsøkt forynga i same periode, representerer dette over 50 % av det totale hogstarealet. Dette er ofte høgproduktive areal, og avskoging og manglande forynging av desse er svært negativt for skogen sitt bidrag i klimasamanheng og også for verdiskapinga og den framtidige ressurstilgangen i skogbruket.

I tillegg til denne direkte avskoginga skjer det som nemnt også ein «indirekte avskoging» ved at det er for låg plantetettleik på storparten av plantefelta og tidlegare forsømte plantefelt som forsvinn ut av kontrollsystemet. På sikt vil dette føre til at produksjonen blir vesentleg redusert mange plassar. Dette er ei utvikling som ikkje fangast opp i metodikken for å berekne avskoging på nasjonalt nivå (t.d. NIBIO-rapport Analyse av størrelse, årsaker til og reduksjonsmuligheter for avskoging i Norge (2017)), der areala blir kategorisert unyansert som «skog» uavhengig av plantettleik eller om arealet er planta til igjen etter hogst. At det finnast mørketal på dette området har vi i 2018 forsøkt å sette fokus på ved å gi innspill til rapporten/Miljødirektoratet, også gjennom samarbeidet med Kystskogbruket.

Mykje av utfordringane med å sikre eit berekraftig skogbruk hadde vore handterlege innanfor dagens regelverk dersom kommunane hadde prioritert ressursar til å kunne følge opp kontroll- og mobiliseringsarbeid på skogområdet i større omfang. I 2018 har landbruksdirektøren bestilt ein rapport der moglege samarbeidsløysingar i den kommunale skogforvaltninga blir vurderte. Det er ønskeleg å få på plass fleire heile stillingar på skog- og utmarksområdet i fylket enn kva som er situasjonen i dag. Dette arbeidet vil halde fram i 2019.

SMIL

SMIL er eit investeringstilskot for einskilde frivillige miljøtiltak utanfor gjeldande lovverk. Fylkesmannen har gjennom tildeling av SMIL-midlar, dialog med kommunane og i innspel til kommunale SMIL-strategiar prioritert ureiningstiltak høgt. 63% av SMIL-midlane blei løyvd til kulturlandskapstiltak medan 32% gjekk til ureiningstiltak i 2018. Målet på minst 35% til ureiningstiltak i 2018 blei dermed ikkje nådd. Det er løyvd SMIL-midlar til etablering av 15 nye reinseparkar og 8 tiltak på hydrotekniske anlegg. Prosjektet for å redusere næringsavrenning frå veksthus i kommunane Finnøy, Rennesøy, Klepp og Sola førte til 7 større løyvingar til tiltak på oppsamling og reinsetiltak i veksthus.

Ein låg SMIL-innsats i nokre mindre kommunar skuldas i hovudsak at alt arbeidet med erstatning etter den krevjande vekstsesongen 2018. Unytta SMIL-midlar ble difor omfordelt til kommunar som rapporterte behov for meir midlar.

Fylkesmannen opplever god kopling mellom SMIL og tilskot til regionalt miljøprogram (RMP). Fleire av temaa i RMP blir nytta til vedlikehald av verdiar som ble restaurert gjennom SMIL-tiltak. SMIL blir nytta til restaurering av areal med verdfullt biologisk mangfald medan RMP gir tilskot til vedlikehald av areala. Det blir løyvd SMIL-midlar til etablering av reinseparkar medan RMP-tilskotet går til oppreinsking. Etablering av turstiar og utsiktsrydding i SMIL-ordninga blir følgt opp av eit vedlikehaldstilskot gjennom RMP. 

Fylkesmannen har dei seinare åra tatt ei rask og grov vurdering av kvart SMIL-vedtak før det ble lagt inn i Saturn. I vedtak som ikkje var i tråd med SMIL-forskrifta får kommunen høve til å omgjøre sitt vedtak for å unngå at Fylkesmannen overprøvde kommunen sitt vedtak.

Fylkesmannen tok i 2013 initiativ til å arrangere desentraliserte SMIL/RMP-samlingar for kommunal landbruksforvaltning i Rogaland. Dette for å informere og ha ein dialog om nasjonale og regionale prioriterte oppgaver, betre sakshandsaminga og å gjere kommunane meir kjende med kvarandre. SMIL/RMP-samlingane er ein tradisjon som kommunane i Rogaland er særs nøgde med. Kommunane bytter på å være vert, tar seg av praktiske oppgåver til samlingane som innkalling, lokaler og program for feltbefaring etter ein fagleg økt på formiddagen.

God jordkultur er ei føresetnad for god plantekultur. Den nedbørsrike vekstsesongen i 2017 førte til høg aktiv innsats på drenering i Rogaland i 2018. Kommunane handsama totalt 478 søknadar og løyvde kr. 11,5 millionar i dreneringstilskot i 2018. Mange søknadar på drenering ble ført over til 2019 da erstatning etter dei krevjande vekstforholda i 2018 måtte prioriterast.

2018 var òg året der forvaltninga fekk rydda opp i gamle SMIL- og dreneringssakar som der arbeidsfristen hadde gått ut. Dette ble gjort som eit ledd i førebuingane til å avvikle Saturn og overføre saker til Agros.

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Økt planting med tilskudd til tettere planting, og økt gjødsling, sammenlignet med 2017

Tettleiken i plantefelta i Rogaland held seg høgt med 242 planter pr dekar. Dette er ein reduksjon på 4 planter pr dekar frå 2017. Endringa skuldast at det blei planta noko meir lauv i 2018 enn vanleg og derav dyre planter som fører til færre planter pr dekar. I tillegg svingar det litt avhengig av bonitetsfordelinga.  Generelt har me høg bonitet og det krevjar høg tettleik. I Rogaland har dei fleste kommunar høge tilskot til ordinær planting med om lag 50% tilskot. Nokon kommunar har 20% tilskot og der betyr ordninga meir.

Tilskotet til suppleringsplanting er svært nyttig og har god effekt. Tilskotet er spesielt viktig for dei som har hatt treslagskifte og har lite skogfond. Suppleringsplantinga gjekk ned frå 77 000 til 49 000 planter. Dette skuldast ein kombinasjon av mangel på planter med rett proveniens og kort plantesesong på grunn av lang vinter og tidleg tørke.

Det har ikkje vore helikoptergjødsling dei siste åra. Før ordninga kom på plass var vi nokså ajour med  gjødslinga i forhold til behova. Ordninga vil vere viktig når behovet oppstår igjen i framtida.

Tiltak i regionalt miljøprogram (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i regionalt miljøprogram er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Miljøutfordringane i Rogaland er særleg knytt til attgroing, tap av ugjødsla beitemark, tap at restareal i intensive jordbruksområde, mange vassdrag med høg næringsbelastning og klimautslepp.

Rogaland er eit aktivt jordbruksfylke. Dyrka jord i drift er stabilt, og prosent leigeareal har gått opp. Aukande avstand mellom driftssenter og produksjonsareal kan gi meir ekstensiv drift av areal lengst unna driftssenter, og det er særleg krevjande for vedlikehald av innmarksbeita. Regionalt miljøprogram kan aleine ikkje løyse dei generelle utfordringane knytt til attgroing. Vi har valt ut einskilde område t.d. Lysefjorden der det blir gitt tilskott til beite og slått av jordbruksareal. Vi har også valt å gi tilskot til skjøtsel av bratt areal, då det er dei tungdrivne areala som raskast går ut av bruk.

For å stimulere til beitebruk utan tilføring av ekstra gjødsel har vi valt å gi tilskot til skjøtsel av naturbeitemark og hagemark gjennom tiltaket beite av biologisk verdifulle areal. Vi har også valt å gi tilskot til vedlikehald av myr ved jordbruksareal og til fuglerike biotop. Skjøtsel av kystlynghei er ei svært sentral ordning i Rogaland, og vi ser aukande interesse for å ta i bruk desse områda. Det er gledeleg at Haugaland lyngbrannreserve er starta opp. Vi ser at det har gitt svært god aktivitet på skjøtsel av kystlynghei, nye gjerde og brenning av gamal lyng på Haugalandet.  Vi sett krav til kartlegging i Naturbase og differensierer sats etter om det er eit A-område eller B-område. Samstundes har vi eit tilskotstak på 50 000 kr. Vårt inntrykk samspelet mellom bruk av SMIL-midlar til gjerding og RMP- tilskot til årleg skjøtsel fungerer godt.

Det er heilt klart eit press i sentrale jordbruksområde for å utvide spreiearealet for husdyrgjødsel. For å dempe konfliktnivået mellom miljø og jordbruksomsyn er det avgjerande å kunne stimulere med økonomiske verkemiddel.

Dei mest sentrale ordningane vi har tatt i bruk for å minske tap av næringsstoff til vatn er miljøavtalar, ugjødsla randsoner og vegetasjonssoner. Vi ser også på miljøvenleg gjødselspreiing som ei ordning som minskar tap av næringsstoff. Vi starta med miljøavtalar i Skas Heigre med gode resultat. Miljøavalar har blitt utvida til å omfatte ei rekke nye vassdrag. Det er utfordrande å få same gode oppslutning i dei nye områda, og vi ser at frivillige tiltak er ressurskrevjande. Vi ønskjer å utvide ordninga for tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing til heile fylket. I dag er ordninga avgrensa til å gjelde kommunar med sårbare vassdrag. Utviding til heile fylket er vanskeleg med noverande økonomiske ramme, utan store omprioriteringar i Regionalt miljøprogram i Rogaland. Vi ser at oppsluttinga kring miljøvenleg gjødselspreiing er aukande. T.d. blei om lag 50 prosent av dyrkajorda i Hå kommune gjødsla med miljøvenleg metode. Vi utvida tilskotsordninga med ein ny kommune, Rennesøy i 2018.

I 2018 har vi hatt rekordstor interesse for reinsking av fangdammar. Det er godt sidan det har vore eit stort etterslep på reinsking tatt i betrakning dei om lag 300 reinseparkane som er i Rogaland.

3.1.1.15 Andre oppdrag

Fylkesmannen i Rogaland har ikkje slike oppdrag.

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

Rogaland følger snittet for landet med 36% reduksjon i bruk av mellombels bustad.  Fylkesmannen har saman med Husbanken og regional stat hatt ei tett oppfølging av dei store og mellomstore kommunane i fylket for å få ned talet på mellombels bustad og få vanskeligstilte på bustadmarknaden inn i varig bustad. Tre kommunar har politisk vedteke 0-visjon for bustadlløyse. Kommunane i fylket klarer med nokre korte og få unnatak å unngå bruk av mellombels bustad til familiar med barn og unge under 25år. Det er igangsett områdeløft i to bydelar i Stavanger der målet er betre bumiljø mellom anna for barnefamiliar med låg inntekt. Terskelen for å få midler til områdeløft er høg, og i fylket ønsker vi å trekke fram behov for områdeløft i Haugesund, i eit buområde med låginntekstfamiliar. Gjennom samarbeidet i regional stat har ein over tid samarbeida om å se statlege satsingar og økonomiske virkemiddel i samanheng. Dette har vore viktig for at vanskeligstilte grupper, særleg mennesker med rus og psykiske helseproblem kan få varig bustad og den oppfølging som er naudsynt. Ein har difor samarbeida om Housing first, ACT/FACT team, MO - senter mv. I Rogaland som i andre fylker er varig og egna bustad og oppfølgingstenester til ROP- brukerar framleis ei utfordring. Dette handlar om:

- å ta bustadsosiale omsyn i plan og sette av areal for å integrera bustader til vanskeligstilte i vanlige bumiljø. Her er det eit samarbeid med Husbanken og  Fylkesmannen i Vestland der ein i kontakt med kommunane set dette på dagsorden i ulike samanhengar (planuttaler, konferansar, møter mv)

 - mangel på kompetanse i oppfølgingstenestene

 - mangel på bustadar tilpassa den enkeltes behov .

 Fylkesmannen i Rogaland tematiserer dette i møter med kommunane.

 

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Fylkesmannen har ei intern samordningsgruppe (tilsynslaget) med representantar frå alle fagavdelingane, der ein arbeider med samordning av tilsyn internt og eksternt igjennom heile året. Vi har ein god dialog med dei andre statlege tilsynsetatane i fylket og med kontrollutvalssekretariata. Sjå punkt 7.3.6.2.1 for meir informasjon om kva tiltak vi gjer for å sikra god samordning i Rogaland.

Læring og forbedring: Vi har særleg fokus på lærande tilsyn i vårt interne kompetansearbeid og overfor kommunane.                    

For 2018 vil vi særskilt trekkja fram arbeidet med å heva kvaliteten og auka kompetansen i kommunalt barnevern. I dette arbeidet er Fylkesmannen ein sentral samarbeidsaktør for Bufdir. For å styrke den kommunale forankringa av barneverntenesta blir det etablert møtearenaer mellom Fylkesmannen, leiinga for barneverntenesta og den øvste leiinga i kommunen, både administrativ og politisk. (kommunalsjef, rådmann, ordførar ). Dialogmøte er ei arena for å sjå på det samla utfordringsbilete til barneverntenesta. Det er eit mål at dialogmøta skal bidra til at leiinga i kommunen får eit betre grunnlag for styring og utvikling av barneverntenesta og får til ei tettare oppfølging.  Fylkesmannen si erfaring etter 2018 er at møta bidreg til nettopp dette.

Fylkesmannen i Rogaland gjennomførte fem dialogmøter som dekkjer ni kommunar i 2018.

Vidare inviterer vi alle kommunar som skal ha tilsyn etter sivilbeskyttelsesloven (kommunal beredskap), til eit rettleiande møte i byrjinga av året. På møtet går vi igjennom lova og forskrifta sine minstekrav for å fremma læring og samstundes bidra til at kommunane blir best mogleg førebudd på tilsynet. Ein kommune som hadde tilsyn året før blir óg invitert med på dette møtet for å fortelja om sine opplevingar av tilsynet, og deira arbeid med å følgja opp avvik i etterkant. Vi har og oppdatert nettsidene for tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i 2018, slik at kommunane kan finne alt av relevant lovverk, rundskriv og rettleiare, i tillegg til informasjon om gongen i tilsynet og ei liste med råd og tips basert på Fylkesmannen sine erfaringer om kva som er viktig å tilfredsstille minstekrava i loven.

Tilsynslaget, som nemnt i innleiinga har fokus på læring både internt og eksternt. I år har vi mellom anna hatt foredrag frå dei som jobbar med "dialogmøta" i barnevernet både internt for alle som driv med tilsyn hos Fylkesmannen, og på samordningsmøtet der dei andre statlege tilsynsetatane møter. Vidare har tilsynslaget arrangert ein tilsynskonferanse for kommunane hausten 2018. Konferansen vart gjennomført i samarbeid med Mattilsynet, Kartverket, Arbeidstilsynet, Arkivverket og Kontrollutvalssekretariata i fylket. KMD bidrog òg med innlegg. 

Tilsynslaget har utvikla nettsida når det gjeld tilsyn, slik at kommunane lettare kan finne fram og orientera om tilsynsaktivitetane våre.

 

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder (fra kapittel 3.2.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Dei aller fleste tilsyn blir fulgt opp og avvik blir lukka innan avtalt frist. Nokre kommunar har utfordringar med å få lukka tilsyn. Dette er kommunar som har utfordringar på fleire områder og som blir fulgt tett opp av fleire av Fylkesmannen sine fagavdelingar.

Kommunane som har utfordringar med å lukka tilsyn har vore prioriterte i dialogmøter på barnevernfeltet. Fylkesmannen bruker også verkemiddel som møter, rettleiing og læringsnettverk for å støtta kommunane i arbeidet.

Sjå også punkt 3.1.2.1.2.1

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

Generelt: 

Embetet jobbar godt innanfor miljø, landbruk og beredskap med klima, men har behov for meir ressursar til å løfte dette arbeidet fram, koordinere det betre internt og bidra til at næringslivet i Rogaland (med vekt på maritim sektor inkludert akvakultur,  landbruk og landbrukstilknytt verksemd ?) blir drivarar i det grøne skiftet.

Vi har ei intern klimagruppe med deltakarar frå tre avdelingar som får til mykje på tross av at dei har minimalt  tid til klimaarbeidet. 

Vi kan nemne: 

- Fylkesmannen sjølv og prosjektleiar storby har vore svært aktive i bymiljøavtalearbeidet

- Vi vurderer i større grad energi og klimagassutslepp i utsleppsløyver 

- Vi gjev klare tilbakemeldingar til kommuneplanar, reguleringsplanar og dispensasjonar etter plan og bygningslova innan klimakutt og klimatilpassing

- vi promoteter klimkutt tilskott der me kan , til dømes på kommunebesøk med fylkesmannen sjølv

-vi samarbeider tett med Rogaland fylkeskommune om regionalplan for klimatilpassing , regionalplanar for ATP i alle fire regionar og oppfølging av regionalplan for klima/energi og vindkraft.

- vi er blitt KLIMAPARTNER i 2018 - men har støtta fylkeskommunen i det arbeidet lenge også ved å samarbeid om årlege klimakonferanser

- klimafokus i landbruket er stort - og fylkesmannen bidrar alt me kan til det . 2018 var eit år med uvanleg lang tørkerommar i Rogaland og påfølgjande flaumperiode.  Det førte til mykje skader og mykje ekstraarbeid med erstatning for landbruksavdelinga. Men det har og auka medvitet om behovet for klimatilpassing.

- vi samarbeidde med Miljødirektoratet om regional konferanse for Vestland og Rogaland om klimautslepp. Godt resultat og godt samarbeid også med fylkeskommunane.


Klimaskog:

Klimaskogprosjektet sin innleiande fase blei avslutta i 2018. I alt blei det planta 3285 dekar i prosjektperioden. Målet var 3000 dekar og tilgjengelege investeringsmidlar ga ikkje rom noko særleg meir enn dette. Fordelen med å ha god tilgang på areal var at vi kunne prioritera dei beste areala. Vi fekk auka ramme den siste månaden i prosjektet, noko som gjorde at vi fekk planta litt over målet, men planteskolen gjekk tom for planter slik at vi ikkje fekk realisert heile potensialet. Med ei større ramme på eit tidlegare tidspunkt ville vi nok nådd 4000 dekar på dei areala som blei klarert i prosjektperioden.

Kommunane som har vore med i prosjektet har gjort ein framifrå jobb for å finne gode areal og å motivera grunneigarane til å plante.

Nå går vi inn i oppfølgingsdelen av prosjektet med suppleringsplanting og ungskogpleie for å sikra at investeringa er suksessfull. På grunn av tørken i 2018 forventar vi at det blir mykje suppleringsplanting i 2019.

Alt i alt kan vi konkludera med at Rogaland har  tilgang på areal, som ikkje blir nytta i dag, med høg produksjonsevne for skog og relativt lågt konfliktnivå i forhold til miljøverdiar.

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav.

Alle kommunar i Rogaland har ein form for klimaplan; som eigen plan eller som del av kommuneplan. Nokon er utdaterte, sjå skjema sendt miljødirektoratet . Det er aukande medvit og interesse i kommunane for klimaarbeid, både utslepp og tilpassing.

Alle kommuner i fylket skal ha mottatt bistand til KE-planlegging (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner i fylket har mottatt bistand til klima- og energiplanlegging, herunder veiledning til ny klimagasstatistikk og statlige forventninger til klima- og energiplanleggingen.

Alle kommunar har mottatt bistand innan klima og energiplanlegging, men i svært ulike grad.  Dette har skjedd gjennom felles samlingar ( regional konferanse i Haugesund i november), gjennom samarbeid med Fylkeskommunen om regionalplan for klimatilpassing, gjennom klimapartnerarbeidet , gjennom beredskapstilsyn og støtte ved flaumsituasjonar og  sist men ikkje minst gjennom uttalar med faglege råd og motsegner til kommunale arealplanar. Td er det ei  utfordring i dei to største byane våre med handtering av havnivåstiging i kommunedelplanane for sentrum.

3.1.2.4 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med flyktningsituasjonen

Ei eiga flyktningegruppe, etablert mellom dei mest aktuelle avdelingane hausten 2015, har trappa ned og endra aktiviteten i samsvar med behovet. Målet er å understøtta IMDI og kommunane der det trengst. Korte møte annankvar veke i 2018, rask oppfølging, Eige brev til kommunane i november om pliktene deira  i Introduksjonsprogrammet. Gjensidig informasjon i gruppa, fordeling av oppgåver når det trengst.    

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.2.1.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

Andel flyktningar som er busett innan 6 månader er 88%. Talet for 12 månadar er 95,9.

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.2.1.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen 3 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 80 %. 

Talet på einslege mindreårige i Rogaland som er busett innan 3 mnd er 46%.

3.1.2.5 God samordning i opprydding av marin forsøpling

God samordning på dette i Rogaland.  Vi byggjer videre på langsiktig godt samarbeid med våre fire flinke Friluftsråd som er fylkesdekkande med tanke på innsamling av søppel langs strendene og nokre stader også på sjøbotn.  I tillegg har me kontakt med ei rekkje andre frivillige aktørar.    

3.1.2.6 Andre oppdrag


Fylkesmannen i Rogaland har laga ein felles verksemdsplan for arbeidet med 0-24. Måla i planen er langsiktige og er også gjeldande for 2019. Tiltaka under kvart mål er gjennomført. Vi viser til punkt 7.3.10.1.1. Vi vurderer at måloppnåelsen vår på dette området er tilfredstillande.



3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Etter vår vurdering har utdanningsavdelinga høg kompetanse og utfører rollen knytt til rettleiing, kontroll, tilsyn og saksbehandling med høg kvalitet. Vi har gjennomført tilsyn i tråd med krava, vi gjennomfører klagebehandling innanfor fristane, vi er ønska av sektor på samlingar knytt til regelverk og kommunane er aktive på telefon og epost når dei har spørsmål. 

Etter vår vurdering har embetet høg kompetanse og utfører rollen knytt til rettleiing, kontroll, tilsyn og saksbehandling innan famiierettslege, rettshjelpsfeltet, klagehandsaming etter plan- og bygningslova, samfunnstryggleik og beredskap, kommunalrettslege oppgåvene og verjemålsområdet.

Klager på byggjesaker og reguleringssaker

Etter vår vurdering har samfunnsavdelinga høg kompetanse på plan- og bygningsretten, og utfører rollen knytt til klagesaksbehandling med god kvalitet. Vi gjer òg i stor utstrekning rettleiing til kommunane, private foretak og privatpersonar i fylket, m.a. gjennom plan- og byggjesakskonferansen som vi held for kommunane i fylket på hausten.

Til tross for ein betring samanlikna med i 2017, er det framleis ein del klagesaker som ikkje blir behandla innan 12 veker. Dette heng i stor grad saman med den betydelege aukninga i settesaker, og turnover/nytilsette medarbeidare på området i 2018.

Omfangskrav for Rogaland (fra kapittel 3.3.1.1.1.9 i TB)

Rapportere på

Omfangskravet på 60 poeng skal være oppfylt.

Fylkesmannen i Rogaland har oppfylt omfangskravet på 60 poeng.

Bedre skolemiljø (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere skal ha fått nødvendig oppfølging for å sikre en enklere, raskere og tryggere behandling av saker om elevenes skolemiljø på skolenivå. 

Fylkesmannen har som handhevingsmynde i skolemiljøsaker fatta vedtak i saker frå 19 av 27 kommunar i Rogaland, inkl. fylkeskommunen. I tillegg har vi fatta vedtak i saker frå tre friskolar. Det er skoleeigaren som i enkeltvedtaket får ansvar for at tiltak blir sette i verk. Vedtaket vårt blir derfor sendt til skoleeigaren. Skoleeigarane får gjennom vedtaka informasjon og rettleiing om korleis dei kan bidra til at saker blir behandla enklare, raskare og tryggare på skolenivå.

Det er ei utfordring er å sørge for at alle skoleeigarar får nødvendig oppfølging. I 2018 gjennomførte vi derfor to samlingar der vi gjekk gjennom erfaringane våre som handhevingsmynde så langt. Vi såg mellom anna på kva som er typiske utfordringar med kap.9A-saker. I tillegg hadde vi innlegg på «Skoleeigarforum» i september der temaet var «Nye reglar for trygt og godt skolemiljø – status og utfordringar».

Nokre skoleeigarar får oppfølging gjennom «Inkluderande barnehage- og skolemiljø»: Lund kommune er med i «Læringsmiljøprosjektet» pulje 4, og fleire kommunar er med i det samlingsbaserte tilbodet der dei arbeider med støtte frå ein lokal ressursperson, nettverk og regionale samlingar. Stavanger, Sola, Eigersund og Jærskulen er med i pulje 2, og Karmøy og Suldal er med i pulje 3.

Fylkesmannen følgjer også opp kommunar som har skolar med høge mobbetal over tid. I 2018 har Klepp, Sokndal og Hå fått oppfølging frå Fylkesmannen si side. I desse kommunane har Fylkesmannen gjennomført møte med skoleeigar og den enkelte skole for å bidra til refleksjon omkring kvifor mobbetala er høge over tid, og kva skoleeigar og den enkelte skole kan gjere med dette. Fylkesmannen skulle ha fulgt opp fleire kommunar, men omsynet til oppgåveløysninga som handhevingsmynde i skolemiljøsaker har blitt prioritert høgare.

Gjennom dei ulike tiltaka som er beskrivne ovanfor, meiner vi at Fylkesmannen i Rogaland  samla sett har god måloppnåing på dette området.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Vi har i 2018 gjennomført tilsyn med Sola kommune, og vi har meldt tilsyn og bedt om dokumentasjon frå Karmøy kommune. Tema for begge tilsyna er Individuell plan.

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Sjå tabell med kommentar.

Ein særskild utfordring i 2018 har vært å handtere aukinga i settesaker.  Vi har gjort fleire interne tiltak for å handtere dette.  Det har heller ikkje kome lik mange saker frå Rogalands-kommunane som det pleier i 2018. Det er ikke sikkert dette vil helde fram i 2019. Vi  har også hatt noko turnover og nyrekruttering på fagfeltet i 2018.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Sjå kommentarer til tabell.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Sjå tabell med kommentar.

Vi vil i 2019 sjå på tiltak for betre måloppnåing, men byggesakene vil framleis ha første prioritet.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Sjå tabell med kommentar.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Sjå kommentarer til tabell.

Kompetanse i regelverket på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 3.3.1.1.8.1 i TB)

Rapportere på

All saksbehandling knyttet til klagesaker, tilsyn og håndheving av skolemiljøsaker skal være utført med riktig kvalitet i tråd med regelverket og instrukser. 

Klagesaker, tilsyn, og handheving av skolemiljøsaker er utført etter reglane i opplæringslova kapittel 9A, føringar frå Udir/KD, forvaltningsrettslege krav og etter interne prosedyrer. Nokre saker har lenger saksbehandlingstid enn 3 månader. Dette skuldast at sakstilfanget på skulemiljøsaker har vore noko større enn venta, og vi har også rekruttert to nye medarbeidarar som arbeider med skolemiljøsaker frå september 2018. Vi vurderer det slik at embetet er rett bemanna både kompetanse- og kapasitetsmessig på utdanningsområdet. Medarbeidarane som arbeider med desse sakene har ei blanding av juridisk, pedagogisk/skulefagleg bakgrunn, i tillegg til barnefagleg kompetanse.  

Vi har gode og tverrfaglig sammensatte tilsynsteam. Tilsynsobjekta blir valgt etter ei risikovurdering. Risikovurderingen tar utgangspunkt i våre oversikter over klager, oversikt over henvendelser, medieoppslag og bekymringsmeldinger, data fra skoleporten, GSI osv.

Vi har arrangert interne lunsj-til-lunsj-samlingar for medarbeidarane, der til dømes evaluering og utforming av vedtak i skulemiljøsaker har vore tema. Videre har vi hatt fleire samlingar med sektor, til dømes to samlingar for skuleleiarar der tema var erfaringar med dei nye reglane i kapittel 9A. Vi har også delteke med innlegg om same tema i skoleeigarforum.  

Når det gjeld kvalitet i vår saksbehandling, klage og tilsyn, er vår vurdering at den er god. Vi har utført oppgåvene i tråd med regelverk og instruksar.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Fylkesmannens hovudinntrykk er at kommunane i Rogaland stort sett har gode rutinar og godt kjennskap til regelverket for ordninga med produksjonstilskot. Vår erfaring er likevel at fleire synes det ubehageleg, vanskeleg og tidkrevjande å følge opp rundskriva når det gjeld avkorting ved regelverksbrot og vurdering av vanleg jordbruksproduksjon og driftsfellesskap. Det gjer at det er ein viss fare for at det ikkje er likebehandling i kommunane og der tilskot blir utbetalt på feil grunnlag. Vi har hatt fleire saker der det over fleire år er betalt ut tilskot til føretak som etter Fylkesmannens vurdering ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon, og det har vore tilsvarande saker når det gjeld driftsfellesskap. Vi ser at det skortar på både kompetanse og kapasitet i enkelte kommuner, særleg i små kommunar.

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan. 

Vi har nådd målsettingane for kontroll som vart satt i kontrollplanen. Spesielt kontroll av svineproduksjonen har ført til stort behov for vidare oppfølging i 2019. Elles er det få avvik som krevjar vidare oppfølging.

Veterinære reiser

I alt er det 106 søknader i 2018. 106 er kontrollert for kjørelengde og summeringsfeil. Ca 20% av disse er også kontrollert for avstand til nærmeste veterinærvakt. Bruk av skyssbåt er også kontrollert nøye for 3 veterinærer som bruker dette.

20 søknader hadde noen mindre avvik som førte til redusert utbetaling. Avvik på antall km kjørt, summeringsfeil og feil sats er hovedårsaken til redusert utbetaling i forhold til søknad.

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

I 2018 nådde vi målet med å ha forvaltingskkontroll i minst 20% av kommunane i Rogaland.

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Tilbakemeldingane frå dei kommunane der kontrollen er avslutta viser at 100 % av avvika er følgt opp.

Det er framleis nokon av kontrollane som ikkje er avslutta ennå, så vi manglar full oversikt, men normalt blir ikkje kontrollen avslutta før kommunene stadfester at dei følgjer opp.

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Tenestene til innbyggarane i Rogaland er i all hovedsak gode og trygge. Kommunar og verksemder er opptekne av stadig kvalitetsforbedring, men og nøktern og realistisk planlegging for å  kunne gje tenester med rett kvalitet og med rett omfang både nå og i framtida.

Tenestene er blitt betre på å møta pasientar, brukarar og pårørande som har klaga på tenestene, for å gjenoppretta tillit og for å bruka tilbakemeldingar i forbedringen av tenestene.

På dei få områdene vi har avvik, har vi gode, kompenserande tiltak og ei god og tett dialog med tenestene for å kunne prioritere riktig.

Fylkesmannens ledergruppe prioriterer  kommunebesøk der ein møter både politisk og administrativ leiing for å fokusera på styrkar og svakheitar i den enkelte kommune, for å bidra til forbetring.

Kommunar som har særlege utfordringar, særleg når det gjeld samarbeid mellom tenesteområdar, gir fylkesmannen samordna bistand.

Antallet stedlige tilsyn skal økes (fra kapittel 3.3.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet stedlige tilsyn er økt sammenlignet med 2017.

Talet på tilsyn er auka frå sju i 2017 til åtte i 2018. Det er eit forholdsvis lågt tal, men det er gjort ei grundig risikovurdering på førehand og vi har god oversikt over sakene der det blir meldt om tvangsbruk. Fleire kommunar blir fulgt opp en følges opp på annan måte. Oppretta tre tilsynssaker med bakgrunn av opplysningar om hyppig bruk av tvangsbruk og ein tilsynssak på bakgrunn av  manglande vedtak og dårleg oppfølging i kommunen.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Rogaland oppfyller resultatkravet på saksbehandlingstid for tilsynssaker.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker(2) (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

Når det gjeld dei to sakene som er behandla på sosialområdet, er saksbehandlingstida lengre enn fem månader. I begge sakene blei kommunen blei fulgt opp tilsynsmessig fordi kommunen ikkje klarte å svara ut spørsmål som blei stilte i tilsynssakene.

Avslutning av klagesaker: Minst (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

Rogaland oppfyller resultatkravet for klagesaker etter lov om sosiale tenester.

Når det gjeld klager som gjeld klager på helse- og omsorgstenester ligg vi noko under resultatkravet. Dette skuldas mellom anna at talet på klager som gjeld pasientreiser har auka etter siste omlegging av regelverket og etter ny soneinndeling i fylket. Ei anna årsak er at talet på klager på tenestetilbodet til barn og unge aukar. Både i desse sakene og saker som gjeld omsorgsstønad og BPA vil det ofte vera nødvendig å innhenta ytterlegare dokumentasjon frå kommunane etter at klagesaka er motteken. I ein del av omsorgssakene, som gjeld brukarar med omfattande og samansette behov, vil det i ein del tilfeller vera nødvendig med møter med brukarar og kommune for å få god nok oversikt over brukars situasjon.

Andel vedtak om bruk av tvang (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

Saksbehandlingstida på vedtak om  bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming er ikkje i tråd med  resultatmål og embetet har nå sett inn ytterlegare ressursar for å redusera saksbehandlingstid og for å få bukt med restansesituasjonen. 

Som kompenserande tiltak har Fylkesmannen svært god oversikt på dei ulike bufellesskapa og tenestene til den enkelte brukar. Vedtaka blir nøye vurdert når dei kjem inn og blir prioriterte ut i frå ei risikovurdering.

Vi har låg terskel for å opprette tilsynssakar der vi ser svikt i tenestene til den enkelte brukar og valgte å videreføre det landsomfattande tilsynet med tenester til personar med psykisk utviklingshemming som bur i eigen heim også i 2018. Dette for å bli så godt kjent med kommunane sitt tenestetilbod som mulig.

Andel søknader om dispensasjon (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

Fortløpende dispensasjoner i vedtaksperioden blir behandla innan tre månader.

Tilsynsaktiviteter(8) (fra kapittel 3.3.1.3.4.8 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 220 poeng

Fylkesmannen i Rogaland har stor aktivitet ut mot kommunane. Med ei overvekt av små og mellomstore kommunar er det viktig med samordna tilsynsaktivitet fordi det ofte er dei samme kommunalsjefane og rådmannen som blir involvert entan det er samfunnsavdelinga, utdanningsavdelinga eller helse-, sosial- og barnevernavdelinga som kjem på tilsyn, kommunebesøk eller dialogmøte.

Eit resultatmål på 220 tilsynspoeng på kommunale helse- og omsorgstenester er ikkje realistisk å oppnå. Det vil medføre ei urimeleg stor belastning på kommunane og det er ikkje mogleg å gjennomføra med dagens finansiering og bemanningssituasjonen hos  Fylkesmannen i Rogaland, utan at dette vil ramme direktoratsoppgåver eller klage- og tilsynssaksbehandling.

Av denne grunn er avdelinga oppteken av å bruka gode verktøy for risikooversikt og av å samla kunnskap om tenestene. Det fører igjen til at vi kan  bruka tilsynskapasitet mest mogleg effektivt og målretta og som grunnlag for val av verkemiddel då vi erfarer at dei kommunana som har størst utfordringar i tenestene i mindre grad nyttiggjer seg av revisjonar for kvalitetsforbetring.



Tilsynsaktiviteter(5) (fra kapittel 3.3.1.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 40 poeng

Tilsyn med spesialisthelsetenesta blir gjort i i samarbeid med fylkesmannsembetet i Hordaland (nå Vestland) i eit regionalt tilsynslag. I 2017 deltok Fylkesmannen i Rogaland i 10 systemrevisjonar (resultatkrav 4), i 2018 hadde vi ikkje systemrevisjon, men ei langvarig og omfattande oppfølging av ei enkeltsak. I 2019/2020 vil vi igjen koma langt over måltall som følge av eit nytt landsomfattande tilsyn med spesialisthelsetenesta. Det at vi ligg under måltal i 2018 blir difor ikkje registrert som eit avvik. 

Tilsynsaktiviteter(6) (fra kapittel 3.3.1.3.6.6 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 70 poeng

Ein systemrevison måtte avlysas som fylgje av ekstraordinære omstende i tenesta. Kommunen blei fulgt opp med møter og rådgjeving/ rettleiing for å bidra til å sikra tenestene.

3.1.3.4 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

Vi oppfyller resultatkrava og har såleis ei akseptabel saksbehandlingstid.

78 % av verjemåla blir oppretta innan 70 dagar, og 80 % av klagesakene blir behandla innan 70 dagar.

Rettslikheit blir ivareteke ved at vi følgjer prosedyrar og retningsliner frå overordna organ, er oppdaterte på klagesaker og syter for at medarbeidarane er kompetente og behandlar like saker likt. Vi ivaretek kompleksiteten i kvar sak ved å leggje til rette for kontradiksjon og la ulike partar bli høyrde. I saker om verjemål er det særleg viktig å gjennomføre samtale med personen saka gjeld samt nære pårørande.

Vi er opptekne av å nå ut med aktuell informasjon til ulike grupper av brukarar slik at dei blir klar over rettane sine. Vi held foredrag på sjukehus, NAV-kontor og for interesseorganisasjonar, for å nemne nokre.  Vi er dessutan tilgjengelege på telefon, e-post og ved frammøte.

Etter omlegginga av praksisen knytt til vml. § 20 har vi eit aukande tal av saker for tingretten, med den rettstryggleiksgarantien dette inneber for den enkelte.

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

78% (1280 saker der 998 blei oppretta innan 70 dagar). Vi ligg så vidt under målkravet. Grunnen til vi ligg noko under er at vi frå og med mars 2018 la til grunn ny lovforståing der vi har måtta bruke meir tid på kvar opprettingssak. Den nye lovforståinga krev samtale også med ikkje samtykkekompetente verjetrengjande. I denne perioden har vi i tillegg brukt ein del tid på opplæring av nye medarbeidarar som følgje av auke av tildelte midlar frå SRF og turnover.  Slik vi ser det er desse aspekta forklaringa på at vi ligg 2% under målkravet i opprettingssakene.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

88% (571 søknader der 503 blei behandla innan 20 dagar). Målet er oppnådd med god margin.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

81% (1877 godtgjeringsskrav der 1512 blei behandla innan 45 dagar). Målet er oppnådd.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 70 dager.

84% (31 klagesaker der 26 blei behandla innan 70 dagar). Målet er oppnådd med god margin.

Fylkesmannens kontroll av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen.

Alle regnskap i sentralt uttrekk frå Statens sivilrettsforvaltning er kontrollerte. I rapporten frå revisjonsfirmaet EY står det at «Fylkesmannen i Rogaland synes å ha en god forståelse av hva internkontrollen for vergeregnskapene innebærer.» EY har kontrollert eit uttrekk på 25 verjerekneskap. Vi fekk «topp score» på alle kategoriar, og det blei ikkje registrert noko avvik.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 50 %.

55% av verjerekneskapa blei levert via Altinn, samt 34% av godtgjeringskrava. I tillegg er ytterlegare 33% av godtgjeringskrava godkjende via EHF-faktura, som er ei elektronisk ordning for verjer. Dette betyr at berre 33 % av verjegodtgjeringskrava hos Fylkesmannen i Rogaland er behandla ved innsendt i papirskjema.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 30 %


Resultatet er oppnådd. Totalt har vi motteke 807 saker som er innregistrerte på denne kategorien - 303 eller 37,5 % er motteke via Altinn.

3.1.3.5 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Vi har fokus på at  verjehavar skal høyrast i alle avgjerder og at verje og verjehavar skal ha ein kontinuerleg dialog om aktuelle disposisjonar. Vi kommuniserer viktigheten av verjehavars rett til selvbestemmelse ut til verjene både ved møte og i informasjonskanalane våre, til dømes på nett. Vi informerer og lærer opp verjene i CRPD og den endra forståinga av §§ 20 og 33 i lova.

 

Vi er vidare  medvitne på at mandat skal spegle verjetrengande sitt behov og sitt at behovet må «avdekkjast» ved samtale med verjetrengande, nærståande og evt. hjelpeapparat.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Før et eventuelt vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet kan individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Vi har fokus på å gjennomføre samtale med den verjetrengjande, hjelpeapparat og pårørande (samt den eller de som har begjært eller meldt frå om behovet). Vi er bevisste på mandat og har fokus på «kun behov» og at behovet må «avdekkast» ved samtale med verjetrengjande og nærståande. Vi informerer og lærer opp verjene i CRPD og den endra forståinga av §§ 20 og 33 i lova. Vi informerer også aktivt om mindre inngripande tiltak som til dømes legalfullmakt, fullmakt, framtidsfullmakt, disponering av ytingar til langtidspasientar i helseinstitusjon, samt frivillig og tvungen forvaltning hos NAV, for å nemne nokre.

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Økt kvalitet og kompetanse i kommunene


Det er ikkje lett å måle om kvalitet og kompetanse har auka i kommunane i 2018. Fylkesmannen opplever at vi har mange treff på artiklar på nettsidene våre, at det er stor deltaking på regelverksamlingar for kommunane, at kommunane er aktive i dei nye ordningane for desentralisert kompetanseutvikling og at vi har mange henvendelsar med spørsmål på telefon. Dei kommunane som er i inkluderande barnehage- og skolemiljø, har rettleiarkorps eller er med i læringsmiljøprosjektet, opplever at dei lærer mykje. Vi opplever også at det er stor forespurnad frå sektor om rettleiing frå Fylkesmannen og vel å tru at det vi gjer aukar kompetansen til deltakarane. Vi vurderer difor at måloppnåinga vår er høg på dette området.



Oppfølging av skoleeiere som ikke har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere, som er omfattet av oppfølgingsordningen og ikke har igangsatte tiltak, skal ha fått nødvendig oppfølging fra fylkesmannen.   

I Rogaland har vi med seks kommunar i Oppfølgingsordninga. Tre av desse blei med i 2018. To av desse kommunane har ikkje sett i gong tiltak med støtte frå Udir. Vi har krevd eigne tiltaksplanar frå desse to kommunane. Her har dei laga ein plan for sitt arbeid der dei og
grunngjev kvifor dei ikkje treng ekstern hjelp. Vi har sett på planane deira og vurdert at dei utviklingsområda som dei her skisserar, kan passe godt. Fylkesmannen vil følge med på utviklinga og i samarbeid med desse kommunane, gjere justeringar om vi ser at planlagde og gjennomførte tiltak ikkje har ønska effekt. Ein av kommunane har inngått vertskommunesamarbeid som følge av foreståande
kommunesamanslåing. Det betyr at kommunen er ein del av planane, møta og utviklingsarbeidet i den store kommunen. 

Vi meiner at dei kommunane som ikkje har sett i gong tiltak med støtte frå Udir, har fått nødvendig oppfølging av Fylkesmannen.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Det er ikkje gjennomført særskilde evalueringstiltak i 2018

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Ingen avvik

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Ingen avvik

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Ingen avvik

3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Ingen avvik

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Hvilke utfordringer opplever FM at NAV-kontorene har med KVP (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket, herunder: I hvilken grad blir personer i målgruppen for programmet vurdert med hensyn til deltakelse og får de som har krav på det, tilbud om program; Hva kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP, og hvilke utfordringer opplever Fylkesmannen at NAV-kontorene har i arbeidet med KVP; Hvilke virkemidler benytter Fylkesmannen for å understøtte kommunenes arbeid for å øke bruken av KVP.

Som i tidlegare år er det stor variasjon mellom kontora i måten dei arbeider med KVP, i kva grad ordninga blir prioritert i kontora, og om ordninga er forankra i kommuneleiinga

Hovudutfordringa er å gi ordninga høg nok prioritet i kontoret. Dette kan berre skje gjennom god forankring hos leiinga ved NAV-kontoret og i kommuneleiinga.

Vi ser og at presset er stort i mange NAV-kontor, og at nye oppgåver både på statleg og kommunalt område kan gjere det vanskeleg å halde  fokus på KVP og sikre nok ressursar på området til at tenesta blir forsvarleg.

Rogaland har hatt ein svak nedgang i antall deltakarar i KVP det siste året. Fleire kontor har omorganisert arbeidet med KVP i haust og melder om auka inntak.

På bakgrunn av tilsynserfaringar og statistikk på området er det fortsatt grunn til å tru at ikkje alle brukarar som har krav på KVP, får denne tenesta.  Dette er ein av grunnane til at Fylkesmannen har prioritert KVP som tilsynsområde i 2018.

Ei brukargruppe som er særleg utfordrande, er flyktningar med dårleg norskkunnskap. Mange av desse har gjennomført introduksjonsprogram utan å lære norsk. Dei kan derfor vanskeleg nyttiggjere seg arbeidsretta tiltak, noko som er ein føresetnad for å bli tatt inn i program. 

 Nokre av dei større kontora melder om at eit godt grep er å spesialisere arbeidet med KVP og å organisere arbeidet i team med andre som arbeider med tett oppfølging, til dømes av ungdom.

Av dei små kontora vert det meldt om gode grep i form av godt samarbeid med andre kommunale einingar og rausheit i stønad til ulike kompetansehevande kurs.

Fylkesmannen understøtter NAV-kontora sitt arbeid på området gjennom halvårlege nettverkssamlingar. Tema for samlingane vert i stor grad fastsett på bakgrunn av behov i kontora, og program vert utarbeidd i samarbei med nokre representantar for kontora. KVP er også tema på dei halvårlege leiarsamlingane som Fylkesmannen arrangerer i samarbeid med NAV Rogaland, og i samarbeidsmøtene med KS og NAV Rogaland. KVP er ein del av opplæringa for nytilsette i NAV-kontora som Fylkesmannen gjennomfører halvårleg. Fylkesmannen retteiar NAV-kontora på telefon og har også oppfølging av einskilde kontor som har behov for det.

Vilkår for aktivitet for de under 30 år... (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med  aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

Fylkesmannen samla tidleg på året alle NAV-kontora til erfaringsdeling om aktivitetsplikta. I tillegg har vi ved årsskiftet 2018/2019 innhenta informasjon frå kontora om arbeidet på området.  Rapporteringa bygger på desse kunnskapskildene.

Utfordringane kommunane melder om kan kort oppsummerast:

- mangel på tilpassa aktiviteter

- for lite kapasitet i kontoret til å kartleggje og følge opp brukarar

- iverksetjing av konsekvensar ved brot på vilkår

 Kommunane melder og om gode grep:

- arbeidet med aktivitetsplikta er lagt til eige ungdomsteam med god kompetanse i arbeid med ungdom og betre tid til oppfølging av den enkelte ungdom

-gruppeaktivitetstiltak i eigen regi

- rask oppstart av aktivitet

- eigne lokale utanfor NAV-kontoret

 I tilbakemeldingane til Fylkesmannen ved årsskiftet melder dei fleste NAV-kontora at aktivitetsplikta bidreg til overgang til arbeid og utdanning.

Fylkesmannen har ikkje behandla klagesaker etter §20a i 2018

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med kommunenes oppfølging av krisesenterloven.

Fylkesmannen i Rogaland starta i 2018 eit kartleggingstilsyn med samtlege kommunar sitt ansvar for krisesentertilbodet når det gjeld personar med alvorleg rusproblem, psykiske vanskar eller funksjonsnedsetjing. Det er 26 kommunar som er involverte i tilsynet. Tilsynet vil bli fulgt opp i 2019.

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Rogaland har gjennom mange år hatt to krisesenter som er lokaliserte i sør- og nordfylket. Omkringliggande kommunar har inngått samarbeidsavtale med Stavanger og Haugesund som er vertskommunar for dei to krisesentrene. Det er pr. i dag ikkje aktuelt å leggja ned desse.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten.

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

Sjå tabell nedanfor.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten.

Fylkesmannen har ikkje fatta vedtak etter barnelova i 2018, (sjå merknader under 7.3.2.5.)

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Fylkesmannen mottek ein god del henvendingar og spørsmål knytta til barnelova, til dømes spørsmål om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader. Vi har og hatt spørsmål om rett til opplysninger om born, frå foreldre som ikkje har del i foreldreansvaret. Sakene kjem pr. telefon, men i større grad og pr. e-post, og ikkje minst via "sikker melding". Fylkesmannen gjer greie for regelverket, og korleis dette er å forstå, og gir rettleiing, både når det gjeld private partar, advokatar, og kommunar, (barnevern/helsestasjon/skule).

I mange av sakene fyller ikkje partane dei formelle vilkåra for at Fylkesmannen kan behandle sak om foreldreansvar/fast bustad/samvær, det manglar til dømes meklingsattest, eller sak er berre reist av ein av partane.  Desse sakene vert avvist av Fylkesmannen. I fleirtalet av sakene som kjem inn, vert partane  rettleia med omsyn til korleis dei skal gå fram i sakene. I den samanheng vert det mellom anna informert om Fylkesmannen si kompetanse etter barnelova. Desse henvendingane vert i hovudsak besvart med brev, men som rettleiing, ikkje som formelle avslagsvedtak med klagerett. Det er sendt 14 brev i 2018. Fylkesmannen har av den grunn ikkje fatta formelle vedtak i slike saker i 2018, men vil synleggjere det arbeidet som likevel er gjort etter barnelova, ved behandling av ei rekkje saker, ikkje berre munnleg, men og skriftleg.   

Fylkesmannen har elles i 2018 motteke mange førespurnader på ekteskapsfeltet. Dette gjeld som oftast separasjon og skilsmisse. I saker der ein av partane er på forlovelsesvisum, mottek vi ofte førespurnader om saksbehandlingstid. Partane har ofte knapp tid, noko som fører til tidspress for å få sakene behandla i tide.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes biologiske opphav i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

I 2018 var det 36 personar som fekk opplysningar om biologisk opphav. Blant desse var det fleire forespørslar frå barn av den adopterte, som sjølv er død, som ville ha namn på biologiske besteforeldre, etter ny adopsjonslov som var gjeldande frå 01.07.18.

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Fylkesmannen har i 2018 hatt 2 tilsyn med familievernkontora. Det blei gjennomført tilsyn hos Familievernkontoret på Haugalandet, og Familievernkontoret i Sør-Rogaland.

Følgjande avvik vart avdekka ved tilsynet med Familievernkontoret i Sør-Rogaland: Familievernkontoret varetek ikkje krav til avgrensning i tilgang til informasjon i tilstrekkeleg grad,  jf. Forskrift om føring av klientjournal og forskriftsprotokoll § 7 første ledd. Alle tilsette har tilgang til det fysiske arkivet på kontoret.

Avviket vart lukka etter tilsynet.

Ved tilsyn på familievernkontoret I Haugesund vart det påvist avvik i forhold til at Familievernkontoret ikkje varetek krav til underretning om vedtak i forvaltningslova § 27, ved avslag på innsyn i journal.  

Forvaltningslova § 27 slår fast at det forvaltningsorgan som har fatta vedtak skal sørge for at partane vert underretta om vedtaket så snart som mogleg, og at underretninga i regelen skal vera  skriftleg, og skal innehalda opplysningar om klagerett, klagefrist og klageinstans.

Avviket vart lukka etter tilsynet.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.2.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Fylkesmannen i rogaland har hatt universell utforming som viktig tema på plan og byggesakskonferansen i 2018. Vi følger opp fylkeskommunen sin regionalplan for universell utforming gjennom planuttalar og gir råd om kommunene etterspør dette i enkeltsaker. 

Det er særlig aktuelt med slik dialog ved etablering av turstier i og ved verneområder og tilrettelegging i friluftsområder der vi har ansvar også for å ivareta natur og friluftsinteressene. Vi legger også vekt på universell utforming av anlegg og informasjon i naturvernområdene og ved utforming av besøksstrategi Jærstrendene.  

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.2.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Likestilling har også i 2018 vore eige tema i felles verksemdsplan. her heiter det mellom anna::

Mål: FM skal fremje likestilling på område Fylkesmannen har lovpålagt ansvar for.:

Interne tiltak:

 Gjere opp status i eigen organisasjon:

- Lønnspolitikken

- Rekruttering

- Kompetanse

Eksterne tiltak:

- Likestilling som sjekkpunkt i alle lovpålagde oppgåver - der det er naturleg

- Spreie kunnskap frå Bufdir.no mellom anna på web.

- Fokus i kommunalt planarbeid med særleg merksemd i boligsosialt arbeid

- Kartlegge om minoritetsspråklege barn får oppfylt rettane sine etter barnehagelova

. Medverke til rekruttering av menn til utdanning og arbeid i barnehagen

Mål og tiltak blir følgde opp, men det er litt for tidleg (og til dels krevjande) å rapportere på resultat.

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder digitalt kurs modul 1 og veilederen.

Fylkesmannen har i samarbeid med Bufetat og fylkeskommunen gjennomført implementering av veilederen. Det har vore gjennomført to nettverkssamlingar med skuleansvarlege frå barnevernsinstitusjonar i Rogaland kor dette har vore tema. Det blei  og informert om det digitale kurset på ei av desse samlingane. Det er gjennomført ein fagdag for ansatte i kommunalt barnevern, barneverninstitusjon og skulesektoren der tema var alvorleg skulefråver. Fylkesmannen vurderer at tiltaka som er gjennomført har vore eigna i forhold til oppdraget.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeidd rapport for året 2018 i tråd med forskrift om tilsyn med barn i barneverninstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn § 28. Den er sendt til Barne- ungdoms- og familiedirektoratet og til Statens helsetilsyn.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.

Fylkesmannen har fulgt opp kommunane på dette området gjennom 2018, slik det går fram av oppdraget. Status er nå at 24 av 26 kommunar fordelt på 17 tenester har akuttberedskap i barnevernet 24 timar 7 dagar i veka, alle helgedagar. Det er to store barnevernvaktar i fylket. Desse varetar akuttberedskapen for 14 kommunar. Desse er ein kombinasjon av open barnevernvakt (fleirtalet av timar) og beredskapsvakt. Nokre kommunar/ tenester har kun beredskapsvakt. Alle gjeldande ordningar er vurdert å vere formalisert akuttberedskap. Kommunane si nettside gir kontaktinformasjon til barnevernvakta/ vakttelefonen. Det er vidare oppfølging med dei to kommunane (ein teneste) som ikkje har akuttberedskapen på plass. Dei arbeider med å bli ein del av ein allereie oppretta interkommunal barnevernvakt.

 Fylkesmannen har henvendt seg til Bufdir for å få avklart om ein kommune anses å ha ein forsvarleg akuttberedskap når det er telefonnummer til politi, alarmtelefon for barn og unge eller legevakt som oppgis, ikkje direktenummer til tenesta.

Fylkesmannen gjennomfører etter mal frå Bufdir dialogmøte i alle kommunar i 2018 og 2019.Vi skal være ferdig innan 10.mai 2019. I to av tenestene vi hadde møter med i 2018(inkluderer 5 kommunar) er totalvurderinga på risiko raud. Det er avtalt nytt møte med desse kommunane tidleg i 2019. Den høge risikoen handlar om fristbrot i melding og undersøkingar, høgt fråvær og ustabilitet, vanskar med å lukke tilsyn, alvorlege hendelsesbaserte tilsynssaker,manglande oppfølging av hjelpetiltak og fosterheimar  manglande kompetanseplan og utfordringar i internkomtroll.  Fylket har fleire små kommunar. I dei vi har vitja til no er kvalitet og styring god, men tenesta er sårbar pga av få tilsette.

Vi ser at utkantkommunar strever med rekruttering og stabilitet i tenesta. Dei store tenestene i fylket gir generelt gode tenester og har tatt ei rolle i fylket i å bistå mindre kommunar i utvikling av hjelpetiltak og utvikling av kompetanse. Fullstendig  og oppdatert risiko er ferdig i mai 2019.

 Kommunane i fylket følger dei tilbod dei får om opplæring i tenestestøtteprogram  ( 3 klynger i 2018 og 2 i 2019) og læringsnettverk.( 5 utviklingstiltak knytt til høgkonfliktsaker, vald og traumer og leiing. I dei halvårlige barnvernleiarsamlingange  er tema kompetanse og oppfølging av risikoområder i tenesta.

 

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Kommunane sine helse- og omsorgstilbod er i stadig utvikling. Meir klinisk avanserte tilbod vert gitt i der ein bur. Eit av fundamenta for å styrke helse- og omsorgstilboda er god kompetanse. Statestikk viser at kommunane sysselset personar med høgare fagutdanning i aukane grad. Det er likevel slik at dei fleste kommunane har utfrodringar i å høve det å få rekruttert personell med etterspurt fagkompetanse. Mange kommunar har til tider ledige stillingar for sjukepleierar, særleg i sjukeheimar. Stillingar for vernepleirar og helsefagarbeidarer har det også i nokre kommunar vore utfordrande å få rekruttert til. Kommunane ønskjer studentar i praksis for på den måten å kunne vise seg fram som ein attraktiv arbeidsstad. Til prosjektet "Menn i helse" har det vore stor søknad , og rekrutteringa har vore god. Desentraliserte utdanningstilbod har fått gode tilbakemeldingar. Tilbod om spesialisering i klinisk avansert sjukepleie i distriktet ville truleg kunne auka kompetansen i fylket.

Brukarmedverkand og pårørande støtte er det sett fokus på. Fleire veksemder bruker innfallsvinkelen: "Kva er viktig for deg?" og viser på den måten at brukar er teken med i utforming av tenestetilbodet. Fylkesmannen har støtta pårørandekonferanse og bidrog på fagdag der pårørande var sett i sentrum.

Alle kommunane i fylket, med unntak av tre som står føre kommunesamanslåing, er med i "Nasjonalt velferdsteknologiprogram". Målet for programmet er at velferdsteknologi skal vera ein integret del av tenestetilboda. Mange tilsette i helse- og omsorgstenestene har gjennomført Velferdsteknologiens ABC, og Fylkesmannen har medverka på Workhop i samband med dette. Velferdsteknologi er alltid tema ved når Fylkesmannen uttalar seg i samband med investeringar til heildøgns omsorgsplassar.                                                 

Kommunane er opptekne av å utvikle nye metodar for å løyse problem og mange prosjekt er i gang. Det er alt frå velferdsteknologiske løysningar,til forebygging, tidleg innsats og eigenmestreing, samt ambulerande insatsteam og Recoveryarbeid.

Fylkesmannen har saman med USHTane i fylket arrangert fagdagar med tema demens. Her har nasjonale faglege retningslinjer vorte presenterte samt at kommunane har bidrege med lokale eksempel på oppgaveløysing og på den måten har ein både fått presentert informasjon og det har vore erfaringsutveksling. Dagaktivitetstilbod for heimebuande demente har også vore tema. Fleire kommunar i Rogaland har forplikta seg til å vera demsevenlege.

Fylkesmannen har inntrykk av at kommunane er kjende med Omsorg 2020 og ønskjer å utvikle seg i tråd med den.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordninger 765.60 og 765.62.

765.60

Alle kommunar som mottek tilskot til kommunalt rusarbeid rapporterer at tilskotet har ført til å styrkje det samla rusarbeidet i kommunen, og til å sikre personar med rusmiddelrelaterte problem eit heilskapleg, tilgjengeleg og individuelt tilpassa tenestetilbod. Alle vurderer også kommunen sin samla måloppnåing som god. Kommunane er ulike, utfordingsbiletet, satsingsområde og metodikk varier frå kommune til kommune. Fylkesmannen ser likevel at områda barn og unge under 17 år, pårørandetilbod til vaksne og tilbod til eldre over 67 år peikar seg ut som område der kommunane ser ut til å ha hatt lite fokus gjennom tilskotsordninga. Fylkesmannen meiner tilskotsordninga gir  kapasitetsauke i kommunane sitt rusarbeid. Gjennom dialog med kommunane og brukarorganisasjonar får eit også eit bilete av at tilskotsmidlane fører til utvikling i kommunane sitt rusarbeid.

765.62

Tilskotsmottakarane vurderer på ulike måtar at tiltaka som er oppretta ved hjelp av tilskotsmidlar fremjar meir heilskaplege og samansette tenester til målgruppene. Hovudvekta av tiltaka som er innretta som ACT/FACT og andre oppsøkjande samhandlingsteam, samt ulike samarbeidstiltak retta mot barn og unge og familiane deira. Fylket sin største kommune og tilhøyrande helseføretak samarbeider om Lavterskel Lar. Samme kommune har også motteke tilskotsmidlar til forprosjekt på MO senter. Andre kommunar i fylket har også etablert MO senter og Housing First. Tiltaka er ikkje lenger finansierte over tilskotsmidlar. Fylkesmannen meiner kommunane stort sett oppnår måla for tilskotsordninga. Ei utfordring er at enkelte oppsøkjande samhandlingsteam er blitt finansiert ved tilskot over lang tid, ein god overgang til ordinær drift blir viktig for desse teama. Fylkesmannen ser også at tiltaka retta mot barn og unge med fordel kan vere meir basert på kunnskapsbasert praksis.

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale rusarbeidet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Det er urovekkjande at berre 50% av kommunane i Rogaland rapporterar at Opptrappingsplanen har hatt direkte konsekvensar i kommunalt rusarbeid det siste året.

Fylkesmannen vurderer at det kommunale rusarbeidet i fylket blir utvikla i henhold til retning og målsetjingar i opptrappingsplanen, men ein blir sjølvsagt skeptisk når ein ser IS tala.

Under følgjer ei kort oppsummering av dei fem hovudmåla til planen:

Reell brukarmedverknad: Kommunane har hatt stort fokus på reell brukarmedverknad. Kommunar er blant anna opptekne av "Hva er viktig for deg?" og "samskaping" mellom fagpersonar og brukarar. Fylkesmannen ser ein auke i bruk av FIT, fokus på Recovery orienterte tenester og tilsetjing av personar med brukeerfaring.

Tidleg innsats: Fleire kommunar deltek i BTI samarbeidde. Ein ser gjennom tilskotsforvaltninga ein om enn liten, men aukande mengda prosjekt retta mot barn og unge. Det er likevel urovekkjande at Fylkesmannen til tross for fokus på tidleg innsats mottek informasjon om at enkelte tenester ser ei negativ utvikling i ungdom sin bruk av rusmiddel.

Tilpassa tenestetilbod: Rogaland har hatt ein kapasitetsvekst i det samla kommunale rusarbeidet. Dei største byane og områda bruker kunnskapsbaserte modellar. Dette ser ut til å vere vanskelegare i mindre og avsidesliggjande kommunar. Brukarplantala for 2018 viser at det stadig er personar med alvorlege og samansette lidingar som kjem dårlegast ut på alle levekårsindikatorar.

Livskvalitet: Fylkesmannen ser ein positiv utvikling når det gjeld bustad. Når det gjeld arbeid er situasjonen ikkje like positiv. Brukarplantala viser at kun 9% av dei kartlagte deltek i ordinært arbeid. 54% deltek i anna aktivitet. Tala viser vidare at berre 39% av dei kartlagte brukarane i Rogaland har tilstrekkeleg meiningfull aktivitet. 36% har god kontakt med nettverk.

Alternative straffereaksjonar: Fylket har pilotkommune på ND, og fleire kommunar som arbeider med ungdomsstraff. Ein kommune, kriminalomsorg og helseføretak mottek tilskot til behandlingsførebuande tiltak i fengsel.

Tiltaka i sendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 er stort sett gjennomførd som planlagt. Av tiltak som har vore vanskelege å gjennomføre kan nevnes det å følgje med på kommunane sine tilsetjingar av erfaringskonsulentar og etablering av ACT/FACT team i fleire kommunar.

Det har vore vanskeleg å følgje med på erfaringskonsulentane fordi det er mykje aktivitet på området, så mykje at området er blitt uoversiktleg for FM.

Når det gjeld ACT/FACT team har ein ingen auke i mengda team. I ein del av fylket skuldast dette at metodikken er prøvd ut for fleire år sidan. Resultatet den gongen blei at helseføretaket tok ansvar for å arbeide oppsøkjande i regionen. I ein annan region skuldast det at den største kommunen til regionen har teke eit medvite val om å arbeide gjennom andre metodar. Fylkesmannen har oppfordra helseføretaket til å gå i dialog med kommunane. Ein ser så langt ikkje resultat av dette.

Av tiltaka i planen er vi spesielt fornøgde med nettverksarbeidet og den nye måten vår å arbeide med Brukerplan tala. Det å møte kommunane saman med kompetansemiljøa i ulike fagnettverk blir opplevt som nyttig. Kan spesielt nemne nettverk for fengselshelsetenesta, Recovery læringsnettverk og nettverk for oppsøkjande samhandlingsteam. Når det gjeld Brukerplan arbeidet meiner ein at det vil føre til betre tenesteutvikling at KoRus, Napha, Korfor og FM møter kommunane regionsvis til dialog rundt brukarplantala.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.60.

I 2018 tildelte me seks kommunar tilskot til etablering og vidareutvikling av frisklivsentral. I tillegg vart ein mindre del av tilskotsordninga nytta til kompetansetiltak, MI-opplæring, i samarbeid med Korus vest.

Nå har total 17 av 26 kommuner etablert frisklivssentral. I vår kontakt med kommunar som ikkje har etablert eit slikt helsefremjande tilbod, oppmodar me dei til å prioritere dette enten åleine eller i samarbeid med omkringliggande kommunar.

 

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Regjeringa har fremja ein opptrappingsplanen for habilitering og rehabilitering. Fleire mål, planar og strategiar vert her presenterte. Regjeringa ønskjer at tenestemottakar skal kunne leve eit aktivitet og mest muleg sjølvstendig liv trass sjukdom og funksjonstap. Det er eit mål at innsatsen skal skje i kommunen der brukar bur. Når det gjeld rehabilitering så står det i planen at den mest avgjerande faktor for korvidt tilbodet skal gjevast i kommunen eller spesialisthelsetensta er behovet for spesialisert medisinskfagleg kompetanse.Fylkesmannen har inntrykk av at tilboda i fylket er i ferd med å verta utvikla i retning målsetjingar. Kommunane og helseforetaka har oppretta koordinerande einingar og det er oppretta regionalt kompetansesenter. Det vart i 2018 arrangert fagdagar med gjensidig informasjonsutveksling mellom spesialist helsetenesta og kommunane. Konseptet "Møteplassen" har eksistert i 10 år. "Møteplassen" både i Stavanger og Fonna helseforetak arrangerer fagdagar. Det ser ut som at spesialisthelsetenesta er opptekne av å utvikle spesialiserte tilbod og kommunane gjer tilbod slik at den enkelte kan mestre kvardagen. Kommunane har ei viss oversikt over behov for habilitering og rehabilitering slik forskrifta krev. Fleire kommunar er i ferd med å utarbeide planar på området.

 

Vergeregnskap (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap. Rapporten skal også inneholde hvor mange verger som er fratatt oppdrag i løpet av 2018 på bakgrunn av regnskapskontroll.

Vi har kontrollert 15% av dei 2126 verjerekneskapa, det vil seie 319 kontrollerte rekneskap. Av desse blei det avdekka 16 verjemål der det var behov for ein grundigare gjennomgang. Resultatet av gjennomgangen var at nokre av desse verjemåla kunne opphevast fordi det ikkje lenger var behov for verjemål. Av dei aktuelle blei ingen fråtekne verjeoppdraget ettersom dei leverte rekneskap etter purring. Det blei oppdaga tilfelle av verjer som eksempelvis hadde delt ut arv eller tatt for høgt honorar utan at dette var søkt om til Fylkesmannen.

Gjennomgang av oppdrag med advokat som verge (fra kapittel 7.3.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på resultatet av gjennomgangen av oppdrag hvor det blir benyttet advokat som verge med timebetaling etter offentlig salærsats jfr. oppdrag 3.3.2.1.2 i tildelingsbrevet. Dersom oppdraget ble rapportert avsluttet i 1. tertial bortfaller rapporteringskravet.

Vi utfører kontinuerleg gjennomgang av saker der det er oppnemnd advokat som verje. Vi vurderer om dette er nødvendig, både ved å sjå objektivt på faktum i saka, men også ved samtale med verjehavar og verje (advokat). Vi avtaler som hovudregel fast sats for advokatar som fungerer som faste verjer. Advokatsalær bli kun innvilga for midlertidige oppdrag som krev juridisk kompetanse (som setteverjesaker som omhandlar skifte/arv/erstatning osb.). Advokatverjer som blei oppnemnde før 2013 og dermed før ny lov trådde i kraft (med rett på timebetaling etter salærsats), blir erstatta fortløpande. Vi trur ikkje vi har mange slike saker att.

Tilsyn (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten kort redegjøre for tilsyn utover vergeregnskapskontroll som er gjort med vergene i sitt område i 2018. Fylkesmannen skal også kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp.

Vi har gjennomført samtalar med alle faste verjer der vi gjennomgår ulike tema og tar opp ulike problemstillingar.  Vi har dessutan rutinar for kontroll av verjer ved hendingsbaserte tilfelle. Viss vi mottar bekymringsmelding, kontaktar vi verja, verjehavar og andre aktuelle kontaktpersonar og startar ein prosess for å få klarheit i sakstilhøvet. Fylkesmannen har som en følge av bekymringsmeldingar fråteke fleire verjer oppdraget i løpet av 2018. Det dreier seg i hovudsak om økonomisk mislighald, men også om høve der verja ikkje ivaretek verjehavar sine personlege interesser. Vi har til dømes avdekka tilfelle der verja har delt ut gåver og arveforskott urettmessig, samt underslått middel. Avvika er følgt opp ved å krevje at beløp som er ubetalt blir tilbakebetalt, at verja er bytta ut, samt at det i dei alvorlegaste tilfella blir vurdert å melde saka til politiet.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på andelen opprettede vergemål for voksne i 2018 hvor det er gjennomført samtale med vergehaver. Fylkesmannen skal i tillegg redegjøre for hovedgrunnene til at samtaler eventuelt ikke er gjennomført.

Det er gjennomført samtale i 144 saker; i 217 saker er det ikkje gjennomført samtale; i alt 361 saker. Hovudgrunnen til at samtalar ikkje er gjennomført er at den verjetrengjande ikkje har hatt grunnlag/forståing for å gjennomføre ein samtale, typisk på grunn av demens. I mange av desse sakene har den som melder frårådd at Fylkesmannen å ta kontakt med den verjetrengjande fordi ein fryktar at han eller ho skal bli forvirra og/eller redd. I tilfella der det ikkje er mogleg å få til ein samtale, prioriterer vi det å samtale med andre nærståande og hjelpeapparat.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved lgjennomgang av gamle saker.

Vi er medvitne om at mandatet skal spegle den verjetrengjande sitt behov og at behovet må «avdekkast» ved samtale med verjetrengjande, nærståande og eventuelt hjelpeapparat. Ved gjennomgang av verjerekneskap har vi avdekt fleire tilfelle der det ikkje har vore behov for verjemål, eller mandatet har vore for vidt. Vi har i desse tilfella fått rydda opp i eldre verjemål og avslutta eller gjort dei meir tilpassa verjehavaren. Vi informerer og lærer dessutan opp verjene i CRPD og den endra forståinga av §§ 20 og 33.

Fremtidsfullmakter (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet for å øke bruken av fremtidsfullmakter. 

Vi har utarbeidd ei informativ og innhaldsrik nettside med informasjon om framtidsfullmakter der ein kan finne presentasjonar, ofte stilte spørsmål, informasjonsvideo, samt søknadsskjema, informasjonsskriv og eksempel på korleis ei framtidsfullmakt kan utformast. Vi har skilt ut «framtidsfullmakter» som eige tema når folk ringer sentralbordet vårt, slik at dei lett kjem i kontakt med en medarbeidar med spesiell kompetanse på dette. Vi prioriterer dessutan å halde presentasjonar ved førespurnad og behov. Blant anna har vi vore på Stavanger Universitetssjukehus og vi har møtt fleire ulike interesseorganisasjonar.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Vi gjennomførte i 2018 kurs for advokatane i Rogaland, med foredrag i nord-fylket og i sør-fylket. Mange advokatar deltok.  Det var fokus på regelverket om økonomisk dispensasjon, utvida bevilling og fri sakførsel i skiftesaker. Det blei og lagt stor vekt på å gi informasjon om fordelane med elektronisk skjemaløysing; rettsrad.no, med ei klar oppmoding til advokatane om å bruke løysinga.

For antal innkomne saker, se tabell 1.1.  Vi viser og til rapport på rapporteringskrav 7.3.4.2.2.  Saker som er innvilga etter stykkpris er snittet to veker. Snittet for saker innvilga der det ikkje er stykkpris eller overstig stykkprisen, er 12 veker. 

I 2018 avslo vi 37 saker grunna inntekts- og /eller formuesgrensa.  Det blei utbetalt kr 11 109 358,-  i fri rettsråd til advokater og kr 1 603 259,- i fri sakførsel. Restansen er 15 saker.

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

I 2017 betalte Fylkesmannen i Rogaland  462 719,- til tolk.  I 2018 var dette tallet  kr 156 570,-.  Vi forventar at dette vil stabilisera seg og være på samme nivå i 2019, med mindre vi får en auka i innvandrarar/asylsøkarar.  I 2017 blei det betalt ut 11 641 172,- til fri rettshjelpsaker.  I 2018 var dette talet 10 418 160,-.  Det syner seg at antalet andre fri rettshjelpssakar utenom asylsaker, har aukt i antal og kompleksitet, noe som gjør at talet har vore rimelig stabilt fra 2017 til 2018.  Vi venter ikkje nokon større endringar i antal saker i 2019, og dirfor vil være rundt same storleik.

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.4.3.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen skal rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Det er i 2018 behandla 20 klagesaker etter introduksjonslova. Av desse gjaldt to klager § 2 Klage på rett og plikt til deltaking i introduksjonsprogram. Ingen av desse fekk medhald.

Det har vore sju klagesaker på § 7 Stans av introduksjonsordning. Ei sak blei sendt til kommunen for manglande klagebehandling, resten fekk ikkje medhald.

På § 6 Individuell plan har vi hatt to klagesaker, den eine fekk medhald, den andre blei oppheva avdi kommunen ikkje hadde vurdert deltakaren sitt behov for grunnskule.

Dei fleste klagesakene gjeld § 5 Forlengelse av introduksjonsordningen. Her har vi mottatt ni klager. Av desse blei ei oppheva då kommunen ikkje hadde opplyst saka. Resten fekk ikkje medhald.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.4.3.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere har vi ikkje hatt klagesaker i 2018.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.4.3.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier og hvor mange av nye statsborgere i fylket som har deltatt.

Fylkesmannen arrangerte ein seremoni for nye statsborgarar i 2018.  1660 nye statsborgarar vart inviterte. 320 nye statsborgarar deltok på seremonien. Helsingstale frå ordførar Jarle Nilsen, Karmøy kommune og frå Stavanger invandrarrådet. Hovudtale ved tre representantar frå Høyland ungdomsskole som vant Benjaminprisen i 2018.

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.4.3.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Her viser vi til eiga detaljert rapportering sendt til Kompetanse Norge. Kommunane i Rogaland rapporterer om 167 årsverk.

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:


Etter vår erfaring er dei fleste kommunane no klare over disse dokumenta. DSBs rettleiar har vi gjort kjend via artikkel på nettsida vår, i presentasjoner internt og eksternt (for arkitektforeningen (NAL), SMART-kommunesamarbeidet og Bolig- og byplanforeningen (BOBY)), og som anbefaling i kontakt med kommunar i arealplansaker.

Sjekklista er og nemnd i artikkel på nettsida, i presentasjoner som nemnd over, og internt, og i fråsegn i areaplansaker.

Klimaprofilen for Rogaland er brukt i planlegginga i kommunane; vi bruker dei i presentasjonar (NAL; BOBY; klimakonferansen) og i FylkesROS. Vi har og informert plansaksbehandlarar i Fylkeskommunen, og spelt klimaprofilen inn til arbeidet dei held på med i regionalplan for klimatilpassing. Vi speler det og inn i høyringssvar der det passer.

ROS som integrert del av planer (fra kapittel 7.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Erfarer embetet at ROS er en integrert del av planene i kommunene? Hvis ikke, gi en kort forklaring.

Kommunane i Rogaland har nesten alltid med ROS-analyse i arealplanar, inkludert vurdering i planbeskrivinga. Bruken av sjekklister i staden for analyser er minkande.

Utfordringer i plansaker (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hvilke utfordringer embetene har i plansaker når det gjelder integrering av ROS.

Kommunane blir stadig betre på ROS i plan. Me ser likevel utfordringar når det gjeld ROS-metodikk og kommunane sine kvalitetskontroll av ROS-analyser. Matrisene blir somme tider brukt feil, og risiko blir ikkje alltid fulgt opp med tiltak i plan. Vi ser utfordringer på kva plannivå risiko skal avklarast; det er ei tendens til å skyve farekartlegging og krav om risikoreduserande tiltak foran seg til byggesak. Administrasjonen blir somme tider pressa av utbyggarar og politikarane, også når det gjeld vekting av risiko og sårbarheit. Bruk av kart og geodata gjer arbeidet enklare og betre. Ved fortetting blir ROS-analysene ofte ikkje gode nok, og utelet typisk trafikkuhell på skuleveg. Klimapåslag ved flaum og overvatn begrensar utbygging og er ofte konfliktprega.

Bruk av heilskapleg ROS og FylkesROS som grunnlag for ROS i arealplan er i nokon grad tatt i bruk.

Bruk av veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Hvor mange kommuner har tatt i bruk veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil i planarbeid og ROS-Analyser pr. 31.12.18?

Kommunane i Rogaland er gjort kjende med disse dokumenta, og bruker dei i planarbeidet. Dei bruker framleis matrisemetoden, ikkje i særleg grad sløyfediagram eller skjema fra rettleiaren. Vi har ikkje hatt nokon opptelling, da dei fleste kommuneplaner er i ferd med å rullerast iår, og bruk av nyare dokument sikkert kjem betre fram til neste rapportering.

Konsulentselskapa som tar ROS-oppdrag bruker ofte malar som er forelda og baserte på eldre rettleiarar og metodar.

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.8 i TB)

Rapportere på

DSB har som mål at kommunene etablerer hensynssoner i kommuneplaner rundt eksisterende storulykkevirksomheter, slik at det ikke skjer en uhensiktsmessig utvikling i arealene rundt disse. Beskriv i hvilken grad dette har blitt gjennomført i nyere kommuneplaner.

Dei fleste kommuneplanane er eldre, og har ikkje oppdatert omsynssoner rundt storulykkesverksemder enno. Det blir meir nyttig å sjå på det neste år, når fleire kommunplanar er oppdaterte etter dei nye retningslinjene. Førebels er det kun to bykommunar som har omsynssoner inne i arealkart for kommuneplan.

Samordning av beredskapslaner mot storulykkevirksomheter (fra kapittel 7.3.4.9 i TB)

Rapportere på

Hvordan følger fylkesmannen opp at kommuner med storulykkevirksomheter har samordnet kommunes overordnede beredskapsplan med storulykke virksomhetens beredskapsplan?

Dette er tema i våre tilsyn med kommunal beredskapsplikt. Vi har tilsyn med ein fjerdedel av kommunane i året. Det er ikkje definert nokon stad kva det betyr å samordna beredskapsplanane. Graden av samordning er veldig ulik og det er ikkje noko me gjer avvik for.  Det er behov for nærare rettleiing eller presisering frå departementet dersom dette skal ha auka merksemd.

FylkesROS (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Når ble siste fylkesROS gjennomført?

FylkesROS Rogaland 2018-2021 var ferdig i 2018.  Det pågår eit oppføljande arbeid (gjennomgår oppføljingsplanen) blant deltakarane i fylkesberedskapsrådet.

FylkesROS - oppfølgingsplan (fra kapittel 7.3.4.11 i TB)

Rapportere på

Foreligger det en oppfølgingsplan til fylkesROS, og i så fall når ble den sist oppdatert?

Oppfølgingsplanen til FylkesROS Rogaland 2018-2021 er frå 2018

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.12 i TB)

Rapportere på

Hvilke regionale tiltak har embetet gjennomført for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

To møter i fylkesberedskapsrådet (juni og november). Deltaking i CPX-øving i samband med Trident Junture 14-18. nov. inkludert oppdateringar og kompetansehevingsseminar for fylkesberedskapsrådets medlemmer og utvalde kommunar.

Vi deltek i sivilt/militært kontaktmøte. I 2018  var dette i Agder.

Utarbeiding av ny FylkesROS i 2018 involverte fylkesberedskapsråd og utvalde etatar og kommunar som var med i arbeidsgruppe og scenariomøter.  

Vi har gjennomført ei nettverkssamling med kommunane og utvalde etatar frå fylkesberedskapsrådet i mai. Fleire kommunar har kjøpt og fått opplæring i bruk av Nødnett for sine kriseleingar. Det er gjennomført møter/opplæring i CIM.

Statens Strålevern (DSA) og kriseutvalet for Atomberedskap hadde sitt årlege møte i Rogaland. Fylkesmannen bidro i program og organisering. Atomberedskapsutvalet i fylket og kommunar deltok. 

Fylkesmannen deltar i politidistriktets øvingsutval. Vi er også aktive i regionalt planforum og arbeids- og styringsgruppa for regionalplan for klimatilpasning. Vi har stått for fleire ulike kompetansehevingstiltak. Mellom anna Samfunnssikkerhetskonferansen og fleire presentasjonar innan samfunnssikerheit i arealplanlegging, ROS og klima.

Fylkesmannen deltar og i det regional tunnelsikkerheitsarbeidet kor nødetataene, UiS, fylkeskommunen og representantar frå næringa deltek.

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.13 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Fylkesmannen i  Rogaland deltek aktivt i ei arbeidsgruppe på tvers av embeta. Gruppa arbeider med å utarbeide ein felles regional planmal og eit felles planleggingsgrunnlag. Planmalen blei revidert i desember.  Alle aktuelle tiltak har vore behandla og gjennomgått ein gong. Vi er i ferd med å kvalitessikre tiltaka og presisere behov for avklaringar frå dei ulike departementa. Tiltaka har i liten grad vore gjenstand for drøftingar i andre regionale statsetatar. Helse Vest og politiet er i gong med å gjennomgå regionale tiltak.  Fylkesmannen er i dialog med desse for å sjekke ut rolleavklaring og at tiltaka regionalt er samordna. Øvinga TRJE18 har ført til meir fokus kring SBS og vil lette arbeide fremover. Vår vurdering er at det er framleis er eit godt stykke å gå før embeta har eit godt regionalt plaverk. Det gjeld også Rogaland.

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet





Det er ingen vesentlige avvik i bruk av supplerande tildelingar på klima og miljøområdet. Vi viser til detaljrapportering av dette til miljødirektopratet.  Over ein tredjedel av dei tilsette i miljøvernavdelinga er finansiert gjennom gebyrinntekter og supplerande tildelingar. Og dei aller fleste er fast tilsette. Alle supplerande tildelingar som kan nyttast til kapasitetsauke, blir vurdert nytta til det for å oppretthalde og styrke produksjon og fagmiljø.


Som kjent har Rogaland svært stramme grunnrammer også til klima- og miljøarbeidet på tross av at vi er det 3. største fylket befolkningsmessig. Det vi også etter samanslåingane av dei andre fylka.  Ressursfordelinga er enno tydlegare skeiv etter smanaslåingane . Vi er også eit fylke med stor betyding for det grønne skiftet  med stor kraftproduksjon inkludert mest utbygd vindkraft,  mykje  industri knytt til energi, høgast husdyrproduksjon og eit viktig maritimt fylke  med stor del akvakultur og skipsfartsnæring.  Desse faktorane gjer at konfliktnivået og samordningsbehovet er relativt sett størrre hos oss enn hos andre fylke innan arealbruk, klima og miljøvern.


Dei siste åra har vi også fått midlar frå KMD til bymiljøstilling og statlig samodning av motsegner. Vi har hatt svært god nytte av dei tilsette i desse stillingane i plan og miljøarbeid. KMD  har no redusert desse midlane  samtidig som kravet til generell samordning og fokus på bymiljø er styrka. Dette pressar driftsbudsjettet vårt i forhold til andre miljøoppgåver.  Vi opplever også at planoppgåvene frå KMD samla sett er store i Rogaland og er sterkt underfinansert i grunnbevilginga.



Klimaendringer og klimatilpasning i plansaker for 2018 (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Rapportere om hvordan klimaendringer og klimatilpasning ble tatt hensyn til i plansakene for 2018. Tilbakemeldingen skal omfatte hvilke plansaker som ble behandlet (fra planstrategi til reguleringsplaner), og i hvilken andel av disse plansakene klimaendringer var inkludert. I tillegg vil vi at Fylkesmannen gir en vurdering av hvor godt klimaendringer var ivaretatt i disse sakene: I hvor stor andel av plansakene var klimaendringer og klimatilpasning godt behandlet, mangelfullt behandlet og eventuelt om det ble gitt innsigelse i noen av sakene. 

Fylkesmannen i Rogaland vurderer alle plansakersom blir sendt oss frå kommunane på alle relevante tema innan våre ansvarsområde - dvs dispensasjonar, reguleringsplanar inkl planendringar, kommunedelplanar inkl sektorvise, kommuneplanar inkl arealdel og samfunnsdel , planprogram for planar som krev KU og planstrategiar. I tillegg brukar vi stor innsats på å bistå fylkeskommunen i å følgje opp og revidere mange regionalplanar inkl 4 atp, energi og klimaplan og vindkraftplan. Vi er med i styringsgruppe og prosjektgruppe og deltar med faglige foredrag og innspel i nytt arbeid med regionaplan for Klimatilpassing som Rogaland fylkeskommune har starta opp etter oppmoding frå oss.

Vi har så mange plansaker at vi ennå ikkje har eit fullgodt system for å telje det de spør etter men frarådingar, klager og motsegner på klimatilpassingsida er aukande.  Til dømes har kommuneplanane frå Randaberg, Sola, Sandnes alle fått motsegner knytt til ATP og ROS. I Sentrumsplanane for Sandnes og Stavanger er Havnivåstiging ei vanskeleg utfordring som gjev utfordringar i framdrift og dialog om desse planane.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Antall havner som mangler en godkjent avfallsplan og andel av innsendte avfallsplaner i havner som er godkjent eller regodkjent.

Vi har arbeidd aktivt for å få inn alle avfallsplanar dei større hamnene i Rogaland. Det må mykje tidkrevande mas til for å få hamnene til å  sende inn avfallsplan til godkjenning. Spesielt er gebyrsystemet vanskeleg å få til. Det som står i avfallsplanen er ofte ikkje det som blir gjort. 

Vi vil gjerne drøfte med Miljødirektoratet alternative måter å gjere dette arbeidet på. Kanskje kunne vi fått til meir om det var eit samarbeid med sjøfarts- og havnemyndigheiter og meir felles organisert innsats for heile landet. Vi stiller gjerne opp for å bidra til et slikt samarbeid.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Rapport om status for arbeidet mot fremmede organismer.

Svært god driv på dette feltet i 2018 hos oss. Me feirar at me  har ein minkfri kommune  etter stor innsats frå mange hald: Kvitsøy

Myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Rapport om gjennomført nødvendige pålegg knyttet til myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften pr.
31.12. 2018

Vi er kome i gang, men dette er tungt arbeid å ta utan øyuremekrte ressursar. (Det konkurrerer med gebyrgjevande arbeid innan tilsyn og konsesjonar). Me har fått til viktig samarbeid med Miljødirektoratet i Karmsundet gjennom hospitant.

Det skal rapporteres på fylkesmannens... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlig styring av kommunesektoren etter retningslinjene i rundskriv H-2143.

Tilsyn er samordna gjennom ei eiga tilsynsgruppe. Samordning med andre tilsynsetatar har vorte styrka også i 2018 gjennom utvikling av nettsidene våre mellom anna med tilsynskalender og gjennomføring av tilsynskonferanse. Tilsynssamordninga fungerer godt. Sjå meir om samordning av tilsyn under punkt 7.3.6.2.1.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

For ein skilnad av korleis Fylkesmannen i Rogaland legg til rette for læring i tilsyna våre sjå punkt 3.1.2.2.

Samordning av tilsyn

Fylkesmannen gjennomførte samordningsmøte med Mattilsynet, Kartverket, Arbeidstilsynet, Arkivverket, Statens vegvesen, Skatt Vest og kontrollutvalssekretariata i fylket før årsskiftet 2017/2018. Målet for våre årlege samordningsmøter er å sikra at tilsyna blir samordna i tid, tema og mengde, og at det i vurderinga blir teke omsyn både til kommunen si storleik og til om det er særleg ressurskrevjande tilsyn.

Etter samordningsmøtet sender vi ut eit samordningsbrev saman med ei oversikt som viser den planlagde tilsynsaktiviteten overfor kommunane det komande året. Det same er gjort hausten 2018, som ledd i planlegginga av tilsyna for 2019. Samordningsbrevet for 2018, vart sendt ut i desember 2017, brevet for 2019 vart sendt i desember 2018.

Vidare har vi utarbeida ein tilsynskalender på nett, slik at dei andre statlege tilsynsmyndigheitene samt kommunane, og kontrollutvala har ei oppdatert oversikt over Fylkesmannen sine planlagde tilsyn gjennom heile året.

Kalenderen inneheld mellom anna endeleg dato for tilsynet og kontaktinformasjon til revisor/revisjonsleiar.  På denne måten ønskjer vi å tilretteleggje for ein god dialog i samordningsarbeidet både med dei øvrige tilsynsetatane og med kommunane igjennom heile året. I samordningsbrevet for 2019 oppmodar vi kommunar som ønskjer ein samtale med Fylkesmannen rundt prioritering og gjennomføring av tilsyna om å ta kontakt med tilsynskoordinator.

Undervegs i tilsyn har Utdanningsavdelinga redusert tilsynsomfanget i ein kommune, ved å kutte ein skule, på grunn av belastninga. Utover dette er det vår vurdering at tilsyna i Rogaland er samordna så langt det let seg gjere, og at tilsynsbelastninga generelt blir jamt delt på kommunane i fylket. Vi vil likevel peike på at for dei kommunane som gjer ein grundig jobb i dialogmøta, kan dette vere med på å auke arbeidsbelastninga på kommunane totalt sett. Dersom denne arbeidsformen blir utbredt kan det vere hensiktsmessig å vurdere om dialogmøta bør telja som, og bli samordna med tilsyna.

 

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

Vi informerer gjennom ymse kanalar, nettsida, epost, kommuneøkonomidagen i mai og videokonferanse i oktober, om kommuneopplegget i kom.propen og statsbudsjettet og spørsmål som oppstår i samband med dette. Vi prøver også å ta tak i eigne spørsmål og problemstillingar kommunane tek opp, med sikte på oppklaring.

Når det særskilt gjeld KOSTRA-arbeidet, svarar vi på kontoplanspørsmål, sender purringar på manglande rapportering i rapporteringsperioden, og tek kontakt med kommunar med avvikande tal i eigedomsforvaltninga (og andre område der vi kjem over dette). Vi fekk lovnader i fjor på at kommunane skulle endre dette i 2018 og det vil visa seg 15. mars i år.

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.3.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Ved inngangen av 2018 var Hjelmeland ennå i registeret. Kommunen blei meld inn i 2015 på bakgrunn av udekka underskot. Vi har følgt opp kommunen gjennom møte og kontakt elles. Prosessen har gått lettare enn t.d. med Haugesund fordi Hjelmeland i utgangspunktet har relativt gunstige inntektstilhøve. Utmelding 9. august 2018 på grunnlag av vedtatt rekneskap 2017.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Det er tildelt 5,85 mill. kr i to rundar til innovasjonsprosjekt gjennom ISORD. Tildelinga skjer i samråd med relevante fagavdelingar og KS lokalt.

Kommunane i Rogaland søkte midler om felles digitaliseringsinnsats, DigiRogaland, og fekk 3 millioner til dette prosjektet i 2018. Vi deltek som observatør i styringsgruppa.

I samarbeid med KS og Sola kommune arrangerer Fylkesmannen ein årleg innovasjonskonferanse for kommunane. Dette tener også som ein formidlingskanal for prosjekt som har fått midlar, gjennom eit «innovasjonstorg» under konferansen. Eit par av prosjekta blei presentert på Kommuneøkonomidagen 22. mai 2018. Elles blir nettsida nytta her.

Det vil ofte vera vanskeleg å peika på konkrete resultat av prosjekta. Somme fører til konkrete endringar i arbeidsmåtar og organisering, medan andre meir tener til avklaring klargjering av potensiale og om endringar let seg realisera. Eit døme på det siste kan vera prosjektet «VT-respons» som skulle arbeida mot etablering av eit interkommunalt velferdsteknologisk responssenter med helsefagleg personell  i 12 kommunar. Av rapporten går det fram at dette for tida ikkje er aktuelt sidan det ikkje ville bli stort nok volum på tenesta (tal tryggleiksalarmar) for dei som ville vera med til at løysinga ga økonomisk gevinst. Det kan likevel tenkjast at tiltaket kan realiserast seinare, når meir velferdsteknologi er implementert. Døme på det første kan vera «Fornying og forbetring innan demensområdet» som har ført til oppretting av eit Arbeidslag demens" med 9 tilsette i kommunen som den nye måten å organisera og gi tenesta på, med ei fast, stabil og kompetent personalgruppe, og der forutsigbarhet er viktig. «Det har vist seg å være en tidsmessig effektiv måte å samarbeide med pasient og pårørende på. Alt tyder på at kvaliteten også er økt, tilbakemeldingene fra pårørende er gode; de fleste har sagt at deres pårørende ikke kunne ha bodd hjemme så lenge uten denne oppfølgingen fra «Arbeidslaget Demens». De har også følt en trygghet av å vite hvem de kan ta kontakt med».

Av andre prosjekt som kan seiast å vera vellukka kan vera kan nemnast «Metodeutvikling - innovasjonsfremmende innkjøp» i Stavanger kommune som har ført til metodeutvikling i innkjøpsarbeidet, med særleg vekt på innbyggjar- og brukarinvolvering, og utvikling av eit digitalt verktøy.

Dei aller fleste av prosjekta ser ut til å ha gitt resultat om ikkje i form av endringar, så i all fall i auka kompetanse. I ein del tilfelle har ein innsett at det har hatt lite for seg å gå vidare og ein har då fått omdisponert midla til andre prosjekt.

Det er eit par prosjekt frå tidlegare år (før ISORD) der vi ikkje har fått rapport etter mange purringar, men der samanhengen nok er at initiativtakar har slutta og det har ikkje vore nokon til å følgja opp. Bortsett frå desse få tilfella, er inntrykket vårt at prosjekta har vore til nytte. Det ligg også i karakteren i slikt arbeid at det må vera eit visst rom for «prøving og feiling».

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Ei av sakene hadde møteoffentlegheit som tema. Ingen av sakene hadde habilitet som tema.

Vi brukar også tid på oppmodingar frå publikum om å gjennomføre lovlegkontroll, der vi etter ein nærmare vurdering kjem til at det ikkje er grunnlag for å gjere det. Fylkesmannen har hatt 5 slike sakar i 2018.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.5.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Fylkesmannen har i 2018 særleg rettleia kommunane om problemstillingar om habilitet og suppleringsval og ordninga med mindretalanke.

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.5.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

På barnevernsområdet er 13 kommunar i eit interkommunalt samarbeid med ein eller fleire kringliggande kommunar. Når det gjeld samfunnstryggleik og beredskap er det eit utstakt samarbeid mellom 4 kommunar på Nord-Jæren (Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg) Dei har inngått ein samarbeidsavtale på rådmannsnivå og har laga ein regional ROS-analyse og felles beredskapslan. Mellom Bokn og Karmøy er det nyleg inngått ein avtale om felles beredskapskoordinator. På Ytre-Haugaland (Karmøy, Haugesund, Utsira, Bokn, Tysvær og Sveio) er det fells kommunalt beredskapsråd og eit samarbeid mellom beredskapskoordinatorane om mellom anna øvingar.      OBS BØR REDIGERAST, jf. nedanfor.

Det er utstrekt grad av interkommunalt samarbeid i fylket. I dei fleste tilfella er det nabokommunar i dei fire tradisjonelle regionane i fylka som samarbeider, men det er også ein del samarbeid som femner vidare, Sør-fylket og Nord-fylket, dels større delar av fylket. Samarbeidsordningane i Nord-fylket omfattar oftast også kommunar i Sunnhordland, særleg Sveio og Etne. I Dalane er det eit visst innslag av samarbeid med nabokommunar i Agder.

I stor grad finn ein interkommunale ordningar for område som energi, VAR, bompengeinnkrevjing, hamnevesen, brann og redning, skatteinnkrevjing, arbeidsgjevarkontroll, kultur/friluftsliv/idrett, legevakt, ØHD, arbeidsmarknadsbedrifter, PPT, barnevern, dvs. eit vidt spekter av tenester.

Bakgrunnen synest å vera  dels at kommunane er for små, dels at ein har utfordringar på tvers av kommunegrensene (særleg Nord-Jæren og Haugalandet), dels stordriftsfordelar.

Etter vårt oversyn er det 20 interkommunale selskap i fylket. Det er truleg omtrent like mange AS. Dei andre er organiserte som § 27 og § 28-samarbeid, nokre få er stiftingar og nokre er lite formaliserte samrådingsorgan. Dei 20 interkommunale selskapa driv verksemd innan desse områda:

VAR-sektoren, 5 selskap

Administrative oppgåver: interkommunalt arkiv, kommunerevisjon, kontrollutvalssekretariat, nærings- og utviklingsarbeid (2), i alt 5 selskap

Hamnedrift – 2 selskap

Idrett og kultur, 2 selskap som driv i alt 3 idrettshallar, konserthus, kompetansesenter for musikkteater, i alt 4 selskap

Brann og redning, 2 selskap

Energi, 1 selskap

Sosialsektoren: krisesenter, 1 selskap

Aksjeselskap har ein helst i energisektoren, dels utskilt verksemd der og i VAR-sektoren, arbeidsmarknadsbedrifter, næringsarbeid og bompengeselskap.

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

I 2018 traff Fylkesmannen vedtak om innsyn i 31 klagesakar etter offentleglova og forvaltningslova. I 8 av desse saken omgjorde Fylkesmannen kommunens vedtak og ga heilt eller delvis innsyn. I tillegg til å behandle desse sakene, har Fylkesmannen arbeid med rettleing til kommunar og publikum om innsynsreglane i offentleglova og forvaltningslova. Fylkesmannens generelle inntrykk er elles at kommunane meiner at praktiseringa av innsynsreglane i lova er krevjande og då særleg vurderingane knytt til teiplikt. Fylkesmannen vil derfor i 2019 arrangere eit kurs for kommunane om dokumentinnsyn og teieplikt.    

Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.

Mekling i relativt frå  saker fordi mange motsegner blir løyst med dialog på lågare nivå  gjennom kontakt på telefon, mail og i drøftingsmøter.

 

Statleg samordning av motsegner til kommunale arealplanar

I 2018 var det totalt 18 planar (herav 8 kommune-/kommunedelplanar og 10 reguleringsplanar) som ble møtt med motsegn frå ein eller fleire andre statlege etatar. Av desse 18 planane var fordelinga slik:

Statens vegvesen:           5

Forsvarsbygg:                 5

Avinor:                             6

Kystverket                       4

Bane Nor:                        2

NVE:                                1

Internt hos Fylkemannen vert eventuelle motsegner og faglege råd med motstrid vurdert undervegs slik at ikkje ulike sektorar hos fylkesmannen står mot kvarandre. Det er også slik at det ofte er kontakt i høyringsperioden mellom sakshandsamarane i statleg verksemd og også i Fylkeskommunen om aktuelle motsegner, blant anna gjennom planforum, men også fordi me ser at me kan ha samanfallande interesser eller ein sjeldan gong motsette.  Dette gjer at det er svært lite behov for avskjæring frå vår side i Rogaland.

Fylkesmannen i Rogaland skriv felles brev med fra andre statlige etater og sender det til kommunen med deira og vår uttale som vedlegg. Felles møter med dialog/drøfting er vanleg etter at kommunen har fått uttalane.  Fylkeskommunen blir også trekt inn i desse oftast, om ikkje kommunen ynskjer det annleis.

 

Fylkesmannen har ikke avskåret innsigelser fra andre statlige etater.

Antall planer med innsigelse fra andre statlige etater fremmet for kommunen, totalt og fordelt på etater:

Vi viser til punkt 2 ovenfor om at Fylkesmannen i Rogaland fremmer innsigelsene direkte til kommunen, og punkt 1 om fordelingen mellom de ulike statsetatene.

Antall planer med innsigelser fra Fylkesmannen fremmet for kommunen:

I 2018 har fylkesmannen fremmet innsigelse til 13 av de 18 planene som har vært statlig samordnet.

Totalt antall planer møtt med innsigelse fra Fylkesmannen: 47 (12 kommuneplaner, 35 reguleringsplaner).

Antall planer med innsigelser fra Fylkesmannen og statlige etater fremmet for kommunen:

Det er totalt 18 planer møtt med samordnet statlig uttale og innsigelser fra Fylkesmannen og andre statlige etater.

Vi har en detaljert oversikt  over planer møtt med innsigelser fra statlige etater i 2018 som kan sendes.  

 

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Vi syner til kommentarer til fristoverskridingane i punkt 3.3. ovanfor.

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Årsaka til fristoverskridingane er at byggesaker har vore prioritert i 2018.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv minst to tiltak gjennomført av flere regionale aktører under fylkesmannens ledelse for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunene.

Bustad er ein av velferdispilarane og må såleis bli integrert i kommunal planleggjing på heile levekårsområdet. Fylkesmannen i Rogaland har i 2018 gjennomført fleire tiltak for å ivareta dette. Ein kan nevna tilskotskonferansen kor mellom anna Husbanken sine virkemidler blir sett i samanheng med virkemidler frå aktuelle direktorat. Fylkesmannen har og arrangert inspirasjonsdag for kommunane i Rogaland og Vestland, i samarbeid med Fylkesmannen i Vestland, Husbanken og Helse Stavanger. Bustad, recovery og aktivitet var hovedtemaene.

Fylkesmannen, i samarbeid med regional stat og KS har starta arbeidet med å operasjonalisere tiltaka i tiltaksplan for Bustad for velferd for perioden 2018 -2020. To kommunar i Rogaland er invitert inn til eit utviklingsarbeid retta mot målgruppene i den nasjonale tiltaksplanen, personar med samtidige rus og psykiske helseutfordringar og vanskeligstilte barnefamiliar.

 Dette ble eit utviklingsarbeid som ikkje er gjort på denne måten tidlegare. Ein vil nytte case metodikk slik at ein ved å gå inn i enkeltsaker kan identifisere kva som hindrar og fremjer gode løysningar  for den enkelte familie og brukar. Er det hindringar i samarbeidet internt i kommunen, i regional stat eller mellom forvaltningsnivå som stoppar gode prosessar? 

Fylkesmannen i Vestland deltek i prosjektet med tre kommunar.

 

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2018. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Fylkesmannen i Rogaland har i 2018 hatt 1 lærling i kontor- og administrasjonsfaget.

Rapportering på fellesføring 2018 (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Embetet skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetens anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet. Se kap. 4.1 Fellesføringer 2018

Fylkesmannen i Rogaland har tiltrådt Difi sin fellesavtale om kjøp av mobiltelefoner og nettbrett. Det gjelder også fellesavtale for reisebyråtjenester.

Vi har forlenget rammeavtalen med Jobbnorge om kjøp av rekrutteringssystem for embetene.

Vi har gjort avrop om ny bankavtale.  

Fylkesmannen i Rogaland har ikke foretatt egne anskaffelser i 2018, men vi regner med at sentralt inngåtte kontrakter sikrer at leverandørene følger lover og regler.

Regjeringens inkluderingsdugnad (5 % målet) (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

I årsrapporten skal Fylkesmannen redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18 sendt ut juli 2018.

Fylkesmannen i Rogaland har i 2018 mottatt 4 søknader fra personer som har påberopt seg funksjonshemming (av 16 utlyste stillinger). Ingen er ansatt. 1 har vært til intervju (til 2 stillinger).

Hull i CV'en er vanskelig å rapportere. Søkerne må ha faglige og personlige kvalifikasjoner for jobben.

Det er en utfordring at denne type søkere konkurrerer med "vanlige" søkere, og vi viser til kvalifikasjonsprinsippet i Statsansatteloven.

Kort beskrivelse av aktiviteten... (fra kapittel 7.3.7.1.1 i TB)

Rapportere på

Kort beskrivelse av aktiviteten på området, herunder oversikt over:

  • Tros- og livssynssamfunn som mottar tilskudd og antall medlemmer det er gitt tilskudd for
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen
  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

I 2018 utbetalte Fylkesmannen i Rogaland kr 12 093 696,- i tilskott til 62 trussamfunn, fordelt på til saman 22 272 medlemmar.

Fylkesmannen registrerte to nye trussamfunn i 2018.

Fylkesmannen gjennomførte 13 møter med forstandarar og styre i trussamfunn i 2018. Møtene ble halde i samband med endring/tilsetting av nye forstandarar. Fylkesmannen har halde informasjonsmøte med trussamfunn for å gje informasjon om tilskottshandsaminga. Me har og delteke på dialogmiddag med trussamfunn i Stavanger. 

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.7.2.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Fylkesmannen har motteke 92 søknader om oskespreiing i 2018.

Det er gjeve 75 løyver til oskespreiing. 12 søknader er avslegne.  5 saker er ikkje ferdig handsama då søknadane er mangelfulle.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.7.3.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi har handsama fire søknadar om dispensasjon frå helligdagsfredloven § 5 første ledd. Alle vart godkjent.

Vi har ikkje behandla nokon søknadar om typisk turiststad i 2018.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2 og bakgrunnsinformasjon (metodehåndbok og egen mal for rapportering). Fylkesmannen skal beskrive hvilke risikovurderinger som ligger til grunn for valg av tema og tilsynsobjekt. Med risikovurdering mener vi hvilke vurderinger og konklusjoner fylkesmannen har gjort på bakgrunn av de valgte kildene. Fylkesmannen skal sende inn foreløpig tilsynsrapport fortløpende i eget skjema på FM-nett. 

Generell risikovurdering

Utdanningsavdelinga vel dei tilsynsobjekta der det er størst grunn til å tru at brota på regelverket gir størst konsekvensar for brukarane av dei kommunale tenestene, enten det gjeld skole eller barnehage. Deretter blir tilsynsobjekta samordna internt hjå Fylkesmannen, før tilsyna til slutt blir samordna med andre statlege tilsynsverksemder og med kontrollutvalssekretariata. Oversyn over planlagde tilsyn blir formidla til alle kommunane ved årsskiftet. Intern og ekstern samordning av tilsyn kan i nokre tilfelle føre til at det ikkje alltid blir ført tilsyn med dei tilsynsobjekta der risikovurderinga vår viser at vi burde ført tilsyn. Til dømes vil ein internrevisjon i ein kommune kunne gjere at vi ventar med tilsyn til denne kontrollen er ferdig. Hendingsbaserte tilsyn blir iverksett etter konkrete risikovurderingar.

I avdelinga registrerer vi meldingar og informasjon frå elevar, foreldre og andre i ein eigen database. Denne informasjonen inngår samen med andre kjelder i risikovurderinga når vi set opp tilsynsplanen for avdelinga.

Vi meiner det er relevant å ta med i vurderinga når vi hadde tilsyn med kommunen sist. Nokre kommunar har oftare tilsyn enn andre, men dersom det har gått veldig lang tid sidan førre tilsyn, kan det vere ein grunn for å vurdere tilsyn. Vidare registrer vi om dei hadde problem med å retten avdekte lovbrot, eller om det gjekk greitt. Vi vurderer også klagesaker frå kommunen. Dersom det er mange klagesaker, ser vi på klagegrunnlag og kvaliteten på vedtaka. Dersom det er kommunar vi aldri får klager frå, gir også dette grunn til undring og inneber ein risiko for at kommunen ikkje fattar vedtak, ikkje informerer om klagerett, eller ikkje behandlar sakene sjølve.

For grunnopplæringa bruker vi GSI, KOSTRA og Skoleporten til aktiv områdeovervaking. På barnehagefeltet er det spesielt BASIL som gir informasjon saman med Barnehagefakta. Vi lagar kommunebilete med oppdaterte tal frå GSI, KOSTRA, BASIL, skoleporten og statistikkportalen kvart år. I tillegg gir kontakten med kommunane gjennom deltaking i mange nettverk både på barnehage- og skoleområdet viktig informasjon.

Tilsyn etter opplæringslova

Vi hadde tilsyn med 3 kommunar på felles nasjonalt tilsyn om elevane sitt utbytte av opplæringa i fjor.

Vår risikovurdering i forhold til ein av kommunane var knytt til liten kontakt med leiinga i kommunen, skolane og/eller foreldre og elevar. Val av dei øvrige to kommunane var mellom anna basert på tal frå GSI om mellom anna tal på lærarar med rett utdanning, og tal på elevar med spesialundervisning. Skulane i desse kommunane skårer relativt dårleg på avsnittet om vurdering i Elevundersøkinga, og har trinn som har mange elevar på lågare nivå på Nasjonale prøver. For ein av kommunane vart tilsynet utvida til også å gjelde kommunen sitt forsvarlege system.

Vi åpna felles nasjonalt tilsyn med Stavanger kommune etter kapittel 9A på to skolar. Når vi valde skolar blei det lagt vekt på tal frå elevundersøkinga, levekårsundersøkinga, kontakt med foreldre og andre, og at Stavanger er ein stor kommune med mange berørte elevar. Vi valde også å ta ein barneskole og ein ungdomsskole i samme bydel der elevane frå barneskolen fortset på ungdomskolen.

Vi hadde felles nasjonalt tilsyn med ein kommune med  spesialundervisning som tema. Kommunen blei valt ut på bakgrunn av ei generell uro for kommunen og opplæringstilbodet som skolane gir. Kommunen har akkurat klart å lukke tilsynet på elevane sitt læringsutbytte. Dette tilsynet avdekka manglande forståing og praksis på område knytte til spesialundervisning.

I tillegg har vi gjennomført to hendingsbaserte tilsyn på spesialundervisninga sitt område. Begge tilsyna blei åpna med bakgrunn i meldingar om bruk av makt og tvang i samband med opplæringa, og begge tilsyna er unntatt offentlighet og difor ikkje skrivne inn i tabellen. Opplæringa vart gitt på alternativ opplæringsarena/ATO-avdeling. Det eine tilsynet vart utvida til å omfatte oppl. § 13-10. I det andre tilsynet vart det overordna ansvaret understrekt i sluttmøte uten at temaet var omfatta av tilsynet.

Vi har gjennomført eitt tilsyn knytt til grunnskuleopplæring for vaksne. For nokre år sidan gjennomførte vi tilsyn med fleire kommunar på dette området, med det resultat av vi fann fleire brot på regelverket. Opplysningar vi har om praksis i kommunane gjer at vi vurderer dette området som sårbart. Mange av opplysningane får vi gjennom nettverksmøte og andre samlingar for kommunane. Om lag ingen klagesakar gjer av vi er bekymra for rettstryggleiken til deltakarane. Vi valde ein kommune som har hatt eige vaksenopplæringssenter i fire år, men kor vi var nokså sikre på å kunne finne brot på regelverket.

Tilsyn etter barnehagelova

Det er meir utfordrande å gjennomføre god risikovurdering på barnehagefeltet, her er det ikkje så mykje tilgjengeleg statistikk.

Vi har hatt tilsyn med to kommunar med tema spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne. Risikovurderingar er for den eine kommunen gjort med bakgrunn i informasjon om feil lovforståing som er kome fram gjennom varsel frå foreldre og oppslag i media. For den andre kommunene er  kjennskap til kommunen si svake forvaltningsforståing og generelle lovforståing gjennom møter med kommunen.

For å kunne bli meir treffsikre i videre tilsyn gjennomførte vi ei kartlegging av kommunane sin praksis knytt til § 19G hausten 2018. Denne ligg til grunn for val av tilsynsobjekt i 2019.

Vi har i tillegg åpna tilsyn i ein privat barnehage etter melding om påstått bruk av makt og tvang, utfordringar med tilsette si omsorgsutøving og barnehagemiljø. Dette tilsynet er untatt offentlighet og ikkje i tabellen. Her er det gitt pålegg om retting som er påklaga til Utdanningsdirektoratet.

Rapportering av antall meldte skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall meldte skolemiljøsaker til embetene som håndhevingsmyndighet, resultat av behandlingen og saksbehandlingstid. 

Fylkesmannen i Rogaland fekk meldt inn 139 saker etter opplæringslova kapittel 9A i 2018. Av desse er det fatta vedtak om avvising i 9 saker. I 14 av sakene fant Fylkesmannen at skolen hadde oppfylt aktivitetsplikta, medan den ikkje var oppfylt i 85 av sakene. Pr. 01.01.19 hadde Fylkesmannen 31 saker som ikkje var behandla. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for dei 108 sakene som blei behandla i 2018 var 37,5 dagar. Saksbehandlingstida har blitt markert lengre i haust samanlikna med våren.

Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Dei siste 10 åra har talet på klager i Rogland på desse områda vore relativt stabilt, men med litt ulik fordeling på klageområda. Det er flest klagar på standpunkt, men elles får vi inn ein del klagar på skyss, spesialundervisning og introduksjonslova.

For vidaregåande opplæring har vi i år hatt ein auking i talet på klagar. Frå 2012 til 2017 har vi berre hatt 3 klagesaker til behandling. I år fekk vi inn seks; ein på spesialundervisning § 5-1, to klagar på ekstra år i vgo §3-1, femte ledd, og to på inntak til frittståande vidaregåande skuler jf. § 3-1. I tillegg hadde vi ein auking i klagetal på rett til vidaregåande opplæring for vaksne. Dette trur vi kan ha samanheng med endring i §4A-3 om at retten også skal omfatte dei som ikkje får godkjent sin utanlandske utdanning som generell studie- eller yrkes kompetanse.

Det har også kome inn fleire klagar på standpunkt karakter enn i fjor, men talet for 2017 er det lågaste som er registrert dei siste 10 åra. No er vi der vi var i 2016.

Vi har eit mål om rask og god klagebehandling. I 2018 har vi kun sendt ut 7 foreløpige meldinger om lang saksbehandlingstid i 2018. Fleire av dei sakane tok lengre tid fordi dei ikkje var tilstrekkeleg opplyst når vi fekk dei.

Til slutt vil vi nemne at vi fekk inn 28 søknadar om fritak frå  framandspråk i vidaregåande opplæring i 2018, der 7 fekk innvilga fritak.


Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for skole (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena mellom skoleeiere og UH-institusjoner, med sikte på kompetanseutvikling i grunnopplæringen. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet. Fylkesmannen skal gi en beskrivelse av de tiltakene som er lagt til rette innenfor fagfornyelse, skolemiljø og andre relevante tiltak som inngår i kompetansemodellen.

I Rogaland kom vi godt i gang med desentralisert kompetanseordning. Det var ein fordel at vi allereie hadde etablerte samarbeidsfora i tre nettverk: NORD, MIDT og SØR. Fylkesmannen tok initiativ til å starte eit nettverk for friskolane og dette har fungert godt.

Kvar av disse nettverka etablerte sine arbeidsutval som har analysert, laga planar og stått for organiseringa av arbeidet. Fylkesmannen og UiS/HVL er medlemmer og deltek arbeidet i arbeidsutvala. Fylkesmannen sitt inntrykk er at kommunane har gode erfaringar med samarbeidet med UH sektoren. Dei har inngått parnerskapavtalar og samarbeidet er i gang på skolenivå. Nettverka arbeider på ulike måtar men alle har planlagt for tiltak innanfor fagfornyinga.

I nettverk NORD starta dei med kompetanse i pedagogisk analyse for alle skoleleiarane. Ut frå det har skolane analysert eigne resultat og satt opp kva de arbeide videre med. Mange av skolane vil ha vurdering og/eller læringsmiljø som satsingsområde. Det er sett eit krav at fagfornyinga og IKT skal inngå saman med satsingsområda til skolane.

Alle kommunane har hatt ein en gjennomgang med sine skolar og vurdert moglege nettverk mellom skolar, eller på tvers av kommunar, som har samanfallande fokusområder og/eller samanfallande organisatoriske utfordringer sett opp mot profesjonsfagleg fellesskap og skoleutvikling. Kommunane har også prioritert kven som er mest aktuelle i første runde til å samarbeide med representantar frå HVL direkte i nettverka.

I nettverk MIDT har det vore arrangerte fleire samlingar for skoleleiarane om analyse, fornying av læreplanar og liknande. Dette nettverket har valgt å dele skolane i puljer. Skolane "søkjer" seg til puljer på grunnlag av sine vurderingar og val av satsingsområde. Dei blir så sette saman i lærande nettverk for lærarane på tvers av skolar eller kommunar ut frå tema. Skolane som er i puljer har ulike tema t.d  skolemiljø, vurdering, grunnleggjande ferdigheter. Nettverk MIDT har laga ein eigen plan for fagfornyinga som skal gjelde alle skolar. Det skal tilsetjast ressurspersonar som skal hjelpe skolane å forstå læreplanen, ta den i bruk i eiga undervisning, sjå samanhenger og sørgje for god implementering.

I nettverk SØR har dei vald å ha felles fokus på læreplanfornying og pedagogisk bruk av IKT. Dei arrangerer samskapingsforum for leiarane om dette og partnarane frå UiS deltek. Dette nettverket har tilsett ressurspersonar. Ressurspersonane har eige nettverk saman med UiS og er ellers ute i skolane. På lengre sikt byggjer dei opp til ein arbeidsmåte som skal gi kvar skole eit større fokus på sine andre utviklingsområder.

Friskolenettverket har samarbeida med Lesesenteret ved UiS om lesing og systematisk bruk av tilbakemeldingane frå Nasjonale prøvar. Dei har både hatt felles fagdager for lærarane og individuell rettleing til leiarane og einskilde skolar. Dei er no i gang med å planlegge fagfornyinga saman med UiS

Dei mest nyttige erfaringane vi gjorde oss var å bruke tid på informasjon til alle partar om grunnlaget for, og forståinga i denne satsinga. Tillitsvalde har vore viktige i denne prosessen.

Fylkesmannen har bidratt i prosessen i alle nettverka og status no er at dei er godt etablerte og rusta til å halde fram med implementeringa av planane dei har lagt.

Vi har fordelt midla i tråd med det nettverka har ønska, og det har ikkje vore konfliktar rundt dette. Det er ei utfordring for UH at tildeling av middel og samarbeid ute i skolane, ennå ikkje er så forutsigbart som dei ønsker med tanke på si eiga planlegging. Men til no har dei klart dette på ein god måte, og vi reknar med at dette vil bli betre etter kvart som ordninga etablerer seg.

I Rogaland har vi til no ikkje hatt eit overordna samarbeidsfora for kompetanseordninga. Fylkesmannen vil i løpet av våren 2019 ta initiativ til etablering av eit slikt overordna samarbeidsfora med representanter på leiarnivå fra UiS/HVL, fagforeningane (UDF), kommunane, fylkeskommunen og Fylkesmannen. Dette samarbeidsforaet vil vere eit partnerskap kor ein ser heile utdanningssektoren i Rogaland under eit. Ein tar for seg status og foretar eventuelle justeringar i plananane til dømes på bakgrunn av styringssignal frå KD/Udir eller  andre tema partnerane ser vil vere relevante for sektoren å ta tak i. Vi ser at etablering av dette samarbeidsforumet kan  by på nokre utfordringar sidan Fylkesmannen si rolle til no har vore i arbeidsgruppene i ikkje på leiarnivå.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for barnehage (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena for barnehagemyndighet, barnehageeiere og UH-institusjoner. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet, og gi en helhetlig status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket i henhold til tiltakene i revidert kompetansestrategi for barnehage (2018-2022).

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på tiltak innenfor kompetanse og rekruttering på barnehageområdet. 

Rapporteringskravet er splittet i to (se kapittel 7.3.8.8) av tekniske grunner for å koble riktige tabeller til årsrapporteringen.

Regional ordning

I Rogaland har kommunane organisert seg i tre regionale nettverk. Det fylkesvise samarbeidsforumet blei oppretta hausten 2018. Representantar i forumet er ein frå Private barnehagars landsforbund (PBL), ein frå kvart av dei tre kommunale nettverka, ein frå Utdanningsforbundet, ein frå Universitet i Stavanger, ein frå Høgskolen på Vestlandet, ein frå Kommunenes sentralforbund og Fylkesmannen. Totalt er det altså 9. I tillegg har kvar av regionane nettverk mellom barnehageeigarar, barnehagemynde, UH og organisasjonane. Desse nettverka skal kartlegga og identifisera behova i barnehagane som samarbeidsforumet skal ta utgangspunkt i når den heilskaplege kompetanseplanen i fylket skal utarbeidast.

Fylkesmannen opplever fleire utfordringar i etableringa av den regionale ordninga. Vi opplever at kommunane ennå "sit igjen" igjen i gamal ordning der Fylkesmannen fordelte midlar etter søkand. Det har vært utfordrande å etablere ei grunnleggande forståing av kva barnehagebasert kompetanseutvikling og forpliktande arbeid i nettverk betyr. Dette trass i at vi har hatt fleire samlingar med relevante aktørar der vi hart lagt fram, diskutert, drøfta og jobba med retningsliner og prinsipper for ordninga. Vi opplever at nokre av aktørane i samarbeidsforumet ennå ikkje har tatt den rollen dei må ha for at eit partnarskap skal vera nyttig. Det er også nytt for dem at FM kan vær noe anna enn rettsmynde. Medan skolesektoren i fleire år har jobba skolebasert til dømes i Vurdering for læring og Ungdomstrinn i utvikling, er dette nytt for barnehagesektoren. I tillegg har barnehagesektoren ei kompleks organisering ved at kommunane både er eigar og mynde, og ved at sektoren har så mange små og store private barnehageeiere. Desse er ulikt organiserte og alle er ikkje medlemmer i PBL, som sit i vårt samarbeidsforum. Også det at det er så mange fagarbeidarar i barnehagane som ikkje er representerte av Utdanningsforbundet, er utfordrande i vårt samarbeidsforum. Til slutt vil vi nemne at det har vist seg vanskeleg for barnehagane å kartleggje kva for utfordringar dei har og deira kompetansebehovet. Et av formåla i strategien er å sikre alle barn barnehagar med god kvalitet. Korleis skal vi finne dei som har dårleg kvalitet og korleis skal vi vidare sikre at kvaliteten blir betre?

I tillegg til møter har vi tatt initiativ til to samlingar, kor faglege innlegg og avklaringar om sentrale omgrep i regional ordning er blitt etterfølgde av diskusjonar i grupper og plenum. Samlingane har vi fått gode tilbakemeldingar på.

Heilskapleg status på kompetanseutvikling i Fylket

I vårt arbeid med implementering av rammeplanen har vi prioritert å styrkje kompetansen til eigar og mynde. I nokre av tiltaka inkluderer vi også styrar, pedagogisk leiar og fagarbeidar, i tillegg til Fagforbundet og Utdanningsforbundet. Vi meiner at kunnskap om implementering, barnehagebasert kompetanseutvikling og barnehagen som lærande organisasjon, er viktig når ein skal sørgje for at rammeplanen sine mål og verdiar blir forstått og praktisert ute i barnehagane. Derfor har desse emna, i tillegg til sentrale og nye omgrep i rammeplanen, blitt prioriterte. Vi har fått gode tilbakemeldingar frå barnehagesektoren. I tillegg til metodekompetanse, har vi hatt stort fokus på felles forståing av innhaldet i, og kunnskap om å bryte rammeplanen ned til kvardagspraksis.

Barnehagebasert kompetanseutvikling og barnehagen som lærande organisasjon, i tillegg til nye omgrep i rammeplanen, er blitt presenterte av aktuelle fagmiljø, etterfølgt av diskusjonar i grupper og plenum kor temaet skal konkretiserast til eksempel på god praksis.

På bakgrunn av tilbakemeldingar frå barnehagemynde om kompetansebehovet i kommunane og tal i BASIL, prioriterte Fylkesmannen i Rogaland midlar for ABLU studentar 3. årskull og barnehagelærarutdanninga på deltid 3. årskull - 2018/19. Midla kjem i tillegg til tilretteleggingsmidlane som Utdanningsdirektoratet tildelte gjennom søkjarportalen.

I 2019 er målet at vi skal få den overordna planen ferdig og at den skal speile kompetansebehovet i fylket. Etter vår vurdering er vi godt i gang og godt rigga for å få dette til, men det gjenstår ennå mykje arbeid og mange avklaringar.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 


Vi informerer aktuelle søkjarar, offentlege og private, om tilskotsordningane via fleire kanalar (e-post, nettsida vår, Facebook, informasjon i møter), for å sikre at informasjonen kjem fram. Vi etterspør forventa søknader om nødvendig, og har fleire utlysingar i året dersom tildelinga ikkje er brukt opp.  

På bakgrunn av dette er vi godt nøgde med korleis vi har forvalta tilskotsordningane, og meiner at forvaltninga er i tråd til retningslinjene og gjeldande regelverk.

Kommentarar til nokre av ordningane

For tilskot til opplæring til barn og unge som søkjer opphald i Noreg har Fylkesmannen informert særskilt om endringane i forvaltninga av tilskotsordninga frå 01.08.18.

For leirskoleopplæring har Fylkesmannen informert særskilt om endringane i forvaltninga av tilskotsordninga frå 01.01.2018. Retningslinjene for denne tilskotsordninga er etter det vi kan sjå ikkje oppdaterte etter endringa.

Det er ikkje laga sentrale retningslinjer for forvaltning av tilskotsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar (kap. 226/21). Vi har brukt retningslinjene for symjeopplæring i barnehage (Kap. 231/70) så langt dei har passa. Dersom tilskotsordninga for nykomne minoritetsspråklege elevar skal fortsetje, meiner vi at det bør lagast eigne retningslinjer for denne ordninga.

Tilskotsordninga som gjeld opplæring av barn og unge asylsøkjarar i vidaregåande opplæring  (Kap. 225/64/12) treff ikkje i Rogaland. Årsaka til dette er at fylkeskommunen har valt å organisere tilbodet i eigne innføringsklassar, og elevane brukar ikkje av ungdomsretten ved å gå i eit slikt tilbod. Formelt sett er tilbodet dermed ikkje vidaregåande opplæring, og opplæringslova gjeld ikkje for tilbodet. Aktuelle elevar i innføringsklassane er dermed ikkje omfatta av tilskotsordninga.

Fylkeskommunen har påpeika om ikkje elevar ved vidaregåande skolar som får meir grunnskoleopplæring, jf. Oppl. § 4A-1 andre ledd, også burde vore inkluderte i tilskotsordninga. 

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på

- Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.

 - Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning     

 - Ressurser avsatt til kontrollarbeid

Fylkesmannen har kutta bemanninga for å kompensera for reduserte overføringar over tid.

Kommunane har auka sin ressursbruk noko. Vi er spesielt glade for at Hå kommune, som er den største husdyrkommunen i Noreg, har auka bemanninga med ein person. Dei har hatt knapt med ressursar over lang tid.

Kommunane på Jæren har hatt sonderingar om dei kunne samarbeide meir med til dømes eit felles landbrukskontor. Det blei det ikkje noko av.

Fylkesmannen har i samråd med kommunane i Sør-Rogaland teke initiativ til å samordne skogforvaltninga i eit interkommunalt samarbeid. Ei arbeidsgruppe beståande av kommunalt tilsette har tilrådd å gå for ei felles skog og utmarksforvaltning i 13 kommunar i Sør-Rogaland. Politisk behandling står att og vil skje i løpet av 2019.

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett... (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett, herunder omfang (kilometer/kroner) for nybygging, ombygging og vedlikehold av skogsvegnettet.


Vegbyggingsaktiviteten har gått opp. Totalt er det ferdigmeldt 17 km med skogsbilveg og traktorveg i 2018 (10 km i 2017). Det blei ferdigmeldt 5,6 km med skogsbilveg, fordelt på 2,5 km ombygging og 3,1 km med nyanlegg skogsbilveg. Kostnadane for både nyanlegg og ombygging utgjer 630 kr/meter. Kostnadstala for nyanlegg gir ikkje eit representativt kostnadsbilde av dagens kostnadsnivå. Dette skuldast at tala er frå eldre vegprosjekt som har gått over fleire år, og få veganlegg i talmaterialet.

1000 kr/meter gir eit betre kostnadsbilde for nyanlegg av skogsbilvegar i dag. Det er totalt investert for vel 6,7 mill. kr i skogsbilveg og traktorveg (ferdigmeldte vegar), og utbetalt 2,8 mill. kr i tilskot. Gjennomsnittleg støttenivå er på 42 % av vegbyggingskostnaden

Rogaland er eit fylke med låg skogsbilvegdekning der det er store behov felles vegløysingar uavhengig av eigedomsgrenser og modernisering av eksisterande skogsvegnett. Hovudplan for skogsvegar som no er på plass i alle dei viktigaste kommunane, og er styrande for den vidare skogsvegutbygginga. Vi ser dessverre litt for ofte at iveren etter hogstoppdrag frå tømmerkjøparane går utover det å få på plass gode vegløysingar før hogst. Det er vanskeleg å kome inn i etterkant med gode økonomiske gulrøter for vegbygging, då det viktigaste grunnlaget for vegen er vekke. Behovet for nøytral rettleiing og informasjon ut til skogeigarane er stort for å sikre gode og framtidsretta løysingar.

Realisering av hovudplanane er tidkrevjande arbeid og krev mobilisering for å få gjennomslag for dei beste vegløysingane. Situasjonen i dag er at mange kommunar står utan skog- og vegkompetanse til å ta tak i dette viktige arbeidet.Vegplanleggjarane blir difor nøkkelpersonar for å drive fram gode skogsvegløysingar i samarbeid med kommunane. Vi ser gode resultat av oppbygging av kompetanse og kapasitet på skogsvegbygging/vegplanlegging – blant anna gjennom samarbeid om ein 50 % vegplanleggjarstilling kombinert med skogforvaltningsoppgåver i Hjelmeland kommune. Vi ser konkret fleire større fellesanlegg på gang og under bygging som vi vil følgje/har følgt opp med tilskot.

Vegplanleggjarstillingane er prosjektbaserte løysingar med kort tidshorisont – maks 3 år. Vi ser absolutt behov for meir permanente og varige løysingar for å sikre rekruttering av kompetent personell, og gjennom det sikre god bruk av tilskota til infrastrukturtiltak.

Det er ikkje gjennomført vedlikehaldskontroll i 2018 på grunn av prioritering av mobiliseringsarbeid og prosjektering i prosjektet «Gode skogsvegløysingar i Rogaland 2017-2019». Men tiltak som blei pålagt under kontrollen i 2017, er følgt opp gjennom prosjektet i samarbeid med Fylkesmannen. Vedlikehaldskontrollen vil bli tatt opp igjen i 2019.

Det er etablert eit prosjekt i samarbeid med Vestskog SA som skal sjå på kommunale vegar og dei viktigaste flaskehalsane for tømmertransport. Prosjektet har dratt ut i tid og blir først starta opp i 2019. Dei kommunale vegane i Rogaland har ein stor del av vegnettet med lengdeavgrensing på kjøretøy - 12,4 meter og 15 meter. Det betyr at ein ikkje kan transportere tømmer med hengar/fulle vogntog. Hovudutfordringa i Rogaland vil i fyrste omgang vere å få bruka vogntog i heile tatt, og ikkje aksellast og totalvekt. Flaskehalsprosjekt skal avklara kva vegar som administrativt kan oppskrivast til 19,5 meter utan tiltak, og kva vegar det må fysiske tiltak på.

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart (AR5). 

Sokndal og Forsand har ikkje ajourført AR5 i 2018.

Sokndal kommune blei ajourført i 2017. Eigersund kommune som har ansvar for Sokndal har hatt ei større revisjon i sin kommune og har ikkje fått ajourført Sokndal. Vi forventar at Sokndal blir ajourført i 2019.

Forsand kommune har ikkje ajourført AR5 sidan 2015. Det er ein liten kommune i folketal, men med stort areal. Landbrukskontoret har lite ressursar og har brukt mykje tid på kommunesamanslåing dei siste åra. I 2020 skal dei slåst saman med Sandnes kommune som er svært oppegåande på AR5 og vil bli teke godt hand om då.

Vi vil oppmoda dei til å ajourføre kartet i 2019 før samanslåinga.

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

Avløysartilskott ved sjukdom og fødsel mv.


I 2017 har vi gjennomført risikobasert forvaltningskontroll innan sjukdomsavløysing. Vi har kontrollert ein kommune og kontrollen omfatta kva rutinar kommunane har for saksbehandling av innkommande søknader. Vi gjekk gjennom 5 søknader. Følgande blei kontrollert: mottatt dato registrert og innanfor søknadsfristen, at det er vedlagt sjukemelding/fødselsattest, dokumenterte utgifter, dokumentasjon på næringsinntekt (utskrift av likning), skriftleg vedtak og dokumentasjon på sjukepengar. Av desse 5 sakene som blei kontrollert mangla det godkjent dokumentasjon på næringsinntekt i alle sakene. I 4 saker ble dokumentert næringsinntekt med næringsoppgåve og i ein sak med sjølvmelding. Det blei registrert avvik på at kommunen har ikkje har gode nok rutinar som sikrar at nødvendig dokumentasjon av næringsinntekt ligg ved før søknaden blir behandla. Kommunen har skriftlege rutinar.

Fylkesmannen i Rogaland meiner at ordninga er mykje enklare å handtera etter overgang til nytt system Agros. Vi har fått tilbakemeldingar frå fleire kommunar at Agros har ført til forenkling og meir effektiv saksbehandling.

Fylkesmannen prøver med god rettleiing og god dialog til å bidra til god forståing av ordninga.

Tidlegpensjon til jordbrukare

Fylkesmannen har gjennomført kontroll i 2018 av tidlegpensjonsmottakaranes inntekter i 2016. Vi har kontrollert 30 saker av 151 som var på Skattedirektoratet sin liste for 2016. Det var 11 saker med feil . Vi har kontrollert 27 saker av de 30 som har hatt næringsinntekt i 2016. Det var 19 saker kor søkaren enten har starta eller avslutta med tidlegpensjon i 2016. Desse har vi ikkje gått vidare med i kontrollen. Vi er ikkje ferdig med 8 saker kor det er registrert næringsinntekt.  

Det var 3 saker som hadde utbetalingar frå NAV som alle blei kontrollert i 2017. I to saker har mottakarane av tidlegpensjon mottatt uføretrygd. Det viste seg i ein sak at Fylkesmannen hadde gjort eit vedtak om tidlegpensjon som var i strid med regelverket der vi omgjorde vårt første vedtak. I den andre saka har vi ikkje gått vidare med kontroll, søkjaren døde i 2017. I den tredje saka har søkaren meldt i får sjølve om mottak av arbeidsavklaringspengar i 2016. Det var tobrukarpensjon og vi stoppa utbetalinga av tidlegpensjon til vedkommande og har bedt tilbakebetaling av for mykje utbetalt pensjon.

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt... (fra kapittel 7.3.9.5 i TB)

Rapportere på

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt over og en vurdering av klager og dispensasjonssøknader behandlet av fylkesmannen.

RMP:

Generelt sett er det få klager på kommunale vedtak om regionalt miljøtilskot. Dei klagane vi har behandla i 2018 har vore klagar på avkorting av tilskot.

Avløysartilskott med sjukdom og fødsel mv:

Dei fleste dispensasjonssaker gjeld dispensasjon frå krav til næringsinntekt. Vi har hatt to saker der vi har funnet at det for en periode er særlege forhold som taler for å gje eit føretak tilskot for full avløysing av fleire enn ein person. Fylkesmannen i Rogaland meiner at ordninga er mye enklare å administrera  etter overgang til nytt system Agros. Fleire kommunar seier at Agros har ført til forenkling og meir effektiv  saksbehandling.  

Tidlegpensjonsordninga:

Vi har innvilga ein dispensasjonssøknad og det var dispensasjon for at annan næringsinntekt frå bruket skal med i referanseinntekt jf. § 7 bokstav a.

Godkjente bruksregler og utarbeidede distriktsplaner (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på


  • Rapporter på andel godkjente bruksregler og andel utarbeidede distriktsplaner
  • Beskriv hvilke tiltak fylkesmannen har gjennomført knyttet til brudd på bruksreglene, samt ulovlige gjerder og anlegg.

Reindrift, Ikkje aktuelt i Rogaland.

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.7 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Etter at det blei sett meir fokus på avkorting for nokre år tilbake, ser vi at kommunane avkortar i større grad enn tidlegare. Ved feilopplysningar følgjer kommunane stort sett hovudregelen  om at føretaket skal avkortast eit beløp tilsvarande meirutbetalinga. Vi meiner likevel at kommunane i for liten grad vurderer om det er rimeleg og forholdsmessig å avkorte tilsvarande meirutbetalinga i den enkelte sak, eller om avkortingsbeløpet bør settast høgare eller lågare. Det er sjeldan dei vurderer graden av skuld, og forståinga for omgrepa aktlaust og forsetteleg  er varierande i kommunane.  På forvaltningskontrollar ser vi at i nokre tilfelle blir feilopplysningar vurdert til å være openberre feilføringar og at det er gjort i aktsam god tru, der vi meiner at det er gjort aktlaust . Det er sjeldan vi ser at kommunen ikkje vurderer avkorting ved feilopplysningar, men vurderingane er ikkje alltid i tråd med rettleiinga.

Skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket (fra kapittel 7.3.9.8 i TB)

Rapportere på

Etter en svært tørr sommer har mange Fylkesmenn måttet legge ekstra innsats i prognosering av skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket. I tørkeområdene må Fylkesmennene påregne ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Oppgaven er beskrevet i VØI pkt. 5.1.10.13 hvor det normalt kun skal avviksrapporteres. På grunn av årets ekstraordinære situasjon vil vi at Fylkesmennene skal rapportere på følgende;

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket.

- Gi en kort oversikt over hvilke tiltak som ble iverksatt, i embetet og overfor kommunene

- Vurder effekten av tiltak som ble iverksatt

- Gi en kort vurdering av hvilke forhold som medvirket til eller vanskeliggjorde arbeidet for å nå Regjeringens mål om at erstatningssakene skal behandles i 2018.


  • Bøndene vart i juli 2018 innkalla til «Fatlandsmøte» vedkomande tørkeskaden.
  • Landbruksdirektøren var på fleire møter rundt omkring for å orientere bøndene på eit tidleg stadium om tørkesituasjonen.
  • Det vart halde eit samlingsmøte 15. august med landbruksforvaltninga i kommunene.
  • Erstatning avlingssvikt var og tema på tilskotssamlinga hjå Fylkesmannen 11. september.
  • To medarbeidarar hadde møte med landbruksforvaltninga i tre kommunar for opplæring og oppfølging med kommunar som ein fann ut ville slite med oppgåva.
  • Landbrukssjefen i ein kommune var hjå Landbruksavdelinga ein dag for opplæring.
  • Det vart tilsett ein ekstra ressurs ved avdelinga. 
  • Vi fekk inn prognosar for forventa tal saker og beløp på dei ulike ordningane. Prognosane vart rapportert til Landbruksdirektoratet 3 gonger i denne perioden. Prognosane slo skikkeleg feil ut då vi etter ein svært lang tørkeperiode fekk enorme nedbørsmengder med regn som gjorde at mange bønder sleit med kunne å hauste ein 3. slått. 
  • Vi var tre som jobba med sakene på heiltid og to som jobba med det på deltid i byrjinga.
  • Vi laga brevmalar for både forskots- og sluttutbetaling. 
  • Vi laga excelark for kvar sakshandsamar som vi brukte til å føre inn både saksnummer i ephorte, søknadsnummer i ELF, kommune, namn, organisasjonsnummer, gnr./bnr., utbetalingar som var gjort og kommentarar. Dette var god hjelp til å halde oversikt over sakene som kom inn.
  • Vi hadde ei eiga mappe på fellesområdet kalla «Erstatning klima 2018» der vi la inn rundskriv, informasjon frå Landbruksdirektoratet, brevmalane og excelarka.
  • Vi laga kalkulator i excel for berekning av avlingsskadesakene. 
  • Vi informerte kommunane på mail kva dei måtte gjere. Dette kom litt seint ut, då også vi var usikre i starten.
  • Landbruksdirektoratet var veldig raskt ute å svare om vi lurte på noko og vi fekk god informasjon derifra.
  • Vi delte kommunane mellom oss. Dei som jobba mest med dette tok og saker for dei som ikkje jobba med dette på fulltid.
  • Vi starta med forskotsutbetaling så tidleg vi kunne og jobba intenst med dette fram mot søknadsfristen. Nokon søkte forskot så seint opp mot søknadsfristen at det ikkje vart tatt forskotsutbetaling for desse.
  • Det var litt forvirring rundt klimaprosenten både hjå oss og kommunen. Dette førte til at det vart for store og urette forskjellar mellom dei som driv intensiv drift og dei som driv ekstensiv drift. Nokre kommunar nytta likevel klimaprosenten.
  • Det vart usikkerheit rundt areal som ikkje var hausta. Vi bad kommunane om å kontrollere areal som ikkje var hausta. Når kommunane var ute i november og desember, var det ofte for seint å kontrollere dette. Nokre føretak stod på og klarte å berge ein 3. slått som dei ikkje før hadde klart. Desse fekk då mindre utbetalt i avlingsskade enn om dei ikkje hadde lagt seg i selen for å klare denne slåtten.
  • Vi hadde mykje mail- og telefonkorrespondanse med kommunane undervegs. Nokre av oss tok og direkte kontakt med bonden for å klare opp saka og få fortgang i behandlinga.
  • Vi bad kommunen ta kontroll på saker vi var usikre på, m.a. saker med svært store utbetalingar, føretak nesten utan avling og føretak som vi hadde dårlege erfaringar med frå tidlegare. Også føretak med avlingsskade mange år på rad var vi oppmerksame på.
  • Nokre få kommunar måtte masast mykje på. Mykje av dette gjekk på at dei hadde også arbeid med PT og RMP på same tidspunkt, slik dei vart pressa på tid. Andre kommunar var raske og gav oss raskt tilbakemeldingar. Det var bra at fristen for godkjenning av PT vart skjøve framover i tid.
  • Nokre saker frå ELF kom ikkje inn i ephorte, noko som skapte litt stress.
  • Vi var på Fylkessamling på Gardermoen 30.10.-01.11.2018 og fekk der ei god innføring i ordninga.
  • For å effektivisere prosessen rundt godkjenning av sakene i ELF vart det bestemt at landbruksdirektøren skulle godkjenne alle sakene. Dette viste seg å være bra.
  • Landbruksdirektøren kom med prognosar på korleis vi låg an ca. ein gang i veka. 
  • Det vart laga sjekkliste over kva som var viktig å tenke på.
  • Vi hadde faste møter ein gang i veka og ved behov. Dette var nyttig.
  • Vi hadde to utanom gruppa som anviste sakene til utbetaling. 
  • Litt ut i november vart det sett inn 2 ekstra ressursar til å ta saker. 
  • Nokre spesialiserte seg på salsproduksjon grovfôr, potet, frukt, grønsaker, korn og honningproduksjon, medan andre tok berre grovfôrsaker. Dette vart svært effektivt.
  • Arkivet har jobba godt og vi er nøgde med det.
  • Vi hadde to som tok tilbakebetalingskrav, dispensasjonssaker og litt vanskelege saker.
  • Ein sakshandsamar fekk godkjent å kunne få betalt overtid og jobba lange dagar. Resten av sakshandsamarane jobba og lange dagar, men utan å få overtidsbetaling.  Sakshandsamarane strakk seg langt og hadde travle, men kjekke dagar.
  • Vi var disiplinerte og jobba i team og sto på for få dette i hamn. Alt dette gjorde at vi fekk eit godt resultat.
  • Effekten av alt dette var at vi nådde 98 % utbetaling ved årsskiftet.

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering... (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering av hvordan arbeidet med 0-24-oppdraget har fungert i henhold til embetets målsettinger og ambisjoner. Herunder skal det framkomme hvilke egne mål som er satt for arbeidet, jf, andre oppdrag 3.2.1.6.1. I egenvurderingen skal fylkesmannen vurdere hvilke tiltak som har gitt de beste resultatene og i størst grad bidratt til samarbeid og samordning i og mellom kommuner og fylkeskommunen, tjenester og institusjoner som arbeider for og med utsatte barn og unge og deres familier.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeidd ein felles verksemdplan knytt til arbeidet med risikoutsette barn og unge. I denne har vi prioritert 3 målsetjingar som støttar opp om dei overordna måla for 0-24 arbeidet i 2018.
1. Alle barn i Rogaland veks opp utan vald og overgrep.
Eit av tiltaka har vore å kartlegge kva kommunar som har handlingsplan mot vald og seksuelle overgrep. Vi har hatt samarbeidsmøte med kompetansesenter og FM Hordaland/Sogn og Fjordane.

2. Alle barn i barneverninstitusjonar får god utdanning og god oppfølging av si psykiske helse. Alle barn i Rogaland opplever å høyre til.

Fylkesmannen i Rogaland har vidareført samarbeidet med Bufetat Region Vest og Fylkeskommunen om tiltak for risikoutsette barn og unge i barnevernet. Vi har gjennomført ein fagdag for tilsette i kommunar, m.a. tilsette i skole, PPT, barnevern og barneverninstitusjonar med tema «alvorleg skolefråver». Fagdagen hadde stor og brei oppslutning og fekk god evaluering.

Som eit av tiltaka for å sikre at barn som bur i barnevernsinstitusjonar får god utdanning og god oppfølging av si psykiske helse, er det etablert eit nettverk for skoleansvarlege på barneverninstitusjonane i fylket (både statlege, private og ideelle). Dette vurderer vi at er eit godt tiltak for å styrke barnevernet si forståing av kor viktig skole er for dei mest utsatte barna. Nettverket har to samlingar i året og er eit tiltak for å sikre kunnskap om rutinar og regelverk knytt til opplæring og helse, samt bruk av rettleiaren «Samarbeid mellom skole og barnevern». Nettverket er også er ein arena for drøfting av aktuelle problemstillingar. Vi har gitt informasjon om Modul 1 i kurset «Samarbeid mellom skole og barnevern» og motivert til deltaking.  

Fylkesmannen ved Helse-, sosial- og barnevernavdelinga og Utdanningsavdelinga har saman tatt initiativ og gjennomført møter med kommunar i krevjande saker. Vi erfarer at engasjementet og kunnskapen om barn i barnevernet og deira rett og plikt til opplæring, har auka i fylket. Vi får oftare spørsmål knytt til tema og vi blir spurt om råd i vanskelege saker.

3. Tverrfagleg samarbeid har tenleg omfang og er rutinert, effektivt og godt. Utsette barn og unge får tidleg hjelp.
Fylkesmannen har i samarbeid med KORUS og FMHO/FMSF arbeidd for å rekruttere fleire kommunar til BTI (Betre Tverrfagleg Innsats).

Som ein sentral del av det å styrke det tverrfaglege arbeidet i kommunane, har Fylkesmannen stimulert kommunane til å delta i opplæring programmet BTI i regi KORUS. Fylkesmannen (Helse, sosial og barnevernavdelinga og Utdanningsavdelinga) deltar også på samlingane. Dette året er 11 av kommunane med i satsinga. Dei kommunane som deltar blir følgt tett opp av kompetansesenteret. I tillegg blir det arrangert to nettverksmøte i året der ein løftar fram og drøftar ulike problemstillingar. Med bakgrunn i dette blir det arrangert temasamlingar, td. om teieplikta.  Fylkesmennene i Vestland og Rogaland har saman med KORUS Stavanger og KORUS Bergen laga eit kurs om meldeplikt og teieplikt som skal rullera årleg i kommunane opp mot stega i BTI. Vi vurderer at BTI er fagleg godt forankra, og eit tenleg verktøy i arbeidet med å styrke det tverrfaglege samarbeidet om utsette barn og unge og deira familiar. Kommunane får fagleg kunnskap om metode og tett oppfølging, noko vi meiner er sentralt i arbeidet med å implementer ny praksis.

Vi har ikkje gjennomført interne kurs om teieplikt og meldeplikt internt i embetet sjølv om det var målsettinga, men tilsette har fått tilbod om å delta på kurs som vi har arrangert for kommunane.

Eit anna tiltak i felles verksemdplan er å informere breitt om  fritidserklæringa. Fylkesmannen har valt å ta inn denne informasjonen på allereie eksisterande læringsarenaer. Det er i denne samanheng viktig med samarbeid med frivillig sektor. Vi inviterte mellom anna ulike organisasjonar til å ha stand på den årlege oppvekstkonferansen.

Tiltak: Legge til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar får eigen bustad. Fylkesmannen ser 0-24 samarbeidet i tråd med strategien Bustad for velferd. I samarbeid med regional stat har Fylkesmannen invitert inn to kommunar til eit utviklingsarbeid knytt til målgruppene i den nasjonale tiltaksplanen til bustadstrategien. Arbeidet vil bli gjennomført i perioden 2019-2020.

Fylkesmannen samarbeider med KORUS om gjennomføring og spreiing av resultata frå Ungdata.

Utover tiltaka som her er nemnd i felles VP er det fokus på 0-24 og BK i sakshandsaming og dei ulike arenaene ein møter kommunane på.

Fylkesmannen arrangerer ein årleg oppvekstkonferanse. I 2018 var tema: Meistring og mot hos barn og unge når livet er vanskeleg, med eit særleg fokus på psykisk helse. Ungdomsrådet fra ein av kommunane i Rogaland leia konferansen og holdt innlegg om unge auge på psykisk helse. Fylkesmannen er oppteken av at barn og unge skal få sei sin meining, og har mellom anna skaffa oss oversikt over alle ungdomsråd i fylket i 2018 som grunnlag for vidare arbeid med dette i 2019. 

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Det er ingen skolar i Rogaland som er med i dette prosjektet nå.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Rogaland tilhører rovviltregion 1. Hele denne regionen er prioritert for beitebruk. I 2015-2017 opplevde fylket relativt store tap av beitedyr til jerv. Som følge av dette har Fylkesmannen gitt skadefellingstillatelser, både i akutte skadesituasjoner i beitesesongen, og for å forebygge tap kommende beitesesong. Skadefellingstillatelse til å felle 1 jerv i Hjelmeland og Suldal kommuner ble gitt i perioden 1.1.-15.02.2018. Tillatelsen ble gitt for å forebygge tap i årets beitesesong. Det ble ikke felt jerv på denne tillatelsen, men dokumentert skadegjørende jerv ble felt ved ekstraordinært uttak i april 2018. Det var ikke dokumenterte tap til jerv i Rogaland i beitesesongen 2018.

Utover å gi skadefellingstillatelser bruker vi FKT-midlene til å forebygge tap på beite. Eksempelvis ble det gitt midler til en beitedyreier i Gjesdal kommune for å forebygge tap til kongeørn. Dette er et område med flere kongeørnterritorier. Det var ikke dokumenterte tap til kongeørn i dette området i 2018.

Fylkesmannen har en pågående og god dialog med bondelagsorganisasjonene, interkommunalt fellingslag og SNO. Dette er viktig for å nå ut til brukere med informasjon om hvordan jobbe forebyggende for å unngå tap, og for hvordan en håndterer mulig tap av beitedyr til freda rovvilt. Vi arrangerer også et årlig dialogmøte der relevante aktører innen beitebruk og rovviltforvaltning inviteres.

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Vi har god styring med ressursbruken og har ikkje vesentlege avvik å melde om. Sjå elles merknadene under tabellen.

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Fylkesmannen er særs godt nøgd med oppnådde resultat og løysing av samfunnsoppdraget, sett i forhold til ressursar vi har til rådvelde. til oppdrag og resultat. Økonomistyringa er gframleis god. Vi kom også i 2018 ut med eit lite pluss på hovudkapittet 0525.

Årlege effektiviseringsputt er utfordrande, men vi løyser likevel oppdraget med mindre ressursar og same/betre kvalitet. Ein førsetnad for framleis god og effektiv drift er at også løyvingane over særkappitla er føreseielege.

3.6 Andre forhold

Ingen særskilde forhold.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Embetsleiinga vedtar, etter behandling i leiargruppa, eit 4-årig langtidsbudsjett, som byggjer på siste års budsjett, med kjende endringsfaktorar. I tillegg utarbeider vi årleg verksemdsplan, både felles og avdelingsvis, oppdaterer strategidokument, samt ei rekkje andre styringsdokument. Alle styrande dokument ligg i Risk Manager.

Status for tiltaka i felles verksemdsplan blir behandla i leiarmøta gjennom året. Embetsleiinga har i tillegg styringsmøte med avdelingane/avdelingsleiinga kvart tertial, der budsjettprognose og oppfølging av mål og tiltak er dei mest sentrale temaa, herunder riskovurdering, bemanningssituasjon m.m. 

Kvar månad blir det arrangert allmøte for alle tilsette der også sentrale styringssignal, som budsjettfordeling og felles verksemdsplan blir presenterte.

4.1.1 Embetets risikostyring

Vi har etablert retningsliner og rutinar for risikostyring og risikovurdering. Risikovurderingssystem blir også utarbeidd av våre overordna styresmakter innanfor dei ulike fagområde - tilsyn m.m. Risikovurderingar er tema på tertialmøta mellom embetsleiinga og avdelingsleiinga.

System for avvikshandering ligg i Risk Manager.

Målsetjinga vår om at risikovurderingssystemet i Risk Manager skulle vere i allmenn bruk innan utgangen av 2018, er ikkje fullt ut innfridd. Dette skuldast delvis også at det er fleire system for risikovurdering alt i bruk i embetet.

Den viktigaste risikofaktoren hos oss er utan tvil stabil bemanning og føreseieleg ressurstilgang.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Viktigaste HMS-tiltaket hos FMRO er åreleg internkontroll-/vernerunde til alle tilsette, der leiing og verneombud deltek. Det blir skrive eigen rapport frå runden, som blir begandla i arbeidsmiljøutvaley og i leiargruppa. HMS-systemet er forankra i Risk manager, som i tillegg inneheld rutinar og skjema for avviksrapportering og varsling.

I tillegg inneheld både felles verksemdsplan, strategidokument og personalplanen retningsliner og føringar for internkontroll, for eksempel etiske retningsliner.

Embetet har i tillegg eigne retningsliner og rutinar for rusmiddelbruk/ speleavhengigheit (AKAN).

Embetet har avtale med bedriftshelsetenest (Stamina)

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Embetet har hatt relativt stabil bemanning også i 2018, med ein turnover på 3,8 %. Vi har hatt ei viss utskifting i leiargruppa der to har gått av med pensjon. Omstilling og nedbygging av oljenæringa i regionen, merkast på søknadsmassen til utlyste stillingar. Likevel er har vi har vanskar med å rekruttere til enkelte av desse, særleg godt kvalifiserte økonomar. Vi får til slutt kvalifiserte på plass, gjerne etter fleire forsøk. Lønnsnivået i regionen er framleis for høgt til at vi kan konkurrere på alle felt. Vi mister også dyktige medarbeidarar til betre betalte jobbar, også i off. forvaltning/kommunane, trass i at vi brukar ikkje ubetydelege midlar til høgare lønn for særskilt kvalifisert arbeidskraft.

Kjønnsballansen blir dårlegare ved at kvinneovervelta aukar. Av 185 tilsette er no122 kvinner.

Embetet har eigen livsfasepolitikk og eigen avtale om seniorfri.

Kapasiteten til å løyse alle oppgåvene balanserer hårfint, slik at vi også i 2018 melder nokre få avvik. Årlege kutt i budsjettet harmonerer dårleg med aukande saksmengde og til dels nye saksfelt. Vi må derfor prioritere strengt ut frå risikovurderingar. Effektiviseringstiltak, digitalisering og smarte løysingar kan på langt nær erstatte menneskelege ressursar.

Vi er godt nøgde med den faglege kompetansen i embetet - på dei aller fleste område. Utdanningsnivået er jamt over høgt. Likevel er det slik at utviklinga går i retning av færre oppgåpver til lågare utdanna peronell/kontorpersonell, slik at det er utfordrande å fylle opp med andre oppgåver og/eller setje inn kompetansehevande tiltak for desse.

Vi har likevel dei to siste åra sett i verk interne opplæringstiltak innafor fleire fagområde som kommunalrett, forvaltningsrett, plan-og bygningslova, offentleglova m.m. Vi brukar aktivt e-læringskursa til Difi, til dømes klarspråk og nynorsk.

Leiaropplæringsprogram for heile leiargruppa vart avslutta i 2018. Dette blir følgt opp med ei samling også i 2019.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Embetet har god oversikt over innkjøp av inventar, IKT-utstyr og anna. Omfanget av eigne eignelutar med vesentleg materiell verdi er avgrensa. Overføring til FMFA endra også desse forholda frå og med 2019.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har heller ikkje i 2018 motteke særskilde merknader frå Riksevisjonen for verksemda vår.

Vi har eit fungerande system for informasjonstryggleik.

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Her kan nemnast at vi har eit særs god samarbeid med Universitetet i Stavanger om prasisplassar for studentar innan samfunnsfag og/eller sosiologi. I 2018 hadde vi tre slike studentar inne. Dette samarbeidet held fram i 2019.

Elles merkar også dei  tilsette hos Fylkesmannen stadig meir krevjande og til dels sjikanøs bruk av sosiale media. Vi har i 2018 anmeldt ein skremmande trussel mot ein av våre tilsette i forurensingsseksjonen. Den blei henlagt av politiet på grunn av ukjent gjerningsmann. Det er behov for ei felles vurdering av korleis vi handterer truslar og sjikane mot våre tilsette.

I tillegg måtte vi ha hjelp frå politiet til å handtere ein særs utagerande person (ruteknusing mm.). Dette førde til omlegging av besøksrutinar.

4.3 Andre forhold

Ingenting å melde her

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Frå 2020 får Rogaland tre færre kommunar ved at Rennesøy og Finnøy blir ein del av Stavanger og Forsand går saman med  Sandnes. To grensejusteringssaker skal også vere på plass innan årsskiftet.

Forholdet mellom Fylkesmannen og FMFA er framleis i støypeskeia og må gå seg til ut over i 2019, mellom anna når det gjeld det økonomiske mellomverande - husleigekontrakt mm.

Vi har elles forhåpningar til at ny ressurfordelingsmodell frp 2020, skal gje positiv uttelling for FMRO, slik forslaget i si tid ga indikasjonar på.

Rogaland har per no relativt låg vekst i folketalet. Det er ikkje noko som tyder på at det blir vesentlege endringar her. Fleire kommunar har nedgang i folketal. Sysselsettinga har tatt seg klart opp etter "oljekrisa", men rasjonaliseringstiltak petroleumsnæringa har ført til langt færre tilsette her enn i glansdagane. Arbeidsløysa i regionen går likevel ned, men færre arbeidsplassar gjer at tilflyttinga har stoppa opp.

Store utbyggingsprosjekt hjelper likevel på. Stavanger universitetssjukehus skal ha nytt bygg, og tomtearbeider startar snart opp. Store infrastrukturprosjekt er i gang, Ryfast blir avslutta i 2019, medan arbeidet med Rogfast-tunnellen så vidt er i gang. Utviding av E-39 er under planlegging. Det same gjeld dobbeltspor på jernbana mellom Sandnes og Eigersund. Slike prosjekt påverkar også Fylkesmannen sitt arbeid i betydeleg grad..

Klimaendringane og ekstreme verforhold gir meir arbeid til Fylkesmannen, noko tørken sist sommar er eit godt eksempel på.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Redusert vekst i fylket, har til no gitt lite utsalg i Fylkesmannen si verksemd. Kommunane sin planleggingsaktivitet er framleis høg og talet på klagesaker etter plan- og bygningslova er stabilt. Nedgangen i arbeisløysa kan gje mindre press på NAV og dei sosiale tenestene framover.

At skilnadene i samfunnet blir større, merkast også i Rogaland og arbeidet for å reduserer fattigdom vil måtte prege også vårt arbeid framover.

Utviklinga når det gjeld skulemiljø er interessant. Enno opplever vi vekst i saksmengde.

Store utbyggingsprosjekt, nemnde ovanfor, vil prege også Fylkesmannen sitt arbeid i åra framover.

Redusert folketal i kommunane, særleg dei minste, vil mellom anna påverke kommunal økonomi, og evne til å løyse oppgåvene, Dette må vi ta høgde for i arbeidet vårt, mellom anna når det gjeld kommunestruktur.

Fylkesmannen må ha tilstrekkeleg handlingsriom, både organisatorisk og fagleg til å handtere ulike utviklingstrekk. Nok og føreseielege  ressursar er særs viktige føresetnader for at vi skal kunne følgje utviklingstrekka framover. 

5.3 Andre forhold

Ingen særlege forhold

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Rogaland.pdf