Årsrapport for Sogn og Fjordane

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Det har vore eit spesielt år for Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Viktigaste oppgåve har vore å leggje til rette for samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland frå 2019. Vi meiner vi har lukkast godt med å lande ein ny organisasjon og å innplassere leiarar, mellomleiarar og alle andre tilsette. Arbeidet er skildra meir i detalj i kapittel 4.3.

Likevel er ikkje samanslåinga fullført ved årsskiftet. Det står att mykje arbeid med å få til sams praksis og sams kultur før vi har ein ny organisasjon som saumlaust utøver embetsoppdraget som eitt og same embete. Men vi er innstilte på å gjere vårt beste for at Fylkesmannen i Vestland skal utføre embetsoppdraget på ein like god måte som Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Fylkesmannen i Hordaland har gjort.

Fylkesmann Anne Karin Hamre hadde sin siste arbeidsdag i embetet 10. august. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid fungerte som fylkesmann ut året, medan landbruksdirektør Christian Rekkedal fungerte som assisterande fylkesmann.

I denne situasjonen har det i liten grad vore mogleg å starte nye satsingar overfor kommunane, slik vi har prioritert høgt før. Vi har prøvd å utføre embetsoppdraget så godt vi kan ut frå føresetnadene, og meiner vi har lukkast rimeleg bra. Men vi må vedgå at det ikkje har vore mogleg å halde merksemda om og oppfølginga av embetsoppdraget like høgt når vi har stått midt i samanslåinga.

I 2018 har vi lagt stor vekt på å halde ei stram økonomistyring, etter at vi hadde eit meirforbruk i 2017. Resultatet viser at vi har dekt inn meirforbruket på 398 000 kr og sit att med eit mindreforbruk på 2 191 000 kr. Dette er godt å ha med seg inn i 2019 etter at vi fekk ei lågare tildeling enn vi hadde rekna med. Vi ser føre oss at vi må redusere med fem-seks stillingar for å halde oss innanfor ramma.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Vår eigen samanslåingsprosess har som nemnt vore viktigaste prioritering i 2018, sjå den utførlege skildringa i kapittel 4.3.

Vi har også lagt stor vekt på å følgje opp vedtekne samanslåingar av kommunar. Rettleiing og medverknad har vore mykje etterspurt, særleg om økonomi for den nye kommunen og verknaden av investeringar gjorde siste året før samanslåing. Dessutan har vi hatt mykje arbeid med grensejusteringssaker i kjølvatnet av samanslåingar.

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Embetet har stabile og kompetente medarbeidarar, som er godt motiverte til å utføre embetsoppdraga og gjere samfunnet betre. Vi rekrutterer godt til ledige stillingar. Medarbeidarane har stått på for å utføre embetsoppdraget sjølv om merksemda til leiarane meir og meir har gått til samanslåinga.

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Leikanger, 28.02.19

Lars Sponheim, fylkesmann

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Fylkesmannen er statens representant i fylket og skal arbeide for at vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa vert følgde opp. Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dei viktigaste oppgåvene til Fylkesmannen er:

  1. å vere sektorstyresmakt på ei rekkje område, med oppdrag frå elleve departement og ni direktorat og tilsyn
  2.  å vere regional samordningsstyresmakt for statleg verksemd i fylket, særleg for verksemd retta mot kommunane
  3. å vere rettstryggleikshandhevar som rettleiar, klageinstans og tilsynsstyresmakt for kommunane
  4. å verke til gagn og beste for fylket og å ta dei initiativ som er påkravde
    å orientere sentrale styresmakter om viktige spørsmål i fylket, og å formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ

I 2018 har samarbeid med andre embete først og fremst handla om å slå seg saman med Fylkesmannen i Hordaland. Lokal omstillingsgruppe for dei to embeta har forhandla fram eit nytt organisasjonskart, der embetsleiingane har tilsett leiarar og mellomleiarar, før alle tilsette har vorte innplassert i det nye embetet.

I tillegg har vi mykje uformell kontakt med kollegaer både på leiar- og sakshandsamarnivå på ulike fagfelt, særskilt med vestlandsfylka. Vi har stort utbytte av samarbeid med andre fylkesmenn, både for å få felles tilnærmingar til prinsipielle problemstillingar og å samordne praksis i embeta.

Eksternt har vi i Sogn og Fjordane over tid brukt initiativrolla til Fylkesmannen for å lage faste nettverk, der alle dei viktigaste aktørane samarbeider i formaliserte forum for å nå felles mål på ulike livsområde der det trengst.

Døme på slike er:

  • Forum for rus og psykisk helse, saman med Helse Førde, fylkeskommunen, RVTS, KoRus Vest, Stiftelsen Bergenklinikkene, høgskulen, Nasjonalt kompetansesenter for psykisk helsearbeid (NAPHA), Nav Sogn og Fjordane, kommunerepresentant, Regionsenter for barn og unges psykiske helse og brukarorganisasjonar
  • Forum for skule og barnehageutvikling, saman med KS, fylkeskommunen, høgskulen, Utdanningsforbundet og Skolelederforbundet. Spesielt viktig i 2017 har vore arbeidet med nytt kapittel 9 A i opplæringslova og omlegging av kompetansestrategi.
  • Læringsnettverk om mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, saman med kommunane og dels IMDi, Husbanken og Nav
  • Regionalt plannettverk, saman med fylkeskommunen og KS
  • IT-forum Sogn og Fjordane, saman med fylkeskommunen, Vestlandsforsking, høgskulen, NHO, KS, Helse Førde, Kunnskapsparken, Sparebanken Sogn og Fjordane, Sparebanken Vest, Sogn og Fjordane Energi, Innovasjon Noreg, Sunnfjord Energi, Hydro Aluminium, Sogndal Fotball, Difi, Enivest, Sognenett og Lerum
  • Forum for folkehelse, helse og omsorg, saman med regionråda, Helse Førde, Høgskulen i Sogn og Fjordane, fylkeskommunen, Nav, brukarrepresentant og samhandlingskoordinator.

Vi har meint at for å lukkast med å setje i verk statleg politikk og omsetje han til gode levekår, må vi sjå vidare enn på statlege verksemder. Vår erfaring er at vi oppnår langt betre samordning og samhandling når statlege regionale verksemder også klarar å samhandle med fylkeskommunen, kommunane og dei kommunale regionråda, KS og private organisasjonar eller verksemder, avhengig av livsområde. Samstundes vil slike forum vere meir relevante til visse tider enn til andre.

I samband med samanslåinga har vi måtta prioritere strengare og har difor redusert innsatsen i dei fleste av desse foruma eller lagt ned nokre.

Med andre fylkesmenn har vi hatt formaliserte faglege nettverk for å sikre einskapleg praksis, mellom anna på desse fagområda:

  • Kystsonenettverk i plan og bygg, med Rogaland og Hordaland
    Verjemål, med Rogaland, Hordaland, Aust- og Vest-Agder
  • Nettverk for velferdsfag, med Rogaland og Hordaland
  • Landbruksnettverk med Hordaland og delvis Møre og Romsdal om felles utviklingsprosjekt og noko sakshandsaming
  • Sørvestnettverket på barnehage- og utdanningsområdet, saman med Hordaland, Rogaland, Aust- og Vest-Agder og i nokre tilfelle Møre og Romsdal
  • Barnevernnettverk, med Rogaland og Hordaland
  • Nav og sosialnettverk, med Rogaland og Hordaland
  • Nettverk om helse- og omsorgstenestelova kap. 9, med Rogaland, Hordaland, Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag
  • Akvakultur, med dei andre kystfylka
  • Nettverk om pasient- og brukarrettslova kap. 4 A, med Rogaland og Hordaland
  • Helsetilsynet i vest-nettverk, med Rogaland og Hordaland
  • Erfaringsutveksling for regional stat på flyktningområdet, saman med IMDi, Husbanken, UDI, Nav og fylkesmannsembeta i Hordaland og Rogaland

Vi må sjå nærare på kva følgjer fylkesmannsreforma får for desse nettverka.

2.2 Organisasjon og ledelse

Organisasjonskart
Organisasjonskart

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane heldt til på Leikanger, med unntak av landbruksavdelinga i Førde. 

Anne Karin Hamre var fylkesmann til og med 10. august, og assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid fungerte som fylkesmann til og med 31. desember. Landbruksdirektør Christian Rekkedal fungerte som ass. fylkesmann i same periode.
Ved sist årsskifte var vi 133 tilsette og hadde 115 årsverk. Vi hadde seks avdelingar:

  • administrasjon, med digitialiseringsseksjon
  • helse- og sosial
  • juridisk, med verjemål
  • landbruk
  • miljøvern
  • utdanning

Fagområda beredskap, kommuneøkonomi og kommunikasjon var samla i staben til fylkesmannen.

Samanlikna med andre embete var det to særtrekk hjå oss. Det eine var at vi hadde to kontorstader. Dette har sine ulemper med reisetid mellom kontora og at landbruksavdelinga lever åtskilt frå resten av embetet. På andre sida ser vi også fordelar. Den største fordelen er at vi har ein lyttepost i ein annan del av fylket, som gjorde oss betre i stand til å ha ein god dialog med kommunane som ligg lengre frå hovudkontoret. Dernest rekrutterer vi frå ein større arbeidsmarknad når vi for somme stillingar kan tilby kontorplass i to delar av fylket. Utstrekt bruk av videomøte reduserer ulempa med avstand kraftig.

Det andre særtrekket er at vi har hatt nasjonale oppgåver innanfor IKT. Digitaliseringsseksjonen arbeider med utvikling og drift av intranett, eksterne nettsider og FM-nett for fylkesmennene og KMD, og med utvikling og drift av fullintegrerte sakshandsamingsløysingar som til dømes fritt rettsråd og partistøtte. Sakshandsamarar og IKT-utviklarar i same organisasjon gjer at vi har kort veg frå idear til digitalisering til utprøving og utvikling, og vi unngår mange feil som kjem av for lang avstand frå tingarkompetansen til utviklarkompetansen. Frå nyttår vart digitaliseringsseksjonen lagt inn under Fylkesmennenes fellesadminstrasjon og altså skilt frå embetet.

Vi håpar at vi framleis kan ha eit tett samarbeid mellom embetet og Fylkesmennenes fellesadministrasjon for å utvikle gode digitale løysingar for fylkesmennene. 

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Lærling
Vi har hatt ein lærling på IKT-drift i 2018. Læretida hans starta august 2017, og vert avslutta på nyåret 2019.


Sjukefråvær
Sjukefråværet i 2018 var på fem prosent. Dette er omlag som i 2017, men likevel høgare enn vi har hatt tidlegare år. IA-målet vårt er at sjukefråværet vårt skal vere under fire prosent.

Turnover

Vi har hatt låg gjennomtrekk i 2018.

Økonomiske nøkkeltal

Administrativ kostnadsdekking: Det har vore ein liten auke i administrativ kostnadsdekking i 2018. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nyttar 40 prosent kostnadsdekking. Endringa skuldast variasjon i lønnsmidlar på framandkapittel.

Budsjettavvik: Embetet har hatt ein stram økonomistyring som følgje av samanslåingsprosessen med Fylkesmannen i Hordaland, særleg knytt til oppstart, og arealeffektiviseringa som er pålagt oss.

Mindreforbruket skuldast derfor i vesentleg grad ei styrt budsjettutvikling, der ein har ønskt å spare inn meir enn ein ville gjort i eit normalt driftsår. I samband med bemanningsplanlegging har det vore stillingsstopp som har ført til fleire vakansar, samtidig som vi har hatt eit større sjukefråvær enn forventa. Vi har fått meir eksterne midlar på slutten av året som vi har nytta til lønn.

Lønnsandel av driftsutgifter: Vi nyttar ein stadig større del av tildelinga vår til løn. I 2018 auka lønprosenten frå 79 til 80,9 prosent.Vi observerer at det er på nivå med samanliknbare embeter.

Andel husleie av driftsutgifter er på same nivå som tidlegare år.

2.4 Andre forhold

Sommaren 2018 kom KMD med ei ny fellesføring kring inkluderingsdugnad. Vi har færre enn fem rekrutteringar frå juli 2018, og rapporterer difor ikkje på prosentvis del av nytilsette som har hol i CV eller nedsett funksjonsevne.

Vi har berre rekruttert to personar hausten 2018 fordi vi har hatt tilnærma tilsettingsstopp på grunn av forventa trekk i tildelinga etter samanslåing med Fylkesmannen i Hordaland. Vi har difor lite grunnlag for å vurdere kva som har vore vellukka tiltak, kva har vore utfordringar og kvifor vi ikkje har lukkast med å nå måla med dugnaden. Dette vil vi kunne svare på for 2019 der vi vil ha fleire rekrutteringar å ta utgangspunkt i.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Vi brukar dei tradisjonelle verktøya rettleiing, tilsyn og klagehandsaming for å gjere kjent og setje i verk nasjonal politikk i fylket. Dei tre verktøya heng nøye saman fordi klagesaker og tilsyn gjev oss kunnskap om kva rettleiing vi skal prioritere.

For å rettleie og lære opp brukar vi møteplassar som konferansar, fagsamlingar, kommunemøte med ein eller fleire kommunar, målretta opplæring for einskildkommunar og læringsnettverk. Vi har særskilt god erfaring med det siste, særleg der vi gjennomfører faste samlingar i dei fire regionane i fylket.

I Sogn og Fjordane meiner vi å ha lukkast best med å setje i verk statleg politikk når vi brukar initiativrolla til lage faste nettverk der dei relevante samfunnsaktørane samarbeider ut ifrå felles mål på eit problemområde, sjå rapporteringa under hovumål 2. Vi meiner at denne samarbeidsmodellen er ein faktor i at fylket ligg i landstoppen på dei fleste levekårsindikatorane, som til dømes kriminalitetsrate, skuleresultat, fråfall i vidaregåande skule, gjennomstrøyming i høgare utdanning, arbeidsløyse, sjukefråvær og uføregrad, sosialhjelp, medikamentbruk, tannhelse, rus og levealder. Vi er også langt framme i bruk av moderne IKT-teknologi.

Samla meiner vi difor å ha lukkast godt på hovudmål 1.

Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

Vi har sett på god samordning og samhandling som ein avgjerande faktor for å få til gode resultat for kommunane i eit fylke. Som nemnt under hovudmål 1 ligg Sogn og Fjordane i landstoppen for dei fleste levekårsindikatorane, og vi meiner at våre initiativ til å ta i bruk ein samarbeidsmodell på mange område, er ein av dei viktigaste grunnane.

Samarbeidsmodellen går ut på at vi over tid har brukt initiativrolla til Fylkesmannen for å lage faste nettverk, der dei viktigaste aktørane samarbeider i formaliserte forum for å nå felles mål på ulike samfunnsområde. Vi har gjerne gått fram slik at vi som første steg har teke eit initiativ saman med fylkeskommunen og KS for å løyse ei samfunnsutfordring. Neste steg er at vi saman finn fram til kva andre aktørar, både i privat og offentleg sektor, som har ein aksje i utfordringa. Saman med desse set vi oss ned og definerer meir presist kva som eigentleg er utfordringane vi skal løyse, og kva tiltak vi på kvar vår kant skal prioritere. Vi følgjer opp tiltaka og møtest med jamne mellomrom for å sjå på korleis dei har verka og kva vi må gjere vidare. På denne måten meiner vi å få til langt betre resultat enn dersom kvar aktør arbeider på eiga hand. Vi unngår konkurranse mellom aktørar, og at vi motarbeider kvarandre. 

Døme på slike nettverk er nemnde under avsnitt 2.1. Samordning mellom regionale statlege verksemder, slik det går fram av hovudmål 2, er viktig. Men som det går fram av vår modell, meiner vi at for å lukkast med å setje i verk statleg politikk og omsetje han til gode levekår, må vi sjå vidare enn på statlege verksemder. Vår erfaring har vore at vi oppnår langt betre samordning og samhandling når statlege regionale verksemder også klarar å samhandle med fylkeskommunen, kommunane og dei kommunale regionråda, KS og private organisasjonar eller verksemder, avhengig av livsområde

Truleg vil vi i mindre grad vil arbeide på denne måten framover, ettersom initiativrolla til fylkesmennene er tona ned i fylkesmannsreforma og i styringsdialogen siste åra. Vi har i samband med samanslåinga redusert innsatsen i dei fleste nettverka og lagt ned nokre av dei.

Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

I embetet legg vi stor vekt på kvaliteten i klage- og tilsynssaker, og på forsvarleg sakshandsamingstid. Når saker frå embetet vert tekne inn for Sivilombodsmannen, er det sjeldan vi får kritikk. Det er også sjeldan at domstolane kjenner ugyldige vedtaka våre. Vi har arbeidd for og lukkast med å ha lite gjennomtrekk på juristar og andre sakshandsamarar.

Vi legg stor vekt på å utvikle gode tverrfaglege kompetansemiljø i embetet. Tilsynsgruppa, plangruppa, beredskapsarbeidet, satsinga på Sjumilssteget for barn og unge og verksemdsplanlegging på tvers av avdelingar er døme på dette. Gjennom å kjenne til eit breiare spekter av fag og oppgåver, klarar vi i større grad å harmonisere praksis og innslagsnivå i tilsynssakene på tvers av fagområda. I tillegg får vi breiare kunnskap om kommunane, som vi kan bruke til å risikovurdere kvar vi skal setje inn ressursar på rettleiing, opplæring og tilsyn.

For å harmonisere praksisen vår i sakshandsaminga samla vi juristane i juridisk avdeling, samstundes som fleire av dei hadde faste oppgåver for dei andre avdelingane. Slik sikra vi felles tilnærming til felles problemstillingar for ulike fagområde, til dømes forvaltingsrettslege spørsmål og innsyn etter offentleglova. I tillegg sikra vi deling av kommunekunnskap og dobbeltkompetanse på alle områda vi har ansvar for.

I organisasjonskartet for det nye fylkesmannsembetet i Vestland er var det ikkje tenleg å ha same struktur, og det skal der vere juristar på alle fagavdelingar. Vi må heller ha tverrgåande faggrupper, til dømes for tilsyn og forvaltningsrett, for å sikre einsarta praksis. 
Med andre fylkesmenn har vi formaliserte faglege nettverk for å sikre einskapleg praksis, slik vi har gjort greie for i avsnitt 2.1. I tillegg har vi mykje uformell kontakt med kollegaer både på leiar- og sakshandsamarnivå på ulike fagfelt, særskilt med vestlandsfylka.
Vi har stort utbytte av samarbeid med andre fylkesmenn, både for å få felles tilnærmingar til prinsipielle problemstillingar og å samordne praksis i embeta.

Som ei førebuing til samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland, har vi starta eit tettare fagleg samarbeid på mange område, og vi har i 2018 i større grad enn før lånt sakshandsamarkapasitet frå kvarandre. 

Vi legg vekt på å delta på nasjonale samlingar der praksis blir diskutert. For å sikre effektiv tidsbruk og unngå reisekostnader, ønskjer vi at departement og direktorat i større grad legg til rette for strøyming av samlingane over nettet.

Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Vi viser til rapporteringa under hovudmål 1 og 2, om korleis vi har teke initiativ til samordnings- og samhandlingsforum for å få til gode resultat og å setje i verk statleg politikk på ulike område. Ut frå dette meiner vi å ha vore særs aktive i å ta i bruk initiativrolla vår.

På grunn av at vi i 2018 har brukt store ressursar på samanslåinga, har vi brukt initiativrolla i langt mindre grad enn før. Men vi er stolte over at vi har samarbeidd med Juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen om å starte opp eit etterutdanningstilbod i forvaltningsrett for sakshandsamarar i kommunane. Etterutdanninga startar i 2019 med 33 deltakarar. Vi meiner det er viktig for rettstryggleiken til innbyggjarane å heve kompetansen til sakshandsamarane i kommunane, og er særs takksame for at UiB svara på utfordringa vår då vi på eit leiarseminar tok opp at universitetet er burde vere meir relevante for Sogn og Fjordane. Første året er etterutdanninga berre for kommunane i Sogn og Fjordane, men vi håpar at vi gjer så gode erfaringar at universitetet kan tilby utdanninga for alle kommunar i Vestland.

Vi legg har også lagt vekt på å ha god dialog med og vere tilgjengelege for kommunane, slik at dei kan ta opp uklare reglar eller uheldige eller utilsikta utslag av statleg politikk med oss, for at vi kan formidle vidare til relevant departement eller direktorat.

Vi meiner initiativrolla og rolla som lyttepost framleis må vere eit hovudmål for fylkesmennene. Vi er kritiske til at initiativ- og lyttepostrolla knapt er nemnt i fylkesmannsreforma eller i styringsdialogen med KMD.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

Internt har vi organisert planarbeidet slik at ei eiga plangruppe på miljøvernavdelinga koordinerte alle innspela frå ulike fagområde til kommunale og regionale planar. Plangruppa bidrog også til interne avklaringar mellom ulike arealbruksinteresser. Vidare har vi hatt ei tverrfagleg plangruppe på embetet der spesielt landbruk og beredskap har vore tungt inne, men med aktiv deltaking også frå juridisk (planjuss), helse (folkehelse) og dels også utdanning (barn og unge). Vi har dermed hatt ein planperson på kvar fagavdeling som ha bidrege med solid fagkompetanse inn i plansaker og planprosessar. 

Medlemmane i den tverrfaglege plangruppa deltok også i Planforum der planutkast frå kommunane vert lagt fram og drøfta, noko som bidreg til å redusere konfliktar og motsegner. Vi har prioritert deltaking i planforum høgt, og ofte stilt breitt med fleire fagpersonar.

Vi har i mange år prioritert plansakene høgt. Spesielt formidlar vi til kommunane at dei må leggje vekt på overordna planlegging (samfunnsdel og arealdel til kommuneplanen).

Vi har i 2018 arrangert ei to-dagars plansamling for alle kommunane i fylket.

Planprosesser – formidling av nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

FM har hatt dialog med og formidlet nasjonale og regionale hensyn til alle kommuner i fylket, og deltar aktivt i regionalt planforum.

Vi har arbeidd systematisk med å styrke plankompetansen i kommunane, og lagt stor vekt på tidleg involvering i store og viktige saker, som t.d. arealdelen til kommuneplanen. Framleis er det likevel mange dispensasjonssaker som kjem til vurdering. Vi har effektivisert sakshandsaminga av små og kurante plan- og dispensasjonssaker, for å få kunne bruke meir ressursar på større saker og saker med konflikt. Vi har siste åra utvikla nettstaden (under plan og bygg/arealforvaltning) med mykje rettleiingsstoff for kommunane i Sogn og Fjordane. Med dette har vi effektivisert arbeidet og redusert risikofaktorane.

Som eit kompetanseoppbyggingstiltak i kommunane har vi, i samarbeid med fylkeskommunen, sidan 2015 arrangert regionsvise læringsnettverk på planområdet for kommunane i fylket. Dette har vore eit godt forum for planleggjarane i kommunane. I 2018 har Fylkesmannen, saman med fylkeskommunen, i staden for regionale læringsnettverk arrangert ei to-dagers plansamling for alle kommunane i fylket samla, der vi tok opp mange viktige plantema og formidla nasjonale og regionale omsyn.

Vi har i mange år hatt tett samarbeid med fylkeskommunen, med samarbeid om planforum, læringsnettverk og årlege plansamlingar for kommune-planleggarar. Vi har i mange år hatt ei arbeids­deling med fylkeskommunen på planområdet.

Internt har vi organisert planarbeidet i ei eiga plangruppa på miljøvernavdelinga som har koordinert alle innspela frå ulike fagområde til kommunale og regionale planar. Vidare har vi hatt ei tverrfagleg plangruppe på embetet der spesielt landbruk og stab/beredskap er tungt inne, men med aktiv deltaking også frå juridisk (planjuss), utdanning (barn og unge) og helse (folkehelse).  

Kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel relevante kommunale og regionale planer med tidlig medvirkning: 100 %.

Vi har medverka tidleg i alle kommunale og regionale planar gjennom fråsegner til oppstartvarsel og også gjennom deltaking i regionalt planforum når kommunane har ønskt det.

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Mekling i planer med uløste innsigelser: 100 %.

Vi har mekla to saker med uløyste motsegner, alle i 2018. I ei av sakene vart motsegna løyst ved at kommunen bestemte seg for å lage eit endra planframlegg for å sende på høyring. Den andre saka vart sendt til KMD i november og er framleis til handsaming i departementet.

Reduksjon i omdisponering av dyrka jord (fra kapittel 3.1.1.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponering av dyrka jord frem mot 2020, i tråd med  det nasjonale jordvernmålet.

Omdisponeringa av dyrka jord i 2017, som er siste tilgjengelege statistikk, var på om lag 190 dekar. Med ei nasjonal målsetting om maksimalt 4000 dekar per år, bør ikkje Sogn og Fjordane sin del av omdisponeringa vere høgre enn 173 dekar per år. 
Vi vil samstundes peike på at statistikken frå SSB, etter innrapportering frå kommunane, framleis synest å variere noko i kvalitet. 

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer (fra kapittel 3.1.1.1.1.6 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har planprogram som redegjør for hvordan boligsosiale utfordringer og løsninger skal ivaretas.

Vi forstår dette resultatmålet som at alle kommunar tek omsyn til bustadsosiale utfordringar og løysingar i kommuneplanane sine, det vil seie samfunnsdel og arealdel. I tillegg kjem aktuelle temaplanar og reguleringsplanar. I innspel til kommunale planar har vi lagt vekt på ein sosial bustadpolitikk og godt bustadsosialt arbeid som eit viktig kommunalt ansvar for sosial utjamning. Vi ser likevel at målsettingane i overordna planar ikkje alltid syner att i arealbruken. Dialogen med fleire kommunar viser at norma om integrering og normalisering vert utfordra når ein skal bygge bustader til utsette grupper. Kommunar argumenterer med effektiv tenesteyting og korte avstandar og vil plassere mange med behov for hjelp på same stad. Kommunane i Sogn og Fjordane kan bli flinkare til å nytte den faglege og økonomiske støtta frå Husbanken i det bustadsosiale arbeidet sitt.

Bustadsosialt arbeid har særskilt vore tema på to av fire møte i HOF-forum (forum for helse, omsorg og folkehelse) i 2018. Forumet er eit tverrfagleg og tverretatleg nettverk for leiarar. Flora kommune (boligbanken og bustadkontoret), Sogndal kommune (bustadkontoret) og lokallagsleiar for NFU (Norges Forbund for Utviklingshemmede) har halde innlegg på møta. 

Vi deltok, i lag med Husbanken, på dialogmøte ute i to kommunar (januar og mars) som hadde fått avslag på søknadar om tilskot frå Husbanken. Problemstillinga var mangelfull etterleving av vilkåra om "normalisering".

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante planer (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

De statlige planretningslinjene er lagt til grunn i alle relevante regionale og kommunale planer.

Innspela våre til kommunale planar har tradisjonelt først og fremst vore konsentrert om arealbruk i strandsone, viktige område for biologisk mangfald og omsyn til barn og unge, og i seinare tid i større grad også folkehelse.

Statlege planretningslinjer for samordna bustad, areal- og transportplanlegging er samstundes alltid trekt fram som viktige tema ved oppstart av revisjon av overordna arealplanar og ved oppstart av reguleringsplanar der dette er aktuelt. Vi har utover dette ikkje hatt kapasitet til å jobbe med utfordringar med transport utanom å bidra til mest mogeleg konsentrert arealbruk i plan- og dispensasjonssaker. I den samanhengen er det viktig å vere merksam på at Sogn og Fjordane har eit utfordrande desentralisert utbyggingsmønster og dårleg utbygd kollektivtransport.

Vi viser til dei statlege planretningslinjene der dette er relevant, til dømes om areal- og transportplanlegging.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle planer etter plan- og bygningsloven er vurdert med hensyn til samfunnssikkerhet, herunder klimaendringer. 

Vi har gått gjennom alle kommuneplanane og hovudtyngda av reguleringsplanane som vi har hatt på høyring. Vi har ikkje hatt kapasitet til å sjå på alle planar, og har difor prioritert ned dispensasjonssaker. I periodar med ekstra stor arbeidsbelastning har vi prioritert kva reguleringsplanar vi skulle sjå nærare på. I dei nedprioriterte reguleringssakene sjekka vi som eit minimum at det var gjort ein ROS-analyse.

Konsekvensane av klimaendringar har lenge vore eit område som vi har gitt særleg merksemd, ikkje minst i behandling av plansaker. Når vi går gjennom plansaker vurderer vi alltid om det i ROS-analysen er teke tilstrekkeleg omsyn til klimaendringane. Konsekvensane av klimaendringane er eit tema som går att i vår rettleiing av kommunane og når vi uttalar oss ved oppstart av planprosessar.

3.1.1.2 Informasjon og veiledning er tydelig og målrettet

Vi har nytta etablerte møtearenaer på utdanningssektoren til felles rettleiing og informasjon. Også i 2018 har barnehage- og skulemiljø hatt særskilt merksemd. Dette har vore tema på alle treffpunkt med utdanningssektoren, t.d. på regelverkssamling, leiarsamling og liknande. Vi har spissa informasjonen mot målgruppa på dei ulike møteplassane. Vi har også nytta videomøte, telefonmøte, informasjonsskriv og nettside for å nå ut med informasjon.

Etter eit grunnlagsarbeid kom vi fram til at vi ikkje nominerte kandidat til Dronning Sonjas skolepris i 2018.

Oppfølging av bhgmynd med bhgeiere som ikke har tatt i bruk rammeplan (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle barnehagemyndigheter med barnehageeiere som ikke har tatt i bruk ny rammeplan, skal ha fått nødvendig oppfølging.

Alle barnehagane har tatt i bruk rammeplanen. Skriftleg tilbakemelding frå barnehagemyndigheita syner at rammeplanen er tema både på overordna leiarmøte og på personal- og avdelingsmøte i barnehagane. Alle barnehagane har sett barnehagen sitt verdigrunnlag, samfunnsmandatet og barns medverknad på agendaen. Barnehagens verdigrunnlag er òg tema i kommunale og regionale kompetanseplanar.

3.1.1.3 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Vi gjennomførte øving for 18 av dei 26 kommunane våre. Tema for øvinga var atomberedskap og bruk av Nødnett og krisestøtteverktøyet CIM. Kommunane øvde i eigne lokale, mens vi styrte øvinga frå Statens hus. Statens strålevern, Sivilforsvaret, Røde Kors og DSB (avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon) støtta oss i gjennomføringa.

Før jul samarbeidde vi med Fylkesmannen i Hordaland om ei oppkoplingsøving for Nødnett og satellittelefonar. Dei fleste kommunane deltok.

I oktober hadde vi eit samfunnstryggleiksseminar for kommunane. Vi hadde mellom anna atomtryggleik, IKT-tryggleik og øvingar som tema. Seminaret vart gjennomført i samarbeid med helseavdelinga, og det var deltaking av folk som arbeider med både generell beredskap og helse i kommunane.

Vi hadde òg ei øving med skred frå Joasetbergi (fjellskredområdet ved Flåm i Aurland) som tema. I tillegg til oss deltok Aurland kommune, politiet og NVE. Øvinga tok utgangspunkt i beredskapssystemet for fjellskredet, som vi har vore pådrivar og koordinator for.

I juni gjennomførte vi CIM-kurs for kommunane i Nordfjord. Vi hadde kurset i Stryn. Tema var både det tekniske knytt til bruk av CIM, men òg korleis kommunane i praksis kan nytte CIM i det daglege og ved uønskte hendingar.

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

På bakgrunn av bestemmelser i sivilbeskyttelsesloven og forskrift om kommunal beredskapsplikt, skal Fylkesmannen gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Vi hadde tilsyn med oppfølginga av beredskapsplikta i sju av 26 kommunar (Flora, Vik, Eid, Selje, Bremanger, Leikanger og Lærdal).

Tilsynet i Lærdal var eit felles tilsyn mellom helse- og sosialavdelinga og beredskapseininga. Det vart gjennomført med bakgrunn i ei risikovurdering og manglande oppfølging etter førre tilsyn med kommunen i 2016.

Fem av tilsyna våre var med kommunar som vert slått saman med andre frå 1. januar 2020. Samanslåinga var eit viktig tema under tilsynet, og noko som er teke omsyn til i oppfølging av avvika. I Eid og Selje gjennomførte vi tilsyn i begge kommunane første dag, og så hadde vi felles rettleiingsmøte dag to. Det var for å mellom anna å bidra til å danne eit felles kunnskapsgrunnlag på samfunnstryggleiksområdet ved etableringa av Stad kommune.

Det er framleis ein del av kommunane som får avvik. Det har først og fremst vore fordi den heilskaplege risiko- og sårbarheitsanalysen ikkje oppfyller krava i lov og forskrift, eller fordi det har mangla overordna mål, strategiar og ein plan for oppfølging.

Vi hadde felles opningsmøte på Skype for kommunane som skulle ha tilsyn i vårhalvåret, og det same før tilsyna på hausten. Alle kommunane takka ja til å delta. Det vesentlege innhaldet i møta var rettleiing om våre forventningar til kommunane, og å etablere ei forståing av kva krav lovverket stiller til samfunnstryggleiksarbeidet i kommunane.

3.1.1.4 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Gjennom tilsyn, klagesaker og i dialogen med Nav-kontora har vi sett at det framleis er trong for auka kunnskap og kompetanse om sosialtenestelova. Kommunane har ansvar for å sikre at dei som utfører tenester etter lova har god nok kompetanse, men vi har likevel inntrykk av at ikkje alle kommunar sikrar dette godt nok. Inntrykket er at det vert gjeve internopplæring og at tilsette får delta på kurs og samlingar som Fylkesmannen arrangerer. Dette er likevel ikkje alltid tilstrekkeleg til å sikre god forståing og rett bruk av sosialtenestelova.

Vi har og i 2018 hatt eit godt samarbeid med Nav Sogn og Fjordane om fleire av dei tiltaka vi har gjennomført opp mot Nav-kontora. Tiltaka har vore godt mottekne av kommunane, med jamt over gode tilbakemeldingar. Vi har elles hatt særleg høg merksemd på dette med individuelle vurderingar og barneperspektivet i vår dialog med Nav-kontora.

Vi har hatt opplæringstilbod om sosialtenestelova på Nav-leiarsamlingar, fagsamling om økonomisk stønad, nytilsettopplæringar og nettverkssamlingar. Samlingane har vore planlagt og koordinert saman med Nav fylke, og alle Nav-kontor har fått tilbod om deltaking. Etter førespurnad har vi delteke med faglege innlegg på regionale sosialfaglege nettverk, og vi har gitt rettleiing om sosialtenestelova i klagesaker, tilsyn, via e-post og over telefon.  

Vi har etter måten for få klagesaker til at vi i samband med årsrapporten vil kunne seie noko sikkert om dei tiltaka vi har gjennomført i 2018 har hatt ein varig effekt på kunnskapsnivået om sosialtenestelova.

Alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter, med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

Vi har delteke med faglege innlegg på Nav-leiarsamlingar, der mellom anna kvalifiseringsprogram (KVP) og aktivitetsplikt var tema.

I samarbeid med Nav fylke arrangerte vi to-dagars fagsamling for Nav-tilsette om økonomisk stønad. Alle Nav-kontor i fylket fekk tilbod om deltaking og dei fleste deltok. Vår og haust hadde vi dagssamling for nytilsette i Nav med innføring i sosialtenestelova og forvaltningslova. Alle Nav-kontor i fylket fekk tilbod om å delta.    

Vi har delteke med faglege innlegg om mellom anna KVP på to regionale sosialfaglege nettverk. Tre av fire regionar i fylket har slike nettverk. Etter førespurnad frå Nav fylke hadde vi innlegg om sosialtenestelova på samling for ungdomskontaktar i Nav, tilsette i oppfølgingstenesta (OT) og i Fylkeskommunen.

Vi har i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland arrangert grunnkurs i økonomisk rådgjeving. Nav-tilsette i fylket som arbeider med KVP og økonomisk rådgjeving, har hausten 2018 kunne delta på nettverkssamlingar i Hordaland. Alle Nav-kontor i fylke fekk tilbod om deltaking.

Vi har i etterkant av fleire klagesaker gjeve både skriftleg og munnleg rettleiing om sosialtenestelova til Nav-kontor, der vi har vurdert det som naudsynt.

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Økt tilgjengelighet til de sosiale tjenestene. Opplæringen skal vektlegge kravet om å gjøre individuelle vurderinger i den enkelte saken og at barneperspektivet i de sosiale tjenestene ivaretas.

Vi har på Nav-leiarsamling og på fagsamling om økonomisk stønad for tilsette i Nav lagt vekt på barneperspektivet og kravet om å gjere individuelle vurderingar. Barneperspektivet og å gjere individuelle vurderingar har også vore ein viktig del av opplæringa for nytilsette i Nav, som vi har hatt to gonger.

Vi har rettleia Nav-tilsette over telefon, og i fleire klagesaker gjeve særskild rettleiing om sosialtenestelova til Nav-kontor, der vi har vurdert det som naudsynt.

Antall kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og annen veiledning er avdekket særlig utfordringer.

Vi har følgt opp ein kommune med tilsyn. Vi såg i klagesaker at kommunen i søknader om økonomisk stønad for personar med forsytaransvar for barn, ikkje kartla barnas situasjon og gjorde individuelle vurderingar i samsvar med regelverket. I denne kommunen deltok vi også med rettleiing på Nav-kontoret.

3.1.1.5 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Vi har arrangert Forum for helsestasjon for tilsette på helsestasjon; jordmødrer, helsestasjonslegar og helsesøstrer. Dei ulike faggruppene har både felles program og parallelle sesjonar tilpassa yrkesgruppene. Skulevegring og behovet for tverrfagleg samarbeid rundt dette var hovudtema for fellesprogrammet. Det vart også informert om nasjonale faglege retningsliner for svangerskapsomsorg, helsestasjon for ungdom, barnevaksinasjonsprogrammet, og om rettleiarane "Korleis avdekke vald" og "Svangerskapsdiabetes". Samlinga viste at kommunane i Sogn og Fjordane treng eit betre samarbeid om ei vaktordning for oppfølging av mor og barn etter fødsel, spesielt i helg, høgtid og ferie.  

Forum for helse, omsorg og folkehelse (HOF-forum) er ein møteplass for leiarar i kommunane, Helse Førde, Høgskulen på Vestlandet, KS, Nav, fylkeskommunen, brukarar og Fylkesmannen. HOF har jobba vidare med tiltaket «Drøfting og samstemming av kompetansebehov og utdanningstilbod innan helse, omsorg, sosial og folkehelse» som har ført til at KS vil arrangere kurs i kompetanseplanlegging for kommunane. HOF har også i år sett på behovet for deltids- og desentraliserte utdanningar i sjukepleie og vernepleie. Vernepleie  fekk 10 nye studieplassar og skal ha opptak januar 2019. Grunna omorganiseringar vart HOF- forum lagt ned på det siste møtet i 2018.

Vi har arrangert temadag om somatisk helsehjelp gitt med tvang (PBRL kapittel 4A). 150 personar fordelt på spesialisthelsetenesta, tannhelsetenesta og kommunehelsetenesta deltok. Konferansen var i samarbeid med tilsette hos Fylkesmannen som jobbar med kapittel 9 (tvang til personar med psykisk utviklingshemming). Vi har også gitt omfattande rettleiing til helsepersonell på telefon. Rettleiinga har delvis vore gitt til enkelt helsepersonell, men også til grupper av helsepersonell.

Vi har arrangert smittevernkonferanse i samarbeid med mellom anna spesialisthelsetenesta. Det var vektlagt at konferansen skulle vere både for legar, helsesøstrer og smittevernansvarlege på sjukeheimar og i heimetenestene. Vi meiner det er viktig for godt samarbeid på tvers av tenestene.

På haustens IPLOS-konferanse deltok helsepersonell frå dei fleste kommunane i fylket. Vårt inntrykk er at kommunane er opptatt av å nytte IPLOS som eit ledd i kartlegging av pasientar og som styringsverktøy. Tilbakemeldinga er at helsepersonell oppfattar  spørsmåla i IPLOS forskjellig. Resultatet av vurderinganen kan derfor vere ulik utifrå kven som har gjennomført kartlegginga.

Vi har arrangert nettverkssamling for leiarar i kommunale helse- og omsorgstenester. Tema for samlinga var mellom anna den nye kvalitetsreforma for eldre "Leve hele livet". Vi hadde spesielt fokus på ernæring og aktivitet. På samlinga tok vi også opp andre aktuelle tema som leiing av pasienttryggleik og investeringsordninga til sjukeheimar og omsorgsbustader. Vi hadde og "Opptrappingsplan mot vold og overgrep" som tema på samlinga for å medverke til at kommunane i fylket kjenner til denne. På desse samlingane er det også sett av tid til informasjon frå USHT om sitt arbeid.

I tilknytning til nettverkssamlinga hadde vi i tillegg ein eigen fagdag om sakshandsaming med svært god deltaking. Med bakgrunn i klage- og tilsynssaker hadde vi vurdert at dette var noko kommunane hadde trong for. Fagdagen vart svært godt motteken. På fagdagen informerte vi og kommunane om eit innføringskurs i forvaltningsrett for tilsette i ulike kommunale sektorar som UiB har utvikla i samarbeid med, og etter initiativ frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Vi har informert om forskrift om leiing og kvalitetsforbetring på fleire møteplassar med tilsette i kommunar og helseføretak dette året.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene har politisk vedtatt planer for å møte fremtidens utfordringer på helse- og omsorgsfeltet, bl.a. kompetanse- og rekrutteringsplaner.

Planlegging og planarbeid er tema på dei fleste møteplassane vi har med kommunane. Vi har ikkje kartlagt planarbeidet i kommunane i 2018. Vårt inntrykk er likevel at kommunane planlegg korleis dei skal møte utfordringane innan kommunale helse- og omsorgstenester, men at nokre kommunar ikkje kan dokumentere at dei gjer det på tilstrekkeleg systematisk måte. Mest alle kommunane har delplanar for ulike område, også kompetanseheving og rekruttering.

Eit overordna trekk i fylket er at fleire kommunar legg vekt på hjelp i eigen heim heller enn i institusjon. Fleire kommunar enn før søkjer på Husbankens tilskotsordning til bygging av nye omsorgsbustader og institusjonsplassar. Bustadene er til fleire brukargrupper enn tidlegare som personar med rus/psykisk helseproblem og personar med utviklingshemming. For å oppnå effektiv bruk av personellressursane ser vi også at kommunane ønskjer å bygge omsorgsbustader lokalisert nær institusjon, eller samle ulike brukargrupper i same bustadprosjekt. Manglande samsvar behova til kommunane og regelverket for tilskotsordninga kan vere utfordrande for kommunane.      

Flere kommuner enn i (fra kapittel 3.1.3.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner enn i 2017 gir dagaktivitetstilbud til hjemmeboende personer med demens .

I 2018 er det 18 kommunar som har søkt om tilskot til  dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens, ein meir enn i 2017.

Kostradata i kombinasjon med seinaste situasjonsrapport frå 2018, tyder på at det framleis er kommunar som ikkje har eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens. Samstundes viser SSB-statistikken at det er fleire kommunar som har tilbod til denne gruppa enn dei som har søkt om tilskotsmidlar i 2018. Alle kommunane i fylket har eit aktiviseringstilbod til eldre over 80 år.

Vi har hatt Demensplan 2020 som tema på nettverksamling for leiarane i helse- og omsorgstenestene dette året. Ny nasjonal kartlegging av tenestetilbodet til personar til demens og nasjonal fagleg retningslinje om demens vart tekne opp.

Flere plasser med dagaktivitet (fra kapittel 3.1.3.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Flere plasser med dagaktivitetstilbud for personer med demens sammenliknet med 2017.

Ifølgje Helsedirektoratets tertialrapportar hadde kommunane
våre i 2017 129 plassar med dagaktivitetstilbod til personar med demens. Talet auka til 151 i 2018. Talet på brukarar auka frå 244 i 2017 til 259 i 2018. Inntrykket vårt er at omfanget av dagtilboda varierer frå daglege tilbod til nokre dagar eller timar per veke. Innhaldet varierer også.

Kostra-tala syner at talet på brukarar med pleie- og omsorgstenester som har dagaktivitetstilbod er vesentleg høgre enn det som går fram av Helsedirektoratets tertialrapportar. Talet på brukarar har også auka frå 2016 til 2017. Vi har grunn til å tru at mange av brukarane er heimebuande personar med demens, og at dagaktivitetstilbodet i kommunane er betre enn tertialrapportane viser.    

Personell i helse- og (fra kapittel 3.1.3.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Personell i helse- og omsorgstjenesten har fått økt grunn- og videreutdanningsnivå sammenlignet med 2017.

Vi har førbels ikkje Kostra-tal for 2018. Tal frå Helsedirektoratets statistikkpakke (data frå SSB) syner at det i 2017 var 6054 tilsette og 4533 årsverk i den kommunale helse- og omsorgstenesta i fylket, mot 5919 tilsette og 4335 årsverk i 2016. Frå 2015 til 2017 har det skjedd ein auke på 186 tilsette og ein vekst i årsverk på om lag 6,3 prosent. Legar og fysioterapeutar er ikkje medrekna i desse tala.

Talet på sysselsette, årsverk og årsverk med fagutdanning i brukarretta omsorgstenester har auka frå 2016 til 2017. Delen av årsverk i brukarretta tenester med fagutdanning har auka frå 71 prosent i 2016 til 72 prosent 2017. Delen med fagutdanning frå høgskule og universitet har auka frå 32 til 33 prosent.

For desse fagområda er årsverktalet høgare i 2017 enn i 2016: helsefagarbeidarar, sjukepleiarar, geriatriske sjukepleiarar, psykiatriske sjukepleiarar, helsesøstrer, jordmødrer, fysioterapeutar og vernepleiarar. Talet på årsverk og talet på sysselsette er redusert for yrkesgruppene aktivitørar og miljøterapeutar i same periode.  

Kommunane i fylket har høgare del sjukepleiarar i brukarretta tenester med vidareutdanning (25,7 prosent) enn i resten av landet (22,7 prosent). Delen tilsette sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som er eldre enn 55 år er større i vårt fylke enn resten av landet.

Tal frå Kostra syner at talet årsverk i helsestasjon og skulehelseteneste har auka med 12,3 årsverk frå 2016 til 2017. Dette er årsverk for både helsesøster, jordmor, lege og anna helsefagleg utdanning.  

Når det gjeld psykisk helsearbeid og rusarbeid i kommunane syner Kostra-tala at avtalte årsverk for psykiatriske sjukepleiarar og årsverk av personar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid har auka med 14 årsverk frå 2016 til 2017. Årsverk av personar med vidareutdanning i rusarbeid har også auka med 14 årsverk i same periode.

Økt ressursinnsats (fra kapittel 3.1.3.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Økt ressursinnsats i kommunalt psykisk helse- og rusarbeid sammenlignet med 2017, jf. vekst i  kommunerammen på 300 mill. kroner til styrket innsats på rusfeltet i 2018.

Det er 40 prosent av kommunane i fylket som seier dei auka midlane er brukte til formålet. Dette samsvarer med tala på landsbasis for små kommunar, som vi har mest av i fylket vårt. Kommunar med mellom 2000 og 5000 innbyggarar har svart 45 prosent på landsbasis.

Økt andel av pasienter (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt andel pasienter med behov for habilitering- og rehabilitering mottar tjenester i kommunene sammenliknet med 2016 (tekst endre noe i forbindelse med første felles supplerende tildelingsbrev for 2018).

(Resultatmålet slettes fordi det i dag ikke finnes gode tall på dette. Det er mulig å finne tall på antall mottakere av hab/rehab i IPLOS, men det kan Helsedir ta ut selv. Det finnes flere andre resultatmål på hab/rehab i tillegg til egen rapportering under kap. 7)

Flere kvalifiserte årsverk (fra kapittel 3.1.3.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere kvalifiserte årsverk enn i 2016 arbeider innen habilitering og rehabilitering i kommunene.

Vi skal sjå vekk frå dette rapporteringskravet, jf. e-post frå Sigrun Gjønnes 14.desember 2018.

Minst ett innsatsområde (fra kapittel 3.1.3.1.2.3 i TB)

Rapportere på

Minst 75 % av kommunene rapporterer forbedring på innsatsområder/tiltak i opptrappingsplanen 2017-2019 sammenlignet med 2017.

I alt 15 av 26 kommunar søkte om og fekk tildelt tilskot til styrking av habiliterings- og rehabiliteringstenestene frå Opptrappingsplanens midlar i 2018. Det er fem fleire kommunar enn i 2017. To av dei 15 kommunane søkte om og fekk overført tilskotet som var tildelt i 2017. Ved slutten av året har nokre kommunar søkt om overføring av delar av 2018-tildelinga til bruk i 2019. 

Fleire av prosjekta handlar mellom anna om utarbeiding av- eller revisjon av plan for kommunens (re)habiliteringsarbeid. Omfanget av  og innhaldet i arbeidet det vert søkt om tilskotsmidlar til, varierer. Koordinerande eining, opplæring av koordinatorar og innføring av elektronisk versjon av Individuell plan er nokre av temaa det vert jobba med. Det vert også jobba med konkrete rehabiliteringstiltak for ulike brukargrupper. Nokre kommunar har samarbeidsprosjekt med helseføretaket. Mange av kommunane i fylket har no tilbod om kvardagsrehabilitering. Fleire av kommunane har arbeidd med dette som prosjekt med tilskotsmidlar frå Kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot. Det er også gjeve tilskot frå denne ordninga til andre (re) habiliteringsprosjekt dei siste åra.

I Helsedirektoratets kartlegging av (re)habiliteringsarbeidet i kommunane hausten 2017, svara 46,2 prosent av kommunane at dei hadde plan for habilitering og rehabilitering. Fylkeslegen har brukt resultat frå kartlegginga i dialog med kommunane, mellom anna på årleg samhandlingskonferanse og i felles fagforum for tilsette i kommunane og spesialisthelsetenesta som arbeider innnan fagfeltet.

Kommuane gjev tilbakemelding om at tilskotsordninga bidreg til å setje habilitering og rehabiliteringsarbeidet på dagsorden i kommunen og styrke tenesteområdet. Frist for kommunanes rapportering om bruken av tilskotsmidlane er 1.april 2019. 

3.1.1.6 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Fylkesmannen samarbeider tett med Kompetansesenter rus i Bergen om tiltak og felles oppdrag på dette området. Vi har og samarbeidd med RVTS Vest på voldsfeltet og tett med NAPHA Trondheim.

Vi har gjennomført fire samlinger om ROP (rus og psykisk helse) med stor deltaking og interesse frå kommunane. Tema har vore:

  • NORSE - betre pasientmedvirkning i behandling. 
  • Rusbehandling, overdosestrategi og anbefalingar 
  • TSB-retningslinjene.
  • Overordna om ROP-retningslinjene/ROP-løp/brukermedvirkning/erfaringsutveksling.
  • Migrasjon - rus og psykisk helse

Det har vore arrangert MI grunnkurs for over 50 stk. To dagers samling med Korus Vest, veldig gode tilbakemeldinger.

Forum for rus og psykisk helse har hatt to samarbeidsmøte i Sogndal, og éin stor konferanse over to dagar i Loen hausten 2018 med over 100 deltakarar.  

Kartlegging med Brukerplan - IS 24/8 syner at 11 av 26 kommunar (42 prosent) har kartlagt med Brukerplan. Dette er éin meir enn i fjor, men framleis ikkje i samsvar med målet.

Tverrfagleg oppfølging - IS 24/8 syner at 19 av 26 kommunar (73 prosent) gir tverrfagleg oppfølging (tverrfagleg oppsøkande team).

90 % av kommunene har kartlagt (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

90% av målgruppen er kartlagt for å belyse rusmiddelsituasjonen fylkets kommuner gjennom BrukerPlan eller annet kartleggingsverktøy.

Det var 12 av 26 (46 prosent) kommunar som kartla med Brukarplan i 2018. Dette er for lågt i forhold til målet, men det har vorte lagt ned stor innsats frå både NAPHA og Korus Vest for å få dette talet høgare. Fylket har veldig mange små kommunar, og det kan vere noko av årsaka. På dette området må vi tenke nytt for 2019 for å sjå om vi kan klare å få denne prosenten opp.

Minst 70 % av kommunene (fra kapittel 3.1.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Minst 70 % av kommunene sikrer brukermedvirkning i tjenesteutvikling innen rus- og psykisk helsefeltet.

Berre 8 av 26 kommunar i fylket rapporterer at dei sikrar brukarmedverknad i tenesteutviklinga si. Dette er under måltalet. Det er fleire kommunar som har erfaringskonsulent. Brukarerfaring og recovery har vore tema på mange samlingar i fylket dei siste åra i samarbeid med NAPHA, Korus Vest og Høgskulen på Vestlandet.

Tolv kommunar har kartlagt med Brukarplan, og alle kommunane unntatt ein har kartlagt med Ungdata.

Et større antall personer med rus (fra kapittel 3.1.3.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Et større antall personer med rus- og/eller psykisk helseutfordringer har tilfredsstillende botilbud enn i 2017.

For fylket vårt oppgir kommunane i stor grad at dei gir god oppfølging til personar i bustad med rus og psykiske vanskar i IS 24/8- rapporteringa.

Vi arrangerte konferansen "Nullvisjon for bustadløyse i Hordaland og Sogn og Fjordane?" i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken og Helse Vest med om lag 100 deltakarar. Her var det både faglege innlegg og debatt.

Vi har deltatt i eit prosjekt for regional gjennomføring av tiltaksplanen "Bolig for velferd" med Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken, Helse Vest, Nav, Buf-etat, Kriminalomsorgen og Imdi.

Regional gjennomføring av tiltaksplanen «Bolig for velferd»:

Vi jobba i prosjekt med Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken, Helse Vest, Nav, Buf-etat, Kriminalomsorga og Imdi. Vi planla å invitere utvalde kommunar til å delta i prosjektarbeid for at dei kan jobbe med tiltak retta mot to målgrupper;

  • Menneske som er avhengige av rus middel og har psykiske lidingar, som manglar eller risikerer å miste bustaden sin.  
  • Vanskeligstilte barnefamiliar, tilretteleggje for at dei bur i eigna bustad.

Bedre kvalitet i tilbudet til personer (fra kapittel 3.1.3.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Bedre kvalitet i tilbudet til personer med psykisk helse- og/eller rusproblemer gjennom kunnskapsbaserte metoder  herunder etablering av flere aktivt oppsøkende behandlings- og oppfølgingsteam etter modell av ACT/FACT-team, Individuell jobbstøtte/ Jobbmestrende oppfølging og Rask psykisk helsehjelp enn i 2017.

Vi har ingen ACT/FACT-team i fylket vårt. Det blei jobba aktivt for å få til eit FACT-team i ein region av fylket, men det var lite vilje frå helseforetaket og enkelte kommunar for å få dette til.

Individuell jobbstøtte har mål om å bli eit fylkesdekkande tilbud der alle kommunane i samarbeid med NAV og Helseforetaket HF skal ha eit tilbud. No er to av tre regionar med i samarbeidet. Det er søkt Helsedirektoratet om midlar til å starte opp i Sunnfjord òg. 

Ein kommune i fylket er ferdig godkjent og utdanna innan Rask psykisk helsehjelp frå desember 2018, med tre personar i teamet. 

Flere kommuner har etablert (fra kapittel 3.1.3.2.1.5 i TB)

Rapportere på

80% av kommunene omfattes av tilskuddsordningen til kommunalt rusarbeid.

I alt 15 av 26 kommunar (58 prosent) har i 2018 fått tilskot til kommunalt rusarbeid. Nokre kommunar har fleire prosjekt. Talet er stabilt. Somme av kommunane som ikkje søkjer, grunngir dette med at dei ikkje ønskjer å ha prosjektarbeidarar på tilskotsmidlar. Dei ønskjer heller å ha prosjektarbeidarar som er tilsette gjennom kommunebudsjettet.

Flere kommuner har rekruttert psykolog (fra kapittel 3.1.3.2.1.6 i TB)

Rapportere på

Flere kommuner har rekruttert psykolog og flere benytter denne kompetansen i rusarbeid enn i 2017.

Vi har i liten grad klart å lukkast med å auke psykologkompetansen i kommunane våre. Trass innsatsen vi har lagt ned i å informere om tilskotsordninga og om lovkravet frå 2020, har det vore vanskeleg å få kommunane til å søkje om tilskot. To kommunar fekk tilskot til nye psykologstillingar i 2018, og begge desse stillingane var innan psykisk helse og rusfeltet. Den eine kommunen har ikkje hatt psykolog tidlegare, medan den andre kommunen har frå tidlegare to stillingar. Då det vart lyst ut nye tilskotsmidlar på hausten, var det tre nye kommunar som søkte om midlar. To av desse kommunane betalte tilbake tilskotet med årsak i at kommunen ikkje hadde sett av midlar til eigenfinansiering i budsjettet, og heller ikkje lagt vidare planar for finansiering av psykologstilling frå 2020.

Som tidlegare opplever kommunane at det er vanskeleg å rekruttere, men kanskje endå vanskelegare å halde på yngre og nyutdanna psykologar. Dei små kommunane som har lukkast best har gått saman om å lage interkommunale kompetansekontor der fleire psykologar arbeidar saman med anna helsepersonell innan PPT.

Små kommunar har ofte eit ønske om at psykologen skal fungere som ein type fagleg bakvakt for heile helsetenesta på vegner av kommunen, og på eit meir overordna nivå, medan psykologen, som ofte er ung og nyutdanna, heller ser for seg å arbeide meir pasientsentrert.

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak (fra kapittel 3.1.3.2.1.7 i TB)

Rapportere på

70 % av kommunene har etablert tidlig intervensjonstiltak ved rusrelatert problematikk.


I alt 12 av 26 kommunar (46 prosent) har etablert system på tvers av tenestene for identifisering av personar med behov for tidlig intervensjon ved rusrelatert problematikk. Av dette er 8 kommunar (31 prosent) for både vaksne og unge, 4 kommunar (7,7 prosent) berre for vaksne og 4 kommunar (7,7 prosent) berre for unge. Det er fem kommunar som er med i Betre Tverrfaglig Innsats-prosjekt (BTI) i samarbeid med Korus. BTI handlar om å etablere system for tidleg intervensjon og identifisering, ikkje berre innan rusrelatert problematikk, men og for skule, barnehage, helse, barnevern mv. Fylkesmannen har i år ikkje tilgang til kommunane sine svar. Vi har ingen grunn til å tru at kommunane som i 2017 rapporterte at dei hadde systema, har avslutta desse. Temaet er oppe i ulike samlingar og forum i løpet av året, og har vore det i mange år. Fylkesmannen hadde, i samarbeid med Korus Vest, fire samlingar i 2018 om ulike tema på ROP.

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommunene kjenner til opptrappingsplanen mot vold og overgrep og nye lovbestemmelser i helselovgivningen som berører arbeidet.  

Vi kan ikkje talfeste målet, men meiner at temaet skal vere godt kjent i alle kommunar. Vi har hatt særskild stor merksemd på dette området i 2018.

Tema vald og overgrep og tema opplysingsplikt til barnevernet har vore gjennomgåande tema fleire stader i 2018. Særleg sett i lyset av vår tidlegare satsing på "Sjumilssteget" som i 2018 og 2019 vert vidareført som eit tverfagleg 0-24-samarbeid. I 2018 vart det også etablert ei avdeling av Barnehuset i vårt fylke (Førde) og eit felles kommunalt valds- og overgrepsmottak i Førde som eit samarbeid mellom helseforetaket og kommunane (lokalisert til legevakta SYS-IKL). Tverrfagleg 0-24 samarbeidsgruppe arrangerte i desember ein todagarskonferanse om barneperspektivet i tverrfagleg samhandling (BITS).

Temaet opplysingsplikt til barnevernet har vore tema på BITS, nettverk helsestasjon, nettverk samfunnsmedisin (vald- og overgrepsmottak), leiarnettverk og i helseforetakets koordineringsråd (vald- og overgrepsmottak, Barnehus og tilsynssaker). Vi har sett fleire tilsynssaker som gjeld misnøye med at offentlege instansar, t.d. helsestasjon, har sendt uromeldingar til barnevernet utan at dei har samtykke frå foreldre.

Temaet vald og overgrep har vore tema på BITS, nettverk helsestasjon, nettverk samfunnsmedisin (vald- og overgrepsmottak), leiarnettverk og i helseforetakets koordineringsråd (vald- og overgrepsmottak, Barnehus og tilsynssaker).

Vi deltok saman med FMHO, RKBU Vest og RVTS Vest om å arrangere ein todagars konferanse om barn utsett for vald og overgrep i Bergen, 30. og 31. oktober 2018.

På kurs i offentleg helsearbeid for LIS1-legar, turnusfysioterapeutar og turnuskiropraktorar, heldt RVTS Vest innlegg om samtale med barn om vald og overgrep. Slike kurs arrangerer vi to gonger årleg

Flere kommuner har utarbeidet (fra kapittel 3.1.3.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Flere  kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2017.

I talmateriale frå IS 24/8 har berre 5 av 26 kommunar (19 prosent) ein slik plan.

Medio 2018 gjennomførte vi på førespurnad frå NKVTS ei direkte kartlegging av dette spørsmålet, der vi tok kontakt med relevant kontaktperson i alle 26 kommunar. Vi fekk oversendt kopi av kommunens plan eller fekk oversendt lenke til elektronisk plan. Talmateriale frå vår eiga kartlegging syner at 23 av 26 kommunar (88 prosent) har slik plan. Vi har ikkje tal tilgjengelege for 2017, men trur at det har kome til fleire planar i 2018 enn året før.

Skilnaden mellom vår eiga kartlegging og IS 24/8 gir grunn til bekymring for validiteten av talmaterialet i IS 24/8, der vi også på andre område har vanskar med å kjenne oss att i talmaterialet.

3.1.1.7 Styrket folkehelsearbeid

I innspela til samfunnsdelane av kommunane sine planar har Fylkesmannen lagt vekt på at dei områda kommunen satsar på knytt til levekår og livskvalitet, skal bygge på utfordringar frå kommunen si folkehelseoversikt og ha eit sosialt utjamnande fokus. Dei samfunnsdelane som vi har hatt på høyring legg i større grad enn tidlegare vekt på behovet for å skape inkluderande lokalsamfunn og rammer for inkludering og trivsel. Vårt inntrykk er at kommunane no er meir medvitne om behovet for ein bustadpolitikk som tek sosiale omsyn, men at det er utfordrande å omsette dette til faktisk handling.

Samarbeidet for folkehelse mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Helse Førde HF, Høgskulen på Vestlandet, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Nav og KS/kommunane i fylket har hatt jamlege møter. Eit mål har vore å skape eit forpliktande fagleg samarbeid og kompetansemiljø i fylket rundt innsamling og publisering av folkehelsedata. I tillegg skal ein hjelpe kommunane med analyse og faglege vurderingar til bruk i sitt systematiske folkehelsearbeid. Gruppa har også jobba med korleis ein kan etablere ein felles portal for publisering og formidling. Fylkesmannen har delteke i møte for arbeid- og styringsgruppene som vil halde fram til prosjektperioden endar i september 2019.

Sogn og Fjordane er ikkje programfylke i folkehelseprogrammet. Forum for helse, omsorg og folkehelse (HOF-forum) har hatt fire møte der fylkeskommunen har orientert om status for søknad om folkehelseprogrammet til kommunane og andre samarbeidspartar. Fylkeskommunen har ikkje samla partane for å revidere den første søknaden eller lage ein ny. Dei grunngjev dette med at Helsedirektoratet ikkje har lagt opp til ein søknadsrunde i 2018, som den i 2017.   

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Det er framleis kommunar i Sogn og Fjordane som ikkje har eit oppdatert folkehelsedokument laga etter tverrfagleg samarbeid i kommunen.

Helse- og sosialavdelinga samarbeider med plangruppa internt for å styrke folkehelseomsyn i kommunanes planverk. Vi jobbar med å finne indikatorar på eit systematisk folkehelsearbeid, i tillegg til folkehelseoversikt og ein planstrategi som bygger på denne. Vi er i ferd med å få betre oversikt over folkehelsearbeidet i kommunane ved at planleggarar med ansvar for eit avgrensa tal kommunar får auka eigarskap til folkehelse. Framleis manglar vi eit system og matrise som gjer at vi kan rapportere godt nok på dette punktet i tabellform. Vi har ikkje motteke ei QuestBack-undersøking frå Hdir som kartleggingsmetode for rapportering i 2018.

Alle kommunar i Sogn og Fjordane har fått tilbod om å delta i eit læringsnettverk for folkehelseoversikt arrangert av KS og Sogn og Fjordane fylkeskommune, og åtte kommunar har takka ja. Læringsnettverket skal ha fire todagarssamlingar, der dei to første vart arrangert i 2018. Fylkesmannen har i samråd med fylkeskommunen vore med på å purre på kommunar som vi meinte hadde eit særleg behov for deltaking.

Hordaland fylkeskommune har førebudd fagdagar om folkehelseoversikter for kommunane som blir arrangerte i byrjinga av 2019. Her får kommunar i Sogn og Fjordane tilbod om å delta. Fylkeskommunen og Fylkesmannen vil også her oppmode kommunar som ikkje har ei oppdatert folkehelseoversikt, til å delta.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

I dialogen med kommunane kjem det fram at dei tykkjer det er krevjande å finne evidensbaserte og lokalt forankra tiltak med sosialt utjamnande effekt. Fylkesmannen skal ikkje detaljstyre kommunar i fråsegner og anna rettleiing, men ser etter typiske og viktige døme på tiltak som aukar og minskar sosial ulikskap i kommunal samfunnsplanlegging.

Vårt inntrykk er at kommunane ikkje i tilstrekkeleg grad vektlegg sosialt utjamnande tiltak i kommuneplanens samfunns- og arealdel. I innspel til kommunale planar viser vi til ein sosial bustadpolitikk og godt bustadsosialt arbeid som viktig i kommunalt arbeid for sosial utjamning.

Fylkeslegen skreiv i 2018 eit innlegg på Fylkesmannsbloggen kring dette temaet med bakgrunn i oppdraget om å gjere Fritidserklæringa kjent i kommunane. Vi fekk fleire positive tilbakemeldingar frå lokalpolitikarar på dette innlegget.

3.1.1.8 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Samanlikna med naturtilstanden er økosystema i låglandet  gjennomgåande svært fragmenterte og påverka av ulike inngrep og omdisponeringar. Mykje av endringa har skjedd over hundrevis av år, men den negative utviklinga held fram og er synleg også på kort tid, t.d. sidan år 2000. For nokre naturtypar som det finst svært lite att av, er dette kanskje spesielt kritisk no sidan det berre er dei siste restane som er att. Dette har truleg allereie vorte kritisk for ein del artar og evna deira til å spreie seg og tilpasse seg klimaendringar. Våtmark i jordbrukslandskapet er nær ved å forsvinne i mange område, og velutvikla delta finst knapt att i naturleg tilstand og funksjon. Høgmyrar finst knapt att i heilt naturleg tilstand. Flaummarkskog har gått sterkt attende som følgje av vassdragsutbygging, forbyggingar, jordbrukstiltak og arealomdisponeringar, noko som truleg har mykje å seie for både artssamfunn og flaumdempingsevne. For låglandsmyr skuldast den negative utviklinga ikkje berre nye inngrep, men også saktegåande opptørking pga. gamle grøftingsinngrep.

Spreiing av framande artar er eit problem for dei fleste økosystema, ikke minst for skog, og har blitt rapportert inn til oss i langt større omfang enn tidlegare. Auken kan dels skuldast meir merksemd i media, men er nok også reell. Nyare kartlegging viser at særleg talet på førekomstar av "hagerømlingar" er aukande, men det største trugsmålet mot økosystem og artsmangfald på land er den store og ukontrollerte frøspreiinga av gran frå etablerte granplantingar. 

Tilstanden i det marine økosystemet kan for vår del vurderast m.a. ut frå hekkebestandane av sjøfugl, og desse er no så sterkt reduserte at tilstanden for det marine økosystemet ser svært dårleg ut.

Lærdal og Ormelid er tatt inn som nye UKL-område, og det vert arbeidd med forvaltningsplanar for områda. UKL-området Grinde-Engjasete i Leikanger kommune fekk fylket sin kulturlandskapspris og var vår kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen. Desse tre personane delte prisen: Lars Grinde, Roald Lunde og Jon Erling Oppedal.

Overvåkingsprogram i alle vannregioner skal være etablert. (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Overvåkingsprogram skal være etablert i alle vannregioner i løpet av 2018.

Vi har eit overvakingsprogram frå 2014. I tillegg laga vi i desember 2017 ein oversikt over planlagt overvaking for 2018. Den planen vart følgt i 2018. All overvaking vi fekk midlar til, er gjennomført. I tillegg har vassområda gjennomført ytterlegare overvaking der kunnskapsnivået har vore for lågt.

Økt bruk av påleggsmyndigheten (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Økt bruk av påleggsmyndigheten hjemlet i vannkraftkonsesjoner sammenliknet med 2017.

Regulantprosjektet, som er eit samarbeid mellom Fylkesmannen og alle regulantane med vasskraftmagasin i fylket, kartla i 2018 reguleringsmagasin og potensielle gyteelver, og ikkje-anadrome elvestrekningar. Det har difor ikkje vore aktuelt å gi enkeltpålegg om undersøkingar. Det vart ikkje gitt nye/endra utsettingspålegg eller pålegg om habitattiltak i 2018. 

Restaureringstiltak (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle innvilgede restaureringstiltak skal være igangsatt i løpet av 2018.

Sætremyrane NR: 

Innvilga beløp: Kr 250 000

Status: Sluttført

Økonomisk forbruk: Kr 644 277

Antall meter grøft tetta: 0

Kommentar: 300 000 kr vart løyvd i tillegg sidan tiltaket vart dyrare enn rekna med.

Sidan det ikkje er grøfter i normal forstand i tiltaksområdet, slik at det i staden vart bygd demningar av varierande lengd for å demme opp gamle torvuttaksfelt og erosjonsfurer, er det vanskeleg å rekne i meter grøft.

Gjerlandsøyane NR:

Innvilga beløp: Kr 100 000

Status: Igangsett – ikkje sluttført

Økonomisk forbruk: Kr 55 775

Antall meter grøft tetta: 0

Kommentar: Det er rydda tre langs kanalen for i neste runde å kome til å leggje ned røyr i kanalen og fylle att rundt. Ein god del trerydding står att å gjere, også for å kome fram med gravemaskina og transport av røyr.

Sørestrandvatnet NR:

Navn på tiltaket: Hindre at kanalreinsk skal tørke opp myr

Innvilga beløp: Kr 50 000

Status: Ikkje aktuelt

Økonomisk forbruk: Kr 0

Antall meter grøft tetta: 0

Kommentar: Synfaring synte at det ikkje fanst opplagte tekniske løysingar, og grunneigaren ville ikkje ha tiltak som kunne vanskeleggjere drenering av tilstøytande dyrka mark.

Gjennomført kontroll av rettighetshaverorganisering (fra kapittel 3.1.4.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Kontroll av rettighetshaverorganisering skal være gjennomført i løpet av 2018.

Sidan Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane skulle slå seg saman 1.1.19 har vi planlagt å gjennomføre ein felles gjennomgang av organiseringa av fiskerettshavarane. Planlegginga vart gjennomført i 2018, og kontrollen vil bli gjennomført i 2019 av Fylkesmannen i Vestland.

3.1.1.9 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Naturvernområda i Sogn og Fjordane er forvalta og skjøtta i tråd med verneformålet for kvart område. For mange av verneområda manglar derimot mykje kunnskap om naturtypar og artsinventar, og talet på verneområde, med sine individuelle utfordringar, gjer at det ikkje er kapasitet til noko meir enn ei minimumsforvalting. Det er i liten grad kapasitet til skjøtsel. Innsats mot framande artar som trugar verneføremålet vert prioritert, men problemet også på dette punktet aukar truleg langt raskare enn forvaltninga har kapasitet til å fjerne det.

Innanfor frivillig skogvern har talet på saker auka vidare i høve til 2017.

Verneområda i fylket dekkjer store areal i fjellet (meir enn 70 prosent av vernearealet i fylket ligg høgare enn 1000 m.o.h.), men er få og små i låglandet der det største biologiske mangfaldet finst (berre 3,9 prosent av landarealet under 500 m.o.h. er verna). Den alvorlege underdekkinga av dei mest artsrike naturtypane gjer det vanskeleg å sikre naturen for komande generasjonar.

Gjennomførte verneplanprosesser skogvern økt i forhold til 2017. (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Antall gjennomførte verneplanprosesser innenfor skogvern er økt i forhold til 2017.

Tre nye skogområde vart oppretta som naturreservat i 2018: Breisete, Rodeholene og Tingastad, alle på Kaupanger-halvøya i Sogndal kommune. Spesielt Breisete og Rodeholene er større naturreservat på høvesvis ca. 8 km2 og 4,5 km2.; Tingastad er på ca. 1,3 km2. Alle områda inneheld store naturverdiar (delområde med A-verdi).

Verneverdiene i verneområdene (fra kapittel 3.1.4.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Godkjent forvaltningsplan finst for 33 naturreservat, tre nasjonalparkar og ni landskapsvernområde.

Vi har hatt for liten kapasitet til å auke arbeidet med forvaltningsplanar for verneområda ut over eit relativt lågt nivå, og har prioritert område med særlege forvaltningsutfordringar.

3.1.1.10 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Trass i ein vanskeleg personalsituasjon (med vakansar delar av året) er vi nøgde med måloppnåinga.

Kvalitetssikret informasjon om brannøvingslokaliteter (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

All informasjon om brannøvingslokaliteter i fylket i Forurensningsdatabasen skal være kvalitetssikret i løpet av 2018.

Alle lokalitetane i Forurensingsbasen er kvalitetssikra.

100 % av lokalitetene er kvalitetssikret. (fra kapittel 3.1.4.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % av lokalitetene med grunnforurensning er kvalitetssikret.

Vi har kvalitetssikra ca. 40 av ca. 160 registreringar i 2018. Før overføring til ny database vart dei fleste lokalitetane kvalitetssikra i eit prosjekt der Asplan Viak var engasjert.  

Gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 (fra kapittel 3.1.4.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle gjenstående prioriterte skipsverftslokaliteter har fått pålegg innen 31.12.2018 

Etter avtale med Miljødirektoratet er det to verft som enno ikkje har fått pålegg om tiltaksplan. Dei er aktive verft som framleis har utfordringar med utslepp frå verftsaktiviteten. Eventuell reinsing eller andre tiltak må avklarast først.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Vi har nådd målet om færre kommunar i Robek ved utgangen av 2018, enn kva vi hadde ved inngangen av året. Vi har redusert talet på Robek-kommunar frå to til ein i løpet av året. 

Kostra-rapportering frå kommunane har betra seg dei siste åra. Kommunane har hatt ei positiv utvikling frå 2017 til 2018 og færre feil. Vi har nådd når måla for vårt fylke med ei forbedring på 36 prosent siste året.

Tiltak som er gjennomførte er skildra i 7.3.6.5.1.

Siste åra har det samla sett vore ei positiv økonomisk utvikling for kommunane i fylket, men det er framleis enkelte kommunar som har økonomiske utfordringar. Netto driftsresultat for kommunane i fylket utgjorde i snitt 3,5 prosent i 2017, medan landssnittet var på 3,7 prosent. Av 26 kommunar hadde 19 positivt netto driftsresultat i 2017, og 17 av kommunane hadde eit sterkare resultat enn 1,75 prosent av brutto driftsinntekter (jf. TBU-tilråding). Sju av kommunane fekk negativt netto driftsresultat, som vart saldert ved bruk av disposisjonsfond.

Disposisjonsfond i prosent av driftsinntektene er i gjennomsnitt lågare for våre kommunar samanlikna med landet, 6,1 prosent mot  9,9 prosent i landet elles. Ut frå økonomiplanane til kommunane ser vi at fleire jobbar med å tilpasse utgiftsnivået i tenestene til dei økonomiske rammene. Om dei ikkje greier dette vil driftsreservane deira over tid bli svekte. Utbetalingar frå Havbruksfondet kom godt med for fleire av kommunane i fylket vårt i 2018.

Gjeldsnivået til kommunane var i snitt 100,5 prosent, og ligg litt lågare enn landssnittet på 101,9 prosent pr. 31.12.17. Nivået varierer mellom kommunane. Det er enkeltkommunar som ligg høgt og som kan få økonomiske utfordringar om rentenivået aukar i tida framover.

Utfordringane til fleire av kommunane i fylket er negativ folketalsutvikling over tid og skeiv demografi.

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2018 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2017.

Ved inngangen til 2018 var Bremanger kommune og Naustdal kommune registrerte i Robek. Naustdal vart meldt ut av registeret 10. juli 2018, etter at rekneskapen for 2017 viste at alt underskot var dekka inn. 

Bremanger er framleis registrert i Robek, og vart innmeldt etter Terra-saka i 2008. Kommunen har òg tapt store beløp på derivatavtaler formidla av Terra Securities. Pr. 31.12.2017 hadde kommunen eit underskot på 54 mill. kroner, og planen er å dekkje inn 42 mill. kroner i 2018. Klarar kommunen dette, dekkjer dei underskotet frå 2008 innan 10-års fristen. Vidare er planen til kommunen å dekkje resten av underskotet innan 2020.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2017.

Kommunane i fylket har hatt ein nedgang i talet på feil frå 2016 til 2017, og fleire har no "riktige" verdiar i Kostra på eigedomsforvaltning. Nedgangen tilsvarar 36 prosent, og vi når difor dette resultatmålet. Vi har Kostra som tema på fagsamlingar og informerer om dette på nettsider og elles i kommunikasjon med kommunane. Arbeidet held fram i 2019 mot enkeltkommunar. Sjå elles utfyllande informasjon om Kostra i punkt 7.3.6.3.1.

3.1.1.12 Endringer i kommunestrukturen

Vi har følgt opp kommunar i samanslåingar gjennom møte med kommunestyra, fellesnemnder og prosjektrådmenn. Hovudtema i møta har vore:

  • status og vidare planar med oppgåver for samanslåingane
  • budsjett- og økonomiplanar 2018-2021 til kvar kommune med verknader for ny kommune frå 2020, særleg om kva følgjer større investeringar rett før samanslåinga kan få for den nye kommunen
  • prioritering og samordning av tilsyn og kontroll
  • rettleiing etter inndelingslova og kommunelova

Vår vurdering er at det gjensidig har vore nyttig og ei rett prioritering å ha møteplassar mellom Fylkesmannen og kommunar som skal slå seg saman.

Vi har tidlegare gjennomført utgreiingar og tilrådingar for tre grensejusteringar, området Bryggja mellom kommunane Vågsøy og Eid (Stad frå 2020), Nesse skulekrins mellom Høyanger og Balestrand (nye Sogndal frå 2020) og Kjøs krins mellom Hornindal (nye Volda frå 2020) og Stryn kommune. Departementet har gjort vedtak i alle sakene. Området Maurset mellom Hornindal og Stryn vart frå 1. januar 2019 ein del av Stryn kommune. Frå 2020 blir området Bryggja overført til Stad kommune og Nesse skulekrins til Høyanger kommune. Dei involverte kommunane for grensejusteringane Nesse skulekrins og området Bryggja er i gang med arbeidet, og vi har kontakt med kommunane gjennom rettleiing etter inndelingslova.

Vidare arbeid med endringar i kommunestrukturen

Stortinget har lagt til grunn at det framleis er behov for endring i kommunestrukturen, og som i kommunereforma skal Fylkesmannen ha ei sentral rolle i dette arbeidet. Vi skal stimulere til gode diskusjonar om utfordringar i dei enkelte kommunane med konsekvensar av å halde fram som i dag og moglegheiter som kan ligge i strukturendringar. Alle samanslåingar skal fram til 2021 vere friviljuge og basert på lokale vedtak.

I vårt fylke blir det fire nye kommunar frå 2020, Stad, Kinn, Sunnfjord og nye Sogndal. Desse kommunane ville etter folketal blitt dei fire største i dagens fylke. Etter kommunereforma har det difor blitt større forskjellar mellom kommunane, der halvparten har under 5000 og 1/3 under 3000 innbyggjarar. Ein slik struktur vil framleis utfordre mange av kommunane på kapasitet og kompetanse, og truleg auke omfanget på interkommunalt samarbeid. Det vidare arbeidet med endringar i kommunestrukturen må byggje på oppdatert kunnskap og erfaringar frå kommunereforma.

Fylkesmannen i Vestland arbeider med ein plan for strategi, mål og tiltak for vidareføring av arbeidet med endringar i kommunestrukturen. I den samanheng, og med erfaringar frå kommunereforma, bør ein lokalt og nasjonalt greie ut modellar for samanslåing av kommunar som er store i areal og lange avstandar mellom sentruma i kommunane.

3.1.1.13 Økt verdiskaping i landbruket

Dette var siste året med gammalt regionalt bygdeutviklingsprogram (RBU). Handlingsplanen vart oppdatert i januar etter møte med partnarane. Utviklings- og tilretteleggingsmidlane (UTM) vart lyste ut og innkomne søknader var drøfta med faglaga før det vart gjort vedtak. Prosjekt som fekk støtte, er følgde opp gjennom året.

Det er gjennomført eit omfattande arbeid med å lage nytt felles RBU for Vestland. Det er brukt store ressursar på å knyte saman fagmiljøa i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette vart gjort med eigne referansegrupper for miljøprogrammet, skogprogrammet og næringsprogrammet. (RMP, RSK og RNP). Styringsgruppa for RBU var sett saman av faglaga, fylkeskommunane, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen.  

Kommunane i Indre Sogn har etablert eit samarbeid om forvaltning og utvikling innanfor skogbruk. Samarbeidet omfattar ni kommunar. Vi har gitt økonomisk støtte til dette slik at det saman med ekstra ressursar frå kommunane har ført til ei styrking på eitt årsverk.

Sogn og Fjordane skogselskap har etablert eit prosjekt som driv med overordna skogsvegplanlegging. Det er no to personar som arbeider i prosjektet, som sikrar gode prosessar og auka samarbeid mellom grunneigarar.

Regionalt bygdeutviklingsprogram er fulgt (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på


Regionalt bygdeutviklingsprogram med tilhørende underprogrammer er fulgt opp i tråd med nasjonal politikk

Dette arbeidet vert styrt gjennom Handlingsplanen for 2018. Denne vert utarbeidd i samarbeid med med faglaga og Innovasjon Noreg. Utviklingsmidlane vart lyste ut med søknadsfrist 1. april. Søknadene vart drøfta med faglaga, og svara sende ut til 1. juni. Fylkesmannen samarbeider godt med Innovasjon Noreg, og vi har ein god dialog om mobilisering og fordeling av investeringsmidlane på ulike produksjonar.

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst.

Det er framleis utfordrande å få til tilstrekkeleg forynging etter hogst. Eit motivasjonsprosjekt i samarbeid med Vestskog har gitt resultat i den forstand at dei har betre oppfølging av skogeigaren og gjer no avtale om planting samstundes som dei gjer avtale om hogst. Utfordringa er ikkje berre knytt til skogeigaren sine ønskje og motiv, men også plantekvalitet, skade frå hjort og sterk attgroing av tre og busker som kveler plantene. Vi ser aukande behov for oppfølging og suppleringsplanting.

Dei konkrete plantetala gjekk likevel ned frå 2017 med om lag 45 000 plantar, og over tid ser det framleis ut til at plantearealet er halvparten av hogstarealet. Men ein del av dette kan forklarast med at hogsarealet av gode grunnar skal brukast til andre føremål enn skogbruk.

3.1.1.14 Bærekraftig landbruk

Skogbruk: I arbeidet med regionalt skog- og klimaprogram har vi skive ein del om skogen si rolle i klimaspørsmålet. Dette gjeld både binding av CO2, albedo, klimavenleg byggemateriale og energiberar.

Skogreisinga etter krigen viser no att som store granfelt i god vekst. Desse felta har svært god tilvekst og er i ein fase der dei bind svært mykje CO2. Men berre om lag halvparten av hogstarealet vert tilplanta på nytt. Dette skuldast delvis at skogeigar har ønskje om å bruke arealet til andre føremål, men også ei til dels overdriven frykt for at moderne skogbruk er ein stor fare for biologisk mangfald. Manglande forynging av skogen vil derimot redusere opptaket av CO2 og dermed auke klimaproblema og redusere det biologiske mangfaldet. Vi kan etter vår vurdering legge til rette for både moderne skogbruk og biologisk mangfald ved god arealplanlegging og miljøtilpassa skogbruk. I Sogn og Fjordane har vi til dømes sidan 2011 ikkje tilrådd og heller ikkje gjeve tilskot til skogplanting i dei ytre kystbygdene, av omsyn til lyngheia og det opne kystlandskapet. 

Jordbruk: Gjennom regionalt miljøprogram (RMP) har Sogn og Fjordane ordningar for å ta vare på kulturlandskapet. Nytt RMP frå 2019 har tatt inn nye ordningar som skal redusere ureining til luft og vatn og bidra til redusert utslepp av klimagassar. Dette arbeidet var eit samarbeid mellom Fylkesmannen i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen har i samarbeid med fylkeskommunen gjennomført ei GIS-analyse for å kartfeste jordbruksareal langt vassdrag. Dette er eit verktøy som kommunane skal bruke i sitt arbeid for å redusere ureining frå jordbruksareala, og som vi vil bruke i arbeidet med nytt RMP. 

Beitebruk: Vi har følgt opp arbeidet med skrantesjuke (CWD) i samarbeid med Mattilsynet og Fylkesmannen i Buskerud og i Hordaland. Ekstra midlar bidrog til å sikre salstein-plassane i beiteområdet.

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Økt planting med tilskudd til tettere planting, og økt gjødsling, sammenlignet med 2017

Gjødsling av skogsmark er ikkje så aktuelt her i vest sidan kulturskogen, som er den økonomisk mest interessante, stort sett står på areal med god tilgang på både næring og vatn.

Tiltak i regionalt miljøprogram (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i regionalt miljøprogram er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Jordbruksoppgjeret 2018 gav klare føringar for regionalt miljøprogram, der driftsvansketilskotet var særleg viktig for Sogn og Fjordane. Dette vart følgt opp ved at utbetaling til bratt areal vart auka med 50 prosent. Tilskotet vart spissa mot areal som vert slege og der graset vert nytta som fôr. Det er ikkje noko nedre eller øvre arealgrense for tilskotet. Etter dialog med Landbruksdirektoratet vart innføring av nye ordningar med tilskot til miljøvenleg spreiing av husdyrgjødsel utsett til 2019. 

3.1.1.15 Andre oppdrag

Leve hele livet (3.1.3.1.6)

Arbeidet med kvalitetsreforma Leve hele livet er forankra i
embetsleiinga. Vi har samarbeidd med Fylkesmannen i Hordaland om gjennomføringa dette året. Det er oppretta ei intern tverrfagleg arbeidsgruppe med tilsette frå begge embeta. Vi har gjennomført informasjonsarbeid om reforma på allereie etablerte møteplassar med kommunane. Vi har også starta opp samarbeidet med KS i dei to fylka og tre USHT i regionen om gjennomføringa av reforma. Fylkeseldreråda og Senter for omsorgsforsking Vest har også delteke på samarbeidsmøte i november 2018. Nytt møte med regionalt støtteapparat for vidare planlegging av reformarbeidet er planlagt i februar 2019. Vi har også delteke på gjennomføringskonferanse i Bergen i november 2018. Utvida støtteapparat blir invitert til samarbeidsforum våren 2019. Hovudtrekk i reforma er vidare presentert på Nettverk - sjukeheim (målgruppe: sjukeheimslegar).  

USHT (3.1.3.1.3)

Vi har framleis tett samarbeid med lokal USHT. USHT har fått tid på våre relevante møteplasser som leiarnettverkssamling og smittevernkonferanse. Vi har framleis tett samarbeid med USHT om utvikling og implementering av velferdsteksnologi - særleg gjennom etablering av eit felles kommunalt alarm- og responssenter for velferdsteknologi.

Tannhelse (5.4.2.6)

Vi har i 2018 hatt samhandlingsmøte med fagleiinga i fylkeskommunal tannhelseteneste. Føremålet var å bidra til at personell i helse- og omsorgstenesta får opplæring i tannstell. Tannhelsetenesta skal få tid på våre møteplassar. Tannhelsetenesta har samarbeidsavtale med høgskulemiljøet og får no sleppe til på alle fagutdanningar, og på barnevernutdanninga.   

Smittevern (5.1.4.9, 5.1.9, 5.2.7.2)

Vi har også i 2018 arrangert heildags smittevernkonferanse for både KHT og SHT. Tema var mellom anna endringar i smittevernlova, antibiotaresistens, vaksinasjon (grunnvaksinasjon, men særleg tilleggsvaksinasjon, HPV og influensa) og nasjonal helseberedskapsplan.

Samfunnsmedisin, smittevern, miljøretta helsevern, helseberedskap, fastlegeordninga, legerekruttering (5.1.4.9, 5.1.9, 5.1.10.2, 5.2.2.2, 5.2.3.3, 5.2.7.2)

Nasjonal helseberedskapsplan, vaksinasjon av helsepersonell og vaksinasjonsvegring, legerekruttering (ALIS Vest) og legeutdanning (LIS1/2/3), leiarutdanning av legar (UiB og UiO) og LOT 2019 miljøretta helsevern i skule og barnehage var tema på Nettverk - samfunnsmedisin (målgruppe: kommuneoverlegar og samfunnsmedisinarar).

Fagdirektøren frå lokalt helseføretak hadde med bakgrunn i kvalitetsforskrifta innlegg om metodikken frå Hdir om hendingsanalyse som verktøy ved intern gjennomgang av uønskte hendingar.

Vi har med oppstart i 2018 to nye rettleiingsgrupper innan samfunnsmedisin i Sogn og Fjordane. Vi har fleire kommunar som deltek i ALIS Vest. Legevakt vert i langt større grad dekt av fastlegar og ikkje legevikarar. Kommunane er generelt positive til å engasjere seg i utdanninga av LIS1-legar og LIS2/3-legar som eit av dei viktigaste tiltaka for å betre rekrutteringa av fastlegar.  

Helsestasjon (3.1.3.1.5 og 5.1.4.4)

Føringane i ny nasjonal fagleg rettleiar for helsestasjon har blitt tekne opp i Nettverk - helsestasjon (målgruppe: helsestasjonslegar og helsesjukepleiarar). Vi får på denne møteplassen tilbakemelding på aktuelle utfordringar i tenesta.

Veteranarbeidet (3.1.7.5)

Vi har i 2018 sendt ut informasjon om Regjeringas veteransatsing til kommunane med oppmoding om å lage kommunale veteranplanar. I tillegg har vi har informert om veteransatsinga på samling for alle rådmenn i fylket.

Førarkort (5.3.1.1)

Vi oppfattar at avklaring av førarkortspørsmål er ein av dei viktigaste rettane vi jobbar med, både for folk flest men også i eit samfunnsperspektiv. Det er ofte det området som skaper størst engasjement hjå publikum, både på godt og vondt.  Vi har valt å prioritere saksområdet høgt og hadde gjennom andre halvår 2018 i realiteten inga ventetid på førarkortsaker. Vi har etter regelverksendringane i 2016 sett ein relativ stor nedgang i talet på dispensasjonsaker, men ein auke i talet på rettleiingssaker frå publikum, helsepersonell og politi.

Nemnd mv. (5.3.4.18, 5.3.4.20, 5.3.4.21, 5.3.4.24, 5.4.2.12)

Vi har administrert sekretariatsfunksjonen for lokal abort- og steriliseringsnemnd og lokal kontrollkommisjon. Vi har i 2018 hatt ei sak om sterilisering til handsaming. Vi har ikkje hatt saker til handsaming som gjeld kosmetisk kirurgi eller organdonasjon. Vi har gitt to dispensasjonar frå kravet om fullført spesialistutdanning for å kunne være fagleg ansvarleg i psykisk helsevern.

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

Vi har internt samarbeid mellom planseksjon, helseseksjon og sosialseksjon når det gjeld arbeidet med kommunale planar. Vi samarbeider tett med Husbanken, både på overordna nivå og om kommuneretta oppfølging. Vi har i 2018 saman med Husbanken delteke i dialogmøte ute i to kommunar som fekk avslag på tilskotsmidlar frå Husbanken. Overordna informasjon frå Husbanken og døme på konkrete planar som har fått støtte, har vore tema på leiarnettverk og på to av i alt fire samlingar i HOF-forum. Bustadssosialt arbeid og utjamning av sosial helseuliksskap har særleg vore tema på samlingar i HOF-forum. Vi har involvert to kommunar som har eit aktivt bustadsosialt arbeid og som mellom anna jobbar etter retningslinene for Housing First. I tillegg har vi involvert lokallagsleiaren for Norges Forbund for Utviklingshemmede.

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Tverrfagleg tilsynsgruppe har samarbeidd tett med kontrollutvala for sekretariata og andre statlege tilsynsorgan. Det vart i 2018 utarbeidd ein felles plan for alle statlege tilsyn i fylket, for å hindre at kommunane skulle få fleire varsel om tilsyn i same periode.

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder (fra kapittel 3.2.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Planlagde tilsyn som per i dag ikkje er avslutta: 8

Kommunale helse- og omsorgstenester - ROP (3)
Fire kommunar (fire tilsyn), saman med FMHO. Vi fann avvik i alle kommunane. Vi har hatt relativt omfattande oppfølging i etterkant. Det er framleis tre tilsyn som ikkje er avslutta. Vi har bede om ei siste tilbakemelding innan 31.05.2019.

Kommunale helse- og omsorgstenester - heimebuande eldre (1)
Seks kommunar (seks tilsyn), saman med FMHO. Dette var to tilsyn i Sogn og Fjordane og fire tilsyn i Hordaland. Det er framleis eitt tilsyn som ikkje er avslutta. Vi har bede om ei siste tilbakemelding innan 31.03.2019

Kommunale helse- og omsorgstenester - PU (4)
Fire kommunar (fire tilsyn). Vi fann avvik i alle kommunane. Vi har hatt relativt omfattande oppfølging. Det er framleis fire tilsyn som ikkje er avslutta.

Kommunal helseberedskap (0)
Ein kommune (eit tilsyn), saman med beredskapseininga. Tilsynet var framleis ikkje avslutta ved årsskiftet, men er avslutta no.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

I arbeidet med det regionale miljøprogrammet (RMP) i jordbruket har vi lagt inn tiltak som skal redusere utslepp av klimagassar frå drift av jordbruksareal. Dette vil samtidig redusere ureininga frå jordbruksdrifta. 

På skogområdet har vi gjennomført diverse informasjonstiltak og oppfølging av skogeigarar som ikkje har forynga skogen etter hogst. Plantearealet har auka, men framleis er hogstarealet større enn plantearealet, noko som på sikt vil redusere CO2-opptaket i skogen.

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene tilfredsstiller krav.

I alt 15 av 26 kommunar har svart på ei spørjeundersøking om dei har ein klima- og energiplan som tilfredsstiller krava i SPR. Av desse svarar 12 kommunar at dei har ein eigen tematisk klima- og energiplan, og to kommunar svarar at dei har integrert krava i kommuneplanen eller anna planløysing. Vi har inntrykk av at svara frå desse 15 kommunane er representative for resten av kommunane. Rullering av klima- og energiplanane vert generelt ikkje prioritert pga. manglande kapasitet og kompetanse og liten etterspurnad. Det er likevel større vekt på klimautfordringar i kommunane no, og det vert gjennomført mange tiltak sjølv om desse ikkje er forankra i klima- og energiplanen.  

Alle kommuner i fylket skal ha mottatt bistand til KE-planlegging (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner i fylket har mottatt bistand til klima- og energiplanlegging, herunder veiledning til ny klimagasstatistikk og statlige forventninger til klima- og energiplanleggingen.

Vi har hatt god dialog med kommunane om klimautslepp og klimatilpassing, men vi har hatt mindre merksemd på energiplanlegging. Klima er gjennomgåande tema i høyringsfråsegner, på konferansar og seminar, i kommunemøte og i planforum. Det nye klimagasstatistikkverktøyet vart grundig presentert for kommunane på ei samling der ca. halvparten av kommunane deltok. I tillegg har verktøyet blitt omtala i andre samanhengar.


3.1.2.4 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med flyktningsituasjonen

Vi brukar det årlege samarbeidsmøtet mellom UDI, IMDi, KS, fylkeskommunen og oss til å peike ut retning og evaluere status. I 2018 har vi halde fram arbeidet med å styrke integreringsområdet og delteke i forbetringsprosjekt for arbeidsretting av introduksjonsprogrammet, og etablering av regionale nettverk for god integrering. 

Vi har samarbeidd med Nav fylke, fylkeskommunen og KS for å "flytte" språklæringa frå klasserommet til arbeidsplassen. Prosjektet har merksemd på å arbeidsrette introduksjonsprogrammet i Flora kommune. Gjennom prosjektet har vi erfart at det er krevjande å endre haldninga om at språklæring skjer i klasserommet til at språklæring skjer på arbeidsplassen.

Godt samarbeid mellom flyktningtenesta, vaksenopplæringa og Nav er òg målet for dei regionale nettverka for god integrering. 

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.2.1.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

Tal frå IMDi viser at 87 prosent var busett innan seks månader og 98,8 prosent innan tolv månader.

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.2.1.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen 3 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 80 %. 

Tal frå IMDi viser at 50 prosent av einslege mindreårige var busett innan tre månader.

3.1.2.5 God samordning i opprydding av marin forsøpling

Vi deltok på møte 30.11.2018 med tema marin forsøpling, der det vart delt erfaringar og diskutert vidare samhandling. Dei inviterte var: Friluftsrådet Vest, BOF ( Bergen og omland friluftsråd), Fjordkysten friluftsråd ( relativt nyoppretta i Sogn og Fjordane) FMHO og FMSF. Fjordkysten friluftsråd deltok ikkje.

3.1.2.6 Andre oppdrag

3.2.1.6.1.  0-24 

Dei siste åra har vi i embetet arbeidd tett saman for å styrke det tverrsektorielle samarbeidet om utsette barn og unge. I 2018 valde vi ut desse tre målsetjingane:

1) Styrke sakshandsaminga for saker som gjeld denne gruppa

2) Samtale med barn

3) Teieplikt i den interne og eksterne samhandlinga rundt helse-, omsorg- og sosialtenester og opplæring for utsette barn og unge og deira familiar.

For å nå målsettingane og ivareta barneperspektivet har vi hatt intern opplæring om korleis samtale med barn og om korleis vi skal arbeide med teieplikta i sakshandsaming med utgangspunkt i barnekonvensjonen. Vi er internt meir medvitne om barnet si stemme i sakshandsaminga og vurderer teieplikta i større grad enn tidlegare. Gjennom sakshandsaminga vår har også kommunane blitt meir merksame på barneperspektivet i sitt arbeid.

 Vi har gjennomført ein konferanse med hovudtema «Barneperspektivet i tverrfagleg samhandling». Det vart sett merksemd på opplysningsrett og opplysningsplikt i tverretatleg samarbeid; når kan eller skal det bli gjort unntak frå teieplikta? Vi fekk òg sjå gode døme på gode samtalar med barn.

Tenester som har samhandla og delteke på konferansen er barnevern, barnehage, helsestasjon, skule, kommunal psykiatriteneste, Nav, politiet og frivillige organisasjonar. Tilbakemelding frå deltakarane viste at tema for konferansen var nyttig og bidrog til dialog. Det blei knytt kontakt på tvers av dei ulike tenestene i kommune og fylkeskommune. Med så mange ulike yrkesgrupper samla på konferansen, har vi forventningar om å sjå resultat ute i tenestene.

Den interne og eksterne opplæringa har gitt betre kompetanse om barn sine rettar, korleis nytte barnekonvensjonen i sakshandsaminga og korleis nytte teieplikta i kvardagen jf. 7.3.10.1.1

3.2.1.6.3  Tverretatleg samarbeid for å betre opplæringssituasjonen og skuleresultata til barn og unge i barnevernet

Vi presenterte det digitale kurset modul 1 "Se meg" på tverrfagleg samling 4.-5. desember 2018. Vidare har vi sendt e-post til alle kommunane med informasjon om det digitale kurset modul 1 og om rettleiaren.

Temaet har elles vore framme som eitt av fleire på nokre av våre møteplassar med leiarar i barnehage, skule og barnevern.

Fylkesmannen hadde innlegg om samtale med barn på barnehagekonferansen i november 2018, inkludert presentasjon av verktøyet "SNAKKE". Deltakarar inkluderte oppvekstleiar/ kommunalsjef for barnehage og skule frå enkelte av kommunane.

Vi har rettleia individuelt i nokre tilfelle.

3.2.1.6.8  Forsøk med Nav-rettleiar i vidaregåande skule

Vi har delteke med fast medlem i styringsgruppa for forsøket med Nav-rettleiar i vidaregåande skule, saman med fylkeskommunen og Nav fylke, der Nav fylke har koordinatoransvar. Styringsgruppa har lagt vekt på at utvikling skal skje gjennom dagleg arbeid i dei lokale prosjekta. Førde og Flora held fram i forsøket ut dette skuleåret. Det er utfordrande å måle heilt konkret kva resultat forsøket har gitt i form av auka gjennomføring eller redusert fråfall. Styringsgruppa vurderer at felles forståing på tvers av forvaltningsnivå av utfordringar for målgruppa i prosjektet, er avgjerande for å redusere fråfall og sikre at fleire ungdomar kjem i arbeid etter avslutta skulegang. Førebels oppsummering er at Nav må vere til stades på dei vidaregåande skulane. Ved avslutninga skal dei to prosjekta ha konkludert med korleis dei skal samarbeide framover. 

3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Året 2018 har vore utfordrande for utdanningsavdelinga fordi fleire medarbeidarar slutta i løpet av året, og vi sette tilsetjingsstopp medan vi arbeidde med bemanningsplan for det nye embetet og venta på tildelinga for 2019. Trass dette har vi i all hovudsak klart å handsame klager innan gitte frister og, vi har oppfylt krava til tilsyn og har rettleia på dei områda som har vore etterspurde. Når vi i 2019 går inn i nytt embete, Fylkesmannen i Vestland, har vi organisert oss slik at kapasiteten er tatt hand om. 

Rettleiing vert etterspurt av einskildkommunar og partssamarbeid. Vi har utført rettleiinga i møte og på større samlingar. Vår inngang er alltid gjennom skuleeigaren eller barnehagemyndet, men i nokre tilfelle er målgruppa for rettleiinga langt breiare. Til dømes har vi i 2018, etter gjennomført tilsyn, hatt møte med kontrollkomiteen i ein kommune, gjennomført regelverkssamling for barnehage og skule (mynde, eigar og einingsleiar) og hatt rettleiing med alle tilsette i skulane i ein kommune.

Rettleiinga eller informasjonen har retta seg mot sentrale tema, t.d. skulemiljø. Vi har både gitt generell informasjon og følgt opp etter eit tilsyn eller aktuelle sider ved regelverket. Til dømes var vaksen-barn relasjon tema på regelverksamlinga i 2018, retta mot både barnehage og skule. Samlinga har vore årleg sidan 2009. Hovudtanken er å ta opp aktuelle problemsstillingar med siktemål å kunne tilføre relevant kompetanse til målgruppa. Vår tilnærming har difor klare parallellar til Utdanningsdirektoratets satsing "Regelverk i praksis". 

Omfangskrav for Sogn og Fjordane (fra kapittel 3.3.1.1.1.11 i TB)

Rapportere på

Omfangskravet på 48 poeng skal være oppfylt.

Vi har gjennomført tilsyn på barnehageområdet som utgjer 18 poeng, og på opplæringsområdet 33 poeng, til saman 51 poeng. Kvar for seg og totalt tilfredsstiller dette omfangskravet for 2018.  

Når det gjeld risikovurdering av tilsyn viser vi til punkt 7.3.8.1.

Bedre skolemiljø (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere skal ha fått nødvendig oppfølging for å sikre en enklere, raskere og tryggere behandling av saker om elevenes skolemiljø på skolenivå. 

Skulemiljø har vorte løfta fram på dei møtearenaene vi har delteke på saman med aktørar frå opplæringssektoren. Eitt eksempel på dette er leiarkonferansen for skulefagleg ansvarlege og skuleleiarar.

Vi gjennomførte ei kartlegging i oktober der kommunane mellom anna rapporterte inn kor mange aktivitetsplanar dei hadde laga i skuleåret 2017/2018, og dei første månadene av skuleåret 2018/2019. Denne kartlegginga viste at alle kommunar følgjer godt med på skulemiljøet.

Heile 18 av kommunane deltek i Inkluderande barnehage- og skulemiljø. Dette gjer at temaet i aller høgste grad får merksemd i kommunane.

Ut ifrå dette meiner vi at vi har nådd resultatmålet.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Det vart gjennomført to tilsyn i 2018, med kommunane Årdal og Gloppen.

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

I 2018 har vi handsama 94 prosent av byggesakene innan tolv veker. Dette er betring samanlikna med 2017, då vi hadde 81 prosent måloppnåing.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

I 2018 har vi 50 prosent måoppnåing, ved at berre halvparten av saker gitt utsett iverksetjing er handsama innan seks veker. Talet på totalt åtte handsama saker er lågt, og dei fire sakene som ikkje er handsama innan seks veker vil då utgjere ein høvesvis stor prosentandel. Det låge sakstalet gjer det uråd å rette opp resultatet på dette punktet, men samla sett er handsaming av desse sakene under kontroll i embetet.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

I 2018 har vi handsama 93 prosent av klagene på reguleringsplan innan 12 veker. For 2017 var talet 65 prosent, og vi har såleis hatt ei positiv utvikling i 2018.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

I 2018 vart 71 prosent av oreigningssakene handsama innan 12 veker. Av totalt sju saker, hadde to saker sakshandsamingstid over 12 veker, og utgjer såleis ein høvesvis høg prosentdel. Det låge sakstalet gjer det uråd å rette opp resultatet på dette punktet, men samla sett er handsaming av desse sakene under kontroll i embetet.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.6.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi har måloppnåing på sakshandsamingstid for oreigningssaker som klageinstans i 2018.

Kompetanse i regelverket på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 3.3.1.1.8.1 i TB)

Rapportere på

All saksbehandling knyttet til klagesaker, tilsyn og håndheving av skolemiljøsaker skal være utført med riktig kvalitet i tråd med regelverket og instrukser. 

Handsaminga av skulemiljøsaker, tilsyn og klagesaker vert gjort etter føringar frå Utdanningsdirektoratet, forvaltningsrettslege prinsipp og interne prosedyrar. Gjennomføringa av tilsyn og bruk av kontrollskjema har vore drøfta i sør-vest samarbeidet. Dette er for å sikre mest mogleg lik praksis mellom embeta. I 2018 hadde vi òg gjennomgang av kontrollskjema (spesialundervisning) saman med representantar frå Utdanningsdirektoratet. 

Vi har arbeidd med å sikre betre medvit om barnet si stemme i sakshandsaminga. Tidlegare har vi intervjua elevar i samband med tilsyn, men i 2018 har vi i større grad intervjua elevar i samband med klagesaker om skulemiljø. Desse intervjua har gjerne blitt gjennomført på heimstaden til eleven. Intervjua har gitt oss betre innsikt i korleis eleven opplever situasjonen.    

Klagesaker har vorte handsama fortløpande. I all hovudsak har vi klart å handsame klagene innan fristen, og hadde lite restansar på dette feltet ved utgangen av året.   

Vi har i 2018 jobba med klarspråk i både klagehandsaming og tilsyn. 

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Det er utarbeidd risikovurdering for dei ulike ordningane, og gjennomført kontroll i tråd med kontrollplanen.

Vi har god erfaring med å gjennomføre kontroll som eigenvurderingstilsyn. Dette vart gjort i to grupper på fire kommunar om nokre utvalde tema innan PT. Då gjekk kommunane sjølv gjennom eiga forvaltning og vurderte den opp mot rundskrivet. Samstundes gjennomførte vi vår kontroll. Gruppene drøfta ulik praksis, og kommunane fekk utveksla erfaringar. Denne metoden gir auka læring og endra praksis i kommunen.   

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroll i henhold til kontrollplan. 

Vi utførte risikovurderinga med verktøyet frå Landbruksdirektoratet. Dette vart gjort i samarbeid mellom ein koordinator frå kontrollgruppa og kvar einskild sakshandsamar. På denne måten fekk vi både utveksla erfaringar, og like vurderingar av dei ulike ordningane.

Kontrollplanen vart laga ut frå risikobiletet med ordningane og kjennskap til kommunane.

Vi har lagt vekt på å ha gode skriftlege rutinar. Utplukking av ordningar for føretakskontroll vart brukt til å kvalitetssikre forvaltninga og forbedre våre eigne rutiner. Vi gjekk også inn og såg på enkeltsaker i vår eiga forvaltning.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Hordaland har delteke på oppsummeringsmøte med kommunane når kontrollarbeidet vart utført som eigenvurderingskontroll. Dette har gitt oss god erfaringsutveksling og nye innspel i kontrollarbeidet.

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Dette er gjennomført i tråd med kontrollplanen. For 2018 var RMP tema for kontrollane. Ut frå rundskrivet laga vi ei sjekkliste som kommunane brukte for å dokumentere eigen praksis. Deira tilbakemelding var at dette var svært nyttig. I det daglege arbeidet les dei ikkje rundskriv nøye nok, og det er risiko for at dei ikkje har god nok kjennskap til regelverket. Dette danna vidare grunnlag for ein fagleg dialog mellom kommunane om eigen praksis, likebehandling av søkjarar og korleis avvika kunne rettast.

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Fylkesmannen har lagt ned store ressursar i arbeidet med veterinærvaktdistrika før dette oppdraget vart avlyst. Dette har gitt oss god kunnskap om korleis ordninga fungerer og kva som er utfordringa i dei ulike områda. Vi har hatt eigne møte med administrasjonskommunane, faglaga og veterinærane for å få innspel til nye grenser. Gjennomgåande var det ingen ønske om endring, også i dei områda der veterinærvaktdistrikta ikkje følgjer kommunegrensene.

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Vi har i 2018 og på bakgrunn av tilbakemeldinga frå årsrapporten 2017 ført tilsyn med krisesentertilbodet.

Vi har i 2018 òg på bakgrunn av tilbakemeldinga frå i fjor arbeidd for å betre måloppnåinga innan psykisk helse og rus. Som måloppnåinga syner har vi berre delvis lukkast med å få gjennomslag ute i kommunane. Vi er usikre på validiteten i tabellmaterialet i IS 24/8 som vert lagt til grunn for måloppnåinga vår. Av talet på kommunar som har ein plan for arbeidet med å førebygge vald og overgrep er det stor diskrepans mellom talmaterialet i IS 24/8 og vårt eige talmateriale. I IS 24/8 er det berre 19 prosent av kommunane som har ei slik plan. I vårt talmateriale er det 23 av 26 kommunar (88 prosent) som har ei slik plan. Vi gjennomførte medio 2018, etter oppmoding frå NKVTS, ei undersøking av dette der vi fekk oversendt kopi av slik plan eller lenke til elektronisk publisert plan.

Vi har særs god måloppnåing for klagesakar på sosial (100 prosent) og nær god måloppnåing på helse/omsorg (83 prosent). Avviket her skuldast i hovudsak at det på dette fagområdet ofte tek lang tid å få sakene tilstrekkeleg opplyst i kombinasjon med at vi i 2018 har hatt tre særs krevjande klagesaker. 

Vi har god måloppnåing for tilsynssakar på helse/omsorg (75 % handsama innan 6 månader) og sosial og har i 2018 særskild arbeidet for å redusere tal restansar fram mot samanslåinga med FMHO. Vi er likevel uroa for auka i både tal sakar og kompleksiteten i kvar einskild sak. Vi vurderer at det er eit stort behov for meir handlingsrom når det gjeld vår vurdering av korleis sakene skal handsamast. Vi prioriterer tilsynssakar som gjeld tvang, akutthjelp og brot på teieplikt.

Vi hadde utilstrekkeleg måloppnåing for overprøvingssaker som gjeld tvang etter HOTL i 2017 med måloppnåing for første halvår 2017 på 25 prosent og måloppnåing for heile 2017 på 50 prosent. Dette førte til at vi medio 2017 sette inn tiltak som betra måloppnåinga utover året, men som først ga klar synleg effekt i 2018, der måloppnåinga for heile året er 87 prosent. Vi er uroa for om kompetansekravet kan medverke til at ein ute i tenestene unngår å fatte vedtak som pålegg tenesta å auke talet på tilsette med formalkompetanse. Om dette skjer gjennom førebygging av bruk av tvang er det bra, men det er ikkje bra om det heller skjer "skjult tvang" utan vedtak.

Vi har ikkje nok poeng for planlagte tilsyn med kommunehelsetenesta - totalt 121 poeng der målet er 130. Vi meiner at vi har gjennomført planlagt tilsyn til ein samla poengsum på 159. I 2017 hadde vi underproduksjon av talet på tilsynspoeng med KHT, men relativt stor overproduksjon av tal tilsynspoeng med SHT. For 2018 planla vi å kompensere KHT gjennom planlagt overproduksjon på bekostning av SHT der vi ikkje skulle stille med revisjonsleiar i det regionale tilsynslaget.

Vi har ikkje nok poeng for planlagte tilsyn med spesialisthelsetenesta - totalt 15 poeng der målet er 30. Vi har gjennomført desse tilsyna i lag med FMHO, og FMHO har stilt med revisjonsleiar. I 2017 hadde vi underproduksjon av  tilsynspoeng med KHT men relativt stor overproduksjon av tilsynspoeng med SHT. For 2018 planla vi å kompensere KHT gjennom planlagt overproduksjon på bekostning av SHT der vi ikkje skulle stille med revisjonsleiar i det regionale tilsynslaget.

Vi har gjennom deltaking i helseføretakets koordineringsråd retta fokus mot pasient- og brukarinvolvering. Helse Førde HF har som første helseføretak etablert fylkesfelles pasient- og brukarutval for både SHT og KHT. Kommunane i fylket har i 2018 fått etablert og tilsett felles kommunal samhandlingskoordinator som skal spegle helseføretaket sin samhandlingskoordinator.

Antallet stedlige tilsyn skal økes (fra kapittel 3.3.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet stedlige tilsyn er økt sammenlignet med 2017.

Vi har varsla åtte stadlege tilsyn i 2018 men berre gjennomført seks, same som for 2017.  To vart avlyst på grunn av langt sjukefråvær.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Som rapportert tidlegare år har vi sett ei dobling i tal tilsynssaker i perioden 2008-2017 med jamn auke i gjennomsnittleg og median sakstid og talet på restansar. I tillegg har kompleksiteten i kvar tilsynssak auka.

Intern omorganisering at arbeidet med tilsynssaker, lite sjukefråvær og lite utskifting av personell har bidrege til å nå målet.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker(2) (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

Vi handsama fire tilsynssaker på sosialområdet og alle var avslutta innan fem månader, med median sakshandsamingstid på 3,6 månader.

Avslutning av klagesaker: Minst (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

På sosialområdet er 100 prosent av klagesakene avslutta innan tre månader.

På helseområdet er 83 prosent av klagesakene avslutta innan tre månader. Dette er under resultatmålet på 90 prosent. Klagesakar vert i utgangspunktet prioriterte framfor tilsynssaker og planlagde tilsyn. Vi opplever at vi på helseområdet oftare enn på sosialområdet må gå fleire rundar for å få sakene tilstrekkeleg opplyste. Inndato kan difor til dels verte noko misvisande. Dette, saman med to særs komplekse saker der vi har venta på tolkingfråsegn, gjer sitt til å auke sakshandsamingstida. 

Andel vedtak om bruk av tvang (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

Av Nestor-rapporten går det fram at 90 prosent av dei 30 vedtaka vi har overprøvd, er handsama innan tre månader, medan det i tabellen under står 87 prosent. Vi meiner vi har nådd resultatkravet sjølv om vi ikkje klarar å forstå skilnaden mellom vårt eige talmateriale teke ut frå Nestor, og tabellen som òg byggjer på Nestor.

Vi hadde særskilt utilstrekkeleg måloppnåing på dette området første halvår 2017, men sette inn tiltak som verka frå andre halvår 2017 og inn i 2018.

Andel søknader om dispensasjon (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

Vi har ikkje behandla dispensasjonar fortløpande i vedtaksperiodar. Vi har behandla alle dispensasjonar frå utdanningskravet saman med vedtak. Vi har behandla 90 prosent av alle dispensasjonar innanfor fristen på 3 månader.

Tilsynsaktivititeter(6) (fra kapittel 3.3.1.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 130 poeng

Tal i tabellen syner at vi ikkje har oppnådd resultatmålet med 130 poeng, men vi meiner det ikkje gjev eit reelt bilete. Årsaka er at ikkje alle tilsyn vi gjennomførde saman med FMHO i 2018, har blitt registrerte. Vi meiner rett tal er 159 poeng: LOT i fire kommunar utgjer 60 poeng og systemrevisjonar etter helse- og omsorgstenestelova kapittel 9 utgjer 40 poeng. Samla sett utgjer systemrevisjonane saman med FMHO 56 poeng, og ei særskild ressurskrevjande tilsynssak med stadleg tilsyn og oppfølging utgjer 5 poeng. 

Tilsynsaktiviteter(3) (fra kapittel 3.3.1.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 30 poeng

Vi deltok saman med FMHO på tre tilsyn med psykisk helsevern for barn og unge ved to av helseføretaka i regionen. Vi gjennomførte tilsyn ved BUP Sogndal (Helse Førde), BUP Stord og BUP Haugesund (Helse Fonna). Vi deltok med revisor.

Vi valde å ikkje gjennomføre fleire tilsyn med spesialisthelsetenesta av tre grunnar; dels fordi vi hadde ein relativ stor "overproduksjon" av slike tilsyn i 2017, dels fordi vi hadde lagt ein omfattande plan for tilsyn med kommunehelsetenesta og dels for å betre måloppnåinga og redusere tal restansar på tilsynssaker før samanslåing med FMHO til FMVL.

Tilsynsaktiviteter(3) (fra kapittel 3.3.1.3.6.3 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 40 poeng

Vi har i 2018 nådd resultatkrava. Vi gjennomførde systemrevisjonar i fire kommunar i 2018. Tema for tilsyna var tenester til personar med samtidig rusmiddelproblem og psykisk liding (LOT 2017 og 2018).

3.1.3.4 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

I 2018 har vi nådd krava til resultatmåla i alle fire sakstypar, altså sakshandsamingstider for

- oppretting av verjemål

- samtykke til bruk av kapital

- godtgjering og utgiftsdekking til verjer og representantar

- klagesaker

Vi har prioritert desse sakstypane gjennom året, og ser ein stor fordel av å ha gode rutinar og erfarne sakshandsamarar på området. Vi har også jobba godt med andre sakstypar enn dei som er omfatta av resultatmåla. Sakshandsamingstida i desse sakene er høgare, noko som er eit resultat av prioriteringane våre.

Sjølv om tala i dei prioriterte sakene er gode, opplever vi at situasjonen er krevjande og at vi må gjere harde prioriteringar. Vi er mindre tilgjengelege for verjer og personar under verjemål enn det vi kunne ønskje, med berre to timar telefonvakt kvar dag. Kapitalforvaltinga har vi ikkje kunna prioritere frå 2013 og fram til no. Opplæringssamlingar for verjer er også redusert til eit minimum. Vi viser elles til det vi skreiv i årsrapporten for 2017 om dette.

Vi har merka ei stor auke i tal saker om fråtaking av rettsleg handleevne etter praksisendringa hausten 2017. Arbeidet med desse sakene er særs krevjande og har teke mykje ressursar, noko vi ikkje var budde på ved starten av året. Det har gått ut over andre prioriterte oppgåver, som til dømes det å fremje arbeidet med framtidsfullmakter, tilsyn, rekruttering og opplæring.

Som vi rapporterte på i 2017 har vi framleis mykje å gå på når det gjeld rekruttering, opplæring, oppfølging og tilsyn av verjene. Det er ei utfordring for oss å rekruttere nye verjer, og i fleire område i fylket har vi eit stort behov for verjer. Det er tidkrevjande arbeid og vår vurdering er at vi har manglande ressursar til dette.

Nytt i 2018 er at vi har gjennomført ei temasamling for verjer for personar med psykisk utviklingshemming der tema var rettar for personar med psykisk utviklingshemming. Tilsette i kommunane blei også inviterte, og vi hadde leigd inn eksterne føredragshaldarar i tillegg til eigne tilsette. Rett til å bestemme sjølv, medbestemming og CRPD var blant tema. Det var ei særs vellukka samling og både verjene og dei kommunetilsette etterlyste fleire slike samlingar.

I rekneskapsgjennomgangen har vi gått gjennom alle rekneskapar i uttrekket innan fristen. Ved hjelp av sommarvikarar har vi også i 2018 gått overflatisk gjennom alle rekneskap, og vi følgjer opp der vi avdekkjer store manglar og eventuelle lovbrot.

Som tidlegare år held vi fram med at verjemålsområdet er underfinansiert og at dei tilsette arbeider under stort press. Vi har for få ressursar til å jobbe målretta med oppgåver som ikkje er rein sakshandsaming, som rekruttering, opplæring og tilsynsverksemd. Vi fryktar at vi skyv eit problem framføre oss og at vi ikkje avdekker saker som går ut over personar med verje, og i verste fall lovbrot.

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 82 prosent av vedtaka innan 70 dagar.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 89 prosent av vedtaka innan 20 dagar.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 89 prosent av vedtaka innan 45 dagar.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.5 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 70 dager.

Resultatmålet er nådd. Vi har gjort 90 prosent av vedtaka innan 70 dagar.

Fylkesmannens kontroll av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen.

Alle rekneskapa (134) i sentralt uttrekk blei kontrollerte innan fristen.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 50 %.

62 prosent av verjerekneskapa blei levert digitalt via Altinn.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 30 %

I 2018 fekk vi 923 ulike søknader om samtykke. I alt 248 av desse blei sende via Altinn, og det utgjer 27 prosent. Målet om at minst 30 prosent av søknadene skal vere levert digitalt, er såleis ikkje nådd.

Løysinga har hatt nokre feil som vi har meldt frå om, t.d. feilmeldingar, problem med å laste opp vedlegg, o.l., som har ført til at fleire verjer har avbrote forsøk på å søkje digitalt. Vi forventar at talet på søknader som blir sendt digitalt, blir høgare når løysinga fungerer betre.

3.1.3.5 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Høg grad av sjølvråderett for verjehavarane har vore
sentralt i arbeidet vårt gjennom året, både i rettleiing om
korleis verjene skal utføre oppdraget og i saksbehandlinga av søknader frå verjene. Vi har gode rutinar på å ringe personar med verje for å høyre kva dei ønskjer før vi gjer vedtak, eller på annan måte avklare kva dei sjølve ønskjer.

Sjølvråderett og individtilpassing har vore tema på interne
møte, og vi har hatt det som tema på verjesamlingar gjennom året. Vi gir også rettleiing om dette til kommunar, domstol, bankar og andre når vi opplever at dei vender seg til verja framfor verjehavaren i saker der personen med verje kan ta avgjerda sjølv.

Målet er at eit verjemål ikkje skal opplevast som
tvang. Vi opphevar verjemål når ein person trekkjer samtykket sitt, med mindre vi vurderer at det er grunnlag for fråtaking av rettsleg handleevne.

Vi har elles jobba med å individtilpasse verjemåla i
større grad enn før, og å tydeleggjere at personen med verje skal ta i vare eigne interesser på områda som ikkje er omfatta av mandatet for verja.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Før et eventuelt vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet kan individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Når vi sender førehandsvarsel om at vi har starta sak om verjemål, legg vi ved eit skjema for å kartlegge behovet vedkommande har. Vi orienterer kort om at verjemålet ikkje skal vere meir omfattande enn naudsynt, og om at det personen sjølv evnar å gjere skal han/ho gjere sjølv. I skjemaet blir det ramsa opp eksempel på kva ei verje kan hjelpe til med på både økonomiske og personlege område, og personen med verje kan krysse av for det han/ho treng hjelp til.

Dersom vi ikkje får inn skjemaet, tek vi temaet opp i telefonsamtale med personen med verje der vi gir eksempel på kva ei verje kan hjelpe med og høyrer med personen kva han/ho evnar å gjere sjølv. Samtale blir ført som merknad eller notat på sak.

Der vi har opplysningar om at personen med verje ikkje evnar å forstå kva eit samtykke til oppretting av verjemål inneber, legg vi ved dette skjemaet i brev til meldaren eller søkjaren av verjemålet. I saker der vi er i kontakt med pårørande eller hjelpeapparat som har god kjennskap til personen, høyrer vi med dei kva personen treng hjelp til og ber dei konkretisere det.

Skjemaet er eit godt arbeidsverktøy når vi skal individtilpasse verjemål, og alle skjema blir lagra på sakene.

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Økt kvalitet og kompetanse i kommunene

Det er vanskeleg for Fylkesmannen å slå fast ein målbar auke i kvalitet og kompetanse ute i kommunane, men vi ser ei stor interesse og vilje til å heve kompetanse og kvalitet. Mange kommunar prøver å delta i statlege satsingar på kompetansefeltet, og der dei deltek, legg dei ned eit målretta og godt arbeid.

Spesielt har mange kommunar i Sogn og Fjordane teke del i kompetansearbeidet innanfor barnehage- og skulemiljø.

Kommunane har lang erfaring med arbeid i kompetansenettverk, og nyttar i stor grad denne tilnærminga i mykje av sitt kompetansehevingsarbeid.

Ut frå deltaking i og etterspørjing om kompetansetiltak vil vi seie at vi har god måloppnåing på dette punktet.

Oppfølgingsordninga

Ein kommune i Sogn og Fjordane skal inn i ordninga i 2019. Fylkesmannen har tilrettelagt og planlagt for at denne kommunen kjem godt i gang med ordninga i 2019.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Vi har ikkje gjennomført generelle evalueringar eller brukarundersøkingar i 2018.

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik. 

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Ingen avvik.

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Vi har etter tilbakemeldinga frå 2017 gjennomført tilsyn med krisesentertilbodet.

Vi har ikkje gjennomført dialogmøte i 2018.

Elles har vi ingen avvik.

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Ingen avvik.


3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Ingen avvik

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik.

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik.

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Hvilke utfordringer opplever FM at NAV-kontorene har med KVP (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket, herunder: I hvilken grad blir personer i målgruppen for programmet vurdert med hensyn til deltakelse og får de som har krav på det, tilbud om program; Hva kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP, og hvilke utfordringer opplever Fylkesmannen at NAV-kontorene har i arbeidet med KVP; Hvilke virkemidler benytter Fylkesmannen for å understøtte kommunenes arbeid for å øke bruken av KVP.

Ved utgangen av november 2018 var det 31 deltakarar i kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket, medan estimert måltal for fylket er 117. I 2018 hadde vi ingen klagesaker eller tilsynssaker om KVP, og få tok kontakt med oss med spørsmål om tenesta.  

Kva verkemiddel har vi nytta for å støtte kommunane sitt arbeid for å auke bruken av KVP?

KVP var tema på to Nav-leiarsamlingar i 2018. Vidare var KVP tema på opplæring for nytilsette i Nav både vår og haust og i sosialfaglege nettverk vi deltek i. 

Nav-tilsette som arbeider med KVP har hausten 2018 kunna delta på nettverkssamlingar som FMHO arrangerte i Bergen. Alle Nav-kontor i fylket fekk tilbod om deltaking, og vi dekte overnattingsutgifter for dei deltakarane som trengde det grunna lang reiseveg. Få Nav-kontor i fylket deltok.

For å få meir informasjon om stoda kring KVP i fylket, utfordra vi Nav-leiarane på Nav-leiarsamling til å jobbe i grupper, med spørsmåla som går fram under.

Kva kjenneteiknar Nav-kontor som arbeider godt med KVP? 

Nav-leiarane oppgir god kartlegging og god kompetanse blant tilsette som viktige suksessfaktorar.

I tillegg til det som går fram over, er det vår vurdering at god forankring hjå leiing både i Nav-kontoret og kommuneleiinga er viktig for at dei sosiale tenestene inkludert KVP skal ha høg nok prioritet i kontoret.

Kva utfordringar har Nav-kontor i arbeidet med KVP? 

Nav-leiarane opplyser følgjande: Mellom anna er inngangsvilkåra for å få KVP stramme, og nokre er usikre på regelverket. Det blir opplevd krevjande å legge til rette for fullt KVP-program og å følge deltakarane tett nok opp. Det blir opplevd som lite hensiktsmessig å nytte KVP ved kortvarige løp. Formkrav og registreringar i mange ulike datasystem blir opplevd som tungvint.

I tillegg til Nav-leiarane sine eigne vurderingar av kva som er utfordrande i arbeidet med KVP, ser vi at det kan vere utfordrande for Nav-kontora å sikre ressursar til arbeidet med KVP, som ei av svært mange oppgåver i Nav-kontoret. For dei kommunane som ikkje har hatt deltakarar i KVP på ei stund, kan det vere utfordrande å kunne regelverket og å halde seg oppdaterte om dette.

I kva grad blir personar i målgruppa vurderte m.o.t. deltaking og får dei som har krav på det tilbod om program? 

Nav-leiararane gir tilbakemelding om at mange Nav-kontor vurderer fortløpande kven som har rett til KVP, og dei informerer om tenesta i mottak og på kommunens heimesider. Nokre Nav-kontor har KVP som fast punkt på saksmøte og i framdriftsplan. Fleire har som praksis på å undersøkje om personar som søkjer om økonomisk stønad kan ha rett til KVP, og dei undersøkjer jamleg om personar som er langtidsmottakarar av økonomisk stønad, kan ha rett til tenesta.

Dei opplyser vidare at mange som har behov for koordinerte tenester, har rett til arbeidsavklaringspengar. Nav-kontora nyttar gjerne statlege arbeidsretta tiltak i staden for KVP, og ein region melder om at det her kan vere brukarar som har rett til KVP. Ein region melder om at kommunens økonomi påverkar Nav-leiarane ved val av tiltak. Innspel frå Nav-leiarane elles er at låg arbeidsløyse og at folk er friskare i vårt fylke, kan vere ein medverkande årsak til få deltakarar i KVP.

Vi har framleis grunn til å tru at ikkje alle personar som har rett til KVP i fylket, får tilbod om det. Dette er på bakgrunn av statistikk som viser lågt tal KVP-deltakarar, tilbakemelding frå Nav-leiarar og tidlegare tilsynserfaring på området.

Vilkår for aktivitet for de under 30 år... (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med  aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

Vi innhenta erfaringar frå Nav-kontora på Nav-leiarsamling i oktober. Kontora har gjort seg ulike erfaringar, t.d. at det fungerte dårleg å nytte ein privat aktør til arbeidet, men er positivt å koble inn jobbspesialistar. Nokre opplever det som byråkratisk å trekke i stønad og å endre aktivitet. Dei melde også at det er utfordrande å finne passande aktivitet og å kunne gi eit variert tilbod 

Bidreg aktivitetsplikta til overgang til arbeid og utdanning? Nokre kontor erfarer at dei kjem tidlegare i gang med oppfølging og at dette kan bidra positivt. Desse melder at dei "har trua på" aktivitetsplikt. Andre meiner lovverket fungerte på dette området tidlegare også, og er usikre på om lovendringa fører til større overgang til arbeid.

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med kommunenes oppfølging av krisesenterloven.

Vi har gjennomført stikkprøvetilsyn med Gulen kommune, for å kartlegge krisesentertilbodet deira. I tillegg har vi gjennomført skriftleg tilsyn med kommunane Eid, Førde, Sogndal og Vågsøy med tema oppfølging i re-etableringsfasen. Det er ikkje avdekt lovbrot i dei fire avslutta tilsyna. Tilsynet med Eid kommune er ikkje avslutta.

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Gulen kommune kjøper krisesentertenester frå Bergen kommune, i samarbeid med kommunar i Hordaland. Dei andre 25 kommunane kjøper tenester ved eitt og same krisesenter, så det vil få store konsekvensar om krisesenteret vert lagt ned eller reduserer tilbodet.

Krisesenteret bygger ti utleigeleiligheter som skal stå ferdige sommaren 2019. Desse er tenkte som gjennomgangsleiligheiter for brukarar av senteret ved behov. Det er ut over dette ikkje vedteke eller planlagt endringar for tilbodet.

Vi ser føre oss at det etter gjennomføring av kommunesamanslåingar og fylkessamanslåing kan bli endringar.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten.

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

I 2018 har vi gjeve 184 separasjonar og 151 skilsmisser.

I 2018 handsama vi 20 saker om godkjenning av utenlandsk separasjon/skilsmisse.

Vi mottok 13 søknader om fritak for plikta til å dokumentere skifte ved skilsmisse eller død. Åtte søknader blei innvilga, fem søknader blei ikkje handsama fordi skilsmissa var eldre enn to år.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten.

Vi gjorde ikkje vedtak etter barnelova i 2018.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Vi rettleier over telefon, e-post, oppmøte og på nettsidene. Vi har brukt litt meir tid til å rettleie personar med utanlandsk opphav. Vi gir beskjed om kven dei skal kontakte ved spørsmål om bidrag, mekling, barnefordeling og skifte.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes biologiske opphav i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Vi har gitt ut opplysningar i fire saker i 2018.

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Vi har ikkje gjennomført tilsyn med familievernkontora i år.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.2.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

I våre innspel til det kommunale planarbeidet er universell utforming og livsløpsperspektiv i planlegging av bygg og uteområde med som fast tema.

Helse- og sosialavdelinga har samarbeidd med miljøvernavdelinga om universell utforming i fråsegner til kommunale planar. Plangruppa gjev innspel om universell utforming til planar på høyring, både kommuneplanar og reguleringsplanar. Innspela dreiar seg i hovudsak om tilgjenge og tilkomst, og korleis planane set rammer for den konkrete utforminga av omgjevnadene. Vanlege problemstillingar er tilkomst til og utforming av leikeareal, anna uteareal og parkeringsareal.

I mange av fråsegnene har vi oppmoda om at ein tek med representantar frå grupper ein ønskjer å inkludere, for å finne treffsikre tiltak og å minske hinder for deltaking.

Universell utforming har vore tema i innspel til kommunale planar for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Her har vi også lagt vekt på behovet for tilrettelegging og lågterskeltilbod for at tradisjonelt inaktive grupper av befolkninga skal delta. Forskjellar i meistringsnivå, interesser, utstyr og betalingsevne må takast omsyn til.

Når vi informerer om «Leve hele livet» til kommunale planleggarar har vi lagt vekt på at universelt utforma møteplassar og bustadar er ein del av arbeidet med å skape aldersvenlege samfunn.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.2.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Barnehage

Arbeid for å rekruttere fleire menn til barnehagesektoren blir vektlagt, og prosjektet "gutar som leikeressurs" er ein del av dette. Evaluering frå prosjektperioden 2014- 2017 syner at gutane  som deltok har fått god kjennskap til barnehagen som arbeidsplass. Dei opplever arbeid i barnehage som variert, krevjande og travelt. Både tilsette og foreldre evaluerer tiltaket som positivt. Skal vi rekruttere fleire menn til yrket, må vi nå dei ungdomane som bur i kommunane. Prosjektet har vore populært, hatt mange søkjarar og har såleis vore lett å rekruttere til. Det har vore eit særs godt samarbeid mellom barnehagane og ungdomsskulane. Barnehagane har lagt stor vekt på informasjon, samtale og oppfølging av gutane som deltok. Dette meiner vi har vore ein av grunnane til at prosjektet blir opplevd som positivt for alle involverte. 

Søkjartalet til barnehagelærarutdanninga ved høgskulen er stabilt.

Verjemål

Verdigrunnlaget i verjemålslova handlar om å ta i vare rettane til menneske med nedsett funksjonsevne. Det inneber at vi som verjemålsstyremakt skal sørgje for at vaksne som ikkje er i stand til å ta hand om eigne interesser, menneske med nedsett funksjonsevne og barn utan verje, får den hjelpa dei treng.

Vi gjennomførte fire samlingar for verjer i 2018 der vi gav opplæring og rettleiing i korleis verjene skal utføre oppdraget i tråd med lova. I tillegg har vi hatt eit innlegg for pårørande til personar med demens der vi mellom anna informerte om verjemålslova, kva rettar ein person med verje har, kva oppgåver og pliktar ei verje har og korleis søkje om verjemål.

I november 2018 hadde vi også ei større opplæringssamling der verjer for personar med psykisk utviklingshemming i vårt fylke blei inviterte. Kommunetilsette som jobbar med personar med psykisk utviklingshemming, blei også inviterte. Tema for samlinga var rettar for personar med psykisk utviklingshemming, og det blei halde innlegg både frå interne og eksterne om mellom anna FN-konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne, rett til å bestemme sjølv, medbestemming og verjemålslova.  

Planarbeid

Plangruppa i embetet gjev innspel om universell utforming til planar på høyring, både kommuneplanar og reguleringsplanar. Innspela dreiar seg i hovudsak om tilgjenge og tilkomst, og korleis planane set rammer for den konkrete utforminga av omgjevnadene. Vanlege problemstillingar er tilkomst til og utforming av leikeareal, anna uteareal og parkeringsareal.

Vi har meldt frå til fylkeskommunen om at det er behov for at utfordringar med likestilling mellom kjønna vert grundig behandla i den nye regionale planstrategien for Vestland. Utdanningsval, kjønnsdelt arbeidsmarknad, lønsskilnader, rekruttering til regionen, vald og overgrep er nokre av dei temaa som planstrategien bør ta opp i seg. Strategien bør leggje til rette for ein samfunnsplanlegging som minskar uønskte skilnader mellom kjønna.

Helse, omsorg og folkehelse 

Fylkeskommunen skal avvikle Sogn og Fjordane Felles Innkjøp (SFFI) i samband med regionreform og det nye Vestland fylke. Fylkesmannen har i Forum for helse, omsorg og folkehelse (HOF) oppmoda fylkeskommunen og kommunane om å ta ansvar i anbodsprosessar for tolketenester, slik at ein sikrar seg tolketenester der ein kan kontrollere kvalifikasjonane til tolkane.

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder digitalt kurs modul 1 og veilederen.

Vi presenterte det digitale kurset modul 1 "Se meg" på tverrfagleg samling 4.-5.desember 2018. Vidare har vi sendt e-post til alle kommunane med informasjon om det digitale kurset modul 1 og om rettleiaren.

Temaet har elles vore framme som eitt av fleire på nokre av våre møteplassar med leiarar i barnehage, skule og barnevern.

Fylkesmannen hadde innlegg om samtale med barn på barnehagekonferansen i november 2018, inkludert presentasjon av verktøyet "SNAKKE". Deltakarar inkluderte oppvekstleiar/ kommunalsjef for skule frå enkelte av kommunane.

Vi har rettleidd individuelt i nokre tilfelle.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28.

Vi har utarbeidd årsrapport for vår samla tilsynsaktivitet med barneverninstitusjonar, omsorgssenter og senter for foreldre og barn for 2018.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.

Akuttberedskap i barnevernet

Fylkesmannen har i samarbeid med KS vore pådrivar for etablering av akuttberedskap i barnevernet. 21 kommunar har gjort politisk vedtak om akuttberedskap, fordelt på tre interkommunale avtalar der Eid, Flora og Sogndal er vertskommunar. Kommunane Aurland, Lærdal og Årdal har frå 01.01.2019 etablert felles akuttberedskap. Beredskapen er telefonvakt utanom kontortid som kan rykke ut ved behov, der telefonnummeret er offentleg tilgjengeleg.

Fylkesmannen vurderer at desse kommunane har ein forsvarleg akuttberedskap som sikrar barnevernsfagleg kompetanse til å hjelpe barn og familiar i akutt krise utanom kontortid. 

Kommunane Gulen og Hornindal samarbeider med kommunar i nabofylka om etablering av akuttberedskap. Vi har ikkje informasjon om framdrift eller vurdering av om desse tilboda vil vere forsvarlege.

Vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet

Vi har ikkje gjennomført dialogmøte med kommunar i 2018. Det generelle inntrykket vårt er at det er utfordringar og sårbarheit i fleire tenester, særleg når det gjeld kapasitet/ressursar og ved sjukefråvær, permisjonar og vakansar.

I risikovurderinga vår etter kommunane si rapportering pr. første halvår av 2018 og på bakgrunn av tilsynserfaringane våre, har vi vurdert at det i fem kommunar er betydeleg avvik frå det som er forventa i lov, forskrift eller god fagleg praksis. Den eine barneverntenesta, som omfattar to av dei fem kommunane, er no med i rettleiingsteam og jobbar med dei aktuelle utfordringane.

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Omsorgsplan 2020, Kompetanseløft 2020 og Demensplan 2020, velferdsteknologi, styring og pasienttryggleik har vore tema på samlingar og ulike møteplassar med kommunane også dette året. Kompetanseplanlegging og planlegging av helse- og omsorgstenester har vore tema i Forum for folkehelse, helse og omsorg. Vi har informert om nye tiltak og ulike tilskotsordningar på nettstaden vår.

Rekruttering og kompetanse

Kompetansen til personell i omsorgstenestene aukar. Likevel har kommunane i vårt fylke framleis ein høgare del årsverk utan helse- og sosialfagleg utdanning i brukarretta tenester samanlikna med resten av landet. Kompetansen til personell som yter tenester til personar med psykiske problem og rusproblem, er i betring. Talet på årsverk aukar. Ein del kommunar rapporterer om vanskar med å rekruttere personell, både legar, sjukepleiarar, vernepleiarar og psykologar.

23 av 26 kommunar i fylket og fylkeskommunen har søkt om og fått kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot til ulike kompetansetiltak for sine tilsette. Framleis er det flest sjukepleiarar som vert utdanna. Vi kan vise til gode resultat for vidareutdanningar for høgskuleutdanna, mellom anna ulike leiarutdanningar.

Delen sjukepleiarar med vidareutdanning som arbeider i omsorgstenestene, er høgare i vårt fylke samanlikna med resten av landet. Dette gjer at kompetansenivået er relativt høgt i denne yrkesgruppa. Samstundes må vi ha merksemd på delen årsverk utan helse- og sosialfagleg utdanning, som framleis er høg. ABC-opplæringa har vore ein suksess i vårt fylke. Alle kommunar har gjennomført slik opplæring, noko som har bidrege til at mange tilsette har fått auka kompetanse. Utfordringa for kommunane er at dette ikkje bidreg til å heve den formelle kompetansen i tenestene.

Det kan også verte ei ekstra utfordring i rekrutteringsarbeidet til kommunane at delen sysselsette sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som er eldre enn 55 år, er relativt høg i fylket. Vi vil følgje opp denne problemstillinga.

Tenestene til personar med utviklingshemming er eit sårbart område med mange ufaglærde og personell utan helse- og sosialfagleg kompetanse. Kommunane rapporterer om vanskar med å rekruttere faglært personell til desse tenestene, spesielt vernepleiarar. Kostra-tala kan tyde på at talet på sysselsette og talet på vernepleiarårsverk i fylket er på rett veg. Vi vil framleis følgje med på denne utviklinga. Det er positivt at fleire av kommunane har starta opplæring i Mitt livs ABC for å heve kompetansen i tenestene til brukargruppa. Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester gjer ein god jobb i dette arbeidet.

Vi har hatt møte med tannhelsetenesta hjå fylkeskommunen. Tilbod om opplæring i tann- og munnstell til personell i dei kommunale omsorgstenestene har fylkestannhelsetenesta gode ordningar for. Fylkeskommunen samarbeider også med høgskulen om slik opplæring.

Demensplan 2020

Kommunane opprettar dagtilbod til demente, og talet på kommunar som gjev opplæring til pårørande aukar. 16 av våre 26 kommunar har i dag eit tilbod til pårørande om pårørandeskular og samtalegrupper. Fleire kommunar samarbeider om pårørandeopplæringa. Vi meiner at det er ei positiv utvikling i det kommunale tenestetilbodet til personar med demens i fylket. Samstundes ser vi at det er færre som deltek i opplæring om Demensomsorgens ABC. Demensplan 2020 har vore tema på samling med kommunane også dette året.

Pasienttryggleiksprogrammet

Ni kommunar med i alt 15 "lag" har delteke i læringsnettverk for sjukeheimar og heimetenester i innsatsområdet Leiing av pasienttryggleik. Eit nytt læringsnettverk starta opp i november 2018. Det vert arbeidd med tiltaket risikotavle som medfører fleire innsatsområde innanfor pasientryggleiksprogrammet. Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester gjer eit godt arbeid også her. Det har vore utfordrande å få kommunane til å vere med i programmet. Vi har bidrege fagleg med innlegg om styring av pasienttryggleik i nettverket dette året. 

Investeringstilskot

Talet på søknader om investeringstilskot til bygging av heildøgers omsorgsplassar aukar. Vi deltek i Husbankens oppstartmøte med kommunane som søkjer om investeringstilskot. Inntrykket vårt er at kommunane no søkjer om investeringstilskot til andre brukargrupper enn tidlegare, som rus/ psykisk helse og utviklingshemma. Det er flest søknader om omsorgsbustader.

Fylkesmannen har gjort ei kartlegging av sjukeheimstilbodet i fylket dette året. Tilbakemeldinga frå kommuane tyder på at nokre få kommunar har utfordringar med stort overbelegg og plassering av to pasientar på rom som ikkje er tilrettelagt for fleire pasientar. Ved overbelegg brukar desse kommuane også andre rom som stove og korridor til pasientrom i korte periodar. Vi kjenner også til at det er kommunar som har vanskar med å ta imot utskrivingsklare pasienter med omfattande hjelpebehov etter opphald i spesialisthelsetenesta. Dette kan tyde på at tilbodet i desse kommunane ikkje er tilstrekkeleg for å dekke behovet for institusjonsplass. Det kan også tyde på at behovet for og etterspurnaden etter tilskot til nye institusjonsplassar kan kome til å auke framover.

Velferdsteknologi

Vi er med i ei prosjekt/arbeidsgruppe under IT-forum i Sogn og Fjordane. Her er deltakarar frå kommunar, Utviklingssenteret, Nav, fylkeskommunen, Høgskulen på Vestlandet, Vestlandsforsking, Helse Førde, Alarmsentralen og Energikompetansesenter AS. Gruppa skal mellom anna legge til rette for strategisk planlegging og samarbeid mellom kommunane, arrangere fellesaktivitetar med sikte på å formidle kunnskap om teknologi, bruksområde, organisering og samarbeid.

Sogn og Fjordane ved Førde kommune har fått tilskotsmidlar til eit prosjekt for spreiing av velferdsteknologi. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) er prosjektleiarar. Ni kommunar deltek i dette prosjektet. Desse kommunane skal dele kunnskap med dei andre kommunane i fylket.

Det har vore regionale samlingar og arbeidsseminar i fylket. Tema på samlingane har blant anna vore definering av ansvar, roller, prosedyrar og retningsliner for samhandling mellom Alarmsentralen i fylket og kommunane.

Det har vore stor interesse for å gjennomføre velferdsteknologiens ABC.

Vår vurdering er at det er stor interesse i kommunane i Sogn og Fjordane for å starte opp med velferdsteknologi, men det er ulikt kor langt kommunane er komne i dette arbeidet. Det har vore godt oppmøte på samlingane, og det har vore ein auke i talet på tilsette i pleie- og omsorgstenestene i kommunane som har teke kontakt med oss for å få rettleiing om lovverk som omfattar bruk av velferdsteknologi. Dei tilsette i kommunane har gitt uttrykk for at det er nødvendig med meir IT-kunnskap i kommunen. Med unnatak av to kommunar nyttar alle kommunane Alarmsentralen (responssenteret) i Florø. Det har vore tett samarbeid mellom kommunane og Alarmsentralen for å få etablert gode rutinar for at brukarar og pasientar skal få ei trygg og god teneste når dei nyttar velferdsteknologi.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordninger 765.60 og 765.62.

765.60:

Seks kommunar har fått tilskot i første tilskotsrunde, totalt kr. 3 356 667. Vi har mellom anna utbetalt tilskot for oppretting av ei stilling som psykolog i førebyggande arbeid i Sogn regionråd. 

Tre kommunar har fått tilskot i andre tilskotsrunde (etterbevilginga), men to av desse kommunane betalte relativt fort tilskotet tilbake.  

Det har vore vanskelig å rekruttere, men kanskje meir vanskeleg å halde på psykologar i kommunehelsetenesta her i fylket, trass i at vi ofte og på ulike måtar har informert om tilskotsordninga og om lovkravet frå 2020, sjå også overordna rapportering.

Det er ti kommunar som har søkt om midlar på tilskot til tilbod til mennesker med langvarige og samansette behov. Det er ingen ACT/FACT-team i fylket vårt. Det har vore tenkt utprøvd i ein kommune, utan å lukkast.

 765.62:

15 kommunar fekk tilskot til ulike prosjekt. Dette er omtrent som tidligare år, talet har stort sett vore jamt. Det er ofte dei samme kommunane som søkjer år etter år på nye prosjekt. Tilskotsmottakarane vurderer på ulike måtar at tiltaka som er oppretta ved hjelp av tilskotsmidlar, fremjar meir heilskaplege og samansette tenester til målgruppene. Kommunane seier dei ikkje har midlar til å vidareføre prosjektet etter at tilskotsperioden er slutt.

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale rusarbeidet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Fylkesmannen er usikker på om intensjonane i Opptrappingsplanen blir oppnådd i fylket. Det er store variasjonar med tanke på økonomi, handlingsrom og ambisjonar. Vi ser at det er mange kommunar som ikkje søkjer om tilskot til kommunalt rusarbeid, og dei oppgir at dei ikke har økonomi til å vidareføre stillingane etter 2020. Det er òg under halvparten som søkjer på tilbod til menneske med langvarige og samansette behov. Vi har utført tiltaka som var oppsette i planen og i vår verksemdsplan. Vi har i tillegg hatt eit grunnkurs i Motiverande intervju, med stor deltaking. Dette var i samarbeid med Korus Vest og gjekk over to dagar. Det er fleire som svarar at dei har samanhengande og koordinerte tenester i 2018 enn i 2017. Fleire kommunar har rapportert om fleire årsverk i tenestene på rusområdet, og dei seier det er auka brukarinvolvering. Det er og fleire kommunar som seier dei har fått auka kompetanseheving på rusområdet, noko som er bra.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.60.

Vi har eit frisklivstilbod i 14 av 26 kommunar: Aurland, Eid, Fjaler, Flora, Førde, Gloppen, Hornindal, Hyllestad, Lærdal, Naustdal og Sogn (Sogndal og Luster), Stryn og Årdal. Tilbodet i Aurland og Eid er ikkje operativt enno, og i Hyllestad har tilbodet vore redusert på grunn av sjukdom. Leikanger har trekt seg ut av Sogn Friskliv og har vore utan frisklivstilbod dette året.

Vi fekk tildelt kr 850 000 på kapittelpost 0762.60 og fordelte heile beløpet på åtte søknader, som støttar frislivstilbodet i ni kommunar. Vi prioriterte kommunar som er i gang med å etablere eit frisklivstilbod og som samarbeider på tvers av kommunegrenser. I tillegg har vi arrangert ei todagars nettverkssamling for tilsette i frisklivssentralane. Samlinga var eit samarbeid mellom frisklivssentralane i Hornindal og Stryn og FMSF. Samlinga la vekt på kjerneaktivitet i frisklivsarbeidet, tverrfagleg samarbeid i kommunen og lågterskel treningtilbod med Yngvar Andersen som innleiar. Dei tilsette på frisklivssentalane ønskjer å halde fram med ei eller to årlege fagsamlingar i fylket. Fylkeskommunen har ikkje ei aktiv rolle i frisklivsarbeidet i fylket.

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Tilbodet innan habilitering og rehabilitering kan framleis verte betre i dei fleste kommunane i fylket. For å nå målsettingane i Opptrappingsplanen må fleire kommunar arbeide meir systematisk. Dei må planlegge betre, tilsetje fleire fysioterapeutar, ergoterapeutar og andre med nødvendig kompetanse. Det er vårt inntrykk at mange av dei små kommunane ved behov ikkje kan tilby hjelp frå ernæringsfysiologar, logopedar og andre med spesialkompetanse innan feltet. Samarbeid mellom fleire kommunar om slike stillingar kan vere ei løysing.  

Det er framleis kommunar som har utfordringar med arbeidet med Individuell plan og koordinerande eining. Fleire kommunar arbeider med å ta i bruk elektronisk verktøy for Individuell plan (Sampro). Det varierer kor mykje ressursar kommunane set av til koordinerande eining. Ifølgje Helsedirektoratets kartlegging har vel 92 prosent av kommunane 50 prosent eller lågare stillingsressurs til funksjonen koordinerande eining. Det varierer også korleis eininga er organisert. Det er framleis mest helsepersonell som vert nytta som koordinator.

For nokre brukargrupper må (re)habiliteringstilbodet og brukarmedverknaden ivaretakast på ein betre måte, blant anna for personar med utviklingshemming. Kommunane må også legge betre til rette tilbod for andre brukargrupper enn dei som kan gjere seg nytte av kvardagsrehabilitering. Rehabiliteringstilbodet i institusjon har eit forbetringspotensiale. Samhandling og samarbeid mellom ulike tenesteområde i kommunen, og mellom kommunale tenester og spesialisthelsetenesta, kan også betrast. Nedbygginga av rehabiliteringstilbodet i spesialisthelsetenesta før kommunane har fått utvida sitt tilbod, er utfordrande for kommunane.

Samstundes meiner vi at fleire kommunar arbeider godt med å utvikle tenestetilbodet innan (re)habilitering. Mellom anna har nokre kommunar dei siste åra arbeidd med tilbod om og rutinar for kvardagsrehabilitering. Stadig fleire personar og brukargrupper med rett til Individuell plan får tilbod om plan og koordinator. Kommunane er meir opptekne av brukarmedverknad. Det er vårt inntrykk at samhandling og samarbeid om tenestetilbod til enkeltbrukarar med omfattande hjelpebehov, er tema som både kommunane og helseføretaket er opptekne av.

Opptrappingsplanen set merksemd på tenestene, og tilskotsordninga stimulerer til vidare arbeid og kvalitetsforbetring i kommunane. Fleire kommunar søkjer om og har fått midlar frå tilskotsordninga. Vi vil følgje kommunane vidare opp, informere om Opptrappingsplanen og få fleire til å satse på dette området. Kommunane er interesserte i resultata av Helsedirektoratets kartlegging. Vi meiner at kartlegginga kan tyde på at kommunene vurderer kvaliteten på eigne tenester til å vere betre enn det som er vår erfaring.  

Vergeregnskap (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på antall og andel kontrollerte vergeregnskap, samt antall verger som er under oppfølging på bakgrunn av ikke godkjente vergeregnskap. Rapporten skal også inneholde hvor mange verger som er fratatt oppdrag i løpet av 2018 på bakgrunn av regnskapskontroll.

I 2017 hadde vi 906 saker der verje hadde rekneskapsplikt, og vi fekk tilsendt 886 rekneskap. Vi har hatt ein grov gjennomgang av alle. Alle funn og merknader knytte til kvart enkelt rekneskap er notert i eige dokument, slik at vi har høve til å følgje opp seinare.

134 rekneskap vart trekte ut til særskilt kontroll. Vi har gått gjennom alle grundig innan fristen. Av desse var sju ikkje godkjende på bakgrunn av manglande innlevering eller grove avvik.  

Vi går i tillegg gjennom 17 saker på lokalt uttrekk. Desse var ikkje ferdige per 31.12.2018, noko som skuldast ressurssituasjonen. Sakene er plukka ut på bakgrunn av funn i rekneskapen året før, eller andre ting vi har blitt merksame på gjennom året.

Vi har 19 saker under oppfølging på grunn av manglande innsending, og per 31.12.2018 har vi starta endringssak i åtte av desse. 

Etter gjennomgangen er 35 verjer under oppfølging. Ingen verjer er fråtekne oppdraget på bakgrunn av rekneskapskontrollen (sentralt uttrekk).

Gjennomgang av oppdrag med advokat som verge (fra kapittel 7.3.4.1.2 i TB)

Rapportere på

Embetene skal i årsrapporten rapportere på resultatet av gjennomgangen av oppdrag hvor det blir benyttet advokat som verge med timebetaling etter offentlig salærsats jfr. oppdrag 3.3.2.1.2 i tildelingsbrevet. Dersom oppdraget ble rapportert avsluttet i 1. tertial bortfaller rapporteringskravet.

Då vi byrja arbeidet i mai 2018 hadde Fylkesmannen i Sogn og Fjordane 19 advokatar og ein advokatfullmektig som aktive verjer. Desse advokatane hadde til saman 64 verjeoppdrag – seks av dei etter fast sats og resten av oppdraga med timebetaling etter offentleg salærsats. Alle som var oppnemnde som verje i kraft av å vere advokat, var timebetalt etter offentleg salærsats.

I mai 2018 sende vi ut brev til alle advokatverjene, med referanse til alle sakene der dei var oppnemnde som advokatverje med timebetaling etter offentleg salærsats. Vi bad om tilbakemelding og grunngjeving på om verjeoppdraget framleis kravde særleg juridisk kompetanse eller av andre grunnar er særleg krevjande. Vi mottok tilbakemelding frå alle. Nye verjeoppdrag med advokatverje med timebetaling etter offentleg salærsats oppretta etter mai 2018, har ikkje vore ein del av denne vurderinga.

Etter gjennomgang og vurdering av alle tilbakemeldingane har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane starta sak om mogeleg byte av verje i 24 saker.

I 20 saker held verjemålet fram som før. I 17 av sakene held det fram med advokat på grunn av at oppdraget krev særleg juridisk kompetanse, og tre verjeoppdrag held fram på grunn av at oppdraget samla sett er særleg krevjande. Vi har av ulike grunnar avslutta tolv verjeoppdrag, og vi har flytta to saker til nytt embete.

Tilsyn (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten kort redegjøre for tilsyn utover vergeregnskapskontroll som er gjort med vergene i sitt område i 2018. Fylkesmannen skal også kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp.

I 2018 oppretta vi seks saker om oppfølging eller tilsyn av verje grunna funn i rekneskapsgjennomgang, uromelding eller anna årsak. Fem av sakene er avslutta. Ei sak er framleis under handsaming, og Fylkesmannen har bedt om opplysingar.

Fylkesmannen opna sak om tilsyn etter å ha avdekt at

- verja har lånt ut midlar frå seg sjølv til verjehavaren (gjort seg sjølv til kreditor),

- verja hadde delt ut midlar frå verjehavaren til livsarvingane utan samtykke,

- det var uro kring korleis verja utførte mandatet sitt,

- verjehavarens eigedom blir leigd ut utan samtykke.

Etter tilsyna har verjehavarens interesser blitt sikra, til dømes ved at midlar har blitt tilbakeførte og verjene har fått oppfølging og rettleiing om regelverket. Ingen av verjene har blitt fråtekne oppdrag som verje, men nokre av dei har sjølv ønskt å bli fritekne for oppdraget slik at vi har skifta verje.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på andelen opprettede vergemål for voksne i 2018 hvor det er gjennomført samtale med vergehaver. Fylkesmannen skal i tillegg redegjøre for hovedgrunnene til at samtaler eventuelt ikke er gjennomført.

Vi har gjennomført samtalar i 75 saker og ikkje gjennomført samtalar i 78 saker. I sakene der vi ikkje snakkar med personen, er hovudgrunnen helsetilstanden til vedkommande. I desse sakene går det fram at personen ikkje evnar å forstå kva eit samtykke til verjemål inneber eller evnar å uttrykke seg grunna langtkomen demens, hjerneskade eller moderat til tung psykisk utviklingshemming. 

I andre saker får vi ikkje tak i personen eller dei ønskjer ikkje samtale med oss. I desse sakene, der det ligg føre skriftleg samtykke frå personen, oppretter vi verjemål med bakgrunn i det skriftlege samtykket, sjølv om vi ikkje har fått gjennomført samtale ved vedkomande. Om vi ikkje har skriftleg samtykke, avslår vi søknaden. I nokre saker er det opplyst at personen med verje har dårleg høyrsel eller kan bli oppkava og stressa av å skulle snakke i telefon, og særleg med ein framand person. Dette gjeld personar som bur på sjukeheim eller har oppfølging frå psykiatritenesta i kommunen. I desse sakene gir vi rettleiing til personale som snakkar med personen på våre vegner for å klargjere kva personen ønskjer.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved lgjennomgang av gamle saker.

Når vi sender førehandsvarsel om at vi har starta sak om verjemål, legg vi ved eit skjema for å kartlegge behovet vedkommande har. Vi orienterer kort om at verjemålet ikkje skal vere meir omfattande enn naudsynt, og om at det personen sjølv evnar å gjere, skal han/ho gjere sjølv. I skjemaet blir det ramsa opp eksempel på kva ei verje kan hjelpe med på både økonomiske og personlege område, og personen med verje kan krysse av for det han/ho treng hjelp til.

Dersom vi ikkje får inn skjema tek vi temaet opp i telefonsamtale med personen med verje der vi gir eksempel på kva ei verje kan hjelpe med og høyrer med personen kva han/ho evnar å gjere sjølv. Samtale blir ført som merknad eller notat på sak.

Der vi har opplysningar om at personen med verje ikkje evnar å forstå kva eit samtykke til oppretting av verjemål inneber, legg vi ved dette skjemaet med i brev til meldar eller søkjar av verjemålet. I saker der vi er i kontakt med pårørande eller hjelpeapparat som har god kjennskap til personen, høyrer vi med dei kva personen treng hjelp til og ber dei konkretisere det. Skjemaet er eit godt arbeidsverktøy når vi skal individtilpasse verjemål, og alle skjema blir lagra på sak.

Fremtidsfullmakter (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet for å øke bruken av fremtidsfullmakter. 

Vi har publisert nettartikkel på heimesida vår om framtidsfullmakter og fått fleire artiklar på trykk i lokalavisene i fylket i løpet av året. Vi hadde elles planar om å arrangere opne samlingar om framtidsfullmakter både i Førde og i Sogndal/Leikanger hausten 2018 og å lage ein kort video om framtidsfullmakter. På grunn av stor auke i saker om fråtaking av rettsleg handleevne hadde vi ikkje kapasitet til å gjennomføre desse tiltaka som planlagt.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Vi har i 2018 innvilga økonomisk dispensasjon i ei sak, som gjaldt sak om oppseiing av arbeidsforhold. Vidare vart åtte søknadar avslått fordi søkjaren ikkje oppfylte dei økonomiske vilkåra. Vi avslo 16 søknadar på anna grunnlag.

Vi har utbetalt advokatsalær i 169 saker, totalt kr. 1 012 346,-. Dette er saker som enten er innvilga av advokaten sjølv, eller av oss.

Fordelinga mellom sakstypar og kostnadar er slik:

1.Utlendingssak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf. § 5 (2) nr. 1 a:

8 saker, kr. 21 930,-.

2. Utlendingssak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf § 5 (2) nr. 1 b:

14 saker, kr. 79 540,-.

3. Klage i asylsak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf § 5 (2) nr. 1 c:

24 saker, kr. 159 960,-.

4. Barnevernssak, jf. § 11 (1) nr. 2:

10 saker, kr. 80 531,-.

5. Andre barnevernssaker, jf. § 11 (3):

0 saker, kr. 0,-.

6. Erstatning for straffeforfølging, jf. § 11 (1) nr. 3:

13 saker, kr. 91 768,-.

7. Valdsoffer, jf. § 11 (1) nr. 4:

4 saker, kr. 28 560

8. Vurdering av melding, jf. § 11 (1) nr. 6:

13 saker, kr. 35 190,-.

9. Undersøking og behandling utan samtykkje, jf. § 11 (1) nr. 8:

7 saker, kr. 35 700,-.

10. Skiftesak, jf. § 11 (2) nr. 1 og 2:

5 saker, kr. 61 200,-.

11. Barnefordeling, jf. § 11 (2) nr. 1:

31 saker, kr. 134 130,-.

12. Familie, jf. § 11 (2) nr. 1 og 2:

5 saker, kr. 84 048,-.

13. Personskadeerstatning, jf. § 11 (2) nr. 3:

0 saker, kr. 0,-.

14. Oppseiing/utkasting frå bustad, jf. § 11 (2) nr. 4:

7 saker, kr. 11 424,-.

15. Oppseiing/avskil i arbeidstilhøve, jf. § 11 (2) nr. 5:

7 saker, kr. 38 760,-.

16. Valdsoffererstatning, jf. § 11 (2) nr. 6:

3 saker, kr. 15 300,-.

17. Klagesak for NAV, jf. § 11 (2) nr. 7:

14 saker, kr. 103 142,-.

18: Andre saker

4 saker, kr. 31 163

I 2018 innvilga vi ein søknad om fri sakførsel, som gjaldt felleseigeskifte. Vi avslo fire søknader om fri sakførsel.

Gjennomsnittleg sakshandsamingstid er ca. tre veker for søknader og vedtak. Talet på restansar ved årsskifte var ni.

Per 2018 har vi hatt eit samla forbruk på kr. 1 431 542,92,- på
kapittel 470, post 01. Forbruket har vore om lag kr. 1 100 000 lågare i år, samanlikna med 2017.

Det er ikkje uvanleg at forbruket svingar gjennom året, men vi ser
likevel ein tendens til at forbruket på rettshjelpsområdet har gått gradvis nedover dei siste to åra. Ei av årsakene til dette kan vere nedgangen i asyltilstrøyminga til Norge. Totalt var det 46 utlendingssaker i 2018. Det er ein nedgang på 173 saker samanlikna med 2017.

Kva som vert forventa forbruk for neste år er vanskeleg å seie, sidan vi no er Fylkesmannen i Vestland. For Sogn og Fjordane sin del er det likevel grunn til å tru at forbruket vil stabilisere seg, og at samla forbruk for søkjarar frå Sogn og Fjordane vil verte på om lag kr 1 500 000,- i 2019. Forventa forbruk neste år vil vere om lag det same, kr 1 500 000,- for Sogn og Fjordane.

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

Kva som vert forventa forbruk for neste år er vanskeleg å seie, sidan vi no er Fylkesmannen i Vestland. For Sogn og Fjordane sin del er det likevel grunn til å tru at forbruket vil stabilisere seg, og at samla forbruk for søkjarar frå Sogn og Fjordane vil verte på om lag kr 1 500 000,- i 2019. Forventa forbruk åra deretter vil vere om lag det same, kr 1 500 000,- for Sogn og Fjordane.

Det er ikkje uvanleg at forbruket svingar gjennom året, men vi ser
likevel ein tendens til at forbruket på rettshjelpsområdet har gått gradvis nedover dei siste to åra. Ei av årsakene til dette kan vere nedgangen i asyltilstrøyminga til Noreg. Totalt var det 46 utlendingssaker i 2018. Det er ein nedgang på 173 saker samanlikna med 2017.

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.4.3.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen skal rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen har hatt ni klagesaker etter introduksjonslova.

Tre av sakene gjaldt klage på mellombels stans i programmet, medan tre gjaldt permanent stans. To saker gjaldt spørsmål om rett til utvida deltaking, og ei gjaldt spørsmål om rett til deltaking i programmet. I ei av sakene som gjaldt permanent stans i programmet, vart kommunen sitt vedtak oppheva. I dei andre klagesakene har klagane ikkje ført fram.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.4.3.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen har ikkje hatt saker på dette området i 2018.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.4.3.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier og hvor mange av nye statsborgere i fylket som har deltatt.

Vi arrangerte éin statsborgarseremoni, for 79 nye statsborgarar frå 15 kommunar og 18 opphavsland. Seremonien fann stad i Flora samfunnshus. 210 nye statsborgarar i fylket var inviterte, og 38 prosent møtte opp.

På grunn av store reiseavstandar i fylket har vi kvart tredje år rullert mellom regionane Sogn, Sunnfjord og Nordfjord som stad for seremonien. Dette gjer at enkelte nye statsborgarar vel å vente med seremonien til vi kjem nærare heimstaden deira.

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.4.3.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Andre halvår 2018 er det 80,6 årsverk som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonslova. Dette er ein nedgang på 6,2 årsverk frå første halvår.

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:


Vi gjennomførte ein verkstad under plansamlinga i haust. Her gjekk vi stegvis gjennom rettleiaren til DSB. Sjekklista og klimaprofilen for fylket var ein viktig del av denne gjennomgangen, saman med mellom anna storulykkerettleiaren til DSB. Vi hadde med oss NVE som bistod med innspel på sine fagområde.

Vi har elles sendt ut informasjon om dei ulike dokumenta til alle kommunane i fylket. I tillegg så nemner vi dei i høyringsfråsegner til planar der det er naturleg, og spelar det inn i planforum der det er relevant.

ROS som integrert del av planer (fra kapittel 7.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Erfarer embetet at ROS er en integrert del av planene i kommunene? Hvis ikke, gi en kort forklaring.

I all hovudsak er ROS-analyse ein integrert del av arealplanar som vi får frå kommunane for å uttale oss. I nokre saker ber analysen preg av å ha vore gjennomført fordi det er eit lovkrav, og ikkje fordi motivasjonen er å sikre trygg utbygging. I slike tilfelle er det gjerne manglar ved sjølve ROS-analysen, eller at funna eller tilrådingane ikkje er følgde opp i plankartet eller føresegnene til planen.

Utfordringer i plansaker (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hvilke utfordringer embetene har i plansaker når det gjelder integrering av ROS.

Som nemnt over ser vi at det i enkelte tilfelle er manglande oppfølging av tilrådingane frå ROS-analysen i plankartet og i føresegnene til planen.

Bruk av veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Hvor mange kommuner har tatt i bruk veileder, sjekkliste og fylkets klimaprofil i planarbeid og ROS-Analyser pr. 31.12.18?

Vi ser at nokre av kommunane i fylket har byrja å nytte den nye rettleiaren til DSB. Det er ulikt korleis dei gjer det, men vi ser at dei opplever det som litt utfordrande å nytte det nye analyseskjemaet.

Embetet var med på å utforme sjekklista for ROS-analyser. Sjekklista er relativt ny, og ettersom dei fleste sakene vi har hatt etter at ho vart distribuert hadde oppstart før sommaren, er ho berre nytta for eit mindretal av planane som vi har fått inn.

Så godt som alle planane vi får inn, nyttar klimaprofilen som kunnskapsgrunnlag for vurderingar av korleis klimaendringane vil påverke risiko- og sårbarheitsforhold.

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.8 i TB)

Rapportere på

DSB har som mål at kommunene etablerer hensynssoner i kommuneplaner rundt eksisterende storulykkevirksomheter, slik at det ikke skjer en uhensiktsmessig utvikling i arealene rundt disse. Beskriv i hvilken grad dette har blitt gjennomført i nyere kommuneplaner.

Det er eit avgrensa tal storulykkeverksemder i fylket, og det har heller ikkje vore mange revisjonar av kommuneplanar etter at rettleiaren kom ut. I dei få planane vi har fått inn, har omsynssoner i all hovudsak vore på plass.

Det er framleis noko usikkert om kravet om (eller høvet til) å etablere omsynssoner òg gjeld for eksplosjonslager.

Samordning av beredskapslaner mot storulykkevirksomheter (fra kapittel 7.3.4.9 i TB)

Rapportere på

Hvordan følger fylkesmannen opp at kommuner med storulykkevirksomheter har samordnet kommunes overordnede beredskapsplan med storulykke virksomhetens beredskapsplan?

Industririsiko generelt og storulukkeverksemder spesielt er tema under tilsyn med kommunane. Vi oppmodar sterkt kommunane om å ha beredskapsråd, og tilrår at industriverksemder med særleg risiko er med i rådet. Vi trur mellom anna at det vil gjere det enklare å samordne beredskapsplanane til verksemdene og kommunen.

Vi meiner vi at kunnskapen om industririsiko bør verte betre i kommunane. Vi har etablert eit prosjekt som har som mål å vise døme på korleis kommunane kan gå fram for å kartlegge industririsiko (og spesielt storulukkeverksemder) i ROS-analysar og beredskapsplanar. Vi reknar med at prosjektet vert ferdig i løpet av våren 2019.

FylkesROS (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Når ble siste fylkesROS gjennomført?

Siste fylkes-ROS vart ferdig i 2017. I 2017 og 2018 har vi laga to ulike tilleggsscenario til analysen. I 2018 laga vi eit scenario om uønskte hendingar knytte til cruiseskip. Vi samarbeidde med mellom anna Aurland kommune og ei rekkje andre relevante lokale og regionale aktørar.

FylkesROS - oppfølgingsplan (fra kapittel 7.3.4.11 i TB)

Rapportere på

Foreligger det en oppfølgingsplan til fylkesROS, og i så fall når ble den sist oppdatert?

Etter ferdigstillinga av fylkes-ROS i 2017 laga vi i samarbeid med etatane i fylkesberedskapsrådet ein plan for oppfølging av analysen.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.12 i TB)

Rapportere på

Hvilke regionale tiltak har embetet gjennomført for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

Vi har ein tett og god dialog med NVE, m.a. ved at beredskapseininga har hatt årlege møte med regionkontoret. Samarbeid i plansaker har vore hovudtema i møta. Vi har òg ein god dialog i arbeidet med høyringsfråsegner i plansaker, der vi til dømes avklarar bruk av motsegn.

NVE har òg vore ein viktig samarbeidsaktør i arbeidet med fjellskredberedskapen knytt til Joasetbergi i Aurland. Vi har samordna synspunkt og tiltak i utviklinga av både risiko- og sårbarheitsanalysen og beredskapstiltaka.

Under flaumen i Luster kommune i oktober samarbeidde vi tett med NVE, kommunen, kraftregulanten og politiet om krisehandteringa og oppfølginga i etterkant. Vi tok mellom anna ansvar for evalueringa.

Vi øvde saman med Fylkesmannen i Hordaland som eitt embete under Trident Juncture 2018. Ein del av førebuingane til øvinga var å etablere eit felles fylkesberedskapsråd for Vestland. Rådet hadde sitt første møte under øvinga i november. I tillegg gjennomførte vi eit møte med Statens vegvesen og Sivilforsvaret under øvinga, der vi identifiserte og operasjonaliserte tiltak i SBS.

Som nemnt over vart vi i oktober ferdige med eit tilleggsscenario til fylkes-ROS, med cruisetrafikken som tema. Vi samarbeidde godt med mellom anna Aurland hamnevesen og Aurland kommune, og gjennom prosessen vart det identifisert både førebyggande og konsekvensreduserande tiltak.

Frå desember 2017 til september 2018 gjennomførte vi øvingar med alle kommunane i fylket. Vi inviterte Sivilforsvarsdistriktet, Sogn og Fjordane Røde kors og Kvinners frivillige beredskap til å bidra i gjennomføringa av øvingane. I tillegg deltok representantar frå Statens strålevern og DSB (Nødnett).

Vi jobbar med eit gradert vedlegg til fylkes-ROS, som skal sjå  nærmare på sårbarheita i infrastrukturen i fylket. I første omgang ser vi på vegnettet og forsyninga av EKOM og straum. Dette er eit prosjekt som vert starta i dialog med Tryggingsforum Sogn og Fjordane (HV-09, HV-11 og Vest politidistrikt). Prosjektet vert utvida som følgje av samanslåinga, og vi vil no sjå på både Hordaland og Sogn og Fjordane.  

Vi bidrog til å arrangere og deltok på møte og synfaring for HV-11, Politiet og Statnett, for å planlegge innsats knytt til sårbare objekt i fylket.

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.13 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Vi har vore aktive deltakarar i ei arbeidsgruppe på tvers av embeta. Gruppa har mellom anna jobba med å identifisere og operasjonalisere Fylkesmannen og kommunane sine roller og oppgåver i dei ulike SBS-tiltaka.

Prosjektgruppa var ferdig med versjon to i desember 2018, og arbeidet held fram i 2019.

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Vi har rapportert innan fristen.

Klimaendringer og klimatilpasning i plansaker for 2018 (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Rapportere om hvordan klimaendringer og klimatilpasning ble tatt hensyn til i plansakene for 2018. Tilbakemeldingen skal omfatte hvilke plansaker som ble behandlet (fra planstrategi til reguleringsplaner), og i hvilken andel av disse plansakene klimaendringer var inkludert. I tillegg vil vi at Fylkesmannen gir en vurdering av hvor godt klimaendringer var ivaretatt i disse sakene: I hvor stor andel av plansakene var klimaendringer og klimatilpasning godt behandlet, mangelfullt behandlet og eventuelt om det ble gitt innsigelse i noen av sakene. 

Ved vurdering av alle planar, frå planstrategi, arealdelen til kommuneplanen til detaljreguleringsplanar, vurderer vi om klimaendringar er teke tilstrekkeleg omsyn til i analysen av risiko og sårbarheit.

I planstrategiane ser vi at kommunane har omtalt klimaendringar i litt ulik grad, men vi ser likevel at det i større og større grad vert nemnt og teke omsyn til i planlegginga.

Konsekvensar av klimaendringar vert omtalt i så godt som alle planar for arealbruk, men med litt ulik kvalitet. Kommunane brukar i stor grad klimaprofilen i fylket som kunnskapsgrunnlag, men nokre kommunar jobbar med å skaffe fram meir lokal kunnskap.

I enkelte planar har det ikkje vore gjort vurderingar av konsekvensane av klimaendringar. I dei sakene har gjerne ROS-analysen vore svært mangelfull på andre punkt òg, slik at vi har gått til motsegn. I all hovudsak har vi grunngjeve motsegna med at analysen er mangelfull. I andre tilfelle har vi funne at manglande vurderingar av klimaendringane ikkje vil ha særleg påverknad på risiko og sårbarheit i planområdet. I 2018 har vi ikkje gått til motsegn der grunngjevinga åleine har vore mangelfull vurdering av konsekvensar av klimaendringar.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Antall havner som mangler en godkjent avfallsplan og andel av innsendte avfallsplaner i havner som er godkjent eller regodkjent.

Antall hamner som manglar ein godkjent avfallsplan er 271. Det er godkjent seks nye avfallsplanar som dekker til saman 29 hamner i 2018. Det er regodkjent elleve planar, som dekker til saman 111 hamner.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Rapport om status for arbeidet mot fremmede organismer.

Vi fekk tildelt vesentleg mindre midlar enn vi søkte om, og planane for året måtte difor endrast ein del. Det er stor interesse frå publikum og kommunane for å gjennomføre kartlegging og tiltak, og det er ikkje vanskeleg å få arbeidet gjennomført. Interessa for arbeid mot frammande artar har auka vesentleg siste åra og særleg etter at vi laga og sende ut eit opplag på 9000 eks. av ein brosjyre om hagerømlingar og andre artar på avvegar i desember 2016.

Myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Rapport om gjennomført nødvendige pålegg knyttet til myndighetspålagt overvåking i tråd med vannforskriften pr.
31.12. 2018

I staden for pålegg om undersøkingar har Fylkesmannen i Sogn og Fjordane eit samarbeidsprosjekt med regulantane i fylket, som sikrar jamnleg overvaking av regulerte innlandsvassdrag. På bakgrunn av dette vert utsettingspålegga justerte eller avslutta.

Det skal rapporteres på fylkesmannens... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlig styring av kommunesektoren etter retningslinjene i rundskriv H-2143.

Vi legg stor vekt på å møte kommunane til ein jambyrdig og open dialog, der begge kan setje dagsorden. Vi har halde fram med arbeidsforma der Fylkesmannen, ved leiargruppa, vitjar einskilds- kommunar og møter kommuneleiinga, ved ordførar, rådmann, kommunalsjefar og formannskap. I 2018 vitja vi Fjaler kommune, Bremanger kommune, og fellesmøte med kommunane Sogndal, Leikanger og Balestrand som blir ein ny kommune frå 2020.

Vi møter andre statlege etatar jamleg for å oppdatere kvarandre og samordne oss i det kommuneretta arbeidet, avhengig av fagområde.

Vi møter ofte leiarar for andre statlege etatar som har hovedkontor i Sogn og Fjordane, både på møte vi kallar inn til, og på andre møteplassar i fylket.

I januar samla vi alle leiarar i alle statlege etatar som har ansvar for Sogn og Fjordane, slik vi oftast har hatt tradisjon for.

Også i 2018 inviterte vi dei andre statsetatane til den årlege kommunekonferansen som vi avvikla i mai. Vi planlegg denne konferansen i samråd med KS, og legg stor vekt på innnspel frå kommunane om tema.

Vi har tidlegare omtala korleis vi systematisk har brukt éin samarbeidsmodell når vi identifiserer eit større problem som må løysast av fleire enn ei verksemd. Modellen går ut på at vi over tid har brukt initiativrolla til Fylkesmannen for å lage faste nettverk, der alle dei viktigaste aktørane samarbeider i formaliserte fora for å nå felles mål på ulike livsområde.

Samordning mellom regionale statlege verksemder er viktig. Vi meiner også at vi for å lukkast med å setje i verk statleg politikk og omsetje han til gode levekår, må sjå vidare enn berre på statlege verksemder. Vår erfaring er at vi oppnår langt betre samordning og samhandling når statlege regionale verksemder i forpliktande forum samarbeider med fylkeskommunen, kommunane og dei kommunale regionråda, KS og private organisasjonar eller verksemder, avhengig av livsområde.

Om samordning av tilsyn viser vi til rapportering nedanfor.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Embetet har hatt ei tverrfagleg tilsynsgruppe, samansett av alle fagavdelingane. Denne gruppa har laga ei ordning for at kommunane kan gje tilbakemeldingar etter tilsyn ved hjelp av eit digitalt skjema. Målet med metoden har vore at kommunane opplever at tilsynet fører til auka kvalitet på tenestetilbodet, og at tilsynsutøvarar i embetet skal bli betre på informasjon og dialog med kommunane i tilsynsprosessen. Tilbakemeldinga har gitt oss grunnlag for betre informasjonsflyt og justering av metode innanfor rammene som er fastlagde i oppdraga til dei ulike fagavdelingane.

Tverrfagleg tilsynsgruppe har gjennomført årleg møte med sekretariat for kontrollutvala og oppretta samarbeid med andre statlege tilsynsorgan. I fellesskap har vi sett på metodar for å samordne tilsyn og korleis bruke tilsyn som metode for endring av prakis i kommunane sine tenestetilbod.

For 2018 vart det utarbeida eigen tilsynsplan internt i embetet som vart sendt til alle kommunane. I tillegg laga vi ein felles tilsynsplan for statlege tilsynsorgan for å betre samordninga av tilsyn. 

Fleire fagområde har nytta eigenevalueringstilsyn som metode, noko kommunane har respondert positivt på. Dette går ut på at vi samstundes som vi utfører ordinært tilsyn med ein kommune, har oppstartsmøte og avslutningsmøte med andre kommunar som sjølve gjennomfører ei eigenevaluering etter malen frå tilsynet. Vi ser at metoden er effektiv på ein slik måte at kommunen tek meir ansvar for å avdekkje og utbetre feil, og difor ser verdien av å nytte tilsyn som kvalitetsarbeid. Vi brukar noko meir ressursar på å arbeide på denne måten, samanlikna med at vi berre hadde gjennomført vanleg tilsyn med ein kommune. Samstundes når vi på denne måten tre til fem kommunar, avhengig av kor mange kommunar som er med. I gjennomsnitt kan vi seie at vi brukar tilsynsressurs tilsvarande 1 1/2 kommune på å få ein effekt av tilsyn tilsvarande tre til fem kommunar, altså klart mindre ressursar enn ved tradisjonelle tilsyn.  

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

I byrjinga av desember kvart år publiserer vi nødvendig informasjon om Kostra-rapporteringa på nettsidene våre, og sender e-post til kommunane over nyttår med lenke til heimesidene våre. Vi kontrollerer rapporteringa når dei ulike fristane er passerte, og kontaktar kommunane når vi ser at skjema manglar eller ikkje vert godkjent hjå SSB. Vi har også for 2018 hatt særskilt oppfølging av skjema for kommunal eigedomsforvaltning og kostnadar knytte til dette. Fylket vårt når måla på dette området i 2017, med ei forbedring på 36 prosent i forhold til resultatet i 2016. Generelt er det gode resultat for den samla Kostra-rapporteringa frå kommunane i fylket. Vi prioriterer informasjon om og oppfølging av Kostra, både i fag- og nettverksamlingar og elles i møte med kommunane.

Generelt rettleiingsarbeid om kommuneøkonomi vert mellom anna gjort ved hjelp av fagsamlingar med økonomisjefar og rekneskapsmedarbeidarar, der også kommunerevisjonane deltek (økonominettverket). I 2018 var tema på denne samlinga ny Kostra-portal og folketalsframskrivingar, lån, rente og verktøy for portefølgjeoversikt, finansrapportering og økonomiforvaltning. I tillegg vart det orientert om RNB 2018 og kommuneproposisjon for 2019, og kommunereform. Vi hadde ekstern innleiar frå SSB om ny Kostra-portal og korleis finne fram til riktige data til bruk i styringsdokumenta til kommunane.  Vi hadde i samband med dette også eit eige møte for alle samanslåingskommunane, der økonomiområdet var tema.

Vi har også hatt samling med rådmennene i fylket, der kommuneøkonomi har ein naturleg samanheng med ulike fagtema.

Vi arrangerte statsbudsjettsamling den 8. oktober då statsbudsjettet for 2019 vart lagt fram. Vi høyrde finanstalen frå finansministeren og fekk så presentert dei nasjonale tala frå KMD via video. Til slutt hadde vi ein bolk om verknader for kommunane i fylket, samla og for kvar kommune.

Vi har møte med enkeltkommunar og sender etter behov informasjon til kommunane etter analyse av budsjett og økonomiplanar, og elles annan informasjon som kommunane kan nytte. Vi har god dialog og kommunikasjon med kommunane i fylket. 

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.3.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

I 2018 har vi kontrollert og godkjent vedtak og saker i samsvar med økonomiføresegnene i kommunelova. Naustdal vart meldt ut av Robek i juli, etter at dei fekk godkjent sitt rekneskap for 2017 der alt underskot var dekt inn. Bremanger (Robek-kommune) fekk ikkje godkjent sitt budsjett for 2018. Årsaka var manglande plan for inndekking av underskot. Kommunen fekk godkjent 11 mill. kroner i nytt låneopptak.

I dei tilfella vi ser at kommunar er inne i ei dårleg økonomisk utvikling og det ikkje blir sett igang tiltak for å snu situasjonen, gir vi tilbakemelding i brev og ber om møte med kommunen. Vi rettleier kommunen og gir naudsynt informasjon, ofte saman med våre fagavdelingar. Vi har hatt fleire oppfølgingsmøte med Bremanger i den tida dei har vore i Robek. Som nemnt ovanfor nyttar vi også fagsamlingar eller nettverk aktivt til rettleiing og informasjon også om Robek. Samanslåingskommunane har fått særskilt informasjon om Robek, etter kommunelova og inndelingslova.

Ut frå ei samla vurdering av kommunens økonomiske situasjon fekk Naustdal 1,4 mill. kroner i skjønnsmidlar i 2018. Bremanger kommune har utgiftskrevjande sektorar som tilseier eit behov for skjønnsmidlar, men med årsak i at kommunen har høge kraftinntekter, får ikkje kommunen skjønnsmidlar.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Vi legg ut informasjon på nettstaden vår om utlysing av fornyings- og innovasjonsmidlar, kriterium for tildeling og lenke til søknadsskjema i Isord/Prosjektskjønn. Vi gjev òg ei nærare orientering i eige brev til kommunane. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore med på å utvikla den nye portalen og har fagansvaret for denne, har vi brukt tid på å rettleie andre embete om portalen, i tillegg til rettleiing til kommunar. Som følgje av dei ulike pågåande reformene (nye kommune- og fylkesnummer) og samanslåing av fylkesmannsembete, har det vorte ein del meirarbeid for å leggje til rette for dei nye endringane i portalen i året som har gått.

I 2018 fekk vi inn 18 prosjektsøknader innan søknadsfristen 1. mars. Vi tildelte til saman 3 227 500 kroner til 13 prosjekt. Fem av søknadene fekk avslag fordi dei ikkje stetta kriteria for tildeling. 

Vi prioriterte søknader innanfor desse områda:
1. Kommunale tenester til:  
  - asylsøkjarar og busetjing og integrering av flyktningar  
  - helse og omsorg, til dømes velferdsteknologi og auka krav innanfor
    rus og psykiatri
2. Digital forvaltning, med vekt på brukarvenlege tenester og innhald
3. Tverrfagleg samordning mellom tenester for barn og unge:
    - vald og overgrep mot barn  
    - barnevern
    - barnehage- og skulemiljø
4.  Samfunnsutvikling og lokaldemokrati til dømes på desse områda: 
    - planarbeid mellom anna med vekt på folkehelse
    - rekruttering
    - klimatilpassing

Når den endelege tildelinga er gjort, vert dette publisert på nettstaden til embetet, og kommunane får brev om tildeling i post og via portalen. Vi har eit arbeidsutval som jobbar med tildelinga, der KS-leiaren i fylket er med som rådgjevar. Ved handsaming av søknadene deltek dei ulike fagavdelingane i embetet ved behov. Samarbeidsprosjekt der fleire kommunar deltek, vert prioriterte. Det er krav om 50 prosent eigenfinansiering frå kommunane, og vi legg vekt på at kommunane formidlar læringspunkt frå prosjekta. Einskilde prosjekt vert presenterte i fagnettverk med kommunane eller på den årlege kommunekonferansen for rådmenn og ordførarar.

I 2018 vart følgjande kommunar og prosjekt tildelt midlar:

Flora: kr 400 000 til Samarbeid om data, publisering og analyse av 
folkehelsedata
Flora: kr 100 000 til «Ein veg inn» til folkehelse i samhandlings-  
barometeret
Førde: kr  75 000 til Utgreiing av nytt regionråd
Førde: kr 250 000 til Akuttmedisinsk samhandling BEST
Flora: kr 117 500 til Opplæring i New Behaviorial Observation
Naustdal: kr 200 000 til Oppfølging av brannstudie – samarbeid om ny bemanningsnorm for brann 
Naustdal: kr 200 000 til Responssenter for velferdsteknologi
Stryn: kr 50 000 til Fleire ut i arbeid etter introduksjonsprogrammet  Flora: kr 75 000 til Førebygging av fråvær i skule
Naustdal: kr 200 000 til Nettvevd Naudmelde teneste - pilotprosjekt
Vik: kr 800 000 til Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane – del II 
Vågsøy: kr 300 000 til PMTO konsultasjon for tilsette i barnehage og skule og TIBR rettleiing
Flora: kr 460 000 til Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane
Samla tildelt sum kr 3 227 500.

Som ein integrert del av Isord/Prosjektskjønn, ligg alle prosjekt frå heile landet tilgjengelig på den offentlige sida.

Frå tildelinga i 2018 vil vi spesielt trekke fram prosjektet Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane, som har fått midlar i fleire tildelingar. Dette er eit fylkesdekkande prosjekt der alle kommunane deltek. På denne måten har kommunane no bl.a. teke i bruk SvarUt, som sikrar utsending av digital post, ny sikker løysing for MiSide, og skal no i gang med førebuing av e-Signering i samarbeid med Difi. Dette prosjektet gjer at den digitale samhandlinga mellom staten, kommunane og innbyggjarane blir bedre.

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane er eit anna fylkesprosjekt som har fått midlar i fleire omgangar. Dette prosjektet jobbar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i pleie- og omsorgssektoren. Fylkesprosjektet var ein utløysande faktor for at ni av kommunane i fylket kom med i det nasjonale prosjektet på velferdsteknologi.

I tillegg til dette vil vi nevne prosjektet Responssenter for velferdsteknologi for kommunane, i samarbeid med Helse Førde og Alarmsentralen. Alarmsentralen handterer i dag alarmar frå brann og tryggleiksalarmar. I prosjektet ser ein på mogelegheiter for å  knyte opp fleire typar alarmar i same systemet, bl.a. gps-varsling, digitale tilsyn, medisindispensarar osb., og opprette eit responssenter for dette.

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Fylkesmannen har handsama to saker om lovlegkontroll, den eine etter klage. Der fann vi at vedtaket var lovleg. Fylkesmannen gjorde lovlegkontroll på eige initiativ i ei anna sak, der konkluderte vi med at vedtaket var ulovleg, og det vart oppheva.

Habilitet eller lukking av møte var ikkje vurderingstema i nokon av sakene.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.5.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Vi har gitt generell rettleiing om kommunalrettslege spørsmål, særleg lovlegkontroll og habilitet. Vi har i tillegg fått ein del spørsmål om innbyggjarinitiativ og kommunal organisering, med vekt på kommunesamanslåing, grensejustering og forholdet mellom kommunestyre og fellesnemnd etter inndelingslova § 26. Vi viser også til rapportering om endring av kommunestrukturen i punkt 3.1.1.12.

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.5.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

I Sogn og Fjordane er det interkommunalt samarbeid på mange område og tenester, mellom anna legevakt, kommunalt døgnakutt opphald, barnevern, folkehelse og smittevern, hamneverksemd, brann/redning, renovasjon, planstrategi, skulesamarbeid, PPT-samarbeid og IKT-samarbeid. Kor mykje interkommunalt samarbeid det er på ulike område, og korleis det er organisert, varierer. Hamneverksemd og renovasjon er døme på samarbeid som vert organisert i IKS. Vi ser at kommunane ofte ser det som effektivt å samarbeide innanfor dei fire regionane Nordfjord, Sunnfjord, Sogn og Hafs (ytre Sunnfjord og ytre Sogn).

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Vi har handsama 19 klagesaker etter offentleglova om avslag på krav om innsyn. To av sakene gjaldt manglande innsyn hos fylkeskommunen og resten av sakene manglande innsyn hos kommunar. Fire av klagene vart tekne heilt eller delvis til følgje, seks saker vart oppheva og returnerte til kommunen for ny handsaming og ni saker vart stadfesta.

Vi har også handsama to klagesaker om manglande dokumentinnsyn etter forvaltningslova. I begge desse sakene vart kommunen sine vedtak stadfesta.

Ei av sakene vart klaga på til Sivilombodsmannen, som ikkje hadde merknader til vår avgjerd i klagesaka.

Fylkesmannen har også motteke om lag 20 klager som er sendt direkte til oss, på grunn av manglande svar på innsynskrav hos underinstansen. Etter at vi har sendt desse klagene til underinstansen for vurdering og handsaming før eventuell oversending til oss som klageinstans, har ikkje desse sakene kome attende som klagesaker til oss.

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Vi viser til rapportering til punkt 3.3.1.1.4.1 i tildelingsbrevet.

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Vi viser til tabellen og til rapportering til punkt 3.3.1.1.5.1 i tildelingsbrevet.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv minst to tiltak gjennomført av flere regionale aktører under fylkesmannens ledelse for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunene.

Vi arrangerte konferansen "Nullvisjon for bustadløyse i Hordaland og Sogn og Fjordane?" i samarbeid med Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken og Helse Vest med om lag 100 deltakarar. Her var det både faglege innlegg og debatt.

Vi har deltatt i eit prosjekt for regional gjennomføring av tiltaksplanen "Bolig for velferd" med Fylkesmannen i Rogaland, Fylkesmannen i Hordaland, Husbanken, Helse Vest, Nav, Buf-etat, Kriminalomsorgen og Imdi. Vi har valt å tilby Flora kommune til å delta i prosjektet med aktivitet i begge dei to tiltaka.   

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2018. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Vi har hatt ein lærling i 2018 innan IKT-faget.

Rapportering på fellesføring 2018 (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Embetet skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetens anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet. Se kap. 4.1 Fellesføringer 2018

Vi inngår få nye kontrakter kvart år, og har gjennom mange år samarbeidd med innkjøpstenesta hos Sogn og Fjordane fylkeskommune for å ha tilgang på eit større og meir kompetent innkjøpsmiljø enn vi har tildeling til å ha.

Gjennom mange år har vi sett som krav i alle kontrakter at aktuelle leverandørar skal levere attest for betalt skatt og andre avgifter. Vi har også hatt krav om at gjeldande løns- og arbeidsvilkår skal følgjast. For å sikre kvaliteten i innkjøpsarbeidet vårt har vi også valt å inngå rammeavtaler på alle område der vi kan gjere det, nettopp for å sikre at lov- og avtaleverk vert følgd.  

Regjeringens inkluderingsdugnad (5 % målet) (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

I årsrapporten skal Fylkesmannen redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18 sendt ut juli 2018.

Sommaren 2018 kom KMD med ei ny fellesføring kring inkluderingsdugnad. Vi har færre enn fem rekrutteringar frå juli 2018, og rapporterer difor ikkje på prosentvis del av nytilsette som har hol i CV eller nedsett funksjonsevne.


Vi har berre rekruttert to personar hausten 2018 fordi vi har hatt tilnærma tilsettingsstopp på grunn av forventa trekk i tildelinga etter samanslåing med Fylkesmannen i Hordaland. Vi har difor lite grunnlag for å vurdere kva som har vore vellukka tiltak, kva har vore utfordringar og kvifor vi ikkje har lukkast med å nå måla med dugnaden. Dette vil vi kunne svare på for 2019 der vi vil ha fleire rekrutteringar å ta utgangspunkt i.

Kort beskrivelse av aktiviteten... (fra kapittel 7.3.7.1.1 i TB)

Rapportere på

Kort beskrivelse av aktiviteten på området, herunder oversikt over:

  • Tros- og livssynssamfunn som mottar tilskudd og antall medlemmer det er gitt tilskudd for
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen
  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

Fylkesmannen har utbetalt statleg tilskot til elleve trussamfunn i 2018. Det er utbetalt tilskot for 1676 medlemmar, som er ei auke på 218 medlemmar frå 2017. Samla er det utbetalt statstilskot med 910 068 kroner.

Alle utbetalingane har gått gjennom den digitale løysinga for trus- og livssynssamfunn som vart teken i bruk i 2017. Samla oversikt over utbetaling av tilskot og opplysningar om trus- og livssynssamfunna, er tilgjengeleg via denne lenkja: Trus- og livssynssamfunn.

Det er ikkje registrert nye trus- eller livssynssamfunn i 2018, og det er 17 registrerte og uregistrerte trus- og livssynsamfunn i oversikta hos oss ved årsslutt. 

Vi har ikkje ført særskilt tilsyn med trus- eller livssynsamfunn eller forstandarar i 2018, utover innhenting av årsmelding og rekneskap frå dei samfunna som fekk utbetalt statstilskot i 2017.

Fylkesmannen har også arbeidd med nye funksjonar i den digitale løysinga for trus- og livssynssamfunn. Mellom anna ønskjer vi å legge til rette for at trus- og livssynssamfunna sjølve kan sende inn krav om statstilskot, rekneskap og årsmelding digitalt gjennom løysinga. Ved utgangen av året held vi på med testing av nye funksjonar, og det er grunn til å tru at utviklingsarbeidet held fram i 2019.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.7.2.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi handsama 30 søknadar om oskespreiing i 2018, og med eitt unntak, vart alle innvilga. Tolv av søknadane var førehandssøknader, medan 17 av søknadane kom frå pårørande i ettertid. I 19 saker vart det gjeve løyve til oskespreiing i sjøen, medan det vart gjeve løyve til oskespreiing på land i ti av sakene.

Vi har ikkje fått søknadar om privat gravstad eller klager på kommunale enkeltvedtak etter gravferdslova i 2018.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.7.3.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi har handsama ti søknadar om dispensasjon frå lov om helgedagar og helgedagsfred etter § 5 første ledd, om at faste utsalsstader skal halde stengt på helgedagar. Alle søknadane er innvilga.

Vi har handsama ein søknad om godkjenning som typisk turiststad i 2018. I forskrift 09.07.2018 godkjende vi Kalvåg i Bremanger kommune som typisk turiststad i perioden 1. juni til 31. august.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2 og bakgrunnsinformasjon (metodehåndbok og egen mal for rapportering). Fylkesmannen skal beskrive hvilke risikovurderinger som ligger til grunn for valg av tema og tilsynsobjekt. Med risikovurdering mener vi hvilke vurderinger og konklusjoner fylkesmannen har gjort på bakgrunn av de valgte kildene. Fylkesmannen skal sende inn foreløpig tilsynsrapport fortløpende i eget skjema på FM-nett. 

I 2018 har vi gjennomført tilsyn etter barnehagelova og opplæringslova i samsvar med aktivitetskravet for 2018.

Vi følgjer føringane i gjeldande metodehandbok, og i 2018 har vi m.a. sendt dei førebelse tilsynsrapport fortløpande til Utdanningsdirektoratet.

Vi vurderer òg tilsyn på barnehage- og opplæringsområdet ut frå den samla tilsynsbelastinga for kommunen. Det vil seie at vi ser våre tilsyn opp mot tilsyn frå andre fagavdeligar. 

Tett kontakt med kommunar, skular, barnehagar og erfaringar frå tidlegare tilsyn er også ein del av vår risikovurdering. Spørsmål og rettleiing av skular, skuleeigaren og barnehagemyndigheita gjennom året gir oss også god innsikt i tilstanden. Dette tek vi med oss inn i våre vurderingar når vi vel tilsynstema og tilsynsobjekt.

Planlegginga av tilsyn startar alltid med ein generell gjennomgang av tal, statistikk, klagesaker og meldingar. Vi går gjennom og reviderer prosedyren "Områdeovervaking grunnskule og barnehage" årleg, dvs. både innhald og datainnsamling. I prosedyren er det klargjort når (tid), kjelder og kven som er ansvarleg.

På bakgrunn av våre risikovurderingar har vi i 2018 gjennomført følgjande tilsyn på barnehageområdet: Kommunen som barnehage- og tilsynsmyndigheit, pedagogisk bemanning og opplysningsplikt til barnevernet.

På opplæringsområdet har vi ført tilsyn med: Skulens arbeid med elevanes utbytte av opplæringa, skulens arbeid med skulemiljø,  spesialundervisning og grunnskuleopplæring for vaksne.     

Gjennom 2018 har vi vorte meir medvitne om å dele vår risikovurdering med skuleeigaren og barnehagemyndigheita.

Etter invitasjon frå kontrollutvalet i ein kommune informerte vi dette utvalet om tilsyn generelt, risikovurdering og den aktuelle tilsynsrapporten (skulemiljø). Dette tilsynet fekk stor merksemd i media.  

Vi meiner vi har treft bra med våre risikovurderingar ut frå resultata i tilsyna. Vi ser også at kommunane legg ned mykje arbeid etter at tilsynet er starta, og gjerne spesielt etter førebels rapport, for å kome i gong med rettearbeidet.

Rapportering av antall meldte skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall meldte skolemiljøsaker til embetene som håndhevingsmyndighet, resultat av behandlingen og saksbehandlingstid. 

I perioden 01.01.2018 til 31.12.2018 blei det meldt inn 17 saker som gjaldt skulemiljøet til elevane. 

I åtte av sakene gjorde vi vedtak om at aktivitetsplikta var broten.
I fem av sakene gjorde vi vedtak om at aktivitetsplikta var oppfylt.

Det gjekk i snitt 33 dagar per sak frå saka vart meldt til oss, til vi gjorde vedtak.

Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Sjå tabellane.

Klagehandsaming eksamen vidaregåande skule

Fylkesmannen hadde det nasjonale klageansvaret etter hausteksamen 2017. I alt 1241 klager i 31 ulike fagkodar blei handsama. Av desse vart det endra karakter i 136 av eksamenssvara.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for skole (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena mellom skoleeiere og UH-institusjoner, med sikte på kompetanseutvikling i grunnopplæringen. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet. Fylkesmannen skal gi en beskrivelse av de tiltakene som er lagt til rette innenfor fagfornyelse, skolemiljø og andre relevante tiltak som inngår i kompetansemodellen.

Kompetanseutviklingstiltaka har vore drøfta i Forum for barnehage- og skuleutvikling. Dette forumet består av dei fire kompetanseregionane, fylkeskommunen, KS, Høgskulen på Vestlandet, Utdanningsforbundet, Skuleleiarforbundet og Fylkesmannen. Forumet har fungert sidan 1997.

Dei fire kompetanseregionane har oppretta samarbeidsforum med Høgskulen på Vestlandet. Kvar einskild kompetanseregion utarbeidar sine prosjekt i samarbeid med UH, der det føreligg ein avtale mellom partane.

Midlane vert delte mellom kompetanseregionane etter talet på årsverk og tilbakemeldingane går på at det er ei føreseieleg ordning for kommunane. Dette dannar grunnlag for prosjekta som vert arbeidd med. Regionane og UH-sektor har vorte samde om ei intern fordeling etter framlagde kompetanseplanar frå regionane, der det skulebaserte aspektet vert ivareteke. Utfordringane har vore UH sin kapasitet og kompetanse på nokre områder. Dette har vorte løyst ved å knyte kontakt med andre UH-miljø utanfor regionen. Fordelinga av midlar har i 2018 bygd på avtale mellom kompetanseregionane og Høgskulen på Vestlandet (60 prosent - 40 prosent). Fylkesmannen har betalt ut til partane etter den avtala fordelinga.

Fleire av regionane er med i prosjektet inkluderande barnehage- og skulemiljø, og mange av dei lokale tiltaka har vorte innretta mot å supplere eller støtte opp om dette temaet på ein god måte. 

Hovudtema i 2017 og 2018 har vore:

  • Skulemiljø / læringsmiljø
  • Språk - støtte til språkløype
  • Psykisk helse
  • Emner innan realfagssatsinga

Vi ser at det er krevjande å finne rett detaljeringsnivå på rapporteringa frå kompetanseregionane. Ved samanslåinga av Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane vil inngang og rapportering bli endra og samla for dei to fylka.

Fagfornyinga

Fylkesmannen har saman med partnarskapet i fylket, hatt fagfornyinga oppe som tema på fleire arenaer på ulike nivå.

Eit samarbeid med fylkeskommunen har resultert i fagdagar for leiarar og lærarar. Det har medført at kommunar og fylkeskommune har tatt ei aktiv rolle for å rekruttere fagpersonar frå fylket inn i faggruppene som skal utvikle læreplanane i Fagfornyinga. Desse fagpersonane vert så nytta av kompetansenettverka ved ulike samlingar og fagpåfyll.

Skulemiljø 

I vårt fylke er tre av kompetansenettverka med i "Inkluderende barnehage og skolemiljø". Dette har medført at fleire av kompetanseutviklingsprosjekta har gått mot dette temaet og støttar opp om den nasjonale satsinga.

Status på samarbeidsarena og kompetanseutviklingstiltak for barnehage (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en status på etableringen av samarbeidsarena for barnehagemyndighet, barnehageeiere og UH-institusjoner. Fylkesmannen skal redegjøre for hva som er nyttige erfaringer og utfordringer i dette arbeidet, og gi en helhetlig status på kompetanseutvikling på barnehagefeltet i fylket i henhold til tiltakene i revidert kompetansestrategi for barnehage (2018-2022).

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på tiltak innenfor kompetanse og rekruttering på barnehageområdet. 

Rapporteringskravet er splittet i to (se kapittel 7.3.8.8) av tekniske grunner for å koble riktige tabeller til årsrapporteringen.

Regional kompetanseordning for barnehage er drøfta i Forum for barnehage og skuleutvikling. Vi har vidareført ordninga med dei fire kompetanseregionane også i 2018.  Privat barnehageeigarar er involverte i arbeidet med kommunale kompetanseplanar, som igjen dannar grunnlaget for regionale kompetanseplanar. 

Kompetanseregionane har gjort avtale med lokal UH - (Høgskulen på Vestlandet). Der lokal UH ikkje kan levere, er det gjort avtale med  nasjonale senter som naturfagsenteret og læringsmiljøsenteret.  Den einskilde barnehagen arbeider systematisk med å utvikle eigen praksis gjennom kritisk refleksjon, lærande møte eller i nettverk kommunalt og regionalt.

I 2019 er Hordaland og Sogn og Fjordane slått saman til eitt embete. Vi la av den grunn opp til å få på plass eitt felles fylkesforum på slutten av 2018. Det nye forumet skal møtast for første gong i februar 2019. For å skape ei felles startplattform må nok det brukast litt tid på dette arbeidet i fyrste delen av året.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Tilskotsordningene er forvalta etter retningslinjene som ligg føre. Rapporteringar er følgde opp og gjennomførte ut ifrå dei fristane og innhaldet som er stilt krav om frå Utdanningsdirektoratet.

I 2018 har 30 PPT-tilsette i Sogn og Fjordane gjennomført  vidareutdanning (15 stp.) i sakkunnig vurdering og forvaltning. Fagleg ansvarleg var NTNU. Det vart gjennomført tre fellessamlingar med mellomliggjande arbeid og eksamen i oktober. Seks lokale PPT-leiarar har vore rettleiarar undervegs. Studiet vart realisert gjennom vidareutdanningsmidlar og eksterne midlar knytte til "Strategi for etter- og videreutdanning i PPT» (SEVU-PPT).  Studiet har tilført PPT i vårt fylke ein etterspurt kompetanse innanfor arbeidsområdet til tenesta.     

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på

- Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.

 - Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning     

 - Ressurser avsatt til kontrollarbeid

Talet på årsverk i landbruksforvaltninga hjå Fylkesmannen er på om lag same nivå som i 2017. Tidleg i 2018 henta vi inn tal på årsverk m.m. i landbruksforvaltninga i kommunane, og vi legg til grunn at det var om lag det same ved utgangen av året. 
Generelt ser vi at enkelte kommunar har liten kapasitet og til dels også kompetanse på landbruksområdet, og dette er så langt heller ikkje løyst gjennom kommunereforma. For nokre kommunar er det grunn til å argumentere for tettare samarbeid om desse oppgåvene.  

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett... (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Rapporter på tiltak og virkemiddelbruk for bedre skogsvegnett, herunder omfang (kilometer/kroner) for nybygging, ombygging og vedlikehold av skogsvegnettet.


Skogsvegar og drift i vanskeleg terreng

Totalt vart det løyvd 8,4 millionar kroner til skogsvegar i Sogn og Fjordane i 2018, av dette var 900 000 kroner omfordelte frå inntrekte løyvingar. Det er stor skilnad mellom kommunane; dei mest aktive var Stryn, Vik, Førde, Naustdal og Balestrand. Berre 2,9 millionar vart utbetalte, og vi har no eit utgåande ansvar på 9 millionar kroner, nesten dobbelt så mykje som ved inngangen av året. Ei forklaring er at mange anlegg har venta i fleire år på å få løyving, og at det då tek tid før dei kjem i gang. Bilveganlegg med fleire interessentar har fått høgast prioritet ved tildeling av tilskot.

Dei skogbruksansvarlege i kommunane har ofte skogbruk som ei av mange oppgåver, og næringsutvikling, skogeigarkontakt og oppfølging vert ofte lågt prioritert. Vi har difor, og i samråd med kommunane, valt å bruke ein del LUF-midlar på vegplanlegging. Det aller meste av den planta skogen blir ikkje hogstmogen før om 15 år, og i tråd med hovudplansatsinga, har vi valt ein strategi der vi prøver å jobbe fram gode områdeplanar og eigedomssamarbeid mellom grunneigarane. Dette er heilt naudsynt for å få til teknisk fungerande vegløysingar. Vi ønskjer i så stor grad som mogleg at vegane skal byggjast på eit optimalt tidspunkt for bruk av skogfond. Det er ofte ein del år fram i tid. Vi ønskjer at skogeigarane skal forstå dette og ha eit medvite forhold til det.

Vi har ikkje gjeve tilskot til vegvedlikehald i 2017.

Det vart løyvd litt over ein million kroner til driftstilskot i 2018, i all hovudsak til taubanedrifter.

Skogbruksplanlegging

Hovudplan for skogbruksplanlegging og Miljøregistrering i skogbruket (MiS) er skissert i RBU og i ØKS. I 2018 vart «ordinære områdetakstar» i Balestrand, Høyanger nordside og Naustdal ferdigstilt, og det vart starta forprosjekt i Eid kommune. Denne kommunen har stor teigdeling og plantinging per i dag på 60 prosent av produktivt skogareal. Vi har stilt krav om at det skal utarbeidast felles tiltaksretta skogoversikter med områdeplan for skogsvegar i dei fleste skogområda i kommunen. Vi ønskjer også at MiS vert gjort i dei områda det faktisk vert drive aktiv skogbruk og ikkje på store og lite tilgjengelege lauv- og furuareal med låge bonitetar. Vi har no ein dialog med Vestskog om dette.

Etter Eid står vi att med Gaular, Høyanger sørside, Askvoll, Bremanger og Vik, som ikkje har MiS og områdetakst. Det vil bli starta opp forprosjekt i den viktige skogkommunen Gaular i 2019, og vi tek sikte på å sette i gang områdetakst i 2020 dersom plantinginga er høg nok.

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart (AR5). 

Av 26 kommunar er det ein kommune, Hyllestad, som ikkje har ajourført AR5 sidan første gong. I tillegg er det fem andre som ikkje ajourførte i 2018: Balestrand, Årdal, Gaular, Naustdal og Selje.

Forklaringa er truleg ei blanding av manglande prioritering, kompetanse og kapasitet på kartarbeid og GIS. Kommunane Balestrand, Gaular, Naustdal og Selje skal alle inn i nye kommunar frå 2020, så vi har håp om at dei då får betre kompetanse og kapasitet.

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

Fylkesmannen vurderer resultata frå kontrollarbeidet som gode. Vi har særleg vore merksame på at kommunane vurderer avkorting i sakshandsaminga si.

Det er store skilnader på ressursar og kompetanse i kommunane, og vi ser difor kontrollarbeidet som avgjerande for å sikre kvalitet og likebehandling i forvaltninga. I tillegg har vi ei viktig rolle med opplæring og informasjon til kommunane.  

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt... (fra kapittel 7.3.9.5 i TB)

Rapportere på

I henhold til tabell i årsrapport skal det gis en oversikt over og en vurdering av klager og dispensasjonssøknader behandlet av fylkesmannen.

Omlegging av søknadsfristen for PT gav mange søknader om dispensasjon frå søknadsfristen. Desse vart handsama i tråd med retningslinjene frå landbruksdirektoratet og vi gav mange avslag. Saka kom opp som eit nasjonalt tema då dette hadde svært store økonomiske konsekvensar for søkjarar som fekk avslag på søknaden for heile året. Fylkesmannen meiner det var rett å opne for dispensasjon, men trur dette kunne vore gjort meir nøkternt enn å gje alle ein ny frist.  

Generelt er det få klager på desse ordningane.

Godkjente bruksregler og utarbeidede distriktsplaner (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på


  • Rapporter på andel godkjente bruksregler og andel utarbeidede distriktsplaner
  • Beskriv hvilke tiltak fylkesmannen har gjennomført knyttet til brudd på bruksreglene, samt ulovlige gjerder og anlegg.

Vi har ikkje reindrift i Sogn og Fjordane.

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.7 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Kommunane har noko ulik praksis når det gjeld avkorting ved feilopplysningar, så dette er tema ved forvaltningskontrollane. Vi har inntrykk av at praksis vert stadig betre. Kommunane har noko varierande kompetanse og kapasitet på landbruksområdet, og det viser att også på dette området.

Skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket (fra kapittel 7.3.9.8 i TB)

Rapportere på

Etter en svært tørr sommer har mange Fylkesmenn måttet legge ekstra innsats i prognosering av skade- og erstatningsomfanget etter avlingssvikt i jordbruket. I tørkeområdene må Fylkesmennene påregne ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Oppgaven er beskrevet i VØI pkt. 5.1.10.13 hvor det normalt kun skal avviksrapporteres. På grunn av årets ekstraordinære situasjon vil vi at Fylkesmennene skal rapportere på følgende;

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket.

- Gi en kort oversikt over hvilke tiltak som ble iverksatt, i embetet og overfor kommunene

- Vurder effekten av tiltak som ble iverksatt

- Gi en kort vurdering av hvilke forhold som medvirket til eller vanskeliggjorde arbeidet for å nå Regjeringens mål om at erstatningssakene skal behandles i 2018.

Vi måtte omdisponere fem personar og tilsette ein ekstern for å ta unna den store saksmengda i oktober til desember. Vi hadde då tre personar som handsama sakene i ELF og fire personar som laga svarbrev i ePhorte. Totalt brukte vi 1,5 årsverk meir enn vanleg på avlingsskade desse tre månadene.

Vi hadde tett dialog med kommunane for å få dei til å handsame sakene etter kvart som dei kom inn. Noko gjekk via e-post, men ofte tok vi direkte kontakt på telefon for å purre. Det gav gode resultat. Omdisponering av eigne ressursar vart gjort innanfor avdelinga.

Sogn og Fjordane handsama og utbetalte nesten alle søknadane før nyttår.

Tett dialog med kommunane, fagkompetanse, internt lagspel, leiing og dugnadsvilje var avgjerande for å kunne handsame sakene innan fristen.

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering... (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en samlet egenvurdering av hvordan arbeidet med 0-24-oppdraget har fungert i henhold til embetets målsettinger og ambisjoner. Herunder skal det framkomme hvilke egne mål som er satt for arbeidet, jf, andre oppdrag 3.2.1.6.1. I egenvurderingen skal fylkesmannen vurdere hvilke tiltak som har gitt de beste resultatene og i størst grad bidratt til samarbeid og samordning i og mellom kommuner og fylkeskommunen, tjenester og institusjoner som arbeider for og med utsatte barn og unge og deres familier.

Koordinert innsats for utsette barn og unge (0-24)

Vi ønskjer å sikre at barneperspektivet blir ivaretatt i planlegging og kvalitetssikring av tenestene internt hos Fylkesmannen og i kommunane/fylkeskommunen gjennom tre mål: 

1) Styrke sakshandsaminga for saker som gjeld denne gruppa
2) Samtale med barn - heve kompetansen hjå den vaksne
3) Teieplikt i den interne og eksterne samhandlinga rundt helse-, omsorg- og sosialtenester og opplæring for utsette barn og unge og deira familiar.

For å nå målsettingane og ivareta barneperspektivet har vi hatt intern opplæring om korleis samtale med barn og om korleis vi skal arbeide med teieplikta i sakshandsaming med utgangspunkt i barnekonvensjonen. Vi er meir medvitne om barnet si stemme i sakshandsaminga og vurderer teieplikta i større grad enn tidlegare. Denne lærdomen nyttar vi i sakshandsaming og rettleiingsarbeidet vårt. Slik blir også kommunane meir merksame på barneperspektivet. 

 Vi har gjennomført ein konferanse med hovudtema «Barneperspektivet i tverrfagleg samhandling». Der sette vi lys på  opplysningsrett og opplysningsplikt i tverretatleg samarbeid; når kan eller skal det bli gjort unntak frå teieplikta? Vi viste døme på gode samtalar med barn.

Tenester som har samhandla og delteke på konferansen er barnevern, barnehage, helsestasjon, skule, kommunal psykiatriteneste, Nav, Politiet og frivillige organisasjonar. Tilbakemelding frå deltakarane viste at tema var nyttig og bidrog til dialog. Det blei  knytt kontakt på tvers av dei ulike tenestene i kommune og fylkeskommune. Med så mange ulike yrkesgrupper samla på konferansen har vi forventningar om å sjå resultat ute i tenestene.

Den interne og eksterne opplæringa har gitt betre kompetanse på barn sine rettar, korleis nytte barnekonvensjonen i sakshandsaminga og korleis nytte teieplikta i kvardagen jf. 3.2.1.6.1.

Sjumilssteget
Embetet har jobba for heilskapleg og samordna tenestetilbod internt og i møte med kommunane. Barnekonvensjonen er brukt i tverrfagleg samhandling mellom fagavdelingane, og har lagt grunnlag for betre sakshandsaming med merksemd på barneperspektivet, og at teieplikt ikkje skal vere til hinder i embetet si sakshandsaming. 

Vi har gjennomført den årlege Sjumilsstegkonferansen, om tverrfagleg samhandling til beste for barn og unge, der vi samla deltakarar frå ulike tenestetilbod i kommunane, og frivillige lag og organisasjonar.

Som ein av deltakarane i Nasjonal gruppe for barnekonvensjonen i praksis, har vi bidrege til implementringsarbeid og erfaringsdeling nasjonalt.

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Forsøket i Sogn og Fjordane blir gjennomført i to kommunar i samarbeid mellom Nav-kontor og vidaregåande skule. Dette er: 

  • Førde kommune: Nav Førde og Mo og Øyrane vidaregåande skule.
  • Flora kommune: Nav Flora og Flora vidaregåande skule.

Kommunane har gode erfaringar med forsøket og søkte og fekk tilskot til eit fjerde år, 50 prosent stilling for skuleåret 2018/19, frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Fylkeskommunen hadde ikkje lønsmidlar til prosjektet. Nav-kontora har sjølv fordelt ressursane der det var behov for det og der dei ville satse.

Vi har delteke med fast medlem i styringsgruppa for forsøket i lag med fylkeskommunen og Nav fylke. Nav fylke har koordinatoransvar, og det har vore lite aktivitet i 2018. Det er oppretta lokale prosjektgrupper for begge dei to delprosjekta, og det har vore lagt vekt på at utvikling skal skje gjennom dagleg arbeid i dei lokale prosjekta. Styringsgruppa sine føringar til dei lokale prosjektgruppene for skuleåret 2018/19 er at Nav-kontora og skulane arbeider fram ein modell for vidare samarbeid etter at prosjektperioden er ferdig. I tillegg arbeider Nav-rettleiarane etter handlingsplanane og årshjul.

Styringsgruppa si erfaring er at begge delprosjekta har jobba godt frå starten av. Det er utfordrande å måle heilt konkret kva resultat forsøket har gitt i form av auka gjennomføring/redusert fråfall i vidaregande skule. Men vi har erfart at felles forståing av utfordringar for målgruppa på tvers av forvaltningsnivå, er avgjerande for å redusere fråfall og sikre at fleire ungdomar kjem i arbeid etter avslutta skulegang. Førebels oppsummering frå prosjektgruppene er at Nav må vere til stades på dei vidaregåande skulane, men kor ofte og i kva form er det ikkje konkludert med.

Vi deltok på nasjonal konferanse i mai der det nasjonale forsøket blei avslutta, og vi har hatt interne møte om forsøket. Det er ikkje planar om yttarlegare vidareføring frå vår side. Vi vil delta i styringsgruppa og bidra med erfaringsdeling den tida Førde og Flora er med i prosjektet. Vidare vil vi følgje fråfallsproblematikken på tvers av avdelingane i 0-24 samarbeidet og i samarbeidet om utsette barn og unge.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Det todelte målet for rovviltpolitikken fungerer godt i Sogn og Fjordane. Heile fylket er prioritert for beitebruk, og Miljødirektoratet sine vedtak om ekstraordinære uttak av jerv har ført til at vi dei siste tre åra ikkje har hatt dokumenterte jerveskader i fylket. Miljø og landbruk i fylket har eit godt samarbeid i rovviltforvaltninga om det todelte målet.

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Totalt sett meiner vi at vi nyttar midlane våre i samsvar med forventingane frå oppdragsgjevarane. På verjemål har vi nytta 100 000 kroner mindre enn vi fekk i tildeling, og vi har i 2018, ved stram styring, klart å justere ressursbruken i samsvar med budsjettet.

Etter at avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma vart innført frå 2015, har vi over år fått redusert tildelinga med om lag tre millionar kroner. I praksis tilsvarar dette om lag fem stillingar.

Vi innrettar drifta etter reduserte rammeløyvingar, og takkar for tilliten til sjølve å prioritere mellom fagområda. Men vi ser at det fører til vanskelege diskusjonar mellom fagområde og avdelingar og i siste omgang misnøye frå oppdragsgjevarane våre der vi prioriterer ned.

Det er elles ikkje vesentlege differansar i ressursbruken mellom 2017 og 2018 som ikkje kan forklarast ut frå årlege variasjonar, normal løns- og prisvekst, vakansar og personalhøve.

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Samfunnsoppdraget:

Viktigaste oppgåve i 2018 har vore å leggje til rette for samanslåinga med Fylkesmannen i Hordaland frå 2019. Vi meiner vi har lukkast godt med å lande ein ny organisasjon og å innplassere leiarar, mellomleiarar og alle andre tilsette. I denne situasjonen har det i liten grad vore mogleg å starte nye satsingar overfor kommunane, slik vi har prioritert høgt før. Vi har prøvd å utføre embetsoppdraget så godt vi kan ut frå føresetnadene, og meiner vi har lukkast rimeleg bra. Men vi må vedgå at det ikkje har vore mogleg å halde merksemda om og oppfølginga av embetsoppdraget like høgt når vi har stått midt i samanslåinga.

Rekneskapsresultatet vårt er noko høgare enn varsla i tertialrapporten. I 2018 har vi lagt stor vekt på å halde ei stram økonomistyring, etter at vi hadde eit meirforbruk i 2017. Resultatet viser at vi har dekt inn meirforbruket på 398 000 kr og sit att med eit mindreforbruk på 2 191 000 kr. Dette er godt å ha med seg inn i 2019 etter at vi fekk ei lågare tildeling enn vi hadde rekna med. Vi ser føre oss at vi må redusere med fem-seks stillingar for å halde oss innanfor ramma.

Mindreforbruket skuldast i vesentleg grad ei stram budsjettstyring, der vi har ønskt å spare inn meir enn vi ville gjort i eit normalt driftsår. I samband med bemanningsplanlegging har vi innført stillingsstopp som har ført til fleire vakansar, samtidig som vi har hatt eit større sjukefråvær enn forventa. Vi har fått eksterne midlar på slutten av året som vi har nytta til lønn.

Administrativ kostnadsdekking: Det har vore ein liten auke i administrativ kostnadsdekking i 2018. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane nyttar 40 prosent kostnadsdekking. Endringa skuldast variasjon i lønnsmidlar på framandkapittel.

Lønnsandel av driftsutgifter: Vi nyttar ein stadig større del av tildelinga vår til løn. I 2018 auka lønprosenten frå 79 til 80,9 prosent. Vi observerer at det er på nivå med samanliknbare embete.

Andel husleie av driftsutgifter er på same nivå som tidlegare år.

3.6 Andre forhold

Nasjonale oppgåver innanfor IKT og digitalisering
Som nemnt har eit særmerke for vårt embete vore at vi har nasjonale oppgåver innanfor IKT. Digitaliseringsseksjonen arbeider med utvikling og drift av intranett, eksterne nettsider og FM-nett for fylkesmennene og KMD, og med utvikling og drift av fullintegrerte sakshandsamingsløysingar som til dømes fritt rettsråd og partistøtte.

Bakgrunnen for at vi har desse oppgåvene er ein tanke om at det er enklare og meir effektivt å utvikle digitale løysingar når utviklarkompetansen og fagkunnskapen sit under same tak. Då kjem ideane til nye digitaliseringsprosjekt gjerne i ein samtale i lunsjen, og det er kort veg frå idestadiet til utprøving og gjennomføring. I utviklingsfasen arbeider fagfolk og utviklarar så tett saman at vi sikrar oss at løysingane blir praktisk innretta for å løyse konkrete behov. Samstundes har vi ein klar filosofi om at vi i størst mogleg grad skal gjenbruke digitale løysingar som alt finst på marknaden, på nye område. Når arbeidsmengd og trong for kompetanse tilseier det, brukar vi private firma som underleverandørar i samsvar med rammeavtalar etter anbod.

På den måten leverer vi gode digitale tenester til ein langt rimelegare kostnad og med mykje lågare risiko for havari, enn mange andre offentlege digitaliseringsprosjekt. Vi er difor samde med signala frå KMD om at tida for dei gigantiske offentlege IT-prosjekta bør vere over, fordi dei inneber høg risiko.

Digitalisering vart frå 2019 lagt til FMFA, og vi er nøgde med at KMD og FMFA mellombels har sikra kontinuitet ved at leiaren for digitaliseringsarbeidet i FMFA kjem frå digitaliseringssseksjonen til FMSF. Vi meiner det er fornuftig å oppretthalde ein tett relasjon mellom utviklarar og fagfolk i embeta for å utvikle gode digitale løysingar, og vil gjere vårt for å få til dette.

2018 har vore eit nytt aktivt år for digitaliseringsseksjonen. Ut over dei faste oppdraga våre er det spesielt tre tenester som har vorte prioriterte:

- Tilrettelegging og tilpassing av IKT-tenestene for samanslåing av embete og oppretting av FMFA

- Utvikling av ny nettstad for partifinansiering https://partifinansiering.no

- Oppgradering av intranettsidene til embeta

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Vi set stor pris på at tildelingsbrevet og verksemds- og økonomiinstruksen no samlar oppdraga våre og at det viktigaste kjem tidleg i førebelse tildelingsbrev. Vi er også glade for arbeidet med å forenkle og forkorte embetsoppdraga.

Samstundes skulle vi ønskt oss at Kommunal- og moderniseringsdepartementet tok større ansvar for møteplassar der det vart lagt til rette for at embetsleiingane i embeta fekk styringssignal frå fagdepartementa og -direktorata. Denne delen av styringsdialogen har ikkje fungert godt sidan det vart slutt på dei tradisjonelle fylkesmannsmøta i 2016.

Det viktigaste interne styringsverktøyet i embetet er verksemdplanen med felles mål og satsingsområde. I tillegg har kvar avdeling eigen verksemdplan. I verksemdplanen omset vi føringar frå tildelingsbreva i handlingar, saman med føringar frå vår eigen strategiplan. Vi har gjennomført det meste vi sette oss føre i strategiplanen for 2014 til 2017. Utarbeiding av ny strategiplan er lagt på is på grunn av samanslåinga med Hordaland.

Særskilte satsingar for heile embetet vert organiserte som "embetsprosjekt". I 2018 hadde vi samanslåinga som embetsprosjekt.

Tilsvarande vert spesielle satsingar organisert som prosjekt i avdelingar, eller mellom fleire avdelingar. Stundom har slike "mindre" prosjekt ført til at digitaliseringsseksjonen på oppdrag frå eit fagområde har utvikla digitale løysingar som etter kvart har kome alle embeta i heile landet til gode, til dømes tilskotsportalen.

I lang tid har vi hatt ei serviceerklæring der vi har definert forventa sakshandsamingstider for dei viktigaste utoverretta tenestene våre mot publikum. Serviceerklæringa vart sist justert i 2016.
Verksemdplanen vert jamleg følgt opp i avdelingane utover året. Vi rapporterer status for prosjekta og sakshandsamingstidene våre i leiarmøte kvart kvartal.

4.1.1 Embetets risikostyring

Med bakgrunn i føringar frå Kommunal - og moderniserings - departementet og Riksrevisjonen har vi prioritert å risikovurdere strategiplanen, verksemdskritiske område og større prosjekt. I tillegg har vi hatt ei eiga risikovurdering av arbeidsmiljø under omstilling, dette i saman med Fylkesmannen i Hordaland. 

Leiargruppa definerte desse områda som verksemdkritiske i 2018:

- Sakshandsamingstid
- Sjukefråvær
- Informasjonstryggleik
- Økonomistyring
- Strukturendring - arbeidsmiljø
- For liten kapasitet til førebygging, rådgjeving og rettleiing

Risikovurderingane er ein del av rapporteringa som vi følgjer opp i leiarmøte kvart kvartal.

Vi har sjølvsagt alltid med oss korleis vi løyser oppgåvene våre og kva som fungerer bra og mindre bra i organisasjonen, også når vi ikkje brukar den meir omfattande systematikken for risikovurderingar.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Styringssystemet vårt er lett tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Her har vi ei rekkje skriftlege retningslinjer, til dømes for delegering,
samordning, varsling, innsynskrav, helse, miljø og tryggleiksarbeid og anna.

Vi sikrar oss mot mishald til dømes ved at alle utbetalingar vert attesterte og godkjende av to personar etter førebuing frå økonomieininga. Forvaltingsvedtak og tilskot står det alltid to personar bak, sakshandsamar og ansvarleg leiar eller mellomleiar. Vi har eit lokalt tilpassa kapittel fire i verksemds- og økonomiinstruksen. I dette kapittelet er det informasjon om den interne styringa i embetet og korleis mykje av internkontrollen vert følgd opp.

Ulike prosjekt, serviceerklæringa vår og verksemdkritiske område vert rapportert på kvartalvis i leiarmøtet. Vi nyttar RiskManager i informasjonstryggleiksarbeidet vårt, og tek verktøyet i bruk i avvikshandteringa vår frå 2019. I 2016 fekk vi på plass oppdatert innkjøpsstrategi.

Leiinga vurderer at styringssystema samla sett fungerer godt, og at det er god styring og kontroll i embetet. Ei utfordring kan likevel vere å ha tid til å drive med kontroll utover det vi har krav om å utføre.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Vi har stabil bemanning med mykje sakshandsamingskompetanse og anna arbeidserfaring. Vi får godt kvalifiserte søkjarar og gode søkjartal på ledige stillingar.

Hovudkontoret vårt er i ein liten kommune med 2 300 innbyggjarar, som frå 2020 blir ein del av nye Sogndal kommune med 12 000 innbyggjarar. Vi rekrutterer uansett frå eit felles bu- og arbeidsområde i Indre og Midtre Sogn med åtte kommunar som gjev til saman ca. 30 000 innbyggjarar. I tillegg rekrutterer vi mange yngre personar som har studert og kanskje hatt sin første jobb i Bergen, Oslo eller Stavanger, og som ønskjer å bu ein stad med nærleik til naturaktivitetar. Vi har også kontorplass i Førde for tilsette i landbruksavdelinga, der det felles bu- og arbeidsområdet utgjer ca. 35 000 innbyggjarar.

Kapasiteten i embetet er i hovudsak tilstrekkeleg til å prioritere dei viktigaste oppgåvene, sjølv om spesielt tillitsvalde og leiarar i 2018 har brukt mykje tid på arbeidet med samanslåinga.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Vi har ymse inventar og IKT-utstyr, men elles har vi ikkje materielle verdiar av vesentleg verdi.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje kjennskap til andre avdekte svake punkt eller utfordringar. Vi har ikkje fått vesentlege merknader frå Riksrevisjonen.

Vi brukar RiskManager i informasjonstryggleiksarbeidet. Vi gjennomfører årlege ROS-analysar, og jobbar systematisk for å byggje ein god kultur for informasjonstryggleik. For nærare informasjon om arbeidet kring informasjonstryggleik, viser vi til særskilte rapporteringar.

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Vi har stabil bemanning, med gjennomtrekk på 5,52 prosent.

Lærlingar
Vi tilsette ny IKT-lærling sommaren 2017, og lærlingen fullførte fagbrevet i januar 2019. 

Likestilling og diskriminering
I embetet kjem det sjeldan opp problemstillingar om likestilling og diskriminering, men vi er medvitne om at det etterkvart er ein klar overvekt av kvinner tilsett i embetet. Vi har ikkje eigne måltal for rekruttering av søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Dårlege norskkunnskapar har gjort det vanskeleg å tilsetje søkjarar med utanlandsk opphav til saksbehandlarstillingar, og det er vanskeleg å fange opp personar med nedsett funksjonsevne i tilsetjingsprosessar.  

HMS/arbeidsmiljø
Vi har hatt ein tydeleg livsfasepolitikk i mange år, og vi brukar den aktivt ved å ha fleksibilitet for tilsette, m.a. med praksis for velferdspermisjon.  

Saman med Fylkesmannen i Hordaland risikovurderte vi arbeidsmiljø som ein del av arbeidet med samanslåinga. Risikovurderinga og  generell oppfølging av sjukefråværet er følgt opp i leiarmøte kvart kvartal. Sjukefråværet var fem prosent i 2018, og det er same prosent som i 2017. Samanslåinga ser altså ikkje ut til å ha påverka fråværet vårt. I den lokale IA-avtalen har måltalet vore under fire prosent i avtaleperioden. Som IA-bedrift opnar vi for arbeidspraksis og utprøving av arbeidsevne for to til tre personar kvart år. I 2018 nådde vi dette målet. 

Gjennom ein grundig prosess med involverte leiarar, verneombod og HR, fornya vi retningslinjene for varsling i 2017. 

Miljøtiltak
Vi vart sertifisert som Miljøfyrtårnverksemd i 2009, og har etter kvart gode rutinar for å oppnå miljøkrav ved begge kontorstadane våre.

4.3 Andre forhold

Samanslåing med Fylkesmannen i Hordaland

Jf. oppdrag 3.1.7.4 i tildelingsbrevet

Fylkesmannsembeta i Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg saman med verknad frå 1. januar 2019. Til grunn for samanslåinga låg hardt og målretta arbeid frå juni 2017.

Lokal omstillingsgruppe har vore arenaen for å drive samanslåingsprosessen framover. Lokal omstillingsgruppe vart sett ned i september 2017, samansett av dei assisterande fylkesmennene, administrasjonssjefane og fire tillitsvalde frå kvart embete. Assisterande fylkesmann Gunnar O. Hæreid leidde gruppa fram til august 2018, då assisterande fylkesmann Rune Fjeld tok over fordi Hæreid byrja å fungere som fylkesmann. Administrasjonssjefane la til rette for møta i samarbeid med dei assisterande fylkesmennene.

Lokal omstillingsgruppe arbeidde tidleg fram ein tidsplan for kva som skulle skje. Tidsplanen vart i hovudsak halden. Dei viktigaste milepålane var:

30. og 31.01 Omstillingskonferanse for alle leiarar, mellomleiarar og tillitsvalde i embetet, med vekt på rettar og plikter ved omstilling.

31.01 og 01.02 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram organisasjonskartet med avdelingar og seksjonar (med unntak av administrasjonsområdet - der vi venta på avklaringa om FMFA).

14.02 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram namn på avdelingane og seksjonane. I tillegg drøfta gruppa kontorstadar for avdelingsleiarar, som grunnlag for å melde interesse.

19.03 Embetsleiingane innplasserte avdelingsdirektørar, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

24.04 og 03.05 Embetsleiinga innplasserte seksjonsleiarar med rettskrav, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

26. til 27.04: Felles samling for alle tilsette på Voss, med vekt på få fram måla med og retning for samanslåinga, og å presentere nye leiarar og å bli kjende.

01.06 Embetsleiinga innplasserte seksjonsleiarar i ledige seksjonar med kontorstad, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsråda.

08.06 Lokal omstillingsgruppe forhandla fram organisering av organisasjons- og strategiavdelinga, etter at det var avklara kva fagområde som skal over til FMFA.

24.06 Første møte for den nye leiargruppa.

20. til 21.08 Leiargruppa laga bemanningsplan for det nye embetet, der vi tok ned talet på tilsette med fire-fem.

07.09 Embetsleiinga innplasserte assisterande landbruksdirektør, etter gjennomførte intervju og innspel frå tilsettrepresentantane i tilsetjingsrådet.

01.10 Embetet innplasserte alle tilsette etter kompetansekartlegging i e-skjema, kompetansekartleggingssamtalar, innplasseringssamtalar og framlegg til innplassering for alle. I alt åtte tilsette fekk heilt nye arbeidsoppgåver.

01.01.2019 Samanslåing

Lokal omstillingsgruppe har møtst kvar månad sidan september 2017 og ut året 2018. Gruppa hadde fysiske møte i starten for å bli kjende, og dessutan når vanskelege spørsmål stod på planen, til dømes forhandling av organisasjonskartet. Elles har det vore videomøte.

I tillegg til det som er særskilt av milepålar, har lokal omstillingsgruppe kome med verdifulle innspel til ei rekkje praktiske spørsmål i prosessen heile vegen. Det har også vore ein arena for å lufte frustrasjonar og kome med innspel til embetsleiinga, i tillegg til å ta opp informasjonsbehov. I evaluering av arbeidet i gruppa kom det fram at tillitsvaltrepresentantane var «over gjennomsnittleg fornøgde» med innsatsen. Dei var særskilt nøgde med:

  • At arbeidsgjevaren hadde god kunnskap om medråderett, medverknad og regelverk.
  • Gjennomføringa av møta, både teknisk og på anna vis.
  • Stor takhøgd og gjensidig respekt for synspunkt.
  • Gode høve til å kome med innspel for dei tilsette.
  • Konstruktive innspel frå alle.
  • Raske referat.

På andre sida peikte dei på desse forbetringspunkta:

  • Manglande avlasting på vanlege arbeidsoppgåver og mykje å setje seg inn i før forhandlingane.
  • Lite ressursar i administrasjonsavdelinga gjorde at sakspapir stundom kom seint og informasjon stundom kom seint ut.
  • FMFA-prosessen, som i etterkant verkar unødig når resultatet vart slik KMD ønskte frå starten, gjorde at lokal omstillingsgruppe måtte vente på avklaringar som embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane ikkje hadde herredøme over.
  • Avklaringa av innplassering av assisterande landbruksdirektør drog ut i tid.

Frå hausten 2017 oppretta vi eit særskilt intranett for samanslåinga, der all relevant informasjon vart lagt ut, til dømes grunnlagsdokument for diskusjonar, møtereferat, "bli kjent"-informasjon med tilsette og anna. I tillegg hadde vi jamleg og særleg i forkant av og medan vi forhandla organisasjonskartet, allmøte for å informere dei tilsette. Etter kvart fekk vi signal frå somme om at vi burde ha færre allmøte, og då brukte vi intranettet som fremste informasjonskanal.

Oppsummert tykkjer vi at vi har hatt ein god samanslåingsprosess. Noko uro har det vore, men vi har sett oss ned og funne ut av det meste på ein god måte. Vi skulle sjølvsagt ønskt oss meir dedikerte ressursar til samanslåinga, og tykkjer det har vore særskilt utfordrande for administrasjonsavdelingane å handtere oppgåvene med opprettinga av FMFA parallelt med vår eiga samanslåing. Men vi har gjort det beste vi har kunna, og dei tilsette har hatt respekt for at både leiarar, tillitsvalde og administrasjonen har vore pressa for ressursar frå fleire kantar.

Samstundes kan vi ikkje underslå at den ordinære drifta av embeta har hatt mindre merksemd, utan at vi kan seie at det har fått konkrete utslag i utføringa av embetsoppdraget.

Fylkesmannen i Vestland har om lag 275 tilsette og er med det nest største fylkesmannsembetet. Vi har tre kontorstadar, hovudsete på Leikanger, største kontorstad i Bergen og størstedelen av landbruksavdelinga i Førde. I tillegg har vi åtte verneforvaltarar med kontorstadar i Gaupne, Aurland, Sandane og Rosendal.

Fylkesmannen i Vestland har seks avdelingar (med markering av arbeidsstad for avdelingsdirektøren og seksjonar i parentes): 

  • organisasjon og strategi -L-
  • landbruk -F-
  • kommunal -L- (beredskap, plan og kommuneforvaltning- og samordning)
  • miljø -B- (naturmangfald og forureining)
  • utdanning og verjemål -B- (tilsyn, forvaltning og verjemål)
  • helse, sosial og barnevern -B- (spesialisthelse, kommunehelse- og omsorg og sosial og barnevern)

Vi har altså seks avdelingar og til saman elleve seksjonar. På landbruk- og organisasjon- og strategiavdelingane har vi ikkje seksjonar.

Organisasjonskartet inneber at alle leiarane har ein definert kontorstad, der L tyder Leikanger, F for Førde og B for Bergen. Dei har likevel tilsette på fleire kontorstadar. I tillegg må leiarane halde seg til kommunane i begge dei tidlegare fylket. Dette gjer at dei må vere mykje på reise.

Vi kjem til å evaluere den nye organisasjonen etter eit par år.

I det nye embetet legg vi vekt på å samle arbeidsoppgåver på ein kontorstad dersom lokalkunnskap eller reiseavstand til kommunane er mindre viktig. For hovuddelen av oppdraga til Fylkesmannen er likevel lokalkunnskap og reiseavstand til kommunane så viktig at vi må ha tilsette på fagområda på fleire kontorstadar. Reiseavstandane i det nye fylket er så lange at det ville medføre relativt store kostnader eller tap av arbeidstid dersom vi samla på ein kontorstad fagområda som skal ha mykje kontakt med kommunane.  Frå kontorstadane Bergen, Leikanger og Førde er det gjerne fem-seks timars reisetid med bil til kommunane som ligg lengst unna. Fly er enklaste alternativ mellom Bergen og Leikanger, med kort reisetid og relativt dyre billettar.

Bemanningsplanen vi la i august for det nye embetet, fører med seg at vi styrkjer verjemålsområdet og i nokon grad helse, sosial og barnevern, og tek ressursar frå landbruk og nokon grad miljø. Vi tok også høgd for å ta ned fire-fem årsverk ved naturleg avgang. Etter at vi fekk budsjettildelinga for 2019 ser vi at vi må redusere med ytterlegare eit par-tre årsverk.

Opprettinga av FMFA

Ved opprettinga av FMFA gjekk 23 medarbeidarar frå embetet over dit, alle på arkiv og alle i digitaliseringsseksjonen, i tillegg til ein medarbeidar frå personal. Vi vil gjere vårt for at FMFA lukkast.

Vi vil særskilt framheve at vi i tidlegare årsrapportar har vist til at vi meiner viktigaste suksessfaktoren for at digitaliseringsseksjonen i FMSF tidlegare har lukkast med å lage særs rimelege og likevel gode nok digitale løysingar for fylkesmennene, er den tette kontakten mellom utviklarane og sakshandsamarane på eit fagfelt, der ofte ein fagperson har vore leiar for eit utviklingsprosjekt. På den måten slepp vi låste anbodsprosessar eller å gå gjennom mange ledd, med stor risiko for misforståingar undervegs, for å få det produktet fagfolka treng. Om FMFA ønskjer det, vil Fylkesmannen i Vestland embete halde fram med denne tette kontakten.


5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Samanslåing

Samanslåinga av Sogn og Fjordane og Hordaland til Fylkesmannen i Vestland krev mykje av oss også i 2019, og vil på kort sikt gjere det vanskelegare å oppfylle embetsoppdraget. På lengre sikt vil samanslåinga gjere oss meir spesialiserte og dessutan meir robuste på små fagområde. Vi er innstilte på å gjere det beste ut av den nye organisasjonen.

Budsjettfordeling

Vi var for 2019 førespegla ei vidareføring av budsjettet dei to embeta hadde i 2018, men fekk ei tildeling som gjer at vi må redusere bemanninga med sju-åtte tilsette. Dette klarar vi å handtere ved hjelp av naturleg avgang, og så må vi tilpasse utføringa av embetsoppdraget ut frå ressursane vi har.

Vi er særs spente på den nye budsjettfordelingsmodellen som KMD har varsla kjem til våren 2019. For vårt samanslegne embete med store reiseavstandar og mange kommunar, er det vanskeleg å tenkje seg at samanslåinga skal føre til innsparte driftskostnader. Ytterlegare kutt i tildelinga ventar vi vil føre til redusert bemanning og redusert innsats på embetsoppdraga. Men vi tilpassar oss den tildelinga vi får.

FMFA
Vi er spente på kva effektar opprettinga av FMFA får for embeta. Vi ser særleg i møte at FMFA kan verte i endå betre stand til å digitalisere sakshandsaminga til fylkesmennene, enn det FMSF var i stand til med små ressursar.

Samordning av kommuneretta oppgåver

Difi kom med ein interessant rapport i desember, Difi 2018:13 "En analyse av inndelingen av regional statsforvaltning Delrapport om kommunerettet samordning". Vi sluttar oss til hovudtilrådinga derifrå: 

"Statsetater med kommunerettede oppgaver som formidling, veiledning, tilsyn og kontroll bør som hovedregel legge slike oppgaver på regionalt nivå til fylkesmannen."

Vi er overtydde om at regionale statsetatar som ikkje har ein brei kommunekunnskap, har større vanskar for å utføre oppdraga sine overfor kommunane enn fylkesmennene.

Digitalisering

Vi meiner offentleg forvalting har store gevinstar å hente på digitalisering, både for å spare tid og arbeid, og for å få betre kvalitet på tenestene til innbyggjarane. Vi helsar difor velkomen  initiativa KMD har kome med på området. Likevel kunne arbeidet gått fortare i staten, og det går altfor seint i kommunane. Vi er difor samde med KMD i at staten i større grad må ta ansvar for å oppmuntre kommunane til å digitalisere. Til dømes kan staten ta initiativ til felles standardisering av løysingar og kravsspesifikasjonar. Dessutan burde fylkesmennene få eit tydeleg oppdrag om å leggje til rette for digitalisering av kommunane.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Sjå kapittel 5.1.

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Sogn og Fjordane.pdf