Årsrapport for Møre og Romsdal

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Fra 01.01.2019 vart talet på embeter redusert frå 17 til 10. Då Møre og Romsdal tidleg i 2018 fekk informasjon om at vi ikkje skulle bli slått saman med andre embeter, såg vi at vi måtte nytte dette høve til ein ekstra innsats for å vidareutvikle Møre og Romsdal.  

Saman med Fylkeskommunen etablerte vi prosjektet "Møre og Romsdal 2025". Målsettinga er klar; eit betre samarbeid i offentleg sektor for å byggje og utvikle fylket inn i det nye regionlandskapet. Verkemidla er mellom anna å etablere møteplassar og å tilretteleggje for samarbeid på tvers av regional stat, fylke og kommunar. 
I 2019 har Møre og Romsdal fylkeskommune inngått avtale med FN om å bli "Berekraftfylke nr 1" her i landet. Frå før har vi Ålesund, Molde og Kristiansund med i FN programmet; U4SSC. Fylkesmannen samarbeider tett med Fylkeskommunen og kommunane i denne satsinga, og vi ser fram til å rapportere om dette i årsrapporten for 2020.

Rigmor Brøste vart utnevnt som fylkesmann frå 08.02.2019, og fram til at Else May Botten er ferdig med sin periode på Stortinget, hausten 2021. Berit Brendskag Lied vart tilsett i vikariatet som ass. fylkesmann, og tiltrådte stillinga 01.09.2019. 

Måloppnåinga for 2019 hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal er gjennomgåande god, men dessverre så ligg vi noko lågare på måloppnåing enn tidlegare år. Ei forklaring er sjukefråveret vårt som auka frå 5 % i 2018 til 7,8 % i 2019. Det gir 2.254 tapte dagsverk!    

Vi ser og ei markant auke i talet på saker innan fleire områder, til dømes pasientreiseklager og helseklager.

I 2019 fekk vi verkeleg testa ut vår beredskapevne. Hendinga med cruiseskipet Viking Sky som var nær med å forlise på Hustadvika med 1375 passasjerer om bord, lasteskipet Captein Hagland som samtidig fekk motorhavari på Hustavika med eit mannskap på 12, og sist men ikkje minst; Veslemannen som endeleg rasa ut etter 5 år med mange evakueringar av beboarane under fjellet. Hendingar som dette krevde stor mobilisering og samordning, og det er godt å kunne konstatere at "ressursane fant kvarandre". Beredskapsaktørane samarbeidde godt. Likevel er det alltid noko å lære, og i evalueringar etter desse hendigane har vi alle fått på plass fleire forbetring i våre rutinar, til dømes innan kommunikasjon og rolleforståing. 

I desember inviterte Fylkesmannen inn til ein beredskapsdag for nye ordførarar og varaordførarar. ( Bilete på framsida av årsrapporten) Samtlege kommunar møtte, og her vart det delt erfaringar frå Politi, Sivilforsvaret, Heimevernet og frå tidlegare ordførarar som hadde opplevd å måtte handtere kriser i sin kommune. Ei slik erfaringsdeling er særs nyttig for å sette ny politisk leiing i stand til å handtere rolla si i ein krisesituasjon.

I 2019 kom også akuttberedskap for barnevernet på plass i alle kommunane våre. Bruk av prosjektskjønsmidlar for å få dette opp har gitt akkurat den effekten vi ønskja. No finns det 3 barnevernsvakter i Møre og Romsdal. Ei for kommunane på Sunnmøre i Ålesund. Ei for kommunane på Nordmøre og i Romsdal, samt at Hustadvika kommune har eige opplegg. Surnadal kommune har samarbeid med kommunane i Trøndelag.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Vi starta året 2019 med å arrangere den første Nyttårskonferansen i Møre og Romsdal - ein møteplass for toppleiinga i offentleg sektor i vårt fylke/region. Hovudtemaet var utfordringar og mogleigheiter for Møre og Romsdal, med ulike innfallsvinklar. Til dømes Smart city, digitalisering, nullvisjon for utanforskap og moderne leiarskap. Tilbakemeldingane var gode. Etablering av Levekårsnettverket i Møre og Romsdal er ei effekt av dette, kor både Husbank, NAV, Fylkeskommune og Fylkesmann deltek.

Gjennom året 2019 har vi hatt tett oppfølging av dei som skulle byggje nye kommunar, og dei var alle godt budd. Fra 01.01.2020 gjekk talet på kommunar i Møre og Romsdal ned frå 36 kommunar til 26 kommunar. Rindal gjekk over til Trøndelag frå 01.01.2019, medan Halsa venta til 01.01.2020 med å bli trøndera, og slo seg samtidig saman med Hemna og delar av Snillfjord. I andre enden av fylket fekk vi Hornindal kommune inn, og dei har slått seg saman med Volda.

På Nordmøre fekk vi ingen kommunesamanslåingar i denne runden. I staden har vi prioritert å bruke prosjektskjønsmidlar for å støtte opp om eit prosjekt med felles planstrategi og felles samfunns- planlegging for kommunane i regionen. Hypotesa er at samtidigheit i plan kan gje politikarane god innsikt i at fleire kommunar står i dei same utfordringane, og at ein dermed kan sjå på fleire måter å løyse desse utfordringane på istaden for å stå aleine. 

I etterkant av nyttårskonferansen sendte Fylkesmannen for fyrste gong ut eit forventningsbrev til kommunane. Fylkesmannen gav ein presentasjon av innhaldet på Nyttårskonferansen, og i etterkant har vi fått god respons frå kommunane på forventningsbrevet. 
Rådmenn/kommunedirektørar seier at det har gitt dei ei betre samla oversikt over nasjonale og regionale prioriteringar.  Forventnings-brevet vart vidareformidla på ulike måter i kommunane. Nokre sendte det som orienteringssak til sine kommunestyrer. Andre til sine leiargrupper og einingsleiarar. Forventningsbrevet for 2020 gjekk ut til alle våre 26 kommunar i byrjinga av februar. 

Vi prioriterte tidleg på året å gjennomføre møtar i heile fylket om Leve heile livet-reforma, og vi opplever god respons frå kommunane. Dette har også vore tema på møter i dei 3 regionråda våre under den faste programposten " Fylkesmannen sin halvtime".

Fylkesmannen har gjennom mange år hatt medarbeidarar med spisskompetanse innan behandling av elvar og vassdrag som har fått den uønska parasitten gyrodactulus salaris. Våre medarbeidarar har hatt jobboppdrag i heile landet, og i Villaksens år har vi vore ekstra oppteken av å markere kor viktig villaksen er. Vi har mellom anna arrangert 3 temakvelder med kåseri om Villaksen rundt omkring i fylket. Friskmeldinga av Raumavassdraga i 2019, etter 40 års kamp og arbeid, var ein unik milepæl på nasjonalt nivå. Statsråd Elvestuen gav stor ros til det arbeidet som har vore gjort.

I Fylkesmannsfamilien er det kvar sin gong å bidra inn til fellesskapet. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2018/2019 prioritert å bruke eigne ressursar, som i lag med FMFA  har arbeidd med å utvikle ein nasjonal tilsynskalender på oppdrag frå KMD. Frå 2020 skal alle ta denne i bruk, jfr tildelingsbrevet. Fase 2 startar opp i 2020 kor FMFA vil ha prosjektleiinga. Meir samordning, og meir digitalisering er fortsatt nødvendig, men dette er eit stort framsteg, og nok ein nasjonal milepæl !

Dei fleste av våre kommunar manglar måloppnåing på området med å ha vedteke ei handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Fylkesmannen valgte derfor å besøke dei 3 krisesentra som vi har her i Møre og Romsdal, for å sette fokus på det viktige og gode arbeidet dei gjer. I tillegg var målet å støtte oppunder arbeidet med å lage slike handlingsplaner saman med sine eigarkommunar. Kommunane i Romsdalsregionen hadde dette på plass i 2018. Vi har gitt prosjektskjønsmidlar til alle 3 krisesentra via vertskommunane for å få desse handlingsplanane på plass i løpet av året.

Frå 01.01.2019 fekk vi fordobla vår kapasitet på legeområdet. Vi fekk tilsett ny ass.fylkeslege, og dermed gjekk vi frå 1 til 2 legar. Dette er fortsatt meget knapt, men vi er på rett veg. 

Fleire av oppgåvene på landbruksområdet vart frå 01.01.2020 flytta til kommunar og fylkeskommunen.  Fylkesmannen har lagt stor vekt på å førebu skiftet, finne fram til gode modellar. Vi har laga ny modell for gjennomføring av forvaltningskontrollane, og har også lagt vekt på å følgje opp med foretakskontrollar i saker med stor risiko.

Fylkesmannen deler kvart år ut kulturlandskapsprisen, som skal gi oppmerksomheit rundt kulturverdiane i landbruket.  I 2019 la vi meir vekt på å marknadsføre tiltaket. Fylkesmannen engasjerte profesjonell hjelp, og det vart sendt reklameinnslag på alle ferjer i fylket.  Tiltaket har gitt større merksemd rundt kulturlandskapet generelt, og prisen spesielt.

Dette året vart arbeidet med klima systematisert og plassert som gjennomgåande satsing i embetet.  Klimajobbing er viktig og utfordrande, både fagleg, pedagogisk og strategisk. Forsterka innsats opnar nye problemstillingar, og ikkje minst synes det viktig å sjå klima opp mot andre prioriterte tiltaksområde. Spissa innsats for å få ned utslepp av klimagassar er ikkje samanfallande med andre viktige innsatsområde som eksempelvis økologisk jordbruk, god dyrehelse, stor biodiversitet og landbruk over heile landet. I 2019 tok vi i bruk nytt Regionalt Miljøprogram, der vi forsterkar innsatsen for å redusere utsleppet av klimagassar frå landbruket. Fokuset på gjødselhandtering har hatt varig virkning på driftsmønsteret, - rundt 25 % av dyrkajorda er innanfor ordninga med tidlegspreiing, og tilskot til slangespreiing har lagt grunnen for både meir samarbeid og klimarett gjødselhandtering.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har dei to siste åra tatt eit større ansvar enn tidliegare i samordningsrolla. To gonger i året inviterer vi til statsetatsmøte, kor alle leiarar i regional stat er inviterte. I tillegg er fylkeskommunen og leiarane for våre 3 regionråd inviterte. Å møtast og legge til rette for felles satsingar krev slik samordning. Det ser vi effekten av allereie, blant anna gjennom regionråda sine eigne initiativ til å samlast på tvers og følgje opp fleire av sakene frå statsetatsmøte.
 
I 2019 valgte vi å sette stor fokus på eigenberedskapen, og da spesielt knytt opp til den nasjonale eigenberedskapsveka. I Møre og Romsdal skjer det alltid noko gjennom vinteren med ras, stengte vegar m.m, så ei påminning om ansvaret som alle innbyggjarar har nådde godt ut. Vi hadde stand saman med Sivilforsvaret, kronikk i avisene, nrk lokalt hadde reportasje, og kommunane fulgte opp.

Vi har lagt opp til å besøke til alle kommunane, våren 2020 med spesiell invitasjon til alle politikarane.  Dette har vore under planlegging i lag med Fylkeskommunen, hausten 2019.

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

I 2019 har vi hatt særskilt høgt sjukefråver, 7,8 %. Tilsaman utgjer dette 2.254 tapte dagsverk. Det er klart at dette har hatt innverknad på måloppnåinga på fleire av våre fagområder. Vi har søkt å løyse denne akutte situasjonen med vikarar, men dette har naturleg nok ikkje gitt same effekt som ved faste, røyde sakshandsamarar.

Knappe økonomiske rammer gjer at vi har særs knapp bemanning innan fagfelt som krev legeressurs. 

I februar vart vi oppnemnt som settefylkesmann for ei krevjande sak om stenging av privat barnehage i Trondheim. Vi har brukt mykje ressursar på saka, og det i ei avdeling som var hardt ramma av sjukefråver og vakansar.

Stillinga som ass.fylkesmann sto vakant i 8 månader.

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Molde, 28.02.2020
Rigmor Brøste

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Fylkesmannen er staten sin representant i fylket, og utførte i 2019 faglege oppdrag for departement,direktorater og tilsyn, i tillegg til oppgaver for Kongehuset. 

Embetet har fire viktige roller knytt til samfunnsoppdraget:
1) iverksetter av nasjonal politikk i fylket.
2) samordningsmyndighet.
3) rettssikkerhetsmyndighet.
4) informasjons- og kunnskapsformidler.

Dei 3 åra eg er konstituert som fylkesmann, har eg oppmoda leiargruppa mi om at vi skal vere nysgjerrig på korleis andre embeter arbeider, og dra på besøk for å lære meir og oppnå meir samordning mellom embeta. Hausten 2019 reiste vi til Leikanger, og hadde felles leiarsamling med Fylkesmannen i Vestland. Det var nyttig på mange områder. I 2020 er slik ei felles leiarsamling med Fylkesmannen i Innlandet under planlegging.

Vidare samarbeider vi med kringliggande embeter på fleire fagområder, blant annet gjennom ulike regionale nettverk og samarbeidsmøter fra Finnmark i Nord til Oppland og Hedmark i sør. Vi samarbeider mest med Fylkesmannen i Trøndelag, mellom anna har vi samarbeid om tilsyn knytt til spesialisthelsetenesten.

Samarbeid om dei årlege Totalforsvarsmøta er eit anna døme. Vi har veksla på å arrangere desse møta, og i 2019 gjorde vi ein "vri". Vi la arrangementet til Bodø og fekk på dag 2 lagt inn eit besøk på Forsvarets Operative Hovudkvarter ( FOH). Det vart godt motteke av alle deltakarane. 

Vi har utstrakt samarbeid med kommunane, fylkeskommunen og andre statlege virksomheiter blant annet gjennom deltaking i styringsgrupper, rådgivarsamlingar, nettverkssamlingar, konferanser og kommunedialog. 

2.2 Organisasjon og ledelse

Vi har valgt å endre på organisasjonskartet frå 01.01.2020, som no vil vere meir i tråd med nasjonale føringar i vårt tildelingsbrev. Her har vi løfta "Samfunnstryggleik og beredskap" opp i stab. Fylkes-beredskapssjefen rapporterer dermed direkte til embetsleiinga.

VI har leiarmøtar annakvar måndag, og 4 gonger i året har vi leiarsamlingar over 2 dagar. To av samlingane er tilrettelagt slik at også alle ass.direktørar, samt fylkelegen deltek.

Sidan 2017 har vi innført bruk av målstyringsskjema for alle i leiargruppa. Gjennom året har vi 3 resultatsikringsmøter. Det har, slik eg vurderer det,  vore avgjerande for å lukkast med å praktisere heilskapleg leiing i embetet.

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Nøkkeltala er kommentert både i forhold til utviklinga frå i fjor og også sett opp mot nøkkeltala i dei andre embeta.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Gjennom vårt nye forventningsbrev til kommunane vart det i 2019 gitt ein meir samla og strukturert oversikt over nasjonal politikk, krav og forventninger på dei ulike fagområda. Kommunane melder tilbake om at dette er med å gje dei ei god oversikt over nasjonal politkk, krav og forventningar, og er med å gje " ryggdekning" for nødvendige prioriteringar.

2018 var første året Fylkesmannen tok initiativ til å arrangere statsetatsmøter. Også i 2019  har vi arrangert 2 slike statsetatsmøter, og vi merker at samarbeidet går betre når alle har kjennskap til dei nasjonale forventningane. 

Nye nasjonale forventningar til regional- og kommunal planlegging har lagt grunnlag for ei ny runde med regionale og kommunale planstrategiar. Som høyringsinstans er vi direkte inne i planprosessane både gjennom våre fråsegner til oppstart og ved offentleg ettersyn. Det er lagt stor vekt på dialog og tidleg medverknad i planarbeidet, og aktiv formidling av dei nasjonale forventningane.

Fylkesmannen har brei kontakt med både kommunane, landbruksnæringa og aktørar som arbeider opp mot landbruket.  Vi brukar både oppslag i media, årlege konferansar, fagmøte og partnarskapen til å orientere om nasjonal politikk og nasjonale føringar på heile ansvarsområdet. Landbruksdirektøren besøker politiske utval i kommunane for å gjere spesielt greie for regelverk og forventningar rundt driveplikt og jordvern. Fylkesmannen har på denne måten medverka til å halde ein høg standard i kommunal landbruks-forvaltning, og til at kommunene blir minna på ansvar for jordvernet.

I 2019  har vi halde fram arbeidet for eit trygt og godt skulemiljø.  I tillegg til informasjon om ordninga, nyttar vi dei møteplassane vi har med barnehage- og skolesektoren til å informere og vere i dialog om arbeidet for eit inkluderande barnehage- og skolemiljø. 

Det er viktig å sjå dei ulike kompetanseutviklingstiltaka som er i gang i samanheng.  Både desentralisert ordning for skolesektoren og regional ordning for barnehagesektoren er sett i samanheng med fagfornyinga og implementering av rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver.

Oppvekst- og utdanningsavdelinga har hatt rettstryggleik som tema på dei regionale dialogmøta i 2019. Her har vi delt erfaringar knytt til både tilsyns- og klagesaksarbeidet vårt, samt erfaringar med handhevingsordninga. I tillegg har barnekonvensjonen og forvaltningslova vore tema på ulike møte og samlingar.

Dei første månadane av året hadde Fylkesmannen si Helse og sosialavdeling, saman med dei øvrige aktørane i regionalt støtteapparat, dialogmøter med alle kommunane i Møre og Romsdal kor temaet var "Leve heile livet". Både politisk og administrativ leiing var invitert, samt dei som arbeider med plan, folkehelsekoordinatorar, frivilligsentralar og eldreråda. Vi fekk mange innspel på kva kommunanen treng hjelp til i det vidare arbeidet. Dette vart samla i ein rapport og det regionale støtteapparatet arbeider no i tråd med handlingsplanen som vart utarbeidd. Vi opplever at kommunane i stor grad er motiverte for å arbeide med dei utfordringsområda dei sjølv har definert. 

Kommunale handlingsplaner mot vald i nære relasjonar har eit stort fokus hos Fylkesmannen i samarbeid med RVTS og vi har gitt skjønsmidlar for at alle kommunar som har inngått samarbeid rundt krisesentra, saman skal arbeide ut handlingsplanar og auke kompetanse på området. Det er førebels 10 kommunar som har revitaliserte planar og har gjennomført eit kompetanse-hevingsprogram. Resten av kommunane fekk i 2019 midlar slik at det skjer eit godt arbeid også der.

Fylkesmannen sjølv sette fokus på dette arbeidet ved å reise rundt og besøkje alle tre krisesentra i fylket, hausten 2019.

Fylkesmannen, saman med RVTS, arrangerte tre likelydande fagdagar i fylket med tema forebygging av sjøvskading og sjølmord. Vi opplevde å ha god, tverrfagleg deltaking som er eit godt grunnlag for vidare arbeid i kommunane.

Pakkeforløp rus / psyksisk helse  har vore eit viktig arbeid i fylket som Fylkesmannen har delteke i. Forløpet er breidda ut i fylket og målet er at ein skal oppnå tidleg, tverrfagleg og koordinert innsats når det trengs.

Vi har saman men Napha arbeidd godt med utvikling av ACT/ FACT team og har fått det etablert i alle delar av fylket. Arbeidet vidare vil vere å etablere eit regionalt fagnettverk for teama.

Gjennom etablering av team når ein lettare pasientgruppa med store,samansette utfordringar innan rus og psykisk helse for å kunne gje dei behandling og muligheit til eit betre liv.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mange godt etablerte og fylkesdekkande arenaer for oppdatering og informasjonsdeling om samfunnstryggleiks- og beredskapsarbeid. I desse arenaene informerer vi om nasjonal politikk. 

  • I vår årlege fagsamling for kommunane knytt til samfunnstryggleik og beredskap, inviterer vi med oss våre samverkeaktørar på regionalt nivå (politi, forsvar, sivilforsvar). Her er fagleg oppdatering og erfaringsdeling i fokus, ein god arena for å formidle nasjonal politikk og prioriteringar til kommunane. 
  • I tillegg har vi i 2019 arrangert ein fagdag for alle ordførarar og varaordførarar etter valget, der kommunens beredskapsansvar og rolle i samfunnstryggleiksarbeidet var hovudtema. Samlinga vart ein god arena for erfaringsdeling knytt til krisehandtering og krisekommunikasjon for ordførarane. Alle kommunane i fylket var representert.
  • I våre faste møte i fylkesberedskapsrådet, løfter vi fram endringar i risikobiletet, og nye fokusområde innafor samfunnstryggleik og beredskap i lag med våre regionale samarbeidsparter i rådet. Hovudtema for møtet i 2019 var endringane i trusselbiletet, og særleg med fokus på cybertryggleik, der vi fekk fagleg påfyll frå PST og NSM. I tillegg har arbeidet med å vidareutvikle totalforsvaret vore tema dei siste par åra.

Gjennom dialogen med samvirkeaktørane nemnt over vert nasjonal politikk konkretisert og brutt ned på regionalt / lokalt nivå, slik at vi har ein felles forståing av kva retning vi bør gå, og kva fokus vi bør ha for det komande året.

Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

Arealplanar med motsegn frå andre statsetatar blir samordna og konfliktar blir forsøkt løyst på drøftingsmøta med kommunane. Det har vore lagt stor vekt på å etablere gode system og rutinar I samband med dette. Statistikken for 2019 viser at i alt 27 saker er omfatta av samordningsforsøket i vårt embete. Av desse er 23 saker knytt til reguleringsplanar og 4 til kommuneplanar.  Av statsetatane er NVE og Statens vegvesen oftast representert som motsegnspart.

Fylkesmannen har god kontakt og godt samarbeid med viktige aktørar som Mattilsynet, Innovasjon Norge og Statens Naturoppsyn.  Fylkesmannen har rolle som samordnar, og inviterer årleg Mattilsynet på leiarnivå til gjennomgang av utfordringar og samarbeidsmodellar. Det årlege Landbruksmøtet er ein fellesarena for næring og offentlege aktørar.  Både FoU-miljøa og Innovasjon Norge blir invitert inn på alle arenaer der vi drøftar samarbeid og strategiar. 

Også på barnehage- og opplæringsområdet og innanfor barnevern har vi fleire arenaer og regelmessige dialogmøte med kommunane og andre sentrale samarbeidspartar i fylket.  Vi diskuterer korleis vi kan bli endå betre i å samordne innhaldet på ulike møte for å til dømes møte kommunane med fleire temaområde samtidig.  Dette gjeld også i samarbeidet med UH-sektoren.  Vi erfarer også at vi kan dele erfaringar på tvers av fagområde og slik oppnå gjensidig utvikling. 

Vi held fram samarbeidet i Samarbeidsrådet for kvalitet på barnehage- og opplæringsområdet.  Dette er eit overordna leiarforum som har som mål å orientere kvarandre for å kunne samordne betre.  Det er UH-sektoren, KS, fylkeskommunen, Utdanningsforbundet og representant for rådmannsutvalet som deltek i dette forumet som fylkesmannen inviterer til og koordinerer.  Ein ønska og oppnådd effekt av dette er at vi er kjent med kvarandre sine oppdrag og prioriteringar og kan støtte opp om kvarandre gjennom ulike samarbeidstiltak.  Døme på dette kan vere å utvikle partnarskap i dei desentraliserte kompetanseutviklingsordningane. 

Vi har årlege møter med mange viktige aktørar som arbeider med helse- omsorg og sosiale tenester. Dette ser vi som viktig då vi kan utarbeide felles strategiar og planar for felles arbeid. Nokre av desse har vi og samarbeidsavtaler med, som tildømes NAV og HUsbanken. Planane vert følgt opp på rådgjevarnivå og er eit viktig grunnlag for godt samarbeid om tilgrensande oppdrag.

Eit viktig og utfordrande samhandlingspunkt er overgangen mellom sjukehus og kommunane, begge vegar. Fylkesmannen deltek i dialogmøta mellom nivåa, er deltakar i overordna samhandlingsutval og Fylkesmannen har og etablert årlege møter med klinikk for rus og psykiatri då vi ser at det er mange utfordrande situasjonar som krev endring til det betre for den einskilde pasient og kommunen. Dette har vi følgt opp, både gjennom sakshandsaming og anna aktivitet gjennom året.

Fylkesmannen tek del i samordningsmøter med dei andre HMS-etatane to gangar årleg, her blir det diskutert felles utfordringar og det er opplæring av tilsyn personell innanfor aktuelle fagområde. Innanfor arbeidet med akvakultur har vi samordningsmøter med sektor myndigheitene, Mattilsynet Fiskeridirektoratet, Kystverket og Fylkeskommunen der generelle og spesielle sakar blir drøfta. Vi har eit løypande samarbeid med Arbeidstilsyn, Mattilsynet, politi og brannvesen.

Vi gjennomfører årlige møter i Fylkesberedskapsrådet der sentrale tema knytt til samfunnssikkerhet og beredskap blir løfta fram for gjensidig erfaringsdeling og læring.

I 2019 arrangerte Fylkesmannen i Møre og Romsdal nasjonal fjellskredkonferanse i samarbeid med fleire samverkeaktørar. Tema for konferansen var mellom anna geofagleg status, risiko som formgjevande faktor i arealplanlegginga, og kva system skal vi ha for befolkningsvarsling og evakuering. Arbeidet med beredskap knytt til store fjellskred, krev samordning både vertikalt og horisontalt, då det er svært mange aktørar med ansvar.

2019 har vært eit år prega av fleire store hendingar, mellom anna cruiseskip og lasteskip i havsnaud på Hustadvika (Viking Sky og Hagland Captain) og handtering av skredfare frå Veslemannen i Romsdalen. Fylkesmannen har tilbudt ein plattform for samordning i desse hendingane, og dette har vorte nytta aktivt i krisehandteringa. Fylkesmannen har tatt initiativ til/bidratt til felles evaluering av hendingane. 

Fylkesmannen sitt initiativ til å samle regional stat gjennom å invitere til Statsetatsmøte 2 gonger i året, har vore positivt for samordninga, og for å finne fram til betre og meir helskaplege løysingar i fylket. 

Nasjonal tilsynskalender er også eit godt døme på eit verkty som gjer regional stat betre samordna ovanfor kommunane. Her har Fylkesmannen i Møre og Romsdal hatt ansvaret for prosjektet i 2018 og 2019. Frå 2020 er det FMFA som tek over prosjektansvaret for utvikling av ein fase 2. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt oppgåva som leiar av styringsgruppa, og vil halde fram med det også inn i fase 2 av dette arbeidet. 

Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

I verjemålsforvaltninga har vi hatt stort fokus på sjølvråderett i den hensikt å finne verjehavars reelle vilje. Dette har resultert i at vi har avslått og avvikla fleire verjemål – kva som skjer i høve rettstryggleiken til dei vi slepp , og som openbart treng hjelp, uroar oss. 

Også i 2019 har det vore stort fokus på å rekruttere dugelege verjer. Gode velfungerande verjer er avgjerande for rettstryggleiken til verjehavar. Vi har starta eit arbeid med tilsyn av verjer, dette vil vi fokusere meir på framover.

Vi har hatt rettstryggleik som tema på dei regionale dialogmøta i år.  Grundig gjennomgang av forvaltningslova og barnekonvensjonen var tema i møte med kommunane i byrjinga av 2019. Vi erfarer gjennom saksbehandlinga vår at det har effekt å rette søkjelys på dette for å heve kompetansen i kommunane.  

I 2019 har det vore særleg fokus på å utvikle tilsynet på barneverninstitusjonane.  Tilsyn med barnevernsinstitusjonane har vore prioritert og vi har utført langt fleire tilsyn i 2019 enn i 2018. I tillegg har vi definert klårare kva for tema vi undersøkjer i det einskilde tilsynet og effekten av det er at tilsyna no er meir målretta og konkrete.  Vi har teke i bruk ny digital mal for tilsynsrapportane som helsetilsynet har utvikla. Vi har også gjort endringar i arbeidet med å planlegge og gjennomføre desse tilsyna i samsvar med denne malen. 

Rammene rundt forvaltningskontrollane på Landbruksavdelinga er lagt om for å legge meir til rette for informasjonsutveksling og lik forståing av regelverket.

Fylkesmannen og fylkeskommune arrangerte i fellesskap ein nasjonal sjøplankonferanse i 2019. Gjennomgåande tema for konferansen var planlegging og motstridande aktivitetar i kystsona, med særleg vekt på kunnskapsgrunnlaget og deling av gode eksempel.  Konferansen har blitt ein nasjonal arena der politikarar og saksbehandlarar får oppdatert informasjon og der aktørane kan dele erfaringar.

Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Dialogarenaer som KMD legg tilrette for gjennom etatstyringsmøter fungerer godt for å melde tilbake om særskilte saker i eige fylke og om effekten av statleg politikk. 

Regjeringa er oppteken av at arbeidet med kommunesamanslåing skal fortsette. tørre og meir robuste kommunar er ein føresetnad for å sikre gode velferdstenester til våre innbyggjarar i framtida. 

I Møre og Romsdal har vi to kommunar som ønskjer å slå seg saman, men systemet med differensiert arbeidsgjevaravgift gjer at næringslivet vil tape mange millionar på ei slik samanslåing. Kommunane dette gjeld er Stranda og Sykkylven. To kommunar som også Fylkesmannen i si tilråding frå 2016 anbefalte skulle slå seg saman. Stranda kommune har lågare sats på arbeidsgiveravgifta enn det Sykkylven har, og det er derfor altfor stor risiko å slå saman desse kommunane om det påfører næringslivet så store kostnader at arbeidsplasser i distriktet står i fare for å bli lagt ned/ flytta ut. 

Vi oppmodar derfor KMD til å arbeide for at systemet med differensiert arbeidsgivaravgift blir tilrettelagt slik at det både sikrar arbeidsplasser i distrikta og bidreg til fleire kommunesamanslåingar. 

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

Embetet har god oppfølging på dette punktet. Plan- og dispensasjonssaker som omfattar fleire avdelingar i embetet krev samordning i forhold til saksbehandling, ansvar og avveging av interesser. Det er etablert faste opplegg og rutinar for dette. Formålet med den interne organiseringa av plansamordninga er å finne gode løysingar i skjeringspunktet mellom nasjonale, regionale og lokale mål og interesser.

Klagesaker og byggesaker etter plan- og bygningslova vil i hovudsak vere lagt til Justis- og beredskapsavdelinga. Desse sakene er ikkje del av plansamordninga.

Det er lagt stor vekt på rettleiing og tidleg medverknad i planarbeidet, og aktiv formidling av dei nasjonale forventningane. Som eit viktig grunnlag for Fylkesmannen sine tilbakemeldingar til kommunane er det utarbeidd eit eige kunnskaps- og vurderingsgrunnlag for merknader og motsegner i kommunale plansaker.

Fylkesmannen har saman med fylkeskommunen eit viktig ansvar for rettleiing og kunnskapsformidling retta mot kommunane på planområdet. Regionalt planforum og regionale plannettverk, begge i regi av fylkeskommunen, er viktige arenaer for samhandling og erfaringsutveksling rundt kommunalt planarbeid. 

I løpet av 2019 har Fylkesmannen deltatt aktivt på plannettverkssamlingar, samt kommunevise samlingar knytt til arbeidet med regional planstrategi og fylkesplan. Nasjonal plankonferanse knytt til planlegging i kystsona vart arrangert 12. – 13. november i Molde i regi av Fylkesmannen og fylkeskommunen.

Årsrapporten for plansaker og plansaksbehandling hos FMMR for 2019 viser at:

- Aktiviteten på plansida er stor med t.s. 1208 plan- og    dispensasjonssaker. 

- Det er stor breidde og variasjon i sakene.

- Talet på motsegner i arealplansaker om lag på nivå med tidlegare      år.

- Tidleg medverknad og dialog undervegs i planprosessane gjer at        konfliktar kan avklarast og løysast tidlegare.

- Talet på dispensasjonssaker har auka kvart år; dette til trass for nye     oppdaterte arealplanar.

- Kompetanse og kapasitet på planområdet varierer mykje. 

- Kommuneplanen som styringsverktøy i kommunalt utviklings- og    omstillingsarbeid er styrka. 

- Vi har i 2019 samarbeidd tett med fylkeskommunen i prosessen    knytt til ny regional planstrategi og fylkesplan for perioden 2020 –    2024.

- Ny runde med utarbeiding av kommunale planstrategiar for  2019 –    2023 er godt i gang. 

Fylkesmannen har orientert om jordvern i møter med politiske utval i 4 kommuner. Fylkesmannen har også bidratt med foredrag på regional konferanse der landbruk og jordvern var tema.

Møre og Romsdal fekk for 2019 tildelt ei ramme på 5 millionar kroner til SMIL, i tillegg til inndregne midlar.  Vi løyvde tilskot til 238 saker, der halvparten gjekk til tiltak i kulturlandskapet.

Vi fekk ei ramme på 6 millionar kroner for å støtte dreneringstiltak. Vi har gitt tilskot til 162 saker, med total kostnad på nesten 4,5 millionar kroner.

Gjennom 2019 jobba Fylkesmannen aktiv med å førebu Utvalde kulturlandskap (UKL)  og Verdsarv (VA)  kommunar på overtaking av ansvaret frå 01.01.2020. Hausten 2019 blei opprydding av gamle saker prioritert i samband med avvikling av datasystemet Saturn og oppstart av Agros. Utarbeiding av forvaltningsplanar for UKL Alnes og UKL Hjørundfjorden og Norangdalen starta opp i oktober 2019, og vil bli ferdigstilt innan 31.februar 2020.

For alle UKL-områda samla ble det løyvt tilskot til 51 ulike
tiltak. Totalt blei 13 søknader avslått eller avvist, hhv. pga. for lite midlar eller at søknadene hadde vesentlege manglar.  I verdsarvområdet ble det løyvt tilskot til 53 tiltak, der 47 tiltak omhandlar årleg tilskot til skjøtsel av areal og beitedyr.


Nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

Nasjonale og regionale hensyn blir i første rekke ivaretatt og formidla gjennom vår kontakt med kommunane i den løpande plansaksbehandlinga. Dette omfattar både tilbakemeldingar i form av skriftlege høyringsfråsegner, dialog og oppfølging undervegs i planprosessen, samt møte og synfaringar.

Det er elles lagt vekt på planfagleg rettleiing og oppfølging frå FM si side – og gjerne i samarbeid med fylkeskommunen.

Kommuneplanen som styringsverktøy i kommunalt utviklings- og omstillingsarbeid er styrka; fleire kommunar har som ledd i dette fått på plass, eller er i prosess med, oppdaterte kommuneplanar med samfunns- og arealdel. Det langsiktige, strategiske og tverrfaglege perspektivet i det kommunale planarbeidet er styrka. I forhold til kommunereforma med nye kommunale oppgåver og bygging av nye kommunar, vil dette vere av stor betydning. 

Erfaringar viser at kompetanse og kapasitet på planområdet varierer mykje kommunane imellom; utfordringane i forhold til dette er gjerne størst i dei minste kommunane.

Som ledd i Fylkesmannens samordnings- og oppfølgingsansvar mot kommunane i plan- og byggesaker etter plan- og bygningslova blir det i samarbeid mellom Fylkesmannen og fylkeskommunen arrangert ein årleg plankonferanse. Hausten 2019 vart det arrangert ein nasjonal plankonferanse med søkelys på planlegging i kystsona; Kampen om sjøareala   Konferansen var lagt til Ålesund, og samla om lag 200 deltakarar.

Deltagelse i regionalt planforum (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100%


Vi deltek aktivt på alle samlingar i regionalt planforum. Aktuelle fagsaksbehandlarar frå ulike fagavdelingar deltar alt etter kva saker som blir tatt opp på samlinga/møtet.

Tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

100%

Vi medverkar tidleg gjennom tilbakemelding ved oppstart av alle planar og gjennom fast deltaking i regional planforum.

Både deltaking i planforum og tydelege tilbakemeldingar ved planoppstart, er høgt prioritert. Også deltaking på arbeids- og dialogmøte tidleg i planprosessane blir prioritert.

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

100%

Talet på motsegner i arealplansaker ligg om lag på nivå med tidlegare år. Mønsteret er elles som tidlegare at  flest motsegner knyter seg til manglar i samband med tema knytter seg til ROS/samfunnstryggleik/klima og til støy/forureining. Manglar av meir generell planfagleg karakter gir også grunnlag for mange motsegner. 

For 2019 er det registrert til saman 80 motsegnssaker. Berre to saker har gått til mekling; begge meklingane omfatta kommuneplanar. FMMR var sjølv part i ein av desse. 

I løpet av 2019 har det vore seks oversendingssaker til KMD. Av desse har to saker (begge kommuneplanar; Ulstein og Skodje) vore gjennom formell mekling hos Fylkesmannen. Meklingane førte ikkje fram og sakene vart oversendt departementet for endeleg avgjerd.

For dei fire andre sakene (alle reguleringsplanar; Averøy, Stranda, Nesset og Ørsta) har det ikkje vore gjennomført formelle meklingsmøte. Desse sakene har likevel vore gjennom fleire arbeids- og dialogmøte med søkelys på dei aktuelle  motsegnspunkta. Partane konkluderte i desse sakene med at meklingsmøte ikkje ville kunne bidra til å finne løysing på dei fastlåste konfliktspørsmåla.  


Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Kommuner med storulykkevirksomheter bør ved rullering av kommuneplaner etablere hensynssoner med tilhørende bestemmelser rundt storulykkevirksomheter. For eksplosivsanlegg underlagt storulykkeforskriften bør dette ivaretas for sikkerhetsrapportpliktige virksomheter (§ 9-virksomheter).

Fylkesmannen følger opp samfunnstryggleik i plan gjennom plansakshandsaming . Dette inkluderer at planer sikrar tilstrekkeleg tryggleik rundt storulukkesverksemder, samt klimatilpassing osv.

Boligsosiale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

100 %


Alle kommunar som har presentert planprogram for Fylkesmannen, anten i regionalt planforum eller på anna måte, har blitt utfordra på bustadsosiale utfordringar og løysingar. Kommunane har blitt oppmoda til å ta slike omsyn  i kommuneplanens samfunnsdel.
Vi samarbeider tett med Husbanken om bustadsosialt arbeid. I tilskot til kommunalt rusarbeid blir tiltak knytt til bustad prioritert.


Fleire tema knytt til helse- og sosialfeltet inngår som faste sjekkpunkt i plansaksbehandlinga. Her blir m.a. dei sosiale tenestene i NAV løfta fram som ein del av kommunen sitt samla velferdsansvar. Vi peikar på NAV som ein viktig samfunnsaktør og samarbeidspart og betydninga av at NAV blir tatt med i planarbeidet, Bolig for velferd og Husbankens digitale vegvisar.
 

3.1.1.2 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennomført oppdraga våre i hh til TB og VØI med å understøtte kommunane sitt arbeid med samfunnstryggleik og beredskap. Vi har gjennom våre møtepunkt med kommunane, vidareformidla signal frå nasjonale styresmakter, slik at dette er kjent i kommunane. 

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Fylkesmannen har ført tilsyn etter lov og forskrift om kommunal beredskapsplikt i 8 kommunar i 2019. Vi måtte utsette tilsynet i ein kommune, pga for seint innsendt dokumentasjon til Fylkesmannen. Hausten 2019 har vi hatt ekstra fokus på beredskapen i dei kommunane som skulle slå seg saman.

Felles tilsyn med beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen avgjør om det skal gjennomføres tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene basert på kunnskap om risiko og sårbarhet. Tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene skal gjennomføres som felles tilsyn med fylkesmannens tilsyn med kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelsesloven, jf. veileder for felles beredskapstilsyn i kommunene fra DSB og Helsetilsynet.


Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ikkje gjennomført fellestilsyn med helsemessig beredskap i kommunane i 2019. 

Veiledning om samfunnssikkerhet og beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal styrke veiledningen i kommunene i arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap, herunder helseberedskap. 

Fylkesmannen har gjennom året fleire måtar vi rettleiar kommunane på. Vi har kvart år fagsamling for kommunale beredskapsmedarbeidarar der vi har fokus på kompetanseheving for kommunane. Her informerer vi om nasjonale forventingar til kommunane, og presentere nye rettleiarar. I tillegg driv vi rettleiing i samband med plansakshandsaming. Vi deltek også i møter med plannettverk, planforum, plankonferansar o.l. Vi driv og rettleiing i samband med våre tilsyn, både i forkant og etterkant av tilsynsaktivitet. I 2019 har vi hatt ein særskilt fokus på dei kommunane som skulle slå seg saman. Dette kombinert med mange nye politikarar etter valet i haust, gjorde at vi 6. desember inviterte alle ordførarar og varaordførar til ei beredskapssamling. Alle fekk i oppgåve å oppdatere sine varlingslister i kommunane før dei tok juleferie. Vi fekk god tilbakemelding på at samlinga hadde vore til stor nytte for dei frammøtte.

Egenberedskap (fra kapittel 3.1.1.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i 2019 bidra til at kommunene arbeider for styrket egenberedskap hos innbyggerne gjennom å implementere egenberedskapskampanjen fra DSB.

Fylkesmannen oppmoda alle kommunane i fylket om å ta del i eigenberedskapskampanjen. Vi skreiv ein kronikk som vart publisert i lokale media i fylket. Alle kommunane og medlem i FBR fekk også høve til å bestille "rollup" med eigenberedskapsinformasjon til bruk i eige hus og til eigen kapanje, frå Fylkesmannen.

Fylkesmannen tok i tillegg initiativ til eit samarbeid med Sivilforsvaret, Molde kommune og frivillige til å arrangere eigenberedskapskampanje i Molde sentrum, samt ein kampanje på Fylkeshuset der mange offentlege verksemder held hus. Ein enkel spørjekonkurranse vart nytta for å auke interessa om emne og gevinsten var ei beredskapskasse. Vi opplevde at eigenberedskapskampanjen fekk stor merksemd i Møre og Romsdal.

Øvelse for kommunens kriseorganisasjon (fra kapittel 3.1.1.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i løpet av 2019- 2022 gjennomføre øvelse for alle kommuners kriseorganisasjon.

Fylkesmannen arrangerte øving for kommunal kriseleiing, der alle kommunane i fylket fekk høve til å delta, og 19 av 35 deltok. I 2019 øvde vi eit scenario som omhandla Pandemi.

I tillegg har vi gjennomført fleire varslingsøvingar gjennom året.

3.1.1.3 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Også i 2019 har vi har gjennom tilsyn, klagesaker og i dialogen med NAV kontor sett at behov for kunnskap og kompetanse om sosialtenestelova fortsatt er stort. Kommunene har etter sosialtenestelova § 6 eit ansvar for at den som utfører dei sosiale tenestene har god nok kompetanse til dette. Som tidlegare år er vårt inntrykk at ikkje alle kommunar sikrar dette ved tilsetting, men at det skjer gjennom intern opplæring og deltaking på våre kurs og kompetanseaktivitetar. Vår erfaring er at dette ikkje er nok til å sikre god forståing og bruk av sosialtenestelova. Vi påpeikar dette i tilsyn og etterlyser kompetanseplanar. Vi ser at dette ansvaret i stor grad blir overlatt til NAV leiar som ikkje alltid klarer å sikre nødvendig kompetanseheving til dei som treng det. I Møre og Romsdal har vi mange NAV kontor som har organisert arbeidet med at statleg og kommunalt tilsette utfører oppgåver på både statleg og kommunalt arbeidsområde. Dette krev eit høgt kompetansenivå som kanskje er urealistisk å forvente, men som like fullt er eit krav slik at dei som har behov for tenester etter sosialtenestelova blir identifisert og får forsvarlege tenester.

Tilbud om opplæring til alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

I 2019 har vi hatt 2 dagars innføringskurs i sosialtenestelova der "nye i NAV" fekk prioritet og også andre med lengre erfaring fekk delta. Aktivitetsplikta og KVP inngjekk i desse. Vi fekk gode tilbakmeldingar på kurset.

 Vi var godt i gang med planlegging av 3 fagdagar med fordjupning i aktuelle problemstillingar som NAV kontora sjølv hadde meldt inn. På grunn av langvarig sjukefråvær i sosialgruppa måtte vi avlyse desse.  

Behovet for opplæring i sosialtenestelova er nok større enn det vi har hatt kapasitet til å tilby i 2019. Dette ser vi i klagesaker, tilsyn og det kjem fram i dialogen med tilsette i NAV kontora. Vi har ikkje informasjon om at kommunen tilbyr opplæring sjølv jf. plikta til dette i sosialtenestelova § 6.

Vi skulle etter plana ha arrangert vidaregåande kurs over 2 dagar i økonomisk rådgiving med regionkontakt hos Fylkesmannen i Hordaland som fagleg ansvarleg. Denne blei av forhold både i vårt embete og i Hordaland utsett til 2020. 

Vi deltok i ekspertkurset sentralt (høsten) og sørga for at våre tre kontaktpersonar i NAV kontora fikk delta der. 

Vi har gitt økonomisk tilskott til drift av 3 nettverk for økonomiske rådgivarar. Desse har arrangert fleire samlingar, både innafor kvart nettverk og felles samlingar for alle nettverka. 

i 2019 har vi ikkje hatt klagesaker der § 20 og 20a var tema. Vi gjev mykje råd og rettleiing på lova generelt pr telefon og e-post . I tillegg er sosialtenestelova alltid tema på  NAV-leiarsamlingane vi har saman med NAV Møre og Romsdal.

Vidare samhandlar vi med NAV MR om NY i NAV der sosialtenestelova er tema på dag 1, veien til arbeid og velferd.

Når det gjeld retten til KVP er den tema på dei arenane det er muleg. Meir om dette lenger ned i rapporten.

NAV kontor med lav kunnskap tilbys opplæring (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

NAV-kontor som vurderes å ha lav kunnskap om sosialtjenesteloven og hvordan den skal praktiseres, eller forvaltningsloven og saksbehandlingsreglene i sosialtjenesteloven, tilbys opplæring.

Vi har etter tilsyn gitt to NAV kontor særskilt opplæring i deler av sosialtenestelova (KVP og opplysning råd og rettleiing) 

Oppfølging av kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har systematisk fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og veiledning er avdekket særlige utfordringer ved praktisering av sosialtjenesteloven.

Vi har gitt to NAV kontor særskilt opplæring etter tilsyn. Vi har også hatt møte med eit kontor. Ved behov skriv vi eige brev til NAV kontor i klagesaker. Vi gir i stor grad råd og rettleiing pr. telefon og e-post. Vi har også aktuelle tema på NAV ledermøta fordi problema kan gjelde fleire enn dei vi klarer å fange opp. På vårt interne sosialtenestemøte deler vi og drøfter slik informasjon og tar det med i vårt vidare arbeid. 

3.1.1.4 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Det er fortsatt utfordringar knytt til kapasitet i kommunale helse- og omsorgstenester.  Her merkar vi oss særleg høg andel av tilsette i aldersgruppa 55 år og eldre, samt at andel faglærte ikkje aukar i tråd med tilsagn av kompetansetilskot. I 2017 låg Møre og Romsdal over landsgjennomsnittet og i 2018 var det på same nivå som landet ellers.  Det kan synast som om at kravet til 5 års praksis for helsefagarbeidarar før godkjent fagbrev har innverknad på statistikken. Det vert gitt tilskot til bachelor for sjukepleiarar og vernepleiarar, men det er ein liten del av desse som søkjer arbeid i den kommunen dei jobbar i som student. Deltidskultur kan vere ein medverande årsak til dette. Fylkesmannen har hatt fokus på kompetanseløftet inkludert heitidskultur i møte med kommunane samt i uttale til kommunale planer. Det er framleis behov for vidare styrking av tenestene, og dette gjeld særleg tenester til sårbare grupper.

Vi ser ein auke i søknad til breiddekompetanse som ergoterapeut, fysioterapeut, sosinom, barnevernspedagog, ernæringsfysiolog, psykolog, sangpedagog m.fl. 

Fylkesmannen har innhenta kompetanseplanar frå alle kommunar, og vi merkar oss at desse er av ulik kvalitet og at ikkje alle er politisk behandla i kommunane. Vi har ut i frå desse utfordringane fortsatt satt  fokus på strategisk kompetanseplanlegging og heiltidskultur på tiltaksplan for 2020.

Tilskot til Kommunal kompetanse og innovasjon er av stor betydning for kvaliteten på tenestene i fylket. 35 av 35 kommunar søkte på ei eller anna form av dette tilskotet i 2019. Vi har prioritert dei kommunane som søkte på kompetansehevande tiltak knytt til psykisk helse og rus, jf. nasjonale føringar.  

Fylkesmannen har etablert ei Levekårsgruppe der tilsette med utviklingsoppgåver og tilskotsforvaltning deltek. Dette medfører at alle vert godt kjent med kvarandre sine ansvarsområder. Vi ser tilskota i samanheng noko som gir oss ei oversikt over aktivitet i kompetansehevande tiltak i kommunane. Denne oversikta vert nytta i oppfølging av kommunane, og effekten vi ser er at alle kommunane har søkt på eit eller fleire tiltak. Ein anna effekt er at vi kan overføre ein søknad over til eit anna tilskot når dette er innanfor kriteria.

Vi ser at vårt årlege møte med kommunane, fylkeskommunen og akademia om Kompetanseløftet 2020 har gitt positive ringverknadar som nye studieretningar, desentraliserte studier etc. Ein har mellom anna fått starta opp desentralisert studietilbod i sjukepleie og vernepleie gjennom Høgskulen i Molde, avd. Kristiansund.


IPLOS

Det kan sjå ut som om at opplæring av dokumentasjonspliktige i tenesta har vore nedprioritert. Etter etablering av kommunale Tildelingskontor/forvaltningskontor, har opplæring av IPLOS til saksbehandlarar vore prioritert. Fylkesmannen har hatt stort fokus på IPLOS i tilsyn og i klagesaksbehandling. Vi ser at kommunane fortsatt har manglande brukarmedverknad og tverrfaglege kartleggingar. Fylkesmannen har ut frå denne kjennskapen gjennomført ein fagdag om Fagleg forsvarlege helsetenester og Grunnleggande saksbehandlingskurs, der IPLOS var eit tema. Ettersom Fylkesmannen har hatt eit stort fokus på IPLOS, og at alle dokumentasjonspliktige skal kunne bruke IPLOS i kartlegginga, har vi blitt invitert til å ha undervisning om IPLOS på bachelor utdanning for sjukepleie og vernepleie.


Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering.
Kartlegging knytt til Opptrappingsplan viser at resultat for Møre og Romsdal er relativt gode, og ligg over landsgjennomsnittet. Ein ser også her ein negativ trend på lik linje med landet for øvrig. Det er over 50% av kommunane som ikkje har ein plan for habilitering og rehabilitering. Av dei som ikkje har ein plan er det om lag halvparten som har den under utarbeiding. Ein ser at det er ein nedgang i breddekompetanse i området habilitering og rehabilitering, men fortsatt på eit tilfredstillande nivå. I kommunane sin eigenvurdering har ein hatt ei styrking knytt til individuell plan og koordinator, samt tilfredstillande opplæring og rettleiing til koordinatorar i kommunen. Fylkesmannen ser ikkje den same positive utviklinga som kommunane sjølve, etter erfaringar frå tilsyn og klagesaker, samt informasjon frå brukarar og pårørande. Ut frå denne kunnskapen deltar Fylkesmannen i nettverk mellom Koordinerende eining (KE) i kommunar og Helse Møre og Romsdal. Dette for å få oversikt over etablerte KE og stimulere til samhandling og koordinering av tenestene.  

Psykologtilskot

Det var 5 kommunar som ikkje mottok tilskot i 2019, men kommunesammanslåinga omfatta 3 av dei kommunene og dei vil dermed ha tilgang til psykologressurs. Ein kommune har inngått interkommunalt samarbeid med andre nabokommunar. Det er  kun ein kommune i Møre og Romsdal som ikkje har søkt om tilskot, og som står aleine utan avtale med annan kommune.


Helsestasjon og skulehelseteneste

På oppmoding fra Helsedirektoratet blei det gjennomført ei kartlegging av kor mange som gjennomfører 4 års kontroll i barnehage. Kartlegginga i Møre og Romsdal viste at det var 2 av 36  kommunar  som svarte ja på dette. Det var Sandøy og Haram.


Velferdsteknologi
Viser til pkt.3.1.3.1.1.1

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT)
Fylkesmannen har eit nært samarbeid med Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester. Gjennom samarbeidet medverkar Fylkesmannen til at det skjer kvalitetsutvikling i helse- og omsorgssektoren m.a. gjennom gode konferansar og læringsnettverk. Vi ser etter dette arbeidet at alle kommunane mellom anna har:

- deltatt i " Helhetlige pasientforløp for den multisjuke pasient", 

- implementert palliativ plan

- utdanna instruktørar i arbeidet med Tidleg oppdaging av forverra        tilstand

- det er oppretta nettverk for kvalitet i tenestene til personar som har ei utviklingshemming



 



Planer for kompetanseheving, rekruttering og velferdsteknologi (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

Fylkesmannen har innhenta kompetanseplanar frå kommunane. Vi ser at desse er av ulik kvalitet, og at ikkje alle er politisk behandla. Etter kommunereforma vil mange av kommunane måtte revidere sine planar, derfor er det ikkje måloppnåing på 100 prosent.Ut i frå dette har strategisk kompetanseplanlegging vore eit tema i møter og i tilbakemeldingar på planer frå kommunane, samt at det er viktig at planane blir politisk godkjent. Det er ein auke i talet på kompetanseplaner i Møre og Romsdal.

Alle kommunane i Møre og Romsdal deltek i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet gjennom 5 ulike prosjekt. Fylkesmannen leiar Forum for Velferdsteknologi i Møre og Romsdal der alle prosjekta er samla, saman med ulike kompetansemiljø. Her kan nevnast; USHT, ALV, KomUt, Helseinnovasjonssentert og Høgskule i Molde. Her blir kompetanse og erfaring delt og deltaking blir uttrykt som svært viktig. Det er to samlingar pr. år. Prosjekta (5) har i 2019 vorte tildelt ca. 6 mill. i tilskot (kompetanse- og innovasjonstilskotet).  Fylkesmannen vurderer måloppnåinga som svært god.

Fylkesmannen har i 2019 prioritert deltaking i dei nasjonale samlingane innan fagområdet der også dei ulike prosjekta er representert.

Dagaktivitetstilbud til hjemmeboende med demens (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100% ved utgangen av 2019

Den nasjonale kartlegginga av tenester til personar med demens viser at det er 31 av 35 ( 88,5%) kommunar som har dagaktivitetstibod tileigna og tilrettelagt for personar med demens. I 2008 var det 28 % av kommunane i fylket som hadde dagtilbod, og det er ein auke på 60,5 %. Alle kommunane har dagaktivitetstilbod, men 4 av dei er ikkje tileigna og tilrettelagt for personar med demens. I 2018 var det 282 heile plassar og i 2019 var det 310,34 heile plassar, ein auke på 28,34plasser. Talet på brukarar var i 2018 503 og i 2019 583, ein auke på 80 brukarar. 

Andel ansatte i helse og omsorgstjenesten med formell utdanning (fra kapittel 3.1.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen har økt siden 2018.


SSB opplyser om omlegging i årsverkstatistikken som gjer at endringstal i talet på årsverk mellom 2017 og 2018 ikkje er reell. Nye tal vert publisert i Kostra mars 2020.  Vi har førbels ikkje tal som syner resultat for 2019. Kvaliteten på tala under er difor usikker. 

Tal henta frå Statistikkbanken syner at delen brukarretta årsverk i omsorgstenesta med helseutdanning i Møre og Romsdal har ein nedgang frå 2017 til 2018 på 0,41 %, frå 74,9% i 2017 til 74,52 % i 2018. Det er 18 av kommunane som har ein nedgang og 18 kommunar( før kommunereforma)som har ein auke. I 2017 låg Møre og Romsdal over landsgjennomsnittet og i 2018 var det på same nivå som landet ellers.

Fylkesmannen gjer no ei risikokartlegging på området kompetanse, ut i frå statistikk, kunnskap frå tilsyn og klagesaker, kompetanseplaner og andre planer.

1.Kommunane i Møre og Romsdal har framleis ein relativ høg del årsverk utan helse og sosialfagleg utdanning i brukarretta tenester.

2.Talet på årsverk i helse og omsorgstenestene har auka i fylket frå 2017 til 2018 med 3784 årsverk. 

3.Aldersbereevna, talet på personar i yrkesaktiv alder per eldre i gruppen 67 år, går ned. Halsa og Vanylven kommune har ei aldersbeevne på 2,30 og i 2 av  kommunane er den på 2,70.Det er dei tre bykommunane og Ulstein kommune som har den høgste aldersbereevna.  

Desse tre momenta utgjer ei stor utfordring i kommunane. Kommunane skal erstatte dei som går ut av jobb, samt at det er nye stillingar som skal dekkast opp med relevant fagutdanning, auka behov og meir avansert helshjelp etter Samhandlingsreforma. 

Kommunane rapporterer utfordringar med rekruttering. For å oppretthalde velferden må ein få meir ut av ressursane dei har. Verdiskapinga per arbeidd time må auke og auke talet på arbeidstimar per innbyggar. Det siste fordrar at kommunane får eldre til å stå lenger i arbeid og at tilsette går frå deltid til heiltid. Helse og omsorgstenestene i fylket har høg del med deltid.Deltid er og ein fare ift  kvalitet og pasientsikkerheit. Vi har hatt møte med leiarar og kontaktpersonane for Kompetanseløftet med fokus på heiltidskultur. Det har resultert i ein entusiasme og ønske/vilje til å jobbe med heiltidskultur.Dette vil bli fulgt opp i 2020 og vidare.



3.1.1.5 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Det er tildelt tilskot til 21 kommunar i 2019, samla knapt 19 000 000. Dette er viktige virkemiddel for styrking av det kommunale rusarbeidet. Kommunalt rusarbeid skal vere ein del av det ordinære tenestetilbodet i kommunane, ikkje ein særomsorg. Eit tiltak for å styrke rusarbeidet som ein del av det kommunale tenestetilbodet, vert tatt med i høyringssvar til kommunane sine planprogram, samfunnsdelar, delplanar knytt til mellom anna helse og omsorg og levekår.  Rusperspektivet er eit tema i satsinga "Leve hele livet", og også i møte med folkehelsekoordinatorar og Frisklivssentralar. Vi samarbeider tett med Kompetansesenter for rusfeltet om tiltak og dialog med kommunane. Mellom anna komeptansetiltak MI, nettverk ROP, auka oppslutning om Brukarplan, eldre og rus. Samarbeidet gir ein heilskapleg og meir effektiv tilnærming til kommunane sitt rusarbeid.

Fylkesmannen gjennomførte over tre dagar fagkonferansen "Samhandling - som ringar i vatn" i mai 2019 i samarbeid med NAPHA og KORUS. Tema var Valden sine mange ansikt. Dette var knytt til fagområda rus- og psykisk helse. Her vart vald i nære relasjonar belyst ut i frå disposisjonen; fenomenforståing i eit livsløpsperspektiv, verktøy som kan brukast og rollen som god hjelpar. Konferansen hadde svært god og tverrfagleg oppslutning med nærmare 200 deltakarar frå mellom anna kommunane, spesialisthelsetenesta, politi og frivillige lag og organisjonar. 

Det er no oppretta 4 team i Møre og Romsdal, i utgansgpunktet eit tilbod som dekkjer heile fylket/alle kommunar. Ikkje alle kommunana har skrive under på samarbeidsavtale knytt til ordninga. Følgjande team er etablert: ACT-Volda, ACT-Sunnmøre, FACT-Romsdal og FACT- Nordmøre. I sambad med fagdagar den 11. og 12. desember på Gardermoen (NAPH7Hdir) blir det arbeidd med etablering av felles fagnettnettverk i Trøndelag og Møre og Romsdal knytt til ACT-/FACT-team. Fylkesmennene har teke ansvaret for å koordinere arbeidet. Ein forventar at dette blir ein viktig arena for deling av erfaring og kunnskap knytt til arbeidet. Gjennom dette tilbodet meiner Fylkesmannen at ein når fleire av dei som slit med samansette vanskar og som ein tidlegare har hatt problem med å nå ut til med tenester.

Fylkesmannen har i 2019 arbeidd med lukking av avvik knytt til tilsyn av krisesentra i fylket (3). Eit likeverdig tilbud til menn og barn har vore ei sentral utfordring. Fylkesmannen har det siste året tildelt krisesentra i fylket 1,7 mill som stimuleringsmidlar (skjønn) for arbeidet med kommunale handlingsplanar og eige kompetanseprogram for området. 

Egnet botilbud for personer med psykisk helse-/rusmiddelproblemer (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Ingen personer med psykiske helse- og/eller rusmiddelproblemer står uten egnet botilbud.

14 % av kommunane melde at dei har brukt auka rammetilskot til bustadtilbod. Dei tre største byane arbeider ut frå metodikken Housing First, finansiert mellom anna gjennom tilskot til kommunalt rusarbeid. Ut over dette er det 6 kommunar som nyttar same tilskot knytta til oppfølging i bustad. Det bustadsosiale arbeidet vert peika på i alle planstrategiar, samfunnsdelar og helse og omsorgsplanar (eller tilsvarande) når fylkemsannne sender høyringssvar til kommunane. Brukarplantal for Møre og Romsdal viser at det for menneske med ROPliding er 4% som er bustadslause mens ingen med psykisk liding er utan bustad.

Opptrappingsplanen mot vold og overgrep (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Mange av kommunane i Møre og Romsdal står i startgropa i arbeidet med kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Fleire av kommunane har vore noko avventande i lys av planlagde og eventuelle kommunesamanslåingar. Arbeidet knytt til Krisesenteret for Molde og omegn der 10 kommunar inngår, har vorte ein god modell for arbeidet. Der vart det gjennomført eige kompetanseprogram for ansatte i alle 10 kommunane, over sju dagar og felles innsats i planarbeidet der RVTS har vore ein sentral samarbeidspartner. Fylkesmannen legg til grunn at dette er ein god modell også for resten av kommunane i fylket. Fylkesmannen har det siste året tildelt krisesentra i fylket 1,7 mill som stimuleringsmidlar for arbeidet med kommunale handlingsplanar og eige kompetanseprogram for området. 

Handlingsplaner mot vold i nære relasjoner (fra kapittel 3.1.3.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2018.

10 kommunar knytt til Krisesenteret for Molde og omegn har oppdaterte handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.   Det er tildelt stimuleringsmidlar til krisesentra det siste året som skal gjere det mogleg å ha fokus på arbeidet. Fylkesmannen prioriterte i 2019 å besøkje alle dei 3 krisesentra i fylket, nettopp for å setje fokus på dette viktige arbeidet.

3.1.1.6 Styrket folkehelsearbeid

På folkehelseområdet har fylkesmannen et tett samarbeid med Møre og Romsdal Fylkeskommune, og har månadlege møter der Møre og Romsdal idrettskrets og er representert. Vi samarbeider mellom anna om oppfølging og nettverksamlingar for kommunale folkehelsekooridinatorer, kompetansetiltak for frisklivsentralar, og Fylkesmannen er med i ressursgruppe for arbeidet med folkehelseprogrammet. I tillegg er KORus Midt, avdeling Ålesund ein viktig samarbeidspart på mange område mellom anna alkoholførebygging for barn og unge.

Vi har hatt og har, fokus på å få folkehelseperspektivet inn i fleire fagfelt som "Leve hele livet", rus og psykisk helse og sosialt arbeid.
Det vert vist til folkehelseperspektivet og krav om oversiktsarbeid i Fylkesmannens høyringssvar til alle overordna planar og delplanar frå kommunane. 

Vi har folkehelse som eit viktig tema i kommunemøta no i vår, med alle dei nye kommunestyra.


Fylkesmannen har ikkje oversikt over kva kommunar som har oppdaterte oversiktsdokument slik lova krev. Vi veit at det er åtte kommunar som har avslutta arbeidet eller er under arbeid i 2019, og at mange har slik oversikt av noko eldre dato.

På barnehageområdet har vi sendt ut informasjon til alle barnehagane i fylket, om dei nye Nasjonale retninglinjer for mat og helse i barnehagen. I tillegg har vi lagt ei lenke  til informasjonen på heimesidene våre. 

På dei regionale møta med kommunane har dei Nasjonale rettningslinene for mat og måltid i barnehagen vore tema.


100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Fylkesmannen har ikkje oversikt og talet på kommunar som har eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid der psykisk helse er inkludert. Vi planlegg ei kartlegging i næraste framtid for å få meir kunnskap om dette.

For å styrke oversiktsarbeidet i kommunane vert det i høyringssvar på overordna planer og aktuelle delplaner vist til folkehelselova sitt krav om oversiktsarbeid jf. §5 i folkehelseloven for å understøtte det langsiktige folkehelsearbeid. Det vert også understreka behovet for tverrfagleg samarbeid.

Folkehelse inngår som fast sjekkpunkt i alle plansaker på høyring etter plan- og bygningslova. I den løpande plansaksbehandlinga vil merkander og vurderingar knytt til Folkehelse inngå i våre høyringsfråsegner i samband med kommunale planstrategiar, kommune(-del)planar og reguleringsplanar. I 2019 omfatta dette 406 saker/ekspedisjonar. Folkehelse vil i praksis ofte vere nær knytt til andre planfaglege tema som t.d. Universell utforming og Barn og unge. Det tverrfaglege perspektivet er her særleg understreka.

I samband med høyringane knytt til arbeidet med kommunale planstrategiar blir status for kommunane siitt arbeid med det systematiske folkehelsearbeidet nærare etterspurd.

Fylkesmannen har eit tett samarbeid med fylkekommunen om aktivitet ute i kommunane. Det er 33 av 35 kommunar som har tilsett folkehelsekoorinatorar. Dei to siste kommunane har eit system for folkehelsearbeidet. Vi opplever at det vert arbeidd godt med det kommunale folkehelsearbeidet og med utgangspunkt i dette meiner vi at kommunane i fylket prioriterer folkehelsearbeidet.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

Vi har ikkje tal på kommunar som har lagt vekt på utjamning av sosiale skilnader i sine planar etter plan og bygningsloven.

I oktober 2019 hadde vi, i samarbeid med Imdi - Midt, Husbanken og NAV Møre og Romsdal ei fagsamling med tema "Barn i familiar med låg inntekt". Dette eit tiltak vedteke i det nyoppretta levekårsnettverket for Møre og Romsdal.

Eit fleirtal av kommunane i fylket tok del på samlinga, til saman 130 deltakarar. Gruppearbeid frå denne dagen vil bli brukt for å legge planar for oppfølging av kommunar i 2020.

Vi planlegg ei spørreundersøking i kommunane i 2020 (sjå pkt over) der vi og vil be om svar knytt til dette spørmålet.

Når fylkesmannen mottar  planar til uttale viser vi til sosiale skilnader som eit aukande problem i høyringssvar. Dette gjeld overordna planar og aktuelle delplanar. Kommunane blir oppfordra til å ta tak i dette og samarbeide på tvers.

3.1.1.7 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Spreiing av framande artar er ein vesentleg trussel mot fleire naturtypar og artar under tregrensa. Vi har gjennomført eit vesentleg uttak av framande planteartar dei siste åra, men det er berre innafor verneområde at dette monnar. Det blir viktig å få på plass ein overordna strategi for kva for artar, kor og korleis vi skal kjempe mot dei framande skadelege artane. 

Oppdeling av naturområde gjennom menneskelege inngrep som veg, jernbane og etablering av byggeområde fører til ulike grader av problem for dei ulike artane og naturtypane. Villreinen er av dei artane som kjem under sterkast press både frå oppdeling av natur og frå eit varmare klima. Vi ventar at einskilde villreinbestandar vil døy ut om det ikkje blir gjennomført omfattande reetablering av dei opphavelege sesongtrekkrutene. 

Store areal med kulturbetinga naturtypar er under sterkt endringspress på grunn av samfunnsutviklinga som har ført til endra kulturpåvirkning. For nokre av desse naturtypane er det sett i verk effektive skjøtselstiltak. Det gjeld spesielt slåttemark i vårt fylke. I det store biletet må vi likevel innsjå at mesteparten av det kulturlandskapet som våre forfedre har laga vil forsvinne i takt med endra bruk.

Mange av bestandane av laks og sjøaure i fylket produserer langt under det nivået som vassdraga gir biologisk grunnlag for. Fleire næringsaktørar og styresmakter arbeidar saman for å betre tilhøva for desse artane.

Det har vore jobba godt med fleire restaureringsprosjekt i myr og våtmark i ulike delar av fylket, noko som har medført ei betring i den økologiske tilstanden. Etterundersøkingar i dei restaurerte områda syner at ulike artsgrupper har respondert positivt og kjem attende. Eit konkret resultat av dette arbeidet er at Ramsarområdet Rørvikvatnet nr i Giske kommune er tilrådd tatt bort frå artikkel 3.2 lista over våtmarker der det har skjedd negative endringar i på grunn av menneskeleg aktivitet eller tiltak.

Antall igangsatte restaureringstiltak i myr og annen våtmark (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle restaureringstiltak som har fått tildelt midler i 2019, skal være igangsatt i løpet av året.

Det vart gjennomført/igangsatt tre restaureringstiltak i 2019.

Antall reviderte regionale vannovervåkingsprogram (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle overvåkingsprogram skal være revidert i løpet av året.

Regionalt overvakingsprogram er laga i tråd med rettleiing frå Miljødirektoratet. Alle stasjonar som inngår er merka i vannmiljø og vil inngå som eige kapittel i vannforvaltningsplana.Vi har dermed kun eit samla regionalt overvakingsprogram.

Overvakiningsprogrammet omfattar overvaking i 382 vassforekomstar, 181 av desse gjeld tiltaksorientert overvåking. All tiltaksorientert overvaking er myndigheitspålagt, og ingen er spleiselag. For å kunne overvake vassforekomstar som er påverka av landbruk og avløp er vi avhengige av midlar som omsøkt for å inngå spleiselag med kommunane. Denne overvakinga er derfor foreløpig ikkje lagt inn i overvakingsprogrammet.

Antall pålegg om tiltak og undersøkelser hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjon (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Bruk av sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner har økt sammenliknet med 2018.

Det er gitt 1 nytt (revidert) pålegg i 2019 mot 0 i 2018. Dette er gitt til Statkraft. Det er 5 andre løpende pålegg for innlandsfisk i fylket.

3.1.1.8 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Det er god framdrift i arbeidet med frivillig skogvern. Nye område er verna i løpet av året, og fleire område er tilbudd verna. Arbeidet med marint vern av områda Giske og Griphølen-Remman er forseinka, og det vart ikkje gjennomført høyring av nytt vern for desse områda innan fristen. For Giske er det gjennomført oppstartsmøte med offentlege instansar, grunneigarar, organisasjonar og næringa.

Forvaltninga av eksisterande verneområde har blitt vesentleg betra dei seinare åra. Det er på grunn av at det har vore auka løyvingar til tiltak i verneområde, og at vi har laga forvaltningsplanar som inneheld vurdering av kva for skjøtsel det er trong til for å ta vare på verneverdiane for framtida. 

Skogareal tilrådd for vern (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal tilrå vern av skog i et omfang som bidrar til at skogvernbudsjettet for 2019 utnyttes fullt ut

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i løpet av 2019 gjennomført verneplanprosess, tilrådd og fått vedtak ved kgl. res. tre nye verneområder, samt utvida eit eksisterande verneområde gjennom ordninga frivillig skogvern. Totalt er 4281 dekar skog verna i Møre og Romsdal i 2019. Parallelt er det påbegynt verneplanprosess for seks områder, der to områder er direkte utvidelser av eksisterende verneområder og fire områder er oppretting av nye verneområder.

3.1.1.9 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har sakshandsama 70 søknadar etter forureiningslova i 2019. Av disse er det gitt 32 nye løyver og 38 endringar av eksisterande utsleppsløyve. Vi har behandla konsesjonssøknadene innafor ein akseptabel tidsfrist og med god kvalitet. Vi har gjennomført 51 tilsyn i 2019, hvorav 3 revisjonar og 48 inspeksjonar. Det er mellom anna gjennomført 21 tilsyn med avfallsaktørar, 3 biloppsamlarar, 5 EE forhandlarar, 5 skipsverft og 6 akvakulturanlegg.

Vi har hatt eit krevjande år når det oppfølging av avfallsaktørar. Det er mange som slit med å overhalde gjeldande vilkår i løyve og vil føljer fleire aktørar med særskilt oppfølging. Vi har no tatt grep ved fleire anlegg og der vi føljer opp enkelte aktørar mykje tettare. Vi ser at det gir effekt å vere tettare på gjennom tilsyn og særskilt oppfølging, og dette er nok vi også vil forsette å prioritere i 2020. Tillit til avfallsaktørane er ei føresetnad for å kunne få betre grep om arbeidet med forsøpling generelt.

Vi har gjennomført oppdraga innafor kommunetilsyn på avløp og fulgt opp arbeidet med IED i avfallsbransjen. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har mange prioriterte skipsverft der vi har ansvar for å følje opp framdriftsplana for opprydding. Fylkesmannen påla våren 2019 13 prioriterte skipsverft å utarbeide supplerande undersøking/risikovurdering m/tiltaksplan for forureina sjøbotn. Tiltaksplan vart påklaga, og klagane er sendt vidare til Miljødirektoratet, men supplerande undersøkingar er i startfasen.

Fylkesmannen fortsette i 2019 oppfølginga av lokalitetar med grunnforureining ikring det prioriterte hamneområdet Aspevågen. Fysiske tiltak var ved utgangen av året pålagt eller varsla ved alle dei gjenståande lokalitetane. Alle naudsynte miljøtiltak på land ventast å vere ferdig utført innan prosjektet med opprydding i sedimenta settast i verk. Fylkesmannen gav i 2019 Kystverket løyve til farleistiltak i Aspevågen, som opphavleg var planlagd utført saman med miljøprosjektet. Arbeidet med farleia vart utført sommaren og hausten 2019, og sluttrapport ventast tidleg i 2020.

Varsel om reviderte tillatelser (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle avløpsanlegg etter kapittel 14 i forurensningsforskriften som har tillatelser som er gitt før 1.1.2007, skal ha fått varsel i løpet av 2019 om revidering

Det er 4 aktuelle kap. 14 kommunar i Møre og Romsdal og alle er godt kjent med nye utleppskrav til avløpsreinseanlegg og gjeldande fristar i forureiningsforskrifta kapitel 14. Vi har hatt tett dialog med kommunane om dette dei siste 8-10 åra. Det er gitt oppdatert utsleppsløyve i tråd med nye krav til 3 av 4 kommunar. Vi har hatt ein lang prosess med siste gjenståande kommune, og der kommunen søkte oss om nytt utsleppsløyve i 2016. Vi har ikkje ferdigstilt utsleppsløyvet, då anlegget ikkje er i tråd med områdereguleringa. Kommunen køyrer no prosess med reguleringsplan, plan- og byggesak og detaljprosjektering parallelt. Vi er tett involvert i prosessen for å sikre at anlegget skal tilfredsstille framtidige krav i nytt utsleppsløyve. 

3.1.1.10 Marin forsøpling er redusert

Det er gjennomført om lag 700 registrerte ryddeaksjonar i Møre og Romsdal i 2019. Det er rydda minst 120 tonn på Sunnmøre og 130 i Romsdal og på Nordmøre. Fylkesmannen har oversikt og kontakt med dei 13 største aktørane, mellom anna gjennom at vi har organisert to samordningsmøte i året. Desse aktørane har igjen kontakt med alle dei frivillige og legg til rette slik at dei får rettleiing og hjelp for å kunne gjennomføre ryddeaksjonar.

På Sunnmøre er det lage eit eige nettverk med fokus på å forebygge forsøpling, ved at funn i fjøra blir knytt til lokale verksemder. Dette fokuset på å finne lokale forsøplingskjelder gjer at ein får mykje større effekt enn ved berre å rydde.

Fylkesmannen har fokus på marin forsøpling i alle relevante tilsyn med verksemder. Merksemda kring på forsøpling i media har gjort det enklare å få aksept for at oppryddingstiltak er rett og viktig. Fleire aktørar har no satt i verk tiltak for å sikre seg mot forsøpling.

Avfallsplaner i Møre og Romsdal (fra kapittel 3.1.4.4.1.1 i TB)

Rapportere på

200 havner uten tidligere avfallsplan har fått godkjent avfallsplan

Målet om å godkjenne 200 nye avfallsplanar er oppnådd med god margin. Det største arbeidet ligg i å få alle ansvarlege for hamnar til å utarbeide og sende inn ein plan, ikkje sjølve godkjenninga.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har følgt tett opp om våre Robek-kommunar. Det var derfor gledeleg at både Ålesund og Stranda blei meldt ut etter fleire år på lista, men også tidlegare enn planlagt.

Eide kommune vart sommeren 2019 meldt inn på Robek, men dette oppholdet vart kortvarig siden Eide slo seg saman med Fræna og danna Hustadvika kommune den 1.1. i 2020. Vi har vurdert det økonomiske utgangspunktet til den nye kommunen slik at det ikkje er riktig å vidareføre robek-statusen til Eide over på den nye Hustadvika kommune.

Det har vore gode år for kommunane dei siste åra, samstundes ser vi at mange kommunar har stram økonomi.

Etter at regnskapstala frå kommunane var klare, og vi har gått gjennom budsjetta deira, så har vi laga oss eit enkelt "Robek-kart" med fargene rødt, gult og grønt. Dei kommunane som får gul farge, er dei som fekk negativt nettodriftsresultat forrige år. Det gjer det enklare for oss å prioritere kor vi set inn ekstra ressursar. 

I 2019 har vi og prioritert å følgje ekstra opp dei kommunane som skulle slå seg saman. Vi har og ein tett og god dialog med administrasjonane.

Vi har dei siste åra lagt om våre rutiner for tildelinga av skjønnsmidlar og prosjektskjønn. Søknadsfristen er no den 1. juni kvart år og vi tildeler brorparten av ramma til statsbudsjettet. I forbindelse med dennen omlegginga, har vi også gjort ei dreining av prosjektskjønnet til i større grad å bidra til ‘fylkesløft’. Fylkesløft er prioriterte tiltak som vil vere eit løft for alle kommunane i fylket. Etablering av akuttberedskap innan barnevern er eit godt eksempel. Her ga vi skjønnsmidlar over to år, slik at man fikk akuttberedskapen opp å gå. Etter to år er kommunane over i ei driftsfase, som kommunane må finansiere sjølv.

I 2019 arrangerte vi samling for alle økonomisjefane med veldig god oppslutning. Her var også KS og Fylkeskommunen representert.

Viser til kapittel 3.1.5.1.1.1. for meir detaljert informasjon om arbeidet med KOSTRA.

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2019 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2018.

Det var fem kommunar på Robek i desember 2018. Eide kom inn på Robek i 2019, men vart meldt ut den 01.01.2020 siden Eide kommune opphøyrer. 

Ålesund og Stranda vart utmeldt i 2019 etter mange år på Robek, men tidlegare enn planlagt.

Sande og Giske er fortsatt på Robek.  

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018.

Fylkesmannen har vore i direkte kontakt med dei kommunane dette gjeld, og bedt dei om å korrigere data. Fylkesmannen har også råda kommunane om å gå gjennom eigne rutinar jamfør rapporteringa til KOSTRA, samt oppmoda kommunane om å rapportere om behov for opplæring. Feil i KOSTRA - rapportering er frå vår side følgt opp med samtalar, brev, e-post  og telefon med økonomisjefar og rådmann.

Når vi er ute hos kommunane på besøk eller har innlegg i kommunestyra så bruker vi bevisst Kostra-tal for å få meir fokus på korrekt rapportering.

3.1.1.12 Økt verdiskaping i landbruket

Driftsåret 2019 har vore prega av nye roller og førebuing til at fylkeskommunen skal sterkare inn som utviklingsaktør. 

Fylkesmannen har arrangert fleire møteplassar der dette har vore tema, slik at næringa og fylkeskommunen kan utveksle forventningar og strategiar.  Alle aktørane står bak landbruksmeldinga for Møre og Romsdal (2017 – 2021) som blir lagt til grunn for samarbeidet.

Fylkesmannen har også lagt til rette for tett samarbeid mellom FoU miljøa og regionale landbruksaktørar.  Vi arrangerer kvart år oppstraumseminar for å identifisere FoU-behov, og vi deltek aktivt i samarbeidet gjennom Grøn Forsking Midt-Norge.

Fylkesmannen har gjennom UT-midlane støtta viktige tiltak knytt til bruk av husdyrgjødsel i klimakontekst. Vi har prioritert matområdet både gjennom IGW 2019 og ved å knyte tettare kontakt med Hoppid. Vi følgjer også opp med støtte til HMS prosjekt i regi av NLR, og som aktiv deltakar i grunderskapsjobbing mot ungdom.  Dette er nokre få av mange eksempel på satsingar med basis i UT-midlane. 

Temaet økologisk jordbruk er problematisk. Dei store aktørane (Tine og Nortura) ønskjer ikkje større oppstraum av økovarer frå vårt distrikt, og vekst i dette segmentet må derfor byggast på enten direktesal til store kundar, omsetning gjennom Rekoringar eller gjennom lokal foredling.

Inn på tunet er eit anna vanskeleg område.  År etter år har det kome fram gode foretak med gode referansar og fornøgde kundar. Avhengigheit til kommunale strategiar og varierande kommunal økonomi gjer at mange av disse foretaka har ein uakseptabel høg økonomisk risiko.

Regionalt næringsprogram (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i nytt RNP er presentert for landbrukets organisasjoner, kommuner og øvrige samarbeidsparter. Tilhørende virkemidler er innrettet slik at målene i RNP nås. 

Møta i den regionale partnarskapen har gjennom mange år vore dei faste møtepunkta.  Vi har hatt to faste møter kvart år – vinter/vår med blikk på året, og haustmøte der rapportering og oppsummering har vore faste punkt.  I tillegg til desse to faste møta, har vi kvart år hatt fleire møter for å følgje opp løpande prosessar.   I tillegg til fylkeskommunen, Innovasjon Norge, og begge faglaga har Allskog siste året delteke på alle møta.

Betydninga av RNP som styringsdokument har naturleg nok blitt redusert som konsekvens av at handlingsrommet for regionale aktørar har blitt mindre.  Samarbeidet gjennom partnarskapen har vore – og er – godt.

Regionalt næringsprogram er hovudtema for årlege møter med kommunane, og det er tema på samlingar med næringa. Næringsprogrammet er laga komplementært med Landbruksmeldinga for Møre og Romsdal.

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Kommunenes arbeid med tilfredsstillende foryngelse innen tre år etter hogst er fulgt opp. 

Det blei plukka ut 154 bestand til foryngelseskontroll i Møre og Romsdal (ekskl. Halsa kommune) i 2019. Av desse har 64 fått status OK, medan 66 bestand står med status OK, bør følges opp. 19 bestand er ikkje kontrollert. Fylkesmannen har aktivt fulgt opp kommunane i dette arbeidet. Først med brev, vidare med e-post og til slutt telefonisk kontakt med skogbruksansvarleg.

Årsaka til at det er så vidt mange bestand som skal følgjast opp skuldast praksis med å vente 3 vekstsesongar med planting etter hogst for å unngå skader av gransnutebille.

Første del av foryngelseskontrollen vert i hovudsak gjennomført, men ein er meir usikker på bestand som skal følgjast opp.  Kommunane nyttar i liten grad moglegheitene som ligg i lovverket, og det kjem ingen klagesaker til fylkesmannen knytt til foryngelsesplikt. Tilfredsstillande foryngelse er av dei største utfordringane for skogbruket i vårt fylke. Det skuldast mellom anna aversjon mot å plante gran, gransnutebille og konkurerande vegetasjon. Ein legg og merke til ulik haldning – og kunnskap om foryngingsplikt, varierar mellom tradisjonelle skogkommunar og «nye» skogkommunar.   

Tilskuddsordningene i skogbruket (fra kapittel 3.1.6.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Kommunene er fulgt opp med henblikk på effektiv bruk av tilskuddsordningene i skogbruket. 100%.

Det siste året har vi løyvd 7,3 millionar i tilskot til bygging av 23 skogsbilvegar. I tillegg til dette har 5 andre prosjekt fått tilleggsløyving.  Vi har strategisk prioritert å bygge skogsbilvegar, og  som konsekvens av dette vart det i 2019 ikkje gitt løyvingar til traktorvegar.

Det er sett av ressursar til ordninga med omlegging av tilskotsordningane, og vi har prioritert innsats på kompetansebygging tidleg i prosjektet. 

Det er betalt ut 440 000 kroner i støtte til veg- og pådrivarkompetanse i 2019.  Vi har løyvd 3,4 millionar i tilskot til 75 søknader omdrift av tømmer i vanskeleg terreng. Av dette var 2,35 millionar til drift av 26200 m3 taubane. 

Samarbeidet er godt, og ordningane er viktige bidrag for å utvikle god logistikk tilpassa moderne driftskrav.

3.1.1.13 Bærekraftig landbruk

Det viktigaste verktøyet er Regionalt Miljøprogram. Programmet legg stor vekt på økologisk berekraft, og gjødselordningane har fått god plass. Vi ser at ordningane er innarbeidde i næringa, og har bidratt til å endre praksis i positiv retning. Miljøprogrammet er  også eit viktig verktøy for å redusere avrenninga til sårbare vassmiljø. Utsleppa av klimagassar er rekna som den største miljøutfordringa for landbruket, og dette styrer prioriteringane. Kompetanse på gassemisjon er høgt prioritert.

Det er betydeleg aktivitet rundt etablering og drift av biogassanlegg. Vi har nær kontakt med Norsøk som har forsøksreaktor og som tilbyr prosjekteringshjelp. Vi følgjer nøye med på planane om nye anlegg.

Fylkesmannen følgjer nøye opp forskingsprosjekta som arbeider med utsleppsmålingar og dyrkingsmetodar på myr, PeatInvert og Drainimp (NIBIO / Norsøk/NLR).  Det er viktig at utforminga av politikk blir gjort på så godt grunnlag som mulig, og dei aktuelle prosjekta er viktige bidrag til det totale bildet.

Leigejorda utgjer meir enn halvparten av produksjonsarealet, og på bruka som har satsa på volum er andelen langt større. Vi er med i prosjektet Landfrag som skal sjå på muligheitene for å redusere transport gjennom betre organisering og samarbeid.

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Klimadelen i regionalt- skog- og klimaprogram er kjent og fulgt opp av kommunene. 

Regionalt skog- og klimaprogram for Møre og Romsdal 2019-2022 er gjort kjent for kommunane gjennom utsendingar og ulike samlingar.

Prosjektet Tredrivaren i Møre og Romsdal arbeider for auka bruk av tre. Prosjektet har som føremål å styrke verdikjeda til tømmer, og å peike på klimagevinsten hos kommunane når dei byggjer i tre og andre meir klimavenlege  materialar.  Fylkesmannen er prosjektleiar. Det er m.a. etablert eit nettverk av kommunar som aukar kompetansen rundt klimagevinsten ved bruk av tre i bygg. Tredrivaren arbeider og med bioenergi, næringsutvekling knytta til trebasert industri og har vidare hatt eit mindre prosjekt kor det er sett på helsegivinsten ved bruk av tre i bygg.

Klimatilskota til tettare planting er godt motteke i Møre og Romsdal. Vi har relativt store utfordringar med å forynge skogen tilfredsstillande. Tilskot til tettare planting gir høgare plantetal som fører til at ein tåler noko avgang . Det nasjonale tilskotet til suppleringsplanting som blei innført i 2019 førte til ei femdobling i aktiviteten i høve til året før.

Rgionalt miljøprogram (RMP) (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i RMP er kjent for landbrukets organisasjoner, kommuner og aktuelle søkere.

Innhaldet i RMP blir gjort kjent for organisasjonar, kommunar og søkjarar ved at aktuell informasjon blir lagt ut på Fylkesmannen si heimeside og ved at aktuell informasjon blir sendt direkte til kommunane og til organisasjonane. Kommunane blir bedt om å formidle dette til sine potensielle søkjarar. Dei har eigne e-postlister og SMS-lister som blir brukt som felles informasjonskanal. Vårt inntrykk er at kommunane har fulgt opp dette og formidla denne informasjonen. Talet på RMP-søknader gjekk faktisk opp litt frå 2018 til 2019.

Fylkesmannen har ein ambisjon om å få til ei direkte utsending til kvar søkjar via elektronisk utsending (Altinn) i tillegg til informasjon til kommunane. Det må undersøkast nærmare kva muligheiter som finst for å få til dette.

RMP-Regionale miljøutfordringer (fra kapittel 3.1.6.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i RMP er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Dei største tiltaka innanfor RMP i fylket er tilskot drift av bratt areal og tilskot til spreiing av husdyrgjødsel i vår- og vekstsesongen. Drift av bratt areal er eit viktig kulturlandskapstiltak, og vi har mykje jordbruksareal som er relativt bratt her i fylket. Spreiing av husdyrgjødsla i vår- eller vekstsesong betyr mindre utslepp både til luft og vassdrag i og med at plantene vil ta opp næringa frå gjødsla i større grad enn ved spreiing etter at vekstsesongen er avslutta.

I tillegg til desse to store tiltaka så har vi også slått av verdifulle jordbrukslandskap (fastsatte soner), drift av beitelag, slått av slåttemark, beite av kystlynghei, tilrettelegging av hekkeområde for fugl, setring, skjøtsel av freda kulturminne, ingen jordarbeiding om hausten (korn), grasdekte kantsoner i åker, vedlikehald av fangdammar, nedlegging/nedfelling av husdyrgjødsel samt bruk av tilførselsslangar. Nokre av desse tiltaka er nye og er innretta mot å redusere avrenning til dei mest sårbare vassdraga i fylket.

Vi meiner desse tiltaka i sum er godt innretta mot viktige regionale utfordringar både når det gjeld å ta vare på viktige jordbruksmessige kulturverdiar og å ta vare på vårt ytre miljø.

Jordbrukets arealressurser (fra kapittel 3.1.6.2.5.1 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponeringen av dyrka jord, jf. nasjonalt jordvernmål.

Første gangen Møre og Romsdal har nådd det regionale jordvernmålet som Fylkestinget har vedtatt. Det var ingen større statlige planer som ble vedtatt i 2018, sammenligna med f.eks. 2017. Heller ingen store landbrukskommuner som har revidert kommuneplanens arealdel. Omdisponering av dyrka mark gjennom dispensasjoner har gått ned, Fylkesmannens innsats og arbeid opp mot kommunene med tidlig dialog og kommunikasjon kan ha hatt en effekt. 

3.1.1.14 Andre oppdrag

Miljøkommune.no er svært viktig i fylkesmannen sitt arbeid med å synleggjere rollene og det lokale ansvaret for gjennomføring av miljørelaterte oppgåver i kommunen. Dette gir eit godt grunnlag for å kunne diskutere sårbarheit og evne til å gjennomføre delegerte miljøoppgåver med kvar enkelt kommune.

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

I januar 2019 vart levekårsnettverket i Møre og Romsdal etablert. Dette er eit nettverk for leiarar for alle aktuelle statlege aktørar med oppdrag ift boligsosial innsats; NAV, Husbanken, (Imdi)-no fylkeskommunen og fylkesmannen. Nettverket valgte i 2019 eit hovudtiltak og sette ned arbeidsgruppe som jobba fram tiltak og arrangerte ein fagdag. Planarbeid har og vore ei felles satsing ut frå levekårsnettverket, der fylkeskommunen og fylkesmannen har samarbeidd. 

Fagdagen vi arrangerte i samarbeid med Imdi - Midt, Husbanken og NAV Møre og Romsdal hadde tema "Barn i familiar med låg inntekt".
Eit fleirtal av kommunane i fylket tok del på samlinga, til saman 130 deltakarar. Gruppearbeid frå denne dagen vil bli brukt for å legge planar for oppfølging av kommunar i 2020.

Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune (fra kapittel 3.2.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune om de to tiltakene i Bolig for velferd.

Fylkesmannen har etablert ei intern Levekårsgruppe der tilsette med utviklingsoppgåver og tilskotsforvaltning deltar. Dette medfører at alle vert godt kjent med kvarandre sine ansvarsområder. Vi ser arbeidet med satsinga "Bolig for velferd" i samanheng med andre satsingsområder til dømes opptrappingsplanen for rusfeltet og Leve hele livet. Denne kjennskapen til kvarandre vert nytta i oppfølginga av og i dialogen med kommunane. Vi ser at kommunar ønskjer å ta det bustadsosiale perspektivet inn i arbeidet med fleire fagfelt. 

Fylkesmannen forvaltar mange tilskot i tilgrensande fagområder. Tildeling av tilskot vert diskutert i levekårsgruppa. Det gjer at vi kan sjå tilskot i samanheng, legge til rette for tverrfagleg samanheng i kommunane og overføre ein søknad over til eit anna tilskot når dette er innanfor kriteriane.

Når det gjeld dei to satsingsområda i samarbeid med Husbanken, ROP og barnefamiliar med låg inntekt, har vi følgjande aktivitet:

Tiltak 1 -Boliger og oppfølgingstjenester for mennesker med rusavhengighet og psykiske lidelser: I samarbeid med KORUS og NAPHA har Fylkesmannen invitert fire kommunar til eit pilotprosjekt for heilskaplege tenester til mennesker med samansette behov. Dei vil jobbe saman i nettverk, samstundes som dei legg til rette for samarbeid i eigen kommune. Erfaringer fra dette arbeidet skal presenterast i ein erfaringskonferanse i 2020/2021.

Tiltak 2- Egnede boliger for vanskeligstilte barnefamilier: I samarbeid med Husbanken, Imdi, NAV Møre og Romsdal gjennomførte vi ein fagdag med tema barn i familiar med låg inntekt. Deltakarar var mellom anna frå flyktningetjeneste, NAV, helsesjukepleiarar, bustadkontor, barnevern. Resultat frå gruppearbeid vil legge føringar for vidare innsats frå regionale aktørar i 2020.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i tillegg etablert samarbeid om eit tredje tiltak:

Tiltak 3: Bustadplanlegging for aldrande befolkning. Etablert nettverk saman med Husbanken, Møre og Romsdal fylkeskommune og tre kommunar på Sunnmøre med tema bustadplanlegging for ei aldrande befolkning.


3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Embetet har etablert ei intern tilsynsgruppe som samordnar tilsyna frå dei ulike avdelingane internt.Vi har òg etablert tilsynsforum, ein møteplass for alle regionale aktørar som driv med tilsyn, inkludert kommunerevisjon og kontrollutvalsekretariata. Dette for å samkjøre all tilsynsaktivitet og kunne vere forutsigbar for den enkelte kommune.

Hausten 2018 fekk FMMR òg oppdraget med å utvikle ein nasjonal tilsynskalendar der fase 1 vart ferdigstilt i slutten av desember 2019. Fase 2 starta i 2020, og styringsgruppa vert leia av fylkesmannen i Møre og Romsdal og KMD er fortsatt tett på.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

I 2019 har vi jobba med å få koordinert klimaarbeidet i embetet og for å få klima som eit eige satsingsområde. Det er oppretta ei tverrfagleg arbeidsgruppe med deltaking frå miljøvern, landbruk og beredskap. Det er gitt informasjon til alle avdelingane om dette arbeidet. Vi har og hatt medarbeidardag der alle tilsette deltok i ein prosess med å identifisere aktuelle tiltak innafor klima- og miljø.

Det vart i 2019 vedtatt eit mandat for klimaomstilling som strategisk satsingsområde fram til 2025. Målet for satsinga er at vi blir ein regional pådrivar innan klimagassreduksjon og klimatilpassing gjennom at vi tenker klimaomstilling i alt vi gjer. Vi har og fått på plass ein ny klimakoordinator som skal sikre meir tverrfagleg fokus.

Klima har vore tema i samordningsmøte med dei regionale statsetatane, samt i 12 andre eksterne møter/kurs/seminar. Vi har eit godt samarbeid med fylkeskommunen, som har starta opp prosjektet "Berekraftfylket Møre og Romsdal" (berekraftfylket-moere-og-romsdal). Vi deltar fast i alle dei tre klimanettverka som er oppretta for kommunar i fylket. Vi har og forsøkt å få på plass eit fjerde nettverk, slik at alle kommunane i fylket deltar i eit klimanettverk. Vi er no ved inngangen til 2020 betre rusta til å kune bli ein pådrivar og rettleiar for kommunane og dei andre statsetatane framover, og har planlagt auka aktivitet på område i 2020.

Klima- og energiplanlegging er eit viktig tema og fast sjekkpunkt i den kommunale plansaksbehandlinga. Søkelyset er her retta både mot reduksjon av klimagassutslepp, ofte sett i samanheng med krav til samordna bustad-, areal- og transportplanlegging – og klimatilpassing, gjerne med kopling til samfunnstryggleik og risiko- og sårbarheitsanalysar. Nasjonale rammer og føringar på klimaområdet (statlege planretningslinjer) blir her formidla, med vekt på tverrfaglege og tverrsektorielle tilnærmingar.

Vi har fokus på at kommunane planlegg for eit klima i endring i alle kommunale planar. Vi har informert og rettleia kommunane om oppdatert/revidert SPR-for klima- og energiplanlegging og klimatilpassing i samband med sakshandsaming og i møter med kommunale planleggarar.
To VærSmart!-kurs i klimatilpassing er no ferdig planlagt og påmeldinga er klar ved inngangen til 2020. Kursa blir arrangert vår og haust 2020, hhv nord og sør i fylket. 

Fylkesmannen brukar Regionalt Miljøprogram for å møte klimautfordringane for landbruket. Gjennom prosjektet Landfrag blir det sett søkelys på logistikk og eigedomsutfordring i ein klimakontekst. Landbruksavdelinga arbeider aktivt med tre som byggemateriale. Landbruksavdelinga er pådrivar for arbeidet med klima i alle organisasjonane som har oppgåver opp mot landbruket.

Fylkesmannen vil peike på at omsynet til klima ofte er i direkte motstrid med andre høgt prioriterte mål i samfunnet. Spissa innsats for å få ned utslepp av klimagassar er ikkje samanfallande med andre prioriterte innsatsområde som eksempelvis økologisk jordbruk, god dyrehelse, stor biodiversitet og landbruk over heile landet.

Ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp i sin klima- og energiplanlegging (temaplan eller integrert i andre planer)

Mange av kommunane i fylket har gamle klima- og energiplanar som ikkje har blitt tatt i bruk, og som vi no reknar som utdaterte. Sjølv om desse planane for så vidt hadde ambisiøse mål, var desse ikkje forankra i kommunen. Vi har derfor ikkje teke slike mål med i berekninga for 2019. Vi har eit par kommunar som no har satt ambisiøse mål forankra i toppleiinga og av politikarane. Det er berre desse vi har rekna med i rapporteringa. Talet kan vere noko høgare, med dette er dei vi veit om. Vi venter eit heilt anna resultat på dette området i løpet av 2020.

Tiltak for reduksjon av klimagass (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har gjennomført tiltak for reduksjon av klimagassutslipp

Dei fleste kommunane har gjort små tiltak for å redusere klimagassutslepp. Dette gjeld typisk innkjøp av el-bilar, oppretting av ladestasjonar, miljøvennleg innkjøp, bygg i massivtre og energisparing. Vi reknar med at om lag 50 % har gjort konkrete tiltak i 2019, men vi har ikkje den totale oversikta. Vi treng større, meir omfattande prosjekt som gir større reduksjonar i utsleppa.

Alle kommuner har mottatt bistand (fra kapittel 3.2.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har mottatt bistand

Fylkesmannen har gitt bistand til seks kommunar på Sunnmøre og sju kommunar på Nordmøre gjennom deltaking i klimanettverk. I tillegg har vi støtta prosjekt med felles planstrategi og felles samfunnsplanlegging for åtte kommunar på Nordmøre (Orkide), og kopla dette prosjektet til klimanettverket for å sikre ivaretaking av klima inn i arbeidet. 

Vi svarar i tillegg kommunane når dei kontaktar oss med spørsmål og har lagt ut informasjon på heimesida, men dette har vi ikkje rekna inn i rapporteringa.

3.1.2.4 Andre oppdrag

Vi har nådd måla satt i TB for andre oppdrag for samfunnstryggleik og beredskap. 

  • Fylkesmannen evaluerer etter hendingar og øvingar, og vi tek initiativ til felles evalueringar der dette er naudsynt.
  • Vi har støtta Sivilforsvaret i deira arbeid med sonekonseptet.


3.1.2.5 Tilrettelegge for et godt sivilt-militært arbeid

Fylkesmannen har tett og god kontakt med Forsvaret/Heimevernet, gjennom fleire samarbeidsfora:

- Fylkesmannen i Møre og Romsdal og Fylkesmannen i Trøndelag veklsar på å vere vertskap for "Regionalt totalforsvarsmøte" for Midt-Norge (sivil-militært kontaktmøte). 

- Fylkesmannen i Møre og Romsdal er vertskap for regionalt tryggingsforum for Møre og Romsdal, der Politiet, PST og Forsvaret er med. I tillegg har Sivilforsvaret deltatt i møta siste året i samband med utvikling av sonekonseptet for Møre og Romsdal.

- Kvart år arrangerer Fylkesmannen fagsamling for beredskaps-medarbeidarar i kommunane, der HV-, politi- og sivilforsvarsdistriktet vert invitert til å delta. Her får dei samtidig moglegheit til å orientere kommunane om viktige tema frå eigen etat.

 - Fylkesberedskapsrådet er også ein slik møtearena som bidreg til å fremme det sivil-militære samarbeidet.

Utarbeidelse av felles plangrunnlag (fra kapittel 3.2.1.5.1.1 i TB)

Rapportere på

Utarbeide et felles plangrunnlag for å styrke det sivil-militære samarbeidet.

FylkesROS MR er frå 2017 og har fokus på kritisk infrastruktur og samfunnsfunksjonar, og konsekvensar for fylket ved utfall av desse. Forsvaret har vore involvert i arbeidet saman med t.d. andre aktørar i FBR. Denne oversikta fungerer som eit kunnskapsgrunnlag for beredskapsplanlegging.

Vi har i 2019 utvida vår FylkesROS med eit nytt tema - "FylkesROS EKOM" - i samarbeid med bl.a. forsvaret.

Videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner (fra kapittel 3.2.1.5.1.2 i TB)

Rapportere på

I tråd med sentrale føringer videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner nasjonalt, regionalt og lokalt.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal utarbeida i samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag den sivile delen av vertlandsstøttekonseptet med bakgrunn fra bla. erfaringene fra Øvelse Trident Juncture i 2018.

Dette i tillegg til arbeidet med nytt tema til FylkesROS og nær kontakt med Forsvaret og medlemmane i Fylkesberedskapsrådet gir eit godt grunnlag for videreutviklinga av Totalforsvaret. 

Fylkesberedskapsrådet er vår viktigaste arena for å arbeide med våre regionale samarbeidspartar, og i våre møter har totalforsvarsarbeidet, og robustheit i kritiske samfunnsfunksjonar vore tema dei siste åra.

Vi har òg gjennom vårt tette samarbeid med Politi, PST og Forsvar hatt auka fokus på totalforsvarsarbeidet gjennom vårt regionale tryggingsforum som har møte to gonger i året. 

Totalforsvarskonseptet er hovudtema i våre sivil-militære møter for Midt Norge. I 2019 var vi (FMMR) arrangør, og vi la møtet til Bodø slik at vi fekk anledning å besøke forsvarets operative hovudkvarter. DSB deltok i møtet og orienterte om status og det vidare arbeidet med totalforsvarskonseptet på regionalt og lokalt nivå. Dette var svært nyttig, og gjer oss betre kjent med forsvaret frå sivil side.

Vi har delteke i ei arbeidsgruppa på tvers av embeta, som har arbeidt med underliggjande planverk til SBS for fylkesmennene. 

Totalforsvaret har vore eit viktig tema i dialogen vår med kommunane.



3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

I klagesaksbehandlinga etter plan- og bygningsloven når vi ikkje målet om saksbehandlingstid. Dette beror i hovudsak på redusert bemanning på området, som følgje av at erfarne saksbehandlarar anten har slutta eller vore ute i permisjon. Sjølv om relativt mange saker har gått ut over fastsett saksbehandlingstid, har det likevel ikkje vore tale om lange fristoverskridingar. Vi har difor ei målsetting om å jobbe ned saksbehandlingstida når vi er fullt bemanna på området igjen. Det sentrale fokus for oss er likevel kvalitet og å ivareta rettstryggleiken på området.

På verjemål når vi ein del delmål. Men vi når ikkje målet om sakshandsamingstid for opprett verjemål og handsaming av klager. Dette skuldast i hovudsak at fleire sentrale og erfarne tilsette er ute i permisjon. Vi har heller ikkje kapasitet til å veilede og følgje opp alle verjene på ønska måte.

Gjennom arbeidet med tilsynskalender har vi kome tettare på andre regionale statsorgan som gjennomfører tilsyn med kommunane, samt dei kommunale kontrollorgana. Dette har gitt oss ein arena for utveksling av informasjon som vil kunne medføre betre oppfølging og effekt i etterkant av tilsyn. Det å få ein betre forståelse for kvarandre sine roller og oppgåver har vore spesielt nyttig og gjer auka moglegheit for å kunne sjå på korleis vi føljer opp utfordringer på tvers av ulike fagområde.

På forureining har vi i tillegg faste møtepunkt med dei andre HMS-etatane og der vi utveksler informasjon i saker med særskilt oppfølging der dette er aktuelt. Vi har mest kontakt med Arbeidstilsynet og lokalt brann- og eltilsyn. 

Det har ikkje vore møte i Miljøforum i 2019 i Møre og Romsdal, men vi opplever likevel ein tettare kontakt med politiet i saker som krev ulovligheitsoppfølging. Vi har fått ein fast kontaktperson i politiet på miljøkrimsaker. 

Vi har tett og god kontakt med dei regionale SNO kontaktene og opplever at det er god utveksling av informasjon i saker som krev gjenoppretting eller anna ulovlighetsoppfølging. Dei lokale SNO kontaktene gjer oss ein moglegheit til å følge opp raskare lokalt og dei er og flinke til å rapportere inn tips om funn som krev oppfølging frå oss. Bestillingsdialogen er ein nyttig møteplass der vi kan diskuterer felles utfordringar og dele erfaringar med oppsyn og ulovlighetsoppfølging.

Vi brukar mykje ressursar på rettleiing av kommunar, gjennom innlegg på konferansar, besøk i kommunane og telefonrettleiing. 

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Vi har i 2019 gjennomført tilsyn i to kommunar.  Det er kommunane Tingvoll og Smøla og tilsyna er gjennomført som stadlege tilsyn.  Tilsynstema var i samsvar med IMDI sin tilsynsinstruks "individuell plan for deltakelse i introduksjonsprogrammet", jf. introduksjonslova § 6 og § 19, første ledd.

I Smøla kommune vart det ikkje avdekka lovbrot, medan det i Tingvoll vart avdekka lovbrot.

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Vi har i 2019 ikkje greidd resultatmålet om at alle klagesaker skal vere behandla innan 12 veker. Totalt har vi behandla 134 klager i byggesaker i denne perioden, der 79 vart behandla innanfor fristen. Av dei sakene som har gått over fristen har overskridinga i snitt vore på 15 dagar, og det er såleis tale om ei relativt avgrensa fristoverskriding. Vi har hatt ein nedgang i saker som behandla innanfor 12-vekersfristen samanlikna med 2018. Dette beror i hovudsak på redusert bemanning på området, som følgje av at erfarne saksbehandlarar anten har slutta eller vore ute i permisjon.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Vi har i 2019 behandla 13 byggesaker der det har vore gitt utsett iverksetting. I 10 av sakene har vi ikkje greidd å overhalde fristen på 6 veker. I snitt har fristoverskridinga vore på 12 dagar, slik at desse sakene likevel har fått ei raskare behandling enn ordinære byggesaker.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Vi har i 2019 ikkje greidd resultatmålet om at alle klagesaker skal vere behandla innan 12 veker. Totalt har vi behandla 24 klagesaker på reguleringsplan i denne perioden, der 10 vart behandla innanfor fristen. Av dei sakene som har gått over fristen har overskridinga i snitt vore på 15 dagar, og det er såleis tale om ei relativt avgrensa fristoverskriding. Vi har hatt ein nedgang i saker som behandla innanfor 12-vekersfristen samanlikna med 2018. Dette beror i hovudsak på redusert bemanning på området, som følgje av at erfarne saksbehandlarar anten har slutta eller vore ute i permisjon.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi har hatt to saker om oreigning til behandling som førsteinstans i 2019. Begge sakene gjaldt søknad om forhåndstiltredelse.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi har i 2019 behandla ein klagesak om oreigning etter plan- og bygningsloven.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Vi har fulgt plan for risikobasert kontroll av kommunane og gjennomført forvaltningskontroll i 9 kommunar. Elles har vi gjennomført fleire fagsamlingar for kommunane og har løpande fokus på rettleiing innan alle fagområder. Elles handsamar vi saker som førsteinstans og klageinstans innan rimeleg tid. Vi meiner vi oppfyller lov- og tilskotsforvaltning både effektivt og korrekt.

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan

Forvaltningskontrollane for 2019 blei gjennomført i tråd med risikobasert kontrollplan. Vi gjennomførte forvaltningskontroll med 9 av 36 kommunar der vi testa ut ein ny metode med eigenkontroll og erfaringskonferansar. Vi vil teste ut den nye metoden vidare i 2020. Avvik og merknader er fulgt opp 100 prosent. Elles har vi som planlagt jobba mykje med ei større driftsfellesskapssak som blir avslutta i 2020. Veterinære reiser er kontrollert i tråd med krava.  

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Fylkesmannen har gjennomført forvaltningskontroll i meir enn 20% av kommunane, i samsvar med oppdraget

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Alle avvik er fulgt opp 100 %. 

Kontroll av veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk (fra kapittel 3.3.1.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert kontroll av minst 5% av søknadene om tilskudd til veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk for hver søknadsomgang. 

I løpet av 2018 var alle veterinærer kontrollert, og derfor vart det fortløpande kontroll etter kvart som dei sende inn på dei samme forholda som tidligere. 

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Tiltak er sentralt for utøvinga av fylkesmannsrolla, og i tider kor kommunane har stadig strammare økonomiske rammer, og må kutte i tenestetilbodet til sine innbyggjarar, er fylkesmannens si rolle med tilsyn særs viktig for rettstryggleiken. Det kjem mellom anna fram frå innbyggjarar og kommunestyrerepresentantar. 

Med restansar på fleire fagområder har vi i 2019 prioritert saker som gjaldt rettstryggleiken til den einskilde innbyggar.

Nav-saka om norsk regelverk i strid med EØS-rett og EMD-dommane som gjeld barnevern, har ført til tillitsutfordringar for forvaltninga. 

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn (fra kapittel 3.3.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn med tilbud om tilsynssamtale. Barnet kan kontaktes i forkant eller under fylkesmannens tilsynsbesøk. Dersom barnet ikke var tilstede under tilsynsbesøket, skal fylkesmannen i etterkant kontakte barnet med tilbud om samtale.

På meldte tilsyn tar fylkesmannen i forkant av tilsynet kontakt gjennom SMS med det einskilde barnet.  Vi gir tilbod om samtale per telefon til dei barna og ungdommane som kkje var tilstades under tilsynsbesøket.  Avstandane i fylket gjer at vi må nytte telefon når vi gir nytt tilbod til dei som ikkje er tilstades.

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det. (fra kapittel 3.3.1.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det.


Vi besøker alltid institusjonane når barna etter planane skal vera til stades. Vi legg stor vekt på at alle som er der skal få tilbod om samtale. I 2019 har vi kontakta alle barn på SMS før dei meldte tilsynsbesøka. Det er likevel alltid nokre barn som av ulike grunnar ikkje er i institusjonen når tilsynet blir gjennomført. Dette er årsaka til at færre barn enn dei som faktisk bur på institusjonen på tilsynstidspunktet har fått tilbod om samtale. Både institusjonane og barna er informert om at Fylkesmannen kan kontaktast for samtale utanom tilsynsbesøka. Dersom det er barn som har flytta inn sidan siste tilsyn, tek vi alltid kontakt og gjev minimumsinformasjon om tilsynet sjølv om dei ikkje ønskjer å ha samtale med oss.   

I 2019 har vi snakka med 44 barn. Dette var 87 % av dei barna som var til stades da tilsynet vart gjennomført - jfr. data i NESTOR.

 

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker HOD (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.


Barnevern: 12 avslutta saker. Median saksbehandlingstid var 10,6 måneder 

Helse: Inn 208 saker og ut 182 saker. Median saksbehandlingstid var 8,5 måneder

Omsorg: Inn 0 saker og ut 2 saker. Median saksbehandlingstid var 14,3 måneder




Median saksbehandlingstid for tilsynssaker ASD (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

i 2019 hadde vi ei registert tilssynssak NESTOR. Denne tok 1 år å avslutte sjølv om det i nestor står 7,2 mnd. Dette skuldast at vårt varsel ikkje blei fanga opp av kommunen og at dei trengte tid på å finne ei løysing på midlertidig bustad etter § 27

Avslutning av klagesaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

Sosialklager: 87 saker blei avslutta i 2019 og 94% innanfor 3 mnd

Helsesaker: 267 saker ble avsluttet i 2019 og 92% var innenfor 3 måneder.

Omsorgssaker: 56 saker ble avsluttet i 2019 og 23% var innenfor 3 måneder


Andel vedtak om bruk av tvang og makt (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

Vi har i fleire år hatt utfordringar med å handsame desse sakene innan 3 månadar og fleire tiltak har vore forsøkt for å redusere sakshandsamingstida.

Det vart frå september 2019 engasjert to ekstra sakshandsamarar for 6 månader, samtidig som det vart sett på ulike tiltak for å forenkle sakshandsaminga på området. Vi klarte likevel ikkje å nå målet om å handsame minst  90% av sakene innan 3 månader innan årskiftet. Avdelinga har no fått budsjettmidlar slik at det skal bli lyst ut ei fast stilling knytt til området og det forventast at den er på plass innan august 2020.  

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

Handsaming av søknader om dispensasjon fra utdanningskravet blir for det oftaste gjort saman med overprøving av kommunen sitt vedtak. Når det gjeld søknader som kjem til handsaming utanom overprøvingane blir dei som hovedregel handsama innan ein månad.

Avslutning av klager på tvang i barnevernsinstitusjoner og omsorgssentre (fra kapittel 3.3.1.3.3.6 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klager på tvang i barnevernsinstitusjoner og omsorgssentre: Minst 90 % innen 1 måned.

Femten saker  er behandla i 2019. Av desse sakene er berre ei sak behandla innan ein månad. Median saksbehandlingstid var 3 månader.

 I 2019 har vi prioritert institusjonstilsyn.  Det har mellom anna medført alt for lang saksbehandlingstid på andre område innan barnevern.

Resultatmål FMMR og FMNO (fra kapittel 3.3.1.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 170 poeng

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennomført systemrevisjon i Averøy kommune når det gjeld tvungen somatisk helsehjelp. Lovbrot blei avdekt og kommunen har no retta dei. Vi gjennomførte også fire umelde tilsyn i 2019 med same tema (Stranda, Hareid, Haram, Sykkylven). Det blei avdekt lovbrot i alle dei fire kommunane og lovbrota er til no retta i tre av kommunane. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 hatt fokus også på å dele kunnskapen frå tilsyna i anna forum slik som demenskonferanse, kurs for LIS1 legar/turnusfysioterapeutar og anna opplæringstiltak.

Vidare vart det gjennomført tilsyn med helse- og omsorgstenester til barn i avlastning i Sande kommune der det vart avdekt lovbrot. Det er også gjennomført tilsyn med helse- og omsorgstenestene til personar som har ei utviklingshemming i Stranda kommune og med helsetjenestene til same målgruppe i Vestnes kommune. Endelig rapport vart ikkje ferdig i 2019 for dei to siste tilsyna.  På bakgrunn av erfaringar frå tilsyn med helse- og omsorgstenester dei siste åra vart det hausten 2019 arrangert ein fagdag om helsetenester til personar med utviklingshemming og barn i avlasting.

Fylkesmannen har i 2018/2019 arbeidd med metodeutvikling innan tilsyn. I 2019 vart det gjennomført tilsyn med to kommunar basert på enkeltsaker. I det eine tilsynet var sikring av tenestene i eit BPA-tiltak tema, i den andre var hovudtema sikring av forsvarleg tenesteyting til heimebuande barn. I begge desse tilsyna vart det avdekt lovbrot. 

Fylkesmannen har og i 2019 gjennomført tilsyn med miljøretta helsevern i skular og barnehagar i tre kommunar (Sunndal, Gjemnes og Ålesund kommune). Tilsynet var landsomfattande. Det blei avdekt lovbrot i samlege tilsyn. Endeleg rapport frå tilsyna blei ikkje ferdige i 2019, og blei sendt ut i slutten av januar 2020.


Fylkesmannen hadde planlagt systemrevisjoner i Giske og Vestnes kommune. Førstnevnte tilsyn måtte prioriterast vekk på grunn av interne forhold hos Fylkesmannen, mens tilsynet i Vestnes gjekk ut som følge av særlege forhold i kommunen.  


Resultatmål FMRO, FMMR og FMNO (fra kapittel 3.3.1.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 40 poeng


Fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal og Trøndelag har arrangert og gjennomført årleg møte med det regionale helseføretaket i Helse Midt-Norge, der vi drøfta erfaringar frå klage- og tilsynsaktivitet i regionen og status i helseføretaka. Hausten 2019 vart det også gjennomført møte med internrevisjonen i Helse Midt-Norge. Vi tel 3 poeng for dette. Fylkesmannsembeta i Møre og Romsdal og Trøndelag har også saman arrangert årleg tilsynsseminar over to dagar i Trondheim. Temaet var tilsyn med spesialisthelsetenesta og særskilt om effekten av tilsyn. FMMR var medverkande i planlegginga og gjennomføringa og tel 5 poeng for dette.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag gjennomført systemrevisjon ved St. Olavs hospital HF som del av det landsomfattande tilsynet i spesialisthelsetenesta om utlokaliserte pasientar. Endeleg rapport var ferdigstilt i desember 2019 og det vart avdekka lovbrot. Oppfølgingsarbeid av verksemda vil halde fram i 2020. FMMR si deltaking i det landsomfattande tilsynet gir 5 poeng, då hovudtyngda i gjennomføringa låg til FMTR.

Omfanget av hendingsbaserte tilsynssaker er stadig aukande. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i år kunne telle til saman 15 poeng på ekstraordinært omfangsrike tilsynssaker frå spesialisthelsetenesta, inkludert eigenvurderingar/hendingsanalysar som er gjort i helseføretaket med oppfølging av Fylkesmannen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har planlagt og gjennomført samarbeidsmøte med kontrollkommisjonane i fylket delvis saman med  Klinikk for psykisk helsevern og rus v/Helse Møre og Romsdal HF. Vi ser at vi har ein del hendelsesbaserte tilsynssaker på  området og har prioritert å ha eit årleg møte for å kunne ta opp viktige tema og for å få til god samordning av rutiner. Vi tel 5 poeng for dette.

Gjennom om lag tre år har Fylkesmannen i Møre og Romsdal gjennomført ulike oppfølgingstiltak som gjeld tvangsbruken i Helse Møre og Romsdal HF. Teamet er diskutert med leiinga i lokalt og regionalt helseføretak, og Fylkesmannen har bistått i arbeidet med å utvikle rutiner/sjekklister for handsaming av klage på medikamentelle tvangsvedtak. Temaet har også vore inkludert på ulike arenaer i fylket, mellom anna på legemøter og turnuskursmøter. Talmateriale frå helseføretaket syner ein generell nedgang i tvangsbruken i fylket, særskilt for bruken av mekaniske tvangsmidlar, medan bruken av skjerming aukar. Fylkesmannen tel 3 poeng for oppfølginga, og reknar denne for avslutta i fyrste halvdel av 2019.

Samla sett har Fylkesmannen i Møre og Romsdal 36 poeng av 40 planlagde.

Det landsomfattande tilsynet om utlokaliserte pasientar skulle også gjennomførast i Helse Møre og Romsdal HF, som fekk varslingsbrev om å utføre eigenvurdering den 01.03.2019. Då resultata frå eigenvurderinga låg føre vart det klart at tilsynet ikkje kunne gjennomførast i Helse Møre og Romsdal HF eller i Helse Nord-Trøndelag HF. Eigenvurderinga synte at tilsynstemaet var aktuelt for så få pasientar i desse helseføretaka at det ikkje var rekna som føremålstenleg å gjennomføre tilsyn der. Etter planen skulle det gjennomførast to systemrevisjonar innanfor dette tilsynstemaet i Møre og Romsdal, og måloppnåinga for Fylkesmannen i Møre og Romsdal er difor redusert som følgje av dette. Det var ikkje tid til å planlegge og varsle erstatningstilsyn i fylket i 2019; dette vert gjort i 2020.   

Resultatmål FMMR og FMNO (fra kapittel 3.3.1.3.6.7 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 60 poeng

Vi hadde planlagt og var godt i gang med systemrevisjon i 3 NAV kontor. 2 av tilsyna måtte avlysast pga sjukdom i teamet. Det 3. tilsynet vart gjennomført på høsten. Det var i Molde kommune. 

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lovkrav (fra kapittel 3.3.1.3.7.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Tvungen somatisk helsehjelp
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennomført systemrevisjon i Averøy kommune når det gjelder tvungen somatisk helsehjelp. Lovbrot vart avdekt og kommunen har retta opp og tilsynet er avslutta. Vi gjennomførte og tre umeldte tilsyn i 2019 med same tema (Stranda, Hareid, Haram, Sykkylven). Det vart avdekt lovbrot i alle dei fire kommunane og lovbrota er til no retta i tre av kommunane.


Når det gjeld tilsyn gjennomført før 2019 er det ulike årsakar til at dei ikkje er avslutta. I enkelte av desse tilsyna er det tett oppfølging av kommunen i form av månadleg dialog, i andre rettleiing ved behov. Fylkesmannen har og gjennomført kartlegging av status i eit av tilsyna.  I to av tilsyna er det bygningsmessige forhold som kommunen ønskjer å endre og som gjer at det tek tid før tilsyna kan avsluttast. 

3.1.3.4 Andre oppdrag

Ikke noe å legge til utover det som er skrevet andre steder i årsrapporten

3.1.3.5 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 hatt fokus på å sikre at medråderetten vert ivareteke. Dette vert gjort gjennom brei innhenting av informasjon i saka, frå vedkomande sjølv, pårørande og apparatet rundt (kommunen osv.), samt rettleiing av verjene. Tilsette hjå Fylkesmannen har delteke på opplæring i samtalemetodikk, det same kurset har vore gjennomført for dei faste verjene i fylket. Det er også sett fokus på utarbeiding av gode rutinebeskrivingar og malar. Det er gjennomført tilsyn med fleire faste verjer, oftast med fokus på korleis personlege interesser vert teke hand om. Alle desse tiltaka har auka rettstryggleiken. Vi ser framleis at det er trong for ei tettare oppfølging av verjene, slik at dei forstår rollen sin betre og praktiserer oppdraget i tråd med lova. Satsane for verjegodtgjering er også til hinder for at vi får rekruttert dei beste verjene. 

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 hatt fokus på at vedtak om oppretting av verjemål skal vere basert på grundige vurderingar og nok opplysingar. Dette inneber at det brukast mykje tid på å innhente informasjon frå vedkomande sjølv, pårørande og øvrig apparat rundt vedkomande. Dette for å få nok informasjon om reell vilje og behov for verjemål/omfang. Dette tek tid. I tillegg er fleire sentrale og erfarne tilsette ute i permisjon, noko som også er med på å påverke sakshandsamingstida.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Målet er nådd. 85 % av vedtaka er fatta innan 20 dagar.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Også i 2019 vart resultatmåla for verjegodtgjering nådd. 
Utfordringane på området er fremleis knytt til at det er stor saksmengde og varierande kvalitet på søknadane som kjem inn. Godtgjeringssakene kjem ofte inn i store bolkar og i samband med årsskiftet, og ved avvikling av feriar har ein mottatt særs store saksmengder. Arbeidet med godtgjeringssakene er og ufordrande då regelverket ikkje er justert etter at vergemålslova og forskrifta trådte i kraft 1. juli 2013. Retningslinjene på området er heller ikke revidert og justert i tråd med forvaltningspraksisen som har utvikla seg. Det er framleis utfordrane for både faste verjer og alminnelege verjer å skille mellom rettsleg og praktisk bistand og det vert mange klagesaker på området. Ei anna utfordring er og honoreringa til advokatverjer. Dei tidlegare overformynderia i byane i  fylket har nytta mange advokater  som verje, og det har vore og er utfordrande å finne gode løysningar for honorering, og kva slags arbeid det er rimeleg at advokatverjene gjer. Gjennomgangen av alle advokatoppdraga er ikkje endeleg avslutta men pågåande. Vi ser at vi framleis har og vil ha, behov for å nytte advokater i dette arbeidet av ulike årsaker. Dette gjeld både midlertidige verjeoppdrag knytt til skiftesaker og ulike problemstillingar som krev juridisk kompetanse, samt "utfordrande" oppdrag knytt til rus og psykiatri.

Frå juni 2019 har vi hatt en ferdig utdannet jusstudent fra Polen via Erasmus ordningen, til å jobbe i all hovedsak med verjegodtgjering. Ho har no eit 6 mnd. engasjement og trass stor arbeidsmengde greier vi å halde sakshandsamingskrava.   

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 60 dager.

Det har vore ei utfordring å nå dette målet i 2019. To sentrale juristar er ute fødselspermisjon (og har vore litt sjukemeldt i samband med dette). Desse har vorte erstatta av vikarar, men det tek noko tid før desse har fått opplæring etc. Det er til vanleg tre juristar som arbeider med klagesaker, så når to av dei går ut, påverker dette sakshandsamingstida.

Vergeregnskapskontroll (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen. I tillegg skal alle regnskap hvor fylkesmannen har pålagt utvidet regnskapsplikt, kontrolleres.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har gjennomført alle verjeregnskap i sentralt uttrekk innan fristen. Når det gjeld regnskap kor Fylkesmannen har pålagt utvida regnskapsplikt, så har vi kun kontrollert nokre få av desse. Det er imidlertid sikra at vi har fått inn alle regnskap på listene frå SRF. Men vi har avdekka at det har vore svikt i rutiner når det gjeld registrering av slike saker. Det jobbast no med å betre rutinene i slike saker, slik at ein sikrar at alle saker med utvida regnskapsplikt er registrert i VERA og at desse vert kontrollert kvart år.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 65 %.

I forhold til tal frå Altinn vart totalt 55% av verjerekneskapa levert digitalt til Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2019. Vi sendte ut informasjon om digital innsending og oppskrift på dette saman med regnskapsbrevet. Vi har også stort fokus på dette med digital innsending av regnskap og andre dokument, både ved opplæring av nye verjer og i vedtak og informasjon som sendast ut. 

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 40 %

62 % av søknadene om godtgjering kom inn digitalt i 2019, 60 % av søknadene om fylkesmannens samtykke kom inn digitalt.

3.1.3.6 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Sjølvråderett har vore eit sentralt tema i både kurs for faste verjer og i tilsyn med verjer på det personlege området, og det har auka fokuset på dette blant verjene. Vi bruker ressursar på å innhente opplysinger frå pårørande og helsepersonell for å kartlegge og individtilpasse verjemåla. Denne kontakten medfører anten at vi ser at det ikkje er behov for verjemål, eller at verjemåla vert godt tilpassa den enkelte verjehavar.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Når et vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Samtalar med personen sjølv, pårørande og andre instansar før vedtak har betra tilpassinga av verjemålet.  Auka informasjon om pårørande sine rettar etter helselovgivninga og mogelegheita for bruk av ordinære fullmakter, framtidsfullmakt og legalfullmakt har gjort at ein i mange saker har avgrensa mandatet.  

3.1.3.7 Barnehagemyndigheter, barnehageeiere og skoleeiere forstår, formidler og etterlever regelverket

Fylkesmannen arbeider målretta for at all vurdering av oppfølging og val av verkemiddel skal vere basert på kunnskap om tilstanden på rettsikkerheitsområda. Dette gjer vi gjennom risiko- og sårbarheitsanalyser som gjev oversikt over aktuelle risikoar og sårbarheiter. Dette gjev oss noko kunnskap om regeletterleving i sektoren. Det gjev også grunnlag for å kunne sette inn rett tiltak til rett tid og ei betre oversikt over om kommunane etterlever regelverket. Vi bruker tilsyn som verkemiddel der risikovurderingene tilseier det. Vi meiner å bidra til betre forståing av og kompetanseheving knytt til regelverket gjennom rettleiing, møte og nettverksamlingar med sektoren. Som døme på dette har vi arrangert fagdag om vurdering, konferanse for barnehagefeltet og fagdag om fagfornying.

Sektorkunnskap ligger til grunn for vurdering av oppfølging og virkemiddel (fra kapittel 3.3.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Kunnskap om tilstanden i sektor på rettsikkerhetsområdet skal ligge til grunn for alle vurderinger av oppfølging og valg av virkemiddel

Vi følgjer med på tilstanden i sektor gjennom mellom anna systematisk innsamla talmateriale. Dette, saman med anna kunnskap om sektoren gjev grunnlag for å gjere ei heilskapleg vurdering av kva som kan vere passande oppfølgjing av kommunen. I denne vurderinga tek vi også omsyn til omfang av tiltak og kva område vi følgjer opp, slik at vi unngår for stor belastning på enkelte kommunar. Vi har enno noko å gå på i forhold til treffsikkerheit, men vi arbeider med å bli meir treffsikker og at omfanget ikkje skal vere større enn behovet. Sektorkunnskapen er også grunnlaget for å vurdere kva som kan vere riktig verkemiddel og kor vidt dette er egna for oppfølging av kommunen. Tilsyn er eit verkemiddel vi kan ta i bruk. Vi bruker aktivt felles tilsynskalender for betre samordning av tilsyn på ulike områder. Vi samordnar også tilsyn om det er behov for oppfølgjing som går på tvers av fagområder og avdelingar innad i embetet.

Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk (fra kapittel 3.3.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk

Alle som arbeider med 9A-saker er med i 9A-teamet. Teamet har jamlege møter. Rettleiaren blir nytta av alle saksbehandlarane og er gjennomgått i teamet. Malane våre er også justert slik at dei er i tråd med rettleiaren. Vi har ei eiga elektronisk mappe som inneheld flytskjema for saksbehandling, oversikt over meldingar og status i sakene, malar, rapporteringar om 9A til Udir, rettleiar, tolkingsuttaler frå KD og Udir, Udir sin rettleiar om bruk av barnekonvensjonen i saksbehandlinga og andre skriv som er relevante for arbeidet. Når ein ny medarbeidar skal starte med saksbehandling i 9A-saker, gjennomgår ein erfaren medarbeidar alt som ligg i denne mappa med den nye medarbeidaren. Vi vurderer det slik at rettleiaren er godt implementert hjå Fylkesmannen i Møre og Romsdal.  Vidare at dette har ein positiv effekt på kvaliteten i saksbehandlinga, gjennom omforent forståing og lik praksis.

Elever og foreldre skal regelmessig få informasjon om håndhevingsordningen (fra kapittel 3.3.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Elever og foreldre skal få regelmessig og oppdatert informasjon om håndhevingsordningen og meldeordningen

Vi har mykje informasjon om skolemiljø og korleis ein kan melde frå om sak på nettsida vår.  Vi både informerer om handhevingsordninga og meldeordninga og etterspør praksis i kommunane m.a. på regelmessige regionale dialogmøte med aktuelle aktørar i kommunane.  Dette meiner vi har effekt på den måten at det bidrar til at kommunen som skoleeigar igjen tar dette opp i sine aktuelle fora og dermed når elevar og foreldre.  Det blir også gitt rettleiing per telefon og e-post om ordningane.  Det er skrive kronikk som er publisert i ulike regionale og lokale aviser.  Vi samarbeider med mobbeombodet i fylket gjennom faste møte.  Mobbeombodet er invitert til våre møtearenaer for å informere og kommunisere om ordningane og om sitt arbeid.  Vi vurderer at dette samarbeidet påverkar samla effekt av arbeidet på området i positiv retning.

klagebehandling resultatmål (fra kapittel 3.3.3.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal sørge for å komme raskt i gang med behandlingen av saker etter § 9 A-6.

Vi har eigne rutiner som gjeld saksbehandling av 9A-saker. Ein saksbehandlar tar som oftast kontakt med meldar same dag eller dagen etter, seinast innan tre dagar. I samtalen vert det avklara om vi skal opne 9A-sak eller om meldar berre vil ha rettleiing i fyrste omgang. Dersom vi opnar 9A-sak, ringer vi rektor same dag eller dagen etter. Deretter sender vi ut brev til kommunen og anonymisert e-post til rektor same dag. Vi vurderer det slik at vi kjem raskt igang med saksbehandlinga i desse sakene.

FM skal bidra til kompetanse om trygt og godt skolemiljø (fra kapittel 3.3.3.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal jobbe forebyggende og systematisk slik at skoleeiere og skoleledere har kompetanse på hva som gir et trygt og godt skolemiljø.  

I starten av året inviterte vi alle kommunane til eit møte der vi tok opp ulike aktuelle tema. Vi delte fylket i fire regionar, og hadde eit møte med kvar region. På desse møta deltar både skoleeigarar og skoleleiarar. Eit av tema var skolemiljø. Vi gikk gjennom tal og delte våre erfaringar med håndhevingsordninga. I 9A-sakene ser vi at det er enkelte problemstillingar som går igjen i dei sakene som er vanskelege å løyse. Dette vart formidla til kommunane. Vi rettleia også om kva som ser ut til å vere suksessfaktorar i desse sakene.  Vi har m.a. hatt og har kommunar med i det samlingsbaserte tiltaket Inkluderande barnehage- og skolemiljø (IBSM) og vurderer det slik at dette gir god og viktig kompetanseheving til å skape trygge og gode skolar.  Kompetansen desse kommunane får blir delt gjennom erfaringsutveksling og framlegg på ulike møte og samlingar.  Slik kompetanseheving gjennom erfaringsdeling, kan vi bli endå betre til å utnytte systematisk.

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen (fra kapittel 3.3.3.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen på en god måte er redusert, som følge av at skolen har fått veiledning fra fylkesmannen

Etter to og eit halvt år med håndhevingsordninga, ser vi ei stor forbetring i skolane. Dei aller fleste skolane jobbar no i tråd med det nye regelverket som vart innført. Vi har ikkje færre saker i 2019 enn året før. Vi meiner likevel at skolane tek i vare elevar og foreldre betre no enn før. I mange av dei sakene vi hadde i 2019 var det mindre justeringar som skulle til for å oppfylle eleven sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. I dei foregåande åra hadde vi fleire døme på skolar som hadde ein lang veg å gå når det gjaldt å oppfylle elevane sin rett til eit trygt og godt skolemiljø. Vi snakkar med rektorane i alle sakene, og på bakgrunn av desse samtalane finn vi at det har skjedd ei endring i haldningane. I starten var det ein del rektorar og foreldre som brukte tid på å diskutere kva "mobbing" er. Vi opplever ikkje no lenger at rektorar avviser saker på bakgrunn av at eleven ikkje vert "mobba". Vi oppfattar det slik at heile sektoren no er godt kjent med at kriteriet for at det er ei sak om skolemiljø, er at eleven ikkje opplever å ha det trygt og godt på skolen - uavhengig av kva som er årsak til dette.  Vi vurderer det slik at vårt arbeid og vår rettleiing har bidratt til at elevar ogforeldre blir ivaretatt på ein betre måte no enn før og at arbeidet vårt allereie no har hatt effekt.

Negative tilbakemeldinger er redusert (fra kapittel 3.3.3.1.7.1 i TB)

Rapportere på

Negative tilbakemeldinger fra elever/foreldre på Fylkesmannens ivaretakelse er redusert

Behandling av 9A-saker kan ta litt tid, avhengig av saka sin karakter. Vi har derfor fokus på å ha tett dialog med dei som har meldt inn saka, slik at dei heile tida veit kor saka står. Vi meiner denne dialogen er ein viktig faktor for at dei skal kjenne at dei blir ivaretatt.. I 2019 hadde vi berre ei klage på vedtak. Utover dette har vi ikkje fått negative tilbakemeldingar frå foreldre/elevar.  Vi vurderer det slik at vår måte å kontinuerleg ha tett dialog med den/dei som har meldt inn saka, bidrar til at elevar og foreldre opplever å bli godt ivaretatt av fylkesmannen.

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil eller saksbehandlingsfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

I møta med regionane i starten av 2019, hadde vi forvaltningskompetanse som tema. Vi gikk gjennom krava og viste døme på feil som går igjen i klagesaker. Vi meiner dette er eigna til å forbetre kommunane si saksbehandling og at det har effekt når det gjeld å redusere saksbehandlingsfeil hos skoleeigar.  Også gjennom klagesaksbehandling og tilsyn, legg vi vekt på å skrive og formulere oss slik at det kan bidra til betre forståing og kompetanseheving.

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.2 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

I møta med regionane i starten av 2019, hadde vi forvaltningskompetanse som tema. Vi gikk gjennom krava og viste døme på feil som går igjen i klagesaker. Vi meiner dette er eigna til å forbetre kommunane si saksbehandling og at det har effekt når det gjeld å redusere saksbehandlingsfeil hos barnehageeigar.  Også gjennom klagesaksbehandling, veiledning og tilsyn, legg vi vekt på å skrive og formulere oss slik at det kan bidra til betre forståing og kompetanseheving.  Vi vurderer det slik at dette er eit viktig, kontinuerleg arbeid.

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.3 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

I 2019 har vi revidert malane for vedtak på ulike område og brukt tid på å diskutere innhald og bruk av malar.  Vi les også sakene til kvarandre og meiner vi både hevar kompetansen og får ein meir omforente praksis gjennom det.  Dette meiner vi er med på å redusere eigne saksbehandlingsfeil og vår eigen rettsanvendelse. Vi har og auka andelen juristar på avdelinga, noko som også kan bidra til å redusere saksbehandlingsfeil.

Vedtak som er tilpasset mottakeren har økt (fra kapittel 3.3.3.1.9.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak er skrevet med klart språk og tilpasset mottakeren.

Malane våre er reviderte i 2019. Vi har fokus på klart språk, diskuterer formuleringar og nyttar i liten grad faguttrykk og juridisk språk. I dei tilfella vi finn det nødvendig å nytte det, forklarer vi kva det inneber. Etter at klart språk var tema på tilynssamling, har vi hatt dette oppe som tema på avdelingsmøte og ma.a. vist døme på klart og tydeleg språk i brev og rapportar. Vi har ikkje fått tilbakemeldingar frå foreldre/elevar eller frå sektoren om at det er vanskeleg å forstå det vi skriv.  Vi vurderer vi det slik at vi er på rett veg når det gjeld å skrive slik at mottakaren forstår innhaldet.  Det at vi har fokus på korleis vi skriv og korleis vi bygg opp malane våre, og at vi lærer av kvarandre ved gjennomlesing av kvarandre sine vedtak, vurderer vi å ha hatt positiv effekt.

Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018 (fra kapittel 3.3.3.1.10.1 i TB)

Rapportere på

Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ført fleire tilsyn i 2019 enn i 2018. Ein del av tilsyna er omfattande, slik som i 2018. I tillegg har vi ført ein del avgrensa tilsyn når det gjeld lærarnorma. I desse tilsyna er det ikkje utarbeidd rapportar, men vi har varsla pålegg om retting i form av brev. Vi har mindre omfang av tilsyn når det gjeld barnehageområdet i 2019. Grunnen til dette er at vi ikkje fekk ferdigstilt den førebelse rapporten i eit omfattande tilsyn før årsskiftet, men like etter. Dette tilsynet må derfor rapporterast inn i årsrapporten for 2020. Vi vil såleis få eit desto større omfang av tilsyn etter barnehagelova i 2020.

I nokre tilsyn har vi ut i frå ei risikovurdering valt berre å føre tilsyn med enkelte deltema.

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT (fra kapittel 3.3.3.1.10.2 i TB)

Rapportere på

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT og nasjonal tilsynssatsning på barnehageområdet


Alle våre tilsynsrapportar både på barnehage- og skoleområdet i 2019 gjaldt FNT. Vi varsla pålegg om retting til fleire kommunar når det gjaldt lærarnorm, men her vart det ikkje utarbeidd rapportar. Tilsynet med lærarnorm er ikkje FNT.

Tilsyn uten avdekkede brudd skal reduseres (fra kapittel 3.3.3.1.11.1 i TB)

Rapportere på

Tilsyn uten avdekkede brudd på regelverk skal reduseres sammenliknet med 2018

I 2018 hadde vi eit tilsyn utan avdekte brot på regelverket. Det same hadde vi i 2019. Vi valde å opne tilsyn med skulemiljø på Spjelkavik ungdomsskule i Ålesund kommune på bakgrunn av bekymringsmeldingar frå føresette ved skulen og negative artiklar om skulen i lokalavisa. Skulen visste om tilsynet i god tid før vi kom, og hadde såleis tid til å forbetre arbeidet med skulemiljøet før tilsynet. Vi meiner det var rett å undersøke forholda på skulen på bakgrunn av mykje uro kring forholda på skulen.

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger (fra kapittel 3.3.3.1.11.3 i TB)

Rapportere på

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har oppnådd ei vesentleg betring i måten vi gjer risikovurdering på gjennom vårt arbeid med utvikling av nasjonal tilsynskalender. Sidan 2018 har vi hatt ein prosjektleiar på korrdinering av tilsyn og utvikling av tilsynskalender. Internt i embetet har vi hatt fleire felles fagdager for alle som driv med tilsyn, kor nettopp risikovurdering har vore tema.

Vi opplever at krav om metodikk er ulik frå våre oppdragsgivarar, men at vi gjennom internt samordning no gjer risikovurderinga meir likt. Ei god risikovurdering skal vere slik at vi mest sannsynleg finn avvik dit vi kjem.

Dei risikovurderinger vi gjer tek utgangspunkt i analyser av data og statistikk fra offentlige kilder, men også informasjon vi har registrert ved henvendingar til Fylkesmannen.

Det er truleg meir å hente på å samordne/utveksle den beste praksisen av risikovurdering også mellom embeta.

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunen (fra kapittel 3.3.3.1.12.1 i TB)

Rapportere på

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunens behov

Vi erfarer at det er ulik kompetanse i kommunane.  Dette medfører at rettleiinga vår er ulik i forhold til behov og situasjon i den einskilde kommune.  Dette gjeld alle fagområda.  På bakgrunn av kjennskap til kommunane og informasjon og data gjennom ulike kjelder tilpassar vi vår rettleiing.  Dette er noko vi er bevisste på i vår risikovurdering som også fører til tilpassa rettleiing.  Rettleiinga foregår på ulike måtar.  Vi har faste, regelmessige møte og samlingar og kontakt via telefon og e-post.  Vi har og møte med einskildkommunar der tema er valgt med utgangspunkt i kommunen sine behov.  Behova kan og vere definert av kommunen sjølv.  Skypemøte blir også nytta når vi finn det hensiktsmessig.

3.1.3.8 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med bosetting og integrering

I samband med den store flyktningsstraumen hausten 2015 valgte Fylkesmannen å prioritere ein stillingsressurs knytt til arbeidet med å samordne innsatsen på området frå våren 2016. Denne situasjonen er i stor grad endra og rollen opphøyrer frå 1. mars 2020. I samband med regionreforma har Fylkeskommunen oppretta 2 stillingar knytt til busetning og integrering av flyktningar. Fylkesmannen har som mål å være ein konstuktiv samarbeidspartnar i dette arbeidet.

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.3.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

97 prosent var bosatt innan 6 månader, og 99 prosent innen 12 måneder.

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.3.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen tre måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting, eller innreisetillatelse er gitt: 50 %. 

52 prosent var bosatt innan tre månader etter at vedtak som dannar grunnlag for bosetting var gitt. 

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Barnehageeiere og skoleeiere har ansatte med kompetanse som fremmer utvikling, læring og trivsel tilpasset barn og unges behov

Fylkesmannen følgjer med og er pådrivar for å sikre at barnehage- og skoleeigarar har tilsette med kompetanse som fremmar utvikling, læring og trivsel tilpassa barna og unges behov. I ulik kontakt med barnehage- og skuleeigarar erfarer vi at kompetansen varierer.  Dette påverkar naturlegvis behovet for rettleiing og kvaliteten på det vi får tilsendt av dokumentasjon t.d. i samband med tilsyn. Strategiane for desentralisert kompetanseutvikling og regional kompetanseutvikling skal bidra til at kommunane og dei ikkje- kommunale barnehage- og skuleeigarane sjølve identifiserer behov for utvikling som fremmar utvikling, læring og trivsel. Samarbeidet med Universitets- og høgskulesektoren i dette arbeidet er både viktig og nødvendig.

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling som fører fram til omforente, langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak.

Møre og Romdsal sin modell for kompetanseutvikling består av eit samarbeidsforum på fylkesnivå, og regionale arbeidsgrupper i dei fire etablerte regionane i fylket. Samarbeidsforumet på fylkesnivå er  overordna og fylkesmannen koordinerer aktiviteten i dette forumet. Kvar einskilt region har si eiga regionale arbeidsgruppe der dei har utvikla langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak. Desse tiltaka tar utgangspunkt i lokale behov i den einskilte region. Tiltaka regionane gjennomfører er utarbeidd i samarbeid med UH, og er kunnskapsbaserte og langsiktige.

Møre og Romsdal sin modell fører til at ikkje alle regionane arbeider med dei same utviklingstiltaka, men tek utgangspunkt i dei lokale behova og variasjonane som er i fylket. Felles er at UH er involvert som samarbeidspartnar for alle dei fire regionane og har med det god oversikt over utviklingstiltaka i fylket. 

Vi vurderer det slik at vi er i gang med å få til god samhandling mellom partane i samarbeidsforumet, men vi skal sjå nærare på og vurdere m.a. mandat og etablering og utvikling av partnarskap mellom praksisfeltet og UH.  Det er og på nytt tatt tak i behovet for kartlegging og analyse av kompetansebehov for å sikre treffsikre tiltak.  Dette blir det arbeidd vidare med også samarbeidsforumet, og vil danne eit endå betre grunnlag for omforente, langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak.  

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 3.4.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling i sammenheng med eventuelle andre statlige ordninger til kvalitetsutvikling av skolene. 

Alle kommunane er med i desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Vi viser til modellen for kompetanseutvikling i Møre og Romsdal pkt. 3.4.1.1.1.

Det er fleire  kommunar som nyttar seg av andre statlege ordningar ut over desentralisert ordning for kompetanseutvikling. Dette er ordningar som; oppfølgingsordninga/rettleiarkorps, inkluderande barnehage- og skulemiljø, kompetanse for kvalitet m.m.

Fleire av desse tiltaka er det kommunane sjølve som har teke initiativ til å delta i. I vårt koordineringsarbeid og i samarbeid med kommunane, legg vi til rette for å styrke arbeidet og å sjå dette i samanheng med desentralisert kompetanseutvikling.  Slik vi vurderer det er skoleeigarane i gang med å planlegge og diskutere korleis satsingar og desentralisert ordning kan sjåast i samanheng, men vi kan førebels ikkje vise til konkret effekt av dette.

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak med sikte på kvalitetsforbedring.


Møre og Romsdal har to kommunar som er omfatta av oppfølgingsordninga. Den eine kommunen har fått utvida oppfølgingsperiode fram til juni 2020, og den andre kommunen har deltatt i ca. 6 månederer. Begge kommunane har bistand frå rettleiarkorps.

Hovedtiltaket som den eine kommunen har sett i gang er å betre psykisk helse for barn og unge i skulen. Dette tiltaket er basert på data fra Ung-Data undersøkelsen, og hovedmålet er at det vil føre til betre skuleprestasjonar. For at ein skal sjå samanheng over tid har kommunen og teke med barnehagane i dette arbeidet. Dette har ført til at kommunen, skulane og barnehagane har utvikla planar for korleis ein skal arbeide med dette temaet, og utvikla felles forståing rundt dette arbeidet.


For skulane sin del har dette tiltaket og ført til at ein arbeider betre i lag og samarbeider betre med kvarandre. Dette har vore ei klar kvalitetsforbetring på kort sikt, sjølv om ein ikkje ser resultata på elevnivå enno.

Den andre kommunen har starta sin rettleiingsperiode, men har tiltak knytt opp mot Dovre-modellen for tidleg innsats og styrkebasert leiing. Dei ser og denne "leiarsatsinga" i forhold til arbeidet med desentralisert ordning for sin "region". 

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Forutan evaluering av nokre av våre kurs og konferansar, samt medarbeidarundersøkinga, så har vi ikkje gjennomført allmenne evaluering eller brukarundersøkingar i 2019.

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik (Helse) 


3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Vi har i andre deler av rapporten sagt at vi vurderer at det er behov for flere opplæringsaktivitetar på sosialtenestelova og KVP. Vi har gitt opplæring på begge område innanfor dei ressursane vi hadde i 2019. Vi har og peikt på at kommunen har eit ansvar for at dei som utfører dei sosiale tenestene har god nok kompetanse jf. § 6.  

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Ingen avvik

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Ingen avvik

3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Verjemål:

Fylkesmannen i Møre og Romsdal må melde avvik på Virksomhets- og økonomiinstruksen punkt 5.3.4.8. I henhold til instruksen skal fylkesmannen sørgje for at alle verjer med rekneskapsplikt leverer komplette verjerekneskap. Fylkesmannen har ikkje prioritert dette i 2019. Vurderinga som vart lagt til grunn var at ein uansett ikkje har ressursar til å kontrollere alle rekneskapa, og slik sett fange opp eventelle  underslag. 

Det ville kreve store ressursar å gå gjennom kvart rekneskap for å kontrollere at alle dokumentkategoriane var komplett. Rekneskapa som var med i uttrekket er sjekka opp mot punkt 5.3.4.8.  

Det er i punkt 5.3.4.8 vidare vist til ei forventing om at fylkesmannen kontrollerer fleire rekneskap enn det som vert tatt ut i uttrekket ut fra ei risikovurdering. Fylkesmannen har kontrollert rekneskap ved endring av verje med grunnlag i at risikoen må antas for å være større når verjen elles ikkje har gjort jobben sin og må skiftas ut.

Det må også meldast avvik på tildelingsbrevet punkt 3.3.2.1.2.1 om kontroll av rekneskap i saker kor det er pålagt utvida rekneskapsplikt. På dette området jobbast det no med å få på plass gode rutiner.

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Gjennomført opplæring (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.1. Fylkesmannen skal kort beskrive opplæringen som er gitt NAV-kontorene, og begrunne sitt valg av omfang, form og innhold i opplæringen opp mot utfordringsbildet i NAV-kontorenes praktisering av tjenestene.

NAV kontora har heilt klart eit større behov for opplæring i sosiale tenester enn det FM åleine kan oppfylle. Vi er eit supplement til det sjølvstendige ansvaret kommunen har for opplæring i sosialtjenestelova § 6.   Vi justerer vår aktivitet etter tilbakemeldingar og evalueringar. Ønskjer og behov for særskilt opplæring har primært vore gitt i etterkant av tilsyn. 

Fylkesmannen har hatt 2 dagars innføringskurs i sosialtenestelova der "nye i NAV" vart prioritet men og andre med lengre erfaring fekk delta. Aktivitetsplikta og KVP inngjekk i desse dagane. Alle NAV kontor fekk tilbodet og alle som meldte seg på fekk plass. 

Vi var godt i gang med planlegging av 3 fagdagar med fordjupning i aktuelle problemstillingar som NAV kontora sjølv hadde meldt inn. På grunn av langvarig sjukefråvær i sosialgruppa måtte vi avlyse desse.  

Vi skulle etter plana ha arrangert vidaregåande kurs over 2 dagar i økonomisk rådgiving med regionkontakt hos Fylkesmannen i Hordaland som fagleg ansvarleg. Dette kurset har blitt utsett til 2020, pga. forhold både i vårt embete og i Hordaland. 

Vi deltok i ekspertkurset sentralt (høsten) og sørga for at våre tre kontaktpersonar i NAV kontora fikk delta der. 
Vi har gitt økonomisk tilskott til drift av 3 nettverk for økonomiske rådgivarar. Desse har arrangert fleire samlingar, både innanfor kvart nettverk og felles samlingar for alle nettverka. 
i 2019 har vi ikkje hatt klagesaker der § 20 og 20a var tema. Vi gir mykje råd og rettleiing på lova generelt pr telefon og e-post . I tillegg er sosialtenestelova alltid tema på  NAV-leiarsamlingane vi har saman med NAV Møre og Romsdal.
Vidare samhandlar vi med NAV MR om NY i NAV der sosialtenestelova er tema på dag 1 veien til arbeid og velferd. På Ny i NAV nådde vi mange nye og vi ser det som viktig at tilsette ser sosiale tenester som ein del av det heilskapelege tilbodet brukarar av NAV kontoret kan ha rett på. 


Redegjøre for forståelse og praktisering (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for forståelsen og praktiseringen av sosialtjenesteloven i kontorene i fylket/regionen.

Som redegjort for lenger opp, har vi gitt to NAV kontor særskilt opplæring etter tilsyn. Vi har også hatt møte med eit kontor. Ved behov skriv vi eige brev til NAV kontor i klagesaker. Vi gir i stor grad råd og veiledning pr. telefon og e-post. Vi har også aktuelle tema på NAV ledermøta fordi problema kan gjelde fleire enn dei vi klarer fange opp. På vårt interne sosialtenestemøte deler vi og drøfter slik informasjon og tar det med i vårt videre arbeid. 

Kvalifiseringsprogrammet (fra kapittel 7.3.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive:
- Situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket
- Hvor god oversikt NAV- kontorene har over personer i målgruppen for KVP
- Om personer i målgruppen for KVP får tilbud om program
- Hva som kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP
- Om utfordringene med KVP har endret seg fra 2018
- Embetets arbeid med KVP i fylket

For å få meir informasjon frå våre 26 NAV kontor sendte vi ut e-post med dei fire «spørsmåla» under, vi fekk svar frå 13 kontor/kommunar:

1.       Beskriv korleis brukarar med rett til KVP får program

Dei fleste får KVP ved at dei blir kartlagt og behovet blir vurdert av vegleiar når dei av ulike grunnar er i kontakt med NAV kontoret. Det er sjeldan at det kjem ein søknad frå brukar utan at NAV kontoret på førehand har informert om KVP som ein muleg rett. To kontor oppgjer at dei ikkje har hatt KVP deltakarar på fleire år og at manglande erfaring og svekkjer kunnskapen om KVP.

2.       Beskriv suksesskriteriar i KVP arbeidet

Alle innspela oppsummert:

Godt samarbeid med lokalt næringsliv. Moglegheitsteam internt på kontoret der ein ser etter moglegheiter for NAV brukarar. Godt internt samarbeid mellom KVP ressurs og den einskilde sin faste rettleiar. Deltakarar på KVP får to personar, ein KVP rettleiar i tillegg til «vanleg» rettleiar. Leiing ved kontoret som støttar i ulike prosessar og ser KVP arbeidet, og som gjev moglegheit til fagleg utvikling som skal gagne KVP arbeidet. Dedikert ressurs til KVP. Vidare er innhaldet i programmet viktig, match mellom deltakar og bedrift, tolmod, tett oppfølging, gode lavterskeltilbod, arbeidsfokus, hjelp til sjølvhjelp, gode rutiner internt på kontoret, fast og føreseieleg inntekt for brukar. Tett samarbeid med brukar og andre aktuelle samarbeidspartnarar. Kjenne brukar godt, opparbeide tillit. God kjennskap til arbeidsmarknaden, auka bruk av inkludering. Arbeide heilheitleg er vesentleg. Rettleiarane må kjenne til KVP og stadig vurderer om ein har aktuelle kandidatar i porteføljen sin. At deltakar er motivert og ynskjer å ta del i programmet. At deltakar får tett og god oppfølging. Programmet er tilpassa deltakar sine interesser og forutsetningar, og utarbeida i tett samarbeid med deltakar. Viktig med brukarmedverknad. Ha gode, realistiske mål/delmål ein skal jobbe mot i programmet. Bra at KVP kan kombineres med utdanning og fagbrev. Deltakarar som er betre kvalifisert vil føre til varig jobb. Viktig med arbeidsretta aktivitet tidleg i programmet.

3.       Beskriv utfordringar i KVP arbeidet

Nok tid og ressursar for å tilby godt individuelt innhald i programmet og følgje tett nok opp. Grensetilfelle opp mot AAP, om det heller er tilstrekkeleg med individstønad og tett oppfølging. Når det gjeld personar med psykiske og/eller rusproblem; inngangskriterier i § 29 ikkje er tydeleg nok. Eit kontor oppgjer at ordninga fortsett opplevast som byråkratisk. Fleire opplever det som vanskeleg å finne egna tiltak og arbeidsplass. Det kan og være vanskeleg å ha nok innsyn i den einskilde sitt liv til å vite kva som skal til for å lykkast

4.       Har utfordringar i KVP arbeidet endra seg frå 2018?

Fleire svarar nei eller er usikker. Men det blir også svart at det er ei stor forbetring at ein no har moglegheit til å gje KVP fleire gonger, det er ingen som vert utan KVP fordi ein er redd for å «bruke opp den eine sjansen for å få KVP. Vidare at det frå 2019 vart åpning for at ein kan gjennomføre utdanning/studiar under programmet fordi dette er i tråd med fokuset og prioriteringane til den statlege delen av Nav. Viktig å satse på utdanning slik at det kan auke mogelegheita til å stå varig i arbeid. På grunn av lovendringa som kom, har ein større handlingsrom no vedr. programinnhald, varigheit og moglegheit til å ta inn igjen tidlegare deltakarar.

Embetets arbeid med KVP i fylket

Vi svarar på spørsmål frå NAV-kontora og nokre blir sendt vidare for avklaring til Arbeids- og velferdsdirektoratet. KVP er elles ein del av vårt grunnleggjande kurs i sosialtenestelova. I tillegg har vi arrangert ein eigen KVP fagdag etter nytt regelverk. To NAV kontor fekk felles særskilt opplæring i KVP etter at dei bad om det. Vi hadde også ein stor bolk om KVP på NAV-leiarmøte i januar ifb med at vi inviterte AV-dir til å legge fram rapporten Lavinntekt og levekår i Norge. Vi har også gjort grep for at fleire skal svare på Av-dir sin månadlege survey. Vi samarbeider i stor grad med NAV Møre og Romsdal. Når det gjeld antall deltakarar i KVP i Møre og Romsdal går pila heldigvis opp, men vi trur at det kan være mange fleire i Møre og Romsdal som kan ha rett på KVP.

Vi ser og at vårt arbeid kunne vært betre og at vi kunne ha gjort meir, men vi har ikkje hatt meir kapaisitet i 2019.

Arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene (fra kapittel 7.3.1.5 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for sitt arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene, samt kort beskrive hvordan kommunene er fulgt opp.

Sosialtenestegruppa arbeidar i godt samarbeid internt og vi har felles oversikt over klagesaker og diskuterer saker og resultat frå tilsyn. Dette gir oss god innsikt i ulike utfordringar i kommunanene. I tillegg får vi oversikt og informasjon gjennom ulike telefonsamtalar og e- postar, med spørsmål, råd og veiledning.

Dette løyser vi på ulikt vis: Eige forklarande brev til NAV kontoret i klagesaker, vurderer tilsynssak eller råd og rettleiing. Der vi ser at problema er vedvarande og store kan slike kontor bli valde ut til landsomfattande systemrevisjonar. Tilpassa systemrevisjon er og eit verkemiddel vi har brukt. Vi brukar NAV leiarmøta, kurs og fagdagar til å presentere spesielle problemstillingar som kan gjelde fleire kontor og prøver å få til dialog og refleksjon om desse. NAV kontora i MR slår seg saman i interkommunal avtale eller kommunereform. Det er relativt ofte bytte av NAV leiar eller at organiseringa av eit kontor endrar seg. Vi følger med så godt vi kan og gjer dei grepa vi meiner er nødvendige og har kapasitet til etter ei prioritering.   

Aktivitetsplikt (fra kapittel 7.3.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

For å kunne beskrive dette sendte vi ut spørsmåla under til fylkets 26 NAV-kontor, vi fekk svar frå 16 kontor.

1.       Erfaringar frå innføring av aktivitetsplikten i din kommune

Fleire meiner at aktivitetsplikta har ført til auka fokus på at unge sosialhjelpsmottakarar skal i arbeid, dette har også samanheng med at gruppa under 30 år er prioritert i NAV kontora. Aktivitetsplikta har ført til at det i nokre kommunar er oppretta «lavterskeltiltak» mens andre oppgjev at det ikkje har skjedd i deira kommune. Ein del hadde egna kommunale tiltak frå før. Fleire viser til at det er for liten kapasitet på statlege avklaringstiltak; for lang ventetid. Nokre kontor har svart at dei også nyttar ordinært arbeid med tett oppfølging og også frivilligsentralen. Det å ha nok høvelege tiltak å tilby fører til at fleire blir vurdert for aktivitetsplikta (og motsett). Eit kontor har svart at  aktivitetsplikta fører til meir byråkrati i høve vedtak. Fleire påpeikar at aktivitetsplikta krev fleire ressursar, tettare oppfølging av brukar om dei skal lykkast.

2.       Om aktivitetsplikta har bidrege til overgang til arbeid

         og utdanning

Dei fleste som brukar aktivitetsplikta svarar at den har gitt auka overgang til arbeid, litt færre til skule.  Nokre svarer at det truleg er varselet om sanksjon eller faktisk reduksjon i nivået på økonomisk stønad som fører til arbeid/utdanning. Andre igjen viser til at gruppa under 30 år er prioritert, slik at dei ikkje heilt veit om aktivitetsplikta er årsaka til betre resultat. Ein kommune oppgir at det er aldersgruppa 20-25 år som har størst effekt av aktivitetsplikta, og at motivasjon til arbeid og aktivitet blir svekka når ein nærmar seg 30 år. Det blir også svart at nokre stønadsmottakarar går inn i arbeidsretta tiltak som gir nok inntekt til livsopphald, andre har blitt avklart til AAP.

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med
kommunenes oppfølging av krisesenterloven, informasjonsarbeid overfor kommunene om faglig veileder for innhold og kvalitet i tilbudet, samt gi en kort vurdering av tilgjengelighet og kvalitet på tilbudet i fylket.

I Møre og Romsdal har vi tre krisesenter. Fylkesmannen har personleg vært ein runde på alle dei tre krisesentera i 2019 for å få nærmare informasjon om deira arbeid. I tillegg har vi jobba med å følgje opp manglar ved krisesentertilbodet for kommunane på Nordmøre når det gjeld tilbodet til menn og barn. Porttelefon og overvakingskamera er ennå ikkje på plass i tråd med forskrifta for dette tilbodet og dette vil bli følgt opp vidare i 2020. Krisesentera er også følgt opp med omsyn til deira rolle som pådrivar for at kommunane får på plass handlingsplanar for vald i nære relasjonar. Nordmøre krisesenter fekk 300 000,- i skjønnsmidlar i november 2018 som dei har fått overført til 2019. Sunnmøre krisesenter har fått 900 000,- i skjønnsmidlar til arbeidet med å koordinere arbeidet med kommunale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 utarbeidd elektronisk skjema for å undersøke om kommunane overheld plikta si til oppfølging i reetableringsfasen og har prøvd dette ut som tilsyn på ein av våre kommunar. Det er laga rapport etter tilsynet som er sendt til kommunen og Fylkesmannen vil gjennomføre dette tilsynet i fleire kommunar i 2020.

Fylkesmannen har under tredagerskonferanse hatt vald i nære relasjoner som tema i 2019 i samarbeid med RVTS. Her vart det forelest om fenomenforståing, tilgjengelege hjelpemiddel og rollen som hjelpar. Fagrettleiaren var presentert + erfaringar frå tilsyn med krisesenter. I tillegg vart Barnehuset og Krisentertilbodet i fylket presentert for deltakarane - ca. 200 personar.

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

I Møre og Romsdal har vi tre krisesenter. Det har ikke vært aktuelt med nedleggelser i 2019. Det jobbes imidlertid med å få på plass et nytt bygg som erstatning for eksisterende bygg for Nordmøre krisesenter IKS.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten. Når det gjelder ekteskapsloven § 18a andre ledd, bes fylkesmannen differensiere rapporteringen for saker ut ifra sakstype, dvs. etter om sakene gjelder bokstav a), b) eller c).

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 handsama 943 saker etter ekteskapslova. Det er gjeve 495 separasjonsløyve og 448 skilsmisseløyver. Talet på saker til handsaming etter ekteskapslova er fremleis stabilt men viser en svak økning for 2019. Antall søknader som vert sendt inn elektronisk aukar. Dette gjeld særleg søknader om skilsmisse, som kjem inn elektronisk saman med digital vitneerklæring.
I 2019 har ein handsama 42 saker etter annerkjennelseslova, her ser ein nedgang i antal saker frå 2018.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten. Fylkesmannen bes om å spesifisere sakstype etter hjemlene i barneloven.

I 2019 fattet vi ingen vedtak om stadfestelse av avtaler eller andre vedtak etter barneloven.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Når det spørsmål på familierettens område dreier dette seg stor sett om reisekostnader ved fravær, råd knyttet til boikott av samvær, fremgangsmåte for å få attest og foreldres rett til informasjon. Stort sett er det privatpersoner som kontakter Fylkesmannen, men det kommer også spørsmål fra for eksempel helsepersonell eller andre ansatte i kommunen.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes opprinnelige foreldre i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 gitt opplysningar til   den adopterte om sitt biologiske opphav i 30 saker, der fylkesmannen tidlegare har gitt løyve til adopsjon. Dette er en auke i talet på henvendingar. Ny lov om adopsjon trådte i kraft 01.07.18 og kretsen av personar som kan be om innsyn er utvida, til å også omfatte etterkommarar etter den adopterte, dersom denne har gått bort. 

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Vi har ikkje gjennomført tilsyn med våre familievernkontor i 2019, men planlegg tre tilsyn i 2020.

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder Se meg – digitale kurs i barnevernet, delkurs 1 og Veileder for samarbeid mellom skole og barnevern.

Vi har ikkje hatt spesielle tiltak her, men har informert om den digitale veilederen på våre halvårlege møte med barnevernleiarane og på andre møteplassar med praksisfeltet t.d. på tilsyn i institusjonane.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28. Statens helsetilsyn skal ha kopi av årsrapporten.

Rapporten er utarbeidd med kopi til Statens Helsetilsyn.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere halvårlig på status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.


Alle barneverntenestene på Sunnmøre er no med i den interkommunale barnevernvakta i Ålesund. I Nordmøre og Romsdal er det to vaktordringar.  Hustadvika kommune har eigen akuttberedskap ved ei avtala vaktordning med dei tilsette i barnevernet. Resten av kommunane har gått inn i den interkommunale barnevernvakta i Molde. Alle kommunane i Møre og Romsdal har dermed ein forsvarleg akuttberedskap i barnevernet frå 2020.


Tros- og livssynssamfunn (fra kapittel 7.3.2.13.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over:

  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen 
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har no 43 registrerte trus- og livssynssamfunn. Av desse er 29 klassifiserte som registrerte og 12 klassifiserte som uregistrerte. Ytterlegare 3 trudomssamfunn har søkt om statstilskot i 2019. Tilsaman mottek 6833 medlemmar statstilskot, og samla utbetaling utgjer kr. 4.030.481-. I 2019 er det registrert eit nytt trussamfunn og ein har ikkje sletta nokon.  Eit muslimsk trussamfunn har fått halde tilbake statstøtta for 2019, på grunn av manglande tilbakemelding hit om medlemmar som ikke får meldt seg ut av trussamfunnet. Det er herfrå gjentatte gangar forsøkt å komme i kontakt med leiar i trussamfunnet utan å lykkast. Det er ikkje ført tilsyn med noko trussamfunn eller forstandar. Ein arbeider no med å lage retningslinjer for i kva høve det skal førast tilsyn med eit trussamfunn.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.2.14.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i 2019 handsama 94 søknader om løyve til spreiing av oske. Dette er ei auke i talet på saker frå året før. Svært få av desse saken vert avslått, då ein forsøker å finne ei løysing i dialog med enten søkjar eller pårørande,  før endeleg vedtak vert fatta. Stadig fleire tek i bruk nedsenkbar oppløyseleg urne, noko som gjer at det er enklare å gje løyve til spreiing av oske i fjordane i Møre og Romsdal.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.2.15.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

I 2019 er det gitt ein dispensasjon for søndagsåpne butikkar, for perioden 07.07.19 til 04.08.19 for Devoldfabrikken i Sula kommune. Dispensasjonen er gjeve i høve Devoldfabrikken sitt 150 års jubileum. Det er utstedt forskrift om typisk turiststad for heile Smøla kommune som er ei øy kommune som satsar på turisme. Straumsneset i Tingvoll kommune og Kårvåg i Averøy kommune har fått avslag på sine søknader om å utferdige forskrift om typisk turiststad.  

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket ut (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsetninger i Leve hele livet.

Fylkesmannen vurderer at kommunane i fylket tar kvalitetsreforma Leve hele livet på alvor. Erfaringane er at dei er på rett veg,men det er og skilnad mellom kommunane på kva som er planlagt og gjennomført.

Folkehelse og førebygging var eit av tema på dialogmøta vi hadde med kommunane.Vi ser no at dei gjer endringar i omsorgtrappa, der det no blir sett inn trinn for førebygging og helsefremming.

Tilbakemeldingane frå dialogmøta i 2019 er at ein stor del av kommunane har stort fokus på kvardagsrehabilitering, velferdsteknologi, førebygging som Sterk og stødig og førebyggande heimebesøk. 

Planarbeid var og eit av hovedtema på dialogmøta. Vi ser at der vi får planar til uttale, er demografiutfordringane teke med og tiltak i tråd med Leve hele livet. Kommunane tok i dialogmøta opp at dei ønskjer bistand i høve utfordringar i planarbeid. Fylkesmannen har difor planlagt fagdagar i planarbeid der ulike sektorar/ fagfolk blir invitert. Vi har og fått starta nettverk i planlegging av bustad for ei aldrande befolkning, eit samarbeid mellom Husbanken, fylkeskommunen og Fylkesmannen som det og var eit ønskje om i dialogmøta.

Nokre av kommunane har eit godt samarbeid mellom dei frivillige og helse- og omsorgstenestene, men det er og fleire av kommunane som seier dei må jobbe med å utvikle samarbeid med frivillige.

Brukarmedverknad og " Kva er viktig for deg" er fokus i alle kommunane etter arbeidet med "Helhetlige pasientforløp for den multisjuke pasient" 

 Mat og måltid - I høve mat og måltid har mange av kommunane endra tidspunkt for måltida og har fokus på ernæring både i heimetenesta og i sjukeheim.

Aktivitet og fellesskap -  Kommunane har gitt tilbakemelding på at aktivitet og fellesskap er eit av dei første tiltaka dei vil starte opp, i tråd med Folkehelsemeldinga og strategi for å førebyggje einsemd. Her er det eit stort potensiale for førebygging både fysisk og psykisk.

Mange av sjukeheimane har mange felles aktivitetar, men har eit forbetringspotensiale i individuelle tiltak. Det er 2 godkjente livsgledehjem i Møre og Romsdal og nokre kommunar har planer om å starte opp arbeidet med å bli godkjent som livsgledehjem.

Samanheng i tenestene - Alle kommunane i fylket har vore med i nettverk for "Gode pasientforløp for den multisjuke pasient" og innføring av palliativ plan. Begge desse tiltaka er samarbeid mellom kommune og Helseføretak.

Helsehjelp - USHT har hatt opplæring av instruktørar  i Tidleg oppdaging av forverra tilstand . Alle kommunane skal ha slik opplæring og målet er snart nådd.

Vi ser at vi må sikre oss at alle tenestene definerer seg inn i Leve hele livet. Her tenkjer vi særleg på tenester til personer som har ei utviklingshemming.

Kommunane har også sagt kva utfordringar  dei har på fleire område og kva dei treng hjelp til. Vi har her sagt noko om fire utfordrande område som kom fram i dialogmøte og som er med i rapporten etter møta.

1.Tettare samarbeid Når vi skal bevege oss frå kommune2.0, der tenester vart gitt, til kommune 3.0 der tenester vert til i samarbeid med brukar, treng vi andre verkty og metodar å jobbe etter. Leve heile livet krev tettare samarbeid mellom ulike aktørar som saman skal skape den god i gode tenestene for å møte utfordringane i omsorg for eldre. Ein definisjon av samskaping er : Når to eller fleire offentlege og private partar inngår i eit  likeverdig samarbeid, der føremåleter å definere problem, utvikle og setje i verk nye og betre løysingar(Torfing, 2017) Samarbeid, samhandling og samskaping er tre av dei orda som ble mest nemnt  i mentimeter-undersøkinga. Vi må i fellesskap finn arena for utveksling av informasjon, gode idear og erfaring, og involvere både dei som har god kjennskap til området, men også andre som kan sjå på utfordringsbildet med nye auge.

2.      Strategi for frivillig arbeid skal legge til rette for frivillig innsats som bidreg  til inklu­derande lokalsamfunn der flest mogleg  i alle aldre kan leve aktive og meniningsfulle liv, og bidra til å hindre eninsemd og utanforskap gjennom å legge til rette for aktivitetar og fellesskap med andre. Kommunane ser at dei treng hjelp i arbeidet med å rekruttere og ta vare på frivillige i alle aldre på helse- og omsorgsfeltet og styrke det systematiske samarbeidet mellom frivillige organisasjonar, frivilligsentralar, frivillige enkeltpersonar og kommunen.

3.      Haldnings- og kulturendring  er eit av dei krevjande områda framover. Haldningsendring hos tilsette, leiarar, politikarar og innbyggjarane er nødvendig for å få til ei vriding over til eit meir førebyggjande og helsefremjande perspektiv i helse- og omsorgstenestene.Det er behov for ei haldningsendring i heile samfunnet, inkludert å bryte ned barrierer og gå frå part til partnarskap. Leve heile livet er eit felles løft for alle sektorane i kommunane, frivillige ,næringsliv, helseføretak.

4.      Økonomi er og ei stor utfordring der kommunane har sagt dei treng hjelp til på ulike måtar. Endringsarbeid fører ofte til omstillingskostnadar i reformperioden, og vil kreve utgifter til mellom anna  opplæring i nye arbeidsformer og metodar. Å gjere endringar i organisasjonar som samtidig skal sikre døgnkontinuerleg drift heile veka og heile året, er særs krevjande.  Det er sagt at kommunar som omstiller seg i tråd med reforma, vil bli prioritert innafor relevante eksisterande øyremerka tilskotsordningar. Det vil eventuelt og bli nye ordningar som til dømes tilskot til renovering, etablering og gjenetablering av lokalkjøkken .

Aldersvennleg by / Smart City - Ålesund kommune  samarbeider med FN og fleire andre norske kommunar for å sikre berekraftig by- og regionsutvikling.

Nye Ålesund, Sula og Giske er den første byregionen i Norge som fekk vere med i dette programmet.

Ålesund har og fått utfordringa med å få verdas andre laboratorium for utvikling av smarte og berekraftige byar. I laben skal partnarane finne smarte løysingar for å gje folk berekraftig livskvalitet.

Gjennom nettverket, har eit team av internasjonale og lokale ekspertar samla inn data for å utvikle smartbyprofilen - ein analyse av regionens ståstad knytt til bruken av smart teknologi.

Ein jobbar med å få inn helse i Smart City programmet.

Møre og Romsdal er første norske fylke som er tatt opp i FN sitt smartbyprogram.




Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Helse- og omsorgstilbudet i kommunane er i sterk utvikling, i samsvar med Omsorgsplan 2020 og Demensplan 2020.Fylkesmannen ser dette i samanheng med arbeidet i Leve hele livet.

 Det er stort fokus på både kvalitet og kompetanse, samt velferdsteknologi.

Arbeidet med kommunereforma har vore og er eit krevande arbeid, men det har vore med på å påverke i positiv retning, fordi dei nye kommunane har  kartlagt status og utfordringar og dei må legge nye heilskaplege planer. Alle kommunane skal i løpet av det første året for nytt kommunestyre lage planstrategiar.

Fagleg omstilling: Fylkesmannen si vurdering er at kommunane jobbar med å sikre berekraftige og gode tenester, fagleg
omstilling og auke det faglege nivået i helse- og omsorgstenesta. Sjølv om vi ser ein nedgang av personell med helse og
sosialfagleg utdanning, arbeider kommunane med dette. Hadde ikkje kommunane gjort det, ville resultatet vore langt under landsgjennomsnittet. Kommunane har fått større fagleg  breidde, med fleire faggrupper og auka vekt på tverrfagleg arbeid. Vi ser eit forbetringspotensiale her, men dei er på rett veg. Omstilling er eit langsiktig og strategisk arbeid som krev tolmod for å sjå resultat.

Leiing-  er nøkkelen til suksess. I 2018 var det 17 kommunar som søkte på kompetansemidlar til leiarutdanning og i 2019 var det 18 kommunar som søkte.

Pårørande og avlasting - Vi ser at kommunane har eit potensiale i fleksible løysingar med avlasting. Vi ser det i tilsyn og klagesaker. Men kommunane arbeider med det og det er ei positiv utvikling. Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med avlasting for barn, som mellom anna har vist lovbrot i legemiddelhandtering, fare for svikt i overgangen mellom heim og avlastingsbustad og i IPLOS kartlegginga. Fylkesmannen gjennomførte ein fagdag om forsvarlege helsetenester etter desse erfaringane. Kommunane møtte opp på fagdagen og ønskjer forbetring.

Kvardagsmeistring og kvardagsrehabilitering -kommunane har auka fokus på meistring og kvardagsrehabilitering. Viser til rapporteringen under Leve heile livet  om endring av omsorgstrappa.

 Palliativ plan 

Det blei etablert eit unikt fellesprosjekt mellom alle 36 kommunane, Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester og Helse Møre og Romsdal. Prosjektet har fått nasjonal merksemd. Det har vore eit breitt samarbeid og mange bidragsytarar som har gjort eit systematisk og godt arbeid. 

Det handlar om å vere i forkant av ulike utfordringar, medverke til meiningsfylt liv og få fram det pasienten synes er viktig for seg. Brukarmedverknad har hatt stort fokus i prosjektet. Brukar og pårørande si stemme kjem tydelegare fram. Prosjektet har medverka til større tryggleik for pasient, pårørande og helsepersonell som arbeider på området. Det handlar og om elektronisk samhandling på tvers av avdelingar og ulike nivå.

Heilheitlege pasientforløp for den multisjuke pasientenHeile 

Alle kommunane og dei fire sjukehusa deltok med tverrfaglege forbetringsteam i læringsnettverket for å iverksette og følge opp dei konkrete tiltaka i pasientforløpet. Arbeidet med pasientforløpet er godt kjent både i kommunane og helseføretaket. Forbetringsteama har kome ulikt i si framdrift. Verktøy som sjekklister, «kva er viktig for deg ?- samtala» og kvalitetstavler blir tatt i bruk i fleire av forbetringsteama. Gjennom arbeidet på ulike arenaer i satsinga, kjem det tydeleg fram ei betring i samarbeidet både innafor og mellom tenestenivåa. Det blir peika på at ein saknar ei større involvering frå legesida.

Det er særleg to mål som har hatt fokus 

- Kva er viktig for deg? – samtalen» blir gjennomført i møte med pasientar på alle tenestenivå.
- Dempe behovet for innlegging/reinnlegging i sjukehus

Velferdsteknologi - alle kommuna ei Møre og Romsdal er med i det nasjonale programmet. Se pkt. 3.1.3.1.1.1.Møre og Romsdal har ALV Møre og Helseinnovasjonssenteret.

Innovasjon - det er stor aktivitet i kommunane som handlar om  å ta i bruk nye løysingar, ny teknologi og nye metodar, samt å styrke samspelet med familie, lokalsamfunn, frivillige og næringsliv. Kommunane har fått tilskot frå Kompetanse og innovasjonstilskotet til ein del av prosjekta. Søknadane er langt over det vi har til fordeling.

Demensplan

Kommunane har ei positiv utvikling både på dagaktivitetstilbod, demensteam/demeskoordinator, ABC opplæringa, pårørandeskule. Fleire kommunar har starta opp brukarskular. Det er 29 av 35 kommunar som har avtale om aktivitetsvenn og 16 av 35 kommunar som har avtale om demensvenleg samfunn.


Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på måloppnåelse for tilskuddsordning til kommunene 0762.60

I 2019 tildelte Fylkesmannen i Møre og Romsdal tilskot til kommunalt rusarbeid til 21 kommunar. Nesten alle kommunane har mottat tilskot i perioden for opptrappingsplanen. Utviklinga er likevel i stor grad at kommunar som har hatt tilskot fortstet å utvikle sitt rusarbeid med nye prosjekt og tilskotsmidlar ,mens mange av dei aller minste kommunane vel å ikkje søke om tilskot fordi utfordringsbildet er svært lite.

Det er breidde i kva det blir søkt om hjelp til, men dei fleste kommunane styrkar sitt arbeid på rusfeltet generelt, med tilsette som arbeider både med oppfølging i bustad, med aktivitet og med tverrfagleg innsats. Vi opplever at kommunane i fylket med tilskot, arbeider i tråd med målsettingane i ordninga.

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilskudd til etablering og utvikling av kommunale frisklivs, lærings- og mestringstilbud bidrar til måloppnåelse.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Det er i Møre og Romsdal registrert 15 frisklivssentralar fordelt over heile fylket. Frisklivsentralen i Kristiansund har status som utviklingssentral. Vi samarbeider tett med både fylkeskommunen og utviklingssentralen i arbeidet med oppfølging av kommunane. I 2019 vart det arrangert MIkurs i regi av KoRus Midt. Frisklivssentralane var målgruppe for tilskotsordninga, men kommunane møtte også med andre tilsette. Frisklivssentralane arbeider i tråd med veileder og utviklingssentralen støttar opp under både fagutvikling og oppstart av nye sentralar. Ein ny sentral har opna i 2019. Fylkesmannen ser at tilbodet i frisklivssentralane vert utvikle til stadig nye grupper, ex innvandrarkvinner, personar med psykisk utviklingshemming mm.

 Det vart arrangert fagsamling i november 2018 og vi såg derfor ikkje behov for ei ny samling i 2019. Programmet "sterk og stødig" har hatt stor oppslutning blant frisklivssentralane i fylket. 

Det verkar å vere større fokus i kommunane på samarbeidet med både folkehelsekoordinatorane og frisklivskoordinatorane. Fylkesmannen har trekt fram folkehelsebarometeret, folkehelsemeldinga og ungadata i ulike samanhengar der vi har hatt møter med kommunane og dette er og eit område vi gjer tilbakemelding om dersom kommunane ikkje har det med i planane sine.

Vi har hatt overføringsmøte om tilskotsordninga med Møre og Romsdal Fylkeskommune. Tidlegare år har vi hatt tett samarbeid med dei om både tildelinga og kompetanseheving. Det vil vi fortsetje med sjølv om dei har overtatt ansvaret for tilskuddet. Idrettskretsen også har vore representert i dette felles arbeidet.

Når det gjeld oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus er tiltaka gjennomført slik aktivitetsplanen viser.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.4.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.64.

I perioden med Opptrappingsplan habilitering og rehabilitering (2017-2019) har vi i Møre og Romsdal gitt tilskot til 18 kommunar. I 2019 mottok 10 kommunar tilskot, men det var berre 4 kommunar som mottok tilskot alle tre åra.

Fylkesmannen meiner årsaka til dette mykje er knytt til plan. Det er over 50 % av kommunane som ikkje har ein plan for habilitering og rehabilitering. Av dei kommunane som er utan plan, er det om lag halvparten som har den under utarbeiding.

Fylkesmannen meiner at tilbodet til habilitering og rehabilitering framleis kan bli betre i alle kommunane. Mange kommunar manglar fagkompetanse, og dei treng å arbeide meir systematisk med dette.

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Møre og Romsdal ligg ut i frå kartlegging av kommunane i regi av Helsedirektoratet, over det nasjonale nivået på dei fleste målepunkt. Resultata for Møre og Romsdal er relativ gode, men ein ser ein negativ trend. Fylket har som i landet for øvrig, manglande breiddekompetanse på området, men er på eit tilfredstillande nivå. 

Ein ser ei styrking av Individuell plan og koordinator til personar med behov, samt tilfredstillande opplæring og rettleiing til koordinatorar.

Samhandling internt i helse- og omsorgssektoren, med andre sektorar og med spesialisthelsetenesta har hatt ein negativ utvikling, men fortsatt gode resultat for fylket.

Fylkesmannen merkar seg utviklinga, og ser at vår deltaking i nettverk for Koordinerande einingar for kommunar og Helse Møre og Romsdal er viktig å vidareføre. Dette for å ha ei god oversikt og stimulere til enda betre samhandling.

Tilsyn av verger (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på totalt antall kontrollerte vergeregnskap i 2019. Det skal oppgis hvor mange av disse vergeregnskapene embetet har plukket ut og kontrollert basert på egne risikovurderinger.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall vergemål som har vært gjenstand for tilsyn i 2019 utover regnskapskontroll, både planlagte og hendelsesbaserte. Fylkesmannen skal i tillegg kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp. Dette skal inkludere rapportering av gjennomføring av oppdrag 3.3.2.1.6 i tildelingsbrevet.

I 2019 har Fylkesmannen i Møre og Romsdal registrert 403 rekneskapskontrollar. 20 av sakene som vi meldte inn til SRF på bakgrunn av risikovurdering vart teke inn som ein del av dei 376 sakene i det sentrale uttrekket. Utover dette er det oppretta 27 aktivitetar for "verjerekneskap - lokalt oppretta" i 2019. Dette talet er nok for lågt i forhold til kva som faktisk er kontrollert av rekneskap, då vi veit at det har vore eit problem at det ikkje alltid har vore registrert som riktig aktivitet. Dei lokalt oppretta rekneskapsaktivitetane er laga på bakgrunn av bekymringar som er kome internt eller eksternt i ulike saker. Vi kontrollerer også avsluttande rekneskap ved dødsfall, endring av verje opphør av verjemål. Desse vert gjennomgått utan at det vert oppretta ein "rekneskapsaktivitet".

Når det gjeld tilsyn utover rekneskapskontroll, så har vi fått opplyst av SRF at det er registrert 35 tilsynsaktiviteter for Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2019. Dette er ikkje inkludert tilsyn med verjer som har meir enn 20 oppdrag. Vi veit at det reelle talet nok er mykje høgare, dette på grunn av at tilsynsaktiviteten i VERA ikkje har vorte nok brukt. No har vi stort fokus på å bruke denne aktiviteten meir og riktig, slik at vi kan hente ut korrekte tal i 2020. Vi opplever at det startast tilsyn av forskjellige grunnar, mest vanleg er økonomiske forhold, bekymringsmeldingar eller risko på grunn av høg alder eller mange oppdrag.

 Fylkesmannen har fått i oppdrag å føre tilsyn med verjer som har meir enn 20 oppdrag. Dette har vore gjennomført i 2019. Det dreide seg om 6 verjer.

Vi har i 2019(dette arbeidet vart starta i 2018) laga eit system med rutiner for tilsyn med verjer. Fylkesmannen har på bakgrunn av desse rutinene bedt utvalgte verjer sende rapporter på sine oppdrag, deretter har det vore gjennomført møte med verjene kor verjen sine rapportar har vore gjennomgått, og til slutt har Fylkesmannen sendt brev til verjene med konklusjon og tiltak etter tilsynet.

 I dei fleste saker er det tilstrekkeleg med rettleiing og klargjering av verjen si rolle og verjemålslova sine grenser. I nokre saker er funna så alvorlege at ein fratek verjen oppdraget, då ein finn at dette vil vere det beste for verjehavar. I eit fåtal av desse sakene har vi funne grunn til å anmelde forhold til politiet.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en vurdering av andelen opprettede vergemål for voksne hvor det er gjennomført samtale med vergehaver gjennom 2019.

Fylkesmannen skal kort rapportere på hvordan metoden for samtaler utarbeidet av Statens sivilrettsforvaltning har blitt tatt i bruk og hvilke erfaringer som er gjort gjennom året.

For 2019 totalt sett er det registrert gjennomført samtale i 56,1 % av sakene. I dei tilfella der samtale ikkje er gjennomført, er det i hovudsak der vedkommande ikkje er i stand til å forstå kva saka gjeld. Ein har då vore i kontakt med helsetenesta og fått opplyst at vedkommande tek skade av å snakke om det på grunn av at ein vert stressa og engsteleg. Dette er oftast personar med langtkomme demens som ikkje er orientert for tid og stad. I nokre saker er det ikkje gjennomført samtale på grunn av at det har vist seg umogeleg å få tak i vedkommande. Då føl ein opp at eit skriftleg samtykke vert sendt inn i ettertid.

Tilsette som arbeider med verjemål har gjennomført kurs i samtalemetodikk. I tillegg har alle fått utdelt heftet "For øye" som det vert oppfordra til å bruke i møte med personer, anten per telefon eller fysiske møte. Dette har auka medvitet om kor viktig og nyttig dette verktyet er for å få til ein god samtale og finne verjehavars reelle vilje. Kurs i samtalemetodikk har også vore arrangert for dei faste verjene.

Fratakelse av vergeoppdrag (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på hvor mange verger som er fratatt sitt oppdrag i 2019 som en konsekvens av funn i regnskapskontrollen.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall verger som har blitt fratatt vergeoppdrag i løpet av 2019 på bakgrunn av andre tilsyn og en kort redegjørelse om årsaker til fratakelsene.

Det er i overkant av 20 verjer som har vorte fråteke oppdraget på grunnlag av funn i verjerekneskapskontrollen.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har ikkje noko tal på antallet verjer som har vorte fråteke oppdraget på bakgrunn av andre tilsyn. Dette vil endre seg i 2020, då vi no har fokus på å bruke tilsynsaktiviteten i VERA på riktig måte, slik at vi kan hente ut slike tal.

Det er likevel ein del verjer som har vore fråteke oppdrag. Årsakene til dette har mellom anna vore bekymringsmeldingar som har omhandla manglande oppfølging av verjehavar sine interesser og manglande forståing av verjeoppgåva og verjemålslova sine grenser.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved gjennomgang av løpende saker når dette har vært hensiktsmessig.

Gjennom samtalar både med personen sjølv, pårørande og hjelpeapparat prøver vi  å få fram kva som er det reelle behovet for bistand, slik at ikkje verjemålet vert meir omfattande enn naudsynt. Dette heng tett saman med den jobben vi gjer for å sikre sjølvråderetten. Her prøver vi å bruke samtalemetodikken "For øye".

Meir informasjon om alternativ til verjemål har hjulpe i samband med tilpassing av  mandat. Fylkesmannen har ikkje hatt kapasitet til å gjennomgå gamle saker for å gjere individtilpassingar her, men har tatt ei vurdering av saker som har dukka opp undervegs i sakshandsaminga.

Vurdering - gjennomføring og oppfølging av oppdrag 3.3.2.2.4 (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en beskrivelse og vurdering av
gjennomføringen av oppdrag 3.3.2.2.4. Fylkesmannen skal også gi en kort beskrivelse av hvordan erfaringene fra oppdraget tenkes fulgt opp fremover.

Fylkesmannen fekk inn 36 brev om ynskje om avslutning av verjemål i samband med "Oppdrag selvbestemmelse". 24 av desse sakene vart avslutta. 6 av sakene er vidareført, då verjehavar ynskja verjemål likevel. I 3 av sakene ville verjehavar ha ein annan verje. I 1 sak kom ein til at brevet ikkje representerte verjehavar si reelle vilje (det var sendt inn av nokon andre) og det var ikkje grunn til å tru at verjehavar ville avslutte verjemålet. Og 2 av sakene endte med rettssak og frataking av rettsleg handleevne.

Etter denne prosessen er det klarare rutiner for innhenting av samtykke. Vi har teke i bruk samtalemetodikken "For øye". Vi avsluttar eller gir avslag i fleire saker. Det er grunn til å tru at sjølvråderetten er godt sikra. Samstundes ser vi at en del menneske som treng hjelp(men ikkje ser dette sjølv) ikkje får det. Vi møter ein del motstand hjå pårørande, kommune osv. når vi avsluttar saken.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal mottok i 2019, 426 nye søknader om fri rettshjelp. For fritt rettsråd vart 364 innvilga og 41 søknader vart avslått, 16 av desse på grunn av inntekt- og/eller formuesoverskridingar, 20 vart avslått av andre grunnar.  Det vart gjeve økonomisk dispensasjon i 6 fritt rettsrådssaker.
Av 21 mottekne søknader om fri sakførsel vart 14 innvilga og 7 avslått. To saker vart avslått på grunn av inntekts- og/eller formuesoverskridingar og 5 vart avslått av andre grunnar.  Det er gitt økonomisk dispensasjon i berre ein av sakene. Den signaliserte oppmjukinga i høve økonomiske dispensasjonar her dermed ikke hatt noko påverknad på saken her i Møre og Romsdal.
I 2019 vart totale advokatutgifter inkludert salær til  Kontrollkommisjonen,  utbetalt med kr 2.998 447,-, tolkeutgifter vart på totalt kr. 63.444,-. Tala syner at antall saker og utbetalinga går ned. Dei svært lave inntektsgrensene er til hinder for at rettstryggleiken til personar med lav inntekt og rettslege problem vert ivareteken på ein god måte.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal arrangerte i juni 2019 regionsamling for Region Nord for sakshandsamarar på området. Det vart få deltakarer da samlinga vart arrangert saman med byggesakjuristane og kommuneøkonomane i regionen. Statens sivilrettsforvaltning var representert med to fra leiinga på samlinga, og ekstern innleiar var lokal advokat med lang erfaring frå arbeid i Fylkesnemnda for sosiale saker.

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

Totalforbruket på kap/post 047001 vart ikkje som forventa.
I 2018 vart det totalt utbetalt kr. 3.722.014, 05 som er ein tydeleg nedgang frå 2017 då det vart utbetalt kr. 5.283.178,-.

Nedgangen kjem av at det er svært få asylsaker i 2018, og at færre kvalifiserer til fri rettshjelp då inntektsgrensa ikkje er justert i tråd med for eksempel minsteytelsen i folketrygda.

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.3 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:

  •  Ny sjekkliste som er utarbeidet til ROS-analyser
  •  Fylkets klimaprofil blir brukt under kommunens planleggingsarbeid og i ROS-analyser. 


Vi informerer ved behov om DSB sin rettleiar for samfunnstryggleik i arealplanlegginga i vår sakshandsaming av kommunale arealplanar. , Sjekklista ligg som eit vedlegg i denne rettleiaren. 

Vi har i tillegg arealplanlegging og aktuelle rettleiarar som fast tema på våre fagsamlingar for kommunane.

Klimaprofilen vert nytta aktivt av oss, og den vert nytta av kommunane i deira arbeid med ROS-analysar (heilskapleg ROS-analyse og ROS-analyse knytt til kommunenes arealbruk). 

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

For hvilke storulykkevirksomheter er det etablert hensynssoner?

Vi påpeikar dette i dei sakene der det er aktuelt, og fremjar motsegn til planer der dette ikkje er tilstrekkeleg varetatt. Vi har ikkje ført statistikk på kor mange, eller kven desse er.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Hvilke tiltak vurderer embetet har vært viktigst for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

Arbeid med FylkesROS er eit viktig felles kunnskapsgrunnlag i forebyggingsarbeidet.

I tillegg er det viktig med felles møter og faste forum for samarbeid med regionale samvirkeaktører som td Fylkesberedskapsrådet, øvingsforum MR, møte i redningsleiinga Møre og Romsdal, totalforsvarsmøte for Midt Norge, Regionalt beredskapsseminar (med TL),og  fagsamlinger for kommunane.

Vi har i tillegg eit pågåande samarbeid om felles beredskapsplanar knytt til handtering av fjellskredberedskapen som involvera 10 kommunar og en rekke regionale og nasjonale aktørar, der FM leiar arbeidet. 

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Vi har laga første versjon av eit underliggande planverk på regionalt nivå for SBS. Dette arbeidet har vore ein dugnad på tvers av alle embeta. Det er framleis uvisse om enkelte av dei sentrale tiltaka -  kva dei vil bety for Fylkesmannen og regionalt nivå. 

Utvikling av regionalt vertslandsstøttekonsept (fra kapittel 7.3.4.9 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status i arbeidet med ferdigstilling av regionalt vertslandsstøttekonsept.

Utkast til sivilt vertlandsstøttekonsept ble levert DSB primo 2019 og er til behandling i direktoratet. 

Status øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for status på gjennomførte øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene. 

Fylkesmannen arrangerte i 2019 øving for kommunal kriseleiing, der alle kommunane i fylket fekk høve til å delta. 19 av 35 kommunar deltok. Scenarioet handla dette året om Pandemi.

I tillegg har vi gjennomført fleire varslingsøvingar gjennom året.

Vi ser gjennom tilsyna våre at fleire av kommunane øver i eigen regi utover dei øvingane vi tilbyr.

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Vi viser til tidlegare innsendt økonomirapportering per 31.12.2019 og eigen tilskotsrapportering til Miljødirektoratet.  

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Status på arbeidet med godkjenning og re-godkjenning av avfallsplaner i havner.

I den første halvdelen av 2019 jobba vi for det meste med å kontakte nye verksemder og kommunar for å få inn nye planar.  Nokre av dei hamneansvarlege som hadde fått godkjend plan for tre år sida vart kontakta for revidert plan. I den siste halvdelen av 2019 arbeida vi med å godkjenne innsende planar, og også kontakte hamneansvarleg og be om utbetring dersom innsend plan var mangelfull. Mange av planane som er sendt inn har manglar.

Alle godkjende planar er no lagt inn i karttenesta. Arbeidet med kvalitetssikring av data i karttenesta vil vere tidkrevjande, men vi kom godt i gong i 2019, og vil fortsette dette arbeidet i 2020.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Status på gjennomførte tiltak mot fremmede organismer.

Fylkesmannen har lagt hovudvekta på behandling av framande karplanter. Kunnskapsgrunnlaget om førekomstane er godt etter å ha lagt ned inntil 6 månadsverk i kartlegging for 2017-18. Det er brukt litt midlar til kartlegging i Ålesund kommune, og denne kartlegginga er gjort i regi av kommunen.

Handlingsplanen for tiltak mot framande artar er oppdatert for 2019, og dette er eit viktig verktøy for effektiv innsats mot dei utvalde artane.

Det er gjennomført eit samarbeid med Fylkesmannen i Trøndelag om uttak av kjempespringfrø langs Surnavassdraget. Dette har medført at Fylkesmannen i M&R har finansiert uttak i Rindal kommune vha. inngått rammeavtale.

Vi har prioritert utrydding av kjempebjørnekjeks og regional utrydding av satelittar med kjempespringfrø. Dette arbeidet starta før 2019, og vil krevje jamn overvaking av lokalitetane/områda. Arbeidet mot rynkerose har fortsett etter systematikken i handlingsplanen med vekt på utrydding frå verdfulle naturtypar. Metodikken er effektiv over tid.Dette arbeidet har skjedd av entyreprenørar vi har rammeavtale med.

Til slutt har vi fjerna bartre som vestamerikansk hemlokk og sitkagran frå nokre utvalde område som i Vestnorsk Fjordlandskap og i randsoner til naturreservat der vi har fjerna bartre innafor.  

Vannforvaltningstiltak (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Status på vannforvaltningstiltak i vedtatte regionale tiltaksprogrammer fra 2016 innenfor eget myndighetsområde, ved utdrag/utskrift fra Vann-Nett.

I vann-nett kan ein ikkje sortere på ulike fylkesmannsembete, og sidan vassreginonområda ikkje følger fylkesgrensa, blir ikkje statestikken frå vann-nett om tiltak innafor eige myndigheitsområde heilt korrekt. Vi har mellom anna nokre tiltak der Fylkesmannen i Trøndelag er myndigheit. Det kan også sjå ut til at en del tiltak i elver med fysiske endringar er feilaktig satt med fylkesmannen som myndigheit. Dette må vi sjå vidare på i 2020.

Avvist - 14
Ferdig - 47
Føreslått - 50
Planlagd - 2
Påstarta - 69
Utsett - 138

Utvalgte naturtyper (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Status på utvalgte naturtyper (UN):

1) Antall plansaker som berører UN-lokaliteter.

2) Antall plansaker hvor det er tatt hensyn til UN-lokaliteter.

Vi føre planstatistikk manuelt i exelskjema, der det frå 2019 er eiga kollone for i konflikt med UN. Vi kan ikkje utelukke at det er saker som ikkje vart registrert (Gjeld berre reguleringsplanar). Det er registrert 4 plansaker som var i konflikt med enten slåttemark eller kystlynghei (3 reguleringsplanar og 1 kommuneplan). I 3 av desse fant ein løysing, medan i den tredje har planprosessen stansa opp utan avklaring.

Sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner (fra kapittel 7.3.5.6 i TB)

Rapportere på

Status på sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner: Det skal rapporteres på følgende: Antall nye pålegg som er gitt, antall løpende pålegg og antall frivillige avtaler med konsesjonær. Rapport om løpende pålegg skal deles i pålegg om fiskeutsetting og øvrige pålegg

Det vart gitt eit revidert pålegg i 2019, som gjald utsetting av innlandsfisk i Osbuvatnet og Reinsvatnet. Dette gjeld konsesjon gitt til Statkraft innan Aurautbygginga. Vi har i tillegg løpende pålegg om fiskeutsetting i 5 andre vassdrag (innlandsfisk). Når det gjeld pålegg som gjeld anadrom fisk i regulerte vassdrag er det Miljødirektoratet som har ansvaret for dette.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har over tid sett behovet for betre organisering av tilsyn, heilt tilbake til 2007 har vi gjort forsøk på å få dette til internt utan å lukkast. Tilsyn handlar både om metodar, opplæring, mynde, språk mm.  I 2017  vart det sett ned ei tilsynsgruppe i embetet med representasjon frå alle avdelingane. Gruppa starta arbeidet med å få våre eigne tilsyn koordinert og meir føreseielege for kommunane, og det vart utarbeidd ein intern tilsynskalender som var lagt ut på Fylkesmannen  sine heimesider og som viste fylkesmannen sine planlagde tilsyn for året. Tilsynsgruppa hadde to møte i 2017, men har sidan hatt møter 7-9 gongar årleg. I tillegg arrangerer Fylkesmannen intern fagdag for alle sine tilsette som utøver tilsyn for å formidle felles kunnskap og språk.

I 2018 fekk FMMR i oppdrag frå KMD å leie prosjektet med  å utvikle ein nasjonal tilsynskalender. Denne nye Tilsynskalenderen blei tatt i bruk av alle statlege tilsynsetatar frå 1.1.2020. Fylkesmannen oppgåve er å samordne alle statlege tilsyn, og i samarbeid med kommunane forsøke å unngå for stor belastning på einskildkommunar.

Eit anna viktig tiltak Fylkesmannen gjorde for å samordne alle statlege tilsyn etter kommunelova var oppretting av tilsynsforum i 2018. Dette forumet er for alle statlege tilsynsetatar i Møre og Romsdal, også kontrollutvalssekretariata og har to årlege møter. Forumet har delt informasjon om kvarandre og blitt betre kjent, og alle er no godt orientert og involvert i den nye Tilsynskalenderen.

Fylkesmannen har gjennom ulike tiltak forsøkt  å fremme og formidle læring hos kommunane. Gjennom ulike erfaringskonferansar der også andre kommunar som ikkje har hatt tilsyn blir invitert, kurs og opplæring direkte til enkeltkommunar i etterkant av tilsyn, lærande tilsyn der fleire kommunar deltek i tilsynet.

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

Rettleiing om økonomireglane i kommunelova kapittel 8 og 9 med tilhøyrande forskrifter blir gitt skriftleg i samband med kommunane sine budsjett og økonomiplan, samt rekneskap.

Vi arrangerer konferansar knytt til statsbudsjettet i lag med KS. Tema er naturleg nok det overordna innhaldet i framlegga, men det er også knytt opp mot meir spesifikke tema.

Vi har mykje rettleiing utanom dei faste postane nemnt ovanfor. Denne rettleiinga går per brev, e-post og telefon. Dette gjeld rettleiing der kommunane tar kontakt med oss, men ikkje minst der vi må ta initiativ ovanfor kommunane. Det er vanskeleg å planlegge for slik tidsbruk, og i periodar er rettleiingsbehovet frå kommunane omfattande og større enn det vi har moglegheit til å prioritere om vi skal ivareta andre oppgåver og oppdrag.

Vi har dialog med kommunerevisjonen, gjerne uformelt via telefon eller møter. Sakene her kan vere om både revisjonen av rekneskapen og forvaltningsrevisjon, og om forståinga av lovverk og grad av reaksjon i dei ulike sakene.

Gjennom oppdragsporteføljen møter vi også andre aktørar enn kommunane.

Vi har hatt mange møter med kommunane gjennom 2019. Det er møter der kommunane treng råd og rettleiing, samt ønskjer å diskutere sin eigen situasjon. Andre møter til dømes knytt til skjønnstildelinga, inntektssystemet, kommunale garantiar, Robek og den økonomiske utviklinga til kommunen med meir.

Vi arrangerer også årleg ein fagdag for økonomisjefane i fylket. Dette har vi fått god tilbakemelding på. Fast tema på samlinga er Kostra-rapportering og bruken av tala. Kostra-tala har bedra seg det siste året.   

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.2.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Fleire av våre tidlegare Robek-kommunar har betra sin økonomiske situasjon. Likevel fekk vi ein ny kommune, Eide, på ein kort visitt på Robek. Vi meldte ut Stranda og Ålesund etter mange år på Robek, men tidlegare enn planlagt. Talet på
Robek-kommunar gjekk ned frå 5 til 3. Vi veit at Sande betalte ned sitt akkumulerte underskot i løpet av 2019 og vil difor bli meldt ut i 2020. På slutten av 2019 var Eide, Giske og Sande på Robek.

Gjennom 2019 hadde vi mange møter med Robek-kommunane. Tema på møta var ofte generelt om kommuneøkonomi, men også økonomi knytt opp mot spesielle
utfordringar innafor spesifikke fagområde. Vi prioriterer å gi god og tett oppfølging ved førespurnad på e-post eller telefon frå Robek-kommunane.

Vi har og prioritert å besøke kommunestyret eller formannskapet i Robek-kommunane.

Kvart år skriv vi høyringsuttale til budsjettet i alle Robek-kommunar, etter at saka er behandla i formannskapa, og formelt lagt ut til offentleg høyring. Dette har vi fått positive tilbakemeldingar på.

Skjønnsmidler (fra kapittel 7.3.6.2.3 i TB)

Rapportere på

Omtale av prosess med kommunene i tildelingen av skjønnsmidler for 2020.

Vi er godt i gang med å endre tildelingsprosessen for skjønnsmidlane. Vi fordelte mesteparten av skjønnsramma til statsbudsjettet. I tillegg held vi tilbake ein krisepott på 5 prosent av ramma.

Det var om lag 2/3 av kommunane som kom med innspel til
skjønnstildelinga. Innspela frå kommunane vert systematisert og gåttigjennom med alle fagavdelingane hos Fylkesmannen for kvalitetssikring. Vi har og sett tildeling av skjønnsmidlane opp mot andre tilskotsordningar hos Fylkesmannen.  

Vi ser at somme kommunar har store utgifter som ikkje vert fanga opp av inntektssystemet. Det er i første rekke utgifter til barnevern, ressurskrevjande tenestemottakarar, språkdeling osv.

Skjønnsmidlane er eit viktig verktøy for at kommunane skal ha like moglegheiter til å yte gode tenester.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Omtale av virkninger og resultater av prosjektene. Noen få innovasjonsprosjekter kan trekkes spesielt fram.

I 2019 handsama vi 23 søknader om tilskot til prosjekt og det vart søkt om 28,3 millionar kroner. Vi tildelte om lag 7,9 millionar til 8 prosjekt. Vi har dei siste åra sett som krav at kommunane skal gå saman om prosjekt, samt at vi ønsker å satse på større og færre prosjekt.

Talet på søknader og omfanget av søknadane tyder på at prosjektskjønnet er sett på som eit viktig bidrag i innovasjons- og utviklingsarbeidet i kommunane. Likevel ser vi at det var en nedgang i tal på søknader frå fjoråret, men det trur vi har med at vi har mange kommunesamanslåingar og at kommunane hadde mykje anna å ta seg til i den forbindelse.   

I 2019 gjekk 5 millionar av potten med prosjektskjønnsmidlar til arbeidet med Helseplattformen.

Undervegsrapportering på prosjekta er gjort i ISORD i 2019 og det har fungert greitt.

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Fylkesmannen har totalt behandla 6 saker om lovlegkontroll etter klage. I ein av desse sakene var habilitet eit vurderingstema. Vi har vidare vurdert 3 saker der fylkesmannen var oppmoda om å gjennomføre lovlegkontroll av eige tiltak, men ingen av desse vart tekne opp til behandling.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.4.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Vi rettleier mykje om kommunalrettslege tema. I 2019 har vi særleg rettleia om reglane om konstituering, val og kjønnsmessig balanse. Vi har elles registrert at vi ikkje har motteke fleire førespurnader frå kommunar som skulle slå seg saman enn frå andre kommunar. Elles rettleier vi mykje i spørsmål som gjeld habilitet, samt reglane om lovlegkontroll. 

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.4.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

Det er eit stort omfang av interkommunalt samarbeid i Møre og Romsdal. Dette er også dokumentert i ein NIVI-rapport tilbake til 2013. Då vart talet på interkommunale samarbeid i fylket talt opp til å vere 256 ulike samarbeid. 

Mange av desse samarbeida har vore i endring i 2019. Dette som følgje av kommunereforma. Nokre kommunar har inngått nye avtalar med andre kommunar, medan nokre kommunar har sagt opp sine samarbeidsavtalar fordi det blir for dyrt. Nye kommunar er fortsatt oppteken av å vere imøtakomande til nabokommunane som vil ta del i eit interkommunalt samarbeid. Det som har endra seg er prisfastsettinga og samarbeidsmodell. Det er no vertkommunemodellen som i all hovudsak vert brukt .

Eit døme er barnevernssamarbeidet: Med 36 kommunar i Møre og Romsdal hadde vi 19 barnevernstenester. Ved årsskiftet vart talet på kommunar redusert til 26, og talet på barnevernstenester er no 14. Barnevernsvakt er eit anna døme på interkommunalt samarbeid som kom opp og sto i 2019.

Vi har 3 regionråd som dekkjer alle kommunane i fylket, og i stor grad samabeider kommuane innan same regionråd. Sjølv om det med fordel kunne vore rydda i strukturen for å bli mer strategisk. Oppmodinga er gitt til kommunane, og så er det opp til dei om dei vil gjere noko med det.

Dei fleste av kommunane inngår i ulike vertskommunesamarbeid både innan barnevern, pedagogisk psykologiske tjenester og krisesentertilbud. I helsesektoren er det etablert vertskommunesamarbeid både for legevakt, alarmsentral og kommunal øyeblikkelig hjelp. Vertskommunesamarbeid er vidare etablert innan brannvern, landbruksforvaltning, oppmåling og geodata, natur- og miljøforvaltning, kulturskole, arbeidsgiverkontroll, IKT, sentralbordfunksjon mm.

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Vi har i 2019 behandla 8 klagesaker etter offentleglova. I 3 av desse saken fekk klagar heilt eller delvis medhald i klagen.

Vi har også behandla to klagesaker om partsinnsyn. I ein av desse sakene fekk klagar delvis medhald i sin klage.


Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.

Arealplanar med motsegn frå andre statsetatar blir samordna og konfliktar blir forsøkt løyst på drøftingsmøta med kommunane. Det har vore lagt stor vekt på å etablere gode system og rutinar I samband med dette. Statistikken for 2019 viser at i alt 27 saker er omfatta av samordningsforsøket i vårt embete. Av desse er 23 saker knytt til reguleringsplanar og 4 til kommuneplanar.  Av statsetatane er NVE og Statens vegvesen oftast representert som motsegnspart.

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 rapporterer alle embetene byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Sjå merknad under pkt. 3.3.1.1.2.1

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Sjå merknad under pkt. 3.3.1.1.3.1

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv innsatsen med de to tiltakene i tiltaksplanen for Bolig for velferd 2018-2020 gjennomført av regionale aktører under fylkesmannens ledelse.

Tiltak 1 -Boligar og oppfølgingstenester for menneske med rusavhengigheit og psykiske lidingar: I samarbeid med KORUS og NAPHA har Fylkesmannen invitert fire kommunar til eit pilotprosjekt for heilskaplege tenester til mennesker med samansette behov. Dei vil jobbe saman i nettverk, samstundes som dei legg til rette for samarbeid i eigen kommune. Erfaringar frå dette arbeidet skal presenterast i ein erfaringskonferanse i 2020/2021.

Tiltak 2- Eigna boligar for vanskelegstilte barnefamiliar: I samarbeid med Husbanken, Imdi, NAV Møre og Romsdal vart det gjennomført ein fagdag med tema barn i familiar med låg inntekt. Deltakarar var mellom anna frå flyktningetenesta, NAV, helsesjukepleiarar, bustadkontor og barnevern. Resultatet frå gruppearbeidet vil legge føringar for vidare innsats frå regionale aktørar i 2020.

Tiltak 3: Bustadplanlegging for aldrande befolkning. Det er etablert nettverk saman med Husbanken, Møre og Romsdal fylkeskommune og tre kommunar på Sunnmøre med tema bustadplanlegging for ei aldrande befolkning.

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2019. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Vi har hatt ein lærling innafor kontor- og administrasjonsfaget som tok fagbrevet i 2019.

Rapportering på fellesføring 2019 (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og de øvrige målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18.

Som eit av tiltaka for å innfri målet om at minimum fem prosent av nytilsetjingane i embetet skulle vere personer med nedsatt funksjonsevne eller hol i CV-en, meldte vi oss på traineeordninga i staten. Vi fulgte alle opplæringsmøta via web og gjennom desse fekk vi  innspel til korleis vi skulle målrette annonseringa mot dei som har høgare utdanning og nedsatt funksjonsevne. Dessverre fekk vi ikkje kvalifiserte søkjarar på stillinga som vi lyste ut, men ved å vere med på prosjektet fekk vi auka kompetansen og større fokus på inkludering. Vi har endra standardteksta på våre stillingsutlysingar i tråd med rundskrivet.

Med en andel på nær 25 % oppnådde vi 5 %-målet i 2019.

Vi har i fleire år hatt praksis på å kalle inn til intervju dei kvalifiserte søkjarane som oppgir at dei har innvandrarbakgrunn. Denne praksisen har vi forsøkt å ta med oss mot gruppa som er omfatta av inkluderingsdugnaden. Men vi opplever sjeldan at søkjarar til våre stillingar oppgir nedsatt funksjonsevne/hol i CV i søknaden. Det var kun ein av dei som vi har tilsett som oppga nedsett funksjonsevne i sin søknad, dei andre har oppgitt dette i intervjuet. Noko som betyr at dei vart innkalla til intervju på bakgrunn av sine kvalifikasjonar.

Antalet nytilsetjingar i 2019 er 20. Det ble ansatt fem personer fra målgruppen for inkluderingsdugnaden.

25% av nytilsette i 2019 hadde nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.           

Rapportering kommunestruktur (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets arbeid og prosesser for dialog med kommuner om utfordringer fremover og hvilke muligheter som kan ligge i strukturendringer, ref. oppdrag 3.1.7.1.

I Møre og Romsdal gjekk vi frå 36 til 26 kommunar etter fyrste runde i kommunereforma. Det er såpass store endringar, at det allereie har gitt ringverknader. Kommunar som sa nei til å slå seg saman med andre, får no merke at interkommunale samarbeidsavtaler er sagt opp. Nye kan kome til, men dei er langt dyrare for småkommunane. 

Fylkesmannen sin strategi for vidare arbeid med kommunestrukturen er å leggje stor vekt på planstrategi og samfunnsplana som kommunane no skal utarbeide. Vi er trygg på at alle kommunane i Møre og Romsdal vil vedta ein ny planstrategi i løpet av året, og så godt som alle kommunar er også i gong med samfunnsplanarbeidet. Vi bruker skjønsmidler for å støtte opp under dette arbeidet. Felles plansamarbeid på Nordmøre er eit slikt døme. Dei har fått skjønsmidler til å tilsette ein prosjektleiar i 3 år for å køyre samordna prosessar for ei felles tilnærming og samtidigheit for planstrategi og samfunnsplan. Når nye politikarar ser at dei har omlag same utfordringane som nabokommunane, så kan det hende dei finn ut at dei best kan løyse dette med å byggje større kommunar. Tida vil vise om vår hypotese stemmer.  

I praksis så betyr dette at Fylkesmannen har eit sterkt fokus på utfordringsbilete for kommunane framover. Det er derfor viktig å møte kommunene på flere områder og areaner gjennom året. Dette handler blant annet om å bygge tillit og relasjoner gjennom alle møter og kontaktpunkt. Vi nevner nokre av dei viktigaste møteplassane og tiltaka:

- Nyttårskonferansen
- Forventningsbrev til kommunane
- Tilsyn
- Fast "Fylkesmannens halvtime" i alle 3 regionrådene
- Rådmannssamlingar
- Rådmannsdag for nye rådmenn
- Robek kommunar - tette oppfølging og innlegg i kommunestyrane
- Kommunebesøk til samtlege kommunar i løpet av 2020


Fellesføring 2019 - motvirke arbeidslivskriminalitet (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetenes anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet, jf. rundskriv H-8/17.

Innkjøpssamarbeid med Statens Innkjøpssenter, FMFA og Møre og Romsdal fylkeskommune gjer dei fleste innkjøp av tjenestekontrakter og bygge- og anleggskontrakter som overstig 1.3 mill. kroner eksl. mva for oss.

Vi hadde ikkje innkjøp som kjem inn under rundskrivet i 2019.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.7.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Universell utforming inngår som fast sjekkpunkt i alle plansaker på høyring etter plan- og bygningslova. I den løpande plansaksbehandlinga vil merkander og vurderingar knytt til universell utforming inngå i våre høyringsfråsegner i samband med kommunale planstrategiar, kommune(-del)planar og reguleringsplanar. I 2019 omfatta dette 406 saker/ekspedisjonar. Universell utforming vil i praksis ofte vere nær knytt til andre planfaglege tema som Folkehelse og Barn og unge. Det tverrfaglege perspektivet er her særleg understreka.

Universell utforming har elles vore tema i samband med fagsamlingar, plannettverkssamlingar og regionalt planforum.

Likestilling og inkludering inngår som gjennomgåande perspektiv i FMMR sin strategiplan for perioden 2017 – 2020. Universell utforming er her eit berande element.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.7.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Likestilling og tiltak for å hindre diskriminering er tema vi tek opp i innspel til samfunns- og arealplanlegginga i kommunane. Vi har innarbeidd likestillingsomsyn i våre interne sjekklister for planrutinane våre.

Etter kommunevalget 2019 og konstitueringen av nye kommunestyrer og andre utvalg har Fylkesmannen drevet en omfattende veilednings-arbeid når det gjelder forståelsen av kommunelovens bestemmelser om krav til kjønnsbalanse i politiske organer. 

Vurdering av virkemiddelbruk på rettsikkerhetsområdet (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke vurderinger som ligger til grunn for valg av virkemiddel og oppfølgingsmåte av risikoutsatte kommuner på rettsikkerhetsområdet.  

Fylkesmannen sit på ei stor mengde med informasjon om kommunane som vi legg til grunn i vår risikovurdering.  I tillegg kjem media sine oppslag av ulike saker. Nokre saker er av ein slik karakter at vi ser oss nødt til å opprette tilsynssak. 

Vi ser og ein tendens til at kommunar som slit på eit område, ofte har utfordringar på fleire andre områder. Dialog og rettleiing av kommunen si leiing, både politisk og administrativt, høyrer med når sakene blir alvorleg nok. Robek kommunar som ikkje greie å overhalde si forpliktande plan er eit slik døme. 

Kunnskap vi har fått ved tidligare tilsyn og kommunen sin evne til å rette opp pålegg som er gitt, er eit anna døme. Generell kompetanseheving for faggrupper i fleire kommunar kan vere eit tiltak, individuell veiledning og veiledning i grupper ut fra en vurdering av kva som er best for den einskilde kommune er andre tiltak.

Vi har hatt direkte veiledning med kommunar kor vi har sett feil forståing av regelverket og kor kommunen sjøl har bede om meir opplæring omkring lovreglar. 



Rapportering saksbehandlingstid i skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid i håndhevingssakene per 31.12. Dere skal kun rapportere på saker som gjelder brutt/ikke brutt aktivitetsplikt. 

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid i 2019 var 93 dagar når ein reknar med alle sakene. Tre av desse sakene hadde veldig lang saksbehandlingstid og trekkjer betydeleg opp gjennomsnittet. Sakene gjaldt elevar som fekk det trygt og godt på skolen kort tid etter at sakene vart meldt til Fylkesmannen, men foreldra ønska at Fylkesmannen uansett skulle behandle dei. Dei tre elevane gjekk på same skole. Desse sakene vart derfor nedprioritert i forhold til andre saker der elevar ikkje hadde det trygt og godt. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid utan desse tre sakene, var 52 dagar.  Det uroar oss at vi ikkje greier å behandle alle saker innanfor ei rimeleg tidsramme og vi diskuterer på kva måte vi skal arbeide og organisere oss for å imøtekome denne utfordringa.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2. Fylkesmannen skal redegjøre for valg av tilsynsobjekt, omfang og innretning på tilsyn. I denne sammenheng må dere redegjøre for hvordan ulike kilder er brukt i vurderingen av tilsyn som virkemiddel. Dere skal vise hvilke vurderinger som har vært avgjørende for valg av tilsynstema, tilsynsobjekt og innretningen på tilsynet. Dere skal synliggjøre hvordan risikoen for regelverksbrudd er redusert ved bruk av tilsyn som virkemiddel.

Barnehagelova kap.V A:  På barnehageområdet har vi hatt formøte før tilsyn med tema Barnehagelova kap.V A.  Alle kommunane i regionen blir inviterte saman med den kommunen som det skal førast  tilsyn med. Dette har vore svært positivt og kan på sikt vere med å redusere risikoen for regelverksbrot.

Val av tema - FM har valgt tema og tilsynsobjekt på bakgrunn av risikovurderingar. I utvelging av tilsynsobjekt legg vi vekt på Basil rapporteringa, bekymringsmeldingar, kommunar som ikkje overheld fristar, klager frå t.d. foreldre, PPT, BUP og oppslag i media.

Averøy kommune – barnehagemyndigheita deltek sjeldan i møte/konferansar. Der er ikkje barnehagefagleg kompetanse på kommunenivå. Vi høyrer lite frå dei og om dei. Held ikkje fristar på rapportering og tilbakemeldingar. Mange barn per. vaksen (opptil 6,4) . Pedagognorma er ikkje oppfylt i alle barnehagar.

Stranda kommune – Lenge sidan vi har vore der, høyrer lite frå dei og om dei. Mange barn per. vaksen (opptil 6,8 ). Ifylgje BASIL har kommunen ikkje hatt stadleg tilsyn med barnehagar sidan 2015. Pedagognorma er ikkje oppfylt i alle barnehagar.

Aureosen skole i Fræna kommune – Det har vore store utfordringar med kapasiteten til PPT i kommunen. Vi har fått opplysningar om ein forvaltningsrevisjon som har vore gjennomført når det gjeld PPT og spesialundervisning i kommunen. Av rapporten går det fram at det også er utfordringar med gjennomføring av spesialundervisning. Vi vurderte det derfor slik at lovbrot allereie var avdekka når det gjaldt PPT, og at dei måtte få tid til å løyse dette før vi ev. opna tilsyn. Vi valde derfor å gjennomføre tilsyn med gjennomføring av spesialundervisning i fyrste omgang. Vi valde ut ein skule i den aktuelle kommunen der vi har fått nokre meldingar frå foreldre om manglande gjennomføring av spesialundervisning. Vi inviterte fleire kommunar til formøtet, slik at dei kunne få rettleiing om regelverket.

Spjelkavik ungdomsskole i Ålesund kommune – Vi har hatt flere 9A-saker frå skolen. Dette var skoleåret 2017/2018. Vi har også fått fleire meldingar frå foreldre som har hatt barn på skolen, som meiner skolen ikkje legg til rette for elevar med særlege behov. I desse tilfella har ikkje elevane opplevd å ha det trygt og godt på skolen. Vidare var det eit oppslag i Sunnmørsposten i veke 48 i 2018. Der vart det retta kritikk av skolen når det gjaldt både skolemiljø og spesialundervisning. På bakgrunn av dette fann vi grunn til å undersøke forholda nærmare. Vi inviterte fleire kommunar til formøtet, slik at dei kunne få rettleiing om regelverket.

Straumsnes barne- og ungdomsskole i Tingvoll kommune – oppfølgingstilsyn – vi var på tilsyn ved skolen hausten 2015. Det vart avdekka mange lovbrot den gongen, og vi varsla om at vi ville komme tilbake om eit par år. Etter vel tre år ville vi sjå om skolen hadde forbetra arbeidet sitt når det gjeld skolemiljø. Vi inviterte fleire kommunar til formøtet, slik at dei kunne få rettleiing om regelverket.

Ringstad skule i Stranda kommune – Vi fekk mange meldingar frå foreldre ved skolen i løpet av kort tid. Ved behandling av 9A-saker har vi avdekka at skolen ikkje arbeider i tråd med kapittel 9A. Det var derfor viktig å føre tilsyn for å få skolen på rett vei. Vi inviterte fleire kommunar til formøtet, slik at dei kunne få rettleiing om regelverket.

Aure voksenopplæring i Aure kommune – ein liten kommune med eigen voksenopplæring. Vi høyrer veldig lite frå og om denne kommunen.

Romsdal vgs. Skolen vart valt ut på bakgrunn av at det er ein av dei store VO-sentra i fylket og har både yrkesfagleg- og studiespesialiserande studieretning. Vi fekk då tilgang til eit breiare utval i søkjarmassa og valgte stadleg tilsyn, med intervju av deltakarar. I tillegg har dei eigen administrasjon for vaksenopplæring. Vi fekk då i større grad sjå om systema var plass if. tema. rettleie og behandle søknadar. Vi hadde også tilsyn med det forsvarlege systemet, tema rettleie og behandle søknadar. Vi vurderer vidare å gjennomføre tilsyn med  deltema gjennomføring av opplæringa på eit seinare tidspunkt. Fylkeskommunen har brukt vår rapport til å informere og korrigere praksis ved behov i alle opplæringssentra i fylket. 



Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Fylkesmannen har behandla 18 klagesaker på barnehageområdet og 111 på skoleområdet (offentlege skolar).  Vi hadde ingen klagesaker frå friskolar i 2019.


Rapportering på egen kompetanse på regelverksområdet (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for egen kompetanse på regelverksområdet og tiltak som er iverksatt for å sikre god kvalitet.  

Vi vurderer å ha god kompetanse på regelverksområdet.  I Oppvekst- og utdanningsavdelinga har vi per dato fire juristar.  Vi har no tilsett to juristar til, ein i fast stilling og ein i midlertidig stilling.  Desse to skal starte i jobb her i løpet av våren og sommaren.  Det er i 2019 oppretta funksjon for juridisk fagleiar og oppretta juridisk faggruppe i avdelinga.  Dette for å heve kompetansen internt, lære av kvarandre og sikre ein omforent rettspraksis. 

Samarbeidsforum i desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for roller og samhandling i partnerskapet for desentralisert ordning for kompetanseutvikling, og for hvilke prioriteringer som er gjort for bruk av kompetanseutviklingsmidlene, som det er enighet om i samarbeidsforumet. 

Eg viser til modellen for desentralisert kompetanseutvikling i pkt. 3.4.1.1.1.

Rollene og samhandlinga i partnerskapet i vår modell for desentralisert kompetanseutvikling er:

Fylkesmannen skal legge til rette for samarbeidsforum der deltakande partar i fellesskap og i samarbeid med UH skal bli einige om korleis dei fordeler dei statlege midlane. Ein skal og legge til rette for samarbeid mellom skule- og barnehageeigarar og UH-institusjonar, stimulere til utvikling av partnarskap og langsiktig arbeid i lokale nettverk for kompetanseutvikling. Ein viktig del er og å informere om nye statlege signal og rammer og peike på aktuelle risikoområde og behov.

Samarbeidsforum på fylkesnivå er ein arena for erfaringsdeling, der ein kan samordne tiltak for fylket og evaluere tiltaka

Regionalt samarbeidsforum skal undersøke/kartlegge kompetansebehov, prioritere utviklingsområde, og planlegge kompetanseutviklingsstrategi. Vidare skal dei samordne behov, bygge kapasitet gjennom samskaping og fordele midlar mellom Partane i eigen "region". Ein viktig faktor er og å evaluere tiltaka som er satt i gang.

Kommunane og fylkeskommunen skal samarbeide med universitet og høgskular for å kartlegge og prioritere kva for område det er behov for kvalitetsutvikling innanfor. Dei skal og involvere skuleleiinga og lærarprofesjonen i kartlegging, val og utforming av tiltak, og organisere og støtte interne utviklingsprosessar. Evaluering av eigne tiltak er og ein viktig del.

Universitet og høgskular deltar i samarbeidsforum på fylkesnivå, og dei skal samhandle tett med den enkelte region for å vere med i prosessen av kartlegging av behov osv. UH fungerer som ein utviklingspartnarar for kommunane/regionen og skal bidra med fagleg innhald i det lokale utviklingsarbeidet. I tillegg skal dei  koordinere kompetansetiltaka regionane har, og eventuelt hente inn kompetanse frå andre miljø osb.

Felles prioritering av midlane for vår modell er arbeidet med fagfornyinga der alle regionane har prioriterer dette høgt. Andre satsingsområde er bl.a. regional leiarutvikling, digital kompetanse, SIM prosjekt og arbeidsplassert kompetanseutvikling.

Vi vurderer behovet for å gå gjennom utarbeidde dokument for å justere arbeidet i Samarbeidsforum og for samarbeidet mellom praksisfeltet og UH-sektoren.  Dette gjeld både mandat og  partnarskapsavtalar, samt plan- og rapporteringsskjema.  Vi vurderer det slik at dette er viktig å legge inn i den langsiktige fylkesplanen.  Det er utfordringar i denne modellen og vi har under planlegging dialogmøte med regionskontontaktane for å justere koordineringsarbeidet vårt i samsvar med behovet i regionane.  

Sammenheng mellom desentralisert og andre statlige ordninger komp.utv. (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvordan etter- og videreutdanning (for eksempel lærerspesialister og veiledning av nyutdannete) blir benyttet i sammenheng med andre tiltak for kvalitetsutvikling. 

Som vist i pkt. 7.3.8.6. skal kommunane og fylkeskommunen involvere skuleleiinga og lærarprofesjonen i kartlegging, val og utforming av tiltak, og organisere og støtte interne utviklingsprosessar.

I vår kontakt med kommunane i ulike fora har vi inntrykk av at lærarar i etter- og vidareutdanning blir nytta i samanheng med interne utviklingsprosessar på skulenivå. Nokre regionar/kommunar er bevisste på det allereie, medan andre regionar/kommunar har planar om å nyttiggjere seg dette. Det er ei klar målsetting at det profesjonelle læringsfelleskapet skal bli styrka, både regionalt, kommunalt og på eigen arbeidsplass.

Regional ordning for kompetanseutvikling på barnehageområdet (fra kapittel 7.3.8.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for kompetansebehov i barnehagene i fylket og hvilke prioriteringer som er gjort i samarbeidsforumets kompetanseutviklingsplan. Videre skal det redegjøres kort for hvordan ordningen ses i sammenheng med andre nasjonale satsinger og kompetansetiltak.

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på deltakelse i kompetansetiltak i regional ordning for barnehage.

Kompetansebehova ute i kommunane er ulike og ei kartlegging er sett i gang, gjennom Høgskulen i Volda. Mange barnehagar i fylket har gjort mykje godt arbeid og utvikla sin pedagogiske praksis gjennom barnehagebasert kompetanseutvikling,store utviklingsprosjekt har vore gjort,  men vi ser òg at der er barnehagar som ikkje har gjort like mykje. Kommunesamanslåing er også ein faktor som har vore medvirkande til at det har vorte enda viktigare å få i gang ei kartlegging av kompetansebehova. Høgskulen i Volda har fått dette oppdraget av oss og skal legge fram ein rapport våren 2020. Dette er eit arbeid som vi ser burde ha vore gjort tidlegare for å få ei fullstendig oversikt i fylket. 

Fylkesmannen har hatt møte med dei regionale samarbeidsfora, for å klargjere korleis samarbeidsforumet på fylkesnivå fungerer og kva samarbeidet med UH- sektoren inneber. Barnehage og skule jobbar tett saman i desse fora. Samarbeidsforumet på fylkesnivå har prioritert ulikt i høve regionane, utifrå regionane sitt uttrykte behov. Vi ser at våre krav til planar og rapportering bør endrast for å kunne gi god nok informasjon til brukmellom anna i årsrapporteringa.  

Den nye ordninga for kompetanseutvikling bør sjåast i  samanheng med implementering av rammeplanen og eit inkluderande barnehagemiljø. Dette er noko vi har vore tydelig på heile vegen, og har også sagt noko om dette i vår implementeringsplan.Det er viktig å sjå til at vi koplar arbeidet til andre pågåande satsingar.  Døme på dette kan vere satsinga Inkluderande barnehage- og skulemiljø der Møre og Romsdal deltek med 4 kommunar og 2 friskular i pulje 4. Og implementering av rammeplanen, som er eit arbeid som har gått føre seg sidan 2016 og som vi framleis har fokus på.

Vi ser at ny norm for pedagogisk bemanning i barnehagane gjer at vårt fylke har stort behov for å utdanne barnehagelærarar, det kjem fram gjennom tala i Basil. 

Oppfølgingsordningen (fra kapittel 7.3.8.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for behovsanalysen som ligger til grunn for planlagte og igangsatte tiltak i kommuner som deltar i Oppfølgingsordningen. 

Begge dei to kommunane som deltar i Oppfølgingsordninga har rettleiarkorps. Den eine kommunen har nytta seg av resultatet frå Ung-Data undersøkinga som bakgrunn for å sette i gang tiltak på alle skulane i kommunen. I tillegg har dei nytta seg av resultat frå elevundersøkinga. For at ein skal sjå ein gjennomgåande, raud tråd i tiltaka og oppnå betre effekt, har dei kopla barnehage til dette arbeidet.

Den andre kommunen har nettopp starta i Oppfølgingsordninga og har gjennomført berre ei samling med rettleiarane i rettleiarkorpset. Skulen har gjennomført ein ROS-analyse og er i ein prosess saman med rettleiarane.  Dette for å finne grunnlag og dokumentasjon for utviklingsarbeidet.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.10 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Fylkesmannen i Møre og Romsdal vurderer det slik at vi forvaltar tilskotsordningane i samsvar med retningslinjene. Ingen avvik. 


I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.8.13.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Vi har mottatt 8 klager etter introduksjonslova.

Klagene som er ferdigbehandla fordeler seg slik:

Utvida introduksjonsprogram 

  • 7 klager.  Av dei fekk 6 ikkje medhald i klagen og 1 ble sendt tilbake til klager med informasjon og rettleiing om riktig saksgang.

Permanent stans

  • 1 klage. Klagen vart oppretthalden.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.8.13.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrarar hadde Fylkesmannen ingen klagesaker i 2019.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.8.13.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre statsborgerseremonier for alle nye statsborgere i fylket som har fylt 12 år, samt medvirke til at andelen av nye statsborgere som deltar på seremoniene øker.

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier som er avholdt, totalt antall utsendte invitasjoner til nye norske statsborgere og totalt antall nye statsborgere som har deltatt i statsborgerseremoniene i fylket.

Vi gjennomførte ein felles seremoni i fylket i 2019.  295 nye statsborgarar blei inviterte. Av dei møtte 111 statsborgarar, det utgjer 37,5%.

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.8.13.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall deltakere i opplæring norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (også personer som ikke er omfattet av introduksjonsloven). I tillegg skal fylkesmannen rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

VI har innhenta antal deltakarar i opplæring norsk og samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar samt antal årsverk som gir opplæring, frå alle opplæringskommunane, og tala er sendt over til Kompetanse Norge innan fristen 20.01.2020.  

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på
  • Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.
  • Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning
  • Ressurser benyttet til kontrollarbeid

"Landbrukskontor" er ikkje eintydig definert. "Kontor" refererer til fysisk adresse, men det finnes fleire eksempel på at tilsette innafor jordbruk og skogbruk har forskjellig geografisk ansvarsområde. Det er også vanleg at personar som arbeider med landbruk tar seg av heilt andre oppgåver i kommunen. Kontora er bedne om å rapportere "etter beste evne".

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart. (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart (AR5) skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart AR5.


I 2019 har alle kommunane i fylket innført sentral lagring av AR5.

I 5 av 35 kommunar er det ikkje registrert endringar i AR5 i 2019.

Utfordringar knytt til ajourføring av AR5 i kommunane:

- manglande kapasitet i kommunane

- feil og manglar i matrikkel

- fellesareal utan innbyrdes grenser

- store gebyr for retting og oppmåling gjer at grunneigar ikkje vil   gjennomføre kartforretning

Gjennom eit 3-årig geovekstprosjekt vil det bli gjennomført periodisk ajourhald av AR5 for alle kommunane i fylket. 5 kommunar blei ferdig i 2019.

Vi har gjennomført eit feltkurs i markslagskartlegging etter AR5. Det var 13 deltakarar frå ulike kommunar.

Fylkesmannen v/landbruksavdelinga er representert i fylkesgeodatautvalet og arbeidsutvalet for basisdata. Ein tek vare på landbruksinteressene i det regionale kartsamarbeidet ved deltaking på møter i desse utvala. 

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

I 2019 gjennomførte vi forvaltningskontroll i 9 kommunar der tema var produksjonstilskot og nærings- og miljøtilskot i skogbruket. Vi testa eigenvurdering som kontrollmetode i kombinasjon med kontroll av fleire nabokommunar i lag. Dette for å auke læringseffekten for kommunane og gje dei høve til å dele erfaringar. Vi vil teste metoden vidare i 2020 og deretter evaluere. 

Hovudinntrykket er at kommuane stort sett forvaltar ordningane i tråd med regelverket. 

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Kommunane avkorter i stadig større grad, år for år, for feilopplysningar gitt i søknadene. Det er for søknadsomgangen 2019 (PT) blitt avkorta i 29 søknader (mot 19 året før). Normen er beløp tilsvarande meirutbetalinga, og den normen blir fulgt i dei aller fleste tilfella. Ein del feilopplysninger kan vere gitt i god tru, og skal ikkje avkortast. Det er grunn til å tru at mange kommunar legg godvilje til i vurderinga om feilopplysning er gitt uaktsomt eller i god tru.

Ekstraordinær saksmengde - erstatning etter avlingssvikt (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på

Etter tørkesommeren 2018 har mange fylkesmenn også i 2019 måttet legge ekstra innsats i behandling av en ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Dette gjelder både erstatningssøknader og klager. På grunn av den spesielle situasjonen bes det om at fylkesmennene rapporterer på følgende:

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats i 2019 grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket i 2018.

- Beskriv kort hvilke andre oppgaver og ansvarsområder som eventuelt er nedprioritert eller forenklet for å gi rom for ekstrainnsatsen.

- Gi en kort vurdering av hvilke av de ekstraordinære tiltakene som ble iverksatt i embetet og overfor kommunene i 2018 og 2019, som anbefales brukt i eventuelle lignende situasjoner.

Møre og Romsdal var ikkje blant fylka med størst tørkeproblem i 2018, men 270 erstatningssøknader er langt fleire enn i eit normalt år. Ekstra ressursinnsats var at ein saksbehandler prioriterte mykje av si arbeidstid til erstatningssaker i november og desember 2018. Det var også litt bruk av overtid i den perioden. I tillegg tok ein anna saksbehandler ansvaret for ei anna ordning (RMP) for å auke ressursinnsatsen med erstatningssakene.

I 2019 har det ikkje vore ekstra innsats på grunn av tørkesommaren 2018. Erstatningssakene var ferdigbehandla før jul i 2018. Nokre få etterbehandlingar, men ubetydeleg ekstrainnsats.

Det er viktig i liknande situasjoner at heile embetet og den kommunale landbruksforvaltninga er klar over at det er ein ekstraordinær situasjon, og forstår at enkeltpersonar må prioritere innsatsen sin til den situasjonen i ein viss periode.

Det er blanda erfaringar med forenkling av vilkår/regelverk. Det var i den aktuelle situasjonen erfaring med at enkelte føretak søkte om og fekk erstatning som slett ikkje hadde særleg stort avlingstap. Typisk var dette føretak med store areal i forhold til sine dyretal, og svært ekstensiv jordbruksproduksjon.

Arbeidet for utsatte barn og unge (0-24) (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke tiltak som er gjennomført i arbeidet for utsatte barn og unge, både for å samordne regionale innsatser og for å styrke samarbeidet mellom sektorer og tjenester i kommunen. Fylkesmannen skal også gi en vurdering av arbeidet: hva lykkes godt og hva er mer utfordrende.

Fylkesmannen oversendte våren 2019 ein langsiktig plan for arbeidet med utsette barn og unge  jf. oppdrag. Den støtter opp under arbeidet med å styrke det tverrfaglege arbeidet om utsette barn og unge og deira familier i kommunane og  tiltak for å styrke den regionale samordninga.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal har i to strategiplanperiodar frå 2013-2019 hatt ei satsing på barn og unge kalla Betre oppvekst. Satsinga er no avslutta, men arbeidet vil bli ført vidare . Vi arbeide der med to hovudlinjer - ei førebyggande og ei for utsette barn og unge. Det tverrfaglege arbeidet i avdelingar og i satsinga Betre oppvekst danna grunnlag for den langsiktige handlingplanen.

Det var sju tiltak som var sett opp for 2019:
1. Barnekonvensjonen
I samband med Barnekonvensjonen sitt 30-årsjubileum vart det sendt ut oppmoding til alle kommunar ved rådmannen og til alle einingsleiarar på oppvekst/skole/barnehage om å markere dagen. Fylkesmannen publiserte kronikk i samband med jubileet. Barnevernskonferansen var og ein arena for å markere jubileet.
Vi har ikkje tal på kor mange kommunar som har sett i gang arbeid med å gjere Barnekonvensjonen til eit praktisk verkty. Men målet om å gjere både komunane og innbyggarane i fylket merksame på Barnekonvensjonen er oppnådd gjennom tiltaka.

2. Kompetanse
Meir kompetanse og bruk av barns beste vurdering var målsetting. Barneombodet var invitert til dialogmøte med helse og sosial og oppvekst og utdanning for å diskutere bruk av barns beste -vurdering i sakshandsaminga.  Vi vurderer det dit at både vissheit og bruk av barnekonvensjonen har auka i kommunane.  
Tilby meir kompetanse om teieplikt og meldplikt var eit anna mål. Dette var mellom anna eit av fleire tema på rus/psykiatri nettverkskonferanse "Samhandling - som ringar i vatn" og det er eit tema på kurs i sakshandsaming  for helse og omsorgsektoren. Stadig repetisjon i forskjellige fora vil gi auka merksemd og endra praksis.

3. Vald i nære relasjonar 
Fylkesmannen har besøkt dei tre krisesentra i fylket, i tillegg til tilsynsaktivitet knytt til sentra.
Vi samarbeider tett med RVTS om handlingsplanar mot vald i alle kommunane. Krisesentra har fått økonomisk støtte til å arbeid med kommunane om kompetanseheving og utarbeiding av planar. Det har ført til at alle kommunane no har tilbod om hjelp i utforming av planar mot vald i nære relasjonar.
Nettversamling for rus/psykiatri "Samhandling som ringar i vatn" hadde vald i nære relasjonar som hovudtema.

4. Akuttberedskap i barnevernet.
Skjønnsmidlar 2018 og 2019 vart brukt til å støtte opp under etablering av akuttberedskap i alle kommunar, og 3 barnevernsvakter er etablert. 

5. Samordning regionalt
Det vart i januar 2019 etablert eit regionalt levekårsnettverk. NAV Møre og Romsdal, Husbanken, KS, IMDI, og Møre og Romsdal fylkeskommune er no representert i nettverket. Sårbare barn og unge er hovedsatsingsområde for dette arbeidet. Parallelt er det etablert eit samarbeid på tvers i Fylket kalle Møre og Romsdal 2025 der også barn og unge blei utpeikt som eit satsingsområde. Føremålet er å samordne og utvikle innsats på tvers for å hindre utanforskap. Arbeidet er i startgropa, men gjennom møter vert felles innsats sett i samanheng, mellom anna tiltaket i pkt 7 under.

6. Samordning lokalt
Formell tverrfagleg samarbeidsgruppe mellom helse og sosialavdelinga og oppvekst og utdanningsavdelinga er under utarbeiding. Det foregår mykje samarbeid i enkeltsaker, men det er ikkje formelle strukturer slik det er i dag. Gode samarbeidsrutiner på tvers av avdelingar er under utarbeiding, mellom anna på bakgrunn av eit kartlegging av oppgåver og skjeringspunkt mellom helse og sosial, og oppvekst, utdanning og barnevern.

7. Innsats for barn i familiar med låg inntekt
Det vart arrangert ein tverrfagleg fagdag i haust med stor påmelding frå heile fylket. Det var stort engasjement frå kommunane i arbeidet med å finne sårbere område og tiltak. Regionale og statlege aktørar som var med å arrangere fagdagen vil både i fellesskap og kvar for oss følge opp utfordringane som kom fram på gruppearbeid. Det vil danne grunnlag for målretta tverrfagleg arbeid i kommunane i 2020.

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Etter avslutta prosjekt på Borgund vidaregånde skole er det no  etablert tilsvarande arbeid i Molde og Kristiansund. Fylkesmannen har over ei periode støtta eit tilsvarande arbeid på Ørsta vidaregåande skole gjennom tilskot til rusarbeid, og prøvd å stimulere til liknande arbeid i nokre andre kommunar. Det har vore utfordrande å finne samarbeidstidspunkt både med fylkeskommunen og med NAV Møre og Romsdal.  Fylkesmannen har vore invitert inn i samarbeidet rundt dette tema, men har ikkje hatt moglegheit til å delta.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Både miljøveravdelinga og landbruksavdelinga deltek aktivt i sekretariatsgruppa for rovviltnemnda for region 6. Fylkesmannen i Trøndelag er sekretariat for rovviltnemnda. 2019 har vore prega av mindre aktivitet i sekretariatsgruppa, noko som gjenspeglar vår aktivitet knytt til arbeidet. 

I høyringa om endringar i inndeling av rovviltregionar har Fylkesmannen i Møre og Romsdal vore tydelege på at vi meiner det ikkje gjev best måloppnåing å vere i same forvaltningsregion som Vestland eller som Trøndelag. Dette er fordi vi ikkje deler dei same utfordringane. Våre hovudutfordringar er tap av beitedyr til jerv i høgfjellsområda aust mot Innland. Vi må kunne forvalte jerven i høgfjellsområda samla i heile Sør-Norge i det geografiske leveområde for jerven om vi skal imøtekomme det todelte målet i rovviltforvaltninga.

I samband med høyringa har Fylkesmannen gjennomført dialogmøte med kommunane, fylkeskommunen og næringsorganisasjonane. I tillegg har Fylkesmannen arrangert det årlege dialogmøtet med kommunal forvaltning, faginstansar, samt nærings- og interesseorganisasjonar, før beitesesongen.

Det var ein nedgang i talet på søknader om rovviltskadeerstatning på sau samanlikna med året før. Det erstatta tapet var likevel på nivå med 2018. Ein registrerte ein auke i tapa til jerv i Trollheimen samanlikna med dei føregåande åra. Trollheimen er beiteprioritert område, og tapa auka til trass for frivilleg tidlegare nedsanking av dyra her. Noko av årsaken kan knyttast opp mot stor jerveaktivitet og årlege ynglingar, samstundes som uttaket av jerv under lisensfellinga har vore liten.

I Møre og Romsdal har landbruksavdelinga ansvar for tildeling av FKT-middel (middel til førebyggande og konfliktdempande tiltak mot rovdyrskadar), og miljøvernavdeling har ansvar for erstatningssaker om tap av dyr til freda rovvilt. Miljøvernavdelinga har tett dialog med landbruksavdelinga ved søknader om skadefelling. Vi samarbeider elles tett i alle saker/spørsmål.

I Møre og Romsdal har Fylkesmannen tett kontakt med kommunale rovviltutval der ein tilsett i kommunen er sekretær. Vi har også tett kontakt med næringsorganisasjonane, og stiller på fagmøte med rovvilt som tema. Fylkesmannen har også direkte kontakt med beitelagsleiarane i dei mest rovdyrutsette områda. Vi har hatt lokale møter og reist ut til område der ein har utfordring med store tap av beitedyr til freda rovdyr.

I Møre og Romsdal er hovudutfordringa tap av lam til jerv. Dette er hovudsakleg i dei indre områda av fylket, der ein har høgfjellsøkosystema Trollheimen, Sunndalsfjella, Snøhetta, Reinheimen, Dovrefjell, og Tafjordfjella. Det er vanskeleg å finne gode tapsreduserande tiltak anna enn tidleg nedsanking av beitedyr. I Møre og Romsdal er tidleg nedsanking eit akutt tiltak ein set inn hvis det oppstår ein akutt tapssituasjon på seinsommaren/hausten. Då skjer tiltaket frivilleg og initiativet kjem frå beitelaga/dei kommunale rovviltutvala sjølv og tiltaket vert iverksett etter avtale med Fylkesmannen. Vi ønskjer ikkje å setje inn eit pålagt planlagt tiltak med tidlig nedsanking. Andre tiltak vi bruker for å redusere tap av beitedyr til jerv er å intensivere tilsynet i område og på tidspunkt der ein kan forvente at tap kan skje. Gjerne ved bruk av kadaversøkjande hund. Vi bruker også ein del middel på vokterhund i Vermedalen og Ulvådalen i Rauma, samt på radiobjeller for betre å ha oversikt over dyra i utmarka. Ulike forskingsprosjekt er vi og med på å finansiera, mellom anna viltkameraovervaking av gaupebestanden på Nordmøre. Vi gir støtte til ulike kurs og tiltak for meir effektiv felling av rovdyr og organisering av skadefellingslaga i kommunane til fylkeslaget av NJFF.

Utanom jerven, er det i hovudsak gaupa som gir utfordringar for beitenæringa. Det er svært vanskeleg å finne kadaver i skogsbeita i beitesesongen. Innan rovviltforvaltninga er skadedokumentasjon viktig, og dette er ekstra utfordrande i gaupeområda og i noko grad i område med kongeørn. I 2019 var det ein auke i talet på lam drept av kongeørn på kysten. Desse tapa var utelukkande knytt til få dagar gamle lam av utegangarsau, som lammar ute om våren.

Det har ikkje vore streifdyr av ulv eller bjørn i fylket i 2019 som har medført tap  av husdyr. 

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

På kapittel 0525 har embetet videreført satsinga innan helseområdet for å få ein nedgang i restansane. Ressursrapporteringa viser ei omfordeling mellom dei forskjellige departementa. Ressursrapporteringa viser at det har vore ein nedgang innanfor JD sine resultatområder. Noko av orsaken til det er at dokumentforvaltningsstillinga som var knytta til vergemålsområdet er overført til FMFA. Ein stor nedgang innan KMD sine områder gjeld overføring til FMFA.  Endringane på fagkapitla skyldes i all hovudsak endringer i tildelingane. Det er elles ikkje vesentlege differansar i ressursbruken mellom 2018 og 2019 som ikkje kan forklarast ut frå årlege variasjonar, normal løns- og prisvekst, vakansar og personalhøve.

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Vi har ikkje hatt full måloppnåing på våre oppdrag i 2019.

Vi meiner at vi løyser samfunnsoppdraget på ein rimeleg god måte gitt dei rammene vi har. Gjennom risikovurderingar prioriterar vi ressursane slik at ulempene skal verte minst mulig. 

Rekneskapsresultatet vårt er noko høgare enn varsla i tertialrapporten.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal fekk overført eit mindreforbruk frå 2018 på kr 1 652 000,-. Mindreforbruket frå 2018 er omdisponert til mellom anna å dekke reduksjon i ramma som følgje av ABE-reform og innleie av ekstra legeressurs for å redusere sakhandsamingstid.
2019 har vore eit krevjande år med mange vakansar og høgt sjukefråvær. Til dømes har stillinga som assisterande fylkesmann vore vakant frå nyttår og ut august.For å avhjelpe situasjonen embetet har kome i, grunna vakansar og høgt sjukefråvær, tilsatte vi 10 personer fordelt i dei ulike avdelingane. Nokre av desse stillingane er mellombelse, og nokre er faste. Alle som vart tilsett har kontrakt utover i 2020, og embetet vil derfor ha behov for å nytte mindreforbruket frå 2019 til dekke dei ekstra stillingane i 2020.

Fylkesmannen i Møre og Romsdal merker seg at ABE-reformen ikkje vil bli evaluert og at det vil bli kutt på minimum 0,5% på budsjettene i uoverskueleg framtid. FMMR har eit lønnsbudsjett 84,6% av totalrammen og leiekostnader på 9 %, eit ABE-trekk på 0,5%. Grunna ny budsjettfordelingsmodell ser vi at vi i 2020 vil kunne ha større mogelegheit til å nå fleire av måla gitt i VØI og tildelingsbrev. I arbeidet med verksemdsplanlegging for 2020 og dertil risikovurderingar har vi auka ressurser til områder der vi tidlegare har hatt lav måloppnåing. 

3.6 Andre forhold

Fylkesmannen deltok den 12.01.19 på evalueringsmøte etter Nasjonal helseøvelse i Kristiansund i 2018.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Våre viktigaste styringsverkty er tildelingsbrevet, Virksomhets- og økonomiinstruksen, og strategisk plan som vert operasjonalisert i kvar avdeling gjennom virksomhetsplaner for kvart enkelt driftsår.

Fylkesmannen har mål- og resultatstyring som grunnleggende styringsprinsipp, og nyttar metoden med målskjema. Desse vert utarbeidd og godkjent i leiarmøtet etter at alle avdelingane har operasjonalisert tildelingsbrev og VØI for komande år. På denne måten sikrar vi eit meir heilskapleg leiarskap, kor alle er forplikta til å bidra. Vi har resultatssikringsmøtar 3 gonger i året for å sjå kor vi ligg an.

Allmøter, og medarbeiderdag er viktige arena for å bygge laget hos Fylkesmannen. Likedan gjennom faste oppsette møter for medråderett, og møter i AMU.

4.1.1 Embetets risikostyring

I vår risikostyringspolicy har vi skissert korleis vi gjennomfører risikostyringa knytt til måloppnåing i embetet.  Vi knytter risikostyring til virksomhetsplanarbeidet i embetet, og jobber med kontinuerleg forbetring av alle våre fagområde.
Risikostyringa i embetet starter i strategisk ledergruppe på overordna nivå i oktober/november etter at vi har fått tilsendt foreløpig tildelingsbrev, og før fordeling av rammer til avdelingane. Avdelingane gjennomfører etter dette risikostyring på sine områder både i samband med virksomhetsplanarbeidet og gjennom heile året.
Strategisk ledergruppe går gjennom dei kritiske faktorane for at vi kan gjennomføre dei måla som er gitt fylkesmannen gjennom tildelingsbrev og virksomhet- og økonomiinstruks.

Også i 2019 har vi grunna at rammetildeling ikkje samsvarer med mengde oppdrag hatt utfordring med å innfri oppdrag på fleire av våre område.
Vi meldte i tilbakemelding til KMD på foreløpig tildelingsbrev for 2019 at vi ikkje vil nå alle mål gitt i VØI og tildelingsbrev. Særleg gjeld dette opplæringstiltak for NAV kontor, aktivitetsvolum med kommunale helse og omsorgstjenester og generelt at størrelsen på oppgåveportefølgja er større enn det vi har økonomisk ramme til. 

I arbeidet med verksemdsplanlegging i avdelingane er det gjort risikovurderingar og utifrå desse er prioriteringane tilpassa situasjonen i vårt fylke, slik at ulempene vert minst mulig.
Også i 2019 har strategisk leiargruppe omprioritert midler til å tilsette ekstra ressurser for å styrke område innafor helse- og sosial (legeressurs, tvang og makt og førarkort) der fylkesmannen ikkje har hatt full måloppnåing. 

Med ei intern omprioritering reduserer vi nokre risikomoment, dette gjer at vi kjem nærare måla som vi meldte inn, men vil fortsatt ikkje kunne kvittere ut alle.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Vi bruker Risk Manager som internkontrollsystem både innafor informasjonssikkerhet, HMS og det er også tatt i bruk som kvalitetssystem for avdelingane.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Vi har hatt akseptabel søkjarmasse men opplevde i 2019 for første gong å ikkje få tilsett kvalifisert personell i alle ledige stillingar. Bemanninga og kapasitet i embetet er i tråd med tildelte ressurser. 

På Helse- og sosialavdelinga har bemanning og kapasitet vore slik at vi har vore tvungne til å gjere krevjande prioriteringar. Det har ført med seg at sakshandsamingstida på nokre områder ikkje har vore i tråd med krava. Dette gjeld i all hovudsak hendelsesbaserte tilsynssaker, helseklager og saker knytt til personar med utviklingshemming.

Ny budsjettfordelingsmodell har gitt oss muligheit til å prioritere område med størst utfordringar og avdelinga har difor blitt tildelt fleire stillingar i 2020 - jurist og vernepleiar og lege. Dette vil styrke vår muligheit for å gjennomføre fleire oppdrag på ein betre måte.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Fagavdelingane har oversikt over eige utstyr for bruk i arbeidet utafor embetet. Eks. Herje genbank. Elles har vi ikkje eigedelar av vesentleg verdi.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje merknader frå Riksrevisjonen i samband med regnskapsrevisjonen for 2018.
Riksrevisjonen gjennomførte som vanleg eit 3 dagars revisjonbesøk hausten 2019, der dei utførte revisjonshandlingar knytt til våre rutiner for handsaming av lønn, tilskudd og regnskap for regnskapsåret 2019. På avsluttande møte kunne dei melde at dei ikkje hadde funne vesentlege feil eller manglar. Årsregnskapet er ikkje ferdig revidert og  revisjonsrapporten er forventa å vere klar i 2. kvartal 2020.
 
Status for informasjonssikkerhetsarbeidet:
  • Vi har hatt 9 avvik som gjeld informasjonssikkerheit i 2019. Det er foreslått tiltak i for alle avvika, og avvika er lukka. Eit avvik har vore meldt inn til Datatilsynet med bakgrunn i personopplysningslova. Tilbakemelding frå Datatilsynet om at saka er lukka grunna at vi har gjort endringar i våre rutinar for å unngå tilsvarande brot i framtida.
  • Vi har også meldt inn eit avvik til FMFA vedrørande løysing for single-sign-on for tilgang til DFØ sine system.
  • Vi har også i år gjennomført Sikkerhetsmåned med opplæring av alle tilsette i informasjonssikkerhet.
  • Vi har utarbeidd og implementert ein ny databrukaravtale for alle våre tilsette på bakgrunn av ny felles informasjonssikkerhetsinstruks for fylkesmannsembeta utarbeidd av FMFA. 

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Likestilling
I embetet er det no 105 kvinner og 46 menn, det same som i 2018.
På leiarnivå er det ei svak overvekt av kvinner. Dette er tilhøve som svingar - og det er ikkje teikn til at grupper er systematisk under- eller overrepresenterte. Men elles i embetet er det overvekt av kvinner.
Fleire kvinner enn menn har deltidsstilling grunna omsorg for små born. Vi ser og at vi har stor overvekt av kvinner blant mellombels tilsette. 

Inkluderande arbeidsliv

Gjennomsnittleg pensjoneringsalder hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal i 2019 er 65,75 år. Vi ser ikkje behov for målretta tiltak for å  auke dette snittet. 
Sjukefråvær
Fylkesmannen i Møre og Romsdal har hatt eit jamnt over lågt sjukefråvær, men i 2019 har vi eit sjukefråvèr på 7,8%. Det er langt over målsettinga vår om at sjukefråværet ikkje skal overstige fire prosent.
Fylkesmannen i Møre og Romsdal strekker seg langt for å tilrettelegge for medarbeidarar som er sjukmelde - eller som står i fare for å verte sjukmelde. 

I 2019 gjennomførte vi medarbeidarundersøking, hovudresultata var bra, men vi har nokre forbetringspunkt som det er tatt tak i gjennom handlingsplanar med brei medverknad frå dei tilsette.

Vi har i 2019 hatt 11 HMS avvik, ikkje nokon er av alvorleg karakter.

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

På tampen av 2019 fekk vi tildelingsbrevet for 2020 som stadfesta auka driftsramme til Fylkesmannen i Møre og Romsdal over dei neste 3 åra. Det var godt nytt ! Etter mange år med knallhard prioritering på områder med særs knapp bemanning, ser vi no at betre budsjettrammer vil styrke embetet si evne til å nå fastsette mål og resultat på lengre sikt. 

Om FMFA
Gode tenester frå FMFA er ein føresetnad for god tenesteproduksjon. Vi meiner at FMFA framleis har litt å gå på for å kunne å tilby gode og effektive tenester med forventa kvalitet.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

I tilknytning til ny budsjettfordelingsmodell for embeta, har fylkesmannen i Møre og Romsdal lagt opp ei 3 årig plan for å sikre betre måloppnåing gjennom kompetanseheving av alle tilsette og fleire stillingsressursar der avvika er størst.

FMFA har en sentral rolle for å sikre at embetene når mål og resultater, både på kort og lang sikt. Fylkesmannen forventer at FMFA utvikles til et strategisk og et fagmiljø med spisskompetanse i tråd med utviklingen og forventningene fra embetene. Dette gjelder både innenfor digitalisering så vel som områder som anskaffelser, IKT-drift, arkiv m.v.

5.3 Andre forhold

Fylkesmannen har oppretta ei eiga informasjonsside på heimesida vår med spørsmål og svar knytt til helsekrav til førerkort, tilpassa publikum og helsepersonell. Vi har vidare innført ein førarkorttelefon som blir svara ut av helsepersonell i 2 timar dagleg. I 2019 sendte Fylkesmannen ut 1379 brev knytt til førarkortforskrifta sine helsekrav.

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Møre og Romsdal.pdf