Årsrapport for Rogaland

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Mitt første halvår som fylkesmann har vore både interessant, variert og utfordrande. Som fylkesmann har eg deltatt på 84 eksterne møte fram til jul. Frå besøk av ambassadøren frå Kasakhstan og Folkerepublikken Kina(Hunan Provins), til møte med kommunane, regionale statlege aktørar, Joint Warfare Centre, Forsvaret – til møte med enkeltmenneske som opplever å ikkje nå fram overfor det offentlege i vanskelege livssituasjonar. Fylkesmannen har blitt tatt godt imot ved alle møte og arrangement.

Hans Majestet Kongen har besøkt Rogaland ved bispevigslinga i domkyrkja i Stavanger, og prinsesse Märtha Louise var til stades ved Idrettsgallaen i same byen.

I løpet av våren var vi på kommunebesøk i Haugesund, Suldal, Sauda og Hjelmeland. 

Med mål om betre dialog med kommunane i spørsmålet om kommunestruktur, har vi gjennomført eit FoU-arbeid saman med forskingsinstituttet NORCE. Først ved ei spørjeundersøking for kommunepolitikarane, kommuneleiing og tillitsvalte, der funna frå undersøkinga blei presenterte på ein stor konferanse for kommunane i juni. I haust arrangerte vi interne møte med NORCE der funna i spørjeundersøkinga blei drøfta opp mot vår kjennskap til kommunane innan fagområda barnevern, helse og omsorg, beredskap, utdanning og PPT-tenester.

Nasjonale forventningar om å vere tidlege og tydelege i oppfølginga vår av kommunane sitt planarbeid, var tema både på Kommuneøkonomidagen og på vårt årlege kontaktmøte med ordførarar og kommunedirektørar/rådmenn, som vi arrangerer saman med KS. 

2019 har vore eit år med stor aktivitet og rullering av mange kommuneplanar. Vi har hatt god dialog med fylkeskommunen, regionale statsetatar og kommunane. Samordninga av statlege motsegner er nå godt innarbeidd. 

Etter politisk uro og omfattande møteverksemd blei Byvekstavtalen signert 6. desember. Vi har arbeidd godt for å få inn betydninga av meir effektiv arealbruk for å nå målet om at veksten i persontransporten skal takast med kollektivtrafikk, sykling og gange. Partane skal utvikle og ta i bruk måleindikatorar for arealutviklinga for å synleggjere arealdisponeringar. Indikatorar for arealbruk og parkering skal også utviklast for å bidra til å gi eit bilete av kva verkemiddel som skal takast i bruk. Staten, ved fylkesmannen, skal i løpet av 2020 utarbeide forslag til langsiktig strategi for lokalisering av statlege verksemder i eigde og leigde bygg på Nord-Jæren for å bidra til at statens lokalisering bygger opp under nullvekstmålet. Dette skjer i samarbeid med fylkeskommunen.

Regional jordvernstrategi for Rogaland blei vedtatt i juni. Det er ein viktig milestolpe for vårt fylke, som har hatt stor nedbygging av jordbruksjord. Regionalplan for Jæren 2050 del 1 blei vedtatt av fylkestinget før sommaren, og denne hausten var det gode diskusjonar i styringsgruppa om delprosjekt i del 2 innan arealevaluering, retningslinjer for blå-grøne verdiar, delprosjekt store varehandelseiningar, bumiljø og bukvalitet – og med LNF-retningslinjene. Vi har også deltatt i styringsgruppa for Regionalplan for klimatilpassing. Den nasjonale jordbrukspolitikken møter ulike regionale utfordringar. Rogaland har viktige utfordringar innan plante- og dyrehelse, miljø og distriktslandbruk. Vi har også, særleg grunna talet på anlegg, utfordringar knytt til avviklinga av pelsdyrnæringa i vårt fylke.

I Rogaland har vi heldigvis ikkje hatt dei store hendingane i 2019. Lyng- og skogbrannen i Sokndal kommune kunne ha utvikla seg til noko langt meir alvorleg. I etterkant har vi tatt initiativ til å heve kompetansen i kommunane, med kurs i lyngbrenning.

I desember blei det funne ei radioaktiv kjelde ved eit gjenvinningsanlegg i Eigersund kommune. Hendinga blei raskt og godt handtert. 

Fylkesmannen har skrive brev til Samferdselsdepartementet og gitt uttrykk for at det bør etablerast strekningsmåling av fart i Ryfylketunnelen. Vår FylkesROS tar mellom anna føre seg ulykke i tunnel og vi ville derfor uttrykke uro i samband med opninga av verdas lengste undersjøiske tunnel. Tunnelen blei opna 31. desember 2019.

Dei planlagde møta i Fylkesberedskapsrådet har hatt Viking Sky-hendinga og brannen i Sokndal kommune som tema. Vi har dessutan hatt ei praktisk-strategisk øving, med manglande straumleveransar og konsekvensane ved straumrasjonering som tema.

Politisk og administrativ leiing i kommunane blei invitert til eitt av møta vi har med leiarane i dei regionale statsetatane. Temaet var digitalisering. Både KS sentralt og Digi Rogaland presenterte arbeidet sitt. Datatilsynet fortalde om tilsyna sine og om plikta til å melde frå ved brot på personvernreglane. Ved haustmøtet inviterte vi PST til å fortelje om Nasjonalt trusselbilde og viktigheita av informasjonstryggleik. Det var godt oppmøte og engasjement rundt desse møta.

Utdanningsfeltet har gjort ein stor innsats på det svært viktige arbeidet med trygt og godt skolemiljø. Det er nå oppretta samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling både innan barnehage og skole, og kommunane har kome godt i gang med arbeidet med fagfornyinga. Barnekonvensjonen blei 30 år i 2019 og vi markerte dette med to arrangementet og deltaking frå både barnehage- og skolebarn og besøk frå Barneombodet.

Når det gjeld dei viktige rettstryggleiksoppgåvene har vi i fleire år hatt store restansar på sakene knytt til bruk av tvang overfor personar med psykisk utviklingshemming. I haust gjennomførte vi eit «restanse-prosjekt» og går inn i 2020 med færre restansar enn på mange år. Settesakene etter plan- og bygningslova, frå Fylkesmannen i Vestland, har halde seg stabilt høgt. Mot slutten av året har vi klart å få god kontroll på den auka saksmengda. Klagar på tvangsmedisinering er i stadig auke i Rogaland. Vi har i år gjennomført felles tilsyn i helsestasjon og barnehagar om meldeplikta til barnevernet. Dette er eit godt døme på samarbeid mellom fagavdelingane for å auka rettstryggleiken for utsette barn, eit satsingsområda i den felles verksemdsplanen vår. 

2019 har vore eit år med mange, store og viktige lover på høyring – og vi har gitt uttaler. Arbeid med høyringar er arbeidskrevjande, men vi meiner det er svært viktig, og dei gir høve til fagleg refleksjon og utvikling, samtidig som vi får gitt våre viktigaste tilbakemeldingar frå Rogaland.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Fylkesmannen sitt overordna mål er at alle oppgåver og føringar gitt i tildelingsbrev og verksemds- og økonomiinstruks skal løysast med tilfredsstillande kvalitet. Ut frå dei gitte føresetnadene, er vi totalt sett særs godt nøgde med måloppnåinga i 2019. Når vi likevel sit att med litt manglar i resultatoppnåing på nokre få område, skuldast det anten manglande ressursar eller fråvær, vakansar eller langtidssjukmeldingar i sentrale posisjonar.

For å sikre godt nok resultat er det utarbeidd interne styringsdokument med utgangspunkt i overordna mål frå dei sentrale styringsdokumenta, visjonen "Vi tar vare på Rogaland" og verdiane "open, truverdig og tydeleg". Leiargruppa har i samarbeid utarbeidd strategiar for å nå måla og prioritere rett. Av sentrale strategiar kan nemnast:

  • Vi behandlar alltid lovpålagde oppgåver og rettstryggleiksoppgåver først.
  • Vi behandlar alltid samordningsbehovet som ledd i saksbehandlinga.
  • Vi vurderer informasjonsbehovet i all saksbehandling.
  • Vi er eit aktivt kompetanseorgan for kommunane.
  • Vi tar i bruk digitale løysingar.
  • Vi held ved like og utviklar kompetansen vår.
  • Vi brukar alltid eit klart og tydeleg språk.

Vi har vidare utarbeidd eigne retningsliner med utgangspunkt i statens rutinar for mål- og resultatstyring.

Alle avdelingane utarbeider eigen verksemdsplan (VP) for sine arbeidsområde, inkludert risikovurdering. Embetet har ikkje samla alle aktivitetane i ein VP, men har peika ut særskilt prioriterte satsingsområde i ein felles verksemdsplan. I tillegg til å vere særskilte satsingsområde skal kriteria for å bli med i felles VP at satsingane skal ha innverknad på arbeidet i alle eller fleire avdelingar, og såleis vise igjen i avdelinga sin eigen plan. Oppfølging av felles VP skjer i leiarmøta. For 2019 var desse områda særskilt prioriterte:

  • Barnekonvensjonen og 0-24-satsinga
  • Kommunereform/kommunebilder
  • Leve heile livet
  • Klimautslepp og klimatilpassing
  • Tilsyn
  • Tilskotsforvaltning
  • Kommunalt planarbeid

Pluss dei interne satsingsområda:

  • Digitalisering
  • Intern kompetanseheving og språkrøkt

Satsinga på Leve hele livet har kome godt i gang og vi har gjennomført dialogmøte med alle kommunane og støttar kommunane i deira eige utviklings- og forbetringsarbeid. Vi fekk også inn ein kronikk i avisene i haust for å bidra til auka bevisstheit om denne viktige satsinga. Det var også gledeleg at Karmøy kommune fekk Leve hele Livet-prisen for 2019.

Arbeidet med byvekstavtale for Stavanger-området/Nord-Jæren har tatt mykje av både embetet, og ikkje minst fylkesmannen, si tid i 2019. Det same gjeld arbeidet med revisjon av regionalplanar, særleg for Jæren.

Internt har vi har gjennomført ein «digidugnad» og resultatet av digitaliseringsforslaga blei sende til FMFA. Vi har tatt i bruk Teams som samhandlingsverktøy i fagavdelingane og leiargruppa.

I oktober gjennomførte vi vår første informasjonssikkerheitsmånad og er nå godt i gang med bevisstgjering og opplæring av medarbeidarane våre om betydninga av god informasjonstryggleik i det daglege. Vi inviterte PST til allmøtet vårt i oktober, for å fortelje om det Nasjonale trusselbildet og relatere det til informasjonssikkerheitsarbeidet vårt.

Vi har funne gode samarbeidsformer med FMFA og er positive til det utviklings- og forbetringsarbeidet som er sett i gang. Vi samarbeider om bytte av kontor for FMFA og nokre av våre tilsette på verjemål.

Vi har godt og konstruktivt samarbeid med arbeidstakarorganisasjonane. Medarbeidarundersøkinga viser gode resultat, og alle fagavdelingane er i gang med oppfølgingsarbeid for å betre og bevare det gode arbeidsmiljøet.

Hovudårsaka til mindreforbruket i årsrekneskapen vår er knytt til sjukefravær og vakanser i stillingar. Vi har som kjent hatt for få ressursar over tid til å løyse alle oppdraga våre så godt som vi ønsker. Vi har hatt gode interne prosessar med tillitsvalde i budsjett- og strategiarbeidet for 2020 og ser fram til at ny budsjettfordelingsmodell endeleg kjem på plass.

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Rogaland har i åra etter oljekrisa gått frå å vere det mestveksande fylket i landet, saman med Oslo og Akershus, til dei siste åra å ligge på ein vekst under gjennomsnittet for landet. Siste statistikk frå SSB viser likevel ein folkevekst på ca. 0,9 prosent i 2019. Dette er ein merkbar oppgang frå 2018 og litt over gjennomsnitt for landet. 10 av dei 26 kommunane i fylket hadde tilbakegang i folketalet. Éin konsekvens av redusert vekst/tilbakegang er mindre press på utbyggingsareal, ein annan er dårlegare økonomi i kommunane.

Trass i dette har kommunane jamnt over klart seg rimeleg greitt økonomisk. Ingen er på ROBEK-lista.

Frå 1. januar 2020 vart det tre kommunar færre i fylket. Rennesøy og Finnøy gjekk inn i nye Stavanger og Forsand i Sandnes. Det betyr at dei to største kommunane vart endå større. Fylket har framleis 10 kommunar med under 5000 innbyggjarar, inkludert den aller minste i landet, Utsira, med like under 200 innbyggjarar. Kvitsøy har 520 og Bokn 850 innbyggjarar.

I samband med samanslåingsprosessane fekk vi også to grensejusteringssaker. Øya Ombo, som var delt mellom Hjelmeland og Finnøy, gjekk samla til nye Stavanger, medan ein del av Forsand vart overført til nabokommunen Strand.

Rogaland er ute av ovenfor nemnde "oljekrise". Ein indikasjon er at arbeidsløysa ved årsskiftet er om lag på landsgjennomsnittet, eller litt under, alt etter om ein reknar netto eller brutto ledigheit. Siste registrering viser at nedgangen er størst i Rogaland med heile 18 prosent.  

Vi brukar Folkehelseinstituttet sin folkehelseindikator for å måle helsetilstanden i fylket i forhold til landet elles. Her er det ikkje vesentlege endringar sidan 2018. Rogaland er gjennomsnittleg på mange indikatorer, men skil seg litt ut på nokre. Rogaland har framleis yngre befolkning enn landet, andelen personar over 45 år som bur aleine er mindre enn landet, færre barn i låginntektsfamiliar og færre born og unge bur trongt. Statistikken viser også noko mindre mobbing i skulen enn landet elles. På den negative sida nemner vi; meir stønad til livsopphald, mindre trivsel i 10. klasse, meir dagleg røyking og fleire tilfelle av hudkreft.

Elles viser sjukefråværsstatistikken ar rogalandingane framleis er friskare enn landet sett under eitt. Sjukefråværet i Rogaland ligg på 3,7 prosent. Berre Oslo med 3,6 prosent har lågare sjukefråvær.

Rogaland var også i 2019 prega av store samferdsleprosjekt, "Ryfast", som delvis vart tatt i bruk ved årsskiftet 2019/2020. "Rogfast" er framleis under planlegging. Slike prosjekt pregar i stor grad også Fylkesmannen sitt arbeid med mellom anna utsleppsløyve og handtering av steinmassar.

Sted, dato og fylkesmannens signatur

28. februar 2020

Lone Merethe Solheim

fylkesmann

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Fylkesmannen sitt samfunnsoppdrag går først og fremst fram av instruks for fylkesmennene og eigen instruks for beredskapsarbeidet. Oppdraget er presisert i årleg tildelingsbrev og i verksemds- og økonomiinstruks for det einskilde fylkesmannsembetet. For å sikre gjennomføring og å tilpasse oppdraget til særskilde utfordringar i vårt fylke, har Fylkesmannen i Rogaland utforma visjon og verdiar, og utarbeidd eigne strategiar og strategiske målsetjingar, mellom anna i felles verksemdsplan for 2019. 

Fylkesmannsinstruksen § 1 gir det overordna samfunnsoppdraget:

Fylkesmannen er Kongens og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningsliner kan bli følgde opp.

Fylkesmannen skal med dette som utgangspunkt virke til gang og beste for fylket og ta dei initiativ som er påkrevde.

Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Dei enkelte departementa har direkte fagleg instruksjonsmyndigheit over Fylkesmannen innan vedkomande departement sitt saksområde.

Fylkesmannen har sitt nedsaksfelt innafor fylkesgrensene, i motsetnad til mange andre regionale etatar. Det som likevel først og fremst skil FM frå dei andre er det breie saksfeltet, med oppdrag frå dei fleste departementsområda (14), og ansvaret for samordning av statleg verksemd i fylket. FM sitt samfunnsmandat er derfor særs omfattande og inneber eit mangfald av rollar og funksjonar, oppsummert slik:

  • setje nasjonale mål og føringar ut i livet
  • vere statleg samordnar i regionen
  • sikre rettstrygg behandlinga av innbyggjarane i Rogaland
  • ta nødvendige initiativ og halde sentrale styresmakter orienterte om utfordringar og sentrale spørsmål i regionen, særleg i kommunane.

Oppdraget gjer at Fylkesmannen har eit særskilt ansvar for kommunane si oppfølging av nasjonalt vedtekne lover, reglar og føringar.

Fylkesmannen i Rogaland samarbeider særskilt med nabofylkesmennene til dømes innan samfunnstryggleik/totalforsvaret, utdanning, tilsyn innan helsesektoren, sosiale tenester/bolig for velferd, busetjing. Vi har jamlege møte med regionale statsetatar, gjennom faste møte med alle to gonger årleg, i fylkesberedskapsrådet, eigne møte med NAV og BUF-etat og ved særskilt samordningsbehov i kommunale arealplanar (motsegner), klima, barnevern med meir. Vi samarbeider også mykje og godt med fylkeskommunen og KS i Rogaland.

2.2 Organisasjon og ledelse

Organisasjonskart for Fylkesmannen i Rogaland.
Organisasjonskart for Fylkesmannen i Rogaland. (Foto: Livar Særheim / Fylkesmannen i Rogaland)

Fylkesmannen i Rogaland er framleis lokalisert sentralt i Stavanger, i Statens hus, Lagårdsveien 44.

Organisasjonen er endra noko sidan 2018. Administrasjonsavdelinga er lagd ned og erstatta av administrativ stab. Dette er eit resultat av at avdelinga vart halvert i talet på tilsette etter opprettinga av Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA). Utover dette er avdelingsstrukturen uendra sidan 2018.

Embetet har 178 tilsette, 120 kvinner og 58 menn, og rundt 148 årsverk. Andelen kvinner aukar frå år til år.

Fylkesmann Magnhild Meltveit Kleppa gjekk av sommaren 2019. Bent Høie er tilsett som ny fylkesmann frå hausten 2021. I mellomtida er Lone Merethe Solheim konstituert. Harald Thune er framleis assisterande fylkesmann. I lag med avdelingsdirektørane, kommunikasjonssjefen og personalsjefen dannar dei leiergruppa i embetet. Gruppa møtest kvar måndag. Siste måndag i månaden blir leiarmøtet utvida med nestleiarane i avdelingane. Avdelingsnestleiarane dannar også ei eiga gruppe, først og fremst for samordning av administrative oppgåver. Nestleiargruppa er dessutan frå 2020 sikkerheitsutval i embetet.

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Økonomi

Embetet og den enkelte avdelinga har god styring med budsjettet. Status og prognosar blir gjennomgått i møte mellom embetsleiinga og avdelingsleiinga kvart tertial. Avdelingane får tildelt eigne rammer, og har fridom innafor desse. Målsetjinga er balanse og at alle midlane skal gå til å løyse oppdraget. I 2019 kom vi likevel ut med eit mindreforbruk på ca. 1,3 mill. Dette skuldast i hovudsak fleire vakansar enn vanleg og høgare sjukefråvær/refusjonar.

Det er framleis slik at vi er særs avhengige av løyvingar utanom kap. 0525. Dette gjeld mellom anna verjemål. Det bør no vurderast om fleire av midlane bør overførast til hovudkapittelet. Dette gjer budsjettføresetnadene meir føreseielege. Tidleg fordeling av slike særmidlar gjer likevel arbeidet noko lettare, slik det skjedde også i 2019.

Vi har ved fleire høve peikt på skeivfordeling av løyvingane til embeta. Vi er derfor glade for at dette er retta opp med ny ressursfordelingsmodell frå 2020.

Personal

Talet på tilsette vart redusert med 10 i 2019 som følgje av oppretting av FMFA. Turnoveren i 2019 var på 8 prosent, mot 3,8 i 2018. Auken skuldast overgang til andre jobbar.

Andelen kvinner veks framleis. Gjennomsnittsløna for kvinner ligg framleis noko under løna for menn.

Sjukefråværet gjekk merkbart opp i 2019 samanlikna med 2018: Gjennomsnittet for året var 5 prosent mot 4 prosent i 2018. Auken skuldast langtidssjukmeldingar, utan relasjon til forhold på arbeidsplassen, mellom anna AKAN-tilfelle. Korttidsfråværet gjekk tvert om noko ned. FMRO er IA-verksemd, og i handlingsplanen vår er målsettinga fråvær under 3,5 prosent.

Medarbeidarundersøkinga i 2019 viste i sum godt arbeidsmiljø og god trivsel, men likevel forhold som det blir arbeidd konkret med i 2020.

Sjå elles kommentarer til tabellane under.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Felles


Fylkesmannen utarbeidde også i 2019 eigen felles verksemdsplan for sentrale satsingar og utviklingsoppgåver. Hensikten er å samle ressursane for best mogleg effekt og resultat. Vi nemner her sektorovergripande tema som planuttalar, tilsyn og 0-24 arbeidet.

FMRO har tett dialog med kommunane og regionale statsetatar for å formidle nasjonale krav og forventningar, som fagseminar, konferansar, besøk til enkeltkommunar eller regionale samlingar. Fylkesmannen, med heile leiargruppa, besøkte fleire kommunar også i 2019. Det er eit poeng i seg sjølv å gje eit samla og heilskapleg bilete av nasjonale forventningar til kommunane. Kommunale sitt ansvar for å følgje opp nasjonal politikk, utviklingsoppgåver og andre føringar er det mest sentrale temaet på desse møta. I tillegg har alle kommunane fått besøk av Fylkesmannen når det gjeld oppfølging av særskilt viktige og krevjande velferdsoppgåver som barnevern og eldreomsorg, og nemner særskilt dialogmøta i samband med "leve heile livet"-reforma. Det har vore viktig for FM å la kommunane definere eigne problemstillingar, og at det regionale apparatet etter beste evne støttar kommunane i deira eige utvikling- og betringsarbeid.

Vi er særs godt nøgde med eigen innsats, aktivitet og resultat også i 2019. Vi har gjort det vi kan, og fått mykje ut av dei ressursane vi har hatt til rådvelde.

Arbeid med kommunal og regional  planlegging

Vi ønskjer alltid å vere tidleg i dialog med kommunane for å oppnå resultat utan bruk at sterke styringsmiddel, motsegn, klage etc. Dette er ein ressurskjevjande strategi og vi maktar ikkje å vere med alltid i eit særs aktivt fylke. Bruk av motsegn til kommunale arealplanar og klage på dispensasjonsvedtak var derfor også nødbvendig ved fleire høve også i 2019.  Det har vore heile 19 meklingar hos fylkesmannen med våre og andre motsegnsetatar og ingen avskjeringar av andre statsetatar. I omlag halvparten av meklingane vart alt løyst. Berre nokre få og prinsippielle saker vart sende vidare til KMD for endeleg avgjerd, eit døme her er 3. runde med departemental behandling av omkjøringsvegen på Åkra, Karmøy. 

Arbeidet med kommunale og regionale planar er ein særs viktig arena for formidling av nasjonal politikk. Vi gir fråsegn til alle kommuneplanar og dei fleste reguleingsplanane. Klimaomstilling  blir eit stadig viktigare element i våre innspel. Klimatilpassing er til dømes alltid med i vår vurdering av kommunale arealplanar. I 2019 har embetet og fylkesmannen personleg vore sterkt involvert i arbeidet med byvekstavtale for Stavangerområdet/Nord Jæren og revisjon av regionalplan for Jæren.

Fylkesmannen i Rogaland deltar i alle regionale planforum og samarbeider eller også tett med Rogaland fylkeskommune om oppfølging av kommunal planlegging. Vi deltar tett på i regionalt planarbeid. I 2019 har det vore særleg innan ny regionalplan for klimatilpassing og ved revisjon av regionalplan for byutvikling på Jæren.

Landbruk

Når det gjeld landbrukspolitikk og jordvern spesielt, har vi god erfaring og nytteverdi i å møte kommunale utval. Vi har prioritert dette særskilt etter valet 2019. Vi opplever at den nasjonale landbrukspolitikkeen er godt kjend i Rogaland. Utfordringa er nok først og fremst etterlevinga. Ein milepæl for fylket er at regional jordvernstrategi vart vedteken i 2019. Strategien, og arbeidet med denne, gir oss tru på at kommunane vil prioritere jordvern sterkare framover. Trass i vår iherdige innsats, opplever vi likevel at kommunane har ulik tilnærming til sektorlovgjevinga innafor landbruk. Det blir i for liten grad lagt vekt på at erverv av eigedom bør gje rasjonelle løysingar. Kommunane seier også for ofte ja til å dele eigedommar, der drifts- og miljømessige ulemper er sterkt undervurderte.

Rolla vår som kompetansesenter for kommunane og næringa, opplever vi blir godt ivareteken. Vi samarbeider også tett gjennom partnarskap og nettverk.

Utdanning

Av andre saksfelt det har vore særleg stor merksemd på i 2019, kan nemnast trygt og godt skulemiljø og på kvalifiset arbeidskraft i barnahagar og skular, med stor merksemd på dispensajonar frå kvalifikasjonskrav, barnehagelærarar og gruppestorleik. Vi opplever at talet på dispensajonar går ned og at dei fleste skulane tilfredsstiller krava til gruppestorleik. Vi kan nemne at alle kommunane i fylket og fylkeskommunen er godt i gang med arbeidt knytt til "fagfornyinga".

Beredskap

Når det gjeld arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap, nemner vi også den årelege konferansen ved Universitetet i Stavanger, eit samarbeidsprosjekt der universitetet, Sør-Vest politidistrikt, forsvaret og Helse Stavanger deltek i tillegg til Fylkesmannen.

Miljøvern og berekraftig samfunnsutvikling

I 2019 har merksemd og haldningar til miljøvern, bærekraft og klima endra seg monaleg til det betre i Rogaland også, og det gjer vår rolle innan det breie miljøvernet meir interessant og meir akseptert - og vår kompetanse enno meir etterspurt.  FN sine bærekraftmål vert teke i bruk i stor grad av både kommunar, fylkeskommunen og det private næringslivet. Det er svært gledeleg - arbeidet frå Agenda 21 i forrige århundre, opplevest no modent og i medvind.

Den store debatten om vindkraft kom som ei følgje av arbeidet med Nasjonal ramme. Dette offentlege ordskiftet om vindkraft er eit godt døme på ein typisk grøn-grøn-konflikt. Slike dilemma er vi godt kjente med i arbeidet hos fylkesmannen i Rogaland. 

Embetet, med miljøvernavdelinga i spissen, har i 2019 intensivert og vidareutvikla samarbeidet med UiS om praksis for studentar på både bachelor og masternivå.  Dette gjeld studentar i sosiologi, statsvitenskap og det internasjonale studiet Uis har innan bærekraftig utvikling og energi. Fleire av mastertudentane som var praktikantar i 2019, skriv no oppgåver i tilknytning til planlegging og klimautfordringar. 

Miljøvernavdelinga har også samarbeidd om forskning og masteroppgåver innan bærekraftig utvikling med andre høgskular og universitet utanfor Rogaland om feltarbeid eller problemstilling er knytt til Rogaland. I tillegg til å vera god omdømmebygging, er dette viktig for rekruttering og for å få sett søkjelys resultat og utfordringar med gjennomføring av nasjonal areal- og miljøvernpolitikk i Rogaland. Det naturfaglige terrestriske universitetsmiljøet i Rogaland er av historiske grunnar, svakt.

Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger


Samordning er ei av Fylkesmannen sine kjerneoppgåver og ei oppgåve som skil Fylkesmannen frå andre regionale statsetatar. Samstundes er det ei oppgåve med mindre klare målsetjingar og resultatkrav enn på andre fagfelt. Slik blir fridomen til å utøve samordningsrolla større enn for andre rollar.

FMRO har utforma eigen instruks og retningsliner for samordningsarbeidet, der det er skildra korleis samordning skal skje og kven det skal samordnast med innafor dei ulike saksfelta. Ein hovudbodskap i retningslinene er at samordning er eit vesentleg element i all saksbehandling.

Samordning skal mellom anna medverke til at statleg styring blir oppfatta som førseieleg og eintydig, og at statlege styringssignal samla sett skal vere overkommelege for kommunar av ulik storleik.samordning er farmleis det viktigaste føremålet med hyppige leiarmøte - kvar måndag. Av viktige samordningsarenaer med eksterne aktørar nemner vi statsetasmøte minst to gonger per år. Det same gjeld møte i fylkesberedskapsrådet, faste møte med NAV, Universitetet i Stavanger og jamlege møte med leiinga i fylkeskommunen og KS Rogaland. Dei viktigaste sasmordningarenaene er likevel utstrekt kommunedialog, særleg i samband med kommunal panleggingsaktivitet og tilsyn. Vi nemner i denne samanheng det særskilde ansvaret FM har for å samordne tilsyn med kommunane og samordning av statlege motsegner.

Når det gjeld tilsyn med kommunane så har vi i mange år hatt hatt eiga intern samordningsgruppe med representantar for alle avdelingane våre. Gruppa står for samordna tilsynskalender, samordning av reaksjonar (svært få) og så langt som mogleg, samoordning av metodikk. Dette fungerer svært godt. Samarbeid og samordning med eksterne tilsynsetatar har utvikla seg særs positivt dei siste åra. Det same gjeld sariordning/informasjonsutveksling med kommunerevisjonen og kommunale kontrollutval. Vi er alt i alt særs godt nøgde med samordning av tilsyn.

Vi har ei samordningsgruppe for kommunalt og regionalt planarbeid. Plangruppa er eit av dei aller viktigaste samordningsgrepa vi har. Alle avdelingane deltek, men med ansvar for fullført saksbehandling i miljøvernavdelinga og landbruksavdelinga. Representantane for dei andre avdelingane gjev innspel til planane og kvalitetssikrar fagleg.

Fylkesmannen sitt særskilde oppdrag med samordning av statlege motsegner er fullt ut integerert i det ordinære arbeidet med å gje innspel, råd og fråsegner til kommunale planar. Endringar i øvrige statsetatar når det gjeld peronell og prioriteringar, krev at vi stadig må gjere ein nettverksbyggjande innsats overfor dei andre motsegnsetatane. Ei utfordring i 2019 var at KMD kutta i den særskilde løyvinga til samordning og storby med 50 prosent sidan oppstart.

Vi kjenner til KMD sitt utgreiingsarbeid knytt til samordning av motsegner. FMRO har lang og god tradisjon for å samarbeide med fylkeskommunen. Vi blir gjerne med i ein ny pilot om samordning av statlege og regionale motsegner, føresett eigne prosjektmidlar.

Samordninga med statsetatane fungerer godt. Vi meiner likevel det er uheldig at fylkeskommunen, med sine mange sektorar, ikkje er med i samordninga. Særleg gjeld dette ansvaret for bevaring av forn- og kulturminne.

På landbruksområdet er samarbeid på regionalt nivå heilt avgjerande. Vi har lang tradisjon for samarbeid med næringa dirkete. FM får gode tilbakemeldingar på rolla som tilretteleggar og utfordrar. Vi har god dialog og godt samarbeid med statlege etatar og med fylkekommunen, i 2019 særskilt om flytting av oppgåver på landbruksområdet.

I arbeid med løyver etter forureiningslova, legg vi særleg vekt på samordning av kommunale behov og føringar, andre statlege og regionale instansar sine behov og lokale forhold inkludert naboomsyn. Høyring og kontakt før vi gjev eller reviderer konsesjonen, er viktig.

Barn og unge og 0-24-satsinga har også i 2019 hatt særleg merksemd. Alle avdelinar er med i arbeidsgruppa, og arbeidet er forankra i felles verksemdsplan, med mål og tiltak for å sikre god samordna innsats for barn og unge. For å sikre god samordning av oppdrag retta not helsestasjon, barnevern, barnehage og skule, er det faste møte mellom leiinga i helse-, sosial- og barnevernsavdelinga og utdanningsavdelinga. Mange kommunar er med i BTI-satsinga og Fylkesmannen støttar dette arbeidet. Her er samarbeid og samordning mellom fagavdelingane vesentleg for måloppnmåinga. Utdanningsavdelinga og helse-, sosial- og barnevernsavdelinga finn stadig nye måtar å samhandle på. I 2019 vart det utført felles tilsyn i helsesestasjon og barnehage om meldeplikt til barnevernet. dette er ei operasonalisering av 0-24-arbeidet, for å auke rettstryggleiken og samordne tiltak til utsette barn og unge.

I 2019 har ein styrka samarbeidet med Husbanken og øvrig regional stat på det bustadsosiale området. Det er lagt opp til brei tilnærming til bustadsosiale tema i overordna kommunalt planarbeid. Fylkesmannen har særskilt ansvar for å samordne innsatsen retta mot målgruppene i strategien "Bolig for velferd", og leier samarbeidet mellom regional stat og kommunar. I tillegg samarbeidar ein med Fylkesmannen i Vestland, brukarorganisasjonar og frivillige.

Vi meiner at statleg innsats på området er godt samordna og legg til rette for heilskaplege løysingar. Det er samarbeid kring særlege prosjekt .

Vi legg til rette for samordning av statelege økonomiske verkemiddel gjennom årleg tilskotskonferanse der vi ser på statlege satsingar og tilskot. Oversikt og rettleing i søknadsprosessen på tilskot  er tiltettelagt i eigen tilskotportal på nettsida vår. Satsinga på kommunalt barnevern og dialogmøte med alle kommunar har vore svært sentral i 2018 og 2019. Satsinga har gitt ei betre forankring og forståing av utfordringsbiletet i kommunane på barnevernområdet, og ført til betre integrering av barnevern og dei andre tenesteområda i kommunane.

Eit særskilt samordningstiltak er "alkoholnettverket". Arbeidet med dette nettverket for folkehelse, kriminalførebygging og ansvarleg alkohoklhandtering er vidareført i 2019. Det er samansett av representantar for KORUS, KS, politiet,næringa, kommunar og to av fagavdelingane hos Fylkesmannen. Nettverket har ei styringsgruppe og ei ressursgruppe som diskuterer relevante tema og planlegg ein nettverkskonferanse. Møta og konferansen medverkar til styrka rolleforståing og kunnskap hos aktørane. Konferansen vart ikkje arrangert i 2019, men vi tek sikte på ny konferanse i 2020.

Til slutt vil vi nemne at vi på  dei fleste områder har eit tett og godt forhold til vår fylkeskommune. Vi har jamnlege møte mellom leiinga i fylkeskommunen og hos Fylkesmannen, og felles leiarsamlingar. Men det meste av det gode samarbeidet skjer på kryss og tvers i dei to organisasjonane og vi kan nemne stikkord som folkehelse, planarbeid, vassdragsforvaltning inkludert regionalplan, regionalplan klima, klimapartner, akvakultur, utdanning, viltforvaltning og friluftsliv, grønstruktur, geodatasamarbeid, bygdeutvikling, bymiljøavtalar, planstrategiarbeid og rettleiing/opplæring for kommunane i felles konferansar. Dette er ein stor styrke for Rogaland.

Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

Oppgåver retta mot enkeltmenneske og som har innverknad på enkeltmenneske sin rettstryggleik, har høg prioritet hos Fylkesmannen og er særskilt nemnt mellom våre strategiar for måloppnåing: Vi behandlar alltid lovpålagde oppgåver og rettstryggleiksoppgåver først. I hovudsak snakkar vi her om tilsyn og klagebehandling, men med verjemål og aktivitesplikta i skulemiljøsaker, har FM også fått sentrale rettstryggleiksoppgåver som førsteinstans. Fylkesmannen har også fleire førstelineoppgåver i miljøvernsektoren,  overfor verksemder og enkeltpersonar som til dømes dispensasjonar frå vernereglar, løyver til forureining til industri og løyver til tiltak i anadrome vassdrag.


Vi er nøgde med måloppnåing og resultat i 2019, sjølv om vi ikkje har oppnådd full måloppnåing innafor alle saksområde. Vi har over tid ikkje hatt nok ressursar på alle felt, men har likevel hatt klar positiv utvikling. Med ressursauke frå 2020 vil vi kunne komme nærare å nå alle mål i 2020.

På fleire område aukar saksmengda. Vi nemner særskilt klager på tvangsmedisinering i psykisk helsevern med ein kraftig vekst. Klagene blir likevel behandla innan få dagar.

Av rettstryggleiksoppgåvene er arbeidet med verjemål ei av dei største og viktigaste. Begjæring om verjemål kjem ofte på eit tidspunkt der det allereie hastar med oppnemninga. Den verjetrengande er då ofte ikkje lenger i stand til å ta hand om interessene og rettane sine. Det er i så måte nær samanheng mellom saksbehandlingstid og rettstryggleik. Vi kan vise til at FMRO, som berre ein av to Fylkesmenn, oppfyller resultatkravet til oppretting av verjemål, der vi har eit resultat på 87 prosent innan 70 dagar. Det vil seie at 1129 av totalt 1292 saker blei behandla innan 70 dagar.

Vidare har vi behandla 88 prosent av alle "bruk av kapital-saker" innan 20 dagar. Det vil seie at 502 av totalt 572 saker. Vi har behandla  89 prosent av utgiftsdekningssakene og godtgjeringssakene innan 45 dagar. Det vil seie1518 av totalt 1711 saker.

Vi har kontrollert alle rekneskap med uttrekk frå SRF. Dette inneber at 440 rekneskap er kontrollerte innan fristen, medrekna også rekneskap der det er pålagt utvida rekneskapsplikt. Vi har også gjennomført tilsyn med alle faste verjer med meir enn 20 oppdrag, medrekna 13 verjer med til saman ca. 500 verjemål.

Vi har oppdatert heimeside med blant anna ofte stilte spørsmål, og utgreier moglegheita for ein chatbot på nettsidene våre. Vi held innlegg og foredrag for sjukeheimar, sjukehus , NAV-kontor og interesseorganisasjonar. Etter omlegging av praksisen knytt til verjemålslove § 20 andre ledd, har vi også ført langt fleire saker for tingretten enn tidlegare, dette inneber ein auka prosessuell rettstryggleik for den enkelte.

Når det gjeld trygt og godt skulemeiljø, er intrykket vårt at dei fleste skulane har god prsksis. Enklete skular og kommnar ser vi er gjangangarar, og vi følgjer dei opp gjennom eksta rettleiing i samband med vedtaka, eller gjennom andre ordningar. Vi ser framleis kommunar som strevar med å få til god og rett forvaltningsprsksis, og kan såleis ha utfordringar me å handtyerer reglane i forvaltningslova. På skule- og barnehagefeltet har vi framleis godt samarbeid med nabofylkesmennene på begge sider. dette medverkar til felles lovforståing og lik praksis.

Vi vil elles nemne at det dei siste åra har vore ein merkbar nedgang i klage på rett til spesialpedagogiske tenester, både innanfor barnehage og skule. Dette uroar oss, og vi ser fram til implementering av forslaga i Stortingsmelding 6, Fagfornyinga, og etter kvart ny opplæringslov. Sjølv om rettane til borna ikkje er endra, fører gjerne endringar og nye forslag til endra praksis.

Vi har over år slite med restansar innan bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming. I 2019 vart det sett i verk eit restanseprosjekt, som har resultert i at vi går inn i 2020 med færre restansar enn på mange år. I 2020 bør vi vere i mål.

Når det gjeld barnevern, så nemner vi særskilt dialogmøta med kommunane i 2018 og 2019. Alle kommunane har delteke. I møta har det overste politisk og administrativ leiing og leiinga i teneata, sa,am med Fylkesmannen vurdert risiko og styrkar i barnevernstenestene.

Ei viktig rettstryggleiksoppgåve er forvaltning av tilskotsordningar i landbruket. Kommunane er her førsteline og den mest kritiske faktoren for rettstygg behandling. Eksempelvis gjeld dette avkorting i tilskot ved brot på regelverket. Det handlar mest om kapasitet og kompetanse. Generelt sett gjer likevel kommunane i Rogaland godt arbeid, men at nokre har klare betringsområde. Skogforvaltninga i fylket er per dato ikkje på eit forsvarleg nivå når det gjeld kapasitet. Dette heng delvis saman med at 14 kommunar no har prosess gåande når det gjeld samarbeid om skogforvaltninga.

Saker etter plan og bygningslova tek mykje tid og krefter hos Fylkesmannen. Vi hadde ein utfordrande vaksesituasjon, særleg på planfeltet, i 2019. Trass i dette har vi fått gjort jobben på ein særs tilfredstillande måta, takk vere dei medarbeidarane som var igjen. Behandling av klagesaker har vorte prioritert, saman med fråsegn til kommunale planar. Dette har til dels gått ut over fråseng til dispensasjon frå plan.

For klager på kommunale vedtak etter plan- og bygningslova har vi i 2019 hatt den same gjennomsnittlege saksbehandlingatida som året før på 74 dagar. For dei sakene det er fristbrot, er likevel overskridinga gått ned frå 39 til 36 dagar. Det er også ein mindre del av sakene som har behandlingstid ut over 12 veker enn i 2017 og 2018. Denne betringa har kome trass i at vi også i 2018 har behandla langt fleire setjesaker enn tidlegare år (100 saker i 2019). Med andre ord så har den positive utviklinga frå 2018 halde fram på byggjesaksfeltet.

For klagesaker på reguleringsplanar er saksbehandlingstida noko lenger, men likevel betre enn i 2018. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid var her 107 dagar mot 142 året før. I saker med fristoverskriding er også overskridinga mindre - 66 dagar mot 72 i 2018. Ein langt større del av sakene vart også behandla innanfor 12-vekesfristen. Dette viser at auka fokus på å byggje ned saksbehandlingstida har gitt resultat. Dette vil halde fram i 2020.

Elles nyttar vi FN sitt berekraftmål nr.16 om "fred og rettferd" aktivt for å motivere og forklare kor viktig rolle kommunane og Fylkesmannen har som rettstryggleiksinstans, noko som gjev medvit om å vere ein del av maskineriet i ein velfungerande rettsstat. 

Avslutningsvis nemner vi at kvart år gjennomfører internopplæring i sentrale lover og forskrifter som forvaltningslov, offentleglov, kommunelov og klarspråk. Dette medverkar også til å styrkje rettstryggleiken.

Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Dette hovudmålet har dei minst tydelege tiltaka og resultatkrava, og aktiviteten ber nok preg av det. Kor stor aktiviteten skal vere er i stor grad opp til embetet sjølv, og dei andre tre hovudmåla tek det meste av ressursane. Som hovudregel blir tilbakemeldingane gitt i møte med overordna styresmakter, som styringsmøte, dialogmøte, fagmøte med meir. Vi er stort sett nøgde med desse arenaene for tilbakemelding og dialog. Dei må vidareførast og utviklast. Elles nyttar vi høvet til å gje fråsegn til høyringar som vedkjem våre arbeidsområde eller viktige lover og forskrifter. I 2019 var ny forvaltningslov eit godt eksempel. Det same gjeld NOU 2019:14, Tvangsbegrensingslova og kompensasjon for nedlegging av pelsdyrnæringa.

Frå tid til annan tek Fylkesmannen særskilde initiativ for til dømes å få endra rutinar eller praksis. Eit eksempel på det i 2019 var initiativ til å få endra beslutninga om ikkje å etablere automatisk gjennomsnittsmåling av fart i den nye undersjøiske Ryfylketunellen.

Som nemnt også i førre års rapport meiner vi vi har funne eit fornuftig nivå og kvalitet i tilbakemeldingar og innspel til sentrale styresmakter og er derfor godt nøgde med innsatsen også 2019.

Vi opplever også at dialogen med departement og særleg direktorata er open og profesjonell og at Fylkesmannen stort sett blir lytta til og tatt omsyn til.

Åsrapporten er sjølv ein arena for tilbakemeldingar og denne gongen har vi følgjande:

  • Miljøvern og klima er tverrsektoreielle tema, jf arbeidet bak KlimaKur2030. Det er likevel utfordringar når det kjem til sektorane sitt miljøvernansvar, til dømes arbeidet med ny gjødselvareforskrift. Grunna klima og stor landbruksproduksjon i Rogaland, er det større interessekonfliktar her mellom landbruksdrift og biologisk mangfald, inkludert vassdrag, enn elles i landet. Det kan hende vi treng ekstra juridiske verktøy og økonomiske ressursar for å nå måla i vassforvaltninga og ivaretaking av biologisk mangfald, som er truga av intensivt landbruk.
  • Vi vil også slå eit slag for å inkludere fylkeskommunane i samodninga av motsegner. Sjølvsagt kan ikkje Fylkesmannen avkjære ei politisk vedtatt motsegn, men det vil tena regional samordning om vi likevel involverer fylkeskommunane i samla motsegnsbrev.
  • Etter at hovudansvar for både Fylkesmannsembeta og kommunal/fylkeskommunal planlegging vart flytta til Kommunal og moderniseringsdepartementet, såg vi fram til ekstra god og heilskapleg styring og oppfølging på planområdet, også ressursmessig. Mykje positiv samordning mellom departementa har skjedd sidan gjennom "innsigelsesprosjektet" og statlege forvetningar til kommunal og fylkeskommunal planlegging. Men styringsdialogen mellom Fylkesmannen og planavdelinga er blitt svekka. Vi oppfordrar difor KMD, ved planavdelinga, til å gjenoppta ein tettare styringsdialog, helst i samarbeid med direktorata som har mest "motsegns-tyngde" i linjene inn mot oss. Det vil seie Miljødirektoratet, Statens landbruksforvaltning (evt LMD) og DSB.
  • Blant anna som ei følgje av samordning av statlege motsegner, ser vi eit behov for å vurdere om det kunne vere betre om dei statsetatar som ikkje greier å ha nok ressursar til planuttalar, kunne nytte fylkesmannen eller fylkeskommunen også på desse felta som regionalt motsegnsapparat gjennom nye styringsliner til oss. Det kan gjelda NVE, Politiet, Forsvaret, Mattilsynet, Kystverket og Direktoratet for mineralforvaltning med fleire. Slik det er no er det uråd ressursmessig for desse instansane å greie å gje innspel og evt motsegn til alle dei planane det er snakk om. Det er også ein stor utfordring for oss når med skal skaffe oss tilstrekkeleg tid til å samordne innan kommunal uttalefrist.
  • Det er oppretta samarbeidsforum for desentralisert kompetanseutvikling både innanfor barnehage og skule. Samarbeidsforuma får god samhandling mellom partane i sektoren. Det er utfordrande for Fylkesmannen å ha kunnskap om korleis kompetansestrategien verkar heilt ut i den einskilde barnehage og skule. Vi veit at det er stor skilnad i kvalitet og kompetanse knytt til kartlegging og gjennomføring frå kommune til kommune. Spesielt innan i barnehagesektoren blir det uttrykt ønskje om betre verktøy for å kartlegge skilnad i kvalitet mellom barnehagane. Fylkesmannen meiner også at det burde vore fleire og meir presise krav til rapportering for bruk av midla som blir overførte til kommunar og UH-sektoren
  • Det er framleis nokre statlege satsingar igjen på utdanningssida, inkludert barnehage- og skulemiljø, læringsmiljøprosjektet og oppfølgingsordninga. Det er ikkje tvil om at nokre kommunar treng ekstra hjelp. Vi oppmodar direktorat og departement om tett oppfølging av kva i desse strategiane som gir best resultat. Det er også nødvendig med gode avklaringar på kva Fylkesmannen si rolle skal vere idei ulike satsingane. Det gir grunn til uro når vi ser at det ofte er dei same kommunae som har utfordringar, sjølv etter at eit prosjekt er avslutta.
  • Verjemål: Fylkesmannen foreslår som eit tiltak for betre dialog mellom embeta at SRF tek opp at ordninga med faglege utval. Føremålet til utvalet vil mellom anna kunne vere å sikre likebehandling og kunnskapsdeling mellom embeta.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

I 2019 har det vore mykje arbeid med revisjon av kommuneplanar. Vi har hatt heile 19 meklingar og det er uvanleg høgt for oss som har vore gode å løyse det aller meste av motsegner før mekling gjennom dialogmøter på lågast mogleg nivå. Mekling og eventuell oversending til departementet er svært ressurskrevande for alle. Heldigvis vart svært mykje løyst i mekling og berre 4 saker er sendt over til KMD for avgjeld i år. Det er likevel meir enn foregåande år.

Det er veksande medvit om berekraftig by og tettstadutvikling og klimaspørsmål. Men det er framleis utfordringar knytt til styring av handels- og bustadetableringar med låg måloppnåing for samordna
bustad-, areal- og transportplanlegging. Og det er framleis eit stort
utbyggingspress på jordbruksareala i regionen.

Det er mange store infrastrukturprosjekt i Rogaland som utfordrar natur og landskap. Det meste av desse er nye vegar, som også er ei utfordring i forhold til 0-vekstmål i personbiltrafikken i byområdet. Generelle haldningar og våre verkemiddel for å ivareta biologisk mangfald, er svake i både utbyggings- og landbrukssaker.



Nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

I 2019 er det gjennomført 3 besøk hjå formannskap/kommunestyre i fylket, og vi har rigga opplegg for slikt tilbod i 2020. Viktig i desse møta er dialog om nasjonale og regionale forventingar til kommunal arealforvaltning, og at vi får forståing for lokale forhold i kommunane. Det er elles eit viktig kontaktpunkt mellom lokalpolitikarar og Staten. Vi opplever og får tilbakemeldingar på at slike møte er konstruktive og skapar forståing for dei omsyn Fylkesmannen er sett til å ivareta. Vår erfaring er at dialogmøte med lokalpolitikarar er det vektigaste tiltaket for å oppnå forståing for ei berekraftig og framtidsretta utvikling.

Det er elles gjennomført fleire samlingar for kommunalt personell innan klima&miljøvern, landbruk-, plan- og byggesaksforvaltning kor nasjonale og regionale omsyn knytt til arealforvaltning er tema. Vi får gode tilbakemeldingar på slike samlingar, og får ønskjer om særskilte tema.   

Grunna stor utskifting av personell og vakanse i miljøvernavdelinga som er planansvarleg avdeling i siste halvår, og som det eit ekstremt arbeidspress på dei røynde plansakshandsamarane på landbruksavdelinga som var att i den felles plangruppa, har me ikkje 100% oversending av alle motsegner etter  mekling i 2019. Men vi skal prioritere oppfølginga av desse no i 2020.

Deltagelse i regionalt planforum (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100%

Fylkesmannen har vore representert på alle planforum i 2019. Regionalt planforum er ein viktig arena for drøfting av regionale og kommunale planar med omsyn på tidleg tilbakemelding om nasjonale og vesentlege regionale interesser.

I samarbeid med fylkeskommunen ønskjer vi å bidra til å utvikle planforum ytterlegare.

Tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

100%

Fylkesmannen medverkar tidleg i alle kommunale og regionale planar som råkar våre sektorinteresser. Vi prioriterer å gje tilbakemelding ved varsel om oppstart av planarbeid og å vere så tydelege  som mogleg på nasjonale og vesentlege regionale interesser som kan få aktualitet i planen. Vi har og tett og god kontakt med planleggjarane i kommunane og Vegvesen, der vi  ofte har kontakt i tidleg fase for å avklare nasjonale og regionale interesser særleg innan natur.

2019 har vore eit krevjande år med vakansar og fleire nytilsette. Dette har ført til at vi i enkelte saker har måtte prioritere, og sakshandsamingstida har gått noko opp. Vi meiner likevel at vi har løyst planoppgåvene på ein tilfredsstillande måte innanfor fristar.

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

100%

Grunna vakansar og personellutskiftning i planansvarleg avdeling har me eit par meklingssaker frå hausten 2019 som enno ikkje er følgd ferdig opp i forhold til utsjekk av endeleg kommunalt planvedtak og eventuell oversending til departementet.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Kommuner med storulykkevirksomheter bør ved rullering av kommuneplaner etablere hensynssoner med tilhørende bestemmelser rundt storulykkevirksomheter. For eksplosivsanlegg underlagt storulykkeforskriften bør dette ivaretas for sikkerhetsrapportpliktige virksomheter (§ 9-virksomheter).

Alle kommunane i Rogaland har fått innspel om etablering av hensynsoner for storulykkevirksomheitar i høyring til kommuneplanane. Dei fleste har lagt inn faresoner for storulykker i 2019-rullering. 

Boligsosiale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Fylkesmannen har særleg merksemd på tenester og booppfølging og er gjennom tilskotsordningane på rusområdet i dialog med kommunane om både Housing first og ACT/FACT team. I prosjektsamarbeid mellom fylkesmennene i Rogaland og Vestland , kommunar og regional stat er det fokus på varig bustad og oppfølgingstenester av god kvalitet til  målgruppene i strategien bustad for velferd.I arbeidet vårt med regionale og kommunale planar for bustad,by og tettstadsutvikling, legger vi vekt på at bustader for vanskeligstilte skal være integrert i vanlige bumiljø. Nokre kommunar har hatt svært utfordrande planar for plassering av slike bustader og konflikter i forhold til etablert bumiljømiljø. Vi tar dette opp i planprosessane og får også klagesaker inn på dette.   Med Sandnes kommune var til og med slike spørsmål oppe til mekling i kommuneplanrunden i 2019.

3.1.1.2 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Dette gjer vi på fleire måter:

1. I samband med hendingar tar vi alltid kontakt med kommunane som er råka for å skape eit situasjonsbilete og for å sjekke om dei treng hjelp eller fleire ressursar. Til dømes valde vi i samband med skogbrannen i Sokndal kommune i 2019 i samråd med rådmannen å sende ein ressursperson frå Fylkesmannen til Sokndal for å understøtte kommunen i deira krisehandtering

2. Vi har ein årleg nettverksssamling med kommunane som brukast som arena for å dele informasjon på tvers og for å gi informasjon frå Fylkesmannen, regionale etatar og sentrale etatar. 

3. I samband med våre tilsyn (før og etter) og våre beredskapsøvingar blitt det gitt mykje rettleiing

4. Vi har ei generell rettleiingsplikt som slår ut på mange områder. Vi deltek etter invitasjon på mange møter i kommunale beredskapsråd og held på oppmoding gjerne innlegg.

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Fylkesmannen har gjennomført tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i 6 kommunar i Rogaland. Bjerkreim, Haugesund, Hå, Utsira, Karmøy og Time. Alle tilsynskommnane var samla til eit rettleiingsmøte før tilsyna (i februar).

Felles tilsyn med beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen avgjør om det skal gjennomføres tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene basert på kunnskap om risiko og sårbarhet. Tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene skal gjennomføres som felles tilsyn med fylkesmannens tilsyn med kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelsesloven, jf. veileder for felles beredskapstilsyn i kommunene fra DSB og Helsetilsynet.

Fylkesmannen hadde ikkje felles tilsyn med helseberedskap i nokon kommunar i 2019

Veiledning om samfunnssikkerhet og beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal styrke veiledningen i kommunene i arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap, herunder helseberedskap. 

Vi hadde rettleiingsmøte med alle kommunene som hadde tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i februar 2019. Vi har også hatt ein nettverkssamling med alle kommunale beredskapskoordinatorar i Sauda i mai 2019. På nettverksamlinga orienterte 3 kommunar om alvorlege hendingar som fant stad i 2018/2019, herunder helseberedskap. 

Egenberedskap (fra kapittel 3.1.1.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i 2019 bidra til at kommunene arbeider for styrket egenberedskap hos innbyggerne gjennom å implementere egenberedskapskampanjen fra DSB.

Vi har vidaresendt informasjon frå DSB til kommunane og har laga nettartikkel på vår heimeside. Vi trekkjer også fram kampanjen når vi held foredrag om samfunnstryggleik og beredskap i ymse møter og fora.

Øvelse for kommunens kriseorganisasjon (fra kapittel 3.1.1.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i løpet av 2019- 2022 gjennomføre øvelse for alle kommuners kriseorganisasjon.

Vi har øvd kriseorganisasjonen i 5 kommunar, Klepp; Vindafjord, Tysvær, Lund og Kvitsøy

3.1.1.3 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Det er 25 NAV-kontor i Rogaland.

To NAV-kontor slo seg saman i 2019 og tre kommunar blir slått saman frå 01.01.20. I tillegg er det prosessar på gong i fleire komunar om samarbeid på dette området. 

Situasjonen på arbeidsmarknaden har betra seg i 2019, noko som viser igjen på sosialhjelpsstatistikken. Rapporteringa som Fylkesmannen har innhenta frå kommunane tyder på at det er ein nedgang i talet på sosialhjelpsmottakarar. For dei fleste kommunane gjeld dette både talet på unge mottakarar, barnefamiliar og nye mottakarar. Ein del kommunar melder og om auke i talet på langtidsmottakarar.

NAV Rogaland tok i 2019 initiativ til ei samling om partnarskapen i NAV for rådmenn og NAV-leiarar. Fylkesmannen nytta høve til å understreke kommunane sitt ansvar for dei sosiale tenestene i NAV, med hovudvekt på tilgjengelegheit, barn og unge/barnefamiliar, aktivitetsplikta og kvalifiseringsprogrammet (KVP).

Det er auke i talet på deltakarar i KVP trass i at fleire kommunar melder om utfordringar både med å prioritere tilstrekkelege ressursar til dette området og med tilgang på individuelt tilpassa tiltak i program.Det er særskilte utfordringar knytt til brukarar med manglande norskkunnskapar.

Alle kontora har fått tilbod om opplæring i sosialtenestelova for nytilsette. Opplæringa vert koordinert med NAV Rogaland.I tillegg har Fylkesmannen gjennomført halvårlege nettverkssamlingar på område KVP, økonomisk rådgjeving og barneperspektivet i NAV. Halvårlege NAV-leiarsamlingar er og gode arenaer for både informasjon om føingar på sosialtenesteområdet, formidlingar frå erfaringar frå tilsyn og drøfting av ulike levekårsproblem. Fylkesmannen etablerte i 2019 i tillegg ei halvårleg fagsamling for tilsette med fagansvar for dei sosiale tenestene i NAV. Her blir ulike problemstillingar knytt til forståing og praktisering av sosialtenestelova drøfta.

Tilbud om opplæring til alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

Alle NAV-kontor har fått tilbod om følgande opplæring/kompetanseheving:

  • Halvårleg opplæring for nytilsette i NAV-kontora
  • Halvårleg nettverk for tilsette som arbeider med KVP
  • Halvårleg nettverk om barneperspektivet i NAV
  • Halvårleg nettverk for tilsette som arbeider med økonomisk rådgjeving
  • Ekspertkurs for økonomiske rådgjevarar
  • Kurs om teieplikt
  • Opplæring i lovendringane i KVP
  • Erfaringssamling om aktivitetsplikta
  • Fagsamling for  avdelingsleiarar/fagleiarar med ansvar for dei sosiale tenestene i NAV

Både KVP, barneperspektivet i NAV og aktivitetsplikta er tema som jamnleg blir tatt opp i NAV-leiarsamlingar som Fylkesmannen og NAV Rogaland gjennomfører kvart halvår. i Tillegg er dette tema i dei overordna samarbeidsmøta med KS og NAV Rogaland.

NAV kontor med lav kunnskap tilbys opplæring (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

NAV-kontor som vurderes å ha lav kunnskap om sosialtjenesteloven og hvordan den skal praktiseres, eller forvaltningsloven og saksbehandlingsreglene i sosialtjenesteloven, tilbys opplæring.

Dei generelle tilboda om opplæring i dei sosiale tenestene i NAV blir gitt til alle NAV-kontor. 

I 2019 etablerte Fylkesmannen ei fagsamling for leiarar med fagansvar for dei sosiale tenestene i NAV. Dette skal vere ei fast halvårleg ordning, der kontora sjølve melder inn problemstillingar. Ordninga vil kunne bidra til ei generell kunnskapsauke på området. i tillegg har Fylkesamnnen hatt oppfølging med ei kommune etter funn avdekka i tilsyn og ei anna kommune som har bede om hjelp for å betre forståinga av lovverket.

Oppfølging av kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har systematisk fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og veiledning er avdekket særlige utfordringer ved praktisering av sosialtjenesteloven.

Fylkesmannen gir mykje rettleiing til tilsette i NAV-kontora på telefon. Utfordringar som vert melde på denne måten eller som vert avdekt i tilsyn- eller klagesaksbehandling blir fulgt opp på ulike måtar. Når fleire kontor melder om de same utfordringane, kan dette til dømes bli tatt opp som tema på samling for fagansvarlege for dei sosiale tenestene. Andre tema blir tatt opp med den enkelte NAV-leiar eller i særskilte tilfeller gjennom oppfølgingsmøte på NAV-kontoret.

Fire kommunar har bede om hjelp frå Fylkesmannen til å etablere rutinar for samarbeid mellom NAV og barneverntenesta, samt eit nettverk for samarbeid mellom kommunane. Fylkesmannen har deltatt på oppstartsamling og mellom anna delt erfaringar frå LOT med samarbeid mellom NAV og barneverntenesta.

Fylkesmannen har i samarbed med Fylkesmannen i Trøndelag prøvd ut tenestebarometer for dei sosiale tenestene i NAV. Utprøvinga skjedde i to kommunar som melde seg frivillig.Tilbakemeldinga frå kommunane var at dette bidrog til å gi dei ei betre oversikt over om og kor i  tenestene det var fare for svikt. Det ga også Fylkesmannen ei god oversikt over organisering, innhald og styring av dei sosiale tenestene i dei to kommunane.


3.1.1.4 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

I løpet av 2019 har kommunane i fylket gjennomført ei rekkje kompetansehevande tiltak. Dei aller fleste kommunane søkte om tilskot frå ordninga Kommunal kompetanse og innovasjonstilskot. Det vart innvilga tilskot til formell utdanning, ulike typar videreutdanninger, masterstudier og til ulike kurs av kortare varigheit. Kurs av type ABC- opplæring var populære.

Mange nye innovasjonsprosjekt vart sett i gang i løpet av året og allereie pågåande tiltak fortsette med god framdrift . Det var mange kommunar som nytta seg av muligheiten til å få støtte til å setje i gang og prøve ut nye måtar å løyse oppgåver på og utvikle tenestene.

USHTane i fylket har gjennom året sett i verk mange typar kompetansehevende tiltak. Det har vore kurs, fagdagar, nettverkssamlinger og læringsnettverk. Kommunane har vist interesse og engasjement i høve desse tiltaka og har nytta seg av dei.

Fylkesmannen har arrangert fagdagar i samarbeid med aktuelle kompetansemiljø. Det har særlig vorte sett fokus på satsingsområda i kvalitetsreforma Leve hele livet, Omsorg 2020 og Demensplan 2020.

Fylkesmannen vurdere at kompetansehevande tiltak og utprøving av nye tiltak har ført til at kvaliteten i helse- og omsorgstjenesten er styrka. Statistikk (sjå punkt under, rapport til kapittel 3.1.3.1.31. i TB) viser at tal på årsverk i helse og omsorgstenesten er auka og det er grunn til å tru at kapasiteten og tilgang på tenester har vorte betre som ei følgje av det.

Planer for kompetanseheving, rekruttering og velferdsteknologi (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

I samband med søknad om tilskot til kompetanseheving vart det spurt etter kompetanseplan. Kompetanse er ein grunnleggjande faktor for å kunne utøve kvalitative gode tenester. Fylkesmannen held dette fram overfor kommunane og uttalar at det er viktig å utarbeide plan for området kompetanseheving og rekruttering, så vel som på andre områder. Fylkesmannen har ikkje gjennomført kartlegging eller spurt konkret om utarbeida planar i møter med personell frå helse- og omsorgstenestane i kommunane dette år. Kommunane skal lage ny planstrategi i år. I samband med dette arbeide poengterar Fylkesmannen kor viktig det er å få med ulike tema i samfunnsdelen av plan. 

Vi har inntrykk av at det har vorte jobba systematisk med planar i ulik grad. Store kommunar har gjerne ei anna tilnærming enn små. Og det er stor forskjell på om det er utarbeida kompetanseplan som ein eigen delplan, eller om det er del av anna plan.

Vi har tidlegare, i dialog med kommunane,  spurt om kommunale planar og i fjor rapporterte vi at minst 70% av kommunane har utarbeida planar for å møte framtida sine utfordringer. Vi antar nivået er på samme nivå som i fjor. 

Velferdsteknologiske løysinger vert tekne i bruke i auka grad. Rutinar for å få velferdsteknologi integrert i tenestetilbodet vert utarbeida. Tenesteinnovasjon er omgrep som vert bruk, og har fokus hjå dedikterte medarbeidarar i kommunane.

Representantar frå alle kommunar har delteke i dialogmøter omkring reforma Leve hele livet. Her er Aldersvennlig samfunn og framtidige utfordringer heilt sentrale.

Dagaktivitetstilbud til hjemmeboende med demens (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100% ved utgangen av 2019

I nasjonal kartlegging av kommunen sitt tilrettelagde tenestetilbod for personar med demens, var det 23 kommunar som svarte at dei har slike tilbod. Det var to kommunar som ikkje deltok i kartlegginga, og ein som svarte at dei ikkje hadde noko slikt tilbod. I dialog med kommunen som svarte at dei ikkje hadde dette tilbodet, kom det fram at dei gjer  dagaktivitetstilbod til personar med demens. Det vart svart nei i denne kartlegginga fordi tilbudet ikkje er definert som tilrettelagt for personar med demens. Fylkesmannen har vore i dialog med dei to kommunene som ikkje deltok i kartlegginga. I den eine av kommunane vart det opplyst at det vert gitt tilbod om dagaktivitet for personar med demens. I den andre vart det svart at tilbodet ikkje er spurt etter, men at et slik tilbod vil dei etablere på kort varsel om det skulle verta behov for det. Det vert derfor rapportert at samtlege kommunar i Rogaland tilbyr teneste som dagaktivitet til personar med demens.

 Nasjonal kartlegging viser at per oktober 2018 var det 625 personar som hadde eit dagaktivitetstilbod tilegnet og tilrettelagt for personar med demens.

Rapport fra helsedirektoratet viser at per 31. desember 2019 har det vort gitt tilskot til 200 plassar for 485 personar.

Andel ansatte i helse og omsorgstjenesten med formell utdanning (fra kapittel 3.1.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen har økt siden 2018.

Delen av tilsette i helse og omsorgstenesta med formell utdanning har auka dei siste åra.

I 2015 var det 74,9% som hadde formell utdanning. I 2016 var talet auka til 76,6%, i 2017 var det  76,8% og i 2018 var talet på 77,2%.

Årsverk i brukarretta teneste med helseutdanning frå videregåande skule var i 2015 på 4162,5. I 2016 var det 4191,4. I 2017 var talet 4309, 5 og i 2018 gått ned til 4306,4.

Årsverk i brukarretta teneste med helseutdanning frå høgskule/universitet  var i 2015 på 3990,7. I 2016 var det 4074,5. I 2017 var talet 4265,3 og i 2018 auka til 4328,1.

Desse tala viser at den totale delen med formell utdanning i helse og omsorgstenesta har auka i Rogaland, og det har særleg vore ei auke på høgskule/universitets nivå.

KOSTRA tal for 2019 er ikkje klare før 16. mars.

3.1.1.5 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Resultatmål og oppdrag er delvis oppnått. Kapasiteten i tenestetilbodet samsvarer ikkje med behov. Det trengst fleire bustader av god kvalitet og betre samarbeid mellom tenester og sektorar. Det trengst også fleire årsverk retta mot barn og unge. Personar med alvorlege ROP lidingar har framleis dårlege levekår. 

Kommunene har fått informasjon om Opptrappingsplan mot vold og overgrep. 3 av 23 kommunar manglar handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Samtidig viser IS24/8 at meir enn halvparten av kommunane manglar oversikt over personar som henvender seg til helse og omsorgstenesten om vald i nære relasjonar og seksuelle overgrep. 

35% av kommunane rapporterer framleis om manglande system for tidleg intervensjon. Dette til tross for stort fokus på BTI arbeid i fylket.

Rus og psykisk helsefeltet i Rogaland har dei siste åra hatt kapasitetsauke. 2019 var siste tilskottsår for ei rekkje årsverk. Fylkesmannen har fått signal om at fleire stillingar blir vidareført etter endt tilskotsperiode, men vi har også grunn til å tru at somme blir avslutta. Når det gjeld ACT/FACT og andre oppsøkjande behandlingsteam, har vi fått signal om at alle teama i Rogaland foreløpig vert ført vidare utan tilskotsmidlar, men med nokre nedskjeringar. Vi merkar oss at kapasitetsvekst på årsverk retta mot barn og unge er låg i Rogaland samanlikna med andre fylke.

Vi ser ein nedgang i antall kommunar som meiner OP rus har hatt ein effekt i kommunalt rusarbeid det siste året. Samtidig ser ein at kommunane utviklar arbeidet sitt i tråd med OP rus. Det er etablert fleire nyetenkjande tilbod i løpet av perioden. Nytt av 2019 er Rask rushjelp og Rask avhengigheitshjelp

Når det gjeld bruk av kunnskapsbaserte metodar ser det ut til at det er enklast for dei største kommunane å ta metodane i bruk. Det er meir komplisert for fylket sine minste kommunar å etablere f.eks FACT og RPS. Medverkande faktorar til dette er økonomi, lokale ressursar og store avstandar. Det er etablert nettverk for de oppsøkende behandlingsteamene i fylket.

Alle kommunar ser ut til å ha vore delaktige i prosessar for å tileigne seg psykolog kompetanse i dei kommunale helse og omsorgstenestene. Dei største kommunane har tilsett fleire psykologar som arbeider på ulike fagområde. Det er meldt om noko rekrutteringsproblem, spesielt på stillingar retta mot ROP brukarar. Pr dags dato er Fylkesmannen kjend med at 4 av 33 stillingar er ledig. 

Kommunane i Rogaland er gjort kjent med pakkeforløp for psykisk helse og rus. 2019 har på mange måtar vore eitt etableringsår. Spesialisthelsetenesta har hatt fokus på prosessar internt i sjukehusa, mykje tyder på at ein også må ha stort fokus på kommunens rolle i pakkeforløpa. 

Egnet botilbud for personer med psykisk helse-/rusmiddelproblemer (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Ingen personer med psykiske helse- og/eller rusmiddelproblemer står uten egnet botilbud.

Brukarplantal for 2018 viser at 5% av dei kartlagga med rusproblem er bustadslause, 14% har ein ikkje permanent og ikkje tilfredsstillande bustadsituasjon. Kommunane i Rogaland har ikkje kartlagt i 2019 vi har derfor ikkje nye tal å vise til. Vi har ikkje nok kartleggingar på psykisk helse til å kunne seie noko om denne målgruppa.

Av IS 24/8 rapporten for 2019 fremgår det at flesteparten av kommunane i Rogaland meiner bustadsituasjonen for personar med rus- og psykiske helseutfordringar i løpet av det siste året har utvikla seg til det betre eller forblitt uendra. Det er framleis større utfordring i bustadsituasjonen for målgruppa for personar med rusproblem enn for personar med psykiske helseproblem.  

Tilskotsforvaltninga viser oss at fleire kommunar nyttar tilskot til å betre tenester og oppfølging i bustad. 

Fylkesmannen er oppteken av bustadløyse, men og av brukarar som har mellombels og ikkje tilfredsstillande bustad. Vi har fokus på bumiljø, kvalitet på bustad, oppfølging og behandling i bustad. Vi engasjerer oss i bustadspørsmål mellom anna gjennom eit eige prosjekt der statlege aktørar arbeider med å samordne regional offentleg innsats ovanfor personar med psykisk helse og rusproblem slik at målgruppa får rett bustad med rett oppfølging til rett tid. Dette er eitt spennande prosjekt, som blir vidareført i 2020.

Opptrappingsplanen mot vold og overgrep (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Fylkesmannen har brukt ulike møtepunkt med kommunane til å informere om Opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Det er arrangert fagdag om hvordan ein kan forstå, førebygge og avdekke vald, overgrep, sjølvmord og sjølvskading. Vi har hatt spesielt fokus på å gjere kjent dei valdsførebyggjande verktøyet«Jeg vet» og «SNAKKE»

Handlingsplaner mot vold i nære relasjoner (fra kapittel 3.1.3.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2018.

Fylkesmannen har samarbeidd med Rogaland Fylkeskommune om å innhente informasjon om handlingsplanar mot vald i nære relasjonar. Tala viser at pr dags dato manglar 3 av 23 kommunar slike planar. Det vil seie at fleire kommunar i løpet av 2019 har fått på plass handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.

3.1.1.6 Styrket folkehelsearbeid

Vi har et avtalt og planlagd samarbeid med fylkeskommunen om folkehelsearbeidet i fylket. Målet er å styrka og vidareutvikla eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid hos kommunane. Avdelingsdirektørane møtes to gonger i året. I tillegg har sakshandsamarane faste samarbeidsmøter for å koordinera arbeidet og informera kverandre.

Me deltek fortsatt i fylkeskommunen sine fagnettverk for folkehelsearbeid. I 2019 vart det arrangert tre regionale partnerskapssamlingar i fylket med oversiktsarbeid som tema. Me deltok i alle og bidro med råd og veiledning for å sikra at oversiktsarbeidet vart knytta til komande planstrategi. 

Nytt av året er at fylkeskommunen nå er med i den sentrale satsinga; - Program for folkehelsearbeid. Me deltek aktivt i arbeidet og er fast tilstades i samarbeidsforumet. 

Vårt hovedfokus med tanke på det systematiske og langsiktige folkehelsearbeidet har også i år vore folkehelselovas krav til oversiktsarbeid, og korleis det vert fulgt opp i kommunane sitt planarbeid. Kunnskapgrunnlaget er ein avgjerande føresetnad for å kunne få til eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid. Det er gitt fråsegn til sju kommuneplanar dette året der me har hatt eit særleg fokus på folkehelsearbeidet..  

I samarbeid med fylkeskommunen vart det i 2019 gjennomført ein Quest-back undersøkelse om kommunane si oppfølging av folkehelsearbeid. Undersøkinga syner med anna at nærare 75% av kommunane har forankra arbeidet i kommuneplanen. Dei andre meldar tilbake at det inngår i kommuneplanen men burde vært det i enda større grad. Samstundes syner undersøkinga at det framleis gjenstår ein del arbeid før folkehelse er ein integrert del i anna planarbeid som kommunen gjer, som til dømes arealplan, reguleringsplan, sektorplan mv.

I vår årlege tilskotskonferanse formidlar me nasjonal politikk, med særskilt fokus på korleis kommunane kan kopla saman tilskotsordningane med folkehelseutfordringane som dei har identifisert, sjå dette i samanheng med eit langsiktig, planlagt og systematisk planarbeidet (folkehelsearbeid).

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Heile 24 av 26 kommunar rapporterer at dei har etablert eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid, der psykisk helse er inkludert. 

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

24 av 26 kommunar rapporterar at utjamning av sosiale ulikheter vert fulgt opp i kommuneplanen. 

3.1.1.7 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Generelt om økosystemtenester

Rogaland har lite upåverka natur og mykje kulturlandskap. Landbruk og kulturskog pregar landskapet sterkt. Stort husdyrhald  over lang tid gjev sterkt beitepreg med store areal av gjødsla kulturbeiter, beita fjellandskap og også ugjødsla lynghei. Lyngheia er under krysspress på grunn av tilgroing, manglande beiting og skjøtsel, utbygging, skogplanting og sitkaspreiing. Rogaland har svært frå område utan tekniske inngrep, det gjeld også strandsona og vassdragslandskapet.

Lakselus og rømming er ei utfordring for laks og sjøaure. Ryfylke er no sett i grøn sone som opnar for produksjonsauke.

Forsuringssituasjonen er under kontroll og det er svært god effekt av kalkingsarbeidet.

Forureiningssituasjonen i landbruksområda på Jæren - som også er er svært viktige omåde for våtmarksfugl, er alvorleg og det er vankseleg å sjå at mål om god tilstand kan nåast utan svært stor auka innsats. Det er behov for å ta i bruk forureininglova for å gjere særlege tiltak rundt og ved vassførekomstar som har svært dårleg tiltstand ut frå landbruksforureining. Truleg treng vi både styrka juridiske, personellmessige og økonomiske ressursar for å få til reell betring på dette.

Framande artar er utfordrande, men det er aukande medvit om problemstillinga. Som de ser av tabell på framande artar, er det stor og viktig innsats på dette feltet i Rogaland i samarbeid med kommunane mfl. Me vil særleg nemne innsatsen på mink, kjempespringfrø og uttak av framande treslag i 2019.

Med mildt sørvestleg klima vil mange artar kunne etablere seg fyrst i Norge i Rogaland. Ut frå den alvorlege situasjonen i Skottland med gyvel og rhododendron er me td. bekymra for at dette også vil skje her.

Når det gjeld våtmark og myr, er det behov for større prosjekt i nedslagsfelt som ser på tiltak i heile feltet.  Det skjer framleis omfattande oppdyrking av myr og andre flaumdempande areal i Rogaland som eskalerar flaumproblem nedstraums. Over tid har landbrukstiltak oppe i nedslagfelta ført til mindre naturleg flaumdemping. 

Antall igangsatte restaureringstiltak i myr og annen våtmark (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle restaureringstiltak som har fått tildelt midler i 2019, skal være igangsatt i løpet av året.

Sjå tabell og kommentar under den . 

Antall reviderte regionale vannovervåkingsprogram (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle overvåkingsprogram skal være revidert i løpet av året.

Alle dei 4 vassregionane er dekka av nytt overvakingsprogram

Antall pålegg om tiltak og undersøkelser hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjon (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Bruk av sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner har økt sammenliknet med 2018.


2017: ingen nye pålegg

I 2018 arbeidde vi med to slike saker :

1. pålegg Fister Smolt AS, samordna med NVE

2. Stor innsats ovafor konsesjonsfritt anlegg (Gjedrem og Holmen Kraftverk) i Bjerkreimsvassdraget. Det gjenstår nærare utgreiing og faktiske tiltak for å stoppa negative konsekvensar for utvandrande laks og smolt.



2019: Eitt nytt pålegg (Saudefallene) og økt aktivitet og viktige resultat knytt til frivillige tiltak i Bjerkreimsselva. Vi har også hatt krevende oppfølging av pålegg gitt i 2018.

 

3.1.1.8 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Når det gjeld klassisk vern er det god, men krevjande forvaltning i verneområda. Det er god driv på nytt skogvern i Rogaland med 5 nye områder verna i 2019, deriblant Nordheia som er det største skogvernområdet i  som vart verna i Noreg i fjor.

 Arbeidet med forslag til supplerande vern har vore høgt prioritert og vart levert tidleg i 2019 som planlagt. Det vart sendt info til alle berørte ordførarar, og til media i  takt med med nasjonal mediestrategi. Vellukka presseoppslag med stort fokus på forslag til Preikestolen og Frafjordheiane nasjonalparkar. Leiar av Naturseksjonen har under publisering ein god arktikkel om dette temaet i  Stavanger Turistforenings si årbok 2020. 

Vi  ser fram til  å følgje opp sentrale avklaringar av nye verneområde-prosjekt. Fleire har god lokal forankring, td. strendene på Karmøy og Mosvatnet i Stavanger.

Skogareal tilrådd for vern (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal tilrå vern av skog i et omfang som bidrar til at skogvernbudsjettet for 2019 utnyttes fullt ut

Det er god driv og godt samarbeid på dette feltet i Rogaland. 5 områder ferdig verna i 2019, og mange prosessar i gang. Vi styrer mot å behalde og styrke personellressursar internt på dette i 2020, slik at Rogaland kan bidra ytterlegare på dette feltet. Det er framover særleg viktig å lykkast med godt samarbeid og gode prosessar  i områda i sørfylket  med eik som klimaksskog.

3.1.1.9 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Arbeidet med forureningsløyver og tilsyn går svært bra. Vi har også i 2019 auka opp tilsynsaktiviteten ytterlegare gjennom å satse på full inntening av ny stilling. Med god seksjonsleiing og kollegastøtte går det bra !

Vi kan også nemne at vi i 2019 har peika på plastforureining som ei utfordring i alle relevante tilsyn.

Store veg- og tunnellprosjekt som Ryfast og Rogfast skaper svært mykje  utfordrande ekstraarbeid både innan plan, natur og særleg innan forureiningsseksjonen. Vi er ikkje personellmessig rigga for dette, men vi prioriterer så godt vi kan og legg vekt på å ha god kontakt med prosjektleiing og miljøansvarlege i utbyggingsprosjekta. Det er særleg arbeid med massehandtering, utfylling og deponering som er krevande.

Vi takkar for tillta med å bli ein av 3 fylkesmenn med i det nasjonale arbeidet med grunnforureiningsdatabasen. Det går bra !

Vi blir gjerne med på andre nasjonale utviklingsområde/pilotar innan forureiningfeltet om det følgjer personellressurs med. Døme kan vera: 

1. aktiv bruk av forureiningslova og fornying/revisjon av utsleppsløyver for å redusere klimagassutslepp frå industrien og betre energibruken

2.aktiv bruk av forureiningslova i områder med svært stor og uakseptabel - slik som deler av jærvassdraga med dårleg tilstand

3.Bruk av naturmangfaldslova og forureiningslova og anna aktuelt lovverk  i saman for å unngå spreiing av uønskte organismar ("biologisk forureining ")

Varsel om reviderte tillatelser (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle avløpsanlegg etter kapittel 14 i forurensningsforskriften som har tillatelser som er gitt før 1.1.2007, skal ha fått varsel i løpet av 2019 om revidering

Ingen av våre løyver til avløpsanlegg var så gamle.

3.1.1.10 Marin forsøpling er redusert

Svært god driv i dette arbeidet, der det på berre eit par år har skjedd ein enorm haldningsendring. "Alle" plukkar søppel på strendene.

Vi samarbeider som før tett med dei fire friluftsråda våre om det praktiske arbeidet med marin forsøpling.  I 2019 har plastforsøpling vore eit fast tema på alle relevante forureiningstilsyn.

Avfallsplaner i Rogaland (fra kapittel 3.1.4.4.1.7 i TB)

Rapportere på

100 havner uten tidligere avfallsplan har fått godkjent avfallsplan

Sjå tabell.

Dette er mykje "ringe og purre og gje råd" arbeid.  Dersom det hjelper for landet og rapporteringa til EU samla, kunne vi i Rogaland tatt på oss å gjere dette for fleire fylke. Om vi får ressursar til å engasjere nokon til dette arbeidet.  Om lag som i prosjektet med oppdatering av grunnforureiningsdatabasen.

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Rogalandskommunane har stort sett god økonomistyring. Ingen av dei er i ROBEK. Dei siste åra har netto driftsresultat for kommunane samla låge over anbefalt nivå, og var 3,3% for 2018. Størrelsen på disposisjonsfonda har og auka frå 8,1% i 2015 til 13,8% i 2018. Lånegjelda har vakse i same periode og var for 2018 78,1% for fylket samla. Samanlikna med tal for landet, både med og utan Oslo, har Rogaland hatt høgare netto driftsresultat og disposisjonsfond, og lågare gjeldsnivå. Det er relativt store skilnader og fleire av rogalandskommunane er små og sårbare. Utbetalingar frå havbruksfondet har dessutan sminka resultata for einskilde kommunar.

For 2019 hadde 10 rogalandskommunar budsjettert med betre NDR enn for 2018, mens 12 kommunar hadde budsjettert med lågare NDR enn året før.


Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2019 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2018.

Rogaland hadde ingen kommunar i ROBEK i 2019.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018.

Vurdert ut frå tal feil (manglar eller usannsynlege tal) på området eiendomsforvaltning, har Rogaland hatt ei klar betring med berre ni feil for 2018, ned fra 14 feil i 2017.

Den valde resultatindikatoren er for snever for det store mangfald av styringsdata KOSTRA inneheld. SSBs program for å kontrollere kvaliteten på data som blir innrapporte til KOSTRA bør utviklast til å omfatte den kontrollen fylkesmannen skal gjere. For eiendomsforvaltning reknar vi med at dette vil komme på plass med ei eventuell matrikkelbasert arealrapportering. Rettleiar for reknskapsrapporteringa i KOSTRA omtaler ikkje fylkesmannen sine kontrollaktivitetar for betre datakvalitet.

3.1.1.12 Økt verdiskaping i landbruket

Vi er 21 årsverk ved Landbruksavdelinga som til ei kvar tid er oppteken av å drive landbruket framover - i rett retning. Med ein stor jordbruksproduksjon, høg næringsaktivitet generelt, og 10 % av folketalet i landet gir det oss stort arbeidspress på alle område. Vi skal vere relevante, og det betyr at vi må vere til stades der det skjer. Eller like gjerne der det ikkje skjer.

Prosessarbeid

Vi må jobbe effektivt. For å nå ut med vårt bodskap til kvar ein krik av fylket brukar vi media aktivt, både heimesida og facebooksida «Fylkesmannen og bonden i Rogaland» er effektive kanalar for å komme ut med informasjon og analysar.

Vi er også mykje i kontakt med enkeltbønder, kommunar, industri, forskingsinstitusjonar og andre aktørar for å sette dagsorden. Nedanfor er eit døme på korleis vi innrettar bruken av våre ressursar, både menneskelege og økonomiske.

Det er framdrift i næringsutviklingsarbeidet på Haugalandet etter at Fylkesmannen sette i gang mobilisering hausten 2018. Næringssjefane i Tysvær og Vindafjord har arrangert eit innovativt landbruksmøte med 100 deltakarar, og dei skal arrangere fagdagen «Stolt bonde» i januar 2020.

Fylkesmannen har i tillegg sett i gang prosjektet «Bjøllekua» for å kartlegge behovet og interessa for omstilling i mjølkesektoren i kommunane Vindafjord og Suldal. Det har skapt stort engasjement på grasrota og stor oppslutning om spørjeundersøkinga. Resultata er klar vinteren 2020.

Fylkesmannen har ein engasjementsstilling (4 mnd) på Haugalandet for å bidra til auka bruk av tre i fjøs, og vi kan sjå positiv effekt av dette.

Jordbruk

Høg verdiskaping. At landbruket  er ei av dei viktigaste næringane i Rogaland blei stadfesta i ny rapport, og held posisjonen sett i høve til andre næringar. Samla verdiskaping frå jordbruk, skogbruk, tilleggsnæring og den landbruksbaserte industrien som er avhengig av landbruket var 6,3 milliardar kr i 2017.

I rapporten om verdiskapinga i landbruket og landbruksbasert verksemd i Rogaland, har NIBIO  berekna verdiskapinga frå jordbruket til å vere om lag 3 milliardar kr for 2017. Det er 2,4 prosent meir enn i 2014, rekna som bruttoprodukt. Det er Rogaland bondelag som har bestilt ny rapport frå NIBIO, og delar er finansiert av UT-midlar.

10 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri. Sysselsettinga i jordbruket er berekna til 6 310 årsverk, noko som er 109 årsverk lågare enn i 2014. Det betyr at færre bønder skaper meir verdiar, noko som betyr at bøndene i Rogaland blir meir effektive. I industrien som er avhengig av jordbruket lokalt i Rogaland, er det for 2017 utrekna å vere 3 269 sysselsette. Estimert verdiskaping for denne industrien er på om lag 2,9 milliardar kr. Til saman er det nesten 10 000 sysselsette i jordbruket og tilhøyrande industri. I tillegg kjem ytterlegare sysselsetting gjennom ringverknadene.

Mjølkeproduksjon – framleis ein motor i Rogalandsjordbruket. Mjølkeproduksjonen er svært viktig i Rogaland. Heile 45 prosent av verdiskapinga stammar frå Dagros. Dette er om lag på same nivå som i 2014, og vi ser faktisk litt auke i verdiskapinga i mjølkesektoren i alle regionar sett i høve til 2014. Vi meiner dette er eit teikn på at politikken har effekt, at stimulering og prioritering gjennom tilskotsordningar og mobiliseringsarbeid gjer at vi har stabil mjølkeproduksjon i heile fylket.

Svekka posisjon for sauehald. Sauehaldet har svekka sin posisjon vesentleg, med reduksjon i verdiskapinga frå 396 til 283 millionar kr. Sauen står nå for berre 9 % av samla verdiskaping. Til skilnad frå dei andre produksjonane så utgjer dei offentlege tilskota til sauenæringa meir enn marknadsinntektene. Svinehaldet har nå passert sauehaldet, med 12 % av samla verdiskaping. Resultatet både når det gjeld sau og svin er prega av marknadsutfordringar.

Veksthusnæringa aukar mest. Veksthusnæringa styrkjer sin solide posisjon, og har tatt større del av den nasjonale produksjonen. Netto verdiskaping er utrekna til 342 millionar kr i 2017, og 98 millionar av dette er i kommunane som vil utgjere Nye Stavanger. Næringa utgjer nå 11 % av verdiskapinga i jordbruket, og har dermed passert både sau og fjørfe.

Kjøper varer og tenester for over 5 milliardar. Det som elles kjem fram av rapporten er at kostnader i jordbruket utgjer nesten 7 milliardar kr, og av dette utgjer kjøp av varer og tenester over 5 milliardar. Dette blir jo ikkje rekna med som verdiskaping i jordbruket, men gir sjølvsagt stor verdiskaping i heile fylket. Ikkje minst gjeld dette for våre distriktskommunar.

Produksjonsforhold. Etter to vanskelege dyrkingsår, blei 2019 eit godt år for bøndene. Det har vore mykje og god kvalitet på gras, potetar, grønsaker, frukt og bær. Det er potensiale for å auke mengda med potetar og grønsaker, frukt og bær, men her er det viktig å vere i dialog med marknaden og omsetningsleddet.

En del beiteområde blei angripe av stankelbeinlarvar, og Rogaland er spesielt utsett. Angrepa kjem om lag  kvart femte år, men årsakene er ikkje fastlagt. NLR Rogaland har derfor fått UT-midlar frå Fylkesmannen for å starte kartlegging av omfang, dyrkingsmetoder, beitemetoder osv.

På husdyrsida har året vore prega av ubalanse i marknaden for både svin, sau og egg, og sal og utkjøpsordning for mjølkekvoter.

15 – 30 kyrs mjølkefjøs har også i 2019 hatt høg prioritet. Vårt engasjement for  Finnøy viser klart igjen med at 4 unge bønder har fått støtte til nye fjøs i denne gruppa. .

Utsettinga av lausdriftskravet frå 2024 til 2034 har bidratt til at fleire bønder ventar med investering i fornying eller i nye fjøs. Rogaland har om lag 20 prosent av mjølkeproduksjonen i landet. I følgje vår oversikt er det opp mot  700 båsfjøs som må byggast om innan 2034, men like viktig er kravet om føde-/sjukebinge i båsfjøs som er gjeldande frå 2024. Mange bønder vil slite med å oppfylle dette kravet. Kukontrollen 2018 viser at det er fleire distriktskommunar som har sterk overvekt av båsfjøs. Vi er spesielt opptekne av distriktsmjølka, og har på møte oppmoda til prosjektsatsingar på billegare fjøs, gjerne i tre, meir lokal foredling og nye samarbeidsløysingar.

93 føretak selde mjølkekvote i augustomgangen, og av desse var det om lag 30 som var i aktiv drift, resten var leigekvoter. Det var overraskande mange frå sentrale strøk, men vi har dessverre ikkje oversikt over kva for konsekvensar dette vil føre til. Vi følger godt opp med informasjon frå, og diskusjon med både Tine og Q-meieriet.

Oppkjøpsordninga i 2020 blir interessant å analysere, og vi  vil fortsett prioritere arbeidet med mjølkesektoren.

Verpehøns. Dei siste to – tre åra har det vore ein formidabel investering i ny innreiingssystem for verpehøns for å tilfredsstille krav frå marknaden om meir egg frå frittgåande høner (aviarsystem). I snitt reknast det med investeringsbehov på kr 2,0 – 2,5 millionar kr pr føretak. På to år er det investert for om lag kr 80 – 90 millionar i Rogaland.

Mange bønder la om til miljøbur i 2012, nokre med investeringsmidlar frå Innovasjon Norge. Rogaland var i særstilling i Noreg med tanke på omfang og forholdet mellom produksjonsformene. I 2016 var det 60 % av verpehønene i miljøbur. I 2019 er det nå 83 føretak som har aviarium for verpehøns (PT-tal 2018), pluss to føretak som har økologisk produksjon. Det vil seie at 63% av føretaka har frittgåande verpehøns.

52 føretak hadde miljøbur i 2018, og av desse er 5 i gang med ombygging i 2019/20 og 24 har meldt interesse for ombygging.

Partnarskapen prioriterte å bruke investeringsmidlar for 2019 frå Innovasjon Norge til ombygging, og 14 føretak fekk støtte på 150 000.

Totalt er det 1 048 000 verpehøns i fylket (2018-tal) fordelt på 137 føretak. Det utgjere om lag 30% av den norske produksjonen.

Slaktekylling. I tillegg til stor eggproduksjon er det stor produksjon av slaktekyllingar i fylket. I 2019 var det 19 produsentar med til saman 135 500 høns som produserer rugeegg for slaktekylling.

Fylkesmannen har i 2019 gitt støtte til Norges fjørfelag sitt prosjekt om analyse av verdiskaping i fjørfenæringa. Resultata blir lagt fram på Fjørfedagane i mars i Stavanger.

Dyrevelferd

Husdyrproduksjonen, spesielt svinenæringa, har vore sterkt prega av dyrevelferdssakene i media og dette har sjølvsagt påverka arbeidet til Fylkesmannen. Vi har hatt tettare dialog enn tidlegare år med næringa, næringsorganisasjonane, Mattilsynet og kommunar. Mellom anna arrangerte vi møte i juni der resultata frå Nibio/Animalia sitt prosjekt «Aniwel» blei lagt fram for bransjen. Det blei mykje diskusjon omkring enkelte funn som viser at jærbonden sine haldningar til dyrevelferd fråviker resten av landet. Som oppfølging arrangerte vi saman med bransjen seminaret «Bli tryggare på dyrevelferd» under Agrovisjon. Det kunne vore betre deltaking, men vi meiner vi nådde godt ut med bodskapet og har sett dagsorden i form av mange artiklar i forkant både på nett og i sosiale media. Etter seminaret har det vore kontakt mellom Rogaland bondelag og nokre av føredragshaldarane for nye føredrag i fylket, fordi RB ønskjer å sette enda meir fokus på dyrevelferd. Faglag og andre organisasjonar tar nå langt større ansvar for dyrevelferd og dyrehelse enn for berre eitt år sida. Det handlar om å bygge kunnskap, tillit og omdøme – stein på stein.

Vårt arbeid med å stimulere til å arbeide på tvers i bransjen og å løfte fokuset på dyrehelse og dyrevelferd har vore viktig i 2019 og vil fortsette med større tyngde i åra 2020-2022 gjennom prosjektet «Arbeid for god dyrevelferd og dyrehelse».

Dyrehelse er ei prioritert oppgåve. Fylkesmannen har og vore pådrivar for pilotprosjektet på Finnøy (2018 – 2021) der kommunen fekk store utfordringar med BRSV og BCoV på storfe. Veterinær har som mål å besøke alle 70 bøndene, gjennomføre samtaler om smittevern og følgje opp med blodprøvetaking av kalvar. Resultata så langt er auka interesse for smittevern blant bøndene og redusert smitte i besetningane.

I tillegg har vi forsterka innsatsen i eit forskingsprosjekt «Digital dermatitt» leia av NMBU. Dette omfattar det å ta fleire prøvar, fleire informasjonsmøte, og tettare kopling mellom forskarar, bønder, veterinærar og klauvskjerarar i Rogaland. Midtvegsseminar blei arrangert ved NMBU Veterinærhøgskolen Oslo i november. Prosjektleiinga skal og ha møte med bønder og veterinærar i Rogaland i febr 2020.

Vi har vore ein pådrivar for, og i god dialog med,  Rogaland sau og geit med tanke på å intensivere arbeidet med å følgje opp dyrehelseforskrifta i regionlaga og lokallaga. Rogaland sau og geit fekk kompetansemidlar frå fylkeskommunen til å gjennomføre møte i alle lokallag for å auke kunnskapsgrunnlaget om sjukdommar, smittevern og smittevernplanar. I samband med søknad om støtte til gjennomføring av NM i saueklypping og ullhandtering på Jæren, sette vi vilkår for tilskotet om meir fokus på dyrehelse og dyrevelferd. Dette blei løyst på ein veldig god måte med ein engasjert veterinær på stand i messeområdet.

Vi har hatt same tilnærming til TYR, som og har lagt meir vekt på dyrehelse og dyrevelferd gjennom kurstilbod.

Pelsdyr. Fylkesmannen har i over eitt års tid vore i jamlege møte og samtalar med pelsdyrnæringa. Noreg har om lag 200 føretak som driv med pelsdyrhald. Rogaland har om lag 70 føretak (30%) fordelt på 16 kommunar (gml kommuneinndeling) som driv med pelsdyr, og om lag halvparten driv med anna produksjon i tillegg. Hovudtyngda av produksjonen finn vi på Jæren i kommunane Hå, Klepp og Sandnes. Lova om å legge ned næringa vil klart få negative konsekvensar for vårt fylke med tanke på verdiskaping og sysselsetting.

Vi har brukt mykje tid på samle informasjon og skaffe oss innsikt i produksjonen og kva for konsekvensar nedlegginga av næringa vil føre til. Vi har gitt høyringssvar på forskrift om kompensasjon for avvikling av pelsdyrhald.

I tillegg har vi løyvd UT-midlar til Norges pelsdyralslag avd Rogaland for å sikre at dei som treng det mest av oppdrettarane får tilbod om ekstern hjelp i omstillingsfasen.

Klimasmart landbruk

Ole Martin Leirflåt på Ualand i Lund kommune går føre og har bygd klimasmart kyllingfjøs. Skogsflis og solceller forsyner kyllingfjøset med fornybar energi. Han fekk investeringsstøtte frå Innovasjon Norge til både solcelle- og flisfyringsanlegget, og det gjorde tiltaket ekstra gunstig.

Rogaland fruktdyrkarlag har avslutta forprosjektet «Nær infrarød kamerasensorteknologi/drone til overvaking av plantehelsa til frukttre». Resultata er gode og det blir arbeida med eit hovudprosjekt.

Bruk av tre til bygningskonstruksjonar både til fjøs og andre bygg har høg prioritering. SR-bank nye hovudkontor i Stavanger blei opna i 2019. Med eit totalareal på 22 600 m2 er dette Noregs største næringsbygg basert på tre. Og vår mobiliseringa til bygging av trefjøs har fått god merksemd.

Biogass. Det ligg meir enn nokon gang til rette for å lykkast med satsing på biogass frå husdyrgjødsel på Jæren. Det kjem fram av Norce AS sin sluttrapport frå forprosjektet «Biogass/biorestproduksjon som bærekraftig gjødselhåndteringsstrategi på Jæren». Det er nå viktig at satsinga blir teke vidare. Eigarane av prosjektet er kommunane Hå, Time og Klepp som har om lag 10 prosent av husdyrhaldet i landet. Hå kommune er formell søkjar og prosjektansvarleg. Forskinga blir leia av forskarar frå Norce AS, med kommunane, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og næringa representert ved Jæren Biogass og Rogaland bondelag som deltakarar. Hovudmålet var å vurdere logistikken for biogassproduksjon og alternativ bruk av biogass og biorest. Ambisjonen er at prosjektet resulterer i faktiske investeringar i nye anlegg. Vi er involverte i å organisere ei vidare oppfølging. Fylkesmannen har bidratt med UT-midlar til forprosjektet.

Det har framleis vore fokus på å stimulere til bygging av gjødsellager gjennom IBU-ordninga, og det er også i 2019 er bygd over 10  lager gjennom denne ordninga. God lagerkapasitet kan også vere strategisk sett i høve til å etablere grunnlag for separering av gjødsel og biogassproduksjon.

Grøntsektoren. Rogaland har om lag 13 % av den norske produksjonen av potetar og grønsaker på friland, ca 5% av fruktproduksjon og er det dominerande veksthusfylket i landet. Vi driv aktiv formidling av regjeringa sitt ønske om styrka innovasjon og vekst i grøntsektoren. Vi hadde auka mobilisering i grøntsektoren som eit mål i vår plan for 2019, samstundes som grønt har høg prioritering RNP og i Handlingsplan Næring. Vi har dessverre ikkje nådd målet og det skuldast m.a. at vi måtte kanalisere ressursane mot meir presserande oppgåver som dyrehelse/dyrevelferd/pelsdyr.  

Avrenning frå veksthus. Vi er i gong med eit større arbeid for å få redusert avrenninga av overskotsgjødsel frå veksthus. Vi er i ferd med å avslutta eit prosjekt der alle gartneria i fylket har blitt besøkt. Informasjon om dagens situasjon når det gjeld avrenning og moglege tiltak er samla inn. Kartlegging er finansiert med støtte frå fylkeskommunen sine vassmiljøtiltaksmidlar, det regionale klima og miljøprogrammet, Miljødirektoratet sine vassmiljøtiltaksmidlar, eigeninnsats frå Fylkesmannen og Rogaland gartnarlag. Alle gartneri med direkte avrenning til ferskvatn eller belasta område i sjøen har fått beskjed om at tiltak mot avrenning må vera på plass innan 2024. Fylkesmannen i Rogaland har og eit større prosjekt saman med Fylkesmannen i Vestfold-Telemark, gartnarlaga i dei to fylka, NLR og NIBIO der vi arbeider for å få gartnarane til å setta i verk tiltak mot avrenning. Vi skal mellom anna få på plass rettleiarar, arrangera fagdagar og følga opp gartnarane ein til ein vidare. Prosjektet er finansiert med støtte frå UT -midlane i Rogaland, nasjonale klima- og miljøprogrammet og eigeninnsats frå fylkesmennene og næringa.

Plantehelse. Rogaland er på mange måtar utsett når det gjeld skadegjerarar i planteproduksjonen. Vi har dei siste åra hatt fleire utbrot av skadegjerarar i veksthus der Mattilsynet har fatta vedtak om sanering, med påfølgande store erstatningsakar og tap for næringa. Forvaltninga legg opp til at næringa tar eit større ansvar for å hindre introduksjon av skadegjerarar, og i større grad også konsekvensane av skadegjerarar som kjem. Det siste året har vi hatt tilfelle av nye og frykta virus i veksthusproduksjonen i fylket, utan at Mattilsynet har fatta vedtak om sanering – og dermed utløysar rett på offentleg erstatning. Vi ser med bekymring på denne utviklinga.

Vi starta ein dialog med næringa om desse utfordringane vinteren 2018, og har sett eit behov for å samarbeide med næringa om eit prosjekt om bevisstgjering og førebygging. Men me har ikkje hatt ressursar nok til å gå vidare med dette arbeidet.

Frukt. Det er fleire unge som har lyst til å starte med fruktdyrking, men det er ikkje mogleg å få leveringsavtalar med Bama og Coop. Dette må vi gjere noko med slik at det blir lik behandling av produsentar i heile landet.

Ryfylke frukt sitt lager i Årdal har vore i drift i 1,5 år. Fruktavlingane er aukande og dei ønskjer å ta del i utviklinga i lengre lagringsperiode for å hente ut meirpris på produkta. Derfor har vi bidratt med UT-midlar til eit forprosjekt til eit ULO-lager (styrt atmosfære).

Fleire har investert i frukthagar dei siste åra, og to av dei i Ryfylke satsar og på produksjon av sider.

Fylkesmannen har eit godt og nært samarbeid med Rogaland frukt- og bærdyrkarlag og vi har fleire arrangement i lag. Nye fruktprodusentar får god rettleiing og hjelp til å søke ulike ordningar..

Det vert også arbeidd med å få eple frå Ryfylke som geografisk beskytta nemning. Planane er også å få geografisk beskytta nemning for plomme, pære, morell, eplemost og sider frå Ryfylke innan nokre år.

Bærsatsing. Det har vore eit samarbeid med NLR om bær i 2019. Både NLR Rogaland og bærprodusentane treng kompetansebygging. NLR Agder bistår med deira ressurspersonar. Erfaringane så langt er at arbeidet må intensiverast i 2020 for å hjelpe NLR med å bli betre på mobilisering.

Skogbruk

Kystskogbruket og trepartsamarbeid mellom fylkeskommunane, skognæringa og fylkesmennene er eit området som vi har prioritert innsats mot i 2019. Arbeidet har vore innretta mot hovudutfordringane for Vestlandet og kystregionen. Vi vil spesielt peike på oppfølginga av satsinga på infrastruktur med blant anna opning av ny tømmerkai i Egersund. Med eit godt utbygd tømmerkainett snart på plass blir det viktig å sikre effektiv transport frå stubbe og fram til tømmerkaiene. Her vil fokus på utbetring av flaskehalsar på offentleg veg og utbygging av det private skogsvegnettet vere viktig framover.

Oppfølging av kompetansepakken i Kystskogbruket retta mot skogeigarane har resultert i fleire konkrete kurs lokalt. Gode tilbakemeldingar på kursopplegget. Vi er prisgitt lokalt initiativ for marknadsføring, tilrettelegging og gjennomføring. Frå FMRO er det lagt ned ein god del innsats i motivering mot kommunane og lokale ressurspersonar og vi skulle gjerne sett at fleire tok «ballen».

Overføring av skogoppgåver til kommunane har blitt følgt opp, der vi har hatt samling med både kommunane og skognæringa. Det ligg an til at vi får på plass felles retningsliner for forvaltning og prioritering av tilskot til skogsvegar og taubane o.a. for alle kommunane i Rogaland. Dette vil bli følgt opp vidare med ein eigen kurspakke retta mot kommunane i samarbeid med Skogkurs.     

Vi har ein prosess om å få etablert felles skogforvalting for fleire kommunar, og 16 kommunar er involverte i dette arbeidet. 

Trebruk

Det skjer mykje spennande innan bruk av tre i bygg i fylket. Vi opplever at interessa og kunnskapen om tre som alternativ er aukande. «Vår» lokale tredrivar bidreg  til at fleire vel grønt og miljøvennlege bygg i tre. Behovet for nye og framtidsretta landbruksbygg er stort i Rogaland, og i tillegg har vi ein stor og kjøpesterk marknad. Innsatsen har difor vore retta mot tre i landbruksbygg og det offentlege som stor utbyggjar. Men vi ser også at stadig fleire private aktørar går for miljøvennlege bygg i tre.

På landbruksområdet vil vi spesielt nemne utviklinga av eit heilt nytt konseptet «Det bioøkonomsike fjoset» i Rogaland - fjøs for framtida og eit samarbeid med kystskogbruket/kysttredrivaren. I tillegg har det vore mykje retta mykje innsats mot generelt informasjonsarbeid og på offentlege anskaffingar for å få det offentlege til å vise veg. 

I samarbeid med trenæringa, Fylkeskommunen og Innovasjon Norge er det allereie gode signal på vidareføring av tredrivarsatsinga som går ut i 2020. Det lokale prosjektet arbeider også tett i samarbeid med den meir overordna tredrivarkoordinatoren som er tilsett gjennom Kystskogbruket .

Vi har i tillegg engasjert ein nyutdanna student frå NMBU med master på landbruksbygg i tre som skal drive mobiliseringsarbeid for å få fleire bønder til å byggje i tre. Dette har ført både fleire gode mediaoppslag og fleire bønder som konkret vurderer å byggje nytt fjøs i tre. Gulrota  med ekstra investeringsstøtte frå 2020, har også bidratt til at fleire no vurderer tre i staden for tradisjonelt bygg i stål og betong.

Bioenergi

Marknad for flisbasert bioenergi i Rogaland fungerer relativt godt, fordi ein klart å kome opp i eit volum som gir grunnlag for effektiv drift i alle ledd i heile verdikjeda. 

Vi har no godt over 20 større varmesentralar basert på skogsflis som tilsvarer ein varmeproduksjon på om lag 40 GWH – tilsvarande 2000 hustandar med eit forbruk på 20 000 KWH i året. I tillegg kjem alle større og mindre gardsvarmeanlegga.

Vi har hatt vakanse på oppfølginga av bioenergi i 2019, men har sikra vidare mobilisering mot gardsvarmeanlegg gjennom eit prosjektsamarbeid med nabofylke Vestland og Innovasjon Norge. På gardsvarmeanlegg opplever vi at avgjerdsprosessen rundt investering i anlegg krev ein lang modningsprosess hos bøndene, og at langsiktige satsingar er nødvendige for å oppnå resultat.

Ei god oppskrift har vore informasjonsmøte, kurs og studieturar rundt i fylket, ofte i samarbeid med lokalt skognæringsforum eller eksterne fagpersonar.  I tillegg har tilbod om direkte rådgiving på gardsnivå i etterkant gitt god effekt og ser ut til å senke terskelen for bøndene til å ta vidare kontakt med Innovasjon Norge. Det er utan tvil målretta innsats over tid i samarbeid med andre som gir gode resultat.

Juletre

Fylkesmannen har vore i tett dialog med juletreprodusentar i fylket. Det trengs fleire juletreprodusentar, og det har vore og vil bli fleire juletresafariar framover. På grunn av vakanse har innsatsen her vore mindre enn planlagt i 2019.

Vi har gitt UT-midlar til Norsk Juletre sitt to-årige prosjekt om å teste ut pelletert husdyrgjødsel  i juletreproduksjon.

Arbeid med vidareutvikling av juletrenæringa blir viktig framover for å få fleire større og profesjonelle juletredyrkarar. Det er eit generasjonsskifte blant fleire av våre produsentar. Med gode marknadsutsikter er det rom for fleire produsentar, men konkurransen frå Danmark med sine lettdrivne og flate areal er utfordrande. Strukturendringar og at beitedyra forsvinn i enkelte distrikt, opnar for potensielle og gode beiteareal som kan nyttast til juletreproduksjon.

Det er framleis ei stor utfordring at juletrenæringa og verdiskapinga ikkje kjem fram i offentlege statistikkar. Berre omlag 15-20 % av omsetninga i Rogaland blir rapportert inn i tråd med regelverket. Dette var eit tema som vi  tok opp på den faste og store landsdekkande juletremessa i Rogaland.

I Rogaland blei det rapportert inn 45 000 juletre. Samla for heile landet blir det rapportert inn litt over 100 000 juletre. Norsk juletre som representerer produsentane har til samanlikning antyda at det blir seld godt over 1 mill. norske juletre.

Nye næringar

Mangesysleri. Vi har som mål å bidra til auka verdiskaping spesielt i distrikta. Vi ville sette meir fokus på best mogleg bruk av landbruket og bygdene sine ressursar. Derfor engasjerte vi Stein Brubæk frå Møre og Romsdal til heile seks møte rundt om i fylket i februar 2019. Svært godt oppmøte og engasjement blant deltakarane.

Inn på tunet

Det har i dei seinare åra vore noko mindre interesse og etterspurnad etter Inn på tunet-tenester frå kjøparsida enn vi kunne ønske. Når det gjeld kommunane, ser vi ofte at satsinga manglar politisk og administrativ forankring, og framleis i for stor grad er avhengig av eldsjeler. Kommunar som klarar å involvere fleire fagområde og jobbar tverrfagleg lukkast best.

Etterspurnaden etter IPT-gardar frå NAV sin side har heller ikkje vist nokon auke det siste året. Dette skuldast blant anna at det berre er nokon få statlege tiltaksplassar som kan nyttast til IPT tilbod.

Bufetat har stort behov for ulike butilbod til barn og ungdom (ulike typar fosterheimar, besøksheimar, helgeavlasting) og ønskjer meir samarbeid med landbruket og IPT.

Det er i dag 21 IPT-gardar som er med i godkjenningsordninga til Matmerk. I tillegg kjem nærare 10 gardar som har søkt om godkjenning og er i prosess.

Nettverksorganisasjonen IPT – Rogaland tel rundt 30 medlemmar. Dei har motteke prosjektstøtte frå Fylkesmannen til marknadsføring og kompetanseheving. Det er produsert ein kort film om PT i vårt fylke.

I samarbeid med Fylkesmannen blei det arrangert 2 IPT-studieturar, ein i Nord-fylket og ein i Sør-fylket, der både tilbydarar og folk frå kjøparsida deltok. Vidare blei det arrangert eit kompetansegjevande kurs i historieforteljing (På skattejakt i eige nærmiljø) i samarbeid med Hanen-Rogaland.

Inn på tunet-tilbydar Anita Øvregård fekk landbruket sin heiderspris i 2019.

Internt hos Fylkesmannen er det hovudsakeleg landbruksavdelinga som arbeider med IPT, men representantar frå andre avdelingar har også vore involverte i arbeidet. «0-24-samarbeidet», som er ei felles satsing frå fleire departement for betre oppfølging av utsette barn og unge, har medverka til å setje IPT meir på dagsorden internt i fylkesmannsembetet.

Lokalmat og -drikke

Status for Rogaland er at det er opp mot 150 produsentar av lokal mat og drikke. Truleg er talet noko høgare da tal kjøtleverandørar via Rekoringane har vore sterkt aukande og desse er ikkje med i talmaterialet. Vi har hatt mål om å kartlegge kjøtprodusentar, omsett mengde og økonomi, men vi har ikkje hatt tid og ressursar til å gjere denne oppgåva.

Vårt arbeid med lokalmat har blitt redusert med åra, og meir av oppgåvene som kursing, seminar osv er blitt flytta til kompetansenettverket for lokalmat, næringshagar og til næringslivet sjølv (eigne bedrifter som driv med kompetanseheving og andre rådgivarar).

Marknadstilgangen for økologisk mat og lokal mat er fortsett utfordrande. Fylkesmannen har følgd opp initiativet frå 2018 med møte med daglegvarehandelen i ulike settingar. Det har resultert i eit seminar for lokalmatprodusentar om registrering og merkebruk i mai 2020. Samarbeidspartnarar er mellom anna Norgesgruppen, Matmerk, Glad Mat og Kompetansenettverket.

Matregion Rogaland. Arbeidet med oppfølging  av Matmanifestet blir organisert av Glad Mat AS. Både næringsliv og offentlege aktørar har eit felles mål om å innarbeide Matregion Rogaland som ein overbygning for alle produsentar av råvarer og foredling, samt butikkar, restaurantar og serveringsstadar. Målsettinga er å auke synleggjeringa, styrke omdømmet og auke verdiskapinga for mat og drikke frå Rogaland.

Matfylket Rogaland AS blei etablert  i 2019 og er eid av Prima Jæren, Berentsens Brygghus, A. Idsøe, Toma, kokkar og lokalmatprodusentar. Dette er ei bedrift som driv med omsetning og distribusjon av lokalmat frå Rogaland til daglegvarehandelen. Målet er å styrke konkurransekrafta til små og mellomstore produsentar. Kokkane har ein sentral rolle i å utvikle menyar, samt kompetansebygging.

Mjølkeforedling. Interessa for lokal foredling av mjølk har auka betydeleg det siste året og det heng saman med nedskalering av mjølkeproduksjon i samband med bortfall av eksportstøtta frå 2021. Vi har merka oss at det er fleire bønder frå Jæren som har tatt kontakt.

Ystepikene er ei ny verksemd på Varhaug som starta opp med produksjon av ost av  mjølk frå eigen gard. Eigarane Siri og Jon Lea har knyta til seg gode rådgivarar innan ysting, forretningsutvikling og mekanisering. Dei går nye vegar og har mellom anna utvikla innovative produkt i samarbeid med Fiskby-K.

I Ryfylke er Hilde og Joar Hauge ferdig med bygging av 18 kyrs mjølkefjøs og er snart klare med eit nytt ysteri med namn Ryfylke gardsysteri. Landbrukspolitisk avdeling i LMD fekk besøke garden på sin Rogalands-tur.

Saman med Kompetansenettverket lokalmat sør har vi mobilisert deltakarar til innføringskurs i ysting i januar 2020. Ni deltakarar frå Rogaland, og vi håper at minst to er i gang i løpet av året.

Lokalmat frå Lund i Dalane. Prosjektet «MAD – matopplevelser fra Lund» har som mål å dyrke fram minst 10 lønsame produsentar som utviklar og tilbyr eit mangfald av produkt frå Lund. Det er Lund næringsutvikling som eig prosjektet. Dei har gjennomført møte og eit stort seminar i april. Fylkesmannen støtta prosjektet med utviklingsmidlar. I april opna Ollestad kjøtt sitt foredlingsanlegg. Dei har hatt ei rivande utvikling i 2019 og har utvida arbeidsstokken for å dekke etterspørselen.

I Lund gror det godt som resultat av MAD-prosjektet. Det satsast på birøkt (brun bie-senter i samarbeid med Agder), frukt og -foredling, enda meir kjøtforedling og grønsaker.

Fylket har i mange år støtta opp om satsinga til Magma geopark i Dalane. Vår oppfatning er at det ser ut til lokalmat- og drikkeprodusentar nå er i sterkare inngrep med prosjektleiinga og at dei saman kan bygge nye konsept og auke verdiskapinga for dei involverte aktørane.

I Ryfylke blir det arbeida godt med nye næringar, og fleire av tiltaka er med på å bygge opp under andre satsingar. Ved den nasjonale turistvegen som går over Saudafjella, planleggjast det ei ny seter med servering og foredlingsanlegg for brunost basert på geitemjølk. Ein bonde med godkjend IPT gard vil etablere birøkt med 100 kuber, og garden ligg i nærleiken av Utvalde kulturlandskap på Hamrabø i Suldal. Fjellam frå Ryfylke, som er lam rett frå fjellbeite, jobbar med «Geografisk beskytta nemning». Ei bedrift jobbar med å etablere mobilt slakteriet og foredlingsanlegg i Suldal, og ei anna bedrift vil satse på vinproduksjon på eigne vindruer på Hebnes. Suldal har mykje skog som fint kan brukast i bygg, og det er bygd 2 enklare bygg som «Narvebygg»  og 3 er i prosess med Innovasjon Norge. Felles for alle desse er at dei har fått midlar frå Innovasjon Norge, enten som avklaringsmidlar eller investeringstilskot.

Som eit resultat av fruktsatsinga i Rogaland er det nokre fruktbønder som opnar garden sin for opplevingar og med utsal av lokale produkt, både husflid og foredla varer av frukt. Som tidlegare nemnd er det to nye siderprodusentar, der den eine allereie har hatt ein prøveproduksjon. I 2019 var det over 300 000 som besøkte Preikestolen og i samband med denne turiststraumen har ein bonde starta med bubilparkering med godt resultat.

Årets kjøt 2019: Svinenakke av Mangalitsa gris frå Strand Gård i Ryfylke. Juryen skriv: «Produsenten representerer en spennende produksjon som er på fremgang i Norge og som gir råvarer med unik kjøttkvalitet.»

Kompetanseheving. Vi arrangerte Matsmiå for sjette gang. Vi hadde som mål å lage ein billegare utgåve, men det var nok ein av grunnane til at påmeldinga svikta noko i forhold til tidlegare år. Handverkskursa fungerte veldig godt og det var som vanleg høgt fagleg nivå. Tilbakemeldinga er at dette er ein viktig arena for å stimulere til innovasjon og betre kontaktflater mot marknaden og kundesida. Vårt samarbeid med mat- og restaurantfag og den betydninga det har for rekruttering må ikkje undervurderast.

Vi har hatt innleiande samtalar med daglegvarekjedane og andre mataktørar om å sette meir fokus på synleggjering, merkebruk og profesjonalisering av lokalmat/-drikkeprodusentane. Seminar blir arrangert i mai 2020 i samarbeid med Matmerk, Gladmat, Matregion Rogaland, Kompetansenettverket og daglegvarekjedene.

Reko-ringane. Vi har to ringar i Rogaland som blei oppretta i 2018; Stavanger/Sandnes og Haugalandet og ein Reko-ring oppretta på tampen av 2019 på Randaberg. Til saman har dei rundt 40 000 medlemmar. Omsetnad har vi ikkje innsikt i, men det er betydelege mengder av produkt som blir seld. Dette er en utroleg kjekk distribusjonskanal for produsentar av lokal mat og drikke med kort veg mellom produsent og forbrukar. Fleire av produsentane melder om at kanalen er viktig for deira inntekt. Terskelen for å delta er låg, men likevel innafor Mattilsynet sine rammer, noko som er heilt essensielt for å kunne oppretthalde tilbodet. Vi erfarer at det er stor pågang og «småkaotisk» på handleplassane ved Amanda storsenter og IKEA på Forus. Dette kan bli ei utfordring.

Reko-ringane har ført til at relativt mange tar kjøt tilbake frå slakteria for så å selje dei under eige merkevare. Det kjem stadig nye produsentar på marknaden. Spørsmålet er kor lenge slakteria vil halde på med denne tenesta, og om det vil tvinge seg fram nye samvirkemodellar.

Reiseliv

Vi  har eit tett samarbeid med Lysefjorden Utvikling og Reisemål Ryfylke/Region Stavanger når det gjeld næringsutvikling i og nært både Lysefjorden og Preikestolen. Det vert no arbeidd med å få ekspedisjonsskip (mindre cruiseskip med inntil 700 passasjerar) til Ryfylke og då er det eit ønske om å få fleire lokale guidar i regionen.

Vi  har eit godt samarbeid med Innovasjon Norge.  Løyvinga til tilleggsnæringar auka frå om lag 5 % til over 15 %  frå 2018 til 2019. Vi  vil fortsette med mobilisering slik at fleire bønder tenkjer tilleggsnæringar innan reiseliv, mat og IPT. Vi har også eit godt samarbeid med skape.no – etablerartenesta i Rogaland. Det har vore ei auking på 185 % på tal personar med landbrukstilknytting som har delteke på etablerar- og temakurs i regi av skape frå 2018 til 2019.

Fjordregionen fekk avslag på søknaden om å delta på den norske standen på Internationale Grüne Woche i Berlin i 2019. For å skape en arena der lokalmat- og reiselivsaktørar frå heile Vestlandet kan møtes, ble det arrangert ein felles fagtur med seminar og besøk på IGW. På seminaret satt vi søkelyset på å auke verdiskaping og hadde speed-dating mellom små aktørar. Det resulterte i fleire konkrete leveringsavtalar mellom lokalmatprodusentar og serveringsstadar på tvers av Fjordregionen. På Grüne Woche var det på forhånd avtalt besøk av stand til Agriturisme Sveits, Austerrike og det tyske mat- og landbruksministeriet. Representantar frå disse tre land fortalte om deira satsingar. Om lag 50 aktørar deltok. Vi har brukt relativt mye ressursar i 2019 for å legge til rette for Grüne Woche 2020.

 Jær-kommunane Hå, Time og Klepp har i 2018 og 2019 jobba med ein interkommunalt prosjekt om utvikling og marknadsføring av nye saumlause pakker på «Reisemål Jæren». Det var stor oppslutning frå reise- og næringslivet i disse kommunane på møta. Prosjektet har resultert per i dag i ei pakketur som hadde visningstur med turoperatørar og en del mediedekning i fjor sommar. Aktørane i prosjektet ønsker nå å inngå eit meir formalisert samarbeid. Prosjektet har fått støtte av UTM.

Fylkesmannen er representert i fylkeskommunen sitt reiselivsforum.

Økologisk landbruk og forbruk

Primærproduksjon

Den positive utviklinga av tal økologisk godkjende gardsbruk fortsett. Tal frå Debio viser at 64 verksemder var godkjende eller under karens for økologisk primærproduksjon ved utgangen av 2019, mot 62 verksemder i 2018 og 54 verksemder i 2017. Tall frå Landbruksdirektoratet viser at det er ei lita auke av økologisk og karens areal medan de fleste fylker har hatt ein nedgang i økologisk dyrka areal i same tidsrom. Økologisk areal ligg i 2019 på 0,7 % av landbruksarealet i Rogaland, medan i Noreg totalt ligg det på 4,2 % (4,7 % inkl karens) av landbruksarealet.

Marknad

Omsetnad av økologiske produkt har auka over heile landet. Rogaland står som året før for 7 % av omsetning av økologiske varer i daglegvarehandel og ha nå passert 200 millionar. Vi saknar statistikk over import.

Storhushaldning

Tal verksemder med Debio godkjenning har diverre gått tilbake. Fleire kantiner i offentleg sektor har gått ut av Debio sertifiseringa dei siste åra. Per i dag er det 2 verksemder igjen (7 i 2015). Eit krav om bruk av økologisk mat i alle offentlege verksemder som i Sverige og Danmark hadde auka omsetnaden og ført til ein meir føreseieleg marknad for produsentane og salsleddet.

Grossist- og foredlingsleddet

Etter å ha lege stabilt på 64 bedrifter i 2017 og 2018 var det ei tydeleg auka av Debio sertifiserte verksemder for foredling, omsetning og import frå 64 i 2018 til 75 i 2019.

Coop sine Mega butikkar har fått sertifisering til blant anna finstykke kjøt, pakking av ost og frukt. Sertifiserte aktivitetane varierer noko frå butikk til butikk. I tillegg har det kome fleire importørar og grossistverksemd.

Tiltak/ Prosjekt innan økologisk landbruk

Den størst satsinga for økologisk mat og landbruk har blitt ØKOUKA i Rogaland i regi av Økologisk Rogaland. Økologisk Rogaland er eit aktiv fylkeslag som har i fleire år lagt opp til eit fagleg og inspirerande program retta mot båe produsentar og forbrukar. Fylkeslaget og moderorganisasjonen Økologisk Norge er ein viktig støttespelar i arbeidet for auka interesse i økologisk gardsdrift og mat i Rogaland.

«Bærå» – økologiske jord- og bringebær

Ein produsent har starta opp med produksjon av økologiske jord- og bringebær i tunnel. Som vekstmedium blir det brukt biorest, eit bi-produkt frå biogass-anlegg som produsenten også driv. Saman med NIBIO på Særheim ble bruken av biorest til vekstmedium testa ut. Uttestinga ble støtta av VRI-midlar. Produsenten har satt opp tunell på 8 daa med jordbær og ca 1 daa bringebær, begge produksjonane er Debio sertifiserte.

Bonde Olav Røysland fekk Bygdeutviklingsprisen 2019 for sitt arbeid med Jæren biogass AS, ny bruk av biorest og øko-satsinga på bær.

Økologisk mjølk til foredling

Økologisk ost frå Stavanger Ysteri er nå å finne over heile landet. Blåmuggosten Fønix står blant anna på Maaemo sin meny. Gründeren og ystaren Lise Brunborg er en god ambassadør for lokalmat på høgt nivå og lærer bort ystekunsten gjennom kurs til framtidige osteprodusentar.

Urbant landbruk

Ved utgang av 2019 var det etablert 6 andelslandbruk i Rogaland (5 i 2018). To av desse er Debio-godkjente. Vi har merket oss at tre av andelslandbruk som ikkje var knytt til Debio, har nå begynt å legge delvis om til økologisk og har areal i forholdsvis 1. og 2.år karens. Det har også kome ein Debio sertifisert marknadshage (karens). Grønsakene blir selt blant anna på Reko-ringen. Fylkesmannen i Rogaland er representert i nettverksarbeidet på tvers av fylkesmannsembeta om urbant landbruk.

Bruken av Utgreiings- og tilretteleggingsmidlane

Rogaland fekk ei fullmakt på kr 3 840 000 for 2019, og i tillegg til overførte  og inndratte midlar var totalramma på kr 4 618 196. Det blei løyvd 41 saker, mot 42 saker i 2018. 5 søknadar fekk avslag.

40 % av midlane blir brukt til tiltak i jordbruket. Dette er prosjekt som skal bidra til betre dyrehelse og dyrevelferd, meir kunnskap om skadegjerarar på beite, billegare bygg for 15- 30 kyrs mjølkefjøs, meir kunnskap om grasproduksjon, verdiskapingsrapport og analyserapport for fjørfenæringa. Dette for å nemne nokre av sakene.

25 % av midlane blir brukt til utvikling innan landbruksbaserte næringar så som deltaking på Grüne Woche, støtte til Agrovisjon, NM i saueklipping og ullhandtering, betre lagringsmetode for frukt, oppfølging av pelsdyrprodusentar, fagdag «Stolt bonde», fagdagar på Matsmiå og forstudie Norsk brunbiesenter.

25 % av midlane er relatert til auka verdiskaping frå skogbruket. Dette gjeld tiltak for å etablere fleire skogsvegar, kartlegge moglegheita for interkommunalt samarbeid og etablere fleire gardsvarmeanlegg samt forsøk med pelletert hønsegjødsel i juletreproduksjonen og forprosjekt bioøkonomisk fjøs.

10 % av midlane er brukt til økologisk jordbruk. Midlane er brukt på Økouka som bidrar til spreiing av informasjon, nettverksbygging og kursverksemd, samt til ein kursrekke om regenerativt landbruk, kompetanseheving for parsellhagebrukare og eit skolehageprosjekt.

Vi meiner vi treff rimeleg godt med innrettinga av midlane i forhold til formålet.

Vi viser elles til eigen rapport til Landbruksdirektoratet om bruken av UT-midlane.

Resultat av avslutta prosjekt i 2019

Vi har avslutta 41 saker, med en samla tildelt tilskotsum på kr 4 306 900.  29 saker vurdert til god måloppnåing, 7 saker middels, og 5 saker som dårleg måloppnåing.

Regionalt næringsprogram (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i nytt RNP er presentert for landbrukets organisasjoner, kommuner og øvrige samarbeidsparter. Tilhørende virkemidler er innrettet slik at målene i RNP nås. 

Regionalt næringsprogram

Den regionale partnarskapen har i mange år samarbeidd om næringsutvikling og har eit eige handlingsprogram for næring (HPN), med prioriteringar frå regionale planar.

Mellom anna har HPN i 2019 prioritert mat og bioøkonomi. Dette viser og igjen i Fylkesmannen sin eigen ressursbruk til bioenergi, miljøtiltak, beitebruk, storfeproduksjon og frukt, og i bruken av UT-midlane.

Den regionale partnarskapen og næringsaktørar utarbeidde i fellesskap oppdragsbrevet for 2019 som ga strategiske føringar for bruken av IBU.

Samspel mellom programma

Regionalt miljøprogram har eiga styringsgruppe, samansett av den regionale partnarskapen og næringsaktørar. Bortimot same gruppesamansetning som for IBU gjer sitt til at det er godt samspel og synergiar mellom RMP, HPN og IBU.

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Kommunenes arbeid med tilfredsstillende foryngelse innen tre år etter hogst er fulgt opp. 

Oppfølging av kommunane sitt kontrollarbeid på forynging har vore ei prioritert oppgåve. FMRO har  saman med kommunane deltatt på over 20 feltkontrollar. Innsatsen har vore retta spesielt mot kommunar som manglar kapasitet og kompetanse. Vi opplever ofte at kommunar med manglande kapasitet og kompetanse, og som ikkje blir følgt opp direkte gjennom hjelp og rettleiing, heller ikkje utførar kontrollane. Vi strekker oss langt for å sette kommunane i stand til å løyse oppdraget på skogområdet, men ser at vår aktive og direkte støtte ofte blir bannslukking når vedkommande som har skogansvaret i kommunen har dette som venstrehandsarbeid og manglar kompetanse.  

I 2019 har 25 av 30 uttrekte felt i resultatkartlegginga for skogbruk og miljø blitt kontrollerte. For foryngingskontrollen  står det att over
20 hogstfelt som ikkje er følgt opp av kommunane i 2019. 

Samanstilte tal for resultatkartlegginga – siste 7 år viser at over 50 % av hogstarealet etter barskoghogst er utan aktive foryngingstiltak eller blir omdisponert til andre formål. I tillegg ser vi at det er for låg plantetettleik på 50 % av dei areala med aktive foryngingstiltak. Planteaktiviteten held ikkje tritt med stor hogstaktivitet. Auken i planting dei siste åra har i stor grad vore eit resultat av klimaskogsatsinga. Vi ser at tala for 2019 dessverre har gått tilbake på sama nivå som før klimaskogpiloten, trass store plantebehov etter hogst. Dette er ikkje ei berekraftig utvikling.

Areal som blei hogd for meir enn tre år sidan blir i liten grad følgt opp gjennom kommunane sin ekstraordinære kontroll, og det er store mørketall som ikkje blir fanga opp. Vi arbeider med å sette fokus på dette, men opplever at kommunane i liten grad følger opp felt som faller utanfor den årlege resultatkartlegginga og foryngingskontrollen.

Tilskuddsordningene i skogbruket (fra kapittel 3.1.6.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Kommunene er fulgt opp med henblikk på effektiv bruk av tilskuddsordningene i skogbruket. 100%.

Rogaland er eit fylke med låg skogsbilvegdekning der det er store  behov felles vegløysingar uavhengig av eigedomsgrenser og modernisering av eksisterande skogsvegnett. Hovudplan for skogsvegar er no på plass i alle dei viktigaste kommunane, og er styrande for den vidare skogsvegutbygginga. Vi ser dessverre litt for ofte at iveren etter hogstoppdrag frå tømmerkjøparane går utover det å få på plass gode vegløysingar før hogst. Det er vanskeleg å kome inn i etterkant med gode økonomiske gulrøter for vegbygging, då det viktigaste grunnlaget for vegen er vekke. Behovet for nøytral rettleiing og informasjon ut til skogeigarane er stort for å sikre gode og framtidsretta løysingar.

Realisering av hovudplanane er tidkrevjande arbeid og krev mobilisering for å få gjennomslag for dei beste vegløysingane. Situasjonen i dag er at mange kommunar står utan skog- og vegkompetanse til å ta tak i dette viktige arbeidet. Vegplanleggjarane blir difor nøkkelpersonar for å drive fram gode skogsvegløysingar i samarbeid med kommunane. Det er slik at det er størst sjanse for å lukkast i dei kommunane med kapasitet og kompetanse. Det er vanskeleg for vegplanleggjaren aleine å få gjennomslag  utan forankring og vilje i kommunen.

Vi har lukkast (2017) med å få på plass eigen vegplanleggjarstilling (50%) i Rogaland, og der vi har fått vidareført vegplanleggjarkompetansen med 3 nye år i eit samarbeidsprosjekt på vegplanlegging og kommunal skogforvaltning 50/50 – «Gode skogsvegløysingar gjennom realisering av hovudplan for skogsvegar 2020-2022».  Innsatsen her har bidratt til at vi har fått realisert fleire større felles skogsanlegg og sikra god bruk av dei økonomiske verkemidla. Vi skulle gjerne hatt større stillingsbrøk for å kunne tatt tak i fleire område med behov for vegutløysing.     

Det er ikkje gjennomført vedlikehaldskontroll i 2019 på grunn av prioritering av mobiliseringsarbeid og prosjektering i prosjektet «Gode skogsvegløysingar i Rogaland 2017-2019».

Arbeidet med flaskehalsprosjektet er utsett ytterlegare på grun av fusjon mellom Vestskog SA og AT-skog SA, og vil bli starta opp først i 2020. Prosjekteskal skal sjå på kommunale vegar og dei viktigaste flaskehalsane for tømmertransport. Dei kommunale vegane i Rogaland har ein stor del av vegnettet med lengdeavgrensing på kjøretøy - 12,4 meter og 15 meter. Det betyr at ein ikkje kan transportere tømmer med hengar/fulle vogntog. Hovudutfordringa i Rogaland vil i fyrste omgang vere å få bruka vogntog i heile tatt, og ikkje aksellast og totalvekt. Flaskehalsprosjekt skal avklara kva vegar som administrativt kan oppskrivast til 19,5 meter utan tiltak, og kva vegar det må fysiske tiltak på.

3.1.1.13 Bærekraftig landbruk

Skogbruk

Vi har hatt stor hogstaktivitet og set ny hogstrekord med 160 000 m3 i 2019. Gran står for størsteparten av volumet. Høge tømmerprisar og stor konkurranse om tømmeret har bidratt til den høge hogstaktivitet.

Planteaktiviteten held dessverre ikkje tritt med aukande hogst. Vi fekk ein oppsving i planteaktiviteten i samband med klimaskogprosjektet med planting på nye areal som har kompensert noko for manglande replanting etter hogst. Vi er no tilbake på same nivå som før klimaskogprosjektet.

Samla resultat frå resultatkartlegginga siste 8 år, viser en kraftig nedbygging av skogressursane i Rogaland  40 % av hogstarealet går over til andre arealformål. Tek ein i tillegg med hogstareal som ikkje er forsøkt forynga i same periode, representerer godt over 50 % av det totale hogstarealet etter barskoghogst. Vi ser at tal hogstfelt som ikkje er godkjent til andre formål, eller ligg brakk etter 3 år er aukande. Det er difor grunnlag for å stille spørsmål om omdisponeringa er reell?

Areala som går ut er høgproduktive areal, og avskoging og manglande forynging av desse er svært negativt for skogen sitt bidrag i klimasamanheng og også for verdiskapinga og den framtidige ressurstilgangen i skogbruket.

I tillegg til denne direkte avskoginga skjer det også ein «indirekte avskoging» ved at det er for låg plantetettleik på 50 % av plantefelta (tal frå resultatkartlegginga)og tidlegare forsømte plantefelt som forsvinn ut av kontrollsystemet. Vi ar arbeidd aktivt ut mot kommunane for å sikre oppfølging av både hogstfelt og plantefelt til tilfredsstillande  etablering i tråd med krava i regelverket. Det er blant anna vore informasjon og kurs mot kommunane for å ta i bruk ØKS til god og effektiv oppfølging av foryngingsplikta.

Mykje av utfordringane med å sikre eit berekraftig skogbruk hadde vore handterlege innanfor dagens regelverk dersom kommunane hadde prioritert ressursar til å kunne følge opp kontroll og mobiliseringsarbeid på skogområdet i større omfang.

På slutten av året i 2018 blei det sluttført ein rapport etter initiativ frå FMRO, der moglege samarbeidsløysingar i den kommunale skogforvaltninga med forslag til finansiering blei lagt fram. Det er ønskeleg å få på plass fleire heile stillingar på skog- og utmarksområdet i fylket enn kva som er situasjonen i dag. Oppfølginga av rapporten er no tatt over av 15 kommunar i Sør-Rogaland, som ser på moglege samarbeidsløysingar med 4-5 årsverk på skogforvaltning. Det blir også vurdert om viltforvaltninga skal inngå i dette samarbeidet. Ambisjonen er at det skal føreligge eit forslag til vedtak om samarbeid felles skogforvaltning i alle kommunestyre innan medio 2020.

Trenden med overavverking og tidleg hogst på gran held fram. Tal frå resultatkartlegginga siste 8 år, viser at 75 % av granhogsten skjer før hogstmoden alder. Ei undersøking rundt «Skogbruksplan som styringsverktøy for hogst» viser same bilde. Hjelmeland kommune fekk ny skogbruksplan i 2006. Resultata frå undersøkinga viser at 90 % av hogsten i perioden 2007 -2018 skjer i strid med hogstforslag og hogsttidspunkt i skogbruksplanane. Granskogen blir i gjennomsnitt hogd 20 år før anbefalt hogsttidspunkt i skogbruksplan. Dette er underoptimalt for volumet og kvaliteten på råstoffet,  vil få konsekvensar for verdiskapinga og den framtidige ressurstilgangen. I tillegg er det svært uheldig for klima og CO2 binding å hogge skogen når tilveksten er på topp.  Nyare tal frå gjennomførte skogbruksplanprosjekt viser at det også er lite tilgjengeleg hogstmoden gran, blant anna i Vindafjord som er vår nest største skogkommune.

Både skognæringa og forvaltninga har begynt å ta tak i denne viklinga og ser at den høge hogsten av ung granskog får konsekvensar for tilgjengeleg volum framover. Vi arbeider derfor med konkrete forslag i samarbeid med kommunane og skognæringa for å vri hogsten over på andre treslag - furu og lauv. Alle prognosar utarbeidd av NIBIO om framtidige ressurstilgang blir feil,  fordi dei er basert på at skogen hoggast ved normal hogstmodenheit.

 

SMIL

SMIL er investeringstilskotet for aktive bønder til frivillige miljøtiltak som ikkje er pålagd i gjeldande lovverk. Tiltak mot ureining og ivaretaking av biologisk mangfald har høgast prioritet i Rogaland. Disponible SMIL-midlar ble fordelt til kommunane etter utfordringar kommunane har på miljø-området, prioriteringar i dei lokale SMIL-strategiar, historisk bruk av SMIL og kapasitet kommunane har til å handsame søknadar. Noko midlar blei holdt att for tildeling til aktive kommunar somaren 2019. Kommunar med god aktivitet på ureiningstiltak og på biologisk mangfald ble prioritert ved omfordelinga hausten 2019.

Fordelinga av SMIL-løyvingane i heile Rogaland for 2019 viser 25,5% til ureiningstiltak, 11,1% til kulturlandskap, 29,3 til biologisk mangfald, 24,9% til kulturminnar, 5,9% til friluftsliv og 3,3% til luft. 7 av totalt 119 søknadar blei avslått.

Ureiningstiltak (25,5%); Dei husdyrintensive områda på øyane i Ryfylke, Haugalandet og Jæren har mykje avrenning frå landbruket. 34,5% av dei samla løyvingane i desse områda gjekk til ureiningstiltak. Løyvingane låg tett opp mot målet på 35% til ureining  satt av styringsgruppa RMP og SMIL i Rogaland i 2019. Det var mest løyvingar på erosjonssikring langs vassdrag, etablering og vedlikehald av fangdammar og hydrotekniske tiltak. Ryfylke og Dalane har god vasstilstand. Det var difor ikkje uventa at kun 0,7% av dei samla løyvingane i desse områda gjekk til ureiningstiltak.

Forvaltninga følgjer opp det påbegynte arbeidet med å hindre avrenning frå eksisterande veksthus. Satsinga er retta mot veksthuskommunane i Rogaland (Rennesøy, Finnøy, Klepp og Sola). Tiltaka i veksthus er særs kostnadskrevjande. Fleire av dei mindre veksthusa har trass SMIL og ev. tilskot frå Innovasjon Norge, ikkje økonomiske ressursar til så store investeringar. 

Biologisk mangfald (29,3%) og kulturlandskap (11,1%): Restaurering av kystlynghei er prioritert i Rogaland. 26,9% av dei samla løyvingane til biologisk mangfald var til kystlynghei. Eldsjelar i nord- og sør-Rogaland organiserer og bidrar med kunnskap og breitt engasjement for å ivareta kystlyng-hei i fylket. Ivaretaking av verdiar i UKL-områda i Rogaland (Rennesøy og Suldal) dominerte i løyvingane til kulturlandskapstiltak.

Kulturminner (24,9%): Kulturminnar har låg SMIL-prioritet i Rogaland. Utvendig restaurering av gamle bygningar er dyrt. Trass i låg sats i SMIL-strategiar og færre søkjarar kan løyvingar difor bli høge. Ivaretaking av gamle bygningar i i Lysefjorden og i UKL-Suldal utgjorde ein betydelig del av løyvingane i 2019. Nedgangen i løyvingar til steingardar er i tråd med prioriteringane i Rogaland.

Friluftsliv (5,9%): Etablering av turstiar og utsiktsrydding i SMIL-ordninga blir følgt opp av eit vedlikehaldstilskot gjennom RMP. Ordninga med gjerdeklyvarar under SMIL som Rogaland har hatt i over 25 år ble avvikla i 2019. Fylkesmannen meiner dette er eit tilbakesteg. Ordninga hadde ei enkel sakshandsaming og var viktig for godt gjerdehald på dei mange turstiane rundt om i fylket.

Tiltak for å redusere ureining til luft (3,3%): Med begrensa tildelte SMIL-midlar og utfordringar etter vannforskrifta, inngikk Fylkesmannen eit samarbeid med Innovasjon Norge (IN) i 2019 for at dei kunne bidra med tilskot til dekke over utvendige gjødsellager og til reinsetiltak i eksisterande veksthus. På dette viset kunne meir SMIL-midlar kanaliserast til ureiningstiltak. IN rapporterer at dei hadde kun ein søknad på dekke over gjødsellager. Fylkesmannen tar dette til etterretning for å sjå korleis SMIL kan få ein utløysande effekt for bønder i Rogaland frå 2020.  

SMIL og tilskot til regionalt miljøprogram (RMP). Fylkesmannen opplever ein god kopling mellom SMIL og RMP. SMIL blir til dømes nytta til restaurering av areal med verdfullt biologisk mangfald. RMP sørger i etterkant for vedlikehald av dei same areala. Samordninga av SMIL og RMP for å ivareta pollinerende innsekter og vipa er igangsatt i 2019. Dette kan gi utslag i løyvingar for 2020.

Drenering

Rogaland hadde 13,39 millionar i dreneringstilskot disponibelt i 2019. Kommunane handsama 220 søknadar, avslo 19 søknadar og løyvde totalt 6,5 millionar i dreneringstilskot i 2019. Løyvingane dekker eit samla areal på 4 160 dekar. Fylkesmannen er ikkje nøgd med så låg søking, og særlig med mykje vassjukt jordbruksareal i heile fylket. Kommunane Hå, Klepp og Vindafjord var dei mest aktive kommunane.

Fylkesmannen har hatt tett dialog med kommunane om SMIL-ordninga. Dei årlege desentraliserte SMIL/RMP-samlingar initiert av Fylkesmannen er kommunane særs nøgde med. Samlingane er gode førebyggjande tiltak for god og målretta kommunal handtering av SMIL-ordninga. Overgangen til Agros gjekk stort sett greitt for dei fleste kommunane. Landbruksdirektoratet var òg raske med å svare kommunane på spørsmål om Agros. Ein låg eller fråvæerande innsats på SMIL og tilskot til drenering i nokre mindre kommunar skuldas i hovudsak manglande ressursar på landbrukskontoret til aktivt, å informere ut om ordningane.

Utvalde Kulturlandskap

Fylkesmannen var i 2019 aktiv på å førebu UKL-kommunar på overtaking av UKL-ansvaret frå 2020. UKL-Rennesøy var vert for den nasjonale jubileumssamlinga for 10 år med UKL i august 2019. Planleggingen av samlinga ble utført i samarbeid med Miljødirektoratet, Rennesøy kommune og UKL-grunneigarar. UKL-grunneigarane var aktive før og under jubileumssamlinga. Fylkesmannen fekk positive tilbakemeldingar frå deltakarar etter denne jubileumssamlinga.

Opprydding i game UKL-sakar før Saturn ble avvikla, blei prioritert hausten 2019.

UKL-Rennesøy

Evalueringa av 10 år med UKL-Rennesøy ble utsatt til 2020 pga. arbeid med jubileumssamlingane 2019. Evalueringa skal kombinerast med NiN-kartlegging av biologisk mangfold. Dette for å oppdatere status for biologisk mangfold etter 10 år med skjøtselstiltak. UKL-midler er avsatt og det har vært kontakt med Østlandsforskning og Ecofact.

Kommunane Stavanger og Finnøy blei saman med Rennesøy til Stavanger kommune i 2020. Fylkesmannen jobba for at UKL-Rennesøy ble ivareteken som omsynssone i beslutningar i nye Stavanger kommune. Ordførar i Rennesøy kommune i 2019, og no varaordførar i Stavanger kommune, opplyste i styremøte for UKL-Rennesøy at UKL-Rennesøy òg vil bli ivaretatt i den framtidege storkommunen.

På Bø har to aktive UKL-grunneigarar inngått samarbeid om skjøtsel av kystlynghei på platået på vestsida av Rennesøy. Samarbeidet har ein positiv effekt på andre grunneigarar i det same området. Kystlyngheia på platået på Helland og på Austbøheia framstår i dag som fen finaste kystlyngheien på Rennesøy. Dette er positivt da Fylkesmannen registrerer at noko kystlyngheia i dei sørlege UKL-områda på Rennesøy har hatt ein stegvis overgang til grashei. Om nokon meiner at denne utviklinga skuldas verforhold dei siste åra, meiner Fylkesmannen at for høgt beitetrykk er ein direkte orsak.

UKL-Rennesøy har til ein viss grad innfridd måla som blei sett for 2019. Fylkesmannen meiner likevel at enkelte av grunneigarar med UKL-skjøtselsavtale manglar nokre av haldningane som skal til for å ta vare på heilskapen av verdiane i UKL-Rennesøy.

UKL-Suldal

UKL-koordinator hjå Fylkesmannen i Rogaland sto for utarbeiding av tiltaksplana 2020-2023 for UKL-Suldal, - som ble godkjent i desember 2019. Arbeidet ble utført i samarbeid med miljøvern-avdelinga hjå Fylkesmannen, Rogaland Fylkeskommune, Suldal kommune og UKL-grunneigarar.

Norsk Landbruksrådgiving Rogaland (NLR) ble i 2018 engasjert til å utarbeide tiltaksplanar for kvar av UKL-grunneigarane i Suldal. Fristen for ferdigstillelse gjekk ut i desember 2019. Etter søknad fekk NLR fekk utsatt frist. Nokon av grunneierne i UKL-Suldal treng ein modningsprosess for å tenke på ein annleis og ny måte etter UKL-satsinga. Tiltaksplana for UKL-Suldal vil òg ligge som eit grunnlagsdokument for individuelle tiltaksplanar. Fylkesmannen legg vekt på at  grunneigarane i større grad må ta eierskap til UKL-satsinga og sjølv tar ansvar for planlegging av UKL-prosjekt.

UKL-tilskotet er nytta til å støtte aktiv landbruksdrift i særs bratt terreng, restaurering av verdfulle gamle bygningar og til skjøtsel av kydlestuar (haustingsskog). Det er avsatt midlar til planlegging av turstiar og til skilting Dette er eit ledd i vurderinga om turstiane til mellom anna stølsområda på fjellet kan bli en kjelde til ny næringsutvikling hjå enkelte av grunneigarne. Det er sett av UKL-midlar til ein fagtur til eit anna UKL-område i 2020.

UKL-Suldal har i innfridd måla som ble sett for 2019. Det er danna eit godt lokalt grunnlag for vidare innsats etter visjonen til Utvalde kulturlandskap.

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Klimadelen i regionalt- skog- og klimaprogram er kjent og fulgt opp av kommunene. 

Tettleiken for nyplanting i fylket vart på 232 plantar pr dekar. Dette er ein reduksjon på 10 plantar pr dekar og skuldast nok tilfeldig variasjon. Det er likevel relativt høgt samanlikna med minstekrava. I 2019 vart det høgt fokus på suppleringsplanting med utsetting av heile 158 595 plantar fordelt på 1511 dekar. Dette skuldast den tørre sommaren i 2018 og er dobbelt så høgt som normalt og såleis kom ordninga med tilskot til tettare planting og suppleringsplanting godt med.

Vi har ikkje nytta høve til å bruka midlane til gjødsling då vi i stor grad har vore ajour her.

Kommunane er godt kjente med ordninga og blir orientert om den saman med det årlege tildelingsbrevet for NMSK midlar.

Rgionalt miljøprogram (RMP) (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i RMP er kjent for landbrukets organisasjoner, kommuner og aktuelle søkere.

1897 landbruksføretak søkte om regionalt miljøtilskot i 2019. Det utgjer 46 prosent av tal søkarar om produksjonstilskot og er ei svak auke frå tidlegare år. Det ser vi på som eit teikn på at Regionalt miljøprogram er kjent for søkjarane. Kommunane og søkarane har hatt ekstra arbeid med søknadane i 2019. Ny programperiode med endra ordningar auka behovet for rettleiing og oppfølging av søkarane. I 2019 kunne søkarane ikkje importere kartdata inn frå tidlegare søknadsomgånger. Når bøndene søker tilskot startar dei med å teikne tiltaka i kartet. Deretter blir kartdata henta inn i den elektroniske søknaden. Unøyaktige innteikningar genererer difor feil i
søknaden. I 2019 har det vore mykje feil knytt til denne problemstillinga, og kommunane har brukt meir tid til saksbehandling enn normalt. Vi har i vårt rundskriv lempa på krava til kommunen på å vurdere avkorting på grunnlag av feilopplysningar tilknytt unøyaktige innteikningar. Eit døme kan vere innteikning av randsoner langs vassdrag og turstiar. Vi har òg gitt kommunane beskjed om å rette opp i karta slik at søkarane ikkje gjentek same feil til neste år. Samstundes har vi vore tydelege på at feilopplysningar tilknytt andre
forhold, t.d. at søkar ikkje oppfyller vilkåra for aktuell ordning, skal behandlast på same måte som tidlegare.  

Vi ser ein kraftig auke i tal søknadar om beite av kystlynghei, truleg på grunn av bortfall av krav til skjøtselplan og auka merksemd omkring skjøtsel og brenning av lynghei. Det er òg vore ein kraftig auke i bratt areal noko som skuldast NIBIO sin endring av  høgdemodell. Dette i tillegg til auke i tal søknader gjorde at vi blei nøydde til å justere ned endelege tilskotssatsar. 2019 blei på fleire vis det året som var så bratt.

RMP-Regionale miljøutfordringer (fra kapittel 3.1.6.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i RMP er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Dei store miljøutfordringane som følger av jordbruket i Rogaland er knytt til naturmangfald og vassdrag;

-          tap av næringsstoff til vassdrag

-          tap av næringstoff til luft

-          tap av ugjødsla beitemark som følgje av auka behov for spreieareal for husdyrgjødsel og nydyrking av beiter og restareal

-          lite areal med mat for ville pollinatorar som følgje av intensiv grasproduksjon med lite kløverinnslag

Klimatiltak

Vårt mål er å utvide tilskotsområdet for miljøvenleg gjødselspreiing i takt med økonomisk handlingsrom i RMP. Vi gir berre tilskot til bruk av miljøvenleg spreieutstyr inkludert slepeslanger. Tilskot til rask nedmolding blei fjerna i ny programperiode for å spisse målrettinga. I 2019 blei områda utvida slik at alle kommunane i Haugaland vannområde og Jæren vannområde er inkludert i ordninga. Det er i desse vannområda vi har problem med vasskvaliteten som følgje av jordbruksverksemd.

Oppfølging av vassforskrifta

Håelva blei nytt miljøavtaleområde i 2019. Det er eit stort nedslagsfelt i svært sentrale jordbruksområde på Jæren. Nytt i 2019 var miljøregistrering som ein del av miljøavtalen. Miljøavtalen regulerer fosforgjødsling og avstand til vassdrag ved gjødsling. Med miljøregistreringane vil vi få betre fokus på andre forhold ved drifta som t.d. plassering av rundballar, gjødselportar, «hot spots» for erosjon og liknande.

Biologisk mangfald

Vi har hatt ein klar auke søknadar om beite av kystlynghei. Det er positivt då kystlynghei er ein utvald naturtype med stor utbreiing i Rogaland. 

Vi er nøgd med å ha tatt i bruk tilskot til pollinatorsoner. Det har gitt mykje og positiv merksemd i media, og vi trur ordninga kan bidra til at fleire tenker pollinatortiltak på eigen gard. Vi tok også i bruk eit eige tilskot til vipa der bøndene får tilskot til å la jordbruksareal ligge jordarbeidd i perioden mars-1. juni. Vi testa det ut i Time kommune. I 2020 kjem vi til å utvide ordninga til heile fylket med det kriterium at interesserte bønder må melde seg innan 15. oktober året før. Vi opplev no at over 50 bønder er interesserte i å etablere vipestriper i 2020. Vi ser det er konflikt mellom tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing, bruk av slepeslangar og hekkande fugl. Som ein oppfølging av RMP har vi no møte med formidlarane av miljøvenleg spreieutstyr for å finne moglege løysningar. I 2020 kjem bønder i Hå til å teste ut ein tallerken for å legge over reira under spreiing. I tillegg mobiliserer vi for å få testa ut varmesøkande kamera på drone for å finne reira på jordbruksareal.

Kulturminne

Rogaland blei tidleg befolka, og vi har svært mange automatisk freda kulturminne. Vi har ikkje økonomisk handlingsrom til å støtte skjøtsel av alle enkeltminne, og har i dialog med kulturminnemyndigheit valt ut gravminna som dei viktigaste. I 2019 auka søknadane knytt til skjøtsel av automatisk freda kulturminne.

Friluftsliv

Om lag halvparten av jordbruksareal i Rogaland er innmarksbeite. Vegen til turmål i utmarka startar ofte på innmarksbeite/ delar av turen går på innmarksbeite. Vi har difor i mange år arbeidd for å legge til rette for minst mogleg konflikt mellom jordbruk og friluftsliv. Tilskot til vedlikehald av turstiar er sentrale i denne samanhengen.

Kulturlandskap

Vi har gjort en forenkling av RMP-tiltak til kulturlandskap, og støttar no berre jordbruksareal i utvalde område i tillegg til bratt areal. Bratt areal, både fulldyrka og innmarksbeite, er meir krevande å skjøtte og er areal som først går ut ved ekstensivering av drifta. Vi ser tilskot til bratt areal som viktig for å skjøtte areal med klare driftsvanskar. Tilskotet sikrar brei oppslutting til RMP og balanserer tilskot mellom distrikt og sentrale område.

Vi ser auka interesse om miljøvenleg gjødselspreiing, beiting av kystlynghei og tilrettelegging for vipe gir auka behov for økonomisk ramme i 2020.

Jordbrukets arealressurser (fra kapittel 3.1.6.2.5.1 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponeringen av dyrka jord, jf. nasjonalt jordvernmål.

Det er framleis eit høgt press på areala i Rogaland. Omdisponering av dyrka jord i kommuneplanar er ennå noko høgt i enkelte kommunar, sjølv om kommunane har store bustadreservar i gjeldande plan, og fortettingspotensiale i eksisterande by- og tettstader. Større samferdsleprosjekt er særleg krevjande når det gjeld jordvern og omfang på nedbygging av matjord, både på Jæren og i Nord-Rogaland. Ny E39 frå Lyngdal til Ålgård har vore eit særleg krevjande prosjekt i 2019.

Det blei omdisponert 469 dekar dyrka jord i Rogaland i 2018, ein auke på om lag 200 dekar frå 2017.  Dette er nok noko tilfeldig, i snitt har det  dei siste åra har det vore ei generell nedgang. 

Omdisponering av jordbruksareal har samanheng med areal som allereie er avklart til utbygging i kommuneplanar og realisering av desse areala heng saman med konjunktursvingingar. Vi er kjende
med at det er godkjend detaljplanar i 2019 som vil gi auka tap av dyrka jord. Samstundes opplever vi meir fokus på klima, jordvern og god arealutnytting.

Årleg omdisponering dei siste 10 åra i Rogaland har i snitt vore nesten 1050 dekar dyrka jord. Over halvparten av dette var på Jæren.

For mykje ressursar går med til å behandle avvik frå planar gjennom dispensasjonar. Sjølv om det i desse sakane i mindre grad skjer direkte omdisponering av jordbruksjord, bidreg slike dispensasjonar i det lange løp til ei fragmentering av jordbruksområda og
ei svekking av jordbruksinteressane. Ein vesentleg del av slike saker er knytt til frådeling av gardshus og tomter til bustadføremål. Ei slik fragmentering legg press på nye tiltak med påfølgande nedbygging av jordbruksareal.

Innan overordna planar og strategiar har det i 2019 blitt jobba særleg med revidering av Regionalplan for Jæren og Regional jordvernstrategi for Rogaland.

Arbeidet Regionalplan for Jæren er delt i fleire fasar, kor fase 1 med jordvernmål for regionen blei vedtatt i 2019. Målet er utforma for å møte nasjonalt jordvernmål, men også å svare ut utfordringar knytt til relativt store arealreservar i kommuneplanane. Slik arealreservar er bygd opp over mange år og realisering av areala vil stadvis ikkje bygge opp under nasjonale forventingar til regional og kommunal planlegging. Det har derfor vore viktig i regionalplanen for regionen med mest omdisponering å sette klarare mål som bidreg til hushaldering med arealreservane. I regionalplanen er det derfor sett
mål for omdisponering i reguleringsplan, mål for fysisk nedbygging og tak for arealreserve i kommuneplanane.  

Som oppfølging av nasjonal jordvernstrategi er det av Rogaland fylkeskommune utarbeida ein regional jordvernstrategi. Fylkesmannen har vore aktiv bidragsytar i arbeidet med utforming av strategidokumentet, og har brukt mykje ressursar på dette også
i 2019, fram mot  endeleg strategidokument med jordvernmål for Rogaland og tiltak for å nå målet blei samrøystes vedtatt i Fylkestinget. Strategien er retningsgivande for regionalt og kommunalt planarbeid. Strategien fangar også opp mange av dei nasjonale forventningane til regional og kommunal planlegging. Dokumentet er derfor eit nyttig formidlings- og forventningsdokument i planlegginga.

Vel fortent gjekk nasjonal jordvernpris 2019 til Randaberg kommune for gode jordverngrep i kommuneplanen. Prisen er viktig for å få fokus på gode jordverntiltak i kommunar. Vi jobbar tett opp mot kommunane for å bidra til å nå nasjonalt og regionale jordvernmål.

Som ein del av kontrollarbeidet etter sektorlovverket har Fylkesmannen i 2019 pålagt utvalde kommunar (5) i fylket om å rapportere inn vedtak etter jord- og konsesjonslova. Vi har gjennom rapporteringa fått belyst viktige problemstillingar knytt til  eigedomsstruktur i landbruket, men har fått relativt få saker etter jordlova § 9 om omdisponering. Det var som venta, og viser at dei viktigaste diskusjonane knytt til omdisponering skjer i plansamanheng.

3.1.1.14 Andre oppdrag

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

Hovednavigasjon og  Styringsdokument 2010


 

Fylkesmannen har saman med Husbanken og regional stat elles arbeida målretta for å få ned talet på personar som bur i mellombels bustad , og for å få vanskelegstilte på bustadmarknaden inn i varig bustad. Fleire kommunar har vedteke 0-visjon for bustadløyse. Det vert i liten grad nytta mellombels bustad til familiar med små barn og unge under 25 år. Gjennom det statlege samarbeidet på området ser ein virkemiddelbruk i samanheng. Ein ser med bekymring på at det framleis er vanskeleg å gi tilbod om varig bustad til personar med ruslidingar. Kunnskapsgrunnlaget er framleis ikkje godt nok når det gjeld kva som er gode løysningar når det gjeld eigna bustad og tenester til personar med ROP lidingar. 

Fylkesmannen har eit godt samarbeid med Husbanken og regional stat der målet er at den offentlege bustadsosiale innsatsen skal være heilskapleg og effektiv. Vi har merksemd på bumiljø, kvalitet på bustad samt oppfølging i bustad. Prosjektet der kommunane og statlege etater saman ser på utfordringar i samarbeidet kring den enkelte brukar og søker å finne gode løysninger er eit døme på heilskapleg innsats. Denne satsinga ser ein i samanheng med OP rus, HOLF prosjektet i NAV og planarbeidet i kommunane mv.

Sektorisering og båstenking er ei av dei store utfordringane når det gjelde i gi å tenester med god kvalitet. Ulike lovverk, ulike budsjett, profesjonar  og ansvarsområder gjer det krevjande å finne god løysningar. Erfaringane so langt er at vi i prosjekt og innsatsar no har ei mykkje tydelegare forståing av kvar ein må gjere av endringar.


 









 


 


 



 
 





 












 


 


Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune (fra kapittel 3.2.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune om de to tiltakene i Bolig for velferd.

 I 2019 har fylkesmannen i samarbeid med Husbanken initiert eit prosjekt kring begge målgrupper i strategien. Fylkesmannen er leiar av prosjektet. Ein har nytta KS sitt "Vegkart for tenesteinnovasjon" til å karlegge eksisterande arbeidsprosesser i kommunane, mellom stat og kommune og mellom statlege etatar. Dette gjeld heilskapleg tilbod av bustadar samt bu  -og oppfølgingstenester til mennesker med ROP- lidingar og tilrettelegging for at vanskelegstilte barnefamiliar får egna bustad.

 Kommunane Haugesund og Sola er med i prosjektet frå Rogaland. Det er eit samarbeid med Fylkesmannen i Vestland som har tre kommunar med. I tillegg er alle aktuella aktørar frå regional stat sentrale (Kriminalomsorg,helseførtak, IMDI, politi, NAV mv).  Gjennom tenestereiser  får ein overblikk over kor det er utfordringar i samhandlinga kring den enkelte brukar.

 Målet for prosjektet er

*at målgruppene i kommunane mottar betre kvalitet på tiltak og tenester som eit resultat av betre og meir koordinerte rutiner for samarbeid og praksis i kommunane.

*Meir tydeleg og koordinert statleg innsats og tilnærming mot kommunane.

*Meir heilskapleg bruk av statleg virkemiddelbruk mot kommunane og auka kompetanse i kommunane om virkemiddel.

*Kompetanseheving når det gjeld nye rutiner og samarbeid kring begge målgrupper og kompetansedeling gjennom "Veiviseren" for bustadsosialt arbeid.                                                                              Tiltak ein kjem fram til i arbeidet vil gi universell nytte i arbeidet med målgruppene. Når det gjeld vanskelegstilte barnefamilar har erfaringar frå HOLF prosjektet vært til stor nytte.

 Vi viser og til det som er skrive på punkta under OP-rus om oppfølging og initiativ overfor kommunar om etablering av ACT/FACT team samt MO sentre for ei betre oppfølging av personar med ROP - lidingar.

Utover prosjektet har fylkesmannen faste møter med Husbanken i  store og mellomstore kommunar i fylket. Begge målgruppene i strategien er tema i desse møta. 

 

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Tilsyn med kommunane i Rogaland er samordna internt, med dei øvrige statlege tilsynsmyndigheitane og med kontrollutvalssekretariata. Vi ser likevel fram til at den felles nasjonale tilsynskalederen vert tatt i bruk av alle, då dette vil gi oss ei meir fullstendig oversikt over alle dei statlege tilsyna og situasjonen i enkeltkommuner.

Sjå punkt 7.3.6.1.1 for nærmare informasjon om kva tiltak som er gjennomførte i 2019 for å sikra at målkrava blir nådd.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer


Klimatilpassing

Utfordringar med stormflo og havnivå har blitt betre presentert og forstått i Rogaland i løpet av 2019. Rogaland Fylkeskommune arbeider godt , og i samarbeid med oss, med ein regionalplan for klimatilpassing. Vi hos fylkesmannen har blitt tyngre i våre krav til klimatilpassing i plan.  Både Stavanger og Sandnes har jobba godt med utfordringar i forhold til dette i sine sentrumsområde.  Vi har også arbeidd aktivt opp mot og i samarbeid med fleire kommunar for å setje ny byggelinje i arealplan i utbyggingsområder, som ein følgje av ein juridisk avklaring på feltet. 



Energiforsyning

Det blir lagt ned ein stor innsats inkl våre råd om landbruks- og naturomsyn, for å styrke og utvikle straumnettet både i sør og i nord i fylket. Straumkablar til utlandet er og ein del av dette.  Vidare er det på tross av midlertidig stopp i konsejonshandsaminga i NVE, framleis stor aktivitet i utbygging av vindmøller i Rogaland og også noko med oppgradering av vannkraftanlegg.




Industri og byggebransje

Det skjer nok ein god del i industri og byggebransje vi ikkje greier å følgje med på, men vårt inntrykk er at 2019 er året der alle næringslivsbransjar vakna opp og såg at dei og har eit ansvar for utlepp og tilpassing til nytt klima. Oljebransjen står jo sterkt i Rogaland og det har stor betydning at motoren Eqinor på den årlege samlinga for næringslivet legg fram ein strategi for omstilling til grønt energiselskap. Det har og stor betyning at store entrepenørar som Stangeland Maskin og mineralindustri som Velde as deltar aktivt i klimaomstillingsarbeidet.


Areal og transport

Byveksavtale Nord-Jæren og regionalplan for byutvikling virkar i hop og støttar opp kvarandre. Diskusjonar om bompengar, utbyggingssatelittar, O-vekst mål og parkeringsregimer er  har i 2019 vore til dels intense i den offentlege debatten. Og det skjer sakte men sikkert ei modning i mange leirar på desse felt.





I 2019 har vi støtta kommunale krefter på Haugalandet i arbeidet med å bli innlemma i bymiljøavtalesystemet for mellomstore byregionar.  Det vil vi halde fram med. 


Jordbruk

Landbruket i Rogaland er i klimaomstilling. Det gjeld både tilpassing og utsleppsreduksjon. Vi kan nemne betre jordbearbeiding, avl, arbeid med energibruk og utsleppsreduksjon og ikkje minst arbeid med å få til biogassanlegg basert på husdyrgjødsel. Det siste må det nok ei endring i gjødselvareforskrifta til før det kan skje noko som monnar, sjå og rapportpunkt til LMD om dette. Ingen andre regionar i Noreg har så gode føresetnader for å få dette til eit volum som monnar som Rogaland. Vi har den høgaste husdyrtettleiken og vi har mest veksthus som kan erstatte fossil naturgass med fornybar biogass.


Skogplanting for klima

Store delar av plantinga i klimaskogprosjektet skjedde i 2018. Då var det ekstrem tørke. Det var venta stor avgang på grunn av tørka og kommunane har i stor grad fulgt opp plantefelta i løpet av 2019. Det gjekk mykje betre enn venta og det var berre 9 felt som måtte supplerast.

Eit universitet i omstilling - UiS

Vi vil også få nemne universitetet vårt som satsar sterkt og friskt på grøn omstilling og tett samanrbeid med privat og offentleg verksemd. Omlegging og tilpassing av petromleumsrelaterte linjer til å bli breiare og med ekstra verkt på endringsleiing og bærekraft, er imponerande. Vi vil også få nemne det inspirerande samarbeidet med ansvarlige ( særleg statsvitar Oluf Landhelle) og studentar ved det internasjoanale masterstudiet innan energi og bærekraft og det sterke internasjonale fokuset generelt på UiS. Ny rektor Klaus Moen har også gjort - og gjer - ein framifrå innsats med å spre klimarisiko-kunnskap med bakgrunn i klimarisikoutvalet.


Ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp i sin klima- og energiplanlegging (temaplan eller integrert i andre planer)

Vi har ikkje full oversikt over dette, men har knytt til oss in masterstudent på dette temaet. Generelt opplever vi at klimaomstillingsarbeidet i Rogaland er eskalerande, både i kommunane. fylkeskommunen og privat sektor inkl næringsliv og frivillig sektor.

Tiltak for reduksjon av klimagass (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har gjennomført tiltak for reduksjon av klimagassutslipp

Alle kommunar i Rogaland har klimatiltak som er i gang.

Sjå tabell og kommentar til den. Vi har ennå ikkje full oversikt over dette, men i 2019 har vi hatt en praksistudent fra  Masterstudiet i energi og bærekraft ved UIS som har arbeidd med dette. Ho vil arbeide vidare med dette i masteroppgåva si som er venta ferdig mai 2020.

Alle kommuner har mottatt bistand (fra kapittel 3.2.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har mottatt bistand

Saman med Rogaland Fylkeskommune, KlimapartnerRogaland og dei to kommunale klimanettverka på Jæren og Haugalandet , har me fått til mykje "kommunebistand" på klimaområdet i 2019.

3.1.2.4 Andre oppdrag

Alle øvingar og hendingar er rapporterte i CIM

Sjå elles rapportering under andre postar i årsrapporten.

3.1.2.5 Tilrettelegge for et godt sivilt-militært arbeid

Vi har fleire kontaktpunkt som legg til rette for sivilt militært samarbeid. Sjef HV-08 har ei årleg samling med fylkemannen, ass. fylkesmann og fylkesberedskapssjef i Rogaland og Agder. Under leiing av Rogaland sivilforsvarsdistrikt har vi jevnlige møter med HV, politi og nokre kommuar ifm med totalforsvar. Fylkesmannen blir jamnleg involvert i arbeidet til HV og politi om skjermingsverdige objekt. Vi har kontakt med HV ifm planlegging av større regionale øvingar som Øvinga Hafrsfjord. HV både deltek og har innlegg i fylkesberedskapsrådet.

Utarbeidelse av felles plangrunnlag (fra kapittel 3.2.1.5.1.1 i TB)

Rapportere på

Utarbeide et felles plangrunnlag for å styrke det sivil-militære samarbeidet.

Siste utgåve av FylkesROS Rogaland er frå 2018. I den eksterne arbeidsgruppa deltok ein representant frå HV-08. Eit av scenarioa som blei vald var tilsikta hendingar/hybrid krigføring. Dette er ikkje offentleg og er eit eige vedlegg til analysen. Vi har ikkje starta arbeidet med ein gradert FylkesROS i samband med tryggleikpolitisk krise.

Videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner (fra kapittel 3.2.1.5.1.2 i TB)

Rapportere på

I tråd med sentrale føringer videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner nasjonalt, regionalt og lokalt.

Vi har evaluert deltagelse og arbeid ifm. Trident Juncture og vi deltar i ei kjernegruppe for viderutvikling av totalforsvaret på regionalt og lokalt nivå i regi av DSB. 

Vi deltar i et totalforsvarsarbeid regionalt under ledelse av Rogaland sivilforsvarsdistrikt. Ei av oppgavene er å lage en evakueringsplan for eit større tal innbyggarar. 

Vi deltar i planlegginga og deltar sjølv i større regionale HV-øvingar.

Vi har laga ein regional versjon av SBS.

3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Plan- og bygningsrett: Det vart i november 2019 gjennomført ei samling innanfor plan- og bygningsrettslege tema for kommunane i fylket, med god oppslutning. Tilsette hos Fylkesmannen har òg halde føredrag i mange samanhengar i løpet av året.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Vi har i 2019 gjennomført tilsyn med Haugesund kommune og Karmøy kommune. Tema for begge tilsyna har vore individuell plan. Vi har oppdaga mindre lovbrot på området. Dette kan ha samanheng med at kommunane har fått mykje god erfaring etter flyktningstraumen. Både betre samarbeid i kommunane, samt auka rettleiing om rettssystemet, og omsyna bak, bidreg til å forbetre deltakarane sin rettstryggleik.

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Vi har i 2019 arbeida vidare med å få fleire saker under 12-vekersfristen, og vi kan vise til ein forbetring på 4% samanlikna med 2018. Gjennomsnittleg overskriding er på 36 dagar, noko som er lågare enn i 2018 (39 dagar). Ein del av årsaka til dette er aukinga i settesaker som til dels er kompliserte, og ein aukande mengde krav om omgjering av vedtak. 

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Årsaka til overskridinga er framleis utfordringar med å fange opp at det er gitt utsatt iverksetting når sakene kjem inn til Fylkesmannen, typisk pga. at det ikkje blir nemnt i oversendingsbreva frå kommunen. På grunn av rutineendringar er det ein større andel av sakene som er behandla innan fristen i 2019 samanlikna med 2018, men vi har framleis forbetringspotensiale her, og vil rette fokus på dette i 2020.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Klager i byggesaker har vore prioritert før klager i reguleringssaker i 2019, men vi har likevel eit langt betre resultat enn i 2018 trass i at det har vore fleire reguleringssaker behandla i 2019. I 2019 vart 47 % av sakene behandla innanfor 12-ukersfrista mot 17% i 2018. Vi vil i 2020 gjere tiltak for å gjere dette endå betre.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Ingen slike saker til behandla i 2019.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Vi mottar få slike saker, og dei vert prioriterte.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Søknadar om dispensasjon frå produksjonstilskotforskrifta

I 2019 har vi fått 23 søknadar om dispensasjon frå produksjonstilskotforskrifta. Med unntak av ein søknad var dette søknadar om dispensasjon frå etterregistreringsfrista eller ein av søknadsfristene.

13 av dispensasjonssøknadane blei avslått. Ti av søknadane blei innvilga.

Klagesaker og overprøvingssaker

I 2019 har vi fått 15 klager på kommunane sine vedtak om utbetaling av produksjons- og avløysartilskot. I ni av desse sakene stadfesta vi kommunen sitt vedtak. I ei sak blei klagen tatt til følgje, og i fire saker fekk klagar delvis medhald i klaga. Ei klage blei avvist.

Mange av klagesakene er svært ressurskrevjande saker, og me ser at tida før klagar får svar er for lang. Dette skuldast ressurssituasjonen i avdelinga.

I tillegg har vi hatt ni saker der Fylkesmannen har overprøvd kommunen sitt vedtak. Dei sakene vi overprøvde var tre saker der kommunen ikkje hadde avkorta grunna brot på regelverket for dyrevelferd, ein sak der kommunen hadde betalt ut AK-tilskot ved eit større inngrep som forringa kulturlandskapet, ein sak der ein kommune ikkje hadde vurdert vanleg jordbruksproduksjon og fire saker der kommunen ikkje hadde vurdert driftsfellesskap.

På grunn av ressurssituasjonen overprøvde vi ikkje saker der vi vurderte at kommunen hadde fatta eit for strengt vedtak. Vi grunngjev dette med at rettssikkerheita er sikra ved at søkar har klagerett. Dette er derimot ikkje uproblematisk, og vi ser at vi skulle sett meir på nokre
av desse sakene også.

Kompetansesenter for kommunane

I 2019 hadde vi ei eiga samling for dei som jobbar med produksjonstilskot i kommunane. Produksjonstilskot har og vore tema på dei to andre samlingane landbruksavdelinga har arrangert for kommunane i 2019. Sidan vi ser at mangelfull saksutgreiing er eit problem, har forvaltningsrett vore eit tema. Andre opplæringstema på samlingane har vore offentlegheitslova, avkorting grunna brot på regelverket for dyrevelferd, vurderinga av «vanleg jordbruksproduksjon» ved ulike produksjonar og sauerasar og tilskot til utmarksbeite. Vi har og sendt ut rettleiing for avkorting ved brot på
regelverket for dyrevelferd. Å sørga for likebehandling og rettstryggleik er vår hovudrolle som kompetansesenter. Samstundes prioriterer vi å vera tilgjengelege for kommunane i kvardagen når det gjeld små og store spørsmål om fagsystema og regelverket.

Hausten 2019 sendte vi ut ei spørreundersøking til alle kommunane, der vi mellom anna spurte om opplæringsbehov i dei ulike fagsystema, regelverk og tema. Svara som kom fram der vil me ta med oss videre når me planlegg samlingane for neste år. 

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan

Ordningar:

Husdyrkonsesjon – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen.

Erstatning etter offentlege pålegg – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplan.

Erstatning avlingssvikt – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen.

Erstatning svikt i honningproduksjon – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplan.

Reisetilskot til veterinærar – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen. 

NMSK – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen.

Skogbruksplanlegging med miljøregistreringar – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen.

Tidlegpensjon – kontrollar gjennomført i tråd med kontrollplanen.


RMP:

Vi fekk hausten 2019 bekymringsmelding frå ein kommune vedrørande søknadar om regionalt miljøtilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Kommunen hadde fått melding om mogleg samarbeid mellom søkar og leiekøyrar om fiktive kvitteringar i tilfelle
kontroll. Vi bestemte difor å pålegge kommunane; Hå, Time, Klepp og Sandnes 10 prosent kontroll av alle søknadar om regionalt miljøtilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing er ei ordning som i stor grad er basert på tillit, og som er vanskeleg å kontrollere. Kommunane blei bedt om å kontrollere søknad og gjødslingsplan for 2018 og 2019. Vi var observatør på minimum ein av kontrollane i kvar kommune. Resultatet frå kontrollen var mindre avvik på gjødslingsplan og søknad. Ingen av kommunane avdekka fiktive kvitteringar slik som ryktet gjekk ut på.

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Vi har gjennomført fem forvaltningskontrollar, og desse kontrollane omfatta i alt seks kommunar. Vi har då kontrollert 23 % av kommunane. Utplukk av kommunar for kontroll har vore risikobasert og er dokumentert i eige dokument. Kva ordningar som er kontrollert i dei ulike kommunane har variert etter risikovurdering, men ordninga med produksjonstilskott er kontrollert i alle seks kommunane. Andre ordningar som er kontrollert er tilskot etter regionalt miljøprogram (RMP), tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL), tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel o.l., tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) og skogfond.

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Forvaltningskontrollene 2019

Sola kommune – Andel avvik som er fulgt opp er 100 %

Strand kommune – Andel avvik som er fulgt opp er 100 %

Time kommune – Andel avvik som er fulgt opp er 100 %

Tysvær og Haugesund kommune – Har frist til 9. mars 2020 med å gjere greie for tiltak for å rette opp avvik

Klepp kommune – Har frist til – Har frist til 3. mars 2020 med å gjere greie for tiltak for å rette opp avvik

Kontroll av veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk (fra kapittel 3.3.1.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert kontroll av minst 5% av søknadene om tilskudd til veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk for hver søknadsomgang. 

En god del av søknadene blir kontrollerte for kjørelengde, alle søknader blir kontrollerte for gjeldende satser og summeringsfeil.

Ca 8% av disse er også kontrollert for avstand til nærmeste veterinærvakt.

3 veterinærer som bruker skyssbåt. En av disse er kontrollert spesielt nøye da har bruker sitt eget skyssbåtfirma. 

Relativt mye arbeid i forhold til avvikene, men en viss kontroll må man ha. 

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Tenestene til innbyggarane i Rogaland er i all hovedsak gode og trygge. Kommunar og verksemder er opptekne av stadig kvalitetsforbedring, men og effektivisering og det å skape realistiske forventningar hos innbyggarar om kva som kan forventast av tenester og kva ein må syte for sjølv. Dette er nødvendige grep, særlig i dei kommunane som om kort tid får ein situasjon der talet på innbyggarar i arbeidsfør alder minkar, og antall eldre aukar. 

Måten tenestene møter pasienter og pårørande som har hatt dårlege opplevelsar i tenestene, er avgjerande for å gjenopprette tillit. Fylkesmannen opplever at dei aller fleste tenestene og tenesteytarar er konstruktive og audmjuke i behandling av klager. i møter og dialog i enkeltsaker, samt i faste samarbeidsfora, opplever Fylkesmannen at tenestene i stadig aukande grad systematiserer sitt bedringsarbeid.


Antallet stedlige tilsyn skal økes (fra kapittel 3.3.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet stedlige tilsyn er økt sammenlignet med 2018.

I 2018 gjennomførte vi åtte tilsyn og i 2019 gjennomførte vi fire tilsyn. Målkravet er ikkje nådd. Vi har i fleire år hatt lang saksbehandlingstid på kap. 9 området. Lang saksbehandlingstid går ut over rettstryggleiken til ei sårbar gruppe. Hausten 2019 prioriterte vi å behandla enkeltsaker og nedprioriterte tilsyn. Sjølv om vi ikkje har fått gjennomført dei tilsyna vi skulle, har vi fulgt kommunane tett ved å rådgi, fylgje med på bruk av enkeltmeldingar og oppretter tilsynssaker når vi er bekymra. Vi har god kontroll kven som har tvangsvedtak og på kor faren for svikt er høg. 

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn (fra kapittel 3.3.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn med tilbud om tilsynssamtale. Barnet kan kontaktes i forkant eller under fylkesmannens tilsynsbesøk. Dersom barnet ikke var tilstede under tilsynsbesøket, skal fylkesmannen i etterkant kontakte barnet med tilbud om samtale.

Vi gjennomfører alle tilsyn på ettermiddagstid/ kveldstid. Ved meldte tilsyn får barna brev frå oss med informasjon om tema i tilsynet og tidspunkt for gjennomføring av tilsyn. I brevet opplyser vi om kontaktinformasjon til dei som gjennomfører tilsyn ved institusjonen og vi informerer om at barna kan ta kontakt mellom tilsyn. 

Dersom barn har gitt beskjed om at dei ikkje ynskjer å snakka med dei som fører tilsyn, men er til stades under tilsynet, ber vi om å få helsa på barna og vi ber dei tilsette om å spørje barna på ny om det vil snakka med oss.  

Dersom barna ikkje er til stades når vi kjem på tilsyn, ber vi tilsette om å kontakta barna for å spørje om dei vil snakka med oss og om vi skal vente. Dersom vi ikkje får kontakt, ber vi tilsette om å informera om at vi har vore der og om at vi kan finna eit nytt tidspunkt om barna ynskjer det. Barna får opplysning om navn og våre direkte telefonnumre.

Ved uanmeldt tilsyn ber vi tilsette om å kontakta barna som ikkje er til stades når vi kjem. Dei får informasjon om at vi kan venta. Dersom vi ikkje får kontakt, ber vi tilsette om å informera om at vi har vore der og om at vi kan finna eit nytt tidspunkt om barnet ynskjer det. Barna får opplysning om våre direkte telefonnumre.

 

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det. (fra kapittel 3.3.1.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det.

Alle barn som ynskjer å snakke med dei som fører tilsyn får tilbod om det. Dei kan snakka med oss under eller mellom tilsyn vi gjennomfører. Vi har alltid ført tilsyn om ettermiddagen eller på kveldstid for å få høve til å snakka med barna. Vi har også i 2019 tilrettelagt for samtalar på tidspunkt som passar for barna. Det gjeld både under og mellom tilsynsbesøk. Legg og til rette for at samtalane kan skje pr. telefon.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker HOD (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker på helse var 5.1 måned

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker ASD (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

Det er behandla fire saker, ei av desse har over fem månader saksbehandlingstid, dei tre andre har under fem månader.

Avslutning av klagesaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

94% av sakene på ASD sitt område er avslutta innan 90 dagar. Det er god kontroll på området og klagesaker er høgt prioritert. 

Andel vedtak om bruk av tvang og makt (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

Saksbehandlingstida på vedtak om bruk av tvang og makt overfor personar med psykisk utviklingshemming er ikkje i tråd med resultatkravet. Hausten 2019 sette vi inn ressursar for å få redusert saksbehandlingstida. Ved utgangen av 2019 hadde vi 42 saker i restanse. 31 saker var då under tre månader gamle og 11 saker var fire månader gamle eller eldre. Vi avslutta difor året 2019 med ei saksmengde som tilseier at vi er rusta til å klare full eller opp mot full måloppnåing i 2020.  

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

Vi behandlar som oftast søknader om dispensasjon når vi overprøver tvangsvedtaka. Vi har difor ikkje klart målkravet her, men måloppnåinga er noko betre enn for overprøvde vedtak. Grunnen er at søknader om dispensasjon som ikkje kjem inn samtidig som vedtak blir behandla så snart dei er mottekne.  

Resultatmål FMRO (fra kapittel 3.3.1.3.4.8 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 220 poeng

Fylkesmannen i Rogaland har eit resultatkrav som gjer at vi skal gjere tilsvarande 22 systemrevisjonar med kommunale helse- og omsorgstenester. Med 26 kommunar, samt eit krav om samordning av tilsyn, risikobasert tilsyn og at kommunane ikkje skal oppleve for stor, samla tilsynsbelastning, er eit slik resultatkrav ikkje realistisk. 

Fylkesmannens tette kontakt med kommunane, jamnlege møte med leiarar i helse- og omsorgstenestene samt tett oppfølging i enkeltsaker gjer at vi likevel har god oversikt på situasjonen i tenestene og i den enkelte kommune, og kan følgje opp ut frå ei risikovurdering, og rette innsatsen dit det er størst behov. 


Resultatmål FMRO, FMMR og FMNO (fra kapittel 3.3.1.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 40 poeng

Fylkesmannnen i Rogaland har delteke med to revisorar i det landsomfattande tilsynet med utlokaliserte pasienter i spesialisthelsetenestene, samt utvikla eit ege tilsyn med rusinstitusjonar i spesialisthelsetenesten. Vi er derfor langt over resultatkravet på dette punktet. 

Resultatmål FMRO (fra kapittel 3.3.1.3.6.5 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 70 poeng

Fylkesmannen har gjennomført LOT - samarbeid mellom NAV og barnverntenesta i 3 kommunar, tilsvarande 39 poeng. I tillegg er det gjennomført eit stikkprøvetilsyn med ein kommune om saksbehandling knytt til tildeling av økonomisk stønad til barnefamiliar, tilsvarande 5 poeng.

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lovkrav (fra kapittel 3.3.1.3.7.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Dei aller fleste tilsyn blir avslutta innan avtalt frist. Det er særleg tilsyn som krev samordning mellom fleire tenesteområde innan same kommune som er krevande for kommunane å få lukka, og der Fylkesmannen vel å ha lengre oppfølging for å sikre at praksis blir endra.

3.1.3.4 Andre oppdrag

3.1.3.5 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

Begjæring om verjemål kjem ofte på eit tidspunkt der det allereie hastar med oppnemninga då den verjetrengande ofte ikkje lenger er i stand til å ta hand om interessene og rettane sine. Det er i så måte nær samanheng mellom saksbehandlingstid og personars rettstryggleik. Vi kan vise til at Fylkesmannen i Rogaland, som berre éin av to fylkesmenn, oppfyller resultatkravet til oppretting av verjemål, der vi har eit resultat på 87% innan 70 dagar.

Rettslikskap blir vidare ivaretatt ved at vi følgjer prosedyrar og retningslinjer frå overordna organ (SRF), er oppdaterte på publiserte klagesaker og fråsegner frå Sivilombudsmannen og departementet, samt sørgjer for at medarbeidarar er kompetente og behandlar like saker likt. Vi tar vare på kompleksiteten i kvar sak ved å leggje til rette for kontradiksjon og la dei ulike partane bli høyrde. Vi er opptekne av å så langt det let seg gjere, gjennomføre samtale med den verjetrengande og nærmaste pårørande i forkant av alle oppretta verjemål. 

Vi har fokus på å nå ut med aktuell informasjon om verjemål og framtidsfullmakter til aktuelle brukargrupper slik at desse blir klar over rettane sine. Vi har oppdatert heimeside med blant anna ofte stilte spørsmål, samt at vi utgreier moglegheita for ein chatbot på nettsidene våre. Vi held dessutan innlegg og foredrag for blant anna sjukeheim, sjukehus, NAV-kontor, interesseorganisasjonar og andre. 

Etter omlegginga av praksisen relatert til verjemålslova § 20 andre ledd har vi ført ei større mengd saker for tingretten enn tidlegare, og dette inneber ein auka prosessuell rettstryggleik for den einskilde. 

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Vi har behandla 87% av alle opprettingssaker innan 70 dagar, det vil seie at 1129 av totalt 1292 saker blei behandla innan fristen. Det er berre eit anna embete i tillegg til oss som oppnår resultatkravet på dette feltet.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Vi har behandla 88% av alle bruk av kapital-saker innan 20 dagar, det vil seie at 502 av totalt 572 saker blei behandla innan fristen.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Vi har behandla 89% av  godtgjeringssøknadene og utgiftsdekningssøknadene innan 45 dagar, det vil seie at 1518 av totalt 1711 saker blei behandla innan fristen.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 60 dager.

Vi har behandla 62% av alle klagesakene innan 60 dagar. Vi oppnår her ikkje målkravet. Det blir likevel vist til e-post frå SRF om at målingane ikkje har vore korrekte då saksbehandlingstida ikkje er stoppa etter at Fylkesmannen har sendt klagen til SRF. Samla for alle embeta er måloppnåinga for 2019 34%. Vi har som ein konsekvens sett i verk tiltak som har resultert i at vi for 3. tertial oppnådde at 89% av klagesakene var behandla innan fristen på 60 dagar, det vil seie 8 av 9 saker.

Vergeregnskapskontroll (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen. I tillegg skal alle regnskap hvor fylkesmannen har pålagt utvidet regnskapsplikt, kontrolleres.

Vi har kontrollert alle rekneskap i samsvar med uttrekk frå SRF. Dette inneber at 440 rekneskap er kontrollerte innan fristen, medrekna også rekneskap der det er pålagt utvida rekneskapsplikt.

Internrevisjonen frå Ernst & Young fann ingen feil i dei 35 verjerekneskapane, samt 10 uttak frå kapitalkonto som blei gjennomgått. EY konkluderte slik: «Fylkesmannen i Rogaland synest å ha ei god forståing av kva internkontrollen for verjerekneskapane inneber.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 65 %.

Vi har ikkje høve til å hente ut statistikk på digital innlevering sjølv, men jf. e-post frå SRF av 11.09.19 hadde vi på dette tidspunktet mottatt 74,45 % digitalt (1877 via Altinn og 644 i papir) av totalt 2521 (best i landet).

Vi gjer merksam på at vi mottek mange søknader om verjegodtgjering på EHF-faktura (elektronisk handelsformat), og at dette kanskje ikkje er teke høgde for i registreringa frå SRF.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 40 %

Vi har ikkje høve til å hente ut statistikk på digital innlevering sjølv, men jf. e-post frå SRF 11.09.19 hadde vi på dette tidspunktet mottatt 44 % av godtgjeringssøknadene digitalt (499 via Altinn og 635 på papir, totalt 1134.)

For saker om fylkesmannen sitt samtykke mottok vi 50,54 % digitalt, av desse 327 via Altinn og 320 på papir av totalt 647.

3.1.3.6 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Vi har fokus på at verjehavar skal høyrast i alle avgjerder og at verje og verjehavar skal ha ein dialog om aktuelle disposisjonar. Verje kan ikkje handle i strid med verjehavars uttrykte ønske, heller ikkje der verjehavar manglar samtykkekompetanse. Vi kommuniserer tydeleg kor viktig det er å respektere verjehavar sin sjølvråderett til verjene våre, både ved tilsyn, rapportering og ved personleg oppmøte, samt i informasjonsskriv på nett og e-post. Vi både informerer og lærer opp verjene i prinsippa som ligg til grunn for konvensjonen om rettane til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) og rettsutviklinga knytt til vgml. §§ 20 og 33.

Vi er òg medvitne om og opptekne av at mandat skal reflektere den verjetrengande sitt faktiske hjelpebehov og at behovet må klargjerast ved blant anna samtale med den verjetrengande, nærståande og ev. hjelpeapparat.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Når et vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Vi gjennomfører samtale med den verjetrengande, hjelpeapparatet og pårørande (samt den eller dei som har begjært eller meldt frå om behovet). Vi er medvitne om at mandatet skal individtilpassast og at behovet må avklarast blant anna gjennom samtale med den verjetrengande og nærståande personar. Vi informerer og lærer opp verjene i CRPD, samtalemetodikken «Med den andre for øye» (utvikla av SRF) og den endra rettsutviklinga. Vi informerer også aktivt om mindre inngripande alternativ til verjemål, som til dømes legalfullmakt, vanlig fullmakt, framtidsfullmakt, disponering av ytingar til langtidspasientar i helseinstitusjon, samt frivillig og tvungen forvaltning i regi av NAV.

3.1.3.7 Barnehagemyndigheter, barnehageeiere og skoleeiere forstår, formidler og etterlever regelverket

Vår erfaring er at både barnehagemynde og skoleeigarar ønsker å etterleve regelverket. Allikevel ser vi både i klagesaker og tilsyn at regelverksetterlevesen i nokre tilfelle er mangefull. Fylkesmannen er aktiv i informasjon og rettleiing, både i klagesaker og tilsyn, men også gjennom artiklar på nett, via telefon og e-post samt gjennom regelverksamlingar når vi meiner det vil være det beste. 

Vi har gjennom fleire år sett at utfordringa sektor har ofte er i sjølve forvaltninga av regelverket. Forvaltningslova og spesielt reglane knytt til opplysing av saka, teieplikt og kven som er partar i ei sak, kan være vanskeleg i nokre tilfelle. Vi ser det spesielt i ein del saker knytt til trygt og godt skolemiljø, at skolane og lærarane opplever at dei ikkje kjem til orde. At dei ikkje skjønner at dei sjølve er ansvarlege for å opplyse saka tilstrekkeleg til Fylkesmannen. Vi har også dette året sett fleire døme på at kommunar er usike på reglane knytt til spesialundervising i friskolar. Det gjeld både opplysning av saken og at eit vedtak om spesialundervisning regulerer rettane til eleven, ikkje forholdet mellom kommunen og friskolen knytt til finansering eller ressurser til spesialundervisninga.

Sektorkunnskap ligger til grunn for vurdering av oppfølging og virkemiddel (fra kapittel 3.3.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Kunnskap om tilstanden i sektor på rettsikkerhetsområdet skal ligge til grunn for alle vurderinger av oppfølging og valg av virkemiddel

Fylkesmannen i Rogaland har eit system for områdeovervaking som baserer seg på tre element. Dei ulike elementa i systemet er beskrive og det er laga eit årshjul for områdeovervaking. Vi bruker kvantitative data frå offentlege kjelder som til dømes skoleporten, BASIL, GSI og KOSTRA. I tillegg registrerer vi naudsynt informasjon frå klagesaker og tilsyn som ein del av områdeovervakinga vår. Medieoppslag og anna informasjon frå foreldre eller andre, registrerer vi i ei enkel database. 

All informasjonen i elementa blir innhenta/samla inn på ulike tidspunkt, og avdelinga behandlar informasjonen i ulike steg.

  • Når ei statistikk-kjelde blir publisert, ei sak meldt på telefon, eit medieoppslag skaper bekymring eller ei alvorleg klagesak blir behandla, blir det gjort ei vurdering av om dette må følgast opp vidare og kva for verkemiddel som kan vere aktuelle.
  • Når avdelinga skal velje tema/kommunar for tilsyn, ser avdelinga på all informasjonen samla. Er det knytt bekymring til ein kommune på fleire område?
  • Det blir gjort konkrete vurderingar om kva for verkemiddel som vil være det beste. Informasjon og rettleiing til heile sektor eller einskilde kommunar, kva form rettleiinga skal ha, om det ein kommune bør oppmodas til å søke om deltaking i Inkluderande barnehage- og skolemiljø eller om læringsmiljøprosjektet er det rette.
  • Når vi skal velje konkrete skolar i eit tilsyn, ser vi på nytt på tala, både historiske tal og dei siste tala, før vi vel skole

Vi vurderer at vi har relativt god oversikt over tilstanden i sektor på skoleområdet, spesielt for grunnskolane. Vi har noko mindre oversikt over vidaregåande opplæring. Vi har relativt liten oversikt, utover det som blir rapportert i BASIL og KOSTRA på barnehageområdet.


Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk (fra kapittel 3.3.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk

Utdanningsdirektoratet sin rettleiar om saksbehandling blei sendt til fylkesmannsembeta i mai 2018. Etter at rettleiaren kom, blei denne lest, drøfta og tatt i bruk av dei tilsette som arbeider med skolemiljøsaker. Skolemiljøsaker blir jamleg drøfta av dei tilsette med utgangspunkt i rettleiaren og alle andre gjeldande rettskjelder. Dette sikrar at alle er oppdaterte på gjeldande reglar. Nytilsette (som skal arbeide med skolemiljøsaker) blir informerte og gjort kjente med rettleiaren både av leiinga og gjennom ein eigen "fadder" i avdelinga. Rettleiaren er òg lett tilgjengeleg på Yammer, og blir nytta i den daglege saksbehandlinga av skolemiljøsaker. Vår vurdering er at rettleiaren er godt implementert og blir aktivt nytta i saksbehandlinga.

Elever og foreldre skal regelmessig få informasjon om håndhevingsordningen (fra kapittel 3.3.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Elever og foreldre skal få regelmessig og oppdatert informasjon om håndhevingsordningen og meldeordningen

På nettstaden til FMRO er det eit eige område som heiter "Ein trygg skoledag utan mobbing". Her er det oppdatert informasjon om korleis elevar og foreldre kan melde ei sak til Fylkesmannen, og informasjon om Fylkesmannen som handhevingsmynde i skolemiljøsaker.

FMRO har også laga to informasjonsfilmar berekna på elevar og foreldre. Desse ligg på nettstaden, og på FMRO si eiga Facebook-side. Den eine av desse filmane (som blei lagt ut på Facebook i august 2017 og republisert i 2018 og 2019) har hatt omlag 60000 visningar. I tillegg kjem drøyt 7000 visningar på YouTube.

FMRO sender ved skolestart om hausten e-post til alle skolefagleg ansvarlege og friskolar der me oppmodar kommunane og friskolane om å dele informasjonen som ligg på Fylkesmannen sin nettstad og på Facebook på deira eigne nettstader/Facebook-sider.

FMRO har også informert om handhevingsordninga og meldeordninga på eit foreldremøte på ein offentleg grunnskole hausten 2019. Dette er noko FMRO gjer dersom vi ser at vi har kapasitet til å gjere det.

I januar 2019 hadde FMRO eit nyhendeoppslag på nettstaden om talet på "mobbesaker" melde til FMRO i 2018. Denne saka blei fanga opp av både region- og lokalaviser i fylket, og førte til eit auka fokus på Fylkesmannen sitt arbeid som handhevingsmynde i skolemiljøsaker.

Vår vurdering er at FMRO på ein god måte har sikra at foreldre har fått jamleg og oppdatert informasjon om korleis dei kan melde ei sak til Fylkesmannen og informasjon om Fylkesmannen som handhevingsmynde. Vi ser at det å nå ut til elevane er ei større utfordring enn å nå ut til foreldra. Samstundes må vi her peike på at skulane skal informere elevane og foreldra om rettane i kap.9A.

klagebehandling resultatmål (fra kapittel 3.3.3.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal sørge for å komme raskt i gang med behandlingen av saker etter § 9 A-6.

FMRO sine rutinar er at når ei sak blir meldt, skal vi kontakte meldar innan 1 døgn. Då ber vi ofte meldar sende saka skriftleg. Vi orienterer om vidare saksgang, og informerer meldar om at dokumentasjonen blir delt med skolen.

Vi tar deretter kontakt med rektor, orienterer om innhald i meldinga og vidare oppfølging. Vi sender e-post til rektor med oversikt over kva informasjon vi må få fra skolen. Skolen får vanlegvis ein tidsfrist på 1 veke til å sende informasjon til FMRO. 

Når vi har fått tilbakemelding frå skolen, avtalar vi tidspunkt for samtale med eleven.

Vår vurdering er at vi kjem raskt igang med behandlinga av saker etter § 9A-6.

FM skal bidra til kompetanse om trygt og godt skolemiljø (fra kapittel 3.3.3.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal jobbe forebyggende og systematisk slik at skoleeiere og skoleledere har kompetanse på hva som gir et trygt og godt skolemiljø.  

FMRO gjennomførte i 2017 og 2018 eit omfattande utadretta informasjonsarbeid overfor skoleeigarar og skoleleiarar, slik at dei skulle ha kompetanse på kva som gir eit trygt og godt skolemiljø. I 2018 hadde vi også samlingar for mellom anna denne målgruppa der vi gjekk gjennom erfaringar frå handhevingsordninga så langt. I 2019 har vi ikkje hatt eit så omfattande informasjonsarbeid som dei to førre åra. Dette er basert på ei risikovurdering, og at auka saksmengde i handhevingsordninga, kombinert med redusert kapasitet i deler av 2019, ikkje ga same rommet til dette. Vi vil likevel peike på at vi gjennom vedtaka våre i skolemiljøsaker gir skoleeigarar og skoleleiarar god kunnskap og informasjon om kva som gir et trygt og godt skolemiljø. Når vi sender ut vedtaket i ei skolemiljøsak, blir det sendt kopi til skoleeigar. Det er også skoleeigar som må sørge for at rektor gjennomfører Fylkesmannen sitt vedtak.

I Rogaland har vi mange kommunar som deltar i Inkluderande barnehage- og skolemiljø, og det er ein kommune som er med i Læringsmiljøprosjektet. Vi har fire kommunar i oppfølgingsordninga. Ein av desse har rettleiarkorps, dei andre andre har laga eigne planar. Fylkesmannen har ei rolle i alle desse ordningane, og vi nyttar denne kontakten med skoleeigarar og skoleleiarar til å bidra i det forebyggande arbeidet med trygge og gode skolemiljø.

Vi brukar erfaringar frå handhevingsordninga når vi vurderer verkemiddel, når vil vel kommunar for tilsyn og når vi møter skoleeigarar både i skoleeigarforum og kommunebesøk.

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen (fra kapittel 3.3.3.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen på en god måte er redusert, som følge av at skolen har fått veiledning fra fylkesmannen

I skolemiljøsaker inneheld Fylkesmannen sitt vedtak rettleiing til skolen gjennom dei vurderingane som Fylkesmannen gjer i saka. Skolen må melde tilbake til Fylkesmannen korleis dei har oppfylt Fylkesmannen sitt vedtak innan ein gitt frist. Tilbakemeldinga skal også innehalde referat frå første evalueringsmøte etter Fylkesmannen sitt vedtak. Her kjem elev og foreldre sitt syn fram. I mange av sakene kjem det fram at eleven har fått eit trygt og godt skolemiljø, i andre saker kjem det fram at det framleis er utfordringar som må løysast for at eleven skal få det trygt og godt på skolen. I nokre saker har det vore naudsynt å ta kontakt med foreldra/skolen igjen etter at vi har fått tilbakemeldinga. Dette er unntaksvis. Vår vurdering er difor at vi Fylkesmannen si rettleiing gjennom vedtaket bidrar til at elevar og foreldre blir tatt i vare på ein god måte. 



Negative tilbakemeldinger er redusert (fra kapittel 3.3.3.1.7.1 i TB)

Rapportere på

Negative tilbakemeldinger fra elever/foreldre på Fylkesmannens ivaretakelse er redusert

Vi trur at dei fleste som tar kontakt med oss opplever at vi har god fagkunnskap, er ryddige og saklege, og er løysningsorienterte. Vi legg stor vekt på å høyre eleven si stemme i skolemiljøsakene. I dei fleste sakene reiser vi ut til skolen og har ein samtale med eleven der. I nokre saker kjem eleven til Fylkesmannen fordi det er ei for stor belastning å gjennomføre samtalen på skolen. Etter at vedtaket vårt er fatta, hender det nokre gonger at føresette tar kontakt med oss. I dei fleste tilfella er det fordi dei er nøgde med vedtaket Fylkesmannen har fatta, og fordi vi har tatt barnet deira på alvor. Vår vurdering er at elevar/foreldre blir ivaretatt på ein god måte av Fylkesmannen.

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil eller saksbehandlingsfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

Fylkesmannen i Rogaland har ikkje ført statistikk over feil i rettsbruk og/eller i sakshandsaminga hos skuleeigar og kommunar. Me har derfor ikkje eit grunnlag til å seie om talet har endra seg.  Dersom me oppdaga feil i sakshandsaminga blir dette adressert i vedtak, eller i eit eige oversendingsbrev. Me har og hatt møter med rettleiing dersom me meiner at det vil vere mest nyttig. Det blir også gjort ein del rettleiing om sakshandsaming på telefon og e-post.  

Vi har erfart at fleire private skular slit med sakshandsaming. Dei har ofte ikkje ein skuleeigar med god kompetanse på området, og det blir derfor etterspurd mye rettleiing frå oss.

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.2 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

 Vi har i 2019 hatt fokus på kommunane si forvaltning av retten til spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne i barnehage. Vi har arrangert ei samling for PPT og tilsette med vedtaksmynde, der vi orienterte om vår kartlegging av kommunane sin praksis, særleg på området for bhgl. § 19 g. Alle kommunar i fylket var omfatta av kartlegginga. Vi orienterte i samlinga om krav til forsvarleg utredning og vedtak, med utgangspunkt i kommunane sine rutinar for sakshandsaming og innsendte saker. Det vart og lagt til rette for drøfting av ulik praksis. I tillegg gikk vi igjennom krav til sakkunnig vurdering ved spesialpedagogisk hjelp og gjorde rede for grensegangen mot tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne.

Også i våre tilsyn med kommunane har tilrettelegging for barn med nedsett funksjonsevne og spesialpedagogisk hjelp vært tema.

Desse aktivitetane meiner vi har vært eigna til å gi kommunane betre innsikt i kva som krevst for å ivareta krav til forsvarleg utredning og grunngiving av vedtak etter bhgl. §§ 19a og 19g.

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.3 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

På området for håndhevingsordninga knytt til oppl. kap.9A har vi utarbeidd malar og rutinar som skal ivareta krav til sakshandsaminga. Tilsette som behandlar slike saker har møter kva anna uke for å diskutere prinsipielle saker, sikre oppdatering når det gjeld føringar frå Utdanningsdirektoratet og oppfølging av nytilsette som skal handsame saker etter oppl. § 9A-6. Vi har ein fast mal for vedtak som også blir oppdatert og evaluert. I tillegg har vi av og til møter der vi drøfter problemstillingar som er knytt til grensa mot spesialundervisning og dei krav lova stiller til saksbehandling for slike saker. Dette kan vere aktuelt i og med at mange saker om skolemiljø gjeld også elevar med rett til spesialundervisning.

Tilsette som behandlar klagesaker om spesialundervisning har også faste møte, der mellom anna prinsipielle saker blir drøfta.

Alle saker blir sendt til godkjenning til direktør eller assisterande direktør, dette meiner vi bidrar til at vi har god oversikt og få feil i saksbehandlinga vår.

I tilfelle der vi oppdagar uheldige konsekvenser av vår sakshandsaming blir der gjort justeringar og forbetringar etter ein kritisk gjennomgang. 

Vedtak som er tilpasset mottakeren har økt (fra kapittel 3.3.3.1.9.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak er skrevet med klart språk og tilpasset mottakeren.

Det er i utgangspunktet høgt språkleg medvit i avdelinga. 

Til hjelp i skrivearbeidet nyttar vi mellom anna Fylkesmannen sin Språkrettleiar. Den tredje utgåva av embetet sin Språkrettleiar kom i mai 2019. 

Fleire av dei tilsette i avdelinga har nytta seg av Klarspråk-kurs som har blitt arrangert i embetet. 

Nytilsette får tildelt "fadder". Fadderen følger også opp (særleg i startfasen) om vedtak er skrivne med klart språk og tilpassa mottakaren. I tillegg blir vedtaka lesne og godkjente av avdelingsleiinga.

Avdelinga har også utarbeidd malar både for vedtak om skolemiljø, men også for klagesaksbehandling. Desse blir evaluerte og justerte jamleg.



Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018 (fra kapittel 3.3.3.1.10.1 i TB)

Rapportere på

Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018. 

Etter vår vurdering er tilsynsaktiviteten vår for 2019 på samme nivå som for 2018. Både på på FNT-tilsyn innanfor skolemiljø og spesialundervisning har vi hatt omfattande tilsyn der vi har inkludert alle deltema. 

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT (fra kapittel 3.3.3.1.10.2 i TB)

Rapportere på

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT og nasjonal tilsynssatsning på barnehageområdet

8 av dei førebelse tilsynsrapportane gjeld FNT. Vi har i tillegg pilotert eit felles tilsyn om melderutinar til barnevern saman med helse-, sosial- og barnvernavdelinga. Etter eit brev frå Kunnskapsdepartementet der dei viser til ein rapport frå BDO og oppmodar oss om å vurdere økonomisk tilsyn med FUS-barnehagar, valde vi åpne tilsyn med ein privat barnehage. I samband med FNT-tilsyn på spesialundervisning, fann vi det naudsynt å opne eit hendingsbasert tilsyn med nærskuleretten som tema.

Avdelinga har med det ikkje nådd målsettinga om at 80 prosent av førebelse tilsynsrapportar gjeld FNT og nasjonal tilsynssatsing på barnehageområdet. Vurderinga knytt til dette er gjort med bakgrunn i risikovurderingar samt at FNT-tilsynsa våre omfattar alle deltema. Sjølv om talet på rapportar ikkje tilsvarer 80%, overstig arbeidsmengda i FNT-tilsyna 80%.

Tilsyn uten avdekkede brudd skal reduseres (fra kapittel 3.3.3.1.11.1 i TB)

Rapportere på

Tilsyn uten avdekkede brudd på regelverk skal reduseres sammenliknet med 2018

Eitt av tilsyna i 2019 enda utan at det ble avdekka brot på regelverket. Dette var eit økonomisk tilsyn med ein FUS-barnehage. Tilsynet ble avslutta utan pålegg. Tilsynet avdekka allikevel etter våre vurderingar fleire utfordringar ved regelverket, mellom anna korleis regelverket gir rom for store konsern til å nytte konsernkonti, manglande avklaringar i regelverket i skjæringspunktet mellom barnehagelova og aksjelovgivinga samt manglande heimlar i barnehagelova for å innhente dokumentasjon frå morselskap og andre tilhøyrande selskap i konsernet. Vi har informert Kunnskapsdepartementet i eige brev om desse funna. 

Ingen tilsyn i 2018 enda utan avdekka brot på regelverket.

Vi tek dette som teikn på at utdanningsavdelinga har gjort ei god risikovurdering før kommunar og tilsynstema ble bestemt, i samband med tilsyna i både 2018 og 2019.

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger (fra kapittel 3.3.3.1.11.3 i TB)

Rapportere på

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger

I 2019 arrangerte hadde embeta i sørvest samling om risikovurderingar. Det var FM-Rogaland som sto for samlinga. Her presenterte alle korleis dei jobba med risikovurderingar og områdeovervaking. Dei andre embeta var i samanslåingsprosessar, og hadde hovudfokus på å få oversikt. Sjølv om samlinga ikkje enda med felles rutinar for risikovurdering, bidrog den til å skjerpe fokus og til å løfte utfordringar og problemstillingar.

I tillegg var risikovurderingar grunnlag for anna samarbeid i sørvest i 2019. Vi hadde samling i Bergen knytt til regelverket om trygt og godt skolemiljø og vi hadde samling i Agder knytt til tilsyn etter introduksjonslova. Risikovurdering er ei natruleg del av alle slike samlingar.

Embetet var med i Utdanningsdirektoratet si arbeidsgruppe om kvalitetsvurdering. Vi leverte inn eit case som ble gjennomgått på samling for alle embeta på dagssamling 7.11.    

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunen (fra kapittel 3.3.3.1.12.1 i TB)

Rapportere på

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunens behov

FMRO har i 2019 har i år prioritert målretta informasjon og har derfor hatt færre tradisjonelle regelverksamlinger.

Vurderingar rundt læringseffekten av tilsyn i kommunane har gjort at vi har prøvd ut nye metodar for informasjonsspreiing. I to tilsyn på kap 9A  inviterte vi fleire skolar og barnehagar til å delta i åpningsmøte. Kommunane innkalla dei skolane som dei såg hadde behov for auka kunnskap og forståing på området. I møta jobba deltakarane seg gjennom spørsmål i Reflex. Metodikken gjennom Learnlab var tilpassa slik at dei enkelt kunne bruke same opplegget på eigen skole/barnehage. Fleire kommunar melder frå om lite systematikk på dette området i barnehagane. Ved å inkludere barnehagane møtte vi kommunane sitt behov i tillegg til at barnehagane blir førebudd på nye krav i barnehagelova. Vi fekk gode tilbakemeldingar på denne rettleiingsforma, og vi har brukt same opplegg inn mot ein kommune i oppfølgingsordninga, og på samling med skoleeigarar. Vi har gode erfaringar med å bruke Reflex aktivt der deltakarane jobbar saman og reflekterer over kontrollspørsmål og eigen praksis, i staden for å forelese om regelverket. På denne måten brukar vi tilsyna meir aktivt også som rettleiing av andre skolar og barnehagar enn tilsynsobjekta.

Gjennom arbeid med Inkluderande barnehage og skolemiljø, samblingsbasert tilbod (IBS), har vi fått kjennskap til at kommunar sjølve er opptekne av et det er ulik kvalitet i tenestetilbodet innad i kommunen. Dette finn kommunen sjølv vanskeleg. Vi har sett verdien av å gjennomføre FNT på læringsmiljø i ein kommune som har arbeidd med IBS, og kommunen sjølv ser nytteverdien av å få ein kontrollert praktisering av regelverket i forlenginga av ei satsing. 

Gjennom arbeid med IBS  har vi fått betre innblikk i kva utfordingar kommunane står i, på ulike nivå. FMRO meiner at vi har vidareutvikla vår rolle i IBS satsinga frå oppstart i pulje 2. I begynnelsen hadde vi ei forståing av å ha ein tilretteleggjarrolle. Vi har etterkvart sett at FM både kan og bør ha ei meir aktiv rolle slik at vi kan sikre at satsinga blir forankra, har progresjon og gir ønska forbetring i kvalitet. Fleire kommunar har gitt positiv tilbakemelding på at FMRO er ein samarbeidspartnar i arbeidet med å utvikle gode og trygge barnehage- og skolemiljø.  I tillegg har tilsette hjå FMRO som jobbar med skolemijøsaker også ansvar for IBS. Dette gjer oss eit godt bilete over kompetansebehova i kommunane. Vi har brukt denne informasjonen til å bli meir spissa på tema vi vel ut på regionale samlingane. Vi har også brukt dette høve til å få deltakarane sjølve til arbeide aktivt med Udir sin nettressurs Tiltak i skolemiljøsaker som verktøy i eige arbeid. 

I vedtak om trygt og godt skolemiljø har vi brukt Udir sin nettressurs som fagleg referanse. Vedtaket blir då i større grad også ei rettleiing til kommunane og skolane. Nokre kommunar og skolar melder at dei aktivt bruker vedtak frå FMRO for å auke kunnskap og kompetanse på området. For å gjere dette endå tydelegare har vi no endra mal for oversending av vedtak til kommunen. Vi oppmodar no skuleeigar og rektor til å bruke vurderingane i vedtaka som ressurs i det vidare arbeidet med å sikre at alle elevar har eit trygt og god skolemiljø. 

Vi har aktiv bruk av heimesida vår for informasjon og rettleiing. Vi har eit årshjul for publisering for at det skal blir systematisk og målretta.

Vi bruker vår rolle i satsinger/samarbeidsforum til informasjon og veiledning. Vi har brukt alle anledninger, eksempelvis ved regional samling IBS, dialog med kommunane, møte med dei nyutdanna, møte med politikarar, barnehagemynde i samarbeidsforum, til å vise viktige samanhengar  mellom lovverket, sektormål, og statlege føringar i satsinger. Vi er svært bevisste i å synleggjere den raude tråden frå dei overordna sektormåla ned til det konkrete arbeidet på ulike nivå.

3.1.3.8 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med bosetting og integrering

Fylkesmannen i Rogaland har god dialog med Imdi Vest. Vi har samarbeida om fagsamlingar i fleire kommunar, samt bidratt på Integreringskonferansen. 

Måloppnåinga vurderast som god, da busettingsmåla for Rogaland er nådd.

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.3.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.


 

   

Andel flyktningar busett innan 6 månader etter at vedtak som danner grunnlag for busetting eller reisetillatelse er gitt. Krav: 90 % Resterende andel skal være busett innan 12 månader.

Andel flyktningar busett innan 6 månader etter vedtak i Rogaland er 97%, 99 % innan 12 månader.


 

 .

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.3.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen tre måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting, eller innreisetillatelse er gitt: 50 %. 

Andel einslege mindreårige busett innan tre månader etter vedtak som danner grunnlag for busetting, eller innreisetillatelse er gitt.

Krav: 50%.  Resultat Rogaland: 70 % innan tre månader

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Barnehageeiere og skoleeiere har ansatte med kompetanse som fremmer utvikling, læring og trivsel tilpasset barn og unges behov

Vi er svært medvitne om dei overordna sektormåla og ny overordna del i læreplanverket. Vi bruker sektormåla aktivt i all kontakt med sektor og dei ligg til grunn for arbeidet med desentralisert kompetanseutvikling og i samarbeidsforum. Ved å vise til samanhengar mellom eit godt barnehage- og skolemiljø og barna si utvikling og læring, trur vi at kommunane i ennå større grad vil legge vekt på at dei tilsette har god kompetanse for å fremme utvikling, læring og trivsel.

Vi vil i vårt vidare arbeid, både knytta til rettstryggleik, informasjon og rettleiing og i desentrasliert kompetanseutvikling, legge vekt på desse samanhengane for at fylket i ennå større grad skal ha tilsette med god kompetanse til barna sitt beste.

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling som fører fram til omforente, langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak.

I Rogaland blei det tidleg etablert eigne samarbeidsforum i dei tre utdanningsregionane og i nettverk for friskolane i 2017. Desse regionane har arbeidd målretta for å utvikle samarbeidet og regionane har lykkast i å etablera partnarskap med planar for kvalitetsutviklingstiltak. 

I tråd med styringssignal og for å ivareta fylkeskommunen i ordninga, etablerte Fylkesmannen i Rogaland  Samarbeidsforum for desentralisert ordning den 14. mai 2019. Fylkesmannnen har vært opptatt av at Samarbeidsforum skal vere eit strategisk overordna forum som skal sørge for at vi er eininge om dei store linene i kompetanseutviklinga i fylket.  Vi ser no etter eit år at intensjonane i ordninga blir forstått og at vi klarer å arbeide for at målsettinga med ordninga blir realisert, men det er eit arbeid som krev god tid og god dialog mellom alle aktørane. 

I samarbeidsforumet har dei ulike aktørane i ordninga utnemnt sine representantar og alle som møter har mynde til å ta avgjersler i forumet. Samansetninga er slik: Tre representantar for kommunane i Rogaland v/utdanningsregionane nord, midt og sør, Rogaland fylkeskommune (som også ivaretar dei vidaregåande friskolane), friskolane i Rogaland (nettverk fri), Universitetet i Stavanger, Høgskolen på Vestlandet, Utdanningsforbundet i Rogaland, Elevorganisasjonen i Rogaland, KS og Fylkesmannen i Rogaland. Representantane i Samarbeidsforum er på leiarnivå. 
Det er utarbeida eit mandat for forumet, kor det er konkretisert mål, ansvar, oppgåver og den einskilde aktør sine roller. Samarbeidsforum er eit partnarskap kor vi ser heile utdanningssektoren i Rogaland under eitt. Vi har utarbeida eit årshjul, med faste tema i dei ulike møta: Februar: Nye/oppdaterte styringssignal i ordninga, økonomi og status for arbeid med kompetanseutviklingstiltak i arbeid med fagfornyinga og nye læreplanar. Mai: Evaluering av mål og status i regionane. Planar for neste skoleår. Langsiktig strategi. Oktober: Revisjon av mandat og evaluering av mål for Samarbeidsforum.

Samarbeidsforum blei i desember 2019 einige om ein langsiktig modell for tildeling av middel i ordninga. Summen skal delast etter lærar- og leiarårsverk. Vidaregåande sine årsverk blir fastsette etter eigen utrekningsmodell som tar hensyn til den parallelle ordninga for yrkesfaga som fylkeskommunen sjølv administrerer. Samarbeidsforum beslutta 50/50 fordeling mellom UH og kommune/fylkeskommune.

Det er Fylkesmannen si vurdering at vi har bidratt til å  sørga for at val av kompetansetiltak blir retta inn mot dei overordna måla for utdanningsområdet og dei spesifikke sektormåla. I tillegg har vi satt elevane si rolle som aktør i ordninga på dagsorden. 

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 3.4.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling i sammenheng med eventuelle andre statlige ordninger til kvalitetsutvikling av skolene. 

Hovedordninga for kompetanseutvikling i Rogaland er desentralisert ordning, alle skoleeigarar nyttar ordninga i ein eller anna form. I tillegg har fleire kommunar deltatt i Inkluderande barnehage og skolemiljø, samlingsbasert i pulje 2,3 og 4. Vi har i 2019 hatt ein kommune med i Læringsmiljøprosjektet, denne kommunen er også identifisert i Oppfølgingsordninga.  

Samarbeidsforum for desentralisert ordning i Rogaland arrangerte i haust ein fagdag om fagfornyinga. Skoleeigarar, tillitsvalde og elevrepresentantar frå heile Rogaland deltok.

Vi fikk også særs god mediedekning på denne fagdagen som vart arrangert dagen etter at dei nye læreplanane blei offentlege.

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak med sikte på kvalitetsforbedring.

I Hå kommune har rettleiarkorpset veileda både skolar og skoleeigar på deira utviklingsplan og kvalitetsvurderingssystem. I tillegg har rettleiararne bidratt til kompetanseheving innan skolevandring, motivasjon, styrkjebasert leiing, system for oppfølging av prøver og undersøkingar. I tillegg har kommunen fått ekstra oppfølging av FM når det gjeld regelverk knytt til skolemiljø.Det er Fylkesmannens si vurdering at dei igangsatte tiltak har virka positiv på kapasiteten hos skoleeigar. Fylkesmannen meiner at kommunen satser på eit heilskapleg kvalitetsarbeid kor arbeidet i barnehage- og skole no blir sett i samanheng. Resultata viser også ei betring. Vi vurderer likevel at det er for tidleg å sei noko om dette er eit endringsarbeid som gir varig kvalitetsutvikling.

I Eigersund kommune har dei prioritert middel til Inkluderande barnehage og skulemiljø, samlingsbasert pulje 2 og 4. I tillegg har kommunen sett av middel til å etablere eit innsatsteam som skal forebyggje og handtere dei vanskelege sakene. Skoleeigar arbeider målretta med å utvikle kvalitetsoppfølgingssystemet. Det er Fylkesmannen si vurdering at Eigersund kommune har utfordringar med å tenkje og prioritere heilskap i val av tiltak. Vår vurdering er at kommunen si innsats over tid har vært for mykje prega av ulike prosjektsatsingar og at desse ikkje er arbeidd med over tid før nye tiltak er iverksett. Vi difor uroa for både for elevresultat og regelverksetterleving. Dette vil vi fortsette å ta opp i vår dialog med kommunen både i IBS, samlingsbasert pulje 4 og i Oppfølgingsordninga. Vi vil også sjå dette arbeidet i samanheng med deira prioritering av kompetansetiltak i desentralisert ordning.

Hjelmeland kommune får oppfølging av ein rettleiar med erfaring frå rettleiarkorpset tili Udir. Dei har fått middel til å forlenge tida med den eksterne rettleiaren til sommaren 2020. Fylkesmannen har motteke plan for dette arbeidet, og kommunen arbeidet med tiltak innan grunnleggjande dugleikar, analysekompetanse og system for oppfølging av skolane.

Lund kommune får oppfølging av rettleiarar i Læringsmiljøprosjektet. I tillegg har Utdanningsdirektoratet bevilga middel for å styrke kapasiteten hjå skoleeigar som ein del av Oppfølgingsordninga. Utviklingsarbeidet har i varierande grad bidratt til kvalitetsforbedring. Vi er uroa for den manglande kapasiteten vi ser hos skoleeigar. Kapasiteten er manglande både når det gjeld forståing og håndheving av regelverk, kartlegging og analysekompetanse, kompetanse i å prioritere utviklingstiltak, og gjennomføring av utviklingsprosessar. Vi vurderer at skoleeigar har store utfordringar i sitt leiarskap. 

Forsand kommune er ikkje lengre eigen kommune. Dei er no ein del av Sandnes kommune og vil derfor bli ivaretatt av ein kommune med kapasitet både når det gjeld kartlegging og analyse av ståstad, prioritering av tiltak og kompetanseutvikling. Sandnes kommune har system for å arbeide målretta med kvalitetsforbetring. Samtidig er FM uroa for at dei problema som har vært vedvarande i Forsand skole vil bli "dekt over" når dei kjem inn i ein stor kommune.

Utsira kommune får hjelp av ein rettleiar tilsett i Haugesund kommune for å vidareføre igangsette kvalitetsutviklingstiltak. Kommunen har fått bevilga middel frå direktoratet for å drive dette arbeidet.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Alle berdskapshendingar av noko storleik blir evaluerte. Det skjedde også i 2019.

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Ingen avvik

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Ingen avvik

3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Gjennomført opplæring (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.1. Fylkesmannen skal kort beskrive opplæringen som er gitt NAV-kontorene, og begrunne sitt valg av omfang, form og innhold i opplæringen opp mot utfordringsbildet i NAV-kontorenes praktisering av tjenestene.

Fylkesmannen sine opplæringsaktivitetar er gjort greie for i pkt 3.1.2.1.1.1. Grunngjevinga for nettverk knytt til KVP og gjeldsrådgjeving er både at det er gitt særskilt oppdrag på desse områda, men og at der et område som treng ekstra merksemd, prioritet og fagleg påfyll. Nettverka vert førebudde av ei arbeidsgruppe som representerar NAV-kontora, slik at de problemstillingane som er aktuelle kan få rom i nettverkssamlingane.

Erfaringssamling om aktivitetsplikta blei etablert for å hjelpe NAV-kontora i startfasen etter at ordninga blei vedtatt og har hatt som føremon å løyse utfordringar, dele gode erfaringar og halde fokus på ordninga.

Nettverk om barneperspektivet i NAV er etablert for å bidra til at barnefamiliar får forsvarlege tenester frå NAV, for å tilføre kunnskap og dele erfaringar.

Samlingar for leiarar med fagansvar for dei sosiale tenestene i NAV vil kunne auke kunnskapen om sosialtenestelova i NAV-kontora og gi Fylkesmannen betre oversikt over sårbare område i tenestene.

Opplæringsdagen om KVP (ein halv dag i nordfylket og ein halv dag i sørfylket) hadde som mål at alle med oppgåver knytt til KVP skulle få en gjennomgang av lovendringa på området.

Redegjøre for forståelse og praktisering (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for forståelsen og praktiseringen av sosialtjenesteloven i kontorene i fylket/regionen.

Det er utfordrande å ha ei fullgod oversikt over korleis sosialtenestelova vert forstått og praktisert i alle kontora i fylket. Erfaringar frå tilsyn og klagesaker syner at nokre område  treng særleg merksemd:

  • Tilstrekkeleg kartlegging/dokumentasjon av brukaren sin situasjon/behov som grunnlag for konkret, individuell vurdering og utmåling av stønad/tildeling av tenester. Særleg vurderingar/stønad knytt til barnefamiliar og ungdom
  • Innhaldet i og tildeling av tenesta råd og rettleiing § 17
  • Saksbehandling knytt til refusjon § 26
  • Samarbeid med barneverntenesta
  • Utlendingar sin rett til sosiale tenester
  • Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet (fra kapittel 7.3.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive:
- Situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket
- Hvor god oversikt NAV- kontorene har over personer i målgruppen for KVP
- Om personer i målgruppen for KVP får tilbud om program
- Hva som kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP
- Om utfordringene med KVP har endret seg fra 2018
- Embetets arbeid med KVP i fylket

Som i tidlegare år er det stor variasjon mellom kontora i korleis arbeidet med KVP er organisert, i kva grad ordninga er prioritert i kontora og om ordninga er forankra i kommuneleiinga.

Kontora har i stor grad utvikla interne rutiner på området som gjer at dei generelt har god oversikt over personar i målgruppa for KVP.

Rogaland har hatt ei auke i antall deltakarar i KVI i 2019. Kontora melder om at dei har tatt inn fleire deltakarar som før ikkje var i målgruppa: personar i utdanning og personar som har hatt KVP tidlegare.

Trass i auke i talet på deltakarar, melder fleire kontor at det er for lite kapasitet til KVP- arbeidet i kontoret.

Kontora melder og om utfordringar med å finne tilstrekkelege tilpassa tiltak til at deltakarane kan få program på full tid, noko som gir størst utfordringar i dei mindre kommunane.

Framleis er flyktningar med dårleg norskkunnskap ei stor utfordring. Mange av desse har gjennomført introduksjonsprogram utan å lære norsk. Det er krevjande å finne gode, individuelt tilpassa tiltak til desse brukarane, både fordi kommunane sjølve manglar lågterskeltiltak og fordi NAV Rogaland har avgrensa kva statlege tiltak KVP-deltakarane har tilgang til. 

God forankring i leiinga, prioritering av arbeidet og tilsette som (i hovudsak) har KVP som sitt ansvarsområde er kjenneteikn ved NAV-kontor som arbeider godt med KVP.

Fylkesmannen understøtter NAV-kontora sitt arbeid på området gjennom halvårlege nettverkssamlingar. Tema for samlingane vert i stor grad fastsett på bakgrunn av behov i kontora. KVP er også tema på dei halvårlege NAV-leiarsamlingane som Fylkesmannen arrangerer for i samarbeid med NAV Rogaland, og i samarbeidsmøtene med KS o NAV Rogaland. KVP er ein del av opplæringa for nytilsette i NAV-kontora. I 2019 hadde Fylkesmannen og eigne opplæringsdagar i det nye regelverket på området.


Arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene (fra kapittel 7.3.1.5 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for sitt arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene, samt kort beskrive hvordan kommunene er fulgt opp.

Fylkesmannen har gjort greie for dette i pkt 3.1.2.1.2

Aktivitetsplikt (fra kapittel 7.3.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

Fylkesmannen har hatt ei samling for NAV-kontora for å dele erfaringar om aktivitetsplikta. I tillegg har vi innhenta informasjon frå kontora om arbeidet på området.

Utfordringane kommunane medler om kan kort oppsummerast:

  • Lite differensiert tilbud
    • mangel på lavterskeltilbud
  • Ventetid på tiltak/tjenester
  • Mange ungdommer har store utfordringar - traumer, vold, dårleg psykisk helse, frafall frå skule
  • Lave norskkunnskapar
  • Manglande oppmøte
  • Organisering av arbeidet i NAV- kontoret fører til at ungdommen får mange rettleiarar å forhalde seg til

Kommunane melder og om gode grep:

  •   Rask tilgang på aktivitet
  • Tett oppfølging og tilgjengelighet for brukar - mobiltelefon, SMS
  • Tett samarbeid med kommunale tenester, arbeidsgjevarar og marknadskontakt i NAV 
  • Organisering av arbeidet i eigne ungdomsteam Det er stor variasjon i kva grad aktivitetsplikta fører til overgang til arbeid eller utdanning. Enkelte kontor melder om 50-60% overgang, men dei fleste meiner det er vanskeleg å måle.

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med
kommunenes oppfølging av krisesenterloven, informasjonsarbeid overfor kommunene om faglig veileder for innhold og kvalitet i tilbudet, samt gi en kort vurdering av tilgjengelighet og kvalitet på tilbudet i fylket.

Fylkesmannen gjennomfører eit kartleggingstilsyn med samtlege kommunar sitt ansvar for krisesentertilbodet. Tilsynet blei påbegynt i 2018. Det er sett fokus på krisesentertilbodet til personar med alvorleg rusproblem, psykiske vanskar eller funksjonsnedsetting. Kartlegginga blei ferdig i løpet av 2019. Det betyr at kommunane har sendt inn svar på våre spørsmål. Svara kom seint. Det er sannsynleg fordi ingen i kommuneadministrasjonen har fått ansvar for oppgåva krisesentertilbod. Sjå kommentar nederst i rapportering under dette punktet.   Vi vil nå jobba vidare med å velga ut og fylgja opp kommunar som vi meiner har behov for oppfylging.

Vi har ikkje informert om fagleg rettleiar for innhald og kvalitet i tilbodet.Har planar om å samarbeida med RVTS om dette.

Fylkesmannen meinar at kapasiteten er god. Samtlege kommunar har krisesentertilbod gjennom avtale med vertskommunane Stavanger og Haugesund. Vi har ført tilsyn i sør og i nordfylket dei siste åra. Både i sør og i nord er kapasiteten god for vaksne med barn. Nordfylket har fått auka kapasiteten. Tilbodet omfattar nå ein leiligheit for funksjonshemma og ein leiligheit for menn. Vi har i klagesak som gjaldt alvorleg psykisk sjuk person, sett at krisesenteret i nord har tilbod til dei sjukaste. Dokumentasjon tilsendt i samband med saksbehandling viste det.

Fylkesmannen har ikkje informasjon som tilseier at kvaliteten på krisesentertilbodet i kommunane ikkje er  god.

 I tilsyn har vi sett at krisesentertilbodet er dårleg forankra i kommunane sin administrasjon. Kommunane har ikkje plassert oppgåva "krisesenter" på navngitte personar og det er ofte rådmannen som får brev om tilsyn etc.

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Rogaland har fortsatt to krisesenter som er lokaliserte i sør- og nordfylket. Omkringliggande kommunar har inngått samarbeidsavtale med kommunane Stavanger og Haugesund som er vertskommunar for dei to krisesentrene. Det er pr. i dag ikkje aktuelt å leggja ned desse.

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten. Når det gjelder ekteskapsloven § 18a andre ledd, bes fylkesmannen differensiere rapporteringen for saker ut ifra sakstype, dvs. etter om sakene gjelder bokstav a), b) eller c).

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

Fylkesmannen har motteke 88 søknader om godkjenning av utanlandsk skilsmisse. 74 søknader er godkjende. 14 søknader er framleis ikkje ferdigbehandla då det manglar naudsynt dokumentasjon.

Fylkesmannen har motteke 16 søknader om fritak for å legitimere skifte.10 søknader er innvilga. 1 søknad er avslått. 2 søknader er henvist til tingretten som rett instans. 3 søknader er ikkje ferdigbehandla då det manglar naudsynt dokumentasjon.

Fylkesmannen har motteke 950 søknader om separasjon.  Av disse er 585 søknader (62%) elektronisk innsendt. Ein søknad om separasjon er avslått.

Fylkesmannen har motteke 795 søknader om skilsmisse etter ekteskapsloven § 21.  Av disse er 486 søknader (61%) elektronisk innsendt. 26 søknader om skilsmisse etter ekteskapsloven §21 ble avslått

Fylkesmannen har motteke 32 søknader om skilsmisse etter ekteskapsloven § 22.  Av disse er 6 søknader (19%) elektronisk innsendt. 3 søknader om skilsmisse etter ekteskapsloven §22 ble avslått

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten. Fylkesmannen bes om å spesifisere sakstype etter hjemlene i barneloven.


Fylkesmannen har behandla 13 saker etter barnelova i 2019. Vi har fatta 4 vedtak. 3 saker gjeld stadfesting av avtale om foreldreansvar, samvær og kvar barnet skal bo fast etter § 55. 1 sak gjeld reisekostnader ved samvær etter barnelova § 44. Vi har gitt skriftleg råd og rettleiing i 9 saker.  

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Fylkesmannen mottek ein god del henvendingar og spørsmål knytta til barnelova, til dømes spørsmål om foreldreansvar, fast bustad, samvær og reisekostnader, men og spørsmål knyta til opplysningsrett etter barnelova § 47.  Vi får og spørsmål knytta til spørsmål om oppretting av bankkonto og søknader om pass. Sakene kjem pr. telefon, men nå stadig oftare via innsending av elektronisk skjema (sikker melding). Fylkesmannen gjer greie for regelverket, og korleis dette er å forstå, og gir rettleiing, både når det gjeld private partar, advokatar, og kommunar, (barnevern/helsestasjon/skule). Forholdet mellom barnelov og barnevernlov er eit tema når det gjeld førespurnader frå barnevernstenesta.  

I mange av sakene etter barnelova fyller ikkje partane dei formelle vilkåra for at Fylkesmannen kan behandle ei sak om foreldreansvar/fast bustad/samvær, det manglar til dømes meklingsattest, eller sak er berre reist av ein av partane. Desse sakene vert avvist av Fylkesmannen. I fleirtalet av sakene som kjem inn, vert partane rettleia med omsyn til korleis dei skal gå fram i sakene. I den samanheng vert det mellom anna informert om Fylkesmannen si kompetanse etter barnelova. Desse henvendingane vert i hovudsak besvart med brev, men som rettleiing, ikkje som formelle avslagsvedtak med klagerett. 

Fylkesmannen mottek elles generelt mange førespurnader på ekteskapsfeltet. Dei fleste gjeld saker om separasjon og skilsmisse, der ein etterspør status i sakene.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes opprinnelige foreldre i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Fylkesmannen i Rogaland mottok i 2019, 33 søknader frå adopterte om ønskje å få opplyst kven de biologiske foreldre er. Dette er 5 færre enn i 2018. Blant desse var det fleire forespørslar frå barn av den adopterte, som sjølv er død, som ville ha namn på biologiske besteforeldre.


Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Fylkesmannen har ikkje gjennomført tilsyn med familievernkontora i 2019.

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder Se meg – digitale kurs i barnevernet, delkurs 1 og Veileder for samarbeid mellom skole og barnevern.

Fylkesmannen deltek i et samarbeid med Bufetat og fylkeskommunen der me arrangerer nettverkssamlingar 2 gonger pr. år. På desse nettverkssamlingane deltek skuleansvarlege frå barneverninstitusjonar i Rogaland, i tillegg til fylkeskommunen, Fylkesmannen, PPT, OT, barneverntenesta i Stavanger, Møllehagen skulesenter m.fl. Veiledar for samarbeid mellom skule og barnevern vert teken opp på kvar samling. I tillegg er det også informert om det digitale kurset «Se meg» på ein av desse samlingane i 2019. Informasjon om det digitale kurset "Se meg" er også sendt til alle barneverntenestane og barneverninstitusjonane i Rogaland.

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28. Statens helsetilsyn skal ha kopi av årsrapporten.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeida årsrapport for 2019. Denne er sendt til Barne-ungdoms- og familiedirektoratet med kopi til Statens helsetilsyn.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere halvårlig på status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.


Status akuttberedskap.

Fylkesmannen i Rogaland har hatt  tett oppfølging av kommunane si akuttberedskap i 2018 og 2019. Alle kommunane i Rogaland har, ut frå  den mest oppdaterte kunnskapen vi har, ein formalisert akuttberedskap i barnevernet som dekkjer heile døgnet alle dagar i året, alle tidspunkt utover åpningstida til barneverntenesta. Kommunane har organisert akuttberedskapen på to måtar: Ein del kommuner inngår i interkommunale barnevernvakter mens resten sikrar det gjennom ein formalisert bakvaktsordning. Vi vurderer at alle kommunane oppfyller dei formelle krava til akuttberedskap som har blitt skissert i Bufdir sine brev om dette.

Ut frå tilgjengeleg normering om kva som ligg i at ein akuttberedskap skal vere forsvarleg, har vi vurdert at det ikkje er informasjon om at nokon av kommunane i Rogaland har ein uforsvarleg ordning per i dag.

Vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket

I løpet av hausten 2018 og første halvår av 2019 har vi gjennomført dialogmøte med alle kommunane/ tenestene i Rogaland. Tre tenester, 7 kommunar, blei vurdert å ha betydelege avvik (rød) som totalvurdering etter dialogmøta. Desse tenestene blei følgt opp individuelt i forhold til dei områda i drifta som hadde høg risiko. Det blei gjennomført fleire møter med desse tenestene.

Ved risikovurderinga av tenestene etter første halvår 2019, vurderte vi at ein barnevernteneste, to kommunar hadde betydelege avvik frå det som forventast i lov, forskrift eller god fagleg praksis (rød) som totalvurdering. Dette blei følgd opp individuelt.

Ved årsskiftet 2019/2020 vurderte vi på bakgrunn av den informasjonen vi hadde mottatt i kvartals- og halvtårsrapporteringa, at ingen barneverntenester hadde ein totalvurdering med høg risiko for svikt (rød). Det er likevel nokre tenester som har betydelege avvik frå det som er forventa i lov, forskrift eller god fagleg praksis (rød) på enkeltområder innanfor drifta. Dette blir følgd opp på fleire måtar, individuelt og i møter/ samlingar. Fleirtalet av barneverntenestene i Rogaland har mindre omfattande avvik på enkelte områder i drifta, og har difor ein totalvurdering på gul. Dei aktuelle områda blir følgde med på og tenestene blir følgde opp  ved vurdert behov. Vi planlegg og nye dialogmøter i 2021.

 I etterkant av dialogmøta ser vi at fleire kommunar har styrka kapasiteten i tenesta både på leiar og sakhandsamarsida.. Dialogmøta i ført til ei betre forankring av tenesta i administrativ og politisk leiing og ein betre kunnskap om utfordringar i tenesta.  Det generelle inntrykket er at dei fleste tenestene slit med kapasitet og i deler av fylket er det og utfordrande å rekruttera barnevernfagleg kompetanse.

 

Tros- og livssynssamfunn (fra kapittel 7.3.2.13.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over:

  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen 
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

I 2019 vart det 79 trussamfunn som søkte om tilskot sjå Fylkesmannen i Rogaland. Av desse fekk 5 avslag.

Det blei utbetalt kr 13 698 962,- i tilskot i 2019.

Det vart innsendt 4 søknader om registrering av nytt trussamfunn. 2 søknader blei godkjende og 2 blei avslått da lovens krav ikkje vart innfridd. Det var eit kristen og eit muslimsk trussamfunn som blei godkjent.

Fylkesmannen har hatt fleire møter med forstander i trussamfunn og godkjent fleire nye forstandere. Antall saker er stigande for kvart år. Interessen for trussamfunn er stor frå publikum og media. Det har vore skreve mykje i media om trussamfunn i 2019 og tilskotsordninga er stadig eit tema.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.2.14.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi har motteke 98 søknader om oskespreiing i 2019. 

Av desse blei 13 søknader avslegne

Ingen avslag vart påklaga.

78 søknader vart innvilga.

7 er framleis under handsaming då det manglar opplysningar.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.2.15.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Fylkesmannen behandla seks dispensasjonssøknader for å halde ope på sundager. Det blei gitt dispensasjon i alle seks sakene.

Vi mottok også ein søknad om å gi forskrift om typisk turiststad for Egersund sentrum og Hellvik. Søknaden blei avslått.

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket ut (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsetninger i Leve hele livet.

Leve hele livet reforma har ei rekkje stortingsmeldinger og planar som fundament. Kommunane har i mange år jobba i tråd med desse, og innsatsområda i reforma er godt kjende. Innsatsområda, aktivitet og fellesskap, mat og måltid, helsehjelp og samanheng i tenestene er oppgåver det vert jobba med i helse- og omsorgsavdelinger. Eit aldersvenleg samfunn fordrar samarbeid på tvers av avdelinger og sektorar, og heile storsamfunnet. På dette området er nok kommunane meir i startgropa.

Reforma Leve hele livet legg opp til forankring på leiar nivå og politisk behandling av stortingsmeldinga. I nokre kommunar er reforma allereie godt forankra.

Alle kommunane i fylket vart hausten 2019 inviterte til å delta på dialogmøte for å debattere innsatspunkta i kvalitetsreforma Leve hele livet. Alle kommunar møtte. Kommunane vart invitert inn i klynger. Kommunane vart delt inn i fem klynger.

I invitasjonen til dialogmøtene vart kommunane utfordra til på førehand å gå gjennom innsatsområda for å finne status i eigen kommune, for så å gje ein kort presentasjon på møtet. Alle tok utfordringa. Presentasjonane viste at innhaldet i reforma er kjent og målsetjingane sluttar dei seg til. Kommunane jobbar kontinuerleg med å utvikle tenestene og tilpassar seg behova i samfunnet. Mange av aktivitetane har målsetjingar som fell saman med med punkta i leve hele livet reforma. I dialogmøtene vart kommunane spurt om kva støtte det ønska frå det regionale støtteapparatet.  I alle klyngene vart økonomiske middel spurt etter. Hospitering og arena for erfaringsutveksling vart ønska, utarbeiding av rutinar samarbeid med frivillige, opprette partnerskap med næringslivet, og ikkje minst hjelp med forankring, haldningsendring og prosessrettleiing.

Fylkesmannen sitt inntrykk er at det kommunale helse- og omsorgstilbodet utviklar seg i tråd med målsetjing i reforma. Men det er meir enn dei kommunale helse- og omsorgstilboda som må utviklast for å nå mål om eit aldersvenleg Noreg

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

I Omsorgsplan 2020 går det fram at det skal leggjast opp til langsiktige omstillingsprosessar som skal sikre nyskaping, utvikling, samt kapasitet og kompetanse i helse- og omsorgstenestene. Fundamentet skal vera god kompetanse, godt leiarskap og fleirfagelg samarbeid.

Kommunane i Rogaland er opptekne av å få auka kompetanse og det var god søking til tilskotsordninga som Fylkesmannen forvaltar. Dei fleste kommnane opplever rekruttering til sjukepleirar og vernepleiar stillingar som utfordrane. Det å få tilskot til utdanningar gjer det lettare. Det var gitt tilskot til utdanning av 92 sjukepleirar og 50 vernepleirar. Dessutan fekk 75 personar støtte til ulik type leiarutdanning.

I løpet av året har det vorte arrangert i rekkje fagdagar og seminar. USHTane i fylket har gjennomført læringsnettverk, driv fagnettverk, pårørandesamlingar, ABC opplæring m.m. Det har vore stor intersse for å delta på slik aktivitet. Fylkesmannen har arranger fagdagar i samarbeid med ulike kompetansemiljø. Også for desse arrangementa har kommunane vist stor interesse.

Menn i helse har vore en suksess i Rogaland. Mange helserekruttar har gjennomført og fått fagbrev. Det har vore opplæringsklassar både sør og nord i fylket.

Mange kommunar ønskjer å prøve ut nye modellar/ måter å gje tenester på. 23 innovasjonsprosjekt fekk støtte. Det vert jobba godt med velferdsteknologi. Fleire sjukeheimar har fått støtte frå Husbanken til oppgradering av sjukesignalanlegg.

For å få velferdsteknologiske løysingar som ein integrert del av tenestetilbodet må det utarbeidast rutiner og mange må få opplæring. Dette vert det jobba godt med. Det er stor tilslutning til prosjekta som får støtte frå det nasjonale velferdsteknologi programmet. Mange kommunar er i ferd med å ta i bruk fleire og flerie tekniske løysingar. USHTane har fagnettverk og ABC- opplæring i velferdsteknologi. Her er det stor interesse. Manglande intergrasjon mot EPJ oppfattast frustrerande. Det er eit sort ønskje å få fortgang i prosess for intergrasjon i system. I dei minste kommunane vil det vera få personar som vil nyttiggjera seg av velferdsteknologi og då vil ei omfattande opplæring tykkjast lite nyttig.

Demensplan 2020 fekk merksemd i samband med nasjonal kartlegging. Kartlegginga viser at få kommunar har eigne demensplanar som er politisk behandla. Men mange har "hukommelseteam" og driv med systematisk informasjons- og opplysningsarbeid retta mot innbyggjarane. Fylkesmannen arrangerte fagdag med tema kring heimebuande med demenssjukdom i samarbeid med SESAM. Arrangementet fekk stor tilslutnad. Vi har inntrykk av at kommunane strekkjer seg mot mål i Demensplan 2020. Stattestikk frå Helsedirektoratet viser at 3810 hadde fullført Demensomsorga si ABC - opplæring per 3. tertial 2019.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på måloppnåelse for tilskuddsordning til kommunene 0762.60

Om lag 60% av tilskotet Fylkesmannen forvaltar til etablering av frisklivsentralar vart nytta i 2019. For vidare grunngjeving, sjå punktet under.

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilskudd til etablering og utvikling av kommunale frisklivs, lærings- og mestringstilbud bidrar til måloppnåelse.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Psykisk helse og rus

Tiltak i oversendt virksomhetsplan for Fylkesmannen sitt arbeid med psykisk helse og rus er gjennomført. 

Likevel er ikkje alle måla nådde. Vi ser ein nedgang i mengda kommunar som meiner OP rus har hatt ein rell effekt i kommunalt rusarbeid det siste året. Vidare rapporterer 35 % av kommunane at dei framleis manglar system på tvers av tenestene for identifisering av personar med behov for tidleg intervensjon ved rusrelatert problematikk.  Kan også nevnast at det framleis er usikkert om alle fylket sin oppsøkjande samhandlingsteam vil bli videreført utan tilskotsmidlar.

 Frisklivsentralar

I fylket vårt har nå 18 kommunar eit tilbod om frisklivssentral til innbyggarane sine.

Det var færre søknadar om tilskot dette året. Me lyste derfor ut tilskotsmidlane to gongar. Fem kommunar fekk tildelt tilskot frå ordninga. Om lag 60% av midlane i tilskotsordninga vart nytta.  

To kommunar fekk tilskot som bidrag til etablering av frisklivsstilbod, mens dei andre fekk til vidareutvikling og kompetanseheving. Fleire av kommunane som ikkje har frikslivssentral har lågt befolkningstal, vanskeleg økonomi og difor lite mota på å prioritera eit slikt tilbod nå. Me har hatt særleg merksame på desse kommunane og oppmoda til interkommunalt samarbeid slik at innbyggarane deira og kan få tilbod om ei helseførebyggande teneste.

Tilskotsordninga har bidratt sterkt til etablering av dei frisklivssentralane me i dag har. Etter vår meining bør ordninga halda fram slik at tilbodet kan vidareutviklas og få ei endå sterkare posisjon i den kommunale helsetenesta. Det er og viktig at det endå ei tid vil være mogleg for kommunar som ikkje har frisklivssentralar kan søka om støtte til etablering.

 

 

 

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.4.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.64.

Tilskot til styrking av habilitering og rehabilitering har vorte gitt i perioden 2017 til 2019. Halvparten av kommunane i fylket har søkt og fått innvilga middel frå ordninga. Det første året var det berre fem kommunar som fikk tilskot, men etter kvart som opptrappingsplanen og innhaldet i den vart betre kjent så auka aktiviteten.               

Det er gitt tilskot til etablering av kvardagsrehabilitering i fleire kommunar. Førbyggjaned tiltak, eigenmestring og samarbeid med  ulike verksemder, frisklivsentraler, NAV, hjelpemiddel sentral osv. har hatt fokus. Mange har vore opptekene av å styrke koordinerande eining. Gode rutinar og systematisk arbeid vert opplevd som nødvendeg å ha på plass for å gje tenester som er samanhengjande og koordinerte.

 Stavanger kommune driver eit prosjekt kalt IKART, som kan forklarast som eit interkommunalt ambulerande rehabiliteringsteam. Alle kommunane i Helse Stavanger området har slutta seg til prosjektet. Det er laga ein modell med rutinar for samhandling med kommunar og SUS. Prosjektet er i ein utprøvingsperiode, og til nå vert det rapportert om og gitt gode tilbakemeldinger både fra kommunar og spesialist helsetenesta. Avstandsoppfølging med videokonsultasjonar er tenkt å kunne nyttast, men til nå er det ikkje funne gode måtar å nytta det på i særleg grad. Video er kun vorte brukt til å gjennomføre møter.

Det var sett som eit vilkår for å få tildelt tilskot, at det skulle utarbeidast plan for habilitering og rehabilitering dersom dette ikkje allereie var på plass. Arbeid med plan har derfor hatt merksemd. 

Helsedirektoratet gjennomførte undersøking om habilitering og rehabilitering i kommunen i samband med opptrappingsplan på feltet både i 2017 og 2018. Det kom fram at det ikkje var stor utviklingen frå det eine året til det andre i Rogaland. Undersøkinga viste betring på nokre område og tilbakegang på andre.

Det tek noko tid å starte opp prosjekt. Nøkkelpersonell skal rekrutterast og rutiner skal på plass. Det kan ta mange månadar frå prosjektmiddel er innvilga til prosjekt er i gang. Eit prosjekt og eit tiltak må gå over noko tid før det er muleg å sjå effekten av det. Mange gode tiltak er satt i gang i Rogaland som følgje av opptrappingsplanen og tilskotsordninga. 

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Viser til det som står i punkt 7.3.3.4.2 om aktivitet som er kome i gang som følge av tilskotmidlar. Aktivitetar som er sette i gang er tiltak som har mål i tråd med opptrappingsplanen.

Det er eit mål at brukarar skal ta aktiv del i rehabilitering og kunne meistre livet med helseutfordringer. Ein ønskjer at habilitering og rehabilitering i størst muleg grad skal skje der livet vert levd.

Kommunane tilbyr tenester innan habilitering og rehabilitering. Dei har fokus på samarbeid, samanheng i tenester og utvikling av gode rutiner.

Det er avgjerande med spesialisert medisinsk fagleg kompetanse for å  kunne gje gode tenester. Vi vurderar at dei store kommunane utviklar seg i den retning og aukar kompetansen på området, men at dei minste kommunane har eit stykke igjen. Oppfordring til interkommunalt samarbeid og stimuleringsmiddel vil vera gode tiltak 

Tilsyn av verger (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på totalt antall kontrollerte vergeregnskap i 2019. Det skal oppgis hvor mange av disse vergeregnskapene embetet har plukket ut og kontrollert basert på egne risikovurderinger.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall vergemål som har vært gjenstand for tilsyn i 2019 utover regnskapskontroll, både planlagte og hendelsesbaserte. Fylkesmannen skal i tillegg kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp. Dette skal inkludere rapportering av gjennomføring av oppdrag 3.3.2.1.6 i tildelingsbrevet.

Vi har hatt 440 kontrollaktivitetar, der 220 er godkjent, 123 er godkjent med merknad, 57 ikkje godkjent, 12 ikkje rekneskapsplikt og 13 der verjehavar er død eller det blei bytta verje før 30.04. (særskild rekneskapskontroll på desse). Vidare er 15 blitt avslutta av ulike grunnar. 

Vi plukka ut 2%, medrekna 45 saker baserte på eigne risikovurderingar. Vi valde vanlege og nærståande verjer som ikkje tidlegare var blitt kontrollert.

Vi har gjennomført tilsyn med alle faste verjer med meir enn 20 oppdrag, medrekna 13 verjer med til saman ca. 500 verjemål. Verjene har fått ein del informasjon samt svart på spørsmål om dei konkrete verjemåla, og om eiga utføring av verjerolla. Som ein direkte konsekvens av tilsynet har vi blant anna endra rutinane våre for når vi engasjerer advokatverjer, samt begynt å praktisere ein meir restriktiv praksis for når advokatar kan få salærsats for verjeoppdrag.  Vi har også erfart at det har vore nyttig at rettsutviklinga om sjølvråderett tydeleg er blitt framlagd for dei faste verjene, med moglegheit for oppfølgingsspørsmål i oppfølgingssamtalen. Ved det planlagde tilsynet har vi også fått betre innblikk i kva konkrete oppgåver verjene utfører for verjehavarane og omfanget av kontakten mellom verje og verjehavar.

Når det gjeld hendingsbaserte tilsyn så har ikkje VERA hatt støtte for dette før rundt årsskiftet. Vi har såleis ikkje motteke tal/statistikk på tilsynsaktivitetar frå SRF. Vi har likevel hatt vår eiga registreringsløysing i SharePoint der det er registrert ca. 20 tilsyn. Ein må her leggje til grunn at det kan ha vore noko underrapportering. Vi har blant anna avdekt forsøming av oppgåver (eks. manglande betaling av rekningar), mangelfull ivaretaking av verjehavar sin autonomi/vilje, samanblanding av økonomi/økonomisk rot og underslag. I nokre av tilfella har det vore nok å rettleie verje, i andre tilfelle er verje fråteken oppdraget. Der verje har underslått er forholdet blitt meldt til politiet.

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en vurdering av andelen opprettede vergemål for voksne hvor det er gjennomført samtale med vergehaver gjennom 2019.

Fylkesmannen skal kort rapportere på hvordan metoden for samtaler utarbeidet av Statens sivilrettsforvaltning har blitt tatt i bruk og hvilke erfaringer som er gjort gjennom året.

Vi har i 2019 gjennomført 165 samtalar ved oppretting av verjemål for vaksne av totalt 339 oppretta verjemål. Dette utgjer 48,7% av alle saker.  Vi gjennomfører i utgangspunktet samtale med alle verjetrengande, men må i nokre tilfelle la vere då verjehavar er så svekka at vedkomande ikkje vil kunne gjennomføre samtale (typisk ved langtkomen demens). I sistnemnde tilfelle er den verjetrengande ikkje samtykkekompetent og det er avklart at ho eller han ikkje motset seg verjemålet (så langt dette lèt seg gjere). Etter den nye lovtolkinga går vi no svært langt i å kartleggje at den verjetrengande ikkje på noko vis motset seg verjemålet, sjølv om vedkomande er vurdert å ikkje vere samtykkekompetent. Vi praktiserer verjemål oppretta etter § 20 som ei fullt ut frivillig ordning.

Vi har teke i bruk metodikken «Med den andre for øye» og ser kor viktig det er å møte verjetrengande, pårørande og verjehavarar med respekt og forståing. Vi erfarer at ein nokre gonger kan oppnå at ein verjetrengande etter samtale og dialog kan gå med på eit frivillig verjemål utan at det er behov for å gå vegen om fråtaking av handleevna. Dersom ein greier å forklare på ein god måte kva eit verjemål inneber kan fordomar rydjast av vegen og uklarheiter avklarast, noko som kan resultere i ein lettare og betre prosess vidare. Vi har også «teke i bruk» tankesettet kring libertariansk paternalisme (ref.: Cass Sunstein), også omtalte som «dulting», der målet er å påverke verjehavar eller -trengande sine handlingar i ønska retning utan bruk av tvang.

Fratakelse av vergeoppdrag (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på hvor mange verger som er fratatt sitt oppdrag i 2019 som en konsekvens av funn i regnskapskontrollen.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall verger som har blitt fratatt vergeoppdrag i løpet av 2019 på bakgrunn av andre tilsyn og en kort redegjørelse om årsaker til fratakelsene.

Som ein direkte konsekvens av funn i rekneskapskontrollen er/eller skal 18 verjer bli fråtekne oppdraget sitt.

VERA har for 2019 ikkje hatt støtte for rapportering av statistikk om kor mange verjer som er fråtekne verjeoppdraget, jf. verjemålslova § 29 andre ledd. Vi har derfor ikkje mottatt tal på fråtakelsesaktiviteter frå SRF. Det blir såleis berre mogleg å gi eit omtrentleg estimat på ca. 10 verjer. Dette inkluderer saker der vi har fått bekymringsmelding frå barnevernet, der verje ikkje har tatt hand om verjehavar sine interesser på forsvarleg måte og/eller disponert direkte i strid med interessa til verjehavar. Vi har også hatt eit tilfelle av overfakturering/underslag og eit tilfelle der nærståande verje ulovleg gav seg sjølv arveforskott.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved gjennomgang av løpende saker når dette har vært hensiktsmessig.

Vi er medvitne om at mandatet skal spegle den verjetrengjande sitt behov og at behovet må «avdekkast» ved samtale med verjetrengjande, nærståande og eventuelt hjelpeapparat. Ved gjennomgang av verjerekneskap har vi avdekt fleire tilfelle der det ikkje har vore behov for verjemål, eller mandatet har vore for vidt. Vi har i desse tilfella fått rydda opp i eldre verjemål og avslutta eller gjort dei meir tilpassa verjehavaren. Vi informerer og lærer dessutan opp verjene i samtalemetodikk og sjølvråderett, jf. CRPD, og den endra forståinga av §§ 20 og 33. Vi har også hatt gjennomgang av verjemål etter tilsynet av alle verjer med fleire enn 20 oppdrag, der vi basert på rapportar og samtale har sett at mandatet ikkje er tilstrekkeleg individtilpassa.

Vurdering - gjennomføring og oppfølging av oppdrag 3.3.2.2.4 (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en beskrivelse og vurdering av
gjennomføringen av oppdrag 3.3.2.2.4. Fylkesmannen skal også gi en kort beskrivelse av hvordan erfaringene fra oppdraget tenkes fulgt opp fremover.

Vi opplevde ikkje særleg pågang etter utsending av brev «Oppdrag sjølvråderett». Ein årsak til dette er at vi i forkant av oppdraget allereie praktiserte endringa slik denne kom fram av fråsegna til lovavdelinga datert 20.03.18. Følgjande går fram av statistikk vi har fått av SRF for Fylkesmannen i Rogaland:

Tabell 1. Dette er totalt antall personer hvor det pågår eller har blitt avsluttet en aktivitet 

«16 avslutt sak, 6 behandle andre dokumenter, 4 endre sak, 1 fritekstbrev, 60 oppfølgingsaktivetet, 1 voksen, totalsum 88» 

Tabell 2. Dette er antall personer hvor saken er avsluttet 

«2 avslutt sak, 1 oppfølgingsaktivitet, totalsum 4» 

Tabell 3. Antall personer hvor saken har status «Under avvikling» 

«6 avslutt sak, 1 oppfølgingsaktivitet, til sammen 7» 

Tabell 4. Antall personer hvor saken har status «Løpende» 

«8 avslutt sak, 6 behandle andre dokumenter, 4 endre sak, 1 fritekstbrev, 57 oppfølgingsaktivitet, totalsum 76». 

Direkte relatert til «oppdrag sjølvråderett» har vi ikkje hatt fråtakingssaker per 2. tertial. Vi har innretta oss etter den nye forståinga av samtykkekravet også til ikkje samtykkekompetente personar, jf. § 20 andre ledd. Vi legg til grunn at alle gjeldande verjemål hos Fylkesmannen i Rogaland i utgangspunktet er fullt ut frivillige. 

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Viser til tabell for antall saker sakstypar behandla i perioden.

Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknadar er på ca. 2 måneder. Utbetaling for stykkprissaker mv. blir gjort fortløpande.

Økonomisk dispensasjon: Her er det for fritt rettsråd gitt dispensasjon i 17 saker og avslag i 42 saker. For fri sakførsel er det gitt dispensasjon i 1 sak og avslag i 1.

I 2017 betalte Fylkesmannen i Rogaland kr 462 719,- til tolk i saker om fri rettshjelp. I 2018 var dette talet kr 156.570,-.  I 2019 er det berre betalt ut kr 96.670,46 til tolk.  Dette er ein betydeleg nedgang, og skuldast framfor alt at det er langt færre asylsøkarar som har kome til Noreg dei siste åra.

I 2017 blei det betalt ut kr 11.641.172,- i fri rettshjelpssaker.  I 2018 var dette talet kr 10.418.160,-.  Talet er i 2019 redusert til kr 9.361.284,95.  Dette er ein nedgang på kr 2.279.886,57 frå 31.12.2017 til 31.12.2019. Nedgangen i asylsaker og inntektsgrensene, som ikkje har blitt endra sidan 2009, er etter vår erfaring årsakene til nedgangen i utbetalingar.  Vi reknar med at nedgangen i utbetalingar vil halde fram og i 2020.

.

 

 

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

I 2017 betalte Fylkesmannen i Rogaland kr 462 719,- til tolk i saker om fri rettshjelp. I 2018 var dette talet kr 156.570,-.  I 2019 er det berre betalt ut kr 96.670,46 til tolk.  Dette er ein betydeleg nedgang, og skuldast framfor alt at det er langt færre asylsøkarar som har kome til Noreg dei siste åra.

I 2017 blei det betalt ut kr 11.641.172,- i fri rettshjelpssaker.  I 2018 var dette talet kr 10.418.160,-.  Talet er i 2019 redusert til kr 9.361.284,95.  Dette er ein nedgang på kr 2.279.886,57 frå 31.12.2017 til 31.12.2019. Nedgangen i asylsaker og inntektsgrensene, som ikkje har blitt endra sidan 2009, er etter vår erfaring årsakene til nedgangen i utbetalingar.  Vi reknar med at nedgangen i utbetalingar vil halde fram og i 2020.


 

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.3 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:

  •  Ny sjekkliste som er utarbeidet til ROS-analyser
  •  Fylkets klimaprofil blir brukt under kommunens planleggingsarbeid og i ROS-analyser. 


Det har vore ulike sjekklister i bruk, og i våre uttaler viser vil til ny sjekkliste. Vi har hatt møte med SMART-kommunane og deira plangruppe.

Vi viser ofte til klimaprofilane, men ser ikkje at dei blir så mykje brukt i ROS-analysane til planar. Klimaendringar i profilane blir i stor grad lagt til grunn for ROS-analysane. Tal vert mykje brukt i rapportar frå fagkyndige.

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

For hvilke storulykkevirksomheter er det etablert hensynssoner?

Vi har ikkje laga ei oversikt over dette, men følgjer det opp i våre uttaler til kommuneplanane. Videre følgjer vi det opp når reguleringsplanar ligg i buffersoner, med krav om at dette blir vurdert.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Hvilke tiltak vurderer embetet har vært viktigst for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

Vårt arbeidet med samfunntryggleik i planar blir prioritert. Vi brukar mykje ressursar på å gå gjennom kommuneplanar og reguleringsplanar og gir innspel til kommunane gjennom Fylkesmannen si samla fråsegn. I nokre tilfelle gir vi motsegn.

Vi vil også trekke fram 2 årlege møte i fylkesberedskapsrådet som ein arena for samordning og det årlege møtet med kommunale beredskapskoordinatorar. 

Det er vidare mykje god førebygging i at vi drar på tilsyn og  arrangerer/deltek på øvingar med kommunane.

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Vi har laga første versjon av eit underliggande planverk på regionalt nivå for SBS. Dette arbeidet har vore ein dugnad på tvers av alle embeta.  

Videreutvikling av sivilbeskyttelsestiltak (fra kapittel 7.3.4.8 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status i arbeidet med å bistå Sivilforsvaret i pilotprosjekt for videreutvikling av sivile beskyttelsestiltak.

Vi har deltatt i arbeidet med kart og GIS. Vi har vore med å diskutert kva områder som ligg utsatt til, kva som er er status for tilfluktsrom i desse områda og om det er tyfonvarsling. Vi har hjelpt sivilforsvaret med å finne ut kor mange personar som budde innanfor definerte område ved å krysskoble informasjon. 

Status øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for status på gjennomførte øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene. 

Vi har øvd kriseorganisasjonen til 5 kommunar i Rogaland i 2019. Det var 26 kommunar i 2019. I tillegg hadde 5 kommunar på ytre-Haugalandet ei øving om atomtryggleik 22. januar 2020, men mykje av planlegginga som Fylkesmannen var med på fann stad i 2019. 

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Vi viser til tidligere rapportering på dette gjennom email 8/1-2020 der avvik er forklart.  Generelt er store vakanser og skifte av nøkkelpersonell grunnen til at vi ikke hadde kapasitet og oversikt nok på slutten av året til å få brukt opp alle prosjekt-, tilskotts- og gebyrmidler på en optimal måte.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Status på arbeidet med godkjenning og re-godkjenning av avfallsplaner i havner.

Dette arbeidet går framover i rykk og napp ut frå om vi greier å setje ressursar på det. Rogaland ligg slik vi forstår relativt godt an. Om det er ynskjelegog vi får øyremerkte ressursat til det,  kan vi ta på oss eit fellesprosjekt på dette feltet slik at Noreg kjem betre ut etter kvart på rapporteringa til EU.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Status på gjennomførte tiltak mot fremmede organismer.

Arbeidet med framande artar går godt. Med meir personellressursar internt kunne vi fått til enno mykje meir isamarbeid med kommunar, grunneigarar, hagelag, vegvesen, gartnernæring osv.  

Vannforvaltningstiltak (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Status på vannforvaltningstiltak i vedtatte regionale tiltaksprogrammer fra 2016 innenfor eget myndighetsområde, ved utdrag/utskrift fra Vann-Nett.

Dette går ikkje så raskt som vi skulle ynskje. Vi er fullstendig klar over at vi burde vera "best i klassen". Men vi har ikkje eingong kapasitet til å beskrive dette fullt ut no i denne rapporten.  Ta kontakt om det er behov for at vi rapporterer meir konkret på dette temaet.

Utvalgte naturtyper (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Status på utvalgte naturtyper (UN):

1) Antall plansaker som berører UN-lokaliteter.

2) Antall plansaker hvor det er tatt hensyn til UN-lokaliteter.

Sjå tabell under. Vi har ikkje kapasitet no til å gå gjennom å få dette heilt korrekt. Det er generelt svært mange plansaker som berører kysthei i Rogaland.  Store vegsaker og ei aktiv mineral-næring er det som gjev størst innhogg i tillegg til framleis oppgjødsling på grunn av manglande spreieareal, skogplanting med gran, spreiing og naturalisering av sitka samt tydeleg naturleg suksesjon med einer, bjørk og furu der beite med "rødt kjøt" opphøyrer.  

Endra etterspørsel etter sauekjøt kan antagelig eskalere dei to siste momenta. Men det kan og hende  klima og miljøverninteresse blant forbrukarane kan styrke produksjon av kjøtt på ugjødsla tradisjonelle beiter. Det kan det ligge ei framtidsvon i for kystlhei-fylket Roglaland.

Sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner (fra kapittel 7.3.5.6 i TB)

Rapportere på

Status på sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner: Det skal rapporteres på følgende: Antall nye pålegg som er gitt, antall løpende pålegg og antall frivillige avtaler med konsesjonær. Rapport om løpende pålegg skal deles i pålegg om fiskeutsetting og øvrige pålegg

Nye pålegg:

Aktieselskabet Saudefaldene: I 2019 gav Fylkesmannen i Rogaland ett nytt pålegg til regulant. «Vedtak om endring av pålegg om fiskeutsetting i fjellvatn - Aktieselskabet Saudefaldene» datert 4.11.2019.

Fister Smolt AS: Videre har vi i 2019 drevet krevende oppfølging av pålegg til Fister Smolt AS gitt i 2018. Pålegget var godt samkjørt med NVE, men tiltakene er fortsatt ikke gjennomført.

 

Frivillige tiltak:

Bjerkreimsvassdraget – Gjedrem & Holmen Elverk: Vi har i 2019 prioritert å jobbe videre med å få på plass varegrind på anadrom strekning ved konsesjonsløst kraftverk i nasjonalt laksevassdrag. Tegninger er nå nesten klare og det er realistisk at tiltaket kan realiseres som «frivillig» tiltak i 2020.

Dirdalsvassdraget – Sira-Kvina Kraftselskap: Vi har jobbet videre med kunnskapsinnhenting vedrørende bygging av fiskepassasje for forlengelse av anadrom strekning i vassdraget. Regulanten vi søke om gjennomføring av tiltaket i 2020 som frivillig tiltak.

Suldalsvassdraget – Statkraft. I 2019 fikk vi regulant til å finansiere habitatkartlegging i Killdalselva, innløpselv til Suldalsvatn (reguleringsmagasin i nasjonalt laksevassdrag). Kvilldalselva er produksjonsområde for laks, aure/sjøaure og kanskje storaure.

 

Løpende pålegg:

Det er seks regulanter som har pålegg om fiskeutsettinger i reguleringsmagasin i Rogaland. Flere av påleggene om utsetting er midlertidig stanset for flere år siden. Det er i dag tre regulanter som setter ut kultivert fisk/flytter villfisk til reguleringsmagasin.

I 2019 fikk vi innhentet rapporter fra fiskeundersøkelser gjennomført i reguleringsmagasin i regi av alle regulanter i Rogaland. Dette skal være grunnlag for vår vurdering av behov for endringer i eldre pålegg. Gjennomgang av rapportene og vurdering av gamle pålegg måtte prioriteres ned i 2019 på grunn av stor arbeidsmengde på naturseksjonen.

Sjå tabell og kommentar under.

Grunnforurensning (fra kapittel 7.3.5.7 i TB)

Rapportere på

Status på arbeidet med å kvalitetssikre og oppdatere grunnforurensningslokaliteter i Grunnforurensning.

Dette arbeidet går godt framover og vi er over halvvegs. Vi har også fått tilført forurensingsseksjonen nyttig brei geologisk kompetanse gjennom denne stillingen. Prosjektleiaren vår vert også nytta til å halde foredrag i andre deler av landet om dette. Samarbeidet mellom dei tre aktuelle fylka og Miljødirektoratet, går fint. Dette er ein modell me svært gjerne kan bruke i framtidige fellesprosjekt på andre områder, td til å få endelig kontroll over avfallsplanar i hamn.

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Fylkesmannen i Rogaland hadde samordningsmøte med Statens Kartverk, Arkivverket, Arbeidstilsynet, Mattilsynet og kontrollutvalssekretariata 25. november 2019. I møtet informerte vi om våre planer for 2020, og om bruk av ny tilsynskalender. Tilsvarande vart gjort i 2018. Tilsyna for 2019 ligg i vår eigen tilsynskalender som vi føreset at dei andre statlege tilsynsmynda tek omsyn til i si planlegging av tilsyn. Vidare har vi sendt ut eit samordna brev om dei planlagde tilsyna for 2020 i desember 2019 og for 2019, i desember 2018. I brevet oppfordrar vi kommunane om å ta kontakt med tilsynskoordinator ved behov for dialog om planlegging og gjennomføring av tilsyn. 

Vi har ikkje motteke tilbakemeldingar frå kommunane på at tilsynsbelastninga er for høg. Utdanningsavdelinga har likevel sett at nokre av tilsyna var for omfattande. Det har ikkje vore eit problem i sjølve gjennomføringa av tilsynet, men det er krevjande for kommunane å rette opp. 

I 2019 gjekk Fylkesmannen ikkje på tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap i Lund kommune på grunn av ein planlagt eigenkontroll på same tema. Arkivverket valde etter samordningsmøtet i 2018 å utsetje eit tilsyn med fylkeskommunen grunna planlagt eigenkontroll. Basert på rapporten valde dei til slutt å la vere å gå på tilsyn der. Vår vurdering er at tilsyna i Rogaland er godt samordna, men Fylkesmannen har likevel ikkje den totale oversikta per i dag. Det vil vi få med ny felles nasjonal tilsynskalender.

I 2019 har vi også arbeidd med planlegging av ein tilsynskonferanse for kommunane, som vert arrangert i februar 2020. På konferansen deltek også dei andre statlege tilsynsmyndigheitene vi samordnar oss med. Eit hovudtema for konferansen blir korleis vi kan medverke til at tilsyn fører til læring og betring i kommunane.

Hos Fylkesmannen i Rogaland har vi også stor fokus på læring i gjennomføringa av tilsyn. 

I tilsyn med samfunnstryggleik og beredskap inviterte vi kommunane som skulle få tilsyn i 2019, til eit felles rettleiingsmøte i februar. 

I tilsynet med spesialundervisning blei alle skulane med spesialavdelingar inviterte, og vi informerte om inkluderingsprinsippet, skuleplassering og likebehandling. Vi hadde også eit eige møte med kommuneadministrasjonen for å rettleie om inntak til spesialavdelingane, og med det sikre likebehandling.

I tilsyna med skulemiljø blei naboskular og barnehagar inviterte til opningsmøtet, i tillegg til ein nabokommune. Deltakarane hadde lest ein tilsynsrapport frå ein annan kommune som førebuing. I møtet reflekterte dei over eigen praksis i Learnlab og i grupper.

Før rettleiinga i tilsynet etter introduksjonslova, ble det sendt ut lovgrunnlag og oppgåver. Oppgåvene skulle drøftast individuelt og i grupper. På rettleiingsdagen ble deltakarane delt i grupper på tvers av einingar. Det var svært brei deltaking frå kommunen, med fleire kommunalsjefar og sektorar. Det var også 4 hospiterande kommunar med.  

I tilsynet med spesialpedagogisk hjelp hadde vi stort fokus på at kommunen skulle være aktiv i alle delar av tilsynet, fordi vår kjennskap til kommunen tilsa at auka bevisstgjering knytt til dagens praksis var avgjerande for endring. I sluttmøtet la vi opp til dialog rundt funna.

Når vi skriv rapporter etter forvaltningskontrollane, bruker vi plass på korleis reglane er og på å forklara kva kommunane har gjort feil. Det gjer at rapportane er nokså omfattande, men det gir ei god forklaring på dei avvik og merknader som er gitt. Vi bruker og tid på rettleiing i regelverket der vi ser at kommunen har feiltolka eller misforstått.

På tilsyn med grunnforureining informerte vi om kurset hos NGI/mdir og følgte opp at dei hadde meldt seg på i etterkant. Vi hadde også eit seminar i forkant av tilsyna og vi laga ei nettsak knytt til oppfølginga av avvik i etterkant.


Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

Utover uformell, fagleg kontakt med kommunane gjennom året, blir vårt rettleiingsarbeid utført gjennom nettsaker, brev og nokre få samlingar per år. Program for vår årlege konferanse om kommuneproposisjonen mm. blir utforma i samarbeid med KS. Om hausten inviterer vi kommunane til samling om statsbudsjettet. I 2019 begynte vi å utforske nye alternativ for grensesnitt og kommunikasjon med kommunane. For 2020 vil vi prioritera dette, i tråd med KMD sin ikt-strategi for embeta.

Når det gjeld KOSTRA-rapporteringa, bruker vi aktivt SSB si statusoversikt for innrapporteringa. Denne løsninga gir berre oversikt over skjemaer som er rapportert eller ei, ikkje dei tal som faktisk er sendt inn. Etter at dei foreløpige tala har kome, gjennomgår vi desse for å avdekke evt. manglar. Fokus har vore på eigedomsforvaltning. Vi tar kontakt med kommunar som manglar skjema eller data. Elles sender vi påminningar og skriv nettsaker om KOSTRA i dei ulike fasar av årshjulet. SSB sendte tre purringar på arealdata i fjor, men vi får ikkje kopi av desse og kan dermed ikkje tilpasse våre purringar til SSB sine. Her ligg det nok ein potensiell gevinst i betre koordinering på tvers av verksemder. 

Behovet for rettleiing til kommunane er betrakteleg mindre nå enn dei første åra etter at KOSTRA blei innført - for snart 20 år sidan. I tillegg kjem at nye digitale løysningar og chatbotar (f.eks. SpørKOSTRA frå 2018) har gjort kommunane i mykje større grad sjølvhjelpne.

Når det gjeld bruk av KOSTRA-data i styringa har vi inntrykk av at dei aller fleste kommunane bruker KOSTRA i forbindelse med budsjett og økonomiplan, og årsrapporteringa. Nokre inkluderer også KOSTRA-analysar ved tertialrapportering og saksutgreiing gjennom året.

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.2.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Vi har ikkje hatt kommunar i ROBEK i 2019. Vi har ein kommune i faresonen og det blei derfor initiert tettare oppfølging av denne. Økonomisk og demografisk utvikling kan føre til auka økonomisk ubalanse for dei mest såbare kommunane, med konsekvensar for ROBEK-registrering frametter. Bemanninga på kommuneøkonomiområdet blei derfor noko styrkt frå slutten av 2019.

Skjønnsmidler (fra kapittel 7.3.6.2.3 i TB)

Rapportere på

Omtale av prosess med kommunene i tildelingen av skjønnsmidler for 2020.

Vi har i 2019 arbeidd med vridning frå ei relativt modellmekanisk fordeling til meir heilskapleg skjønnsvurdering. Vi legg eit breitt spekter av statistikk og analyser til grunn, KOSTRA, demografidata og -framskrivingar, saman med informasjon vi får frå gjennomgang av innsendte styringsdokument frå kommunane. Nokre kommunar sender oss søknad/innspel om basisskjønn/kompensasjonsskjønn, men dei fleste let ikkje høyre frå seg. Vi legg til rette for – og krev – fleire innspel i 2020, som ein del av vår vidareutvikling av fordelingsprosessen.

Vi gjer ei heilskapleg vurdering av kommunane sin økonomi og behov, samstundes som det er krevjande å trappe ned på veletablerte skjønnstildelingar. Nokre av kommunane har vore vant til å få skjønnstilskot til einskilde tenesteområder. Vi har i 2019 stramma opp kommunikasjonen vår og blitt tydelegare overfor kommunane på dei vurderingar vi no gjer i tråd med føringar frå departementet.

Vi har i 2019 starta ein utviklingsprosess for å oppnå meir dialog med kommunane om skjønnstilskotet frå 2020.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Omtale av virkninger og resultater av prosjektene. Noen få innovasjonsprosjekter kan trekkes spesielt fram.

Dei siste to åra har brorparten av innovasjonsmidla blitt tildelt eit fellesprosjekt, DigiRogaland. Dette prosjektet har utvikla seg til eit samarbeid mellom alle kommunane i Rogaland om å ta i bruk digitale verktøy for å gi betre teneste til innbyggarar og næringsliv. 

DigiRogaland har blant anna jobba med to nasjonale prosjekt og eit regionalt. Dei brukar vidare også erfaring frå prosjekt i ein kommune til å effektivisere og forenkle innføringa i de andre kommunane. 

Fylkesmannen deltar aktivt i utforming av innovasjonskonferansen i Rogaland saman med nokre av kommunane, KS og Universitetet i Stavanger. Denne konferansen er ein viktig arena for inspirasjon og deling av gode innovasjonserfaringar mellom kommunar og andre. I 2019 hadde innovasjonskonferansen om lag 350 deltakarar. Tema for konferansen var digitalisering og innbyggarinvolvering, med foredrag og inspirasjonstorg som presenterte 13 kommuneprosjekt.

Vi presenterer kvart år ordninga med prosjektskjønn til innovasjon og fornying på Fylkesmannen sin felles tilskotskonferanse i januar.

Vi har så langt ikkje gitt eigne føringar for innovasjonsprosjekta utover dei KMD gir i retningslinjene for skjønnstilskotet, men vi har gjennom 2019 arbeidt med utvikling av også dette området, for gjennomføring i 2020. 

Vi mottok i fjor 19 søknader om innovasjonsmidlar via portalen. Søknadene utgjorde til saman nesten 15,7 mill. kroner. DigiRogaland fekk 3 mill., fem innovasjonsprosjekt fekk til saman 1,67 mill. og innovasjonskonferansen fekk kr 50.000, i alt 4,72 mill. til innovasjon i fjor.

Som nevnt utgjer skjønnsmidlar til prosjekt berre en svært liten del av samla innovasjonsaktivitet i Rogaland. Vi vil derfor kort omtale nokre gode eksempel frå vår største og vår minste kommune.

Stavanger kommune satser på innovative innkjøp. Dei fekk i fjor gjennomført ein forvaltningsrevisjon av innovasjon ved offentlege innkjøp og vil bruke innkjøp strategisk for å bidra til innovasjon i tenesteproduksjonen. Stavanger deltar også i eit H2020 EU-prosjekt knytt til nye løysningar med kunstig intelligens. Hausten 2019 testa kommunen ut opplegg for agil pilotering for å stimulere bedrifter til å utvikle gode løysningar i samarbeid med kommunen.

Utsira, den minste kommunen i landet, satsar på prosjekt med potensial for bærekraftig næringsutvikling og skalering. Dei har ikkje søkt prosjektfinansiering frå skjønnstilskotet, men deltok i DOGAs innovasjonskonkurranse i 21019. Utsira er ein av to vinnarar frå den første delen av konkurransen, som fortset no i 2020.

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

Vi har også avvist 2 klager fordi vilkåra for lovlegkontroll ikkje var oppfylde. Ei sak er sendt til KMD for behandling, og fleire oppmodingar om lovlegkontroll av eige tiltak er avvist då det ikkje var særlege grunnar som tala for lovlegkontroll av eige tiltak.

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.4.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Fylkesmannen har hatt stort fokus på rettleiing i ny lov i 2019. Vi har informert om økonomiføresegna og kommunal og statleg kontroll på kommuneøkonomidagen i mai, om vertskommunesamarbeid i juni og vi har halde kurs for tilsette i politisk sekretariat i august om val til formannskap og utval m.m. Vi deltok også etter invitasjon på politikaropplæring for nytt kommunestyre i Klepp med eit innlegg om ansvar og ansvarsfordeling kommunestyre og kommunedirektør, habilitet, lovlegkontroll og møteoffentlegheit.

Vi har fått mange spørsmål knytt til val av utval og råd i samband med kommunevalet 2019, i tillegg til det er det alltid ei god del spørsmål knytt til  reglane om habilitet. Vi har også hatt fleire møte og generelt rettleia ein del om føresegna i inndelingslova som følgje av dei to vedtaka om grensejustering fatta av departementet i desember 2018 og nokre andre grensejusteringssakar i fylket.

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.4.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

Rogalandskommunane har eit omfattande interkommunalt samarbeid. Det er rapportert inn 19 interkommunale selskap for 2019. Desse femner over områda renovasjon, idrettsanlegg, revisjon, kontroll, arkiv, havn, kultur, brann, krisesenter, samt nærings- og regionutvikling.

Mange av kommunane har vertskommunesamarbeid innan barnevern, pedagogisk-psykologiske tenester, krisesenter og legevakt.

Dei siste åra har digitaliseringssamarbeidet DigiRogaland blitt etablert og alle kommunane er no deltakarar. DigiRogaland oppsto som eit prosjekt som blei tildelt skjønnsmidlar frå FMRO. 

15 av rogalandskommunane deltar i Smartkommune, eit samarbeid innan arealplan, byggesak, geodata og utbyggingsavtaler. 

Forskingsinstituttet NORCE si 2019-undersøking om kommunestruktur i Rogaland inkluderte spørsmål om interkommunalt samarbeid. På spørsmål om det var etablert nye interkommunale samarbeid etter 2016, svarte 30% av respondentane ja, 26% svarte nei – og 44% svarte at dei visste ikkje. Respondentane blei og spurde om kor sterk påverknad kommunen hadde på interkommunale samarbeidsordningar. Delen som svarte nokså/svært svak påverknad varierte frå 0 til 50%. Fleire av dei minste kommunane hadde høgaste del svar, svak påverknad. Ein svært stor del av respondentane meinte at interkommunalt samarbeid kan løyse grenseproblem mellom kommunane.

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Fylkesmannen har i 2019 behandlet 29 klagesaker etter offentleglova. Klagen bli tatt helt eller delvis til følgje i 2 klagesaker

Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.

Dette arbeidet er integrert i vanlig saksbehandling med rettleiing, samordning og uttalar til kommunale og regionale planar. Me hadde berre tre samodna brev i 2019. Dette er eit lågt tal og vi er litt usikre på grunnen til det. Det skal vi gå etter i sømmane i lag med våre statlege samarbeidspartar utover våren 2020.

To av samordningane var med Forsvaret og har avdekka eit behov for i større grad å sikre øvringsasreal og anna for venta aukande aktivitet på Forsvarssida framover. Fylkesmann Solheim har tatt initiativ til betre samarbeid om dette og vi har nyleg hatt eit vellukka møte der me har lova Forsvaret bistand i kommunikasjonen med vertskommunane. Vi er samde om Forsvaret om at vi vil prøve å utvikle ein metode for dette som også har overføringsverdi til andre fylke.

På grunn av stor utskifting av personell og vakansar grunna sjukdom for nøkkelpersonell innan planarbeidet vårt, er planlagde samlingar for alle statsetatane sine plansakshandsamarar utsett til vår 2020.  Dette blir ekstra viktig no grunna stor utskifting ho oss og også i andre td. Vegvesnet. Vi ynskjer og å støtte fylkeskommuen i arbeidet med å utvikle planforum til ein enno viktigare arena for samodning av statlige og regionale sektorinteresser. Og som nemnd innledningsvis i årsrapporten, vil vi - om fylkeskommunen og vil - gjerne bli med på ein pilot der både statlege og fylkeskommunale og kommunale ( frå nabokommune) motsegner vert presentert for kommunen i samordna brev frå Fylkesmannen og der me samodnar så langt råd er med respekt for kommunale og fylkeskommunale politiske vedtak. Avskjeringrett for fylkesmannen er uaktuelt som verktøy ovafor politiske vedtak i kommune og fylkeskommune.

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 rapporterer alle embetene byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Vi har i 2019 arbeidd vidare med å få fleire saker under 12-vekersfristen, og vi kan vise til ein betring på 4% samanlikna med 2018. Gjennomsnittleg overskriding er på 36 dagar, noko som er lågare enn i 2019 (39 dagar). Ein del av årsaka til dette er auke i talat på setjesaker, som til dels er kompliserte, og ei aukande mengde krav om omgjering av vedtak. 

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Årsaka til overskridinga er framleis utfordringar med å fange opp at det er gitt utsatt iverksetting når sakene kjem inn til Fylkesmannen, typisk pga. at det ikkje blir nemnt i oversendingsbreva frå kommunen. På grunn av rutineendringar er det ein større andel av sakene som er behandla innan fristen i 2019 samanlikna med 2018, men vi har framleis forbetringspotensiale her, og vil rette fokus på dette i 2020.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv innsatsen med de to tiltakene i tiltaksplanen for Bolig for velferd 2018-2020 gjennomført av regionale aktører under fylkesmannens ledelse.

I Rogaland er Haugesund og Sola kommunar som nemnd tidlegare i rapporten med i eit prosjekt saman med Husbanken, Kriminalomsorgen, IMDI, Helseføretak, Bufetat  og NAV. Målgruppa er bustad og oppfølgingstenester til mennesker med rusavhengigheit og psykiske lidingar samt egna bustad til vanskelegstilte barnefamiliar. Fylkesmannen leiar innsatsen og målet er betre kvalitet på tiltak og tenester som resultat av betre koordinering og samardning, auka kvalitet på regional stat sitt samarbeid med kommunane, kompetanseheving mv. Prosjektet går som planlagt og konkrete case i begge målgrupper vert nytta i arbeidet med å etablere betra arbeidsprosessar. Den store utfordringa er å få dei statlege aktørane til å konkretisere kva dei ser av utfordringar i eiga verksemd opp mot målgruppene. Det er lagt opp til 2x2 work shops der FM Vestland og kommunane i begge fylke deltek saman med regional stat.

 Det er ei utveksling av erfaringar kring utviklingsarbeidet på området med Husbanken region øst og Asker velferdslab.

 I tillegg til prosjektarbeidet kring målgruppene i strategien, er det faste møter mellom fylkesmannen, Husbanken og Stavanger, Sandnes, Karmøy og Eigersund  der begge målgrupper og tiltak er tema.

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2019. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Fylkesmannen i Rogaland har hatt lærling i kontorfaget heilt frå starten av. Vår siste lærling slutta i august 2019. Vi kjem ikke til å ta inn ny lærling i kontor- og administrasjonsfaget. Dei siste åra har vi opplevd at det stadig har blitt færre oppgåver for lærlingane. Sentralbordet har blitt overført til Engerdal, resepsjonstjenesta er outsourca til vektarbyrå og postbehandlinga er mer eller mindre blitt digitalisert. Andre oppgåver er eller vil bli digitalisert/automatisert.

Studentar

Vi har fortsatt samarbeid med Universitetet i Stavanger om å ta inn praksisstudentar ved bachelorutdanninga for sosiologi og statsvitenska, der dei får arbeidspraksis.  Praksisemnet utgjer 20 studiepoeng.

Målet med praksisopphaldet er at det skal bidra til at studentane ser sin faglige kompetanse i forhold til aktuelle samfunnsaktørar og arbeidsgjevarar. Gjennom observasjon, samhandling, rettleiing og praktisk utøvelse, skal studentane få muligheit til å bli meir bevisste på sin yrkesrolle og sine yrkesmuligheiter. I tillegg til å ruste studentane betre for arbeidslivet, gir det praksisverksemdene muligheit til å bli bedre kjende med studentane sin kompetanse og innhaldet i studiane sosiologi og statsvitenskap. Det er også ein fin muligheit for å styrke det regionale samarbeidet mellom Universitetet og private/offentlegee verksemder.

Vi har også studenter på masterutdanning.

Rapportering på fellesføring 2019 (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og de øvrige målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18.

Fylkesmannen i Rogaland har i 2019 hatt 25 rekrutteringssaker. Av desse har vi 2 tilsettingar i faste stillingar og 2 vikariatar som kan gå under kategorien «Hull i cv-en».

Vidare har vi ein med både innvandrar bakgrunn og redusert funksjonsevne, som er midlertidig tilsett med lønnstilskudd fra Nav.

Utover dette har vi hatt fleire på praksisplass via Nav.

Dei to som blei fast tilsette, var først midlertidig tilsette på ordningar via Nav. Dette gir oss ei god muligheit til å vurdere kvalifikasjonar og korleis dei fungerer i jobben. Vi meiner den beste muligheita til å oppnå 5% målet er å ha ett godt samarbeid med Nav og bruke muligheita for midlertidigtilsetting.

Nokre frå leiargruppa har deltatt på skype på Difi’s «Inkluderingsdugnaden - traineeprogram for mennesker med nedsatt funksjonsevne og høyere utdanning» 15.05. 2019.

Fleire fra leiargruppa har også deltatt på skype på «Difi Inkluderingsdugnaden - hva hemmer og fremmer mangfold?» 25.09.2019.

Vi abonnerer på nyheiter fra Difi.

I alle utlysningstekstar har vi med denne formuleringa:

«Fylkesmannen har som personalpolitisk mål å rekruttere kvalifiserte kandidatar uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn.

Vi jobbar for å realisere regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5% av nytilsetjingar skal være personar med nedsett funksjonsevne eller hull i CV-en.»

Vi kunngjer som regel ledige stillingar på nettsteden: jobbforalle.no og inkludi.no.

Vi bruker aktivt den nye filtreringsmuligheta som vi har fått på Jobbnorge. Vi kan no filtrere på søkjrar med nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn og hull i cv-en. Det lettar arbeidet med å finne og ha søkjelys på denne type søjarar.

Rapportering kommunestruktur (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets arbeid og prosesser for dialog med kommuner om utfordringer fremover og hvilke muligheter som kan ligge i strukturendringer, ref. oppdrag 3.1.7.1.

I Rogaland har det vore krevjande kommunesamanslåingsprosessar i fem kommunar som blei til to kommunar ved årsskiftet 2020. Dei to største kommunane i fylket har vore i førarsetet for kvar sin prosess. Det var i desse kommunane lite rom for nye initiativ med nabokommunar i 2019. Dette, samen med kommunevalet hausten 2019, gjorde at Fylkesmannen valte å prioritere eit FoU samarbeid med NORCE i 2019. NORCE har laga ei oppsummering frå arbeidet: "Rogalandskommunene og kommunestrukturspørsmålet - Sammendrag av resultater fra kommuneundersøkelsen 2019" av Einar Leknes, Line Ridderstrøm og Hilmar Rommetvedt.

Arbeidet med kommunestruktur har vore organisert i Samfunns-, beredskap- og kommunalavdelinga. Det har også vore ei intern styringsgruppe leia av vår fylkesmann som har hatt møter ca kvar 14. dag.

I juni blei nokre funn frå undersøkinga gjennomført av NORCE presentert på samling for alle kommunane i Rogaland. Funna blei også presentert på eit felles formannskapsmøte i Dalaneregionen av fylkesmann og ass. fylkesmann.

Hausten 2019 hadde vi 4 møter mellom NORCE og Fylkesmannen med utgangspunkt i fem tenesteområde: Barnevern, Utdanning (barnehage og PPT), Beredskap og klima og Helse og omsorg.

Lærdom av arbeidet med FoU prosjektet:

Vi fekk god kunnskap om tilstanden i den einskilde kommune innan desse fem tenesteområda, korleis kommunane vurderer seg sjølve når det gjeld organisering og gjennomføring av tenester, rekrutteringsutfordringar, kapasitetsutfordringar og kompetanseutfordringar. Dette er kunnskap som vi kan bruke i 2020 i samtaler om organisering av tenester og kommunesamanslåingar, planprosessar, kommuneøkonomi og i tilsynsvurderingar.

I Rogaland er det størst utfordringar i kommunar som ligg lengst frå sentraene i fylket. Det gjeld både for små og store kommunar.  

Fellesføring 2019 - motvirke arbeidslivskriminalitet (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetenes anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet, jf. rundskriv H-8/17.

Større innkjøp og kontraktar blir no gjorde av FMFA.

Fylkesmannen i Rogaland brukar Difi sin fellesavtale om kjøp av mobiltelefonar og nettbrett. Vi er vidare med i fellesavtale for reisebyråtenester.

Avtalen med Jobbnorge gjeld framleis.Det er inngått ny bankavtale.

Alt IKT-utstyr blir skaffa av FMFA.

Vi forventar at alle sentralt inngåtte avtalar følgjer lover og reglar fullt ut.

Fylkemannen gjer få eigne innkjøp. Vi stiller krav om miljømessige og arbeidslivsmessige forhold. Viser også til dei krav som er stilt til ei verksemd som er sertifisert som "Miljøfyrtårn".

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.7.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Vi samarbeider med fylkeskommunen om rettleiing innan Universell Utforming. Rogaland Fylkeskommune har ein eigen regionalplan for dette temaet.  I plangruppa har vi ein landskapsarkitekt som har fått særleg fagansvar for dette området. Grunna store vakansar ha det ikkje vore tid til særleg innsats ut over at relevante planforslag vert vurdert også for dette temaer. Det har ikkje vore motsegner knytt direkte til dette temaet i år. Generelt er kommunane  og dei private planleggjarane også flinke med å legge inn slike omsyn i nye planar. At det er godt innarbeid i byggesakskrav hjelper og. Dei største utfordringane er som før knytt til eksisterande bygg og anlegg.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.7.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Målsetjingane for dette oppdraget er mindre presise enn for dei fleste andre krav i tildelingsbrev eller VØI. For å bøte på dette har likestilling dei siste åra hatt fast plass i Fylkesmannen sin felle verksemdsplan - med mål og tiltak. 

I 2019 heiter det mellom anna:

Mål

FM skal arbeide for likestilling, mangfald og mot diskriminering i eiga verksemd.

FM skal fremje likestilling på område Fylkesmannen har lovpålagt ansvar for.

Tiltak

Internt gjennom personalpolitikken:

  • lønnspolitikk
  • rekruttering
  • kompetanse

Anna verksemd:

  • Sjekkpunkt i allr lovpålagde oppgåver (der det er naturleg)
  • Spreie kunnskap frå Bufdir.no på web
  • Fokus i kommunalt planarbeid, med særleg merksemd på det bustadsosiale arbeidet
  • Kartlegge om miniritesspråklege barn får oppfylt rettane sine etter barnehagelova
  • medverke til rekruttering av menn til utdanning og arbeid i barnehagen

Vi nemner også at likestilling/kjønnsfordeling var tema under konferanse i samband med førebuing til kommunavalet i september 2019.

Vurdering av virkemiddelbruk på rettsikkerhetsområdet (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke vurderinger som ligger til grunn for valg av virkemiddel og oppfølgingsmåte av risikoutsatte kommuner på rettsikkerhetsområdet.  

Fylkesmannen har rutinar for å følge opp informasjon frå statistikk-kjelder. Vi ber kommunane om å gjere greie for tala og korleis dei skal rette opp lovbrota. I 2019 ble dette gjort for brot på lærartettleik i grunnskulen og for brot på pedagognorma i barnehagen.

Vi følger opp skular med høge mobbetal. Vi skil mellom skular med høge tal i eitt år og skular med høge mobbetal over tid. Alle kommunar med skular som ligg over vår terskel blir kontakta, men verkemiddelbruken varierer. I nokre tilfelle ber vi om ei utgreiing (mest for å sjekke ut at kommunen er klar over tala), i andre tilfelle tilbyr vi rettleiing, oppmodar til deltaking i IBS, eller rekrutterer til Læringsmiljøprosjektet.

Det blir også gjort konkrete vurderingar når vi mottar informasjon i klagesaker eller anna informasjon frå eller om sektor.

Vi har også eit system som gir eit meir heilskapleg bilde av kommunen, som inneheld både kumulativ informasjon og kvalitative vurderingar. Denne sektorkunnskapen gir oss eit godt bakteppe i møte med kommunen, i vurderingar av enkeltsaker, i tillegg til i planlegging av tilsyn. Vi viser til meir utførleg omtale av systemet under rapportering på "3.3.3.1.1.1. Sektorkunnskap ligger til grunn for vurdering av oppfølging og virkemiddel"

Rapportering saksbehandlingstid i skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid i håndhevingssakene per 31.12. Dere skal kun rapportere på saker som gjelder brutt/ikke brutt aktivitetsplikt. 

Vi har behandla 127 saker der vi har fatt vedtak om broten/ikkje borten aktivitetsplikt. 31 av desse var melde i 2018 og 96 blei melde i 2019. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for sakene som blei behandla i 2019 var 54 dagar.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2. Fylkesmannen skal redegjøre for valg av tilsynsobjekt, omfang og innretning på tilsyn. I denne sammenheng må dere redegjøre for hvordan ulike kilder er brukt i vurderingen av tilsyn som virkemiddel. Dere skal vise hvilke vurderinger som har vært avgjørende for valg av tilsynstema, tilsynsobjekt og innretningen på tilsynet. Dere skal synliggjøre hvordan risikoen for regelverksbrudd er redusert ved bruk av tilsyn som virkemiddel.

Stavanger-spesialundervisning og nærskulerett

Stavanger har organisert delar av spesialundervisninga i avdelingar på skolar med særskild tilrettelagt opplæringstilbod (STOLT). Fylkesmannen hadde mottatt fleire bekymringar knytt til opplæringstilbod, IOP og bruk av makt og tvang. GSI gir ei god oversikt over antall elevar med vedtak om spesialundervisning, samt litt om organisering og skolane sintotale ressursbruk. Denne informasjonen er i liten grad eigna til å avdekke lovbrot, men er eit godt supplement til kvalitative kjelder. Tilsynet ble gjennomført på to skolar.

Det ble varsla pålegg knytt til sakkunnig vurdering, vedtak og gjennomføring. Tilsynet vil føre til at sakkunnig vurdering og vedtak er i tråd med lovkrava, sikre medverknad for foreldre og elevar, og at elevane sine tilbod er i tråd med vedtaket. Kommunen har enno ikkje lukka varsla pålegg og tilsynet er ikkje avslutta.  

Vi fekk også fleire klagar knytt til skuleplassering i på skolar med slike særskilt tilrettelagt avdelingar. Det var mange foreldre som ønskte at barna deira skulle gå på ein skole med slik avdeling sjølv om det ikkje var nærskolen. PPT tilrådde i mange høve ei slik plassering, men kommunen avslo meg grunngjeving at det ikkje var plass og at det ikkje var nærskolen. I tilsynet avdekka vi at forvaltninga kring dette var svært mangelfull. Det ble derfor opna eit eige tilsyn, med direkte pålegg om retting. Kommunen har fått nye retningsliner for opptak i desse avdelingane, og sikrar på den måten likebehandling.

Vi har også sendt spørsmål til direktoratet for å få meir klarhet i regelverket kring slike avdelingar som langt på veg er heilt segregerte tilbod og framstår som spesialskolar.

Tysvær – skulemiljø

Kommunen har vært med i Læringsmiljøprosjektet, men Elevundersøkinga viser at kommunen framleis har skolar med svært høge mobbetal over fleire år. Handhevingssaker, og anna kontakt med foreldre og kommunen, indikerte også mangelfull kompetanse og gav grunn til uro. To skolar deltok i tilsynet.

Tilsynet viste brot på aktivitetsplikta og svikt i det førebyggande arbeidet. Tilsynet er enda ikkje avslutta, men vil føre til betre rutinar for det førebyggande arbeidet, og betre rutinar for tiltak når elevar meldar om at dei ikkje har eit godt og trygt skolemiljø.

Karmøy- skulemiljø

Kommunen har vært med i Læringsmiljøprosjektet, men Elevundersøkinga viser at kommunen framleis har mange skolar med svært høge mobbetal over fleire år. Fleire skolemiljøsaker melde til FM indikerer systemsvikt og store utfordringar på fleire skolar. To skolar var med i tilsynet.

Ei rekke brot på aktivitetsplikta og skolane sitt førebyggande arbeid ble avdekka. Tilsynet har ført til eit betre og meir systematisk førebyggande arbeid i heile kommunen. Det har også ført til betre ivaretaking av elevar som melder om at dei ikkje har eit trygt og godt skolemiljø.     

Lund – spesialundervisning

Tilsynet ble gjennomført i 2018, men førebels rapport kom i januar i 2019. Kommune og tema ble valt på bakgrunn av kontakt frå føresette til barn med vedtak om spesialundervisning. Det var også knytt bekymring til PP-tenesta sine rutinar og praksis.

Det ble varsla pålegg knytt til sakkunnig vurdering, vedtak og gjennomføring av spesialundervisninga. Det ble gjennomført eit eige rettleiingsmøte med PP-tenesta, noko som har sikra rett praksis på dette feltet i regionen. Tilsynet har også ført til betre medverknad før vedtak og i opplæringa. Det har også sikra betre samanheng mellom sakkunnig vurdering og vedtak, og mellom vedtak og IOP.

Ølensjøen – tilskott private barnehagar

Kunnskapsdepartementet ba oss om å vurdere tilsyn mot ein eller fleire FUS-barnehagar etter ein rapport frå BDO. Ølensjøen blei valt ut fordi dei hadde avgitt 12 millionar i konsernbidrag (heile eigenkapitalen), balansen viste at barnehagen hadde større gjeld enn verdiar og store fordringar til morselskapet. Kommunen som barnehagemynde støtta valet av denne barnehagen. Tilsynet blei avslutta utan varsla pålegg, men vi avdekte det vi meiner er stor svakheter i lovverket knytt til avklaringar mellom barnehagelov og aksjelov, moglegheiten stor konsern har til å bruke konsernkonto og tilsynsmynda sin manglande heimel til å krevje innsyn i anna enn sjølve barnehagen. Vi har skrive eit eige brev til Kunnskapsdepartementet der vi viser til dette og håper at det kan få betydning for nytt regelverk og nytt tilsynsorgan for økonomitilsyn overfor private barnehagar.

Pilotering av tilsyn, varsling til barnevern saman med Helse-, sosial- og barnevernavdelinga.

Her har ikkje Fylkesmannen sjølv vald tilsynopplegget, men sa ja til å pilotere eit felles opplegg frå Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet. Konklusjonane i tilsynet var at hverken skolane, barnehagane, helsestasjonen eller barnevernstenesta hadde tilstrekkeleg system for å melde og for oppfølging av meldingar. Eit meir helheitleg kommunalt system vil være betre i stand til å ta dei mest utsatte barna tidleg og naudsynt hjelp

Skriftleg tilsyn - forskrift om pedagogisk bemanning og dispensasjon i 9 kommunar.
Med bakrunn i BASIL-rapportringa gjennomførte vi skriftleg tilsyn om dispensasjon for pedagogisk bemanning i barnehagar. Det blei gitt varsel om pålegg i alle tilsyna. 6 av kommuane retta rutinene sine med ein gong og det blei gitt pålegg til 3 kommunar. Stavanger kommune klaga på pålegget til Utdanningsdirektorat som ikkje gav kommunen medhald. Kommunane i Rogaland har operert med låg pedagogdekning og mange dispensasjonar i mange år. Fylkesmannen meiner at riktig og tilstrekkeleg kompetanse er viktig for god kvalitet i barnehagane. Ved å følge opp at kommunane har riktig forvaltning av dispensasjonssøknader, meiner vi at kompetansen aukar og kvaliteten blir betre.


Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Viser til tabellene under.

Rapportering på egen kompetanse på regelverksområdet (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for egen kompetanse på regelverksområdet og tiltak som er iverksatt for å sikre god kvalitet.  

Etter vår vurdering har vi hos Fylkesmannen i Rogaland god kompetanse på regelverksområdet. Vi har mange medarbeidarar som har lang fartstid og vi bruke desse aktivt inn mot nye medarbeidarar. Vi har fadderordningar med god opplæring for alle nye. Vi sender mange på kompetanseutvikling i Udir, vi brukar malar og møter, både avdelingsmøter og faggruppemøter, aktivt for å sikre god og lik kompetanse i avdelinga. Til slutt nyttar vi nettverket i sørvest til å sørge for kompetanseheving.

Samarbeidsforum i desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for roller og samhandling i partnerskapet for desentralisert ordning for kompetanseutvikling, og for hvilke prioriteringer som er gjort for bruk av kompetanseutviklingsmidlene, som det er enighet om i samarbeidsforumet. 

I tillegg til det som står her viser vi også til rapportering under punkt "3.4.1.1.1.1 Partene i samarbeidsforumet har god samhandling som fører fram til omforente, langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak." Samarbeidsforum i Rogaland blei etablert 14.mai 2019 og målsettinga er at Samarbeidsforumet skal bidra til at ordninga styrkar skolane i arbeidet for å nå samfunnsoppdraget sitt og måla for kunnskapssektoren.

Forumet sitt ansvar og oppgåver finn vi i mandat for forumet. Samarbeidsforum skal følgje med på om ordninga bidrar til betre læring for elevane i Rogaland. Dei tre utdanningsregionane og friskolenettverket har alle inngått eit forpliktande partnarskap, anten med Universitet i Stavanger eller Høgskolen på Vestlandet. Fylkeskommunen har byrja på ein plan og det har vore kontakt med Universitet  i Stavanger for å etablere eit partnarskap. 

Utdanningsregionane og fylkeskommunen leverer sine planer som grunnlag for fordelinga av midla. 

Det er laga ein langsiktig plan for fordeling av statlege midlar og denne vil drøftast årleg. Samarbeidsforum skal bidra til at arbeidet er føreseieleg og langsiktig, både for skoleeigar og universitetet og høgskolen. Samarbeidsforum skal årleg drøfte modell for tildeling ut frå overordna styringssignal og endringar i behova i utdanningssektoren i Rogaland.

Tiltaka som blir gjennomførte er skolebaserte og dekker områda innanfor skolen sitt totale samfunnsmandat. Tiltaka skal vere kunnskaps- og forskingsbaserte. UH er utviklingspartnarar for kompetansenettverka, fylkeskommunen og skolane.

Roller og ansvar: Skoleeigarrepresentantane skal ha god kjennskap til partnarskapet i sin utdanningsregion, og dei lokale behova basert på skolane og kommunane si tilstandsvurdering. UH-representantane skal ha god kjennskap til partnarskapet i sin utdanningsregion i tillegg til god kjennskap til forskingsmiljøa og dei nasjonale sentera, og samarbeide med desse ved behov. Utdanningsforbundet representerer lærarprofesjonen i samarbeidsforumet og har god dialog med lokale tillitsvalde slik at lærarane blir gode medskaparar i lokal skoleutvikling. Elevorganisasjonen representerer elevane i samarbeidsforumet og har dialog med tillitsvalde elevar slik at dei blir gode medskaparar i lokal skoleutvikling. KS skal sikre god informasjonsflyt til og frå rådmannsutval og fylkesstyre og være ein dialogpartnar i forumet. Fylkesmannen skal ha sektorkjennskap og informasjon om skoleeigarar og skolar i Rogaland, vi skal ivareta heilskapen i fylket og sørgje for at alle aktørane blir ivaretatt. Vi koordinere og leier arbeidet i samarbeidsforum og tar endeleg avgjerd om fordeling av middel ved eventuell usemje i prioriteringane. I tillegg ser vi den desentralisert kompetanseutvikling i samanheng med andre regionale og statlege tiltak 

Dei ulike regionane har gjort sine prioriteringer for bruk av kompetanseutviklingsmidla. Planane er løfta inn i samarbeidsforum og skal liggje tilgjengeleg på eiga nettside om ordninga hjå Fylkesmannen. Den økonomiske modellen som er vedtatt i legg til grunn at dei valgte områda blir prioritert.

Rogaland fylkeskommune arbeider med å utvikle sin langsiktige plan og dei brukte tildelte middel i 2019 til arbeid om fagfornyinga. Fylkeskommunen er i prosess med koble seg på modellen, og treng tid til å utvikle sin langsiktige og heilskaplege plan i partnerskap med UH. 

FRI,nettverket for friskolar bruke desentralisert ordning til fagfornynga og lesing.
Mykje av arbeidet i regionane er knytt til fagfornyinga. Vi vil også trekkje fram at vi ser gode eksempel på at modellen virker heilt ut i klasseromma. Region Sør har mellom anna satsa på digitalt klasserom og har vist gode døme på auka elevmedvikning i undervisninga. I region Midt er mellom anna Såkornfondet eit godt døme på at kompetansemiddel skaper endra praksis i klasserommet. 

Vi har ikkje oversikt over resultata enno, vi må lage systemer for å sikra at modellen bidrar til å nå målet. Et delmål for arbeidet i 2020 er å se til at skoleeigarar får auka kapasitet til å sjå ordningane i samanheng.  

Sammenheng mellom desentralisert og andre statlige ordninger komp.utv. (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvordan etter- og videreutdanning (for eksempel lærerspesialister og veiledning av nyutdannete) blir benyttet i sammenheng med andre tiltak for kvalitetsutvikling. 

Fylkesmannen har ikkje oversikt over vidareutdanningsmidla som direktoratet prioriterer og tildeler. Vi har tru på at skolane og kommunane gjør gode prioriteringar på dette området, men vi vil anta at kompetansekrava er styrande for mange av prioriteringane som blir foretatt.

Fylkesmannen har også begrensa kjennskap til kva for andre tiltak kommunane har for kvalitetsutvikling og korleis desse blir nytta i samanheng med etterutdnanning. I samarbeidsforum set vi samanhengar på dagsorden, skolane og kommunane må kartlegge eige behov og ein logisk slutning vil då være at dette blir sett i samaneheng. Men vi har ikkje grunnlag for å redegjøre meir for dette.


Regional ordning for kompetanseutvikling på barnehageområdet (fra kapittel 7.3.8.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for kompetansebehov i barnehagene i fylket og hvilke prioriteringer som er gjort i samarbeidsforumets kompetanseutviklingsplan. Videre skal det redegjøres kort for hvordan ordningen ses i sammenheng med andre nasjonale satsinger og kompetansetiltak.

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på deltakelse i kompetansetiltak i regional ordning for barnehage.

I Rogaland har kommunane organisert seg i tre regionale nettverk. Dei regionale nettverka har nytta ulike verkty for å kartlegge og identifisert kompetansebehova i sine kommunar og barnehagar. Barnehagane har i samarbeid med barnehageeigar kartlagt og analysert
kompetansebehov med utgangspunkt i Rammeplan for barnehagen sitt innhald og oppgåver, og mål og tematiske satsingsområde i kompetansestrategien. Karteleggingane er analyserte og har danna grunnlag for prioteringar i dei regionale kompetansutviklingsplanane. Vidare har desse danna grunnlaget for prioriteringane som er gjort i samarbeidsforumet sin overordna kompetanseutviklingsplan. 

Prioriteringane i samarbeidsforumet sin kompetanseutviklingsplanen er:
Barnehagen som pedagogisk verksemd

  • Leiing og pedagogisk leiing
  • Kollektive refleksjons- og læringsprosessar knytt til barnehagebasert kompetanseutvikling
  • Observasjon, planlegging, analyse og vurdering.
  • Barnehagen som lærande organisasjon  

 Inkluderande miljø for omsorg, lek, læring og danning

  •  Inkluderande fellesskap
  •  Leik 
  •  Vennskap og sosial kompetanse

Barnehagens arbeid med å førebyggje, avdekke, stoppe og følge opp mobbing og utestenging 

Fylkesmannen erfarer at det er varierande kvalitet på kartleggings- og analysearbeidet som er gjort i dei ulike kommunane og i dei ulike barnehagane. Kommunane melder at ståstadsanalysen er for omfattande, og at barnehagar med låg kvalitet ikkje har nødvendig kapasitet til å vurdere eigen praksis. Barnehagar med høg kvalitet har betre kunnskap og klarer betre å vurdere kva dei er gode på, og kva dei må bli betre på. Ser ein dette opp mot det overordna målet som er å sikre at alle barn får eit likeverdig barnehagetilbud av høg kvalitet, har forsøkt å få kommunane til å gjere gode risikovurderingar slik at dei kan fange opp barnehager med låg kvalitet og kapasitet. Det er ynskjeleg at direktoratet hjelper til med å utarbeide betre verktøy for kartlegging og analyse av kompetansebehov parallelt med at direktoratet utarbeider verktøy for risikovurdering. 

I Rogaland har vi deltakarar i pulje 2, 3 og 4 i den nasjonale satsinga Inkluderande barnehage og skolemiljø, samlingsbasert tilbod (IBS). I prioteringa av kommunar i dei ulike puljene har vi prioritert kommunar til dei ulike puljene slik at f.eks region sør deltek i pulje 2 og 4, region nord deltek i pulje 3 og 5. Arbeidet i IBS blir då kobla til deira satsingområde Inkluderende miljø for omsorg, lek, læring og danning, og dei kan nytta allereie etablerte nettverk i arbeidet.Vi har vore tett på kommunane som deltek i satsinga gjennom faste dialogmøter. Kommunane, skolane og barnehagane er svært nøgde med innhald i satsinga. Fylkesmannen ser at satsinga har bidratt til auka kompetanse og forståing for temaet, og ikkje minst hjelpt leiararane til å halde fokus i tråd med sektormåla. Dei fleste kommunane ynskjer å delta i nye puljer og dei håper det kjem ei pulje 6 i tillegg. Vi har i alle dei regionale samlingane knytt koblingar mellom sektormål, lovverk, rammeplan og stortingsmeldingar for å hjelpe deltakarane å sjå den røde tråden. Vi har også nytta IBS-arbeidet som eit viktig tiltak i arbeidet med implementering av rammeplanen. 

FMRO arrangerte i mai 2019 ein barnehagekonferanse i samarbeid med Universitetet i Stavanger og Utdanningsforbundet. Tema på konferansen var  Alle barn har rett til eit godt og trygt barnehagemiljø. Dette er i tråd med eit av satsingsområda i samarbeidsforumet sin kompetanseutviklingsplan. Konferansen er også eit tiltak i arbeidet med implementering av rammeplanen. 

På bakgrunn av tilbakemeldingar frå barnehagemynde om kompetansebehovet i kommunane og tal i BASIL, prioriterte fylkesvis samarbeidsforum midlar til studentar på ABLU eller deltidsutdanning i 2019. Til dette formålet blei det satt av 2,6 mill.  Midla kjem i tillegg til tilretteleggingsmidla som Utdanningsdirektoratet tildelte gjennom søkjarportalen. 

Rogaland har ein kommune med i Læringsmiljøprosjektet og også her er barnehage kobla opp mot prosjektet. Slik syter vi også for å samanheng med eit av dei prioritert områda i samarbeidsforumet sin kompetanseutviklingsplan.   

Gjennom oppfølgingsordninga har vi oppmoda kommunar å koble på barnehagemrådet. Vi blei eksempelvis invitert til eit fagmøte der skulane saman med barnehagane jobba seg gjennom Reflexspørsmåla i tilsynet om trygt og godt skulemijø. Gjennom vårt bidrag her kunne vi overføre krava og spørsmåla knytt til kap 9A i opplæringsloven til dei foreslåtte endringane i barnehageloven. Barnehagane meldte at dette var av stor nytteverdi. 

Fylkesmannen har brukt dei ulike satsingane inn mot dei prioriteringane som er gjort i samarbeidsforumet. 

Oppfølgingsordningen (fra kapittel 7.3.8.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for behovsanalysen som ligger til grunn for planlagte og igangsatte tiltak i kommuner som deltar i Oppfølgingsordningen. 

I Rogaland blei tre kommunar identifisert i Oppfølgingsordninga hausten 2017. Vi vil også vise til rapporteringa under pkt "3.4.1.1.3.1Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak med sikte på kvalitetsforbedring" for det heile bildet.

Fylkesmannen hadde dialog med dei aktuelle kommunane for å analysere resultata i indikatorsettet saman med skuleeigar. To av kommunane hadde allereie igangsette kvalitetsutviklingstiltak og vi støtta kommunane si vurdering om at tiltaka var eigna for eit målretta med dei identifiserte utfordringane.

Den tredje kommunen, ein stor kommune, hadde hatt utfordringar over tid, særlig knytt til læringsmiljø. Fylkesmannen hadde i lang tid også før uttrekk i oppfølgingsordninga forsøkt å få kommunen til å velja målretta kvalitetsutviklingstiltak. Etter møte med oss hausten 2017 valde skuleeigar, med bakgrunn i analysen av tallmaterialet i indikatorsettet, å søkte om rettleiing frå Udir sitt rettleiarkorps. 

Vi har fulgt kommunen sitt arbeid i Oppfølginsordninga ved å delta på fagdagar i regi av rettleiarkorpset. I tillegg har dialogen mellom FM og rettleiarar vært utstrakt. Dette har gjort det mogleg for FM å bidra til at tiltaka har vært knytte til behovsanalysen. Med bakgrunn i ståstadsanalysen har arbeidet i kommunen vært retta mot å rettleie skuleeigar og rektorar i arbeidet med å utarbeide lokal utviklingsplan (både på skuleeigarnivå og skulenivå) og kvalitetsmelding for skuleeigar. I tillegg har rettleiarane arbeidd med skuleeigar sitt forsvarlege system. Rettleiarane har også rettleia på utøving av leiarskapet. Dette er særs viktig og krevjande.

I tillegg har FM vært ein aktiv pådriver for å få kommunen til å delta i IBS, samlingsbasert pulje 4 som eigen kommune. I pulje 2 deltok kommunen i IBS, samlingsbasert i Jærskulenettverket. FM meinte at kommunen på ein betre måte måtte "eige" sitt eige utviklingsarbeid. Dette har kommunen tatt tak i og det er no meir heilskap i arbeidet. Satsinga IBS er med å styrkje kompetansen og kapasitet til å drive utviklingsarbeid på bakgrunn av behov. FM sin dialog med kommunen viser at skuleeigar har ein raud tråd i arbeidet med Oppfølgingsordninga, IBS og desentralisert kompetanseutvikling.

Hausten 2018 blei tre nye kommunar identifiserte i Oppfølgingsordninga. Vi hadde også denne gong dialog med dei aktuelle kommunane for å analysere resultata i indikatorsettet saman med skuleeigar. Ein av kommunane hadde nyleg starta i Læringsmiljøprosjektet og dei andre to hadde eigne kvalitetsutviklingstiltak. FMRO støtta kommunane si vurdering om at tiltaka var egna til å arbeide målretta med dei identifiserte utfordringane.

FMRO sin vurdering er at kommunar identifiserte i Oppfølgingsordninga er kommunar med låg kapasitet til endring. Kommunane har ofte utfordringar med å kartlegge og analysere eigen ståstad. Å forstå og gjennomføre skolebasert vurdering er ein utfordring på mange skular. I tillegg er det ofte utfordrande å prioritere tiltak og lage plan for utviklingsarbeidet. Indikatorsettet avdekker ulike manglar i resultat hos elevane, derfor vil tiltak oftast spegle behov i elevgruppa. Når tiltak skal veljast er det særs viktig at Fylkesmannen også bidrar til at kommunen prioriterer tiltak innan leiing. Å leiie utviklingsarbeid i eit profesjonsfellesskap er krevjande og dette er eit område leiarane treng rettleiing i.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.10 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Vi informerer aktuelle søkjarar, offentlege og private, om tilskotsordningane via fleire kanalar (ePhorte, e-post, nettsida vår, informasjon i møter), for å sikre at informasjonen kjem fram. Vi etterspør forventa søknader om nødvendig, og har fleire utlysingar i året dersom tildelinga ikkje er brukt opp.  

På bakgrunn av dette er vi godt nøgde med korleis vi har forvalta tilskotsordningane, og meiner at forvaltninga er i tråd til retningslinjene og gjeldande regelverk.

Kommentarar til nokre av ordningane

Det er framleis ikkje laga sentrale retningslinjer for forvaltning av tilskotsordninga for symjeopplæring for nykomne minoritetsspråklege elevar (kap. 226/21). Vi har også i 2019 brukt retningslinjene for symjeopplæring i barnehage (Kap. 231/70) så langt dei har passa. Dersom tilskotsordninga for nykomne minoritetsspråklege elevar skal fortsetje, meiner vi at det bør lagast eigne retningslinjer for denne ordninga.

Tilskotsordninga som gjeld opplæring av barn og unge asylsøkjarar i vidaregåande opplæring  (Kap. 225/64/12) treff ikkje i Rogaland. Årsaka til dette er at fylkeskommunen har valt å organisere tilbodet i eigne innføringsklassar, og elevane brukar ikkje av ungdomsretten ved å gå i eit slikt tilbod. Formelt sett er tilbodet dermed ikkje vidaregåande opplæring, og opplæringslova gjeld ikkje for tilbodet. Aktuelle elevar i innføringsklassane er dermed ikkje omfatta av tilskotsordninga.

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.8.13.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen i Rogaland mottok i 2019 totalt 14 klagar på ulike føresegner i i lov om introduksjonsordning og norskopplæring for nykomne innvandrarar. Ei av klagene blei avvist. Fylkesmannen oppheva kommunens vedtak i eit tilfelle kor det ikkje var gjort ei tilstrekkeleg vurdering etter kan-bestemmelsen i loven § 3. I 12 av klagesakane blei dermed kommunens vedtak stadfesta og deltakar fekk ikkje medhald i klagen.

Desse 12 klagene fordelte seg på følgande føresegner i introduksjonlova :

1 sak etter § 2, jf. § 3. Personen fylde ikkje kriteria for introduksjonsprogram grunna lang botid i Noreg. Kommunen hadde vurdert etter kan-bestemmelsen.

4 saker om avslag på søknad om forlenging av intro-program, jf. § 5.

5 saker om klage på innhald i IP., jf. § 6.

2 saker kor deltakar klaga på kommunen sitt vedtak om midlertidig stans i programmet, jf. § 7.

På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.8.13.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Fylkesmannen i Rogaland mottok kun ei klage knytt til gjennomføring av opplæring i norsk og samfunnskunnskap i 2019, jf. § 19. Klagen var retta mot kommunen sitt vedtak om fusk på avsluttande prøve i norsk, jf. § 19 (2) og forskriftens § 28. Fylkesmannen oppretthaldt kommunen sitt vedtak, og klagar fekk ikkje medhald.

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.8.13.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre statsborgerseremonier for alle nye statsborgere i fylket som har fylt 12 år, samt medvirke til at andelen av nye statsborgere som deltar på seremoniene øker.

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier som er avholdt, totalt antall utsendte invitasjoner til nye norske statsborgere og totalt antall nye statsborgere som har deltatt i statsborgerseremoniene i fylket.

Fylkesmannen har arrangert ein statsborgerseremoni i 2019. 780 nye statsborgarar ble inviterte. 133 nye statsborgarar deltok på seremonien.

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.8.13.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall deltakere i opplæring norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (også personer som ikke er omfattet av introduksjonsloven). I tillegg skal fylkesmannen rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Kommunane i Rogaland rapporterer om 164,86 årsverk og 2944 deltakara i norsk og samfunnskunnskap første halvår 2019, og 143,3 årsverk og 2591 deltakara siste halvår 2019. Fylkesmannen viser også til eiga detaljert rapportering til Kompetanse Norge.

Elles vil Fylkesmannen oppmode om at denne rapporteringa ikkje blir vidareført i sin noværande form. Dersom dette er eit viktig tal for direktoraktet å ha, må det bli ein del av GSI-rapporteringa. Slik det er no representerer rapporteringa eit stort ekstraarbeid både for Fylkesmannen og kommunane.

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på
  • Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.
  • Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning
  • Ressurser benyttet til kontrollarbeid

Generelt om kontrollarbeidet

Kontrollarbeidet har høg prioritering. I saker der Fylkesmannen er førsteinstans er det gjort risikovurderingar, og saksbehandlarane har fokus på å kontrollere dei punkta der vi har definert «røde flagg». Når det gjeld tilskotsordningar der kommunane gjer vedtak, er det og gjort risikovurderingar både av dei ulike ordningane og av kommunane. Det gjer at vi har oftare forvaltningskontrollar i kommunar der vi ser mykje feil.

Saksbehandlingsverktøyet eStil PT har gjort at det er mykje lettare å følgje med på kommunane si saksbehandling. Dette verktøyet bruker vi aktivt både i samband med forvaltningskontrollar, og for å følgje med på saksbehandlinga i saker der vi har fått tips eller andre indikasjonar på at det kan vere grunn for å følgje opp saksbehandlinga. Vi har særleg fokus på å følgje opp saker der Mattilsynet har konstatert brot på dyrevelferdsregelverket. Vi har også fokus på saker der det er mistanke om at føretaket ikkje driv vanleg jordbruksproduksjon og der det kan vere driftsfellesskap.

Oppfølging av saker der nokon kan ha handla misleg

Vi fekk hausten 2019 bekymringsmelding frå ein kommune om søknadar om regionalt miljøtilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Kommunen hadde fått melding om mogleg samarbeid mellom søkar og leiekøyrar om fiktive kvitteringar i tilfelle kontroll. Vi bestemte difor å pålegge kommunane; Hå, Time, Klepp og Sandnes 10 prosent kontroll av alle søknadar om regionalt miljøtilskot til miljøvenleg gjødselspreiing. Tilskot til miljøvenleg gjødselspreiing er ei ordning som i stor grad er basert på tillit, og som er vanskeleg å kontrollere. Kommunane blei bedt om å kontrollere søknad og gjødslingsplan for 2018 og 2019. Vi var observatør på minimum ein av kontrollane i kvar kommune. Resultatet frå kontrollen var mindre avvik på gjødslingsplan og søknad. Ingen av kommunane avdekka fiktive kvitteringar slik som ryktet gjekk ut på.

Vi har fått tilsendt to tips frå Landbruksdirektoratet om saker dei hadde fått via si nettside om juks med tilskot o.a. Den eine saken gjaldt tips om driftsfellesskap mellom to føretak som søkjer produksjonstilskot kvar for seg. Tipset var sendt til kommunen med kopi til oss. Vi følgde opp kommunen med råd om korleis dei skulle følgje opp tipset. Etter intervju med føretaka og innhenting av opplysningar frå rekneskapen blei det konkludert med at det ikkje var driftsfellesskap.

Den andre saken var eit tips om ulovleg fjerning av verna sanddyne, ein steingard og lukking av ein open kanal. Saken blei sendt til kommunen for oppfølging. Kommunen stadfesta at det var godkjent nydyrking i området, men det aktuelle arealet var ikkje i eit område som var verna eller freda, og kulturmyndigheita hadde ikkje hatt innvendingar. Saken blei også vurdert av miljøvernavdelinga hos Fylkesmannen, og dei fann heller ikkje grunn til å gå vidare med saka.

Vi har i 2019 oppheva fem vedtak om produksjonstilskot i ein kommune. Den eine saken gjaldt manglande vurdering av vanleg jordbruksproduksjon med sau. Dette er ei sak der Fylkesmannen i 2016 hadde kome til at det ikkje er vanleg jordbruksproduksjon og dette vedtaket er stadfesta av Landbruksdirektoratet. Føretaket kom med ut med infomelding om låg produksjon også i 2018 utan at kommunen gjorde nokon form for vurdering. I same kommune oppheva vi fire vedtak då vi meinte det var klare indikasjonar på driftsfellesskap mellom fire føretak som blir drivne av fire personar i nært slektskap. Kommunen har framleis ikkje gjort nye vedtak i desse sakene.

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart. (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart (AR5) skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart AR5.


Gjennomførte tiltak:

Landbruksavdelinga er representert i Fylkesgeodatautvalet. 

Vi har hatt innlegg på tilskotssamling for kommunane: «Kart og
AR5» om kor viktig det er å halde AR5 oppdatert, om status i kommunane og info om nytt frå NIBIO om dette. Samt om veksthus i AR5, og hjelpemiddel på kart.

Nettartikkel og litt direkteinformasjon om veksthus på såle
i AR5

Utfordringer: 

Det har vore ein del utfordringar på Finnøy i samband med 
søknader om avlingsskader etter 2018, og kommunen tidligare av ymse årsaker hadde endra overflatedyrka til fulldyrka. Dermed blei det kluss når NIBIO (med rette) endra areala tilbake til slik dei var tidligare.

Stavanger/Finnøy har heller ikkje omklassifisert veksthus på
såle ennå.

Dei som har utfordringar er generelt dei som slit med bemanning eller med sammenslåing og lignande. Og det ser ut som alle utanom Lund har gått til SFKB.

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

Avløysartilskot ved sjudkom og fødsel mv.

I 2019 har vi gjennomført risikobasert forvaltningskontroll innan sykdomsavløysing. Vi har kontrollert tre kommunar og kontrollane omfatta kva rutiner kommunane har for sakshandsaming av innkommende søknader og at nødvendig dokumentasjon er lagt ved søknaden.  Kommunar får dei aller fleste sakar via Agros og dei leggast også inn i kommunene sitt arkivsystem.  

Kommune nr. 1 Sola - Kommunen har ikkje skriftleg rutinebeskrivelse for sakshandsaminga av desse sakane, og har heller ikkje skriftleg delegert fullmakt til sakshandsamar. Vi har kontrollert 7 enkeltsakar. Av desse var det ein søknad som var godkjent av kommunen, men der søkaren ikkje tilfredsstillar krav til næringsinntekt og som derfor ikkje hadde rett på avløysartilskot. I dei andre sakane FM kontrollerte var dokumentasjonen i orden. Forvaltningskontroll fokuserte på om kommunen har rutinane på plass, så vi førte ikkje opp avvik for den eine saka, men gjer kommunen merksam på at det gjort ein feil i denne saka. Avviket var at kommunen mangla skriftleg delegert fullmakt til saksamar. Merknad var at kommunen bør ha ein rutinebeskrivelse for gjennomgang av søknader om avløysartilskot. 

Kommune nr. 2  Klepp – Kommunen har skriftlige rutinar for handsaming av søknadane og har delegert skriftleg fullmakt til to personar for å handsama sakene og betale ut tilskot. Vi har kontrollert 9 enkeltsakar. 3 sakar var kontrollert i Agros før forvaltningskontroll, og 6 sakar blei kontrollert i kommunen under sjølve forvaltningskontrollen. Dokumentasjonen var på plass i alle dei kontrollerte sakane og vi fant ingen feil. Kommunen har gode rutinar for å handsame søknadar om tilskot til avløysning ved sjukdom. 

Kommune nr. 3 - Time – Kommunen har skriftleg rutinebeskrivelse for ordninga. FM har kontrollert 7 sakar, 3 saker i Agros før forvaltningskontrollen og 4 sakar under kontrollen. Av 7 saker som blei kontrollert manglar det utskrift av likninga i tre sakar. Utgifter til avløysing var registrert med mva. i 2 saker, men i slike saker skal utgiftene registrerast utan mva. Alle beløp som er utbetalt var likevel korrekte.

Fylkesmannen i Rogaland meinar at ordninga er mykje enklare å håndtera etter overgang til Agros. Det er blitt enklare å kontrollera saker i Agros , då vi kan gjennomføre dokumentkontroll utan å vitja kommunen. 

Fylkesmannen prøver med god rettleiing og god dialog med kommunane for å bidra til god forståelse av ordninga.

Tidligpensjon til jordbrukere

Fylkesmannen har gjennomført i 2019 kontroll av tidligpensjonsmottakerens inntekter i 2017 og 2018. Vi har kontrollert 2 saker som var på Skattedirektoratet si liste for 2017 og 2018. Vi har motteke liste frå Landbruksdirektoratet og det var kun saker som har fått utbetalt ytelser fra NAV. I dei 2 sakane der mottakarane av tidlegpensjon har motteke arbeidsavklaringspengar samstundes med tidlegpensjon i 2017 og 2018. Vi har sendt varsel og etterpå krav om tilbakebetaling av for mykje utbetalt tidlegpensjon. I ein sak har vedkommande fått feil utbetalt kr 100 005,- i tidlegpensjon, og i den andre saka har vedkommande fått feil utbetalt kr 133 328,- i tidlegpensjon.

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Avkortingar etter § 12 (feilopplysning)

Etter at det blei sett meir fokus på avkorting for feilopplysninger nokre år tilbake, ser vi at kommunane avkortar i større grad enn tidlegare. Ved feilopplysningar følgjer kommunane stort sett hovudregelen om at føretaket skal avkortast eit beløp tilsvarande meirutbetalinga. Vi meiner likevel at kommunane i for liten grad vurderer om det er rimeleg og forholdsmessig å avkorte tilsvarande meirutbetalinga i den enkelte sak, eller om avkortingsbeløpet bør settast høgare eller lågare. På forvaltningskontrollar ser vi at i nokre tilfelle blir feilopplysningar vurdert til å være openberre feilføringar og at det er gjort i aktsam god tru, der vi meiner at det er gjort aktlaust. Hovudutfordringa er at kommunane ofte gjer ei mangelfull  aksutgreiing i desse sakene, noko som kan gjere at vedtaka om avkorting er ugyldige.

Avkortinger etter § 11 (brot på anna regelverk)

Vi har dei siste par åra jobba svært mykje med å følgje opp brot på regelverket for dyrevelferd. Vi har hatt avklaringsmøter med Mattilsynet og har lagt vekt på kompetanseheving og rettleiing av kommunane. Vi ser at kommunane i mykje større grad tek tak i desse sakene no.

Vi ser også at kommunane i større grad vurderer avkorting etter § 11 for brot på anna regelverk enn dyrevelferdsregelverket. Vi har hatt nokre saker der kommunane avkorta etter brot på gjødselvareregelverket i 2019. Rettleiing av kommunane når det gjeldoppfølging av brot på gjødselvareregelverket vil bli eit fokusområde i 2020.

Vanleg jordbruksproduksjon

Framover ser vi at vurderinga av vanleg jordbruksproduksjon i sauehaldet vil bli eit område vi må bruka meir ressursar på å følgje opp. Mange føretak får varselmeldingar om lågt tal leverte dyr og låge slaktevekter. Vi ser at kommunane tar fatt i få av desse sakene.  

Ekstraordinær saksmengde - erstatning etter avlingssvikt (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på

Etter tørkesommeren 2018 har mange fylkesmenn også i 2019 måttet legge ekstra innsats i behandling av en ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Dette gjelder både erstatningssøknader og klager. På grunn av den spesielle situasjonen bes det om at fylkesmennene rapporterer på følgende:

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats i 2019 grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket i 2018.

- Beskriv kort hvilke andre oppgaver og ansvarsområder som eventuelt er nedprioritert eller forenklet for å gi rom for ekstrainnsatsen.

- Gi en kort vurdering av hvilke av de ekstraordinære tiltakene som ble iverksatt i embetet og overfor kommunene i 2018 og 2019, som anbefales brukt i eventuelle lignende situasjoner.

Forvaltninga har ikkje hatt ekstra innsats av betydning i 2019 grunna ekstraordinær avlingsvikt i 2018. Bakgrunnen for dette er at vi blei tilnærma ferdig med 2018-sakene i 2018. Kommunane og vi gjorde ein kjempeinnsats saman. At vi greide å levere så godt på disse sakene i 2018 var at vi organiserte arbeidet godt. Og at vi prioriterte dette sterkt i perioden fra seinhausten 2018 og ut året.

Gylne Måltid (fra kapittel 7.3.9.7 i TB)

Rapportere på

Rapporter på bruk av midler til prosjekter under Gylne Måltid.

«Mat for eldre» blei arrangert av Landbruks- og matdepartementet og Fylkesmannen i Rogaland 3. juni 2019 på Universitetet i Stavanger. Det blei eit vellykka seminar med stor deltaking (250 deltakarar) frå kommunar, næringsliv, frivillige organisasjonar og vidaregåande skule. Seminaret blei finansiert med kr 75 000 frå LMD og kr 26 600 frå Fylkesmannen (Leve heile livet) i tillegg til stor eigeninnsats i form av timar. Som oppfølging vil det i februar 2020 bli gjennomført eit dialogmøte med utvalde kommunar for å sjå på ein ny modell av «Matgledekorpset» som ein pilot i Rogaland. Samarbeidet mellom
helse- og landbruksavdelinga har fungert veldig godt.

Arbeidet for utsatte barn og unge (0-24) (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke tiltak som er gjennomført i arbeidet for utsatte barn og unge, både for å samordne regionale innsatser og for å styrke samarbeidet mellom sektorer og tjenester i kommunen. Fylkesmannen skal også gi en vurdering av arbeidet: hva lykkes godt og hva er mer utfordrende.

Fylkesmannen i Rogaland har etablert ei 0-24 gruppe på tvers av alle avdelingane. Leiinga i embetet utgjer styringsgruppa for 0-24 arbeidet.  Vi har laga ei felles plan for arbeidet, kor alle dei ulike avdelingane sine tiltak er samla i ei felles oversikt. Vi har 3 konkrete mål som støttar opp om dei overordna måla for 0-24 arbeidet i 2019. Planen inneheld også konkrete tiltak som avdelingane utfører som del av sin ordinære portefølje, i tillegg til oppgåver som best løysast i fellesskap mellom fleire avdelingar.

Fylkesmannen i Rogaland har utarbeidd ein felles verksemdplan knytt til arbeidet med risikoutsette barn og unge. Vi har 3 målsetjingar:

1. Alle barn i Rogaland veks opp utan vald og overgrep.

2. Alle barn i barneverninstitusjonar får god utdanning og god   oppfølging av si psykiske helse.

3. Alle barn i Rogaland opplever å høyra til.

TILTAK

Samarbeid med Bufetat
Fylkesmannen i Rogaland har vidareført samarbeidet med Bufetat Region Vest og Fylkeskommunen om tiltak for risikoutsette barn og unge i barnevernet. 

Som eit av tiltaka for å sikre at barn som bur i barnevernsinstitusjonar får god utdanning og god oppfølging av si psykiske helse, er det etablert eit nettverk for skoleansvarlege på barneverninstitusjonane i fylket (både statlege, private og ideelle). Dette vurderer vi at er eit godt tiltak for å styrke barnevernet si forståing av kor viktig skole er for dei mest utsatte barna. Nettverket har to samlingar i året og er eit tiltak for å sikre kunnskap om rutinar og regelverk knytt til opplæring og helse, samt bruk av rettleiaren «Samarbeid mellom skole og barnevern». Nettverket er også er ein arena for drøfting av aktuelle problemstillingar. Vi erfarer at engasjementet og kunnskapen om barn i barnevernet og deira rett og plikt til opplæring, har auka i fylket. Vi får oftare spørsmål knytt til tema og vi blir spurt om råd i vanskelege saker.

Samarbeid med KoRus
BTI- Som ein sentral del av det å styrke det tverrfaglege arbeidet i kommunane, har Fylkesmannen stimulert kommunane til å delta i opplæring programmet BTI i regi KORUS. Fylkesmannen (Helse, sosial og barnevernavdelinga og Utdanningsavdelinga) deltar også på samlingane. Dei kommunane som deltar blir følgt tett opp av kompetansesenteret. I tillegg blir det arrangert to nettverksmøte i året der ein løftar fram og drøftar ulike problemstillingar. Med bakgrunn i dette blir det arrangert temasamlingar, td. om teieplikta.  Vi vurderer at BTI er fagleg godt forankra, og eit tenleg verktøy i arbeidet med å styrke det tverrfaglege samarbeidet om utsette barn og unge og deira familiar. Kommunane får fagleg kunnskap om metode og tett oppfølging, noko vi meiner er sentralt i arbeidet med å implementer ny praksis. I denne samanheng har vi fått tilbakemeldingar om særlege utfordringar knyttet til lærarens rolle i BTI arbeidet i skolen og at læraranes praksis i tverrfagleg samarbeid opplevast som ulik. Fylkesmannen vil bemerke at vi meiner at reglane om IP som vi finn i ulik helselovgivning, kunne vært brukt i større grad for å forplikte skolane til å være med. Dette er også omtala i NOU 2019:23.

Kurs om teieplikt - Fylkesmennene i Vestland og Rogaland har saman med KORUS Stavanger og KORUS Bergen laga eit kurs om meldeplikt og teieplikt som skal rullera årleg i kommunane opp mot stega i BTI. I 2019 blei målgruppa til dette kurset utvida i Rogaland, til å gjelde leiinga i barnehage og skole, barnevern, NAV, helsesjukelpleiar på skolane, PPT, SLT koordinator, og andre som inngår i tverrfaglege samarbeidsprosessar om barn, kor teieplikta kan oppfattast som ei utfordring.

Fagdag- Fylkesmannen i Rogaland og KoRus arrangerte hausten 2019 fagdag om tema vald, overgrep og sjølvmordsførebygging. Målgruppa var tilsette i kommunen og fylkeskommunen som jobbar med ungdom. Vi opplev at det er med å bryte ned sektorskilnadane når fagfolk frå ulike sektorar møtast rundt same tema og felles målgruppar. 

Ungdata - Fylkesmannen samarbeider også med KORUS om gjennomføring og spreiing av resultata frå Ungdata.

Tilskot 
Fylkesmannen har gitt Stavanger kommune tilskot for å starta storbynettverk for barn som lever i familiar med vedvarande låg inntekt.

Fritidserklæringa
Eit anna tiltak i felles verksemdplan er å informere breitt om  fritidserklæringa. Fylkesmannen har valt å ta inn denne informasjonen på allereie eksisterande læringsarenaer. Det er i denne samanheng viktig med samarbeid med frivillig sektor. Vi inviterte mellom anna ulike organisasjonar til å ha stand på den årlege oppvekstkonferansen.

Oppvekstkonferansen
Fylkesmannen arrangerer ein årleg oppvekstkonferanse. I 2019 var tema: Barn som lever i låginntektsfamiliar. Kvart år inviterar vi med ein kommune til å samarbeide om konferansen. I 2019 var det Stavanger kommune og Stavanger museum. Stavanger museum hadde samstundes opning av utstillinga «Oppvekst i verdens rikeste land - Penger som inngangsbillett».  Fylkesmannen er oppteke av barna sin stemme, og utfordrar alltid kommunane til å involvere barn og unge i kommunen til å vere med frå planlegging til gjennomføring. I 2019 var det ein klasse frå Godalen vidaregåande. Vi får svært god tilbakemelding frå barna og ungdommen som er innvolvert.  

Tilsyn
Tverrfagleg- Fylkesmannen ved Helse-, sosial- og barnevernavdelinga og Utdanningsavdelinga har pilotert eit felles tilsynsopplegg utarbeida av Utdanningsdirektoratet og Helsedirektoratet med meldeplikta til barnevernet. Tilbakemeldinga frå kommunen var  at dette tilsynet var veldig nyttig, spesielt at både meldeplikt til barnevernet og barnevernet si plikt å melde tilbake til kommunane vert sett fokus på. Internt hos Fylkesmannen var det nokre utfordringar med at avdelingane nytta ulike metodar for gjennomføringa av tilsynet. 

Eleven sin stemme - Utdanningsavdelinga har mange gode erfaringar med samtaler med elevar i tilsyn og handhevingssaker om trygt og godt skolemiljø, og i tilsyn med spesialundervisning. Samtalene arta seg forskjellig alt etter eleven sitt behov. Det var til dømes gode erfaringer med å ha ein uformell samtale medan ein eller fleire hadde Fylkesmannen på skolevandring, både inne og ute på skolen. Men det kan også være meir formelt gjennom ei samtale på eit grupperom på skolen eller i Fylkesmannen sine lokaler.  

Barnekonvensjonen 
Vi arrangert bursdagsfeiring i når barnekonvensjon blei 30 år i 2019. Dagen blei markert med ei samling hos Fylkesmannen. Vi invitert en barnehage til å synge og to elevar i 7. klasse hadde appell. Heile embetet vart invitert i tillegg til andre statlege intansar i Statens hus i Stavanger. Vi hadde også besøk av Barneombodet Inga Bejer Engh. Vi opplevde å få diskutert viktige problemstillingar,  og satt fokus på barn og unge sin rett i eit tverrrfagleg perspektiv. 

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Det er ingen skular i Rogaland som er med i dette prosjektet no.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Rogaland tilhøyrer rovviltregion 1. Heile denne regionen er prioritert for beitebruk. I 2015-2017 opplevde fylket relativt store tap av beitedyr til jerv.Som følge av dette har Fylkesmannen gitt skadefellingsløyve, både i akutte skadesituasjonar i beitesesongen, og for å førebygge tap kommande beitesesong. Skadefellingsløyne til å felle 1 jerv i Hjelmeland og Suldal kommuner blei gitt i perioden 1.1.-15.02.2018. Løyvet blei gitt for å førebygge tap i årets beitesesong. Det blei ikkje felt jerv på dette løyvet, men dokumentert skadegjøerabde jerv blei felt ved ekstraordinært uttak i april 2018. Det var ikkje dokumenterte tap til jerv i Rogaland i beitesesongen 2019 og det har derfor ikkje vore aktuelt å gje skadefellingsløyve på jerv (eller andre freda rovdyr) i 2019.

Utover å gje skadefellingsløyve brukar vi FKT-midlane til å førebygge tap på beite. I 2019 blei FKT-midlane brukte til kompetanseheving, opplæring og innkjøp av nødvendig utstyr til det
interkommunale fellingslaget. 

Fylkesmannen har ein pågåande og god dialog med bondelagsorganisasjonane, interkommunalt fellingslag og SNO. Dette er viktig for å nå ut til brukarar med informasjon om korleis jobbe førebyggande for å unngå tap, og for korleis ein handterer mogleg tap av beitedyr til freda rovvilt. Vi arrangerer også eit årlig dialogmøte der relevante aktørar innan beitebruk og rovviltforvaltning blir inviterte.

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Vi har fortsatt god styring med ressursbruken, og har ikkje vesentlege avvik å melde om anna enn at det blei overført stillingar og IKT kostnader/investeringar til Fylkesmennenes fellesadministrasjon (FMFA). Sjå ellers merknadane under tabellen.

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Fylkesmannen er godt nøgd med oppnådde resultat og løysing av samfunnsoppdraget, sett i forhold til ressursar som vi har til rådvelde. Økonomistyringa er god. Dette året kom vi ut med noko høgare mindreforbruk enn dei siste åra på hovudkapittelet 0525. Årsaka er i hovudsak fleire ledige stillingar gjennom året og høgare, med fleire vakansar utan vikar. Verjemål hadde også noko ledig fullmakt ved årsslutt. Det var vanskeleg å få brukt opp tilleggstildeling som blei gjeve 2. halvår.  

Effektiviseringskutt er alltid utfordrande, men vi klarte likevel å løyse oppdraget. Ein føresetnad for framleis god og effektiv drift er at også løyvingane over framandkap/særkap blir gitt tidleg på nyåret og er føreseielege.

Vi har ved fleire høve peikt på at FMRO ikkje har fått god nok utteljing i den ressursfordelingsmodellen som hittil har vore brukt. Den har ikkje gitt god nok balanse i forhold til oppgåver og utfordringar i dei ulike fylka, mellom anna innanfor miljøvern og helse/sosial. Ny ressursfordelingsmodell frå 2020 rettar opp ubalansen, og vi har god tru på at dette gir full måloppnåing og endå betre kvalitet i oppgåvelløysinga i åra som kjem. Vi føreset at det ikkje blir vesentlege endringar i modell eller budsjettrammer dei komande åra.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Fylkesmannen sitt styringssystem byggjer på prinsippa om mål- og resultat- og risikostyring og har utarbeidd fleire eigne styringsdokumen t i tråd med dette: Visjon og verdiar, stratgidokument, budsjettvedtak med 4 års langtidsbudsjett og ikkje minst felles verksemdsplan for utvalde satsingsområde. Alle desse dokumenta blir reviderte og oppdaterte kvart år. I tillegg utarbeideralle avdelingane utarbeider eigne måldokument og eigne verksemdsplanar. Styringsdokumenta ligg i Risk Manager. Alle oppgåver blir risikovurderte i samband med verksemdsplanlegginga.

Langtidsbudsjettet byggjer i store trekk på siste års budsjett og kjende framtidsutsikter.

Leiargruppa er samla kvar måndag. Det er utarbeidd eige mandat for gruppa med faste postar. Oppfølging av felles verksemdsplan er eitt av desse.

Embetsleiinga har i tillegg styrings-/oppfølgingsmøte med avdelingaleiinga kvart tertial, med faste tema som budsjettprognose, status verksemdsplan og oppdrag, risikovurdering og peronalsituasjon.

Det blir arrangert allmøte ein gong i månaden. Her blir mellom anna sentrale styringssignal presenterte.

4.1.1 Embetets risikostyring

Embetet sine ruttinar og retningsliner for riskovurdering vart reviderte og oppdaterte hausten 2019. Risikovurdering ligg til grunn for fleire og fleire av tiltaka og aktiviteten vår. Det blir også utarbeidd reiskovurderingssystem av våre overordna fagstyresmakter. Som nemnt ovanfor er risikovurdering fast tema på oppfølgingssamtalane mellom embets- og avdelingsleiinga.

Vi har hatt som mål at risikovurderingssystemet i RiskManager skal brukast av alle. Dette er berre delvis gjennomført, mellom anna fordi fleire andre løysingar for kvalitetsstyring er i bruk.

Det ligg føre ei grundig risikovurdering av arbeidsplassen/Statens hus. Denne er under revisjon ved årsskiftet.

Vi har varslings- og avvikshandteringsrutinar i RiskManager. Vi hadde ingen varslingar i 2019, men avviksrutinane blir aktivt brukt og meldte avvik blir gjennomgått i AMU møta. Feilsending av digital post er ein gjengangar. Vi hadde også tre varslingar til Datatilsynet i denne samanheng.

Dei viktigaste risikofaktorane for løysing av oppdraget er stabil bemanning og rett kompetanse. Aukande sjukefråvær er eit element eit denne samanheng.

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Viktigaste tiltak i 2019 var opprettinga av mellombels halv stilling som HMS-koordinator ved embetet, utan bemanningsvekst. Stillinga er gjort fast frå 2020.

Dette har mellom anna ført til ein total gjennomgang av alle rutinane og retningslinene for HMS/arbeidsmiljø i embetet i 2019. HMS-systemet er forankra i RiskManager.

Embetet vart resertifisert som "Miljøfyrtårn" i 2019. Gjennomgang ag HMS-arbeidet var ein viktig del av dette arbeidet.

Det viktigaste årlege HMS-tiltaket er vernerunde der leiinga og verneombod deltek.

I 2019 vart det gjennomført medarbeidarundersøking. Undersøkinga viser stort sett godt arbeidsnmiljø. Alle avdelingane arbeider i 2020 med bevarings- og betrinsgpunkt med utgangspunkt i denne undersøkinga.

Embetet sine retningsliner for AKAN-arbeidet (rus og speleavhengigheit) er ved årsskiftet under revisjon, mellom anna for betre å inkludere bedriftshelsetenesta.

Embetet har avtale med bedriftshelseteneste - Stamina, som også møter i embetet sitt arbeidsmiljøutval.

Bortsett frå aukande sjikanøs aktvitet på sosiale media, har vi ikkje hatt særlege hendingar av arbeidsmiljørelatert karakter i 2029.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Embetet fekk ny toppleiing i 2019 ved at Magnhild Meltveit Kleppa gjekk av og Lone Mertehe Solheim vart konstituert fram til Bent Høie tiltrer hausten 2021. Som følgje av dette fekk vi også ny leiar for samfunns, beredskaps- og kommunalavdelinga, stillinga Lone Solheim kom frå. I 2019 hadde embetet ein turnover på 8 prosent. Dette ligg godt over det vi er vane med - 3,8 i 2018. Samstundes auka sjukefråværet med ca. eitt prosentpoeng. Vi ser ikkje på dette som dramatisk, men skaper det likevel visse utfordringar. Når det gjeld vakansar, så ser vi at konkurransen frå arbeidamarknaden i regionane har vorte tøffare etter at "oljekrisa" er avlyst. Vi kan heller ikkje sjå at auken i sjukefråvær er arbeidsrelatert, men skulast langtidssjukemeldingar/alvorleg sjukdom. Vi har i fleire år hatt stabil memanning, slik at gjennomsnittsalderen i embetet er stigande.

Embetet har eigen livsfasepolitikk og eigen avtale om seniorfri.

Kvinneandelen i embetet stig framleis.

Vi er nøgde med eigen innsats i 2019, men kapasiteten til å løyse oppdraget var litt for liten. Vi er derfor glade for at budsjettet er styrka for 2020 og åra som kjem,.

Trass i turnover har vi rekruttert gode medarbeidarar også i 2019. Vi er såleis stort sett godt nøgde med fagleg kompetanse i embetet. Som nemnt i førre års rapport, så gjer likevel krav til utdanning på alle felt det utfordrande for personell utan høgare utdanning å følgje utviklinga. Embetet har dei tre siste åra hatt eigen plan for internopplæring, mellom anna Difi sine e-læringskurs.

Vi har eit grundig og stadig oppdatert program for å ta imot nytilsette, med mellom anna felles samling for alle nytilsette minimum to gonger i året der mellom andre embetsleiinga, alle avdelingane, organisasjonane og vernetenesta medverkar.

Felles leiaropplæring i 2018 vart følgt opp med ei samling også i 2019.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Embetet har framleis god oversikt over innkjøp og inventar. Omfanget av eigne eignelutar med vesentleg verdi er avgrensa. Frå 2019 er alt IKT-utstyr overført til FMFA.

Embetet leasar tre tenestebilar.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje motteke merknader frå Riksevisjonen for verksemda vår i 2019.

Vi starta prosessen med å revidere dei interne retningslinjene for informasjonstryggleik og arbeidet med den held fram i 2020, med nytt sikkerhetsutval og arbeidsgruppe for revisjon av policy.

Som ein del av Nasjonal sikkerhetsmåned i oktober, deltok embetet på opplegget utforma av Norsis. Informasjonsmateriell, nanolæring og diverse testar (falsk e-post, kontroll av låst PC) blei nytta for å setje fokus på dokument- og informasjonstryggleik i kvardagen. I tillegg utforma vi eige materiell, i form av eit postkort, som samla viktige hugsereglar frå den interne policyen for informasjonstryggleik. I same månad, deltok vi og på ei samling i Trondheim med fokus på informasjonsstryggleik arrangert av FMFA.

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Vi har ovanfor peikt på at kjønnsballansen i embetet blir svekka ved at kvinneandelen veks. Dette er ein tendens i all offentleg forvaltning. Vi har dessutan framleis noko lønnsskilnad mellom kvinner og menn.

Det gode samarbeidet med Universitetet i Stavanger om praksisplassar har halde fram i 2019.Samarbeidet vart intensivert og vidareutvikla og gjeld studentar både på bachelor og masternivå. Fleire av masterstudentane som var praktikantar i 2019, skriv no oppgåver knytt til planlegging og klimautfordringar.

Embetet v/miljøvernavdelinga har også samarbeid om forsking og masteroppgåver innan berekraftig utvikling med universitet og høgskular utanfor Rogaland om feltarbeid og problemstillingar knytt til vårt fylke. Dette medverkar til omdømmebygging, samstundes som den kan sikre rekruttering, og vi får sett søkjelys på resultat og utfordringar med gjennomføring av nasjonal areal- og miljøvernpolitikk.

Meir sjikanøs bruk av soskale media rammar også Fylkesmannen. Ingen konkrete hendingar vart likevel følgt opp i 2019.

Vi opplever svindelforsøk på nettet/e-post til stadigheit. Vi har sett søkjelys på dette ved mellom anna møte med politiet og informasjon på allmøte.

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Endra ressursfordelingsmodell frå 2020 gir meir ressursar til FMRO. Dette vil får stor innverknad på korleis vi løyser oppdraget framover. Vi reknar med at vi alt i 2020, vil kunne løyse alle oppdrag med tilfredsstillande kvalitet og at vi dei neste tre åra vil heve kvaliteten ytterlegare.

Vi vil i 2020 måtte føreta nokre ombyggingar i våre kontorlokale for å finne ei god plassering av FMFA sine medarbeidarar og gje plass til nye tilsette. Alt vil skje innafor eksisterande leigeareal.

Stagnasjon i folketalsvekst vil venteleg halde fram. Det same vil nedgangen i fleire kommunar. Dette kan få ytterelegare konsekvensar for kommuneøkonomien og utbyggingspresset blir mindre. Til no har vi ikkje merka eit tydeleg utslag.

Arbeisløysa vil venteleg gå ytterelegare ned og kampen om arbeidskrafta blir skjerpa.

Store utbyggingsprosjekt er i gang eller under planlegginga, mellom anna nytt sentralsjukehus i Stavanger og vegprosjektet "Rogfast" og ny E-39, som enno ikkje er starta opp. Dei siste vil få stor betydning også for Fylkesmannen sitt arbeid.

Vi vurdere likevel klima og berekraft som dei største utfordringane også for Fylkesmannen framover. Kva effekt mellom anna nyleg inngått byvekstavtale for Stavangerområdet får for biltrafikk og kollektivsatsing blir eit interssant oppfølgingsspørsmål framover. Klima er eit eige satsingsområde i vår felles verksemdsplan for 2020.

Arbeidet med kommunestruktur vil halde fram. Rogaland har fleire småkommunar som får kapasitets-, kompetanse- og demografiutfordringar i åra som kjem.

Fattigdom og ein aldrande befolkning er også utviklingstrekk som må prege Fylkesmannen sitt arbeid framover.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Auka ressursar som følgje av ny ressursfordelingsmodel gjer det lettare for Fylkesmannen i Rogaland både å setje mål og løyse oppdraget dei komande åra. Vi stolar på og legg opp til at det ikkje blir vesentlege endringar i modell og fordeling.

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Rogaland.pdf