Årsrapport for Vestland

Her kan du laste ned en fil som inneholder årsrapporten i sin helhet eller relevante utdrag. Dersom du bruker filtrere, vil filen kun inneholde de filtrerte resultatene.

1 Fylkesmannens beretning

1.1 Overordnet vurdering av samlede resultater, ressursbruk og måloppnåelse

Vi har i 2019 lagt bak oss det første året som Fylkesmannen i Vestland, etter samanslåinga av embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane. Inngangen til året var krevjande, med mange ulike system som måtte samordnast og kome på plass. Likevel gjekk vi ut av året med ei visse om at den nye organisasjonen fungerer godt. Vi er større og har fleire å spele på både ved sjukdom, vakansar og der det trengst innsats på kort varsel. Rett nok er det framleis kulturskilnader som tek tid å byggje ned og stadig små og store spørsmål som kjem fram, men vi arbeider oss gradvis meir og meir saman. Og vi får stadig på plass fleire og fleire avklaringar av sams rutinar og praksis.

Viktigast er likevel at vi har levert gode resultat i eit år som har vore prega av samanslåinga. På dei fleste områda har vi utført arbeidet vårt i tråd med embetsoppdraga. Vi har størst vanskar med å få gjort alt på verjemål og helse-, sosial- og barnevernområdet, trass i at vi i det nye embetet styrkte desse områda med ressursar frå andre område. Men vi arbeider vidare for å gjort oppgåvene så godt som råd.

For Fylkesmannen i Vestland har det vore ein føremon at vi har kunne bruke 2019 til å verte éin organisasjon, slik at vi kan liggje i forkant av andre samanslåingar i landskapet rundt oss. Frå 2020 vart 59 kommunar til 43 i Vestland. I tillegg slo fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane seg saman, og det same gjorde KS-organisasjonane i dei to tidlegare fylka. Vi har prioritert å følgje opp kommunsamanslåingane så godt vi kan. Vi ønskjer også å vere ein god samarbeidspartnar både for fylkeskommunen og KS, men vi reknar med at desse treng noko tid til å finne seg sjølv. Særleg er vi spente på korleis fylkeskommunen vil ta samfunnsutviklarrolla si.

Med eit større embete og ein stat som endrar seg slik at det regionale leddet forsvinn, ligg det til rette for at Fylkesmannen kan verte eit endå viktigare bindeledd mellom den sentrale staten og kommunane. Vi er førebudde til å ta nye oppgåver om det er ønskjeleg. Vi er også klare for å løyse tydelegare oppdrag innanfor dei store samfunnsutfordringane digitalisering, eldrebølgja og klimaet der det passar med rolla vår.

Fylkesmannen har eit relativt stort mindreforbruk for 2019, med om lag 13 millionar kroner. Størstedelen av mindreforbruket, ni millionar kroner, er pengar vi hadde sett av til ombyggingar av kontorlokala på Leikanger og i Bergen, for å kome ned på den arealnorma Statsbygg har sett med 23 m2 per tilsett. Ombyggingane var tenkt å innebere at vi ville gå frå å leige 7,5 til 4 etasjar i Bergen, medan vi ville framleige bort ein av fire fløyer på Leikanger. Ombyggingane ville verte store og kostbare fordi vi måtte gå over til kontorlandskap. Men ingen av desse ombyggingane vart noko av. I Bergen sa KMD nei til at vi forlenga leigeavtalen med sju år til 2030 utan anbodsrunde med monaleg redusert leigeareal og kostnad. På Leikanger trekte den aktuelle leigetakaren seg på kort varsel. 

Vi må også leggje til at vi på nokre fagområde har hatt ein del oppseiingar, som gjer at stillingane har stått tomme ei stund før vi har fått tilsett nye personar, og at dette har gått ut over oppgåveutføringa. Sjukepengerefusjonane har gjort mindreforbruket større. Vi reknar med at vi i 2020 vil kunne styre økonomien betre, slik at vi i størst mogleg grad får nytta tildelinga vår til å utføre oppdraga.

1.2 Overordnet framstilling av de viktigste prioriteringer for året

Prioriterte tverrgåande satsingar i år har vore Leve heile livet-reforma og klima. Vidare har vi lagt stor vekt på 

  • samordning i plansaker
  • klagesaker på plan- og bygg
  • skulemiljøsaker
  • verjemålsområdet
  • helse-, sosial- og barnevernområdet

Både på helse, sosial og barnevern og i skulemiljøsaker er vi opptekne av at born får oppfylt rettane sine og at tenestene er samordna og av god kvalitet. Dessutan har vi lagt vekt på å følgje opp samanslåingskommunane, digitalisering i kommunane og byvekstavtalane i kommunane rundt Bergen.

Vi har halde møte i heile fylket om Leve heile livet-reforma, og opplever entusiasme og kreativitet i kommunane for å halde oppe kvaliteten på livet i alderdommen.

På klimaområdet har vi oppretta ei gruppe på tvers av avdelingane som skal arbeide for å konkretisere klimamåla. Samstundes gjennomfører vi årleg ein nasjonal klimakonferanse saman med Universitetet i Bergen, Høgskulen på Vestlandet, Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane, Fylkeskommunen i Hordaland, NVE, Statens
vegvesen, Vestlandsforsking, Klimapartnere Vestland, Nordadapt og Senter for klima- og energiomstilling. Konferansen i 2019 hadde om lag 140 deltakarar frå heile landet.

Som nemnt styrkte vi fagområda verjemål og helse, sosial og barnevern i bemanningsplanen vår. Likevel er det på desse områda vi har størst problem med å ta unna sakene. På verjemålsområdet har vi hatt eit jamt høgt trykk sidan vi fekk oppgåva i 2013. På helse, sosial og barnevern får vi stadig inn fleire hendingsbaserte tilsynssaker. Mange av dei er alvorlege og krev klokskap i handteringa for at det vi gjer skal bidra til forbetring og tryggleik i tenestene. Vi prioriterer strengt for å kunne bruke mest ressursar på dei mest alvorlege sakene. Samstundes har Sivilombodsmannen skjerpa krava til sakshandsaminga i dei minst alvorlege sakene.

Barnevern er høgt prioritert. Vi er uroa over tilbodet til borna som strevar mest i barnevernet, og arbeider målretta for å bidra til at tenestene til dei blir betre og samordna. Likevel klarer vi ikkje å nå resultatkrava. Særleg er talet på planlagde tilsyn ved barnevernsinstitusjonar ei stor utfordring å nå. Vi hadde ønskt ei meir risikobasert tilnærming enn forskrifta gjer rom for.

Talet på klager på pasientreiser har auka storleg frå 2018 til 2019. Dette påverkar prioriteringar og sakshandsamingstider for helse-, sosial- og barnevernavdelinga. Nesten ingen får medhald i klagene, og vi stiller spørsmål om ikkje klagesakene meir effektivt kunne handterast av andre.

Med samordning på planområdet meiner vi å ha lukkast godt. Vi meiner det er ei positiv ordning at vi kan samla statsetatane og kommunane rundt bordet for å diskutere plansakene og unngå motsegner som ikkje er naudynte. Vår rett til å avskjere motsegner frå andre statsetatar gjev Fylkesmannen ei god tyngd i arbeidet for å finne gode løysingar som både statsetatane og kommunane kan leve med, trass i at vi aldri har brukt avskjeringsretten. Ein ordførar sa det slik etter eit avslutta avskjeringsmøte at kommunen hadde spart fleire års handsamingstid på å ha møtet på den måten. Fylkesmannen heldt berre åtte meklingsmøte i 2019 og sluttførte to meklingar frå 2018. Av desse ti meklingssakene førte sju fram til semje mellom partane, ei sak til delvis semje og i to saker vart partane ikkje samde. I ei av sakene hadde vi nytt meklingsmøte tidleg i 2020 som enda med semje.

Vi legg stor vekt på å handtere sakene om skulemiljø så raskt og godt som råd, og vi tek alltid kontakt innan fristen på fem dagar. Ofte er dette komplekse saker som krev mykje av oss.

For klagesaker på plan- og byggområdet har vi lagt vekt på å systematisk byggje ned restansane. Av fylkesmannsembeta har vi handsama flest saker pr. 1000 innbyggarar. Vi har 62 dagar gjennomsnittleg handsamingstid, og 97 prosent av sakene er avgjorde innan fristen på tre månader i byggjesaksforskrifta. For reguleringsplanklager har vi avgjort 95 prosent (73 av 77) saker innan fristen i forskrifta.

Vi har følgt opp samanslåingskommunane ved å ha jamlege samlingar for prosjektrådmennene, der dei kan utveksle erfaringar og lære av kvarandre. Vidare har vi noko oppfølging av særskilde problemstillingar for kvar kommune, særleg på økonomiområdet. For somme kommunesamanslåingar har grensejusteringar følgt i kjølvatnet, og nokre av desse har ført til usemje mellom kommunane som har vore relativt krevjande å følgje opp. 

Digitalisering er eit kjerneelement i modernisering og effektivisering av kommunal sektor. Vi har i fleire år gjennom skjønsmidlane satsa særskilt på digitalisering i kommunane både i Hordaland og Sogn og Fjordane, i tett samarbeid med KS. Bergen kommunen ligg langt framme og har teke leiarskap for kommunane i Hordaland. No arbeider vi for å samordne satsinga for kommunane i heile det nye fylket.

Byvekstavtalane for kommunane rundt Bergen er ei viktig satsing for å få til berekraftig vekst i byområda. Kommunane får store midlar frå staten mot å forplikte seg til å konsentrere veksten til kollektivknutepunkt, i tråd med den allment gjeldande arealpolitikken. Vi har lagt inn mykje krefter på å vere ein konstruktiv part i forhandlingane mellom kommunane, Vegvesenet, fylkeskommunen og Jernbanedirektoratet. 

1.3 Sentrale forhold internt og eksternt som har hatt betydning for oppnådde resultater

Viktigaste interne oppgåva i 2019 var å få den nye organisasjonen til å fungere etter samanslåinga mellom embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane til Fylkesmannen i Vestland. Vi laga organisasjonskartet gjennom forhandlingar i lokal omstillingsgruppe våren 2018. Ut over året innplasserte vi personar i alle stillingar i embetet, basert på organisasjonskartet og bemanningsplanen frå august 2018. Vi brukte også noko tid i 2018 på å bli kjende med kvarandre på tvers av dei tidlegare embeta. Då 2019 kom, måtte vi å utføre oppgåvene i dei nye strukturane. Mange fekk nye leiarar som dei måtte bli kjende med, og ein del tilsette fekk leiarar med kontor ein annan stad. Difor laut vi også venje oss til nye arbeidsmåtar, med stor bruk av videomøte. Vi hadde ikkje tid til å vente på at FMFA skulle prioritere oss, og investerte difor i moderne videoutstyr som var på plass frå starten av året. Rett nok var kapasiteten avgrensa, og dette skapte frustrasjon fordi det var vanskeleg å halde avdelingsmøte på tvers av kontorstadar. Men ut over året har vi i samarbeid med FMFA stadig fått på plass meir videoutstyr, så mykje at vi har lånt ut utstyr til andre embete med akutt trong.

I samanslåinga har det viktigaste vore å avklare arbeidsmåtar og felles praksis. Vi har hatt ulik praksis på somme fagområde, medan vi på andre har vore likare. I eitt embete kan vi i alle fall samordne dette langt betre.

For fylkesmennene er det problematisk at vi stundom praktiserer dei same reglane ulikt. Fylkesmennene må saman med oppdragsgjevarane våre arbeide systematisk for å bli likare, til dømes ved å utvikle felles presedensarkiv på dei ulike fagområda. 

Sjølv om vi meiner vi har kome langt i å få det nye embetet til å fungere, har vi framleis noko å hente på bli eitt. Men gjennom den daglege oppgåveløysinga, og med stadige faglege diskusjonar anten i seksjons- eller avdelingsmøte eller på avdelingssamlingar, arbeider vi oss stadig tettare saman.

Ein av dei største ulempene med samanslåinga er at leiarane må reise mykje mellom kontorstadane. Sjølv om mykje kan diskuterast på video, er det også viktig med personleg kontakt, særleg i ein fase der vi treng å bli betre kjende. Reisinga slit på leiarane. Vi vonar likevel at vert mindre reising når organisasjonen har sett seg meir.

Eksternt er forvaltninga rundt oss i stor endring. I Vestland vart 59 kommunar til 43 ved årsskiftet til 2020. Hornindal gjekk ut av fylket og inn i Volda kommune i Møre og Romsdal. Vegvesenet og Skatteetaten har omorganisert seg til landsdekkjande funksjonsdeling i staden for regionkontor. Fylkeskommunane og KS i Hordaland og Sogn og Fjordane slo seg frå nyttår saman til Vestland. Fylkesledda i Nav har også slege seg saman i Vestland, medan regionleddet i IMDi er lagt ned. For Fylkesmannen tyder dette at vi må tilpasse oss dei nye omgjevnadene og halde fram samarbeidet med dei andre etatane, avhengig av oppdraga våre. Samstundes ser vi som nemnt føre oss at vi kan bli eit viktigare bindeledd mellom kommunane og statlege etatar som ikkje lenger har regionkontor. 

Sted, dato og fylkesmannens signatur

Leikanger, 28.02.2020

Lars Sponheim, fylkesmann

2 Introduksjon til embetets hovedtall

2.1 Embetet og samfunnsoppdraget

Fylkesmannen er statens representant i fylket og skal arbeide for at vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og Regjeringa vert følgde opp. I tillegg er Fylkesmannen eit viktig bindeledd mellom kommunane og sentrale styresmakter, med høve til å spele inn saker frå kommunesektoren til sentrale styresmakter.

Fylkesmannen er administrativt underlagt Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Dei viktigaste oppgåvene til Fylkesmannen er:

1. å vere sektorstyresmakt på ei rekkje område, med oppdrag frå elleve departement og ni direktorat og tilsyn

2. å vere regional samordningsstyresmakt for statleg verksemd i fylket, særleg for verksemd retta mot kommunane

3. å vere rettstryggleikshandhevar som rettleiar, klageinstans og tilsynsstyresmakt for kommunane

4. å verke til gagn og beste for fylket og å ta dei initiativ som er påkravde

5. å orientere sentrale styresmakter om viktige spørsmål i fylket, og å formidle relevant informasjon til kommunale, fylkeskommunale og statlege organ.

Vi samarbeider med andre fylkesmenn og med andre etatar på ei rekkje område, både for å få likare praksis og å lære av kvarandre, og for å samordne det offentlege verkemiddelapparatet så godt vi kan.

Med andre fylkesmenn har vi hatt mellom anna hatt desse  samarbeida: 

  • Kystsonenettverk i plan og bygg, med Rogaland
  • Verjemål, med Rogaland, Aust- og Vest-Agder
  • Nettverk for velferdsfag, med Rogaland
  • Sørvestnettverket på barnehage- og utdanningsområdet, med  Rogaland, Agder og i nokre tilfelle Møre og Romsdal
  • Barnevernnettverk, med Rogaland
  • Nav- og sosialnettverk, med Rogaland
  • Akvakultur, med dei andre kystfylka
  • Nettverk om pasient- og brukarrettslova kap. 4 A, med Rogaland
  • Helsetilsynet i vest-nettverk, med Rogaland
  • Bolig for velferd, med Rogaland, Husbanken og andre

I september gjennomførte vi ei felles leiarsamling over to dagar med Møre og Romsdal, der vi drøfta felles utfordringar.

2.2 Organisasjon og ledelse

Organisasjonskart Fylkesmannen i Vestland

Frå 1. januar 2019 vart Fylkesmannen i Vestland etablert, Vi har hovudsete på Leikanger, men vi har òg kontorstadar i Bergen og Førde. I tillegg har vi åtte tilsette verneforvaltarar med kontor i Gaupne, Aurland, Sandane og Rosendal.

Lars Sponheim er fylkesmann, og Gunnar O. Hæreid er assisterande fylkesmann. Vi har 280 tilsette, og dette utgjer 244 årsverk. Vi har seks avdelingar:

  • helse, sosial og barnevern (B)
  • utdanning og verjemål (B)
  • miljø (B)
  • kommunal (L)
  • landbruk (F)
  • organisasjon og strategi (L)

Avdelingane merkte B er leidde frå Bergen, medan dei andre avdelingane er leidde frå Leikanger (L) eller Førde (F). Alle avdelingar og nesten alle seksjonar har tilsette på minst to kontorstadar. Dei fire største avdelingane er inndelte i to eller tre seksjonar, der halvparten av seksjonane er leidde frå Bergen og halvparten frå Leikanger. 

Vi har lagt vekt på å samle arbeidsoppgåver på ein kontorstad der lokalkunnskap eller reiseavstand til kommunane er mindre viktig. For hovuddelen av oppdraga våre er likevel lokalkunnskap og reiseavstand til kommunane så viktig at vi må ha tilsette på fagområda på fleire kontorstadar. Reiseavstandane i det nye fylket er så lange at det ville medføre relativt store kostnader eller tap av arbeidstid dersom vi samla alt på ein kontorstad. Frå kontorstadane Bergen, Leikanger og Førde er det gjerne fem-seks timars reisetid med bil til kommunane som ligg lengst unna. Fly er enklaste alternativ mellom Bergen og Leikanger, med kort reisetid og relativt dyre billettar, men alle avgangstidene er ikkje like godt tilpassa kontordagen.

Som nemnt la vi ein bemanningsplan i august 2018 som, med ei justering midtveges i året, har lege til grunn for det nye embetet. I planen styrkte vi verjemål og helse-, sosial- og barnevernområdet, og tok vekk nokre ressursar frå landbruk og miljø. Likevel ser vi at det er på verjemål og helse-, sosial og barnevernområda at vi strevar mest med å utføre oppdraga våre.

Visjon og verdigrunnlag

Visjonen vår er "Fylkesmannen gjer staten tilgjengeleg og nær", og verdiane våre er:

  • Rettferdig
  • Open
  • Påliteleg
  • Effektiv
  • Respektfull

Klart språk, rett målform og ein tydeleg bodskap er viktig for oss. Vi har utarbeidd interne skrivereglar som skal sikre eit godt og klart språk i breva og vedtaka våre. 

2.3 Presentasjon av utvalgte nøkkeltall

Tabellane under viser til dei nøkkeltala som er valde av KMD, og dei er tatt ut i samsvar med brukarrettleiinga vi har fått. For nærare informasjon om nøkkeltal på personalområdet viser vi til kapittel 4.2. For nærare informasjon om nøkkeltal på økonomiområdet viser til til kapittel 3.4 og leiingskommentaren til årsrekneskapen. 

2.4 Andre forhold

Då Fylkesmannen i Hordaland og Fylkesmannen i Sogn og Fjordane slo seg saman til Fylkesmannen i Vestland frå 01.01.2019, valde det nye embetet å handtere innsynskrava på ein ny måte. Tidlegare blei innsynskrava handtert delvis av arkivet og delvis av kvar avdeling, med fleire sakshandsamarar som var involvert i handteringa.

Etter overføringa av arkivet til FMFA vart det avklara at dei ikkje ville handtere innsynskrav, og vi såg på om vi kunne organisere handteringa av innsynskrava meir effektivt. Difor blir alle innsynskrav etter offentleglova no handtert av to dedikerte årsverk i organisasjons- og strategiavdelinga. Dei to årsverka handterer både innsyn i offentlege dokument og dokument som er unnateke frå innsyn, i tillegg til klager på avslag på innsyn i slike dokument.  Framleis er det slik at kvar avdeling handterer partsinnsyn og klager på partsinnsyn.

Tanken bak den nye organiseringa har vore at når færre personar skal behandle innsynskrava, og har handtering av innsynskrava som si primære arbeidsoppgåve, reduserer dette handsamingstida og gir likare handsaming uavhengig av fagområde. Fagkompetansen rundt handteringa av innsynskrava blir med dette styrkt. Våre erfaringar så langt er at tankane har slege til og at den nye organiseringa har fungert godt.

3 Årets aktiviteter og resultater

3.1 Redegjørelse for, analyse og vurdering av oppnådde resultater

Hovedmål 1 - Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

Vi brukar dei tradisjonelle verktøya tilsyn, klagehandsaming, rettleiing og opplæring for å gjere kjent, setje i verk og følgje opp nasjonal politikk i fylket. Verktøya heng nøye saman fordi klagesaker og tilsyn gjev oss kunnskap om kva rettleiing og opplæring vi skal prioritere.

I opplæring i det nye embetet vekslar vi mellom å halde ei samling eller to-tre samlingar for kommunane i heile fylket. For somme kommunar fører det til lenger reiseveg enn før. Vi ønskjer å strøyme dei viktigaste konferansane våre slik at dei er tilgjengelege også for dei som ikkje kan reise, men vi er avhengige av at FMFA prioriterer strøyminga.

I dei større samlingane presenterer vi nasjonale satsingar på dei ulike områda, samstundes som vi tek tak i dei problemstillingane vi ser at kommunane strevar mest med.

Vi tek også del i regionvise samlingar på ulike fagområde når vi har kapasitet. Vi merkar stor etterspurnad etter innlegg frå oss.

Dernest brukar vi nettsida vår til å informere, samstundes som vi sender ut viktig informasjon i brev. Stundom held vi opplæringskurs i nye fagsystem eller anna på videomøte med få eller einskilde kommunar.

Også tilsyna våre og klagesakshandsaminga er ein viktig del i arbeidet for å setje i verk nasjonal politikk i fylket. Eit godt tilsyn er eit tilsyn som har verka, i den forstand at det har ført til varig forbetring dersom det er naudsynt. For å sikre at tilsyn verkar, er det viktig å arbeide med korleis tilsynsobjektet følgjer opp tilsynet. God formidling og klart språk i tilsynsrapportar og klagesaker er viktig for private partar, men også for at kommunane og andre tilsynsobjekt skal bli kjent med den nasjonale politikken som er nedfelt i lovverket.

Hovedmål 2 - Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

God samordning og samhandling i statleg verksemd på regionalt nivå er ein viktig faktor for å få til gode resultat på levekårsindikatorane i eit fylke. Særleg på større samansette område og såkalla uløyselege problem ("wicked problems") som klima, barnefattigdom, integrering eller mobbing er det avgjerande med god samordning mellom ulike organ som har ein aksje i problemet.

Fylkesmannen er, med eit breitt arbeidsfelt innanfor embetet og med det særskilte samordningsansvaret for den regionale staten elles, i førarsetet for å samordne statleg regional verksemd overfor kommunane. Dette ansvaret vert endå viktigare når stadig fleire statlege etatar avviklar regionnivået, slik Skatteetaten, Vegvesenet og IMDi har gjort. Difor legg vi stor vekt på samordningsrolla vår, både internt og overfor andre statsetatar. Vi legg til at eksternt er det i tillegg til statlege etatar også viktig å samordne oss med fylkeskommunen, KS og moglege andre overordna aktørar, avhengig av livsområde.

Internt i embetet har vi grupper på tvers av avdelingane for klimaarbeid og Leve heile livet-reforma for å sikre betre alderdom. Vidare har særleg helse-, sosial- og barnevernavdelinga tett samarbeid med utdanningsseksjonane og planseksjonen for å ta vare på interessene til born og unge. Dernest inneber planarbeidet ei omfattande samordning av interesser og innspel frå mellom anna desse fagområda:

  • naturmangfald
  • klimautslepp
  • klimatilpassing
  • samfunnstryggleik
  • folkehelse
  • barn og unge

Overfor eksterne aktørar driv vi med samordnande arbeid på mange måtar. Døme kan vere:

  • Samordning av motsegner frå statsetatar mot kommunale planar, der vi legg stor vekt på å kome til løysingar som både statsetaten og kommunen kan leve med, utan at vi tek i bruk retten til avskjere motsegnene.
  • Samordning av regionale tilsynsaktørar, der vi tek opp tilsynsmetodar og samordning av tilsyna med kommunane i tid.
  • Samordning av arbeid med utsette born og unge mellom utdanning og helse-, sosial og barnevernområda hjå fylkesmannen og Bufetat, Nav, spesialisthelsetenesta, Husbanken og fylkeskommunen.
  • Samordning av samfunnstryggleik og beredskapshandtering med både private og offentlege beredskapsaktørar, først og fremst gjennom fylkesberedskapsrådet.

På miljø- og landbruksområda har vi, avhengig av kva fagfelt, jamleg kontakt med Mattilsynet, Fiskeridirektoratet, NVE, Kystverket, Statens naturoppsyn, Arbeidstilsynet, Innovasjon Noreg og Vegvesenet, for å samordne oss.

Vi har tilsynsansvaret for tre helseføretak og fleire private aktørar. Dei er ein viktig del av tenestene til innbyggjarane, og god samordning av tenestene mellom aktørane er ofte avgjerande. Vi har ein stor auke i talet på hendingsbaserte tilsynssaker. 

Sjølv om vi legg stor vekt på samordning i dag, er det heilt sikkert mogleg å bli betre for å løyse dei store samansette samfunnsutfordringane. Vi vil halde fram med å leggje vekt på samordningsrolla vår.

Hovedmål 3 - Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

Som nemnt har vi avdekt under samanslåinga at vi på somme område har hatt ulik praktisering av lovverk i dei tidlegare embeta, medan vi på andre område har vore likare. I eitt embete kan vi samordne dette langt betre. Likevel har vi forstått det slik at skilnadene vi har avdekt i vårt nye embete, kan finnast att også i andre embete.

For fylkesmennene er det problematisk at vi stundom praktiserer dei same reglane ulikt. Samanslåingane har gjeve oss alle eit godt høve til å setje spørsmålet på dagsordenen. Vi meiner det må vere ei prioritert oppgåve for fylkesmennene og oppdragsgjevarane å bli likare. Vi oppmodar Kommunal- og moderniseringsdepartementet til å ta eit særskilt ansvar, i og med at dette er eit overordna problem på alle fagområde og for alle fylkesmenn.

Tradisjonelle tiltak for å sikre felles lovtolking på tvers av embeta er gjerne:

  • fagsamlingar for sakshandsamarane, med fagdirektorat som skipar
  • fagsamlingar for sakshandsamarane mellom nokre få embete, skipa av embeta sjølve
  • utarbeiding av rundskriv og rettleiarar frå fagdirektoratet
  • utsending av prinsippavgjerder eller tolkingsfråsegner frå fagdirektoratet.

Slike tiltak må halde fram, men dei er kanskje ikkje nok. Etter vårt syn saknar vi først og fremst oversyn over praksis mellom embeta i konkrete saker. Vi meiner det vil vere tenleg å arbeide med felles presedensarkiv mellom embeta på fagområda. I saker underlagde teieplikt kan dette vere problematisk sjølv med anonymiserte avgjerder. På andre område handlar det mest å få til ei god plattform for presedensarkivet. I alle fall er det eit utviklingsarbeid som må gjerast. 

Elles tek vi opp att oppmodinga frå tidlegare år, at når eit fagdirektorat skipar fagsamlingar, ønskjer vi at samlinga vert strøyma slik at fleire kan følgje samlingane frå kontoret. Vi må alltid sjå nøye på kor mange vi sender til fagsamlingane, men det kostar oss langt mindre å følgje strøymingar.

Internt har vi sett i verk slike tiltak for å sikre einskapleg lovtolking:

  • tilsynsgruppe med representantar frå alle avdelingar
  • forvaltningsrettsgruppe med representantar frå alle avdelingar
  • interne presedensarkiv på ulike fagområde
  • faggrupper innanfor avdelingane som går gjennom praksis i embetet og kjelder som kjem utanfrå 
  • låg terskel for å kontakte fagdirektorat eller andre embete
  • opplæring i fylkesmannsrolla for nytilsette

For kommunane har vi som nemnt jamleg samlingar der vi tek opp allmenne problemstillingar på område der vi gjennom klagesaker eller tilsyn avdekkjer mangelfull eller ulik lovtolking.

Vi erfarer at Nav-saka om norsk regelverk i strid med EØS-rett og EMD-dommane som gjeld barnevern, har ført til store tillitsutfordringar i kommunane. Utfordringar knytte til forståing og praktisering av internasjonal rett i forvaltninga strekkjer seg utover desse sakene. I vårt arbeid ser vi mellom anna at mange aktørar har ei manglande forståing av barnekonvensjonen. Ei av utfordringane er at born framleis ikkje får oppfylt retten til å bli høyrde, og ein direkte konsekvens er at rettstryggleiken til borna blir svekt. At born blir høyrde på rett måte, er i mange saker ein føresetnad for at det offentlege skal klare å hjelpe dei. På utdanningsområdet ser vi at "barnets beste" for sjeldan er ei eiga vurdering i kommunale vedtak. Det er ei tillitsutfordring dersom forvaltninga ikkje er i stand til å forstå og innarbeide internasjonal rett, og praktisere i samsvar med denne. 


Hovedmål 4 - Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

Vi brukar dei vanlege kanalane, til dømes styringsdialogmøte eller fagsamlingar, til å gje tilbakemeldingar til oppdragsgjevarane våre om tilstanden i fylket og effekten av statleg politikk. Når det trengst, tek vi opp særskilte problemstillingar i brev eller i møte.

Vi legg til at vi meiner at oppdragsgjevarane våre i større grad burde leggje til rette for direkte dialog mellom politisk leiing i departementa og fylkesmennene. Vi meiner vi sit med mykje kunnskap om kva som verkar og kva som er problem for kommunane, og at det er viktig at politisk leiing i departementa har denne kunnskapen når dei utformar nasjonal politikk. For nokre år sidan la Fornyings- og administrasjonsdepartementet som administrativt ansvarleg departement for fylkesmennene, vekt på direkte kontakt mellom politisk leiing og fylkesmennene gjennom fylkesmannsmøta. Kommunal- og moderniseringsdepartementet, som tok over det ansvaret for fylkesmennene i 2013, la ned denne møtearenaen i 2016. Sjølv om arbeidsutvalet til fylkesmennene eit stykke på veg skipar liknande møte, meiner vi at også oppdragsdepartementa vil ha stor nytte av å leggje meir til rette for slik dialog.

Elles set vi pris på dreiinga i styringa til fylkesmennene som Kommunal- og moderniseringsdepartementet har lagt til rette for gjennom å oppmode oppdragsdepartementa til meir målstyring av fylkesmennene. Vi blir på den måten betre rusta til å velje mellom dei verktøya som vi meiner verkar best i vårt fylke. Då blir også initiativrolla vår styrkt.

Vi ser på initiativrolla som eit viktig supplement til dei meir konkrete oppdraga fylkesmennene har.  For oss er det nyttig å kunne tenkje utanfor den vanlege verktøykassa for å få gjennomført statleg politikk i fylket.

Eit døme er at vi siste par åra har vi hatt eit godt samarbeid med Universitetet i Bergen, der universitetet har sett i gang eit etterutdanningstilbod i forvaltningsrett for kommunale sakshandsamarar. Både deltakarane og universitetet var stornøgde etter at første kullet vart ferdig sommaren 2019. Nytt kurs for 2020 vart raskt fullteikna. Vi er i samtalar med universitetet om eit anna etterutdanningstilbod retta mot kommunale leiarar.

3.1.1 Nasjonal politikk skal være kjent og iverksatt i fylket

3.1.1.1 En bærekraftig, trygg og fremtidsrettet samfunnsutvikling og arealbruk

Vi prioriterer høgt å medverke til ei berekraftig og trygg samfunnsutvikling, gjennom å følgje opp nasjonale mål og føringar i samband med kommunale og regionale planar. Embetet har òg i 2019 engasjert seg sterkt i arbeidet med å følgje opp klimamål, for å oppnå energieffektivitet gjennom ei samordna bustad-, areal- og transportplanlegging, og for å ivareta beredskapsomsyn. Ikkje minst har vi arbeidd med formidle korleis kommunale planar og dispensasjonar, einskildvis og i sum, kan understøtte eller redusere sosial berekraft eller berekraft for miljøet.  

Generelt opplever vi at kommunale overordna planar i noko varierande grad svarar ut dei statlege måla for arealpolitikken. Vedtekne planar blir i for liten grad følgde opp. Det høge talet dispensasjonssaker i Vestland illustrerer dette, jf. oppsummeringa nedanfor. Også reguleringsplanar utfordrar ofte både kommuneplanen som overordna plan og statlege føringar. Dette gjeld m.a. tiltaksforbodet i strandsona, måla om ei meir samordna bustad-, areal- og transportplanlegging og om trygge, gode samfunn og bumiljø for folk i alle aldrar og livsfasar. 

Vi ser òg at produksjonsarealet i landbruket framleis er under press i større og mindre saker. Det same gjeld viktige delar av naturmangfaldet. Til dømes er miljøtilstanden framleis ikkje tilfredsstillande i mange viktige vassdrag. For ansvarsartar som villrein og villaks er den negative utviklinga ikkje snudd. I fleire av fjordsystema opplever vi utfordringar knytte til ureining og fare for negativ påverknad på viktig marint naturmangfald. 

Det er ressurskrevjande og fagleg krevjande å tolke og følgje opp dei mange, men viktige statlege føringane og forventningane på planområdet. I 2019 har det vore ekstra krevjande med heile 59 kommunar, samstundes som vi har jobba med intern samkøyring i det nye embetet. Og ofte må vi søkje kompromiss og finne løysingar i saker der vi ikkje kan utelukke at statlege omsyn kan verte råka. Det er likevel gledeleg at fleire kommunar no ser ut til å basere sine nye planar på berekraftmåla frå FN. 

Nasjonale og regionale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

Arbeidet med plansaker i embetet er lagt til ein eigen planseksjon i kommunalavdelinga. Det er likevel eit nært samarbeid med fagavdelingane, også i enkeltsaker. På fagavdelingane sine konferansar for kommunane blir også viktige planomsyn framheva. Jordvern var til dømes tema på den årlege felles landbrukskonferansen for kommunane. Vidare arrangerte vi hausten 2019, saman med fylkeskommunane, to større plankonferansar for kommunane.

Vi formidlar nasjonale og viktige regionale omsyn i alle kommuneplansaker, reguleringsplanar og gjennom våre fråsegner og klagevurdering i dispensasjonssaker. Det har vore svært høg aktivitet i vår planmedverknad i 2019, ikkje minst fordi det nye embetet måtte handtere planar og saker frå 59 kommunar i dei to tidlegare fylka, Sogn og Fjordane og Hordaland, i tillegg til arbeidet med å få på plass ei god fagleg og praktisk organisering av arbeidet på tre kontorstader. Vi i 2019 har vidareført den statlege samordninga av motsegnssaker i tidlegare Hordaland, og vi har starta opp denne praksisen i tidlegare Sogn og Fjordane. 


Vi legg ved litt statistikk og ei samanfatting av arbeidet med planar og dispensasjonar i 2019, som kan illustrere korleis vår medverknad i å formidle statlege omsyn er gjennomført i det daglege:

Vi fekk 1458 dispensasjonssaker å uttale oss til i 2019.

Vi fekk 1838 dispensasjonsvedtak til klagevurdering i 2019. Fylkesmannen klaga på 163 av dei, altså 8,9 prosent. 102 av klagene våre handla om strandsona. Mange klager var elles knytte til manglande varetaking av landbruksomsyn, reine jordvernsaker og, i noko aukande grad, frådeling av våningshus på gardar.

Vi fekk 211 reguleringsplanar til offentleg ettersyn i 2019. Fylkesmannen fremja motsegn til 28 av dei, dvs. 13,3 prosent. I alt 37 planar løyste vi med dialog, det vil seie ikkje nødvendig med motsegn. Av dei andre statsetatene fremja Statens vegvesen 22 motsegner, NVE 23 og Avinor fremja 2 til reguleringsplanane.
Vi hadde ni arealdelar til kommuneplan på høyring i 2019. Det var motsegnspunkt til åtte av desse planframlegga. I dei aller fleste sakene har det likevel vore semje gjennom dialogmøte eller på annan måte. Det er berre ein av planane som har gått vidare til mekling.

Deltagelse i regionalt planforum (fra kapittel 3.1.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100%

Vi deltek fast i regionalt planforum. Ut frå saksliste og type planar som er melde inn til forumet, er vi, så langt vi har ressursar til det, representerte med naudsynt kompetanse frå planseksjonen og/ eller fagavdelingane.

Vi opplever at planforum fungerer godt som arena for dialog i samband med oppstart av større planprosessar og i fasen før utlegging til offentleg ettersyn. 

Tidlig medvirkning (fra kapittel 3.1.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

100%

Vi medverkar på eit tidleg stadium i alle relevante kommunale og regionale planar.

Slik tidleg medverknad skjer både gjennom deltaking i regionalt planforum og ved at kommunane presenterer planane på eit tidleg tidspunkt direkte for Fylkesmannen. Vi tar då opp alle relevante nasjonale føringar, m.a. innan jordvern, naturmangfald, areal og transport og samfunnstryggleik. 

Mekling i planer med uløste innsigelser (fra kapittel 3.1.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

100%

Det er gjennomført mekling i alle planar der det har vore uløyste motsegner.

Fylkesmannen gjennomførte åtte meklingsmøte i 2019 og sluttførte to meklingar frå 2018. Av desse ti meklingssakene førte sju fram til semje mellom partane, ei sak til delvis semje og i to saker blei partane ikkje samde. I ei av sakene hadde vi nytt meklingsmøte i 2020 og med semje mellom partane.

Fylkesmannen hadde motsegn i ni av sakene det blei mekla i, fylkeskommunen hadde motsegn i to saker saman med Fylkesmannen og i ei sak hadde berre fylkeskommunen motsegn.

Vurdering av samfunnssikkerhet i plan (fra kapittel 3.1.1.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Kommuner med storulykkevirksomheter bør ved rullering av kommuneplaner etablere hensynssoner med tilhørende bestemmelser rundt storulykkevirksomheter. For eksplosivsanlegg underlagt storulykkeforskriften bør dette ivaretas for sikkerhetsrapportpliktige virksomheter (§ 9-virksomheter).

Vi følgjer opp i kvar plan vi har på høyring at alle typar fareområde er merkte som omsynssoner.

Vi har ved fleire høve hatt dialog med kommunar om kva informasjon kommunane meiner bør vere offentleg tilgjengeleg gjennom bruk av omsynssoner knytte til storulykkeverksemder og eksplosivanlegg.

Boligsosiale hensyn (fra kapittel 3.1.1.1.6.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Vi har etablert eit godt internt samarbeid om korleis bustadsosiale omsyn skal handterast i plan. Vidare har vi hatt kontaktmøte med Husbanken om same tema.

Temaet, og kjelder til rettleiing, blir spelt inn ved alle overordna planar i oppstartsfasen og, så langt det er relevant, til reguleringsplanar. 

3.1.1.2 Fylkesmannen understøtter kommunenes arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap

Vi har hatt høg aktivitet innan det kommuneretta arbeidet, og vi har nådd dei måla som er sett for arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. 

I 2019 prioriterte vi særleg å følgje opp dei nye kommunane, for å sikre at samfunnstryggleiksfeltet fekk nødvendig merksemd i den omfattande prosessen med samanslåinga. Aktivitetane våre mot desse kommunane har omfatta generell rettleiing, øvingar og støtte til dømes med å etablere krisestøtteverktøyet CIM i kommunen. 

I løpet av året har det vore ei rekkje tilfelle der sterk vind, store nedbørsmengder og andre meteorologiske forhold har ført til skred, flaum og andre problem i kommunane. Fleire av kommunane har i løpet av året vore gjennom andre alvorlege uønskte hendingar. 

Dette er nokre av dei: 

  1. Natt til første nyttårsdag førte ein brann på Voss til at 25 personar vart sende til sjukehus for sjekk, mens i alt 82 personar vart evakuerte.
  2. I januar vart 80 personar undersøkte av helsepersonell, og ni sende til sjukehus, på grunn av eit kjemikalieutslepp i Florø. 
  3. I mars var det igjen brann i eit vogntog i Gudvangatunnelen i Aurland. Ingen personar kom alvorleg til skade.
  4. I juni var det to dødsfall på Askøy som vart sett i samband med at drikkevatn var forureina.
  5. I juli omkom ein person i eit jordskred i Jølster, og delar av kommunen vart isolert som følgje av skred og flaum.
  6. I november førte eit brot på ei vassleidning i Bergen til at fleire hus måtte evakuerast og til omfattande trafikkproblem.  

Vi har i alle desse tilfella vore i dialog med kommuane og i ulik grad følgt opp og støtta i krisehandteringa. I tre av tilfella har vi i etterkant teke initiativ til evalueringsprosessar og leia desse. 

Tilsyn med kommunal beredskapsplikt (fra kapittel 3.1.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre tilsyn med kommunal beredskapsplikt i ¼ av kommunene. Kommuner for tilsyn velges ut på bakgrunn av en vurdering av risiko og vesentlighet.

Vi gjennomførte i løpet av året tilsyn med oppfølging av kommunal
beredskapsplikt i 14 av 59 kommunar. Ti av tilsyna var
systemrevisjonar (i kommunane Etne, Sveio, Bømlo, Stord, Fitjar, Tysnes, Kvinnherad, Askvoll, Solund, og Luster), medan fire var dokumenttilsyn (i kommunane Osterøy, Balestrand, Jølster, Vågsøy).

Det vart gitt avvik ved dei fleste av tilsyna. Hovudtyngda av avvika skuldast at minimumskrava til heilskapleg ROS-analyse ikkje var oppfylt, og fordi kommunane ikkje hadde tilfredsstillande langsiktige mål, plan og prioriteringar for korleis funna i ROS-analysen skal følgjast opp.

Felles tilsyn med beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen avgjør om det skal gjennomføres tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene basert på kunnskap om risiko og sårbarhet. Tilsyn med helsemessig beredskap i kommunene skal gjennomføres som felles tilsyn med fylkesmannens tilsyn med kommunal beredskapsplikt etter sivilbeskyttelsesloven, jf. veileder for felles beredskapstilsyn i kommunene fra DSB og Helsetilsynet.

Helse-, sosial- og barnevernsavdelinga og beredskapsseksjonen hadde i starten av året ein felles gjennomgang av tildelingsbrevet, der felles tiltak og grensesnitt vart drøfta. Vi vart samde om å ikkje gjennomføre felles tilsyn i 2019, mellom anna fordi beredskapsseksjonen trong å etablere ein felles tilsynspraksis på tvers av kontorstadane. Intensjonen var å ha felles tilsyn frå året etter, og det er no avtala fire felles tilsyn i 2020.

Ved tilsyn med kommunal beredskapsplikt har beredskapsseksjonen henta inn informasjon frå helseavdelinga om tema knytte til beredskap for helse- og sosialområda (m.a. beredskapsplanar og smittevernplan). 

Veiledning om samfunnssikkerhet og beredskap i kommunene (fra kapittel 3.1.1.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal styrke veiledningen i kommunene i arbeidet med samfunnssikkerhet og beredskap, herunder helseberedskap. 

Vi har på mange ulike måtar rettleia kommunane i arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap. Vi har særleg prioritert å gi fagleg støtte til kommunane som skulle slå seg saman. Vi har hatt møte med den administrative leiinga i alle dei ni nye kommunane (Alver, Bjørnafjorden, Kinn, Stad, Sunnfjord, Sogndal, Ullensvang, Voss og Øygarden). I møta snakka vi mellom anna om våre forventingar til korleis kommunane skal følgje opp beredskapsplikta. Kommunane gjorde greie for korleis dei jobba med samfunnstryggleik og beredskap i samanslåingsprosessen, og korleis dei planla å vareta fagområdet etter at den nye kommunen er etablert.

Vi har òg hatt mykje aktivitet mot samanslåingskommunane knytt til krisestøtteverktøyet CIM. Vi arrangerte mellom anna seminar, eit administratorkurs og to arbeidsverkstadar, i tillegg til anna støtte i oppretting av nye CIM-installasjonar. Vi har også lagt vekt på brukaropplæring i DSB-CIM, og gjennomført brukaropplæring i fleire av kommunane (Ullensvang, Voss, Øygarden, Fedje, Bjørnafjorden og Masfjorden). Vi oppretta ei brukarside for DSB-CIM på nettsida vår, der vi mellom anna har lasta opp eigne opplæringsvideoar for dei grunnleggjande funksjonane i CIM.

I slutten av tilsynsmøta har vi hatt ein bolk med generell rettleiing og informasjon til kommunane, der totalforsvaret har vore eit av temaa. 

I oktober arrangerte vi ei to-dagars fagsamling for beredskapskontaktar og administrativ leiing i kommunane. Vi hadde mange ulike tema på programmet, mellom anna legemiddelberedskap, industririsiko og industrivern, digital sårbarheit og klimaendringar. I tillegg hadde vi to bolkar med erfaringsdeling frå kommunar; om krisa i drikkevassforsyninga på Askøy og om hendinga med Viking Sky på Hustadvika.

Vi har gitt rettleiing på førespurnad frå kommunane, t.d. om temaet heilskapleg ROS-analyse. Vi laga ROS-verkstader for mellom anna kommunane Bremanger, Fjaler og nye Vestland fylkeskommune.

Vi har bidrege med innlegg og foredrag om tema innan samfunnstryggleik og beredskap i ulike fagforum der kommunane har delteke. Mellom anna hadde vi innlegg om kommunal krisehandtering for Gulen kommune og nabokommunane. Vi deltok  saman med kommunar, naudetatar og andre regionale aktørar på Nødnettdagen i Bergen, der vi delte våre erfaringar med bruk av Nødnett. Vi deltok på det nasjonale fjellskredseminaret i Geiranger, der vi hadde innlegg om befolkningsvarsling og erfaring frå handteringa av skredhendingane i Jølster i juli.

Vi har gjennomført tre prosjekt der vi summerte opp konklusjonane i form av rettleiingsnotat til kommunane. Temaa var handtering av risiko med kjemikaliar og eksplosiv, krav og forventningar til system for evakuering og befolkningsvarsling og lokal handtering av atomhendingar.

Egenberedskap (fra kapittel 3.1.1.2.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i 2019 bidra til at kommunene arbeider for styrket egenberedskap hos innbyggerne gjennom å implementere egenberedskapskampanjen fra DSB.

Vi hadde eit tett og godt samarbeid i ei arbeidsgruppe der Sivilforsvaret og Voss kommune deltok i tillegg til oss. Målsettinga var å rette merksemd mot eigenberedskapskampanjen i regionale media. Voss kommune hadde ei rekkje aktivitetar, og vi hadde særleg merksemd på å løfte fram kommunen som eit godt døme. Vi hadde òg dialog med nye Bjørnafjorden kommune, som hadde fleire aktivitetar i samband med kampanjen. Vi registrerte at det vart mange oppslag i lokalmedia i Vestland, og at mange av kommunane hadde aktivitetar knytte til kampanjeveka. 

Vi har òg gitt ein del tilbakemeldingar til DSB med forslag til forbetring i neste kampanjeveke.

Øvelse for kommunens kriseorganisasjon (fra kapittel 3.1.1.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i løpet av 2019- 2022 gjennomføre øvelse for alle kommuners kriseorganisasjon.

I februar arrangerte vi ei skrivebordsøving med PLIVO som scenario, der mellom anna Sogndal kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune deltok. I tillegg var naudetatane, Høgskulen på Vestlandet og fleire private verksemder med på øvinga. Øvingsdagen vart avslutta med ei operativ PLIVO-øving der deltakarane frå skrivebordsøvinga var figurantar og observatørar.

I juni gjennomførte vi øvingar med kriseleiinga i 19 kommunar i tidlegare Hordaland. Scenarioet var ei atomhending, og bruk av Nødnett og krisestøtteverktøyet CIM var viktige tilleggsmoment. Vi leia øvinga frå Statens hus, mens kommunane øvde i eigne lokale. DSA, sivilforsvaret, Røde Kors, DSB (avdeling for nød- og beredskapskommunikasjon), HV09 og Mattilsynet støtta oss i gjennomføringa.

I juni og november gjennomførte vi øvingar med krisestøtteverktøyet CIM ("CIM-trim") med alle kommunane, der deling av rapport var tema.

I desember hadde vi øving for kriseorganisasjonane i alle dei ni  samanslåingskommunane. Scenarioet var ekstremvêr, og evna til å drive godt kriseinformasjonsarbeid var eit viktig tema. Vi hadde med ein tidlegare journalist, i tillegg til at heimevernsdistrikta (HV09 og HV11), politiet, sivilforsvaret, helseføretaka (Helse Bergen og Helse Førde) og Røde kors deltok. 

I desember arrangerte vi ei øving med oppkopling på samband for alle kommunane. Vi øvde med både Nødnett og satellittelefon.

3.1.1.3 Økt kunnskap om sosialtjenesteloven

Vi meiner tiltaka vi gjennomførte i 2019 medverka til å betre kunnskapen om sosialtenestelova. Vi gav opplæring til kommunane gjennom kurs, møte for leiarar, handsaming av klager og ved tilsyn. Vi prioriterte opplæring gjennom "Ny i Nav" på nettverksamlingar for KVP og for økonomisk rådgjeving. Vi hadde òg fagsamling om dei sosiale tenestene og eiga fagsamling om KVP, der alle Nav-kontora var inviterte. Ved evaluering svara deltakarane at dei i stor grad var nøgde med tiltaka og at dei var relevante for arbeidet. På nettsida vår informerte vi om tolking av sosialtenestelova og avgjerder i prinsipielle spørsmål. 

Opplæringtiltaka var koordinerte med Nav fylke. To gonger i året inviterer vi, saman med Nav fylke, alle Nav-leiarar til møte for drøfting av felles problemstillingar. 

Dei fleste Nav-kontora har rimeleg god kunnskap om regelverket. Dette ser vi ved at vi over fleire år stadfestar omkring 85 prosent av vedtaka. Når vi ved tilsyn avdekkjer lovbrot, følgjer vi opp verksemdene til dei viser at praksisen er endra.

Tilbud om opplæring til alle NAV-kontor i fylket (fra kapittel 3.1.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle NAV-kontor i fylket har fått tilbud om opplæring i sosialtjenesteloven og forskrifter med særlig vekt på aktivitetsplikt for personer under 30 år og kvalifiseringsprogram.

Alle Nav-kontor fekk tilbod om opplæring i sosialtenestelova. Aktivitetsplikt og kvalifiseringsprogram var tema. For å gjere innhaldet i samlingane relevant, involverte vi tenestene i utforminga av programma. Kvalifiseringsprogrammet har over tid vore vektlagt. Nav-kontora har god kunnskap om lovkravet om aktivitetsplikt, men har utfordringar med å finne gode, individuelt tilpassa og arbeidsfremjande tiltak. 

NAV kontor med lav kunnskap tilbys opplæring (fra kapittel 3.1.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

NAV-kontor som vurderes å ha lav kunnskap om sosialtjenesteloven og hvordan den skal praktiseres, eller forvaltningsloven og saksbehandlingsreglene i sosialtjenesteloven, tilbys opplæring.

Det var lagt til rette for at alle Nav-kontora kunne delta på opplæringstilboda i 2019. Fagsamlingane med generell opplæring og samlingane for kommunar med få deltakarar i kvalifiseringsprogrammet (KVP), var tilrettelagt for å nå dei som etter vår vurdering hadde særskilt behov for oppfølging. Vi brukte meir ressursar enn tidlegare på å følgje opp tenester der vi ved tilsyn avdekte lovbrot. Vi er i gang med å systematisere data om Nav-kontora og meiner ei slik oversikt vil medverke til ei meir treffsikker oppfølging. Dialogmøta med tenestene er òg ein viktig arena i det vidare arbeidet med tenesteutvikling.

Oppfølging av kommuner (fra kapittel 3.1.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen har systematisk fulgt opp kommuner der det gjennom tilsyn, klagesaksbehandling og veiledning er avdekket særlige utfordringer ved praktisering av sosialtjenesteloven.

Vi fann lovbrot ved seks av åtte planlagde tilsyn med sosiale tenester i Nav, og vi følgjer opp kommunane til dei dokumenterer at endring av praksis varer over tid. Til no er eitt av dei seks tilsyna avslutta. Vi formidlar erfaringar frå tilsyn og behandling av klagesaker til andre tenester og leiarar ved å bruke nettsida vår og samlingar for leiarar og tilsette.

3.1.1.4 Økt tilgjengelighet og kapasitet, samt styrket kvalitet i helse- og omsorgssektoren i kommunene

Endring i metoden for utrekning av årsverk, gjer at vi førebels ikkje har tal som viser reell endring i talet på årsverk for ulike grupper. Dei fleste kommunane i dei to fylka har ein jamn auke i talet på tilsette i helse- og omsorgstenestene, årsverk med fagutdanna personell og tilsette med vidareutdanning. Det er likevel kommunar som har høg del ufaglærte, til dømes i tenestene til personar med utviklingshemming, og høg del tilsette over 55 år og vanskar med å rekruttere vernepleiarar, sjukepleiarar og psykologar til helse- og omsorgstenestene. 

Fram til 2019 var det særleg mindre kommunar som hadde vanskar med å rekruttere fastlegar. I 2019 lukkast heller ikkje fleire av dei største kommunane med å rekruttere legar. Dette gjaldt mellom andre Bergen kommune, der det ikkje var ledige plassar hos fastlegane og ikkje søkjarar til ledige heimlar. Nytilflytte vart viste til å nytte Bergen legevakt. Problemet var ikkje løyst ved utgangen av året. Rekruttering av fastlegar var tema på det årlege møtet for kommuneoverlegane, der kommunane som har funne måtar å rekruttere og halde på fastlegar, presenterte sine løysingar. Dei som lukkast er kommunar som er fleksible og som er i dialog med og legg til rette for fastlegane. Det gjeld fastlønn, kompensasjon for å delta i møte med kommunen, tilrettelegging for spesialisering, tilrettelegging for offentleg legearbeid og legevakt (økonomisk kompensert fri etter nattevakt). Andre viser til fagleg felleskap for fastlegane, anten det gjeld kommunens einaste legekontor eller regelmessige samlingar for alle fastlegane. Når dei tilsett LIS1, vel dei legar som har lokal tilknyting. Kommuneoverlegen leiar fastlegane og engasjerer seg for dei med eit fagleg fokus. Denne type tiltak har resultert i vellukka rekruttering og stabile legar.

Fleire hendingar siste året aktualiserte behovet for ha oppdaterte smittevernplanar og ordningar for mediehandtering. Dette var òg tema på møtet for kommuneoverlegane. På nettsidene informerte vi om prevalensundersøkingar, influensavaksinering, heptatittstrategien, antibiotikaresistens og smittevern generelt. Vi gav råd og rettleiing til helsetenestene både ved smitteutbrot og etter behov, som til dømes ved ureininga av drikkevatn i Askøy kommune. 

Samarbeidet med regionale kompetansesenter, KS, kommunane og utviklingssentera for sjukeheimar og heimetenester vart vidareført og er viktig for kvalitetsforbetring og gjennomføring av dei nasjonale satsingane i helse- og omsorgstenestene. Dei fleste kommunane deltek i nettverk og arbeider med innføring av velferdsteknologi. Vi ser at det er behov for å tilby meir hjelp til planlegging for å innfri målsettingane i Leve heile livet-reforma og vil følgje opp dette komande år. Leve heile livet er løfta til ei brei embetssatsing og blir høgt prioritert. Det systematiske arbeidet for kvalitetsforbetring vil òg bli særleg følgt opp vidare. Her er det stor variasjon. Samla sett går utviklinga i kommunane i rett retning, sjølv om alle resultatmål ikkje er oppfylte, jamfør rapporteringa under. Vi meiner at dei enkelte tiltaka som vart gjennomførte i 2019 og vår oppfølging over tid medverkar til å betre kvaliteten i helse- og omsorgstenestene.

Planer for kompetanseheving, rekruttering og velferdsteknologi (fra kapittel 3.1.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

100%

Vi kartla ikkje planarbeidet i kommunane i 2019, men planlegging og planarbeid var tema på dei fleste møteplassane vi hadde. Kommunane legg planar for korleis dei skal møte utfordringane innan kommunale helse- og omsorgstenester. Nokre av dei kan ikkje dokumentere at dei gjer dette på ein tilstrekkeleg systematisk måte. Nesten alle har delplanar for ulike tenesteområde. Dei kommunane som ikkje har eigne oppdaterte delplanar for kompetanseheving og rekruttering, har tema med i annan sektorplan. Kommunane er i gang med å innarbeide tema velferdsteknologi i sine sektorplanar for helse- og omsorgstenestene.   

I dei overordna kommunale planane som vi har hatt til gjennomsyn, har vi oppmoda kommunane om å følgje prinsippa i Leve heile livet-strategien. Reforma viser veg for ei samfunnsplanlegging som inkluderer rekruttering, velferdsteknologi og kompetanseheving. I fråsegnene til planar peiker vi òg på at universell utforming er nødvendig for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn.

Dagaktivitetstilbud til hjemmeboende med demens (fra kapittel 3.1.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

100% ved utgangen av 2019

Den nasjonale kartlegginga hausten 2018 viste at åtte av 33 kommunar i Hordaland og to av 26 kommunar i Sogn og Fjordane ikkje hadde eit dagaktivitetstilbod som var spesielt tilrettelagt for personar med demens. Ifølgje Helsedirektoratets siste oversikt i 2019 om aktivitet knytt til tilskotsordninga var det seks kommunar i Hordaland og åtte kommunar i Sogn og Fjordane som ikkje hadde tilbod om dagaktivitetsplassar. Dette kan tyde på at det ikkje er heilt samsvar mellom kommunanes eiga rapportering og Helsedirektoratets oversikt. Det kan også tyde på at målet om at alle kommunar skal ha eit dagaktivitetstilbod tilrettelagt for denne brukargruppa, ikkje er nådd.

I 2019 søkte kommunar i Hordaland om tilskot til oppretting av 77 nye plassar for 168 brukarar (mot 22 nye plassar i 2018) til 38 brukarar. I alt 11 av 33 kommunar oppretta i 2019 nye dagplassar for personar med demens.

Kommunar i Sogn og Fjordane søkte om tilskot til oppretting av 10 nye plassar for 12 brukarar (mot 31 nye plassar i 2018). Berre ein kommune søkte om tilskot til oppretting av nye dagplassar. Totalt tal heile plassar i 2019 er 163 til 255 brukarar (mot 153 plassar til 263 brukarar i 2018). 

Det er vårt inntrykk at kommunane har dagtilbod eller aktivseringstilbod som eldre kan bruke, sjølv om det framleis er kommunar som ikkje har eit tilbod som er spesielt retta mot og lagt til rette for heimebuande demente.   

Andel ansatte i helse og omsorgstjenesten med formell utdanning (fra kapittel 3.1.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen har økt siden 2018.

Tal som syner resultat for 2019 ligg førebels ikkje føre. Nye tal vert publiserte i Kostra i mars 2020. Statistisk sentralbyrå har lagt om årsverkstatistikken som gjer at endringar i talet på årsverk frå 2017 til 2018, ikkje er reelle. 

 

3.1.1.5 Forbedret, forsterket, tverrsektoriell og samordnet innsats på psykisk helse, rus- og voldsfeltet

Resultatmål og oppdrag er delvis oppfylte. Arbeidet for å betre kapasitet, kvalitet og tverrsektoriell samordna innsats vart vidareført i 2019. Kapasiteten i tenestetilboda samsvarar likevel ikkje med behov. Vi får meldingar om at terskelen for tilbod i spesialisthelsetenestene er høg. Det er behov for å styrkje brukarmedverknad på tenestenivå. Det trengst fleire tilpassa bustader, fleire tilbod som kan bidra til aktivitet og meiningsfylte dagar og betre samarbeid mellom sektorar og tenester. 

Samarbeidet med regionale kompetansesenter, spesialisthelsetenesta, KS, Nav, barnevern, Husbanken og representantar for brukarar av tenestene vart vidareført.

Leiarar og tilsette i kommunane fekk informasjon om opptrappingsplanen mot vald og overgrep. Arbeidet med å lage handlingsplanar mot vald i nære relasjonar går sakte. Tilråding om å lage planar er ikkje eit sterkt nok verkemiddel. Av 59 kommunar var det 45 som søkte om og fekk tilskot til stillingar for psykologar. Det er fleire stadar vanskeleg å få søkjarar til stillingane og liten kontinuitet i tilbodet fordi den som blir tilsett, sluttar etter kort tid. Frå 01.01.2020 har kommunane ei eller fleire stillingar. Nokre kommunar samarbeider om stilling for psykolog.  

Vel halvparten av kommunane har system for tidleg identifisering og oppfølging av personar med rusrelaterte problem. Vi har over tid informert og gitt tilrådingar om å styrkje samarbeidet mellom tenester for å førebyggje og fange opp tidleg utsette unge og vaksne, og vi samarbeider med regionale kompetansesenter om opplæring og bruk av verktøyet betre tverrfagleg innsats. 

Det er ni FACT-team i Hordaland, men desse dekkjer ikkje alle kommunane. Nettverk for teama blir oppretta i 2020. Kommunar og helseføretak som ikkje har FACT-team i opptaksområdet, har fått informasjon om tilskotsordninga og nasjonale forventingar om å opprette team. Erfaringar med Rask psykisk helsehjelp er også delte. Diverre har vi erfart at tilbod blir lagde ned når tiltaket ikkje lengre fyller vilkår for å få midlar gjennom tilskotsordningar.

Egnet botilbud for personer med psykisk helse-/rusmiddelproblemer (fra kapittel 3.1.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Ingen personer med psykiske helse- og/eller rusmiddelproblemer står uten egnet botilbud.

Det er behov for fleire tilrettelagde bustadar for personar med psykisk helse- og/eller rusmiddelproblem. Behovet er størst i dei større kommunane. Vi har ingen haldepunkt for anna enn at det også blir arbeidd for å betre butilboda, men det tek lang tid. Sjå òg rapportering om prosjekt som del av Bolig for velferd i tre kommunar, mellom anna for denne gruppa.

Det ligg ikkje føre tal frå Bolig for velferd. Brukarplankartlegging vart gjennomført i slutten av 2019, men resultatet er ikkje offentleggjort. Tal frå Brukarplan frå 2018 syner ei positiv utvikling i tilgangen på bustader og at det var færre utan fast bustad enn i 2017. 

Det går fram av IS 24/8 at 39 prosent av kommunane i Hordaland har svara at det er stor betring eller betring i bustadsituasjonen for dei med psykiske problem. Vidare har 36 prosent svara at det er stor betring i bustadsituasjonen for personar med rusmiddelproblem. I Sogn og Fjordane melder 36 prosent av kommunane om betring i bustadsituasjonen for dei med psykiske problem, og 28 prosent melder om betring i bustadsituasjonen for dei med rusproblem. 

Opptrappingsplanen mot vold og overgrep (fra kapittel 3.1.3.2.2.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Alle kommunane i Vestland fekk i 2019 tilbod om å delta på fagsamlingar med tema vald og overgrep, og 54 av 59 kommunar deltok på ei eller fleire samlingar. Målgruppa var tilsette innan barnevern, helsepersonell, tenesteleiarar innan psykisk helse og rus og LIS-legar. Tiltak for å førebyggje og handtere vald og overgrep var i 2018 tema i dei fleste av møta med leiarar og tilsette i helse- og omsorgstenestene og i barnevernet.     

Handlingsplaner mot vold i nære relasjoner (fra kapittel 3.1.3.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har utarbeidet kommunale eller interkommunale handlingsplaner mot vold i nære relasjoner enn i 2018.

Vi har ikkje gjennomført eiga kartlegging i 2019. Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging kan heller ikkje gje oss tal på kor mange kommunar som har plan, og det går ikkje fram av IS-24/8.

IS 24-8 viser at 58 prosent av kommunane i Sogn og Fjordane og 48 prosent av kommunane i Hordaland har etablert skriftlege rutinar for tverrsektoriell samhandling i saker som gjeld vald og overgrep.   

Ved kartlegging i 2018 svara 23 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane at dei hadde eigen handlingsplan. Fylkesmannen i Hordaland gjennomførte ikkje kartlegging i 2018 fordi NKVTS skulle kartleggje kor mange av kommunane i landet som hadde slike planar. Vi fekk då opplyst at fem kommunar i Hordaland hadde handlingsplan. 

Våren 2020 vil vi kartleggje kor mange av dei 43 kommunane i Vestland som har handlingsplan mot vald i nære relasjonar. Vi vil òg samarbeide med RVTS for å bidra til at fleire kommunar får på plass handlingsplanar og samarbeidsrutinar.  

3.1.1.6 Styrket folkehelsearbeid

Det manglar nasjonale indikatorar for vurdering av om kommunane har etablert eit langsiktig og systematisk folkehelsearbeid og om dei legg vekt på utjamning av sosiale helseskilnadar i planar. 

Vi tolkar "kommunar som har etablert eit systematisk og langsiktig folkehelsearbeid" som kommunar som har ein oppdatert folkehelseoversikt og ein planstrategi som byggjer på denne. At samfunnsdelen også tydeleg legg vekt på folkehelse og psykisk helse, i faktiske tiltak og økonomiske prioriteringar, inngår også. For at innsatsen skal vere systematisk må folkehelseomsyna òg syne att i kommuneplanens arealdel. Slik det går fram i rapporteringa på punkt 3.1.3.3.1 og 3.1.3.3.2,  manglar det framleis noko før alle kommunane har etablert eit systematisk folkehelsearbeid og viser at dei legg vekt på utjamning i planverket sitt. Vi har formidla forventningane til kommunane i ulike møte og i fråsegnene til planstrategiar og planar. Vi registrerer framgang og har grunn til å tru at rådgjeving og tydeleg formidling av forventingar medverkar til utvikling i ønskt retning. Dette er eit langsiktig og målretta arbeid der vi ikkje ser dei store endringane frå det eine året til det neste. 

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

100 %

Av dei 59 kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland var det 18 som ikkje hadde eit skriftleg dokument med oversikt over folkehelsa. Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar arrangerte kurs i arbeidet med folkehelseoversikt. Tilbodet som gjekk til alle kommunane, var ei direkte hjelp til etablering og styrking av det systematiske og langsiktige folkehelsearbeidet. Vi var med på å informere og invitere til kursrekka i Sogn og Fjordane. Rådmenn i kommunar som ikkje hadde eit skriftleg oversiktsdokument, vart kontakta og oppmoda om å delta i læringsnettverket. 

Datagrunnlaget for kunnskap om status og utfordringar på folkehelseområdet i Vestland er styrkt gjennom Folkehelseundersøkinga i Hordaland i 2018 og i Sogn og Fjordane i 2019. Resultata viser at talet på barn som lever i fattigdom aukar og at det er viktig å arbeide for sosial og økonomisk likeverd på tvers av sektorar. Undersøkingane syner korleis ulike former for sosial ulikskap òg har negative følgjer for folkehelsa.  

I fråsegnene våre til planprogram og framlegg til kommuneplanar viser vi til folkehelselova § 5 og at det som grunnlag for planarbeidet er naudsynt med oversikt, status og utfordringar for folkehelsa.

Slik som ved rapportering tidlegare år, ser vi at folkehelse blir omtalt i planverk, spesielt i kommuneplanens samfunnsdel. Det er framleis behov for å vidareutvikle systematikken i arbeidet frå folkehelseoversikt til planstrategi og vidare til fastsetting av mål og tiltak i plan, iverksetting og evaluering av tiltak.

100 % . (fra kapittel 3.1.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

100 % 

Vi manglar ei felles operasjonalisering av "vektlagt utjevning av sosiale helseforskjeller" og eigna talmateriale for å kunne rapportere objektivt på dette. Rapporteringa byggjer på innspela til dei overordna kommunale planane som vi har hatt til gjennomsyn. I dette arbeidet ser vi spesielt etter om kommunane har identifisert utsette grupper, og prioriteringane av dei gjennom strategiar og tiltak. 

Utsette grupper i samfunnet blir synleggjorde i folkehelseoversiktene til kommunane og i folkehelseoversikta for Vestland. Desse viser at skilnadar i inntekt og ulikskap aukar. Det gjer òg delen hushald som lever i vedvarande fattigdom. Dessutan aukar talet på einslege forsørgjarar. Delen barn som veks opp i låginntektshushald, har gått opp, og har auka spesielt i Sogn og Fjordane. Ulikskapen er størst i familiar med dei yngste barna. Det er òg ein auke i talet på eldre, spesielt i Sogn og Fjordane. 

I planarbeida viser kommunane ofte til at dei vil leggje til rette for gode oppvekst- og levevilkår for innbyggjarane, og nemner utsette grupper. Likevel er det ikkje alltid at tiltak som kan bidra til utjamning er like tydelege i planarbeidet. Alle kommunar har tiltak som kan vere med på å jamne ut sosiale helseskilnadar, sjølv om dette ikkje alltid er eit resultat av ei systematisk satsing.

I innspela våre til det kommunale planarbeidet peikar vi spesielt på at utvikling av gode bustader og nærmiljø er viktige tiltak for inkludering og kan motverke sosial ulikskap i helse og barnefattigdom. Dialogen med fleire kommunar viser at norma for integrering og normalisering vert utfordra når det trengst bustadar til utsette grupper. Kommunar argumenterer med effektiv tenesteyting og korte avstandar og vil plassere mange med behov for hjelp på same stad.

Alle kommunane skal utarbeide ny planstrategi i løpet av 2020. I innspel til dette arbeidet har vi vore tydelege på at kommuneplanen må vektlegge utjamning av sosiale helseskilnader, og at sosial bustadpolitikk er avgjerande i den heilskaplege kommunale innsatsen. 

3.1.1.7 Økosystemene i fylket har god tilstand og leverer økosystemtjenester

Økosystema i fylket er fragmenterte på grunn av fjell, dalføre og fjordar. Dette gjer verknadene av menneskeleg aktivitet ekstra tydelege. Påverknaden frå menneskeleg aktivitet er framleis av stort omfang for nokre naturtypar, som myr, deltaområde og skog, særleg i låglandet. 

Spreiing av framande artar er eit problem for dei fleste økosystema. Det største trugsmålet mot økosystem og artsmangfald på land er den omfattande og ukontrollerte frøspreiinga av gran frå etablerte granplantingar, men lokalt er også sitka og hemlokk viktige. Satellittdata viser at 45 prosent av 1620 undersøkte naturtypelokalitetar i Sogn og Fjordane inneheld frøspreidd gran, eller at det er registrert gran mindre enn 100 meter unna. I tillegg har gran spreidd seg til rundt 50 av 138 undersøkte naturreservat, nasjonalparkar og landskapsvernområde. Desse tala er truleg representative for heile Vestland fylke. 

Fjerning av framande treslag frå verneområda våre er eit høgt prioritert tiltak for oss. I 2019 vart all innplanta skog på øya Lamøy ved Herdla naturreservat fjerna, for ein samla kostnad av 2,4 mill. kroner. Resultatet vart bra, og vi ser allereie gode verknader av tilsvarande tiltak som har vore utført andre stadar i 2017 og 2018. Sterk innsats over tid på denne sektoren gjer at vi vart nasjonal koordinator for denne type prosjekt, slik at andre fylkesmenn og verneområdestyre skal få tilgang til røynslene som er gjorde i samband med fjerning av planteskog og skogrestaurering.

Tilstanden i det marine økosystemet kan vurderast m.a. ut frå hekkebestandane av sjøfugl. Langvarig overvaking viser at hekkebestandane har vore sterkt reduserte i nesten to tiår. Tilstanden for det marine økosystemet ser dermed dårleg ut. I 2019 har det vore framdrift i arbeidet med å etablere marine verneområde i Vestland. Innsatsen dette året har vore særleg retta mot to kandidatområde i Sogn og Fjordane (Stad og Dalsfjorden), medan tre kandidatområde i Hordaland ligg til slutthandsaming i Klima- og miljødepartementet etter at vi i 2017 sende vår faglege tilråding om vern.

Antall igangsatte restaureringstiltak i myr og annen våtmark (fra kapittel 3.1.4.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle restaureringstiltak som har fått tildelt midler i 2019, skal være igangsatt i løpet av året.

Vi fekk inga respons då vi bad potensielt kompetente tilbydarar om tilbod på "Undersøkingar av senka tjørn og kringliggjande myr" (i Sørværet naturreservat). Etter at tilbodsfristen var ute tok vi då direkte kontakt med NTNU-Vitskapsmuseet (som vi oppfatta som dei mest aktuelle). Dei hadde ikkje respondert fordi det var seint på året, men vurderte oppdraget på nytt og fann det svært interessant. Det vart då gjort avtale om utbetaling i 2019, sjølv om det ikkje var realistisk å kome i gang med feltarbeid før i 2020.

Antall reviderte regionale vannovervåkingsprogram (fra kapittel 3.1.4.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle overvåkingsprogram skal være revidert i løpet av året.

Liste over aktuelle overvakingslokalitetar til revidert regionalt overvakingsprogram for Vestland (Hordaland og Sogn og Fjordane) blei sendt over til Miljødirektoratet innan fristen 1. juli 2019.
Det var lista opp om lag 350 lokalitetar i Hordaland og om lag 100 lokalitetar i Sogn og Fjordane. Arbeidet med det reviderte programmet er så vidt i gang. Vi saknar framleis meir
informasjon frå Miljødirektoratet om korleis det er tenkt at dette programmet skal vere. Programmet skal skildrast i vassregionens forvaltningsplan.

Antall pålegg om tiltak og undersøkelser hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjon (fra kapittel 3.1.4.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Bruk av sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner har økt sammenliknet med 2018.

Det er ikkje gitt nye pålegg om utsetting av innlandsaure i reguleringsmagasin i 2019, og det blei heller ikkje gjort i 2018. Med nye prøvefiskeresultat som er under ferdigstilling, så har vi planlagt å endre eller avslutte ein del av dei gjeldande pålegga i 2020. I 2019 var det 81 løpande utsettingspålegg, fordelte på 36 i Hordaland og 45 i Sogn og Fjordane.    

På grunn av løpande avtalar med regulantane er det ikkje gitt pålegg om fiskeundersøkingar i reguleringsmagasin og elvestrekningar med berre innlandsfisk. I Hordaland er det gjennomført prøvefiske i nokre innsjøar, etter avtale med Statkraft og BKK. I Sogn og Fjordane har regulantprosjektet, i sin siste feltsesong med prøvefiskeprogram avtalt med regulantane i fylket, prøvefiska seks magasin. I tillegg er det undersøkt 15 elvestrekningar ovanfor vandringshinder for anadrom fisk, for å kunne vurdere tilstanden etter vassforskrifta. 

3.1.1.8 Et representativt utvalg av norsk natur skal tas vare på for kommende generasjoner

Naturvernområda i Vestland fylke er forvalta og skjøtta i tråd med verneformålet for kvart område. For mange av verneområda manglar kunnskap om naturtypar og artsinventar, og talet på verneområde betyr at det ikkje er kapasitet til meir enn ei minimumsforvalting. Det er i liten grad kapasitet til skjøtsel. Innsats mot framande artar som trugar verneføremålet (i praksis norsk gran) vert prioritert, men problemet på dette punktet aukar langt raskare enn forvaltninga har kapasitet til å bøte på det.

Verneområda i fylket dekkjer store areal i fjellet, men berre småflekkar i låglandet der det største biologiske mangfaldet finst. Den alvorlege underdekkinga av dei mest artsrike naturtypane gjer det vanskeleg å sikre naturen for komande generasjonar. Det har rett nok vore ei god utvikling dei siste åra med vern av fleire skogområde, men det er i dag vanskeleg å finne gode kandidatområde til vern som ikkje er råka av den ukontrollerte spreiinga av planta gran. Det er i tillegg betydelege utfordringar med at utmarkseigedomane er små og ofte med uavklara eigarforhold. Det gjer at arbeidet med frivillig vern ofte tek lang tid og gjerne resulterer i ufornuftige arronderingar. Slik uheldig form på verneområda gjer naturmangfaldet svært sårbart for negative påverknader utanfrå. 

Skogareal tilrådd for vern (fra kapittel 3.1.4.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal tilrå vern av skog i et omfang som bidrar til at skogvernbudsjettet for 2019 utnyttes fullt ut

Det vart i 2019 verna ni nye skogområde og utvida eitt eksisterande skogreservat gjennom ordninga for frivillig vern: Sørebødalen, Gaddeskogsvatnet, Bugen, Kvist, Gripakletten, Steinen, Setråsen, Håvikevatnet, Austefjorden og Blånuten. Flostranda naturreservat vart utvida. Det samla arealet er på 28 000 dekar. I Vestland var 2,9 prosent av skogen verna ved utgangen av 2019 .

Eit liknande tal skogområde har i løpet av året vore i verneprosess.

3.1.1.9 Forurensning skal ikke skade helse og miljø

Tilsyn er høgt prioritert hjå miljøavdelinga. Vi arbeider systematisk etter kontrollplanen som vi set opp i starten av året. Det samla resultatet for 2019 vart på 102 utførte tilsyn (på 121 anlegg) med tilhøyrande gebyrinntekter på snautt 2,2 mill. kroner. Vi er nøgde med dette, sett ut frå at det i år også har gått med ressursar til å samordne tilsynspraksisen for dei to tidlegare embeta.

Vi deltok i fire tilsynsaksjonar i regi av Miljødirektoratet. Dette var for bransjane tanklagring (elleve verksemder), galvano (14 verksemder), forbrenningsanlegg (to verksemder) og akvakultur (16 verksemder). I tillegg har vi gjennomført fem kommuneundersøkingar om avløp og fire om forureina grunn.

 I 2019 har vi prioritert å auke tilsynsmengda utanom aksjonane. Vi har utført 46 frekvensbaserte tilsyn med verksemder som har løyve eller er forskriftsregulerte. Av desse var det fire fleirdagstilsyn med kommunalt avløp, akvakultur, avfallsanlegg og mellombels anleggsverksemd. I tillegg hadde vi fem tilsyn som følgje av klage eller tips om forureining.

Industri
Mykje tid har gått med til konsesjonshandsaming. Vi har gitt eller endra 75 løyve i 2019, medrekna avslag.

Vi har gitt 38 løyve innan akvakultur i 2019. Vi har jobba mykje for å få ned gamle restansar på dette feltet. Tidlegare måtte dei andre sektormyndigheitene vente på vedtak frå oss, men no er det vi som ventar på vedtak frå andre sektormyndigheiter. Det årlege miljøseminaret for akvakultur vart gjennomført i Florø.   

Det er mykje arbeid med oppfølging av dei store anleggskonsesjonane. I 2019 har dette i stor grad vore oppfølging av Bybane-utbygginga og E39-prosjektet Svegatjørn–Rådal.

Innanfor tiltaksområdet Bergen havn er det to nedlagde og to aktive skipsverft. Tiltaka ved skipsverfta er gjennomførte etter pålegg og koordinerte med kommunens oppryddingsprosjekt.

I 2019 er det gjennomført undersøkingar av tiltaket med målingar i tildekkingslag, vassprøvar og sedimentfeller. Overvakingsrapporten er venta våren 2020 og resultata skal nyttast til å evaluere mot miljømåla for tiltaket og identifisere kjelder som bidrar til miljøgifter i Puddefjorden.

Konklusjonen etter eit kjeldesøk i 2016 var at av om lag 40 besøkte verksemder måtte om lag 20 følgjast opp særskilt. Fylkesmannen og kommunen har gjennomført tilsyn ved desse verksemdene. Fylkesmannen og kommunen vil i 2020 gjennomføre nye tilsyn med nokre av desse verksemdene, og inkludere eventuelle nye verksemder og verksemder ved Vågen for kildesporingstilsyn. Det er utført omfattande kartlegging av diffuse landkjelder m.a. ved å identifisere bygningar med PCB-maling og prøvetaking av ei rekke sandfang. Det er iverksett rutinar for å gje informasjon til huseigarar dersom bygningane skal rehabiliterast, og rutinar for hyppigare tømming av nokre sandfang.

Vi deltek i prosjektgruppa Renere havn Bergen (delfinansiert 100 prosent stilling fra Miljødirektotatet ut 2020). Tidspunkt for tiltak i Vågen er ikkje avklara. Tiltak i Store Lungegårdsvann i regi av Renere havn, blir tidlegast utført etter at utfylling i Store Lungegårdsvann i regi av Bybanen utbygging, er ferdigstilt. Utfyllinga blei starta i 2017 og skal sluttførast i 2021–2022. Renere havn Bergen har fått løyve for tildekking av dei resterande areala i Store Lungegårdsvann.

Bergen kommune har starta opprydding av Slettebakken nedlagde avfallsdeponi (nytta frå 1940–1961). Avrenning frå deponiet til ferskvatn er vurdert som uakseptabelt. Vi er styresmakt etter forureiningslova etter delegering. Det er ca. 175 000 kubikkmeter avfallsmassar som skal fjernast og handterast av entreprenør og avfallsselskap.

Avfall
I 2019 har vi hatt spesiell merksemd på avfallsplanar i hamner. Vi la tidleg på året ein strategi for å få inn avfallsplanar for flest mogleg hamner.  

I Vestland er det 1341 registrerte hamner som har krav om avfallsplan. I 2019 vart det godkjent 41 nye avfallsplanar som inkluderer 207 hamner, og vi har gitt avslag til ti avfallsplanar som svarar til 39 hamner. Vi har godkjent åtte avfallsplanar på nytt, som inkluderer 74 hamner. Vi har sendt brev til kommunar og hamneansvarlege med purring om krav til avfallsplan for totalt 165 hamner. 

Vi har funne og registrert i Forurensning alle anlegg som er omfatta av IED og BREF om avfallsbehandling. Vi har sendt 58 pålegg til verksemdene om å vurdere si eiga verkemd opp mot dei beste teknikkane, slik dei er omtala i BREF-dokumenta.

Vi har fått svar frå 48 anlegg. Seks anlegg har frist fram i tid og to anlegg skal vi purre på. Vi har halde innlegg om IED og nytt BREF på tre seminar og var med å arrangere det eine. 
Vi har gitt tolv nye eller reviderte løyve for avfallsanlegg og trekt løyvet til eitt avfallsanlegg med vesentleg mishald av løyvet. Vi har fleire saker som blir stilt i ro på grunn av manglande planavklaring, og vi ser at det blir fleire og fleire av desse sakene.

Det er registrert endringar i Grunnforurensning på 169 lokalitetar. Nokre gjeld endring av saksansvarleg eller andre mindre rettingar. Det er lagt inn 40 nye lokalitetar og endra arealavgrensing i 40 lokalitetar. Det er opna for off. innsyn 42 stadar. Tre tiltak er registrert som ferdige (men gjennomført før 2019), og det er gitt løyve til tiltak to stadar der oppryddinga er ferdig. 

Vi har gitt ei rekkje fråsegner til planer for avfallsanlegg, massehandtering og bakkeplanering, og gitt rettleiing til kommunar og verksemder om avfallsregelverket.     
Vi har laga standardbrev for oversending av forsøplingssaker til kommunen, og har overført åtte slike saker i 2019.  

Rutinar og malar
Vi har utarbeidd mange nye felles rutinar og standardbrev for det samanslåtte embetet. Vi har også utarbeidd malar for vilkår og oversendingsbrev for konsesjonshandsaming for avfallsanlegg og industri.

Forureiningsdatabasen
Vi var best i databasen Forurensning i 2019, og fekk pokalen for andre gong. Vi har starta ryddejobb i databasen, som å fylle inn manglande felt, sjekke ut IED, oppheve gamle løyve, fjerne anlegg som ikkje er i drift.

Vi hadde 248 eigenkontrollrapportar som vart gjennomgåtte, godkjende og sende ut brev innan 1. juni 2019. 

Varsel om reviderte tillatelser (fra kapittel 3.1.4.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Alle avløpsanlegg etter kapittel 14 i forurensningsforskriften som har tillatelser som er gitt før 1.1.2007, skal ha fått varsel i løpet av 2019 om revidering

Vi har sendt varsel om å revidere løyva til sju kommunar med større tettstader i 2019. Dette omfattar alle løyva i fylket som er gitt før 01.01.2007.   

3.1.1.10 Marin forsøpling er redusert

Vi har forsterka arbeidet som koordinerande samordningsinstans i arbeidet mot marin forsøpling. "Hordalandsmodellen" blir vidareført, og vi har hatt møte med dei ulike aktørane, både frivillige og statlege, fylkeskommunale og kommunale, i tillegg til private aktørar frå næringa. No pågår arbeidet med å få den oversikta vi treng. Kontakten med Fylkesmannen er etterspurt av dei frivillige, men hittil har det meste av arbeidet skjedd i regi av friluftsråda, utan eit statleg støtteapparat. Vi er no engasjerte på fleire område; i forskingsprosjekt, det å fremje profesjonalisering av ryddepersonell, arrangere konferansar og kartlegging gjennom tilsyn og setting av vilkår i løyver. Mykje av dette skjer i samarbeid med andre aktørar i fylket. Vi bistår også Miljødirektoratet etter behov i prioritering av søknader om tilskot, og deltar i det statlege samarbeidsforumet.

I 2019 gjekk vi inn i eit samarbeid med Handelens Miljøfond. Dei har som mål å rydde 40 prosent av ytre kyst for makroplast innan 2023. Utarbeiding av plan og gjennomføring og administrering av dette treårige prosjektet vil bli sett ut til aktuelle aktørar i fylket. Handelens Miljøfond vil velje aktuelle aktørar til å utarbeide planen, og dei som lagar planen skal kartleggje aktuelle aktørar som kan gjennomføre oppryddinga.

Handelens Miljøfond har også løyvd vel 5 mill. kroner til eit forskingsprosjekt i Kolavika i Tysnes, kor verknaden av mikro- og nanoplast i jordsmonnet skal undersøkast. Denne vika som ligg i Ånuglo naturreservat, har fått og får framleis store mengder plast gjennom året. Jordsmonnet som delar av skogen veks på, er sterkt påvirka av forvitra plast.

Avfallsplaner i Vestland (fra kapittel 3.1.4.4.1.6 i TB)

Rapportere på

350 havner uten tidligere avfallsplan har fått godkjent avfallsplan

Vi har arbeidd målretta med å nå målet om 350 godkjente havneplanar i heile 2019, med ei deltidsstilling. Treg tilbakemelding frå fylkeskommunane, kommunar og Statens vegvesen gjorde at vi ikkje nådde målet fullt ut. Interne prosessar med samanslåing og omorganisering i fylkeskommunen og Vegvesenet blir framheva som årsak til manglande oppfølging. 

3.1.1.11 God økonomiforvaltning i kommunene

Vi har brukt 2019 til å samordne oppgåvene våre på området god økonomiforvaltning i kommunane. I 2019 var det på kommunenivå framleis to fylke, og gammal kommunestruktur. Derfor rapporterer vi litt frå begge dei to tidlegare fylka på nokre av områda for 2019, og felles for dei områda som vart samordna. Frå 2020 blir det felles rapportering for alle område.

Den økonomiske utviklinga generelt for kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane vart samla sett positiv også ved utgangen av 2019, men det er framleis enkelte kommunar som har økonomiske utfordringar. I fylka var det ved utgangen av 2019 to kommunar registrerte i Robek. Dette er Austrheim i Hordaland, som skuldast at kommunen har hatt attståande meirforbruk frå 2015, og Bremanger i Sogn og Fjordane, som skuldast tap på derivatavtalar etter Terra-sakene. Det er difor ingen endring i status på tal Robek-kommunar frå Hordaland og Sogn og Fjordane ved utgangen av 2019. 

Vi vurderer at det er fem andre kommunar i Hordaland og seks andre kommunar i Sogn og Fjordane som er i risikosona for å kunne kome i økonomisk ubalanse. Dette skuldast i hovudsak at dei aktuelle kommunane har høg lånegjeld, og nokre i tillegg forholdsvis låge disposisjonsfond, samanlikna med driftsinntektene. Samstundes må det nemnast at nokre av desse kommunane blir ein del av ein ny kommune frå 2020.

Rekneskapstal for 2018 syner at 28 av 33 kommunar i Hordaland og 16 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane, fekk positivt netto driftsresultat i 2018. Av desse hadde 22 kommunar i Hordaland og 13 kommunar i Sogn og Fjordane eit resultat som var sterkare enn 1,75 prosent av brutto driftsinntekter (jf. tilråding frå TBU). Samla resultat frå fylka viser at dette er noko svakare resultat enn for 2016 og 2017. Utfordringane til fleire av kommunane i fylka er negativ folketalsutvikling over tid, og "skeiv" samansetjing i demografi.

Informasjon om Kostra finn de i pkt. 3.1.5.1.2.1 nedanfor.

Antallet kommuner i ROBEK (fra kapittel 3.1.5.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Antallet kommuner i ROBEK ved utgangen av 2019 skal ikke overstige antallet ved utgangen av 2018.

I fylka var det ved utgangen av 2019 framleis to kommunar registrerte i Robek. Austrheim i Hordaland vart registrert i Robek i 2018 på grunn av attståande meirforbruk frå 2015, og Bremanger i Sogn og Fjordane etter tap på derivatavtalar etter Terra-sakene. Ut frå dette resultatet er det ingen endring i status på tal Robek-kommunar frå Hordaland og Sogn og Fjordane ved utgangen av 2019. 

Vi har jamleg dialog og oppfølging av Robek-kommunane. Vi reknar med at Austrheim kan bli meldt ut av ROBEK seinast i 2021, og Bremanger har ein plan om inndekking av resterande underskot i 2020.

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018. (fra kapittel 3.1.5.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Antall feil i KOSTRA-rapporteringen reduseres vesentlig sammenliknet med 2018.

Vi legg ut informasjon om Kostra-rapportering kvart år på våre nettsider, og informerer kommunane om feil i Kostra-rapporteringa undervegs. Dessutan svarar vi på spørsmål frå kommunar om rapporteringa og formidlar også spørsmål vidare til Kommunal- og moderniseringsdepartementet eller SSB for nærare avklaring.

Utviklinga dei siste åra har vore ein nedgang i tal feil/manglar i Sogn og Fjordane frå 14 (2017) til 11 (2018), som tilsvarar -21 prosent.

I Hordaland har det vore ein oppgang frå 21 (2017) til 28 (2018), som tilsvarer +33 prosent.

Samla tal for Vestland er lagt inn i tabellen nedanfor og tilsvarar ein auke frå 35 feil/manglar til 39, altså 11 prosent. Om vi ser fylket under eitt, når vi ikkje måla på dette feltet.

3.1.1.12 Økt verdiskaping i landbruket

Vestland sin prosentvise del av nasjonal produksjon (volum 2018):

  • Pære, 92 prosent
  • Plommer, 65 prosent
  • Morellar, 62 prosent
  • Bringebær, 55 prosent
  • Eple, 48 prosent
  • Geitemjølk, 22 prosent
  • Kumjølk, 12 prosent
  • Saue- og lamekjøt, 16 prosent
  • Storfekjøt, 9 prosent
  • Svin, 4 prosent.

Totalt jordbruksareal er 832 000 dekar der 98 prosent blir brukt til grovfôr og 2 prosent til frukt og bær og grønsaker og poteter. Det aktive jordbruksaralet går svakt ned, og vi har ein større nedgang enn landet. Samanlikna med 1998 er 89 prosent av arealet i Vestland i aktiv drift mot 96 prosent for landet. Nibio sin rapport 174/18 sette verdiskapinga frå jordbruket til 1,8 mrd., der mjølkeproduksjonen utgjer 53 prosent.

Arbeidet med nytt Regionalt næringsprogram (RNP) har gitt god kjennskap til fagområdet og felles mål med partnarskapen og faglaga. Skilnader i mål og tankesett kom fram og vart drøfta. Dei to fylka som er slått saman hadde begge om lag 50 prosent av mjølka i lausdrift, ser fornying av sauehaldet som viktig, er store på frukt og bær og er opptatt av auka foredling og verdiskaping. Dette viser også att når vi har prioritert utviklingsmidlar (UTM) og gitt føringar til Innovasjon Norge på bruk av dei næringsretta midlane (IBU). Skilnaden har i stor grad vore knytt til byen Bergen og korleis landbruksnæringa rettar aktivitet inn mot denne store marknaden. Fylkeskommunen er kome godt inn i næringsarbeidet og har eit godt grunnlag for å ta over rolla med å leie det strategiske arbeidet.

Regionalt næringsprogram (fra kapittel 3.1.6.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i nytt RNP er presentert for landbrukets organisasjoner, kommuner og øvrige samarbeidsparter. Tilhørende virkemidler er innrettet slik at målene i RNP nås. 

Nytt RNP vart utarbeidd i god dialog med partnarskapen og faglaga. Dette var ein god prosess som knytte saman fagmiljøa i Hordaland og Sogn og Fjordane fram mot etableringa av Vestland fylke.

Vi hadde ei UTM-ramme på 6,7 mill. kroner og i tillegg inndrege 1,7 mill. kroner. Vi mottok 77 søknader med søknadssum på 18,3 mill. og total kostnad på 70,2 mill. kroner. Dette viser ein stor etterspurnad etter midlar. Ramma vart fordelt på 55 prosjekt, medan 22 søknadar vart avslått. Alle søknadene vart drøfta med faglaga før vi gjorde vedtak.

 RNP har valt sju strategiområde (prosentvis del av ramma):

  1. Positivt omdømme og auka rekruttering til landbruket (9 prosent)
  2. Marknadstilpassa auke i volum og omsetningsverdi av frukt, bær og grønt (18 prosent)
  3. Auka grovfôrproduksjon tilpassa eit endra klima (7 prosent)
  4. Eit moderne driftsapparat og god kvotefylling i mjølkeproduksjonen (26 prosent)
  5. Marknadstilpassa utvikling av kjøtproduksjonen med moderne produksjonsapparat og driftsopplegg (10 prosent)
  6. Auka tilbod og lønsemd innan IPT (0 prosent)
  7. Auka lønsemd og mangfald i lokal mat, drikke og landbruksbasert reiseliv (20 prosent)

 I tillegg er det søknader innan skog og tre (11 prosent).

Tilfredsstillende foryngelse etter all hogst innen tre år etter hogst. (fra kapittel 3.1.6.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Kommunenes arbeid med tilfredsstillende foryngelse innen tre år etter hogst er fulgt opp. 

Vi har framleis ikkje nådd målet om å plante til like mykje areal som blir hogd. Men i 2019 var det ein gledeleg auke i tal nyplantingar på nesten 380 000, til om lag 1 257 000 treplanter. Det tilsvarer ein auke på nesten 1900 dekar. I tillegg auka suppleringsplantinga på felt med svakt resultat, med om lag 175 dekar.

Men vi har også oppdaga at større område som vart planta i 2018, må plantast på nytt. Dette kan delvis skuldast tørke, men det blir også undersøkt om plantekvaliteten var god nok. I tillegg ser det ut som om skadar frå snutebiller aukar og hjortestamma er for høg i visse område. Det blir arbeidd med tiltak mot desse problema.

Kommunane gjennomfører stort sett kontrollen av forynginga etter tre år, om enn noko varierande i oppfølginga. Resultatkartlegginga, det vil seie kontrollen av uttrekte felt, er også varierande og har avdekt eit opplæringsbehov innan skogbruk hjå kommunane.

Utfordringar i  kommunane
I 2019 besøkte vi åtte kommunar for å undersøke kva oppfølgingspraksis dei har, drøfte kva tiltak dei kan og bør gjere, og sjå på foryngingsfelt saman med kommunen. Det vart skrive eit kort referat frå alle besøka, og vi følger opp dei aktuelle tiltaka.

Problemstillingar som går att er:
- Kunnskap om skogbruk, planting og ungskogpleie.
- Manglande kompetanse, kapasitet og plan/retningsliner hjå kommunen.
- Manglande interesse og vilje frå skogeigar til å forynge.

Kartfesting av problema?
Sett over fleire år har forynga areal vore under 50 prosent av hogstarealet i Vestland. Dette er rekna ut frå tilgjengeleg hogstdata og plantedata, men vi har dessverre ikkje kartfesta data på kvar desse manglande foryngingsareala ligg. I beste fall kan vi stadfeste dei til skogeigedomen, men det er vanskeleg å gjennomføre fullgode analysar på kva type skogareal som går ut av drift ved slik manglande forynging.

Skogreisingsfylka har ferske skogbrukarar
Dette er den første skikkelege hogstperioden for skogreisingsfylka. Her er mange små skogeigedomar, og kunnskapen om og tradisjonen for skogbruk er ikkje slik som i dei store skogfylka. Tanken om den langsiktige forvaltninga, der å plante og forynge er ein naturleg del av å hauste, er ikkje like godt forankra. Her er større behov for informasjon og kunnskap tilpassa våre forhold. Dette må vi ta omsyn til, til dømes ved å utforme skogbruksplanane som eit meir praktisk verktøy for skogeigararane.

Det føregår også ein diskusjon om skog og klima, og kva type skogbruk som høver best her vest for at det skal vere både berekraftig og lønsamt. Den første skogreisinga var kanskje ukritisk i val av plantefelt, i ei tid med heilt anna forhold mellom pris på arbeidskraft og tømmer. Nokre av dei stadane der det vart planta i første omgang, har i ettertid vist seg å ikkje vere vellukka. Det er derfor kanskje ikkje sikkert at vi bør forynge alt hogstarealet. Dette må vurderast konkret. Det er behov for større grad av arealdifferensiering for både å satse på dei beste skogareala og unngå konfliktar med andre miljøinteresser. Det kan også vere behov for å vurdere både hogst- og foryngingsmetodar for å redusere problema med biller og hjort.

Tilskuddsordningene i skogbruket (fra kapittel 3.1.6.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Kommunene er fulgt opp med henblikk på effektiv bruk av tilskuddsordningene i skogbruket. 100%.

Skogkultur, NMSK
Midlane vart fordelte til kommunane tidleg på året med rapporteringsfrist i august/september slik at vi eventuelt kunne omdisponere midlar mellom kommunane. Det vart det behov for, fordi det er vanskeleg å berekne på førehand kor stor aktivitet det vert i den enkelte kommunen. Det er eit generelt problem at også planteaktiviteten og annan skogkultur er avhengig av nokre få aktørar. Viss søknadane og rapportane kjem ut på hausten, blir det også vanskeleg for kommunen å halde oversikt innan fristen.

Midlar til skogsvegar og taubanedrifter 
Midlane vart i 2019 forvalta på fylkesnivå, etter retningslinjer forankra i det regionale skog- og klimaprogrammet. Vi prioriterte vegar med god tilgang på tømmer og gode fellesprosjekt.   

Vi har i samråd med mange kommunar også brukt LUF-midlar til overordna vegplanlegging, prosjektering og prosjektleiing. Dette bidreg til gode og konstruktive prosessar med større skogsveganlegg og at tilskotsmidlane går til godt planlagde og funderte anlegg. Saman med kommunane har vi følgt opp med synfaringar dei fleste anlegg under arbeid.

Drift i bratt terreng
Bruk av midlar til drift i bratt terreng er følgt opp der kommunane har gjort gode vurderingar i samsvar med vedtekne retningsliner for Vestland, og med vurderingar etter naturmangfaldslova.

3.1.1.13 Bærekraftig landbruk

Skogbruket i Vestland er i vekst, men hogsten gjekk i 2019 ned til om lag 360 000 kubikkmeter. Dette treng ikkje nødvendigvis å berre vere ei negativ utvikling, fordi vi har til dels vore bekymra for at noko av hogstarealet er for ungt. Skogeigarlaga står for ein stor del av hogsten her vest, og der har det dei siste åra skjedd store endringar: først samanslåing av Sogn og Fjordane med Vestskog, og deretter gjekk Vestskog inn i AT-Skog. Dette kan også ha påverka aktivitetsnivået i ein overgangsperiode.

Tiltaka i regionalt miljøprogram (RMP) er mest innretta for å ta vare på kulturlandskapet, men har også tiltak mot ureining og for betre vassmiljø. Det var i 2019 om lag 42 prosent av gardsbruka som fekk støtte frå miljøprogrammet, og det er færre enn tidlegare år. Dette var første året med eit felles miljøprogram for Vestland, og nokre av dei meir "generelle" beiteordningane vart tekne ut og erstatta med meir spissa tiltak mot ureining.

På lang sikt er det å ta vare på arealgrunnlaget, og særleg den mest verdifulle dyrka jorda, heilt avgjerande for ei berekraftig utvikling i landbruket. Heldigvis syner statistikken ein klar nedgang i omdisponeringa dei siste ti åra, til om lag 420 dekar i 2018.

Skrantesjuke (CWD) er på sikt eit alvorleg trugsmål mot ei berekraftig utvikling, både for villreinen og beitenæringa. Vi har samarbeidd med Mattilsynet og Fylkesmannen i Oslo og Viken om informasjon og andre tiltak. Per no er det ikkje oppdaga nye tilfelle i eller utanfor Nordfjella av den smittsame varianten av CWD.

Økt planting med tilskudd (fra kapittel 3.1.6.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Klimadelen i regionalt- skog- og klimaprogram er kjent og fulgt opp av kommunene. 

På grunnlag av det regionale skog- og klimaprogrammet vart det i 2019 laga ein handlingsplan med retningsliner for bruk av skogbruksmidlane. Denne vart sendt ut til kommunane som eit råd for deira forvaltning av midlane til skogkultur, og lagt til grunn for vår forvaltning av midlane til skogsvegar og taubanedrifter. Dette har fungert godt.  

Rgionalt miljøprogram (RMP) (fra kapittel 3.1.6.2.2.1 i TB)

Rapportere på

Innholdet i RMP er kjent for landbrukets organisasjoner, kommuner og aktuelle søkere.

Arbeidet med programmet vart gjort i nært samarbeid med faglaga. I tillegg involverte vi andre fagmiljø som fylkeskommunen, høgskulen, Nibio og vår eiga miljøavdeling. Vi arrangerte eigen fagdag for kommunane i juni og følgde opp med skriftleg informasjon både til kommunane og søkjarane. Alle som søkte PT fekk tekstemelding to gonger med informasjon om søknadsfrist og lenke til RMP-sida vår. 

Tal ordinære søknader er 2428, som utgjer 42 prosent av totalt 5778 PT-søknader i 2019. I tillegg kjem 201 beitelag.

RMP-Regionale miljøutfordringer (fra kapittel 3.1.6.2.3.1 i TB)

Rapportere på

Tiltak i RMP er innrettet mot de regionale miljøutfordringene.

Programmet har tre hovudområde (prosent av ramma på dei ulike områda):

  1. Kulturlandskap (72 prosent)
  2. Biologisk mangfald (9 prosent)
  3. Forureining og klima (19 prosent)

Vestland har lagt vekt på at ordningane skal vere ei godtgjering for ekstra arbeidsinnsats. Vi har då prioritert drift av det bratte arealet. Tilskot vart gjeve til slått av grasareal og hausting av fruktareal med helling 1:5 og 1:3. Dette er i tråd med Jordbruksoppgjeret 2018 der RMP vart styrka som eit driftsvansketilskot med bakgrunn i tilskot til bratt areal. Spreiing av husdyrgjødsel med nedlegging og bruk av tilførselsslange omfattar no 34 000 dekar. Vestland har 201 beitelag som sikrar at over 80 prosent av sau på utmarksbeite er med i organisert beitebruk.

Samanliknar vi med 2018 er det ein auke i omsøkt bratt areal på 6 prosent, til 72 000 dekar. Dette heng mellom anna saman med at det ikkje lenger er noko øvre eller nedre avgrensing i tilskotet. For biologisk mangfald er det no sett krav om at lokalitetane skal vere registrert i Naturbase. Det har gitt noko lågare søknadstal, til dømes på skjøtsel av kystlynghei, og set press på oppdatering av Naturbase. Ugjødsla kantsone langs vassdrag har auka med 185 prosent, til 40 000 meter.

Jordbrukets arealressurser (fra kapittel 3.1.6.2.5.1 i TB)

Rapportere på

Gradvis reduksjon i omdisponeringen av dyrka jord, jf. nasjonalt jordvernmål.

I 2018, som er siste tilgjengelege arealstatistikk, vart det omdisponert til saman 420 dekar i Vestland. Det er ein klar nedgang i omdisponeringa dei siste ti åra. Men rekna ut frå samla jordbruksareal i landet og fylket utgjer vår "kvote" om lag 340 dekar per år av det nasjonale måltalet på 4000 dekar. I 2018 gjekk 56 prosent til bustad, 16 prosent til næring, 13 prosent til samferdsel og 15 prosent til offentlege og andre føremål. 

Samstundes vart det i 2018 godkjent nesten 1200 dekar til nydyrking. Dette kan ha samanheng med det varsla forbodet mot nydyrking av myrjord.

3.1.1.14 Andre oppdrag

Skrantesjuke

Funn av skrantesjuke (CWD) i Nordfjella har som kjent påført både villreinen og beitenæringa ekstra utfordringar. Vi har samarbeidd med Mattilsynet om informasjon til næringa om dei tiltaka som er sett i verk, og saman med Fylkesmannen i Oslo og Viken forvalta dei ekstra beitebruksmidlane på 3 mill. kroner til desse områda. Midlane vart i all hovudsak fordelte til beitelaga ut frå tal beitedyr i CWD-området, og i 2019 gjekk mest til ekstra tilsyn og gjeting. Forbodet mot å bruke saltstein i dette området skapte ein del problem for beitenæringa sidan dyra vandra lenger enn vanleg. Sauen kom ned på "feil" side av høgfjellet, og det resulterte i ein god del biltransport av dyr tilbake, både vestover og austover.

Det er i 2019 lagt ned stor innsats for å motverke at villrein frå Hardangervidda vandrar inn i dei infiserte områda i Nordfjella og såleis kan bringe sjukdomen også til Hardangervidda. Vi sluttførte også i 2019 arbeidet med å evaluere forvaltingsordninga for Hardangervidda nasjonalpark, og konkluderte med ei tilråding om at også denne nasjonalparken bør få etablert standard forvaltingsmodell for nasjonalparkar. Rapporten, som er felles med Fylkesmannen i Oslo og Viken og Fylkesmannen i Vestfold og Telemark, vart overlevert Ordførarutvalet i mai, og vart sendt formelt til kommunane i september.

Vi har jamn kontakt med kommunane og villreinnemnd og villreinutval i samband med CWD-saka. Det meste av gjennomføringa har elles gått direkte frå Miljødirektoratet til dei involverte partane, og vi har i mindre grad vore involvert i dette.

Driveplikt

Vi har ved høve informert kommunane og andre om reglane om driveplikt i jordlova. Vi har laga eit kart som syner eigedomar med jordbruksareal ute av drift, noko som gir grunnlag for vidare oppfølging.

3.1.2 Statlig virksomhet på regionalt nivå skal være godt samordnet og legge til rette for gode helhetsløsninger

3.1.2.1 Den offentlige boligsosiale innsatsen skal være helhetlig og effektiv

Den samla offentlege bustadsosiale innsatsen er samordna med den nasjonale strategien «Bolig for velferd» i fylket. Tiltaksplanen er retta mot følgjande tiltak:

  1. Etablere samarbeidsrutinar som kan sikre eit heilskapleg tilbod av bustader og bu- og oppfølgingstenester for personar som er rusmiddelavhengige og har psykiske lidingar, og som manglar eller risikerer å miste bustaden sin. 
  2. Legge til rette for at vanskelegstilte barnefamiliar kan bu i eigna bustader og at tenester til familiane skal samordnast.

Det er ei målsetting å bruke erfaringane frå dei to målgruppene til å etablere gode samarbeidsrutinar mellom ulike statlege og kommunale tenester. Det er venta at prosjektet vi deltek i saman med Husbanken og andre statlege instansar, vil bidra til å auke kvaliteten på samarbeidet og gjere bruken av verkemiddel meir heilskapleg. Vi veit det er utfordringar med å finne eigna bustader til personar i målgruppa for prosjektet. Målet er at prosjektet skal gi oss meir kunnskap om suksesskriterium for ein heilskapleg og effektiv bustadsosial innsats etter prosjektperioden.

Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune (fra kapittel 3.2.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Helhetlig samarbeid mellom stat og kommune om de to tiltakene i Bolig for velferd.

Alle regionale statlege aktørar har gjennom året vore i kontakt med dei tre involverte kommunane i prosjektet; Bjørnafjorden, Kinn og Askøy. Det har vore jamlege koordineringsmøte mellom Fylkesmannen, Husbanken, IMDi, Bufetat og Kriminalomsorgen. Helse Bergen og NAV stat møtte ikkje på koordineringsmøta hausten 2019. Det var møte med kommunane i prosjektet som er i gang med å velje ut og kartlegge saker til prosjektet. Alle kommunane har valt saker frå både rus/psykiatri og vanskelegstilte barnefamiliar. Status på prosjektet blei lagt fram for samordningsutvalet i november 2019. 

Oppstarten i kommunane er noko forseinka ut frå aktivitetsplanen for 2019. Dette er på grunn av arbeid med kommunesamanslåing i to av kommunane i prosjektet. Målet om å få kommunane i gang med dei to tiltaka i prosjektet er likevel nådd.  

3.1.2.2 Tilsyn skal være samordnet, målrettet og medvirke til læring og forbedring

Vi jobbar systematisk for at tilsyna våre skal bidra til læring og forbetring. Vi har hatt tilsyn som verkar som tema i den utvida leiargruppa, altså for alle leiarar og mellomleiarar, og dette blir nytt hovudtema for tilsynsdagen i mars 2020 for alle som har leiande roller i tilsyn i embetet. Der ser vi nærare på kva faktorar som er viktige for at eit tilsyn skal føre til læring og forbetring dersom det trengst. Vår erfaring er at det er særskilt viktig å følgje opp funn frå tilsyn med leiinga i verksemda vi har ført tilsyn med.

Vi har ei tilsynsgruppe med representantar på tvers av avdelingane der vi så langt har hatt særskilt merksemd på dei nye føringane i kommunelova om samordning av tilsyn. 

I førebuinga vår til å ta i bruk den nasjonale tilsynskalenderen frå 2020, såg vi hausten 2019 tilsynsplanane på ulike fagområde i samanheng, for å unngå for stor belastning på ein kommune innanfor same tidsrom. Vi har hatt møte med dei andre regionale statlege tilsynsinstansane Arkivverket, Mattilsynet og Arbeidstilsynet, der vi mellom anna har orientert om den nasjonale tilsynskalenderen og om krava til samordning av tilsyn i den nye kommunelova.

Ved planlagde tilsyn brukar vi risikovurderingar for å velje tilsynsobjekt, innanfor rammene for det aktuelle tilsynet.

Ved hendingsbaserte tilsyn brukar vi heile verktøykassa for å tilpasse tilsynet til alvoret av saka. I dei mest alvorlege sakene reiser vi på kort varsel ut til verksemda og gjennomfører intervju. I dei minst alvorlege sakene hentar vi som regel inn dokumenta og vurderer saka berre på bakgrunn av desse.

Vi får stort sett gode tilbakemeldingar etter tilsyn. Dersom verksemdene kjem med tilbakemelding om at dei ikkje er nøgde med tilsynet, vurderer vi tilbakemeldinga og brukar ho til intern læring.

3.1.2.3 Klimahensyn skal ivaretas i alle sektorer

Arbeidet med klimatilpasning og klimakutt er viktige tema i alle plansaker, i beredskapsarbeidet, i vassdragssaker og landbrukssaker.

Areal og transport
Vi er aktive med gje innspel til kommunale overordna arealplanar om dei statlege planretningslinene. Om nødvendig har vi brukt motsegn der det er stor strid med nasjonale og vesentlege regionale interesser.

Arbeidet med å reforhandle Byvekstavtalen for Bergensområdet vart sluttført og avtalen underskriven av partane i desember 2019. Avtalen gjeld no også Askøy, Alver, Øygarden og Bjørnafjorden kommunar. Det vert no arbeidd aktivt med

  •  utbygging av bybanen til Fyllingsdalen
  • vidare utvikling av kollektiv transport
  • tiltak for å begrense biltrafikken
  • ein strammare arealpolitikk i Bergen der veksten skal skje i nokre avgrensa utbyggingsområde
  • ny parkeringspolitikk
  • utskifting av gamle omnar.

I kommuneplanen er 40 utbyggingsområde er tatt ut og 7000 dekar er tilbakeført til landbruks-, natur- og friluftsområde. Han vart eigengodkjent i Bergen kommune i juni 2019.  

Miljø
I klimaarbeidet har vi til no hatt få verkemiddel for å få utsleppa ned. Støtteordninga for klimatiltak i kommunane, Klimasats, gir Fylkesmannen ei rolle for å sikre reduksjon i klimagassutslepp. Etter vårt syn bør staten følgje dette opp med i større grad å etterspørje resultat i det kommunale klimaarbeidet, særleg gjeld dette konkrete resultat frå den kommunale klima- og energiplanen. Vi har sett ein fin auke i tal kommunar som søkjer om midlar frå Klimasats, og søknadane har jamt over god kvalitet. Det er likevel framleis for få kommunar som søkjer om desse midlane.  

Vi deltek i klimanettverket Klimapartnere i Hordaland, som no vert til Klimapartnere Vestland. Det er det største private/offentlege nettverket i landet, der aktivitetar som klimarekneskap, idebytte, erfaringsutveksling og seminar vert gjennomførte. Vi deltek også i ulike prosjekt på klimaområdet, blant anna «Flaum og vassdragsmiljø i eit endra klima» som vil gje oss forvaltningsrelevant kunnskap om korleis omsynet til vassdragsmiljø og samfunnstryggleik kan sameinast i eit endra klima.

I heile 2019 er det arbeidd vidare med å vurdere ulike flaumsikringstiltak i Vossovassdraget. 

Fordi 2019 var eit hektisk år for mange kommunar i samanslåingsprosessar, valde vi å utsette gjennomføringa av Vær Smart-kurset til 2020. 

Landbruk
Det klimatiltaket som har størst verknad i landbruket, er karbonbinding i eit aktivt skogbruk. Både naturskogen og kulturskogen er i sterk vekst, og det har ikkje vore så mykje skog som no på fleire hundre år. Største utfordringa er ein ubalanse mellom hogstareal og planteareal, noko som på sikt kan føre til mindre ståande skogmasse. Dette vert det arbeidd kontinuerleg med.

I det nye regionale miljøprogrammet (RMP) i jordbruket for 2019 la vi også inn tiltak som skal redusere utslepp av klimagassar frå drift av jordbruksareal, hovudsakleg ved hjelp av betre bruk av naturgjødsel.

Ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp (fra kapittel 3.2.1.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har ambisiøse mål for reduksjon av klimagassutslipp i sin klima- og energiplanlegging (temaplan eller integrert i andre planer)

Fylkesmannen deltek aktivt i Klimapartnere Vestland der eit av måla har vore å få med fleire kommunar som partnarar. No deltek seks kommunar som utgjer 54 prosent av befolkninga i Vestland. Planretningslinene blir lagt til grunn for våre innspel til kommunale planstrategiar og kommuneplanar. Det er òg informert om desse i regionalt planforum. Vi har ikkje fått oppdatert vår oversikt over status på arbeidet med klima- og energiplaner sidan desember 2018. 

Tiltak for reduksjon av klimagass (fra kapittel 3.2.1.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Minimum 50 % av kommunene har gjennomført tiltak for reduksjon av klimagassutslipp

Det er eit sterkt aukande kommunalt engasjement for å gjennomføre klimagassreduksjon. I 2019 var det 23 av 59 kommunar som fekk tilsegn om støtte frå Klimasats. Vi har arbeidd overfor kommunane med brev og eigne samlingar saman med fylkeskommunane for å få med fleire kommunale søknader. Vi vil i 2020 starte arbeidet med å få ei oversikt over korleis kommunane kjem frå plan til tiltak. 

Alle kommuner har mottatt bistand (fra kapittel 3.2.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle kommuner har mottatt bistand

Alle kommuner i fylket som har vendt seg til oss, har mottatt bistand til klima- og energiplanlegging, herunder rettleiing til ny klimagasstatistikk og statlege forventningar til klima- og energiplanlegginga. Samslåingsprosessane der 59 kommunar vart til 43, gjorde kanskje at kommunane var mindre opptekne av dette enn dei kunne vore. 

Vi har hatt god dialog med kommunane om klimautslepp og klimatilpassing, men vi har hatt mindre merksemd på energiplanlegging. Klima er gjennomgåande tema i høyringsfråsegner, på konferansar og seminar, i kommunemøte og i planforum. 

3.1.2.4 Andre oppdrag

Innhenting av fullmakter frå kommunane til rammeavtalar for kjøp av nødnettutstyr (3.2.1.4.6 i TB)
Det har i 2019 ikkje vore spørsmål frå DSB om støtte til å innhente fullmakter frå kommunane. 

Evalueringar etter hendingar skal rapporterast på samordningskanal i CIM (3.2.1.4.8 i TB)
Vi har evaluert tre større hendingar i fylket: brann i Gudvangatunnelen, forureina drikkevatn på Askøy og skred- og flaumhendingar i Jølster og Gloppen. Rapportane er delte med DSB.

Fylkesmannen skal støtte Sivilforsvaret i arbeidet med utgreiing av sonekonsept for sivilbeskyttelse (3.2.1.4.10 i TB)
Vi støtta Sivilforsvaret i gjennomføringa av utgreiinga.

3.1.2.5 Tilrettelegge for et godt sivilt-militært arbeid

Vi har jamleg og god kontakt med Heimevernet. Fylkesberedskapssjefen deltok på sjefsmøtet til HV-09 i januar og møtet i distriktet sitt "sikkerhetsforum" i februar. 

Vi var i år vert for gjennomføringa av sivil-militært kontaktmøte for Sør-Vestlandet. Erfaringar frå Trident Juncture 2018 var eit viktig tema, og representantar frå DSB og FOH delte erfaringar frå sivil og militær ståstad. Andre tema var prosjektet HV mot 2030, framtidas sivilforsvar, ny tryggleikslov og IKT-tryggleik.

HV-09 deltok i kommuneøvingane vi hadde i juni, der atomberedskap var tema. 

Under øvingane for samanslåingskommunane i desember deltok representantar frå leiinga i HV-09 og HV-11, i tillegg til områdesjefar i fleire av øvingskommunane. Dette gav god læring til både kommunane og HV-distrikta, og var eit godt høve for HV til å fortelje kva dei kan støtte kommunane med ved uønskte hendingar. 

HV-distrikta deltok òg på fagsamlinga vår for kommunane i oktober.

Vi får god støtte frå Cyberforsvaret til drift av det graderte IKT- og sambandssystemet.

Utarbeidelse av felles plangrunnlag (fra kapittel 3.2.1.5.1.1 i TB)

Rapportere på

Utarbeide et felles plangrunnlag for å styrke det sivil-militære samarbeidet.

Vi starta opp arbeidet med fylkes-ROS for Vestlandet og eit gradert tillegg. Metode, risikotema m.m. for fylkes-ROS var tema på møtet i fylkesberedskapsrådet, der mellom anna Heimevernet deltok. I arbeidet med den opne risiko- og sårbarheitsanalysen har vi hatt god dialog med Forsvaret om metodikk.

Videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner (fra kapittel 3.2.1.5.1.2 i TB)

Rapportere på

I tråd med sentrale føringer videreutvikle totalforsvaret og robustheten i kritiske samfunnsfunksjoner nasjonalt, regionalt og lokalt.

Erfaringar frå Trident Junture 18 (TRJE18) og vidareutvikling av totalforsvaret var hovudtema på møtet i Fylkesberedskapsrådet i april. Det var òg ein eigen bolk der erfaringar frå den nasjonale helseøvinga knytt til TRJE18 vart orientert om og diskutert. 

Vi deltok på evalueringsseminaret for sivil side etter TRJE18, i Tønsberg i mars. Dette gav god læring og innsikt i erfaringane gjorde av dei andre sivile aktørane.

Ein av våre tilsette har delteke i ei arbeidsgruppe på tvers av embeta, som har arbeidd med underliggjande planverk til SBS. Han har mellom anna samarbeidd med eksterne aktørar for å avklare forventningar til Fylkesmannen i SBS-tiltaka.

Totalforsvaret har vore eit viktig tema i dialogen vår med kommunane. Det har mellom anna vore tema i dialogmøta vi har hatt med dei ni samanslåingskommunane, under rettleiing i etterkant av tilsyn med kommunal beredskapsplikt og på fagsamlinga for kommunane i oktober.

Vi har prioritert kompetanseheving blant eigne tilsette. Ein av dei tilsette i beredskapsseksjonen har gått på studiet Nasjonal beredskap og krisehandtering (eit samarbeid mellom Politihøgskulen og Forsvarets høgskule). Kurset har studentar frå politiet, forsvaret og offentleg sektor, og har særleg merksemd på totalforsvaret.

3.1.3 Rettssikkerhet skal være ivaretatt på en enhetlig måte i fylket og på tvers av embetene

3.1.3.1 Høy kvalitet i veiledning, kontroll, tilsyn og saksbehandling

Vi tykkjer det er uklart kva vi skal rapportere på her. Vi ser også at dei andre embeta har svart ulikt på dette punktet.  

Som meldt i innleiinga meiner vi at vi har levert gode resultat i eit år som har vore prega av samanslåinga. På dei fleste områda har vi utført arbeidet vårt i tråd med embetsoppdraga, med høg kvalitet på rettleiing, kontroll, tilsyn og sakshandsaming. Vi har størst vanskar med å få gjort alt på verjemål og helse-, sosial- og barnevernområdet, trass i at vi i det nye embetet styrkte desse områda med ressursar frå andre område. Men vi arbeider vidare for å gjort oppgåvene så godt som råd.

På det overordna planet vil vi framheve at vi har sett ned ei tilsynsgruppe og ei forvaltningsrettsgruppe på tvers av avdelingane og fagområda, for å samordne praksis og halde oppe kvaliteten på tilsynsarbeidet og generell forvaltningsrett. Dessutan har vi ved tre høve førelese om framlegget til ny forvaltningslov, ope for alle tilsette i embetet.

Vi prioriterer høgt å ta del i fagsamlingar som direktorata og departementa skipar, men skulle ønskje oss at fleire av samlinga vart gjorde tilgjengelege for alle tilsette gjennom strøyming.

Minimum 2 tilsyn per år. (fra kapittel 3.3.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Minimum 2 tilsyn per år.

Vi har ført tilsyn med Lindås kommune og Sogndal kommune.

 

Alle klagesaker er behandlet innen (fra kapittel 3.3.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker, jf. § 7-1 bokstav d, i byggesaksforskriften 

Fylkesmannen har handsama 630 byggesaker i 2019. Vi hadde ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 62 dagar.

Alle klagesaker der det er gitt (fra kapittel 3.3.1.1.2.2 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker der det er gitt utsatt iverksetting etter forvaltningsloven § 42, er behandlet innen 6 uker, jf. § 7-1 bokstav e, i byggesaksforskriften

Vi har handsama åtte saker der det er gitt utsett iverksetjing etter forvaltningslova paragraf 42. Seks av desse er handsama innan seks veker.

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker (fra kapittel 3.3.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle klagesaker er behandlet innen 12 uker

Vi har handsama 77 klager på reguleringsplan i 2019. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid på desse sakene var 73 dagar.

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker i førsteinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Fylkesmannen har handsama 16 oreigningssaker i første instans i 2019, av desse var elleve saker søknader om forhåndstiltredelse og fem saker var søknad om samtykke. Gjennomsnittleg saksbehandlingstid for søknader om forhåndstiltredelse var på 76 dagar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid på saker om søknad om samtykke var på 153 dagar. Avviket her skuldast at to saker var over frist, og utslaget blir såleis stort når det er handsama få saker totalt.

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans (fra kapittel 3.3.1.1.4.2 i TB)

Rapportere på

Alle ekspropriasjonssaker som klageinstans på plan- og bygningsrettens område er behandlet innen 12 uker

Fylkesmannen har handsama fem klagesaker om ekspropriasjon i 2019. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid var 101 dagar. Avviket skuldast to saker som var eldre enn tolv veker, og dette gir betydeleg utslag når det totale talet på handsama saker er fem.

3.1.3.2 Effektiv og korrekt lov- og tilskuddsforvaltning

Vi gjennomførte i 2019 mellom anna kontroll av forvaltning av produksjonstilskotsordningar. For desse tilskota er det viktig at sakshandsamarane i kommunane er oppdaterte på gjeldande rundskriv og jordbruksforhandlingane. Vi nytta ein eigenvurderingsmetode med sjekkliste, som så vart gjennomgått og diskutert med fleire kommunar samtidig. Det vart lagt opp til at kommunane skulle lære av kvarandre og utvikle «beste praksis»; både med tanke på kvaliteten i arbeidet, ressursbruk og effektivitet.

Vi vart i 2019 slått saman til eitt embete, noko som gav ei viss intern effektivisering, samstundes som vi har skifta noko om på ressursane. Vi har brukt ein del av vinsten frå samanslåinga til å auke  kontrollarbeidet i 2019. Dette vil vi halde fram med også i 2020.

Vi har som mål at kommunane skal få ein likare praksis for avkorting av tilskot når det blir levert ufullstendige eller er feil i søknadar frå føretaka. Dette jobbar vi med på fleire vis. Gjennom kontrollarbeidet får vi ein god peikepinn på omfanget av problemet og eventuell ulik praksis. Samstundes får vi innblikk i årsakene til ulik praksis, og dermed korleis vi best kan følgje opp dette – til dømes på kommunesamlingar.

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan (fra kapittel 3.3.1.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Gjennomført kontroller i henhold til kontrollplan

Kontrollplanen er utarbeidd i tråd med rettleiaren frå Landbruksdirektoratet. Det er gjennomført stadleg kontroll, dokumentkontroll og eigenvurderingskontroll. Vi legg vekt på læring og varig endra praksis, samstundes som vi gjennomfører ordinær kontroll.

Risikovurderinga vart gjennomført, og dette danna grunnlag for å plukke ut risikoområde i kontrollplanen. Sakshandsamarane er aktivt med i risikovurderinga og kontrollarbeidet.

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll (fra kapittel 3.3.1.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert forvaltningskontroll av 20 % av kommunene.

Arbeidet er gjennomført i tråd med kontrollplanen, der 17 av 59 kommunar vart kontrollerte.

Andel avvik avdekket under (fra kapittel 3.3.1.2.1.3 i TB)

Rapportere på

Andel avvik avdekket under kontroll som er fulgt opp: 100 %. 

Alle avvik er lukka.

Kontroll av veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk (fra kapittel 3.3.1.2.1.4 i TB)

Rapportere på

Gjennomført risikobasert kontroll av minst 5% av søknadene om tilskudd til veterinærers syke- og inseminasjonsbesøk for hver søknadsomgang. 

Minst fem prosent av søknadene vart plukka ut til kontroll, og vi har hatt ein grundigare kontroll av 15 saker.

3.1.3.3 Befolkningen har tillit til tjenestene og får ivaretatt sin rett til forsvarlige og nødvendige tjenester

Tiltak for å styrkje tillit til tenestene og varetaking av retten til nødvendige og forsvarlege tenester er ei sentral oppgåve i alt arbeid innan fagområda helse, omsorg, sosial og barnevern. Vi gav rettleiing om fortolking av regelverk og la vekt på at saksbehandlingstida skal vere kort. Vi prioriterte saker som gjaldt rettstryggleiken til enkeltpersonar.

Vi erfarer at Nav-saka om norsk regelverk i strid med EØS-rett og EMD-dommane som gjeld barnevern, har ført til store tillitsutfordringar. Utfordringar knytte til forståing og praktisering av internasjonal rett i forvaltninga strekkjer seg utover desse sakene. I vårt arbeid ser vi mellom anna at mange aktørar har ei manglande forståing av barnekonvensjonen. Det er ei tillitsutfordring dersom forvaltninga ikkje er i stand til å forstå og innarbeide internasjonal rett, og praktisere i samsvar med denne. Ei av utfordringane er at barn framleis ikkje får oppfylt retten til å bli høyrde, og ein direkte konsekvens er at rettsryggleiken til barna blir svekt. At barn blir høyrde på rett måte, er i mange saker ein føresetnad for at det offentlege skal klare å hjelpe dei. 

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn (fra kapittel 3.3.1.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal ta kontakt med det enkelte barn med tilbud om tilsynssamtale. Barnet kan kontaktes i forkant eller under fylkesmannens tilsynsbesøk. Dersom barnet ikke var tilstede under tilsynsbesøket, skal fylkesmannen i etterkant kontakte barnet med tilbud om samtale.

Når vi melder tilsyn, sender vi eige brev til barna med informasjon om at vi kjem, tema for tilsynet og tilbod om samtale. I brevet går det fram at barna kan snakke med oss på andre tidspunkt enn under tilsynet om dei ønskjer det. Vår kontaktinformasjon ligg i brevet. Tilsyna blir lagde til tidspunkt der barn ikkje går på skule eller har anna dagtilbod. Barn som ikkje ønskjer samtale under tilsynet, eller ikkje er til stades, får tilbod om samtale på anna tidspunkt. Både barn og institusjonar får munnleg og skriftleg informasjon om korleis dei kan ta kontakt med oss utanom tilsynsbesøka. 

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det. (fra kapittel 3.3.1.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre samtale med alle barn som ønsker det.

Alle barn som bur på barnevernsinstitusjon får tilbod om samtale med oss i samband med tilsynsbesøk. Barn får òg tilbod om samtale med oss når dei klagar på tvang, eller når dei tek kontakt utanom tilsynsbesøka. Vi har samtalar med barn både på institusjonane og i våre lokaler. Vi har òg kontakt med mange barn på telefon.

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker HOD (fra kapittel 3.3.1.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 6 måneder eller mindre.

Median saksbehandlingstid for realitetsbehandla tilsynssaker i 2019 var 7,4 månader. Vi behandla fleire tilsynssaker enn vi fekk inn. Vi gjennomførte fire stadlege tilsyn etter alvorlege hendingar i spesialisthelsetenesta, med undersøkingar, intervju av involvert helsepersonell og leiarar og gjennomgang av dokumentasjon.

Det vart brukt mykje tid på å samordne oss og etablere praksis i det nye embetet, og vi hadde stor utskifting av tilsette. Dette er grunnen til at vi ikkje nådde kravet til saksbehandlingstid. 

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker ASD (fra kapittel 3.3.1.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Median saksbehandlingstid for tilsynssaker: 5 måneder eller mindre

På sosialområdet vart alle sakene behandla innanfor kravet til saksbehandlingstid.

Avslutning av klagesaker (fra kapittel 3.3.1.3.3.3 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klagesaker: Minst 90 prosent innen 3 måneder.

Helse og omsorg

91 prosent av klagesakene som gjaldt helse og omsorg, vart behandla innan tre månadar.

Sosiale tenester

99 prosent av sakene vart behandla innan tre månadar. 

Andel vedtak om bruk av tvang og makt (fra kapittel 3.3.1.3.3.4 i TB)

Rapportere på

Andel vedtak om bruk av tvang og makt overfor personer med psykisk utviklingshemning som er overprøvd innen 3 måneder: Minst 90 %.

95 prosent av vedtaka vart overprøvde innan tre månader etter at saka var tilstrekkeleg opplyst.

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav (fra kapittel 3.3.1.3.3.5 i TB)

Rapportere på

Andel søknader om dispensasjon fra utdanningskrav som er behandlet innen 3 måneder: Minst 90 %.

96 prosent av søknadane om dispensasjon vart behandla innan tre månader etter at saka var tilstrekkeleg opplyst.

Avslutning av klager på tvang i barnevernsinstitusjoner og omsorgssentre (fra kapittel 3.3.1.3.3.6 i TB)

Rapportere på

Avslutning av klager på tvang i barnevernsinstitusjoner og omsorgssentre: Minst 90 % innen 1 måned.

Vi har behandla 60 klager med ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 0,6 månader (16 dagar). Sjølv om klagene har vore høgt prioriterte, bruker vi i nokre saker meir tid enn fristen, mellom anna fordi vi må avklare klagen nærare.

Resultatmål FMVL (fra kapittel 3.3.1.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 370 poeng

Tilsyn med kommunane sitt arbeid med tilsyn med miljøretta helsevern vart gjennomført i samsvar med oppdraget. I 2019 hadde vi ikkje kapasitet til å gjennomføre planlagde tilsyn tilsvarande resultatkravet. Manglande måloppnåing vart tidlegare i 2019 meldt inn til Statens helsetilsyn. Årsaka til manglande måloppnåing er arbeidet med å etablere ny organisasjon og stor utskifting av tilsette (meir enn 25 prosent).

Resultatmål FMVL (fra kapittel 3.3.1.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 90 poeng

Volumkravet er oppfylt. 

Resultatmål FMVL (fra kapittel 3.3.1.3.6.4 i TB)

Rapportere på

Tilsynsaktiviteter tilsvarende: 120 poeng

Som del av det landsomfattande tilsynet i 2019 førte vi tilsyn med fem Nav-kontor. Tilsynet var svært omfattande. Det var planlagt ytterlegare to tilsyn med Nav-kontor. Fordi desse kontora hadde svært få eller ingen søkjarar som hadde hatt kontakt med barnevernet i 2018 eller seinare, vurderte vi at det ikkje var formålstenleg å gjennomføre tilsyna. Ut frå risikovurdering gjennomførte vi tre tilsyn med temaet økonomisk stønad til personar med forsørgjaransvar for barn. På grunn av stor saksmengd, etablering av nytt embete og mange nye tilsette, hadde vi ikkje kapasitet til å gjennomføre fleire tilsyn. 

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lovkrav (fra kapittel 3.3.1.3.7.1 i TB)

Rapportere på

Alle tilsyn på Helsetilsynets områder hvor det er funnet brudd på lov- og forskriftskrav er avsluttet (dvs. praksis er endret) innen en avtalt frist.

Vi følgjer opp tilsyn inntil verksemdene har evaluert om tiltaka verkar og praksis er endra. I mange tilfelle tek det tid å innarbeide endringar i praksis. Det tek òg tid før det er mogeleg å evaluere om endringane verkar som føresett, og om endringane i praksis varar over tid. Dette verkar inn på kva tid vi kan avslutte tilsyna. 

3.1.3.4 Andre oppdrag

Vi har ikkje hatt saker som klageinstans etter stadnamnlova.

Vi har informert om ny kommunelov i dei møtepunkta vi har hatt med kommunane, både på økonomifeltet og i andre delar av lova. Vi har i tillegg rettleidd på telefon og e-post, spesielt i samband med konstitueringane i kommunane etter valet i haust. I mai skal vi ha tilbod om folkevalddagar for nye folkevalde, i tre ulike møte, der ny kommunelov er naturleg å ta inn som tema.

3.1.3.5 En effektiv og velfungerende vergemålsforvaltning som ivaretar rettsikkerhet og rettslikhet

2019 har vore eit krevjande år på verjemålsområdet. På grunn av samanslåinga vart verjemål lagt inn under ei ny avdeling, samstundes som vi vart organisert på to kontorstadar.

Vi har brukt mykje ressursar på å samordne rutinar og arbeidsmetodikk og organisere arbeidet på tvers av kontorstadane. Vi har også gjort tiltak for å rydde i gamle saker på fagområdet.

Høgt sjukefråvær og mange nye medarbeidarar utan erfaring frå verjemålsområdet har også vore krevjande.

Vi har i 2019 hatt stor merksemd på den enkelte sin sjølvråderett og på at verjemål utan fråtaking av rettsleg handleevne, er ei frivillig hjelpeordning. I den samanhengen fekk vi eit ekstra oppdrag våren 2019, med gjennomgang av alle saker der verjemål kunne vere oppretta mot verjehavar sin vilje. Oppdraget var svært ressurskrevjande, ved at vi blant anna vart sende ut 2167 brev, som resulterte i 207 svar, både frå verjehavaren sjølv og pårørande. Av desse igjen var det 105 saker som kravde vidare oppfølging. Totalt fekk vi 38 skjema i retur kor verjehavaren ønskte å oppheve verjemålet.

I forlenginga av dette har vi også gjennom 2019 lagt stor vekt på å gjennomføre samtalar med verjehavaren og å høyre vedkomande si meining så langt det er råd. Dette arbeidet er tidkrevjande, fordi det ikkje alltid er lett å få verjehavaren i tale Vi må også ofte ha oppfølgingssamtalar for å få avklart kva vedkomande ønskjer. Vi  gjennomførte våren 2019 opplæring i samtalemetodikk over to dagar for alle tilsette på verjemålsseksjonen. Metodikken er også vidareformidla på verjesamling for dei faste verjene. For å sikre at same merksemd på sjølvråderett og samtalemetodikk vert formidla også til alminnelege og nærståande verjer, vil det vere til stor hjelp om SRF til dømes laga e-læringskurs, video eller anna lett tilgjengeleg informasjonsmateriell.  

Verjemålseininga har elles i 2019 fått ein stor auke i restansar, som igjen har ført til lengre saksbehandlingstid og større pågang frå publikum. Vi har redusert telefontida for å kunne arbeide ned restansane. Vi har difor ikkje klart å oppfylle krava til tilgjenge.

VERA saksbehandlingssystem har vore særs ustabil og det har vore mykje nedetid. Dette har også gått utover produktiviteten.

Grunna samanslåing, ein krevjande ressurssituasjon og ekstraordinære oppgåver har vi ikkje makta å nå resultatmåla for å opprette verjemål, bruk av kapital, verjegodtgjering eller klagesaksbehandling.

Opprett vergemål (fra kapittel 3.3.2.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Opprett vergemål – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 70 dager.

Oppgåva har hatt høg prioritet i heile 2019. Vi har hatt fleire dugnadar og aksjonar for å få ned restansane, men har likevel ikkje klart målkrava.

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital (fra kapittel 3.3.2.1.1.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannens samtykke til bruk av kapital – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 20 dager.

Vi brukt tid på å finne ei effektiv organisering av denne oppgåva i samband med samanslåinga. Vi ventar å sjå resultat av desse endringane i byrjinga av 2020.

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter (fra kapittel 3.3.2.1.1.3 i TB)

Rapportere på

Godtgjøring og utgiftsdekning til verger og representanter – 80 % av vedtakene skal være fattet innen 45 dager.

Vi har brukt tid på å effektivisere og organisere dette fagområdet på ein god måte. Nye rutinar, malar og bruk av EHF-faktura, har kravd ressursar.

Vi har no om lag 125 faste verjer i det nye fylket. Oppdraga deira omfattar om lag 35 prosent av alle verjeoppdraga, medrekna kortvarige oppdrag. Det har vore naudsynt å samkøyre praksis på godtgjeringsområdet for faste verjer.

Denne oppgåva krev framleis store ressursar hjå oss.

Klagesaksbehandling (fra kapittel 3.3.2.1.1.4 i TB)

Rapportere på

Klagesaksbehandling – 80 % av klagene Fylkesmannen mottar på vergemålsområdet skal være behandlet innen 60 dager.

For å oppnå venta gevinst av samanslåinga, har vi brukt mykje tid på å finne dei mest tenlege interne samarbeidsformene. Vi meiner sjølv vi no har funne ei god form som vi ventar å sjå resultat av i starten av 2020.

Vergeregnskapskontroll (fra kapittel 3.3.2.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle vergeregnskap i sentralt uttrekk fra Statens sivilrettsforvaltning skal være kontrollert innen fristen. I tillegg skal alle regnskap hvor fylkesmannen har pålagt utvidet regnskapsplikt, kontrolleres.

Vi meiner tilsyn med verjene er viktig for å forebygge og eventuelt avdekkje mishald av verjehavarane sine midlar. Oppgåva vart høgt prioritert i 2019 og alle rekneskap frå sentralt uttrekk vart kontrollert.

Det sentrale uttrekket vart auka frå 15 prosent til 20 prosent. I tillegg skulle alle løpande verjemål med utvida rekneskapsplikt kontrollerast.

I alt ni personar har jobba med kontrollarbeidet, derav fire vikarar.

Kontrollarbeidet er arbeidskrevjande og detaljert. I samband med kontrollarbeidet vart det avdekt ulik praksis mellom dei to tidlegare embeta. Dette viste seg mellom anna i korleis rekneskapskontrollen var gjennomført, fritak frå rekneskapsplikt, pålegg om utvida rekneskapsplikt, oppfølging av verjer, innhenting av likningsopplysningar, kjøp og sal av eigedom, gjeldsstifting og pantsetting, arveforskot og oppfølging av skiftesaker.

Grunna stor auke i talet på rekneskap som skulle kontrollerast og skilnaden i praktisering, vart dette området svært ressurskrevjande.

Vi sette inn ekstra ressursar for å gå igjennom saker kor vi meinte at skilnadene var store. Frå desse 1000 sakene sende vi ut 215 brev med krav om forvaltning av midlar eller etablering av råderettsband for finansielle eigedelar. Dette var eit internt kontrolltiltak som vi sette i verk hausten 2019, og som vi framleis følgjer opp.

Digital innlevering av vergeregnskap (fra kapittel 3.3.2.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Andelen vergeregnskap som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 65 %.

Digital innsending av søknader om vergegodtgjøring og fylkesmannens samtykke (fra kapittel 3.3.2.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Andelen søknader om godtgjøring og søknader om fylkesmannens samtykke (bruk av kapital, salg av eiendom etc.) som leveres digitalt via Altinn, skal være minst 40 %

3.1.3.6 Vergehaver skal ha høy grad av selvbestemmelse og vergemålene skal være individtilpassede

Vi er opptekne av å tilpasse kvart enkelt verjemål til den einskilde verjehavaren.

For å kartleggje behovet sender vi difor ut skjemaet «innhald og omfang» i samband med førehandsvarsel. Skjemaet vert sendt til verjehavar, innsendar og/eller lege og er eit avkryssingsskjema kor mottakaren skal svare på kva oppgåver verjehavaren treng hjelp til.

I tillegg til skjemaet gjennomfører vi samtalar med verjehavaren, og eventuelt også hjelpeapparatet rundt vedkomande.

Vi ser likevel at mange mandat blir generelle, nettopp fordi verjehavaren har ønskt eit generelt mandat. I dei tilfella kor mandata har vore for «spissa», blir mange oppgåver og difor mandat, endra undervegs.

På grunn av større merksemd rundt sjølvråderett, har vi hatt ein stor auke i talet på saker som må vurderast og eventuelt behandlast i rettsapparatet. Dette krev store ressursar hjå verjemålsforvaltninga.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 3.3.2.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Når et vergemål opprettes, skal det foretas nødvendige undersøkelser slik at mandatet individtilpasses og ikke er mer inngripende enn nødvendig

Vi har gjennomført samtalar i samband med oppretting av verjemål med alle verjehavarar der dette har vore mogeleg og føremålstenleg.

3.1.3.7 Barnehagemyndigheter, barnehageeiere og skoleeiere forstår, formidler og etterlever regelverket

Vi får kunnskap om skule- og barnehagesektoren gjennom vår sakshandsaming, og med dette også om kommunane si forståing og etterleving av regelverket. Dei spørsmåla vi får frå kommunane om regelverket gir òg ein indikasjon på kor det er behov for informasjon og rettleiing.

Vi vurderer at det kan vere grunn til å uroe seg dersom det kjem få eller ingen klagesaker på eit område eller frå ein kommune. I 2019 har i vi følgt systematisk med på kva kommunar og område vi ikkje får klager frå.

Vi brukar nettsidene våre for å formidle informasjon om regelverk på skule- og barnehageområdet. Vi har årshjul som sikrar at aktuell informasjon blir løfta opp på sidene, i tillegg til publiseringsplan for nye saker. Nytt og endra regelverk blir også formidla her.

Utdanningsseksjonane har møte med kommunane på ulike nivå gjennom året. Informasjon om og drøfting av lov og regelverk er tema på møta. Vi drøftar kontinuerleg korleis vi best kan synleggjere for kommunane kva reglane er meinte å sikre, og korleis vi kan presentere reglane i ein god kontekst. Dette meiner vi kan vere til nytte for kommunane si formidling av regelverket i eiga verksemd. 

Sektorkunnskap ligger til grunn for vurdering av oppfølging og virkemiddel (fra kapittel 3.3.3.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Kunnskap om tilstanden i sektor på rettsikkerhetsområdet skal ligge til grunn for alle vurderinger av oppfølging og valg av virkemiddel

Vi får viktig kunnskap om skule- og barnehagesektoren gjennom vår sakshandsaming. Fleire av sakene vi har handsama viste at det var manglande regelverksforståing i kommunane og på skulane når det gjaldt kapittel 9 A i opplæringslova. Vi systematiserte denne kunnskapen i ein presentasjon, og reiste i 2019 ut til alle dei ti regionane i fylket, der vi snakka for kommunenivå og skuleleiinga om korleis regelverket er å forstå. Vi har forventningar til at dette skal bidra til auka kunnskap om skulen si aktivitetsplikt, og på sikt gje elevane eit tryggare og betre skulemiljø.

Oversyn over tal klager etter paragraf 19 g i barnehagelova viste at det var mange kommunar i Vestland som aldri hadde sendt over klagesaker til Fylkesmannen. Vi var usikre på om dette var fordi det ikkje blei klaga på vedtaka, at det ikkje blei opplyst om høve til å klage i vedtaka, eller at kommunane ikkje gjorde vedtak om tilrettelegging, slik lova seier at dei skal gjere. Vi sendte difor eit kartleggingsskjema til alle kommunane, der vi mellom anna etterspurde tal på vedtak og døme på eventuelle vedtak. Resultata frå kartlegginga var utgangspunkt for vår rettleiing på tre samlingar for kommunane. Vi erfarte at slik kartlegging var svært nyttig for å få oppdatert kunnskap frå sektoren, og for slik å kunne vere målretta i vår rettleiing. Resultata frå kartlegginga er òg ein del av vår risikovurdering når det gjeld tema og tilsynsobjekt. Vi planlegg liknande kartlegging på andre område i 2020.

Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk (fra kapittel 3.3.3.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Veilederen om saksbehandling i 9A-saker er implementert og tatt aktivt i bruk

Rettleiaren om sakshandsaming i 9A-saker er utgangspunkt for dei malane vi har utarbeidd på området.

Vi har møte på 9A-området kvar veke, der vi sikrar felles forståing for innhaldet i rettleiaren og at praksisen vår er i samsvar med denne.

Elever og foreldre skal regelmessig få informasjon om håndhevingsordningen (fra kapittel 3.3.3.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Elever og foreldre skal få regelmessig og oppdatert informasjon om håndhevingsordningen og meldeordningen

Fylkesmannen når i hovudsak elevar og foreldre gjennom nettsidene. I 2019 publiserte vi 13 oppslag om kapittel 9A og handhevingsordninga, der vi mellom anna orienterte om dei ulike delpliktene.

Vi sikrar at meldeskjema og informasjon om ordninga ligg godt synleg på nettsidene, og vi rettleiar elevar og foreldre som tek kontakt, om at dei kan melde saker til oss.

Vi har òg hatt jamlege møte med mobbeomboda i fylka, der eit av føremåla er å sikre at dei har nødvendig informasjon for å kunne å vise elevar og foreldre til oss ved behov.

klagebehandling resultatmål (fra kapittel 3.3.3.1.4.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal sørge for å komme raskt i gang med behandlingen av saker etter § 9 A-6.

I 2019 hadde vi rutinar og praksis for å kontakte meldar omgåande, og seinast ein virkedag etter meldinga er motteke. Brevet der vi spør skulen om dokumentasjon, skal sendast same dag eller neste arbeidsdag, når vi har hatt kontakt med meldar. Desse rutinane har vi etterlevd i 2019. Dersom det har vore avvik, har det vore fordi vi ikkje har fått kontakt med meldar, og ikkje har hatt nok informasjon til å kunne kontakte skulen om saka.

FM skal bidra til kompetanse om trygt og godt skolemiljø (fra kapittel 3.3.3.1.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal jobbe forebyggende og systematisk slik at skoleeiere og skoleledere har kompetanse på hva som gir et trygt og godt skolemiljø.  

Fylkesmannen i Vestland presenterte i 2019 våre erfaringar frå handhevingsordninga på samlingar i dei ti regionane i fylket. I tillegg hadde vi samlingar for fylkeskommunane og friskulane.

I 2019 har vi mellom hatt ein serie med nettoppslag om dei ulike delpliktene, og kva desse betyr i praksis for skulane.

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen (fra kapittel 3.3.3.1.6.1 i TB)

Rapportere på

Elever/foreldre som har erfart at de ikke har blitt ivaretatt av skolen på en god måte er redusert, som følge av at skolen har fått veiledning fra fylkesmannen

Sakene som blir melde til oss, er ofte svært samansette. Ei og same sak kan handle om både skulemiljø, spesialundervisning, barnevern og skulevegring. I desse sakene er meldaren ofte oppteken av at skulen ikkje ser eleven sine samla behov. I fleire av sakene har vi hatt møte med foreldre, skule, skuleeigaren og andre aktuelle instansar, i tillegg til at vi har gjort vedtak som handhevingsmyndigheit. Desse møta er svært nyttige, og vi erfarer at meldaren opplever at eleven sine samla behov blir tekne hand om i større grad enn når det berre blir gjort vedtak om skulemiljø.

Negative tilbakemeldinger er redusert (fra kapittel 3.3.3.1.7.1 i TB)

Rapportere på

Negative tilbakemeldinger fra elever/foreldre på Fylkesmannens ivaretakelse er redusert

Vi kontaktar meldaren på telefon seinast dagen etter at vi har fått skriftleg melding. I samtalen får meldaren høve til å fortelje om saka si. Vi informerer òg om vår rolle og prosessen vidare. Det same gjeld når vi får telefonar om elevar sitt skulemiljø. Vi erfarer at desse samtalane er svært nyttige for den som melder, både fordi dei får vite at saka er motteken hos oss, og at dei får informasjon om kva som skal skje vidare. For oss er det særleg viktig å formidle kva som er vår rolle i slike saker. Dette gjer at meldaren ikkje har urealistiske forventingar til kva Fylkesmannen som handhevingsmyndigheit kan og skal gjere. Vi meiner at slik informasjon er med på å redusere negative tilbakemeldingar frå elevar og foreldre. 

Vi er òg opptekne av at vedtaka må bli formulerte på ein måte som er lett for meldaren å forstå, og vi legg særleg vekt på klart språk.

Vi arbeider kvar dag med å halde sakshandsamingstida nede, og meiner at dette òg vil kunne redusere negative tilbakemeldingar frå elevar og foreldre.

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil eller saksbehandlingsfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra skoleeier med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

Vi rettleiar om regelverket på nettsidene våre. Dersom vi i klagesakshandsaminga ser at det er rettsbruksfeil og/eller sakshandsamingsfeil som går att i mange saker, har vi laga nettoppslag om dette, og hatt det som tema på samlingar med kommunane.

Vi har òg arrangert møte med enkelte kommunar, der vi har diskutert saker og rettleidd konkret om sakshandsaming.

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.2 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra barnehagemyndigheten med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

Vi rettleiar om regelverket på nettsidene våre. Dersom klagesakshandsaminga viser at det er rettsbruksfeil og/eller sakshandsamingsfeil som går att i mange saker, har vi laga nettoppslag om dette, og hatt det som tema på samlingar med kommunane.

Vi har erfart at vedtakskompetansen ofte er låg når det gjeld vedtak som er gjorde etter barnehagelova. Dette gjeld særleg for vedtak om spesialpedagogisk hjelp og tilrettelegging i barnehagen (§ 19 a - § 19 h). I 2019 har vi difor hatt tre regionale samlingar, der målsettinga mellom anna var å auke regelverksforståinga og vedtakskompetansen i kommunane

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil (fra kapittel 3.3.3.1.8.3 i TB)

Rapportere på

Vedtak fra fylkesmannen med rettsanvendelsesfeil og/eller saksbehandlingsfeil er redusert

Vi har ei rettstryggleiksgruppe på utdanningsområdet som i 2019 har tatt opp følgjande tema:

  • Gjennomgang av alle malar på utdanningsområdet
  • Tilrettelegging av sak
  • Grunnleggjande forvaltningsrett – generelle prinsipp
  • Vedtaksteksten i sjølve vedtaket opp mot resten av dokumentet
  • Grunngjevingsplikt/subsumsjon
  • Rettskjelder
  • Fylkesmannen si myndigheit
  • Vår myndigheit som rettleiingsinstans
  • Vår myndigheit som klageinstans
  • Vår myndigheit som tilsynsinstans
  • Praktisk teieplikt
  • Det beste for barnet
  • Kommunen sitt frie skjønn
  • Å stadfeste opp mot å gjere nytt vedtak
  • Kva skal til for å oppheve vedtak.

Alle på utdanningsområdet har vore med på å høyre om og diskutere desse temaa. Vi vurderer at dette samla sett har gjort at våre rettsbruksfeil og sakshandsamingsfeil er reduserte.

Vedtak som er tilpasset mottakeren har økt (fra kapittel 3.3.3.1.9.1 i TB)

Rapportere på

Vedtak er skrevet med klart språk og tilpasset mottakeren.

Vi har i 2019 hatt gått gjennom alle våre vedtaksmalar med tanke på språk og form. Fleire malar blei etter dette endra til enklare og klarare språk. Vi har òg hatt eit skrivekurs for alle på utdanningsområdet med NTB Arkitekst. På førehand hadde vi sendt inn 20 sladda vedtak. Med utgangspunkt i desse vedtaka fekk vi tips og råd om korleis vi kunne betre språket og korleis vi tilpassar vedtaket til mottakaren. Vi ser at dette har gjort at alle på utdanningsområdet i større grad er merksame på korleis dei skriv, og at dei som godkjenner saker også fokuserer meir på dette.

Fleire medarbeidarar på utdanningsområdet har også delteke på kurs i skriving for nett i 2019.

Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018 (fra kapittel 3.3.3.1.10.1 i TB)

Rapportere på

Omfang av tilsynsaktiviteten skal minimum være på samme nivå som kravet for 2018. 

Opplæringslova 2019

  • 18 kommunar
  • 29 tilsynsrapportar
  • 83 deltema

Barnehagelova 2019

  • 11 kommunar
  • 11 tilsynsrapportar
  • 21 deltema

Totalt sett er tilsynsaktiviteten i 2019 høgare enn den samla aktiviteten det var i dei to embeta i 2018.

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT (fra kapittel 3.3.3.1.10.2 i TB)

Rapportere på

80 prosent av foreløpige tilsynsrapporter skal gjelde FNT og nasjonal tilsynssatsning på barnehageområdet

Barnehagelova: 100 prosent av tilsyna følgjer nasjonal tilsynssatsing, jf. avtale med Udir om å føre tilsyn med paragraf 19 etter eige opplegg, i påvente av at Udir sitt opplegg vart tilgjengeleg. 

Opplæringslova: Over 80 prosent av tilsyna gjeld FNT.


Tilsyn uten avdekkede brudd skal reduseres (fra kapittel 3.3.3.1.11.1 i TB)

Rapportere på

Tilsyn uten avdekkede brudd på regelverk skal reduseres sammenliknet med 2018

Alle tilsyna etter barnehagelova har avdekt brot på regelverket.

Tilsyna etter opplæringslova har vist brot på regelverket i alle dei tilsynstemaa som er valde. 

Samla sett meiner vi det er grunn til å tru at vurderingane vi har gjort i val av tilsynstema og tilsynsobjekt, har vore gode eller tilfredsstillande. 

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger (fra kapittel 3.3.3.1.11.3 i TB)

Rapportere på

Embetene skal være samstemte i hvordan de gjør gode risikovurderinger

På utdanningsområdet har embetet organisert seg med ein eigen tilsynsseksjon som òg har ansvar for korleis vi gjer risikovurderingar i samband med tilsyn, og kva følgjer det skal ha for informasjonsarbeid. Spørsmål som gjeld bruk av kjelder og korleis annan informasjon kan systematiserast, er del av seksjonen sitt arbeid. 

I samband med samanslåinga har vi primært arbeidd for at vi internt er samde om korleis vi vurderer risiko. Kva verkemiddel eller koplingar av verkemiddel som best kan sikre god oppfølging, er tema i verksemdsplanlegginga og når verksemdsplanen blir revidert. Ein konsekvens er at vi nyttar rettleiande samtalar eller møte i kombinasjon med sakshandsaming (særleg handhevingssaker), noko meir aktivt enn vi har gjort tidlegare år.

I leiarmøta er informasjon om kommunane fast tema. Vi får såleis supplerande informasjon som kan vere nyttig for kvalitet og relevans av den sektorvise vurderinga. 

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunen (fra kapittel 3.3.3.1.12.1 i TB)

Rapportere på

Økt bevissthet i valg av veiledningsform og innhold tilpasset kommunens behov

Vår erfaring er at kommunane oftast ønskjer at rettleiing skjer i form av møte eller samlingar, som så vert supplert med informasjon på nett. Dette krev mykje av vår kapasitet, og vi har difor avgrensa innhaldet til nokre utvalde tema. Desse følgjer opp eiga risikovurdering og nasjonale føringar. I 2019 har vi rettleia om handhevingsordninga og regelverket etter barnehagelova paragraf 19 g. 

Vår vurdering er at dette møter kommunen sine ønsker og behov, men om behovet fullt ut blir dekt, er vi meir usikre på. Vi erfarer, ut frå spørsmål vi får og kvaliteten i saks- og klagehandsaminga, at fleire kommunar, sjølv etter rettleiinga, ikkje fullt ut har ein praksis som er i tråd med regelverket. Tilsyna våre viser det same.

Når det gjeld nasjonale satsingar, særleg på kompetanseområdet, arbeider vi kontinuerleg for å finne rettleiingsformer som sikrar at ordningane er kjende. I tillegg til samlingar for skuleeigarar og barnehagemyndigheita, utarbeider vi dokument som kortfatta viser korleis ordningane er tenkte og praktiserte i vårt embete, og presentasjonar som kommunane kan nytte i eigne rekker. 

3.1.3.8 Fylkesmannen understøtter nasjonale myndigheters og kommunenes arbeid med bosetting og integrering

Måloppnåinga i Vestland er tilfredsstillande, og måltala i det samla busettingsarbeidet må seiast å vere gode. Fylkesmannen har ikkje annan informasjon enn at oppmodingstala frå IMDi blir følgde opp i kommunane.

Andel flyktninger bosatt innen (fra kapittel 3.3.3.2.1.1 i TB)

Rapportere på

Andel flyktninger bosatt innen 6 måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting eller reisetillatelse er gitt: 90 % Resterende andel skal være bosatt innen 12 måneder.

Hordaland

Innan 6 mnd: 92 prosent
Innan 12 mnd: 100 prosent

Sogn og Fjordane

Innan 6 mnd: 100 prosent
Innan 12 mnd: 100 prosent

Vi har fått opplysingane frå IMDi (20. januar 2020)

Andel enslige mindreårige bosatt (fra kapittel 3.3.3.2.1.2 i TB)

Rapportere på

Andel enslige mindreårige bosatt innen tre måneder etter at vedtak som danner grunnlag for bosetting, eller innreisetillatelse er gitt: 50 %. 

Hordaland

EM innan 3 mnd: 59 prosent.

Sogn og Fjordane

EM innan 3 mnd: 72 prosent.

Vi har fått opplysingane frå IMDi (20. januar 2020)

3.1.4 Fylkesmannen skal ta de initiativ som finnes påkrevd og holde sentrale myndigheter orientert om tilstanden i fylket og effekten av statlig politikk

3.1.4.1 Barnehageeiere og skoleeiere har ansatte med kompetanse som fremmer utvikling, læring og trivsel tilpasset barn og unges behov

I Vestland har vi fleire utdanningsinstituasjonar og er såleis i ein forholdsvis god situasjon når det gjeld tilgang på nyutdanna lærarar på alle nivå i utdanningsløpet frå barnehage til vidaregåande opplæring. 

Kompetanseordningane (DEKOm og REKOM) koplar UH-miljøa og eigarane saman om profesjonsutviklinga etter føringar som nettopp er tilpassa lokale kompetansebehov. Det same gjeld andre statlege satsingar.

Vi er med i styringsgruppa for prosjektet "Lærarutdanningsskular". Høgskulen på Vestlandet (HVL) har inngått samarbeid om lærarutdanningsskular og -barnehagar. Oppsummert skal dette bidra til gjensidig kompetanseheving mellom lærarutdanninga og skulane/barnehagane, og det skal sikre høg kvalitet på praksisopplæringa til studentane.

Likevel veit vi at det er eit kontinuerleg behov for å supplere den kompetansen sektoren har og har tilgang til. Her er det skilnad på eigarar som ligg nær utdanningsinstituasjonar, og eigarar som ligg mindre sentralt til. Vi er også uroa for kompetansen i små einingar. Det er mange døme på at einingar med få barn eller elevar møter store kompetanseutfordringar når dei får ansvar for barn eller elevar med særskilte behov. Vi ser og at eigaren eller myndigheitsnivået manglar kompetanse til å gjere dei naudsynte vurderingane og korrekte vedtak som skal sikre eit tilbod som er fremjande for barnet eller eleven sin barnehage- og skulekvardag.  

Vi har ikkje konkret oversikt over kva situasjonen er med tanke på kompetanse innanfor yrkesfaga. Vi veit frå tidlegare kontakt med fylkeskommunen at dette har vore ei utfordring på ein del fagområde. 

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling (fra kapittel 3.4.1.1.1.1 i TB)

Rapportere på

Partene i samarbeidsforumet har god samhandling som fører fram til omforente, langsiktige og kunnskapsbaserte tiltak.

Då embeta i Hordaland og Sogn og Fjordane vart slått saman i 2019, viste det seg at arbeidet med den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling var løyst ulikt.

I Hordaland vart det utarbeidd eit grunnlagsdokument som mellom anna definerte korleis midlane skulle fordelast mellom UH og skuleeigarane. Det var tydeleg definert kva som låg i kravet "skulebasert", inkluderinga av friskulane var eit viktig tema, og embetet hadde og fleire UH-miljø som del av ordninga. Dei konkrete tildelingane vart gjort i samarbeidsforum. Eit nytt samarbeidsforum vart etablert som eit svar på føringane for ordninga då ho starta opp i 2017.

I Sogn og Fjordane var det eit allereie etablert samarbeid som tok hand om ordninga. Midlane vart fordelte til kompetanseregionane, med dei føringane som ligg til ordninga. Sogn og Fjordane hadde eitt UH-miljø innanfor sine fylkesgrenser.

Då vi vart eit felles embete var det naudsynt å starte samarbeidet på nytt. I eit nytt fylke var det ikkje sjølvsagt at etablerte samarbeidsformer utan vidare kunne vidareførast. I tillegg var det naudsynt å bli samde om felles tankegang og praksis.

Konklusjonen vår er at dette har gått bra. Vi har no eit felles samarbeidsforum, rett nok stort, men med felles forståing av korleis ordninga skal praktiserast. Grunnlagsdokumentet som var utarbeidd i Hordaland er revidert og tilpassa ein ny situasjon. Mellom anna blir dei konkrete prioriteringane no gjorde i dei regionale kompetansenettverka, etter modellen frå Sogn og Fjordane.

Våre observasjonar viser at samhandlinga mellom skuleeigarane (kommunale, fylkeskommune, friskulane) og UH-miljøa er i eit godt og konstruktivt spor. Vi har òg meldt tidlegare at UH-miljøa samhandlar godt innanfor ordninga. Vi har noko mindre kunnskap om korleis fagorganisasjonane og KS bidreg i samarbeidet. Dette er eit viktig tema i tida framover, og som må takast opp i samarbeidsforum. Vi må sjå nærare på korleis vi kan legge til rette og korleis organisasjonane kan bidra på alle nivå i den skulebaserte profesjonsutviklinga. 

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 3.4.1.1.2.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere benytter desentralisert ordning for kompetanseutvikling i sammenheng med eventuelle andre statlige ordninger til kvalitetsutvikling av skolene. 

Overordna er det rett å konkludere med at alle skuleeigarar er inkluderte i den desentraliserte ordninga for kompetanseutvikling. Dei er representerte i samarbeidsforum og dei er aktivt deltakande i dei regionale kompetansenettverka som gjer dei endelege prioriteringane og går inn i samarbeid med UH.

Konkret er det likevel ikkje slik at alle skuleeigarar er med til kvar tid. Sidan ordninga er lansert som ei varig ordning, er det enkelte døme på at skuleeigarar har vurdert å utsette deltakinga. Det har vore gode grunnar, særleg knytte til pågåande satsingar og omsyn til kapasitet. Vi meiner dette viser at skuleeigarar nettopp ser deltakinga i samanheng med anna utviklingsarbeid. 

I samarbeidsforumet følgjer vi med på kva skuleeigarar som frå år til år får tildelt midlar og kva utviklingsarbeid som blir sett i verk. Vi byggjer opp oversikt over kompetanse i dei ulike UH-miljøa, og skuleeigarane får oversikt over korleis arbeidet med skuleutvikling og profesjonsutvikling blir arbeidd med i fylket.

Friskulane har vore særs aktive i ordninga, og dei har bidrege på ein tydeleg måte i samarbeidsforum. Deltakinga frå friskulane er god.

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak (fra kapittel 3.4.1.1.3.1 i TB)

Rapportere på

Alle skoleeiere som er omfattet av oppfølgingsordningen har igangsatte tiltak med sikte på kvalitetsforbedring.

Austrheim
Austrheim kommune var motivert for og hadde sjølv tatt avgjerda om at dei hadde behov for eit eksternt blikk på arbeidet sitt. Dei fekk tildelt rettleiarar der koordinatoren var kjent med kommunen og utfordringane deira frå før. Dette har gitt rettleiarane høg legitimitet i heile organisasjonen, og arbeidet ser ut til å vere på rett spor.

Radøy
Radøy har hatt statleg rettleiarkorps i to omgangar tidlegare og ønskte ikkje dette som tiltak ein tredje gong. Kommunen nytta tildelte frie midlar til eit grundig analysearbeid på kvar skule, og valde i samråd med Fylkesmannen "Inkluderande barnehage- og skulemiljø, samlingsbasert tilbod", som hovudtiltak. Dei er no midtvegs i perioden. Vi følgjer kommunen tett og ser tydelege teikn på utvikling av eit godt og profesjonelt arbeid basert på fagleg kunnskap – både i kvar enkelt eining og på tvers av einingane.

Jondal
Jondal har to hovudtiltak, statleg rettleiarkorps og "Inkluderande barnehage- og skulemiljø". I oppstarten har rettleiarane og Fylkesmannen vore saman om å møte kommunen, men har no ein tydeleg avtale. Kva effekt tiltaka vil ha, er for tidleg å seie noko om, men at eit eksternt blikk og oppdatert kunnskap vil hjelpe Jondal, som har vore ein kommune med berre ein skule, har alle partar tru på. Dei er no også blitt ein del av Ullensvang kommune og fått fleire å samarbeide med.

Hyllestad
I Hyllestad har rettleiarkorpset hatt oppfølging av planverk og ei grundig gjennomgang av oppgåve- og ansvarsfordeling mellom kommune- og skulenivå. Det er behov for å sjå på omorganisering av leiingsstruktur på grunn av budsjettnedskjeringar og styrking av arbeidet knytt til fagutvikling for «risikoelevar» og inkluderande skulemiljø. Det er sett i gang tiltak for å utvikle fagområda spesialundervisning og tilpassa opplæring som ein del av utviklingsarbeidet.

 «Styrkebasert leiing» har vore tema i kollegiet, med god respons.

3.1.5 Gjennomførte evalueringer

Vi har ikkje gjennomført allmenne evaluering eller brukarundersøkingar i 2019.

3.2 Avvik på oppdrag i tildelingsbrevet og/eller faste oppgaver i virksomhets- og økonomiinstruks

3.2.1 Tverrsektorielle oppdrag/oppgaver

Ingen avvik.

3.2.2 Arbeids- og sosialdepartementet

Vi har gjennomført planlagt tilsyn med eit aktivitetsvolum lik 104 poeng, medan volumkravet er 120 poeng. To av dei varsla LOT-tilsyna med Nav-kontor blei ikkje gjennomførte. Tenestene melde tilbake i førebuinga til tilsynet at dei frå og med 2018 ikkje kjende til at dei har søkjarar som har eller har hatt kontakt med barnevernet. Vi vurderte på bakgrunn av denne informasjonen at det ikkje var føremålstenleg å gjennomføre dei varsla tilsyna.

3.2.3 Barne- og likestillingsdepartementet

Vi har gjennomført 81 prosent av dei forskriftpålagte tilsyna ved barneverninstitusjonar. Årsaka til at vi ikkje har gjennomført 100 prosent, er manglande kapasitet. Vi har gjort risikovurderingar av kvar avdeling i institusjonane gjennom året, og desse ligg til grunn der vi ikkje har gjennomført tilsyn.

Vi har hatt særleg merksemd på førebygging av tvang og tryggleik for barna under opphaldet. Vi har òg hatt merksemd på samansettinga av barnegruppene i avdelingane, og oppfølging av psykisk helsehjelp. Vi legg stor vekt på å få snakke med barna. Tilsyna er lagde til tidspunkt utanom skuletid.

Vi har gjennomført tre av dei seks pålagte landsomfattande tilsyna med barneverntenester i kommunane. Vi planla og gjennomførte tilsyn med to interkommunale barneverntenester. Etter den opphavlege måten for utrekning var planen vår i samsvar med volumkrav. Helsetilsynet endra i ettertid reknemåten for volumkravet med det landsomfattande tilsynet. På bakgrunn av ROS-vurderingar og prioriteringar ut frå ressurssituasjon vart det ikkje gjennomført fleire LOT-tilsyn med barnevern.

3.2.4 Helse- og omsorgsdepartementet

Saksbehandlingstida i dei hendingsbaserte tilsynssakene var 7,4 månader, og volumkravet til planlagde tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester vart ikkje oppfylt. 


3.2.5 Justis- og beredskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.6 Klima- og miljødepartementet

Ingen avvik.

3.2.7 Kommunal- og moderniseringsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.8 Kunnskapsdepartementet

Ingen avvik.

3.2.9 Landbruksdepartementet

Ingen avvik.

3.3 Særskilte rapporteringskrav fra tildelingsbrevet

Gjennomført opplæring (fra kapittel 7.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.1. Fylkesmannen skal kort beskrive opplæringen som er gitt NAV-kontorene, og begrunne sitt valg av omfang, form og innhold i opplæringen opp mot utfordringsbildet i NAV-kontorenes praktisering av tjenestene.

Alle nytilsette i Nav stat og kommune fekk opplæringstilbodet "Ny i Nav" to gonger i løpet av året. Dette var eit tilbod vi gav saman med Nav Vestland. Vi gav innføring i korleis sosialtenestelova er bygd opp, føremålet med lova, kven lova omfattar, dei fem obligatoriske tenestene og sakshandsaming etter både sosialtenestelova og forvaltningslova.  

Vi hadde òg fagsamling der alle Nav-tilsette var inviterte. Samlinga gjekk over to dagar, og det var lagt opp til dialog og gruppearbeid. Før samlinga hadde vi dialog med tenestene om innhaldet. Vi tok òg opp tema som etter vår vurdering er særleg sårbare i tenestene. 

Vi brukar nettsida til å formidle informasjon. Vi legg òg vekt på å vere tilgjengelege for tenestene og gir råd på telefon. 

Redegjøre for forståelse og praktisering (fra kapittel 7.3.1.2 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for forståelsen og praktiseringen av sosialtjenesteloven i kontorene i fylket/regionen.

I 2019 la vi vekt på å gjere opplæringstiltaka tilgjengelege for tilsette ved alle kontora i dei to fylka. Klagesakene vi fekk til behandling tyder på at Nav gjer gode vurderingar ved handsaming av søknader om sosiale tenester, men vi fann lovbrot i seks av åtte planlagde tilsyn. Lovbrota gjaldt manglar ved styring og leiing, manglar i kartlegging og individuelle vurderingar av behov, omsyn til barn, og manglar i oppfølginga av brukarane. Områda der vi har avdekt manglande eller feil forståing og praktisering av sosialtenestelova, var tema i opplæring og samlingar for leiarar og tilsette. 

Kvalifiseringsprogrammet (fra kapittel 7.3.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive:
- Situasjonen for kvalifiseringsprogrammet (KVP) i fylket
- Hvor god oversikt NAV- kontorene har over personer i målgruppen for KVP
- Om personer i målgruppen for KVP får tilbud om program
- Hva som kjennetegner NAV-kontor som jobber godt med KVP
- Om utfordringene med KVP har endret seg fra 2018
- Embetets arbeid med KVP i fylket

Kvalifiseringsprogrammet 

Tidlegare tilsyn og statistikk  viser at det i enkelte kommunar over tid er få deltakarar i kvalifiseringsprogram. Det er grunn til å tru at ikkje alle personar som hadde rett til kvalifiseringsprogram i Hordaland og Sogn og Fjordane, fekk tilbod om det i 2019. 

Ved utgangen av oktober 2019 var det 619 deltakarar i kvalifiseringsprogram i Hordaland. 449 av dei var i Bergen. I Sogn og Fjordane var det på same tid 46 personar i kvalifiseringsprogram. I begge fylka er det fleire deltakarar i 2019 enn i 2018, men likevel færre enn det som er venta. Statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet har rekna 811 deltakarar i Hordaland og 117 i Sogn og Fjordane.

Vi får få spørsmål om kvalifiseringsprogrammet. I 2019 behandla vi tre klagesaker om kvalifiseringsprogram frå Nav-kontora.  

Kor god oversikt Nav-kontora har over personar i målgruppa for KVP, og om personar i målgruppa får tilbod om program

Vi bad leiarane ved Nav-kontora i Hordaland og Sogn og Fjordane svare på spørsmål om kvalifiseringsprogrammet. 37 av 63 svara. Det går fram av svara at leiarane meiner at personar i målgruppa for kvalifiseringsprogram får tilbod om dette. Dei fleste svara at kontora sikrar dette ved generell informasjon om kvalifiseringsprogram på kommunens nettside, på nettsida til Nav og i mottaket i Nav-kontoret. Personar i målgruppa får òg informasjon om tenesta, og blir kartlagde og vurderte for kvalifiseringsprogram. Fleire opplyste at dei undersøkjer om personar som får tenester frå Nav-kontoret kan ha rett til kvalifiseringsprogram. Nokre opplyste at kunnskap om kvalifiseringsprogram i kontoret er viktig og sikrar dette ved opplæringar internt og ved deltaking på våre samlingar. Eitt Nav-kontor opplyste at dei internt går gjennom området to gonger i året.

Kjenneteikn ved Nav-kontor som arbeider godt med kvalifiseringsprogram

Ifølgje svara frå leiarane er kjenneteikn ved Nav-kontora at dei har:                                   

  • god oversikt over personar i målgruppa for kvalifiseringsprogram
  • god informasjon om kvalifiseringsprogram
  • god kompetanse i kontoret om kvalifiseringsprogram, brukarmedverknad, kartlegging og oppfølging
  • Nav-tilsette med særskilt ansvar for kvalifiseringsprogram
  • god kjennskap til og dialog med arbeidsmarknaden, med fleire moglegheiter når det gjeld tiltak og aktivitet.
  • gode, individuelt tilpassa, arbeidsretta program
  • tett og individuell oppfølging
  • godt samarbeid på tvers av fagområde og på tvers av Nav-kontor.

I tillegg til dette meiner vi at leiarforankring i kommunen og i Nav-kontoret er viktig for å sikre forsvarlege tenester og god styring.

Om utfordringane med kvalifiseringsprogram har endra seg frå 2018

Dei fleste svara at utfordringane med KVP ikkje har endra seg sidan 2018 og melde om følgjande utfordringar:

  • Å motivere personar til kvalifiseringsprogram. 
  • Ein stor del av brukargruppa er framandspråklege, og fleire har behov for lange løp mot arbeid. Inngangsvilkåra på to år er utfordrande for fleire. Personar som har språkutfordringar i norsk får ikkje plass på enkelte tiltak, grunna krav om norskkunnskap frå arbeidsliv og tiltaksarrangør. Bykontor melder om ventetid på aktuelle tiltak. 
  • Å lage gode, individuelt tilpassa, arbeidsretta program på fulltid. 
  • Tilstrekkeleg med ressursar til å gjere godt arbeid.
  • To Nav-leiarar ønskjer at kommunen tek på seg meir av samfunnsoppdraget, og tek inn deltakarar i program.

Fleire av leiarane melde tilbake at nytt KVP-regelverk med endra inngangsvilkår truleg kan opne for auke i talet på deltakarar i kvalifiseringsprogram.

Vi meiner det er viktig at Nav-tilsette har kunnskap om kvalifiseringsprogram og regelverksendringane som gjeld frå januar 2019. 

Vårt arbeid med kvalifiseringsprogram

Vi sende brev med spørsmål om KVP til Nav-leiarar i 28 kommunar i Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei har rapportert at dei har 50 prosent eller færre KVP-deltakarar samanlikna med venta tal deltakarar per månad, jamfør statistikk frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. Vi bad om informasjon om årsaka til lågt tal på deltakarar, korleis dei sikrar at alle som har rett til kvalifiseringsprogram i kommunen får tilbod om det og om det er noko vi kan bidra med. Målet med dette var å rette merksemd mot kvalifiseringsprogrammet og bidra til at personar som fyller vilkår om kvalifiseringsprogram får tilbod om dette. Vi kjem til å følgje saka vidare.

I samarbeid med Nav Vestland har vi i 2019 planlagt og gjennomført:

  • To Nav-leiarsamlingar, der kvalifiseringsprogram var tema på ei av samlingane. 
  • Dagssamling om kvalifiseringsprogram, med mål om å auke bruk av kvalifiseringsprogram i Nav-kontor med få deltakarar og eller lite erfaring med kvalifiseringsprogram. Alle Nav-kontor i Hordaland og Sogn og Fjordane fekk høve til å delta. Vi sende særskilt invitasjon til kontora som har få deltakarar samanlikna med måltala. 
  • Tre nettverkssamlingar om kvalifiseringsprogram. Arbeids- og velferdsdirektoratet deltok på to av samlingane. Alle Nav-tilsette som arbeider med kvalifiseringsprogram i dei to fylka fekk tilbod om å vere med. 
  • Opplæring for nytilsette i Nav vår og haust, der kvalifiseringsprogram var eitt av fleire tema.

Arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene (fra kapittel 7.3.1.5 i TB)

Rapportere på

Det vises til styringsparameter 3.1.2.1.2. Fylkesmannen skal redegjøre for sitt arbeid med å vurdere særlige utfordringer i kommunene, samt kort beskrive hvordan kommunene er fulgt opp.

I 2019 la vi vekt på å gjere opplæringstiltaka, som omtalte over, tilgjengelege for alle kontora i dei to fylka. 

Saman med fylkesmennene i Trøndelag, Nordland, Hedmark og Rogaland byrja vi arbeidet med utvikling av skjema for vurdering av risiko og sårbarheit ved Nav-kontora og vil halde fram med dette i 2020. Vi er i dialog med Nav Vestland om dei kan gi oss relevant risikoinformasjon om dei ulike kontora. Dette kan gjere det lettare å målrette innsatsen til dei som treng det mest.

Oversiktene som vi har fått frå Arbeids- og veldferdsdirektoratet om deltakarar på kvalifiseringsprogrammet, har vore nyttige. Talmaterialet er brukt til konkret oppfølging av tenestene med dårlegast måloppnåing i 2019. Vi ser fram til å starte opp med dialogmøte i 2020. Med bakgrunn i erfaringar frå barnvernområdet meiner vi at møta vil gi nyttig innsikt i tenestene, som vi kan byggje vidare på i vår oppfølging.  

Aktivitetsplikt (fra kapittel 7.3.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal beskrive kommunenes erfaring med aktivitetsplikt for mottakere av økonomisk stønad under 30 år. Herunder om aktivitetsplikten bidrar til overgang til arbeid og utdanning.

Vi har fått svar på ei spørjeundesøking frå 37 av 63 Nav-leiarar i Hordaland og Sogn og Fjordane og sosialsjefar i Bergen kommune. Desse svara ligg til grunn for omtalen av erfaringane til kommunane.

Sju av dei minste kommunane svara at dei ikkje har erfaringar å vise til. Dei fleste av dei andre opplyste at dei har gode erfaringar med aktivitetsplikta. Tre sa òg at dei hadde arbeidd på same måten før kravet om aktivitetsplikt kom inn i sosialtenestelova.

Fleire peika på at mogelegheita til tidleg, tett og god oppfølging og avklaring av stønadsmottakarar, er positiv. Det kom òg fram at det er viktig at vilkåra som blir sette, er konkrete og individuelt retta. Nokre melder at det er utfordrande å gjere dette på ein god måte fordi det kan vere vanskeleg å finne gode og meiningsfulle arbeidsoppgåver og tiltak for den enkelte brukaren. Éin kommune presiserer at dei har best resultat for dei brukarane som står nærast arbeidslivet i utgangspunktet. Ein annan har erfart at aktivitetsplikta ikkje har effekt for dei brukarane som bur heime hjå foreldra.

Ni kommunar tok opp at det er noko utfordrande å følgje opp vilkåra som blir sette, sikre utbetalinga av stønad og eventuelt setje i verk konsekvens ved brot på vilkår. Det vert vist til at dette er ressurskrevjande og krev gode rutinar, at saksbehandlinga er tidkrevjande og at Nav-kontoret i realiteten manglar sanksjonar ved brot på vilkåra.

Medverkar aktivitetsplikta til overgang til arbeid?

26 av 30 respondentar som har erfaring med å stille vilkår om aktivitet, stadfesta at aktivitetsplika medverkar til overgang til arbeid. To svara nei. Dei viste til at mange av ungdommane har mangelfull CV og er lite attraktive på arbeidsmarknaden. Aktivitetsplikta har heller vore eit ledd i vidare avklaring og ei lenke til andre tiltak. To kommunar viste til at dei ikkje har målt eller har dokumentasjon på at det er sjølve aktivitetsplikta som er årsaka til at fleire kjem i arbeid. Den eine kommunen meiner det like gjerne kan vere at arbeidsmarknaden er betre.

Medverkar aktivitetsplikta til overgang til utdanning?

Kommunane har meir delte erfaringar når det gjeld overgang til utdanning enn til arbeid. 14 svara at aktivitetsplikta medverka til overgang til utdanning. Ein av kommunane som svara nei, opplyste at fleire av brukarane har droppa ut av skulen og er lite motiverte for utdanning. To av kommunane som svara ja, viste til at arbeid med aktivitetsplikt gjennom sommaren førte til at nokre ungdommar vart motiverte for skule og utdanning.     

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall gjennomførte tilsyn med
kommunenes oppfølging av krisesenterloven, informasjonsarbeid overfor kommunene om faglig veileder for innhold og kvalitet i tilbudet, samt gi en kort vurdering av tilgjengelighet og kvalitet på tilbudet i fylket.

Det er ikkje gjennomført tilsyn etter krisesenterlova i 2019. I 2018 førte vi tilsyn med krisesentertilbodet til Bergen kommune som då var drive av ein ideell organisasjon. På bakgrunn av vårt tilsyn og kommunens eigen gjennomgang av tilbodet, overtok kommunen sjølv drifta i 2019. Alle sentera gjev tilbod til barn, kvinner og menn, og tilbodet er tilgjengeleg heile døgnet. Sentera strever med å gje eit godt og likeverdig tilbod til personar i aktiv rus og til personar som har store psykiske vanskar. Bergen kommune er i forhandlingar med Kirkens Bymisjon om å etablere eit eige tilbod til denne gruppa. 

Vi har gjort rettleiaren kjent gjennom ein artikkel på nettsida vår. 

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser... (fra kapittel 7.3.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for bakgrunnen for og konsekvenser av eventuelle nedleggelser av krisesentrene eller reduksjon i tilbudet.

Det er fire krisesenter i fylket. Frå 2020 vil nye Øygarden kommune anten halde fram med eige krisesenter eller kjøpe tenestene frå Bergen kommune. Hornindal kommune blir slått saman Volda kommune. Alle sentera strevar med å gje eit godt og likeverdig tilbod til personar i aktiv rus og til personar som har store psykiske vanskar. Bergen kommune er i forhandlingar med Kirkens Bymisjon om å etablere eit eige tilbod til denne gruppa. 

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader... (fra kapittel 7.3.2.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall behandlede søknader, og fattede vedtak inndelt i innvilgelser, avslag og avvisninger knyttet til hver sakstype, etter ekteskapsloven, anerkjennelsesloven og brudvigjingslova i årsrapporten. Når det gjelder ekteskapsloven § 18a andre ledd, bes fylkesmannen differensiere rapporteringen for saker ut ifra sakstype, dvs. etter om sakene gjelder bokstav a), b) eller c).

Fylkesmannen skal rapportere på andelen separasjons- og skilsmissesøknader som er mottatt digitalt.

I 2019 hadde vi totalt 2632 saker på ekteskapsfeltet. Ein stor del av desse sakene er framleis under handsaming og difor ikkje medrekna i statistikk over saker som er godkjende, avslegne og avviste.

Vi har gjeve 1097 separasjonar og 988 skilsmisser.

Vi handsama 101 saker om godkjenning av utanlandske  separasjonar og skilsmisser. I desse sakene inngår også nokre vedtak om fritak og avslag for plikta til å dokumentere skifte. Vi mottok 23 søknader om fritak for plikta til å dokumentere skifte ved skilsmisse eller død. I alt 19 søknader vart godkjende, medan fem søknader vart avslegne.

Talet på saker til handsaming etter ekteskapslova er stabilt, og talet på søknader som vert sende inn elektronisk, aukar. Totalt fekk vi 4789 inngående postar på saksfeltet. Av desse er rundt 50 prosent mottekne elektronisk og vi sende ut 8254 brev/løyve.

Vi nyttar digital samhandling DISAM for melding til Skatteetaten i dei sakene vi har motteke elektronisk. Ut over dette nyttar vi digital utsending i alle saker der det er mogeleg. Det er elles mykje arbeid med rettleiing og informasjon til søkjarar som tek kontakt personleg eller via e-post og telefon.

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak... (fra kapittel 7.3.2.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall fattede vedtak etter barneloven i årsrapporten. Fylkesmannen bes om å spesifisere sakstype etter hjemlene i barneloven.

Vi har ikkje hatt saker etter barnelova i 2019. 

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid... (fra kapittel 7.3.2.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på familierettens område, herunder om mekling. Dette kan for eksempel være hvilke typer saker som dominerer, utviklingstrekk og utfordringer. Det er også av interesse å få opplyst hvem som kontakter Fylkesmannen.

Vi har fått mange førespurnadar på e-brev og telefon om regelverket på familierettens område. Mange av spørsmåla gjeld samvær og fordeling av kostnadar ved samvær, under dette at den eine av foreldra ikkje vil dele på kostnaden. I tillegg er det ein del spørsmål om fast bustad og foreldreansvar. Vi har gitt råd og rettleiing, mellom anna om kravet til mekling, og vist til informasjonsmateriale utarbeidd av BLD. Det er i stor grad foreldre som kontaktar oss, men vi får òg spørsmål frå advokatar, kommunar og andre offentlege instansar.

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker... (fra kapittel 7.3.2.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall saker hvor det er gitt ut opplysninger om den adoptertes opprinnelige foreldre i saker hvor fylkesmannen har gitt adopsjonsbevilling.

Vi har i 2019 behandla 49 saker om adopterte sitt biologiske opphav der Fylkesmannen tidlegare har gitt løyve til adopsjon. Det har vore ein auke på fem saker frå 2018.

Summen for 2019 gjeld òg for saker frå etterkommarar av adopterte der den adopterte er død, og der etterkommarane ønskjer å få opplyst namn på sine biologiske besteforeldre,  jf. ny adopsjonslov sett i kraft 01.07.2018.

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn... (fra kapittel 7.3.2.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall tilsyn med familievernkontorene.

Vi har ikkje ført tilsyn med familievernkontora i 2019.

Fylkesmannen skal redegjøre for implementeringstiltak... (fra kapittel 7.3.2.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid på området barnevern og skole, herunder Se meg – digitale kurs i barnevernet, delkurs 1 og Veileder for samarbeid mellom skole og barnevern.

Fylkesmannen har i samarbeid med Bufetat og fylkeskommunen gjennomført to samlingar i 2019 for skuleansvarlege på barneverninstitusjonar i fylket. 

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport... (fra kapittel 7.3.2.11 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal utarbeide en årsrapport om tilsynsvirksomheten ved barneverninstitusjoner, omsorgssentre og sentre for foreldre og barn, jf. forskrift om tilsyn med barn i barnevernsinstitusjoner for omsorg og behandling § 14 og forskrift for sentre for foreldre og barn §28. Statens helsetilsyn skal ha kopi av årsrapporten.

Årsrapport for den samla tilsynsaktiviteten med barneverninstitusjonar, omsorgssenter og senter for foreldre og barn er utarbeidd. Kopi av årsrapporten er sendt Statens helsetilsyn.

Akuttberedskap i kommunene (fra kapittel 7.3.2.12 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere halvårlig på status på barnevernstjenestens akuttberedskap i alle kommunene i fylket, herunder om alle har en forsvarlig akuttberedskap.

Fylkesmennene skal redegjøre for embetenes vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket.

Akuttberedskap
Ved årsskiftet 2019/2020 har 50 av 59 kommunar akuttberedskap i barnevernet slik at tenesta er tilgjengeleg heile døgnet. Akuttberedskap i barnevernet har vore tema på dialogmøta med kommunane i 2019. 

Vurdering av kvalitet og risiko i barnevernet i fylket
I løpet av 2018 og 2019 har vi gjennomført dialogmøte med alle kommunane utanom Lindås, Meland og Radøy. Desse kommunane blir slått saman til Alver kommune. Dialogmøte blir gjennomført i 2020.

Det er mange kommunar som har store utfordringar med å rekruttere og behalde personell. Det er stor utskifting og mykje sjukemeldingar. Dette gjeld også leiarar. Mange kommunar manglar kompetanse både på barnevern og på forvaltninga av myndigheita dei har. Det er heller ikkje alltid samsvar mellom behov og kapasitet. Vi gjer løpande risikovurderingar ut frå den samla kjennskapen vi har, og har mange kommunar som vi meiner har betydelege avvik frå krav dei skal stette. Vi følgjer desse tett opp, individuelt tilpassa. Vi har ikkje alltid verkemiddel, og det tek ofte lang tid å rette opp svikt, kanskje særleg fordi svikta ofte er grunnleggjande. 

Tenestene har såleis ofte ikkje rett kvalitet, og det er ein vesentleg risiko for svikt og for at barn ikkje får hjelp tidleg nok, og heller ikkje alltid får rett hjelp. 

Vi meiner dessutan at barns rettstryggleik ikkje er sikra ved at krav i barnekonvensjonen ikkje er forstått og ikkje godt nok innarbeidde i norsk lov, i forvaltninga eller i praksis.

Vi er og bekymra for barn som bur i barnevernsinstitusjonane. Vi ser mange barn som ikkje får den hjelpa dei har behov for, både når det gjeld tryggleik, omsorg, skule og helse. Barns rettstryggleik blir ikkje alltid stetta, og omsorga er ikkje alltid forsvarleg. 

For å bidra til betre samordning og for at barna skal få forsvarlege tenester som dei både har rett på og behov for, har vi teke initiativ til fleire tilsynsmøte. Der samlar vi aktuelle leiarar (barne- og ungdomspsykiatri, barnevernstjeneste, Bufetat/institusjon, skole), foreldre og barn (ev. verje) for å bidra til at barnet får nødvendig og koordinert hjelp raskare. Dette har vi og gjort på systemnivå for å betre rutinar og samarbeid generelt. Trass i dette, meiner vi framleis at det er stor risiko for at barn ikkje får forsvarlege tenester.

Tros- og livssynssamfunn (fra kapittel 7.3.2.13.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over:

  • Nye registrerte/uregistrerte trossamfunn og nye livssynssamfunn
  • Trossamfunn som er slettet hos fylkesmannen 
  • Ev. tilsyn med trossamfunn og forstander.

Vi fekk fem søknader om statstilskot frå nye trus- og livsynssamfunn i 2019. Fire av desse fekk godkjent status som uregistrerte trussamfunn, og fekk stetta sine første søknader om statstilskot. Dette gjeld følgjande trussamfunn: 

  • Redeemed Christian Church of God Bergen 
  • Eid Islamske Kultursenter
  • Prophetic and Healing Ministry
  • Den Eritreiske Ortodokse Tewahdo St. Gebriel

Eitt nytt trussamfunn vart ikkje godkjent, og fekk avslege søknaden om statstilskot for 2019. Dette vedtaket er klaga på.

Vi har godkjent eitt nytt registrert trussamfunn i 2019. Dette gjeld Uyghurske Kulturforening. Vi har i tillegg fått inn ein søknad om registrering som trussamfunn, som ved utgangen av året framleis er under handsaming.

Det er ingen trussamfunn som er sletta hos oss i 2019. 

Vi har ikkje ført tilsyn med trussamfunn eller forstandarar i 2019.

Oversikt over antall saker... (fra kapittel 7.3.2.14.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi handsama 223 søknadar om oskespreiing i 2019. I alt 183 søknadar vart innvilga, medan 40 søknadar vart avslegne. To avslag er klaga på til Kulturdepartementet.

Vi har ikkje fått søknadar om privat gravstad eller klager på kommunalt enkeltvedtak etter gravferdslova i 2019.

Elles meiner vi at tida er komen for å vurdere om det i det heile er naudsynt med ein søknadsprosess på dette feltet. Eit alternativ kan vere å påleggje krematoria plikt til å informere dei pårørande om kva reglar som gjeld for spreiing av oske, med mogleg bøtestraff for dei som bryt reglane. Så blir det opp til kvar einskild å rette seg etter reglane, slik det er på mange samfunnsområde. Samfunnsskaden av moglege brot på reglane er så liten at vi ser ikkje nytte av å halde fram med det byråkratiet som ligg i søknadsprosessen vi har i dag. Heller ikkje i dag kontrollerer vi om dei som får løyve, held seg til vilkåra.

Oversikt over antall saker i hver kategori... (fra kapittel 7.3.2.15.1 i TB)

Rapportere på

Oversikt over antall saker i hver kategori og utfallet i disse sakene.

Vi har handsama 16 søknader om dispensasjon frå lov om helgedagar og helgedagsfred etter paragraf 5 første ledd, om at faste utsalsstader skal halde stengt på helgedagar. I alt 11 søknader er stetta og fem er avslegne.

Vi har handsama to søknader om godkjenning som typisk turiststad i 2019.

I forskrift 13.08.2019 godkjende vi at Rosendal-området i Kvinnherad kommune fekk utvida perioden for status som typisk turiststad frå 15. april til 30. september.

I forskrift 13.08.2019 godkjende vi at Nå i Ullensvang herad fekk status som typisk turiststad i perioden 1. mai til 31. august.

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket ut (fra kapittel 7.3.3.1.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsetninger i Leve hele livet.

Kommunane i Vestland er kjende med reforma og innsatsområda. Fleire av kommunane har meldt frå om at dei er godt i gang med arbeidet, og nokre meiner dei arbeider godt med fleire av innsatsområda. Vi vurderer at kommunane er i oppstartfasen av arbeidet, sjølv om enkelte er komne lenger i planlegginga enn andre. Vi ser òg at dei områda og tiltaka som fleire av kommunane har arbeidd med til no, er dei som gjeld tenestene. Leiinga i kommunane synest så langt å ha oppfatta reforma som ei tenestereform meir enn ei reform som omfattar heile samfunnet. Det at ansvaret for reformarbeidet er lagt til helse- og omsorgstenestene i mange av kommunane, kan også vere eit teikn på dette.

Inntrykket etter dialogmøte med nær alle kommunane i Vestland er at dei er positive til reforma og at arbeidet så langt er i rute. Reforma og reformarbeidet må bli betre forankra politisk og administrativt. Likevel er det grunn til å understreke at dei fleste kommunetilsette i dialogmøta viser stor entusiasme når dei snakkar om kva dei har fått til eller kva dei ønskjer å få til i eigen kommune.      

Kommunane gir tilbakemelding om at det er vanskeleg å få innbyggarane til å endre haldningar og tenke nytt. Vi har òg fått tilbakemelding om at det er utfordrande å informere innbyggjarane og målgruppa på ein god måte om at den enkelte i framtida må ta meir ansvar for eiga helse og for tilrettelegging av eigen bustad. Kommunane etterspør nasjonale informasjonskampanjar, informasjonsmateriell og hjelp i informasjonsarbeidet. Dei har også behov for støtte til haldningsarbeid i eigen organisasjon.  

Dersom kommunane skal lukkast med gjennomføringa av Leve heile livet-reforma og med å møte utfordringane som dei demografiske endringane vil medføre i det enkelte lokalsamfunnet, vil god samfunnsplanlegging og tilrettelegging vere avgjerande. Vi meiner at kommunane treng hjelp og fagleg støtte i planarbeidet. Dette er også eit tema som ein del av kommunane ber om støtte til. Nokre leiarar i helse- og omsorgstenestene peikar også på utfordringar knytte til samhandling og samarbeid mellom sektorane i eigen kommune, noko som gjer planarbeidet og gjennomføringa av Leve heile livet-reforma ekstra utfordrande.

Kommuneøkonomien vert av fleire trekt fram som eit hinder for gjennomføring av reforma. Kommunane ber om gode og føreseielege stønadsordningar og stimuleringstilskot, betre samordning av finansieringsordningane og enklare ordningar for søknad og rapportering.  

Møteplassar og nettverk for erfaringsdeling, fag og temasamlingar, digital plattform med råd og støtte og hjelp til å fronte velferdsteknologi står også på ønskelista til kommunane. I det vidare arbeidet vil vi i samarbeid med det regionale støtteapparatet følgje opp med tiltak ut frå tilbakemeldingane kommunane gir oss.     

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale... (fra kapittel 7.3.3.2.1 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt det kommunale helse- og omsorgstilbudet i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i Omsorgsplan 2020, herunder Demensplan 2020.

Utviklinga i dei kommunale helse- og omsorgstenestene er i tråd med dei nasjonale satsingane, men det er store variasjonar i framdrifta. 

Rekruttering og kompetanse

Kompetansen til personellet som arbeider i helse- og omsorgstenestene utviklar seg i rett retning. 

Kommunane i Sogn og Fjordane har framleis ein høgare del årsverk utan helse- og sosialfagleg utdanning i brukarretta tenester enn landet. Delen sjukepleiarar med vidareutdanning som arbeider i omsorgstenestene i Sogn og Fjordane har vore relativt høg, men det er framleis mange årsverk utført av tilsette utan helse- og sosialfagleg utdanning. Ein del kommunar rapporterer om vanskar med å rekruttere personell som legar, jordmødrer, helsesjukepleiarar, sjukepleiarar, vernepleiarar og psykologar. Det kan også bli ei ekstra utfordring i rekrutteringsarbeidet framover at delen sysselsette sjukepleiarar og helsefagarbeidarar som er eldre enn 55 år, er relativ høg i desse kommunane. Alle kommunane og fylkeskommunen søkte om og fekk tildelt kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot i 2019. Utdanningane som dei fleste søkjer om tilskot til, er helsefagarbeidar, bachelor i sjukepleie, vernepleie og vidareutdanningar for høgskuleutdanna som psykisk helsearbeid, kreftomsorg og lindrande pleie og leiarutdanning. Ni av 26 kommunar søkte om tilskot til BPA-opplæring.   

I alt 32 av 33 kommunar i Hordaland søkte og fekk tildelt kommunalt kompetanse- og innovasjonstilskot i 2019. Utdanningane som dei fleste søkjer om tilskot til, er helsefagarbeidar, bachelor i sjukepleie, vernepleie og vidareutdanningar for høgskuleutdanna som leiarutdanning, psykisk helsearbeid og rusarbeid og kreftomsorg og lindrande pleie. Elleve av 33 kommunar søkte om tilskot til BPA-opplæring. Det er framleis for mange årsverk med tilsette utan helse- og sosialfagleg utdanning i omsorgstenestene i kommunane i Hordaland. Fleire av dei har vanskar med å rekruttere, særleg sjukepleiarar, men også vernepleiarar, til tenestene for personar med utviklingshemming.

Tenestene til personar med utviklingshemming er eit sårbart område i begge fylka med mange ufaglærde og personell utan helse- og sosialfagleg kompetanse. I 60 prosent av vedtaka som vi overprøvde, vart det gitt dispensasjon på grunn av manglande kompetanse. Kostra-tal kan tyde på at talet på tilsette og tilgangen på vernepleiarar til tenestene er på rett veg. Vi følgjer nøye med på tilgangen til faglært personell i desse tenestene. 

Mange av kommunane i Sogn og Fjordane deltek i opplæring i Mitt livs ABC. Dette hevar kompetansen noko i tenestene til personar med utviklingshemming. Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane gjer ein god jobb i dette arbeidet. 

I 2019 var dei fleste søknadene om tilskot til ABC-opplæring i Sogn og Fjordane til Mitt livs ABC og Velferdsteknologiens ABC. I Hordaland var det flest søknader om tilskot til Velferdsteknologiens ABC, Demensomsorgens ABC-opplæring og Mitt livs ABC. ABC-opplæringa har vore ein suksess i begge fylka. Alle kommunane i Sogn og Fjordane har gjennomført opplæringa og fått auka realkompetanse. Utfordringa er at dette ikkje hevar den formelle kompetansen i tenestene. 23 av 33 kommunar i Hordaland deltok på Demensomsorgens ABC vår og haust 2019. Våren og hausten var det nettverkssamling for Mitt livs ABC-kontaktane i Hordaland.

Demensplan 2020

I begge fylka står det att ein del arbeid før måla i Demensplan 2020 blir innfridde. Den nasjonale kartlegginga i 2018 syner at tenestetilbodet til personar med demens og deira pårørande må styrkast. Det gjeld planlegging av lokalsamfunn og tenestetilbod for å møte behova til ei stor og veksande brukargruppe. Dei fleste kommunane har demensteam og personell med kompetanse om demens. Likevel finn vi manglar ved rutinar og praksis og at opplæringa er mangelfull. Samarbeidet med fastlegane om diagnostisering, individuell tilrettelegging og oppfølging med betre bruk av individuell plan for personar med demens, må styrkast. I begge fylka var det kommunar som ved utgangen av 2018 ikkje hadde organisert eit dagaktivitetstilbod tilrettelagt for heimebuande med demens. 

Kartlegginga viste at 14 av kommunane i Hordaland og 12 av kommunane i Sogn og Fjordane hadde omtale av tenester til personar med demens i handlings- og økonomiplanen. Ni kommunar i Hordaland og seks i Sogn og Fjordane hadde demensfeltet med i kommuneplanens samfunnsdel. 23 kommunar i Hordaland og 19 i Sogn og Fjordane omtalte demensfeltet i delplan for helse- og omsorgstenesta. Tre kommunar i Hordaland og åtte i Sogn og Fjordane hadde utarbeidd eigen demensplan. Resultatet er ikkje tilfredsstillande. Vi har over tid brukt verkemiddela vi har til å formidle forventingar til styrking og planlegging av tenestene for å møte behova. Vi har ikkje sikker kunnskap om kva forhold som medverkar til den langsame utviklinga i tenestetilboda. 

Pasienttryggleiksprogrammet

Vi har gitt tilskot til utviklingsarbeid i regi av utviklingssentera for sjukeheimar og heimetenester, og vi har halde innlegg på fleire av samlingane.

Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Hordaland starta i 2018-2019 læringsnettverk for tidleg oppdaging av forverra tilstand, med om lag 70 deltakarar frå sju kommunar. Hausten 2019 starta læringsnettverk for førebygging og behandling av underernæring og riktig legemiddelbruk, med om lag 100 deltakarar frå ni kommunar.

Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane har drive fleire læringsnettverk, mellom anna i 2019 om Leiing av pasienttryggleik. Det vert arbeidd med risikotavle som omfattar fleire av innsatsområda i pasientryggleiksprogrammet. Utviklingssentereret startar også opp eiga utdanning i forbetringsarbeid for kommunar 2019/2020. Vi deltek i nettverket med fagleg innlegg om styring av pasienttryggleik og elles støtte ut frå behov. 

Arbeidet til utviklingssentera for sjukeheimar og heimetenester medverkar til å styrkje kvaliteten i tenestene. Pasienttryggleikprogrammet har ført til meir systematisk arbeid og kvalitetsforbetring i tenestene i kommunar som har delteke i læringsnettverk. Læring og erfaringsdeling på tvers mellom ulike einingar i tenestene er framleis ei utfordring.

Velferdsteknologi

I Sogn og Fjordane er vi medlem i arbeidsgruppa for fylkesprosjektet i velferdsteknologi. Vi har fått tilbakemeldingar om utviklinga og utfordringar i bruken av velferdsteknologi i kommunane. Det er aukande interesse for bruk av velferdsteknologi. Det er fleire som no tek kontakt for informasjon og rettleiing om bruk av velferdsteknologi. Alle kommunane er med i fylkesprosjektet "Alle skal med". Utviklingssenteret for sjukeheimar og heimetenester har ei sentral rolle i samarbeid med mellom andre IT-forum Vest og Vestlandsforsking. 

I kommunane i Hordaland er velferdsteknologi og endra arbeidsmetodar på god veg inn i tenestene. Det er noko ulikt kor langt kommunane er komne. Dei fleste har etablert rutinar for vurdering av velferdsteknologi, inkludert rutinar for opplæring i bruken av teknologi, ved tildeling av helse- og omsorgstenester. I 2019 var 17 kommunar med i "Vestlandsprosjektet - saman om velferdsteknologi". Vi deltek i referansegruppa. Alle kommunane i fylket var inviterte. Det er eit eige nettverk i Sunnhordaland. Bergen kommune har oppretta eige kompetansesenter for velferdsteknologi og driftar eige responssenter. 

Vurderinga til kommunane er at bruk av velferdsteknologi medverkar til effektivisering og at dei sparar tid, til dømes etter at elektroniske dørlåsar, elektronisk dosett og digitale tilsyn blir innført. Samstundes kan ofte velferdsteknologi innebere at kvaliteten for brukarane betre. 

Investeringstilskot til sjukeheimar og omsorgsbustader

Vi deltek i Husbankens oppstartsmøte med kommunane som søkjer om investeringstilskot. I 2019 var talet på søknader om investeringstilskot til bygging av heildøgns omsorgsplassar om lag same nivå som førre året i Sogn og Fjordane. Fire kommunar i Hordaland søkte om tilskot til nye sjukeheimsplassar. Seks kommunar søkte om tilskot til omsorgsbustadar.

Inntrykket vårt er at kommunane no søkjer om investeringstilskot til bustader for andre brukargrupper enn tidlegare, til dømes til personar med utviklingshemming, rus problem og psykiske vanskar. Det er flest søknader om tilskot til omsorgsbustader, av dei også søknader som gjeld bustader for personar med demens. Kommunane ønskjer at bustadene skal kunne nyttast til ulike brukargrupper etter behov. Vi erfarer at ikkje alle kommunar er kjende med regelverket i pasient- og brukarrettslova kapittel 4 A om at brukarar utan samtykkekompetanse som motset seg å vere i omsorgsbustaden, ikkje kan haldast tilbake med tvang.

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på måloppnåelse for tilskuddsordning til kommunene 0762.60

Tilskot er utbetalt i samsvar med gjeldande regelverk. Vi gav tilskot til tolv søknader, som støttar frislivstilbodet i 15 kommunar. Alle hadde òg fått tilskot tidlegare år. Det var ingen nye kommunar som søkte om tilskot til etablering av frisklivs-, lærings- og mestringstilbod i 2019. 

I Vestland har 26 av 59 kommunar ein frisklivssentral, anten åleine eller i samarbeid med andre kommunar. Vi samarbeider med fylkeskommunen som tek over tilskotsforvaltninga frå 2020. 

Samlet vurdering av hvorvidt... (fra kapittel 7.3.3.3.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilskudd til etablering og utvikling av kommunale frisklivs, lærings- og mestringstilbud bidrar til måloppnåelse.

I tillegg bes Fylkesmannen om samlet rapportering i årsrapporten på gjennomføring av tiltak i oversendt virksomhetsplan for arbeidet i 2018 med psykisk helse og rus, jamfør Opptrappingsplanen for rusfeltet.

Vi meiner at frisklivssentralar er eit nyttig tilbod for mange, og styrking av nettverk og meistring er både middel og mål. Det er ein liten del av kommunane som har valt å opprette frisklivssentral, og det er ulikt kva frisklivs-, lærings- og meistringstilbod som elles finst. 

Vi får tilbakemelding om at summen til fordeling er liten og at det er for tidkrevjande å søkje og rapportere på tilskotet. Fleire tilsette i mindre frisklivssentralar seier også at dei ønskjer at tilskotet i større grad kunne støtte opp om eksistrande drift og kjerneaktivitetar. Det er for krevjande for sentralane med minst stillingsressurs å utvikle nye prosjekt for å kunne få ein del av frisklivsmidlane.

Vi har rapportert til Helsedirektoratet om tildelte midlar til utvikling av kommunale frisklivs-, lærings- og meistringstilbod i 2019. For meir utfyllande informasjon viser vi til tidlegare innsende svar og vår samla vurdering der.

Tiltak i aktivitets- og milepåleplanen 2019 for Opptrappingsplanen for rusfeltet er gjennomført så langt vi hadde styring med aktivitetane. Redusert kapasitet hos regionalt kompetansesenter førte til noko redusert aktivitet i arbeidet med å få fleire kommunar til å kartleggje med Brukarplan. 

Rapportere på resultatoppnåelse... (fra kapittel 7.3.3.4.1 i TB)

Rapportere på

Rapportere på resultatoppnåelse for tilskuddsordningen til kommunene 0762.64.

I alt 14 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane fekk tilsegn om tilskot i 2019. Ti av kommunane søkte om og fekk tildelt tilskotsmidlar for 2019. Seks av desse kommunane søkte også om og fekk overført delar av tilskotsmidlane dei hadde fått tildelt i 2018. Ein av kommunane søkte for første gong. Fire andre kommunar søkte berre om å få overføre ubrukte tilskotsmidlar frå 2018 til bruk i 2019. 

I at 21 av 33 kommunar i Hordaland søkte og fekk tilskot i 2019. To av dei søkte for første gong dette året. To av tre som fekk tilskot, fekk òg overført heile eller delar av tilskot som var gitt i 2018. Vi fekk færre søknader enn tidlegare år. I kva grad det har samanheng med kommunereforma eller andre forhold, har vi ikkje sikker kunnskap om.

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet... (fra kapittel 7.3.3.4.2 i TB)

Rapportere på

Samlet vurdering av hvorvidt tilbudet innen habilitering og rehabilitering i fylket utvikles i henhold til retning og målsettinger i opptrappingsplanen.

Fleire av prosjekta det vart søkt om tilskot til frå kommunane i Sogn og Fjordane og Hordaland, handla om utarbeiding eller revisjon av kommunens plan for habilitering og rehabilitering. Det vart også søkt om tilskot til endra organisering, utarbeiding av nye rutinar og prosedyrar, mellom anna for bruk av individuell plan, koordinerande eining og koordinator, styrking av kompetanse, utprøving av nye arbeidsformer og samarbeidsmodellar. 

Kvardagsrehabilitering, bruk av velferdsteknologi, treningskontaktar og førebyggande arbeid er døme på konkrete tiltak det blir arbeidd med. Det er to kommunar som har søkt om tilskot til betring av tilbod til barn og unge, og éin kommune har fått tilskot til å styrke kompetansen om erverva kognitiv svikt etter traumatisk hjerneskade. 

To av prosjekta er samarbeidsprosjekt mellom fleire kommunar.

Vi vurderer at omfanget og innhaldet i tiltak det vart søkt om tilskot til, varierer. Kommunane treng av ulike årsaker lenger tid enn først planlagt til å gjennomføre arbeidet. Dei fleste av kommunane har difor bedt om og fått overført delar av tildelte tilskotsmidlar frå eit år til det neste. Ifølgje tilbakemeldingar har tilskotsordninga vore eit viktig bidrag i styrkinga av rehabiliteringstilbodet. Dei fleste kommunane har plan for habilitering og rehabilitering, som eigen plan, eller som tema omhandla i anna sektorplan.

Mange av kommunane er på rett veg når det gjeld utvikling av habilitering- og rehabiliteringstilboda, men det er ein uønskt variasjon i tilbod og ulikt om kommunane har kapasitet og kompetanse som møter behova. Det er brukargrupper som vert lite prioriterte og som ikkje får det habiliterings- eller rehabiliteringstilbodet dei kan forvente. Til dømes får ikkje alle demente vareteke retten til individuell plan og koordinator i mange av kommunane. Vi meiner òg at det er for stor variasjon i tilbodet til barn med samansette behov for habilitering. Kommunane har framleis utfordringar med ressursar, kompetanse og opplæring innan habilitering og rehabilitering. Vi har ikkje grunnlag for å seie at tilbodet i kommunar som ikkje har søkt om tilskot, er betre enn i kommunane som har søkt om tilskot. Variasjonen som vi ser i tilboda, kjem òg fram i Questback-undersøkinga som Helsedirektoratet gjorde i 2019.  

Tilsyn av verger (fra kapittel 7.3.4.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på totalt antall kontrollerte vergeregnskap i 2019. Det skal oppgis hvor mange av disse vergeregnskapene embetet har plukket ut og kontrollert basert på egne risikovurderinger.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall vergemål som har vært gjenstand for tilsyn i 2019 utover regnskapskontroll, både planlagte og hendelsesbaserte. Fylkesmannen skal i tillegg kort beskrive hva tilsynene har avdekket og hvordan avvik er fulgt opp. Dette skal inkludere rapportering av gjennomføring av oppdrag 3.3.2.1.6 i tildelingsbrevet.

Vi har kontrollert totalt 896 verjerekneskap. Av desse var 90 risikobaserte og lokalt oppretta. I tillegg oppretta vi, og kontrollerte 42 saker kor verja hadde utvida rekneskapsplikt.

Fylkesmannen i Vestland har i 2019 ført tilsyn med faste verjer med 20 eller fleire oppdrag for vaksne. Tilsynet omfatta 28 faste verjer med totalt 998 verjeoppdrag (per uttrekk 11. april 2019).

Verjene blei varsla om tilsynet i starten av juli 2019. Den 16.08.2019 sende vi ein e-post til verjene, med lenke til eit spørjeskjema med totalt 64 spørsmål. Følgjande tema var dekte av spørjeskjemaet:

  • Verja sin praksis ved oppstarten av verjeoppdraga (med vekt på sjølvråderett og medverknad)
  • Verja sin praksis ved innsending av økonomisk status
  • Kartlegging av verja si utføring av verjeoppdraga, mellom anna kor ofte dei treff eller har kontakt med verjehavaren
  • Verja sin praksis ved søknader om godtgjering og utgiftsdekning
  • Verja sin praksis for økonomistyring
  • Verja sin praksis i samtykkesaker
  • Verja sin praksis i skiftesaker.

Spørjeskjemaet hadde også eigne spørsmål til advokatar, og vi bad i tillegg om tilbakemelding frå verjene på utforminga av spørjeskjemaet, samarbeidet med Fylkesmannen og område/tema verjene ønskjer kompetanseheving innan.

Temaa og spørsmåla som var tema for tilsynet, var valde ut i samråd med faggruppene på verjemålsseksjonen etter ei risikovurdering (ROS-analyse). Vi ønskte særleg å kartlegge om verjene har eit system som sikrar forsvarleg handtering av verjeoppdraga.

I tillegg til at verjene skulle gjere greie for sin praksis, blei dei også bedne om å vise til saksID som representativ for deira praksis på dei ulike saksfelta. Verjene sine svar blei vurderte i medhald av lov og forskrift. Avvik er i denne samanhengen definert som krav gitt i eller i medhald av lov eller forskrift som ikkje vert stetta. Merknader er tilhøve som ikkje er i strid med regelverk eller norm, men er punkt der vi meiner det er potensiale for forbetring.

I tillegg gjorde vi eit tilfeldig utval på fem saker frå verjene sin saksportefølje, for å ta stilling til om verjene sin praksis samsvarar med opplyst praksis.

Førebels tilsynsrapport låg føre i november månad. Desse blei sende til verjene, som fekk to veker på å kome med skriftleg tilbakemelding på våre funn.

Endeleg rapport var per januar 2020 ferdigstilt for 25 av 28 verjer. Blant desse er det avdekt:

  • Ingen funn hos 13 av verjene
  • Merknader hos to av verjene
  • Avvik (og ev. merknader) hos ti av verjene

Vi har følgt opp to av verjene som det vart avdekt avvik hos, og bedd om at dei korrigerer og dokumenterer endra praksis. Dei andre åtte verjene er gjort kjende med vårt syn på regelverket, og vi ventar på at praksis blir korrigert.

Vi har per februar 2020 ikkje fullført tilsynet med tre av dei faste verjene. Det er avdekt avvik hos desse verjene, og dei er kalla inn til samtale hos Fylkesmannen.

Når det gjeld hendingsbaserte tilsyn så har ikkje VERA hatt støtte for dette. Vi har difor ikkje oversikt over desse for 2019. 

Samtale med vergehaver (fra kapittel 7.3.4.1.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en vurdering av andelen opprettede vergemål for voksne hvor det er gjennomført samtale med vergehaver gjennom 2019.

Fylkesmannen skal kort rapportere på hvordan metoden for samtaler utarbeidet av Statens sivilrettsforvaltning har blitt tatt i bruk og hvilke erfaringer som er gjort gjennom året.

Vi har gjennomført samtale med verjehavaren i 38 prosent av sakene.

Etter at vi gjennomførte kurs i samtalemetodikk i mai 2019 har vi lagt vekt på og blitt meir bevisste på korleis samtalene blir gjennomførte. Hovudårsaka til at samtalar ikkje blir gjennomført er at vedkomande ikkje forstår kva saka gjeld. 

Vi meiner kvaliteten i samtalane er blitt betre.

Fratakelse av vergeoppdrag (fra kapittel 7.3.4.1.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på hvor mange verger som er fratatt sitt oppdrag i 2019 som en konsekvens av funn i regnskapskontrollen.


Fylkesmannen skal også rapportere på antall verger som har blitt fratatt vergeoppdrag i løpet av 2019 på bakgrunn av andre tilsyn og en kort redegjørelse om årsaker til fratakelsene.

I alt 27 verjer er under vurdering for fråtaking av verjeoppdraget grunna funn ved verjerekneskapskontrollen i 2019. 

Vi har fleire verjer som blir vurdert fråtekne verjeoppdrag grunna andre tilsyn, t.d. hendelsesbaserte og planlagte tilsyn. 

Dette er saker kor vi har fått ei uromelding frå offentlege instansar og/eller private, eller at vi har opna tilsyn på eige initiativ grunna mistanke om at vedkomande ikkje tek hand om verjerolla si på ein god måte. 

Nøyaktige tal på dette har vi ikkje fordi desse aktivitetane vert registrerte som "endre sak" verje.

Individtilpasning av vergemål (fra kapittel 7.3.4.1.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort, overordnet beskrivelse av hvordan embetet har arbeidet med å individtilpasse mandater, både ved opprettelse av nye vergemål og ved gjennomgang av løpende saker når dette har vært hensiktsmessig.

Sjå også punkt 3.1.3.6.

Vi er opptekne av å tilpasse kvart enkelt verjemål til den einskilde verjehavaren.

For å kartleggje behovet sender vi difor ut skjemaet «innhald og omfang» i samband med førehandsvarsel. Skjemaet vert sendt til verjehavaren, innsendaren og/eller legen og er eit avkryssingsskjema kor mottakaren skal svare på kva oppgåver verjehavaren treng hjelp til.
I tillegg til skjemaet gjennomfører vi samtalar med verjehavaren, og eventuelt også hjelpeapparatet rundt vedkomande.

Gjennomgang av rutiner og praksis i forbindelse med sammenslåing av embeter (fra kapittel 7.3.4.1.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal kort redegjøre for gjennomføring av oppdrag 3.3.2.1.7. i tildelingsbrevet.

Vi byrja planlegging av samanslåing av dei to fylkesmannsembeta i 2018 og hadde fleire samlingspunkt, kor nettopp rutinar og ulikskap vart diskutert. Ved inngangen av 2019 var mange malar og rutineskriv på plass for dei som skulle arbeide med verjemålsoppgåver frå 1. januar 2019.

I 2019 har vi likevel sett at rutinar og måtar å løyse oppgåver på har vore ulik. Hovudårsaka til dette er at Sogn og Fjordane, med få medarbeidarar på verjemålsområdet, har vore nøydde til å vere generalistar, kor dei fleste har arbeidd på mange ulike område. Medarbeidarar i Hordaland har vore meir spesialistar, kor den einskilde har hatt eit meir avgrensa arbeidsområde.

Det har òg vist seg at kompleksiteten på verjemålsområdet har vore større i Hordaland enn i Sogn og Fjordane. I tillegg har verjemålsoppgåvene i Hordaland fram til samanslåinga vore organisert under administrasjons- og verjemålsavdelinga. Verjemål har difor hatt eit nært og direkte samarbeid med IKT, arkiv, økonomi, HR og personal. I og med at vi frå 1. januar 2019 vart organisert under ei ny avdeling, samstundes som FMFA vart oppretta, så var vi nøydde til å endre fleire interne rutinar og malar også på desse områda. Dette tok tid å få på plass.

For å samkøyre og dele rutinar, malar og praksis på verjemålsområdet på ein effektiv og god måte, tok vi i bruk verktøyet OneNote – digital notatblokk som felles arbeidsverktøy for medarbeidarar på verjemålsområdet frå 2019.

Vi har hatt jamlege seksjonsmøte og fagmøte og har delt fagområda inn i fire hovudfagområde med fagansvarlege for desse. På fagområda «oppretting av verjemål», «kapitalforvaltning», «andre juridiske tema» og «tilsyn, opplæring og informasjon» har vi hatt ein kontinuerleg prosess med å innarbeide nye og betre malar og rutinar, for å sikre ei felles tilnærming og likebehandling i det nye fylket.

Oppretting av verjemål
For fagområdet oppretting av verjemål vart ulikskapen kontinuerleg forbetra i samband med diskusjon om sjølvråderett og innføring av samtalemetodikk. Saksflytansvar og oppgåvefordeling har gitt betre oversikt over restansar og manglar i sakene.


Kapitalforvaltning
Vi har prioritert god organisering med felles malar og rutinar for godtgjeringsoppgåvene, som er ei stor mengdeoppgåve. Vi har arbeidd kontinuerleg med å få på plass rutinar for automatisk utbetaling frå Fylkesmannen og innsending av EHF-faktura. Samstundes har vi utarbeidd malar og laga felles rutinar for det som gjeld godtgjering og utgiftsdekning. Vi har i løpet av siste tertial 2019 fått på plass gode rutinar for saksflyt-ansvar og oppgåvefordeling på dette området.

Rutinar for bruk av kapital var på plass tidleg i 2019. Det viste seg likevel at det var naudsynt å gjere nokre endringar og samkøyre betre vedtak for vaksne med verje. På slutten av 2019 fekk vi på plass nytt saksflyt-ansvar og oppgåvefordeling. Dette har gitt betre oversikt over restansar og manglar i sakene. Det same gjeld for økonomisk status og avsluttande rekneskap.

Oppgåvene som gjeld Kapitalkonto og Agresso er berre lokalisert på Bergenskontoret. Vi har utarbeidd flytdiagram for oppretting av kapitalkonto, byte av kapitalkonto og oppfølging av innbetalingar til kapitalkonto. Malar for arbeidet på dette området vart utarbeidd i byrjinga av 2019. Dette området har stort utviklingspotensiale, både lokalt og sentralt. Grunna store utfordringar med å implementere gamle data ved samanslåinga, vanskeleg dialog og rutinar hos dei ulike bankane og eit dårleg forvaltningssystem, vert rutinar og malar utfordrande å følgje opp.

For oppgåver som kontroll av verjerekneskap, kjøp og sal av eigedom m.v. er malar og rutinar godt innarbeidde.

Ulike juridiske tema

Arbeidet med å få på plass rutinar og praksis på området for klagesaker har vi jobba kontinuerleg med i 2019. Vi fekk på slutten av 2019 på plass eit nytt saksflyt-ansvar og oppgåvefordeling som gjer  arbeidet oversiktleg og effektivt.

Rutinar og malar for søknader om forskot på arv og gåve blir diskutert i eige fagmøte og har etter kvart vorte samkøyrd mellom fylkesmannskontora.

For skiftesaker og uskifte vaksne vart eige flytdiagram utarbeidd i mai 2019. Rutinar og malar er også på plass på desse områda.

Oppgåvene som gjeld fråtaking av rettsleg handleevne ligg berre til  Bergenskontoret. Det er gode rutinar og oversikt over desse sakene.

Tilsyn, opplæring og informasjon

Eit av oppdraga våre for 2019 var å utarbeide eit system for tilsyn med verjer. Grunna dette fekk vi etter kvart også på plass gode rutinar på dette området, samstundes som tilsyna med verjer med meir enn 20 oppdrag gjorde at vi fekk innarbeidd god praksis for tilsynsarbeid.

Det har vore stor ulikskap i rekruttering, oppfølging, organisering og rettleiing av faste verjer i dei to fylka. I tillegg har det ikkje vore differensiert så mykje mellom det å vere fast verje og alminneleg verje i Sogn og Fjordane, medan det for Hordaland har vore eit klart skilje mellom desse typane. Det har difor teke litt tid å bli kjend med dei faste verjene og finne gode måtar å organisere denne oppgåva på. Opplæring og faste møtepunkt for dei faste verjene er difor framleis under planlegging. Det same gjeld for opplæring av andre typar verjer.

Planar og rutinar for informasjonsarbeid er under utarbeiding. 

Vurdering - gjennomføring og oppfølging av oppdrag 3.3.2.2.4 (fra kapittel 7.3.4.1.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en beskrivelse og vurdering av
gjennomføringen av oppdrag 3.3.2.2.4. Fylkesmannen skal også gi en kort beskrivelse av hvordan erfaringene fra oppdraget tenkes fulgt opp fremover.

I samband med "Oppdrag selvbestemmelse" har vi totalt fått 45 skjema for oppheving av verjemål i retur. Av desse er 40 ferdigbehandla med følgjande resultat:

  • 31 verjemål er oppheva
  • Ni held fram som før eller blir endra

Av dei fem sakene som står att, er desse i prosess for fråtaking av rettsleg handleevne.

Når det gjeld vidare oppfølging så vil vi informere nye verjehavarar om sjølvråderetten og leggje vekt på dette i samband med informasjon til og opplæring av nye verjer.

Årsrapportering rettshjelp (fra kapittel 7.3.4.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapportløsningen rapportere på antall innkomne, innvilgede og avslåtte søknader for perioden, fordelt på henholdsvis fritt rettsråd og fri sakførsel. Fylkesmannen skal også rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid og på antall restanser. Hva gjelder de innvilgede sakene, skal rapporteringen gi en oversikt over forekomsten av økonomisk dispensasjon, samt totale advokatutgifter og evt. andre utgifter som er innvilget i aktuelle periode, fordelt på saksområde. Av rapporteringen skal det videre fremgå hvorvidt det er gitt avslag som følge av økonomisk overskridelse eller av andre grunner i henhold til skjema over rettshjelpsstatistikk fra Statens sivilrettsforvaltning.

Fylkesmannen skal rapportere på forbruk for året samt forventet forbruk på kap. 470, post 01 for påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes. Fylkesmannen skal umiddelbart informere SRF dersom det er andre vesentlige risikoer eller avvik på området.

Vi har i 2019 utbetalt til saman kr 10 069 068,54 gjennom rettshjelpsordninga. Av dette utgjer kr 7 480 437,48 fritt rettsråd og kr 2 586 129,44 er utbetaling i saker som er handsama av kontrollkommisjonen for psykisk helsevern. Det er tilbakebetalt kr 273 661,20. Totalsummen er såleis kr 9 795 407,34.

Vi har utbetalt advokatsalær i 1 105 saker. Dette er saker som anten er godkjende av advokaten sjølv, eller av oss. Saker for kontrollkommisjonen er ikkje med i utrekninga.

Vi har i 2019 godkjent økonomisk dispensasjon i fire saker. Det gjaldt tre skiftesaker, ei familiesak, ei sak om personskadeerstatning og ei sak om andre trygde- og pensjonssaker. Vidare vart 51 søknader avslått fordi søkjaren ikkje oppfylte dei økonomiske vilkåra. Vi avslo 117 søknadar på anna grunnlag og 12 søknader på bakgrunn av både økonomi og andre grunnar.

Fordelinga mellom sakstypar og kostnadar er slik:

  1. Utlendingssak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf. § 5 (2) nr. 1 a:
    65 saker, kr. 303 650
  2. Utlendingssak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf § 5 (2) nr. 1 b:
    3 saker, kr. 30 410
  3. Klage i asylsak, jf. § 11 (1) nr. 1, jf. spf § 5 (2) nr. 1 c:
    33 saker, kr. 275 590
  4. Andre utlendingssaker, jf. § 11 (3):
    2 saker. Kr. 39 520
  5. Barnevernssak, jf. § 11 (1) nr. 2:
    35 saker, kr. 348 108
  6. Andre barnevernssaker, jf. § 11 (3):
    8 saker, kr. 93 638
  7. Erstatning for straffeforfølging, jf. § 11 (1) nr. 3:
    77 saker, kr. 413 320
  8. Valdsoffer, jf. § 11 (1) nr. 4:
    42 saker, kr. 305 620
  9. Vurdering av melding, jf. § 11 (1) nr. 6:
    141 saker, kr. 437 735
  10. Undersøking og behandling utan samtykkje, jf. § 11 (1) nr. 8:
    118 saker, kr. 648 817
  11. Skiftesak, jf. § 11 (2) nr. 1 og 2:
    45 saker, kr. 489 185
  12. Barnefordeling, jf. § 11 (2) nr. 1:
    138 saker, kr. 1 037 558
  13. Familie, jf. § 11 (2) nr. 1 og 2:
    17 saker, kr. 262 010
  14. Andre familiesaker, jf. § 11 (3)
    2 saker, kr. 5 424
  15. Personskadeerstatning, jf. § 11 (2) nr. 3:
    16 saker, kr. 158 612
  16. Oppseiing/utkasting frå bustad, jf. § 11 (2) nr. 4:
    12 saker, kr. 62 832
  17. Oppseiing/avskil i arbeidstilhøve, jf. § 11 (2) nr. 5:
    46 saker, kr. 304 624
  18. Valdsoffererstatning, jf. § 11 (2) nr. 6:
    37 saker, kr. 199 880
  19. Klagesak for NAV, jf. § 11 (2) nr. 7:
    256 saker, kr. 1 791 242
  20. Andre trygde- og pensjonssaker, jf. § 11 (3):
    1 sak, kr. 4 368
  21. Andre saker
    11 saker, kr. 99 544

I 2019 godkjende vi tre søknader om fri sakførsel, som gjaldt andre saker. Vi avslo 42 søknader om fri sakførsel, fire på bakgrunn av økonomi, 36 av andre grunnar og to på bakgrunn av både økonomi og andre grunnar.  

Talet på restansar pr. 30.12.2019 var 108. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid i 2019 var sju veker for søknadar om fritt rettsråd og om lag tre veker for søknadar om fri sakførsel. For utbetaling av stykkpris godkjende av advokat og arbeidsoppgåver frå kontrollkommisjonane, var sakshandsamingstida om lag 1,5 veke.

I 2019 har vi hatt eit samla forbruk på kr 9 795 407,34 på kapittel 470, post 01. Forbruket har vore kr 4 271 141,58 lågare i år, samanlikna med 2018 og dei to tidlegare embeta samla.  

Det er kome inn 263 færre saker i 2019, samanlikna med 2018.

Dette er i tråd med tendensen vi har sett i Sogn og Fjordane, der forbruket har gått ned dei siste tre åra. Hordaland har derimot venta ein auke i forbruket og mengd saker, utan at dette har hendt etter samanslåinga.

Som tidlegare år kan ei av årsakene til dette vere nedgangen i asyltilstrøyminga i Norge. Totalt var det 101 utlendingssaker i 2019. Det er ein nedgang på 100 saker samanlikna med 2018.

Andre sakstypar som har hatt ein merkbar nedgang er klagesaker etter folketrygdlova (-52), skiftesaker (-46) og oppseiing/utkasting frå bustad (-21). Dette er behovsprøvde saker. Det er difor nærliggjande å gå ut frå at årsaka til nedgangen er den uendra inntektsgrensa.

Ei anna årsak til nedgangen kan vere eit resultat av samanslåinga av embeta, og at det har skjedd ei innstramming av praksisen mot det som tidlegare var vanleg hos Fylkesmannen i Hordaland.

Kva som er venta forbruk for 2020 er vanskeleg å seie, fordi vi ventar ein oppgang i saker på bakgrunn av rettshjelpstiltaka som er sette i verk for personar råka av EØS-saka i Nav. I tillegg har salærsatsen auka ved årsskiftet. Samtidig ventar vi at nedgangen held fram i behovsprøvde saker så lenge inntektsgrensa forblir uendra. Vi ser for oss at venta forbruk i 2020 og 2021 vil vere om lag 10 mill. kroner per år.

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk... (fra kapittel 7.3.4.2.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på forventet forbruk på kap. 470, post 01 inneværende og påfølgende år. Eventuelle avvik skal begrunnes.

Kva som vert forventa forbruk for neste år er vanskeleg å seie, fordi vi ventar ein oppgang i saker på bakgrunn av rettshjelpstiltaka som er iverksatt for personar som er råka av EØS-saka i Nav. I tillegg har salærsatsen auka ved årsskifte. Samtidig forventar vi at nedgangen held fram i behovsprøvde saker så lenge inntektsgrensa forblir uendra.

Vi ser for oss at forventa forbruk i 2020 og 2021 vil vere om lag 10 mill. kroner per år.

Samfunnssikkerhet i arealplaner (fra kapittel 7.3.4.3 i TB)

Rapportere på

Beskriv kort hva embetet gjør, i tillegg til plansamlinger,for å gjøre følgende kjent i kommunene:

  •  Ny sjekkliste som er utarbeidet til ROS-analyser
  •  Fylkets klimaprofil blir brukt under kommunens planleggingsarbeid og i ROS-analyser. 


I rettleiinga vår til kommunale planar, m.a. i regionalt planforum og i skriftlege innspel, brukar vi aktivt DSB-rettleiaren, og vi rår kommunane til å bruke sjekklister. I tillegg arbeider vi i embetet med å revidere dei interne rutinane vi sjølve brukar i arbeidet i planseksjonen (og fagavdelingane).  

Hensynssoner i kommuneplaner (fra kapittel 7.3.4.4 i TB)

Rapportere på

For hvilke storulykkevirksomheter er det etablert hensynssoner?

Vi har vore klare i rettleiinga til kommunane på at dei må etablere omsynssoner kring eksisterande storulukkesverksemder. Vi har likevel ikkje samla oversikt over talet på verksemder der det er etablert omsynssoner.

FylkesROS (fra kapittel 7.3.4.5 i TB)

Rapportere på

Redegjør for status på fylkesROS og tilhørende oppfølgingsplan

I løpet av 2019 har vi etablert ein intern prosjektorganisasjon og utarbeidd eit rammeverk med skildring av metoden vi skal bruke i fylkesROS. Vi har fordelt ansvaret for kvart risikoområde blant tilsette på beredskap, og kopla på eksterne kontaktpersonar til kvart risikoområde. Arbeidet med fylkesROS skal vere ferdig i løpet av 2020.

Regionale tiltak gjennomført i arbeidet med forebygging og beredskap (fra kapittel 7.3.4.6 i TB)

Rapportere på

Hvilke tiltak vurderer embetet har vært viktigst for å ivareta fylkesmannens ansvar for samordning i arbeidet med forebygging og beredskap?

Ansvaret som Fylkesmannen har for å samordne arbeidet med samfunnstryggleik og beredskap gjeld i alle delar av samfunnstryggleikskjeda; frå analysar av risiko og sårbarheit til førebygging, beredskapsplanlegging til å handtere uønskte hendingar og å lære av dei.

Det er vanskeleg å peike på eitt eller nokre få tiltak som har vore meir viktig enn andre for å ta i vare samordningsansvaret. I etableringa av det nye, samla embetet trur vi likevel at det har vore svært viktig at vi har fått til å ta vare på kultur og arbeidsmåtar for å tenke samvirke, både eksternt og internt.

Her er nokre konkrete døme på korleis denne kulturen har fungert i praksis:

  • Vi har etablert det nye fylkesberedskapsrådet, og opplever at det er ein stor vilje blant alle medlemene i rådet til få til samordning og godt samvirke på tvers.
  • Vi har inngått samordningsavtalar med dei to politidistrikta, og har etablert eit tett og godt samarbeid med dei.
  • Vi har vore pådrivar for å utvikle arbeidet i redningsleiinga i politidistriktet.
  • Vi fekk til eit godt samvirke med dei involverte aktørane i handteringa og oppfølginga av uønskte hendingar som råka fylket i løpet av året (t.d. saka om forureina drikkevatn på Askøy og flaum- og skredhendingane i Jølster).
  • Vi har brukt Nødnett i øvingar for å få til eit betre samvirke under handteringa.

Internt i embetet er det òg utvikla gode samarbeidsrelasjonar og ordningar for samvirke mellom fagavdelingane og -seksjonane, om samfunnstryggleik og beredskap. Til dømes samarbeider helse- og sosialavdelinga og beredskapsseksjonen nært og godt. 

Revisjon av underliggende planverk (fra kapittel 7.3.4.7 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status revisjon for underliggende planverk knyttet til SBS.


Vi har samarbeidd med fleire andre embete om å identifisere og konkretisere aktuelle tiltak i det underliggjande planverket til det sivile beredskapssystemet (SBS). Arbeidet er fullført så langt det har vore mogleg. Det er ein del utfordringar på grunn av manglande avklaringar frå andre etatar. 

Status øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene (fra kapittel 7.3.4.10 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for status på gjennomførte øvelser med kriseorganisasjonen i kommunene. 

Vi har i løpet av året gjennomført øvingar for kriseleiinga i 29 av 59 kommunar i Vestland. 

Tilrettelegge for helhetlig og systematisk tilnærming i oppfølging av kommuner (fra kapittel 7.3.4.11 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status på arbeidet med å tilrettelegge for enhetlig og systematisk tilnærming til samfunnssikkerhets - og beredskapsarbeidet i oppfølging av kommunene.

Vi starta året med ei klar målsetjing om så raskt som mogleg å etablere einskaplege rutinar og arbeidsmåtar på samfunnstryggleiks- og beredskapfeltet. Vi prioriterte å få på plass felles metode for tilsyn med kommunal beredskapsplikt, fordi det var eit område der vi hadde jobba på litt ulike måtar. 

Vi har lukkast godt med å få på plass éin felles måte å jobbe på, der vi har prøvd å ta med det beste frå begge dei to gamle embeta. 

Tilrettelegge for å styrke samordningsrollen innen samfunnssikkerhetsarbeidet (fra kapittel 7.3.4.12 i TB)

Rapportere på

Redegjør kort for status på arbeidet med å tilrettelegge for felles tilnærming og systematisk oppfølging av regionale aktører.

Vi har jobba aktivt for å få det nye embetet til å fungere og framstå som eitt. Vi trur ikkje at samarbeidspartnarane våre opplever at vi no spriker fordi kultur, rutinar og arbeidsmåtar på nokre område var ulike i dei to tidlegare embeta. 

Resultat- og økonomirapportering (fra kapittel 7.3.5.1 i TB)

Rapportere på

Rapportering på supplerende tildelinger på klima- og miljøområdet

Alle rapportar for 2019 er sende til Miljødirektoratet.

Avfallsplaner i havner (fra kapittel 7.3.5.2 i TB)

Rapportere på

Status på arbeidet med godkjenning og re-godkjenning av avfallsplaner i havner.

I 2019 har vi hatt særleg søkelys på avfallsplanar i hamner. Vi la tidleg på året ein strategi for å få inn avfallsplanar for flest moglege hamner. Vi har og nytta ekstra arbeidskraft.   

I Vestland er det 1341 registrerte hamner som har krav om
avfallsplan. I 2019 vart det godkjent 41 nye avfallsplanar, som
inkluderer 207 hamner, og vi har gitt avslag til ti avfallsplanar,
som svarer til 39 hamner. Vi har godkjent åtte avfallsplanar på nytt, som inkluderer 74 hamner. Vi har sendt brev med purring om krav til
avfallsplan i hamner til kommunar og hamneansvarlege for
totalt 165 hamner. Samanslåing av fylkeskommunane, omorganisering av Statens vegvesen og kommunesamanslåing har gjort at arbeidet med deira avfallsplanar har gått tregt.

Status fremmede organismer (fra kapittel 7.3.5.3 i TB)

Rapportere på

Status på gjennomførte tiltak mot fremmede organismer.

Også i 2019 har dei største ressursane gått til tiltak mot utanlandske bartre, først og fremst vestamerikansk hemlokk og sitkagran. Det er ved hjelp av grunneigarar og lokale entreprenørar gjort tiltak mot vestamerikansk hemlokk i om lag 20 område. Også i 2019 har
det blitt gjort litt supplerande kartlegging ved å oppsøke usikre lokalitetar og ved at det har kome inn tips. Særleg i Sogn og Fjordane har vi mangelfull oversikt over førekomsten.

I 2019 er det òg brukt betydelege ressursar på tiltak mot sitkagran. Arten spreier seg langs heile kysten, og det meste av dette vil aldri bli økonomisk drivverdig. Utanfor verneområde ser vi det som mest aktuelt å rette ein innsats mot øyar der sitkagrana er i ferd med å øydelegge område med kystlynghei. Det største prosjektet går ut på å ta ut alt av sitkagran på øya Silda i Vågsøy (Kinn kommune frå 2020). Bakgrunnen for prosjektet er sterkt folkeleg engasjement og forarbeid av Sogn Botanisk Forening. Det er òg planar om å tilbakeføre arealet til kystlynghei.

Det er òg planar om tiltak mot sitkagran i Refvika på Vågsøy, Værlandet og Bulandet i Askvoll og på Børilden i Alver kommune. Dette er tiltak som tidlegast kan kome i gang i 2020.

Pågåande prosjekt på boersvineblom på Bømlo og kjempespringfrø i Voss, Gloppen og Årdal, held fram. Det har vore mykje merksemd kring parkslirekne i tidlegare Sogn og Fjordane, og dette held fram. Det mest omfattande arbeidet skjer i Florø, i Stryn og i Høyanger, med utprøving av ulike tiltak.

Vi følgde opp kartlegginga av rynkerose i 2019. Det vart gjennomført kartlegging frå båt rundt Holsnøy (Meland kommune) og på begge sider av Byfjorden, sør for Sotrabrua (Bergen, Fjell og Sund kommunar). Dette resulterte i vel 100 nye lokalitetar, altså omtrent det som i fjor. Med dette har vi kartlagt dei kyststrekningane vi trur har flest førekomstar av rynkerose i Hordaland. Kartlegginga i 2018 og 2019 stadfestar inntrykket av at rynkerose finst med små førekomstar
på mange strandlokalitetar, men breiar lite om seg. Tiltak vil vere svært arbeidskrevjande og dyrt, og kostar truleg meir enn det smakar.

Vannforvaltningstiltak (fra kapittel 7.3.5.4 i TB)

Rapportere på

Status på vannforvaltningstiltak i vedtatte regionale tiltaksprogrammer fra 2016 innenfor eget myndighetsområde, ved utdrag/utskrift fra Vann-Nett.

Av 793 tiltak der Fylkesmannen er verkemiddeleigar, er 184 tiltak avviste, 208 ferdige, 51 foreslåtte, 49 planlagte, 181 starta og 120 utsette. Tala er henta frå Vann-Nett.

Utvalgte naturtyper (fra kapittel 7.3.5.5 i TB)

Rapportere på

Status på utvalgte naturtyper (UN):

1) Antall plansaker som berører UN-lokaliteter.

2) Antall plansaker hvor det er tatt hensyn til UN-lokaliteter.

Dette har vi ikkje tal på. Vi har lagt inn tal frå Miljøvedtaksregisteret i tabellen, men her er det truleg underrapportert. Informasjon som blei sendt kommunane 23.01.2020 om bruk av miljøvedtaksregisteret vil truleg gjere situasjonen betre for 2020.

Sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner (fra kapittel 7.3.5.6 i TB)

Rapportere på

Status på sektormyndigheten hjemlet i vassdragsreguleringskonsesjoner: Det skal rapporteres på følgende: Antall nye pålegg som er gitt, antall løpende pålegg og antall frivillige avtaler med konsesjonær. Rapport om løpende pålegg skal deles i pålegg om fiskeutsetting og øvrige pålegg

Det er ikkje gitt nye pålegg om fiskeutsettingar i 2019. Det var 81 løpande utsettingspålegg; fordelte på 36 i Hordaland og 45 i Sogn og Fjordane.  

Det er ikkje gitt pålegg om fiskeundersøkingar i 2019, på grunn av løpande avtalte program. I Hordaland er det gjennomført prøvefiske i nokre innsjøar etter avtale med Statkraft og BKK. I Sogn og Fjordane har regulantprosjektet prøvefiska seks magasin. I tillegg er det undersøkt 15 elvestrekninger.

Det er heller ikkje gitt pålegg om undersøkingar eller tiltak innanfor sektormyndigheita. 

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse... (fra kapittel 7.3.6.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets tiltak for samordning av statlig tilsyn etter kommuneloven, herunder tilsyn fra andre tilsynsetater enn Fylkesmannen selv. Fylkesmannen skal kort opplyse om hva som er gjort for å fremme og formidle læring hos kommunene i de tilsynene som er gjennomført. Fylkesmannen skal også gi en kort og overordnet vurdering av den samlete tilsynsbelastningen på kommunene i sitt fylke, både generelt og når det gjelder enkeltkommuner. Med tilsynsbelastning menes blant annet om tilsynet krever mye ressurser i kommunen og om tilsyn er samordnet i tid.

Arbeidet med å samordne tilsyn er godt i gang. Vi har hatt møte med Arkivverket, Mattilsynet og Arbeidstilsynet for å utveksle erfaringar og førebu innføring og bruk av ny tilsynskalender, og for å drøfte kva som ligg i krava til samordning av tilsyn i den nye kommunelova.

Sjølv om vi ikkje har hatt tilsynskalender i 2019, har vi teke omsyn til tilsyn frå andre instansar når vi har oppdaga dette. Vi har òg samordna dato for tilsyn mellom dei ulike avdelingane. Dette har ført til få vanskar i gjennomføringa av tilsyna. Vi har i liten grad registrert at kommunar har opplevd kollisjonar eller særleg stor belastning med tilsyn. Nokre av samanslåingskommunane vi hadde meldt tilsyn til, bad om utsetjing og fekk det. Det er barnevern, helse og omsorg som har det største volumkravet på planlagte tilsyn.

Gjennom vår eiga tilsynsgruppe drøftar vi ulike sider ved tilsynet for i størst mogeleg grad å framstå harmoniserte for kommunane. Vi er opptekne av at tilsyn skal vere verknadsfullt og har eit uttalt mål om at våre tilsyn skal bidra til læring og forbetring. Vi drøftar korleis vi må gå fram for å nå dette. Det inneber mellom anna at vi legg større vekt på oppfølging, særleg når vi ser at kommunane treng hjelp. Vi får stort sett gode tilbakemeldingar frå dei fleste kommunane etter tilsyn. Når dei melder om ting dei ikkje er nøgde med, blir det løfta til leiarnivået og vi tek det opp både med kommunen og brukar det til intern læring.

Vi kan ikkje sjå at den samla tilsynsbelastninga på kommunane er for stor.  Der vi har spelerom prøver vi å leggje opp planlagde tilsyn med minst mogleg ressursbruk både frå vår og kommunen si side, så lenge vi ikkje ser at det er særskilte risikoar som gjer at vi må innrette tilsynet annleis. Til dømes brukar vi dokumenttilsyn der vi meiner det er låg risiko eller lite alvor i moglege lovbrot, eller at faktagrunnlaget kjem godt nok fram, medan vi gjennomfører tilsyn med intervju der det finst lite skrifteg dokumentasjon, på viktige tema eller med kommunar som har vanskar med å følgje krava. 

Fylkesmannen skal rapportere på... (fra kapittel 7.3.6.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på det generelle veiledningsarbeidet om kommuneøkonomi, herunder hvilke tiltak som er iverksatt for å rapportere inn korrekte KOSTRA-data til riktig tid og veiledning til kommunene om bruken av disse dataene til styring i kommunene.

I 2019 har vi utarbeidd felles brev til alle kommunane (i både Hordaland og Sogn og Fjordane) med samandrag av revidert nasjonalbudsjett og kommuneproposisjonen i mai, og for statsbudsjettet i oktober. Det er òg gitt informasjon om dette på dei ulike møteplassane vi har med kommunane, sjå nærmare omtale nedanfor. Vi gir gjennom heile året svar på spørsmål knytt til økonomi, i tillegg til spørsmål om blant anna inntektssystemet og økonomireglane i kommunelov og forskrifter m.m. Vi har møte med enkeltkommunar etter behov, og meiner vi har god dialog og kommunikasjon med kommunane i fylket.

Generelt rettleiingsarbeid om kommuneøkonomi vert mellom anna gjort via fagsamling med økonomisjefar og rekneskapsmedarbeidarar frå begge fylka, der også kommunerevisjonane deltek – i Økonominettverket. Samlinga er ein «lunsj til lunsj» samling, og vart gjennomført i juni i tett samarbeid med eit arbeidsutval frå kommunane. Tema var ny kommunelov for økonomiforvaltninga, inntektssystem og prognosemodell, nasjonal økonomiutvikling og analyse, og pensjonssystemet i endring. Eksterne innleiarar var Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Menon Economics, Visma, KS, rådmannen i Førde kommune, Kommunalbanken og KLP. I tillegg vart det orientert om RNB 2019 og kommuneproposisjonen for 2020 frå Fylkesmannen, og to kommunar hadde presentasjonar innanfor kommuneøkonomi og verknader av endra kommunestrukturar.

Dette var første gangen det i Vestland fylke vart arrangert økonominettverkssamling for kommunar både frå Hordaland og Sogn og Fjordane. Svært positive tilbakemeldingar frå kommunane gjer at vi også vil arrangere samlinga i 2020. Samlinga er eit ledd i utføringa av embetsoppdraget vårt med mål om færre eller ingen Robek-kommunar. Dette er òg ein felles arena for kommunane til å bli kjende med kvarandre og med det nye fylket.

 Vi arrangerte statsbudsjettsamling 7. oktober, same dag statsbudsjettet for 2020 vart lagt fram. Vi såg finanstalen frå finansministeren og fekk så presentert dei nasjonale tala frå statssekretær Aase Marthe Horrigmo. Videre hadde vi kommentarar frå KS sitt rådmannsutval både frå Hordaland og Sogn og Fjordane, i tillegg til innlegg frå politikarar. Samlinga vart strøyma og følgd av kommunar frå Hordaland og Sogn og Fjordane som ikkje hadde høve til å møte på Leikanger. Vi legg opp til samling i Bergen neste haust.

Som eit ledd i oppfølginga av samanslåing av kommunar hadde vi i  juni ei samling for prosjektrådmennene der inntektssystemet for nye kommunar òg var tema. Seinare følgde vi opp med informasjon og rettleiing om utilsikta verknadar i inntektssystemet for nye kommunar i Vestland, og tok dette opp med departementet.

Fylkesmannen i Hordaland fekk hausten 2018 ansvaret for koordinere gjennomgangen av Tolga-saka. Størstedelen av arbeidet vart utført i første delen av 2019, der vi gjennomførte lovlegkontroll av Tolga kommune si innrapportering av personar med psykisk utviklingshemming for 16 år og over, til kriteriegrunnlaget for utgiftsutjamninga i inntektssystemet. 

Fylkesmannen i Hordaland bidrog til rapporten om Tolga-saka med mellom anna omtale av inntektssystemet og det aktuelle kriteriet, det vil seie personar med psykisk utviklingshemming som er 16 år og eldre. Dessutan omtalte vi verknader på budsjett og rekneskap som følgje av feilrapportering av personar med psykisk utviklingshemming. Vi gjorde greie for framlegg til framtidige løysingar for å unngå feil, alternativt å redusere verknadane av feil.   

I byrjinga av desember kvart år publiserer vi nødvendig informasjon om Kostra-rapporteringa på nettsidene våre, og sender e-post til kommunane med lenke til denne sida. Vi kontrollerer rapporteringa når dei ulike fristane er passerte, og kontaktar kommunane når vi ser at skjema manglar eller ikkje vert godkjende hjå SSB. Vi har også hatt særskilt oppfølging av skjema for kommunal eigedomsforvaltning og kostnader knytte til dette. Utviklinga siste år har vore ein nedgang i tal feil/manglar i Sogn og Fjordane frå 14 (2017) til 11 (2018) - 21 prosent, medan det har vore ein oppgang i Hordaland frå 21 (2017) til 28 (2018) + 33 prosent. Samla tal for Vestland er lagde inn i tabell og tilsvarar ein auke frå 35 feil/manglar til 39, dvs. 11 prosent.

Vi prioriterer informasjon om og oppfølging av Kostra, både i fag- og nettverksamlingar og elles i møte med kommunane. Bruken av Kostra-data til styring i kommunane blir tema i samlinga i Økonominettverket til våren, som ei oppfølging av årets tema og ny kommunelov.

Det skal rapporteres særskilt om... (fra kapittel 7.3.6.2.2 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres særskilt om hvilke tiltak fylkesmannen har iverksatt for den enkelte kommune som er registrert i ROBEK og hvilke tiltak som har vært iverksatt for å forhindre kommuner som er i faresonen til å bli registrert i ROBEK, herunder hvordan pedagogiske (veiledning), juridiske (lovlighetskontroll og lånegodkjenning) og økonomiske (skjønn) virkemidler er benyttet.

Det vart i 2019 gitt tilbakemelding til 19 av 33 kommunar i Hordaland sine budsjett og økonomiplanar. Dette var i hovudsak dei største kommunane og dessutan kommunar med dei største økonomiske utfordringane. For Sogn og Fjordane fekk alle samanslåingskommunane, elleve i alt, og to andre kommunar tilbakemeldingar på budsjett og økonomiplanar.

Vi har gitt rettleiing og stilt krav til Austrheim, den eine kommunen i tidlegare Hordaland som er registrert i ROBEK. Kommunen vart registrert frå og med andre halvår 2018. Vi har eit godt samarbeid med kommunen og reknar med at kommunen vil bli teken ut av ROBEK seinast i 2021. I tidlegare Sogn og Fjordane er Bremanger kommune i ROBEK. Kommunen er følgd opp med møte, rettleiing og lovlegkontroll av budsjett- og økonomiplan, som først vart godkjent i november månad. I tillegg til tap og usikkerheit om derivatavtalane, har kommunen store utfordringar med å få til balanse i drifta.

Vi vil i Vestland gi tilbakemelding til eit utval av kommunane sine budsjett og økonomiplanar. Dette omfattar kommunar som er i faresona for å kome i økonomisk ubalanse. For 2020 vil det også bli gitt tilbakemelding på budsjett og økonomiplanar for nye samanslåingskommunar. Tilbakemelding på budsjett og økonomiplan for Bergen kommune blir vidareført, sjølv om det førebels ikkje er spesiell risiko for at kommunen vil kome i økonomisk ubalanse.  

Vi har ikkje handsama nokon saker om låneopptak. Det er for Hordaland handsama ti saker om kommunale garantivedtak. Samla garantibeløp var omlag 95 mill. kroner. Ingen av garantivedtaka er oppheva. 

 

Skjønnsmidler (fra kapittel 7.3.6.2.3 i TB)

Rapportere på

Omtale av prosess med kommunene i tildelingen av skjønnsmidler for 2020.

Skjønsmidlar for 2020 vart for første gong fordelt med
ein samla prosess i nye Vestland. Dei to tidlegare embeta har hatt noko ulike prosessar fram mot fordelinga til kommunane, og vi har no innarbeidd felles rutinar for fordelinga av ordinære skjønsmidar, prosjektskjønn og uføresette hendingar.

Vestland har ei skjønsramme for 2020 på 163 mill. kroner. Av denne ramma er 126,2 mill. kroner fordelte som ordinære skjønsmidlar gjennom statsbudsjettet. Resterande ramme, 36,8 mill. kroner, vert sett av til generell fordeling gjennom året og til skjønsmidlar til fornying og innovasjon. Fylkesmannen vil ta stilling til endeleg fordeling av desse midlane seinare.  

I fordelinga av ordinære skjønsmidlar har vi lagt til grunn at føremålet er å fange opp lokale tilhøve som ikkje er vareteke godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar, og bidra til utvikling og fornying i kommunane. Vi har gjort ei vurdering av kvar kommune sin overordna økonomiske situasjon og tenestebehov. I tillegg til desse overordna retningslinjene har vi vurdert følgjande omsyn som ein del av den skjønnsmessige vurderinga:

  • kompensasjon for bortfall av differensiert arbeidsgjevaravgift
  • sosiale kriterium
  • kommunar med ein vanskeleg økonomisk situasjon
  • kommunane sitt utgiftsbehov
  • midlertidige behov
  • samla vurdering etter økonomi og tenestebehov

Vi har òg gjennom avsette midlar til fordeling gjennom året vareteke behov som kan oppstå i løpet av året. Utilsikta verknader i inntektssystemet for nye kommunar blir vurdert under desse midlane.

Spesifikk omtale av arbeid med omstilling (fra kapittel 7.3.6.3.1 i TB)

Rapportere på

Spesifikk omtale av arbeid med innovasjons- og fornyingsprosjekter i kommunene. Kort om fordeling av skjønnsmidler til formålet, herunder rapportering i ISORD, og formidling av resultatene.

Omtale av virkninger og resultater av prosjektene. Noen få innovasjonsprosjekter kan trekkes spesielt fram.

Vi legg ut informasjon på nettstaden vår om utlysing av fornyings- og innovasjonsmidlar, kriterium for tildeling og lenke til søknadsskjema i portalen Prosjektskjønn (Isord). Vi gjev òg ei nærare orientering i eige brev til kommunane. Sidan Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har vore med på å utvikle portalen og har fagansvar for denne, har vi brukt tid på å rettleie andre embete i tillegg til rettleiing til kommunar. Også i 2019 har det vore ein del meirarbeid knytt til samanslåingar mellom fylke og kommunar, og tilrettelegging av dette.

I 2019 var det to separate fordelingar av prosjektskjøn mellom Hordaland og Sogn og Fjordane. Kommunane vart i eigne brev inviterte til å søkje om prosjektmidlar. I Hordaland har regionråda hatt ei aktiv rolle i prosessen med fordeling av prosjektskjøn. Det er lagt vekt på regionråda sine prioriteringar i fordelinga av tilskot. KS har hatt den same rolla i Sogn og Fjordane. Frå 2020 er det felles opplegg både med fordeling av ordinære skjønsmidlar og prosjektskjøn. Både regionråda og KS er difor inviterte til å delta i prosessen med prioritering av søknader.    

I Hordaland vart det i 2019 fordelt 21,65 mill. kroner i prosjektskjøn. Av dette inngår 14,65 mill. kroner i søknadsportalen Isord. Skilnaden mellom faktisk fordelt og det som går fram av Isord, utgjer  7,0 mill. kroner.

Tilskot gitt utanom Isord var i 2019:
Tilskot til Askøy kommune for alternativ supplerande kommunikasjon i barnehagane (0,5 mill. kroner) og til satsinga mot barnefattigdom i Bergen (2,5 mill. kroner), Ullensvang (0,75 mill. kroner), Kvinnherad (0,75 mill. kroner), Fjell (1,25 mill. kroner) og Askøy (1,25 mill. kroner).    

I Sogn og Fjordane vart det samla fordelt 4 145 000 kroner i prosjektskjønn via portalen. Totalt fekk vi inn 21 søknader og løyvde midlar til 17 av desse prosjekta.

Vi innstiller i dei ulike prosjekta etter fråsegn frå fagavdelingane hjå Fylkesmannen, og etter innspel frå KS og regionråda. Leiargruppa gjer vedtak om den endelege tildelinga. Det vert lagt opp til rapportering i kvart enkelt prosjekt i prosjektskjønnsportalen, og det går ut melding til dei ansvarlege i kommunane når det er tid for rapportering.

På den offentlege sida i Prosjektskjønn blir prosjekta evaluerte av Fylkesmannen, og våre kommentarer viser for kvart enkelt prosjekt.

Av større prosjekt i 2019 kan vi trekkje fram Digitaliseringsfylket Sogn og Fjordane, som er eit fylkesdekkande IT-prosjekt som har pågått over fleire år. Målet er å byggje ei Miside-løysing i alle kommunar, for at det skal bli lettare for innbyggjarane å få tilgang til eigne opplysningar i kommunen. I tillegg er det eit mål om å kunne sjå desse i samanheng med andre relevante offentlege og statlege opplysningar, og å gi innbyggjarane ein samla inngang til personlege data. I dag finst det personlege opplysningar i mange ulike fagsystem som ikkje snakkar saman. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom kommunane og Vestlandsforsking, der også Digitaliseringsnettverket under IT-forum Vest, Difi, Fylkesmannen og Sogn og Fjordane fylkeskommune deltek.

Det pågår også eit fylkesdekkande prosjekt i tidlegare Sogn og Fjordane om velferdsteknologi og responssenter knytt til dette, i samarbeid mellom kommunane og Vestlandsforsking. Prosjektet er ei vidareføring av det nasjonale prosjektet om velferdsteknologi, der nokre av kommunane frå Sogn og Fjordane deltek. Det er ein stadig auke i tal personar med behov for pleie- og omsorgstenester, utan at ein ser tilsvarande auke i helsepersonell. Prosjektet skal derfor utvikle supplerande og nødvendige fellestiltak i kommunane, basert på eit samarbeid med sluttbrukarar, pårørande og fagpersonar i den kommunale organisasjonen. Ein ønskjer å støtte opp om utviklinga av regionalt responssenter i Flora, og vidareutvikle samarbeidet med dei beste miljøa i Hordaland innanfor dette feltet.

Det er i 2019 gitt skjønstilskot på 900.000 kroner til prosjektet Førebyggjande rustiltak for ungdom i kommunane. Dette er eit samarbeidsprosjekt mellom dei tidlegare kommunane Fjell, Sund og Øygarden, som frå i år er nye Øygarden kommune. Bakgrunnen for prosjektet var ei melding frå lensmannen i regionen. Lensmannen var uroleg for utviklinga innan rusområdet for ungdomsgruppa. Lensmannen gav melding om at omfanget av unge som rusar seg, er aukande. Dei unge sine haldningar til narkotika har endra seg på ein måte som gir grunn til uro. Hovudmål i prosjektet var å styrke og koordinere førebyggjande innsats og rustiltak for ungdom mellom 13 og 18 år i regionen. Det var behov for samhandling og oppfølging i heile regionen, og dessutan behov for tverrfaglege og tverretatlege løysingar med sikte på ein handlingsplan.

Det er i 2019 gitt skjønstilskot på 350.000 kroner til prosjektet Grundersporet, alternativt introduksjonsprogram for flyktningar som vil starta eiga verksemd. Dette var eit samarbeidsprosjekt mellom dei tidlegare kommunane Meland, Radøy og Lindås, som frå i år er Alver kommune. Hovudmålet er å utvikle ein modell for alternativ introduksjonsordning for flyktningar med vekt på entreprenørskap. Det er lagt opp til spesialtilpassa opplæring i norsk og grunderskap. Det blir lagt til rette for tilpassa arbeidsrettleiing og kvalifisering med fokus på etablering av eiga verksemd. Prosjektet vil kunne ha nytte for flyktningefamiliane si helse, sjølvforsyning, varetaking av utsette barn og arbeidet mot barnefattigdom.

I 2019 prioriterte vi søknader innanfor desse områda:

1. Kommunale tenester til: 
    - helse og omsorg, t.d. velferdsteknologi og auka krav innanfor rus
      og psykiatri
    - barnehage- og skulemiljø
    - barnevern eller barn som er utsette for vald og overgrep

2.Digital forvaltning, med vekt på brukarvennlege tenester og 
   innhald. Samarbeidsprosjekt som gjer at flest mogeleg av
   kommunane i fylket brukar same kompetanse- og
   teknologiplattform, vert prioriterte. 

3. Samfunnsutvikling til dømes på desse områda:
    - rekruttering 
    - interkommunalt planarbeid til dømes om folkehelse,
      massedeponi, oppdrett og akvakultur
    - kommunale planverktøy og digitale kart
    - samfunnstryggleik og beredskap
    - klimatilpassing eller tiltak for å redusere klimagassutslepp

4. Interkommunale utviklingsprosjekt:
   - utgreiingar som grunnlag for vidare prosessar i kommunereforma
   - tenestesamarbeid på område der det har oppstått endringar som
     følgje av kommunereforma 
   - samarbeid om skogbruks- og landbruksforvaltninga

Det skal gis rapportering i tabell... (fra kapittel 7.3.6.4.1 i TB)

Rapportere på

Det skal gis rapportering i tabell som viser:

  • Antall saker om lovlighetskontroll etter klage som det er truffet vedtak i for året, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Antall lovlighetskontroller som er foretatt etter initiativ av fylkesmannen, hvor mange avgjørelser som er opprettholdt og hvor mange som er kjent ulovlige.
  • Hvor mange av sakene totalt (uten å skille mellom saker etter klage og på eget initiativ) som hadde henholdsvis habilitet eller lukking av møter blant vurderingstemaene.

I 2019 behandla vi 19 saker om lovlegkontroll etter klage, og vi utførte ein lovlegkontroll etter eige initiativ. Tre avgjerder vart kjent ulovlege. To av sakene hadde habilitet eller lukking av møte blant vurderingstemaene.

I tillegg var vi i 2019 oppnemnd som setjefylkesmann i "Tolga-saka", der vi av eige tiltak utførte ein omfattande lovlegkontroll med ein kommune si innrapportering til Helsedirektoratet av kriteriedata for personar med psykisk utviklingshemming 16 år eller eldre for åra 2010 til 2018. Innrapporteringa vart for alle år funnen delvis ugyldig.     

Kortfattet omtale av... (fra kapittel 7.3.6.4.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal gi en kortfattet omtale av hvilke kommunalrettslige tema de (særlig) veileder kommunene om.

Vi har særleg rettleia kommunane om økonomireglane i kommunelova med forskrifter, reglane om val til folkevalde organer, habilitet og reglane om lovlegkontroll. 

Kortfattet omtale i årsrapporten av bruken av interkommunalt samarbeid i fylket (fra kapittel 7.3.6.4.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal, på bakgrunn av egne erfaringer etter kontakt med kommunene, gi en kort omtale av omfanget av interkommunalt samarbeid i fylket, i hvilke former kommunene samarbeider, og hvilke tjenester det samarbeides om.

Kommunane i Vestland har omfattande interkommunalt samarbeid, i særleg grad knytt til små og mellomstore kommunar. Det kan dreie seg om lovpålagde oppgåver som er delegerte til kommunane frå staten (til dømes barnevern og PPT) eller det kan vere oppgåver og tiltak som kommunen set i verk for å utvikle kommunen (til dømes nærings- og samfunnsutvikling) og som dei fullt ut må betale for sjølve. Interkommunalt samarbeid er som regel avgrensa til den regionen som kommunen høyrer til: Sunnfjord - Hardanger/Voss – Nordfjord osv.  Regionsenteret er oftast det administrative tyngdepunktet for dei ulike samarbeidsavtalane.

Det faglege grunnlaget for å overføre oppgåver til eksterne samarbeidsorgan eller til vertskommunesamarbeid, er at kommunen ikkje har tilstrekkeleg kompetanse til å løyse oppgåvene innanfor eigne grenser. Det er eit prinsipielt skilje mellom lovpålagde oppgåver som er delegerte til kommunen frå staten og forskjellige former for utviklingsretta oppgåver som kommunen sjølv definerer behovet for. Dei lovpålagde forvaltningsoppgåvene vert gjerne løyste gjennom vertskommunesamarbeid, medan utviklingsoppgåver av ulikt slag vert handterte av regionråd, interkommunale selskap og liknande.

Det er utfordrande for sjølve generalistkommuneprinsippet som den offentleg forvaltninga er fundamentert på, at lovpålagde oppgåver som Stortinget har delegert til den einskilde kommunen vert overført til andre kommunar som følgje av kompetansemangel i primærkommunen. Når vi ser det nye fylket under eitt, er det naturleg at det er dei små kommunane som aller mest fasar ut oppgåver. Det er likevel ikkje alltid slik. Men det er klart at rike småkommunar har betre forutsetningar for å betale for kompetanse.  

Denne måten å løyse den kommunale oppgåveporteføljen på (omfattande overføring av oppgåver til andre kommunar eller organ), bidreg til at vi i realiteten i visse geografiske område og på visse fagfelt, nærmar oss at vi får  såkalla « A- og B-kommunar».  I kommunereforma var dette sett på som lite ønskeleg.

Kommunereforma har medført strukturendringar som gjer at tidlegare samarbeid opphøyrer, vert reforhandla eller vert overførte til nye samarbeidspartar. Endring av kommunelova bidreg vidare til at ei rekkje av dei gamle samarbeidsavtalane må gjennomgåast i løpet av 2019 og 2020 og formaliserast i lys av nytt lovverk. 

Renovasjon, revisjon, brannvern og legevakt er døme på samarbeidsområde der det krevst eit større befolkningsunderlag for å sikre effektive tenester eller for å unytte påkravd og investert kapital på ein fornuftig måte.

Nokre refleksjonar knytt til desse tilhøva:

1. Når det gjeld utfasing av lovpålagde oppgåver og forvaltningsoppgåver, utfordrar omfanget av dette det kommunale sjølvstyret som byggestein i oppbygginga av offentleg sektor. Det er likevel ikkje nødvendigvis i strid med lovverket. Kommunen bør vurdere om lokaldemokratiet vert utvatna.

2. Få kommunestyrepolitikarar har innsyn i omfanget av utfasing av tenester i kommunen. Omfanget er stort og med stor variasjon frå kommune til kommune, altså eit uoversikteg lappeteppe av ordningar og avtalar på tvers av kommunegrensene.

3. Pengestraumen som følgjer tenestene er ukjend for Fylkesmannen. Budsjettprosessane vert også kompliserte sidan mange av avtalane kan vere indeksregulerte, medan andre budsjettpostar i kommunen får årleg prioritering.   

4. Formelt juridisk ansvar for forvaltningsvedtak ligg framleis i primærkommunen når kommunestyret vel å overføre mynde til organ utanfor kommunen. Ein mistar dermed kunnskapen om lokale tilhøve når vedtak vert gjorde av organ utanfor kommunen, noko som strir med prinsippet om å leggje oppgåvene til lågast folkevalde organ.

5. Forvaltningsoppgåver som fagleg heng saman i ei kjede (som skule, PPT, barnevern, helsesøster, psykolog) kan stykkevis bli fasa ut av kommunen slik at heilskapsperspektivet på fagfeltet blir svekt. Dersom ulike oppgåver blir overførte til fleire vertskommunar mistar ein ytterlegare potensialet for intern samhandling.

6. Når kommuneadministrasjonen i utgangspunktet er liten og kompetanse i tillegg vert utarma gjennom utfasing av arbeidsoppgåver, vil kommunen normalt få store utfordringar med å rekruttere andre medarbeidarar. Små administrasjonar vil generelt vere ekstra sårbare for fråvær, sjukdom og tilsvarande. Visse typar fagmiljø (til dømes barnevern) krev minimumsbemanning for å kunne levere tenester, og generelt er utviklinga slik at dei fleste fagområde i dag krev breidde ved samansetjinga av fagmiljø. 

Departementet bør vurdere å vurdere å ta med seg desse innspela vidare i kommunereforma.

Fylkesmennene skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.6.5.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmennene skal i årsrapporten oppgi hvor mange klager på avslag om begjæringer om innsyn de har behandlet, jf. offentleglova § 32 og forvaltningsloven § 28 annet ledd, samt hvor mange tilfeller klager har fått helt eller delvis medhold i klager etter offentleglova § 32.

Vi har handsama 58 klager på avslag om krav om innsyn etter offentleglova. Av desse blei det teke avgjerd i 55 saker og tre saker blei sende i retur. Av sakene det blei teke avgjerd i, gjaldt åtte manglande innsyn hos sjølvstendige rettssubjekt omfatta av offentleglova, fire manglande innsyn hos Hordaland fylkeskommune og resten manglande innsyn hos kommunar. Klagaren fekk heilt eller delvis medhald i 23 saker, av desse blei 21 saker oppheva og returnerte til kommunen for ny handsaming. Vi stadfesta avgjerda om å avslå innsyn i 32 saker.

Vi har også handsama tre klagesaker om manglande dokumentinnsyn etter forvaltningslova. To av desse sakene blei stadfesta, og éi blei oppheva.

Tre av sakene blei klaga på til Sivilombodsmannen, som ikkje hadde merknader til våre avgjerder i klagesakene.

Fylkesmannen har også motteke om lag 40 klager som er sende direkte til oss på grunn av manglande svar på innsynskrav hos underinstansen. Etter at vi har sendt desse klagene til underinstansen for vurdering og handsaming før eventuell oversending til oss som klageinstans, har om lag 14 av desse sakene kome attende som klagesaker til oss.

Vi har også handsama om lag fem saker om sakskostnadskrav (krav og klager) knytt til klagesaker om innsyn etter offentleglova og om lag fire krav om omgjering av våre vedtak. Dette er saker som også kan vere komplekse og ressurskrevjande.  

Fylkesmannsembeter som samordner statlig innsigelser (fra kapittel 7.3.6.6.1 i TB)

Rapportere på

Det skal rapporteres på fylkesmannens arbeid med samordning av statlige innsigelser, herunder i hvilken grad innsigelser blir løst gjennom dialog. Rapporten skal omfatte informasjon om antall planer møtt med innsigelse fra statlige etater inklusiv fylkesmannen, antall planer møtt med innsigelse bare fra fylkesmannen og antall planer der innsigelser fra andre statsetater er avskåret.

Fylkesmannen sin generelle medverknad på planområdet er nærare omtala tidlegare.

Kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane kom med i samordninga i 2019. Dei tilbakemeldingane vi har fått frå dei nye kommunane, har vore positive. 

Vi følgjer KMD sitt tilrådde opplegg for samordninga, jf. brev av 22.12.2017 og legg svært stor vekt på å arrangere dialogmøte i saker der det er meldt frå om, frå andre statsetatar eller frå Fylkesmannen som sjølvstendig sektorstyresmakt, at planar kan stride mot statlege omsyn. Heller ikkje i 2019 vart det naudsynt eller aktuelt for oss å avskjere statlege motsegner frå andre etatar. Men svært mange motsegnspunkt vart, som tidlegare i Hordaland, løyste i den utvida dialogen i høyringsfasen. Vi meiner at måla med samordninga; raskare planprosessar, betre planar og færre motsegner, ofte vert nådde. Fylkeskommunen har blitt invitert med i saker der dei har hatt vesentlege interesser og har ønskt å delta. 

Nedanfor gjev vi att hovudtala frå samordninga:

Vi fekk 211 reguleringsplanar til offentlig ettersyn i 2019. Fylkesmannen fremja motsegn til 28 av dei, det vil seie 13,3 prosent. I at 37 planar løyste vi med dialog, og det var altså ikkje nødvendig med motsegn. Av dei andre statsetatene fremja Statens vegvesen 22 motsegner, NVE 23 og Avinor to til reguleringsplanane.

Vi hadde ni arealdelar til kommuneplan på høyring i 2019, med følgjande motsegner og handtering av desse:

  • Vaksdal: Fylkesmannen (eit naustområde), Banenord, Statens vegvesen og NVE hadde alle ei motsegn kvar. Alle vart seinare trekte.
  • Radøy: Fylkesmannen sine motsegnspunkt vart løyste med dialog.
  • Førde: Fylkesmannen sine motsegnspunkt vart løyste med dialog.
  • Luster: Fylkesmannen sine motsegnspunkt vart løyste med dialog.
  • Meland: Fylkesmannen har ei motsegn (akvakultur). Forsvarsbygg har ei motsegn, som seinare er løyst med dialog. Planen har no gått til mekling.
  • Kvam: Fylkesmannen hadde fem motsegner til nytt off. ettersyn i 2019. (akvakultur, byggegrense til sjø, dyrka mark, landskapsverknader av veg til fjellet i Ålvik og utforming av diverse planføresegner). Fylkesmannen sine motsegner vart løyste eller trekte. NVE, SVV og Fiskeridirektoratet sine motsegner vart løyste med tidleg dialog.
  • Lindås: Fylkesmannen hadde fem motsegner; ei til akvakultur og fire til konkrete, nye arealformål. Fylkesmannen sine motsegner vart løyste i dialog eller trekte. Kystverket hadde ei motsegn som seinere vart trekt.
  • Os: Planen er i prosess etter offentleg ettersyn. NVE har fire motsegner, Forsvarsbygg har ei motsegn og Fylkesmannen har fire (naturmangfald, strandsone, bruken av LNF-spreidd, div. føresegner). SVV tilrår at fylkeskommunen har motsegn. Etter dialogmøte fann kommunen ut at dei ville vente med vidare kommuneplanarbeid til etter at kommunen har slått seg sammen med Fusa og blitt Bjørnafjorden kommune.
  • Eid: Kommuneplanendring. Ingen statlege motsegner.

Av kommunedelplanar som omfattar areal og som det har vore halde dialogmøte på, kan vi trekke frem tre:

  • KDP E39 Byrkjelo-Grodås. NVE, SVV og Fylkesmannen har fremja motsegn.
  • KDP Oppstryn. Fylkesmannen sine motsegnspunkt  vart alle løyste med dialog.
  • KDP Alversund. Fylkesmannen sine motsegnspunkt vart alle løyste med dialog. NVE og SVV har fremja motsegner, som seinare vart løyste/.

Vi orienterer avslutningsvis om korleis vi har fylt ut tabellen nedanfor og vonar dette svarar ut rapportkravet på ein tilfredstillande måte. 

Spørsmål 1: Antall planer på offentlig ettersyn hvor fylkesmannen har samordnet uttalelser med statlige innsigelser

Svar: 48. Dersom vi i tillegg inkluderer planar der berre Fylkesmannen har hatt dialogmøte med kommunar om eigne aktuelle motsegnspunkt, er talet 103. Vi legg til grunn at det er det samla talet det vert spurt om.

Spørsmål 2: Antall innsigelser som er fremmet

Svar: Fylkesmannen har fremja 28 motsegner. NVE har fremja 23.  Statens vegvesen har fremja 22 og Avinor har fremja to. (NB: Vi har talt ei motsegn til kvar plan.)

Spørsmål 3: Antall innsigelser som ikke er videresendt til kommunene

Svar: Det er 37 plansaker der Fylkesmannen vurderte å fremje motsegn, men valde å ikkje gjere det, etter utvida dialog med kommunen. Alle desse gjeld Fylkesmannen sine eigne fagområde.

Spørsmål 4: Antall innsigelser som er avskåret

Svar: 0.

Elles: Vi hadde totalt 211 reguleringsplaner på høyring, ni arealdelar til kommuneplan (inkl. ei KPA-endring) og tre kommunedelplanar som omhandla areal.

Fra og med 01.01.2017... (fra kapittel 7.3.6.7.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 rapporterer alle embetene byggesaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede byggesaker.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå antall saker som ikke ble avgjort innen 12 uker. Det skal vises hvor lang gjennomsnittlig overskridelse var i disse sakene. Overskridelse skal føres i antall dager.
  • Av årsrapporten for 2018 skal det i tillegg fremgå hvor mange saker det ble avtalt lengre frist enn angitt i saksbehandlingsforskriften jf. pbl. § 21-8 andre ledd, hvor mange "særlige tilfeller" klageinstansen selv forlenget fristen i, og hvor mange saker der fristen ble forlenget på grunn av barmarksundersøkelse.

Vi har handsama 630 byggesaker. Vi har ei gjennomsnittleg sakshandsamingstid på 62 dagar.

Rapportering av plansaker i SYSAM (fra kapittel 7.3.6.8.1 i TB)

Rapportere på

Fra og med 01.01.2017 skal alle embetene rapportere plansaker i SYSAM- ny rapporteringsløsning for fylkesmennene.

  • Av årsrapporten for 2018 skal det fremgå totalt antall behandlede klager på reguleringsplaner og gjennomsnittlig saksbehandlingstid i antall dager. Det skal i tillegg fremgå antall saker der klagen ble gitt medhold, helt eller delvis.

Fylkesmannen har handsama 77 klagesaker på reguleringsplanar. Gjennomsnittleg sakshandsamingstid er 73 dagar.

Tiltak for å løse boligsosiale problemstillinger i kommunen (fra kapittel 7.3.6.9.1 i TB)

Rapportere på

Beskriv innsatsen med de to tiltakene i tiltaksplanen for Bolig for velferd 2018-2020 gjennomført av regionale aktører under fylkesmannens ledelse.

Oppstartsmøte med kommunane Kinn (Flora og Vågsøy), Bjørnafjorden (Os og Fusa) og Askøy vart arrangert våren 2019 i lag med Husbanken, Bufetat, kriminalomsorgen, IMDi og Helse Bergen. Kommunane har valt ut saker frå begge målgruppene; personar med rusproblem og/eller psykiske vanskar og økonomisk vanskelegstilte barnefamiliar. 

Kommunane blir følgde av oss og Husbanken i månadlege møte. Andre statlege aktørar deltek etter dei behova prosjektkommunane melder om. Det er behov for at spesialisthelsetenesta og Nav Vestland deltek meir aktivt. Det har vi meldt frå om. Desse instansane er viktige samarbeidspartnarar for kommunane, spesielt i tiltak som gjeld oppfølginga av personar med rusproblem og psykiske vanskar. 

Prosjektet går etter planen, og det er etablert eit godt samarbeid.

Representantar frå prosjektkommunane i Vestland og Rogaland deltok på felles samling hausten 2019. Føremålet med samlinga var opplæring i modellen som skal brukast, og erfaringsdeling. Vi har saman med Fylkesmannen i Rogaland og Husbanken planlagt to nye samlingar for prosjektkommunane i 2020. 

Det skal rapporteres om lærlinger... (fra kapittel 7.3.6.10.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på antall lærlinger i 2019. Det skal også framgå innenfor hvilke fag.

Vi har ikkje hatt lærling i 2019. Kontor og administrasjon er det mest relevante faget å ta inn lærling i for oss. Etter opprettinga av og overføringa av oppgåver til FMFA ser vi at vi ikkje vil klare å fylle alle oppgåvene som læreplanen legg opp til. 

Rapportering på fellesføring 2019 (fra kapittel 7.3.6.11.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for hvordan rekrutteringsarbeidet har vært innrettet for å nå 5 %- målet og de øvrige målene for inkluderingsdugnaden, jf. Rundskriv H-3/18.

Gjennom 2019 har vi jobba kontinuerleg for å nå målet om at minimum fem prosent av alle nytilsette skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. I 2019 hadde vi 39 tilsetjingar. To av dei nytilsette som hadde oppstart i 2019, var i målgruppa for inkluderingsdugnaden, noko som tilsvarar 5,12 prosent av tilsetjingane. Vi har såleis nådd 5%-målet. 

Vi har prioritert å ta i vare inkluderingsperspektivet i rekrutteringsprosessen. Vi har endra utlysingsteksten, slik at han er meir inkluderande for målgruppa til inkluderingsdugnaden. I mai hadde vi ein rekrutteringsdag med alle som er involverte i rekrutteringsprosessar i embetet. Der gjekk vi gjennom rutinane for korleis vi vurderer søknadar og CV-ar, slik at vi no kallar inn fleire frå målgruppa til intervju. 

Alle tilsette som gjennomfører intervju, har sett Difi si seminarrekke om inkluderingsdugnaden i 2019. 

Vi opplever at det er utfordrande å måle tal søkjarar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en. Vi hadde i 2019 fleire søkjarar som først delte denne informasjonen i intervjuet. Dette viser at vi må halde fram med arbeidet for å skape tillit til at vi likebehandlar søkjarane. 

Vi deltok også i traineeprogrammet i staten. Vi melde opphavleg inn to traineestillingar, men oppdaga i prosessen at vi hadde mange gode søkjarar, og utvida difor til tre stillingar. Den første traineeen hadde oppstart i oktober, den andre i januar 2020, og den tredje takka nei på grunn av fleire jobbtilbod. 

Dersom vi har raskt behov for folk i mellombelse stillingar, brukar vi gjerne listene til Nav. 

Rapportering kommunestruktur (fra kapittel 7.3.6.12.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort beskrivelse av embetets arbeid og prosesser for dialog med kommuner om utfordringer fremover og hvilke muligheter som kan ligge i strukturendringer, ref. oppdrag 3.1.7.1.

Vi har utarbeidd ein intern strategi for det vidare arbeidet med strukturendringar i kommunane.

Strategien er delt i tre hovudelement:

  1. Utarbeide relevant kunnskap og dokumentasjon som kan bidra til  diskusjon og dialog om strukturelle utfordringar og moglegheiter for kommunal sektor.
  2. Syte for tett dialog, samarbeid og oppfølging i dei kommunar der det er eit uttrykt ønske om bidrag frå Fylkesmannen. Denne delen av strategien følgjer vi opp frå 2020.
  3. Følgje opp og bistå dei kommunane som er inne i samanslåingsprosessar no og etter at dei formelt har slege seg saman frå 1.1.2020. Oppretthalde og utvikle godt samarbeid med KS og andre relevante organ.

Vi har lagt opp til følgjande tiltak:

  1. Kartleggje kommunane sin kapasitet, kompetanse og kvalitetssikring på kritiske område. Fagavdelingane må engasjerast og involverast i dette arbeidet.  
  2. Kartleggje omfanget av interkommunalt samarbeid mellom kommunar som flyttar mynde frå kommunestyret til andre organ.
    a) Vertskommunesamarbeid etter kommunelova paragraf 27 og 28
    b) Kommunale IKS (interkommunale selskap)
    c) Andre ikkje-lovpålagde samarbeidsorgan (næring/innkjøp osb.)
  3. Stress-teste økonomien 
  4. Kartleggje klageomfanget på utvalde fagområde (plan, bygg, helse, omsorg). Fagavdelingane er sentrale i dette.
  5. Avklare andre sider av kommunal drift som er kritiske/sårbare (risikovurdering)
  6. Fylkesmannen har høve til å bruke skjønsmidlar for å setje kommunestruktur på dagsordenen.

Fellesføring 2019 - motvirke arbeidslivskriminalitet (fra kapittel 7.3.6.13.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal i årsrapporten redegjøre for resultater fra oppfølging av inngåtte kontrakter og hvordan virksomhetenes anskaffelser er innrettet for å gjennomføre dette hensynet, jf. rundskriv H-8/17.

Vi følgjer statens regelverk for innkjøp, og vi har oppdaterte innkjøpsrutinar. Vi nyttar oss av fellesavtalene som er inngått av Statens innkjøpssenter på vegner av oss. Vi har framleis eit samarbeid med fylkeskommunen kring avtaler som vart inngått før 2019. For kjøp over 500 000 kroner nyttar vi oss av KGV/EU-supply. All dokumentasjon blir arkivert i ePhorte. 

Vi har ikkje inngått så mange nye kontrakter i 2019, men i dei kontraktene vi har inngått, følgjer vi sjølvsagt dei formelle krava i innkjøpsreglementet. 

Innkjøp er no sentralisert til FMFA for kjøp over 1,3 mill. kroner, og FMFA vil ha meir spesifikk kompetanse på innkjøp enn embeta har på dette området. Vi rådfører oss difor med FMFA i innkjøpssaker for å sikre at kjøpet vert gjennomført etter gjeldande regelverk. For oss er det viktig at FMFA bygger kompetanse og kapasitet.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid...(2) (fra kapittel 7.3.7.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med veiledning og informasjon på universell utforming.

Universell utforming er eit gjennomgåande tema som vi tar opp der det er aktuelt. Vi har universell utforming som eitt av sjekkpunkta i dei interne rutinane våre i arbeidet med plansaker. I planframlegg som omfattar bustadutbygging, har vi i dialog med kommunen fått inn føresegner med krav om at minimum 50 prosent av bustadene har universelt utforma tilkomst.

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling... (fra kapittel 7.3.7.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en kort omtale av embetets arbeid med å fremme likestilling knyttet til ulike diskrimineringsgrunnlag i aktuell lovgivning.

Likestilling og tiltak for å hindre diskriminering er tema vi tar opp i innspel til samfunns- og arealplanlegginga i kommunane. Vi har innarbeidd likestillingsomsyn i dei interne planrutinane våre.

Elles er avdelingsdirektørane ansvarlege for å ta opp til drøfting i leiargruppa eventuelle likestillingsutfordringar som dei ser innanfor eige fagområde.

Vurdering av virkemiddelbruk på rettsikkerhetsområdet (fra kapittel 7.3.8.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke vurderinger som ligger til grunn for valg av virkemiddel og oppfølgingsmåte av risikoutsatte kommuner på rettsikkerhetsområdet.  

Når vi vurderer val av verkemiddel i konkrete kommunar, som har konkrete utfordringar eller er risikoutsette, har vi nokre faste vurderingspunkt vi tek stilling til:

  • kva problemstilling/tema/praksis er det vi ønskjer å påverke/rette opp?
  • er dette problemstillingar vi har hatt oppe i kommunen tidlegare?
  • kva erfaringar har vi frå eventuell tidlegare kontakt?
  • kor akutt vurderer vi behovet for å sette oss i kontakt med kommunen?
  • kva erfaringar har vi frå andre kommunar?
  • kva kompetanse og kapasitet har vi tilgjengeleg?
  • kva er kommunen eventuelt innstilt på av oppfølging?
  • eitt verkemiddel eller fleire verkemiddel samstundes?
  • er det andre avdelingar i embetet som er i kontakt med kommunen på andre sektorområde?

Rapportering saksbehandlingstid i skolemiljøsaker (fra kapittel 7.3.8.2 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere på gjennomsnittlig saksbehandlingstid i håndhevingssakene per 31.12. Dere skal kun rapportere på saker som gjelder brutt/ikke brutt aktivitetsplikt. 

Basert på vedtak gjort i 2019 som gjeld brot eller ikkje brot på aktivitetsplikta, er gjennomsnittleg sakshandsamingstid 44 dagar. Saker der det vart gjort avvisningsvedtak, eller der føresette trekte saka, er ikkje med i grunnlaget.

Tre saker hadde over 100 dagar saksbehandlingstid, og desse trekkjer gjennomsnittet opp. Dersom vi ikkje reknar med desse sakene, er gjennomsnittleg sakshandsamingstid 41 dagar.

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven (fra kapittel 7.3.8.3 i TB)

Rapportere på

Rapportering av tilsyn etter barnehageloven og opplæringsloven, jf. VØI pkt. 5.3.2. Fylkesmannen skal redegjøre for valg av tilsynsobjekt, omfang og innretning på tilsyn. I denne sammenheng må dere redegjøre for hvordan ulike kilder er brukt i vurderingen av tilsyn som virkemiddel. Dere skal vise hvilke vurderinger som har vært avgjørende for valg av tilsynstema, tilsynsobjekt og innretningen på tilsynet. Dere skal synliggjøre hvordan risikoen for regelverksbrudd er redusert ved bruk av tilsyn som virkemiddel.

Tilsyn etter barnehagelova

Vi har ført tilsyn med elleve kommunar, barnehagelova § 19 g.  Alle tilsyna har vore skriftlege.  

I påvente av at Udir fekk ferdigstilt sitt opplegg for FNT etter 19 g, avtalte vi at vi kunne nytte det tilsynsopplegget vi sjølve hadde utarbeidd: Deltema er 1) sikrar kommunen tilrettelegging etter 19 g (fleire kontrollspørsmål) 2) vedtak (fleire kontrollspørsmål)

Føresetnaden var sjølvsagt at vi gjekk over til å bruke Udir sitt materiell så snart dette var klart. Dette er òg forklaringa på at vi i årsrapporten har måtte føre dette under eit anna tilsynstema. Vi valde å bruke "Barnehagemynda si godkjenning". 

Risikovurderinga som ligg til grunn er i hovudsak ei kartlegging embetet har gjennomført i kommunane. Denne viser kor mange vedtak som er gjorde og korleis kommunane har informert om ordninga. Vi har òg lagt til grunn den kjennskapen vi har til regelverket etter at vi har rettleidd eller gitt tilbod om rettleiing til alle kommunane i embetet. Vår vurdering er at regelen ikkje fullt ut er forstått, at ansvaret til barnehagemyndigheitene ikkje er klart skilt frå eigaren sitt ansvar, at det er mangel på vedtak eller korrekte vedtak og at tilrettelegging og spesialpedagogisk hjelp blir forveksla. Risikoen er at barn med funksjonsnedsetting ikkje får den tilrettelegginga dei har krav på. 

Vi valde skriftlege tilsyn fordi vi meiner dei er eigna for å avdekke manglar, samstundes som dei er tids- og kostnadseffektive. Det er avdekt brot på regelverket i alle dei elleve tilsyna. 

Vår konklusjon er at kommunane rettar opp brot på regelverket og viser og dokumenterar dette for Fylkesmannen på ein tryggande måte. 

Tilsyn etter opplæringslova

Vi har avgrensa temaa for tilsyn til skulemiljø, spesialundervisning, vaksne sin rett til grunnskuleopplæring og skulebasert vurdering.

Risikovurderingane og grunngjevinga for tilsynsobjekta er presenterte i tabellen over. 

Vi har som nemnt avgrensa tilsynstemaa til nokre få. Vi meiner kopling av sakshandsaming, rettleiing og tilsyn på området skulemiljø, kan gje gode resultat for korleis elevar blir varetekne i skulekvardagen. Spesialundervisning er eit felt der vi over fleire år har sett at kommunar manglar både forståing for regelverket og har lovstridig praksis. Ei tid tilbake gjorde vi ei undersøking av korleis kommunar sikra rett til grunnskuleopplæring for vaksne. Her fann vi at det var store manglar. Vi har difor brukt ressursar på regelverksinformasjon, men vi meiner og har erfart at tilsyn er klargjerande for kva pliktar kommunane har, og at tilsynsrapportar får ei anna merksemd hos skuleeigarar enn det vi oppnår gjennom regelverkssamlingar. Skulebasert vurdering/ kartleggingsprøvar: kjelder indikerer at kartleggingsprøvane ikkje blir gjennomførte eller brukte på den måten det er tenkt under målsettinga om tidleg innsats.

Embetet brukar skriftlege tilsyn i større grad enn tidlegare år. Dette er primært ut frå eit ressursomsyn, men vi legg til her at det alltid blir vurdert om det er behov for å gjere ytterlegare stadlege undersøkingar. Vi tilbyr også både stadlege opningsmøte og sluttmøte, sjølv om vi ikkje brukar intervju som metode i tilsyna.

Vi meiner kommunane i hovudsak rettar opp dei påpeikte lovbrota på ein overtydande måte. Men vi har også døme på at regelverket rett og slett ikkje blir forstått. Vi går då inn i eigen rapport for å forsikre oss om at dette ikkje skuldast at vi har uttrykt oss uklart. I oppfølgjande dialogar med kommunen er forholdet retta opp. 

Rapportering av antall klager på barnehage- og opplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal rapportere om antall klager, type klager og resultatet av behandlingen på barnehage- og opplæringsområdet.

Rapportering på egen kompetanse på regelverksområdet (fra kapittel 7.3.8.5 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for egen kompetanse på regelverksområdet og tiltak som er iverksatt for å sikre god kvalitet.  

Medarbeidarane i dei to utdanningsseksjonane er fordelt med om lag 1/3 juristar, 1/3 med pedagogisk utdanning og 1/3 samfunnsvitarar, med vekt på statsvitenskap. Vi meiner vi har eit godt fagleg grunnlag for å arbeide med regelverksområdet i rett kontekst for fylkesmannsrolla, og med konkret sektorkompetanse innan utdanningsområdet.

Sjølv med godt balansert kompetanse er det naudsynt å arbeide for å sikre kvalitet på regelverksområdet. Vi har sett i verk fleire tiltak i samband med samanslåinga:

  • Klagesaker er fordelte mellom seksjonar og medarbeidarar. Eit visst volum av saker gir mengdetrening og bidreg til likebehandling.
  • Vi har ei intern rettssikkerheitsgruppe som utarbeidar malar og som har månadlege tema oppe i seksjonsmøta
  • Vi legg opp til samarbeid om prioriterte regelverksområde med embeta i sørvestsamarbeidet.
  • Vi deltek på Udir sine samlingar.
  • Vi har interne prosedyrar som sikrar at vedtak blir lesne av sideordna før dei går til godkjenning. Dette er eit tiltak for å halde klarspråkambisjonane våre oppe, og det er eit tiltak for læring.
  • Vi brukar dei fleste av våre medarbeidarar til informasjonsarbeid og kurs til kommunane på regelverksområda.

Samarbeidsforum i desentralisert ordning for kompetanseutvikling (fra kapittel 7.3.8.6 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for roller og samhandling i partnerskapet for desentralisert ordning for kompetanseutvikling, og for hvilke prioriteringer som er gjort for bruk av kompetanseutviklingsmidlene, som det er enighet om i samarbeidsforumet. 

Samhandling

Fylkesforumet skal sikre at alle aktørane samhandlar i tråd med intensjonen og vilkåra i kompetanseordninga, at midlane blir fordelte på ein føreseieleg og transparent måte og at vi har ei organisering som sikrar at UH og skuleeigaren eller skulen når kvarandre i alle fasar av profesjonsutviklinga. Vidare er det Fylkesforum si oppgåve å bidra til at ordninga blir gjort kjent for alle skuleeigarar (kommunikasjon), at UH blir involvert i drøftingane om kompetansebehov på regionalt nivå og at hovudtyngda av midlane blir brukte til skulebasert utviklingsarbeid. Krav til samhandling slik det er gjort greie for her, er felt ned i eit felles grunnlagsdokument for Vestland.

Roller
Vi har ansvar for at samarbeidsforum samlast, at alle aktørane er kjende med dei rammene kompetansemidlane vert tildelte etter, at aktørane får ein god arena for drøfting, og at dei har ei klar oppfatning av korleis dei gjennom sine roller kan bidra til at dei regionale eller lokale prioriteringane blir gjorde og gjennomførte, i samsvar med dei føringane samarbeidsforum er blitt einige om. 

Aktørane
I Vestland har Samarbeidsforumet denne samansetninga og totalt 24 medlemmer:

  • Bergen kommune
  • Friskulenettverk - grunnskule
  • Friskulenettverk - vidaregåande opplæring
  • HAFS
  • Hardanger - Voss
  • Midthordland
  • Nordfjord
  • Nordhordland
  • Sogn
  • Sunnfjord 
  • Sunnhordland
  • Vestland fylkeskommune
  • Ytre Midthordland
  • Høgskulen på Vestlandet 
  • Norsk Lærarakademi 
  • Universitetet i Bergen
  • KS
  • Fagorganisasjonane
  • Fylkesmannen

Prioritering av midlane

Midlane blir prioriterte med 50 prosent til UH og 50 prosent til skuleeigaren. Dette er det semje om og understrekar målsettinga om skuleeigaren og UH som sidestilte aktørar i ordninga. Fylkesforumet er samde om fordelinga mellom dei 13 kompetansenettverka og kva særskilt omsyn som skal takast i vektinga. Hovudregelen er at lærarårsverk blir lagt til grunn. Konkret har det vore semje om at friskulane skal vere noko høgare prioritert i periodar enn det som ville vore resultatet om ein berre la lærarårsverk til grunn.  

Konkret tildeling til kommunar og skulebaserte utviklingssamarbeid er delegert til regionalt nivå, men med føresetnad om at UH er del av analysearbeidet og vurderingar i alle fasar. Det er utvikla eit rapporteringsskjema som både eigarar og UH skal sende til oss.

Det er i hovudsak desse temaa som er prioriterte, men med lokal utforming i samarbeid mellom skule(eigar) og UH:

  • fagfornyinga
  • læringsmiljø
  • skulemiljø
  • digitalisering i opplæringa
  • skulen som lærande organisasjon.

Sammenheng mellom desentralisert og andre statlige ordninger komp.utv. (fra kapittel 7.3.8.7 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvordan etter- og videreutdanning (for eksempel lærerspesialister og veiledning av nyutdannete) blir benyttet i sammenheng med andre tiltak for kvalitetsutvikling. 

Frå vår side har vi ikkje systematisk spurt kommunane om, og eventuelt korleis, dei koplar anna kvalitetsutviklingsarbeid til etter- og vidareutdanning.

Basert på det som kjem fram i dei møtepunkta vi har med skuleeigarar når etter- og vidareutdanning blir drøfta, trur vi det er rett å seie at dei fleste skuleeigarar har samla og overordna målsetjingar for sitt kvalitetsutviklingsarbeid. Kor førande dette blir for konkret deltaking og utviklingsarbeid heilt ut i verksemdene eller skulane, veit vi likevel ikkje nok om til å kunne gi gode vurderingar, men vi legg til grunn at kommunale planar og prioriteringar blir følgde opp på alle nivå.

Vi legg stor vekt på å formidle sektormåla for skuleeigarar og vise korleis ulike satsingar stør opp om desse. Vi veit òg at kommunane drøftar seg imellom kva utviklingsarbeid dei prioriterer. Frå Fylkesmannen si side har vi ikkje hatt kapasitet til å lese kommunane sine tilstandsrapportar, men det er kjelder som vi med fordel kan trekke meir ut av i vår dialog med kommunane.

Regional ordning for kompetanseutvikling på barnehageområdet (fra kapittel 7.3.8.8 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for kompetansebehov i barnehagene i fylket og hvilke prioriteringer som er gjort i samarbeidsforumets kompetanseutviklingsplan. Videre skal det redegjøres kort for hvordan ordningen ses i sammenheng med andre nasjonale satsinger og kompetansetiltak.

Fylkesmannen skal også rapportere i tabell på deltakelse i kompetansetiltak i regional ordning for barnehage.

Kompetansebehov

Barnehagemyndigheitene, private og kommunale eigarar, PBL, FM og UH-sektoren er representerte i eit regionalt samarbeidsforum for Vestland fylke. Samarbeidsforum har i arbeidet lagt til grunn at barnehageeigarane i fylket har kartlagt kompetansebehova i barnehagane. Barnehageeigarar som etter kartlegging har identifisert eit behov for kompetanseheving innanfor dei fire tematiske satsingsområda, kan melde frå om dette til kommunen som barnehagemyndigheit.

Barnehagemyndigheita har vidare meldt behova til den regionale representanten, som er medlem av samarbeidsforum. Samarbeidsforum har bedt regionane om å prioritere barnehagar ut frå dei kartlagde behova. Innmelde behov og korleis regionane ønskjer å prioritere, har vorte vurdert av samarbeidsforum. Samarbeidsforum har deretter valt ut dei barnehagane med størst behov. Om lag 150 barnehagar blei melde inn i 2019, og samarbeidsforum valde ut 50 av desse til å delta i ordninga. Barnehagane har hatt eit behov for kompetanseheving på alle dei fire temaområda. Det vil årleg avgjerast kva barnehagar som skal delta i ordninga. 

Prioritering av midlar
Samarbeidsforum har bestemt at 70 prosent av midlane skal nyttast til barnehagebaserte kompetanseutviklingstiltak, som er hovudtiltaket i ordninga. Dei resterande midlane nyttast til andre tiltak i tråd med vilkåra for ordninga.

Midlane til desse tiltaka vert fordelte mellom kompetanseregionane, og tek utgangspunkt i tal årsverk i barnehagane. Alle regionane har prioritert innmelde barnehagar. Summen kvar region utløyser etter fordelingsmodellen, fastsett av samarbeidsforum, avgjer kor mange av barnehagane som kjem med i ordninga. Midlane som blir delte ut til regionane, skal brukast i samsvar med føremålet. Samarbeidsforum har bestemt at private og kommunale barnehagar må få delta på lik line i planlegginga og bruken av desse midlane.

Midlane til dei barnehagebaserte tiltaka blir fordelte likt mellom UH (HVL og NLA) og barnehagane som deltek i ordninga. Det vil seie at UH får 50 prosent og barnehagane får 50 prosent. Midlane til barnehagane skal gå til eigaren, og Fylkesmannen betalar ut desse via kommunen som barnehagemyndigheit. UH-institusjonane og barnehageeigarane skal vere likeverdige partar i den regionale ordninga, og samarbeidsforum vurderer at ein slik tildelingsmodell er eit godt utgangspunkt for å bygge kapasitet og grunnlag for samarbeid om profesjonsutvikling og kompetanseutvikling. Samarbeidsforum vurderer at det er ein føresetnad at UH er til stades i alle prioriterte barnehagar, uavhengig at storleik og geografisk plassering. Samarbeidsforumet sine prioriteringar er også nedfelt i eit felles grunnlagsdokument for Vestland (plan for Vestland).

Samanheng med andre nasjonale satsingar og kompetansetiltak
Vi ser ordninga i samanheng med andre nasjonale satsingar og kompetansetiltak. Fleire av barnehagane som er med i den regionale ordninga, deltek også i andre nasjonale satsingar, til dømes det samlingsbaserte tilbodet i "inkluderande barnehage- og skulemiljø". Vi ser det er fleire samanfallande temaområde og målsetjingar for kompetanseutviklinga i desse satsingane.

Oppfølgingsordningen (fra kapittel 7.3.8.9 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for behovsanalysen som ligger til grunn for planlagte og igangsatte tiltak i kommuner som deltar i Oppfølgingsordningen. 

Uttaket til kommunar som er med i Oppfølgingsordninga frå Vestland fylke er gjort på ulike tidspunkt, og dette har innverka på analysen som ligg til grunn for tiltaka i kommunane. Austrheim kommune søkte sjølv i 2017 om å få delta i arbeidet til det statlege rettleiarkorpset. Grunngjevinga i søknaden var låg meistring, spesielt for 5. klasse, på nasjonale prøvar over tid, og at ein høg prosent av elevane ikkje gjennomførte vidaregåande opplæring. I tillegg hadde kommunen ei utfordring på skuleeigarsida fordi stillinga som kommunalsjef for oppvekst har stått vakant over lang tid. Fylkesmannen støtta opp om analysen kommunen sjølv hadde gjort og Utdanningsdirektoratet godkjende søknaden.

Første året direktoratet stod for uttaket av kommunar i Oppfølgingsordninga kom Radøy kommune frå Hordaland med. Kommunen hadde sjølv sett dei same resultata. Saman med fleire klagesaker til Fylkesmannen og tilsyn knytt til elevane sitt psykososiale miljø, var rådmannen, kommunalsjefen og Fylkesmannen samde om at det var dette temaet som måtte leggjast til grunn for val av tiltak.

Då Jondal kommune kom med i direktoratet sitt uttak hausten 2018, blei tidsfristen for å melde behov for tiltak veldig kort. Fylkesmannen drøfta talgrunnlaget frå Utdanningsdirektoratet med kommuneleiinga saman med ulike kommunale dokument for å kunne velje eigna tiltak, men det blei utfordrande å spisse problemstillingane.

Hyllestad kommune kom med i ordninga etter Udir sitt uttak ut frå indikatorar knytte til tal elevar på lågaste meistringsnivå på NP og indikatorar knytt læringsmiljø i Elevundersøkinga. Fylkesmannen og rettleiarkorpset hadde ein grundig gjennomgang i personalet med utgangspunkt i indikatorane som var grunnlag for at Udir. hadde plukka ut kommunen. Dette for å skape forståing for kvifor kommunen var komen med i Oppfølgingsordninga.

Det er gjennomført ståstadanalyse og utarbeidd lokal utviklingsplan på skule og Kvalitetsmelding på kommunenivå. Rettleiarkorpset er inne og rettleiar skulen og kommunen i prosessane i oppfølging av planane gjennom prioriteringar av tiltak, få på plass mål, strategiar og tiltak.

Rapportering på forvaltning av tilskuddsordningene (fra kapittel 7.3.8.10 i TB)

Rapportere på

Årsrapporten skal inneholde en egenvurdering av hvordan embetene forvalter tilskuddsordningene i henhold til retningslinjene og gjeldende regelverk. Fylkesmannen skal redegjøre for eventuelle avvik i utføringen av forvaltningen og gi en omtale av iverksatte tiltak. 

Vi forvaltar tilskot i tråd med gjeldande regelverk og dei føringane som er gjevne frå våre oppdragsgjevarar. Vi er i tett dialog med økonomirådgjevarane våre om vi er i tvil om korleis føringane skal tolkast. Vi følgjer opp rapporteringane. I 2019 har vi ikkje registrert avvik. 

I forbindelse med introduksjonsordning... (fra kapittel 7.3.8.13.1 i TB)

Rapportere på

I forbindelse med introduksjonsordning for nyankomne innvandrere (introduksjonsloven) skal fylkesmannen rapportere på antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

Vi har fått 53 klager til handsaming etter introduksjonslova. 

Utvida tid: 

  • 33 klager, 32 avslag/ikkje medhald, 1 oppheva

Stans:

  • 11 klager, 11 avslag/ikkje medhald

Anna: trekk i stønad, storleik stønad, permisjon

  • 9 klager, 9 avslag/ikkje medhald


På området opplæring i norsk... (fra kapittel 7.3.8.13.2 i TB)

Rapportere på

På området opplæring i norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (introduksjonsloven) skal Fylkesmannen oppgi antall klagesaker, hva klagen gjelder og utfallet av klagen.

To klager:

  • gratis opplæring i norsk, ikkje medhald

Fylkesmannen skal i årsrapporten... (fra kapittel 7.3.8.13.3 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gjennomføre statsborgerseremonier for alle nye statsborgere i fylket som har fylt 12 år, samt medvirke til at andelen av nye statsborgere som deltar på seremoniene øker.

Fylkesmannen skal i årsrapporten rapportere på antall statsborgerseremonier som er avholdt, totalt antall utsendte invitasjoner til nye norske statsborgere og totalt antall nye statsborgere som har deltatt i statsborgerseremoniene i fylket.

Fylkesmannen har i 2019 arrangert to seremoniar (på same dag) for nye norske statsborgarar. 

Av 837 inviterte møtte 149, altså berre ein femtedel. Dette er merkbart svakare enn normalen tidlegare år. Vi finn ikkje særskilte forklaringar, ut over at det denne gongen var betydeleg fleire invitasjonar som kom i retur grunna ukjent adresse.

Fylkesmannen skal også rapportere på.... (fra kapittel 7.3.8.13.4 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal også rapportere på antall deltakere i opplæring norsk og samfunnskunnskap for voksne innvandrere (også personer som ikke er omfattet av introduksjonsloven). I tillegg skal fylkesmannen rapportere på antall årsverk i kommunene som gir opplæring i norsk og samfunnskunnskap iht. introduksjonsloven.

Utdanning- og verjemålsavdelinga har innhenta informasjon frå kommunane i tidlegare Hordaland og Sogn og Fjordane og rapportert til Kompetanse Norge via eige skjema med melding om manglande talmaterial. 

Det vart rapportert om totalt 2152 deltakarar og 183,84 årsverk i første halvår 2019. For andre halvår 2019 vart det rapportert om 2921 deltakarar og 177,64 årsverk. Frå ein stor og ein mindre kommune i vår region har vi ikkje fått pålitelege rapporteringar.

Gevinstrealisering på barnehage- og grunnopplæringsområdet (fra kapittel 7.3.8.14 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre kort for status på arbeidet med gevinstrealisering, jf. oppdrag 3.1.7.2. 

Mål: 

  • Betre kvalitet i sakshandsaming, tilsyn, kanalar for informasjon og rettleiing

Status: 

  • 2019 er brukt til å utvikle felles malar for ei rekkje klagesaker. Desse er utvikla av ei intern rettssikkerheitsgruppe og blir gjennomgått og presenterte i seksjonsmøte.
  • Type klagesaker er fordelt mellom dei to utdanningsseksjonane. Dette er eit tiltak for å få mengdetrening, noko som sikrar meir effektiv sakshandsaming. Det er òg eit tiltak som sikrar at like saker blir handsama likt. I tillegg skapar det betre oversikt over kor omgjevnadane kan vende seg med spørsmål. 
  • Embetet har organisert seg med ein eigen tilsynsseksjon. I løpet av 2019 har vi arbeidd mykje med to tema. Det eine er skriving av tilsynsrapportar, særleg med tanke på vurdering og vekting. Det andre er risikovurdering. Vi vil jobbe med begge desse emna også i 2020. Vi meiner sjølv vi har avdekt uønskte forskjellar i løpet av dette året, og vi meiner vi no er komne langt i felles forståing. Eit tiltak som har vore viktig for den utviklinga vi har hatt, er ei eiga tilsynsgruppe som legg felles føringar for alle sentrale tema innan tilsynsarbeidet (risikovurdering, vurdering av alternative/supplerande verkemiddel, rapportskriving, kompetansebehov).
  • Embetet har prioritert saks- og klagebehandling og tilsyn i 2019. Vi er ikkje i mål når det gjeld korleis vi best og mest effektivt når sektor med informasjon og rettleiing. Vi har sjølvsagt opplegg for etatsleiarane, tilbod om opplæring og informasjon på prioriterte regelverksområde, møtepunkt på kompetansefeltet osb. Like fullt er det to tidlegare embete med ulike tradisjonar kva gjeld møtepunkt mellom kommunar og Fylkesmannen, som no er slått saman. Vi arbeider framleis for å lande på ordningar som gir eit likt og realistisk tilbod til alle kommunane i det nye fylket. 
  • Eit tiltak vi skal gjennomføre i 2020, er ein årsplan for møtepunkt og samlingar, som er presentert for innspel frå kommunane og fylkeskommunen. 

Rapporter på antall årsverk mm (fra kapittel 7.3.9.1 i TB)

Rapportere på
  • Antall årsverk i landbruksavdelingen per 31.12.2018, antall samlede årsverk i landbruksforvaltningen i kommunene per 31.12.2018, samt antall enheter/landbrukskontor i kommunene i fylket.
  • Antall årsverk i avdeling eller seksjon for reindriftsforvaltning
  • Ressurser benyttet til kontrollarbeid

Landbruksavdelinga hjå Fylkesmannen i Vestland vart i bemanningsplanen sett til om lag 30 årsverk, derav 28,5 på landbruksoppgåver og 1,5 på andre oppgåver. I tillegg vart to stillingar overførte til planseksjonen, for å jobbe med jordvern og andre landbrukstema. Samla innsats på landbruksområdet er difor etter bemanningsplanen om lag 30,5 årsverk. Dette er noko mindre enn den samla bemanninga i dei to tidlegare embeta, då vi tok høgde for at nokre oppgåver skulle over til kommunane og fylkeskommunen. På grunn av sjukefråvær og permisjonar, er tal gjennomførte årsverk noko færre. 

Vi har ei intern gruppe på fem personar som gjer det meste av kontrollarbeidet, men til saman var minst ti personar med på ulike kontrollar. Begge leiarane i avdelinga deltok i kontrollarbeidet.


Landbrukskontora i kommunane 

I 2019 var det til saman 59 kommunar i Vestland, før kommune- og regionreforma. Det er vanskeleg å anslå tal landbrukskontor og årsverk ved kontora under omstillinga, og vi brukar difor tal frå 2018. Frå 2020 er det 43 kommunar i fylket, og fleire kommunar etablerer ulike former for samarbeid innan landbruksforvaltninga, også dei som ikkje har slege seg saman. For å få betre oversikt i 2020, vil vi undersøke dette på nytt når endringane er gjennomførte. 

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart. (fra kapittel 7.3.9.2 i TB)

Rapportere på

Innenfor regionalt kartsamarbeid og arealressurskart (AR5) skal det rapporteres i henhold til tabell:

  • Eventuelle kommuner i fylket som ikke har ajourført AR5.
  • Eventuelle utfordringer kommunene har med ajourføring av arealressurskart AR5.


Gode og oppdaterte kart er heilt grunnleggjande for ei god og sikker tilskotsforvaltning. Kartsamarbeidet i Geovekst fungerer godt sett frå vår side. Vi deltek i møta der dei nye prosjekta vert drøfta, vi får tilført midlar frå NIBIO til å dekke landbruksdelen, og vi får oppdaterte kartdata.

Det er store variasjonar i kommunane når det gjeld kunnskap, kapasitet og prioritering for å vedlikehalde kartdata i arealressurskarta AR5. Nokre ser ut til å vente på dei periodiske oppdateringane gjennom Geovekst og NIBIO, noko som kan føre til at kartdata blir fem til sju år gamle, eller at arbeidet blir nedprioritert.

I 2019 var det 18 av 59 kommunar som ikkje hadde ajourført AR5. Av desse er det seks kommunar som må gjere dette på eiga hand også i framtida; Samnanger, Modalen, Fedje, Solund, Hyllestad og Bergen. Dei andre tolv kommunane utan vedlikehald inngår i ei eller anna samanslåing, og her ligg det meir til rette for at den nye kommunen kan dele på kartkunnskapen.  

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning... (fra kapittel 7.3.9.3 i TB)

Rapportere på

Gi en overordna vurdering av kontrollresultatene i forbindelse med forvaltning av inntekts- og velferdspolitiske tiltak.

Kontrollarbeidet viser at det er stor variasjon mellom kommunane når det gjeld kunnskap, interesse og kapasitet på landbruksområdet. Vi legg difor til rette med kurs, fagsamlingar og gruppesamlingar med erfaringsutveksling. Vi ser positivt på at kommunane søkjer hjelp hjå kvarandre og hjå oss. 

Kontrollen viser at dei fleste kommunane gjer ein god jobb, men vi ser også store manglar i nokre kommunar. Dette heng mellom anna saman med små fagmiljø, lite ressursar eller at sakshandsamaren har landbruk som ei av fleire oppgåver. Dette kan gå utover likebehandlinga og tilliten til bruk av offentlege midlar. Maskinell kontroll mot nasjonale register er difor avgjerande for søknad om produksjonstilskot.

Avkortinger produksjonstilskudd (fra kapittel 7.3.9.4 i TB)

Rapportere på

Gi en kort analyse/vurdering av kommunenes arbeid med avkorting ved feilopplysninger

Vi har følgt opp dette overfor kommunane gjennom fem stadlege kontrollar, undersøking om sakshandsaming i PT, fagsamling og informasjon. Vi ser at det er store skilnader i korleis dette blir praktisert, men der det er avkorta har kommunen brukt rettleiande satsar. Statistikken frå Landbruksdirektoratet frå 2018 viser at Vestland har 60 saker der det er gjort avkorting ved feilopplysingar. Totalt er det gjort 148 avkortingar med ein totalsum på 1,2 mill. kroner.

Ekstraordinær saksmengde - erstatning etter avlingssvikt (fra kapittel 7.3.9.6 i TB)

Rapportere på

Etter tørkesommeren 2018 har mange fylkesmenn også i 2019 måttet legge ekstra innsats i behandling av en ekstraordinær saksmengde for ordningen med erstatning etter avlingssvikt. Dette gjelder både erstatningssøknader og klager. På grunn av den spesielle situasjonen bes det om at fylkesmennene rapporterer på følgende:

- Kvantifiser forvaltningens ekstra innsats i 2019 grunnet ekstraordinær avlingssvikt i jordbruket i 2018.

- Beskriv kort hvilke andre oppgaver og ansvarsområder som eventuelt er nedprioritert eller forenklet for å gi rom for ekstrainnsatsen.

- Gi en kort vurdering av hvilke av de ekstraordinære tiltakene som ble iverksatt i embetet og overfor kommunene i 2018 og 2019, som anbefales brukt i eventuelle lignende situasjoner.

Arbeidet med handsaming av saker om avlingssvikt for 2018 omfatta kring 0,5 årsverk i 2019, i tillegg til at vi leigde inn ekstra ressursar på kring tre månadsverk. Vi måtte då omprioritere og legge andre oppgåver på vent. Dette gjekk m.a. ut over arbeidet med IBU og RNP. Når vi måtte prioritere sakshandsaming, vart arbeid med mobilisering og informasjon nedprioritert.

Vi erfarer at spesifikk fagkunnskap innan tradisjonell landbruksproduksjon er avgjerande for å kunne gjere ein god jobb med handsaming av søknader og klagesaker. Det er difor viktig at fagpersonar hjå oss også driv utviklingsarbeid, slik at dei har oppdatert kunnskap om praktisk landbruksproduksjon. 

Hausten 2018 la vi stor vekt på at kommunane måtte førebu sakene godt. Vi sende ut informasjon, var i tett dialog med kommunane og sende tilbake mangelfulle saker. Prosessane i avdelinga vart delte, slik at nokon gjekk gjennom data frå PT, nokon handsama sakene i ELF og andre tok handsaminga i Ephorte. Mange fagsystem som ikkje kommuniserer med kvarandre, gav betydeleg meirarbeid i forvaltninga. 

Arbeidet for utsatte barn og unge (0-24) (fra kapittel 7.3.10.1.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal redegjøre for hvilke tiltak som er gjennomført i arbeidet for utsatte barn og unge, både for å samordne regionale innsatser og for å styrke samarbeidet mellom sektorer og tjenester i kommunen. Fylkesmannen skal også gi en vurdering av arbeidet: hva lykkes godt og hva er mer utfordrende.

Fleire saker og dommar innan velferdssektoren reiser spørsmål om kva tillit borgarane kan ha til forvaltninga når praksis er i strid med gjeldande rett. Barnevern og Nav-saka kan tene som eksempel.

For utsette barn og unge har forvaltninga vidare grunn til å vere sjølvkritiske når det gjeld korleis vi praktiserer Barnekonvensjonen (BK) og dermed kva følgjer det har for rettstryggleik og tillit til avgjerdene som blir tekne. 

I løpet av 2019 er tillitsperspektivet blitt stadig meir avgjerande i embetet sitt arbeid for utsette barn og unge. 

Embetet har over fleire år hatt ei satsing mot barnefattigdom. Denne satsinga er no inne i sitt avsluttande år. Vi har fått fram ei rekke konkrete resultat på korleis kommunar kan arbeide mellom sektorområde for at tenestene når heilt ut til barn og unge som bur i familiar med dårleg økonomi. Det er lagt vekt på at tiltaka skal vere utforma på ein måte som ikkje stigmatiserer, som har universell utforming, og som sikrar at kommunar sin kunnskap om enkelfamiliar eller barn får konkrete følgjer for kommunane sine tenester og tiltak. Framover er det interessant å sjå om dette fører til varige endringar i praksisen til kommunane og korleis resultata av satsinga kan få betydning for andre kommunar sitt arbeid. 

Dei avdelingane hos Fylkesmannen som har mesteparten av oppdraga sine innanfor velferdssektoren (utdanning, barnevern, helse og sosial), har samla sett mykje kontakt med andre regionale aktørar. Dei ulike regionale aktørane og kompetansesentera har ulike oppdrag og ulike målbilete. Vi meiner det må vere ei hovudoppgåve å setje aktørane sine tiltak og prioriteringar inn i ei overordna felles forståing av utfordringsbiletet. Dette har mellom anna vist seg ved at vi har ført ein kontinuerleg diskusjon med aktørane om kva som bidreg til tillit til tenester og kva arbeidsmetodar som bidreg til å oppnå tillit. 

Vi har konkretisert dette ved å involvere oss i enkeltsaker der samarbeid er fastlåst og hjelpa ikkje når fram til barnet. Aktørane frå kommunalt, regionalt og statleg nivå blir samla rundt bordet, barn og foreldre er til stades og får setje ord på kva hjelp dei kan nyttegjere seg av og konkrete avtalar blir gjorde. Heilt sentralt her er at barnet sjølv blir høyrt, og at forvaltninga går inn med ei haldning der dei er hovudansvarlege for at kommunikasjon, og dermed tillit, kjem inn på eit godt spor. 

Fylkesmannen skal gi en samlet redegjørelse... (fra kapittel 7.3.10.2.1 i TB)

Rapportere på

Fylkesmannen skal gi en redegjørelse for arbeidet og erfaringene embetet har gjort seg i det tverretatlige samarbeidsprosjektet «Forsøk med NAV-veileder i videregående skoler».  Herunder bes det om en redegjørelse av konkrete tiltak i embetet og planer embetet har for det videre arbeid i fylket.

Kommunane har gode erfaringar med forsøket. Kommunane Førde, Flora og Bergen søkte og fekk tilskot til Nav-rettleiar skuleåret 2018/19, frå Arbeids- og velferdsdirektoratet. 

Kommunane sende sluttrapport i februar 2019, i tråd med krava. Styringsgruppene er no avvikla. 

Styringsgruppene si erfaring er at prosjekta har jobba godt frå starten av. Det er utfordrande å måle heilt konkret kva resultat forsøket har gitt i form av auka gjennomføring eller redusert fråfall i vidaregåande skule. Men vi har erfart at felles forståing av utfordringar for målgruppa på tvers av forvaltningsnivå, er nyttig for å redusere fråfall og sikre at fleire ungdomar kjem i arbeid etter avslutta skulegang. Vi meiner at forsøket har tilført elevane støtte og hjelp som går utover det elevtenesta normalt gir, og som kan bidra til betre progresjon for elevane og medverke til å hindre fråfall.  

I Bergen er prosjektet vidareført med ein Nav-rettleiar på Årstad vidaregåande skule og ein på Slåtthaug vidaregåande skule. På Flora vidaregåande skule er det vidareført med ein rettleiar i ungdomsteamet som møter fast ein dag i veka. Dei følgjer opp elevar som treng tiltak frå Nav. Det er i hovudsak framandspråklege elevar. Skulen og Nav samarbeider om lærekandidatar, der nokre får kvalifiseringsprogram og nokre sosialstønad.

Erfaringa er at kommunane ser det som viktig at Nav-rettleiaren er til stades på skulen. Dei klarar betre å fange opp ungdomar som held på å ramle ut av vidaregåande skule, og saman finn dei løysingar.

Odda og Fitjar får per i dag tilskotsmidlar til drift av Nav-rettleiar ved deira vidaregåande skular frå Arbeids- og velferdsdirektoratet.

Det todelte målet i rovviltpolitikken (fra kapittel 7.3.10.3.1 i TB)

Rapportere på

Rapporter på status i forvaltningen av det todelte målet for rovviltpolitikken

Det interne samarbeidet om gjennomføring av rovviltpolitikken går godt i fylket, og vi har også god dialog med beitenæringa. I 2019 vart det betalt ut nesten 1,1 mill. kroner i rovvilterstatning, det meste grunna skader frå ulv og jerv. Vi har delteke på diverse informasjonsmøte, og vi har bidrege til at næringa og kommunane fekk oppretta eit fylkesfellingslag.

Her er likevel nokre utfordringar som delvis også krev sentral oppfølging:

  • Vi har ein ulv i ytre Sunnfjord og Sogn som går der på tredje året. Det har vore forsøkt ulike former for felling og jakt, utan resultat. Det at lisensfellingsperioden vart utsett til seinhausten og ikkje lenger fell saman med hjortejakta om hausten, gjorde det vanskelegare. Vi risikerer no å gå inn i den tredje beitesesongen med ulv i dette beiteprioriterte området. Vi har dialog med Miljødirektoratet og SNO for hjelp til felling av ulven i vinter/vår. Ulven er sist fanga opp av viltkamera 20.02.2020.
  • Dei beiteprioriterte områda i indre strøk av fylket grensar delvis opp til jerveområda på austsida. Dette merkast med store tap år om anna. Her er det framleis viktig å følgje med og eventuelt sette inn ekstraordinære fellingstiltak.
  • Vi har tilfelle av skade frå kongeørn over heile fylket. Dette gir vanlegvis ikkje stor skade i den enkelte besetning, med unntak av nokre tilfelle med utegangarsau. Her kan det også vere trong for å diskutere og vurdere driftsforma, til dømes tidspunkt for og skjul under lamming.  

3.4 Redegjørelse for, analyse og vurdering av ressursbruk

Embetet har i 2019 eit mindreforbruk på 13 231 000 kroner på 0525.01. Dette gir eit budsjettavvik på 6,5 prosent. Hovudårsaka til at mindreforbruket vart så stort er planlagde, men ikkje gjennomførte ombyggingar både i Bergen og Leikanger. Når vi ikkje bygde om likevel, og avklaringane kom i juni og i slutten av september, så vart det krevjande for oss å kome ned på eit overskot under fem prosent der vi sikra at bruken av midlane var i samsvar med formålet. For nærare informasjon om dette viser vi til brev sendt KMD 1. oktober 2019. 

Totalt sett meiner vi at vi nyttar midlane våre i samsvar med forventingane frå oppdragsgjevarane. 

Dei årlege reduksjonane i budsjettet knytt til ABE-reforma er merkbare og som følgje av dette må vi gjere justeringar av stillingar og drift. Medarbeidarane våre har likevel innanfor dei fleste områda klart å utføre oppdraga samstundes som dei innfrir krava til høg kvalitet og saksbehandlingstid.

Vi innrettar drifta etter reduserte rammeløyvingar, og takkar for tilliten til sjølve å prioritere mellom fagområda.

 Vi ser at det er nokre differansar i ressursrapporteringa som er nødvendige å forklare. I samanslåingsprosessen valde vi å avgrense tal resultatområde tilsette kunne førast på, for å forenkle oppfølginga. Dette ser vi kan ha gitt nokre uheldige konsekvensar. Organiseringa vår på helse, sosial og barnevern kan også påverke ressursrapporteringa vår slik at fordelinga har blitt noko skeiv samanlikna med tidlegare år. Vi har brukt meir ressursar på Arbeids- og sosialdepartementet sine arbeidsområde enn det ser ut til. Samtidig har vi brukt meir ressursar enn i 2018 både på barne- og likestillingsområdet og på helse- og omsorgsområdet. 
Vi har fått ei styrking på ei stilling på Klima- og miljødepartementet, og auken i ressursbruk er i samsvar med denne styrkinga. 

Årsaka til den store nedgangen på Kommunal- og moderniseringsdepartementet sitt område er at vi har flytta mykje ressursar over til FMFA. 

På landbruksområdet har vi flytta ressursar som tidlegare vart nytta til merkantile landbruksoppgåver, til verjemålsområdet. I tillegg har vi ein medarbeidar som før har arbeidd med jordvern i plan på landbruksavdelinga, som no er overført til planseksjonen på kommunalavdelinga, med same arbeidsfelt. Dette er hovudårsaka til at vi nytta mindre ressursar på fagområdet i 2019.
Andre differansar kan forklarast med årlege variasjonar, normal løns- og prisvekst, vakanse og personalhøve. 

3.5 Samlet vurdering av måloppnåelse i forhold til samfunnsoppdraget og regnskapsresultat

Vi har gjennom 2019 lagt vekt på å arbeide oss saman til ein fylkesmann, Fylkesmannen i Vestland. Dette har vore eit krevjande arbeid, men vi ser at vi i stor grad har lukkast. På dei fleste områda har god måloppnåing. Vi har størst vanskar med å få gjort alt på verjemål og helse-, sosial- og barnevernområdet, trass i at vi i det nye embetet styrkte desse områda med ressursar frå andre område. Men vi arbeider vidare for å gjort oppgåvene så godt som råd.

Vi hadde eit relativt stort mindreforbruk for 2019, med om lag 13 millionar kroner. Størstedelen av mindreforbruket, ni millionar kroner, er pengar vi hadde sett av til ombyggingar av kontorlokala på Leikanger og i Bergen, for å kome ned på den arealnorma Statsbygg har sett med 23 m2 per tilsett. Av grunnar vi har skildra i kap 1.1, vart ikkje ombygginga noko av.

Samtidig har sjukefråværet vore høgare enn forventa, og vi har høgare gjennomtrekk ("turnover") enn det vi har hatt tidlegare. Hausten 2018 laga vi ein bemanningsplan for det nye embetet, som vi har følgt sidan. Men vi ser når vi trekkjer frå vakansar og sjukmeldingar, at dei fleste avdelingane ligg rundt ti prosent under bemanningsplanen i reell årsverkbruk. 

I det første året i det nye embetet har budsjettstyringa vore vanskelegare enn vi såg føre oss, særleg med å halde oversikt over innsparingar ved vakansar og sjukefråvær. Mindreforbruket har difor vorte større enn vi varsla om ved tertialrapporteringa i september og i særskilt brev til KMD datert 1. oktober 2019. Vi ber om at mindreforbruket vert overført til 2020.

I 2020 reknar vi med at vi kan styre betre ut frå budsjettet, med dei erfaringane vi har gjort oss i 2019, slik at vi i størst mogleg grad får nytta tildelinga vår til å utføre oppdraga. 

3.6 Andre forhold

Kongehuset

Vi hadde i 2019, samanlikna med tidlegare år færre men større kongelege besøk, særleg for Hordaland.

Alle besøk frå kongehuset medfører eit forbesøk, normalt berre med Fylkesmannen sin representant og politiet, men ved fylkestur og statsbesøk kjem også hoffet til. Ved besøk der framand statsoverhovud er også UD, framand stat sin representasjon i Noreg og landets hoff, presidentkontor eller utanriksdepartement med på planlegginga.

Eit enkelt besøk over ein dag i Bergen krev normalt tre til fire dagar med arbeid for oss. Kjem det til reising, går det meir tid. Dersom besøket er meir komplisert, aukar arbeidsmengda. 

Vi har hatt desse kongelege besøka i 2019:

  • 20.–23. mai: H.M. Dronning Sonja var på besøk i Bergen for privat program, opninga av Festspillene i Bergen, med tilhøyrande arrangement, og opning av Festspillutstillinga.
  • 5. juni: H.K.H. Kronprins Haakon deler ut Holbergprisen ved Universitetet i Bergen.
  • 13. juni: H.M. Kongen, H.E. Presidenten i "Republic of Korea" m/ektefelle besøkte Bergen i samband med statsbesøk til Noreg.
    Det vart ein offisiell fortroppstur, med representasjon som nemnt i innleiinga, men sørkoreanerane var med Fylkesmannen og politiet på ytterlegare to forbesøk.
  • 18. - 20. juni: DD.MM. Kongen og Dronningens fylkestur gjekk til Hordaland og kommunane Jondal, Odda, Granvin, Ulvik og Askøy. Det vart organisert ein "offisiell" fortroppstur, i tillegg til ein med berre politi og fylkesmannens representant, i alle fem kommunane. 
  • 23. august: H.K.H. Kronprins Haakon var til stades ved markeringa av Kværner Stord sitt 100-årsjubileum.
  • 6. september: H.M. Dronning Sonja opna Nye Tungestølen Turisthytte i Luster kommune.
  • 5. november: H.K.H. Kronprins Haakon opna flysimulator i Førde, laga av ungdommene i "Reodorklubben" og besøkfe deretter dei rasramma områda i Jølster.

Mot slutten av året starta arbeidet med H.M. Kongens planlagde besøk i Bergen 18. januar i samband med byens 950-årsjubileum. På grunn av sjukdom tok H.K.H. Kronprinsregent Haakon over besøket. 

I tillegg var Stortingets energi- og miljøkomite i Hordaland 24. og 25. oktober. Vi fekk også ein dags arbeid med republikken Palaus president sin private tur til fylket.

 

Medaljar og ordenar

Søknader om medaljar og ordenar skal handsamast av både Fylkesmannen og av H.M. kongens kanselli (avhengig av type påskjøning). Sakene tek ofte lang tid fordi begge instansar må vente på fråsegner og attestar.

I 2019 kom det inn 22 nye saker om Kongens fortenestemedalje og fire om St. Olav. I alt 14 saker frå 2018 blei ferdig handsama av Fylkesmannen eller fekk avgjerd frå kanselliet.

4 Styring og kontroll i embetet

4.1 Redegjørelse for vesentlige forhold ved embetets planlegging, gjennomføring og oppfølging

Fylkesmannen har mål- og resultatstyring som grunnleggande styringsprinsipp. Styringa skal vere heilskapleg og tilpassa risiko.
Den overordna styringa i embetet skjer gjennom leiargruppa i leiarmøte og i verksemdplanen. Alle strategiske og prinsipielle saker skal opp til drøfting i leiargruppa. For å få ei heilskapleg leiing så har det vore viktig å knyte seksjonsleiarane tettare til leiargruppa.Vi har difor gjennomført fire utvida leiarsamlingar gjennom 2019, og seksjonsleiarane får alltid innkalling til leiarmøte for at dei skal vere orientert om kva som står på saklista. 

Vi set stor pris på at tildelingsbrevet og verksemds- og økonomiinstruksen no samlar oppdraga våre og at det viktigaste kjem tidleg i førebels tildelingsbrev. Vi er også glade for arbeidet med å forenkle og forkorte embetsoppdraga og meir målstyring slik at det er mogleg å tilpasse verkemiddelbruken i større grad enn tidlegare. Dette gjer at måloppnåinga og effekten av tiltaka vert betre tilpassa behova i kommunane.

Vi har brukt mykje tid i 2019 på å få det nye embetet til å fungere godt, og vår vurdering er at vi har lukkast med det sjølv om vi ikkje er heilt i mål med arbeidet enno. Digitalisering er framleis viktig for oss, og vi legg opp til eit godt samarbeid med FMFA som er vår tilretteleggar kring digitalisering av tenester. 

Fellessatsingane dette året har vore klimatilpassing og "Leve hele livet". Satsingane vil halde fram i 2020.

Vi har etablert ei informasjonstryggleiksgruppe, og laga prinsipp for korleis vi skal arbeidet framover. Aktiviteten i 2019 har ikkje vore så stor fordi vi ønskte å delta på tryggleikskonferansen til FMFA på hausten før vi sette i gang arbeidet i eige embete. Også her samarbeider vi godt med FMFA, men ønskjer at FMFA i større grad legg til rette for å strøyme konferansar der mange i embetet er i målgruppa. Dette gir stor effekt for embetet og for miljøet. På tryggleikskonferansen i haust kunne vi berre sende ein person til Trondheim, medan mange kunne fått med seg heile eller delar dersom konferansen hadde vore strøyma. 

4.1.1 Embetets risikostyring

Risikostyring er integrert med verksemdsplanarbeidet og i leiargruppa sitt arbeid gjennom året. Gjennom verksemdplanlegginga og oppfølging av denne, skal risikovurdering for manglande måloppnåing vurderast. Avdelingsdirektørane skal gjennomføre systematiske risikoanalysar for sine ansvarsområde. Leiargruppa, saman med vernetenesta, gjennomfører risikovurdering av arbeidsmiljøet fire gonger i året. Vurderinga skjer på overordna nivå. 

Vi har tatt i bruk RiskManager innanfor modulane dokumentstyring, avvikshandtering og ROS-analyse. ROS-analysemodulen er komplisert å bruke, og vi har bestemt oss for å ikkje bruke han meir. 

4.1.2 Embetets internkontroll, herunder iverksatte tiltak

Vi har utarbeidd eit internt styringssystem som inneheld alle interne styringsdokument og våre interne retningsliner (internkontroll). Ein del av systemet er m.a eit delegeringsreglement som tydeleggjer ansvar og roller i embetet. Styringssystemet ligg tilgjengeleg for alle tilsette på intranettet. Vi har tatt i bruk Risk Manager som system for vår internkontroll for informasjonstryggleik og avviksmeldingar.

Vi sikrar oss mot mishald til dømes ved at alle utbetalingar vert attesterte og godkjende av to personar etter førebuing frå økonomieininga. Forvaltingsvedtak og tilskot står det alltid to personar bak, sakshandsamar og ansvarleg leiar eller mellomleiar.

Vi har kvartalsvis rapportering på saksbehandlingstider for dei viktigaste fagområda våre. Dette gir oss god oversikt over statusen på fagområda. 

Leiinga vurderer at styringssystema samla fungerer godt, og at det er god styring og kontroll i embetet. Ei utfordring kan likevel vere å ha tid til å drive med kontroll utover det vi har krav om å utføre.

4.1.3 Bemanning, kapasitet og kompetansesituasjonen i embetet

Embetet har over år hatt ei stabil bemanning med kompetanse som er godt tilpassa oppgåvene. Vi har spesialistkompetanse på fleire fagområde, og vi har tilsette som vert nytta i særskilte oppdrag av departement og direktora.

I 2019 har vi hatt høgare gjennomtrekk ("turnover") enn tidlegare, 13,1 prosent mot om lag 8 prosent før vi vart slått saman til eitt embete. Vi har likevel godt kvalifiserte søkjarar og gode søkjartal på ledige stillingar. 

Tildelingsbrev og dei faste lovpålagde oppgåvene inneheld samla sett fleire oppgåver enn vi har ressursar til å løyse. På fleire område må vi ut frå kapasiteten gjere stramme prioriteringar, forenkle og effektivisere. Vi har også gjort fleire organisatoriske tiltak og endringar med formål om å få ein meir ressurseffektiv og samordna organisasjon. Mellom anna har vi samla alle innsynssakene, separasjon og skilsmisse og nokre andre juridiske område for å effektivisere saksbehandlinga. Vi ser at vi ved at to personar løyser alle innsynssakene våre så er ressursbruken redusert med minst eitt årsverk. 

Verjemål er området med størst kapasitetsutfordringar i dag.  Dette fagområdet har vore sterkt underfinansiert, og det har hatt konsekvensar for kapasiteten på resten av embetet. Noko av det same ser vi på helse, sosial og barnevern der rettigheitsbasert lovgjeving har ført til stor saksauke på fleire saksområde.

Vi merkar avbyråkratiserings- og effektiviseringsreforma, men justerer talet på stillingar i embetet og kapasiteten vår i tråd med tildelinga.

4.1.4 Forvaltning av egne eiendeler (materielle verdier)

Vi har ymse inventar og ein embetsbil, men elles har vi ikkje materielle verdiar av vesentleg verdi.

4.1.5 Oppfølging av eventuelle avdekkede svakheter/utfordringer, herunder merknader fra Riksrevisjonen og status for arbeidet med informasjonssikkerhet

Vi har ikkje kjennskap til andre avdekte svake punkt eller utfordringar. Embetet har ikkje fått vesentlege merknader frå Riksrevisjonen.

Vi brukar RiskManager i informasjonstryggleiksarbeidet, og vi jobbar systematisk for å byggje ein god kultur for infomasjonstryggleik. 

4.2 Rapportering av andre vesentlige forhold knyttet til personalmessige forhold, likestilling, HMS/arbeidsmiljø, diskriminering, ytre miljø og lignende

Likestilling og diskriminering
I embetet kjem det sjeldan opp problemstillingar om likestilling og diskriminering, men vi er medvitne om at det etter kvart er ein klar overvekt av kvinner tilsett i embetet. Menn tener meir enn kvinner i dei fleste stillingskategoriane, men vi ser at vi gjennom 2019 har klart å redusere differansen noko. I februar 2019 starta ei partssamansett gruppe arbeidet med å undersøkje om vi hadde systematiske lønsforskjellar. Vi fann ikkje at embetet har systematiske lønsforskjellar, men at lønsforskjellane kan forklarast ved interne prioriteringar av fagområde og marknaden vi konkurrerer i. 

Fleire kvinner enn menn har deltidsstilling grunna omsorg for små born. 

Vi har ikkje eigne måltal for rekruttering av søkjarar med innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne. Dårlege norskkunnskapar har gjort det vanskeleg å tilsetje søkjarar med utanlandsk opphav til saksbehandlarstillingar. 

Vi har delteke i Regjeringa sin inkluderingsdugnad, og vi har nådd måltalet der fem prosent av dei vi rekrutterte har redusert funksjonsevne. Vi viser til rapporteringa på punkt 3.2.7 KMD sitt fagområde. 

HMS/arbeidsmiljø
Begge embeta har hatt ein tydeleg livsfasepolitikk i mange år, og vi held fram med same praksis i det nye embetet. Vi brukar han aktivt ved å ha fleksibilitet for tilsette, m.a. med praksis for velferdspermisjon.  

Saman med Fylkesmannen i Hordaland risikovurderte vi arbeidsmiljø som ein del av arbeidet med samanslåinga. Vi valde å halde fram med risikovurderinga av arbeidsmiljø i 2019. Risikoen for arbeidsmiljøet har vorte vurdert kvartalsvis i leiarmøte og i AMU.

Sjukefråværet vårt var i 6,6 prosent i 2019. Det er høgare enn det har vore i dei to gamle embeta, der sjukefråværet var 4,7 prosent i 2018. Vi følgjer opp tilsette som er sjuke i samsvar med rutinane våre, og vi koplar på Nav der det er nødvendig. I 2020 kjem vi til å legge særleg vekt på førebyggjande tiltak mot muskel- og skjelettplager fordi vi veit at det kan ha effekt for tilsette. Samanlikna med andre embete er sjukefråværet vårt noko høgt. Vi har eit mål om at sjukefråværet skal vere under seks prosent i 2020. 

Inkluderande arbeidsliv
Fylkesmannen har som mål å vere ein arbeidsplass som tek vare på sine tilsette og gir moglegheiter for dei som står utanfor arbeidslivet. Vi har som prinsipp at vi skal minimum ha to praksisplassar årleg. Gjennom året har vi vurdert fleire kandidatar for praksisplass, men i 2019 har vi ikkje fått på plass nokon med rett kompetanse. 

Miljøtiltak
Vi vart resertifisert som Miljøfyrtårnverksemd i i 2019, både i Bergen og Leikanger. Førde er resertifisert tidlegare. Etterkvart har vi gode rutinar for å oppnå miljøkrav ved alle kontorstadane våre.

Vi arbeider systematisk med huseigarane våre for å redusere energibruk, avfall og legg vekt på å ha ei effektiv drift av kontorstadane våre. 

I budsjettet for 2019 reduserte vi reisekostnaden samanlikna med kostnadane i dei to tidlegare embeta. Vi brukte om lag 1 mill. kroner mindre på reise i 2019 samanlikna med 2018, noko som også førte til at utslepp frå transport gjekk ned.

5 Vurdering av framtidsutsikter

5.1 Forhold i og utenfor embetet som kan påvirke embetets evne til å løse samfunnsoppdraget på sikt

Fylkesmannen som sentralt bindeledd mellom staten og kommunane
Som nemnt i innleiinga har vi vorte eit større embete etter samanslåinga av Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette gjer oss betre i stand til å handtere sjukdom, vakansar og uføresette problemstillingar. Som også nemnt er vi godt i gang med å byggje oss saman til eitt embete med felles kultur og felles praktisering av rutinar og lover og reglar. Når vi kjem i mål med dette meiner vi at vi vil vere godt rusta til å handtere oppgåva som det sentrale bindeleddet mellom sentral statsforvaltning og kommunane i vårt fylke. 

I innleiinga var vi også inne på at den regionale staten rundt oss forsvinn ved at ein del statlege organ som før hadde regionale kontor, organiserer seg om til å bli einingar der kvart av kontor har nasjonalt ansvar for sitt fagområder. I desse omorganiseringane er det viktig å vere merksam på at kommunane framleis er viktige for mange av statsorgana som ikkje lenger har eit regionalt apparat. Då er det endå viktigare å sjå potensialet i å utnytte den særstillinga fylkesmannsembeta har i forvaltninga. Vi er klare for å ta større ansvar for å vere eit bindeledd mellom den sentrale staten og kommunane, anten ved at oppgåver vert lagde til fylkesmennene eller ved at vi får ei forsterka samordningsrolle på dei områda der regionkontora vert borte. Som Difi har peikt på i rapporten Difi 2018:13, bør statsetatar med kommuneretta oppgåver som formidling, rettleiing, tilsyn og kontroll som hovudregel leggje slike oppgåver på regionalt nivå til fylkesmennene. Etter vårt syn er den gode kontakten mellom kommunane og staten gjennom fylkesmennene ein avgjerande premiss i velferdsstaten, kanskje særleg når samfunnet står overfor større utfordringar eller kriser.

Vidare ønskjer vi å støtte opp under den forsterka samfunnsutviklarrolla til fylkeskommunen. Gjennom tett samarbeid mellom dei viktige aktørane i samfunnet vil vi stå betre rusta til å møte samfunnsutfordringane i framtida.

Ny budsjettfordelingsmodell
Vi er glade for at Kommunal- og moderniseringsdepartementet i haust landa den nye budsjettfordelingsmodellen for fylkesmennene. Sjølv om det kan vere delte meiningar om vektinga av kritieria, var det viktig at vi fekk denne avklaringa. Budsjettfordelingsmodellen set oss i stand til å lage ein bemanningsplan for dei neste åra som best mogleg gjer oss i stand til å utføre embetsoppdraga.

Meir målstyring av fylkesmennene
Like eins set vi pris på dreiinga i styringa av fylkesmennene til meir målstyring og mindre aktvitetsstyring. Vi takkar for tilliten som ligg i dette, til sjølve å vurdere kva verkemiddel som er best eigna til å nå måla.

Samarbeidet mellom fylkesmennene og FMFA
Vi er framleis spente på korleis samspelet mellom fylkesmennene og FMFA vil verte i framtida. Fylkesmennene er avhengige av at FMFA lukkast best mogleg og må gjere sin del av arbeidet for å oppnå dette. Erfaringa så langt er at FMFA på somme område yter god og rask hjelp til embetet, medan det på andre område er noko større avstand når vi ikkje lenger kan banke på døra til den tenesta vi treng. I alle fall er det viktig at vi systematisk arbeider for å kjenne behova til kvarandre. I tenesteforum og under utviklinga av nye tenester er det særskilt viktig å ha god kommunikasjon der både FMFA og fylkesmennene lyttar til kvarandre for å utvikle tenestene i samarbeid. Dersom kommunikasjonen ikkje er god nok, står vi i fare for å byggje opp tenester som ikkje svarar på behova.

Fylkesmannen i Vestland har ein ambisjon om å vere den fremste samarbeidspartneren til FMFA i digitaliseringsarbeidet, for å ta vare på den digitaliseringskulturen som herska då ansvaret for dette området låg til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

Elles vil vi åtvare mot å leggje meir inn under FMFA på økonomi- og personalområdet enn det FMFA har i dag. Økonomi- og personalområdet med budsjettstyring, rekruttering og oppfølging av tilsette, ligg i kjernen for styringa og utviklinga av embetet. Å leggje desse funksjonane inn under FMFA vil etter vårt syn gripe inn i leiinga av embetet.

Dei store samfunnsutfordringane
I innleiinga var vi inne på dei største samfunnsutfordringane med klima, eldrebølgja og digitalisering, der vi prøver å gjere vårt for å ta tak i desse. I tillegg er integrering og satsing på utsette born og unge, problemstillingar som vi legg stor vekt på. Som nemnt er dette så store og samansette problemstillingar at god samordning i staten og med fylkeskommunen, kommunane og andre relevante aktørar, er avgjerande for å lukkast. Vi må alle dra i same retning

Rettsleggjering
I lengre tid har det vore eit utviklingsstrekk at stadig fleire tenester vert rettsleggjorde. For oss gjev det utslag i fleire klager eller førespurnader om hendingsbaserte tilsyn og fleire rettssaker mot avgjerdene våre. Særleg på helse-, sosial- og barnevernområdet har vi dei siste åra fått auka saksmengder, samstundes som Sivilombodsmannen har skjerpa krava til sakshandsaminga for dei minst alvorlege hendingsbaserte tilsynssakene. Isolert er det bra at private partar er meir medvitne om rettane sine, og det skjerpar oss at andre instansar kontrollerer oss. Men det skapar problem for oss at vi må handtere det auka trykket med same ressursar som før. Vi veit at det ikkje er mykje meir å hente når budsjettfordelingsmodellen er lagt og prøver å arbeide meir effektivt for å få unna sakene. I tillegg har vi altså lagt inn noko meir ressursar på helse-, sosial- og barnevernområdet (og på verjemål) frå landbruk- og miljøområda. Likevel er det på desse områda vi ikkje når alle måla i 2019, og det ser ut som at vi må vere like urolege for måloppnåinga 2020.

5.2 Konsekvenser for embetets evne til å nå fastsatte mål og resultater på lengre sikt

Sjå kapittel 5.1.

6 Årsregnskap

Årsregnskap for Vestland