Personvern og nettryggleik

Denne personvernerklæringa fortel korleis Fylkesmennenes fellesadministrasjon og Kommunal- og moderniseringsdepartementet samlar inn og brukar personopplysningar når du brukar styringsportalen.

Styringsportalen er eigd av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og departementet er behandlingsansvarleg for all behandling av personopplysningar. Behandlingsansvarleg bestemmer føremålet med behandlinga av personopplysningar og kva hjelpemiddel som skal brukast. Oppfølginga av ansvaret er delegert til Fylkesmennenes fellesadministrasjon. Delegeringa omfattar berre oppgåvene og ikkje ansvaret.

Fylkesmennenes fellesadministrasjon er databehandlar. På vegner av Kommunal- og moderniseringsdepartementet utviklar og driftar vi styringsportalen.

Om styringsportalen

Styringsportalen inneheld verksemds- og økonomiinstruks, tildelingsbrev og årsrapportar for dei ti fylkesmannsembeta og for Fylkesmennenes fellesadministrasjon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet legg inn styringsinformasjon, medan embeta brukar portalen til å rapportere på utførte oppgåver. Departementstilsette og fylkesmannstilsette må logge inn for å kunne leggje inn informasjon. Portalen er tilgjengeleg for alle som ønskjer innsyn i styringsinformasjon og årsrapportar.

Når samlar vi inn personopplysningar?

Styringsportalen behandlar personopplysningar berre for brukarar som loggar inn i portalen. I praksis er dette tilsette anten i eit departement, fylkesmannsembete eller Fylkesmennenes fellesadministrasjon.

Eksterne brukarar (anonyme brukarar) som brukar portalen til å tileigne seg informasjon, og som ikkje loggar seg inn i portalen, legg ikkje att personopplysningar.

Kva blir registrert når du brukar styringsportalen?

Det blir ikkje registrert personopplysningar om brukarar som går inn på portalen berre for å lese informasjonen som ligg her.

Dersom du loggar inn på portalen, eller du forsøker å logge inn på portalen, blir det lagra personopplysningar om deg. Les meir under avsnittet Kva opplysningar blir lagra når eg loggar meg inn på styringsportalen?.

Rettane dine

Personopplysningane om deg sjølv er din eigedom, og personopplysningslova gir deg mange rettar for at du skal kunne verne om opplysningane dine.

Ta kontakt med Fylkesmennenes fellesadministrasjon på e-postadressa styringsportalen@fylkesmannen.no dersom du har spørsmål knytt til bruken av personopplysningar på styringsportalen. Du kan også lese meir om rettane dine på nettsida til Datatilsynet.

Informasjonstryggleik og bruk av databehandlarar

Fylkesmennenes fellesadministrasjon driftar databehandlingssystema for alle fylkesmannsembeta. Vi brukar også eksterne konsulentar. Dei eksterne databehandlarane våre er leverandørar som alle har underteikna ein databehandlaravtale med oss.

Ein databehandlar er ei verksemd som behandlar personopplysningar på oppdrag frå oss. Ofte er det snakk om leverandørar av IT-tenester. Databehandlarar kan også vere departement eller direktorat som leverer nettløysingar som vi brukar i vår interne saksbehandling.

Opplysningar som skal vernast, ligg i all hovudsak  i saks- og arkivsystemet ePhorte. Saksbehandlingssystemet blir også drifta av Fylkesmennenes fellesadministrasjon.

Informasjonskapslar (cookies)

Styringsportalen brukar informasjonskapslar til å betre brukaropplevinga di og samle inn statistikk om bruken av nettstaden.

Informasjonskapslar (cookies) er små tekstfiler som blir plasserte på datamaskina når du opnar ei nettside. Bruken av informasjonskapslar utgjer ikkje nokon tryggleiksrisiko for deg. Ingen av opplysningane vi får inn via informasjonskapslar, blir brukte til å identifisere deg personleg. Du kan avstå frå å samtykkje til at vi lagrar og behandlar informasjonskapslane, men det kan føre til at styringsportalen ikkje fungerer optimalt for deg.

På Nettvett.no kan du lese om korleis du stiller inn nettlesaren din for å godta eller avvise informasjonskapslar.

Vi bruker desse informasjonskapslane på styringsportalen:

  • .ASPXANONYMOUS blir oppretta når ein anonym brukar kjem til nettstaden, og kapselen blir sletta etter 70 dagar.
  • ASP.NET_SessionId blir generert når du opnar styringsportalen i ein nettlesar, og kapselen blir sletta når nettlesaren blir lukka.
  • FedAuth og FedAuth1 blir oppretta når ein brukar loggar seg på og inneheld informasjon om kva brukaren kan få tilgang til i styringsportalen. Informasjonskapslane blir sletta når nettlesaren blir lukka eller når brukaren logger seg ut av styringsportalen.
  • .EPiServerLogin, EPiDPCKEY og __epiXSRF er informasjonskapslar som blir brukte viss du loggar deg på publiseringsløysinga EPiServer som brukar. Informasjonskapslane blir sletta når du lukkar nettlesaren.
  • cb-enabled blir brukt for å kontrollere om ein brukar har lese og klikka på meldinga om at styringsportalen brukar informasjonskapslar, slik at informasjonen ikkje vises igjen. Blir slettet etter et år.
  • Styringsportalen_CategoryList og Styringsportalen_ChapterNumbers blir brukt for å hugse filter og blir sletta etter 14 dagar.
  • filter-additions, filter-governingdocuments, filter-roles, filter-offices, filter-departments, filter-themes, filter-supplementary, filter-categories, filter-chapterstatuses, filter-reportstatuses og filter-feedbackstatuses er informasjonskapslar som blir brukt av filteret og kapslane blir lagra i 24 timer.
  • Google Analytics brukar informasjonskapslane _ga, _gid og _gat for å hente anonymisert besøksstatistikk på nettstaden. Desse blir sletta etter respektive to år, 24 timer og 1 minutt.

Kva opplysningar blir lagra når eg loggar meg inn på styringsportalen?

Tilsette i departement, i fylkesmannsembeta eller Fylkesmennenes fellesadministrasjon som skal leggje inn eller redigere informasjonen på portalen, må logge inn. Alle desse får tildelt ei rolle som gir tilgang til å publisere informasjon på portalen.

Også andre kan forsøke å logge inn, men vil i praksis ikkje kunne søkje å få tildelt ei rolle. Det vil vere synleg for Fylkesmennenes fellesadministrasjon kven som har prøvd å logge seg inn på portalen.

Det er to måtar å logge seg på portalen:

  • med ID-porten
  • som tilsett hos Fylkesmannen

Brukarar som har logga seg inn på styringsportalen, legg att informasjon om e-postadresse, tidspunkt for siste innlogging, rollar og namn.

E-postadressa som blir registrert ved innlogging blir brukt for bestemte roller. I nokre roller er det slik at dersom brukaren har arbeida med eit kapittel, får vedkommande automatisk varsel når det kjem ny kommentar i det same kapittelet.